TIDSSIGNALET var som småe smell i stugu , og når mannen der inne i folkemottagern hadde sagt Dette er Norsk Rikskringkasting , da kraup vesle Jon ihop på pinnestolen og stirde på det grøne trollauga , og augo på guten sjøl hadde slik ein underleg dåm at Ingebjørg i Bråtåbakka kjende seg reint redd for yngste-son sin .

Den vesle puken skruvde på tastane og bylgjelengdene og dirigerte heile etterkrigsverda inn i stugu utan at han sjøl visste det . Denne kassa var eit underleg leikety . Ho var full av mystiske ting han gjerne skulle ha tak i . Han kunne gjerne ha plukka sund heile troll-greia og sett folka som tala og spela og song der inne . Eingong hadde han skinnbarleg høyrt ein katt som mjaua . Derfor var det ein kveld at andletet hans var meir tankefullt enn elles .

" Eg vil kjøpe Norsk Rikskringkasting eg , mor . "

" Vil du det du , Jon , " sa Ingebjørg og smilte ein bleik smil over vaskebalja , og så prøvde ho å forklåre guten sin at Norsk Rikskringkasting ikkje var til salgs . Kringkastinga var noko som heile folket hadde i lag . Men alt som kom ut gjennom radioen vart sendt frå eit hus inne i byen , og der sat dei folka som tala og song og spela , og dei brukte noko som dei kalla mikrofon , og denne mikrofonen kunne dei ta med seg ut på landet , og såleis kunne ein få høyre katten som mjaua , og lyden kunne gå gjennom lufta over alle blåner , heilt til han kom ut att gjennom radioen her i Bråtågrenda .

" Går det an å få sjå det huset , mor ? "

" Å ja . Men da må du bli stor ! Og dærsom du blir riktig stor , så kan det hænde du får kåmå i radioen du med . "

" Da ska eg bli stor , " sa Jon Bråtåbakken .

Eit års tid etter dette var det at folkemottagern i Bråtåbakken tok til å skurre og suse , og slik sto han i mange år , for det er langt nord i Bråtågrenda , og det finst ikkje radioreparatør der . Han Per sjøl ‐ far til Jon-guten ‐ var ikkje radio-minded . Så derfor vart det ikkje så gildt å lye på radioen . Det vart berre værmelding og dagsnytt og nyttårstala hass Gerhardsen , så det fall slik fred over den gamle timbra-stugu med solstrima og Stemorspåtta og Dølabladet og " For Fattig og Rik " . Berre ei rosemåla golvklokke sto og mimra for seg sjøl framved tverrveggen , men freden vart berre større av det .

Dette at folkemottagern i Bråtåbakken var i ustand så lenge , skulle likevel få mykje å seia for utviklinga til Jonguten . Han kom i bakleksa meir enn han elles ville ha gjort , så han fekk så mykje meir å ta att sidan . Opp gjennom barndomen dreiv han og fiska langt inne i Svånågjelom i staden for å lye på Barnetimen og " Ungdomsrevyen " og han flaug i bergom og tappa sevje og togg sisselrot så han slevja kring tranten , så det bar reint gale i vegen .

Og i denne tida var det at far hans mista livet i ei fyllkule nede i stasjonsbyen , sentrum i Bråtåbygda . Det sette eit nytt merke på han . Han vart gåande mykje for seg sjøl og vart ein forstokka individualist , og stort verre lagnad kunne han vel ikkje få i vår tid . Han vart reint asosial som det heiter . Det seier seg sjøl at han vantrivdest på skolebenken , og såleis vart han på sett og vis gåande analfabet , enda lærar Vik gjorde kva han kunne for å lære guten Luthers Katekismus og Vekselsens Pålydende Minus Diskonto .

Guten gløymde at han skulle kjøpe Norsk Rikskringkasting , og han gløymde det store huset inne i byen der folk kunne tala så det høyrdest over heile Norge . Men han vart lang i lengslom likevel . Ikkje berre fordi mora hadde sagt at han skulle bli stor , men også fordi lærar Vik var så glup til å fortelja frå historia . Når Vik tok til å skildre Arnljot Gelline , den skarlagenskledde kjempa som rømde med Ingrid i armane sine bort frå den brennande farsgarden hennes , da hadde vesle Jon den same underlege dåmen i augo som den gongen han stirde inn i det grøne trollauga i radioen , og det var ei hemmeleg kontakt mellom dei to , mellom gamle lærar Vik og unge Jon frå nord i skriu-lendet . Det var eit hemmeleg forbund , som lærar Vik trudde skulle koma til å vara heile livet ut .

Og det var som om høgare makter hadde eit ord med i laget og såg med goodwill på denne naturguten . Han måtte få ein sjanse til å bli så stor at han kunne opptre i Norsk Rikskringkasting , ettersom det var så vanskeleg å kjøpe denne troll-greia . Derfor kunne Jon spela på kam-og-smørpapir da han var fire år og på siljufløyte da han var seks , og i sju-årsalderen spela han Ja , Vi Elsker på munnspelet hans Hans Kvennstugu . Og før komfermasjons-alderen var Jon så all round at folk skauv gutsækken fram når det var fest på Lokalet og gamle Tostin Trækkspelar hadde somna sødeleg under benken med den tome trestjærners-flaska innåt seg .

Han fekk musikken i voggegave . Og ikkje nok med det : Det hadde vore killing-gråt og siljufløytelåt kring steinrøysene i Bråtåbakka den dagen han vart fødd , og Ingebjørg hadde songe så pen ein bånsull at det var som Svånåtindane tona inn i stugu , med fjellblåst og dalblåst og vindspel i kjærringkjørr og krongelfuru , og haustsøg og himmelsøg og evig elændogheit .

Så fort spredde gjetordet seg om evnene hans , at farbroren i Svartvasslia , han Johan , bestemte seg for å testamentere han 35 000 kroner som han hadde på bankbok , og kulturprofetane sør gjennom Gudbrandsdalen gjekk og venta at han skulle bli stor og berømt . Helst skulle han ha vore lyriker som alle andre store menn i Gudbrandsdalen , men det fekk ikkje hjelpe om han braut tradisjonen og vart ein ny Alf Prøysen eller Beethoven , ein fekk vera glad til . Det var mest ein mannsalder mellom kvar gong ein bråtåbygding slapp til framfor mikrofonen i Norsk Rikskringkasting , så det var en stor skam .

Men det var så rart med Jon ‐ han ville ikkje vekse opp ! Han fekk ikkje den breie bringa hass Rolf Kirkvåg , han fekk ikkje den mystiske smilen hass Marlon Brando , og sist , men ikkje minst , ‐ han fekk ikkje det seksuelle pågangsmotet hass Ask Burlefot . Han vart verande liten , og dess lenger han kom inn i overgangsalderen , dess stillare vart han . Jamnaldringane sprengde komfermasjonsdressen sin og jekka seg opp og banna så det lyste og var vakse-folk før ein visste ordet av det . Jon var berre tufs .

" Han er så liten og tussjin og låk at det er reint vondt å tenkje på vintern , " sa Guri Gardimellom . Og det var folk enige om , at han vesle Jon Bråtåbakken var så liten og tussjin og låk at det var reint vondt å tenkje på vintern .

Ein dag slutta han å spela . Han kom ikkje til øvinga i Bråtåbygda Musikkforening lenger , og det vart ikkje fleire timar i hardingfele i klokkargarden . Heime i Bråtåbakka hang den gamle flatfela i solstrima på veggen , men guten rørde henne ikkje . Han gjekk omkring med eit bleikt overgangsandlet og levde i seg sjøl mæssom . Dei blå-mørke augo såg til sides og flydde når folk tala til han . I kveldinga kunne han stime på dør og dra innover vigga på ski , og utover våren sto han time etter time og fiska i lonene langsmed Svånå .

Eit kvinnfolk hadde sett at han sto og klappa den gamle svarte trebit-gampen hass Ola Grindstugu .

Så var det ein juni-morgon med solblåst over Rondane og bræ-ljos over Jotunheimen , og nord i steinbleike Svånålandet skein det i regnbågåglasa i Bråtåbakken . Da var det at Jon stimde inn i overalls-buksa og kom seg utafor dørstokken , og det var slik ein glød i auga hans som han ikkje hadde hatt på lenge , og slik ein spent streng i den finbygde kroppen at det måtte vera noko uvanleg som sto på . Han sto på tunet og lydde . Mora satt på fjøskrakken og song Høvringsvisa . Han knepte hengsla og vassa ut i doggen , bak låven . Nå skulle det skje . Han såg den vindslitne veggen , der det sto 160 , 161 , 162 , 163 , 164 oppover , heilt til 180 . Han drog pusten skjelvande . Hjertet skalv under hengsla . Nå skulle han mæle seg .

I fire månader hadde Jon gått utan å mæle seg . I heile fire månader hadde han tvinga seg sjøl av all makt kvar gong tanken sleit seg og ville bakom låven , der han hadde det provisoriske høgdestativet sitt , med tverrfjøla og blyantstubben og tala på veggen . Men han hadde vilja vente lenge , stygglenge , ja helst dobbelt så lenge , så han var heilt viss på at han hadde vakse , og det måtte helst vera eit par centimeter , eller helst tre-fire . Nå sist da han mælte seg , hadde han nådd 162 , men han hadde angra som ein hund at han hadde høga seg aldri så lite grann . Han hadde lyfta hælane ei hårsbreidd frå bakken , ‐ det kunne ikkje vera så mykje at det gjorde noko , men det hadde ikkje vore heilt rett . Det hadde vore svik , og det straffa seg kanhende .

Han såg i angst på stativet . Det var blekande stilt omkring han . Han var einsleg på jordkloden fordi han var den einaste som hadde laga seg eit slikt stativ , fordi han var den einaste som hadde slik ei sorg . Å , dei hadde det godt dei andre , som kunne vekse så mykje dei lysta , som kunne bli så høge dei ville , ja så høge at dei såg ned på andre ! Han hadde drøymt han var høg ei natt , og det var ein søtsildrande honningdraum .

Jon stilte seg med ryggen inntil veggen . Med venstre handa tok han tverrfjøla og la henne opp på det ljose håret , og så pressa han fjøla inn til veggen av all makt . Deretter lyfta han høgrehanda med blyantstubben og drog ei ripe i veggen langs fjøla . Han heldt pusten så han nesten blåna . Han kjende korleis hælane sto faste i bakken . Denne gongen hadde han ikkje fuska . Denne gongen hadde det gått sviklaust for seg . Nå måtte Vårherre og Luther hjelpe ein stakkar som ville fram i verda . Jon snudde seg og stirde på veggen .

Det han såg gjorde han virkeleg redd . Angsten stakk han som kvitglødande tein . Han kjende seg mo og svimren og daud i all kroppen , det var som føttene ville svikte under han , og hjertet slo tolv tunge slag og sto bom stille . Han stirde mot veggen . Han stirde og stirde .

Blyantstreken sto rett ut for 162 .

Han hadde ikkje vakse nokonting ! Veksten på han sto stille ? Kunne det vera råd ?

Han mælte seg ein gong til . Men det hjelpte ikkje . Det var 162 like fullt . Men kunne det vera råd ?

Kunne det vera råd når han var Jon Bråtåbakken , han som hadde klivi i hamrane og sprunge frå berg til berg og ropt så det svara langt vest i Svånåtindane , han som hadde flækt næver av bjørkene så dei daua og lagt tranten sin inntil stammen og soge sevje så han lysta , han som hadde blistra mot fossen inni Svånågjelom og ofra eit utskava spikjikjøtlår til fossegrimen for å lære spelmannskunsta , han som hadde gått langt inn under Synfjell med bor og feisel og hogg namnet sitt i svarte bergveggen så det sto og lyste når sau-leitarane drog forbi ?

Kunne det vera råd ?

Og var det ikkje han som hadde drøymt han var Arnljot Gelline i raud skarlagenskappe og raga eit dobbelt hugu over alle andre ? Nettopp han var det ! Han hadde gått fram i slaget på Stiklestad og laga ei vid veit i fiendehæren , så berserkane skvatt til sides og låg og baska i sitt eige blod , og Heilag Olav slo han til lendmann og takka han for innsatsen på ekte nordmanns vis .

Guten kjende ein klump i halsen . Han reiste seg stilt frå bakken , og gløden i augo hans var borte da han smaug seg fram på tunet . Den spente strengen i kroppen var der ikkje lenger . Han var tussjin og bleik , og han såg ikkje at himmelen var blå lenger . Han såg ikkje sølvet som låg og skimra over Svånåtindane .

Var vesle Jon Bråtåbakken eit feilslag ?

Å nei , verda freistar så godt ho kan å rette på livsens lyte , og den dagen var det at to store mystiske menn hadde konferanse nede på Grand Hotell . Dei heldt lagnaden til Jon Bråtåbakken i hendene sine , for den eine var lærar Vik , the big man i Bråtåbygda , og den andre var hotelldirektør Berg-Svendsen , og den siste drog fram ein diger mage-belta sigar og spanderte på Vik , og så tala dei ‐ ja så sanneleg sat dei ikkje og tala om Jon Bråtåbakken , ei vanleg landsens gutløype frå ein smågard øvst i fjellbandet , denne son hennes Ingebjørg , du veit . Kva tenkte dei på , kulturprofeten og finansgeniet , når dei kunne slå ned på noko så knøttsmått som denne musikk-særlingen hennes Ingebjørg ? Hadde virkeleg velferdsstaten kome så langt ?

" Guten har rike fullflødande evner , " sa Vik .

" Det fins snart ikke folk som ikke har evner , " sa Berg-Svendsen .

" Eg lit på deg . Eg sender han ‐ "

" Av og til ønsker jeg å treffe en riktig fullblods god gammeldags tosk som ikke har realskole-eksamen . "

" Realskole-eksamen har han iallfall ikkje . Eg sender han hit same kva du seier ‐ "

" Ål rait , ål rait , " sa Berg-Svendsen og vagga på den svære kroppen sin og drog eit trøytt grin og reiste seg så audiensen skulle vera slutt . Men det galdt å halde seg inne med klokkar Vik . Han var kultur-samvetet i Bråtåbygda . Vart det uvennskap , kunne det gå så ille at Grand Hotell mista skjenkeretten sin . Klokkar Vik kunne setja i gang ein avholds-vekkels kva tid som helst . Det galdt å vera lusande varsam .

Såleis gjekk det til at Vik steig på mopeden sin i klokkartunet same kvelden og fræste nordover bygda så blårøyken sto . Gardane blikstra forbi som flygande tallikar , Kruke og Flye og Lende og Londe og Lyftingsmo . Når denna guten hennes Ingebjørg hadde greidd seg gjennom vinteren , måtte vel samfunnet freiste å gjera eit mannsemne utav han , om han var aldri så liten og tussjin . Vik ga gass og svinga frå riksveg 50 inn på Bråtåvegen .

Ingebjørg Bråtåbakken vart reint ifrå seg da ho såg motorsykkelen nede i jordet . Det var ikkje berre fordi det var lærar og klokkar Vik som sat på , i Bråtåbygda sat det ennå att ein snev av den gamle galtestøkken for alt som hadde med lærarar og lærdom å gjera ‐ men det var likså mykje fordi ho fekk slik angst for Jon . Han hadde da slutta å ta privattimar hos Vik , utan å seia ifrå . Det var reint ille gjort , for Vik hadde sagt det fekk vera gratis i første omgangen . Kva skulle ho seia ? Eller ‐ han Jon hadde vel ikkje gjort noko enda meir gale ? Hadde han øydelagt fela til klokkar Vik ? Eller sagt noko på bygda ? Guten hadde vore så still når praten kom inn på Vik . Eller kanskje ‐ kanskje kom Vik for å få Jon til å spela att ? Ja , kanskje ?

Eller kanskje var det arven på 35 000 ?

Hugen hennes vart mjuk og varm ved tanken , og det var som om sola sto og tindra over Svånåtindane berre for hennes skuld . Gud velsigne gamle Vik . Men ville han Jon spela meir ? Og var det rett av han å spela ? Verda var visst ikkje til for spelmenn . Men spelinga høvde så godt for vesle Jon , for han var ikkje stor og sterk som eldstebroren sin , han Hans i det militære . Kanskje kom Vik og sa at guten skulle inn på Musikk-konservatoriet ? Kanskje hadde klokkaren skrivi inn og fortalt om dei gode evnene hans , så dei ville gje han friplass . Å , men byen ? Korleis skulle det gå med Jon i byen ? Dei kom til å trakke han ihel når han våga seg ned på Kal Johan .

Ho tykte ho høyrde felelåt , og som i eit glimt såg ho Jon stå i solskodde med den vesle skjegglause haka si pressa ned mot ein ekte stradivarius , og det steig eit bifallsbrus mot han som var mektig som vindbrusen over Svånåtindane . Han hadde drivande kvit snipp og svartblank sjakett , og nå såg han på mor si , og det alvorlege veslemann-andletet hans rakna og tindra i ein smil som vart større og større , ein smil som gneistra av sjarm , og det var til henne han smilte , berre til henne ‐

Ho sto ved glaset og gløymde seg nokre sekund , ei femti år gamal blodslit-kvinne av dette slaget som det finst så mange av nord i Dovrelandet , med oppskrubba nevar og utslitne armar , og hår som aldri har vore pynta med pærmanent . Det spratt varme tårer i eit par døkkblåe augo som vesle Jon hadde arva frå mor si . Så sansa ho seg som eit lyn . Ho slengde kaffelars over omnen og kuta på stabburet etter goro og skrulle og skrivarbrød . Og gudskjelov at ho hadde att skrivarbrød , for det var det beste klokkar Vik visste .

Var han Jon heime ?

" Nei , han Jon var nok nede ved Svånå og fiska han , " sa Ingebjørg og bad han sjå til så han fekk sitja . Stakkar , han hadde gråna , han Eindride Vik med , han som var slik ein kvæk kar eingong i tida . Andletsdraga hans hadde visna , og akslene hadde slakna , men det gode auglynnet var der , og ho visste utan vidare at han kom med gode ting for guten hennes . Det var synd og skam at Guri Gardimellom skulle så slike gullkorn som ho gjorde nord gjennom grenda . Nå hadde dei funne eit gamalt kjærlegheitsbrev i sengjestokken hans , datert år 1907 .

" Korleis går det med spelinga ? "

" Å , han slutta så tvært , han Jon . Og han gjorde vel rættast lell . Lyt vel finne seg eit levebrød ‐ "

" Guten skal ikkje slutta å spela , " sa Vik , og det lyste våe ut av augo hans da han sa det . Og så sette han seg til rette i skinnstolen og gapte over eit skrivarbrød og ga seg til å fortelja kor gledeleg det var at direktør BergSvendsen ville skifte på litegrann , så det ikkje vart berre amerikansk jugl på Grand Hotell denne sesongen . Vesle Tordis Steine og Ola Steinhaugen skulle danse folkeviseleik kvar laurdags og sundags kveld før dansen tok til , og Jon her i Bråtåbakka skulle spela for gjestene . Sjøl skulle Vik syngje nokre gamle kjempeviser og tusseviser dersom det kneip . Kva meinte Ingebjørg om det ? Ho hadde vel ikkje noko imot at guten prøvde seg ?

" Han Jon ? Skulle spela fele på Grang ? Men hadde han sagt at han ville ? "

" Guten skal , " sa Vik . " Guten skal spela så turistane blir turre i kjeften . Han skal spela på hardingfela mi og stå i sylvspente skor på ein opphøgd tribune , så finfolka får med seg ei helsing frå Fjell-Noreg før dei dreg attende til svingdørene og skjeselongane og radio-skramlet sitt ‐ "

" Men , han Jon er så ‐ Han kunne ratt finne på å seia nei ‐ "

" Send han til meg i morgon kveld , så skal eg overtala han . Og kjem han ikkje , kan eg gjera turen hit att eingong til , " sa Vik . Han var djupt alvorleg . Ingebjørg var stormande glad . Kanskje dette var ein utveg ? Om han klarte det ? " Forsyn deg nå , forsyn deg nå , " sa Ingebjørg . Sjøl måtte ho ut i spiskammerset og tørke nye varme tårer av kinnet . Vik såg kor rørd ho var , og han vart rørd sjøl . Kroppen hans slakna i stolen , og han pusta ut . Han spurde seg sjøl kvifor han basa og sprengde på her i livet , når han likevel ikkje kunne bli lykkeleg ‐

Så var Vik på farten att . Han steig på mopeden og fræste ut av tunet med slik fart at veslehøna la seg rett ned i vegen og venta å kjenne nebben hass hanefar i nakken sin .

%Vesle Jon fiska . Han sto nede ved Svånå , innunder Svånågjelom , og visste ikkje at to store mystiske menn hadde gripi inn i lagnaden hans . Han sto sorgfull og mintest den gongen som smågut da han slong her berrføtt med bjørketrøa . Han kjende fisken her ved Dånåkulpen , visste kvar stor-auren heldt seg og kor sløg han var , og nå var det som dengongen i barndomslandet med stille kvit luft over svartblankt vatn , og tusmørke som kom fallande vestanfrå over Svånåtindane . Å , du lykkelege barndomsland ! Han hadde ikkje trudd det var vanskeleg å bli vaksen , han hadde trudd det kom av seg sjøl , og han hadde vore så glad ein gut . Han hadde hua av glede når han fekk fisk på kroken , han hadde hoppa rundt og gapt etter luft som fisken ! Han hadde stupt kråke over maurtuvene , av berre klårblanke livslykka . Han hadde krøkt ei diger raudslevje innpå kroken og spytta karsleg og sagt hokus-pokus-filion-fokkus , og sanneleg sat det ikkje ein gulfeit aurjafs på kroken og gnog på raudslevja før ho kom skikkelig uti .

Nå var alt annleis . Han hadde kome så langt at han tok til å plasere seg i verda . Han såg seg sjøl i forhold til Pær og Pål , og dermed var det farvel med livslykka . Han nådde ikkje den rette høgda . Han var ein tufs .

Men det var likevel så underleg med kvit luft over svart vatn , og tussmørke fallande over Svånåtindane , det bar ein salme inn i sinnet hans , og elva strøymde og sjoda med einstonige , kløkke brest . Landet song ikring han så det song inne i han med , før han visste ordet av det , ein underleg pen sang han aldri hadde høyrt før , ein sang av vindsus og vårsus og evig Svånå , og sangen steig i styrke kring han og fylte han så han tok til å skjelve og ikkje var seg sjøl lenger . Eller kanskje var det nå han var seg sjøl . Nå da han med eitt sto der i avmakt for denne gufsen av alt som var evig og hellig , denne tonen frå himlen inst inne , ein himmel høgt over menneska . Ja , det var nå han var seg sjøl , nå han var lyfta over jord og ord og sveiv i ein lykkeleg draum som Gud over det store djupet !

Han slapp trøa . Han sto i ein rus og tok imot , og draumen løyste seg opp som solregn og draup frå den gamle fela der heime i solstrima . Han stimde mot fela med tindrande augo , og han spela tonane oppatt til evig tid , han spela og spela , og stjernene ropa på han , og himlar og skyer var med i sangen , og straum og evje og sus i høgdom , og ingen var så lykkeleg som han .

Men oppe på stigen gjekk det ei modig lita framhaldsskoledame og leitte etter krøttera , og det var Snøfrid Bratta , som hadde gått hand i hand med stasjonsmestersonen da ho var tretten år og som hadde bada i lag med bygutane i fjor sommar . Ho hadde lese Allers og Hjemmet lenge før ho las for presten . Ho gjekk og nynna den siste slageren og kjende korleis livet glødde i henne , så sunn og frisk var ho . Aldri hadde våren vore så underfull som nå , aldri hadde det vore så mange smil i verda , aldri hadde ho drøymt så vakkert om nettene . Var det fordi gutane støtt såg på henne med slik ovundring i blikket ? Var det fordi ho visste at ho hadde lykka med seg og kunne velja og vraka ? Ja , for det kunne ho visst . Men ho skulle vente på den store kjærleiken , skulle ho . Ho skulle stritte imot og vera byrg heilt til han kom , den rette her på jord , den einaste rette , han som ho drøymde om og såg for seg i hugen stundom , ein ung vakker mann som kunne syngje mjukt som fløyel og svinge henne på armane sine og kysse henne tusen gonger og be henne med seg på kino .

Nå fekk Snøfrid auga på Jon som sto nede ved elva og fiska , og det fekk hjertet hennes til å banke fortare . Han var nok ikkje så kjekk , han Jon , men han hadde bølga hår som det lukta så godt såpe av , ja den lukta hugsa ho så godt både frå folkeskolen og frå juletrefesten i fjor da ho sto like ved han . Ho hadde kjent det kribla i kroppen , så godt lukta det . Og så var det slutt med stasjonsmester-sonen , iallfall foreløbig . Ho var så modig at ho hoppa ned stigen og song .

Davy , Davy Crockett

rider hele dagen lang ‐

Jon hadde teke opp att trøa . Han hadde stått og fanga tonane inn i sjela , tonane frå fjellet og himmelen i seg sjøl , og livet og gamle-verda hadde vendt tilbake til han så det gråna og stura ikring han som før . Og nå kom det ei jente her . Ho kom til han som ut av himmelen der oppe , med det mørke , glatte håret flagrande mot berget det blå , og der sto ho framfor han , andpusten så dei små brysta under den kvite blusen gjekk opp og ned , og han ynskte seg langt , langt bort , så pen var ho ‐ og så trist og tufs var han . Det var Snøfrid han hadde vore avstandsforelska i , snart eit heilt år .

" Ska du ikkje snart ta til å spela att ? "

" Ailder , " sa han og slengde snøret langt ut i striaste straumen .

" Du er så tværr , Jon . Eg kan gå att , eg , dersom du vil . Eg kom berre for å sjå om håret ditt var bølga eller ikkje . "

" Ååå ? " sa han seint og såg på henne . Augo hennes brann så fulle av varme at han ikkje sto det ut . Han såg til sides av all makt . Han nesten skolv av angst . Han visste så vel at her galdt det å prate i veg som eit uvær og vera vaksen kar og overlegen berre så det sto etter . Hadde ho kome skrikande ute i straumen , ville han ha vunne ein stor seier , for han kunne svømja så det sto etter , men han visste gudhjelpemeg ikkje kva denne Deivi Kråkitten var for noko , om han var eskimo eller indianer , eller tjuv eller kjeltring eller vanleg folk .

" Veit du , eg syns du er veldig kjækk , Jon . Veldig kjækk . "

" Ååå ? Du står og lyg . "

" Nei . Syns du eg er ‐ "

" Du er den penaste jenta eg veit . "

" Nå er det du som lyg . "

" Det er sant , Snøfrid . Penaste jenta i heile ver'n . "

Det vart blekande stilt mellom dei . Han leitte etter ord , men det fanst ikkje . Alle ord var borte , men ei veldig lykkekjensle båra gjennom han . Han gløymde den raudspragla flugua som låg og krafsa for livet ute i straumen . Ho smilte . Ho stødde seg opp til ein bjørkestamme og opna rognebærmunnen sin og lo med skinande kvite tenner .

Han hala inn flugua og smilte med , ein keiveleg smil . Det var som kroppen hans hadde læst seg og ikkje ville ut av lås att . Smilen hennes gjorde han enda meir maktlaus . Hadde han vore Bjørn på stasjonen nå , så hadde han kasta trøa og gått fram og kyssa rognebærmunnen så sol og måne og stjerner dansa , og hadde han vore ein av bygutane , hadde han gått enda lenger . Men han var vesle Jon Bråtåbakken , og han såg på henne og tenkte : Om to år er ho lenger enn meg . Mange centimeter lenger enn meg . Dette går aldri væl .

Men så lånte ho trøa og skulle freiste å fiska , og da var det reint så han tødde opp . Å , så moro , å fiske i lag med ei jente som ikkje kunne fiske ! Å fiske i lag med ei jente som svinga trøa så keiveleg og smilte hjelpelaust og underdaning , med den siljutein-fine kroppen i bend , og beina litt frå kvarandre , og augo som stråla , augo som stråla mot han , den sterke mann ! Han lo . Dei var kamerater som før i tida , da dei hadde same skolegangen og køyrde på kjelke nedover Bråtåvegen .

Korleis kunne det ha seg at han som var slikt eit naturbarn kunne vera så lite for seg når det galdt jenter ? Han var da gudsjammerleg kjedeleg . Eit naturbarn i slekt med dei gamle vikingane ville vel gå rakt på og fylgje kjenslene sine utan vidare . Vikingen ville ha teke omkring henne som ingenting , utan angst , og elska med vakre kjærtegn . Kvifor var ikkje Jon Bråtåbakken slik når han var eitt av dei siste naturbarna i Norge ?

Han hadde ein mistanke om det sjøl : Det var fordi alt gjorde slikt inntrykk på han , den minste ting som kanskje var meiningslaus gjorde inntrykk på han . Og lærar Vik hadde sett utover klassa så det gneistra i augo og sagt med reine og klåre ord at gutane skulle halda seg unna jentene før ekteskapet , og det var ikkje hans eigne ord , men det sto i Luthers Katekismus . Den som ser på en kvinne for å begjære henne , hadde lærer Vik sagt , og så hadde han fullført setninga , så kvart ord sto og dirra i hausen på vesle Jon Bråtåbakken .

" Nei , eg dug ikkje , " sa Snøfrid og ga trøa frå seg . " Men har du ikkje fått ein einaste fisk , Jon ? Haha ? Ikkje ein einaste ein ? Du er ein dårleg fiskar . Nå kan du prøve deg , du . "

" Jaså ? " sa han og lyfta trøa . Han hadde fått slikt mot at han kunne vinne verda ! Han såg over Dånå-kulpen , han bad henne om å få skifte flugu og fekk lov . Den nye flugua var blåsvart med sølvstriper og likna på dei store livskvæke flya i solveggen heime på Bråtåbakka . Og Jon Bråtåbakken kalla alle trollmakter og tussemakter i Svånågjelom til hjelp . Han spytta på flugua og sa Hokus-pokus-filion-fokkus og slengde uti , og han rakk å sende ei ørlita bønn til Vårherre attpå , at han måtte sjå i nåde til ein stakkar .

" Klask . "

I eit bliks sat det sanneleg ein blank , gulfeit aurjafs på kroken , og det rauk av snella da snøret gjekk ut . Fisken skar ut mot straumen , og Jon ga han taum , han ga han taum så fisken vart reint tullerusk ei stund , han trudde han var fri og berre hadde fått tannverk , men så kom det meir vilje over mannen bak trøa , han drog inn , fast og sikkert , og Snøfrid sto der og såg på Jon og visste ikkje kva ho skulle tru . Han måtte vel helst ha hatt slumpelykka ? ‐ Men likevel ‐ Ho tykte at han vart større og større der han sto . Han var makelaus til å fiske .

%Kanskje han kunne vera kjæresten hennes , likevel ?

JON SA ja til å spele hardingfele på Grand Hotell . Det var ikkje fordi lærar Vik hadde overtala han , men fordi Snøfrid hadde gjeve han ny tru på livet . Ho hadde kome som ein engel og fylt han med lykke , og tanken på det mørke håret hennes og den fine hjerteforma munnen fekk det til å svimle for han der han trødde sykkelen sin oppover Bråtågrenda frå Grand . Å , livet var så blankt og lett med eitt , så han måtte setja frå seg sykkelen og leggje seg i graset og blunde att augo og sjå henne for seg slik ho var da ho kom gåande nedover stigen , ho flaut liksom i eitt med den underlege sangen han hadde lydd til inne i seg sjøl , sangen om Svånågjelom . Nå var han så glad at han kunne kaste seg utover villaste Gjel-stupet og enda sleppe frå det med livet ! Han skulle møte henne att , heilt sikkert , han skulle stryke henne over håret dersom han berre torde , og han skulle ta handa hennes i si , dersom han berre torde . Og når ei tid hadde gått , skulle han kysse henne , dersom han berre torde .

" Men det tør eg nok ikkje , " tenkte han .

Nå hadde han fått andre ting å tenkje på enn kjærleik . Han skulle spela på Grand Hotell kvar laurdags og sundags og onsdags kveld , og vart det for seint for han , skulle han overnatte på ein sofa hos Haram , sjåføren . Han skulle spela gangar og springar og tusselåt , og vesle Tordis Steine og Ola Steinhaugen skulle danse attåt . Men aller først skulle han ha eit solonummer ! Heilt aleine skulle han stå der oppe , og han kunne ikkje stø seg til nokon ting om han skulle falle av vanvare eller av skrekk . Full av angst trødde Jon sykkelen sin nedover .

Grand Hotell var som eit slott i Bråtåbygda . Den svære vinkelbygningen skaut seg fram i riksveg 50 og saug turistane til seg så det var eit syn å sjå for ein vanleg bygdaknogar . Det sto bilar der heilt frå vest i Junaiten . Ja , det sto ein bil der med bokstavane CD og ein teddybjørn i glaset så fin at vesle Jon kjende korleis motet sokk i seg da han kom svingande inn på plassen for å debutere som profesjonell fiolinist .

Ved åtte-tida kom det ei ofseleg regnskur , og Jon fekk fullt hus . Dei sat ved små bord med lampettar nedover salen og drakk vin og snakka om desse elendige vegane i Norge , og alle dei elendige firbeinte krøttera som krak på dei , men det var godt å få koma i hus i slikt ufyseleg regnvær , og her var det sanneleg koseleg . Skål for sol og sommar og ferie ! Gjekk det an å bile inn til Svånåtindane ?

Mannen som spurde fekk ikkje svar , for eit blått forheng gjekk til side framme ved orkester-podiet , og der sto Jon Bråtåbakken .

Ja , der sto han , den vesle sentrumsfiguren i det bråtåbygdske kulturlivet ! Han sto med hardingfela framfor seg og smilte den fjellblåe smilen sin til publikum . Han bukka så han heldt på å tippe over ! Han virka enda mindre enn han var i den svarte knebuksa og raudvesten og kvitskjorta . Han var ein knøtt , og det var det som var meininga . Publikum spurde seg sjøl om det kunne vera råd at ein ten-åring kunne mestre noko så vanskeleg og uforståeleg som hardingfele . Men Lina Svartjordet som var med på kjøkkenet , fekk reint vondt , ‐ det såg da virkeleg ut som om guten hennes Ingebjørg tok til å vekse nedover att .

Jon lyfta bogen .

Aller fremst sat teddybjørn-mannen med CD-bilen , og til sides sat det ei fyldig dame frå Hokksund . Og eg skal helsa og seia at dei lydde . Men ingen av publikum skjønte at den vesle fjelldølen der framme sloss for livet . Små dropar av kaldsveitte sprang som dogg fram på den bleike panna . Hjertet slo så det kunne sprengjast når som helst . Guten spela og spela og såg ikkje publikum . Han såg berre raude gap som ville sluke han , og han høyrde ei røyst inne i seg som skreik det same dødsskriket : Dette går ailder væl , dette går ailder væl , det går te hælvet , Jon .

Men det gjekk væl ! Så underleg det var , det gjekk reint overvettes væl ! Folk klappa nede ved borda , for dette var sanneleg noko originalt og nytt som ikkje var vanleg på norske hotell , å la ein ten-åring sleppe til med hardingfele midt i atom-blåsten . Bifallsbrusen slo mot Jon så han kjende angsten sjone i seg som i eit svalt pust frå Svånåtindane . Han svelgde . Han kunne strigråte . Han kunne storme ned frå podiet og bure hugu sitt inn i fanget på den fyldige dama frå Hokksund , så glad var han . I ein glimt såg han Snøfrid for seg i brestande sol kring ein vårbleik bjørkestamme , og han svelgde enda ein gong . Han smilte ein veik kunstnarsmil som gjekk rakt i hjertet på CD-mannen . Og Jon Bråtåbakken lyfta bogen og spela ekstra-numret sitt , Høvringsvisa . Han gjekk ned av podiet som dagens mann i Bråtåbygda .

Dagen etter trødde Jon sykkelen oppover Bråtåvegen , og det var sølv og gull og lykke i alle ting . Han hadde slik tru på livet nå . Han sto på ein høg tind og såg ned på den vesle fjasken som hadde seti og ynka seg under stativet sitt bak låven på Bråtåbakka . Det var tull at folk slutta å vekse . Forresten tyktest han hugse at han hadde høga seg noko skamlaust førre gongen . Det måtte vera det som var årsaka til at han ikkje hadde tøygt seg noko . Nei , han skulle bli lang og lysande , og han skulle bli rik og vidgjeten attpå , så kanskje han kunne setja søkken i Guri Gardimellom og kompani som tala om at han var så tufs . Dei kunne berre akte seg .

Men han skulle vente med å høge seg . Han skulle bite ihop tennene og bie til han var heilt sikker , og så skulle han stige framfor stativet og plante føttene i bakken og stire på skiva , og der skulle det stå ‐ ja det måtte vel stå 168 iallfall , eller helst 170 . Men han skulle bite ihop tennene og vente .

Den kvelden hadde Jon Bråtåbakken det første stemnemøtet sitt her i livet . Han møtte Snøfrid bak det gamle geitfjøset hass Hans Kvennstuggu , og han angra som ein hund at han ikkje hadde nemnt ein annan stad for henne . Han kunne ha sagt under den store hengjebjørka på Vakkerhaugen , eller på den pene grønsletta nede ved Svånå , ‐ det ville ha vore mykje meir romantisk . Han hadde ikkje hatt fantasi nok , det var saka . Og så var han så forfjamsa fordi han var så veik for henne at han snautt hadde tenkt over det han sa . Men elles hadde han støtt vore slik til venns med det gamle geitfjøset . Det hadde vore så godt å krype inn der når det var regnvær . Ja , ikkje så å forstå at han hadde tenkt å krype inn der i lag med Snøfrid . Han kunne øydeleggje alle sjansane sine dersom han slo frampå om noko så umoralsk .

Ho sto midt på vegen og venta på han . Jon kjende seg så underleg maktlaus og hjelpelaus ved å sjå henne . Det store motet hans minka . Sølvet og gullet og lykka i alle ting bleikna bort , og for kvart steg han tok , tykte han at han såg stusslegare og stusslegare ut . Kunne det vera råd at kjærleiken var slik , ‐ at han drap all tryggleik og glede i mennesket ?

" Takk for sist , " sa han og retta fram handa på god gammeldags vis .

" Er det sant ? Er det sant at du driv på Grang ? " Ho ga seg mest ikkje tid til å helsa . Ho lea på den fine rognebærmunnen sin , og dei mørke blå , kvikke augo sto beint på han .

Det fall ein stein frå hjertet hans . Gudskjelov , han var berga . Ho hadde fått greie på det . Ordet for fortare enn mannen , det var så sant så sant . På vegen hit hadde han kjempa ein ny stor sjeleleg kamp , heile det beste i han hadde reist seg i opprør da det var ei røyst som kom kviskrande og sa at han laut freiste å fortelja det til henne , så audmjukt han kunne , at han spela på Grand . All sunn og tilforladeleg folkeskikk i han hadde banka det inn i hugen att for siste og atter siste gong , at nå måtte han ta seg på tak og styre seg . Det skulle ikkje vera noko sjølskryt hos Jon Bråtåbakken .

Men ho visste det , og før han fekk sagt stort , hadde Snøfrid lagt i veg med å prate . Det var Lina Svartjordet som hadde fortalt , og ho hadde skrytt slik av spelet hans og fortalt om applausen , og Guri Gardimellom hadde høyrt meir seinare på dagen . Ein amerikaner hadde gjeve Jon ti kroner fordi han var så flink på fela , og farbroren i Svartvasslia skulle koste Jon fram på Musikk-konservatoriet ‐ ja var det sant ? Kunne det vera råd ?

" Eg fækk fæm kroner tå amerikanern , elles er alt blank lygn , " sa Jon . Og det var ikkje fritt for anna enn at Snøfrid var vonbroten . Men Jon var iallfall på Grand Hotell , der alt var så fint . Berre han nå kunne klæ seg pent . På Grand tente jentene driks , og det var dans om kveldane der , i fjor sommar hadde ho såvidt vore innom der og sett på at dei dansa , og ho skulle aldri gløyme det .

" Kom , " sa Jon , og så gjekk dei side om side bak geitfjøset og sette seg på bordstabben hass Hans Kvennstugu . Han hadde med seg to flasker solo som han hala fram , og det ga ein underleg byrgskap å vera kavaler , enda han kjende seg både kald og varm . Ho hadde den ljose kjolen med raude roser her og der , og da han såg på den store hjerteforma munnen for femte gongen , sto det klårt for han at så langt kom han aldri at han fekk lov til å nærme seg denne munnen med sine eigne lepper . Nei , leppene hans hadde visst togge for lenge på grasstrå til det . Han måtte vel sjå seg om etter ei anna jente , likså gjerne med eingong . Tordis Steine , kanskje ?

Så sat dei der , og det var kjærleiksstilt mellom dei . Og sommaren sprengde seg fram over Gudbrandsdalen og Svånåtindane som ein mektig solplog , og det låg lengsel i ljose skyer og blå lufter og døkke berg . I dei unge fine kroppane bivra ei still spenning , hos Jon var det meir angst enn hugtrå , hos Snøfrid Bratta var det meir hugtrå enn angst . Ho bar i seg ein lengt etter den store skjelven . Ja , etter den store skjelven som kjærleiken måtte vera . I draumane sine drøymde ho vilt om ting det ikkje gjekk an å snakke om . Men ho visste at det var dumt å drøyme seg bort , og der ho sat og tenkte , gjorde ho opp med seg sjøl at ho skulle passe seg sjøl same om ho våga seg like langt i kjærleiken som den søtten år gamle jenta i den siste filmen ho hadde sett . Men ho måtte veta korleis kjærleiken var , ho måtte prøve seg fram og kjenne korleis det var å vera i lag med ein gut nesten på den rette måten . Ho hadde ein mistanke om at den store skjelven var det aller største her i livet .

