Hild vakna tidleg og hugsa straks kva for dag det var . Ei eling av glede fór gjennom henne . Nede i stua tok veggklokka til å slå . Ho talde slaga . Sju . Så rart ! Klokka var sju , det var sjuande mai 1927 , og ho fylte sju år akkurat denne dagen . Hild teikna eit stort sjutal i lufta og måtte le fordi ho var så glad . Brått kom ho på at dei skulle reise i dag , langt av stad og aldri koma att . Ho sette seg opp på kne i senga og såg seg rundt i rommet , på alt som var der . ‐ " Farvel rommet mitt , " mumla ho og fekk tårer i augo .

Ingrid låg ved sida av henne og sov . Hild greip tak i henne .

" Ingrid , du må opp ! Vi skal reise . " Men Ingrid berre snudde seg og sov vidare med det lyse bustehovudet ned i dyna .

Far og mor var oppe kunne Hild høre . Ho lydde anspend , men dei snakka ikkje . Ho falda hendene :

" Kjære Gud , " mumla ho , " la mamma og pappa vera venner i dag . " No kunne ho høre at faren plystra utanfor . Ho steig opp og kikka ut gjennom glaset . Der stod bilen , raud og blank , enda han var ikkje ny , og kalesja rulla ned bak ; det glimta i horn og messing .

Hild opna glaset .

" Pappa ! " ropte ho . Han heldt på å pakke i baksetet , retta seg opp og smilte til henne .

" Hild ! Er du vaken alt . Gratulerer med dagen . "

‐ Han er glad fordi han skal reise heim til Rogne der han var liten , tenkte Hild og kledde fort på seg . Ho tenkte litt på onkel Knut og tante Gerd og Olav og Ingeborg og bestemor Rogne og tante Beate . Da hørte ho mor si nynne nede i stua . Så var ho glad ho òg . Alle var glade .

Hild gjekk ned .

" Neimen Hild , er du alt der . " Mora klemde henne . " Gratulerer Hild . Kom her , eg har kokt egg til deg i dag . "

" Eg har ikkje lyst på mat . Skal vi ikkje reise ? "

Mora smilte .

" Du får ta det med ro . Vi drar når vi er ferdige . "

Det var eit slikt rot overalt i huset ; mora pakka i koffertar og kasser , faren bar ut i bilen . Hild sprang og skulle hjelpe , men var visst mest i vegen . Ho vart dytta både hit og dit , ‐ ingen tenkte på at ho hadde bursdag lenger .

" Pass deg Hild , " sa faren , han kom med ei svær bør .

" Nei , nei , det der pakkar eg sjølv , " sa mor . " Sjå etter Ingrid du . Og Lars . "

‐ Vi kjem aldri av stad , tenkte Hild til slutt . Men endeleg sat dei i bilen og var på veg , ho og Ingrid baki på klappseta , mora i framsetet med Lars på armen . Det var godt dei hadde open bil , for no kunne Hild sjå alt . Det bles så flettene slo ikring henne når ho snudde hovudet ; frå bjørkene , som nettopp hadde sprunge ut , kom elingar av godlukt . Overalt var det slik glim og glitring i vatn at Hild iblant måtte knipe att augo der dei fór langs elvar og fjordar . Støvskya bilen drog etter seg likna på ei veldig grå bustehale . Faren sat og song ved rattet , så han var nok stadig glad . Hild kikka på mor si , ‐ ho sat visst og tenkte på eit eller anna .

" Er du ikkje glad , mamma ? " spurte Hild .

" Jovisst ! " svara mora .

" Søv Lars ? "

" Han gjer nok det . "

" Men da ser han jo ingen ting da ! "

Mora snudde hovudet og smilte så vidt det var under hatten med det blåsande fiolette sløret .

" Eg trur ho har sovna , Ingrid òg . "

Men Hild ville ikkje sova , enda så trøtt ho var , for ho ville få sjå alt . Til slutt gleid ho inn i ein slags søvn ho òg , hørte om ei stund røysta til mor si , liksom langt borte frå :

" Burde vi ikkje stikke innom Skåre og helse på mor og far ? "

Faren svara ikkje .

" Hører du Harald ! "

" Ja , ja , eg hører , men det blir så seint på ungane . Vi får heller ta turen ein annan dag . "

Mora sa ikkje meir ; han tok om litt til å synge att , og Hild song ho òg , mest inni seg . Da kjende ho at ho vart kvalm og tagde . Aldri hadde ho tenkt det kunne vera så langt !

" Er vi snart framme ? " sutra ho .

" Ja snart , " svara faren . På støvete , svingete vegar hadde dei krabba oppover i tett skog ; no bar det utfor .

Brått opna skogen seg og bygda låg der kring ein kveldsblank fjord . Harald stansa bilen . Hild hørte fuglesong og risling frå ein liten bekk . Ho ville ut og røre på seg .

" Eg er kvalm , " sutra ho . " Og eg skal tisse . "

Ingrid tok til å sutre ho òg , hadde nettopp vakna . Så faren løfta dei ut or bilen , begge .

Hild gøymde seg bort , sette seg på huk og kjende graset kile . Det lukta godt av bakken og ho hørte ei humle surre . Ikkje stikk meg , tenkte ho . Etterpå plukka ho og Ingrid bekkeblom og nattogdag og smørblom . Så ropte faren at dei måtte koma . Og ferda gjekk vidare , mot Rogne , som dei snart kunne skimte på eit nes ved fjorden litt lenger nord . Hild kjende seg att , for ho hadde vore der før . Ho gledde seg til å koma fram .

%Endeleg køyrde dei gjennom bjørkealléen opp til Rogne .

" Her budde pappa da pappa var liten , " halvt song faren .

Hild visste godt det , hadde hørt det mange gonger før . Dei gleid inn på tunet , og elgbikkjene sprang i været og sette i å gøy . Ingrid børja å gråte , men Hild såg at dei stod i band . Og no kom onkel Knut og tante Gerd og Olav og Ingeborg og ønskte dei velkomen . Nede frå kårstua kom farmor og tante Beate .

" Kom inn , kom inn ! " sa onkel Knut , og alle var glade og prata og lo . Det vara ikkje lange stunda så sat dei kring matbordet . Hild såg sjenert på søskenbarna sine , Olav og Ingeborg . Ho såg på tante Gerd òg . ‐ Så rart at ho og mor er søstrer , tenkte ho og måtte kikke på mor si . Ho var da visst glad no , endeleg , og det var godt .

" At du skulle bli den nye meieribestyraren vår da Harald ! " sa onkel Knut til broren . " Du slår deg vel ned her i bygda no ? "

Jo , faren meinte nok det .

" Eg må få bygd meg hus . Du har kanskje ei tomt til meg du ? "

Det skulle bli ei råd med det , meinte onkel Knut .

%Dei vart buande på Rogne , førebels , i det gamle våningshuset som stod tomt . Ein dag tok Harald med seg kona og ungane bort til ein stad nær fjorden , ikkje langt unna , og sa :

" Her skal vi bu . "

Det var ein triveleg stad , syntes Hild , og ho kunne sjå på mor si at ho likte seg der , ho òg . Faren gjekk snart i gang med å hogge ned ein del av bjørkene , grava og støype grunnmur . Mellom onnene fekk han hjelp av bror sin og gardsgutane hans . På Rognetunet vart det svært til liv og moro utover sommaren . Hild gløymde fort dei gamle venninnene sine , for ho og Ingeborg var like gamle og hang snart saman støtt . Også den to år eldre Olav vart med dei i leiken , for det meste . Dei hoppa paradis , hang i huska under låvebrua , plaska og bada nede i vika . På loftet i hovudbygningen var det spennande og farleg , ‐ dit fekk ikkje Ingrid følgje med . Dei fann mange rare gamle ting i kister og kasser , fekk lov til å rote der og dra fram klede og hattar og skaut , tok på seg det som ikkje var altfor stort , og Stina på kjøkkenet vart nok skikkeleg redd når dei lista seg ned og sa bøh ! Da sette dei i å le .

" Nei men er det de da ! Og eg som trudde det var fremmendfolk ! " sa Stina . Dei sprang ut i tunet og berre lo og lo . Så måtte dei inn på det skumle loftet att . I halvmørket sat Olav og fortalte at oldefaren deira , gamle-Knut Rogne gjekk att deroppe . Hild visste ikkje heilt kva det var å gå att , men det hørtest farleg ut . Ho og Ingeborg sat livredde hand i hand , og Olav fortalte til han vart redd han òg . Brått hørte dei nokon inne på loftet .

" Det er han , " sa Olav , og dei sprang for livet , over loftsgolvet og ned den tronge trappa .

" Er det sant at han gamle-Knut Rogne går att ? " spurte Hild mor si , men fekk ikkje noko skikkeleg svar . Så det var nok sant .

%Ut på sommaren lånte Harald lastebilen til bror sin og drog av stad for å hente møblar og anna i den heimen dei hadde budd i før . Da Hild vel var i seng , vart ho liggande vaken , ‐ ho tenkte på far sin som no var langt borte og skulle sova heilt åleine ; ho tenkte på huset han låg i òg , og at ho aldri meir kom tilbake dit . Ho såg det for seg , inni seg : soverommet og kjøkkenet og stua . Eg vil heim att , tenkte ho og tok til å gråte i mørket . Brått vart ho vár at det gjekk i ei dør nede . ‐ Attgangaren ! fór det i henne og ho sette seg opp i senga , livredd . Så hørte ho nokon snakke og det var heldigvis berre onkel Knut . Mor og han snakka saman inne i stua . Hild la seg ned , låg og lydde anspent , men kunne ikkje få tak i kva dei sa . ‐ Mor græt ho òg , tenkte ho forundra og skremt . Ho steig opp , stiltra seg gjennom døra og ut på den mørke gangen . Det var skummelt der ; likevel vart ho ståande . No var det mest onkel Knut som snakka , lågt , så ho ikkje kunne få tak i orda . Om litt gjekk han , og mor hennar kom brått i trappa ; Hild rakk ikkje å koma seg bort og inn til seg sjølv .

" Hild ! " sette mora i , reint forskrekka og Hild tenkte lynsnart : Eg må la henne tru at eg går i søvne .

" Kva i all verda gjer du oppe , Hild ? "

" Heh ? " svara Hild .

Mor hennar greip tak i henne , men såg letta ut .

" Har du gått i søvne att no . " Ho fekk henne inn på rommet og til sengs , ‐ sette seg på sengekanten .

" No må du prøve å sova og ikkje drømme meir . " Brått klemde ho henne inn til seg , med sitt kinn mot hennar .

" Græt du mamma ‐ ? "

" Nei langt ifrå . Men sov no . "

Da mora hadde gått låg Hild og kjende ein rar klump i halsen , lenge . Ho skjøna ikkje kva dette var .

%Året etter , på våren , skulle dei atter flytte , no inn i det huset faren hadde bygd , og som dei kalte Bjørketun . Med ein gong vart det slik at Hild ikkje likte seg der , ho gjekk stille og bleik , stod ofte og såg over mot Rogne .

" Du får springe dit og leike med Olav og Ingeborg , " sa mora ein dag . " Vegen finn du vel sjøl . "

Og Hild sprang . Det vart stas da ho kom , også onkel Knut var glad for å sjå henne . Han var så snill . Iblant fekk ho ri på foten hans , ‐ han kasta henne høgt i været så ho måtte hyle ende ut ; da lo han godt og fanga henne att med dei svære nevane sine og ho fekk ruspet av skjeggerot mot kinnet .

" Du er veldig skjegget du onkel , " sa ho .

Andre gonger løfta han henne opp på nakken . Ho skreik av fryd og skrekk og måtte tvihalde seg i det lyslette , krøllete håret hans når han sette i veg og sprang .

" Meg òg , " sa Ingeborg , og så tok han ein runde med henne . Dei forfølgde han , og under låvebrua sette han dei i huska etter tur og dytta til dei så dei hvinte av fryd når dei suste langt ut . Ville han gå , ropte Ingeborg :

" Meir pappa ! "

Hild klappa i hendene :

" Dytt meg ein gong til ! "

Så gjorde han det og dei hylte og lo .

" No får det vera nok , " sa han til slutt og gjekk til stallen . Dei sprang etter han dit òg . Ville opp på armen hans og klappe hestane . Om kvelden traska Hild heim att til Bjørketun , nokså lei seg . Onkel Knut sa ho måtte gå . Det hende mor hennar kom og henta henne òg . Ho var så rar da , syntest Hild , ‐ ville liksom ikkje sjå på onkel Knut .

" Er du sinna på han , mamma ? " spurte ho eingong mora leide henne heimover .

" Nei sinna ? " sa ho nokså forundra . " Kvifor skulle eg vera det ? "

" Nei eg veit ikkje eg , men ‐ . " Hild måtte tenke på den natta da onkel Knut og mor hennar sat nede i stua , men ho sa ikkje meir .

%Førstedag jul var dei alle samla på Rogne , rundt julebordet . Utover i måltidet merka Hild at faren og onkel Knut vart uvenner ; dei sat raude i andletet og snakka høgt .

" Tei still no gutar , og hald fred . Te dykk som vaksne folk ! " sa gamle Hilda . Det vart stille ei stund da , ‐ ein hørte berre knivar og gaflar skrape . Men Hild såg på far sin at han sat og ville seia noko meir . Han tømte glaset i eit drag , og så kom det :

" Ja , ja Knut , ‐ du har god råd til å halde julegilde du , så billeg du fekk denne svære garden . Det vart berre småslantar på oss andre . "

" Å , du har fått din del du òg , " svara onkel Knut ; han var ikkje lik seg sjølv han heller . " Men du skjøtt ikkje peeng du , tørst som du alltid er . Du burde tenke på ho Eldrid og ungane dine . "

Hild kikka fort og sky bort på mor si ; ho sat bleik og såg ned i tallerkenen . Gamle Hilda ville legge seg mellom att , men far hennar var ikkje til å stanse .

" Du treng ikkje ha slik omsorg for ho Eldrid , og ikkje ungane mine heller . " Han reiste seg brått og kasta servietten på bordet .

" Eg har fått nok no . Eg sit ikkje her og tar imot grov kjeft av deg , Knut ! " Dermed gjekk han , stansa nede ved døra .

" Kjem du Eldrid ? "

" Vi får te oss som folk , " svara ho og vart sitjande .

" Set deg att , Harald , og forlik deg med bror din , " kom det frå gamle Hilda . Og da han gjekk , mumla ho :

" Eg meiner folk er spenna gærne . "

Det vart ikkje sagt stort meir under resten av måltidet . Hild var svært lei seg der ho sat og pirka i maten .

%Etter den dagen gjekk far hennar sjeldan til Rogne . Og ikkje kom onkel Knut til Bjørketun heller . Men han var like snill mot henne for det . Og ho leika med Olav og Ingeborg som før . Iblant når ho gjekk , stod vesle Ingrid og ropte etter henne :

" Bli med eg og ‐ ! "

" Nei du er for lita du , du som ikkje går på skolen eingong . "

Hild sprang frå henne , og Ingrid vart ståande att og småsutre .

På skolen gjekk Hild i klasse med Ingeborg og dei var bestevenninner , rusla etter skolevegen da dei vart 10-11 år og fjasa og lo og snakka om likt og ulikt . Ein dag stansa Ingeborg opp og fortalte Hild noko veldig hemmeleg : ho var forelska i Trygve Skinnarland !

" Men han må aldri få veta det ! " sa ho , brått forskrekka og sette augo i Hild . " Nåde deg om du fortel det til ei levande sjel ! "

" Kors på halsen , " sa Hild .

" Men har du ingen kjærast du da ? "

Hild gjekk raud og såg ned , sparka etter småstein på vegen .

" Jo ‐ , " mumla ho . " Det er ein eg er veldig glad i . "

" Kven er det ? "

" Gjett ! "

" Steinar Hagen kanskje ? "

Hild bles .

" Nei ‐ hei ! Aldri i verda heller ! Åh , at du ikkje kan gjette ! Det er Olav , " sa ho lågt og stansa opp .

" Olav ? " Den andre skjøna ingenting .

" Ja , Olav ! "

" Broren min ? " kom det vantru frå Ingeborg ; så glitra det lattermildt i augo hennar . " Er du forelska i broren min ? "

" Ja-a ! Dumma ! "

Ingeborg greip henne i hendene og dansa rundt med henne , halvt song :

" Hild er forelska i Olav , Hild er forelska i Olav ! "

" Æsj , du er så dum ! " Hild reiv seg laus frå den andre som berre lo og lo .

" Ja teier du ikkje no still så ‐ ! "

" Og så Olav ! " Ingeborg vart brått alvorleg . " Eg seier ikkje eit ord . Kors på halsen her òg . " Ho måtte igjen le , og no lo dei begge , sprang ut på ein liten grasbakke , kasta seg overende , tulla rundt og lo .

" Vi har kjærestar begge to vi ! "

" Ja ! " kom det lykkeleg overgjevent frå Hild . Så sette ho seg brått opp .

" Men tenk om Olav får veta det ! "

" Han veit det sikkert , " erta den andre . " Og han er borte vekk i deg . "

Hild sat med open munn .

" Er han ? Er det sant ? "

" Nei han ! Han tenker da berre på bilar . "

" Eg vil ikkje bli med til Rogne i dag , " mumla Hild , ho sat og reiv i ei grastuste .

" Jovisst ! Kom no ! "

Dei gav seg i veg .

%Det hende iblant at Trygve Skinnarland kom til Rogne , for han og Olav var mykje i lag . Ein dag dei heldt på med noko inni det halvmørke vognskjulet , fann jentene uventa vegen dit . Olav og Trygve vart litt flaue og rare da , for dei sat i kvar sin slede og skulle liksom kappkøyre . Men Ingeborg var straks med på leiken .

" Eg får køyre med deg eg da , Trygve , " sa ho og krabba opp i sleden til han , smatt under den morkne skinnfellen .

" Hypp , Fritjof ! " ropte Trygve og svingte pisken .

" Huh , så fort det går , og så er det så kaldt ! " Ingeborg hutra og kraup tett inntil han . Hild vart ståande uviss , visste ikkje kva ho skulle ta seg til .

" Kom hit du Hild ! " ropte Olav , og som lynet var ho oppi sleden til han . Det vart latter og undertrykt knising . Ingeborg og Trygve kom heilt bort under skinnfellen , og han måtte visst kile henne , for ho lo så ho heldt på å miste pusten . Brått la Olav ein klosset arm om oksla på Hild , og dei vart sitjande stive begge to , visste ikkje kva dei skulle finne på å snakke om . Da kom onkel Knut inn i vognskjulet .

" Er det her de helt til , " sa han , og så sprang dei ut alle fire , som var dei gripne på fersk gjerning . Dei sprang og slengde seg ned i skuggen under lønnetreet , låg berre og lo og lo .

%Hild var sterkt opptatt av gjengangaren på loftet .

" Åh , ikkje berre på loftet må du tru , " sa Turid budeie , ei ferm jente sist i tjueåra . " Ånei , den karen vankar nok nokon kvar stad , no som i levande live . "

" Kvar da ? " ville Hild få veta , ho stod og såg på Turid mjølke .

" Borte i elvedalen er det fleire som har sett han , om kvelden , særleg når det driv litt skodd der . Eg har sett han sjølv eg . "

" Har du ? " Hild stod med store augo .

" Javisst ! Han var etter meg , ein svær rusk av ein kar , eg kjende pusten hans i nakken , så nære var han . Men eg las ei bønn og kom meg unna litt faderleg fort . Oftast er han nok likevel på det vesle loftsrommet , du kjenner det ? "

Hild nikka .

" Ja-a , han var litt av ein grahingst , gamle-Knuten Rogne , ja ; han hadde lausungar nokon kvar stad rundt i bygda , ja i andre bygder med , etter det eg veit . "

" Lausunge , kva er det ? "

" Det er slike som berre har mor det , og ingen far . "

Hild skjøna ikkje dette heilt , og ville få veta meir , men Turid var uviljug til å forklare nærmare .

" Pass deg sjøl når tida kjem , at du ikkje får ein slik . Det er fortare gjort enn ein skulle tru . For det er så fortærande godt , ser du , at ei stakkars jente ikkje alltid har makt til å stå imot . Men etter den søte kløe kjem den sure svie . "

" Ligg ikkje han gamle-Knut Rogne i grava si da ? " spurte Hild . Ho hadde alltid hørt at dei døde låg i evig søvn .

" Å nei du , det er visst heller smått med søvn for den karen , så nattestid . Det er da han må opp og gå . Han får ikkje fred for det han har gjort her i livet , stakkars dævel . Og det verste var no det som skjedde på loftsrommet , ja . " Turid snakka lågt no og såg seg ikring , hadde reint gløymt å mjølke .

" Det låg en ung tenestjente der , smellvakker var ho visst , og Knut gjekk ofte dit . Så vart ho ungediger da , og styggen jaga henne bort frå garden . Ho visste nok ikkje si arme råd , stakkars krypet , hoppa på svarte fjorden ei mørk natt . Vart attfunnen bortanfor odden her . Da forstår du vel at han aldri får fred med han går og ventar på dommens dag . Måtte han få brenne i helvets pøl . "

Hild bladde i familiealbumet , som ho hadde sett i ofte før . Ho fann oldeforeldra ; dei var fjerne og gammalmodige på det gulna fotografiet . Ho såg nærare på oldefaren no . Han hadde stort , beinet andlet med digert hår og skjegg og såg høgtideleg ut . Hild spurte farmor si òg , om den gamle . Det var ein staskar , kunne ho fortelja . Hovudet høgre enn folk flest .

" Han var ei kraft i bygda , " sa ho . Ho var stolt av verfar sin .

" Men han går att har eg hørt . "

No vart farmor stram i andletet , såg Hild .

-Slikt prat skal du ikkje høre på . Han vart skulda for mangt ‐ urettvist , for det meste da . Du kan vera byrg av oldefaren din . "

Hild syntes det var rart at folk kunne snakke så ulikt om ein som var død for lenge sidan . Men ho fekk alltid eit rart sug i magen når ho gjekk i den tronge trappa til Rogneloftet . Ho kjende seg dregen dit opp òg , av alt det hemmelege og farlege . Iblant fekk ho Olav med ; det var litt tryggare da . Dei stiltra seg inn over lofts golvet , og når dei hørte noko , greip dei kvarandre i hendene der i halvmørket , ‐ stod og lydde andelaust ; men så var det berre knesting i treverket .

Da Hild var tretten år kom det pinsevennar til bygda , og dei heldt ofte møte i ungdomslokalet . Det var stappfullt kvar gong . Hild gjekk dit òg . Ingeborg fekk henne med , og da dei hadde vore der ein gong , måtte dei attende . Det var rart og litt uhyggeleg det som skjedde der . Hild såg at den lattermilde Ingeborg snart sat bleik og fjetra ved sida av henne , med munnen halvopen . Sjølv var ho òg soge inn i det . Songen og gitarspelet , dei bleike andleta , ikkje til å kjenne att , ‐ alt dei frelste sa om seg sjølve : det verka underleg sugande på heile henne så ho ville gje seg over . Folk ho kjende godt snakka vilt og rart . Og nokon brukte ord ho slett ikkje forstod . Dei tala i tunger . Gitarane og songen sette i att og forstandar Thoresen ropte med høg røyst at ville dei gje seg til Jesus og få evige frelse , måtte dei rette handa i været ‐ no ! Gjorde dei ikkje det , var dei fortapte Satans barn . Mange retta hendene i været , såg Hild . Ho gjorde det ho òg , men på ein slik måte at ingen skulle kunna sjå det ; ho la liksom armen tilfeldig oppetter ein stolpe medan folk ropte " halleluja ! " og " Jesus , Jesus ! " kring henne .

Hild vart liggande vaken natt etter natt no , ‐ hørte heil- og halvtimeslaga frå den store veggklokka nede i stua , den mor hadde fått med seg heimanfrå . Ho låg bada i sveitte og trudde ho skulle døy før dagen grydde .

" Jesus , " bad ho , " om du lar meg leva til i morgon , skal eg alltid vera di , heile mitt liv . " Ho var overtydd om at skulle ho døy no , hamna ho i helvetet . For ho låg med syndige tankar som ho ikkje kunne styre . Forstandar Thoresens bleike , ville andlet steig fram for henne og dømde henne ; ho hørte gitarane og songen , kviskra : " Jesus , frels meg ! " Men Jesus var langt borte alt ho ropte og gret . Og så tok tankane til å kverne kring andre ting att : noko Ingeborg hadde fortalt . Det var fleire år sidan no , men Hild vart ikkje kvitt det . Jordmora sykla forbi ein dag da dei gjekk og dreiv på vegen .

" Ho skal til Vik , " sa Ingeborg . " Dei ventar barn der . "

" Har ho barnet i den vesle kofferten ? " spurte Hild og Ingeborg lo høgt .

" Veit du ikkje det ein gong du Hild ! Det er ho Borghild Vik sjøl som går med ungen i den svære magan sin . "

Hild såg storøygd på henne .

" Men korleis har han kome dit da ? "

Ingeborg fniste .

" Åh , du er så dum ! Det er han Martin som har putta'n inn i henne , veit du ikkje det ? "

Hild ville få veta korleis slikt kunne gå føre seg , og Ingeborg fortalte no alt ho visste . Det var det styggaste Hild i sine levedagar hadde hørt , ho kunne ikkje tru det var sant , men likevel ville ho heile tida høre meir , sat med open munn .

Alt ho bad til Jesus i søvnlause timar , kom dette for henne att no , så syndig det var . Ho låg og kjende på brysta sine , som hadde vakse ut i det seinare . Det var flaut , og om dagen prøvde ho å løyne det så godt ho kunne . Verre var det likevel at det voks fram fint , lyst hår mellom magen og beina , der ho før hadde vore silkeglatt . Det fylte henne både med skam og lyst . Under armane kom det hår , og nedetter leggane , lyst og dunet . Ho heldt visst på å forandre seg og bli eit slags ragget dyr . Men da ho ei natt fekk blod på fingrane og kjende at det var blod mellom låra , vart ho livredd . Neste morgon låg ho til Ingrid vel var ute av rommet , så sprang ho opp og låste døra , forbandt seg gråtande så fort ho kunne , gøymde laken og nattkjole bort i eit skåp . Mora kom på døra og Hild stod stiv .

" Men har du låst døra Hild ? "

Hild svara ikkje , heldt pusten . Mora ruska i dørhandtaket og så gjekk ho . Ho såg granskande på Hild da ho kom ned .

" Er du sjuk Hild ? " sa ho . " Du er så bleik . "

" Eg kjenner meg ikkje heilt frisk , " mumla Hild . ‐ Skal eg fortelja det til mor ? tenkte ho . Men ho torde ikkje det .

" No kjem du for seint på skolen . "

" Kan eg ikkje få vera heime i dag ? "

Mora såg på henne og nikka berre . Det såg ut som om ho ville ha sagt noko meir .

Etter få dagar slutta det å blø . Hild gjekk i sjeleangst for at det skulle koma att , og det gjorde det , ein månad seinare . Ho var no overtydd om at Gud straffa henne med ein farleg sjukdom ho kom til å døy av .

Til slutt , ein frostal gråværsdag da dei heldt på å ta ned klaka klede som hadde hange til tørk , våga ho seg frampå :

" Mor ‐ eg blør slik , eg trur eg er sjuk . " Ho vart blodraud kunne ho kjenne , stod og bretta saman eit putevar , såg ikkje på mor si . Men ho tok det roleg .

" Det gjer du nok , " sa ho . " Du ville vore sjuk om du ikkje gjorde det . Gud har skapt oss kvinner slik . " Og så sa ho ikkje meir , gjekk bleik og bortrykt og plukka saman underbukser og skjorter og laken og putevar .

%Hild skulle konfirmerast . Kvelden før steig ho i badestampen på det dampvarme kjøkkenet . Ho såpa seg inn over det heile . Mor hennar skrubba henne på ryggen og slo kaldt vatn over henne så ho hutra og skalv . Da nokon greip i dørhandtaket , skvatt ho til og prøvde å dekke seg .

" Hild badar ! " ropte Eldrid , raud og oppkava , ho hadde låst døra . Faren mumla eit eller anna og gjekk bort . Hild steig ut or badestampen og tok til å tørke seg . Mor hennar stod og såg på henne .

" Du er snart vaksen jente du no Hild , " sa ho . Hild visste ingenting å svara ; flau og forvirra gjorde ho seg fort ferdig , smatt inn i nattkjolen som lukta reint og gjekk med kvardagskleda over armen .

Neste morgon kledde ho seg i reint , heilt innanfrå . Til slutt tok ho varleg opp den skinnande kvite konfirmasjonskjolen som hang nystroken over to stolryggar , ho torde mest ikkje røre han og ropte ned til mor si for å få hjelp . Ho kom og tredde kjolen ned over Hilds hovud og oksler og vidare nedover , og knepte så kjolen bak , framfor spegelen . Hild stod som fjetra og berre stirde på seg sjølv med tindrande augo ; det var ei ny Hild ho såg der inne , reint overjordisk vakker , høg og smal , ‐ håret brusa nyvaska gyllenblankt kring andletet og nedover oksler og bryst . Var dette henne ? Ho løfta armane med ei grasiøs rørsle , vende seg mot mora og slo dei om halsen hennar .

" Å mamma , mamma ! "

" Så , så Hild , " sa Eldrid og gjorde seg fri frå det uventa famntaket . " Skrukk ikkje til kjolen din straks du får han på . " Hild såg at ho hadde tårer i augo .

" Gjer deg i stand no og kom ned å få mat , " sa ho og så gjekk ho fort ut og ned trappa . Hild vende seg mot spegelen , blank i augo . Ho feste hendene bak i nakken og stod og vende seg att og fram , pånytt fjetra av sitt eige spegelbilete . Så kom ho til å tenke at det ikkje var rette måten å børja konfirmasjonsdagen på , no ho skulle gje seg sjølv til Gud . Ho prøvde å smått synge " Kirken den er et gammelt hus " medan ho børsta det sprakande håret , men kunne ikkje hjelpe for at gledesitringar gjekk gjennom all hennar kropp .

Og så vart dagen slett ikkje slik Hild hadde tenkt . Ved middagsbordet merka ho at noko var i gjære ; det var ei rar , vond spenning ho kjende med heile seg . Faren stod opp og heldt tale for henne , merkeleg brydd og annleis enn han pla vera ; ho sat og stirde flau ned i tallerkenen . Men det faren sa , verka slik på henne at ho fekk tårer i augo og ikkje torde sjå opp . Da dei etterpå skålte med henne , alle , måtte ho likevel det , ‐ ho smilte tappert og såg gjennom ein våt blink andleta kring bordet , mellom dei onkel Knuts , vennleg smilande , og tante Gerds , bleikt og forsteina . Det skremde henne .

Kaffien vart servert ved småbord . I selskapssurret og disen av blå sigarrøyk kunne Hild sjå mor si og tante Gerd sitja for seg sjølve i ein krok , rare i andleta begge to . Hild gav seg til å vakte på dei . Om ei stund gjekk dei to ovanpå og vart borte lenge . Far hennar , som tok til å bli full , greip henne i armen :

" Gå og hent mor di , Hild . Folk undrar seg , " sa han , nokså ampert . Hild gjekk opp trappa og hjarta banka hardt i henne . Da ho hørte opprørt , høgrøsta tale innanfrå soverommet til mor si , stansa ho brått . Det var tante Gerd som snakka . Hild gjekk fort ned att . Det vara ikkje lange stunda så kom tante Gerd òg , i full bør , stram og stiv i andletet . Utan å seie farvel vart ho borte frå selskapet . Om litt kom mor hennar ned , svært bleik . Ho prøvde å snakke med folk , men var underleg fråverande . Snart tok gjestane til å gå , altfor tidleg , syntes Hild . Da alle var ute av huset , tok Harald kona si for seg :

" Makan til oppførsel på deg og Gerd ! Kva skal folk seia . "

Eldrid , stadig bleik , ranka seg opp .

" Dei får seia kva dei vil . Berre vent , det blir nok verre . " Så gjekk ho beint frå han , opp til seg sjølv . Hild sprang på rommet sitt , kasta seg i senga og storgret . Eldrid måtte ha hørt det , for ho kom og gløtte på døra .

" Men Hild ! "

Jentungen berre kraup saman i krampegråt . Eldrid sette seg på sengekanten og rørte lett ved håret hennar .

" Hild . Du krøllar konfirmasjonskjolen når du ligg slik . "

Hild hiksta at ho var likeglad med heile kjolen .

" Nei det er du slett ikkje , " sa mora . " Men kvifor ligg du her og græt ? "

" Du trur kanskje det har vore nokon hyggeleg konfirmasjonsfest du ! Slik som du og tante Gerd ‐ ! "

" Tante Gerd måtte få snakke med meg , forstår du . Ho har det vondt . "

Hild sette seg hikstande opp på kne . Eldrid tok fram eit lommetørkle .

" Sjå her . No tørkar vi tårene . Og så græt vi ikkje meir . "

Hild prøvde å smile gjennom gråten .

" Ne-e-i . Kva er det med tante Gerd da ? "

" Det kan eg ikkje fortelja deg . Ikkje no . "

" Tante Gerd og onkel Knut har ikkje snakka saman i heile dag . "

" Nei . "

" Eg syns mest synd på onkel Knut . "

" Kvifor det ? "

" Jo , for tante Gerd , ho er slik ‐ . "

" Nå ? "

" Ja eg veit ikkje , men ‐ . Eg skal i alle fall aldri gifte meg . Du er ikkje særleg snill mot far du heller . "

" Åh ? Korleis det ? "

" Ja det kan vel alle sjå ! Du snakkar så lite at ! "

Eldrid tok dotter si om okslene og såg henne inn i augo . Ho prøvde å tala roleg , men det låg eit skrik under som Hild godt kunne fornemme .

" Hild ! Om eit par tre år , når du blir sytten , atten , da skal vi kanskje ha ein lang prat , berre vi to ‐ . " Ho stridde no med gråten og tok Hild inntil seg i angst og med ein brå varme ho ikkje torde gje fritt løp . " Å du kjære , kjære Hild , ein dag vil du kanhende forstå ‐ . " Ho sleppte henne like brått og gjekk . Hild sat lenge i senga og berre såg framfor seg , det fór gråtskjelvingar gjennom henne . Da hørte ho høgmælt tale nedanfrå stua ; det var faren og han var full . Innimellom kom røysta til mora , skingrande hysterisk . Hild sprang ned . Faren sansa nok ikkje at ho kom inn : han hadde gripe Eldrid om okslene og rista henne så hovudet slong på den spinkle halsen , ‐ han var reint frå seg , men ho berre stirde på han med augo som no var kolsvarte . Så fika han til henne slik at ho tumla over ende i sofaen . Hild sette i eit skrik . Faren snudde seg mot henne , vill og forpusta :

" Kom deg ut herifrå , Hild ! "

Ho vart berre ståande og sjå forferda på han .

" Ut , seier eg ! Er det same trassige toet i deg så stakkar den som får deg ! " Han greip henne hardt i armen og ville slenge henne ut . Hild lynte mot han :

" Slepp meg ! " og reiv seg laus .

" Jøsses , skal eg ha to troll å slost med i dette huset no ! " Han gjekk , og slo døra hardt i etter seg . Mora låg på sofaen og okslene rørte seg i undertrykt gråt .

" Mor ! " Hild knelte ned framfor henne og strauk henne lett med fingrane over kinnet , såg at ho hadde raude , hissige plettar på halsen og nedover mot brystet .

" Mor ‐ han slo deg , far slo deg ! "

Eldrid hysja lågt på henne og drog henne ned til seg , kysste henne på panna og begge kinna . Så reiste ho seg og løfta Hild opp .

" No fer du ille med kjolen din att . " Ho såg seg rundt i stua der alt stod urørt enno etter selskapet .

" Vil du hjelpe meg litt du Hild , så vi kan få det i orden her att . Men skift på deg kvardagsklede først . "

%Eit par dagar seinare kom det ordet ut på bygda at Gerd Rogne hadde reist frå mannen sin . Hild fekk høre det da ho hadde vore i butikken og handla for mor si og på vegen heim att vart gåande saman med Berit Skinnarland . Berit var så rar og Hild spurte om det var noko i vegen .

" Ikkje med meg , " mumla den andre . Og om litt kunne ho ikkje lenger dy seg . Ho såg på Hild , nokså storøygd :

" Veit du det ikkje du Hild ? "

" Kva da ? "

" At tanta di har reist frå Rogne . "

" Åh ? "

" Ja Marie på sentralen hørte henne ringe etter drosje i går . Ho skal ha reist heim til foreldra sine . Og ho har tatt med seg Olav og Ingeborg . "

" Er det så rart at dei tar ein tur dit ? " kom det frå Hild etter ho hadde gått og tagd ei god stund .

" Men i drosje da jente ! Og med stor bagasje ? Tre svære koffertar , ‐ ja det skal han Asbjørn ha fortalt ; det var han som køyrde drosja . "

Atter gjekk Hild stum ; Berit fekk ingenting ut av henne alt ho spurte og grov . Så skilde dei lag . Hild gjekk fort heim og inn i kjøkkenet til mor si , slengde korga med varer på kjøkkenbenken .

" Ja no har ho tante Gerd reist sin veg , " sa ho . " Og alle i bygda veit det . Folk var så rare i butikken og så fekk eg veta det av Berit . "

Mora svara ikkje , dreiv på og knadde brøddeig . Hild såg på henne .

" Visste du det du òg kanskje ? "

" Eg tenkte meg at det kunne gå slik . "

Meir var det ikkje å få ut av henne . Men Hild hadde ei vag kjensle av at livet hennar kom til å bli annleis heretter .

Gerd Rogne kom ikkje att . Olav og Ingeborg var blitt borte , brått og uventa . Hild sakna dei slik at ho kjende gråten svi i augo både titt og ofte . Ikkje kunne ho gå til Rogne heller , no meir , når dei ikkje var der . Ho vart gåande for seg sjølv , nokså fortapt , vart bleik og tunn . Ein dag sa mor hennar :

" Kva er det med deg Hild ? Er du ikkje glad ? "

Hild svara ikkje .

" Er det ingen du kan vera saman med ? "

" Nei , " mumla Hild og måtte bite gråten i seg . Mora la armen om oksla hennar og da vart det enda verre .

" Berit og Tora da , har du ikkje lyst til å vera i lag med dei meir ? "

Hild rista på hovudet og kom seg unna , kjende i ryggen at mora stod og såg etter henne . ‐ Det er mors skuld alt , tenkte ho , men syntest i same stund at ho var reint urimeleg , ‐ ville gå tilbake og gje mora ein klem , men gjorde det ikkje . Så gjekk ho der og dreiv . Det hende ho heldt til i timevis inne i dokkestua faren hadde bygd til henne og Ingrid . Ingrid var glad da , og ville på alle vis tekkjast den eldre søstera . Men brått måtte Hild berre gå frå henne , ut på vegane , der ho gjekk og dreiv utan noko særskilt føremål ; ho hadde ei sugande uro i seg som ho ikkje kunne forstå grunnen til . Ho dreiv på stigen langs fjorden òg , i fint haustvær , og ein gong møtte ho onkel Knut , kjende lukta av piperøyken hans og ville snu og springe sin veg . Men så hadde han sett henne og da vart det for flaut så ho gjekk vidare .

" Er det deg , Hild , " sa han . " Eg ser deg aldri på Rogne meir . Du får da koma og sjå til oss , om Olav og Ingeborg er borte . Vi saknar deg . "

Det var godt å få veta , syntes Hild da ho dreiv vidare og hørte kråkene krakse utover den blå , småskavlete fjorden . Lauvsblad vingla ned frå dei gule og raude trea med ein eigen sprø klang av frost .

Det var blitt stille borte i det store våningshuset på Rogne , ‐ hadde vore det i eit års tid alt . Når han ikkje hadde arbeid ute på gar den , eller i skogen , dreiv Knut ikring i dei øde romma , sat med litt rekneskap inne på kontoret , fyrte i omnen , drog opp klokka på veggen og stod iblant lenge i stueglaset og såg kråkene herje i dei gamle epletrea . Ingen ungar leika der ute no , og ikkje på tunet heller . Mangt minte han om livet som hadde vore , om Olav og Ingeborg , ja Gerd òg for den del . Han hadde gjeve opp vona om at dei skulle koma att , for å bli verande . Mor hans ville flytte inn i sjølvehuset og ta over styre og stell , men Knut sette seg beint i mot det .

" Dei kjem heim att , kan du vel skjøna , med tid og stunder , " sa han .

" Ja tru det den som vil , " mutra den gamle .

Stina innejente vart som ei slags husmor på Rogne . Ho gjekk stillsleg til og frå og stelte . Knut åt saman med tenestfolket inne i det svære , blåmåla kjøkkenet ; det hadde han gjort før òg , slik til dagleg . Men no vart det svært så stille og trykkande under desse måltida . Knut sat og tagde , bortrykt i sitt , og da syntest dei ikkje dei kunne snakke større dei andre heller . Det hende ein sjeldan gong at Olav og Ingeborg kom syklande over skogen for å sjå til han , og dei vart ein dag eller to . Men Gerd var aldri med .

%Ein dag gjekk Knut Rogne på stigen langs fjorden , slik han ofte hadde for vane , med piperøyken drivande ikring seg . Det var ein klar , fin dag ; ‐ rustbrunt lauv kvervla bortetter , og vinden drog striper av kvitt i den mørkeblå fjorden . Det klukka og let mot svaberg og gråsteinsstrender .

Da møtte han Eldrid Rogne . Det kom så brått på dei begge at dei berre vart ståande og stire på kvarandre , ‐ hadde ikkje møttest sidan konfirmasjonsdagen i fjor . Eldrid gjekk med eit skaut på hovudet og det vifta i vinden ; i handa bar ho eit blikkspann , halvfullt av tyttebær . Han spurte om det var tyttebær å finne no , så seint på hausten .

" Ja det ser du vel , " sa ho og fekk det travelt med å plukke i spannet . " Men dei er litt frosne . "

" Ja det er frost om nettene no . " Knut stod og såg på henne heile tida , men ho såg alle andre stader , utover fjorden der det låg ein robåt og baska ; ho syntest vera svært interessert i den .

" Har du hørt frå Gerd i det siste ? " Eldrid såg brått rett på han , ein ørliten augneblink . Han vart forvirra .

" Nei . Hadde besøk av Olav og Ingeborg for eit par veker sidan . "

" Ja det var ille , " mumla ho , " at det skulle ende på denne måten . "

Dei vart ståande utan å seia noko , til Eldrid braut stilla :

" Ja-a , eg får vel sjå å koma meg heim , "

Da ho var litt borti stigen , ropte han etter henne :

" Eldrid ! "

Ho stansa , venta .

" Ville du meg noko ? "

Han stod litt og fomla med pipa .

" De får koma og sjå til meg , du og han Harald , når det høver slik eingong . Eg har det heller einsamt veit du . "

Ho såg på han .

" Jo takk , kanskje , " mumla ho . Og da han ikkje sa meir , gjekk ho . Knut rusla oppover mot Rogne , bortrykt i tankar .

%Eit par dagar seinare kom Knut Rogne inn i landhandelen , litt utpå dag , og det var ingen der ; ingen bak disken heller .