" Eg er visst gla i deg , Snøfrid . "

Han såg ende beint ut i lufta da han sa det , og det var første gongen Jon Bråtåbakken sa han var glad i ei jente . Det var kanskje den siste med . Han såg rakt ut i blået , torde ikkje sjå på henne , for nå hadde no lagt seg halvt bakover på bordstabben og stødde seg på albogane , og han visste at han kunne sjå alle dei fine små dumpene under kjolen . Hadde han sagt for mykje ? Ho såg bort .

" Eg må nok bli klar over ‐ mine følælser . "

Han svelgde . Han sa nesten desperat .

" Du har erobra meg heilt . Eg kan ikkje leva uten deg . "

Ho svara ikkje . Men ho likte det , ho laut vedgå det . Det klang som musikk . Og likevel var ho vonbroten .

" Du er ‐ min skjæbne , " sa han .

" Men ‐ om det vart slutt ? "

" Har du ein an' ein , Snøfrid ? Har du denna son åt stasjonsmæstern ? "

" Nei , det er slutt . Han var så guffen . Han var ingen gentlemann . "

" Eg er ingen gentlemann eg heller . "

" Åh ‐ det luktar så godt såpe av deg . Har aldri kjent så god lukt . Åh , så god lukt ! Kva slags såpe er det ? "

Han hevla seg , det hadde vore nære på at han hadde sagt Lano . Og Lano var spebarn-såpe . Han visste snautt kva slag såpe det var .

" Eg har slik hug til å lukte i håret ditt . "

" Lukt vækk , " sa han . Men han rykte seg bort da ho nærma seg han . Dette var ikkje som det skulle vera . Han kjende seg som ein barnsunge , der han sat . Han kjende seg raud i andletet og kom seg på føttene . Næ , sa han .

" Du er redd , " sa ho . Ho såg beint inn i augo hans med dei djupblå vakre augo sine , og han kjende korleis blikket hennes drap augo hans eigne . Ho hadde makt over han .

" Nei , eg er ikkje redd , " sa han . " Men eg syns det er tull . Det er da berre såpe . "

" Tosken , " sa ho og reiste seg og tok til å gå bortover , og han angra seg og skjemdest over at han hadde vore så korka . Det var sikkert han som hadde skulda . Han hadde aldri lært seg til å konversere , som det heitte så fint . Ein kavaler måtte kunne det . Han måtte vera mjuk og skvær og diplomatisk . Han skulle ha late henne lukta så mykje ho lysta .

Dei vart venner att . Han fortalte om Grand Hotell , om heile dette systemet med svingdører og disk og resepsjon og bar og drinks , og om Berg-Svendsen og koldjomfruene og varmjomfruene og Haram , sjåføren . Men alt han hadde lidd , sa han ingenting oom . Ingenting sa han om kampen der oppe på podiet framfor det blå forhenget , ingenting sa han om at han hadde legi vaken på sofaen inne hos Haram heile natta , fordi han tykte alt var så framandt og uvant . Ho lydde med slik ein sterk stir i blikket , og han kunne ikkje halde seg . Han gjorde det modigaste han hadde gjort nokon gong . Han greip handa hennes . Ein augneblink gløymde han barnelærdomen sin om den som ser på en quinde for å begjære henne .

Korleis kunne han veta at det var namnet Haram som fjetra henne ? Korleis kunne han veta at ho hadde sett denne unge atleten for nokre dagar sidan ? Han hadde leikt med ein liten hund på vegen , og han hadde vore klædd i ein mørkeblå treningsoverall med kvite striper , og han likna på Marlon Brando . Ho hadde kjent eit sug i seg og kunne mest ikkje gå vidare fordi ho trudde han sto og såg etter henne . Det var som om knea svikta . Men Haram hadde ikkje sett til den kanten ho gjekk . Ho visste nok grunnen , at ho var for ung .

" Skal vi ta ein tur på Vakkerhaugen , Snøfrid ? Eller Grønsletta ? "

Jon kjende augo sine be . Han såg for seg den lange løyndomsfulle stigen ned til Grønsletta . Det var mjuke krokar og svingar i tette skogen , med små maur som sette seg på bakbeina og myste opp på dei der dei gjekk , hand i hand . Lengst nede var det ein beinveg med eit stygt bergsva , og så kunne han gå først og ta imot henne . Ho ville koma med det mørke håret flagrande og hendene utstrekt mot han , og han skulle halde henne fast , så fast det gjekk an utan at han kom nær bringa hennes , for da kunne ho bli sint og gjera slutt med han .

Ho såg ut som ho ville , ja ho gjorde det . Men så kom ho til å tenkje på noko . Ho hoppa brått ned av bordstabben og spurde kva klokka var . Klokka var vel ikkje så mykje som åtte ? Ti minutt på åtte , sa han . Han fekk ikkje tid til å vera stolt av armbandsuret sitt . Ho skulle gå . Men kva sto på ?

" Det er " Ungdomsrevyen " i radio , " sa ho . " Hadde nesten gløymt det . Du høyrer vel på det , du også ? Oss kjøm for seint . Eg må springe . "

Orda hennes drap all lykke i han . Han var ynkeleg tufs der han sto . Så stutt skulle dette møtet vera , enda det var ljose sommarkvelden med så vedunderleg varm og still luft . Å , Å , hadde enda hesten hass Hans Kvennstugu der oppe på vegen sprunge avlaust på flekken , hadde han enda renska seg i skjækene så tomspanna trilla bortetter , ja hadde enda hesten steila til himmels så vesle Jon kunne springe fram og hogge tak i han og halde han i ei jernklo , medan Snøfrid sto og såg på så det svimla for henne .

Da gløymde ho kanskje " Ungdomsrevyen " .

Snøfrid vinka og sprang . Og gamle Svarten oppe på vegen steila ikkje , han gjekk med hovudet bøygt ned i grusen og drøymde om Grønnvasstjønnin , og Jon sto att som i mørke . Det var kalt og nakent og meiningslaust alt ikring han . Dette gjekk nok aldri væl . Ailder væl , ailder væl , susa det for han . Men så sansa han seg . Han tok beinvegen nordover og sprang over skigardane alt han orka , han sprang så tunga slong , han måtte heim til klokka var åtte . Han måtte veta kva " Ungdomsrevyen " baud på . Han visste det knapt . Og klokka tre over åtte kom han farande inn på kjøkkenet og slengde seg ned ved folkemottagern . Gjennom eteren skurra det

Davy , Davy Crockett ,

rider hele dagen lang .

Kven skulle tru at dette var ei historisk stund for Jon Bråtåbakken ? Kven skulle tru det ? Men det var det ! For første gong skjønte Jon Bråtåbakken kor mykje det har å seia for eit menneske at det lyer på radio . Det hadde han sjøl syrgjeleg forsømt . Han hadde stått over fisketrøa si nede ved Dånå-kulpen og tulla bort den dyrebare tida .

Etter kvart som ungdomsprogrammet skrei fram , sto det klårare og klårare for han at han var ein tosk som heldt på å koma i bakleksa , ein heimføding frå Attglømtgrenda . Det var ungdomar på same alder som han som tala inne i radioen , men dei tala som om dei var vaksne og kjende verda ut og inn . Dei hadde det så morosamt med grammofonplater der inne at det var reint vondt for ein stakkars ten-åring nord i Tusse-provinsen . Jon fekk mindreverdskompleks for alvor da det kom fram i radioen ein gut frå Riis skole i Oslo som hadde hitchhaika heilt ned til Spania og tilbake i sommarferien . Han hadde sett tyrefekting i Madrid og sett spanjolane danse folkeviseleik under Middelhavshimmelen . Jon sat stirøygd og lydde . Snøfrid var på rett veg , ho var langt framfor han . Han laut ta seg i nakken nå og drepa naturbarnet i seg med kaldt blod . Han laut bli normal .

Den gamle folkemottagern skurra så det var reint ille .

Stakkars Ingebjørg Bråtåbakken . Som mor til denne evnerike guten burde ho ha visst kor mykje det hadde å seia for ungdommen å lye på " Ungdomsrevyen " i NRK . Ho burde ha visst kor mykje radioen har å seia for utvik linga av personlegdomen hos ungdomen . Ho hadde ikkje visst betre , ho hadde skrudd radioen av etter værmelding og ord for dagen og dagsnytt , og radioen hadde stått så einsleg og uglad for seg sjøl i kroken utan å koma til orde . Ingebjørg Bråtåbakken visste snautt kva show var for noko . Slike folk burde ikkje få lov til å gå lause .

Men Jon Bråtåbakken var på rett veg .

JON HADDE gått inn i ein ny bolk av livet sitt , og mangt og mykje vart annleis for han . Nå var det ikkje Brunen og næp-åkern og auren og fiskelykka . Nå var det Grand Hotell . Det song for han Grand Hotell Grand Hotell Grand Hotell kvar han gjekk , og det brattlendte bruket høgt oppe i himmelskaret låg liksom og tok farvel med han kvar gong han steig på sykkelen og trødde ut gjennom grindsleet .

Han såg steinrøysene som låg der og kvitna og vitna kring åkerreinene , og så skjoks han forbi og var nede på riksveg 50 , og framfor han låg livet . Det var kanskje fordi riksveg 50 førde til Oslo ? Men glad var han ikkje akkurat , for lykka var som ei bjølleku ein måtte leite etter . Ein gjekk og lydde etter låten og leitte og leitte , og somme gonger svara det bakom eit søkk eller inni eit holt , og ein sprang og sprang og reiv seg til blods og sto der att hjelpelaus og vonlaus , for ein måtte leite så lenge at ein til slutt høyrde låten likevel , enda det var reine skire bedraget . Men når ein hadde gjeve opp å leite , da kom kanskje bjøllekua luntande og klunkande nedmed grindsleet . Slik kunne lykka vera . Ho gøymde seg for folk .

Jon spela som aldri før . Men siste halvtimen før han skulle inn , var han redd og lite til kar . Han gjekk og smaug seg bort omkring hotellet , og han sveitta når han sto inne på romet hos Haram og tok på seg munduren sin . Men han spela som aldri før . Han spela for eit virkeleg publikum . Når han bukka for publikum og hadde fått av seg munduren , var han så spelande glad at han måtte vera reint ulik andre folk , som gjekk og var staurande seige og nøkterne heile tida . Det var så opp-og-ned med hugen hass Jon Bråtåbakken .

Haram var ein grei kar . Han var filosof og pessimist og sportsmann , og tala med Jon som om guten var hans likemann , enda Haram var ein populær figur ved Grand Hotell , serleg blant damene . Dei måtte snu seg når han sto med vass-slangen bortpå garasjeplassen og spyla av seg lorten etter dagens arbeid . Han hadde ljost bølga hår og tverrkutta aksler , og eit par mørkeblå , nesten fiolette gluggar som fekk jentene på kjøkkenet til å blande Zalo i kjøttsausen . Men han hadde det ikkje godt , Haram , for han låg utover natta og tykte han høyrde bombene plystre gjennom lufta , og somme gonger kom det splintrar og skar seg inn i kroppen hans så han stønna høgt og ropte på mor . Men både mora og faren hadde sett livet til under det tyske bombeåtaket på Molde , og sjøl er eg død liksom , eg med , sa han til Jon .

Men ein morgon Jon vakna , var senga tom , det såg ikkje ut til at Haram hadde sove der om natta . Best det var , song det og småplystra borte på gangen , og inn kom Haram så underleg kvæk og optimistisk at det var reint ulikt seg . Jon såg spørjande på han .

" Den beste balsam for veike mannfolk-nerver er kvinnfolk , " sa Haram med ein mystisk blenk , og han drog fram eit digert badehandklæ og langa ut på badet og tok dusj så det susa , og da han kom innatt med handklædet rundt den tverrkutta bronsekroppen sin , plystra han ei vise av Prøysen og stakk den elektriske barbermaskina i veggen og fiffa seg opp så det var stort å sjå . Jon stirde . Nå såg han ein mann som hadde vore i lag med kvinnfolka på umoralsk basis . At han torde ! Fekk Berg-Svendsen greie på det , ville han ratt kaste han på dør , og fekk lærar Vik greie på det ‐ ? Ja , da kunne det bli måneljost i Menighetsrådet .

Det var heilt uråd for Jon å tenkje seg til at han skulle vera umoralsk i lag med Snøfrid . Nei , med henne gjekk det ikkje an , for ho var for fin og rein i grunnen ‐ ja , ho var den siste han kunne tenkje seg . Det var noko anna når det vart ekteskap , og det var enda så langt fram at han trong ikkje vera redd for den tid . Men skulle han gifte seg med Snøfrid om nokre år , måtte han henge i og tøye seg alt han kunne . Han måtte bli 1 , 80 høg , og han måtte bli så ovanpå i livet at han kunne oppleva den dagen da han fekk opptre i Store Studio . Ho ville nok ikkje ha ein tufs , ho Snøfrid . Jon måtte sjå til å bli like sjarmerande som Haram , for han hadde tak på jentene .

Men kunne virkeleg fela hjelpe han fram ?

Jon gjekk til den åndelege formyndaren sin , lærar Vik . Han skulle ha ny privattime , men Vik hadde ikkje noko imot å prate . Det hadde vore ein stor dag da Jon debuterte på Grand .

" Du skal ikkje gjeva opp , " sa Vik . " Bygda og landet har bruk for deg . Høyrer du ikkje koss det ropar på deg . Det er rudningsjord overalt , du treng berre spenne i og prøve kreftene dine , så vil det spire etter deg . "

" Eg er ‐ Eg veit ikkje korlessen det skal gå , " sa Jon .

" Du må ikkje miste trua på deg sjølv . Du har eit kall . Vi treng bygdemusikarar som aldri før . Vi treng bygdekunstnarar . Det går attover med kulturen i Gudbrandsdalen . Nå er det ingen som spelar på fele eller driv med tre-skjering lenger . Frå Lillehammer til Lesja står det " Værelser tilleie " langs riksveg 50 . Men du , Jon Bråtåbakken , du har fått ei Guds nådegave , og den får vi vone skal koma desse armods gudbrandsdølene til gode . "

" Det trøngst vel talænt ? "

" Sjølvsagt . Men det har du . Og ein dag skal du få lønn for alt ditt slit . For alt vi veit , kan dei få bruk for deg i Folkemusikkhalvtimen i radio ‐ ja kven veit ? "

Jon såg fagre syner for seg der han sat . Han fekk ein godhug for lærar Vik som han aldri hadde hatt før . Det hadde nok ofte vore eit spenningsforhold mellom dei to , sidan folkeskolen , der Jon hadde tulla seg bort med så mangt på skolevegen ‐ med frosk som kvekka og svale som sa kvikvitt og skogen som song utan ord ikring han , så alt som heitte reguladetri og vekselens pålydende datt ut av gutehausen . Nå var dei slike venner , desse to , kanskje fordi dei var meir likemenn , og Jon lova seg sjøl medan han sat der at når klokker Vik døydde , skulle han stige fram og leggje ned ein krans på grava hans og halde ei tale så pen at tilmed slike som Hans Kvennstugu tok til tårene .

" Lat meg så høyre du spelar , " sa Vik .

Jon spela for den gamle læraren sin . Han spela gangar og springar og trollslått så den tynne kroppen hans rista . Aldri nokon gong hadde han slept seg så laus . Han spela så han kjende stengslene stupe i seg , og han storma fram medan tonane frå tusselåten fløymde omkring han . Han såg seg sjøl i ei gullkanta skodde av berømmels , han høyrde tidssignal og såg for seg den magisk-mystiske mikrofonen , og han høyrde ei radiorøyst som sa : Som siste post i folkemusikkhalvtimen hørte vi Jon Bråtåbakken spille folkemelodier fra Gudbrandsdalen . Over til Oslo .

Men Vik sat i den slitne skinnstolen sin og blunda att augo og lydde . Slik skulle det spelast . Slik skulle musikken vera . Ingen musikk var som felemusikk , det fanst ikkje noko edlare og finare , ‐ denne sorgmilde låten om liv og død og smil og tårer i kvar ein tone som draup frå strengene . Han såg for seg festen i Ungdomslaget , det var ikkje meir enn femti år sidan og knapt det , det var ein heim han tydde til , med sang om moder jord og fedrelandet . Inga Liti Mor på Hand Kvern i Kongsgarden Mol , hadde dei dansa , og da hadde han elska ei jente som nå var gift med ein plastikk-fabrikant i Oslo . Ho var mager og myrk og mjå som Veslemøy i Garborgsangen , og det hadde vore den lykkelegaste stunda i livet hans . Ho ville alltid vera den same for han , så i grunnen var det han som hadde sigra , likevel .

Men direktør Berg-Svendsen slo kaldt vatn i blodet på den unge musikern . Det var nokre dagar etter på Grand Hotell .

" Hva skal du bli da , gutten min ? " sa direktøren .

Jon våga seg ikkje til å svara . Han hadde hug til å seia rett ut at han ville bli musiker , men han torde ikkje . Han såg halvredd på den mektige arbeidsgjevaren sin .

" Denne felemusikken er jo ikke noe levebrød . Har du realskoleeksamen ? "

Nei , det hadde ikkje Jon .

-Det må du ha skal du klare deg i vår tid . Men ‐ vel , det fins alltids muligheter . Hotell-bransjen er jo noe å tenke på . Realskoleeksamen er realskoleeksamen ‐ men , for eksempel ‐ kelner ? Det kunne være noe . Eller ‐ kokk ? "

Kokk ?

Jon kunne ha myrda Berg-Svendsen . Kokk ? Fy for skam ! Var det noko for han ? ‐ Han som hadde gått heilt inn til Synfjell og hogge namnet sitt i svarte berget så det sto og lyste når dei armods sauleitarane drog forbi ?

Aldri ! Det var ein meiningslaus tanke , og han vart fylt av opprør . Han beit ihop tennene så kjakane kvitna der han sto og såg etter Berg-Svendsen . Kelner ? Kokk ? ‐ Snøfrid ville aldri vera i lag med ein slik ein , det også måtte han hugse . Da var det likare å bli resepsjonsmann . Det sto blåst omkring resepsjonskarane , dei gjekk omkring som om dei åtte heile hotellet og hadde svartblanke uniformer med gullblanke striper på ermene .

‐ Realskoleeksamen ?

Nå sokk livsmotet i han brennkvast . Han såg for seg Hans , broren , da han kom heimatt og hadde stroke til eksamen i matematikk . Stakkars bror Hans hadde vore så tussjin da han kom inn grindsleet at mor hadde fått reint ilt for bringa . Jon hadde kjent seg som ein storebror der han rusla framfor broren langsmed Svånå og fiska utover kvelden . Han hadde gjeve den trøysta han kunne , men Hans hadde gått og stura heile tida . ‐ Tenkt på sjølmord hadde han visst .

Nei , ved Gud ‐ realskolen skulle ikkje Jon ta !

Men Hans ? Han hadde greidd seg godt utan realskoleeksamen lell , han var sersjant i Brigade Nord , og kom ratt tilbake som general med tida ! Det hadde Guri Gardimellom sagt i kaffe-slabberaset på Svartjordet .

Kokk ? Aldri i svartaste hælvet skulle han bli noko slikt , aldri skulle han bli kelner , aldri skulle han bli resepsjonsmann . Han hadde Arnljot Gelline-draumen i seg , som lyste skarlagensraudt imot han og drog han opp . Og bak seg hadde Jon Bråtåbakken folkeopinionen i Bråtåbygda , som gjekk og venta at han skulle bli noko stort . Folkeopinionen skauv han fram og kravde han skulle innfri det han lova .

I desse dagane drøymde Jon om Snøfrid med underlege kjensler av lykke og sorg på same tid . Han torde ikkje gå for å treffe henne midt i veka , det fekk vera til sundagen kom . Det var slik ei lette å få utsett det , og han visste kva grunnen var til det . Han vanta tru på seg sjøl . Å handtere fele kunne han , men jenter ? Nei , det vart noko anna . Ei kjensle kom og sa at han ville miste henne , akkurat som Arnljot Gelline ikkje fekk si Ingrid . Han hadde ikkje evne til å vinne henne , om vona var aldri så sterk og glødande .

Så kom ein ny laurdag på Grand Hotell . Jon spela . Han hadde ikkje vore så nervøs heller da han gjekk fram denne gongen . Han hadde visst at han ville klare det . Han hadde visst at han ville vinne . Han kunne bukke ledigare og vakrare enn før for publikum . Han hadde øvt seg på det for seg sjøl . Han hadde stått borte i fjøset og bukka til sauene og geitene . Gjestene klappa , og han kom fram att og spela Høvringsvisa som ekstranummer . Han spela om soli på Anaripigg , så det vart stilt og høgtidssamt ved bardisken . Han jubla inne i seg sjøl .

Men kor lenge var Abram i Paris ?

Da Jon hadde teke imot applausen og sto ute i hallen og tørka sveitten , var det ei røyst bak han som sa : Den vesle julenissen er sannelig god til å spille fele .

Han bråsnudde seg . Det var som han fekk eit blodig slag og stupte død inne i seg sjøl . To herrar sto med ryggen til han og røykte Havana-sigar . Han som hadde tala om Jon , var ein velfødd , månerund bymann . Kalde og varme straumar bylgde gjennom guten som hadde høyrd det som vart sagt . Han kom seg stilt ut .

Den vesle julenissen ? Og det var han ? Dei gjorde narr av han , fordi han var slikt kledd og fordi han var så liten ? Han var ferdig ! Alltid ville dette henge ved han ! Han ville aldri bli høg , alltid og all sin dag ville han bli verande liten . Det hjelpte ikkje alt det han freista å trøyste seg sjøl . Livet sto der staura i jorda og synte seg så nakent og nådelaust det var . Livet lo av han , gjorde narr av han , stengde vegen med ein kaldkvit glisp .

Hadde han vore ein ten-åring av si tid , ville han roleg ha snudd seg mot kommentatorn der inne og bede han spara grisetrynet sitt til jul , men Jon var ikkje av det kalibret . Han hadde ikkje lært å ta att og svara med same mynt . Det var ikkje så greitt for Ingebjørg Bråtåbakken , som var av dei stille i landet . Ho hadde ikkje greie på moderne barneoppdragels ‐ .

Ute i skymminga beit Jon ihop tennene . Han skulle ikkje gråte . Ikkje ein armods liten bønnfallande tåre skulle få sprette ut av augkroken . Han skulle syne at han var vaksen . Han var seksten år , og det var ingen han kunne fortelja sorgene sine til , ingen ! Han kunne berre fortelja dei til seg sjøl og stå der utan å kunne gjeva noko råd . Den vesle julenissen ‐ den vesle julenissen ‐ orda låg og stakk der inne med underlege vonde sting , men han beit ihop tennene .

Snøfrid ? Kanskje Snøfrid ville forstå han dersom han fortalde henne det ? Ho ville trøyste han fordi ho var glad i han ? Ho ville tru på han ? Ho ville aldri gå frå han ? Ho ville legge handa si i hans , og dei ville gå til Vakkerhaugen og vera evig glade i kvarandre ?

Om to år var ho lenger enn han , fleire centimeter lenger enn han .

Det skulle skje noko som gjorde at ikkje Jon fortalde henne om det som var hendt : Jon kjøpte seg nye sko !

Han hadde fått den første lønna si her på jorderik , og det var 150 kroner , og på Handelsforeningen hadde dei nettopp fått ei sending med nye herresko . " Dette kunne kanskje være nogo for deg , " sa ekspeditør Grephaugen og drog det nye sko-slaget fram på disken . Traktor-skorne hadde nådd Fjell-Noreg .

Jon hadde nok sett desse nye skorne med såler så tjukke som blodklubb , og han hadde tykt dei var abrikjeleg stygge å sjå til . Han hadde sett med forakt på gutane lenger sør som kom skvamplande i dei . Men dei hadde gjort inntrykk på han . Ein natt hadde han drøymt at han gjekk i traktorsko og var så høg som Haram ! Nå sto han her på bua og kjende korleis han tok til å slåss med seg sjøl . Det var ei røyst som sa inne i han : Kjøp skorne , da blir du høgare , kjøp skorne , da blir du høgare . Snøfrid vil vera mindre enn deg . Kjøp , kjøp ‐

Det var pene sko . Dei var ljosgråe i fargen , med veldige breie saumar langs sidene , og dei var flottare enn traktorskorne Jon hadde sett før . Desse her hadde ein heilt ny patent , ‐ dei hadde gullblanke lekkjer som låg og ringla over skoreimene . Ja , det hang tilmed eit lysande lekkje bakpå hælane med . Kjøp skorne , da blir du høgare

Skulle han ? Det var fusk . Det var å høge seg sjøl og gjera seg likare enn ein virkeleg var . Det kunne straffe seg ? Og kva ville Vik seia ? Kva ville farbroren seia ? Han kunne få slag ! Og mor ? ‐ Men Snøfrid ville like dei , det trudde han på . Han ville iallfall bli akkurat passe høg til henne , så han ikkje trong kysse henne i bein line , men litegrann ovanfrå og nedover , som ville vera glupast .

Det vart så han kjøpte skorne . Han måtte setja seg på ein stabbestein oppe i Bråtåvegen og be Jesus og lærar Vik og mor si om forlatels . Jesus ville iallfall skjønne at han måtte ha desse skorne .

Så vakker ein kveld hadde Jon sjeldan opplevt , kanskje var det den vakraste av alle . Dei spaserte nedover stigen til Svånå , og da dei kom til bergsvaet , gjekk han føre for å ta imot henne . Dei hadde tala om alt så nær som kjærleik , og først og fremst om sko-kjøpet . Snøfrid hadde likt skorne . Nå sto han under bergsvaet og tok imot henne , og ho fall i armane hans med eit lite redd skrik , og han sto av all makt . Han stemde føttene i bakken og sto , og hadde han stupt , ville han ha myrda seg sjøl med kaldt blod . Men han heldt henne og sette henne frå seg ned på jorda , han heldt henne nokre få sekund , ja det var ikkje meir enn to sekund , men dei var evige for han , for dei gav alt dei hadde , desse to sekunda , før dei flaug og vart borte over Svånåtindom , og han sto der og visste at han aldri kom til å myrde seg sjøl med kaldt eller varmt blod , fordi han hadde opplevd desse to evige sekunda sammen med henne .

Han hadde kjent den varme kroppen hennes mot sin , og brystet hennes hadde streifa han som eit sjokk av sjokolade og honning og alt som var godt på jord , og dette sjokket kom som bylgjer gjennom han gong på gong etter at han hadde lagt seg den kvelden .

Men han hadde ikkje kysst henne , det hadde han ikkje hatt mot til . Det hadde vore forplikta ! Han hadde vore heilt rådlaus og hjelpelaus . Og når han ikkje torde gjera det denne kvelden da han hadde dei nye skorne , korleis ville han da kunna gjera det seinare ? Å , han hadde slik hug til å leggja skulda på klokkar Vik , som hadde sett med eld i augo på elevflokken og sagt at den som såg på ei kvinne for å begjære henne var ein farleg filister . Men dei andre gutane i klassa såg da ut til å vera frampå som berre det , når det galdt jenter . Hans Svartjordet flørta med jentene når han sto garderobe-vakt på Lokalet , Jan Petter Fossen sto i med ei mørkhåra arbeiderske på Fabrikken sør i bygda , og Halfdan Lende hadde fått diskret forsendelse frå A/s Hygiene .

Jon hadde berre våga å stryke Snøfrid over håret , og så hadde han mumla at ho var penare enn alt på jord , og så hadde han reist seg og sett rådvill etter noko å rive seg på , noko som kunne gje han oppreisning att , noko som kunne gje han blodsmak i munnen , noko som gjorde meir vondt enn godt , men som derfor var meir godt enn vondt . Ho hadde skratta ein underleg mystisk lønsk skratt og strekt seg ut på graset og sett på han og nynna ein melodi . Det var ikkje Davy Crockett .

Han hadde kasta seg over ein av dei digre kampesteinane som låg der , og sanneleg hadde han ikkje fått steinen til å rulle . ‐ Nå går'n lukt på elva , hadde han ropt , og dei sto og stirde ned i svimlande gjel-djupet og høyrde det dumpe dødsbrølet i den augneblinken steinen tok botnen . Meire stein , meire stein , stein stein stein ! Og nå var Snøfrid med . Dei hadde lempa stein utpå stupet og rulla dei utfor , og kvar gong det small der nede , hadde dei liksom kome nær kvarandre , veldig nær , på det sjelelege plan . Han hadde vore på nippen til å gje ein blank dag i alt og ta omkring henne og kysse henne vilt ‐

Men denne vakre sommarkvelden skulle likevel få ein trist ende . Hans Kvennstugu kom og brukte kjeft . Han hadde stått med kikkerten oppe i glaset og sett på dei , og nå kom han gåande og tok dei på fersk gjerning . Han sto bak dei som skoten opp av jorda , så tok han langsamt tobakksbusta ut av munnen og spurde om Jon hadde gått frå vetet . Ja , slik måtte det sjå ut . ‐ Visste ikkje guten at det gjekk sau nede i Svånå-gjelom ? Og nå dreiv han og lempa stein på harde livet ? Gjekk ikkje sauene frå Bråtåbakken der med ? Dei kunne liggje ihelslegne for endes der nede . Og var det sau frå Kvennstugu , ville Lars dra Jon til ansvar og varsle lensmannen , og det var ikkje sagt anna enn at han tok seg ein tur over til Bråtåbakka i kveld og tala eit alvorsord med ho Ingebjørg .

" Stein' går da lukt i ælva , " sa Jon spakt .

" Tullfakter , " sa Hans . " Og hær driv du og kjælar jæntun før du rætteleg veit forskjæll på kar og kvinnfolk . "

" Å , det er nå smått med kjælinga da , " prøvde Jon seg . Han manna seg opp . Snøfrid sto blodraud bak han .

" Tullfakter , " tok Hans oppatt . Han stakk busta i munnen og hyfsa på broka og såg på skorne til Jon med ein gul-stygg blenk . Han gynte på steinen og stupet og var så sint at det gløste .

" Eg ska betale sau'n din som er dau , " sa Jon . Han tenkte sorgmildt på pengane han hadde att etter skokjøpet . Det var kr. 28 , 85 , så det måtte helst bli ein smal sau .

" Du kan gå heimatt og bæra stein tå åkern i Bråtåbakka , " hogg Hans av . " Og denne fyrkja der , " sa han og hytta mot Snøfrid ‐ hø ‐ reine by-jåla ! Læbestift og øyensværte , og flyg seg fortulla når ho ser ei gutløype . "

" Nå lyg du , " sa Snøfrid . Ho stampa i bakken . Før dei visste ordet av det , la ho på sprang . Ho var visst på gråten . Sinnet flaug opp i Jon så han knytta nevane i lomma . Men han sto heilt stille og var lydig mot det fjerde bud , for Hans måtte vel reknsat med av dei få foresatte han hadde her i verda . Nå gjekk Hans ut på kanten og stirde rett ned i gjelet , han gjekk attende att og spytta brunt og såg på Jon , så gjekk han fram att på stupet , og nå ynskte Jon at den kvitrulla premieavlsværen i Kvennstugu skulle dukke opp på arenaen og skysse arbeidsgjevarn sin utfor berre så det blikstra . Hans snudde seg og såg på den store steinen som låg att .

" Du makta ikkje storsteinen ? "

" Næi ? Han sit nok for djuft . Bergfast kanskje ? "

" Hø ? Vanleg simpel kuppulstein . Men eg ska ‐ "

Dermed skaut Hans oksla si innunder steinen og tok spenntak så det lyste i kvitaugom , og nå la han heile storbringa innåt og skauv så han vart raudblå i fleisen . Steinen lå roleg og flytte seg ikkje det filla , han var korkje til å rocke eller å rulle , kven kunne veta at det var ein tusen år gamal nåsåbjønn som Dovregubben hadde slengt att her eingong han var stygt forkjøla . Men nå gjekk det på nakne æra laus for Hans Kvennstugu , han tok nytt spenntak og krøkte dei digre plognevane sine mot steinen . Den svære beinberre mongolkroppen låg mesta langstrak ein augneblink . Så gjekk det ei bivring gjennom steinen , og han lyfta seg av gropa med eit sukk .

Det small djupt nede i Svånå-gjelom .

" Forstår du nå at sau'n var dødsens ? " sa Hans . Han knepte ei ny tobakksbust mellom tennene og greip etter trøya . Han gliste . Guten sto der og gapte . ‐ Å , nei , kreftene hass Hans Kvennstugu har ikkje minka ænda , tenkte Hans Kvennstugu . Og gamlingen snudde ryggen til Jon og gjekk faderleg oppover stigen .

‐ Denne Jon Bråtåbakka er ein likandes gut , tenkte han .

I DENNE tida var det ein pedagogisk kongress på Grand Hotell . Ein kveld høvde det seg så at Ingebjørg var der for å høyre på Jon . Ho sat i den svarte kjolen med sølvsølja i bringa , og mang ei lektorfrue frå nord og sør måtte tenkje at ho var så staut og vakker denne kona som sat der , at det var som å sjå Norge sjøl . Over den høge , reine panna låg eit forklåra skjær , og dess meir guten spela der oppe , dess meir forklåra vart dette skjæret , til det brast i ei doggblank tåre .

Ved det same bordet sat lektor P. H. Godsli , formannen i Landsnemnda for studium av strykere i den høyere skole . Han såg denne doggblanke tåra og strauk seg over dei sølvgråe tinningane .

" Er'n Deres den gutten der oppe , frue ? "

" Ja , han skull væra det , ja . "

" Det skjønner jeg . Og gutten kan spille fele , det er visst . Går han på skole ? "

" Å nei , " sa Ingebjørg . Og så såg ho beint inn i augo på den vennlege pedagogen og fortalde at eldsteguten , han Hans , hadde stroke i matematikk til realskoleeksamen , og det hadde mesta knekt han . Og denne yngre broren ‐ han Jon ‐ var enda meir finkjensla og nærtåkåndes enn'n Hans , så ‐

" Interesserte han seg for realskolen , denne Hans-en ? "

" Å nei , det var helst denna orienterings-sporten som sto i hugu på'n Hans . "

" Hm , da er det jo så . Orientering er en fin sport . Vi har jo også en representant her for Landsnemnda i Orien tering . Men det gir jo ikke noen realskoleeksamen ‐ å ligge på skauen og peile seg inn på rødhvite flagg . Leste han , denne Hansemann ? "

" Å nei , det vart ikkje så mykje det . Han hadde ikkje tålmod , men det var vel ævna det skorta på lell ‐ "

" Hm , det har jeg vondt for å tro . Nå tar de jo realskoleeksamen med en intelligenskvotient på 60-70 . Det svarer nesten til hjernen på en skotsk fårehund . ‐ Nei , frue , ta det med ro ‐ send gutten på realskolen , og han vil klare seg , det ser jeg på ansiktet hans . Det lyser jo av vilje og konsentrasjon . "

" Det er nok bærre fela som står i hugu på'n Jon . "

" Det har vi også råd for . I den høgre skole har vi plass for fela . Men uansett ‐ Realskolen er løsenet i dag . De unge kommer ikke noen vei uten realskoleeksamen , flest mulig bør ta realskoleeksamen . "

" Ja , du har vel rætt . Men eg er nå redd for at'n ska stryke , eg . Og det vil nok ikkje han vesle Jon tåle , han vil få ein ænda større knækk ‐ "

" Hva sier Deres mann ? "

" Han er nok dø , han . "

Det vart stilt ei stund . Jon spela , og vesle Tordis Steine kom inn og neia yndig for publikum i nasjonaldrakta si . Så kom vesle Ola Steinhaugen dansande inn med hendene i kross over bringa , ein spretten tolvåring med lysande svartblanke augo og snøkvite tenner . Det var den gamle Bråtåbygda som gjekk att i den unge der oppe på podiet .

" Hør her , " sa lektor Godsli , " vi skal undersøke om det er teoretisk mulig at gutten kan klare realskoleeksamen . Vi skal ganske enkelt teste han . Vi har jo en håndfull skolepsykologer her ! "

Såleis gjekk det til at Jon Bråtåbakkens sjeleliv vart sett under videnskapeleg gransking . Bleik i andletet møtte han opp neste dagen på rommet til skolepsykolog Bernt A. Storhaug . Han visste med seg sjøl at han aldri ville ta realskoleeksamen . Før ville han gå som gardsdreng i Svartvasslia hos farbror Johan til sin døyande dag , før han opplevde ei slik pine som bror sin . Det måtte ha vore eit hælvet , som vakse-folk sa . Og han hadde gjort ein hellig ed ved det beste i seg sjøl at han ikkje skulle gjera seg noko så vondt .

Det var intelligensen det gjaldt , og skolepsykolog Bernt A. Storhaug la framfor Jon eit hefte med spørsmål om alt mellom himmel og jord . Han forklåra . Og det høyrdest ut til å vera enkelt , det var fleire svar å velja mellom , ein trong berre setja ein strek under det ein meinte var det rette . Skolepsykologen sat i lenestolen med klokke og blyant og såg på han . Her var det eit nytt individ som hadde vakse fram og skulle få veta kvar det sto , ein ny lønnsmottakar i ei ny lønnsklasse når den tid kom ‐

Jon kom fort fram til at det første spørsmålet var reint utruleg lett . Han fekk noko å smile av : Hvis en blomst i hagen visner fordi det ikke kommer regn , hva vil du gjøre av følgende :

a ) Vanne blomsten ?

b ) gjødsle blomsten ?

c ) sende bud på gartneren ?

Trudde folk at han var idiot ?

Igrunnen var det lett alt ihop , men Jon Bråtåbakken fylgde sitt eige system . Han svara riv ruskande rangt med overlegg ! Han streka under feil svar så det sto etter , for han ville ikkje stryke til nokon realskoleeksamen . At kalv svara til ku når føll svara til mærr , det kunne vel ein vanleg landsens heimføding forstå , men Jon gjorde alt bakvendt og opp-ned . Han svara at kalv svara til gris når føll svara til merr . Først fann han ut kva for eit svar han meinte var det rette , og så streka han under det svaret som sto føre , så han var sikker . Og så fekk det stå i videnskabens hånd å avgjera om han likevel skulle gå realskolen .

Derfor var det reint vondt for skolepsykolog Storhaug å sitja og sjå gjennom korleis guten hadde streva . Han hadde feil på feil så det krydde overalt . Berre på slutten hadde han merkeleg nok nokre riktige svar . Men det var vel helst ein slumpetreff . Reint vondt var det , ja . Det var så ein kunne gjera opprør mot Vårherre som hadde gjeve folk så ulike evner . Og det var synd på den staute bondekona som kanskje gjekk med ein fager draum om å sjå son sin som doktor eller sakførar eller professor . ‐ Guten hadde ein intelligenskvotient som svara til tiårsstadiet .

Skolepsykolog Bernt A. Storhaug sende eit forståingsfullt brev til fru Ingebjørg Bråtåbakken :

Den psyko-tekniske gransking av Deres sønn , Jon ,

synes å peke på anlegg i praktisk retning , og vi tør

ikke anbefale at han begynner med teoretiske studier ,

ihvertfall ikke før han er blitt mere moden . Det

skulle være flere praktiske yrker som ligger vel til

rette for hans psykiske konstitusjon , således gartner yrket .

Ærbødigst Bernt A. Storhaug skolepsykolog .

Ingebjørg Bråtåbakken drog eit langt takkens sukk da ho fekk brevet . Ho hadde hatt fleire tunge stunder , for Jon hadde visst forstått det slik at ho ville tvinge han inn på realskolen . Han hadde vore så stur om kveldane at han ikkje klunka på fela , og ho hadde prøvt å få han til å tenkje på andre ting enn realskolen . Sanneleg , hadde ho sagt , ‐ det såg da virkeleg ut til at kvitskjorta hans tok til å bli stutt på ermene . Ja , ungdomen vaks . Ja , ja , han fekk vel råd til å kjøpe seg ny skjorte nå når han tente under direktør Berg-Svendsen . Ho skulle skjøte på det vesle ho kunne . ‐ Han trong visst nye sko med ?

Jon hadde ikkje våga å syne mor si dei nye traktorskorne . Dei sto borte under bordstabben nede i svingen . Han skjemdest for djupt til å vedgå at han hadde kjøpt slik nymotens stas . Han visste ho ville forstå kvifor han hadde kjøpt skorne , det inste grunnen , det at han var liten , ho såg tvers gjennom tankebylgjene hans med dei klårblåe augo sine og kunne lesa at han gjekk med kompleks , og ho ville trøste han , og slikt var det verste Jon visste . Slik trøyst gjorde han enda mindre .

Men Jon hadde fått teften av den virkelege verda . Og verda hadde fått teften av Jon . Verda skulle smi han om til atomsamfunnsborgar , og det fekk ikkje hjelpe om denne knappestøypar-prosessen tok litt lang tid .

Ein kveld på Grand Hotell etter at jubelen hadde vore ekstra sterk , gjekk Jon på romet til Haram og tok på seg kvitskjorta og komfermasjonsdressen og tvers-over-sløyfa . Han æva seg litegrann , men så køyrde han føttene ned i traktorskorne og let det stå til . Han såg seg i speielen og tykte han såg bra ut , det var berre håret som stritta så stygt til værs . Nå hadde han tenkt seg ut på livet , som dei sa , vakse-folk . Han skulle helst ha vore tipp-topp , men håret skjemde ut . Akkurat da kom Haram . Han reiv av seg den grøne motor-overallen og Shell-huva og snurra det digre badehandklædet rundt bronsekroppen . Bruk Brylkrem , sa han , det er effektivt på fleire vis . Brylkrem er tingen ! Sjå der ligg det ein tube ‐

Jau , Jon basa Brylkrem i håret og skira opp så det lyste ! Håret låg som i morgonglans over dei vesle gløgge øyrene . Jon manna seg opp og kjende hjertet hamre . Nå skulle han vera gjest sjøl i restauranten på Grand Hotell . skulle han ut på livet . Og han var ikkje nokon nisse . Han var som andre folk .