" Hallo ! " ropte han mot det indre kontoret . " Er det folk her ? "

" Ja , ja , eg kjem straks ! " svara det ; det var butikkjomfrua Kristine Larsen , og like etter steig ho inn , litt raud og forvirra da ho såg Knut stå der . Gjennom dørgløtten fekk han ein skimt av eit par tre karar , mellom dei Harald . Det var glas og flasker på bordet , og stint av røyk . Broren reiste seg og kom drivande inn i butikken han òg .

" Nei men er det deg Knut som er ute og fer , " sa han og var nokså rar . Kristine stod med lappen frå Stina og fann fram varer or hyllene , pakka inn , fort og nervøst . Harald dreiv rundt i butikken , plukka litt på dette og hint , tauverk og ståltrådbuntar , småplystra . Da Knut var ferdig sa han :

" Du har kanskje bil du ? "

Og så vart det til at dei køyrde i lag . Harald måtte forklare seg .

" Eg var på veg heim frå meieriet , ser du , og skulle innom og få litt pipetobakk , ‐ og så baud dei meg på eit glas da . "

Knut kjende det lukta brennevin av broren .

" Sluttar du så tidleg på meieriet ? "

" Ja så i dag . "

Det vart stille og dei køyrde . Knut sat og kikka litt bort på broren , visste ikkje riktig kva han skulle snakke med han om . Til slutt sa Harald :

" Ja du har det vel aldri så lite einsamt du no Knut . "

" Det er ikkje fritt nei . Men da har ein i alle fall husfred . "

Harald såg på han .

" Ja det er meir enn eg har . "

Atter sat dei tagalle , og så kom det frå Harald :

" Eg har tenkt på det , du , om kanskje ho Hild kunne få flytte til Rogne for ei tid . Jentungen går no der og sleng heime hos oss ; ho vantrivst og er ikkje så lett å hanskast med . Ho kunne trenge å få seg litt å gjera . Hild er svært flink når ho vil , ser du . Og ho har alltid likt seg godt på Rogne . "

Det kom uventa på Knut dette . Han sat litt og tagde , og så sa han :

" Om ho sjølv vil kunne det vera hyggeleg det . Ho skal vera velkomen . "

No var dei framme og Harald steig ut .

" Takk for skyss . Eg saknar bilen du . "

Da Knut køyrde vidare , fekk han skimten av ei kvinne ute i hagen . Ho strekte seg på tå og plukka eple , dei få som hang att på trea . ‐ Eldrid , tenkte han først , men så slo det han at det måtte vera Hild , for ho var svært lys i håret .

%Hild hadde fått plukka korga full og gjekk inn på kjøkkenet . Faren sat og åt , nokså mørk , såg ho , han gløtta opp på henne som snarast . Mora skramla med oppvasken . Ingen sa noko . Hild skjøna at faren igjen hadde drukke . Ho stod og plukka litt i eplekorga .

" Fekk du skyss heim i dag , far ? "

" Ja . Eg møtt'n Knut på butikken og han baud meg skyss . "

" Og godt var det , " kom det frå oppvaskbenken ; mora stod med ein eigen smil som Hild kjende godt . " Du hadde nok ikkje sitte her elles . "

Faren sat litt , slengde så kniv og gaffel frå seg .

" Takk for mat , " sa han og reiste seg .

" Skal du ikkje ha eplegraut ? "

" Nei takk . " Faren karva i pipa og vende seg mot Hild .

" Du Hild . Han Knut sa at du kunne få koma til Rogne og vera der ei tid . Om du hadde lyst . "

Hild stod og stirde på han , kjende ho vart raud .

" Sa han det ? "

" Ja . "

" Han ville eg skulle koma ? "

" Javisst ! Har du lyst ? "

" Ja ! Jo ‐ . " Hild snudde seg mot mora , spørjande , såg at ho var svært bleik der ho stod over oppvasken .

" Nei ! Ikkje tale om ! Hild skal ikkje dit . Ho er for ung til å flytte heimanfrå . "

" Flytte ? " flirte faren . " I jøssu namn , det er da berre tvert gjennom moen her . Ho kan koma heim kvar bidige dag ! "

" Det hjelper ikkje . " Mora skramla igjen med oppvasken . " Eg vil ikkje at ho skal flytte dit . "

" Men eg vil det ! "

Hild kunne sjå sinnet koke opp i faren no . ‐ Han slår snart , tenkte ho . Han stod og dampa hissig på pipa .

" Hild skal flytte til Rogne ! " Røysta hans skalv av undertrykt harme . " Og Hild vil det da sjøl ! Ikkje sant Hild ? "

Hild nikka , så vidt det var , og såg på mora . Men ho ville det meir og meir inni seg , ville bort frå dette huset .

" Det skjer mot min vilje , " mumla Eldrid og tørka dei raude , våte hendene på forkledet .

" Eg vil så gjerne , mor . La meg få lov . " Hild såg bedande på mor si . Mora berre rista på hovudet og gjekk beint frå oppvasken . Hild visste at ho kom til å stenge seg inne på soverommet sitt no ; i dei seinare år hadde ho hatt eige soverom . ‐ Eg flytter likevel , tenkte Hild .

%Nokre få dagar seinare skulle Hild flytte til Rogne . Ho gjekk rundt i ei underleg sinnsstemning , ‐ forventning blanda seg med anger og sjølvanklage : at ho kunne gjera mor si slik ei sorg ! Eldrid synte seg ikkje , sat inne på rommet og tok visst til seg verken tørt eller vått . Eit par gonger hadde Hild prøvd å banke på og snakke til henne , men det kom ikkje ein lyd derinnanfrå . Iblant vart Hild reint forstøkt over mor si , undrast på om ho kunne vera heilt normal . Men slike tankar slo ho fort frå seg . Mor , som ho var så inderleg glad i , slik at det kunne skrike inni henne : mor , gå ikkje bort frå meg , ver her !

Så måtte Hild vandre av stad med klesbylten og sakene sine utan å ha fått sagt farvel til mora . For det kjendest som eit farvel da ho gjekk ut av tunet og gjennom den vesle moen mot Rogne . Ho hadde ein klump i halsen , ‐ han kom opp att og opp att kor mykje ho svelgde , og tårene strirann . Ho tørka og stelte seg bortved den vesle bekken . Han risla open enno , med tunn låt , men elles var det tele i bakken , så skoa krasa i det frosne , vissenbrune graset , og det singla i is på sølepyttar . Da ho nærma seg Rogne , såg ho ein sverm av svarte kråker bak låven , dei flaug kraksande omkring noko som måtte ha blitt slengt ut der ; ho kjende ei emmen lukt av gjødselkjellar og slakting .

Ikkje før hadde ho stige inn på tunet så kom bikkjene setjande og hoppa oppetter henne med glade bjeff . Stina innejente tok mot henne og følgde henne på det rommet ho skulle ha : gjesterommet i andre høgda , eit stort og vennleg rom med brei himmelseng og smårutete glas ut mot hagen og fjorden . Hild måtte berre setja seg ende ned og kjenne på den store lykke som var blitt henne til del . Her skulle ho få leva sitt eige liv , få gå og koma slik ho ville . På eine veggen stod ein fin servant med mugge og fat i gammal , blå porselen , ‐ på den andre ein svart etasjeomn . Stina kom no med friskt vatn i ei bøtte , la i omnen , og sa at husbond var ein snartur på skogen , men at han var ventande heim snart . Og så gjekk ho .

Hild la seg så lang ho var på det fine , kvite hekleteppet i senga . Det fór ei søt kildring gjennom henne , og ho småskalv der ho låg , anden hennar stod rykande mot dei lyseblå panelveggane , men borte i omnen dura det i frisk bjørkeved .

Hild undra seg litt over kva ho ville få å gjera på Rogne . Skulle ho berre gå på stas eller ta del i arbeidet ? Kanskje ho mest vart som ei slags dotter i huset . Ho steig opp , opna glaset og drog djupt inn den klare haustlufta . Det lukta av eple og råtnande planter , men det kom òg elingar av den stramme teven frå bak låven . Ho ville ut og sjå på garden , enda ho kjende han så vel frå før : knakinga i trappa , den eigne innestengde lukta i gangen , ho kjende trammen med benkane og dei slitte trappetrinna ned på tunet , fara etter fotatråkk til fjøs og stall og stabbur . Ho sveiv bortunder låvebrua og sette huska i gang , prøvde slipesteinen som snarast , rørte ved handtaka på plog og harv . Inne frå fjøset og stallen kom dumpe dyrelåter . Hild kjende det att frå mange år bakover , men likevel var alt nytt , for no var heile den mangslungne garden med alt sitt yrande liv blitt heimen hennar . Ho helsa fint på tenarane etter som ho møtte dei . Gustav Lind kom frå bak låven der han dreiv på med slakting og hadde blod på hendene , så han helsa ho på berre slik i farten .

Om litt kom Knut Rogne heim . Da han fekk sjå henne midt på tunet , lyste han opp i ein glad smil , kom fort mot henne og tok henne i begge hendene .

" Velkommen til oss , Hild . "

" Takk , " sa ho og såg opp på han . Dei hadde alltid vore så gode venner , ho hadde sitte på fanget hans til ho var ti-elve år , kom ho i hug . Seinare sjenerte ho seg for det ; tonen mellom dei var likevel den same gode gamle . Men no visste dei brått ikkje kva dei skulle seia til kvarandre . Hild kjende ho vart raud . Så dumt , tenkte ho . Onkelen såg litt granskande på henne . Da vart ho berre enda raudare og måtte vende seg bort .

" Ja , eg vonar du kjem til å trivast her hos oss , " sa han og lo litt , men det var likesom ein rar , litt spent klang i røysta hans :

" Ja , du får vera dotter mi du , no , til dei andre kjem att . Eg kjenner meg litt barnlaus , veit du . " Han stod der nokså tafatt , og ho kunne slett ikkje hjelpe han . Da såg han på henne og smilte . Hild smilte ho òg , ein fort smil . Han fekk det svært travelt med å stappe pipa og prøvde å skjemte bort den rare , uventa spenninga :

" Eg veit neimen ikkje kva eg skal snakke med deg om eg , Hild . Vi som har tulla så fælt saman før i tida . Det er kanskje det at du har blitt vaksen jente . " Han fekk fyr på pipa og dreiv bortover tunet .

Hild kjende det som om beina skulle bli borte under henne , ‐ ho måtte setja seg ende ned på trappa og hadde sterk hjartebank . Det var det raraste ho hadde opplevd ! Å ikkje kunne snakke med onkel Knut ! Og han var da så rar han òg ! Ho fekk ei underleg uro i seg . Mor hadde nok rett , tenkte ho . Ho skulle ikkje ha flytt . Helst ville ho ha sprunge opp og henta sakene sine og drege rett heim . Men huff , det gjekk ikkje det heller . Ho måtte vera her ei tid no , anten det vart slik eller slik .

Gudskjelov ! dei fann att den gamle tonen seg imellom , ho og onkelen . Nesten da . Når han skulle slipe ei øks og såg henne ute i tunet , ropte han iblant på henne og bad henne dra slipesteinen . Det gjorde ho gjerne , enda det var tungt nok , ‐ han gav seg ikkje før øksa var kvass som ein rakekniv ; han prøvde eggen på eit hårstrå han leita fram bak øyra hennar . Var han ikkje kvass nok , slipte han vidare , ‐ Hild slo vatn på steinen og drog . Til slutt tok han brynet , ‐ han hadde eit eige lag med det .

" No , " sa han og kjende på eggen , " no kunne eg ha halshogge storoksen vår med eit hogg , om han hadde levd . "

%Da isen la seg på fjorden , var Hild heimom og henta skeisene sine . Ville ta med skia òg , i same slengen , for snart fall det vel snø .

" Har du det bra der borte på Rogne da , " ville faren veta , dei sat og drakk kaffi i stua . Jauda , ho hadde det fint . Mora berre såg på henne , litt granskande , sat med ein bunding , ‐ men sa ingenting . Faren var ikkje heilt edru kunne Hild merke på pusten hans , enda det var tidleg ettermiddag , kjende seg ikkje frisk , sa han , og hadde gått heim frå arbeidet før tida . Hild syntest ho måtte bli sitjande ei stund , men hadde ei kjensle av å vera gjest i sin eigen heim . Til slutt sa ho takk for seg og skulle gå .

Det var skumt da ho stod og streva med skia og stavane og skeisene . Mor hennar kom ut på steinhella , hadde ei pakke i handa .

" Eg har strikka eitpar gode vottar til deg , " sa ho . " Og eit skjerf . Eg har lagt ned ein varm genser òg ‐ . Det er vinter snart . "

" Takk , men korleis skal eg ‐ ? "

" Ingrid kan følgje deg bort . "

Hild la frå seg skia og tok imot .

Brått og uventa slo Eldrid armane kring dotter si i halvmørket der ute på trappa .

" Hild ! " sa ho . " Ta vel vare på deg sjølv . "

Hild kjende at kinnet hennar var vått .

" Mor ‐ ! " Men mora hadde alt sleppt henne og ropte :

" Ingrid , kom og hjelp Hild med å bera du ! " Og så gjekk ho inn .

Dei to søstrene fann lett stigen gjennom moen enda det no var nesten mørkt . Men det hadde smått tatt til å snøge , ‐ det vart lysare da , på ein måte .

" Når kjem du heim att til oss , Hild ? " spurte Ingrid bak henne .

" Det veit eg ikkje , " svara ho . Og så om litt : " Korleis har de det heime no da ? "

" Det er som det plar det veit du . " Hild syntest det var ein slik fattig , hjelpelaus klang i røysta til søstera .

" Du meiner med far ? "

" Ja , og med mor . "

Hild var redd Ingrid skulle ta til å gråte og sa i ein kvikk tone :

" Du saknar meg litt da kanskje ? "

" Å ja ! " Det liksom brast ut av henne . " Kan du ikkje koma heimatt snart ? "

" Det gjer eg nok , " svara Hild litt svevande . " Og så kan vi møtast på isen . "

" Ja , " sa Ingrid stille .

Da dei var framme på Rognetunet , der alt no var kvitt , og søstera hadde lagt frå seg det ho bar , spurte Hild om ho ville bli med inn .

" Ikkje no , " sa Ingrid . " Det blir så seint . Og mor blir redd for meg . "

" Skal eg følgje deg tilbake ? "

" Nei , eg er ikkje mørkredd . "

Og så gjekk Ingrid . Hild syntest ho verka så tunn , så smal over okslene der ho gjekk og vart borte i snøværet . Ho går nok og græt , tenkte Hild , og kom nesten på gråten sjølv . Da såg ho at onkel Knut hadde kome ut på trammen , stod der og røykte . Ho skramla med skia og stavane .

" Kvar skal eg ‐ ? "

" Set dei berre her du . Men der får dei nok stå ei stund . Denne snøen blir det ingenting av . " Han liksom snakka ut i lufta , og rusla så over mot stallen .

Neste dag var det blankt solskinn , og snøen hadde blåse bort frå fjordisen . Ut på ettermiddagen spende Hild på seg skeisene og la i veg utover . Sola hadde gått ned , og alt var liksom så blått . Det gav ei kriblande kjensle i magen å svive bortover isen slik . Nesten litt skummelt òg , for den ferske stålisen såg tunn ut , det var sprekkar i han og ho såg vatnet under .

Om litt kom onkel Knut ned til fjorden , spende på seg lengdeløpsskeisene sine og fór utover med lange , glidande rørsler , det spruta om skeisejarna . Han hauka til henne og bad henne vente . Da han kom nærare , ropte han :

" Eg var redd du skulle dra for langt utpå , du åleine . Det er råker her , og eg visste ikkje om du kjende til dei . " Jau , ho gjorde da det . Dei gjekk no side om side mot den andre fjordbredda , ‐ det var lenger enn ho hadde trudd . Vinterkvelden tok til å skumre ikring dei , men det var frostklart med stjerner , og månen kom opp over skogbrynet . Brått knaka og braka det i isen langt bortetter , og ho skvatt til . Han lo og sa :

" Isen blir berre sterkare når det smell slik . "

Hild tenkte kulsande at det berre var eit tunt islag mellom dei og dei store , kalde vatndjupa som ho kunne ane under , også no det var mørkare . Da han rekte henne handa , greip ho tak , og så gleid dei vidare . Hild kjende seg liksom boren framover av styrken i hans rørsler . Det var ei rar , god , men også litt skremmande kjensle , som om ho ikkje lenger var herre over seg sjølv og sin eigen kropp . Likevel gav ho seg over til det . Ingen sa noko .

Brått fekk Hild skeisa i ein sprekk og heldt på å gå overende . Men han fanga henne inn ; før ho sansa seg var ho i armane på han , og kjende det kjølege streifet av leppene hans over munnen og kinnet . Det gjekk som ein støyt gjennom henne . Ho tenkte det berre fall seg slik at han kom henne nær på den måten , ‐ såg skremd og undren på han og fekk ei skjelving i seg . Andletet hans kunne ho ikkje få tak i , for månen stod bak han og skein rett i andletet hennar .

" Hild ‐ " sa han med ei røyst ho ikkje kjende heilt att . " Så bleik du er . Frys du ? "

Ho rista på hovudet .

" Du er lik mor di , slik ho var første gongen eg møtte henne , " heldt han fram lågt . " Det såg eg forresten her ein dag i haust òg , ‐ du stod og plukka epler i hagen på Bjørketun . "

" Slepp meg , " bad ho , lågmælt . Han sleppte henne og tok ein lang sving inn i skuggen frå land . Da han snudde tilbake , var ho på veg over fjorden att , i månelyset , mot Rogne . Han følgde etter , kunne ikkje la vera å sjå på henne , slik ho tråkla seg framover , med litt klossete men kvinnelege rørsler . Ho er ikkje barn lenger , nei , tenkte han . Kva var det han innbilte seg forresten ? Ho var snart sytten år .

%Hild drog ikkje på isen meir med det første . Hadde fått fjordstøkken i seg , på ein måte . Elles visste ho ikkje riktig korleis ho fekk dagane til å gå . Men dei gjekk da . Ho var med i fjøset og på kjøkkenet , drog separatoren , ‐ om kveldane sat ho mest på rommet sitt med litt handarbeid , enda onkel Knut bad henne koma ned i stua og halde han med selskap . Han var nok redd ho skulle ha det keisamt , spurte om ho ikkje hadde lyst til å koma ut blant annan ungdom . Hild sa ho trivdest bra som det var .

No kom snøen , brått og i store mengder . Verda vart borte i snøyret : åsane , fjorden , himmelen og alt , ‐ berre hagen på Rogne kunne Hild sjå gjennom glaset , med epletrea så nedtyngde av snø at ho tenkte dei aldri kunne bli grønne meir .

Neste dag klarna det , og sola skein over eit vinterrike som reint tok pusten frå henne : skogane snøstakka , fjorden og alle jorde bortetter gnistrande kvite , ‐ dei svarte lauvtrea kring garden var blitt ein nedtyngd eventyrskog . Og over det heile kvelvde fjellet seg som ein skinnande kuppel . Opp or alt det kvite steig røyken frå hus heile grenda bortigjennom , og det fantest enno ikkje spor etter dyr eller menneske . I vinterstilla var alle lyder neddøyvde , ‐ likevel kunne ein godt høre omen av glade barnerøyster og hundeglam frå fjern og nær . På bygdevegen drog snøplogen fram , og snøplogkantane lyste langan veg med skarpe blålege skuggar . Hild gjekk som i ein jubel , og da onkelen tok ein svart hest ut frå stallen og spende for breisleden og spurte om ho hadde lyst på ein tur , svara ho ja ! så det reint lyste av henne . Dei kledde seg godt og pakka seg ned under skinnfellen , og hesten la i veg med ringlande dombjøller . Hild såg på onkelen sin der han sat og ruva i ulve skinnspelsen , og tenkte at slik såg ein storbonde ut . Ho visste at han var ein av dei fremste menn i bygda , akta og æra av dei fleste , både rik og klok ; han sat i heradsstyret og hadde ein finger med i mangt , og overalt der dei møtte folk , helsa dei vørsamt . Hild kjende seg reint opphøgd der ho sat . Respekten for han kom liksom til å gjelde henne òg , og ho likte det ! Ho var glad i onkelen sin , tenkte ho , og smilte til han under ulveskinnslua han hadde gjeve henne i gave . Fanden til smil på den jentungen ! tenkte han , og smilte att , ‐ gav Sekunda eit kraftig rapp over dei blanke lendene . Og ho reagerte som den tråvar og arabarhoppe ho var : ho sitra til i heile den svarte silkeskimrande kroppen og langa ut med smekre rasebein .

Dei skulle ingen stad og det var det finaste av alt , syntest nok Hild . Så da han hjelpte henne ut av sleden i Rognetunet , gav ho han igjen ein glitrande smil . Han fekk det travelt med å spenne frå , sele av , setja hesten på stall og strigle det rimete hårlaget , som no vart vått så det dampa av det . Han hadde ei rar uro i seg .

" Kva går det av deg , Knut Rogne , " mumla han , " vil du la ein jentunge vippe deg reint av pinnen . "

Hesten vende hovudet og såg på han med dei store , blanke augo , likte striglinga , og no fekk han ein velfortent høydott å mumse og gnurpe i . Knut vart verande i stallen lenge . Ti fine hestar hadde han ståande i rekke og rad , tråvarhestar og arbeidshestar , ‐ ri kunne han òg på eit par tre av dei . Stallen var hans byrgskap , hans lettsinn , han som elles var ein praktisk bonde , med godt vet og sunt skjønn på så mangt . ‐ Berre ikkje på omgang med unge jenter , tenkte han , og tok til å strigle ein av dei andre velfødde , blanke , men likevel smekre hestane . Sulumsvarten likte det , blunda med augo og nappa Knut i ermet med den fløyelsmjuke mulen . Godt lukta det herinne , og velsigna fredfullt var det . Men kom ikkje den utkropne jentungen glidande inn hit òg , ‐ ho var i skjørt og genser no , blussande og blankøygd etter køyreturen i kaldværet .

" Er det deg , Hild , " sa han inne frå spilltauet .

" Eg må få sjå på hestane dine , onkel . Eg har ikkje vore her inne på mange år . " Ho stod bak Sulumsvarten og klappa han varsamt over lenda .

" Er han snill ? "

" Ja kom berre her . " Han gav plass for henne i spilltauet , gleid sjølv under halsen på hesten og tok til å strigle på andre sida .

" Kva heiter han ? "

" Sulumsvarten . "

Hild klappa han varsamt ned mot mulen , slo så begge armane kring hestehalsen og la sitt eige hovud inntil . Ho hadde nok sitte inne og løyst ut og kamma håret sitt , for det fløymde lyst silkeblankt mot den svarte hestemanen . ‐ Den som var hest , fór det gjennom han .

" Det luktar så godt , " mumla ho .

" Det luktar alltid godt av hest . " Han strigla seg bakover . " Til våren skal du få lære å ri . "

Det vart stille litt , og så sa ho : " Kva er det for ein eg skal få ri på da ? "

" Denne , " sa han . " Han er snill og roleg . Vil du kanskje prøve straks ? Å sitja på han , meiner eg . "

" Ja tør eg det da ? "

" Javisst ! " Han kom og greip henne om livet og under knea , og ho sette i eit hyl da han slengde henne opp så ho vart sitjande , eller halvt liggjande over den breide ryggen og klamre seg med eit krampetak om halsen på hesten .

" Onkel , ta meg ned ! "

I ein slags skrekkblanda fryd skreik ho ut :

" Ta meg ned straks ! Straks onkel ! "

" Om du lovar å vera snill jente så . "

" Ja , ja ! "

" Lovar du å flytte heimatt til far din og mor di da , i morgon den dag ? "

Ho strauk håret frå andletet , forvirra og forundra , og såg på han .

" Må eg det ? "

" Nei nei , eg berre skjemtar , kan du vel forstå . Du får vera her så lenge du vil . "

" Ta meg ned da . "

Han løfta armane mot henne .

" Ja så kom igjen ! "

" Korleis ‐ ? Eg skjønar ikkje ‐ . "

" Berre kom ! "

Hild sat litt uviss , let seg så falle ned mot han og slo i fallet armane kring halsen hans , han greip henne om livet , og let henne glit seint ned langs hestebuken . Da ho vel var nede , vart han ståande ein augneblink med andletet ned i håret hennar .

" Det luktar så godt av håret ditt , Hild , " mumla han .

" Eg har nettopp vaska det . " Andletet hennar var tett opp mot hans , og ho drog det ikkje unna . Han var på nippet til å kysse hen ne på munnen ; i staden gjorde han seg brått fri med ei brysk rørsle og gjekk frå henne .

" Kom no , Hild . Det er snart kveldsmat . "

Ho stod med hengande armar , mumla :

" Du er rar du , onkel Knut . "

" Det er du òg , Hild . " Så gjekk han , fort .

%Onkelen var annleis mot henne etter den dagen , syntest Hild . Hyggeleg , men likevel avvisande på ein måte . Ho forstod ikkje kva gale ho hadde gjort , men hadde inst inne ei kjensle av kva som var i vegen likevel . ‐ Han er forelska i meg , tenkte ho . Tanken både pirra og skremde henne . Gamle onkelen min , tenkte ho . Han er forelska ! I vesle meg ! No når ho først fekk dette klart for seg , syntest ho det var så opplagt , og kunne ikkje forstå at ho ikkje hadde merka det før . Heilt nytt for henne var det visst ikkje likevel , om ho skulle vera ærleg . Ho kjende seg både heit og rar , ‐ litt stolt òg . Men kva med meg ? tenkte ho så . Er eg forelska i han ? Den tanken verka reint urimeleg på henne , ho måtte le høgt . Nei ! Forelska i ein mann på over førti år ? Aldri i verda heller ! Likevel vart ho ikkje kvitt han , alt det ho prøvde . Og den gamle idéen at det var noko særskilt syndig ved henne melde seg att . Ho greip kåpe og lue og fór på dør ; måtte kjøle seg av , ho berre gjekk utan å tenke på veg og lei . Det var stjerneklar førjulskveld med bitande frost , ‐ støvlane knirka og let i snøen . ‐ Eg må bort frå Rogne , tenkte ho ; dette går ikkje lenger . Brått stansa ho og merka at ho stod rett bortanfor tråkka heime . Utelampa lyste på snøpalsane , ‐ inne i kjøkkenet kunne ho sjå mor si røre seg til og frå , mørk og tunglynt . Ville ho heim att ? Nei , måtte ho svara seg sjølv . Ho ville vera på Rogne . Men aldri meir skulle ho gje onkelen sin grunn til å koma henne for nær . Aldri ! Ho snudde og gjekk tilbake til Rogne .

%Det vart annleis mellom henne og onkelen no , syntest Hild . Ho passa vel på å ikkje bli åleine med han . Ikkje såg dei stort på kvarandre heller , men det hende både titt og ofte at Hild kjende blikket hans når han trudde ho ikkje merka det . Såg ho på han da så augo deira møttest , om berre eit sekund , vart ho så rar inni seg og fekk sterk hjartebank . Ingen av dei kunne finne på noko å seia . Hild prøvde å unngå desse situasjonane , men noko i henne dreiv henne til å søke dei opp òg , anten dei sat beint mot kvarandre ved kjøkkenbordet , eller dei møttest ute , på veg over tunet . Og enda ho hadde ei kjensle av at han prøvde å halde seg unna henne , dukka han likevel stadig opp i nærleiken , travel å sjå til , opptatt av eit eller anna gjeremål .

Vinteren gjekk og det vart vår . Første mai stod Hild i tunet på Rogne og såg arbeidartoget koma utanfrå stasjonsbyen med sine raude faner . Det blenkte i horn og trommestikkene gjekk ; ikkje heilt reint , men iltert blåsande spela det vesle hornorkesteret Internasjonalen . Songen bak klang spedt , syntest Hild . Folk ho kjende , gardsgutar og karar som arbeidde i skogen , tenestjenter og husmenn gjekk og våga ikkje heilt å synge ut på vegen mellom dei breie , fine gardane , der våronna denne dagen gjekk i stå , enda ein og annan bonde dreiv på og spreidde møkk utover jorda . Men ikkje onkel Knut ; han sat på stabburstrappa og hadde tendt pipa og tok seg nesten fri , ‐ såg på toget han òg . Hild visste han var ivrig i politikken , bondepartimann og førar for dei borgarlege . No var det sosialistane som styrte bygda , men klasseskillet var ikkje blitt mindre av den grunn , ikkje det Hild kunne merke . Det var ikkje bra om ei bondejente gav seg i lag med gardsgutar og anna folk av ei lågare rase liksom . Ei og anna bondedotter hadde kome i ulykka , eller tatt den ho var glad i og sat som kjerring i ei fattigstue , og hadde nok ikkje større samkvem lenger med slekta si . ‐ Det er for gale , tenkte Hild . Er dei ikkje folk dei òg ? Og kva skulle bonden ha gjort utan dei til å slite for seg i skog og på jorde ? Likevel skremte dei raude fanene ute på vegen henne .

Fram på ettermiddagen kom Trygve Skinnarland køyrande inn på Rognetunet , i farens bil . Hild vart både glad og forundra .

" Nei , men er det deg da , Trygve , " sa ho . " Lenge sidan eg såg deg . "

" Er han Knut heime ? " spurte han .

" Ja han sit inne på kontoret sitt . "

Men Trygve hadde det slett ikkje så travelt , ‐ gav seg til å snakke litt med Hild .

" Sant nok , det er lenge sidan vi sprang og leika her , " sa han og såg ut over tunet der grønt gras no pipla fram gjennom det vissenbrune frå i fjor . " Hører du noko frå søskenbarna dine , han Olav og ho Ingeborg ? "

" Nei , " svara Hild .

Det vart stilt mellom dei ei stund .

" Du skal vel på fest i kveld du , Trygve ? "

" Det kan du banne på at eg ikkje skal ! " sette han i . " Sjå her , " sa han og synte henne handlovane sine . Dei var fulle av kvaeflekkar . " Eg har hogge ved i heile dag berre på faenskap . Når gardsgutane flyg gærne etter vegane , får bøndene ta over alt arbeidet sjølve . Før eller seinare må vi visst det i alle fall . Det blir for dyrt å ha tenestefolk . "

" Dei tener da visst snautt til maten eingong . "

" Seier du det ? Eg trur du òg får gå i tog neste år , Hild . "

Hild såg på han og ville gje han eit skarpt svar , men spurte i staden kva han skulle snakke med Knut om .

" Jau du , vi har fått i stand eit skyttarlag , og vi syns han burde vera med der . "

" Skyt de på blink ? "

" Ikkje vanleg blink , " flirte han . " Vi skyt russarar . "

" Kvifor det ? " ville Hild veta .

" I jøssu namn da Hild , er du heilt grønn ? Ser du ikkje at bolsjevikane er i ferd med å legge heile verda under seg ? Men det skal dei bli blå for , du ! Eg tenker Adolf Hitler set ein stoppar for det . "

" Hitler , " sa Hild . " Var det ikkje folka hans som sette fyr på Riksdagshuset i Berlin ? Det har onkel Knut sagt . "

" Nei , Hild ! Der tar han feil . Det var jødane det ! Har du lese " Min kamp " ? "

Nei , Hild hadde ikkje det .

" Du skal få låne boka av meg ein dag . Du veit vel ikkje at det er borgarkrig i Spania heller du da ? "

" Sjølvsagt veit eg det . Det står da om det i avisene både titt og ofte . "

" Ja der er bolsjevikane med på den raude sida . Så må Hitler og Mussolini hjelpe Franco . Men det i Spania er berre børjinga . Vent så skal du sjå at det brakar laus . "

Trygve Skinnarland var så raud og opphissa no at Hild måtte le .

" Er det derfor de ligg og skyt på blink da . "

" Det er godt å kunne handtere ei børse i slike tider . "

No kom Knut ut på trammen .

" Goddag , Trygve . Sjeldan kar å sjå . Eg syntest nok det var røysta di eg hørte . Skal du snakke med meg , kanskje ? "

" Ja eg skulle gjerne det . "

Og dermed gjekk dei inn .

I dagane framover vandra Hild rundt i det veldige vårbruset som no berre auka på , dag for dag . Ho sat på svaberget ved fjorden og såg små iherdige dampbåtar dra svære tømmerlenser ørande smått mot elveosen , der eit sagbruk låg og pløygde plankar og bord med sitt langtrukne , gjennomtrengande sing-sang . Ute frå stasjonen hørtest lossing og lasting , høge rop og puffing av lokomotiv ; eit lite fly kom svingande inn over bygda , ‐ vårlufta gav flyduren ein eigen låt . På andre sida fjorden gjekk ein og annan lastebil , gjennom skjeringar og langs ope vatn ; våronna var i full gang .

Hild låg utstrekt på svaberget med attlatne augo og fornam alt dette . Ho kippa av seg skorne , løyste kjolen i bringa og drog kjolekanten opp over låra . Det var herleg å få sola rett på nakne kroppen ; helst ville ho ha rive av seg kvart plagg og hoppa ut i fjordvatnet som vaska og let mot berget nedanfor føtene hennar . Men det var nok iskaldt . Ho såg skyene gå i stor fart over seg , og ho syntest sjølv ho siglde av stad med dei , så bortrykt at ho ikkje hørte steg nærme seg . Men da det brått kildra kjøleg i andletet , fór ho opp , drog instinktivt kjolen ned over knea og vart flammande raud . Ved sida av henne på berget sat Knut , og i handa hadde han ein kvitveisbukett .

" Orsak meg , " sa han , litt brydd da han merka kor forvirra ho vart . " Du låg her og såg så salig ut , eg kunne ikkje la vera å kile deg . " Nesten høgtideleg flidde han henne kvitveisbuketten . " Denne har eg plukka til deg fordi du fyller 17 år i dag . "

Ho tok imot .

" I dag for ti år sidan kom du hit til Rogne . Det kunne vera verd sine blomar det òg . "

Med andletet ned i kvitveisen kikka ho skrått opp på han og smilte skjelmsk .

" Du er vel rar du onkel Knut . " Ho la buketten frå seg , tok han brått med begge dei smale hendene om hovudet og kysste han på kinnet , nær munnen . Som hadde ho brent seg , sleppte ho han og la seg nedatt med ryggen mot han og hendene for andletet .

" Hild ‐ . " Han rørte lett ved oksla hennar og bøygde seg over henne . Ho låg som før . Da tok han eine handa hennar , varsamt , og kysste den , utanpå og deretter inni . Hild gleid over på ryggen med augo attlatne og han kysste henne på augneloka . Ho sette i eit lite stønn , slo armane om halsen hans , drog han ned til seg og kysste han på munnen . Det var som ei raud bølgje jaga gjennom den vaksne mannen . Han tok henne inntil seg og kysste henne med opne lepper og ho møtte han på same måten , vilt og reint ute av seg ; kroppane tvinna seg i kvarandre , ‐ ho halvt lo og halvt gret . Så greip ho i håret hans og heldt han frå seg , låg og såg på han med open munn og oppriven pust . Da han igjen ville ha tak i munnen , skuva ho han heftig frå seg , ‐ sette seg opp med armane om leggane og andletet mot knea , sat og rista på hovudet . Han rørte lett ved ryggen hennar og ho sitra til .

" Nei , onkel Knut , ikkje det ! "

Han la seg på rygg , kvilte nakken mot den eine underarmen , togg på eit lite strå og kikka skrått opp mot henne .

" Kvifor kallar du meg onkel Knut ? "

" Kva skulle eg elles kalla deg ? "

" Berre Knut . "

" Det kan eg ikkje . Du er da onkelen min . "

Hild fall etterkvart litt meir til ro ; sat og kasta småstein ut i vatnet , men såg ikkje på han . Om litt sa han :

" No er det sommar snart . Da skal eg lære deg å ri . "

" Eg trur ikkje eg har lyst , " sa ho og reiste seg ; gjekk ned til båten som låg bunden i vika der . Med litt strev fekk ho løyst han og gleid utpå , tok årene og rodde . Knut sette seg opp . Båten og den vevre kvinnekroppen var midt i solglitret , så han fekk ikkje tak i andletet hennar , men kunne kjenne at ho sat og såg på han . Han reiste seg .

" Kvar skal du , Hild ? "

Ho svara ikkje , berre rodde utover .

%Etter dette vart Hild enda meir på vakt enn før . Om nettene låg ho ofte vaken , vár for alle lyder . I heile det store huset var det ingen andre enn ho og onkelen . Stundom kunne ho høre at han var oppe ; da låg ho musestille i ein slags søt skrekk . Ho hadde tatt til å låse døra kvar natt , men likevel : kom stega nærmare ? Nei , han gjekk ned ‐ iblant ut ; det hende ho såg skimten av han mellom epletrea som no stod i full bløming , lysande i sommarnatta . Ho kikka varsamt gjennom gardina og såg han vandre derute med pipa , i skjorteermene . Det var så fortrollande lyse netter no .

Ved frukostbordet sat Hild mest og såg i tallerkenen og åt fort . Etterpå gjekk ho ned i kårstua , til farmor si og tanta . Dernede var ho liksom utanfor fare , det var fredeleg og godt med klangen av den gamle veggklokka , ‐ når berre mor og dotter ikkje var uvenner , men det var gjerne slik at Hilda småskjente på dottera for dei minste ting . Begge sette stor pris på at Hild kom . Farmora var vel sytti år . Ho verka likevel eldre fordi ho hadde grønn stær på augo og såg lite . Men ho var klar og kvikk , og kvass i replikken , og hadde eit svært godt minne , ‐ fortalte Hild mangt om livet i bygda i gammaltida . Ho kunne ei mengd salmevers og bibelord utanåt , og sat i gyngestolen og trøsta seg med dei , særleg i skumringstimen . Tanta visste ikkje det beste ho skulle gjera Hild når ho kom slik , ‐ det vanka både kaker og kaffi , frukt og heimelaga vin . Hild hjelpte dei to kvinnene med vask og matlaging når det høvde slik .

" Du likar deg visst betre her hos oss enn inne hos han Knut , du , " sa gamle Hilda eingong og såg litt granskande på henne , hadde Hild ei kjensle av . For om synet var veikt , hadde ho likevel skarpt øyre for både det som vart sagt og ikkje sagt .

%Så var det ein kveld midt i juni . Utan å veta kva ho skulle ta seg til gjekk Hild og dreiv på tunet i eigne tankar , sette seg i huska under låvebrua og tok til å gynge smått . Ho mintest gamle dagar når ho sat der , ellevill av jubel og skrekk når onkel Knut stod og puffa henne i ryggen så ho fór svimrande langt ut . Ho sat og greip seg i å ønske at han ville gjera det no . Ikkje før hadde ho tenkt det , så kom han ut or stallen og stansa da han fekk sjå henne .

" Sit du her , Hild . Eg har ikkje sett større til deg på lenge . " ‐ Dytt meg , tenkte ho , dytt meg langt ut så eg blir svimmel og redd ! Men han berre sleppte tauet han hadde gripe tak i som snarast , og gjekk . Hild heldt nesten på å rope etter han : " Kom og dytt meg da , onkel Knut ! "

Ein augneblink etter var han tilbake .

" Du Hild , " sa han , " eg skal ut og sjå til garna . Kunne du tenke deg å bli med ? "

Ho skulle til å rope ut eit glad ja ! , men tok seg i det .

" Det kunne vera fint med litt hjelp , " mumla han .

" Eg vil gjerne bli med , " svara Hild .

Båten gleid utover der dei for vel eit halvår sidan gjekk på skeiser : han drog riper gjennom den blanke flata lyse junikveldshimmelen med mørkare skyer spegla seg i . Knut rodde , Hild sat bak , fordrømt , og let handa risle i det kalde vatnet . Da dei var komne fram til garnflòtet , spurte han om ho kunne ro . Dei reiste seg begge og passerte kvarandre . Ho stødde seg lett til armen hans , og kjende det som ein støyt da ho strauk tett forbi han .

Hild skåta og rodde medan han drog inn garnet . Ein og annan fisk sprella kvitnande i dei svarte garnvasene og plaska inn over relingen . Det hadde vore heilt stille , men no tok det til å spela høgtalarmusikk som kom og gjekk med luftdraget og hjala i åsane . Frå dansesletta , tenkte Hild , og hugsa på at det var lørdagskveld . Da han hadde vore gjennom heile garnet og sleppt det andre flòtet ut att , sa han :

" Du skulle vel gjerne ha vore der borte på dansesletta du . "

Hild svara ikkje , berre skåta litt med årene .

" Eg har eit garn til , der borte . " Han peikte mot ei lita øy som svevde over vatnet med sine få grantre og den mørke skuggen innunder .

" No ror eg , og så tar du opp garnet . "

Dei bytte plass pånytt .

Det var ei eiga stemning på fjorden . Ei lett brising strauk no og da utom oddane og skipla speglinga av land og himmel , ein fin dis dreiv over vatnet , og svermar av insekt ; ein og annan fisk vaka så ringbølgjer vida seg ut og ut .

Hild fekk tak i flòtet og tok til å dra inn garnet . Ho kjende det var tungt , og at det var liv i det , ‐ såg det kvitne fleire stader nedover . Oppspila og ivrig drog ho garnet inn :

" Her er fisk , onkel ! mange ! "

" Bra ! " sa han . " Du har nok betre fiskelykke enn meg . "

Den første siken plaska ned i vatnet og fiskeblodet over bånntiljene .

" Ein diger fisk ! " hylte ho , trakk beina opp og klappa i hendene .

" Ta han ut or garnet . "

" Eg tør ikkje ! Han sprellar så fælt ! "

" Prøv . "

Hild greip etter siken , men skreik høgt da han glapp frå henne .

" Eg skal hjelpe deg , " sa han , og så famla dei begge etter den glatte fisken som låg og gapte og slo med halen i garnnøstet , ‐ ho lo og hylte , han lo han òg , dei var som to barn .

" Drep han ! " Knut rekte fisken mot henne .

" Nei ! " skreik ho . " Gjer det du . "

Han stakk fisken inn i munnen , beit så det krasa og sputta fiskehovudet ut over relinga . Hild sette i eit hyl som gjekk over i latter .

" Du er galen ! " skreik ho . " Sjå der , der er ein til ! Og enda ein ! " Dei famla etter fisk og lo , greip kvarandre i hendene og lo enda meir , ‐ Hild var til slutt heilt overgjeven ; ho vart klissvåt på kjolen , men sansa det ikkje .

Inne på land , nede ved fjorden , på eit svaberg , stod Eldrid Rogne og hørte dei . Ho var heilt kvit ; det var som om glederopa og latteren der utanfrå piska henne i andletet . Om litt kom Harald ut or huset . Da han fekk sjå henne dernede , kom han og sa :

" Kva er det for bråk på fjorden ? "

" Det er nokon som er ute og fiskar , " svara Eldrid . Han lydde litt .

" Eg synest det er Hild . "

" Ja . " Ho gjekk frå han , opp til huset og inn att . No hørte Harald brorens mørke røyst der ute , ivrig og glad .

" Ja , ja , du Knut , du Knut , " mumla han . " Din evige ungkar og spelemann . Ja ikkje nett ungkar , men ‐ . " Det stakk han brått at det var dotter hans han sat og fjasa og mora seg med der ute . Nå , anna enn moro var det sjølvsagt ikkje .

Men også på Rogne , i hagen der , var det ei som stod og lydde ut mot fjorden denne kvelden , gamle Hilda . Ho såg ingen båt , augo var for dimme til det . Men ho hørte kven det var , ‐ og det låt som alt anna enn vanlig uskyldig morskap . Mistankane ho gjekk med fekk ny og sterk næring . Sonen hennar skulle passe seg no , så han ikkje vart til spott og spe for all bygda . Ho fekk ta ein prat med han ein av dagane .