Eigenleg skulle Snøfrid ha vore med han , men han hadde ikkje våga å be henne med seg . Både kropp og sjel hadde nekta . Han måtte først ha greie på korleis det kjendest ut å vera gjest på restaurant , han måtte lære å bruke denna menyen på riktig måte , han måtte lære å bestille , og han måtte sjå korleis dei dansa modærne . Han var ingen tosk , enda han var testa til tiårs-stadiet , han Jon Bråtåbakken . Og alt dette gjorde han for ikkje å miste Snøfrid . Han kunne ha gjort meir ! Ein kveld hadde han legi og tenkt at han kunne slå fylgje med Tordis Steine heimover og kanskje freiste å kysse henne , for å få større erfaring .

Han fann seg eit ledig bord . Det var ei stor stund ! Og det var ei historisk stund , men det visste han ikkje sjøl . Det var første gongen han bestilte øl på restaurant .

‐ Å , det smakte hivande godt med vørterøl i denne varmen . Berre å få halde ikring glaset og veta at ein heldt i noko fast , gjorde at han kjende seg tryggare . Han angra ikkje på at han gjekk inn her , om han kjende seg aldri så einsleg og utrygg . Framfor han låg dansegolvet som eit stort , blankt , styggfarleg stirande trollauga . Rundt ikring sat gjestene og såg på han .

Da var det at The Jolly Boys hogg i med den siste slageren , og folk fekk andre ting å tenkje på enn å stire på ein stakkars komfermasjonsdress nord i fjellom . " Skal det være en dans , frue , " sa ein stilig herre og bukka til ei raudrosa dame like ved Jon , og så dansa dei ut så Jon fekk sjå kvart steg og kvar rørsle dei gjorde . Tango , var det visst . Dei heldt seg nokre centimeter frå kvarandre der dei dansa , men den eine centimetern etter den andre vart borte i lause lufta , og til sist låg dei tett inn til kvarandre , så dei måtte ha kjent kvarandre før i tida .

Slik skulle han og Snøfrid ha det , eingong , når han vart slik ho ville ha han . Når han vart kavaler og kanskje kom så langt at han fekk opptre i Norsk Rikskringkasting , da skulle han slå til . Men ikkje før .

Men Jon fekk snøgt noko anna å stire på der han sat . Han hadde sett dei før , desse fire unge mennene i The Jolly Boys Band . Dei blå uniformsjakkene med stjernene på akslene sette mennene i ei klasse for seg , så ein måtte sjå opp til dei . Dei hadde ein eigen overlegen sleng når dei kom inn på podiet og sette seg bakanfor notestativa sine , og når dei song i lag , saug dei alle blikk til seg . Kjenningsmelodien deira heldt på å bli slager i Bråtåbygda . Det var " Kissing under the moon " . Og likevel var det ikkje uoppnåeleg å bli ein av dei med tida , for LangOla Skarsbekken som sat lengst ut til venstre og daska på tromme og tinntallik-skrammel , var ein hundre-prosent vaske-ekte gudbrandsdøl med berre nokre få promille amerikaner i årene .

Best det var reiste trompetisten seg , ein høg kar med sjømannsljost hår og breie aksler . Han smilte sjarmørsmilen sin og sette trompeten for munnen og sprøytte tonar utover salen så lampettane dirra på småborda . Det sokk i Jon . Dette synet bora seg inn i han enda sterkare enn det hadde gjort før . Det tana gjennom han at hit kunne han ikkje ta med seg Snøfrid , ho ville forelske seg i denne trompetisten på flekken , og så var Jon ferdig med livslykka .

Nå spela The Jolly Boys ein vals . Ein vals ? Ja , det kunne nå vel han med , å danse vals ? Skulle han våge ? Knea hans mjukna ved tanken . Men han sette hardt mot hardt i seg sjøl . Dette var ein ny situasjon han måtte vinne over , det nytta ikkje å gå utanom . Han kunne få bruk for det eingong . Det vart ein prøvestein for han dette , at han måtte våge å danse . ‐ Ver modig , Jon , sa ei røyst inne i han . Ver modig , gå på , sjøl om du er dødsens !

Jon såg seg ikring . Han hadde sett ei lita mørk jente ved eit bord bortafor orkestret . Det var visst foreldra som sat i lag med henne , men straks orkestret spela opp , var dei utpå , og ho sat att aleine . Jon torde ikkje tenkje . Han var over golvet med nokre få sanselause steg .

" Værsgo , frøken . "

Jenta såg på han . Ho hadde eit fint fikst , reinskorne andlet med svarte , levande augo som sat spikra på han ein augneblink , før dei såg bort . Det susa for øyrene hans , som venta han eit slag blodigare enn nokon gong før . Han visste at han hadde tapt . Dette eine beinkvasse blikket hennes hadde fanga han inn i eitt einaste sekund , komfermasjonsdressen og skakk-snippen og tvers-over-sløyfa og Brylkrem som det lukta død og pine av , tykte han sjøl . Han kjende blodet stime opp i andletet og øyreflippa , og hjertet panka i nesebora .

Da med eitt lyste det vesle andletet hennes opp , og ho såg stort på han . Ho smilte så det gneistra mest ! Og påny spikra det fikse blikket hennes kvar einaste tåg og træl i han . Han kunne ha ramla på kne .

" Var det ikke du som spilte fele ? "

" Det var nok det . ‐ Liksom . "

" Tenk . Du er fantastisk ! At du kan spille sånn ‐ du var jo helt gripende gæern god , jo ! ‐ Jeg spiller jeg også ‐ på piano . Det er morsomt ‐ hva ‐ å ha et instrument sånn ‐ "

Det var som taket lyfta seg av Grand Hotell , og han sveiv i gullskyer av lykke . Han var berga frå eit nytt nederlag . Og vesle søte fikse Signe Holt la den fine handa si på armen til den bråtågrendske myllarguten , og dei dansa ut . Ho snakka i eitt køyr . " Vil du spille for meg ? I morgen ? Kan du ikke det ? ‐ Så skal jeg spille for deg . Jeg kan spille Chopin . Vi kan liste oss ned her i salen i morgen formiddag ‐ "

" Kanskje ? " sa han . Han planta traktorskoen på vesletåa hennes så det gjorde vondt i sjela . Men ho smilte .

" Men det er sant ‐ vi skal bile videre i morgen . Og da ‐ "

" Eg er ikkje spesialist på vals , frøken . "

" Nei , men så spiller du desto bedre . Dette går jo grepa fint jo . Går du på realskolen ? Jeg går i første real på Hegdehaugen i Oslo . "

" Åh , " sa han , og det var straks verre for han . Dei som gjekk realskolen vart så lærde med eingong dei kom der , at ein snautt kunne åpne kjeften . Det sa iallfall Per Snauleite som hadde son sin på realskolen .

" Eg er eit naturens barn , frøken . "

" Hva heter yndlingskomponisten din ? "

Han heldt på å skulle svara Alf Prøysen . Det var ikkje stort andre han kjende til . Ja og så Egil Monn-Iversen . Og Rikard Nordraak . Og ‐ Grieg ! Og det berga han . Han svara Grieg så nonchalant og overlegent han kunne .

" Kunne tenke meg det . Min komponist er Samuel Barber altså . Og så liker jeg Tsjaikovsky . "

Jon likte ikkje at praten sneia innpå slike ting , for han hadde snautt lagt merke til namnet Tsjaikovsky før . Samuel Barber kunne likså godt ha vore ein disippel i Bibelhistoria . Men likevel var han overlykkeleg . Tenk om Snøfrid hadde sett han nå ? Ho ville ha skjønt at han ikkje var så liten og låk som folk ville ha det til . Ho ville ha fått meir respekt for han ! Og ho ville kanskje kjent sjalusien rase i seg . Så ville han møte henne , og alt ville bli godt att , og han ville seia at Signe Holt var ei kjekk jente , men Snøfrid måtte ikkje tru ho var kjæresten hans . Nei , dei hadde berre felles interesser og diskuterte musikk . ‐ Grieg og Chopin ‐ ja og så Tsjaikovski .

" Kjempemoro var det å treffe deg iallfall , " sa Signe Holt og smilte strålande til han da han takka for dansen . Og ho la attåt med ein skjelmsk blenk : Jeg syns du klær mye bedre å ha drakta til Per Spellmann på deg .

" Takk for dansen , frøken , " sa han og bukka , og hadde nok med å seia det . Men han forbanna seg på at det var siste gongen han gjekk på dans i komfermasjonsdressen . Han skulle kjøpe seg slengjakke og master slacks som sto utstilt på Bråtåbygda Konfeksjon A/S , det skulle han . Han måtte berre vente ei tid , til han voks inn i den rette størrelsen . Og Jon gjekk med mandige steg over det styggfarlege troll-augaet han hadde tykt dansegolvet var . Hø , dette hadde gått som smurt , og hadde Tordis Steine vore her , så hadde han gjeve seg i lag med henne og stole seg ein aldri så liten kyss på heimvegen , for nå hadde han med eitt fått slik ei bergfast tru på seg sjøl .

Om kvelden låg han inn på sofaen inne hos Haram og kasta seg hit og dit og fekk ikkje sova . Han tenkte at hadde han ikkje kunna spela fele , da hadde ho ikkje smilt til han , og da hadde ho nekta å danse med han , og da hadde han stått der i blodraud skam . Det var fela og ikkje han sjøl som skapte han , og det var ei skral rettferd .

Kva hjelpte det i grunnen om han vart styggflink i musikk når han ikkje vart høg ? Kva hjelpte det , når han ville bli som andre mannfolk og helst litegrann meir , ‐ ein slank , sjarmerande ung mann med regelmessige viljefaste drag og lette ledige rørsler , og ein mann som kom midt opp i villaste wild west-brudulja og slo daudt dersom det kneip ? Kva hjelpte det ?

Hadde Jon sett Snøfrid denne kvelden , ville livslykka hans ha fått ein knekk tidlegare enn ho gjorde . Den unge by-guten frå ifjor hadde kome tilbake . Han med den kvite gensern .

Inst inne hadde ho gått og venta på han , for ho var for ung for Haram . Ho var ikkje dame , og nå denne kvelden råkte ho Bjørn Minne . Han kom nedover fjellvegen for å treffe henne . Ho hadde sett Oslo-bilen som drog oppover til hytta , der dei budde , han og foreldra . Og heile dagen hadde ho gått med uro i kroppen . Heile vinteren hadde ho gått med bildet av han i hjertet sitt , den kvite genseren over den smale overallen og den store åpne smilen over snøkvite tenner . Ho hadde drøymt så mang ein gong at han tok handa hennes og kviskra at han var glad i henne og at dei gjorde oppatt den same turen som ifjor , innover til Storrvatnet . Og denne sommaren skulle han få kysse henne , og kanskje kjærtegne henne litegrand .

" Hallo , " ropte han .

Han var høgare og enda vakrare nå . Men smilen var ikkje så framme i andletet lenger . Det var meir alvor . Gjennom kroppen gjekk slik ei underleg varm kulsing , og ho hadde hug til å knekke ihop framfor han , hadde ho , berre fordi ho kjende seg så veik for han . Ho hadde sett dei sterke brune armane hans , og brystkassa som levde under den kvite gensern . Å , det var visst den store skjelven .

" Hallo , " sa ho .

" Så stor og vakker du er blitt , " sa han .

" Næ , det er ikkje sant . "

" Skal vi gå en tur . Vil så gjerne snakke med deg . "

Så gjekk dei side om side på Bråtåvegen . Ja ho kunne ramle rett ned , så glad var ho med eitt i denne unge guten . Han hadde slik eit vakkert namn også . Det var som tonar over skogen . Bjørn Minne . Bjørn ‐ ja så underleg , men same namnet som Bjørn , son til stasjonsmestern , han som berre snakka om matematikk og engelsk . Nå gjekk ho her i lag med Bjørn nummer 2 , Bjørn frå byen . Dei gjekk lenger og lenger bort frå folk , og sommarnatta kom sigande over dei med underlege blåe stenk av lengsel og spenning . Ho venta at han ville ta handa hennes , eller han ville leggje armen rundt aksla hennes , som han hadde gjort dengongen ifjor . Så ville dei stane , og han ville kysse henne utan å spørja henne . Han hadde prøvt det ifjor , men da hadde ho ikkje vilja fordi ho var så ung .

" Du er vel som før . "

Han sa det som han ikkje venta svar . Og kva skulle ho svara . Nei , ho var ikkje som før . Ho var friare nå . Ho var ikkje for ung til å kjenne kjærleiken , ho var ikkje for ung til å la seg kysse , ja ho var ikkje redd å la han ‐ Å nei og nei , tanken fekk henne til å bli heit all igjennom . Ho måtte nok stritte imot , han skulle ikkje få lov til det . Han skulle få lov til å kysse henne , men han skulle få kysse henne lenge , lenge så det ikkje vart slutt .

Han gjekk ved sida av henne og sparka småstein frå vegen . Han spratt til vers og nappa lauv av hengebjørka , og han var smal over hoftene og klædde å vera alvorleg . Nå visste ho kven han likna på . James Dean . Han i " Rotløs Ungdom " . Det same store , åpne , tindrande andletet . Den same mjuke kroppen . Alle jenter ville vel vera glad i Bjørn , når han likna James Dean . Likevel hadde han kome til henne . Han hadde ikkje gløymt henne .

" Jeg er ikke som før , " sa han .

" Å . "

" Du forstår meg kanskje ikke . Men jeg ‐ jeg har funnet tilbake til ‐ Gud . "

" Å . "

Ho kjende det som ho fall gjennom eit djupt tomt rom . Det var som den store skjelven døydde i henne . Eit stort mistrøstig vonbrot fylte henne . Ho visste kvifor han hadde fortalt det . Kvart steg ho tok ved sida av han nå , fjerna henne frå han . Livet hennes var ikkje innstilt på dette . Det var innstilt på ord om kjærleik mellom to ‐

" Jeg vil være ren i tanker og ord og gjerninger . "

Ho svara ikkje . Det stod for henne at ho måtte leite lenger fram for å finne den rette . I tanken levde ein draum om ein ung mann i blå treningsoverall som leikte med ein liten hund . Ho var for ung for Haram . Ho måtte vente lenge og kanskje fåfengt , men så lenge ville ho vera uroleg og stadig på leiting , og ho ville møte andre gutar å vera i lag med . Men Bjørn på stasjonen hadde tala berre om matematikk og fysikk , og Bjørn nr. 2 ville vel berre tala om Jesus , ‐ og Jon , ja han var nok ikkje hennes type han heller . Å , for ei uro , å for ei veldig svimrande makt som levde i henne , så raud som blodet og så kvit som snøen ‐

Såleis skildest Snøfrid for alltid frå Bjørn Minne , som seinare vart ingeniør og arbeidde i atom-laboratoriet på Kjeller . Liksom Jon kom han til å spørja om kva meininga var med livet , og livslaupet hans kjem ikkje denne soga ved . Men hadde Jon sett dei to , slik dei gjekk der tett ved sida av kvarandre om kvelden , ville han ha kjent seg så sår at han kunne ta tenkt på sjølmord , for han hadde så smått gått og rekna med at nå var det nesten fast mellom Snøfrid og han , etter dei få spaserturane dei hadde hatt . Ja , hadde han ikkje fabla om å kjøpe noko til henne ‐ ein liten ring ja ! Nei , ikkje forlovelsesring , men ein ring med ei mørkeraud edelstein som han hadde sett på Handelsforeningen .

Nei , Jon fekk ikkje sving på kjærleiken . Han hadde ikkje det amerikanske tempoet som er så typisk for nordmannen , ved sida av det kommunale . Han hadde Luthers katekismus i den åndelege baklomma si , det måtte vel vera det som var grunnen .

Men med musikken gjekk det framover , og lenge før Jon hadde tenkt seg det , opna det seg ein utveg til å få opptre i Norsk Rikskringkasting . Så sanneleg gjorde det ikkje det !

Jau , Hans Kvennstugu kom innom i Bråtåbakka ein tysdags kveld etter eit fjellstyremøte , og han var mest ikkje til å kjenne att , så gild var han mot Jon . Og sanneleg , med dei kvitgløgge augo sine nagla på guten fortalde han at Folkemusikkhalvtimen endeleg hadde reinska Telemark for slåttar og tåttar og stev og stubbar så det var att berre eit par halvstygge verseliner hitafor Kviteseid , og nå var turen komen til Gudbrandsdalen , og endeleg var det von om at kulturen kunne ta seg opp att her også , hadde lærar Vik sagt . Denne kringkastingsferda nordover riksveg 50 ville få tussar og troll til å vakne i Jotunheimen og Rondane og Dovre , og normanna-viljen ville syne seg att i gudbrandsdølene . ‐ For alt ein visste , ville mang ein gild fenaknok bli kasta i Harpefossen og Hunderfossen av blåøygde spelmannssjeler frå Lesja og Dovre og Lillehammer som ville skapa seg ei framtid framfor mikrofonen .

Og lærar Vik hadde nemnt at Jon kanskje kom til å bli med .

" Er det sant , Hans ? Eller lyg du ? "

" Eg lyg ikkje , " svara Hans faderleg . " Og du kan kreiste deg ihæl på at når han Jon henna Ingebjørg spelar fele i radio , da ska'n Hans Kvennstugu bryne nåsån sin på Sølvsupern . "

Dagen etter kom lærar Vik susande på mopeden , og det var som heile den store mystiske verda steig inn i stugu da han sto der . Han var visst som ein skytsengel for vesle Jon , tenkte Ingebjørg , og gudskjelov at det enda fanst skrivarbrød på stabburet . Og Vik smatta på skrivarbrødet og la ut om det som skulle skje . Nå skulle det koma ein ny gufs inn i bygdelivet . Bygdefolket ville få sjå at det ga grøde for strevet . Dei ville få noko å tøye seg etter . Norsk Rikskringkasting var ikkje noko så uoppnåeleg som mange ville ha det til , og den som hadde evner og øvde seg , han kom til å få prøve seg ein dag . Folkemusikkhalvtimen ville inspirere til dåd , og kanskje ville nye folkemelodiar bløme fram midt i atomtida . Slik skulle det vera . Og til slutt fortalde Vik at gamle Pær Snauleite skulle spela Høvringsvisa , og n'Simen Bergstugu , fjellpolisen , skulle spela ein eldgamal slått om tussekallen i Rasberget som fekk rømmegrauten i rangstrupen . Og Jon Bråtåbakken var stilt opp som reserve .

" Reserve ? "

Reserve , reserve

Aldri hadde Jon visst at ordet reserve kunne ha ein slik klang . Det vart eit mystisk romantisk , nesten bibelsk ord , fullt av gull og sølv og berømmels , det låg og lyste over det bleike , reinskorne andletet hans der han blunda på grasbakken i julikvelden og høyrde susen frå Svånå . Reserve ? Åh , nå hadde han kanskje endeleg nådd dit han ville . Nesten dit han ville .

Men lærar Vik suste vidare på mopeden sin . Han skulle nørdst og øvst i bygda til ei hundre år gamal kone som sat der attgløymd i snart tjuge år . Ho kunne kanhende ein bånsull som gjekk heilt tilbake til tida før Svartedauden , og da gjekk det vel an å tala om rekord . Så kunne telemarkingane og vossingane og møringane sitja der med lang maske .

Reserve , reserve

Ein halv time før lydband-opptaket låg Jon og venta på grasbakken nedafor klokkargarden . Han låg og stirde opp mot Snauleite og Bergstugu , for å sjå om gammelkarane kom stigande . Han ynskte det skulle koma dettande ein ny verdensborgar på Snauleite ‐ det var visst ventande . Så fekk Pær andre ting å tenkje på enn lydband opptak for Norsk Rikskringkasting . Og han ynskte det skulle koma bod til Bergstugu om at nokon dreiv og tjuvfiska inne i Storrvatnet . Så fekk n' Simen endeleg høve til å ta på seg det sølvblanke polis-merket og dra innover i offentleg oppdrag . Dermed ville Jon vera sikker på å få spela .

" Eg må få spela her , " tenkte Jon . Det var visst felespelinga som var berginga for han lell . Han hadde best trening på fele . Og det var i grunnen fela han likte best . Og her fekk han spela flatfele . Og flatfele var det same som fiolin , som dei sa i radio .

Klokkar Vik kom ut og helste han velkomen . Han hadde nok reist fåfengt til den gamle kona nord i bygda . Ho var død i fjor . At han ikkje kunne hugse det . " Eg tek visst til å bli gamal , " sa Vik . Men nå skulle det bli kringkastingsopptak i Bråtåbygda .

Der kom radiobilen . NORSK RIKSKRINGKASTING , sto det måla på langsida , og desse to orda brende seg inn i sjela hass vesle Jon Bråtåbakken . Dei skulle stå der og lyse resten av livet hans . Og mange år seinare mintest han med vemod denne stunda da han låg med angst i sinnet og venta på denne store sjansen sin , å få opptre i Norsk Rikskringkasting for første gong .

Men den store ljose vona brast . To svarte skuggar med feleskin tegna seg på Bråtåvegen , og det trongst ikkje nokon reserve . Dei kom sigande inn på tunet og helste høgtidssamt og såg berre litt til sides på Jon . Dei var kanskje redde for at han skulle ta rangen ifrå dei . Dei hadde høyrt så mykje om denne vesle gutknikten som vaks opp midt for nasen på dei og ga seg til å spela springar og slåttar midt i atomtida .

Og lenger nord kom Anna Hågå som skulle syngje ein gamal budei-sull . Det gjorde Jon mjukare i hugen . Ja , det gjorde han så mjuk at han fekk reint vondt . Her sto han ung og frisk om han var aldri så tussjin og liten og låk , og han såg denne gamle kona som trødde seg fram på vegen fordi det hadde kome bod til henne her om dagen , ‐ ho gjekk som om ho ville falle for kvart steg . Jon hadde høyrt henne syngje så sølvklårt innpå Svånå så langt attende han kunne minnast , med høge himilberg ikring seg , og han hadde lova seg sjøl at ho skulle vera med i Symfonien hans . Symfoni nr. 6 i B-dur , opus 12 , verk 16 av Jon Bråtåbakken . Symfonien om Svånågjelom .

Ja , det var synd dette , sa Vik . Han hadde spurt kringkastingsmannen , men det kunne iallfall ikkje bli tale om det ikveld . Kanskje ein annan gong ville Jon få prøve seg . Ville Jon høyre på opptaket ?

" Nei , " sa Jon og gjekk . Hugen hans låg og brann mellom hat og stoisk ro . Han stumla stilt ut av klokkartunet ut på riksvegen . Han kunne gå til Grand Hotell og drikke seg full som andre ville ha gjort når slikt hende , men han gjorde det ikkje . Han hadde lova seg sjøl at det skulle tusentonns-krefter til før han tok eit glas av det sterke . Han visste at mor hans bar slik angst for det , sia det gjekk slik med faren . Men måtte han skåle med Øyvind Bergh og Alf Prøysen inne i NRK , da fekk det skje , og da ville ho nok tilgjeva han lell .

Sår i hugen trilla han sykkelen oppover Bråtåvegen og hadde så god tid . Verda kunne berre segla sin kos . Kva skulle ein slåss for ? Og livet var i grunnen meiningslaust ? Han hadde rett , Haram , som sa at verda kunne gå under i morgon og at det skulle vera skotpremie på folk som våga å setja barn inn i verda . Men om ikkje anna kunne Jon setja eld på alle husa ikring her , låve og tørrstugu og fjøs og eldhus for endes nord igjennom , så var det da meining den stunda . Men det laga seg til regn nord i Svånå-leitet . Så fekk ein berre vone det vart eit jækla tore-vær , så ein kanskje fekk kjenne teven av krefter som virkeleg var noko til slutt , lyn og skrell og ofseleg våe . Og kanskje Gud med . Da kunne det bli småtteri noko av kvart ‐

Men ?

Så stilt det var omkring han . Det fanst ikkje folk på noko tun opp gjennom grenda . Vegen låg der kjerrelaus og øyklaus og folkelaus . Underleg ? Reint så det var overnaturleg . Kunne det vera fordi det skulle bli regn ? ‐ Men det tegna da ikkje til å bli så stygt vær , og slett ikkje tore-vær . Slikt lett , fint Hedemarksregn ville det bli . Men så stilt det var ? Var det noko på ferde ? Var nokon sjuk ? Var det Gud som ville refse han fordi han gjekk her og tenkte for fritt ? Ville han syne herredømet sitt for ein liten stakkar ?

Underleg var det , reint overnaturleg stilt .

Da var det ein tanke slo ned i han : Det Spørs . Ja , det var Det Spørs . Det var Show i Store Studio . At han kunne ha gløymt det ! Heile bygda sat ved radioen og lydde på Det Spørs . Berre eit par gamle veteranar frå Første Verdenskrig gjekk og mimra kring åkerreinene . Elles var heile bygda på Det Spørs .

Jon var underleg oppskaka da han nådde høgdedraget øvst i grenda . Påny hadde den same mistanken kome til han , ‐ den som han hadde kjent sterkare og sterkare etter kvart som han famla seg fram i livet , ein mistanke om at han var på feil spor , ein mistanke om at felespelinga førde han rakt ut i svartaste myrsøkket der han vart sitjande fast og ikkje kom seg oppatt . Det var ikkje i Folkemusikkhalvtimen han høyrde heime , det hadde han skjønt da han gjekk ut or Klokkartunet . Folkemusikkhalvtimen var for det som var gamalt og grått og utlevd . Slik såg det ut . Det fekk ikkje hjelpe om Jon visste at han kunne tolke budei-sang og elve-slått på fela si . Nei , det var i lag med dei andre han høyrde heime , i lag med dei som var moderne og lydde på Show i Store Studio . Enda eingong hadde han vore ein tosk så stor at ein ikkje kunne tilgjeva seg sjøl : han hadde gløymt å sjå etter i radioprogrammet .

Men nå kunne verda segla sin kos . Han skulle sige fram på vegen så seint at han var sikker på at Kirkvåg og Diesen og Sølvi Wang var ferdige framfor mikrofonen når han var heimatt komen . Han skulle sige fram så seint at mauren for ein gongs skuld kjende seg på like fot med mennesket .

Oppe ved grindsleet sitt sto Hans Kvennstugu .

" Eg vart ikkje med eg , lell , " sa Jon bleikt .

" Å næ , eg hadde ei skars tru om det , " svara Hans . " Men du tæk deg vel ikkje nær av slikt ? "

" Er så rart med det , " sa Jon .

Hans stødde den beinberre mongol-kroppen sin mot stolpen . Han tok opp ein sliten peppermyntedåse frå vestlomma og knepte av ei Langaards bust mellom tennene . Det fall regn or skyene over Svånåflyene . Han såg langtenkt på Jon .

" Lugumt fiskevær , du gut ‐ "

" Ja , " sa Jon . Det kunne regne nyslipte tolleknivar for han sin del . Med oddane ned . Det ville høve .

" Reint lugumt fiskevær ja . Ikkje akkurat flugu , men . " " Blir du med ? "

" Med garn ? "

" Va tankjin , ja . Reint offisielt blir det fisking med stong i denne vesle lortbækken hitafor Storrvatnet . "

" Men ? Det er vel ‐ "

" Mnå , det er ikkje kvar dag at ein fjellpolis ska suse ut i ætern . Han kjøm ikkje lenger enn heimatt i kveill . " " Kjøm'n så langt da . "

" Ja ‐ jau . Kunn vel det ‐ "

" Hær i bygda har det støtt vore for lite å rive seg på for ein kropp med vikingblod i årom . Dærfor har eg støtt likt å læva på kanten tå lova . Forstår du , Jon Bråtåbakken ? "

" Eg forstår , " sa Jon Bråtåbakken .

Såleis gjekk det til at Jon vart tjuvfiskar .

Dei kom innover til Storrvatnet i skymminga og kokte kaffe og sette i gang : Dei hogg ned den vesle kruggbjørka som båten var bunden i . Dei stengde osen og sette fire garn langs med strondom og to tvers over . Dei jaga auren med stein så det vakna i kvar ei vik , det lyste bukblankt i kvart eit garn , blåsvarte spordar small mot vassflata , Hans Kvennstugu sto og drap mot båtripa , det lukta sli og slev og vassgras og Langaards skråtobakk , lynet var frampå med nokre eldsnøgge svipu-slag over Svånåtindom , Jon rodde med himmelrommet over seg . Dei fiska og fiska så det var kvitspikka våen , dei trødde i aure og horr og røe og kjøe da dei stomla seg i land .

Hans Kvennstugu lo som ein liten unge .

På vegen heimover var det at ein ny melodi kom til Jon , ein stille melodi som fall liksom av seg sjøl ned frå dei bleike skyene i sommarnatta , ein melodi utan ord , full av det edlaste i han sjøl , full av tandre og vare minningar og einsleg glødande intensitet , ein melodi som den erfarne musikk-kjennaren ville ha sagt var i slekt med Skjebnetemaet i " Svanesjøen " av Tsjaikovski , men som for han sjøl var så hellig at den aldri skulle få koma på folks tunger . Aldri ! Så edel og rein og opphøgd var denne melodien for han at den aldri skulle stå på eit skittent noteblad , aldri bruse frå ei slitt grammofonplate ! Den skulle leva og dø med han sjøl .

Det var melodien om hans ungdoms kjærleik , Snøfrid .

JON STILA vidare fram i livet , med ny kraft og vidare utsyn . Og da den neste framtidsvona baud seg , slo han til .

I august skulle det vera stor innviels av det nye samfunnshuset i Bråtåbygda , og ein dag kom det sendande 30 flunkande fine uniformer til Bråtåbygda Musikkforening . Det var mørkeblå jakker og kvite bukser , og oppe i huva sto det BMF og lyste så det sto etter . Jon angra som ein hund på at han ikkje hadde halde fram med å gå på øvingane . Nå straffa det seg .

Han fekk sjå uniforma nede på Grand Hotell dagen etter . Det var trommeslagern Nils Lykkja som hadde teke henne på seg etter at han var ferdig med arbeidet for dagen . Han var så flott at det mest ikkje var råd å kjenne att den armods fattigstakkarn som låg og renska kviku i næp-åkern . Jon sat fjetra og stirde på han . Om natta såg guten seg sjøl i ei BMF-uniform kanta med gull og pynta med stjerner , og han marsjerte i første rekke bak dirigenten S. Myrhagen , med eit horn som skaut lyn over riksveg 50 . I vegkanten sto jentene , reint fjetra , og lengst framme Snøfrid , og ho smilte tindrande forelska til han .

Kvelden etter gjekk Jon til dirigent Myrhagen .

Dirigent Myrhagen var ein framstegsmann av det nye slaget , og han var meir romsleg og elastisk enn lærar Vik . Myrhagen sa ikkje nei til å dømme ein fotballkamp dersom det kneip , han dreiv studiering i møteteknikk og var nestformann i Folkeakademiet for bygda . Støtt når det skulle vera basar , laut Myrhagen vera med for å få stem ninga opp . Men det var janitsjarmusikken som var hans store kall her i livet .

" Beklager , " sa Myrhagen . " Korpset er så fullt at det sprækk snart . "

" Ja-det-er-vel-så- , " svara Jon .

Myrhagen skjønte at her sto det ein angrande syndar . Og han var hyggeleg og prøvde å få motet opp i guten . Og var det ikkje slik at guten hadde gått igjennom ei sjeleleg konflikt nå på vårparten som var ? Myrhagen spurde ikkje , men han såg straks mildare på dette fråfallet frå janitsjarmusikken . Han la handa på aksla til guten og smilte til tegn på at audiensen var forbi .

" Korpset er altså fullt . Men imidlertid er det viktig å skaffe ny rekruttering . Du vil få din sjanse , vær trygg . Opp med hodet , du raske gutt ! "

Meire von var det ikkje å få av dirigent Myrhagen , og framtida var svart som aldri før . Jon var ikke sikker på Snøfrid , han hadde ikkje fått spela i kringkastinga , og på Grand Hotell var sesongen slutt ut i august . Han skulle ikkje gå realskolen , han skulle ikkje nokon ting , han skulle kanskje gå rakt til hælvet , det var kanskje det som var meininga ? Fanst det ikkje rettferd å få i denne verda ?

Men det hadde vore slikt eit underleg ærleg drag over andletet til Jon at dirigent Myrhagen ikkje kunne gløyme guten . Og om natta tykte han at gamle mor Norge kom til han i ein verkenskjole og sa til han at han på eitt eller anna vis måtte prøve å gjera noko for denne guten likevel , noko som kunne gjeva han eit puff framover i livet . Dirigent Myrhagen var underleg still om morgonen .

Såleis gjekk det til at Jon vart med i musikkforeninga , og mykje fortare enn han hadde vona på sjøl . Det kom telefon nordover Bråtågrenda , og Jon sprang alt han kunne til Fossbergom . Han hadde blodsmak i munnen og pæsa da han sto der med telefonrøyret i ungeskriket og høyrde Myrhagen tala . Men han oppfatta det eine ordet . Det var faneberar .

Ja ! Det var sant ! Jon skulle vera faneberar i korpset . Han skulle gå aller fremst med den nye fana , eit stjernebanner med gullduskar der det sto per ardua ad astra . Det tydde : gjennom motgang til stjernene , og det måtte vera symbolsk nettopp for han . Han måtte ikkje gje opp ! Nei , han hadde ikkje lov til å gje opp når han fekk ein slik sjanse ! Det gjorde berre litt vondt å tenkje på noko han hadde høyrt her i fjor eingong : at det vart meir og meir moderne å ha små faneberarar i korpset . Det skulle helst vera dei minste . Ja , inne i Oslo var gutane som gjekk med marsjallstaven i 17de-mai-toget så småe at dei gjorde i buksa før dei nådde Handelsstandens Hus , hadde han høyrt .

Han fekk ei ny og mektig kjensle da flagget gjekk til topps over Samfunnshuset , og Bråtåbygda Musikkforening small i med " Sønner av Norge " . Han gløymde den sømnlause natta i pinsam angst for at BMF-huva likevel skulle vera i største laget , han glømde den såre tanken på Snøfrid som støtt tærde han , han gløymde at han mest ikkje hadde smakt matbiten den morgonen . Han vart fylt av stor høgtid . Ein talarstol innhylla i eit norsk flagg , med lukt av regnvått lauv og folk i finklæom , og han sjøl i ei knivskarp uniform med front mot folkehavet . Musikken kom i bylgjer bak han og lyfta han høgt over Bråtågrenda og Bråtåbakken , ‐ tuba og kornett og fløyte og klarinett dirra ikring han , og det tirrande dunket frå vesletromma fekk hjertet til å flyge opp i halsen . Alt gjorde Jon så rørd at han kunne kaste seg ned og kysse dei lakkblanke skorne på Myrhagen .

Ein gong skulle han kanskje sjøl bli dirigent som Myrhagen . Ein gong skulle han stå framfor sitt eige musikkorps og svinge taktstokken for " Sønner av Norge " . Ein gong skulle han sjøl få stipendium av Landsnemnda for janitsjarmusikk .

Da var det han tykte han såg Snøfrid ! Ho sto ytst i folkehopen og såg bort mot han . Ei bivring skaut gjennom han . Kroppen hans vart rak og stiv , og slik sto han . Ville jorda gå under fordi ho sto der , jenta hans ? Han såg rett fram . Han kjende han hadde eit viljefast drag om munnen . Han visste det skar sølvglimt frå det lysande BMF-merket . Det susa for øyrene . Ho var vakker som aldri før . Kvit var kjolen , med ljosblåe prikkar her og der , og ho hadde ny raud jakke . Han hadde sett det i eit evig sekund .

" Snøfrid , Snøfrid , " sa det i han . Blodet steig til panna , og hjertet dunka mot jakka . Ein lett vindpust blagra gjennom det blå banneret . Han makta det ikkje meir ‐ han måtte sjå på henne enda eingong .

Da såg han at han hadde teke feil ! Det var ikkje Snøfrid likevel . Han spilte augo opp og stirde . Nei , det var ikkje henne . Det var ei heilt framand jente frå grannebygda . Dei var ikkje så heilt like heller . Korlessen i all verda kunne han ta slik i miss ? Han pusta ut . Ein kald sveitte låg sval over panna . Men nå måtte han ta seg ihop og lye på festforedraget .

Det var eit foredrag av departementssekretær LassenHagen om sosial vokster og kulturell framgang i etterkrigstida . Eigentleg var det byråsjefen sjøl som skulle ha halde tala i Bråtåbygda , men byråsjefen hadde reint uventa kome med i ein tolvmanns regjeringsdelegasjon som skulle over til Amerika og studere framgangsmåten for nedskjæring av utgiftene til statsadministrasjonen .

" Vi må hugse at vi er ved starten , ikkje ved målet , bygdefolk , " sa Lassen-Hagen . " Inn gjennom porten til dette vakre samfunnshuset her skal bygda sitt folk rykkje vidare på den tusen år gamle stigen forfedrene har lagt , fram mot stadig bedre kår for vårt folk , ein høgre levestandard , ei større sosial og kulturell blømingstid . Her skal folket byggje vidare på den grunnen som bygde seg opp og vart vår eigen gjennom steinalder og bronsealder og jernalder og middelalder og vår eiga svimlande tid som er teknikkens tidsalder , her skal vår vakre lyrikk klinge ut til folk i fest , her skal tonar stige i herleg samklang og breie seg over denne fagre Bråtåbygda . Her skal ‐ "

Lenger kom ikkje Lassen-Hagen med festtala si . Det var brått noko som skjedde . Den vesle faneberaren der nede på bakken sto ikkje lenger . Han låg framstups . Fana låg ved sida . Vesle Jon hadde svima av .

Det hadde vore for hard påkjenning for han . Og det var ikkje anna å vente . Han hadde bore jernbyrd for seg sjøl gjennom dagar og netter . Han hadde gått på glødande stenger , fordi verda og oppveksten sette han på slik prøve . Elsken til Snøfrid hadde tæra sjela hans til blods så ho brann raudt med opne sår , tanken på framtida og ropet frå folket som kravde at han skulle bli stor , ‐ det vonde samvetet for tjuvfiskinga i Storrvatnet , ‐ alt hadde glødd og blødd i han og soge krafta hans så han ikkje orka meir .

Og så var det ein annan ting som han ikkje visste om . Han hadde teke til å vekse ! Vårherre hadde sett i nåde til han og gjeve han lov til å vekse for alvor ! Men det var det ingen som visste .

Nå lag han der .

Det vart eit sensasjonelt oppstyr da det hende . Dirigenten sprang fram . Han skjønte situasjonen med eingong . Det flerra gjennom han at han likevel hadde vore ein fullblods tosk som hadde trumfa gjennom denne ideen om at Jon skulle vera faneberar . Nå straffa det seg . Han ville koma til å miste populariteten sin . Frå alle kantar strøymde folk til og pressa på . Festtalaren tidde . Jon låg urørleg på marka med andletet til side , blodlaus og drivkvit så folk fekk støkken . Ein flik av stjernebanneret med per ardua ad astra dekte den strie ljosluggen hans . Nokre sekund var det blekande stilt på plassen , så gjekk det ein sus gjennom forsamlinga .

" Vann , vann , " skreik dirigent Myrhagen .

Men Jon Bråtåbakken var alt på veg attende til det sorgmilde livet sitt . Tanken hadde arbeidd for fullt medan guten låg i svime . Tanken hadde skriki varselsskrik . Jon lyfta hovudet og såg opp , og det var som om syler stakk i han da han skjønte kva som hadde hendt . Å , botnlause nådelause skam ! Kva hadde han gjort ?

Dette hadde skjedd på berre nokre få sekund . Nå steig Lassen-Hagen ned av talarstolen og brøytte seg veg med vasskaraffelen . Han hadde det vondt . Nei og nei , at han aldri skulle kunne styre seg når han tala om framhjelpa utover bygdene . Denne stakkars vesle trugne faneberaren hadde stått staura der nede på bakken ein heil time utan å røre seg . Det hadde vore noko så edelt og ærleg ved andletet på han . Lassen-Hagen hadde sett eit stykke Norge i miniatyr , det gamle Norge som spana tanken tilbake til historia , til den trufaste Tord Foleson som stupte under normanna-fana i slaget på Stiklestad år 1030 .

Nå kom det ei kvinne ut or folkemengda . Ho hadde svart kjole med den pene sølv-sølja som hadde tindra mot Jon så mang ein julekveld . Ho gjekk hastig , det var angst i kvar rørsle . Det var mest så ho strekte hendene ut .

" Korlessen er det , Jon ? "

Han hadde reist seg . Han kunne breste i gråt . Han bivra kring leppene . Han var ferdig . Ei elv av svart sorg velta innover i han . Ho såg det . Ho kunne ha rekt hendene ut og pressa han inn til bringa si og skjerma han mot hopen og heile verda . Ho såg seg ikring og smilte bleikt .

" Han har ikkje vore heilt bra , n'Jon . ‐ Har gått med ein farang som fær . ‐ Skull' nok ha halde senga , du Jon . Det er vel bæst at oss går , oss ‐ "

Han ville ha stått ! Han ville ha gripi fana og stått som aldri før ! Ingen skulle ha merka noko . Men det kom to førstehjelpsfolk med raudkvite armbind og medisintaske og stødde han med rå kraft . Dirigenten hadde sjøl teke fana , og han vart mildare stemt mot seg sjøl og faneberaren da Lassen-Hagen heldt fram med tala si :

" Vi skal legge tilhøva mest mogleg til rette for den oppveksande slekt . Vi skal hjelpe ungdomen fram så han kjenner seg tryggare . Vi skal gje han tru på framtida . La denne unge guten som stupte under fana og desse to sterke førstehjelpsfolka vera eit beinveges symbol for oss . La oss gå inn i dette vakre samfunnshuset med brorskaps ånd , i den faste forvissning om at barna våre får utvikle seg til individ som tenkjer og trur sjølvstendig ‐ ‐ "

Det var stor skandale .

Jon Bråtåbakken hadde mista den vesle æra han hadde . Sør gjennom bygda spreidde det seg eit rykte om at han var sendt på sjukehuset for blindtarm eller brokk . Nord i bygda smaug det seg ein unggut med brest i blikket langsmed Svånå .