%-Du Hild , " sa Knut , ‐ han rodde innover , ho sat bak og smått fraus . " I morgon skal vi ut og ri , slik eg har lova deg . Vil du det ? " Ho såg fort bort på han og såg ned i vatnet att .

" Gjerne , " svara ho lågt .

" Vi dreg klokka to , straks etter middag . " Han manøvrerte inn i vika .

Knut Rogne hadde bede Gustav om å gjera i stand to ridehestar , Sulumsvarten og Sekunda . Og klokka to stod Gustav og venta utanfor stallen med hestane . Knut klappa Sulumsvarten på halsen :

" I dag får du vera snill gut . "

Hesten slengde med hovudet så skummet skvatt og togg i bikslet , rykte med det blanke hårlaget for å få bort plagsame fluger . Hild kom hastande ut i støvlar , skjørt og genser .

" Sjå her , " sa Knut , " set foten din her . " Han løfta venstre foten hennar opp i stigbøylen . " Så stør du deg til handa mi , slik , tar tak deroppe , og så skuvar eg etter . Så , der ja ! "

" Å mamma , eg tør ikkje ! " skreik ho , tumla på plass og klamra seg til hestehalsen .

" Set deg opp . Roleg no ! Høgre foten inn i den andre stigbøylen ‐ slik . Og her har du taumane . Sit rett . Ver ikkje redd . "

" Det er så høgt ! " klynka ho og såg ned .

" Det venjer du deg til . " Med eit spenstig sprang kom Knut seg opp på ryggen av Sekunda , greip taumane .

" Og så dreg vi . Du rir føre slik at eg kan halde auga med deg . Hesten kjenner vegen . "

I roleg gange bar det av stad , ut av tunet , over bygdevegen og på stigar inn i utslått og hamnehagar ; vidare inn i skogen , der det mest var sval skugge . Hesteskorne slo i stein og tråkka i mjuk skogbotn , med ei dryss av brune barnåler mellom slitte , kronglete røtter .

" Dette er fjellvegen ! " ropte han framover mot henne .

" Skal vi til fjells ? " ropte ho tilbake , ‐ ho sat så stiv og strunk og på vakt at ho ikkje torde snu seg eingong .

" Vi får sjå , " sa han , " kor langt vi orkar . "

Med roleg , sikker gange steig hestane opp gjennom granskogen . Hild fall etterkvart inn i rytmen frå det levande , varme dyret under seg . ‐ Det er moro å ri , tenkte ho , men heldt med eit krampetak i taumane , og pressa føtene ned i stigbøylane .

Det bar gjennom tett granskog , full av fuglefløyt , over rislande bekkar , gjennom myrlende som lukta pors og lyng , og iblant svuppa om hestehovane , så over tørre snauhogster der solvarmen stod og dirra med lukt av visna bar og friskt tømmer og maur , og så ny tett skog . Smått i senn vart det grisnare og opnare , ‐ over kraggskogen kunne dei no sjå fjellet løfte seg . Det verka nære , men var nok likevel langt borte , fortalte Knut , ‐ grågrønt mot himmelen , enno med ein og annan snøflekk i nordhellingar .

" Er du trøtt ? " ropte onkel Knut .

" Neida . Å jo , kanskje litt . "

" Vi skal kvile snart , " kom det frå han .

På ei fin lita grasslette stoppa dei . Han sprang av hesten og løfta armane opp mot henne . Hild var no så trøtt at ho berre let seg sige mot han med armane om halsen hans og kom seg ned på bakken , reint fortumla . Or ryggsekken henta han fram eit ullteppe og breidde det ut .

" Set deg her , " sa han .

Hestane var alt i gang med å gnaga i det fine , grønne graset . Knut laga til eit lite bål mellom steinar , svarte av tidlegare kaffikoking , og han henta vatn i bekken som rann like ved . Snart lukta det godt av kaffi og bål og piperøyk : han henta fram brød , smør og spekemat . Alt dette ana Hild meir enn ho såg det ; ho hadde strekt seg ut på ullteppet og halvveges sovna . Knut rynka bryna og såg på henne , ‐ han hadde nok drege for langt av stad første gongen ho sat på ein ridehest . ‐ Vi får vel snu her , tenkte han , etter ei god kvil .

Han såg på henne att . Ho sov fast , likna eit stort barn der ho låg . Med søvnrørsler vifta ho bort flugene som plaga henne ; vinden rørte lett ved det lyse håret i tinningen . Det han kjende for henne no , var mest varme og omsorg . Da snudde ho seg over på ryggen og smilte i halvsøvne , sola skein rett på henne , og han syntest brått det var eit sug av attrå og forlokkande sanseleg sødme over heile henne . Barn ? Nei . Kvinne var ho , fullt og heilt . Ho mumla noko i søvne . Knut bøygde seg over henne og tok handa hennar .

" Hild ‐ " kalla han lågt . " Vi skal ha mat . "

Ho opna augo og såg på han , sette seg opp , forvirra og søvnør .

" Eg sovna , " sa ho . " Eg drømte til og med . "

" Kva drømte du da ? " Han slo kaffi opp i ein kopp så det skvulpa over , flidde henne den .

" Som du skjelv på handa da mann . " Ho tok imot .

" Kva eg drømte , nei det får du ikkje veta . " Hild bles på den varme kaffien og slurpa han i seg , kikka skrått opp på han med to blå augnestrekar som smilen glitra skjelmsk i . Knut tok tollekniven og fekk det travelt med å skjera brød ‐ og skinkeskiver . Dei åt lenge og vel utan å seia noko meir . Det lukta godt frå dei varme hestane . Skogens alle lyder vart så påtrengande , fuglesongen , susing i liene , sildret frå bekken . Ei humle tumla frå blome til blome .

Knut pakka i hop og sa at dei fekk vel gje seg på heimveg .

" Eg trudde vi skulle til fjells ? "

" Ja orkar du det da ? "

" Orkar ? Eg kunne ri så langt det skulle vera . "

Ho kom lettare opp i salen no , med hans hjelp , likevel .

" Så rir vi til fjells da ? " sa han , og ho nikka . ‐ Dette er vanvet , tenkte han . Det var langt på ettermiddagen alt . Men det er sommar og lyse netter , tenkte han vidare .

Og så var dei atter på veg , innover dit fjellet runda seg mot him melen med sine grågrønne flyer og vierbelte , sine juv og steingrå høgdedrag i disig sein ettermiddagssol . Det gusta kaldt frå det .

%Fjellvegen var lenger enn Hild hadde tenkt , og det vart kveld før dei kom fram til setergrenda . Her lukta av krøtter og prim , enda ingen hadde flytt opp med buskapen enno . Sommarkveld og ikkje mørkt . Setrane låg lodne og grå bortetter , med vollar ikring seg , lysande av silkestrå og engblomar . Det gusta reint og kaldt frå fjellheimen , høgfjellet stod mørkt med ei skarp line av dagslys ikring seg ; her nede rundt setrane var det litt kraggskog mellom myrsøkka , og framfor setra låg eit stille vatn der det vaka fisk .

Knut kom seg av hesten og løfta henne ned ; ho var så støl og stiv at ho mest ikkje kunne gå , sette seg bums på steinhella , frysande bleik . Han tjora hestane på vollen , fann nøkkelen og låste opp den knirkande selsdøra .

" Stig inn om her er smått , " sa han . Hild gjekk inn . Det var heilt mørkt i selet , og ei stram lukt av primysting og røyk , etter seterstell gjennom mange hundreår , spunne inn i spindelvev . Somrane hadde liksom sett seg fast derinne , enda det var kaldt nok . Dei fekk trekt frå glasa og Hild skimta det vesle som fanst i rommet : sengebriskar , bord , benkar og stolar . Knut var i ferd med å få det til å brenne i omnen , og ville til å pakke fram mat .

" La meg , " bad ho , og han let henne ta over . Sjølv drog han ut for å hente vatn , ‐ gjekk stigen ned til bekken , så heimekjent og slitt av tråkk , og kom atter i den underlege stemning av lykke og melankoli slike kveldar på fjellet alltid gav han . Han stod litt og hørte på bekkesildret og den ødslege viddesusen . Frå vindaugo i selet kom det eit blakrande veikt lys : ho hadde funne lysestumpar og fått dei tende . Han såg skuggen hennar røre seg derinne . Med det kalde fjellvatnet skvalpande i bøtta gjekk han stigen opp frå bekken og sa halvhøgt :

" Herre Gud , sjå i nåde til oss arme menneskekryp . Vern oss mot oss sjølve . " Så gjekk han inn . Det slo mot han ein god lunk av røyk og stearinlys .

Da dei hadde fått mat og drykk , sat dei litt døsige etter rideturen og maten , ‐ han fekk fram pipa , Hild sat og glippa med augo . Det vart nok inga tilbakeferd i natt .

" Gå og legg deg , Hild , " sa Knut om litt . " Ta brisken der borte , du . Den er best . " Han reiste seg og gjekk ut på steinhella , så ho kunne få kle av seg i fred . Han var underleg opprørt , og streva med å få ny fyr på pipa . Hestane stod urørlege ute på vollen , den eine med hovudet over halsen på den andre . Knut godsnakka litt til dei , ‐ dei vende hovuda mot han . Over det mørke fjellet var ein trekvart måne på veg opp . Småkulsande gjekk han inn att , sløkte lysa , kledde av seg og kraup inn under halvklamme sengeklede i den andre brisken .

" Godnatt , " sa han . " Sov godt . "

" Godnatt , " svara ho .

Etterkvart som augo vende seg til mørket , siva sommarnattslyset inn , og han kunne skimte henne der ho låg ved den andre veggen . Ho pusta stille og roleg , var nok alt på veg inn i søvnen . Knut snudde seg på den harde halmmadrassen og låg ei stund med uklare tankar , før han gleid inn i søvnen han òg .

%Knut vakna ved at han syntest nokon stod og såg på han , og sette seg brått opp . Men det var berre månen som skein inn gjennom det smårutete glaset . Stilt steig han ut or senga og fekk det til å brenne i omnen att . Han kikka ut og såg at ein ny dag tok til å raudne over skogåsane i nordaust . Hild hadde ikkje rørt seg , ho sov med roleg pust . Han gjekk bort til henne , og fekk brått slik trong til å kysse henne på kinnet . Så gjorde han det . Ho gleid over på ryggen , mot han , såg på han med eit uttrykk han ikkje kunne finne ut av , men han bøygde seg atter over henne og kysste henne på munnen .

" Onkel Knut ! " ropte ho lågt og slengte dei nakne armane kring halsen hans og kysste han att , gong på gong , og mellom kvar kyss mumla ho namnet hans . Igjen slo det som eit brottsjø gjennom han og skylte bort alt av vet og forstand . Han var hos henne i neste no , famla som i feber over henne og streva med å få av det vesle ho hadde på av klede . Ho sette i eit lite skremt nei ! og prøvde veikt å skuve han bort , reint overrumpla av den brå villskapen i han .

" Men onkel Knut da ! " Han hørte ikkje . Med hender som var sugande fulle av attrå tok han henne over bryst og hofter , fór med leppene over heile henne , småbeit i brystvortene og navlen så ho tok til å skjelve og drog han inntil seg ; jamra lågt under han da han prøvde å trenge inn i henne .

" Nei ‐ , " smågret ho lågt , " ikkje det ! " Ho verja seg veikt , men ville det likevel . Da var det som han skar noko sund inni henne og ho skreik høgt . Skriket gjorde han enda villare , ho kjende han ikkje att .

" Hild ! " ropte han . " Hild ! Hild ! "

Djupt inni henne pulsa $hans? blod mot hennar , til han brått drog seg ut og sette seg opp ; det gjekk trekningar gjennom den store , kvitskimrande mannskroppen . Ho låg småklynkande og ville ha han tilbake , men han mumla :

" Eg kan ikkje ! Da får du barn . " Så sveipte han eit plagg kring livet og la seg ned hos henne att , fekk hovudet hennar i armkroken . Hild kraup nær han , som søkte ho trøst og vern eller kva det var , skalv litt av og til , og gret stille . Eg har gjort henne mén for livet , tenkte han brått , barn som ho er . Nei , nei , ikkje barn , tenkte han så , ho er kvinne med heile seg .

" Græt du , Hild ? " Han strauk henne uendelig vart og ømt over håret . " Er du lei deg for det ? " Ho rista på hovudet , gøymde andletet ned i halsgropa hans , ‐ det pipla vått kjende han . Så la ho seg slik at ho kunne sjå på han , rørte lett ved kinnet hans med fingertuppane . Dei opprivne andleta fall til ro , ‐ han anda inn angen av håret hennar og den gode jentepusten . Dei låg og såg på kvarandre , ‐ ho rørte ved han att og kysste han lett på munnen . Den smale kroppen , så struttande fast over hofter og bryst , tende igjen mannen i han , men han måtte ikkje koma henne nær på den måten no . Til slutt sovna Hild . Knut låg lenge og strauk henne over håret og dei spede okslene . Hans heitaste ønske var å verja henne mot alt vondt . Og så var han den første til å gjera henne vondt , til å plukke henne og ta henne . Til slutt sovna han òg .

Dei låg på same måten da dei vakna att , ‐ han først , med ei underleg kjensle av lyst og lykke i heile seg .

" Hild ‐ , " kviskra han lågt og rørte ved henne . Ho opna augo og såg forvirra og undren på han , ‐ så hugsa ho nok , blunda att , som ville ho det skulle ha vore ein drøm og ingenting anna . Han kysste henne på augneloka , ho såg opp att , og i det blikket las han både angst og lykke i forunderleg blanding .

" Onkel Knut , " sa ho svært lågt , " kva har vi gjort ? Kva har du gjort med meg ? " I same stund fekk han armane hennar om halsen og ein mjuk kyss på munnen . Igjen ville han ha henne . Men så tenkte han at det var best å la henne få vera i fred med tankane sine no . Han sette seg opp og kledde på seg .

" Men går du ? " Hild strekte handa mot han og han kysste fingerspissane .

" Berre for ei lita stund , " sa han . " Eg går ut og høgg litt ved . "

Han la i omnen først , og sette ein kjele med vatn over . Ute var det full dag , såg han , men grått ; tåka seig ned frå fjellet og sveipte inn også dei næraste kollane . Hild låg og følgde han med augo , som no verka nesten svarte , og hadde drege vatt-teppet heilt oppunder det bleike andletet .

" Er du lei deg for det i natt ? " spurte han lågt .

" Kvifor spør du om det no igjen . Gjort er gjort . Eg er ikkje lei meg , " la ho lågt til , da han vart ståande å sjå på henne . " Gå og høgg ved du . "

Han gjekk .

Hild låg med mange slags tankar om det som hadde hendt . Om litt hørte ho øksehogg utanfrå og steig opp , kulsande , enda det tok til å bli ein god lunk i selet . Han er snill likevel , tenkte ho . Og omtenksom . Ho låste døra , slo varmt vatn i eit fat og tok til å vaske seg . Ho hadde størkna blod mellom låra , og vonde minne kom tilbake : ‐ igjen tenkte ho sine gamle tankar om at ho var eit syndig og ureint vesen som det ikkje fanst frelse for . Likevel sat det i henne ei underleg lykkekjensle , og ho tok seg i å lengte etter han som stod ute i gråværet og vinden og hogg ved . Ho kledde på seg og sette kaffikjelen over . Da ho skulle reide senga såg ho at det var blod på laknet . Ho prøvde å vaske det så godt ho kunne med såpe og vatn , men fekk det ikkje bort , ‐ det berre breidde seg meir utover . Dette går aldri av ! fór det gjennom henne . Aldri ! Ho krølla laknet hardt saman og kasta det inn i ein mørk krok i skåpet .

I ein merkeleg sinnsstemning dekte Hild til frukost og ropte onkel Knut inn . Det var blitt varmt i selet no , og ho sat blussande og sky beint imot han og såg ned , sa ingenting . Da han litt keitet tok handa hennar over bordet , sende ho han ein fort smil . Han var litt rar og flau han òg , kunne ho sjå .

" Vi hadde det fint i natt , " mumla han . Ho nikka , så vidt det var . Og så sat dei ordlause att , berre åt og drakk . Knut kikka ut gjennom glaset .

" Vi får visst regn , eg trur vi må koma oss på heimveg . "

" Kan vi ikkje vera her litt til ? " Hild såg blankt på han .

" Ville du det ? " Ho hørte kor inderleg glad han vart , nikka eit ja .

" Vi kan ikkje det no , " sa han , " dei ventar oss heim . Sidan ein gong kanskje ‐ . "

%Atter var dei på hesteryggane og reid ut gjennom Glima med det tåkesveipte fjellet i ryggen . Dei hadde ikkje ride lange biten da det tok til å regne . Bles gjorde det òg , og vart eit ufyseleg vær . Dei reid som i ei våt sky , ‐ landskapet ikring dei vart borte . Hild kjende regnet piske mot andletet og sile ned etter kinn og hals , rygg og kne . Hestane gjekk søvngjengarsikkert framover og nedover , følgde stigen ; det small og rapa i stein under hesteskorne , ‐ dei vassa i vatn der bekkane no tok til å skvale og breide seg ut som små elvar . Etterkvart børja Hild å kjenne seg trøtt og sigen , ‐ fraus gjorde ho òg så ho skalv , enda Knut hadde vore framme og sveipt ullteppet kring henne ; men no var ho klissvåt heilt inn til skinnet . Ho visste det var timar før dei kom heim , ‐ og ikkje kunne dei raste heller . Det var ei lise for henne å fortape seg i søte tankar om natta før . Ho syntest ho låg i senga med han ved sida av seg , medan regnet plaska mot rutene . Da fekk eit romlande toreskrall henne til å skvette opp . Onkel Knut satt ved sida av henne på sin hest , hadde lagt armen kring henne og var opprørt .

" Du sovna ! " sa han . " Du heldt på å falle av hesten . Kom her ! " Han løfta henne over og sette henne framfor seg på den vått dampande hesteryggen .

" Her kan du sovne alt du vil . "

Så reid dei vidare gjennom tåka og det plaskande regnet . Sulumsvarten gjekk laus bak og følgde dei hakk i hel . Begge hestane var urolege og nervøse no , for lyset av lyneld flara opp og fekk tåka til å sitre , gong på gong , og tora skrall over hovudet på dei , ‐ ein gong så nær at Hild berre rakk å telle til tre . Regnet gjekk over til piskande hagl , ‐ Hild bora hovudet mot Knuts bringe , og han prøvde å sveipe det våte ullteppet betre ikring henne . Ho sat og kjende duvinga av den sterke hestekroppen som dampa opp mot henne med si stramme , gode lukt ; og ho kjende onkel Knuts faste kropp tett innpå seg : dei sat i den same duvinga ; det var godt og trygt , men også eggande og opphissande for dei begge . Ho kunne høre hjarta hans slå , og kjende pusten hans jaga varmt over andletet og hendene . Ho liksom hang i armane hans mellom han og hestehalsen , og der sovna ho att , medan Sekunda tok seg fram og ned gjennom grisen skog og tettare skog , mot bygda .

Da dei var nede i hamnehagan , og hadde den gårete fjorden under drivande streif av skodd like nedanfor seg , vekte han henne og sa :

" Du får ri på din eigen hest no . Eg vil ikkje dei skal sjå oss koma slik . For di skuld . Og for mi eiga . Bygdeprat blir det nok av likevel . "

Hild var støl og stiv og søvnig , men han fekk løfta henne over i den våte salen . Han gav henne taumane :

" No må du ikkje sovne att . "

Ho hustra og fraus og prøvde å halde seg vaken . Slik kom dei ridande til gards , dryppande våte . Gustav kom ut og tok hand om hestane .

" Skift på deg tørt ! " ropte Knut etter Hild da ho var på veg inn . " Og så møtest vi på kjøkkenet og får oss mat . "

" Mor hennar kom her i dag tidleg og spurte etter henne , " sa Gustav i det han skulle leie hestane inn på stallen .

" Nå ? Kva ville ho ? "

" Nei det veit eg ikkje , du . Men ho såg noko oppskaka ut , ja . "

Knut gjekk fort inn til seg sjølv og skifte klede , og så på kjøkkenet . Stina heldt på å gjera i stand mat til dei .

" Usj , for eit vær ! " sa ho . " De må ha hatt ein fæl tur . Vi venta dykk tilbake i går kveld . "

" Eg måtte innom setra eit ærend , " svara han kort . Han tagde litt , og så spurte han lett :

" Var ho Eldrid Rogne her i dag tidleg ? "

Stina kikka bort på han , som snarast :

" Ho var så , ja . "

" Kva ville ho da ? "

" Ho spurte etter dotter si . Og vi sa som sant var at de reid ut i går og enno ikkje hadde kome att , at de truleg var på setra . "

" Kva sa ho til det ? "

" Ho sa ingen ting , ikkje eit steinsens ord heller , gjekk berre rett heim . "

" Det er like bra at Hild ikkje får veta om det besøket , " sa Knut og fekk det travelt med pipa .

" Neivel , " mumla Stina .

Etter at Hild hadde lagt seg om kvelden , låg ho lenge og hørte på regnet plaske ute i hagen . Trøtt var ho , men òg oppspila i heile seg . Ho tenkte på fjellferda og natta der i selet ; og den våte turen ned att ; ho kom til å tenke på mor si òg , utan særleg grunn , men til slutt sovna ho .

Eit eller anna fekk henne til å vakne att . Klokka nede i stua slo tolv . Ho kjende at ho fraus , enda Stina hadde lagt i omnen . Da hørte ho det gjekk i ei dør , låg stiv og lydde ut i mørket . ‐ Det er vel onkel Knut , tenkte ho . Han er nok oppe og vandrar slik han har for vane . Ho hadde gløymt å låse døra . Han kjem likevel aldri hit , tenkte ho .