Kva ville folk seia ? At han var ein stakkar , ja , ein som dei ville ha sett ut i snøen som føde for ulvane dersom det hadde vore i vikingtida , ein veikling som aldri vart mann . Verst var det å tenkje på Snøfrid . Kva ville ho tru om han ? Ho ville gjera det slutt ! Ho ville ikkje spasere med ein kavaler som var så tufs at han svima av for ingen ting . Ho villa ha ein frisk og flott kavaler . Ho ville sjølsagt lata som ingenting , men han ville merke det likevel . Han ville nok ikkje få lov til å halde henne i handa lenger . Han ville aldri få lov til å kysse henne .

Korleis skulle han vinne att æra si ? Han laut gjera ei bragd så stor nå at bråtåbygdingane gapte . Han måtte koma på høgde med livet att . Men korlessen ? Han grunda . Han kasta seg att og fram i senga om natta og grunda . Det sveiv for han eit par gonger at han kanskje burde ta realskolen . Desse intelligensprøvene hadde ikkje vore så vanskelege , og han kunne vel alltids lesa på spreng . Han var ikkje redd for det . Han kunne lesa utruleg mykje berre for å slå ut Bjørn på stasjonen , han som var rivalen hans . Snøfrid kom kanskje til å vende attende til stasjonsmestersonen .

Men realskolen ? Næ ! Han mintest den hellige eden sin om ikkje å ta realskoleeksamen . Så vondt som bror hans hadde hatt det den gongen , kunne han vel knapt ha hatt det sjøl . Det måtte einast vera da han fall ihop der nede på plassen . Nei , aldri i livet !

Etter at han hadde spela på Grand , låg han på romet hos Haram og stirde i taket . Det var musikklagsfest på Samfunnshuset . Han skulle ikkje gå . Det var 82 spikarhugu i taket , og alt var blodig forbanna . Han kjende han var meir hardtydd nå . Han kunne ha banna så det lyste , om det berre hadde nytta aldri så lite . Snøfrid var nok på festen . Gjekk han dit ned , ville dei koma til å sjå på han med slik medynk i blikket at han ville bli enda mindre enn han var . Dei ville sjå han stå nede ved døra , og så ville dei ta til å tala om han , enda eingong . Dei ville ratt undrast om han var i live enda . Nei , han fekk la dei vera i den tru at han hadde gått hinsides , så lenge det var råd .

Han låg og stridde i søtbeisk trass .

Haram kom inn på romet akkurat da . Han nikka kameratsleg til Jon og rengde av seg den grøne mekanikeroverallen og plystra Sous les ciels de Paris . Tennene lyste kvitt mellom mørk olje og store raude lepper . Han surra eit ljosgrønt badehandklæ kring dei smale hoftene og skulle ta dusj , først varm og så isande kald . Etterpå skulle han ut på livet . Den musikklagsfesten på Samfunnshuset måtte bli bra saker . Så slapp ein å grunde på livet den stunda . Fanst det pene jenter i bygda ? Men dei var vel så redde av seg at det ikkje var råd å ta innersvingen på dei ? Skulle ikkje Jon bli med ? Var han ikkje opplagt ? Vondt i magen ? Det var triste greier . Skal eg helse jenta di frå deg ?

" Har ikkje jente , " sa Jon .

" Åh . Eg høyrde ein fugl som song om det . Nå ja , du treng ikkje vera redd . Eg skal ikkje ta henne frå deg . Eg driv ikkje med barnerov . Men er du så sikker på henne ? Eg såg henne igår , ho sat bakpå ein motorsykkel og var eksosrype så det pistra . Han dei kallar Kanonkula , du veit ‐ "

" Åh . Ho er ikkje mi . "

" Fyren er ingen farleg rival . Men her skal du få noko lesestoff . "

Haram knytte eit himmelblått slips på kvitskjorta og gjekk plystrande ut på livet med tweedjakka under armen . Kanonkula ? Eksosrype ? Var Snøfrid ute med Kanonkula ? Jon tok bladet . Det heitte " Rundt Verden " , og han skjønte kva slags lesestoff det var . Ei veldig overskrift gapte mot han :

EKSKLUSIV SEKSUAL-ORGIE PÅ MIAMI BEACH .

Fransk officer grep chansen .

Jon hadde nok sett dette bladet før , men han hadde visst at det var umoralske saker , så han hadde ikkje fingra med det . Nå las han . Og det var eit blad som var meir spennande enn Dølaposten og " For Fattig og Rik " . Kunne det vera råd at vakse-folk las slikt ? Dei som var så levande redde for at barn og ungdom skulle tala stygt for tidleg ? Kunne det vera råd at Gerhardsen og Kongen gjekk med på å la slikt eit blad bli trykt ? I sin villaste fantasi hadde ikkje Jon tenkt at kvinna kunne vera slik , og at det kunne skrivast slik om henne . Kvinna hadde stått for han som ein engel , så opphøgd og rein og redd , så forklåra som mor og Snøfrid . Dei strødde ljos og kjærleik ikring seg . Men her var det annleis . Og det var kanskje likevel dette som var sant . Var det slik at kvinnene inst inne ville ha mannfolk ? Han var forvilla . Det kunne ikkje vera sant at kvinnene var så reine og opphøgde som englar . Dei ville ha mannfolk som gjekk på med dødsforakt .

%En amerikansk millonærfrue , Mrs. Nancy Wheeldom , for tiden gift med televisjonscharmøren Peter Billings , kom under et belivet cocktail party på Miami Beach i skade for å uttale seg noe åpent om sitt ekteskaplige samliv , og hun sa også at det til en forandring kunne være morsomt å bli overfalt og forført med vold . Min mann er dessuten impotent foran hvert hesteveddeløp . En fransk fremmedlegionofficer som hørte hennes uttalelse besluttet å følge oppfordringen . Om natten trengte han med sydlandsk glød inn i hennes suite på Hotel Charleston og ‐ ‐

% " Rundt Verden " skolv i hendene på Jon Bråtåbakken , og da han la det frå seg og blunda atta augo , såg han alt for seg , ‐ Miami Beach og Hotel Charleston og Mrs. Nancy Wheeldom i utringa kjole . Hjertet hans dunka fortare , og gjennom kroppen skaut det elektriske gneistar . Han prøvde å tenkje på fela og fiskinga og Hans Kvennstugu og realskolen , han flydde til Snøfrid og søkte hjelp hos henne , han klamra seg til henne og gjorde henne enda penare enn ho var for at ho skulle halde han i sjakk . Men det hjelpte ikkje . Han hadde stridd fåfengt før også . Nå såg han seg sjøl i blågrå framandlegion-uniform med gull snorer . Aisi baisi bai , mumla han for seg sjøl og sløkte den glødande sigaretten utanfor Hotel Charleston . Han var høg og flott og hadde mørk mustasje og entra som ei gaupe opp til balkongen der Mrs. Nancy Wheeldom hadde budoiret sitt . Aisi baisi bai , så vakker ho var , der ho sto og spegla seg i ein gjennomsiktig nattkjole . Huda hennes var kvit som nysnø , og leppene store og raude som blod . Ho strekte armene til vers og gjespa søvnig . Ho lyfta litt på underkjolen og slo ei flugu som hadde soge seg fast der i skymminga , ovafor kneet .

‐ Stakkars Jon Bråtåbakken , tenkte Vårherre . Det var ikkje så greitt når alt kom til alt .

Dagen etter gjekk Jon og fiska i Svånågjelom . Han søkte lengst og inst inn i ulendet der folk aldri fór . Det var blekande stilt og grått og dimt ikring han . Blå himmel kunne det ikkje vera på slik ein dag . Det kunne knapt kvelve seg ein blå himmel over slikt eit liv som hans når han kunne ramle ihop så fysisk og åndeleg og moralsk som han hadde gjort desse siste dagane . Og i Dølaposten om morgonen hadde han lese ein petit-artikkel om hendinga med faneberinga :

Kaldblodig opptreden .

%Under innvielsen av Bråtåbygda Samfunnshus forleden skjedde en episode da musikklagets fanebærer , en liten gutt , plutselig besvimte og falt om på plassen like foran talerstolen . Dagens festtaler , sekretær K. Lassen-Hagen , tapte imidlertid ikke fatningen . Rolig tok han vannkaraffelen med seg og gikk ned til gutten så han fikk drikke . Etter at gutten var brakt bort , gikk herr Lassen-Hagen igjen på talerstolen og fortsatte sitt interessante foredrag som om intet var skjedd .

Det hadde vore ei ny sorg , ei ny vanære . Han hadde nådd den djupaste djupna i seg sjøl , så det skura ned på svartaste botnen . Han gjekk i ulendet og takka Gud for at det ikkje kom folk . Han gjekk i mosen for ikkje å trakke mauren ihel . Så langt innover var han , at han kom forbi Synfjellsvaet der han hadde hogge inn namnet sitt med feisel og bor . Det sto og lyste så skuldlaust og barnsleg at det var til å gråte over . Men han gret ikkje . Tvertimot ! Trassen tok til å stige i han , og dermed var han også berga for denne verda .

Men han skulle få enda eit sjokk .

Da han kom gåande med fiskestonga så langt ned som til stryka ovanfor stasjonsbyen , fekk han sjå eit par som steig av ein motorsykkel på stigen og kom mot han . Guten hadde heilsvart motorsykkeldress og drivkvit hjelm og briller som dekte halve andletet , og da han tok brillene av , såg Jon kven det var . ‐ Kanonkula ! Ved sida hans gjekk Snøfrid . Ja , det var Snøfrid . Og ho lo høgt av eitt eller anna så det skar gjennom Jon . Kva i all verda ? Jon sokk ende ned i lyngen og låg og stira .

Kanonkula gjekk fram til glenna der Jon låg og sette frå seg reiseradioen på ei tuve . Så rengde han av seg motordressen og styrthjelmen og sto der i Mehrens Master Slacks og Keratin i håret . Lukta var så sterk at Jon kunne kjenne teven . Og så hogg Kanonkula tak i Snøfrid og låg bortover sletta i ein langstrak flat tango for to , og Snøfrid let att augo og bora andletet sitt ned i aksla han . Kanonkula styrde Snøfrid så fint og sikkert som han styrde motorsykkelen sin , han låg frampå med heile brystkassa og sneia kurvene hennes så Jon kjende seg som eit trafikkskilt . Men det vart for lite fart for Kanonkula , og best det var skifta han om til åttendedels takt og snurra rundt der i glenna så eit gamalt ekorn på greina vart sitjande forfjamsa med konglen mellom nevane sine . Hadde folk gått frå vetet der nede ? Dansa dei rundvals midt i striaste slåttonna ?

Så fylgde ein slowfox , og så ein rumba , og da riksprogrammet var slutt frå Oslo og Studenterforeningen song " Oss ha gjort kå gjerast skulle " , da tørka Kanonkula sveitten og sette seg . Snøfrid sto og visste visst ikkje kva ho skulle gjera . Kanonkula rulla seg ein sigarett og bles mislykte røykringar ikring seg , og Jon trudde at rivalen hans var sjenert . Han sat der og torde ikkje gå til frontalangrep , trudde Jon . Men der tok han i miss , for med eitt hogg Kanonkula tak i håret på Snøfrid , drog hovudet hennes bakover så ho sto i bend , og planta ein sugande 70 km-kyss på munnen hennes så konglen datt or nevane på Gamle Ekorn ‐

Den som var sår i hugen var Jon da han gjekk heim . Men ein lærde seg menneskekunnskap av slikt . Han kjende korleis noko nytt føddest seint og sikkert i han , og noko gamalt døydde . Og denne dagen vart ein slags milepel i livet hans .

HEILE DEN vinteren heldt Jon seg bort frå stasjonsbyen fordi han hadde gjort skandale . Han gjekk heime og arbeidde seg opp ein veldig trass . Kjakane hans kvitna i mørket når han sto og beit dei ihop i stjerneskinnet ute på tunet . Der nede låg stasjonsbyen og glitra kring Grand Hotell og Samfunnshuset og Bråtåbygda stasjon . Korleis skulle han koma att og setja søkken i dei ?

Ein dag sto den nye Sølvsupern inne i stugu , blank og strømlinjeforma med kvite knastar . Ja , så sanneleg hadde det ikkje kome ny radio i Bråtåbakka . Pengane skulle nok ha vore brukt til nytt golv i fjøset , men Ingebjørg var så glad i guten sin at ho ga etter for gnålet . Og Sølvsupern spela frå morgon til kveld og langt på natt , og når han tala , var han så rein og klår i målet at ein skulle tru det hadde kome framandfolk inn i stugu . Jon låg og lydde på Over the Rainbow og slager-melodiane i " Kveldens Stjerne-parade " , og påny var tidssignalet som småe hissige smell . Augo på Jon var som tinntallerknar .

Jon hadde ikkje gløymt høgdestativet sitt bakom låveveggen , men han beit ihop kjakane enda ein gong så det knaka og heiste opp akslene for at han skulle bli lenger . Han skulle vente . Eller kanskje skulle han aldri mæle seg meir ? Mora sa at han voks , men han trudde ikkje på det lenger .

Da var det han fann ein annonse i ein gamal Aftenposten frå Grand . Der sto det :

HAR DE KOMPLEKSER

fordi De er liten av vekst ?

Vil ikke skjegget vokse ?

Er potensen i uorden ?

Forsøk VITA SUPER GIANT ,

det revolusjonerende amerikanske

biokjemiske patentprodukt ,

som har vist så forbausende resultater .

Leveres i flakonger a kr. 12 , 75 .

Skriv i dag , skriv og forlang VITA SUPER GIANT .

Eneforh. A. Nilsen , box 328 , Skøyenvika , Oslo .

%Jon skreiv og tinga VITA SUPER GIANT . Det fekk ikkje hjelpe om dei siste sparepengane hans strauk med . Han laut bruke kvart pin-salte middel som fanst for å berge livslykka si . Han skulle bli 1 , 80 høg , og han skulle få nesten like stort kjernefysisk våpen som Haram ‐

Og medisinen kom . Flaskane låg i dåsen sin og lyste med forgylt merkelapp som var stempla Clayton & Briggs , Nuffield Centre , N.Y. , og dei to siste bokstavane tydde New York . Alt det gode kom visst frå Amerika . Han drakk meir enn han hadde godt av . Han hadde trudd det skulle vera styggeleg beiskt , men det smakte som gjær og lakris . Den natta drøymde han at han velta storsteinen ned i Svånågjelom , og Snøfrid sto og såg på og tykte han var noko til kar . Og om morgonen song han ein tindrande trall så mor Ingebjørg smilte den bleike smilen sin over vaskebalja . Han sto framfor speielen i Klævan og strauk seg over haka og tykte så skinnbarleg at skjeggstubben rispa han i handloven .

VITA SUPER GIANT , song det overalt der han gjekk .

Utover etterjulsvinteren drakk han dagstøtt VITA SUPER GIANT og lydde på Norsk Rikskringkasting . Ei tid var han heilt asosial og var stugu-gris og låg i sofa benken og lydde på den eine etter den andre slagerfavoritten i " Kveldens Stjerneparade " .

Program-redaktøren måtte nok grava langt ned i grammofon-arkivet for å finne Jon Bråtåbakken ! Men Jon låg ikkje på latsida . Inne i skallen hadde han for lenge sia sett opp ei liste over folk som slapp til i ungdomsprogramma . Det var ikkje fjellbønder og fiskarar og arbeidarar og vanleg-folk . Ein måtte vera froskemann eller jetflygar eller kriminalreporter eller filmskuespelar eller amerikaner , og var ein slagerforfattar eller jazzmusiker hadde ein super sjanse .

Slagerforfattar og jazzmusiker ?

Det var store og framande ord som ikkje høvde noko serleg på ein slik puk som han , men alle desse store som Prøysen og Beethoven og Blyverket ‐ hadde dei ikkje alle arbeidd seg opp frå vanskelege ungdomskår , dei med ?

Jazz-musiker var det farlegaste ordet . Jon visste ikkje kor god klang det hadde i det norske folket . I Bråtågrenda var folkeopinionen mot jazz , og det kom vel til å bryte ihop til eit durabeleg slagsmål ein dag , mellom den gamle og den unge generasjon , og Jon kunne ikkje la seg stane av folkeopinionen i Bråtåbygda dersom han hadde tenkt å gå den tronge vegen rakt inn i Norsk Rikskringkasting .

Kor det nå ville bli eller ikkje bli : han måtte ta seg ihop og lære å danse swing . Han hadde ikkje gløymt at han hadde vore ein staur på dansegolvet på Grand , og han hadde heller ikkje gløymt at Snøfrid dansa boogie-woogie på Grønsletta i lag med Kanonkula . Ho hadde visst ein ny kavaler nå . Sjølsagt hadde han prøvt å danse swing med seg sjøl nokre gonger , men det vart berre nokre ynkelege hink rundt hoggestabben og økseskaftet , så han mista berre motet av det . Kva skulle han gjera ?

Jau , Jon visste råd . Nå skulle han hale innatt på ungdomen nede i stasjonsbyen , for i Liabygda hadde det starta danseskole denne våren , og dit gjekk han . Han gjekk så sanneleg på ski den lange vegen over fjelltunga som stakk fram og stengde mellom dei to bygdene . Nesten to mil att og fram var det , men kva gjorde ein ikkje for å vera på topp med tida ? Jon kom fram i allslags føre , og han smurde NIVEA i fleisen og vart fin og brun som turistane på vinterferie .

Danseskolen var i ei brakke ved sida av Turisthotellet , og Jon kom støtt fram i så god tid at han fekk tid til å skifte på seg den lange svartbuksa og den svarte tvers-over-sløyfa , som han hadde med seg i sekken . Det var ein alvorleg kar som steig inn på dansegolvet den første kvelden . Dette kom vel aldri til å gå vel ? Omkring langs veggene sat det ungdomar på same alder som han , eller litt yngre , og det var jenter så pene at han kunne miste hugu berre han kom borti brystknollane deira .

Nå skulle Jon lære rock'n roll .

Det var virkeleg sant ! Rock'n roll hadde nådd FjellNorge , og medan dette danse-kurset sto på , spreidde det seg ein rocke-feber i bygda så foreldra laut berge det dei kunne av stugu-golvet . Feberen rasa frå grend til grend i Liabygda , og det var ikkje til å tru at hundreåret hadde byrja med folkeviseleik og wienervals . Ja , det vart så morosamt for ungdomen å vera i Liabygda at det var fleire av dei som tok seg arbeid der og vart verande vinteren over og enda lenger , ja heile livet . Kva gjekk det av tida ?

Og Jon lærde å danse rock'n roll ! Aldri skulle han gløyme desse kveldane i Liabygda . Her kom han fri og frank og solbrun over fjellet , med VITA SUPER GIANT i bakhanda , og ingen kjende han og visste at han hadde stupt under musikk-fana . Han kjende seg høg og sterk , og han sette seg føre at når han var ferdig med kurset , skulle han ha lært å danse rock'n roll , og han skulle ha lært ein ting til : han skulle ha lært å kysse ei jente .

Danselærerinna tok seg serleg av Jon . Det var kanskje fordi ho skjønte at han virkeleg gjekk inn for å lære å danse . Eller var det fordi han hadde sjarm ? Ho brukte han som forsøkskanin i rhumba så dei andre sto og lo , men han hadde lært seg til å smile av seg sjøl , så det gjorde ikkje så mykje . Han sto og pusta inn den himmelske lukta av henne ‐ ein parfyme som fekk han til å svimle . Og hadde ho vore yngre , skulle han sanneleg ha brukt henne som forsøkskanin for å lære å kysse .

" Du må fri deg for alle komplekser , unge mann . "

" Jau , san . Det var nå det , da ‐ "

" Du har rytmen i kroppen . Det er bare å sette i gang . "

" Jau , san . "

Danselærerinna såg seg omkring . Det var kanskje best å overlate denne ungguten til den yngre generasjon ? Derfor ropte ho på dotter si , ei femten år gamal ung dame som drøymde om å bli mannekeng i Magasin du Nord i Lille-Grensen . Nå var ho på vinterferie og la Svånåtindane under seg på slalåmski ‐

" Ann-Marik . Var det ikke du som syntes det var så gresseleg kjedeleg her om kveldene . "

" Ja , det skal være visst . Bare bondegutter , jo . "

" Godt . Her har du en av dem . Men han har stoff i seg til litt av hvert , syns du ikke . Nå skal du ta deg av ham og lære ham å rocke . Han har komplekser ‐ det har vi jo alle ‐ og nå vil jeg se hva du kan gjøre , Ann-Marik . "

Ann-Marik smilte til Jon . Ja , så sanneleg smilte ho . Hadde ho kanskje ikkje lagt merke til Jon for lenge sia ? Berre synd han var så genert . Og den svarte tvers-oversløyfa hans hang og slong som ei vaskefille på snippen . Men vel , ho kunne vel likesågodt slå lag med han som med nokon annan . Ho hadde kino-fylgje i byen , men kavaleren hadde sagt at dei skulle stå heilt fritt , og gjera kva dei ville medan vinterferien sto på .

‐ Vi kan prøve .

Såleis gjekk det til at Jon Bråtåbakken vart kjend med Ann-Marik Monsen , og det var for hennes skuld at han hugsa denne tida så godt . Det måtte ha vore noko fengjande charmant i det blikket Jon sende henne , for ho heldt fast ved han og ga ikkje opp . Tvertimot , ho lo tindrande og trøsta han når han trakka på tærne hennes , og ho var full av spel og la den kvite handa si på aksla hans , opna dei rosemåla leppene og såg søvnig på han og sa : Nå ligner jeg vel Marilyn Monroe , hva ?

Farvel Snøfrid Bratta som det ikkje gjekk an å bli klok på . Ann-Marik var kamerat , og ho hadde psykologisk sans , som det heitte så fint , for ho fekk han til å tø opp og gløyme seg sjøl og Norsk Rikskringkasting . Henne skulle han kysse . Det var heilt brennande sikkert . Han skulle vente fire eller fem kveldar , men iallfall siste kvelden skulle han kysse henne . Det skulle skje så fort at ho ikkje fekk tid til å summe seg , og dersom ho vart sint , fekk det ikkje hjelpe . Han fekk stå still på flekken og ta imot ein sviande øyrefik . Men denne første kvelden var det ho sa :

" Skal vi gå ut og titte på månen ? "

Dei gjekk utanfor på plassen og spaserte . Da med eitt stana ho , og før Jon visste ordet av det , hadde ho putta den vesle munnen sin opp mot han og kysst han med slik kraft at han fekk elektrisk kink i nakken og rava attende .

Kyssen hadde vore som ein varm , våt og mjuk snøball .

" Jeg vil bare befri deg for kompleksene dine . "

Ho ville springe frå han , fordi ho var redd han skulle svara med same mynt , men han sto heilt stille . Det han hadde opplevd fylte han med slik ei brusande seierskjensle at han måtte hente att pusten . Han kjende seg med eitt mykje meir overlegen . He , hadde han slik erotisk tiltrekning .

" Ann-Marik ? "

" Ja . "

" Ingen har kysst meg før . Og eg har ikkje kysst nugun heller . "

" Å , men det er nesten ingen som har kysset meg heller . Nesten ingen . Jeg liker deg mye bedre når du forteller meg det ‐ "

" Eg skammar meg ikkje akkuratt for å vera bondegut heller ‐ "

" Du skjønner vel det er tull det der . Har du pusset tennene ? "

" Ja . Med Solidox . "

" Kom . "

Ho sto stille på same flekken og venta på at han skulle koma til henne . Ho hadde ein tynn kjole med to små struttande kanonar som pekte faretruande på han , så han måtte bøye seg unna . Opp i kroppen hans skaut det varme gneister , og han kjende seg reint kjernefysisk . VITA SUPER GIANT , song det i han . Og der i gufsen av vårblåe Svånåtindane fekk Jon Bråtåbakken kysse ei jente for første gongen . Han var så høg at han kunne bøye seg litt over henne , og han heldt med høgre handa si under nakken hennes medan han kysste , og alt flaut saman i søte sekund som ikkje kan skildrast med ord , enda det ikkje var kjærleik mellom dei , men berre kameratskap . Dei gjekk femti meter bortover og stana att , og dei kysste kvarandre att i nye søte sekund , og unge varme tunger stima mot kvarandre og leikte med kvarandre som to nakne småbarn i varm sand .

Kvar kveld spaserte dei utanfor danselokalet . Ho hadde eit stjernedryss av fregner og langt kastanjebrunt hår , og ho fortalde at ho hadde dompa ved juletentamen på realskolen , men det gjorde ingen ting . Og ho var så redd for å bli lubben , for det var altså slik at ho gjekk med ein bitte bitte liten draum om å bli mannekeng ein gong i framtida , ‐ i Magasin du Nord i Lille-Grensen . Ho tykte så synd i Jon når han sto i ski-antrekk og skulle over til Bråtåbygda att . " Tenk om det kommer jerv , " sa ho . Tenk om det kommer snøstorm . Tenk om du faller og blir liggende . Han lo og kjende seg som ein helt . Den risken måtte han ta for å lære å danse rock'n roll . Den risken måtte han ta for å lære å kysse ei jente . Hadde alle dei gamle ungkarane i Bråtåbygda teke den risken , ville dei ikkje ha gått og sugd på labben nå .

Vi kunne jo burle også . Ja , burle . Men jeg tror det lønner seg å vente , jeg . Det er jo litt av et problem . Ja , du forstår vel ? Sånn som foreldrene våre gjør .

" Burle ja , " sa han . " Javisst . "

" Så slipper vi iallfall å ha vond samvittighet . "

" Ja . Og så er det vel likast å gøyme den gode vin te sist , som i brylluppet i Kanaan . "

Ann-Marik var alle tiders .

Men så var vinterferien slutt , og Ann-Marik måtte reise inn til byen att før han visste ordet av det . Han rekna ut at han hadde kysst henne 78 gonger , og det var slett ikkje dårleg på ei vikus tid . Han fekk nok aldri kysse AnnMarik meir . Men det hadde gått stadig framover med rockinga . Han hadde fått slikt eit strykande flaks i faget at det ikkje var måte på . Nå kunne han leggje hendene i kross på bringa og sjå blasert ut og danse for seg sjøl medan jenta snurra rundt , og med tid og stunder makta han vel å gjera det som ingen andre i Bråtåbygda og Liabygda torde gjera : ta kjeiet og slenge henne i full lengde over aksla si så den korte nylontrusa syntest , ‐ og setja kjeiet på golvet att så stø som fjell .

Kva ville dei seia ? Å , det ville vera synd og skam av ein bråtåbygding å gjera slikt , ville dei seia .

Jon vart ikkje opprådd fordi om Ann-Marik reiste , enda han sakna henne sårt dei første kveldane etter . Men nå var det mor hennes som tok over og gjorde han til kavaleren sin . Og danselærerinna var ei stilig dame som enda var pen å sjå til , høg og blank med store svarte søkkande djupe augo , og med lange slanke kvite hender som liksom klarte å stryke Jon over aksla og bringa og ryggen medan dei dansa , så han vart reint redd .

Kroppen hennes var som polenta-graut med raud saus på . Han hadde slik hug til å sluke alt ihop . Men det var ei røyst i han som sa at den gamle Adam i oss skal druknes ved daglig anger og bot og dø med alle skammelige synder og laster . Det var Luther . Ho spurde skjelmsk om Ann-Marik hadde greidd å ta bort alle kompleksa hans .

" Å nei . Eg har nok ænda større komplæks , " sa han .

" De går nok over med alderen . Du kommer til å bli farlig for bondejentene her oppe . "

" Eg ska åt Oslo . "

" Du også ? Hva er det ved Oslo som er så ekstra da ? "

" Regnbuen og Chat Noir . "

" Noe mer må det vel være ? Hva skal du bli da ? "

" Eg sku gjærne vore med i orkestret på Regnbuen . "

" Tenk , min mann er også musiker . Han spiller på en annen restaurant . Han spiller visst alt mulig . Men så er han dyktig trøtt også . Han er trøtt bestandig . Han går og sover om formiddagen og er borte syv kvelder i uka . Ikke akkurat noe hyggelig for meg . Det hender han spiller i søvne også . Han innbiller seg at jeg er pianoet . "

" Eg ska ikkje gifte meg . Eg ska væra fri og frank . Ska reise ein tur utalands og sjå på livet , akkurat som gammel-karain hær ser på kveldstoget . "

" Bli heller forretningsmann . Det kaster penger av seg , det . Særlig i konfeksjon . Begynn som ekspeditør og arbeid deg opp . "

" Åh nei , eg har andre mål , " svara Jon sterkt og såg henne inn i augo enda den herlege parfyme-lukta frå henne fekk han til å skjelve i knea . I dette blikket såg ho ein vilje hard og ubøyeleg og mystisk , og ho sat att med ein tanke som slett ikkje var så dum : at denne unge mannen kom til å bli avbilda på framsida av " Aktuell " eller " Nå " eingong .

VITA SUPER GIANT , song det i Jon Bråtåbakken .

Såleis sto Jon godt rusta til å møte den neste festen på Samfunnshuset i Bråtåbygda . Han kunne danse rock'n roll , og han kunne kysse både framlengs og sidelengs om det kneip , og han trudde at nå hadde han gode sjanser til å vinne att Snøfrid . Ja , for han hadde ikkje gløymt Snøfrid . Snøfrid gjekk det ikkje an å gløyme . Ho levde i hugen hans og vart penare og penare dag for dag , det fekk ikkje hjelpe om Kanonkula hadde dansa tango med henne på Grønsletta . Ho hadde sikkert ikkje noko til overs for Kanonkula når det barst i herdinga , for han skulle visst vera ein stue-gris som låg og purka og sov til langt utover morgonsida , og det kom aldri til å bli noko av han , iallfall ikkje noko stort . Nei , Snøfrid bar kanskje inst inne ein liten tanke om å vende tilbake til Jon . Han vona det så sterkt at han trudde det , og han trudde det så sterkt at han visste det . Og han visste det så sterkt at han tok til å tvile att . Da festen kom , tok Jon på seg tvers-oversløyfa og traktor-skorne , smurde Brylkrem i håret og skamkøyrde nedover Bråtåvegen på sykkel så småsteinen pistra . Den kvelden hadde han tømt den siste VITA SUPER GIANT-flaska til botns .

Det vart påny eit nederlag for Jon . Så reint urimeleg hadde det seg , at det var Bråtåbygda Hesteavlslag som heldt festen . Og på ein slik fest skulle det ikkje sleppast til noko så ukristeleg som rock'n roll . Det var formasteleg nok at det var rheinlænder og masurka , meinte gamle Johan Bråtåbakken frå Svartvasslia . Dei yngre i laget var klukkande glade og velfornøgde over at han var så raust som å innvilge dans , han som var med i China-misjonen .

Men Snøfrid var der . Og ho var pen som aldri før . Han kjende seg ynkeleg tufs og tenkte på skandalen han gjorde da han stupte under fana . Nei , han kunne ikkje tala til henne nå . Han kunne aldri tala til henne . Og ho hadde dansa flat tango med Kanonkula .

Snøfrid sto der og visste ho hadde kome for å bli venner att med Jon . Det fekk stå til han sjøl om det skulle bli kjærleik . Kanskje var det likevel Jon som kunne gje henne den store skjelven . Kanonkula hadde ikkje greidd det . Kyssa hans hadde vore likeeins som motorsykkelen hans , harde og snøgge og pågåande , og ho hadde kjent seg trygg for han . Han skulle ikkje få koma langt , nei .

" Goddag , Jon . Lenge sia sist nå . "

" Å ja . Dansar du ikkje ? "

" Næ . "

" Eg har så smått lærd å rocke . Men det blir ikkje bruk for det hær . "

" Å ja , det skull eg lære ! "

" Lett som ingenting . Sjå hær . ‐ "

Jon la armane i kross og steppa bortover , og lo hjerteleg . Ho såg stort på han . Sanneleg , nå var han mykje høgare enn før , og andletet hadde rakna ut . Kven var det han likna på ? Danny Kaye ! Danny Kaye ! Berre synd på håret hans . Det sto til værs som ein halmstakk .

" Ska oss ta ein tur ut ? "

" Eg tør ikkje . " Ho lo ertande .

Dei kom ut i måneskinnet . Han tok handa hennes . Han velsigna i denne stunda Ann-Marik som hadde lært han å kysse . Men det var Snøfrid han var glad i . Snøfrid var visst kvinna i livet hans . Om Snøfrid hadde han laga så pen ein melodi at den aldri skulle få koma på folks tunger . Ein melodi for han sjøl berre . Nå gjekk dei her , og stunda kom da han torde nærme seg henne . Han brukte ikkje same framgangsmåten som på film . Han spurde rett ut ‐

" Kunn eg få kysse deg ? "

Det gjekk eit par tre lange sekundar .

" Kanskje . "

Da tenkte han det var best å gå eit stykke til , og hand i hand vandra dei vidare i måneskinnet . I hugen hans jubla det . Han gløymde stativet bak låven . Og det var ufatteleg at Snøfrid kunne tilgjeva han skandalen i Musikkforeninga . Hadde ho virkeleg mot til å spasere i lag med han ?

Dei gjekk så langt som til Grand Hotell . Da stana Jon , og ho visste at nå skulle det skje . Ho såg ned i vegen og kjende seg brydd , men det steig ei spent forventning i henne , og i desse sekunda sa ho til seg sjøl at ho skulle svara kyssen hans så varmt og godt ho kunne , så han kunne forstå at alt var som før mellom dei . Da ville kanskje den store skjelven koma . Kanskje Jon likevel ikkje våga ? Var han så brydd enda ?

Men leppene hans møtte hennes i ei båre av søt lykke . Hjertet sto bom stille og demde seg opp til ei mektig flod av vilt blodsus som braut gjennom han : Ho hadde svara han med leppene sine .

" Åh , eg er visst søkk forelska i deg . "

Ho svara ikkje .

" Tenk om livet kunne ha vore berre stjerneskinn og du og eg . "

Det mørke glatte håret hennes , kor han elska det ! Dei vakre raude leppene som bøygde seg opp litegrand , som ferdig til å ta imot andre lepper . Og augo hennes , som hans eigne kunne søkkje djupt ned i , kor han tilbad dei ! Han fabla om å ta henne i armane sine der på vegen og lyfte henne i stjerneskinnet og halde henne der utan å bry seg om tid og rom og atomer og andre folk . Desse sekundane der på vegen var nokre av dei vakraste Jon opplevde i heile sitt liv .

Snøfrid var stille .

Det var medan dei sto der på vegen at Haram kom forbi . Han var i sportsantrekk og hadde eit strålande solbrunt skjær under dei mørke augo sine .

" Nei , men er det ikkje Jonnemann ? Sanneleg , du blir reine Justern ! Og der har vi henne ja . Søt jente det , farr ‐ "

Haram såg på Snøfrid . Ja han tok andletet hennes og snudde det mot ljoset så han kunne sjå betre . " Aha , " sa han . " Du tek til å bli dame . "

" Åh , nei , " lo Snøfrid .

" Var det ikkje på den innvielsesfesten i Samfunnshuset ? Du såg ut som ei nyutsprungen rose . Og rosa dansa med han dærre Kanonkula . Du var berre barnet . Men nå er du sanneleg blitt stor dame . Du har vore heldig , Jonnemann ‐ "

" Eg har ikkje rætten på henne . "

" Bli med opp til meg . Så høyrer vi på plater . Kanskje er det musikk frå RIAS . Das grosse Tanzorkester . "

Dei kunne ikkje seia nei . Og så sat dei på sofaen side om side og lydde på Moonlight Serenade . Haram var som eit barn , slik stråla han og varta opp og nagla augo sine på Snøfrid . Best det var slo han opp radioskåpet . " Nå tar vi ein Golden Cock med solo , " sa han . " Ein drink på gamalt vennskap ? Skål , eg heiter Håkon ‐ "

" Nei takk , " sa Jon . Aldri eit sekund sidan langt der att i tida hadde han gløymt eden sin om ikkje å drikke sterke saker .

" Klart du må ta ein drink ! Da kjem du ikkje langt i verda ! Det er noko ein må lære seg for å omgås folk . "

" Det er ein serskild grunn , " sa Jon .

" Å ? " sa Haram og såg stort og tenksamt på han . Det kom så vaksent . Ja , var det ikkje far hans ‐ ?

" Eg respektere deg , " sa Haram . " Men det er berre eit godt råd . "

Det vart så Haram skjenkte i solo til dei to , og gin til seg sjølv med solo attåt . " Skål , " sa han . Han tok eit langt drag . Augo hans leitte etter augo på Snøfrid .

Jon tok lommetørklæet fram og strauk sveitten av panna . Underleg avmektig sat han der og kjende Snøfrid ved sida av seg , men den store uroa ville ikkje bli borte . Snøfrid smilte brydd til Haram .

" Nå må de danse , " sa Haram .

" Nei , er ikkje i form , " sa Jon .

Da sto Haram opp . " Værsgo , unge dame , " sa han og bukka for Snøfrid , og det var eit bukk så perfekt at det sat som spikra i Jon . Uviss såg Snøfrid på Jon , men han berre smilte og nikka overlegent , og så dansa dei to ut , til tonane frå Prøysens " Tango for To , " den siste slagern .

Ja , det var tango for to ! Tett inntil Haram låg Snøfrid , medan Jon sat og var tufs i sofaen . Han var slått ut med eit einaste slag . Å , som dei dansa . Den slanke fine kroppen hennes sveiv gjennom rommet , og ho smilte stort og strålande . Da dansen var slutt , fekk dei med seg Jon og rota i platehaugen . Snøfrid sto mellom dei to , og Haram bøygde seg så tett over henne at ho kjende den sterke pusten hans mot nakken sin .

Da fraus ho til : Ho måtte gripe fatt i stolkanten . Det var som all kraft veik utav henne , og ho kjende ei varm , sugande båre gjennom seg . Det var den store skjelven ! Med eit forvilla blikk vende ho seg mot Haram , og dei såg rett inn i augo på kvarandre . Så slo ho augo ned . Haram la på ei plate og ropte smilande som om ingenting hadde hendt . " Rock'n roll , rock'n roll . Nå får du vise kva du dug til , Jonnemann . "

Og nå fekk Jon sin store sjanse . Det var ikkje råd for han å seia nei til Haram , han måtte frampå golvet og danse rock'n roll med Snøfrid . Haram tende seg ein Lucky Strike og sat på stolen og daska hendene mot kvarandre og smilte stort . " Du har rette svungen , " sa han . Men Snøfrid var underleg framand i armane hans , og andletet stråla ikkje mot han som det hadde gjort mot Haram . Det var som om ho var trollbunden av ei farleg mystisk makt , og Jon visste kva som sto på . Påny var Snøfrid i ferd med å gli ifrå han . Påny skulle kjærleiken hans breste ut i eit ope sår . Og det var ikkje lenge sidan han hadde hatt henne tett i armane sine og kysst henne i useieleg søt lykke .

Haram køyrde dei heim i hotell-bilen . Underleg fortenkt sat denne unge mannen ved rattet og tenkte over livet sitt . Kva skulle det bli til ? Håkon Haram ‐ eit barn av den andre verdenskrigen som vingla seg fram og søkte eit fotfeste . Kva skulle ein leva for ? Verda gjekk til helsike likevel . Skulle han byrja eit nytt liv ? Kjøpe seg tomt og gifte seg og våge ein sjanse . ‐ Bli arbeidar med fast jobb sør på Fabrikken ? ‐ Bli far og samfunnsborgar ? Det var hans sjanse . Å ha ein liten smågut å slåss for ? Var det Snøfrid ho heitte , denne jenta ?

Nei , han skulle ikkje gå i vegen for denne unge kameraten sin . Han hadde gått i vegen for så mange , berre for å sleppe å høyre denne lyden av pistrande bomber flerrande gjennom hugen . Varme unge kvinner hadde kysst han med våte lepper og kjærtegna han vilt over ryggen og kviskra namnet hans : Håkon Håkon . Han såg dei for seg med slanke vakre kroppar og hjelpelause smil om munnen slik dei hadde gjeve seg over til han i kamp med seg sjøl om å vinne kjærleiken hans . Han høyrde søte stønn og kjende store varme tårer brenne mot kinnet sitt .

Å bli far kunne vera hans sjanse ?

Såleis sat det to ungdomar i denne bilen og kjende seg triste til sinns . Ho var ikkje så ljos til sinns Snøfrid heller . Ho sto mellom to menn , som så mange andre kvinner . Det var ingenting nytt i det . Det var som ei kjærleikshistorie i ukebladet . Men det var meir likevel . Det var den såre kjensla på ein ny måte , ikkje slik som den var skildra i ukebladet . Her var det ingen som var skurk og ingen som var helt : dei var så gode begge to , desse gutane . Det var berre det at ho hadde sett Håkon leike på vegen med den vesle hunden , og ho hadde kjent den sterke pusten hans mot nakken sin . Det var berre det at ho hadde kjent den store skjelven .

Haram sette Snøfrid av nede i svingen og køyrde Jon heilt fram så han berre trong gå bakken opp . Det var ikkje stort dei sa , og Haram heldt på å skulle seia at Jon trong ikkje vera redd for han , han skulle ikkje legge an på Snøfrid . Han kjende på seg at han burde ha gjort det , for denne unge kameraten hadde det vondt . Men Haram fekk det ikkje til . Det var som orda stana på tunga hans . Og han smilte resignert .

Trist i hugen gjekk Jon opp til heimgarden sin . Ein isande kald blåst kom strykande vestanfrå Svånåtindane . Han svelgde . ‐ Den som enda kunne burle , tenkte han og skutta seg . Det var vel derfor at Snøfrid var så veik for Haram , fordi ho skjønte han kunne burle ? Å nei , det var nok fordi han var så høg og sterk og vakker . Det var nok fordi han ikkje var slik ein ynkeleg tufs som Jon Bråtåbakken .

Da han sto i grindsleet , stana han . I augo brann ein desperat eld . Han tenkte : Nå kan eg tåle kva som helst . Nå kan eg tåle å få veta kor høg eg er . I halvtanna år har eg gått og ikkje våga . Nå skal eg mæle meg . Og eg skal staure føttene i jorda så hælane kjem ut att på den andre sida .

Han var inn i svala etter lommelykta og gjekk bakom låven i stjerneskinnet . Han sette opp stativet . Minst fire centimeter måtte han vel ha tøygt seg , han vona på fem centimeter . Det kunne forresten vera som det ville . Han skulle greie seg likevel , om han vart berre ein stubbe . Han skulle tjuvfiske seg fram gjennom verda så det var ein lyst å sjå .

Roleg tende han lommelykta . Klokka var 23 , 52 . Han såg på stativet , han såg tala som klora seg barnslege oppetter : 167 , 168 , 169 , 170 , 171 ‐ lenger trong han visst ikkje rekne . Underleg gjennomfrossen , med ein redd smil på leppene , stilte han seg med ryggen mot låveveggen . Andletet hans hadde den gråbleike fargen som unge menn får når dei står andlet til andlet med eksekusjonspeletongen . Han svelgde . Beiskleiken var borte . Angsten hadde kome i staden , så mykje hadde det å seia , dette her . Han la den kalde fjøla på hugu sitt og lyfta den høgre armen og drog ripa med blyanten . Så steig han til sides og svinga lommelykta .

Eit tal sprengde mot han .

Det var eit tal som bora seg djupt inn i sjela hans og vart sitjande der resten av levetida så lenge han hadde ei sjel . Det var eit tal som kunne ha vore smidd i gull , så fullt av lykke var det . Han svelgde . Han ga ein lyd frå seg som skulle vera skratt , men det høyrdest ut som gråt .

Talet var 175 cm .

OG NÅ gjorde Jon Bråtåbakken come-back .

Han som hadde vore som eit null i Nedrustningskommisjonen , han kom nå som eit atom-skot ! Blodig og saltsøtt skulle han hemne seg på livet . Da han hadde tøygt seg fire centimeter lenger , organiserte han det første swingorkestret i Bråtåbygda , " Bråtåbygdingen " .

1950-åra var på mange måtar ei kulturell nybrotstid i Bråtåbygda . Fotball-laget hadde fått ny trenar frå Forbundet og gjekk bort og spela uavgjort mot sjølvaste Raufoss , ein amatør-konservator fann ein nåsåbjønn etter Harald Hårfagre , og nede i stasjonskrysset hadde det reist seg ein lysande gulgrøn aviskjosk som selde blad med utringa kvinnfolk på framsida , så gammel-ungkarane vart reint ville . Og nå kom omveltinga i musikken .

Det var ikkje noko meir naturleg enn at Jon retta heile hatet sitt mot S. Myrhagen , dirigenten for BMF . Denna elændige Myrhagen kunne vel ha gjeve han eit musikkhorn med det same og ikkje late han bera den fordømrade fana ? Nå var den rette stunda komen til å velte Myrhagen av vaglen hans , for han heldt på å koma i bakleksa . Alle desse nye Stars and Stripes-marsjane og operette-melodiane frå Amerika var for nymotens saker for Myrhagen . Han ville helst at hornmusikken skulle spela " Sønner av Norge " og " Jeg vil værge mit Land " . Og slike nye instrument som saksofon kunne ikkje Myrhagen tåle .

Nå hadde nettopp Jon skaffa seg saksofon og spela så pent utover Bråtågrenda kvar blåhimil-efta , og striden kvesste seg til da dotter hass Pær Snauleite kom heim frå realskolen med gråten i halsen og meinte ho hadde stroke i norsk stil . Oppgava lydde : Fortel om kva ungdomen gjer på heimstaden din laurdagskvelden og sundagen . Kva skulle ein skrive om ? Vesle Ola Steinhaugen hadde skrivi at han sat på do og las Detektivmagasinet for å få tida til å gå .

Med Arnulf Øverlands ordliste sat Jon og skreiv eit blodig innlegg til Dølabladet , der han let på at Bråtåbygda Musikkforening var erke-reaksjonær og samfunnsfiendtleg . Han hadde ikkje trudd innlegget kom inn , men det kom med sperra trykk under " Lesernes Mening " , og dermed losna ein ofseleg kulturstrid som delte Bråtåbygda i to leirar , og striden vart på sett og vis eit durabeleg oppgjør mellom den eldre og den yngre generasjon .

Dirigent Myrhagen kjøpte seg Øverlands ordliste og svara at nå måtte det bli slutt med dette tenåringstullet som fekk kalven til å tru han var stut , og han bad den høyt ærede herr Jon Bråtåbakken å vera litegrand turrare bak øyra neste gong han tala om vakse-folks ærlege arbeid . Men da eksploderte Jon , og han svor ein blodig hemn over Myrhagen . Artikkelen gjekk så innpå han at det kjendest som rusta spikar langt inn i bringa .

I si nød gjekk Jon til den einaste som kunne hjelpe han , og det var Torbjørn Skjærkinn , han som sidan kom på Stortinget for Høyre . Det var ein oppsynt og opplyndt bygdegut som dei hadde sendt til lærarskolen på Hamar med tanke på å få ein bygda-kar bak katetret for ein gongs skuld , men da han kom att , var det berre klaviatur og sats og fuge som sto i hugu på guten . Han tala om Beethoven så han kunne få tårer i augo , men det var ingen som ville felle slike tårer med han , og nå spekulerte han på å søkje seg post i Oslo .

" Ei musikkforening ska vel spela aill slags musikk og ikkje bærre Sønner tå Norge , " sa Jon til Torbjørn . " Men dærsom eg sporde denna Myrhagen etter piano og sylofon , så ville han ratt svårå at slikt går det ikkje an å bæra i 17de mai-toget . "

" Bråtåbygda kan ikkje væra eit museum midt i atomverda , " sa Torbjørn og var hjertens enig . " Gjennom radion er det slik gjennomtrækk at det gjeld å halde seg på føtom . "

" Ska det ikkje væra hær som i byn ? Ska oss ikkje få lov te å danse rock'n roll , oss som andre , ‐ uta å få sneiord ? Men nå har eg gått og tenkt ut ein plan . ‐ Gjekk det ikkje an å starte ei gruppe for moderne musikk innafor musikkforeninga ? For jazz ? Det er jazz ungdomen helst vil hå ‐ "

" Og ei gruppe som driv med vanleg klassisk musikk , " sa Torbjørn oppglødd og tok sigaretten ut av munnen . " Eit salong-orkester skull det vore hær i bygda . Vivaldi og Schubert og Beethoven ‐ og Bach når det kjem så langt . Det er nå det som er musikk ‐ "

" Eg ska organisere swing-orkester , " sa Jon . " Klassiske saker ligg for høgt for meg ænda . Ein kvartett med dobbel besætning , hæ ? "

" Det trøngst skjelling i kassa , " sa Torbjørn .

-Oss ska søkje hærredstyret om bidrag . Ordførarn ‐ Steinhaugen ‐ er radikaler . "

" Du er optimist . Og dærsom det ikkje går ? "

" Så ska det saktens bli månljost hær , " sa Jon og retta seg opp så den strie hårtusta sto rett i taket , og han var så faderleg da han sa det , at Torbjørn var reint forundra over denne nye kameraten . Kva var det Jon tenkte på ? Det var da nesten desperat , detta blåfiolette auglaget hans .

På neste møte i musikkforeninga vart Myrhagen kibba som formann fordi han hadde fått folkeopinionen mot seg . Han hadde skrivi at motstandern måtte vera turr bak øyrene sine , og det høyrde ikkje heime å skrive slikt i ein sakleg debatt . Den nye formannen vart Torbjørn Skjærkinn , " og da er det vel ikkje lenge før døkk spelar swing i 17de-maitoget , " var det ein som sa .

Men Torbjørn berre smilte , han , for han var lærar og kunne ratt slå folk i hugu med Luther om han ville . Ja verda sto snautt til jonsokleite når lærar Vik kunne få slik ein ettermann .

Og nå skulle hobby-laget skiftast . Og innafor hobbylaget skulle det vera eit swing-band . Dei skulle bruke eitt av roma i Samfunnshuset , og med tida kom det vel lydbandopptakar og platespelar og plate-arkiv der . I eit anna rom kunne det vera hobby-gruppe for teknisk interesserte . Slik burde ungdomen koma i lag , sa Torbjørn . Men det var ein ting Torbjørn sette seg imot . Aldri i verda skulle denne nye swing-kvartetten ha engelsk namn . Det skulle ikkje vera noko Jolly Boys . Han hadde sett seg så harm på radioen , Torbjørn , at han kunne ha hug til å skrive inn til Generalimportørn for Amerikansk Sjelskultur ‐ programredaktøren for " Kveldens Stjerneparade " ‐ og be han lære seg såpass norsk at han iallfall kunne omsetja namna på dei amerikanske platene . I motsett fall måtte det bli ein lov om tvungen foreldreeksamen i engelsk her i landet , og det kunne kanskje gje seg utslag på levekostnadsindeksen .

Så vart kvartetten døypt " Bråtåbygdingen " , enda Jon tenkte med seg sjøl at det ville nok ha vore mykje meire fengjande med Big Blue Jazz Band .

Ja , mykje og mangt hende tidleg på våren , og da 17de mai kom det året , fekk folk frå Bråtågrenda sjå eit syn dei seint skulle gløyme . Aller fremst i hornmusikken gjekk Jon Bråtåbakken med saksofonen sin . Guten var lang og stram i flott uniform , med den høge BMF-huva over den flate skallen , og sterke mandige kjakar som vida seg ut og prompa og prompa over smidige blodfulle lep per , og adamseplet som låg og kava opp og ned over snippen . Han var mest ikkje attkjennande , og det var meir enn ei av kvinnene frå Sørbygda som sa at han likna meir og meir på far sin , han Jon . Han vart så utruleg staut ein kar , så kanskje han tok til å flyge etter jentom i Sørbygda , han med .

Men i den nye kjosken i stasjonskrysset sat Snøfrid og var ekspeditrise , og det pene andletet hennes tok reint pusten frå unggutane som kom for å kjøpe Alle Menns Blad og Motortidende og Cocktail . Værsgo , 80 øre , sa ho og smilte så Kanonkula kjende hjerteblodet sile nedover forbi navlen . Ville ho bli med ut på livet i kveld ? Snøfrid var opptatt . Ho sat og drøymde seg bort . Kanonkula sette seg på rasern sin og ynskte han kunne køyre seg dødsens daud berre så det skvatt , men det var vel best å leva vidare lell . Og vest i Liabygda fanst det eksosryper i fleng .

Ja , Snøfrid sat og drøymde seg bort . Håkon , Håkon , song det i hugen hennes overalt ho gjekk , og alle desse fine damene ho las om i blada der i kjosken , dei kunne segle sin kos med pelskåpene og lystyachtene sine , berre ho fekk vera i lag med Håkon , Håkon Haram . Han hadde ikkje gods og gull og stor gasje , men likevel hadde han alt ho lengta etter . Under eit gamalt tre i hagen ved Grand hadde han fått lov til å kysse henne , og leppene hans hadde vore sterke og varme og sugande så det svimla for henne . Han hadde smilt ein underleg rar smil og teke fram lommekniven sin og rista eit stort hjerte og ei pil inn i borken på treet , og så hadde han teke handa hennes og lagt over hjertet og sagt : Kjenn , det blør . Fingrane hennes hadde vore våte av sevje . Og så hadde han sagt : Undrast på om vi skal dø av radioaktivitet . Det ville passe inn i programmet ‐

Ho hadde ikkje forstått han . Men så hadde han kysst henne påny , og ho hadde kjent varme , farlege elingar gjennom kroppen , og nå sat ho i aviskjosken og drøymde seg bort over Allers og Hjemmet og Alle Kvinners ‐

Men Bråtåbygda heradstyre var samla til møte og stemde ned framlegget om å bevilge noko ekstra til musikklaget , og ordførar Steinhaugen ga ei lang utgreiing om gamle folkevise-melodiar og nye vegprosjekt og konkluderte med å seia at musikkforeninga fekk greie seg med " Sønner tå Norge " så lenge .

Fjorten dagar etter var det Sangens og Musikkens Dag i Bråtåbygda . Det vart ein dag utanom det vanlege , dette året , fordi Dagbladet kom oppover med journalist og blitzfotograf . Torbjørn og Jon hadde organisert ein del ungdomar som ville ha noko å rive seg på , og ei vekes tid hadde dei arbeidd på spreng med å laga plakatar , slik at det aldri i manns minne skulle bli slik ein musikkens dag i Bråtåbygda . Dagen etter demonstrasjonen kom det ekstra-sending av Dagbladet til kjosken i stasjonskrysset , med bilde av ordførar Steinhaugen og svarte typar på første side :

% Voldsom kulturstrid i Bråtåbygda .

%En skal lete lenge etter slik tiltakslyst og pågangs mot som hos ungdommen i Bråtåbygda , og en skal

lete enda lenger etter så mye erkereaksjonært

bakstrev som i herredstyret i samme bygda . Eller

er det alminnelig utover Norges land at herred styrene bevilger et årlig stipendium på kr. 1000 til

innsamling av gamle grautslåtter , mens de samtidig

nekter å yte en hvilken som helst økonomisk og mo ralsk støtte til fremme av de unges musikk-interesser ?

Men så fikk de kommunale bakstrevere grundig

beskjed om den skjødesynd de atter en gang hadde

begått . På Sangens og Musikkens Dag i Bråtåbygda

igår ble ordfører Steinhaugen hilst med pipekonsert

da han skulle holde tale for dagen . Hver gang han

åpnet munnen for å overbevise forsamlingen om den

betydning musikken har for oss her i livet , ble han

overøst med hyl fra en velorganisert ungdomsbande ,

ledet av den 25 år gamle lærer Torbjørn Skjærkinn

og den 18 år gamle jazzentusiast Jon Bråtåbakken ... .

%Såleis hadde Myrhagen-fraksjonen tapt i første omgang , og " Bråtåbygdingen " spela opp på Samfunnshuset . Det var ein stor dag for Jon Bråtåbakken . Men så vende folkeopinionen seg påny , for det fekk vera grenser for kva ungdomen fann på nå til dags . Gå i demonstrasjonstog og pipe ut ordførar Steinhaugen ? Heh ? Var det ikkje mykje sant i det han hadde sagt , han Myrhagen , at dette tenåringstullet tok til å bli ein utvekst på samfunnet ? Og hadde han ikkje vore ein parlaus flink kropp , Myrhagen ?

Ordførar Steinhaugen svor på at før skulle han ligge lik , for denne hobby-klubben fekk nokor bevilgning etter dette , og i kaffepausen på neste herredstyremøte fekk han tillitsvotum frå alle politiske parti , så nær som av representanten for BKP , Bråtåbygda Kommunistparti .

Jon hadde nok tykt det var gildt å bli omtala i avisa , for Snøfrid sat i kjosken , men snart kom det slik ein stygg angst over han at han vart reint nedfor . Kva ville farbror Johan i Svartvasslia seia ? 35 000 kroner var mange pengar , og Jon hadde så smått gått og rekna med denne summen . Det ville koma godt med å ha den blå-gule bankboka hass farbror Johan når han reiste til Oslo eingong . Kanskje drog han utanlands med . Og skulle han likevel ta til på Musikkonservatoriet ?

‐ Kva ville farbroren seia ? Det var ikkje nødvendig å spørja om kva Johan i Svart vasslia ville seia . For nokre få år tilbake hadde det rasa ein annan vill kulturstrid i Bråtågrenda , og det var dengongen da naturbarna frå Norge ikkje kunne styre seg nede i Tysklandsbrigaden . Johan i Svartvasslia hadde vore ein av dei førande i striden . Han hadde sjøl gått rundt og samla underskrifter på Folkebrevet . Han hadde hatt gardane mellom Svartvass-åa og Tverrhaugbekken , og det var ingen som hadde samla så mange underskrifter som han . Styggtidleg ein morgon hadde han ruska i den gamle føderådsmannen på Londe , og såleis fekk han sanneleg eit bumerke og , i Folkebrevet .

Nei , Jon trong ikkje undre seg , og ein kveld han sto på tunet og såg nedover , skjønte han at arven var tapt . Der kom Johan ruggande . Nå kom det til å bli måneljost her . Men Jon beit kjakane ihop så dei kvitna og arbeidde seg opp slik ein ofseleg trass at nå skulle det bli hardt mot hardt .

" Ho er vel heime , mor di ? "

" Ho sit inni stugu . "

" Du veit vel kæfor eg kjøm ? "

" Ja . "

" Du skjæmst vel ikkje ? "

" Næ . "

" Eg hadde så smått tenkt å testamentere deg ein arv når eg ska forlate denne værdens jammerdal . Du skull studere ved Musikkonservatoriet . Du forstår vel at det ikkje kan bli nogo tå dæ ‐ "

" Du kan hå denna skarve arven din for deg sjøl . "

" Er dette son henna Ingebjørg Bråtåbakka ? "

" Du fæ spørja ho sjøl . Men si' du eit vondt ord åt ho mor , så ska eg skræme deg frå vetet ‐ "

" Trugar du ? "

" Ja . "

" Eg hadde bærre tenkt å gje henne eit godt råd ‐ "

" Og det skull væra ? "

" At ho lærde son sin eit skikkeleg handverk . Dette musikk-tullet er vel ikkje nogo levebrød . "

" Nogo så simpelt som eit levebrød vil eg helst ikkje hå . "

" Held det på å knyte seg for deg ? "

" Næ . "

" Du er ikkje så lite høg i stupuln . "

" Næ , eg er ikkje så lite høg i stupuln . "

" Korlessen kan du finne på å gå over te jazz , du som spelar slik på fele ? For alt oss veit kan jazz væra Satans tungemål . Forstår du ikkje det ? "

" Næ . Det visste eg ikkje . "

" Ja , bror din var nå støtt ein latfant . Men deg trudde eg på . Du tegna så bra . Ja ja . Så blir det ingen arv på deg , da Jon . "

" Eg ska greie meg lell , " sa Jon . " Om eg så ska stæla , ska eg greie meg lell . ‐ Men når du nå ska prate ved ho mor , må du passe deg væl , for ho mor er ikkje stærk lenger . Og dersom det hænder henne nogo , så ska du få unngjælde lenge etter at du er jordfæsta på kyrkjegar'n . Eg ska plante kviku og løvetann på grava di ‐ "

Johan svara ikkje . Han bivra av sinne over heile kroppen . Men han heldt seg . Han eksploderte ikkje . Han snudde seg seint frå Jon og stabba bortover hellene . Han steig tung innfor dørstokken i svala . Jon høyrde ei skjelven knokkelhand banke på døra . Så vart det stilt .

Ei stund sto Jon nommen ved tanken på det som skulle skje . Han fatta ikkje at han kunne vera så djerv mot farbror sin . Men sinnet hadde arbeidd seg opp i han så han hadde kjent seg dobbelt sterk . Hjernen hadde vore klår og kald . Han kunne ha spytta ut enda meir . Nå sto han heilt mo i knea og kjende hjelpeløysa sige inn over seg . Ei bivring strauk gjennom den unge gutekroppen . Her fanst visst ikkje eit einaste menneske på jordkloden som forsto korleis han hadde det .

Han visste at mor hans ville tilgjeva han . Ho tilgav han alt , berre ho visste at han var glad . For henne kunne han spela trekkspel og saksofon og gjera snautt kva som helst . Men han ville ikkje ha ei tilgjeving . Han var atten år nå . Han var komen såpass langt nå at andre måtte ha respekt for det han gjorde , om det var aldri så rangt . Han måtte ha den retten som vaksefolk hadde , retten til å gjera feiltrinn utan å miste respekten sin , fordi det var menneskeleg å gjera feil . Han måtte ha lov til å ha sine lyte dersom det var eit lyte å spela jazz . Men mor hans ville ikkje tilgjeva han fordi han var eit menneske , men fordi han var barnet hennes .

Det var seine kvelden da gamle Johan Bråtåbakken kom heimatt til Svartvasslia . Han steig seint innfor dørstokken og pusta tungt og sat lenge på veakassa . Han kjende frost over ryggen og var valen i hendene . ‐ Heh , denna vannstoffbomba sænde visst alt styggværet over desse armods bygdom . Men denne skarve gutsækken skulle bli vàr noko anna ! Der hadde han stått og tala imot farbror sin så det var stor skam ! Stakkars ho Ingebjørg ! Det hadde vel ikkje vore heilt rett av Johan å lata henne leva i den trua at Jon-guten var eit Guds barn likevæl . Denna skarve gutsækken ! Johan stabba seint over golvet bort i skrivebordskuffa . Guten skulle bli vàr noko anna . Johan tok pennen og skreiv med store aristokratiske bokstavar :

% Til Vitterlighet .

%Herved erklærer jeg at min Kontantformue kr. 35 000 ved min død skal deles i tvende Dele , hvorav den ene Del skal tilfalde China-misjonen og den anden Bråtåbygda Hestavlslag til Indkjøp av ny Avlshingst , saa at man kan komme væk fra den vederstyggelige kunstige Insemination . Mitt Bruk Svartvasslia skal tilfalde min Brorsønn Jon Bråtåbakken , men i Tilfælde af Salg til nogen anden , skal Pengerne deles likt mellom de ovennævnte Formål .

%Var dette formasteleg ? Dei var da i slekt når det barst i herdinga . Johan skjenkte seg ein kopp sotsvart kaffe og tenkte . ‐ Det var vel best å prate med lensmannen , for han hadde greie på alt med slike testament .

%Hadde virkeleg Jon gått inn for jazz ? Guten måtte spørja seg sjøl oppatt og oppatt om han hadde det .

Han hadde gått med det bleike overgangsandletet sitt og lydd på dei vaksne , og nå tok det til å timast for han meir og meir at den norske folkesjela måtte ha endra seg . Dersom folkesjela dirra på hardingfele-strengene , måtte vel folk kjenne seg att og lye , men dei skruvde radioen av , og sette han ikkje på att før Alt Prøysen kom fram i , eller " Kveldens stjerne-parade " . ‐ Det måtte vera her at den norske folkesjel var å finne .

Men jazzen ? Korleis var det med den norske folkesjela og jazzen ? ‐ Var jazzen slik at han ville seire over den norske folkesjela ? I grunnen var det vel ikkje så langt sprang mellom den norske folkevisa og neger-melodiane , som så ofte låg til grunn for jazzen . Og kvar lastebåt frå Amerika hadde med seg nye jazzplater hit til landet . Jazzen ville vel slå igjennom ?

Seint ein kveld etter at han kom att frå tjuvfisking , fekk Jon veta kva som høvde best for hans eiga sjel . Han sat trøytt og mismodig , og lydde på radioen og tenkte på framtida si .

Da høyrde han ein melodi i radioen , ein melodi frå langt , langt borte . Ein eller annan fjern stasjon på den andre sida av Stillehavet eller Atlanterhavet kom inn i tusmørket kring han og spela melodien for han . Det var hans melodi ! Det var melodien hans frå Svånågjelom , den same sorgmilde låten mellom liv og død , lykke og ulykke , den same stille klynkinga av mørkt vatn under aurkvite tre , den same lokkande tonen over våte dalar og døkk stein og mjuke elvar . Det var hans melodi ! Og det var fiolinar som spela , mange fiolinar som fall inn i eit kor av sang som om nokon var død , men som jubla likevel . Tårene spratt i augo hans . I denne stunda såg han for seg det biletet han gøymde djupast i seg : den snøkvite kista av faren som langsamt sveiv og sveiv ifrå han ned i botnlaus jord , og han såg liksom samanhengen : Det som var han aller kjærast , var for hellig til å koma på folks tunger , det var for hellig til å koma i hans eigne verdslege tankar . Men det levde i han ! Det brann med kvit og skir glød , og alt det andre han opplevde var berre ein leik utanom livet . Og denne melodien frå fjernt over havet hadde kalla gløden fram , den stille gløden som aldri skulle tandre for andre enn han , gløden av det nakne og evige og umistelege som menneska opplever andlet til andlet med useieleg sorg .

Det var hans melodi ! Men det var ikkje dei same tonane som i melodien frå Svånågjelom . Det var berre den same ånd . Eit anna menneske i denne verda hadde opplevd den same sorg og den same lykke som ein ung gut nord i Norge , og hadde prøvt å tolke det på same måten . Kven var det ? Og kva slags melodi var det ? Var det Beethoven ? Brahms ? Nei nei , han måtte ikkje vera død ! Han måtte leva , ‐ han måtte leva om han var fjernt over alle hav .

‐That was Adagio for strings by Samuel Barber , played by the Eastman-Rochester Symphony Orchestra ... .

Kven var denne Samuel Barber ? Og kva var adagio ? For strings ? Kva var strings ? Strengjer , måtte det vera . Adagio for fiolin ? Kven var denne Samuel Barber ? Heilt ukjent . Heilt ukjent var han . Jon hadde aldri høyrt om han før . Han tvilte på at andre også hadde gjort det . Jau , vesle Signe Holt hadde nemnt han ! Kanskje var dette eit fingerpek frå det høge ? Var det eit vink om at han skulle gå Musikkonservatoriet ? Var det eit vink om at han skulle ta realskoleeksamen for å lære engelsk ? Var det eit vink om at han skulle be Johan farbror om syndsforlatels så han kunne få arven ?

Han såg for seg ei bygning med veldige søyler og romertal og skulpturar hogne i granitt . Eit eventyrslott var det , med store høge salar gjennomsprengd av himmelsk ljos og sfærisk musikk , og når ein stod mellom søylene og såg utover den veldige plassen med fontenene og dei kvite svanene , da ville ein kjenne fred i sjela og jaga alle tankar om svik og vingling bort . Stille tonar ville koma over han som fallande frostblå snø , og han ville storme inn i den høge halla og la musikken strøyme fram , som brus over Svånåtindom gjennom vår og haust og all evig tid .

Og medan dei siste etterdønningane av Kulturstriden døydde bort i Bråtåbygda , gjekk sanneleg Jon og drøymde om Musikkonservatoriet . Han kunne vel studere jazz der , om det kneip . Eller ? Nei , var det ikkje han som skulle bli ein berømmels ? Var det ikkje han som skulle koma tilbake til Bråtåbygda ein dag i kvit dress med vinraudt lommetørklæ , og skulle ikkje Bråtåbygda Musikkforening stå oppmøtt på stasjonen ?

Eller ‐ han kunne lære å spela klavèr ?

Draumen om Musikkonservatoriet var ein dagdraum som brann og glødde i stjerneglans og solregndans , og liksom fjernt høyrde Jon den kjende røysta i Meloditimen som sa : Og klaverovergangene var som vanlig ved Jon Bråtåbakken .

Jau , jau san .

Musikkonservatoriet måtte vel vera enda større og vakrare enn Kringkastingshuset , tenkte Jon . Det hadde vel ikkje tårn og spir , det var så , men Jon trudde i den glødande dagdraumen sin at det var eit slags tempel som låg og lyste over Kal Johan og Rådhuset og Regnbuen i kraft av ei mystisk makt frå det høge .

Torde han virkeleg ta til å studere der med tida ?

Ja , han torde , trudde han , for han hadde den seige bråtåbygdske viljen ‐ han skulle arbeide seint og sikkert med tanke på Musikkonservatoriet , og nå når han hadde fått den rette lengda og kom til å gå i dress nr. 50 , nå hadde han vel råd å gje avkall på all ære og berømmels han fabla om ? Han hadde råd til å gje avkall på Snøfrid ? Han hadde råd til å dø ukjent og kanskje miskjent . Hadde han ikkje ?

Den våren var det at Hans Kvennstugu og Ola Grindstugu skulle levere levande slakt inne i Oslo , og da Jon fekk greie på det , var det ikkje fred å få for Ingebjørg : Nå måtte han få bli med til Oslo så han fekk sjå Norsk Rikskringkasting med Store Studio . Han måtte få sjå Kal Johan og Regnbuen og Slottet . Og han måtte få sjå Musikkonservatoriet som låg der og lyste over byen ! Han bad så mjukt og pent som om han var seks-sju år , så Ingebjørg vart reint rørd . Og såleis fekk Jon vera med til Oslo . Han fekk attpåtil den femti-kroningen som skulle vore brukt til nye lågsko for henne . Det fekk ikkje hjelpe , for det var da gullguten hennes ‐

Dagen etter kom Jon gåande einsleg på Kal Johan . Han bøygde opp gjennom Universitetsgata og kom inn i Pilestredet og tok til høgre oppover . Når han kom til ei gate som heitte Nordal Brunsgate , visste han at Musikkkonservatoriet ville ligge der oppe og stråle mot han , og han ville kjenne det att med eingong enda han aldri hadde sett det , med den store åpne plassen og fontenene og bassenget . Det var vel litt for tidleg for svanene enda .

Han gjekk der og leitte att og fram i Nordahl Brunsgate . Her fanst det da ikkje noko musikkonservatorium ? Han måtte ta til å sjå etter numra , og det gjekk i surr for han , og det var nære på han vingla inn på Mentalhygienisk Avdeling på Rikshospitalet . Var det ei anna gate da ? Rådlaus gjorde han ei siste runde og finkjemde heile Nordahl Brunsgate frå oppe ved Ullevålsveien og nedover . Og endeleg fann han Musikkonservatoriet .

" Ser man det , " sa Jon Bråtåbakken .

Det var noko som hende medan han sto der og stirde på den vesle metallplata med namnet på . Han høyrde virkeleg musikk , og det kom frå eit rom som låg under gata . Gjennom sprinklane kunne han såvidt skimte ljos der nede . Lenge sto han og lydde .

I kjellarrommet var det ein einsleg fiolin som spela . Jon la seg rett ned i Nordahl Brunsgate og kikka mellom sprinklane , og da var det at det hende : Langs muren kom ei gulfeit spiss rotte krypande med rompe som piska gata , og Jon merka ingenting før ho hoppa opp på sprinkelbrettet kloss framfor han . Synet av det motbydelege dyret var som eit kvalmt sjokk . Denne augneblinken var den verste Jon Bråtåbakken opplevde i sitt liv . Han kom seg på føttene og raga sanselaus av redsle til gatehjørnet ved St. Olavs Plass . Der spydde han . Han spydde så det fløymde nedetter rennesteinen !

Slik var Jon Bråtåbakkens møte med Musikkonservatoriet . Og slik var Jon Bråtåbakkens møte med den første rotta her i livet . Hadde det enda vore ei super-sexy Oslodame i rotteskinnspels han hadde møtt , så ville han kanskje seinare i livet ha arbeidt meire for opera-saka enn han gjorde .

Ein eller annan hjelpande skytsengel sende kanskje rotta i rett tid , for synet av Kringkastingshuset gjorde eit mektig inntrykk på Jon . Dei sto nede ved Majorstua , Hans Kvennstugu og Ola Grindstugu og han , og Hans Kvennstugu sa at det var ikkje akkurat som tørrstugu heime , nei . Og da Jon sto på plassen framfor svingdørene og såg bilane som svinga opp til Show i Store Studio , da kjende han noko av den glødande dagdraumen som hadde slokna så brått og brutalt i han , han kjende ein gufs av det guddomelege høge . Etter fire vonde timar gløymde han premie-rotta på Musikkonservatoriet .

Planen om å vinne ære og berømmelse kom attende med ny og veldig styrke .

Ola Grindstugu hadde skrivi inn og bede så pent om å få reservert billettar til showet , men grunnen til at dei slapp inn var nok helst at Trondheimsflyet var innstilt . Det var tre alvorlege karar som fann seg plass like framfor den mattgråe ekstra-mikrofonen . Augo på Jon slukte alt grådig , Hans Kvennstugu var guten den same og knepte ei diger Langaards Skrå mellom tennene , men Ola Grindstugu la skygghuva over kneet og folda hendene over splitten og var kvit i andletet .

Så kom Kirkvaag , heile Norges Kirkvaag ! Han var som ein gud av ungdom og manndom . Det brune bølga håret hans låg og leikte over den høge panna , den store lysande smilen fanga publikum inn så jubelen slo mot han . Ja , der sto han . Og på veggen sa det tut-tut og skifta til raudt ljos , og nå sat Norge samla kring Sølvsupern .

I denne stunda visste Jon , enda så heimlaus han hadde kjent seg , at han hadde kome dit han eigenleg høyrde heime . Her var sentrum . Her var sentrum av systemet . Her var faderhuset hans , og livet hans hadde vore ei vandring hit . Kanskje måtte han vandre mange lange år før han kom hit att , men da ville han også koma til å bli verande . Han såg stort på det raude ljoset på veggen . Han såg stort på Kirkvaag . Og det var reint rart . Jon kjende seg underlegen når han samanlikna seg med alle dei flotte mennene i salen , men det var som om Kirkvaag var hans likemann . Dei to , han og Kirkvaag , var noko for seg sjøl , ‐ noko som ikkje kunne setjast i bås med andre . Dei hadde eit hemmeleg forbund som ingen kunne bryte inn i .

Kirkvaag fekk fræs i publikum med ein gong . Vi lager en slager , sa han , ‐ og det skal være motto for dette showet her i Store Studio . Det er en lytter som har foreslått eksperimentet , og hvorfor ikke gjøre et forsøk ? Og så forklåra Kirkvaag at nå skulle det plukkast fram ein mann frå Plastikkforeningen til å laga ei tekst , og ein mann frå Exelsior Musikkorps skulle setja tona til teksta , og ei dame frå Munkedamsveiens blandede kor skulle gå fram for mikrofonen og synge sangen . Alt skulle gjerast på eit par og tjuge minutt . Tekst-makern ville få ti minutt , musikern ti , og sangen til slutt ville bli sungen når alt det andre i showet var unnagjort . Sett i gang , sa Kirkvaag , og så plukka han sanneleg fram tre eksemplar av menneskeheten nede i salen og sende dei bak forhenget . Deretter gjekk han kaldblodig framfor mikrofonen og tok til med " Det Spørs " .

Jubelen steig og fall kring Jon . Nå sat han der med eitt og kjende seg utanfor . Ja , han kjende seg varm og inneklemt og sveitt i hendene . Han fekk seg ikkje til å vera med å juble . Desse menneska som virkeleg våga seg framåt den stålblanke mikrofonen ‐ korlessen i all verda våga dei ? Men dei våga ! Dei sto tilmed og lo inn i mikrofonen ! Dei sto og lo inn i heile Norges land , enda det sat ein heil million folk og lydde ! Tenk om dei svima av ?

‐ Tenk om han svima av sjøl når han kom fram til mikrofonen eingong i framtida ? ‐ Tenk om det gjekk som det gjorde den vonde gongen , da han stupte så lang han var under per ardua ad astra . ‐ Kva ville skje ?

Men om han så skulle setja sjela si i pant , skulle han bli populær . Det var ingen veg tilbake . Det fekk bera eller breste . Og Jon Bråtåbakken drog eit langt sukk og slappa av i stolen . Frå lomma tok han fram eit aldri så lite TOY tyggegummi og putta i munnen . Han kjevla og togg langsamt og makeleg , og det var underleg kor motet og makta og sjøltilliten vende attende . Og sanneleg sat han ikkje her og opplevde Show i Store Studio .

" Flere av dere som vil vinne åtti kroner i Det Spørs ? " sa Kirkvaag . Han såg smilande utover den fullstappa salen .

Da var det at Hans Kvennstugu frå Bråtågrenda reiste seg i ensom majestæt og gjekk fram .

" Gudagen , " sa han .

Kirkvaag såg stort på denne mannen som kom rett frå fjellvidda med Langaards bust mellom tennene . Det var ikkje langt unna at tanken gjekk til Peter Freuchen , fjernsynvidunderet . Han tok den store labben hass Hans Kvennstugu , og dei vart ståande og riste kvarandre så det gjekk ein sus gjennom salen , og heile Bråtågrenda låg og lydde med øyra klistra innåt radioen .

" Slik skal det være . Komme rett fra vidda og stå her og prate inn i mikrofonen som om det var den minste ting i verden . Hvordan i all verdens rike kan De være så scenevant , herr Kvennstugu ? "

-Å , eg har haft denne show-sjuka , forstår du . ‐ Show-sjuka ja . Ein slags sjæleleg farang som fær omkring i bygdom nå te dags . Eg fækk åndeleg oppkast og tok te å lågå show for meg sjøl borti stalln . Eg brukte ein sælapinne som mikrofon og sto og spela Kalle Skjeven på baksæla så kjærringje trudde eg va gått frå vetet . Men gamle Blakken ga meg eit spark i baken så eg gjekk på hugu i den fjorten dågå gamle møkahaugen , og da forsto eg min hjæmsøgelsestid . "

Jon var frå seg der han sat , og Ola Grindstugu kaldsveitta og ynskte seg langt inn i Kvitdaln på hestleiting . Jon hadde nesten tykt det var ilt å gå inn i lag med Hans , for han hadde ikkje akkurat vore så presentabel . Han hadde den svarte dressen som han kjøpte da han var på Stavsmartnan i 1938 , og slipset var visst eit gammeldags hoso-band . Og nå sto han og skulle prøve seg i " Det Spørs " . Korlessen skulle dette ende ? Han hadde nok lese mykje , men å våge seg fram midt mellom byfolka ‐ nei det ville berre føre skam og skjensel over Bråtåbygda . Nei og nei , at han kunne finne på slikt . Det hadde nesten vore likare at Ola Grindstugu gjekk fram , for han var medlem av Menighetsrådet .

" Hva er det syvende bud ? " spurte Kirkvaag . Han såg rett inn i augo på Hans . Augo på gamlingen var blåe som Storrvatnet .

" Du skal ikke stjæle . Men eg driv nå med litegrand tjuvfisking lell eg ‐ når eg veit at Vårhærre er i godlagom . "

" Hva er Popocatepetl ? "

" Vulkan på austsida tå Florida-kysten . "

" Hva betyr ora et labora ? "

" Det betyr nogo som di fleste tå oss har glømt nå te dags , be og arbeid . Sjøl er eg ein hedning og latpels . "

" Hva måler Marilyn Monroe over hoftene ? "

" Omtrent halvparten tå det som liksom er idealet mitt . Ho Kari kjærringje mi er snaue 190 sentimeter over den nævnte legæmsdel . "

Såleis vann Hans Kvennstugu 80 kr. i " Det Spørs " .

Til slutt kom det andre store høgdepunktet under showet , og det var den nye slagern . Teksta var ferdig , melodien var ferdig , Johan Øyan sat ved flygelet , ein ekstra lyskastar vart sett på , og inn på podiet kom jenta frå Munkedamsveiens blandede kor . Ho hadde på seg ein sid ljosblå kjole med små blinkande sølvstjerner og var mest ikkje til å kjenne att , slik var ho fiffa opp . Dei nakne akslene fekk det til å gå eit sukk gjennom Ola Grindstugu , og da ho bøygde seg mot mikrofonen , kunne ein så vidt skimte den pene saligheitskløfta ho hatte ‐ ei lita mørk veit mellom to fine brigida-bryst som hadde fått ein kraftig oppstrammar . Dei var så pene at ho sikkert kom på første side av " NÅ " eller " Damebladet " . Så song ho lynslagern :

Søteste skatt ,

kyss meg god natt ,

hvisk disse tre små ord ,

skjønnest av alt på jord .

Jeg vil strø roser på din vei .

Jeg elsker deg .

Du er en drøm ,

du er så øm .

Når skal vårt bryllup stå ?

Da skal vi sammen gå .

Darling godnatt , godnatt ,

søteste skatt .

%Nei , aldri skulle Jon Bråtåbakken gløyme denne kvelden .

Det var gleda over at han virkeleg fekk sleppe inn i Store Studio , det var gleda over at Hans Kvennstugu tok glispen av byfolka , det var den fine sangerinna med saligheitskløfta , det var Kirkvaag bak den stålgrå mikrofonen , men først og fremst var det denne kjensla av å ha fått noko fast å arbeide med i tanken .

Han hadde fått eit glimt inn i dette systemet så han såg korleis det var bygd opp . På sett og vis hadde han vore som ein spion som kom seg innanfor festningsverka til fienden . Han merkte seg dørene inn til podiet , han merkte seg om det fanst dørstokk og trappesteg han kunne snuble i , han saumfor byfolka etter kvart som dei gjekk ut og freista å lesa i andletet deira kva for ei folkesjel det var som gøymde seg innanfor . Og han kjende seg proppa med kunnskap og ny sjøltillit da han rusla nedover Kirkeveien samen med Hans Kvennstugu og Ola Grindstugu den kvelden .

NÅ HADDE detta kringkastingstullet gått reint åt hugu på guten i Bråtåbakka . Det fekk iallfall gamle pensjonerte lærar Vik syn for saka på , og han vart mest ikkje seg sjøl att , etter det , sa folk .

Det kom eit brev til lærar Vik som det sto trykt Norsk Rikskringkasting på , og han var så rørd at han nesten gret da han las det . Og han lo som eit lite barn da han sat på mopeden og dura oppover Bråtågrenda . Nå skulle det bli glede der i heimen ! Nå skulle ho Ingebjørg bli glad ! Nå hadde rettfærdigheten skjedd fyldest .

Utanfor stalldøra på Bråtåbakka vart lærar Vik ståande og lye . Det var røyster der inne . Kva ? Det gjekk eit drag av undring over andletet . Kva var det ? Han måtte lye meir . Røystene heldt på . Og medan han sto der , strauk undringa av andletet , og smilen som hadde leikt der , var borte . Eit bleikt alvor la seg kring munnen , og det kom eit oppgjeve drag av sorg og mismot . Han drog eit djupt skjelvande pust .

Det lærar Vik høyrde , var :

%-Unnskyld , kunne De være så vennlig å komme

litt nærmere mikrofonen , herr Bråtåbakken . Sånn ja .

Vi er så takknemlig for at De vil gjøre oss den ære .