Men så kom han . Opna døra på gløtt .

" Hild ‐ , " sa han prøvande . " Er du vaken ? "

" Ja ‐ , " kviskra ho tilbake .

" Får eg koma inn til deg ? "

" Ja kom ‐ . "

Han låste døra og kom mot henne . Det var nokså mørkt i rommet , men elingar av månelys stod inn gjennom glaset , ‐ det heldt på å klarne ute , med sterk skygang .

Brått tok bikkjene til å gøy . Dei såg på kvarandre og lydde anspende . Om litt banka det på hovuddøra nede . Hild låg dørg stille , ‐ han stod lyttande . Det banka igjen , det dundra på døra .

Knut låste opp og gjekk ned . Hild hørte farens røyst i gangen ; han verka opprørt og spurte etter henne . Kva som vidare vart sagt , kunne ho ikkje høre for dei snakka så lågt , men ho steig ut or senga og kledde fort på seg . Knut kom opp att og inn , ‐ han var rar og kvit i andletet .

" Kva er det ? " spurte Hild .

" Det er far din . Han vil du skal koma heim straks ! "

" No i natt ? Men kva er det ! "

" Det har nok hendt noko borte hos dykk . "

" Er det ‐ mor ? "

" Ja . Ho har prøvd å ta livet av seg . "

Hild stod berre og stirde på han .

" Har mor ‐ har ho ‐ ! "

" Ja . Ho har visst skore seg i handleden med eit glasskår . "

" Nei ! " ropte Hild . " Men ho lever da ? "

" Ja , ja , ho lever . Det er ingen fare for henne . Harald fann henne i tide . "

Hild fekk med skjelvne hender på seg ei lett kåpe og sprang ned der faren stod og venta i gangen .

" Du veit det ? " sa han .

" Ja ! La oss springe . "

Dei drog på dør . Han fortalte henne undervegs kva som hadde hendt . Eldrid hadde vore så reint uvanleg tunglynt og rar heile dagen . Da det vart kveld , ville ho ikkje gå til sengs . Hadde eit lite ærend nede i kjellaren , sa ho . Etter ei stund vart han uroleg og gjekk dit ned . Der fann han henne . Ho sat på kne i inste boden og fila seg i høgre handleden med ein glasbit . Frå den andre handleden rann blodet , pulserande stritt . Han hadde fått tak i ei tøyfille og bunde hardt ikring like ovanfor kuttet , ‐ ho stritta imot og bad han gå ; ho gret og sa ho ville døy , men ho hadde ikkje krefter til å hindre han , så han fekk stoppa blodet og bore henne opp i senga . Der sat no Ingrid og Lars og vakte over henne , medan han sjølv sprang for å hente Hild . Han forstod mora ville at ho skulle koma , og det straks .

Da dei kom inn i gangen , hørte Hild Ingrid og Lars gråte sårt . Dei gjekk opp . Mora halvt sat i senga med blod på hendene og også i andletet , i håret og nedover kjolen . Men ho blødde ikkje lenger .

" Mor ! " ropte Hild mot henne . " Mor ! " Ho skar i å gråte ho òg . Mora sat stille og smilte bleikt . Ho verka svært trøtt og let att augo , rett som det var .

" Gå og legg dykk , Ingrid og Lars , " sa faren om ei stund . " Men før vi går frå kvarandre , skal vi vera samde om det , alle , at dette må ingen få veta ? Onkel Knut teier nok med det . "

Dei nikka . Ingrid tok Lars i handa , og dei tusla inn til seg sjølve .

" Eg skal også gå , " sa Harald og reiste seg . " Kan du vera hos henne i natt , Hild ? Kan du ligge her , saman med henne ? "

Hild nikka ja .

" Prøv å snakke med henne , " sa faren , svært lågt , da han gjekk ; han verka så fattsleg han òg , mindre ruvande enn han pla vera , syntest Hild .

Og så var ho åleine med mor si . Alltid hadde ho vore svært glad i henne , og mora i henne , trudde ho , men dei hadde sjeldan eller aldri kunna snakke skikkeleg saman . Ho visste ikkje om dei kunne det no heller .

" Du har vore til fjells du Hild , " sa mora etter å ha tagd ei god stund .

" Ja , " svara Hild .

" Du sov i selet på Rognesetra . Eg har sove der eg òg , ser du . Men det er lenge sidan no . Tjue år . "

" Har du vore på Rognesetra ? " spurte Hild , undren .

" Eg har det . " Eldrid sa ikkje meir , førebels . Hild torde ikkje spørja , var redd mora skulle stenge seg inne påny . Så tok ho til å snakke att , langsamt og med møye , ‐ ho hadde vondt for å få sagt dette :

" Det er ein ting du ikkje veit , Hild , og aldri trudde eg du skulle koma til å få veta det heller , nokon gong . Far din veit det ikkje , ingen andre i heile verda enn eg og han Knut Rogne . Ja , og så søster mi , Gerd , " la ho til .

" Onkel Knut ? " sa Hild , lågt og bevande .

" Ja onkel Knut . " Mora halvt låg med ein nesten vond liten smil . " Du skal få veta det , no , at det var meg han ville ha ‐ ikkje Gerd . Han kom over i bygda vår første gongen til eit tråvløp , i februar 1917 . Dei køyrde på isen , der ein bane var brøyta opp . Eg var berre atten år da , han toogtjue . Knut hadde ein ung , svart tråvar med kvit blese i panna ; han vann begge dei løpa han var med i . Etterpå møttest vi på tråvarballet . Eg dansa med han heile den kvelden og han følgde meg heim . Det var ei kald , stjerneklar natt ; vi stod lenge og fraus utanfor gangdøra heime , for eg torde ikkje sleppe han inn , enda han masa svært . Det var første gongen . " Ho la seg ned på puta og let att augo . Om litt heldt ho fram :

" Han kom att , fleire gonger . Så møttest vi på ein dansefest i juni . Igjen dansa han med meg heile tida og følgde meg heim , slik han hadde gjort meir enn ein gong . Men den kvelden let eg han få koma inn , og eg gav meg til han . "

Det vart stilt lenge . Til slutt sa Hild :

" Men kvifor ‐ ? "

Eldrid hadde vore borte i eigne tankar og minne , ‐ såg spørjande på henne .

" Kvifor vart det Gerd og han da ? "

" Ja sei det . " Mora låg atter med ein liten smil . " Han ville vel hemne seg . "

" Hemne seg ? "

" Ja . " Meir sa ho ikkje om det . Det vart Hild som måtte halde fram :

" Du sa du hadde vore på Rognesetra ? "

" Ja . Eg lå med buskapen på setra vår den sommaren , saman med ei til . Så dukka han opp der ein dag , hadde gått over fjellet . Etter at kveldsmjølkinga var ferdig , ville han på død og liv ha meg med til Rognesetra . Ung og galen som eg var , let eg meg overtala til det . Lyse kvelden var det , men lang veg å gå , eit par timar , minst . Det vart ikkje snakk om å vende tilbake same natta . Og på Rognesetra var det tomt , dei hadde ikkje flytt opp dit enno . Så vart eg der med han til neste morgon . " Det fór trekningar over andletet hennar .

" Men er du glad i han enno da , mor ! "

" Om eg er glad i han ? Nei . Eg trur eg hatar han meir enn eg er glad i han . For at han gifte seg med søster mi , Gerd , og øydela mitt liv . "

" Ville han da ikkje ha deg ? "

Eldrid smilte trøtt .

" Åjo . Det ville han . Men eg kjende meg altfor trygg på han . Og på mi eiga makt over han . Eg var så ung og full av nykker . Og eg likte å pine han . Når det var fest og eg dansa med andre , vart han sjalu , og så kunne eg finne på å danse med andre heile tida , fjase og le og late som eg ikkje såg han eingong . Enda det blødde inni meg når eg merka kor hardt han tok det . Men eg kunne ikkje la vera ! Ein dag han var komen over skogen for å besøke meg , sa eg at det ikkje passa , at eg skulle på dans med ein annan . ‐ Så gå på dans alt du vil , sa han . Han gjekk til same dansefesten , tok Gerd med . Han såg ikkje på meg , ikkje heile kvelden . Eg stakk frå kavaleren min til slutt , drog heim åleine , berre gret og gret . Men da eg møtte han om morgonen , ‐ han låg på gjesterommet hos oss , lo eg og erta han med Gerd . To månader seinare var dei forlova .

Natta før bryllaupet deira møtte eg Knut ute i gangen , ‐ han låg på gjesterommet da òg . Eg greip han i armen og sa : -Knut ‐ . " Meir fekk eg ikkje sagt .

" Eg må snakke med deg , " sa han , og drog meg med inn på gjesterommet . Da fekk eg høre det eg visste inni meg frå før : at det var berre meg han tenkte på . Eg gret og han var blank i augo han òg , ‐ og eg gav meg til han igjen . Han ville få bryllaupet avlyst , men det sette eg meg tvert imot . " Det er for seint , " sa eg . " Tenk på Gerd ! Og på far og mor . " Men det bryllaupet gløymer eg aldri ! Det var forresten da eg vart kjend med far din . Eg syntest han minte litt om han Knut , blind var eg dengongen . Du skal veta det , Hild , at eg har ikkje hatt ein glad dag sidan ! Ikkje ein . Eg ønsker å få døy . " Gråten tok henne att . Ho børja å fikle med knuten på tøystykket Harald hadde bunde om venstre handleden .

" Hjelp meg du , Hild , så eg kan få døy ! Eg orkar ikkje gå slik lenger , saman med den mannen ! Han tyner livet av meg . Så kan eg heller gjera slutt på det sjølv ! "

" Mor , " sa Hild , " no skal du sova . " Ho la sine hender over handa til mora , hindra henne i å prøve å løyse knuten . Mora gav fort opp , la seg bakover og pusta tungt :

" Det har vore ein mann i mitt liv , Knut Rogne . Da eg miste han , syntest eg ikkje livet var verd å leva lenger . "

" Men det var da di eiga skuld , mor , at du miste han . "

" Ja , og det er det verste av alt å gå her å tenke på . " Ho tørka seg i augo .

" Men det var vel slik laga . Gud ville det på den måten . " Eldrid såg på dotter si og klappa henne lett på handa :

" Du er vel trøtt du no , Hild , etter den harde fjellturen og alt . Gå inn og legg deg i di gamle seng . "

" Far ville eg skulle ligge her . "

" Lyder du han meir enn meg , no òg ? " Det klang bittert . -Berre gå . Du treng ikkje vera redd for at det skal hende meg noko ‐ no . " Da Hild reiste seg og stod litt rådvill , sa mora nesten ampert :

" Eg er så trøtt , Hild ! Eg orkar ikkje meir . Du skal gå ! "

Hild gjekk stille inn i rommet der ho sov før , saman med Ingrid . No hadde Lars òg fått senga si flytt inn dit . Dei sov , ‐ ho kunne høre søvnpusten frå dei begge i mørket . Nede i stua slo klokka tre . Hild let døra stå på gløtt inn til mora , kledde stilt av seg og kraup til sengs . Men ho fekk ikkje sova . Fjellferda og natta på setra saman med onkel Knut , ‐ det verka så underleg fjernt , som var det noko ho hadde drømt . ‐ Gjev det var ein drøm , tenkte ho . Det spenningsfylte samværet mellom henne og onkelen hadde vore ein søt , litt farleg løyndom berre ho og han kjende til , ‐ ei verd dei to åleine levde i . No braut mor hennar inn i den verda , og på ein måte slo ho sund , trudde ho . Den låge , forpinte røysta da ho fortalte om sin løyndom , sat i øyro . Mora visste om dette med henne og onkel Knut , og var opprørt . Men Hild hadde ei vag og undrande kjensle av at når ho tok det slik ho gjorde var det ikkje av moderleg omsorg for henne , men fordi ho var sjalu . Mor hennar var kvinne , ho òg ; aldri før hadde Hild opplevd det på denne måten . Ho syntest brått mora var eit slags uhyre som låg der inne og tyranniserte henne med blod på hendene , med låg , gjennomtrengande røyst og lidande bleikt andlet . Hild kjende ein sta trass vakne i seg : ho ville ikkje la den herskesjuke mora få bestemme over livet sitt . ‐ Tyrannisk , tenkte ho . Det er det ho er , har alltid vore det . Det er derfor far drikk ! Derfor er heimen vår slik han er . Eg flytter i alle fall tilbake til Rogne , i morgon den dag !

Dei bitre tankane sveiv ut i ingenting , og ho sovna . Ein uhyggeleg drøm fekk henne til å bli lys vaken att . Ho kunne høre låg , klagande gråt inne frå rommet til mor si , og kjende seg brått skuldig for dei stygge tankar ho hadde tenkt om mora . Varmen for den ulykkelege slo gjennom henne så tårene sveid i augo . Ho steig opp og gjekk dit inn .

Eldrid låg som ho hadde ligge , men såg enda bleikare og trøttare ut i morgonlyset som no stod inn gjennom glaset .

" Mor , " sa Hild , " får du ikkje sova ? "

Eldrid rista lett på hovudet , prøvde å få herredømme over den utrøstelege gråten . Hild sette seg på sengekanten , stødde mor si opp og tok henne inntil seg . Dette fekk gråten til heilt å ta overhand ; han kom som frå djup i henne ho ikkje hadde styring på . Hild kjende det slik at ho sat med eit lite barn i armane og skulle trøste det .

" Eg er slem og vond , " sa mora . " Eg tenker berre på meg sjølv . No har eg øydelagt for deg , Hild , enda det ikkje var mi meining . "

" Nei mor , du har ikkje øydelagt noko . " Hild kunne kjenne mora stivne til i armane sine ; så gjorde ho seg fri og la seg ned att .

" Har du tenkt å gå tilbake til Rogne ‐ etter dette da ? "

" Ja mor , " svara Hild .

Mora låg stille ei stund , ho gret ikkje lenger .

" Eg tenkte meg det . Du er vel ikkje dotter mi for ingenting . Sta og eigenrådig , som eg sjølv har vore . Men da må eg fortelja deg at den natta før bryllaupet hans , det var ikkje siste gongen Knut Rogne og eg ‐ . " Hild såg på henne .

" Har de vore saman seinare òg ? "

Igjen låg Eldrid og tagde , uuthaldeleg lenge , syntest Hild , og det kom opprørt frå henne :

" Ja så får du fortelja det òg da ! "

Mora var tydeleg krenkt :

" Nei eg fortel ikkje meir når du tar det slik . "

Hild sat no tolmodig og venta , forstod at det nok ville koma .

" Vi møttest natta før bryllaupet mitt òg , " sa ho svært lågt . Hild reiste seg fælen .

" Han låg på gjesterommet , saman med bror sin . Vi råka kvarandre ute i gangen att ; han passa meg opp . " Du kom til meg natta før bryllaupet mitt " , sa han . " No er det vel berre rett og rimeleg at du gjorde gjengjeld , at eg fekk koma til deg i natt " . "

" Fekk han det ? "

" Ja , " svara ho med ein liten trøtt smil . " Eg tok han med inn på mitt rom . På brurekammerset , " la ho til . Ho låg litt og kvilte ut som i eit salig minne .

" Var det siste gongen det da ! " Hild hørte at røysta hennar let skarpare og gjellare enn ho hadde tenkt .

" Eit par gonger til har vi vore saman , " mumla mora . Hild kom brått til å tenke på den kvelden , straks etter dei var komne til Rogne og budde der , ho hørte mora og onkel Knut nede i stua .

" Men sidan , etter at du hadde fått tante Gerd bort ‐ ! "

" Det var ikkje eg som fekk henne bort , Hild ! "

" Du fortalte henne om onkel Knut og deg , gjorde du ikkje ? "

" Ho hadde fått veta noko , frå Knut , eingong han var rasande , og så gjekk ho til meg og tvinga meg til å fortelja resten . "

" Det var på konfirmasjonsdagen min , ikkje sant ? "

" Det var det . "

" Men mor , " sa Hild , og døyvde ned eit sinnsopprør som låg og skalv i røysta . " Når du var saman med han den natta , før bryllaupet ditt , kan det tenkjast at han er ‐ far min ? "

Mora låg stille , svara ikkje .

" Hører du mor ! Er han far min ? "

" Korleis skal eg kunne veta det ? ‐ Sjølvsagt kan det tenkjast , " la ho til .

Det kjendest for Hild som om all verda ramla i hop . Først vart det berre eit stort tomrom inni henne ; så fyltest det : ei djup kjensle av skam , av fornedring , av å ha blitt forrådt . ‐ Blodskam , tenkte ho , og det var som om ordet fraus bort alt ho hadde syntest var fint mellom henne og onkelen . I bitter anklage vende ho seg no mot han : han visste , han måtte veta at kanskje var ho dotter hans . Likevel unnsåg han seg ikkje for å gå til sengs med henne ! ‐ Far , tenkte ho . Han er kan hende far min . Det var ein lammande tanke , ikkje til å fatte .

" Eg trur likevel ikkje han er det , " sa mora , ‐ ho låg og såg på dotter si . Men orda hennar trengde ikkje gjennom hos Hild , ‐ for i henne var alt no berre kaos og opprør . Ho visste ikkje kvar ho skulle gjera av seg . Til Rogne ville ho ikkje for nokon pris , og å liggje her heime orka ho heller ikkje .

Ho gjekk inn og kledde fort på seg . Da ho kom att og slengde kåpa over okslene , sa Eldrid :

" Du går da vel ikkje attende til Rogne no ? "

" Nei ! " sette ho i og gjekk . Ho måtte berre ut , få kjøle seg av , klare tankane . Det var like før soloppgang , ‐ såg ut til å bli ein vakker dag . På himmelen i nordaust flamma skyene raudt , små , riflete skyer . Det var ein fuglesong utan like , og fjerne hanegal helsa den vakre dagen , ‐ månen var bleik på veg ned . Men det var ikkje ein dag for henne , ‐ ho kjende seg grå og avkledd i det klare morgonlyset . Ho stansa på svaberget ved fjorden der det var brådjupt , kjende ein sugande trong i seg til berre å sleppe seg uti . Ho tok til å gå stigen langs fjordkanten , borte i sine eigne opprørte , mørke tankar , såg ikkje Knut før ho gjekk beint på han . Hild skreik rett ut , snudde og sprang .

" Hild ! " ropte han og sette etter henne . " Stans ! Eg må få snakke med deg ! "

" Nei ! " ropte ho . " Ikkje rør meg ! " Ho kjende pusten hans bak i nakken , ‐ skrekken gav henne krefter og han greidde ikkje å få tak i henne . Da snåva ho i ei rot og stupte framlengs på hovudet . Før ho kom seg opp att , var han over henne . Snerrande som eit vetskremt dyr prøvde ho å vri seg ut or grepet hans .

" Rør meg ikkje ! " skreik ho mot han . Han ville ikkje sleppe og ho beit han i handa .

" Au ! " ropte han og måtte sleppe , men greip henne om livet med den andre armen . Dei tumla rundt i lyngen og graset , ‐ Hild slost som for livet . Da tok han i , slengde henne på ryggen , sat på låra hennar og bende armane ned i bakken . Pusten gjekk som blåsebelgar på dei begge . Ho gret og bad : " Slepp meg ! " og sputta han i andletet .

" Kva er det med deg , Hild ? " sa han .

" Eg vil aldri sjå deg meir ! " fekk ho fram . " Du er kanskje far min , og eg vil aldri sjå deg meir ! "

" Eg er ikkje far din ! " ropte han . Han var blitt svært bleik . Og han sa det på ein slik måte at ho stussa .

" Du kan vera det ! Det sa mor . "

" Nei ! Eg er ikkje far din , Hild ! Og det veit ho godt , ho Eldrid òg . "

" Du var saman med henne du , natta før ho gifte seg . Eller vil du kanskje nekte for det ? "

" Nei , " sa han , stillare no . " Eg var det . Men veit du når far din og mor di gifte seg ‐ datoen meiner eg ? " Ho rista på hovudet .

" Det var 10. mai 1919 . Du er fødd 7. mai 1920 . "

" Ja kva med det ? " Hild forstod ikkje kvar han ville .

" Mor di vart ikkje med barn før eingong i august . " Knut hadde sleppt henne no , og sett seg ved sida av henne . Ho kom seg halvt opp , med eine albogen i bakken , forvirra , utan å kunne tenke klart .

" Forstår du ikkje det , Hild , at eg ikkje kan vera far din ! Da måtte du ha vore eit unaturleg vesen som ikkje ville ut i verda , men gøymde deg der inne i mors liv i over eit år . Noko slikt har eg aldri hørt om før , " sa han . Ho strauk håret frå augo , såg på han :

" Så du er ikkje far min ? Du er ikkje ‐ ! Du er berre onkel Knut ! "

" Berre det , " sa han . Brått slo ho armane om halsen hans og lo , ‐ og deretter gret ho og så lo ho att . Han kom seg opp , løfta henne og bar henne heim mot Rogne , på stigen langs fjorden , og tvert over enga og inn på tunet og i hus . Varsamt la han henne i senga på gjesterommet og breidde over henne . Ho sov alt , ferdig som ho var ; ei og anna tåre rann enno over kinna . Han opna glaset og sleppte bruset av fuglesongen og den blanke soldagen inn , drog gardinene for så det vart eit døyvt , varmt lys i rommet , og stiltra seg så ut for ikkje å vekke henne .

%Den fine junidagen gjekk og Hild sov . I ei slags avmakt merka ho at onkel Knut var innom eit par gonger og stod og såg på henne . Men ho berre snudde seg i senga og sov vidare . Mot kveld vakna ho ved at ho låg og fraus , fekk skjelvetokter som skaka heile kroppen . Ho hadde òg dundrande hovudpine , og kjende hjarta hamre fort og hardt . Ho var svært varm , ‐ gløste i andletet , enda ho fraus så ho skalv meir og meir . Alle slags maretankar kom og gjekk og vasa seg i kvarandre i eit mørkt kaos .