De er jo nettopp kommet tilbake fra utlandet og har

vel andre ting å tenke på enn oss som steller med

" Kveldens Stjerne-parade " . Men vi kunne simpelt hen ikke la en slik sjanse gå fra oss . "

" Å , eg har ikkje det minste imot å kåmå meir i kontakt med det norske lytterpublikum . "

" De har gjort en fantastisk karriere . Si meg , herr Bråtåbakken , ‐ når var det egentlig De begynte å spille ? "

" Fæm år spela eg på kam-og-smørpapir , sju år på munnspel , tolv år på fele og trækkspel ‐ "

" Og så ble det saksofon ? "

" Ja , så vart det saksofon . Så kom eg åt Oslo og var så heldig å kåmå med i orkestret på Regnbuen , og sia fækk eg angasjement i Egil Monn Iversens orkester . "

" Og så fikk De stipendium , og så var De i Amerika og studerte jazz , og der opptrådte De i fjernsyn , og dermed var det gjort . Hvor mange brev var det De fikk etter den fjernsyn-sendingen ? "

" Hondre og sæks og fæmti . "

" Og de fleste brevene var fra beundrerinner , var de ikke ? ‐ Ja , det kan vi så godt forstå . Herr Bråtåbakken trenger jo ikke noen nærmere presentasjon for publikum , men for sikkerhets skyld kan jeg fortelle lytterne at han måler 180 på strømpelesten og har gråblå øyne og er iført en ulastelig lys sommerdress og er ellers en kar som kan få pikene til å svaie på kort varsel ‐ "

" Var det så at eg skull spela litegrand her ? "

" Ja , det skal være visst . Nå slipper De ikke unna . Tenk Jon , å få deg lys levende i egen høye person her i Kveldens Stjerneparade , vi som ellers pusler med plater fra grammofon-arkivet . Jo , det kan du være trygg for , ‐ at du skal få spille . Nå sitter hele Norge og venter at det berømte orkestret ditt skal spille opp . Vi presenterer : John Jazz og The Green River Boys . "

Vik kunne ikkje halde seg lenger .

" Signe arbeidet , " sa han og sto som ein mørk skugge i døra . Han såg seg ikring i stallsvala , og det var som han hadde tenkt . Det var berre Jon der . Han sto der og danska så det var stor skam . I sundagsklær sto han , med vasskjemt hår og blankpussa sko , og ned frå taket hang det noko som måtte vera mikrofonen , ‐ ein kvast med blanksliti stålull dinglande i eit rusta ku-band . I ein binge borte i kroken nøffa tre-fire smågriser , men det kunne vel likevel for skams skuld ikkje vera The Green River Boys .

Jon sto blodraud . Han var knipen på fersk gjerning .

Eit eviglangt minutt gjekk utan eit ord . Så harka Vik og let som ingenting hadde hendt . Ja , virkeleg , han harka som om ingenting var hendt . Han smilte og lest som han ikkje såg den blankslitne stålull-kvasten .

" Eg kjem med eit gledeleg bodskap , eg , " sa Vik og steig inn over dørstokken . " Kringkastinga har tenkt seg hit oppover att , på opptak . Folkemusikkhalvtimen ja . Eg gav meg ikkje før eg fekk dei hit att . Så nå får du spela slåttane dine . Denne gongen slepp du til , ver trygg . Eg tør nesten seia det er for di skuld dei kjem . Eg tykte det var reint vondt at du ikkje slapp til den gongen ‐ "

" Jaa , " sa Jon . Han var langtenkt .

" Du har vel ikkje noko imot det ? "

" Tjaa . ‐ Har liksom gått over te saksofon , som du veit . Denne fela har eg 'kje dreis på lenger . "

" Meiner du ? "

" Hæ ? "

" Meiner du at du seier nei til Norsk Rikskringkasting ? "

" Jaa . Denna Folkemusikkhalvtimen ligg nok ikkje for meg . Som du ser ‐ eg har andre planer . "

" Har du gått frå vitet , gut ? "

" Jaah ? " sa Jon og visste ikkje om han skulle svara ja og nei . Nå brann det i øyreflippen , og pulsen hadde floge opp i hundre og vel så det . Men han sto der og kjende slik ein søtbeisk trass .

" Du kan vel spela fela fordi om du har saksofon ? Finst det noko vakrare enn felemusikk ? "

" Eg vil gjærne vera på bølgelengde med de store strømninger ute i verden . "

" Det forstår eg , " sa Vik og såg på stålull-kvasten . Alvoret sto og stira i augo hans så det reint gjorde vondt . Kva er det eg vågar , tenkte Jon . Eg står og talar imot den gamle læraren min .

" Meiner du at du seier nei til Norsk Rikskringkasting ? "

" Lyt nok det . Du får prate med'n Pær Snauleite . Han spelar eingong til . Det er livet for honom . "

Var det ikkje vi som spela fele i lag ? Var det ikkje vi som likte så godt han Arnljot Gelline . Du gapte ned alt eg fortalde ! Den blå barne-stiren din gløymer eg ikkje . Det var mest så vi sloss i lag med han på Stiklestad , du og eg . Han vart liksom idealet vårt .

" Eg har fått nye ideal , Vik . "

" Å ja ? "

" Louis Armstrong . "

Det vart stilt nokre sekund . Namnet Louis Armstrong hadde ein tokke av dette nye framande som strøymde innover landet og gjorde den eldre generasjonen til føderådsfolk . Det var ikkje første gongen at Vik hadde denne kjensla , ‐ ho tok til å bli ein del av han sjøl , og han kjende desse nye kreftene der utanfrå så godt at han visste det var vonlaust å kjempe mot dei . Han freista ofte å sjå det gode i dei , for den store trøysta hans her i livet var ei bergsterk tru på at alt som skjedde hadde ei meining . Derfor smilte han ein bleik gamalmanns-smil og tokka seg stilt ut gjennom døra .

" Lykke til da , Jon . "

Såleis skildest Jon frå den gamle læraren sin , men Vik hadde ikkje levt fåfengt , for han hadde gjeve Jon Arnljot Gelline-draumen som lyste for han dag og natt . Nå gjekk den unge guten og drøymde seg inn i Store Studio , ja , han hadde sett for seg ei lang kø langs heile Karl Johansgate som sto natta over for å sikre seg billettar til konserten som den kjende jazzmusikern Jon ‐ Nei , det var reint vondt å tenkje på sitt eige etternamn når det ikkje hadde amerikansk svip over seg . Det var som å drepa Arnljot Gelline-draumen med kaldt blod .

Men John Jazz , det kunne vera eit namn med klang i . Eit virkeleg flott namn var det . Det var som å råke spikarn på hugu . Og dette namnet skulle han gøyme på , om det vart både fem og ti år å vente før han kunne bruke det .

Når Louis Armstrong spela trompetsoloen i " Mack the Knife " , tenkte Jon at folk kunne seia kva dei ville om jazz , ‐ denne eine fengjande melodien hadde vore nok til å overtyde han om at det var musikk og ikkje tallikskrammel . Det var så klår ein tone , så seierrikt eit skrik , ‐ eit skrik av sund sjel og varmblodig primitivt temperament , og stadig denne blå himmelen bakom med gneistrande solblink , ein storm av krefter som løyste seg ut i vill og dirrande ekstase , og dette ustyrlege plasket av mystiske instrument som fall inn mot slutten og laga eit kaos av harmoni . Og det var ikkje bruk for Beethoven og Bach . Dette skriket av sunn sjel og varmblodig temperament måtte vera noko for ungdomen , som ikkje ville la seg stengje inn av samfunnsnormer og vedtekter og damdara-damdara-damdara ‐ dam ‐

I denne tida var det likevel eit anna problem som plåga Jon : Kvinnfolkproblemet . Han sto og stampa på same flekken , og på siste festen i Samfunnshuset hadde Snøfrid berre såvidt helst på han . Ho hadde vildra mellom Haram og ein ung teaterskole-elev som hadde ei rolle i Riks teatret . Fyren hadde legi frampå med heile brystkassa og vore heilt frå seg , for nå var Snøfrid virkeleg dame , og så pen som aldri før , og det hadde sett ut som om han skulle gå av med seiern . Til slutt hadde ho vendt attende til Haram , og det var ikkje fritt for anna enn at Jon pusta letta . Men ei stille von sat att i han likevel , for ho hadde gjeve seg i lag med Jon og tre andre gutar og teke drosje heim til Bråtågrenda om natta , og Haram og teaterskole-eleven hadde stått att og vinka .

Nå måtte det bli slutt på denne stampinga , tenkte Jon . Det var utruleg kor mange pocketbøker Jon hadde lese i den siste tida , og ein del filmar hadde han sett , og mannfolka virka som om dei ikkje hadde gjort annan enn å handtere kvinnfolk heile sitt liv . Og jentene ville helst bli handtert litegrand røfft , såg det ut til , ‐ dei stritta nok imot alt dei kunne , men inst inne ville dei nok gje seg heilt over . Og det gjorde dei til slutt også .

Skulle han slå seg i lag med ‐ tja ‐ Vesla Steine ? ‐ og liksom øve seg ?

Nei , Jon visste ein annan utveg . Det var ein umoralsk og nesten utenkjeleg utveg , men det var ein utveg : Jon hadde fått ei adresse av ein forsikringsagent der det sto : Ellinor D. , manicure , Uranienborgveien 11 , Oslo . Bestill time .

Og det var manicure ja ‐

Dit kunne Jon gå , det var enkelt og greitt , og ferdig med det . Og ein kunne kjenne seg som ein besteborgar av byen , for frk. D. hadde pen leilighet som sto til disposisjon frå ein kom til ein gjekk , med all tenkjeleg service , kaffe og likør og spesialskårne smørbrød , soft music , stort soveværels med dobbeltseng i lyst blått , adgang dusj eller karbad etter behag . Helledussen , hadde forsikringsmannen sagt og gnidd seg i hendene ved minnet . Og attpå alt dette var Ellinor D. eit flott fruentimmer i gjennomsiktig nattkjole og saker og ting .

Prisen var 140 kroner ! Det var for to år sia , så nå måtte ein vel opp i 175 kroner ettersom levekostnadsindeksen hadde stigande tendens , sa forsikringsagenten og gnei seg i hendene att .

Dette var utvegen for Jon . Han såg seg sjøl den kvelden han las " Rundt Verden " og innbilte seg han var fransk framandlegion-officer og entra opp til den amerikanske dollarfrua på hotell Charleston . Nå hadde han sjansen ! Nå hadde han sjansen til verkeleg å få oppfylt denne erotiske ungdomsdraumen sin . Han kunne gå til Uranienborgveien 11 og smelle 175 kroner i bordet og sleppe å akkedere om kjærlegheita i gram og hekto , han kunne få det en gross , og ferdig med det . Så trong han ikkje å ha vondt samvet for å ha ført jentene i Bråtåbygda ut i fristels , og så hadde han lært alt ihop , iallfall på norsk . Jau , det var ein utveg .

Men , det var eit aber ‐

175 kroner , pluss tur-retur byen , det var ein sum som Jon ikkje hadde . Det var skamlaust og blodig dyrt , så han nesten ikkje hadde klart å svelgja da han høyrde det . Det måtte vera berre Nato-offiserar og pensjonerte stortingsmenn som hadde råd til slikt .

I mørke haustkvelder fantaserte Jon om denne utvegen . Han sto framfor speielen ute i klævan og bukka og sa : God aften , fru Ellinor D. , et dobbeltnummer takk . Neste kvelden kunne han tenkje på ein heilt anna taktikk : han kunne vera ærleg , seia alt som det var , kvart einaste grand , fortelja at han var ladd med Luther og ikkje fekk orden på livet sitt før denne floken var løyst . Kunne ho hjelpe han , så forståingsfullt som råd ?

Men 175 kroner ?

Skulle han likevel slå seg i lag med Vesla Steine ? Skulle han øve seg på henne ? Eller skulle han vente ? Skulle han vente på kjærleiken som aldri kom , den store romantiske kjærleiken som hadde lidd slik ein død i han at heile verda sto som gravstein ? Næ ! Men kanskje kjærleiken kom når nettopp dette skjedde ? Var det ikkje erotikken som fekk folk til å trivast her i steinrøysene , erotikken og kaffen og radioen og folkeopinionen ? Kanskje var Vesla Steine den rette for han ? Eller Snøfrid likevel ? Men han kunne ikkje koma tomhendt til Snøfrid .

Det var på neste festen i Samfunnshuset at Haram kom borttil han og slo av ein prat .

" Eg har forstått det slik at du ikkje er interessert i frøken Bratta lenger ? "

" Stæmmer det . "

" Er det så sikkert . Du må ikkje stå og hykle . Eg tar helst ikkje jenter frå ein kamerat . Dersom du er interessert , skal eg ikkje røre henne . "

" Du kan røre henne så mykje du har hog te . "

" Eg er faktisk interessert i henne . Det er litt av ei jente . Søt og grei ‐ og drivande flink ‐ "

" Pen jænte ja . Men det er ikkje mi type , så sæt i gang . "

" Er det nå sikkert ? "

" Javisst . "

Tett inntil Haram dansa Snøfrid , med augo halv attlatne og underleg bleike lepper , som om alt blod hadde reist sin veg . Dette var kjærleiken . Dette var mannen i livet hennes . Jon kjende seg veik all igjennom , så veik at han svaga der han sto og sprøytte ein mjuk saksofonosolo utover salen .

Og det gjekk som han tenkte . Snøfrid og Haram vart ikkje verande så lenge på festen . Arm i arm gjekk dei . Gjennom glaset kunne Jon sjå dei ute i måneskinnet , og dei vart borte ved Grand Hotell . Ein drink , ein sofa , romantisk musikk , og Snøfrid ville ligge stille i armane på Haram og la han stryke seg og gje han lov til alt , ja til alt .

I denne stunda svor Jon ved seg sjøl at han skulle ta hemn ein gong . Han skulle skaffe seg oppreising hos Snøfrid . Han skulle koma att ein gong og syne henne at han var mannfolk , og da skulle han ikkje vera fomlen på det kjernefysiske området , nei . Ho skulle få det på kinesisk om ho ville . Det fall eit slør frå augo hans , og han såg henne på ein annan måte enn før . Ho var ikkje den reine opphøgde lenger , men eit kvinnfolk som var mannfolkgæernt . Alle desse kavalerane hennes , Byguten og Kanonkula og den teaterskole-eleven og Haram , det var da reine og skjære tiurleiken alt ihop ‐

Resignert , med ein skeiv smil på leppene , gjekk Jon heim den natta . Han måtte ha money . Han var såpass forbanna at han kunne gjera kva som helst , og han var ikkje redd for å reise til Oslo og ringe på dørklokka hos Ellinor D. , Uranienborgveien 11 . Men det kosta 175 kroner . Det var langt borti ein gulltrompet , eller han kunne kjøpe ny varm kåpe til mor , og da ville ho bli glad , for ho var så frossen av seg . ‐ Skulle vore nytt golv i stugu med . Var så golvkalt . Men nei , han kom til å gå under dersom han ikkje fekk slutt på denne stampinga .

Men pengar . Money ?

Ein kveld han las Dølabladet , kom han over ein annonse som kunne hjelpe han . Der sto det :

GENERAL-AGENTER SØKES

for Nord-Gudbrandsdal .

Bøker for enhver smak .

Garantert minstefortjeneste

kr. 50 pr. dag .

A/s Kulturens Forlag , Oslo .

%Femti-lappane kom dalande som småe smil over han der han låg og stirde i taket . Dei var som gull og røkels og myrra i tusmørket . Femti kroner pr. dag ? ‐ Og her nord i fjellbygda dreiv folk og sparka i steinjorda og avla femten sekker korn og lokka på Bliros og Fjellstjerne og henta frostskadetrygd på Kommuna . Femti kroner ? Det vart ei årslønn på 17 250 kroner .

General-agent ?

Som om han brydde seg om å vera general-agent ? Langtifrå ! Han ville berre tene dessa usle pengane som folk krafsa etter . Han skulle bli fri ! Det fanst ikkje noko så lågt og nedrig og usselt som folk som krafsa etter pengar . Han måtte slå eit slag så han vart ferdig med det for alltid , eit slag så han sat der med spekkande fulle lommer og ga ein blank dag i farbroren og Husbanken og heile ruklet . Da kunne han iallfall gå til Uranienborgveien 11 ei vikus tid .

Kaldsveitten stima fram medan han skreiv søknaden . Det var synd og skam at han sat her og høga seg sjøl , tenkte han , for han brukte Øverlands Ordliste for at sproget skulle bli fint nok , og han undertegna med elegant steilskrift Jon Bråtåbakken , musiker ved Grand Hotell .

Og jau , det kom svar tilbake på brevet , ‐ ei tjukk bokpakke kom dumpande ein dag , og det var ein kvitblå høghimmeldag med lukt av kjellarfersk hæstmøk , så det spådde godt . Han gjekk inn i kammerset og stengde døra . Han dirra på handa . Han sleit hyssingen . Han sa til seg sjøl at han var ein fullblods tok som hadde funne på dette her . Han hadde gjort seg sjøl lågare enn han var . Men så kom bøkene for dagen .

Den første boka var " Slapp av ‐ bli frisk " , og den kunne han kanskje få selt noko av . Deretter kom " Død mann skyter lavt " , og det såg ut til å vera spennande saker . Så kom " Millionæren og lykken " og den skulle JOn lesa same kvelden , tenkte han med det same , så gild såg ho ut til å vera . Den siste boka heldt han på å sleppe i golvet da han opna henne , for ho måtte vera reint umoralsk . Namnet var " Elskovslivets Hemmelighet med Illustrasjoner ... "

Og det var illustrasjonar ja !

Mange i Bråtåbygda hugsar godt at Jon Bråtåbakken gjekk og selde bøker . Best det var om kvelden kunne han stå innafor døra på Londe og Flye og i Stråmstugu og spørja om det skulle vera ei bok frå A/s Kulturens Forlag . ‐ Eg er liksom n' Jon Bråtåbakken , la han attåt og smilte ein underleg mystisk smil som han hadde sett i eitt eller anna blad . Dei såg på han , kvinnene i Sørbygda . Jau , han likna på far sin . Det same logne auglaget , og den same finbygde kroppen , så det var reint vondt å minnast attover i tida da Pær Bråtåbakken var ungkar og flaug etter jentom .

Jon hadde sjølsagt ikkje med seg " Elskovslivets Hemmelighet med Illustrasjoner " . Boka låg gøymt i den gamle rosemåla kista i Klævan , og ikkje eingong mor hans visste kva han dreiv med . Han la " Slapp av ‐ bli frisk " på bordet saman med " Død mann skyter lavt " og " Millionæren og lykken " , og det vart stilt ei stund . Dei sto og bladde . Desse ordlause stundene var noko av det verste Jon tenkte attende på seinare i livet .

Det vart nok ikkje femti kroner dagen garantert forteneste , det skjønte Jon nokså fort . Han laut gå lange stubbane før han fekk salg på varene sine . Folk i Bråtågrenda var visst ikkje kulturelt interesserte , enda dei var svært så hyggelege mot han .

Jon tenkte at han liksågodt kunne ha vore i Svånågjelom og hogge famnved . Arbeidet var ærlegare dess meir sveitte det draup av det . Men tømmerhoggar ? Nei ! ‐ Det måtte vera synd på den stakkarn som fekk tømmerhogging som livsyrke , ‐ han kom nok aldri i radio . Det måtte einast vera om han hogg borte i California , for der skulle det vera så store tre .

Han heldt på å skulle gje opp boksalget , men det fekk sanneleg eit gildt blaff til slutt . Reint uventa var det . Han gjorde eit økonomisk kupp .

Infanteribataljon 16 og artilleriregiment 87 og avdelingar av Heimevernet kom til Synfjell-traktene for å leike krig mot USSR . Ein løytnant var innom i Bråtåbakka og Grindstugu og Steinplassen og skulle ordne med fast leveranse av mjølk og kaffefløyte til befalet , og da var det at Jon fekk ein tanke , ‐ ein nesten desperat tanke : Han skulle selja soldatane " Elskovslivets Hemmelighet med Illustrasjoner " .

Javisst torde han .

Han var hard og blasert utanpå da han smaug seg inn i eitt av svensketelta og helste goddag . Dei låg på halmsekkene og forbanna regnyrene som kom kaldvåte vestanfrå Svånåtindane . Skulle dei kjøpe lesestoff ? Han hadde med seg nokre prøve-eksemplar så han kunne tinge for dei direkte frå Oslo . Dei såg søvning på han , så han heldt på å skulle snu , men han beit ihop tennene og leverte ifrå seg " Elskovslivets Hemmelighet med Illustrasjoner " .

Da kvikna dei til , karane .

Den kvelden gjorde Jon storhandel . Han selde ei bok for kvart telt , somme stader to og tre . Nokre av soldatane kjøpte sanneleg også " Slapp av ‐ bli frisk " og " Død mann skyter lavt " . Men " Elskovslivets Hemmelighet med Illustrasjoner " var nok hiven . Han måtte berre lova å levere varene sine til helga , elles ville dei laga regulær hakkemat av han . Bruk telegrafen , var det ein korporal som rådde til .

Den kvelden rekna han ut at han hadde tent mellom 75 og 100 kroner . Han undrast korleis det gjekk med dei andre general-agentane i Gudbrandsdalen , ‐ om dei torde selja slikt som Elskovslivets Hemmelighet . Om natta sov han tungt og drøymde stygt . Dei sto over han med blankslipte ljåblad , lærar Vik og kjøpmann Nilsen og prost Mørk og farbroren i Svartvasslia , og Jon fall på sine kne og bad om nåde for det kultursviket han hadde gjort .

Etter dette siste salget ga han opp . Vintermanøvren mot USSR var over , obersten takka sivilbefolkninga for lojalt samarbeid , manøvren var vellykka , og soldatane drog heim att spekka med visdom om elskovslivets hemmelighet . Høgkonjunkturen var slutt for general-agent Jon Bråtåbakken . Budeia på Snauleite kjøpte " Millionæren og lykken " , så var det stopp . Han skreiv inn til A/s Kulturens Forlag og sa at han dessverre ikkje kunne halde fram som general-agent , av private grunnar . Han pusta letta da han sende brevet . Han slepte det i postkassa utan å æva seg . Det hadde vore ei samvetsvond tid . Men Hænsikten helliger midlet , som det sto i Skriften .

Det var ein gong på slutten av denne agent-tida at Jon råkte direktør Berg-Svendsen frå Grand Hotell . Direktøren var i den fjellblakke turistforeningsvindjakka si og stemde innover mot Synfjell . Nokre steg bak han gjekk Ola Grindstugu og bar på det mystiske remeliet som var kalla geigerteller og som Berg-Svendsen hadde skaffa seg for å finne ut om det fanst uran-malm innover mot Svånåtindane . Jon steig til sides og sto andektig i grøfta , men Berg-Svendsen stana og slo av ein prat .

" Skal du kjøpe deg ny fele nå da , siden du driver så hardt som bokselger ? "

" Å næ . Det er nok ein an'ting direktør . Ein heilt an'ting ja . Men salget går ikkje så bra , næ . ‐ Så det blir nok ikkje nogo kjøp , næ . "

" Er det gulltrompet ? Eller vibrafon hva ? "

" Ikkje akkurat det , hellan ‐ "

" Svært så hemmelig du er da , unge mann . ‐ Ja ja . Hva du nå enn har tenkt å kjøpe , så skal du ikke gå og bie og bie fordi du ikke har penger . Det finst nemlig en annen utvei . Hvorfor skulle ikke en så ærlig fyr som du gjøre akkurat som de andre . Du skal kjøpe det på avbetaling , unge mann . Det er løsenet . Da får du tingen med det samme og har glede av den . Vet du ikke at hele Norge kjøper på avbetaling ? Folk kjøper kjøleskap og gulvkabinett og vaskemaskin og barnevogn og bil på avbetaling . Hvorfor skulle ikke du også kjøpe på avbetaling ? "

" Det går nok ikkje , direktør . "

" Du kan jobbe som potetskreller og sigarettselger hos meg på Grand til sommeren . Det blir ikke dårlig fortjeneste det , skal du se . Så kan du få litt forskudd ‐ "

" Det går nok ikkje an å kjøpe denne tingen på avbetaling , direktør . "

" Hm . Ja ja . Hvordan det nå enn er , så håper jeg det går deg bra her i livet . Og når du er blitt flink nok , så skal du være velkommen i orkestret vårt om to eller tre eller fire år . Du kan spille saksofon alt du orker , men husk en ting : glem ikke fela di . "

Så gjekk direktør Berg-Svendsen . Sølvskjæret kring tinningane hans lyste bleikt i soloppgangen innover den gamle kjerrevegen . Etter han kom Ola Grindstugu ruslande og tykte det sa tikk-takk tikk-takk i geigertellern mest for kvart eit steg han tok .

%Seint den hausten gjorde Jon alvor av den planen han lenge hadde gått og tenkt ut . Han skulle ta seg arbeid der inne i Oslo og lære å kjenne Tigerstaden frå grunnen av , det fekk ikkje hjelpe om arbeidet vart simpelt i første omgang . På den måten ville han også kanskje få spara såpass at han kunne gå til Ellinor D. dersom det vart aktuelt . Han hadde nok 400 kroner i lomma da han reiste , men 200 av dei hadde han fått av mor Ingebjørg , og han visste med seg sjøl at han kom til å få vondt samvet dersom han brukte pengane frå henne til slike umoralsk ting . Han fekk lite på lykka og slite og slumpe seg fram som best han kunne .

Ja , Slitet og Slumpetreffen har berga så mang ein mann , og det var kanskje helst Slumpetreffen som berga Jon Bråtåbakken ‐

DETTE VAR den andre reisa Jon Bråtåbakken gjorde til Oslo , og denne gongen kom han til å bli verande der tre år før han vende heimatt til Bråtåbygda .

To gonger var han på veg opp gjennom Slottsparken for å gå til den skjebnesvangre adressa i Uranienborgveien , men han snudde , tre gonger kom han frå Majorstua nedover Bogstadveien og bøygde til høgre inn i Oscarsgate til Uranienborgveien , og ein gong kom han frå Drammensveien oppover Parkveien . Men det var forplikta . Han fekk seg ikkje til det . Kvart steg nærare Uranienborgveien var som eit steg nærare fortapelsen , han kaldsveitta og var mo i knea og ville tisse , så verda arbeidde tungt med å gjera menneske av Jon Bråtåbakken .

Men han trong ikkje vera redd . Da han endeleg ein kveld kom så langt som til inngangen i Uranienborgveien 11 og skulle ringe på , da var det kome eit splinternytt skilt på døra , med eit heilt anna namn :

BERNT A . STORHAUG

psykolog

Attføringsnemnda for miljøskadde barn

kontortid 11-14 unntatt lørdag

%Det fall ein stein frå hjertet hans . Gudskjelov at det ikkje var Ellinor D. . Han hadde stått utanfor huset med ei kjensle av å bli stilt mot muren og vente å få ei geværsalve ploppande i magen . Ja , slik måtte dei ha kjent det . Han hoppa ned trappa på eitt bein og lo av seg sjøl og tende seg ein Blue Master og plystra seg heim til loftsrommet i Sven Brunsgate .

Men det hadde vore noko kjent ved namnet på døra i Uranienborgveien . Bernt A . Storhaug ? Han smatta . Hm ? ‐ Men så sanneleg ! Det var da den psykologen som hadde testa han den gongen på Grand Hotell da han svara riv ruskande rangt på alle spørsmåla ! For ein underleg treff at han skulle ha fått kontor her , etter at sedelighetspolitiet hadde teke seg av fru Ellinor D. . Var det ei meining med denne slumpetreffen ?

Jon fann ei klår og tydeleg meining : Hadde han ikkje inst inne gått med eit ynskje om å ta realskoleeksamen , og var det ikkje latterleg barnsleg med denna eden han hadde svore om aldri å ta realskoleeksamen fordi broren hadde dompa ? Heh , han Hans greidde seg likevel , han var fenrik og var reist til Suez for å halde styr på denna Nassern . Nå gjekk han og vassa i bananar og negerkvinnfolk og levde som ein sjeik , og her gjekk Jon som ein innturka evnukk i Oslo , og kvar vart det av Arnljot Gelline-draumen hans ? Ja , kvar vart det av Arnljot Gelline-draumen når Jon ikkje kunne engelsk ? Korleis i sin villaste fantasi kunne Jon innbille seg at han ville få ei fot innafor Norsk Rikskringkasting når han ikkje kunne engelsk ? Når han kanskje eingong sto framfor mikrofonen og var konferangsier , ‐ ja kva ville det norske lytterpublikum seia når han tok til å spikke engelsk på ei gamal norsk skjærfjøl ?

Nei , det gjekk ikkje , og derfor var det ei meining med det lysande skiltet der i Uranienborgveien : Nå skulle Jon ta seg ihop og la seg teste så han fekk skikkeleg greie på om han kunne greie realskolen . Nå var han da nitten år attpå . Men han ville vera sikker i si sak . Dei skulle ikkje få høyre det att i Bråtåbygda at han hadde gjort skandale enda ein gong . Dagen etter gjekk Jon til konsultasjon .

" Goddag , herr Storhaug . "

Storhaug såg undrande på han . Bortsett frå den amerikanske yankee-sveisen og dei pintronge buksene såg ikkje guten ut til å vera serleg miljøskadd , tvertimot , det var slik ein blåfiolett glans i augo på han , og dei breie , utståande kjakane skaut seg viljefast fram i rommet . Hadde han ikkje sett dette andletet før ? Da slo det ned eit minne i psykologen : Han hugsa eit hotellrom langt nordafor folkeskikken , og ein liten gut med strittande hårtust som hadde ein intelligens som svara til tiårsstadiet , og eit skånsamt brev han sende til ei stakkars sliten småbrukarkjerring . Munnen på Bernt Storhaug opna seg seint og sirkelrundt , og til slutt gapte han , lenge og domt og inderleg morosamt , så datt tennene ihop med eit kvasst lite smekk , og han skauv seg attende i rundtomkringstolen og la dei bleike lønnsklasse-labbane sine kontant på bordet .

" Æh , kan dette være mulig . Var det ikke Jon ‐ Jon Bråtåbakken ? Hvordan i all verden kan du ha skutt sånn i været ? "

" Å , Vårhærre og Velfærdsstaten hjelpte da det kneip . "

" Og nå kommer De her ‐ ? "

" Eg vilja gjærne teste meg på nytt . "

" Æh ? Ja æh , ‐ det er jo så ‐ at ‐ æh intelligensen går det ikke an å reparere . Den er konstant . Du kan lese og lære alt du orker . ‐ Det hjelper ikke . Men det var jo ikke så dårlig ‐ æh ‐ det du presterte den gangen ‐ "

" Eg vilja gjærne prøve det likevæl ‐ "

" Mh ja . Men som du ser på døren , så ‐ æh , jeg tar ikke imot slike som deg . Dette er jo et kontor for miljøskadde barn . ‐ "

" Ja , men eg er nå liksom fødd nord i svarte steinrøysa , eg , så det er vel von at eg er miljøskadd ‐ frå modærne synspunkt . "

Da lo psykolog Bernt A . Storhaug . Han la seg attover i stolen og gapte opp så det blenkte i gullblomba han fekk da han passerte lønnsklasse 15 , og kanskje hadde han ein mistanke om at det hadde vore tull med den førre prøva , for han reiste seg og gjekk til reolen og fann fram ein sausande saftig amerikansk test som hadde vore brukt på amerikanske pilotar i Det fjerne Østen og norske rekruttar på Terningmoen .

Såleis gjekk det til at alle sparepengane vart brukte til realskole-kursus på Oslo Privatskole , der Jon gjekk til ettermiddagsundervisning . Om dagen var han arbeider nr. 166 på Hevreka Fabrikker , og dei eldre arbeidarane sende han opp under taket for å skrapa lort og kingelvev av oljerøyra , og han måtte gjera alskens drittjobbar for dei , så han var på gråten stundom . Aldri i livet skulle Jon høyre til denne elendige samfunnshopen som sleit så fåfengt for livet . Det var berre Husbanken og Hovedserien og Gudskjelovkvelden som sto i hugu på dei , så ein kunne undrast kva dei levde for . Kunne dei ikkje liksågodt kutte over pulsåra og vera ferdig med livet først som sist ? Om hundre år var det ingen som spurde etter dei . Men det kunne hende det fanst nokon som spurde etter Dzjån Dzjæss , som John Jazz skulle uttalast på engelsk .

Og det var reint så engelsk-lektoren måtte undre seg over kva for ei drivkraft det var som arbeidde i guten i dette faget . Han las flytande engelsk på stutt tid , og han var ikkje redd for å snakke heller , og da engelsk-lektoren tok seg tid til å lære dei teksta på Do you Remember , da stråla heile det underfundige landsbygd-andletet , og guten song med ein tenor som fekk dei andre i klassa til å glåme .

I denne klassa var det elevar frå femten år og opp til 45 . Dei kom på skolen rett frå arbeidet , somme av dei , og dei sat og svalt og døsa på benkene så det var reint som i den tida Bjørnson og Ibsen og Vinje gjekk på Helt bergs Studentfabrikk . Tanken på desse storkarane fekk Jon til å halde motet oppe , og så hadde han Blue Master å ty til . Nå tok han lungedrag berre så det sto etter ‐

Men det var ein elev på skolen som kom i bil , og det var frk. Alice Skauglunden som var 38 år og hadde sømog kjoleforretning i Schweigaards gate . Ho hadde arbeidd seg opp frå små kår etter at ho kom til byen , og nå hadde forretninga fått ei eksplosiv utvikling , fordi ho hadde lansert ein ny revolusjonerande type behå . Til neste sommar skulle ho over til Amerika og studere nytt i bransjen . Derfor ville ho perfeksjonere seg for reisa .

Kven var det Alice likna på ? Jon sto heilt forbina , for det var Snøfrid ho likna på . Det same veike draget frå augo og ned til munnen , det var alt , men det var nok . Det gjorde han sentimental , enda frk. Alice var mykje eldre . Han såg tydeleg korleis ho sloss for å halde seg ung , og ho spreidde omkring seg ei parfymelukt som fekk elektriske gneistar til å fyke i han .

Men han skulle halde seg på matta . Han skulle trasse og tirre seg og bry seg søtten om kvinnfolk . Han skulle vera kvinnehatar ‐ heile sitt liv kanskje , han skulle vera fjern og mystisk og kaldblodig , kanskje dø ung ‐ men før han kom så langt , skulle han ha fått spela inn nokre longplaying-plater i Grammofonkompaniet A/s . Og så skulle Snøfrid sitja og lye på " Kveldens Stjerne-parade " , og store tårer skulle rulle nedover kinnet hennes . Og programredaktøren i " Kveldens Stjerne-parade " skulle seia : " Det er tragisk å tenke på at et så lovende talent skulle bli revet bort , men hans melodier vil leve som lysende stjerneskudd på musikkens eventyrhimmel . "

Like før eksamen var det at frk. Alice sette den eine foten på stigbrettet til Ford Consulen og spurde om Jon kunne tenkje seg å hjelpe henne med engelsken . ‐ Tja , Jon drog på det . Det kunne han vel , men vertinna hans i Josefinegate ville ikkje veta av besøk på rommet etter klokka ti , og nå var ho ni .

" Vi kjører hjem til meg , " sa frk. Alice .

" Okey , " sa Jon . " We drive home to you . "

Han hadde fått fri frå Hevreka før eksamen , så det høvde bra . Men han var skitten og svolten og trøytt og mismodig , og han hadde mest hug til å gå på Pilen eller Blom og drikke seg kanon , for det hadde han ikkje gjort enda .

" Du kan ta varm dusj i leiligheten ‐ "

" Æh ? "

" Naturligvis . Og så speiler jeg et par egg til deg og rister et par skiver loff imens ‐ "

" Wonderful . ‐ Æh ‐ "

" Jeg tror jeg har stående noe champagne også . "

" Men ‐ æh ? "

" Så skrur vi på RIAS og hører på musikk derfra ‐ "

" Å ‐ æh . Ja , klart . That's very fine ‐ "

" Hja , og så får vi se hva vi kan få ut av disse hersens engelske glosene . "

Dei køyrde oppover til Røa i den bleike vårkvelden , og det var virkeleg Jon Bråtåbakken som sat der , ved sida av ei fin sositetsdame som hadde leilighet med varm dusj , og han var ein Bør Børson i ny utgave , kunne ein seia . Han hadde ei veik førestilling om kva som ville skje , og beisk tenkte han at tilveret kom til å drepa han langsamt . Aldri hadde bildet av Snøfrid stråla så for Jon som i desse sekunda oppover Sørkedalsvegen i Ford Consul . Fjernt sto ho der og smilte i ein blå kjole med kvite liljekonvallar på , men nå klamra han seg ikkje til henne som den gongen han las om Mrs. Nancy Wheeldom i " Rundt Verden " . Nå skauv han henne bort , resignert og desillusjonert og kjernefysisk så ein skulle tru han var ein norsk etterkrigs romanhelt .

‐ Akk ja san . Så fekk det bera eller breste . "

Jon Bråtåbakken drog pusten djupt og skjelvande da han sette drinken til leppene . Han tykte han høyrde ei røyst som ropte langt borte : Jon Jon , detta går ailder væl , detta går ailder væl . Men det var ei anna røyst med ein ny mystisk intens klang som sa : Nå må det bli slutt med dette tullet . Ska det væra , så ska det væra . Du er værdensborgar . Det var hivande godt med champagne . Det var delicious , super , marvellous , and swell , og frøken Alice vart penare og penare , etter kvart som han kjende vinen sildre inn under hjerterota , og livet var så mjukt som fløyel og så søtt som sjokolade og honning . Kringom han draup det bleike liljekonvallar og raude roser , og livet var som før : Han hadde den same blåe lengten og den same veldige båra av spenning og draum gjennom hugen , ‐ det var den same tindrande ungdomsgløden . All angst var borte . Eit stort lysande mot vaks opp i han . Og frøken Alice , som hadde skifta på seg fin utringa aftenkjole , hadde eit perlekjede med ei bitte lita forgylt flymaskin som hang og sveiv i glideflukt når ho bøygde seg fram mot han , og så landa flyet på ein blendande kvit flyplass med rullebaner og varslingstårn og hangar .

" Kom , så ser vi på soverommet , " sa frk. Alice .

Jon heldt seg ikkje lenger . Han gjorde eit frontalangrep mot flyplassen hennes så det forgylte flyet landa på nåsåtippen hans og låg der og vippa lenge , og Alice var ei lita forsvarslaus krigsmakt som han ville erobre og okkupere , og livet hans var liksom ei kjernefysisk prøve i ukjent land . Men Alice overgav seg skjelvande og låg og mumla med små søte stønn innimellom : Du må ikke sette barn på meg . Jeg skal jo til Amerika . Du må ikke ‐

" AI låve you , " sa Jon Bråtåbakken .

%Men medan Jon gjekk igjennom denne knappestøypar-prosessen sin i Oslo , opplevde Snøfrid kjærleiken til Haram , og det var så vakker ein kjærleik , ein kjærleik så kvit som snø og så raud som blod , full av evige sekund som så mange av oss har kjent og som vi mange veit ikkje kan vara . Vår ungdoms kjærleik .

Første gongen ho gjekk for å møte Haram hadde ho ei knappenål i kjolen som ho skulle verge seg med som siste våpen dersom han torde gå for langt . Men Haram gjekk ikkje for langt , og derfor vart kjærleiken mellom dei så fin og rein og full av spenning . Nei , Haram gjekk aldri for langt nå . Han hadde sagt til seg sjøl at han skulle halde seg i skinnet og vera ærleg mot seg sjøl og henne , og han gjekk med ein draum om å bygge opp ein ny kjærleik så sterk at den kunne slette ut alle dei andre kjærleikane hans , men det var ei fåfengt von , var det visst . Det var denne sterke , strålande bronsekroppen hans og dei mørkeblå , glitrande augo som han hadde fått med seg på livsvegen ‐ slikt kunne ikkje jentene stå for , og det skulle til sjuande og sist bli verst for han sjøl . Ja , slik hadde han tenkt . Og nå sleit han for å bygge seg opp att , han spende seg på ein sjeleleg pinebenk og heldt seg sjøl i sjakk , han tok til å tenkje på eit lite hus med ei kvit grind , og når han gjekk i møte med Snøfrid på vegen , da kom det for han at han var ein Peer Gynt på veg til si Solveig .

Dei gjekk hand i hand på dei stille vegane i tindrande frost , og Snøfrid bivra i armane hans når han kysste henne , og ofte hadde ho hatt hug til å gje seg heilt over til han , så vakker tykte ho denne kjærleiken var , så skir og rein som Svånåtindane . Den store skjelven ! Han sa aldri stort , han sa nesten ingenting , han var underleg innestengd og mystisk . Men i det vesle han sa var det visdom om livet . Og når ho la seg om kvelden etter å ha sagt far vel til han , drøymde ho at dei sprang hand i hand på ei kvit strand , og dei ropte og lo i solgangsbrisen . Så skulle dei kaste seg på svøm i det blå vatnet , utover til den vesle holmen med furulunden . Ho skulle vera utmatta når ho nådde så langt , men han skulle berge henne og lyfte henne i armane sine og bera henne i land , og dei skulle ligge andpustne inne i lunden og koma til seg sjøl att . Glødande sol skulle stråle over dei . Ho skulle presse seg inntil han , skjelvande av kjærleik , og han heldt henne fast og trygt og kjærtegna kroppen hennes med varme , våte kyss som gjorde henne vill etter å gje seg over til han . ‐ Vil du gifte deg med meg ? skulle han seia og sjå på henne med brennande augo . Av all si sjel skulle ho kviskre ja ! Og så skulle det skje . Og når det hadde skjedd , skulle dei finne ein robåt ved stranda og ro i land til den vesle stugua som var slottet deira .

Derfor var kjærleiken så kvit som snø og så raud som blod , men ingen kjærleik blir så trødd og trakka ned som denne .