Så gleid ho inn i søvn att , og drømte at ho låg og kava i ei myr som drog henne ned og ned for kvar rørsle ho gjorde . På ein stein eit stykke borte sat mor hennar , utan å sjå på henne , med blod rennande frå eit ope sår i handleden . Ho sat og smilte underleg . På den andre sida av der ho låg , også litt unna , stod onkel Knut og strigla ein svart hest . Hild ropte og ropte , men det kom ingen lyd . Ho kjende ho var klissvåt over det heile , og skalv og vreid seg i dødsangst . " Jesus ! " ropte ho . " Hjelp meg ! " Men heller ikkje han hørte . Da vakna ho , drivande våt av sveitte . Onkel Knut stod over henne og heldt henne i handa .

" Du er sjuk , Hild , " sa han . " Du har høg feber ! Pulsen din rasar av stad . "

Ho såg på han med glinsande augo .

" Du hadde visst ikkje godt av den fjellturen , " mumla han . " Vil du ha mat ? " spurte han så . Ho rista på hovudet . Han stod der tafatt :

" Skal eg kanskje hente dokteren ? "

" Nei . " Hild prøvde å fukte dei tørre leppene . " Men eg er så tørst ‐ . "

Han henta eit glas vatn , tok henne under nakken , der ho var våt av kaldsveitte og løfta henne opp . Ho drakk begjærleg ; det rann vatn over haka og han tørka omsorgsfullt av henne . Ho hadde det vondt , verka i hovudet og heile kroppen , men det gav henne likevel ei god kjensle at han var så varm og full av omtanke for henne . Så gav han henne Globoid for å døyve verken og drive feberen tilbake .

Men feberen berre auka på utover natta . Knut var innom henne fleire gonger , skremt og uroleg .

" Onkel Knut , " kviskra ho , gløsande av feber . " Eg trur eg døyr . "

Knut reiste seg brått frå sengekanten .

" Hørt slikt tull ! " sa han . " Du har berre influensa eller noko i den lei . Det går snart over . "

Men da det vart dag , fór han av stad og fekk tak i dokteren , grytidleg . Distriktslegen var svær og vomdiger og likte lite å måtte ut slik før han var skikkeleg vaken .

Vel inne i gjesterommet på Rogne , sa han på sin flotte måte :

" Så det er det sjuke barn . " Han tok handa til Hild og talde pulsslaget , fann fram instrumenta sine frå den vesle kofferten , banka og lydde på brystet hennar , tung i pusten . Knut stod uroleg og ventande nede ved døra .

" Er det alvorleg ? "

" Neida , herr Rogne , det er berre simpel influensa . " Han var enno ikkje heilt blid , ‐ skreiv ut ein resept med fort uleseleg skrift og sa :

" Dette kan De hente på apoteket . Om ei vekes tid er ho frisk . " Så gjekk han , men lukta av medisin og dokter vart hengande att .

Etter fire dagar var Hild feberfri og ville opp . Ho såg veik og svimren ut der ho vandra ikring på tunet , og måtte setja seg rett som det var . Knut syntest ho var tunn og gjennomsiktig , kunne mest ikkje forstå at det var henne . Men ho hadde fått matlyst igjen , og kom seg fort .

Mot kvelden ein dag sist i juni kom ein flokk ungdom syklande til Rogne . Hild kjende dei ikkje straks , men så såg ho at det var Olav og Ingeborg , og saman med dei eit par gutar ho aldri hadde sett . Hundane sette i å gøy , og i neste augneblinken var tunet fullt av liv , av latter og snakk . Knut vart nok glad for å sjå att barna , som han så sjeldan møtte no . Ledige rom i det store våningshuset kom i bruk , ‐ senger vart gjorde i stand , og i spisestua dekte Stina til kveldsmat for mange . I medan måtte Olav og Ingeborg rundt og sjå på alt , i stall og fjøs og vognskjul , og Hild følgde dei . Ho syntest søskenbarna var blitt så vaksne og annleis på desse par åra , ‐ særleg Olav , no nitten år og riktig ein staskar . Hild tenkte fort at slik måtte onkel Knut ha sett ut da han var ung .

" Ja , vi hadde det moro her i si tid , " sa han ; dei kom inn i vognskjulet der sluffer , sledar og karjolar stod og lukta støv og gammalt lær . Han blunka til Hild , som vart litt brydd . Ingeborg lo .

" Ser du noko til Trygve Skinnarland da ? " spurte ho . Hild svara at ho gjorde ikkje det . Dei to framande gutane følgde med og kjende seg nok litt utanfor . Men dei tødde opp etterkvart , og da det seinare vart servert akevitt og heimebrygga øl til maten , vart det snart slikt liv og slik latter at det hørtest over heile garden . Knut såg på Hild : ho lo overgjevent for dei minste ting og mora seg stort . Det stakk han at det var selskap av ungdom ho trong til for å bløme opp på den måten . Ho var brått så annleis , og ho var opptatt av alt anna enn han . Eit par gonger fekk han den varme , strålande blå blenken frå augo hennar mot seg , ‐ så var ho atter vend mot dei andre unge , lattermild , og med handrørsler og blikk så kvinneleg kokette at han måtte undre seg over kvar ho tok det frå .

Det vart svært seint før garden fall til ro . Dei fem ungdommane var på sykkeltur og ville slå seg til på Rogne nokre dagar da Knut inviterte til det . Dei gjekk til sengs , og gjestene slokna fort : Olav og Ingeborg i sine gamle rom , ‐ dei to gutane i eit som hadde stått ledig . Hild var så oppspila at ho ikkje fekk sova på lenge .

Neste morgon sprang ho til Bjørketun for å hente Ingrid , ‐ hadde det travelt og berre helsa på mor si i farten . Ho undra seg over å sjå dottera så frisk og strålande glad .

" Eg hørte du var sjuk , " sa ho .

" Ikkje no lenger , " svara Hild med eit sky blikk bort på mora , som enno var svært bleik . " Du er frisk att du òg , ser eg . Olav og Ingeborg har kome til Rogne , " la ho fort til , stod forpusta på spranget . " Eg skulle berre hente Ingrid . "

" Ja de får gå da , eg ser de står og trippar . Men du får passe på søster di . " Det kom på ein slik måte at Hild kjende snerten .

" Kom Ingrid , " sa ho . " Men du , ta med deg badedrakt . "

" Åja ! " Ingrid fór inn i huset som ein glad kvervelvind .

" Det er for kaldt å bade i fjorden enno , " mumla mora , ‐ ho hadde sett seg på benken utanfor huset , var nok svært trøtt .

Ingrid vart helsa velkomen og gjort kjend med dei framande gutane . Ho vreid på seg , unseleg og litt flau , og no var det brått ingen som visste kva dei skulle finne på . Dei slo seg ned i skuggen under det store lønnetreet på tunet , for det var ein svært varm dag . Nokon låg på rygg , andre halvt sat ; ‐ når det vart sagt eit eller anna som skulle vera morosamt , lo dei alle , og så var det atter stille .

" Vi går og badar ! " ropte brått Hild . Det ville alle , og om litt dreiv heile den leande ungdomsflokken ned mot fjorden , på stigen mellom kløverenga og orekrattet i grøftekanten . Bak busker , steinar og svaberg skifte dei på seg badetøy , ‐ lo og kniste ; så stupte ein uti , og så ein til , og snart låg dei alle og plaska i det kalde fjordvatnet . Glade jentehyl og unggutrøyster som skreik i fistel , latter og rop gav gjenlyd i åsane . Knut Rogne dreiv ned mot fjorden , han òg , og stod litt og såg på .

" Kom uti du òg , far ! " ropte Olav og bles som ein kvalross . " Det er godt og varmt . "

" Nei det er iskaldt ! " hutra søster hans ; ho sat på berget , duppa føtene nedi og drog dei oppatt .

" Pyse ! " Olav skvetta vatn på henne så ho skreik ende ut . Hild la på svøm , men det isa i beina og ho snudde fort .

" Hugs på at du nettopp har vore sjuk ! " ropte onkel Knut til henne . ‐ Gå heim att du , tenkte ho .

Snart vassa dei alle i land på grunnen i vika , skjelvande av frost med knuppar over heile seg . Og dei la seg til på svaberga bortetter , småhutrande , og kjende den gode varmen både frå berget og frå sola . Knut rusla oppover mot garden , ‐ nokså utanfor .

%Mot kveld drog ungdommane atter ned til fjorden og tende eit svært bål der av tørre greiner og rekved . Dei sat kring elden med fordrømte andlet og song . Ingeborg la hovudet i fanget til ein av gutane ; han tok eit strå og kildra henne i andletet . Olav hadde kome seg ned ved sida av Hild og la armen kring livet hennar . Ingrid sat på kne , sky og fordrømt , ‐ den andre framandguten halvt låg og kikka bort på henne no og da . Etter ei stund gjekk Olav opp og fekk låne sveivegrammofonen av far sin . Og snart klang Jens Book Jensens tenor utover den stille fjorden . Dei kring bålet tok kvarandre i hendene og song , gynga med i valserytmen . Olav baud Hild galant opp til dans . Ho reiste seg litt tøvande og børsta av seg strå og barnåler .

" Skal vi danse da ? " sa ho med eit blikk mot Rogne .

" Javisst ! Kom igjen ! " Han førte henne til ei heilt flat grasslette like ved , la armen kring henne og svinga henne rundt i vals . Ho torde ikkje riktig sjå på han og ropte til dei andre :

" Kom de òg ! "

Og de kom . Snart sveiv dei i valsen alle seks . Hild såg på søster si ; ‐ ho var raud og blyg , men kunne danse . Ho er blitt vakker , tenkte Hild . Det hadde ho aldri lagt merke til før .

Dei heldt på lenge , spela om att dei same platene : Harry Brandelius , Karin Juell , Jens Book Jensen . Eitpar gonger såg Hild onkel Knut ute i tunet , ‐ han dreiv visst nokså kvilelaus ikring . Det pirra henne å tenke på at han , fullvaksne mannen , var sjalu på grunn av henne , og ho kjende ingen medynk med han . Han kunne ha det så godt , tenkte ho .

%Fram mot midnatt drog dei seg oppover frå fjorden , gjekk etter kvarandre på stigen og prøvde å vera stille , men latteren bobla og slo opp til han vart hysja nedatt . Det var lys sommarnatt . Ingen hadde lyst til å legge seg , og dei vart ståande lenge prate og le lågt ute på tunet . Til slutt sa dei godnatt og gjekk kvar til sine rom . Ein av framandgutane ville følgje Ingrid heim , men Hild greip tak i søster si og sa :

" Bli her du . Du kan sova saman med meg . "

" Tør eg det da . Kva kjem mor til å seia ? "

" Fortel henne at eg overtala deg . Kom no ! "

Tvilrådig vart Ingrid med Hild inn på gjesterommet .

" Det er inga sak for deg som ikkje skal heim att i morgon , " sa ho , og hekta av seg kjolen . Hild stod framfor spegelen og løyste ut håret :

" Du må ikkje gå og la mor tyrannisere deg heilt . Ho får tole at du er heimanfrå ei einaste natt . "

Snart låg dei side om side i senga . Dei såg på kvarandre og lo litt .

" Så fint rom du har , " sa Ingrid . " Og så fin seng . Men at du orkar å gå her på Rogne heile tida . "

" Det er fint å vera her , " mumla Hild .

" Men kva er det du gjer her da ? " ville søstera veta .

" Åh , litt av kvart , " svara Hild kort .

Dei låg stille ei lang stund , kvar i sine tankar . Så sa Hild :

" Det var ille det med mor . "

" Ja . "

Hild fekk ei kjensle av at Ingrid ikkje ville inn på dette , og det vart atter stille .

" Fint at du kom og henta meg , Hild . Men mor er nok svært uroleg for meg no . "

" Du skal ikkje ligge å tenke på det . Ho vil ha deg i skjørtekanten på seg , alltid . "

" Er du ikkje glad i mor lenger du ? " sa Ingrid med bortvend andlet og uventa brodd i røysta . " Du bur like ved og kjem nesten aldri heim . Ja , du skulle berre sjå du , korleis mor går og er lei seg for det ! "

" Det merkar ikkje eg noko til . Og eg er da heime iblant . "

Ingrid låg og tagde litt , og så kom det lågt og forskremd :

" Er det sant det folk seier at du har vore på Rognesetra med'n onkel Knut , at du var der heile natta ? "

Hild svara så roleg ho kunne , men kjende hjarta slå fort :

" Vi var deroppe ja , ei natt i sommar . "

" Er det sant det andre òg da kanskje ‐ ? "

" Kva da ? "

Ingrid hadde vondt for å få det fram :

" Dei seier at du ‐ at han ‐ ligg med deg om natta . "

Hild hørte seg sjølv svara , roleg og stilt :

" Trur du på det , Ingrid ? "

" Å nei ! "

" Det var da enda godt . "

Brått slo Ingrid armane kring halsen hennar .

" At folk kan vera så slemme ! "

" Dei vil gjerne snakke stygt om andre veit du . "

Så dei var på folkemunn no , ho og onkelen . Hild låg stille og tenkte over det , medan søstera snakka i veg , lykkeleg og livfull . Ho svara ja og ha ut i været .

" Godt at du fekk meg til å bli her i natt . " Ingrid smilte glad mot henne , og like etter sovna ho . Ho såg englerein og uskuldig ut der ho låg , syntest Hild , og det var ein avgrunn mellom dei to . For sjølv hadde ho ete av kunnskapens tre ; i all løynd , trudde ho . Og så var det kjent likevel . Folk snakka om det . Ho såg på søstera att , og kjende ein uventa varme i seg , ein trong til å verja vesle Ingrid mot livet som stod og venta på henne ute i sommarnatta , og som ikkje ville la henne sleppe frå møtet utan sår og mén . Det visste ho ; full av beisk livsrøynsle syntest ho sjølv ho var .

Hild hadde så vidt sovna da ho brått fór opp ved at det banka på døra . Ho hørte onkel Knut kalle lågt : " Hild ‐ . " Med eit sprang var ho ute or senga og opna på gløtt .

" Gå ! " kviskra ho . " Gå straks ! Ingrid er her . " Hild slo døra att og vreid nøkkelen om . Hjarta dunka i henne som ville det ut or bringa . Ho stod ein augneblink lydlaust lyttande og hørte han fjerne seg . Da ho kraup til sengs att låg Ingrid og såg på henne , forvirra og søvnør .

" Kva er det ? " mumla ho , enno halvt i søvne .

" Ingen ting . Eg måtte berre opp og stenge glaset . Eg fekk ikkje sova for fuglesongen . "

" Eg syntest eg hørte røyster . "

" Du må ha drømt . Sov no , " svara Hild og snudde seg på sida . Med ein lang gjesp spurte Ingrid kva klokka var .

" Ho slo fire for litt sidan . "

" Kanskje eg burde gå heim ? "

" Nei , nei , berre sov vidare du . "

Hild sovna endeleg no , og det var lys dag da ho vakna att . Ho låg åleine i senga , ‐ Ingrid hadde gått .

%Utover føremiddagen dreiv Hild og dei andre omkring på garden og visste ikkje riktig kva dei skulle ta seg til . Slåtten var så vidt i gang ; Knut sat på slåmaskinen og slo engene ned mot fjorden , ‐ Gustav og Elling , den andre gardsguten , bar hesjetaur frå under låven , herja med spett og jerntråd og fekk hesjene opp . Olav fann på at dei skulle hjelpe til , og snart var alle i sving ; gutane brukte gaflar , jentene river . Det nyslåtte graset , mest kløver , lukta godt i sola og vinden og kom fort på plass over hesjetrådane . Ved dugurdsbordet sa Knut at det var godt å få slikt mannskap , ‐ han såg blid ut , men var det nok ikkje , kunne Hild merke . Dei kom i snakk om politikk og Olav meinte det snart kunne vera på tide å få bort det store klasseskillet som delte bygdefolket i to leirar .

" Det er lettare sagt enn gjort , " svara faren nokså tvert .

" Men ingen prøver på det . Kvifor sit vi til dømes og et her i spisestua , medan tenarane et på kjøkkenet ? "

" Eg sit der til dagleg , eg òg , " beit Knut han av . " Berre når vi har gjester på garden , et vi her . "

" Er vi gjester , Ingeborg og eg da , når vi kjem hit til Rogne ? " Olav prøvde å snakke lett , men det kokte i han kunne Hild merke .

" De kjem ikkje for ofte . Så du får orsaka at eg ser på dykk som gjester . "

" Du har da heller ikkje brydd deg større om å besøke oss og mor . "

" Eg trenger meg nødig på , når eg ikkje kjenner meg velkomen . "

Det vart no stille ei stund , ‐ klirra berre i servise . Så sa Knut :

" Vent til du blir vaksen , Olav , og bonde sjølv , med ansvar for manges ve og vel , da ser du kanskje litt annleis på dette . "

" Eg blir vel ikkje bonde nokongong , " mumla Olav .

" Skal du ikkje ta over Rogne da , etter meg ? Det reknar nok mor di med . "

" Men ikkje du ? "

Faren drog på okslene .

" Vi får vel sjå , " sa han , litt svevande .

" Ja blir eg bonde , " sette Olav i , " skal eg vakte meg vel for å bruke folk som om dei var trælar og ikkje fri menn og kvinner . " Knut slengde frå seg kniv og gaffel , ‐ andletet vart brått mørkt .

" Du treng ikkje koma her og belære far din ! Eg har levd noko lenger enn deg og veit litt meir om livet . "

" Å det er ei råd med det , " flirte Olav . Sinnet kokte no i han òg . " Eg får ta tida til hjelp , så blir eg vel gammal nok . Gammal og klok . "

Knut sat ein liten augneblink , ‐ før han reiste seg tvert og gjekk .

" Kva går det av han ? " mumla Olav med eit blikk på Hild .

" Det var no litt di skuld òg , slik du sat og terga han , " meinte søstera .

" Ah , du da ! Såpass får han tole , gamlingen . "

Under resten av måltidet vart det sagt lite , ‐ alle kjende seg ille ved . Etter maten låg dei og kvilte litt i skuggen av lønnetreet , før dei igjen var i arbeid med hesjing . Knut hadde køyrd slåmaskinen ei god stund alt , dreiv på som om det galdt å få slått alle engene innan kvelden .

%Neste morgon pakka dei fire sakene sine og drog vidare . Det vart ropt og vinka farvel ; sommarsola blenkte i sykkelstyre og eiker der dei fór . Den som kunne blitt med , tenkte Hild . Livet fór bort med dei , syntest ho . Det vart så stille på garden , ‐ aldri hadde det vore så stille før .

Også det svære uthuset låg no og ruva utan alt sitt mangfaldige liv . Turid budeie hadde flytt på setra med krøttera like før Olav og dei andre kom . Det var eit ståk den dagen dei fór : tunet fullt av rautande dyr , ‐ kalvar som aldri hadde sett dagens lys dansa ellevilt , okseladdar prøvde seg og ville opp på kvigene , eller dei braut seg mot kvarandre , horn i horn , bura og bles . Gustav , Elling og Turid dreiv den sommaryre buskapen opp i utmarka og vidare , inn på fjellvegen , i svermar av klegg og fluger . Hild hadde spurt onkel Knut om ho ikkje kunne få bli med Turid og vera på setra ei stund , men han ville ikkje det .

%Ho prøvde elles å halde seg unna han no , ‐ vandra i kring uglad og bleik . Ein kveld ho sat og hang i huska under låvebrua i fjerne tankar , kom han så brått over henne at ho ikkje fekk tid til å gli bort .

" Hild , " sa han , " du er visst lite glad om dagen , du . "

Ho berre drog på okslene . Halvt fråverande gav han huska ein dytt ; ho vart sitjande og han dytta henne ein gong til og ein gong til .

" Du spurte meg om du kunne få vera på setra ei tid i sommar . " Hild svara ikkje og han dytta henne igjen med ei kraftig drag over oksler og rygg så ho suste langt ut .

" Har du lyst på det enno ? "

" Kanskje , " sa ho ut i været , likeglad . Men ho tenkte : det kunne vera fint å koma dit opp . Bort herifrå .

" Ja , " mumla ho , " eg vil gjerne det . "

" Da skal eg følgje deg til fjells i morgon den dag . "

%Det gjorde han òg , ‐ vekte henne i otta , og dei reid av stad , Hild på Sulumsvarten og Knut på Sekunda , ‐ han rett frå travlaste slåttonna . Det var gråvær og fjorden låg blyfarga med lysare streif under sterk skygang . Etterkvart som dei steig , kom han til syne att , langt nede , ‐ ein og annan brå blenk av sol slo opp frå han , men så vart han borte , heilt , for dei reid inn i skyene , i elingar av drivande skodd , tettare di høgre dei kom . Da dei dukka fram or tåka utanfor selet vart Turid storleg forundra , og glad såg det ut til .

" Nei men er det de som kjem ! " ropte ho . " Kom inn , kom inn ! De er vel både frosne og svoltne . Husj , for ein hustren dag . "

Inne i selet var det varmt . Turid prata i veg , raud og ivrig ved omnen , der ho fekk vaffeljernet over ; og snart duka ho opp med rykande vaflar og tjukk seterrømme . Ho var forsluken etter å høre nytt frå bygda ; spurte om dei visste korleis det stod til med mor hennar , som hadde vore svært klein tidlegare på sommaren . Men verken Hild eller Knut visste noko om det .

" Nei , nei , " sukka Turid , " ho står det vel over denne gongen òg , ho er eit seigt skinn , må veta . " Da ho fekk høre at Hild ville bli på setra , lyste ho opp , glad for å få hjelp og selskap .