Snøfrid hadde ei venninne som var gift sør i bygda med ein av ingeniørane ved Fabrikken . Nå hadde dei bygt seg nytt hus , og ein dag da våren kom , vart det så Snøfrid ville ta seg ein tur og sjå korleis venninna hadde det . Det var nærepå at ho våga å be Haram bli med , men det vart ikkje slik . Ho sykla i veg sørover , og bygda opna seg for henne med grøne enger og lysande bjørkelende , og på båe sider av vegen såg ho at små vennlege hus hadde reist seg her og der . Det hadde ho ikkje lagt merke til før . Arbeidarane ved Fabrikken hadde bygt seg ein heim for livet . På dei vesle tuna leikte knøttsmå ungar seg på trehjulsykkel , og gjennom glasa kunne ho sjå dei unge mødrene stå i blenda-forklæ over kjøkkenbenken . Det vekte nye kjensler i henne , som ho knapt hadde kjent før .

Men lengst framme ved Fabrikken oppe i ei skråning med utsikt over Blåvatnet låg ein splinterny villa i bondeblått med bleikblåe glaskarmar . Det var ein langflat einmanns-bolig som dominerte over alle dei andre husa , med ein mørkegrøn flat grasplen nedover mot vegen , og inne i den låge , breie smijernsgrinda sto det med fine snirkelbokstavar : Borgland .

‐ Du værdens rike !

Snøfrid trudde ikkje sine eigne augo . Det var da hit ho skulle ! Det var her venninna hennes var gift , den vesle kvikke Erna som hadde gjort det som ingen annan hadde greidd på skolen , å putte ei levande mus i handveska til lærerinna . Å , du værdens rike , for eit hus !

Og aldri skulle Snøfrid gløyme da Erna kom ut på verandaen i den ljose sommarkjolen sin med babyen på armen og vinka til henne . Ho sto der og stråla med solbrun hud mot det blå .

" Så fint du har fått det , Erna ! "

" Syns du . Kom inn da ! "

" Du værdens rike ! Så fint eit kjøkken ! "

" Ja sjå her ! "

Og Erna trykte på ein knapp og sette den elektriske vifta i gang . Ho slo opp døra på eit digert Frigidaire kjøleskap , og ho tok fram mixmastern . Å , som ho stråla ! Det morosamste denne vesle frua visste var å syne fram dei tekniske hjelpemidlene sine til venner og kjente . Nå trippa ho inn på badet og slo på dusjen for moro skuld og , så var ho vidare som eit lyn inn i soverommet . Og det var eit vedunderleg soverom i kvitt , med rosa tak , og ein flat kommode i teak med eit lite brurbilde og eit bilde av babyen . Over den vesle dobbeltsenga låg det slengt ein kvit , gjennomsiktig nattkjole , og rett imot sto det tett i tett med parfymeflaskar og børster og kremdåsar på eit drivkvitt toalettbord med ein svær speiel .

" Du værdens rike ! "

" Ja . Og eg er så gla så gla ! Men det er nå helst for småtassen . Du forstår , Nils er ein mann med bestemte planer . Han hadde ein del pengar etter svigerpappa , så han slapp gå til Husbanken . Han ville ha akkurat slikt eit hus ! Og eg er så gla så gla . ‐ Ja , vi har nok gjeld . Men han har sin faste gasje , og vi sparar alt vi kan . Kom nå , så går vi inn i salongen og tar ein likør til kaffen . "

" Du værdens rike . "

" Snøfrid , du burde gifte deg med ein ingeniør , haha ! Ja , det kan du vel ? Du er dobbelt så pen som eg er og du har mykje større sjanser ! Eller ein lege ! Doktorfrue ! Det er noko for deg ‐ "

Dei sat der i salongen ved glaset og såg utover den blå sjøen , og på bordet sto ein høg , slank , svart vase med liljekonvallar . Snøfrid sa Du værdens rike oppatt og oppatt inne i seg sjøl . Ho kunne aldri ha drøymt om at Erna hadde det så fint . Ho kunne aldri ha drøymt om at nokon kunne ha slik ljos og trivnad og velstand ikring seg . Underleg oppskaka til sinns var ho da ho reiste heimover att .

Håkon ?

Håkon Haram ?

Og den snøkvite og blodraude kjærleiken hennes til Håkon Haram tok til å falme og dø langsamt og stilt av ei svartgul , etsande gift vi alle kjenner til ‐

DA JON KOM attende til Bråtåbygda hadde han på seg ei rosa amerikansk skjorte som hang laust omkring Mehrens Kløver Slacks , og i munnen hadde han ein glødande Pall Mall , og han var lang og avslipt i kantom , men med tverrkutta aksler som sto i stil med yankee-sveisen . Under armen hadde han ei ljosbrun tweedjakke , og i innapålomma på den låg eksamensvitnemålet frå Oslo Privatskole .

Eksamensresultatet hadde nok blitt så som så , ‐ det var ikkje anna å vente når han hadde gått på eit eitt-årig kveldskursus og var arbeidar nr. 166 om dagen og Lady Chatterley-Skauglundens ælsker om natta . Det var berre Ng og Ng og Ng og Ng , og det hadde ikkje vore langt ifrå at det skura nedpå Måteleg iblant . Og likevel : i eitt fag var det mest så ein skulle tru det var trykkfeil , så gild var karakteren . Jon Bråtåbakken hadde fått blank M i engelsk munnleg .

Slik var det når ein hadde eit fast mål å arbeide mot .

Når Jon kom attende til Bråtåbygda nå , var det ikkje for å bli verande . Han skulle innatt til Oslo . Men det hadde kome eit bod som gjorde han uroleg . Mora hadde sjona og låg til sengs , og ho ville aldri koma til å reise seg meir , for ho hadde fått ein sjukdom som ingen lege kunne råde bot for , enda det var midt i det tjugande hundreåret , ein sjukdom som folk nesten ikkje torde seia namnet på . Kreft ! Ja , kreft ! Korleis kunne ho dø av slikt , tenkte Jon på toget oppover , ‐ ho som hadde tæra så lite på sivilisasjonens goder , ho som hadde levt så reint og sedeleg eit liv i ord og gjerningar ? Korleis kunne Vårherre vera så hard ?

Og nå var folkeopinionen i Bråtåbygda imot både han og broren som så skamlaust kunne gløyme henne som hadde fostra dei fram . Og hadde ikkje folk rett ? Jon gjorde ein hellig ed meg seg sjøl , og den skulle han iallfall halde : Så lenge mora levde , skulle han bli verande i Bråtåbygda . Broren var i Suez . Men Jon skulle hegne om henne etter fattig evne for dei båe to og bry seg søtten om ære og rikdom og berømmels , for det fanst likevel ting som var viktigere enn ære og rikdom og berømmels når det barst i herdinga . Og det var vel ei slik velgjerning mot ei god mor som var ære ? Nå skulle Ingebjørg Bråtåbakken få den fortapte sonen sin att . Tårene hadde stått i augo på han der han sat på toget og såg på dei varme tøflane han hadde kjøpt til henne . Ho kom vel aldri til å reise seg att , men han hadde kjøpt tøflar til henne likevel , og han hadde kjøpt eit fint , mjukt sjal i grått og blått , og han skulle slipe ljåen tidleg om morgonen så ho høyrde det gjennom glaset , for han hugsa så godt ho hadde sagt ein gong at ho likte så godt den lyden av ljå som vart slipt tidleg om morgonen .

Aldri skulle Jon gløyme stunda da han sto heime i stugu att . I senga låg mora halvt vendt mot glaset så ho kunne sjå utover bygda . Håret var som steinbleike flak . Og da ho vende seg mot han , såg han at livet var på veg heimatt . Andletet hennes hadde fått eit ukjenneleg drag av eit rike som ikke høyrde denne verda til . I dei innsunkne augom glødde ein stille , tapper glans . Seinare på kvelden sa han :

" Eg er ikkje Guds bæste barn , mor . "

" Det får ikkje hjølpe . Eg er gla du er frisk og lykkeleg . Du må spela på Grand , så folk forstår du har vorte ein bra kar . ‐ At du har vorte stor og stærk . "

" Du blir einsleg hær , mor . Eg blir hær . "

" Ho Lina Kvennstugu er så god ei hjølp . Du lyt spela på Grand . Så forstår døm . Og eg er ikkje einsleg når du får spela . "

" Du blir nok frisk att , mor . Lægevidenskaben har kome langt . "

" Og nei , eg lyt nok fårå snart . Men kanskje eg kan læva denne såmårn , for eg trur det blir så pen ein såmår . Eg har sett regnbågån spenne over Svånåtindom ‐ "

Og nå var det mest som før i tida . Han spela på Grand tre kveldar i veka . Det var berre skilnaden at nå var det saksofon og ikkje hardingfele . Der sto han , yngste-sonen hennes Ingebjørg nord i himmelskaret . Han høyrde til dei fem utvalde oppe på podiet , med mørkeblå jakker og sølvstjerner og blanke knappar og striper , og kapellmester Stenplass dundra på pianoet så den skinnmagre førkrigskroppen rista . Jon Bråtåbakken var medlem av The Blue Rhythm Boys og sprøytte underfulle tonar utover salen . Solbrune og sentimentale hang turistane inntil kvarandre med sømnige rørsler og små rykk , og det var som om verda sveiv bort med alle sine husbanklån og atomvåpen og deportasjonar og lønnsregulativ . Dei gløymde dei skulle dø med radioaktivt støv i lungene , som det sto i avisene , og den blåe lengten og ungdomsgløden kom tilbake , og det var Jon si skuld , for han sto der med den underfulle saksofonen sin og var ein slags medisinmann for veike nerver og angstfulle liv .

Denne våren og sommaren hadde Snøfrid fått seg nytt fylgje . Det var Tormod Londe , ein stillsleg ung mann med eit roleg , nesten sorgsamt forkua andlet . Han skulle ta over Londe-garden , ein av dei største i bygda . Haram hadde reist til sjøs ‐ på kvalfangst var det visst , og det var ingen som spurde etter han .

Tormod smilte sjeldan , og det var synd tykte Snøfrid , for han hadde slike fine , sølvkvite tenner , og han visste ikkje om at han hadde ein pen , mandig kropp heller . Han var noko for seg sjøl , sa folk , og kunne vel ikkje vera heilt normal heller , for det hadde stått dikt av han i eitt eller anna blad , og han hadde skrivi om blå lengt og stille lykke og kjærleik som aldri skulle dø . Det fanst folk i Bråtåbygda som sa at det var likare å satse på Tormod Londe enn på denna tullguten frå Bråtåbakka .

" Finst ikkje svik i den karen , " sa Hans Kvennstugu . " Han er søkk forelska i ho Snøfrid , så nå må du hailde deg onda ‐ "

" Det er du som har lært meg å tjuvfiske , " sa Jon .

" Det vil tå knækken på'n Tormod . "

" Vær ikkje redd , " sa Jon . " Eg er ikkje interessert i frøken Bratta . "

Jon møtte dei to på vegen ein av desse frostige solkveldane under Svånåtindane . Dei gjekk hand i hand og kom imot han . Han røykte ein Pall Mall-sigarett og hadde på seg ei azurblå flanellskjorte under jakka , og synet av Snøfrid der framme fekk blodet til å fara opp i han . Å , flagrande , dansande Snøfrid , så vakker som Snehvit og Rosenrød ! Aldri , aldri skal eg få elske deg , fór det gjennom han . Deg skal eg aldri kysse , deg skal eg aldri stryke med varme , stille kjærtegn .

Goddag , Snøfrid ‐

Da han sto framfor dei , skjønte han at Hans Kvennstugu hadde rett . Tormod hadde fått slik ein underleg sår blenk i augo da Jon stana og tala til Snøfrid . Han var dødsens alvorleg og bleik kring leppene , og Jon tenkte : Han kjenner seg underlegen . Han trur eg vil ta frå han jenta . Stakkars fyr .

Snøfrid hadde sloppe handa på Tormod .

" Fint vær , " sa Jon .

" Er du kome heimatt , Jon . "

" Ja , liksom det ‐ "

" Spelar du på Grand ? Da skull eg gjerne høyre på . "

" Værsgo , kom båe to . "

" Eg er ikkje akkuratt spesialist på modærne dans , " sa Tormod veikt . " Men ‐ "

" Bærre kom . Døkk kan høyre på iallfall , og så er det drinks å få ‐ "

" Han Tormod drikk ikkje noko serleg . "

" Det er vel ei ærleg sak . Eg drakk ikkje , eg , hellan . "

" Ska oss gå dit , Tormod ? "

" Når du vil så ‐ "

" Kjøp kaffe og snitter , da slæpp døkk billigast ifrå det , " sa Jon .

" Tormod har gått inn for å spårå , han . "

" Ærleg sak å spårå . Eg spårå sjøl eingong i tida . Men høyr her , eg ska betale regninga . Eg har slikt å gjera . Kanskje kan eg fikse så det blir billigare . Ja , sjøl lyt eg nok spela . Eg har forresten ikkje tenkt å danse hellan , så lenge ho mor er så sjuk . "

" Eg kan da betale regninga sjøl , " sa Tormod og vart liksom kvikkare . " Men da går oss da , Snøfrid ? "

Jon kjende på seg korleis Snøfrid var i ferd med å gli bort frå Tormod . Han hadde tvila på , heilt frå første stund , at ho virkeleg var glad i Tormod . Og nå visste han korleis Tormod hadde det . Jon hadde hatt det likeeins sjøl eingong , med Snøfrid . Da var det han som var underlegen , og det var Haram som hadde overtaket . I denne stunda kjende Jon slik godhug for denne stillslege , alvorlege bygdekameraten som aldri stakk seg fram , aldri var oppesen , aldri dreiv med kjernefysiske eksperiment . Det var han sjøl som sto der , den yngre , blåøygde vesle Jon , som kanskje skulle bli eit nytt offer for denne pinup-jenta som heitte Snøfrid og som gjorde alle mannfolk gæerne etter seg .

Var ho forresten pin-up lenger ? Andletet med rognebærleppene og det svarte , glatte håret var nok det same . Men formene ? Tok ho ikkje til å få eit lubbe lag ?

Likevel : Aldri hadde Snøfrid vore så vakker som denne kvelden på Grand . Det var som om det lubne laget kledde henne , som det kler så mange kvinner . Og håret hennes , kor det skein gneistrande svart i ljoset , og kor det hadde brunne mjukt gjennom hendene hans i så mang ein still draum . Og den høge , bleike panna som han hadde sett som eit tindrande ljosskjær på sin veg , og rognebærleppene ‐ kor han hadde kysst dei i bleike , avmektig lengt . Hadde han ikkje tilmed skrivi ein melodi om Snøfrid , ein melodi som var han så dyrebar at den aldri skulle koma på folks tunger . Ingen skulle få sulke den til med falske kyss og lette lovnader , hadde han lova seg .

Ja , det var mangt ein kunne tenkje når ein var grønskolling !

Men medan Jon spela der oppe , fylgde han Snøfrid med augo . Tormod og ho sat ved det same bordet der han ein gong sjøl hadde bukka for vesle fikse Signe Holt . Dei to tala ikkje til kvarandre , og blikket til Snøfrid var på leiting ut i den opplyste salen . Det sveiv omkring , rastlaust og flakkande , det streifa podiet og smilte til Jon og leitte vidare . Kanskje det leitte etter Haram ? Å nei , Haram hadde visst gått til sjøs for godt . Tormod sat stille og skreiv eitt eller anna på meny-kortet for å få tida til å gå .

‐ Elændige skræpphøne ! Forsto ikkje Snøfrid at Tormod sat og hadde det vondt ?

Da med eitt enste Jon at noko hadde hendt med Snøfrid . Blikket hadde stana nokre få sekund , og det flakka ikkje lenger . Det hadde møtt eit anna blikk der lenger nede ved eitt av borda , ein ung mann i tweedjakke og slacks , med eit intelligent , reinskore andlet , ein ukjent mann , med ledige endeframme rørsler . Nå såg Jon at han gjekk opp til bordet der dei to sat . Han nikka høfleg og sette seg ved bordsnippen og tok til å konversere . Tormod sat som takk for sist . Og da The Blue Rhythm Boys spela opp til ein feiande vals , var den unge ukjende mannen oppe og bukka for Snøfrid med eit spørjande nikk til Tormod . Så dansa dei ut .

" Kjenner du den karen der nede ? "

" Det er den nye doktor-assistenten . "

" Er fyrn bevandra i jiu-jitsu ? "

Dei blå rytme-gutane såg stort på saksofonist Jon Bråtåbakken . Ville han laga enda meir texas i bygda ? Dei hadde Kulturstriden og Myrhagen-saka i friskt minne . Men Jon sto og såg ned i salen , for der hadde Tormod Londe reist seg og bede om rekninga . I all verda ? Hadde han tenkt å gå ? Ja , han hadde tenkt å gå . Jon såg ryggen hans nedover langs borda , og så var han ute gjennom døra . Tormod hadde gått . Han hadde gjeve opp kampen , utan å slåss . Kvifor kunne ikkje fyren lære seg til å danse ? Kamp om kvinnfolk var noko som ikkje låg for Tormod Londe . Nå ville han gå ut i stjerneskinnet og vera sår til sinns , og han ville skrive dikt om Snøfrid , dikt om evig kjærleik som aldri ville dø , og ingen skulle få høyre dette diktet fordi det var for hellig til å koma på folks tunger .

Stakkars blåøyde sjel som ikkje hadde oppdaga at verda og heile systemet var humbug ! Dersom Jon fekk søner nokon gang , skulle han lære dei tre ting : å handtere pengar , kvinnfolk og gevær , så visste han at dei ville greie seg her i denne verdens jammerdal .

Klokka var kvart over tolv om natta da Jon sto på grusgangen utanfor Grand med ein glødande Pall Mall mellom leppene . Det var frost og haust i lufta , og kroppen skolv , men kjakane var bitne ihop til ein underleg skeiv smil som kom til å fylgje han lenge . Da høyrde han steg lenger nede i gangen , og dei kom mot han , Snøfrid og doktor-assistenten . Jon stengde vegen . Han hadde lagt armane i kross . Dei skulle få ein støkk i livet , skulle dei .

" Unnskyld . Vi kunne kanskje få kome forbi her ? "

" Næ . "

" Hva skal dette bety ? "

" Har du vore på landsbygda før , doktor-assistænt ? "

" Hva mener De ? "

" Eg menar du ikkje har folkeskikk . Veit du kæ du har gjort ? "

" Nei , hva da ? "

" Dersom du går lenger opp i hågån hær , vil du finne ein død mann hengjande dær . Du minnest kanskje det sat ein fyr i lag med denne dama di , hæ ? Nå er'n død som ei sild . Han har hengt seg . "

" Men helledussen ? Hvor ? "

" Død som ei sild heng'n dær . Det vart for hardt for' om Tormod . Han tåla ikkje eit slikt nederlag . "

" Du lyg , Jon . " Det var Snøfrid som ropte det .

" Ja , eg lyg . Eg lyg så det står etter . Men han kunn likså godt ha gjort sjølmord . Han er ikkje moden for denne verda , n' Tormod . That's it . Han kunn vore død som ei sild , ja . "

" Unnskyld , men skal vi så få komme fram ? "

" Sia du er dokter , lyt du vel få lov te å gå , men eg lyt få lov te å seia eit par Pauli ord åt frøken Bratta . "

" For noe tøys . "

Jon slo han under haka så han stupte og låg langstrak bortover plenen . Det var ikkje for å gjera nokon vondt at han slo , men han måtte slå ein eller annan . Og slaget kom med all sadistisk bråtåbygdsk makt , ‐ det var som ladd opp gjennom tenåringstida , og det gjorde så godt å få slå at han kunne ha slege slag i slag . Det trongst ikkje . Den stakkars assistenten hadde fått ein regulær knock-out og låg og aua seg i graset . Nå ville Snøfrid springe fram til han , men Jon heldt henne brutalt .

" Snøfrid . Er det ikkje på tide å slutte med dette tullet ? Kæfor skull du danse med denna fyrn hær ? Du kunn vel halde deg åt 'om Tormod nå i kveld ? "

" Han Tormod tok te å skrive dikt . Han gløymde alt ihop . ‐ Han fækk inspirasjon . Da vart eg flygande sint . "

" Sei meg , er det slutt med Tormod ? "

" Det har ikkje vore noko mellom oss . "

" Enn Haram ? Er det slutt med Haram ? Vær ærleg nå ‐ "

" Han kjøm visst ikkje att . "

" Næ vel . Og da kan du ikkje vente , hæ ? "

" Slæpp meg , Jon . "

" Eg har ikkje tenkt å gjera deg noko . Men du ska få eit godt råd : Skaff deg ein onge du , Snøfrid , så får du andre ting å tenkje på . Og så vil eg få takke deg for ein ting : du lærde meg å lye på radio og " Ungdomsrevyen " . Hadde eg ikkje lært det , ville eg vore reine lyrikern , kanskje , og gått og fomla inne i Svånågjelom . Nå ska du veta at eg kan handtere kvinnfolk . Men du ska få gå i fred for meg heretter . Vær du sikker . "

Så slapp Jon . Han pusta og gjekk .

Å nei , tenkte han . Snøfrid var staut , men ho var nok i lubnaste laget ja . ‐ Så mange filmar hadde han sett på Klingenberg og Colosseum at han visste det . Å sjå Marilyn Monroe var som å suge på ein blodraud kjærlighet-på-pinne . Det galdt å få tak i ei som var ålande slank og filmfager , så dei sto der og snappa etter luft både Fostervoll sjøl og Kirkvaag når John Jazz og frue kom arm i arm oppover golvet på det nye Opera-huset . Det måtte vera ei som var presangtabel .

Det var nokre kveldar etter affæren på Grand at Jon kom til å tenkje på melodien han hadde laga om Snøfrid , melodien som aldri skulle koma på folks tunger . Han gjekk og nynna for seg sjøl i tusmørket utanfor Grand og kjende veike minningar av det som eingong hadde vore . Var det sælesynd å gjera om denne melodien til danse-melodi ? Han sette seg ved pianoet i den tome Grand-kjellaren og klimpra melodien oppatt og oppatt , han leitte etter ein rytme som høvde og vingla lenge mellom slowfox og tango , men det måtte bli det siste . Det måtte bli ein sugande flat og blodfull tango som tok pusten frå kvart eit kvinnfolk i sju prestegjeld . Og han skulle laga tekst . Ja , han skulle laga ei fiffig tekst , skulle han .

‐ " Sangen om Mary-Ann " ?

Men Jon hadde lært å kjenne kor mykje han var god for , ‐ han hadde lært seg begrensningens kunst , og da han skreiv musikken og teksta til " Sangen om Mary-Ann " , var det ikkje med tanke på å slå igjennom som slagerkomponist . Det skulle han heller ikkje koma til å gjera med " Sangen om Mary-Ann " . Denne danse-melodien var berre eit forsøk . Han visste han måtte arbeide seg fram seint og stødig for å få ein posisjon i norsk musikkliv , og det måtte vera perfekte saker dersom han skulle ha von om å vera skaparen av " Morgendagens Melodi " i Norsk Rikskringkasting .

Kom tilbake til meg , lille Mary Ann ,

skal vi drømme bitte bitte lite grann

om et hus , en have , noen trær

og en baby som har kulerunde tær .

Kom tilbake til meg , lille Mary Ann ,

skal vi drømme bitte bitte lite grann ‐

%Dermed gjekk Jon til kapellmester Stenplass .

Sjefen for The Blue Rhythm Boys var frå Snertumsdalen , og han hadde arbeidd seg opp gjennom svarte fat tigdomen han med . Nå hadde han søkt seg bort frå Oslo att på sine gamle dagar fordi han sakna lukta av sveitt hest i skjækom , men det var berre traktorar å sjå i Bråtåbygda , så han var ikkje i godlune . Det var han heller ikkje da Jon kom borttil han denne ettermiddagen . Han sat ute i hotellsalongen og stirde djuptenkt ned i ein haustleg pils .

" Eg har lågå ein melodi , herr Stenplass . "

" Det er du ikke alene om , gutten min . "

" Kunne du vera så real å sætja 'n ut for instrumentering ? "

" Dessverre . "

" Kanskje du vil høyre på'n ? "

" Dessverre . Jeg tenker , gutten min . "

Men Jon hadde sett ekte Hollywood-film , så han visste korleis han skulle bera seg åt . Det gjaldt å buse på og syne fram talentet sitt , sjøl om det ikkje var for ein allmektig slager-manager , og derfor gjekk han bortåt pianoet og slo melodien i sakte tempo . Og så tok han til å synge , lågt og mjukt , om den vesle Mary Ann , så eit par turistar vart ståande å glåme i døragløtten .

" Hold kjæften og spell bare . "

Jon beit kjakane ihop og spela . Han var ingen spesialist på piano , men det trongst heller ikkje . Sanneleg såg det ikkje ut til at melodien gjorde inntrykk på gamlingen .

" Vet du å je ser for meg når jeg hører denna sangen ? "

" Næ ? "

" Je ser hamnehagen heme , og dær går søya og to kvite lam . "

" Å ? "

" Je ser'n far som sleit seg fordærva i steinbrotet og hu mor som bar vatn frå bækken hår mårrå og kveld . Hu sku vøri på Wolla og rekonvalsert , hu som alle andre gjør nå . Je skulle betalt hårt øre for henne .

-Korlessen er melodi'n ? "

" Je strauk tur bygda . Je svikta gar'n og hu mor . Je sku vøri skøtin . Nå går det fræmmen' sau og beiter dær . "

" Korlessen er melodi'n ? "

" Unnskyld , " sa kapellmester Stenplass , og nå var han som før . Han reiste seg og gjekk over golvet og brumma melodien . Jon sto bleik og venta på domen . Det hadde virkeleg mykje å seia for han dette . Han hadde bruk for all oppmuntring . Kanskje kunne denne melodien bli eit springbrett ? Ville ikkje den gamle romantikern seia meininga si ? Dette var ikkje til å halde ut .

" Du er av dem som vil fræm i verden , forstår jeg . "

" Ja . "

-Stakkars mann . Du vet ikke hva du går til . Finn deg et annet levebrød . Hva som helst nesten , bare ikke musiker . Jeg taler av erfaring . Bare sorg og skuffelser . Vet du hva du skulle bli , gutten min ? Jo , du skulle bli ‐ gartner ! Ja , gartner skulle du bli ! Da er du i pakt med naturen . Da kan du stelle med blomster og legge deg klokka ti om kvelden . "

" Korlessen er melodi'n ? "

Kapellmester Stenplass drog akslene oppunder nakken og viste Jon handbakene sine .

" Dessverre . Jeg vil naturligvis ikke ta motet fra en fræmadstrebende ung mann . Men ‐ well ‐ du kan jo levere den inn til et musikkforlag . Du vil antagelig få det samme svaret . Dessverre , den er for lite original , for lite original ja . Den vil ikke slå an . "

" Takk , " sa Jon og beit kjakane ihop enda ein gong . Så gjekk han ut og drog pusten djupt og smilte den skeive smilen sin . Alt var meiningslaust . Heile verda var ein trist suppedas , som ein gjekk og vassa i og ikkje kom ut av . Gartner ? Næ ! Jon Bråtåbakken var ikkje født til å fostre påtteblomster . Her gjekk han og var tjuge år og hadde ikkje kome eit steg vidare . Ein skarve realskole-eksamen , ja , men kva var nå det ? Og denne draumen om å erobre Norsk Rikskringkasting ‐ var ikkje det noko tull , det med ? Var det ikkje skire sjuklege bedraget ? Å , kva skulle han i kveld ? Korlessen skulle han slå tida ihel ? Her fanst ikkje folk han var på bølgelengde med ! Ingen som forsto han ! Turistsesongen var slutt ! Nei og nei ! Men ein drink måtte han ha , ein saftig sabla drink . Og kvinnfolk ! Kvinnfolk , det var løsenet .

Han greidde likevel å stagge seg .

Og kvelden etter hadde Jon ei oppleving . Kven annan var det som sat der nede ved bordet enn vesle Signe Holt ? Ho sat der og smilte til han ! Det runde , fikse andletet hennes var ein einaste stor smil ! Ho var bleikare enn vanleg , som om noko hadde gått henne imot , men andletet hennes stråla som før etter at ho hadde fått auga på han . Ei lykkekjensle båra gjennom han . Kunne det vera råd at ho hugsa han ? Ville ho snakke med han ? Hadde han ikkje drøymt om henne somme gonger ? Hadde han ikkje drøymt at han møtte henne i Oslo og at dei gjekk hand i hand til Musikkonservatoriet ? Hadde ho ikkje gjeve han den vesle fine handa si i vårkvelden over Karl Johan , og dei hadde gått på konsert i Aulaen ?

Var det likevel eit mektig forsyn som hadde sendt henne tilbake for at dei skulle finne kvarandre ? Var ikkje Snøfrid den rette ? Han hadde blikket strålande i møte med Signe , og lykkekjensla i han voks seg sterkare og sterkare så ho nådde svimlande høgder . Han var fri , han var fri , og han lyfta den sølvskinande saksofonen og sprøytte underfulle tonar utover salen .

Ho sat og venta på han . Det var ikkje tvil . Der kom ein ung gut frå byen og bukka for henne . Men ho rista på hovudet og ville ikkje danse . Ho ville ikkje danse for Jon si skuld . Kunne det vera råd ? Ein vond tvil skar gjennom han , men berre ein augneblink , så trudde han påny at ho hadde kome der for hans skuld , og at ho ikkje hadde gløymt han .

Han la frå seg saksofonen . Angsten stima opp i han . Lykkekjensla fekk han til å svaga der han gjekk . Ho sat bleik og tok imot han . Nå først såg han kor bleik ho var . Livet måtte ha merkt henne . Og synet av denne vesle kvinna med dei mørke skuggane under augo fengsla han , så han vart ståande heilt still og berre stire . Det var som han møtte sin eigen lagnad i dette synet , eller kanskje det var mora han tenkte på . Kva var det som fekk han til å tvika att ? Var det dette bleike , hjelpelause skjæret og tanken på at ho hadde opplevt den store kjærleiken ? Hadde ho ei fortvila von om å oppleva kjærleiken ein gong til ?

" Kan du hugse meg , Signe ? " sa han .

I den same augneblinken såg han det . Han kjende det som eit fall djupt ned gjennom eit rom . Han svelgde . Nokre sekund sto han mållaus og berre stirde .

Inn til bordet sto to krykker med stålblanke armfeste .

Det var så ufatteleg at han ikkje kunne forstå det . Og likevel : Han kunne vel tenkt seg det . Livet møtte han og helste og sa : Her har du meg , kva så ? Ho sat og såg på han , og augo hennes stråla som aldri før . Dei stråla fordi han hadde vore så snill å koma å tala med henne .

" Jeg kom under trikken , jeg . "

" Å ? "

" De måtte amputere begge bena mine . "

" Å ? "

" Så jeg kan nok ikke danse mer . "

" Å ? "

" Jeg synes det er så moro å høre deg spille . "

" Men ‐ "

" Du blir sikkert en stor musiker . "

" Å nei . "

" Jeg har sluttet å spille . Men de kjører meg på konsert . Vet du , tenk Samuel Barber var her ! I Aulaen ! Og han dirigerte selv ! Han yndlingskomponisten min , husker du ‐ Engang får jeg kanskje høre konserten din også ? ‐ "

" Å nei . "

" Jeg har tenkt ofte på deg . "

" Å ja ? "

" Det må være vanskelig for deg . Veien til stjernene er både lang og tung . Det er nok lettere for guttene i byen . "

Han makta ikkje å snakke . Han flydde bort frå alt ansvar så det skar han i hjertet . Han var ikkje den sanne helten , kjende han . Han stirde på dei stålblanke krykkene så han tykte dei skar i raude kjøtet . Han rasa mot verda som hadde gjort han så veik .

" Du må ikke tro jeg skal plage deg . Men kunne du gjøre meg en stor tjeneste i kveld . Bare i kveld . "

" Ja da . Det ska eg . "

" Mor og far har tatt seg en biltur opp på fjellet . Jeg sitter her ‐ og skulle vært i seng . Det er ikke så enkelt . Kunne du tenke deg ‐ å bære meg opp trappene ? "

Kring leppene hennes bivra ein hjelpelaus oppgjeven smil , som om ho hadde forstått .

" Sjølsagt . "

Denne gangen hans opp trappene var ein filmhelt verdig . Han vakla ikkje ein einaste gong . Han heldt henne fast og sterkt i armane sine , og han kjende at han hadde seira . Den vesle tufsen langt der nede som sto og høga seg bak eit stativ i måneskinnet , ‐ ferdig med han ! Nå gjekk han her og var 180 cm høg , og han bar ei jente i armane sine , og gjestene stirde etter han , og ein av dei sa : Det var sannelig en veloppdragen ung mann .

Kvelden etter var Jon påny nede i stasjonsbyen . Han var meir rastlaus enn nokon gong før . Eit kjei , eit kjei , eit kongerike for eit kjei , tenkte Jon Bråtåbakken . Rastlau og kjernefysisk gjekk han opp på riksveg 50 , og venta der til Snøfrid stengde kjosken i stasjonskrysset . Da gjekk han roleg imot henne med den glødande Pall Mall'en i munnvika .

" Er du sint på meg , " sa han og smilte mystisk .

" Ja . "

" Du forstår vel spøk , hæ ? "

" Veit ikkje kæ eg ska tru ? "

" Kom , så går vi ein spasertur . "

Det var noko ho oppdaga medan han sto framfor henne . Han likna Haram ! Smilen hans var Harams , og det var noko ved kroppen hans med . Eller var det eit bedrag ? Ho tykte ho såg Haram overalt ho gjekk . Nå hang augo hennes ved smilen til Jon , og det gjekk underlege , varme straumar gjennom henne . Skulle ho ta seg saman og gløyme Haram ? Her sto Jon , som hadde vore vennen hennes opp gjennom barneåra og som ho hadde spasert med før ho møtte Haram . Jon hadde vore trufast i kjærleiken sin , visste ho , heilt til det som hende på Grand . Og da hadde ho oppført seg så dumt så dumt . Det var Haram som hadde leikt i hugen hennes heile tida , og ho skulle aldri ha slått fylgje med Tormod Londe .

‐ Skulle ho vente på Haram ?

Dei sto nede i hagen under ei skjelvande sommarhengebjørk , og hotellet låg og glitra som eit slott i tusmørket . Ljoset fall på stammen av bjørka , og Jon kunne sjå eit hjerte og ei pil der , som ei eller anna blåøygd sjæl hadde grave inn i ungdoms vår . Han hadde lagt armane sine over akslene hennes , og nå stødde ho seg inntil bjørka og drog pusten djupt . Inst inne i henne sat det ein rosentorn og stakk henne så hugen hennes blødde med såre sting . Det var eit fortvila rop i henne etter Håkon , etter Håkon Haram som likevel var mannen i livet hennes . Men ho kunne ikkje rive seg laus frå denne stunda , fordi ho berre var eit menneske og hadde sterke drifter som ropte etter svar dag og natt , sterkare og sterkare . Det var Haram som hadde tent dei .

" Amerikaneran har nogo som heiter petting , " sa Jon . " Ska oss prøve det , ein runde eller to ? Veit du korlessen det er ? "

" Næi ? "

" Å , det veit du . Alle veit det . Men namnet er kanskje okjent for nugun kvar . Interessant forresten . Det gjeld bærre å halde seg te spille-reglan . Sjå hær ‐ "

Jon tok hendene hennes bakom bjørkestammen og knepte dei saman der . " Læt att augo , " sa han . Ho gjorde det , enda ho visste kva som ville skje . Så kjende ho leppene hans mot munnen sin , varme og sterke og sugande , og begge hendene hans pressa mot pullovern med stille , varsame kjærtegn . Det var som føttene knakk ihop under henne , og ho drog eit langt , hivande pust og prøvde å stritte imot ørlite grann , men berre ørlite grann , for dette var så søtt så søtt , så søtt og fullt av alt godt mot henne .

Lenge sto dei inn til stammen med varme , våte lepper mot kvarandre , så la han henne ned på marka og strauk kroppen hennes stille , stykke for stykke , og smilen på leppene hans var bleik og forsteina i eit sorgmildt grin , og fjernt syntes ho høyre han seia at dette var amerikansk petting med fransk touch . Det var ein leik med kjærtegn som var typisk for tidens ungdom , og jenta skulle berre ligge heilt stille og finne seg i alle kjærtegn , men likevel halde ut og stritte imot når det kom til stykket , og guten skulle kjærtegne etter ein bestemt plan , som han ikkje kunne gå utanom , for da hadde han tapt . Og guten også måtte stritte imot når det kom til stykket , ‐ gjorde han ikkje det , hadde han tapt .

Ho strauk han stilt gjennom håret og kjende slik godhug for han fordi han gjorde henne varm og vill og lyk keleg og fekk henne til å gløyme alt snusfornuftig som fanst , og med eitt var det som om Håkon var hos henne , og ho let augo heilt att og såg ikkje på Jon . Ho sveiv inn i ein forheksande søt draum , og det var som om alle stille kjærtegn , alle sugande kyss var Håkons . Påny var ho i armane hans , og han fekk lov til å gå lenger enn han pla gjera , ho ville ikkje tru anna enn at det var Håkon , og det var underleg søtt å vera så hjelpelaus . Det var Håkons hender som strauk over henne . Grådig og lykkeleg saug ho kjærtegna hans inn , og blodet strøymde nedover kroppen dit hendene hans søkte . Ho kunne ikkje for det , ho køyrde hendene sine innfor skjorta hans og kysste han vilt på den brune bronsebringa og kviskra namnet hans med eit stønn : Håkon Håkon .

Forvildra stirde Jon på henne . Angstfull opna ho augo sine og forsto kva ho hadde gjort . Ho strauk han gjennom håret . Han svelgde .

" Du har såra meg djupt , " sa han . " Men nå bryr eg meg ikkje lenger om dessa amerikanske spille-reglan . Nå ska du få det på norsk , så kanskje du vil hugse det lenger ‐ "

Og så skjedde det , under bjørka med det blødande hjertet Håkon hadde rissa inn . Og den store skjelven sto som ein regnboge på himmelen langt langt langt i det fjerne . Men det var så søtt , så søtt likevel ‐

‐ FARSKAPSSAK ?

" Nei og nei , at slikt skulle hende ! "

" Kunne det vera råd ? "

" Korlessen kunne det gå til ? "

Ryktet spreidde seg som radioaktivt nedfall nord gjennom Bråtåbygda . Og nei og nei , at slikt skulle hende ! Ja , ho Snøfrid hadde nå vore frampå støtt , ho hadde flaksa med både den eine og den andre , men at han Tormod ? ‐ Ja , at han Tormod ? At han skulle tulle seg borti noko slikt , han som var så stillsleg og varsam og støtt hadde vore så moralsk . Og han som var slik ein begava gut , nei og nei ! Og nå måtte det vel bli farsskapssak , ja , for det var vel ikkje sikkert at han Tormod ville ta på seg skulda ? Han kunne vel ha sine grunnar til det , ja . Ho Snøfrid hadde nå vore frampå støtt . ‐ Haram , ja ? Ja , det var vel helst han som gjorde henne heilt sjuk på detta dær . Staut kar , Haram , synd at'n skull' gå te sjøss att . Hæ ? Blodprøve ? ‐ Ja , blodprøve var nok det beste , for da var ein hoggande sikker . Var blodet blått nok , så kunne det kanskje hende det var han Jon hennes Ingebjørg oppi Bråtåbakka som hadde vore ute . Han hadde vorte så overlegen og blasert at det ikkje var måte på . Stakkars arme barnekryp som ikkje skulle få rette far sin . Å jasså ? Ja , det er vel rimeleg det er n' Jon , ja . Og han som skulle utdanne seg og kåmå seg opp og bli musikk-hallomann i Norsk Rikskringkasting ! Stakkars ho Ingebjørg fekk ikkje mykje glede tå denna son sin . Ho kjøm nok te å tå dø'n sin tå detta . Han Jon ? Å nei , aldri i verda om han fann på slikt ! Nei , han var så snill som dagen er lang . Nei , det var vel helst'n Tormod lell . Stillest vann har dypest grunn Hæ ? Vil ho ikkje gifte seg , ho Snøfrid ? Vil ho ha ongen lell ? Å nei og nei ? Kan det vera råd ? Korlessen kan slikt gå til ? Vil ho ikkje gifte seg med'n Tormod , hæ ? Går ho og drøymer om denna Haram'n fræmdeles ? Og'n Tormod Londe som har så pen og velstælt ein gard . Og han som er så søkkande glad i henne . Han vil ikkje bry seg om at det er blått blod i atom-småen som kjem dettande , å nei da . Han er parlaus snill , han Tormod . Å nei lell ! Ska det bli bryllup lell da , på Londe ? Ja , det var gildt å høyre . Det var nok det likaste lell . Ho vil gjera det for ongen si skuld , er det von ? Det trøngst da kjerringhjelp der med .

Hæ ? Veit'n om det ? han Tormod . Og så gifter han seg med henne lell ? Du store vonder ! Ja han har nå støtt vore nogo for seg sjøl . Men han lyt passe godt på kjerringa si . Ho kan få eit fikt att , og da blir det enda meire blått blod i slekta . Nei , godtfolk ! Denna atom-ætlingen er nok hass Tormod lell . Berre vent ska døkk få sjå . Det var det eg sa den gongen . Stillest vann har dypest grunn , sa eg . Og ho Snøfrid er drivande flink . Ingen ska seia nogo vondt om henne . Det kjøm te å bli eit gildt bryllupp på Londe . Langbord og rumgraut og brurkrone og felespel så det syng i veggjom . Eg lyt nok kjøpe meg ei svart tvers-over-sløyfe og vera fin kar den dagen . Du ska vel i brylluppet , du med ? Å ja san , var meininga det . Men kjøm'n Jon Bråtåbakka der , så ska eg slå han i hugu så han sit att dær som ein rusta spikar i veggen ‐

Bråtåbygda smilte sorgmildt og heiste flagget på heil stong ein haustblank oktober-dag med lauv som dala stilt frå hengjebjørkene . I dag skulle Snøfrid frå Bråtågrenda gifte seg .

Men nord i himmelskaret sat Jon og røykte ein langstrak Pall Mall og såg utover bygda . Han sat der som ein vakthund frå dag til dag og passa på at ikkje Guri Gardimellom og dei andre skulle få sleppe inn og snakke med Ingebjørg . Dei kunne ratt koma lurande med eitt eller anna samvittogheits-spørsmål dei bar på , og det var ikkje sikkert ho mor kom til å tåle det . Ikkje ein kjeft skulle få sleppe inn og snakke med henne utanom doktoren . Og da sanitetssøstra kom og skulle vera der , gjekk han rett på saka . Han tok sigaretten ut av munnen og sa dødsens alvorleg .

" Ho mor har ikkje lenge att . Du ska stelle henne væl . "

" Det skal eg . "

" Ikkje ei lævande sjæl ska du slæppe inn . Og Gud bevare Guri Gardimellom og kompani dersom døm kjøm anstigandes . ‐ Forstår du ? "

" Ja . "

" Du veit om detta ryktet som går , hæ ? Eg er ikkje redd for å tilstå at eg sto i eit intimt forhold til frøken Bratta . Men Tormod er god for lite tå kvart , han med . Det er ikkje så å forstå . Men du ska hailde kjæft . Ikkje eit steinsens ord ska du seia åt ho mor . Forstår du ? "

" Ja . "

" Når ho spør etter meg , ska du seia at eg har fått forespørsel frå kringkastingssjef Fostervoll , men eg vil ikkje reise inn foreløbig . Du ska seia at eg er gla støtt , for elles er ho ikkje gla . Men eg vil bli enda glaare dersom ho blir frisk att . Forstår du ? "

" Ja . "

" Og blir det tull med dette her , så ska du få det på norsk . Forstår du ? "

" Jaa . "

Inne i stugu med solstrima og stemorspåtta og den gamle golvklokka låg Ingebjørg og kjende korleis smertene voks og kreftene minka . Det var som glødande jern stakk henne i livet . Men Vårherre hadde vore raust og gjeve henne så pen ein sommar . Jon hadde stått og slipt ljåen ved glaset morgon etter morgon , og det hadde vore solregn og kvitskyer og søg av Svånå . Og når ho døydde , skulle ho likevel vera glad , for ho bar på ein varm draum og ein blå lengt , ho Ingebjørg , ho trudde ho skulle møte ungdomslivet sitt att , ‐ den gamle tida som ikkje var så forbitrande kvasskald og knivblank og oljeglatt som denne nye , ei ljos og mild ei , med kvite bjørkestammar og lukt av kjerringkjørr og klungerbjørk kring ei logn , solbrun sæter langt inni fjellom , og ein gamal , smilande fjellgard som heitte Bråtåbakken , med ei kvitmåla grind og to smågutar som sto og titta gjennom gjerdet og venta på far . Og der nede i vegen kom han Per med den store barnslege smilen sin og håret som daska i vinden , og gutane sprang imot han og ropte fal fal , og alt var som før , og det var solregn og fuglefløyt og barnegråt og fosselåt og kvite Svånåtindar som lyste mot himmelen langt borte , og Jesus sto litt til side og nikka og smilte underfundig for seg sjøl .

Såleis låg Ingebjørg og venta på Døden .

Og Jon låg ute på bakken og venta på livet .

I denne underlege tenåringsbolken som han nå var ferdig med ‐ dette steget mellom kvit , skuldlaus barndom og grå , falsk manndom ‐ i denne bolken hadde Jon ofte ynskt han kunne dø for ei eller anna sak , slik som Arnljot Gelline , same kva sak det var , berre det var ei stor sak . Han kunne gje livet sitt for fridomen enten det var i Ungarn eller Nord-Afrika , og fiendane skulle få lov til å hogge seg innpå han nærare og nærare til han låg og døydde av små blodige stikk i bringa . Nå låg han der og såg på kvitskyene med ein Pall Mall mellom tennene , og han hugsa at han eingong hadde fabla om å kjøpe Norsk Rikskringkasting . Ja , han hadde fabla om å kjøpe halve kulturlivet i Norge . Det var så ein kunne gråte og le av det .

Kaldt og roleg tenkte Jon over situasjonen .

Det var to måtar å kjøpe Norsk Rikskringkasting på . Den eine var å laga ein slager som lyarane beit seg merke i og bad om å få høyre oppatt og oppatt i Ønskekonserten , den andre måten var å søkje seg arbeid der inne i Kringkastingshuset , ‐ arbeide seg opp frå grunnen så å seia . Ikkje så å forstå at han tok sikte på å bli noko så supert som sendeleiar , nei han kunne godt vera lenger nede i funksjonærstaben , berre han visste han var i sentret for norsk kulturliv og med tida kunne få sleppe til framfor mikrofonen .

Men å laga ein slager var ikkje lett . Ein trong ti , kanskje tjuge års erfaring for å laga ein god slager . Det hadde Stenplass sagt , og han hadde visst sliti seg ut på å bli slager-komponist , ein slags mislykka kombinasjon av Prøysen og Louis Armstrong . Derfor var det at Jon hadde tenkt meir og meir på å få seg fast arbeid i kringkastinga .

Og medan gamle Ingebjørg låg og venta på Døden , hadde Jon kvar dag gått og venta på Aftenposten om kvelden . Jon kasta seg over " Stilling ledig " for å sjå om det kunne vera ei von . Dette hadde han gjort i tre månader . Både fabrikkar og kontor og verkstader skreik etter folk , men det skulle gå lenge før det kom eit avertissement frå Norsk Rikskringkasting . Nå sat han der med eit utklipp i handa . Og takke kunne Jon for at han hadde vore så tålmodig , kunne han sanneleg ! Kringkastinga averterte ledig ei stilling som assistent i grammofonarkivet .

Det fanst vel ikkje stilling som kunne vera meire midt i blinken for Jon . Assistent i grammofon-arkivet . Heile natta låg han og fabla og fekk ikkje sova . Han såg seg sjøl vandre omkring i grammofon-arkivet , i kvit dokter frakk med sylspiss blyant over øyra . Hallomannen satt nede i studio og ringte opp til han og måtte ha noko å fylle tomromet framfor tidssignalet med , det måtte vera noko som passa etter eit foredrag om fridoms-opprøret i Ungarn . Jon hadde plata ferdig , og Smil sorgene bort tona ut i ætern .

Og Jon fabla enda meir . Han sat aleine att i Huset etter at funksjonærane var gått for dagen , og da var Huset hans eigedom . Han gjekk omkring der og var som ein slags godseigar eller direktør . Korridorane låg i halvmørke bortetter , med dører inn til mystiske rom der det hang stålblanke mikrofonar ned frå taket , og han kunne berre gå inn og vera hallomann og tukle med mikrofonen , ja , han kunne sleike han om han ville . Og han kunne gå inn i Store Studio og arrangere show-program for eit usynleg publikum .

Men var det von om å få denne stillinga ?

Jon trudde det . Han kunne ikkje tenkje seg at nokon annan ville få jobben . Var han ikkje ein Guds utvald her på jord ? Den M'en han hadde fått i engelsk på realskolen hadde gjeve han slik ein bergfast tryggleik at det nesten gjekk til hugu på han . Og den M'en skulle vel kunne vega opp den skarve Ng'en han hadde fått i nynorsk . Korleis i all reine verda trong dei folk som kunne nynorsk der inne i grammofon-arkivet ? Det måtte vel vera betre dei kunne engelsk ?

Jon søkte stillinga i Norsk Rikskringkasting .

Han kunne ikkje bruke skrivemaskin , skreiv han , men han lova å gå inn for å lære det så snart han kom til Oslo . I Bråtåbygda fanst det ikkje skrivemaskinkursus , ‐ det fanst ikkje skrivemaskiner heller , bortsett frå den hankelause Remingtonen på Grand som han hadde øvt seg på . Nå , det aller siste skreiv han ikkje . Men det skein igjennom at han var ei trufast sjel , tykte han , og så var det berre å vente og vente i mange og lange dagar utover hausten .

Da tok han til å angre seg . Han angra som ei bikkje i motbør . Kva hadde dei ikkje sagt i Ungdomsprogrammet eingong ‐ at det var 110 ulike innspelingar i grammofon-arkivet av St. Louis Blues ?

Dersom hallomannen spurde etter ei serskild innspeling av St. Louis Blues ‐ korleis skulle han greie å finne den rette ? Det ville gå i surr for han . Han ville flyge att og fram i arkivet heilt forstyrra , han ville rive ned plater for endes , og hallomannen ville rive seg fortvila i håret fordi det var eit tomrom han måtte fylle , og alt ville ende med skam og skandale for Jon Bråtåbakken .

Nei og nei ! ‐ Etter kvart som han låg og tenkte , vart han meir og meir fælen over det han hadde gjort . Det sto for han at han hadde gjeve seg ut på noko han ikkje hadde greie på . Han hadde prøvt å høge seg sjøl , og det kom til å straffe seg . Tenk om han nå fekk stillinga ? Dersom han sa henne ifrå seg , ville han ikkje få ein sjanse seinare . Slike sjanser voks ikkje på tre . Men kunne han trass alt seia nei dersom han fekk tilbod om ei stilling i Norsk Rikskringkasting ? ‐ Det ville vera dobbel formastels .

Det var ei lang og vond ventetid . Men Jon trong ikkje vera redd . Det kom brev tilbake fra Norsk Rikskringkasting . Dessverre var det meir kvalifiserte søkjarar som ein ikkje kunne gå forbi , og det var ein av desse som hadde fått stillinga . Det var eit vennleg brev , og dei sende vitnemålet frå realskolen i retur samstundes . Så rauk den sjansen . Jon fekk seinare greie på at det var ein student ved Musikkonservatoriet som hadde vore den heldige .

‐ Ja , så var det berre ein utveg att .

%Ein dag i november hende det .

Jon skulle aldri gløyme den dagen , ein av dei hardaste dagane i livssoga hans . Det var ein av desse klårblåe da fjellet har meire sjel enn elles . Han sto på tunet i kveldinga og såg sola slå gneister mot Svånåtindane . Kvite skyer så store som Engelland kom flygande vestfrå over himmelen , og stormen renska liene for lauv med eit einaste rykk så det var som å sjå livet sjøl . Kom ikkje denna dokter-sjela snart ? Endelause var minutta , og vegen sørover låg tom . Her sto det om livet , og det var ikkje livet til kven som helst , det var livet til mor hans . Kom han ikkje snart ? Ville doktern bli klistra flat når han først kom ?

Da gjekk det i døra , og ho sto der , helsesøstra frå nede i bygda . ‐ Du skulle koma inn , sa ho . Drivande bleik gjekk han etter henne , fram til senga der mora låg . Han tok mot til seg og smilte karsleg .

" Du trur vel du ska fårå nå , mor ? "

" Åja , eg kjenner det på meg . "

" Eg kjenner det på meg at du ska bli ænda ei stond . Han er kome langt , lægevidenskaben . "

Den varme handa hans la seg over hennes . Det var ei iskald , død hand han kjende . Men det fjellblåe blikket brann enda . Det brann av angst .

" Stakkars Jon , ‐ korlessen ska det gå med deg ? "

" Hå , eg ska nok klare meg , mor . "

" Du sæt deg for store mål . Eg har tenkt på det så ofte . Det va vel mi skuld . Eg vilja nok du skull bli stor . Men her i verda gjeldst det om å vera liten te slutt . Da er Dø'n lettare . Men det er ikkje så greitt . "

" Du ska ikkje væra redd for meg , mor . Eg ska nok kåmå meg fram . Eg ska inn i Norsk Rikskringkasting . Det er vedtatt . Bærre vænt ska du sjå . Og eg ska bli rik , mor . Eg ska sope inn skjelling ‐ "

" Å nei og nei ‐ "

" Eg ska kåmå i radio , mor . Om eit par år kanskje . Ja , kanskje før . Men eg kjøm der heilt sikkert . Og da ska du sitja å lye på ‐ "

" Å ja og ja ‐ "

" Og da ska eg spela bærre for deg , mor . Ikkje for nugun annan . Eg ska spela nogo eg har lågå sjøl ‐ "

" Å ja og ja . Men om du nå ikkje når så langt ‐ "

" Og lever du ænda lenger , da kjøm fjærnsynet , mor ! Og da ska du sitja og sjå inn i apperatet , og da ska eg stå dær og spela på saksofon . Eg ska stå dær i ein fin dress med vinraudt lommetørklæ , og da ska eg blonke så lurt mor , og da veit du at eg blonka åt deg . "

" Åja og ja . Ja , du Jon du Jon . At du skulle bli slik ein parlaus kar . Men n'Hans , n'Hans ‐ "

" Kjære mor , n'Hans kjøm te å bli oberstløytnant ! Ja , general ! Han kjøm hit og ska besøkje deg ein dag , og da har'n fin uniform med raude slag og gull i kantom . Han går med atomvåpen på seg , og folk står i grøfta . Men skull det ikkje gå bra for'n , så ska eg hjølpe'n , mor . "

" Eg kjenner det på meg at eg ska fårå lell , Jon . "

" I himmerike er det fjærnsyn , mor ! Dær sit'n far og ser alt som foregår , og han ser oss , trur du ikkje ? Og du ska sitja i lag med'n far og drikke kaffe og sjå meg i fjærnsyn , og eg ska synge ei vise for døkk , ei pen vise som du vil like ‐ om lamma på saltstein' om vårn og om regnbågå på himiln over Svånåtindom ‐ Ser du ikkje , mor ? Ser du ikkje at eg står dær ? "

" Å ja , da kunn eg nok trygt fårå te himmerike . "

" Men nå ska du såvå mor . Så kjøm doktern . Og lægevidenskaben er kome langt mor , styggeleg langt . Nå må du såvå , mor . "

" Ja , eg ska såvå , Jon . Men da må du spela for meg . Kan du ikkje spela på fela hass far , sjøl om det er siste gongen . Kan du ikkje gjera det , Jon . Så ska eg såvå så godt . "

" Jau , eg ska spela for deg , mor . "

Han tok den gamle flatfela ned frå veggen , og gjekk utafor glaset , og medan bleike stjerner sprang fram på himmelen over Svånåtindane , spela Jon for mor si som låg og skulle dø . Han spela som aldri før , han spela så strengjene kunne breste , han spela mor si ut av jordlivet og blodslitet , og han spela seg sjøl inn i manndomen sin . Han spela Høvringsvisa om soli på Anaripigg , og heile tida medan han spela , såg han for seg livet til mor si , slik det hadde vore , ein heroisk kamp som aldri skulle koma på film eller i fjernsyn , ein kamp for to smågutar langt nord i fjella som skulle fram i verda .

SAKSOFONIST Jon Bråtåbakken hoppa lett og elegant av Lambertsætertrikken og gjekk tvers over Stortorvet med kurs for HUSBANK-kontoret . Denne dagen var han klædd i ein ulasteleg beige terylèn sommardress , directly imported from The United States , og ei små-rosa tversover-sløyfe under ei hake barbert med Philishave . Han røykte ein brungul Havana Exotic . Under armen hadde han Dagbladet .

Det var slik ein pen juni-ettermiddag med varme vindar hitover frå Kringkastingshuset , og Karl Johan var eit hav av regnbogefargar . Ei ung dame blafra forbi han , og han kjende ein gufs av Endo Crema og Mon Dieux , og han såg lenge etter dei to lysande jet-brystene hennes som bora seg veg gjennom stimmelen på Eidsvolls Plass . Der borte hadde Frelsesarmeen friluftsmøte . Lyden av salmesang minte han om Luther , og han gjekk fort vidare , men påny kom ei ung dame forbi han , og påny slo det mot han ei bylgje av Endo Crema og Mon Dieux . Han tok etter teven , han sansa eit eventyr av mørkt blikk og raud supersanseleg munn , og hofter som kunne få ein blind hankatt til å mjaue . Det gjekk ein resignert smil over andletet hans . Han lo stille av seg sjøl .

Likevel kunne han ikkje la vera å snu seg og stirre etter denne dama , og da ho stana på Dueplassen ved Wergelandsmonumentet og pudra seg med Mon Dieux , gjekk det straumar av lykke gjennom han . Såg ho seg ikkje lønsk tilbake ? Enda ein gong måtte han smile . Det ga han slik tryggleik å veta at han enda hadde den char men han slost så hardt for i ungdoms vår . Enda kunne han sanneleg få hjertet til å banke på unge romantiske dollar-frøkner som kom på ferie hit til The Viking Country .

Nei , nå var det dødsens alvor at han måtte ta seg på tak ! Han hadde kone og ungar i nytt husbank-hus på Lambertsæter , og det skulle koma enda ein verdensborgar i familien utpå hausten . Han hadde andre ting å tenkje på enn romantikk og erotikk . Det var formastels å gjera det . Han måtte ta strupetak på seg sjøl og halde seg i skinnet .

Dersom ein såg nøyare på Jon Bråtåbakken , ville ein forstå at livet likevel ikkje var så rosenraudt for han . Han var nok enda ein relativt ung mann med elskverdig charme , men over den pigmentanbrune panna låg det mørke veiter tett i tett stundom , og i augo bivra det ein fjern , sorgmodig stir som hadde fylgt han i alle desse åra han fåfengt hadde sliti for å fullføre planen sin om å vinne fram her i livet : Han bar på den same sorga som før , han Jon . Denne sorga er kanskje ikkje så stor for andre naturaliserte byborgarar , men for Jon var ho stor . Han visste at nord i Bråtåbygda gjekk folk og venta at han skulle bli stor og vidkjend , dei gjekk og venta trufast frå år til år og spurte kvarandre : Kjøm han ikkje i radio for ålvor snart , han Jon-guten vår , som reiste ut med all ævnerikdomen sin for å syne folk at det finst noko som heiter Bråtåbygda ?

Og inne i han sjøl levde enda Arnljot Gelline-draumen . Den låg og bad for seg , den brann i raud hunger og kviskra : Du kjøm ailder tå flækken som ein skarve saksofonist på restaurant Regnbuen , du blir ståande og stampe i slagere som andre har komponert , du kjøm te å dø som eit miskjænt sjeni . Men hugsar du ikkje , Jon , ‐ hugsar du ikkje at langt innmed Synfjell står det med steinbleike bokstavar : JON BRÅTÅBAKKEN ‐ ?

Og nå hadde det gått såpass lang tid at han visste kva dei tok til å seia , folk i heimbygda . Dei sto over grinda i kveldinga og mimra mot Svånåtindane : Å nei , å nei , han kjøm nok ikkje i radio , han Jon-guten vår . Oss tok nok i miss , både han sjøl og oss . Han var nok ikkje nogo sjeni likevæl . Han va eit vanleg menniskje , og han sætte seg så store mål at han sprengde seg på døm ‐

Jon reiste seg frå benken og pusta tungt så det nesten var som eit sukk . Midt i den varmblodige Oslo-våren var han frossen . For første gong kom det for alvor over han ein djup , farleg tvil : Skulle han likevel ikkje bli stor og berømt , skulle han likevel ikkje bli slagerkongen som erobra Norsk Rikskringkasting med eit einaste slag ?

‐ Hadde han ikkje sagt til mor si da ho låg for Døden at ho skulle sitja i himmerike og sjå son sin i fjernsyn ?

Aldri hadde han tenkt seg det kunne vera så vanskeleg å arbeide seg opp . Det hadde vore såre enkelt så lenge han var i Bråtåbygda , for der var jazz noko overnaturleg dengongen , som knapt nokon torde prøve , men her i Oslo hadde det bætterdø vore slik at kvarmann hadde prøvt det før han kom ! Han hadde fått konkurranse så det sto etter . Viljen hadde fått nye bører på ryggen , stadig nye bører , og han hadde bore dei trufast og seiersikkert . Han hadde vore seig , den bråtåbygdske viljen . Og midt oppe i alt dette blodslitet hadde naturen påny gått så reint over opptuktelsen at Jon måtte rykke inn annonse i Norsk Lysningsblad på raude rappen og ta til å sjå seg om etter to rom og kjøkken .

Luther kunne nok gjerne ha halde han litt meir i sjakk , ja ‐

Jon såg på klokka . Enda var det att nokre minutt før Husbanken stengde . Så rakk han å betale det elendige avdraget likevel . Det hadde vore på nåe nippet at pengane ikkje strakk til denne gongen . Småkrypet som kom til verda måtte ha servis så det ikkje var måte på . Og når han hadde ordna husbank-avdraget , måtte han innom postkontoret og betale radio-lisensen og kvartalsabonnementet på avisene . Avdraget på kjøleskapet fekk stå over denne gongen . Og endatil hadde han likevel fått arven etter onkel Johan i Svartvasslia . Og når han gjekk av trikken på Lambertsæter , måtte han hugse tre ting : grønnsaker og frossen-filé og mjølkespannet hos Zakariassens Eftf . ‐ Åh , for en ynkeleg trist dag ! Og utpå kvelden måtte han på trikken nedover til Regnbuen att og ta til med arbeidsdagen . Ikkje vente anna enn at kona var nedfor og irritert somme gonger .

Men etter at han hadde vore i Husbanken , måtte han påny setja seg på benken i Studenterlunden . Han blunda att augo og let tanken flyge som han ville . Å , så herleg det var å la tanken flyge som han ville ! Han såg seg sjøl som ung , lysande tenåring med BMF-huva i fremste rekka i hornmusikken ! Ja , han såg det lyste VITA SUPER GIANT med eldskrift i minnet , og påny var han musiker ved Grand Hotell og saksofonisk i The Blue Rhythm Boys , full av draum om alt edelt og rikt og vakkert , full av glød og spent angst , full av tru på den tronge vegen inn i Norsk Rikskringkasting ! Han hadde den blå flanellskjorta på seg , og ein glødande Pall Mall-sigarett mellom leppene . Påny såg han for seg Snøfrid , hans ungdoms Snøfrid , så høg og slank med fine rundingar og små rare dompar under kjolen . Han måtte svelgja ein klump i halsen enda han var hardkokt atomindivid .

Korleis var han ‐ den gamle melodien som han laga den gongen , den som salig gamle Stenplass ikkje fann god nok ? Korleis var han , Snøfrid-melodien ? Og hadde han virkeleg rett , den gamle tusseladden ?

Jon vart sitjande og nynne . Så reiste han seg og gjekk med snøgge steg tvers over krysset Stortingsgata-Universi tetsgata . Nei , han gjekk ikkje inn på Theaterkafeen , han skunda seg forbi og vart borte i svingdøra inn til Regnbuen . Der gjekk han mellom dei tome bordradene i halvmørke fram til pianoet oppe på podiet . Vaskekona ute i foyeren kom stiltrande med vaskefilla i hendene og vart ståande og sjå opp mot han der han sat i skjæret frå pianolampa . Han tok til å klimpre sakte og lågt , og medan han sat der , spratt det varme tårer i augkroken på han . Han kunne ikkje for det . Han såg unge , kvite bjørker og ein raud rognebærmunn og kjende lukta av vått , mørkt hår , og brysta hennes hadde vore som eit sjokk av sjokolade og honning og alt godt på denne jord . Nye bivrande minne strøymde på , og han gløymde alt , livet og verda og grønnsakene og frossen-fileen og mjølkespannet hos den fordømrade Zakariassen . Han greip eit skittent noteblad og rabla ned ettersom han spela . Han dengde tangentane så det mjuke håret valt fram i panna og gjorde han mystisk beethovensk .

Så kom det meire plan over spelet . Den nøkterne musikern fornekta seg ikkje . Inn i melodien voks det ein ny eggande rytme som var meir i pakt med tida og menneskesjela . Han såg for seg ulike instrument som fall inn med eit plask av tonar . Ein sølvklår trompet-strofe skar seg inn i melodien og steig og steig til svimlande høgder , ein mjuk saksofon-solo lokka fram underlege kjensler av mørke og raude tirrande lepper i ungdoms vår . Nede ved døra sto den tjukke vaskekona og dissa og smådansa for seg sjøl , og til slutt heiste ho opp skjørtet med venstre handa og heldt vaskefilla høgt i været med den høgre og svinga seg rundt .

" Se hit på gamla som danser , " ropte ho .

Same kvelden , medan The Rainbow Band tok seg ein pause i dansen på Regnbuen , sat Jon for seg sjøl og grunda på teksta til melodien sin . Han skulle gjera alt sjøl . Han skulle vise at den armods salige Stenplass hadde teke reint i miss , skulle han , men ein ny tekst måtte til . Det kunne vel vera mykje rett i at den førre teksta var banal , som Stenplass hadde tykt . Nå hadde Jon større rutine . Kor mange tekster og melodiar hadde han ikkje laga som alle var kasserte av Grammofonkompaniet A/s ? Det var til å gråte seg i grava av . Men denne gongen trudde han bergfast på seg sjøl , og kanskje var det derfor at orda kom glidande så vakre og mjuke og doggfriske . I denne nye melodien hadde han greidd å få fram så fin ei pendling mellom Prøysen og Louis Armstrong , mellom det folke-norske og det framand-norske , ‐ nå galdt det å få fram det same i teksta også . I lyden av singlande glas og pustande kelnarar , med handa under kinn og det underleg djuptenkte andletet over eit glas madeira , skreiv Jon teksta til slageren sin :

Kom , kjæresten min , la oss vandre langs bekken vi fulgte ifjor og hviske så ømt til hverandre berusende kjærlighets ord . Vårens blomster jeg plokker deg fordi du elsker meg . Kiss me , kiss me , kiss me er morgendagens melodi . Kiss me , kiss me , kiss ‐ Kiss me tenderly .

OG DAGANE GJEKK .

Utpå førjulsvinteren same året sto det ein kveld ein politikonstabel og dirigerte trafikken i Sinsen-krysset i Oslo . Det skulle byggjast enda ei undergrunnsbane der , og vegen over til Grefsen var lagt om . Det var kaldhustre og vått og mørkt , og konstabelen småbanna for seg sjøl og ynskte seg heim til sofaen i Seildugsgata . Oppover låg Trondhjemsveien tom og trafikklaus , og denne jobben var da reine hvilehjæmmet .

Da var det konstabelen la merke til noko , og det var så reint rart at han måtte stusse . Trafikken auka . Det kom fleire og fleire bilar , så det vart ei kolonne , og dei hadde snø på taket og Aftenposten frammafor radiatorn , og alle bilane var E-bilar , og det var helst gamle chevrolet-skrammel og utslitne førkrigs-fordar . Så med eitt var det slutt , og Trondhjemsveien låg like tom som før , og konstabelen tok venstrehanda ned , for alle bilane hadde bøygt til høgre nedover i retning av Ullevål , og konstabelen undrast på kva i heitaste det kunne vera som fekk folk til å gjera slike langturar på ein kaldtokka kveld som denne .

Mest like undren var trikkekonduktør Abrahamsen på Frognertrikken frå Østbanen . Ved åtte-tida fekk han trikken full av folk som tala eit framandt tungemål , og det einaste han forsto var at dei hadde chartra ei jernbanevogn for seg sjøl inn hit til byen . Kva dei skulle , fekk han ikkje tak i , men det var kanskje ein eller annan tungetalar-kongress ? Dei såg reint så andektige ut , og hadde mørke dressar og svart tvers-over-sløyfe så det var reine begravelsen i vogna . Nå ja , det raka ikkje han kva dei skulle . Men likevel såg han forundra etter dette framande folkeferdet da det kava seg av trikken ved Majorstua og skar oppover Kirkeveien .

Og da hugsa han seg ! Javisst , det var da Show i Store Studio ! Største showet i denne sesongen , skulle det vera . At han kunne gløyme det ! At han aldri kunne ordne seg så han fekk fri ein slik kveld og gå på show , han som alle andre folk . Eller iallfall få sitja og lye på radio . Det same tenkte ein forfrossen politikonstabel oppe i Sinsen-krysset .

Kringkastingshuset låg i flombelysning og helste gjestene velkomne , og det var ikkje berre jazz-ungdom frå Frogner og Sagene , men fine fruer frå Ullernchausseen og Bygdø , i mink og nylon så det gløste , så det kom til å bli ei representativ forsamling i Store Studio denne gongen . Fremst i dølaflokken gjekk Ola Grindstugu . Han hadde vore her i det aller helligste ein gong før , så han var kjentmann , og han kjende slik ein barnsleg gledesbyrgskap da han labba forbi dei fine fruene og viste bråtåbygdingane inn i orkesterplass . Og det kunne vel ha si årsak at bråtåbygdingane hadde fått invitasjon til orkesterplass i Store Studio denne gongen .

Eit minutt før det skarlagensraude ljoset kom på veggen , var det dødsens stilt i den store salen . Alle augo var retta mot programleiaren , som stod bakom den stålblanke mikrofonen , ferdig til å setja showet i gang . Han var bleik og høgtidsam . I det same startsignalet gjekk , lyfta han armane og smilte den lysande show-smilen sin , og saman med publikum song han den populære opningssangen som får folk utover Norges land til å sleppe vassgraut-sleiva og slipestein-sveiva og kute til radio-apparatet . Så vart det påny blekande stilt i Store Studio .

" For noen år siden , " sa programleiaren , -hendte det seg så at en ung mann utvandret fra en avsidesliggende grend under Svånåtindane , en ganske stille , forsakt ung mann , har jeg latt meg fortelle . Allerede dengang var han en dyktig musikant , ‐ han spilte blant annet hardingfele , og senere har han i det skjulte arbeidet målbevisst for å utvikle sitt talent , inntil han i dag plutselig står frem som en instrumentalist av internasjonal klasse . Med hell har han også forsøkt seg som dirigent , og hvem vet om han ikke også kan synge ? Ja , hvem vet ? Nå tror jeg at publikum foran meg og våre lyttere venter å få høre noe ganske bestemt , ‐ etter siste kringkastingsoverføring fra restaurant Regnbuen har Ønskekonsertens folk sittet nedsyltet i talonger der det bare står Kiss me Kiss me Kiss me . Hva annet kan da vi i Kringkastingen gjøre enn å erklære denne slageren for Morgendagens melodi og la The Rainbow Band presentere den her i aften ? Og hva annet kan vi vel gjøre enn å få komponisten selv hit opp som gjest i Store Studio ? Det har vi faktisk klart Og hva mere er , ‐ han vil selv dirigere The Rainbow Band , ‐ og kanskje ikke bare dirigere , ‐ hvem vet ?

Vi presenterer John Jazz , " sa programleiaren .

Og der kom han !

I spissen for The Rainbow Band kom han ned midtgangen fram til det opphøgde podiet , kledd i ljos sjakett og ibenholt-svart tvers-over-sløyfe , og medan The Rainbow Band fann plassane sine , gjekk han fram til mikrofonen og smilte ein vinnande smil som gjekk rett i hjertet på publikum . Eit par sekund sto han heilt stille . Så bukka han . Og det låg i dette bukket slik ein presisjon , slik ein avmålt eleganse og naturleg charme , at det aldri nokon gong før eller seinare har vore bukka så perfekt i Norsk Rikskringkasting . Han smilte påny , og denne gongen var smilen underleg skeiv og mystisk og full av visdom om verda og livet . To kraftige lyskastarar sprøytte ljos på The Rainbow Band , som sat bak han med skinande instrument i ljose sjakett-uniformer og svarte lakksko . Eit timannsorkester på strak arm .

" Hælou , " sa Jon Bråtåbakken .

Applausen kom i bylgjer mot han så han vart reint undren . Kunne denne sangen hans vera så reint borti natta gjæv ? Hadde han virkeleg råkt spikarn så aldeles kontant midt på hugu ? Hadde alle overnaturlege krefter alliert seg for at han skulle få livet til å klaffe ? Han mintest den gongen da han sto i fjøset og bukka for sauene og geitene . Han mintest da han låg på grasbakken og drøymde om Folkemusikkhalvtimen . Nå sto han her framfor ekstramikrofonen i Store Studio , og folk låg paddeflat for han . Kunne det vera sant ? Sat han og drøymde på benken i Studenterlunden ?

Det var sant !

Jon synte ikkje med eit einaste andletsdrag at han var undren over applausen . Roleg og distingvert , med den same avmålte elegansen og naturlege charmen , bukka han enda ein gong for publikum , og det var det same karakteristiske bukket , så presist at det var reine tidssignalet . På ein av dei fremste benkene sat kona til fjernsynsjefen og nappa mannen sin i armen . Nå var det at Jon vende seg mot The Rainbow Band og lyfta dirigentstokken . Han gjorde eit kast med hugu så det sto planta i profil .

Så small det i tinntalliken .

I nokre sekund var John Jazz ei vill , dynamisk kraft som heldt Store Studio i andelaus fjetring . Trompet og trombone og saksofon og xylofon fall inn i ein sugande samklang av tonar , eit tindrande raffinement med dumdristige synkoperingar som fekk byfolket til å bivre i stum ekstase . Men folket frå nord i fjellheimen sat der berre og saug synet av denne guten inn , og mange mintest han slik han var da han flaug og fiska innmed Svånågjelom , og det spratt ei varm tåre i augkroken på nokon kvar . Og så ‐ så med eitt heldt han stokken heilt still og slutta å dirigere ! Han vende seg og gjekk to steg fram og sto påny ved ekstra-mikrofonen , og medan xylofonen slo nokre einslege , sølvklåre slag , tok han til å synge teksta til sangen . Ja , han song ! Røysta steig som av fløyelsblå havdis , ein underleg mjuk tenor som minte om Charles Trenet og Olav Werner i radio , og han song dei små orda som så mange kjende att frå Ønskekonserten , han song sin eigen vesle sang , denne melodien som han hadde gått med i hjertet sitt heilt frå han var i slyngel-alderen . Han song så dei fine fruene frå Ullernchausseen og Bygdø sat kløkte og sentimentale av romantikk og mystikk , og røysta steig i intensitet og opprør til det siste ordet , tenderly , klang utover salen .

Men så , da The Rainbow Band påny sette i med ein klingande rytmisk fanfare , gjekk Jon roleg tilbake frå ekstra-mikrofonen og stilte seg i orkestret lengst ut på venstre side der han til vanleg hadde plassen sin . Han tok den blinkande tenorsaksen , han smilte ein beskjeden , nesten barnsleg smil , han sto einsleg oppreist og venta , og The Rainbow Band spela vilt utan dirigent . Og da xylofonen påny slo dei små sølvklåre slaga sine , sette John Jazz tenorsaksen for munnen og sprøytte tindrande tonar utover salen i eit solo-nummer så fantastisk at enkefru Gabrielsen frå Ullernchausseen brast i hikstegråt .

Det var eit makelaust one-man-show .

%Nord i Bråtåbygda var det like stor oppstuss denne kvelden .

Dei sat ved radioen frå nørdst til synst i bygda og lydde på Show i Store Studio . Sosieteten hadde reist til byen i bil eller på tog , og det var reint ilt å høyre kor gildt dei hadde det der inne i Oslo . Men jau , så kom han , ja , han kom så det sokk , han Jon frå oppi Bråtåbakka du veit , han som utvandra for lenge sia . Han kom i radio for alvor . Han hadde skrivi Morgendagens Melodi ! Det var nok ikkje sant lell at han hadde bukka under der inne i Tigerstaden . Han levde i bæste vælgående , og nå kom han og sette søkken i dessa byfolka med ein ny slager .

Ja , den Jon-guten . Det var den glupaste karen i sju prestegjeld !

%Og det var sant . Nå kom han som eit skot på den diesenske stjernehimmel , med denne slageren som var Morgendagens Melodi i Norsk Rikskringkasting . Store , kvite snø-dun dala over Studenterlunden , da han neste dag gjekk med faste og målbevisste steg til Grammofonkompaniet A/s , for å tala med sjefen .

" Er du klar over at denne platen slår an ? sa sjefen .

-Har inntrykk av det , ja ‐ "

" Jeg mener ‐ vi eksporterer ! I dag ekspederer vi en bestilling på tolv tusen plater til Stockholm , i morgen spyr vi nærmere tjue tusen utover Kontinentet ! For ikke å snakke om her i landet ! Før var det rocke-feber og kalypso-feber , nå er det kissmi-feber for alle penga . Og hva opplever jeg for en halv time siden ? Vi får en telegrafisk bestilling fra Amerika ! Hørte du det ? Fra The United States of America ! En telegrafisk bestilling fra himmerike ! Det skal bli lenge før de får den i egen innspilling . Nå har vi sjansen til å gjøre gryn , Jonnemann ! Vi skal kjøpe de beste instrumentalistene i norsk slager-jazz og slå til av all kraft . Og nå har du bare en ting å gjøre . Gå rett hjem . Drikk en kopp sterk kaffe . Og gå i gang med neste kissmi-melodi ! Hva sier du til dette platemerket her ‐ ? "

Sjefen la eit utkast framfor Jon der det sto :

Kiss me , kiss me deadly

John Jazz and his Kiss-Me-Band

HIS MASTER'S VOICE

%Aldri skulle Jon gløyme denne desember-dagen . Tullerusk av lykke brøytte han seg veg inn i Steen & Strøm og kjøpte så folk gapte ikring han . Velse Ingebjørg skulle få ei dokke som kunne klappe i hendene og seia Give me some chocolate , daddy . Vesleguten , han Per , skulle få atomstrålingsdrakt , og atomrevolver attpåtil , som kunne sprøyte eit regn av gneister omkring seg så det var reint nifst . Ja , nå kunne dei gape , nå , ungane på Lambertsæter , når Peremann kom med slik ein flott pistol , directly imported from USA .

I drosja oppover til Lambertsæter sat Jon og plystra Adagio av Samuel Barber . Han slo over i White Christmas av Bing Crosby og ga sjåføren sju kroner i driks og skunda seg mot huset , og heile tida snødde det store , kvite , forundra snøfiller ikring han . Og her kom han med eit berg av julegaver ! Ja nå kunne dei glåme , desse andre stakkarane som sleit fåfengt med husbanklåna og kjøleskap-avdraga sine . Han drog rett inn på kjøkkenet , men døra inn frå entreen var berre 1 , 75 i høgda , så han slo hugu mot dørkarmen og snubla framover golvet .

" Ann-Marik ! Vi er rike ! "

Ho sto med ryggen bøygd over oppvasken , og det var virkeleg henne ! Det var Ann-Marik som han hadde møtt den gongen langt tilbake da han gjekk to mil over fjellet for å lære rock'n roll . Det var Ann-Marik som hadde vore den første jenta han kyssa , og det var nesten som i eventyret .

" Ann-Marik , Ann-Marik . Vi er søkkande rike . Vi ska kjøpe vaskemaskin og støvsugar og mixmaster&_ "

" Er du blitt helt sprø , Jonnemann ? "

" Vi ska ha hushjelp og bygge nytt hus i Vestre Aker og kjøpe landsted på Sørlandet , og Pæremann ska studere til doktor , og Ingebjørg ska bli pianistinne og ‐ Kontrakt , forstår du . Her , her &_ "

" Du værdens rike . "

" Og eg ska synge i fjærnsyn , og vi ska gå i Operaen ! Og du ska være klædd i mink og nylon , og du ska kjøpe så mange kjoler du vil i Magasin du Nord ‐ "

" Du værdens rike ! Men vi har det da bra som vi har det . Bare så leitt at du alltid må gå på jobben om kvelden . "

Jon såg lenge på henne . Det sveiv for han at videnskapen sikkert måtte ha kome så langt i Amerika at det fanst ein virkeleg effektiv slankekur . Men ‐ i grunnen kledde det henne å vera som ho var ! Ja , han kunne ikkje tenkje seg henne annleis enn ho var ! Det var sant ! Og sjøl kjende han faktisk sneven av ischias når det barst mot regn . Hadde han vorte verande i Bråtågrenda , ville han ha fått ord på seg for å vera ein glup værprofet . ‐ Nei , han kunne ikkje tenkje seg Ann-Marik annleis enn ho var , og det sveiv for han korleis ho hadde hatt det medan han sto på Regnbuen natt etter natt og spela på saksofonen sin .

" Heretter går eg aldri meir på jobben , " sa Jon Bråtåbakken . Og den lovnaden heldt han til sin døyande dag . Og han lyfta vesle Alf Louis opp av barnevogna og kysste kona si på kinnet og sa med ein lysande smil som ikkje var det minste skeiv :

" Alf Louis ska bli forrætningsmann . "

%Og såleis sluttar soga om Jon Bråtåbakken , populært kalla John Jazz . Det står berre att å fortelja at ein delegasjon frå Oslo Lysverker og Statens Vassdragsvesen kom til Bråtåbygda utpå sommaren året etter for å skaffe Oslo meir elektrisk kraft . Dei fekk gamle Hans Kvennstugu med seg og drog til fots innover Svånågjelom og opp brattlendet forbi det attlagde bruket Bråtåbakken og vidare innover skogbandet og snau-vigga , til dei kom så langt som hitafor Synfjell . Der kokte dei seg kaffe ved Storrvatnet og låg og saug inn lukta av steinmåså og kjerringkjørr og Langaards skrå . Hans sat og såg utover vatnet på fisken som leikte i kveldinga . Han var berre skinn og bein og buserull og skrukk-i-skrukk .

" Hei , sjå her folkens ! " ropte sjef-ingeniøren .

‐ Dei stirde . Dei såg inn i svarte fjellet , og der sto det hogge inn med barnslege bokstavar JON BRÅTÅBAKKEN . Namnet lyste med underleg glans , og det var som om denne lange tidbolken ikkje hadde tæra det minste , tvertimot , ‐ namnet lyste skirt og forklåra med skarlagensraudt skjær i solnedgangen , så ein skulle tru at overnaturlege krefter hadde fortrolla det .

" Det må eg seia , " sa sjef-ingeniøren . -Den guten gjorde godt arbeid . Var det ikkje han som vart John Jazz , ‐ slagerkongen i Norsk Rikskringkasting ? "

" Jau , gu betre , " sa Hans og såg langtenkt utover Storrvatnet der ein sølvblank , småsvolten aure leikte seg . " Jau , han nådde langt , gutsækken . Men han ha' god hjølp , ja . Bygda sto bak honom . Og verda sto framma . Og sjøl sto'n over seg sjøl . "