Utpå ettermiddagen gjorde Knut seg i stand til å ri ned att . Han tok Hild i handa og sa farvel , nesten høgtideleg , og mumla noko om at ho måtte ha det bra . Så reid han bort med Sulumsvarten diltande etter . Tåka hadde letta , ‐ dreiv no kring høgdedraga i rivande fart ‐ Hild stod i den kalde vinden og såg mannen og hestane bli mindre og mindre utetter Glima til dei var borte heilt . Ho kjende seg underleg tung om hjarta ; angra brått at ho hadde vore så mutt mot han på heile turen , ja i lang tid . No såg ho han kanskje ikkje att på lenge . Gjensynet med selet og setervollen hadde vekt minne i henne . Turid kom i døra :

" Stå ikkje der og frys i denne fæle vinden . Du er da så bleik jente , som om du skulle vera sjuk enno . Han Knut snur ikkje han , om du står og glor etter han til du blir blå . Kom inn og verm deg , så slenger eg kaffisvarten over . "

%Det vart fint , varmt vær i fleire dagar . Hild fekk frisk fjellfarge av å sitja ute i solveggen , når det var stunder til det ; ho hekta av seg kjolen og sat med attlatne augo , saug inn den gode lukta av vekstene på vollen ; også tømmerveggen lukta godt , av tjære og gammalt tre . Frå fjøset og kvea stod det ein ram tev av krøtter , og elles bar fjellvinden med seg rein ange av myr og vidder , av pors og vier , ‐ han rørte ved håret hennar og vifta i grasstrå og blomar bortetter vollen , der humlene surra soldrukne . Soldrukken var ho sjølv òg , og kunne døse av og kjenne det slik at ho gjekk opp i alt ikring seg . Og inn i halvsøvnen blanda det seg søte minne frå førre gongen ho var her , ‐ ei kald juninatt med måne . Det hende ho kledde av seg heilt og smatt som snarast ut i det iskalde fjellvatnet , men kom seg fort på land og låg og tørka i sola . Ho hørte Turid hjala og lokke : " Kom båna , sjet , sjet , sjet , kom båna ! " Og kuene kom rekande mot setra i soleglaet , gjennom dvergbjørkkriklet , stinne av det feite graset inne i fjellheimen . Alltid gjekk bjøllekua først , ‐ jura hang og slang digre og mjølkesprengde , kurompene slo om skankar og mage for å halde den blodsugande kleggen borte . Og snart var både Hild og Turid i full gang med mjølkinga .

Ein dag kom ein flokk hestar dundrande ned frå fjellet og samla seg i ei mørk , uroleg gruppe på vollen .

" Det blir uvær , " sa Turid . Og da dei vakna etter middagsluren , stod skodda tjukk kring setra , og regnet plaska ned . Skodda letta etterkvart og dreiv bort i tunge , våte flak . Eit romlande torevær ute i horisonten trakk inn over fjellet med blåsvarte skyer som tårna seg veldig opp , flerra av sikk-sakklyn ; under jaga lysare skylag i motsett lei : skyhimmelen vart riven sund av knallande toreskrall . Dei sat inne i selet , hadde fått lagt godt i omnen og tukka seg saman kring han , litt redde begge to . Turid fortalte om ein gong bølingen ikkje kom heim til nabosetra i eit slikt forrykande torevær . Alt dei lokka og ropte etter at verste været hadde drive over , var det ikkje låt å høre , verken raut eller bjølletikl . Neste dag , da det klarna og dei gjekk ut på leit , fann dei bølingen i eit skogholt . Alle kuene låg døde , etter kvarandre som dei hadde gått , med bjøllekua først , råka av same lynet ; nokre hadde gras i kjeften , hos andre taut møkka ut or endetarmen .

" Det var eit syn så fælt at du skulle aldri verre ha sett , " sa Turid . Hild sat frysande og lytta med open munn , såg lyna og hørte skralla så å seia i same augneblinken .

" Gud hjelpe oss for eit vær ! " Turid falda hendene i fanget .

Toreværet buldra seg bortover i horisontane att , og bølingen kom som han pla , ‐ no klissvåt og rautande . Det rauk av dyrekroppane inne i det vesle fjøset og lukta ramt . Hild og Turid fekk våte daskar om kinna der dei sat og mjølka så spruten stod i bøttene .

%Dagane gjekk og Hild trivdest godt med det enkle livet på setra ; likte seg i lag med Turid òg , godlynt og full av moro som ho var . Innimellom snakka ho om husbond sin og såg bort på Hild , nyfiken , ‐ ville nok gjerne få visst meir enn ho trudde seg å veta . Men Hild fekk praten inn på andre ting .

Det hende at tida fall lang , og ho gjekk iblant opp mot vierbeltet og åt blåbær ; kunne da vera bortrykt i tankar og sansa ikkje på kvar ho la vegen . Ho gjekk og song somtid så det ljoma i fjellet . Brått tenkte ho at nokon kunne høre det , og tagde , flau , ‐ raspa store , søte blåbær med forte fingrar og putta i munnen ; tenkte på livet sitt , kva det skulle bli til med det .

Bortslengd i eit skåp inne i selet fann Hild ein dag nokre gamle velbrukte , flekkete bøker . Ho gav seg til å lesa i ei : " Fiskerjænten " av Bjørnstjerne Bjørnson . Først heldt ho på å gje opp , for det var slike rare og gammaldagse bokstavar ; men med litt strev kom ho over den vansken og var snart heilt fanga inn . Snakka Turid til henne , svara ho ja og ha ut i været . Turid la seg og Hild sat samankropen i si seng med eit stearinlys og las og las .

" Legg deg no , " murra Turid , men Hild hørte ikkje , såg berre forvirra på henne som snarast . Turid sovna , ‐ låg snart og gapte og snorka . Da Hild til slutt bles ut lyset og kledde av seg i stummande mørke , kjende ho seg rar og bortrykt , i ein slags drøm . Tidleg neste morgon , over kaffikoppen , tok ho fatt på " Fiskerjænten " att . Turid kom drivande inn frå fjøset .

" Nei , no får du legge frå deg den boka ! Eg meiner du er spenna gæern , jente ! " sette ho i , reint ampert . " Bli med i fjøset og hjelp meg . " Hild gjorde det , men nokså motvillig , stadig djupt inne i den framande , spennande verd " Fiskerjænten " hadde opna for henne , berre halvveges med i alt ho sa og gjorde .

" Eg trur du er som forgjort ! " sa Turid , og neste dag , da Hild hadde lese siste sida og sette i eit : " Nei ! det kan ikkje slutte her ! " tok Turid boka og prøvde å lesa ho òg . Hild berre sat der , reint fortapt , men Turid gav opp alt etter dei første linene og slengde boka frå seg .

" Vi har arbeid å gjera , " sa ho og reiste seg .

%Ein ettermiddag Hild kom heim frå blåbærtur , med spannet fullt , såg ho at Sekunda gjekk og beita på vollen . Hjarta gjorde eit hopp i henne . ‐ Inne i seterbua sat onkel Knut og snakka med budeia . Den glade Turid var heilt annleis no , ‐ andletet raudt og oppløyst av gråt . Knut reiste seg og helsa fint på Hild .

" Kva er det ? " spurte ho og sette spannet frå seg , gneid seg som snarast om munnen for å få bort blåbærfargen .

" Mor hennar er svært sjuk , " svara onkel Knut lågt . " Det kan vera uvisst om ho står det over . Ho har nok lungebetennelse . " Han la armen om oksla hennar og førte henne litt utanfor døra . Ikkje på lenge hadde han rørt ved henne slik .

" Trur du du kunne greie seterstellet åleine nokre dagar , så Turid fekk reise heim og sjå til mor si ? " Knut stod og var opptatt med å karve tobakk i pipa . Hild såg forskrekka på han . Den tanken at ho skulle få ansvaret for alt på setra , gjorde henne først livredd . Men han lokka henne òg .

" Turid seier du er svært flink . Eg trur du greier det bra . "

" Eg skal prøve , " sa ho lågt . " Om du tør det . "

" Det er fint , Hild . Eg blir verande ein dag eller to eg òg , så eg kan hjelpe deg litt . "

Hild såg fort på han . At ho igjen skulle vera åleine med onkel Knut her på setra , det vekte kjensler i henne som ho i farten ikkje kunne finne ut av . Han såg utover og sa lett :

" Eg må få slått vollgraset , ser du , og få det i hus . "

Dei gjekk inn att , og Knut sa til Turid :

" Du kan ta deg fri ei veke eller så , Turid , og fara heim og stelle mor di . Hild har lova å ta hand om seterstellet ; ho meiner ho kan greie det . "

Ei heil veke ! fór det gjennom Hild . Det gråtherja Turid-andletet strålte opp i ein takknemleg smil :

" Det går da ikkje an det , " sa ho . " Det blir reint for hardt , ‐ ho er berre jentungen . "

" Å , ho er vaksen nok , " kom det kort og avgjort frå Knut . " Berre gjer som eg seier , ‐ ta deg fri ei veke . Eg skal slå vollgraset , og så hjelper eg Hild litt i starten . "

" Ja da så . " Turid smilte att , såg Hild . Det var ein annan slags smil , bortvend , ein ingen skulle sjå . Ho tok til å plukke saman tølene sine , det ho trong på bygdeturen , og kunne ikkje få fulltakka dei to . Ho vimsa og tulla rundt til Knut sa nesten bryskt :

" Du får sjå å koma deg av stad no , skal du nå fram før det kveldar . "

Og så gjekk ho , vinka farvel og stabba og tråkka utetter Glima med ryggsekk og gummistøvlar , den fjellvegen ho hadde gått i så mange år .

%Det vart rart og stille på Rognesetra da Turid var borte . Knut sat ute på steinhella og røykte , Hild sette fram mat og kokte kaffi inne i selet ; ho gjekk til og frå bordet og kjende ei rar spenning inni seg : greip seg i å ønske at tida måtte stanse så ho kunne få halde på inne og ha han sitjande derute . Om litt skulle ho opne døra og seia : versågod , no er det mat . Men før ho kom så langt var han der av seg sjølv , lutte seg inn under dørkarmen , flyte heile døropet , syntest ho . Hild stansa midt i eit gjeremål og augo deira møttest som snarast ; ho vart blussande raud og fekk det travelt med sitt att .

" Det lukta så godt av kaffi , " sa han .

" Ja no er det mat . Set deg , " mumla Hild .

" Takk . " Knut sette seg og ho skjenkte i kaffi , kom så nær han at ho kjende seg enda meir trekt inn i den rare spenninga . Ho gjekk fort unna og skjenkte til seg sjølv , sette seg til bords , ho òg . Ingen av dei visste noko meir å seia . Og di lenger dei tagde , di meir umogeleg vart det å få brote stilla . Hild sat og bles på den glovarme kaffien og såg ned i bordet , med det tunge blikket hans på seg .

" Du har nok hatt det fint heroppe , du Hild . "

Ho reint skvatt til ved at han endeleg sa noko .

" Åh ? Korleis det ? "

" Du ser godt ut . " Han sa det på ein slik måte at ho vart raud att .

" Du har fått fjellfargen , " la han til . " Det kler deg . Og du er blitt så lys i håret . "

" Og blå om truten , " sa ho og sette blikket rett på han , brått skjelmsk ertande . Det vart hans tur til å bli raud .

" Det kler deg det òg , " mumla han .

Etter måltidet reiste han seg og gjekk ut medan Hild vart sitjande , forvirra over seg sjølv og sine eigne kjensler . Han var borte i reidskapsskuret , såg ho , og fann fram ljåen . Om litt ropte han inn og spurte om ho kunne dra slipesteinen for han . Ho gjorde det , stod og drog og drog . Iblant kom håret hans bort i hennar under arbeidet , og han rørte lett ved henne , frå stund til stund , liksom tilfeldig . Hild kjende kvar berøring gjennom heile seg . Kva er det med meg , tenkte ho fortumla . Ikkje var det tungt å dra slipesteinen heller , enda så lenge han heldt på .

" Eg skal til å slå i morgon tidleg , medan det enno er dogg i graset , " sa han . " Derfor sliper eg i kveld . "

No kom krøttera heim frå fjellet , som sola var nede bak , og Hild fekk det velsigna travelt med alt ho og Turid hadde vore saman om før . Ho kom seg liksom unna onkel Knut på den måten . Det tok lang tid med mjølkinga . Han kom inn og stod nær henne og såg på .

" Hadde eg kunna skulle eg hjelpt deg , " sa han . Hild svara med hovudet inn mot kumagen at det gjekk fint . Han tok til å gjera reint i fjøset og så bar han mjølka inn . Hild verka i ryggen da ho til slutt reiste seg frå fjøskrakken og var ferdig med den siste kua , så trøtt at ho kjende seg svimren . Det skulle bli harde dagar framover . Og all mjølka som kom til å hope seg opp inni selet , morgon og kveld . Separering , kjerning , ysting , ‐ tunge bøtter med kalvedrikke ned i fjøset att .

%Da ho kom ut var det mørkt ; sommaren stod snart på hell . Over det nesten svarte fjellet lyste avdagshimmelen blågrønn , ‐ ei og anna stjerne tok til å funkle over den ødslege susing av fjell og vidde . Inne frå selet hørte ho separatordur ; Knut var i sving med mjølka . Hild måtte nesten le så sliten ho var . Det kunne han ha godt av når han sende Turid bort på denne måten . For å bli åleine her med meg , tenkte ho .

Dei var ferdige med kveldsstellet , seint omsider og hadde fått seg mat .

" Det er ikkje meining skapt i all denne mjølka her inne i folketomme fjellheimen , " sa Knut . " Du kan yste og kjerne , men alt med måte . For smøret harsknar og osten blir sur , eller han mugnar , før vi får han til bygda . Først sit du og drar i spenene til du blir kvit i andletet og får krampe i fingrane , ‐ så ber du mjølka inn og etterpå ber du ho ut att til kalvane . "

" Korleis ville du gjera det da , onkel Knut ? " spurte Hild , så trøtt at ho berre sat og lo .

" Eg ? Jo du , eg ville rasjonalisere , " svara han . " Drive rasjonelt fjøsstell , som det står i eit spelstykke vi hadde i ungdomslaget eingong . "

" Spela du der da , onkel ? " Hild berre lo .

" Visst fankern gjorde eg det . God var eg òg , om eg skal seia det sjølv . Nei , no skal du høre ! " Han reiste seg og tok til å drive att og fram med pipa . " No forenklar vi , i alle fall dei dagane Turid er borte . Vi lar kalvane overta mjølkinga , ein god del i alle fall . "

" Tullebukk ! Dei kan vel ikkje det . "

" Å jo du ! Det er dei som kan . Det er medfødt . Berre prøv , la dei sleppe til . "

" Å slik ! Da blir det ikkje mjølk i det heile . " Hild hadde strekt seg ut på brisken , i lattermild avmakt og gløtte bort på han .

" Mjølk nok , " sa han . " Og smør nok og ost nok . Og så blir det kjøtt . Finare , feitare gjøkalvar til haustslaktet . Det var godt eg kom til fjells , " la han til , " så eg kan få litt orden på sakene her . " Han sette seg på sengekanten , nær henne , tok eine handa hennar . Hild vart brått alvorleg , låg og såg på han .

" Var det ikkje det , godt at eg kom ? " Han sa det i ein heilt annan tone no .

" Kanskje . " Ho tok handa til seg og strauk håret frå panna . " Eg er så trøtt , eg må sova . "

Knut sat og såg på henne litt ; så reiste han seg .

" Eg går og ser til Sekunda , medan du legg deg . "

Hild kledde fort av seg , ‐ kjende ho lukta av fjøs og krøtter , håret og heile ho . Og det stod ein ram tev av inntørka sveitte kring henne berre ho rørte seg . Nokon vask vart det ikkje råd med , når han stod rett derute . Ikkje orka ho heller . Ho kraup under teppet .

Om litt kom onkel Knut inn att ; han la seg og dei sa god natt . Dei låg stille i kvar si seng , som låg dei og lydde mot kvarandres tankar . Ho venta at han skulle koma , no som sist , men ville det ikkje for nokon pris , trudde ho . Og så kom han ikkje . Snart sovna Hild , stup trøtt som ho var .

%Da ho vakna ved at sola skein inn gjennom glaset og rett på henne , vart ho liggande med eit kaos av motstridande kjensler inni seg : glad for at han hadde halde seg borte ; men på ein vag måte kjende ho seg krenkt òg , og lei seg . Han er ikkje forelska i meg lenger , tenkte ho ; men visste med det same at det ikkje var sant . Når han ikkje hadde kome , var det av omsyn til henne . Den tanken fylte henne med ein brå varme .

" Onkel Knut , " sa ho ut i det enno halvmørke rommet . Da såg ho at senga hans var tom , og om litt hørte ho sjoding av ein ljå . Hild kikka ut gjennom glaset der flugene alt surra i solvarmen . Onkel Knut gjekk på vollen i det tidlege morgonlyset og slo saftig , doggvått vollgras . Det var ein svingande rytme og eit eige driv i måten hans å føre ljåen på som fekk henne til å hugse ein gong ho såg han danse gangar . Hild steig opp , kledde seg , kokte kaffi og kalla han inn til morgonmat . Han ropte tilbake at han hadde ete alt og slo vidare .

Vel i gang med mjølkinga nede i fjøset , hørte ho han koma .

" Vi gjer som eg sa i går , Hild , " sa han , og dermed henta han eit par spekalvar frå kalvebingen og drog dei bort til kvar si ku .

" Nei ! " sette Hild i , " dette vil eg ikkje ! "

Kalvane fann fort det dei søkte og tok til å suge med sprikande kalvebein og hovuda bende oppover .

" Ta dei bort att , straks ! " Hild hadde reist seg . " Du har gjeve meg ansvaret for stellet her . "

" Ja , men eg bestemmer likevel , ser du , når alt kjem til alt . Dette er som Gud hadde tenkt det da han skapte ku og kalv . "

Hovudristande måtte Hild gje seg . Knut henta fleire spekalvar til matfatet . Dei stritta mot når han drog dei av stad , men fann seg snart vel til rette . Med grådige kjeftar smaska og hogg dei i jura og mjølka rann livssalig inn i dei som manna frå himmelen .

" No fekk du sveiserhjelp så det forslår , " sa Knut og såg stolt på det han hadde fått til . Hild måtte le , så gale det var . Ho vart fort ferdig med mjølkinga , og ikkje var det så mykje å bera inn heller . Knut stod og såg på kalvane som no låg stinne og velnøgde inne i bingen .

" Reine julekvelden for desse små krypa her , " sa han . " Vi måtte få fjøsstellet unna litt fort , " la han til , " for eg treng slåttehjelp på vollen . "

%Utover dagen gjekk Hild med riva og vende høyet . Det nyslåtte vollgraset tørka fort i sol og fjellvind og lukta godt : det var som om sommaren og livet i det sende ut sine søtaste angar i den stunda dei vart borte . Graset og alle blomane , fulle av humlesurr , hadde stått og vifta i vinden , men skulle snart inn i utløa no , og fylle den med ein faren sommar , ‐ så inn i kumagane , og deretter ut i gjødsel og jord og vatn og gje næring for nytt gras som skulle spire på vollane mot nye somrar . Ein underleg rundgang , kom det for Hild , ‐ ho hadde i grunnen aldri tenkt slike tankar før . Skal eg gå her og vende det graset òg , tenkte ho så , ‐ om to eller tre eller fire år ? Eller om ti ?

" Da er eg sjuogtjue , " mumla ho lågt , " og snart gammal . "

" Kva sa du , Hild ? " Onkel Knut hadde tatt seg ei lita kvil , stod og stødde seg til ljåen og tørka sveitten av panne og hals med skjorteermet . Hild vart raud og forvirra .

" Eg sa da ingen ting . "

" Nei , nei . Eg syntest du sa noko . " Han tok brynet , sputta på det og smelde det mot ljåjarnet . Hild tok opp att tråden i tankane sine . ‐ Ti år er likevel evig lenge , tenkte ho . Gudskjelov ! Men graset har ei kort levetid . Og humlene . Ho kikka bort mot onkel Knut som stod og såg på henne . Ho såg fort bort att , som hadde ho brent seg , tok riva og arbeidde vidare .

Også kveldsstellet gjekk fortare enn vanleg , for Knut heldt fast på at kalvane skulle ha sitt , no òg . Da arbeidet i fjøset var unnagjort og ho skulle gå inn , sat onkel Knut og røykte ute på steinhella . Han reiste seg og tok bøttene frå henne , bar dei inn .

" Eg går ein liten tur , " sa han så .

" Men er ikkje det for mørkt ? "

" Eg kjenner vegen . Og månen kjem opp om litt . Er tilbake om ein times tid . "

Dermed gjekk han . Hild kjende seg brått svært åleine i den ødslege mørke fjellsusen . Men det var trøst i Sekunda som gjekk og grasa ute på vollen , og i dyrelåtene nede frå fjøset . Ho smått fraus og kom seg inn , sette ein kjel med vatn på omnen og låste døra . Da vatnet var varmt , slo ho det opp i ei stor balje , kledde av seg og vaska seg grundig , først håret , så heile seg . Ho tok på ein rein kjole og kasta dei skitne fjøskleda inn i skåpet , fekk bort vatnet og vatnsølet på golvet ; ho kjemte og børsta det våte håret i ein liten sprukken spegel på veggen . Andletet hennar skimra bleikt , enda ho var brun av sol og vind . ‐ Er dette meg , tenkte ho . Ser eg slik ut ? Det fór søtt i henne at ho var vakker . I dette lyset , ja , tenkte ho så .

Hild skruva ned parafinlampa som stod og oste ; sette seg så til med litt handarbeid og hadde ei underleg sitring i seg . Ho sat og lydde og venta . Da ho til slutt hørte steg ute , reiste ho seg så brått at det svartna for augo , og ho kjende det lukta reint av hår og klede . Det tok i dørklinka . Først da kom ho på at ho hadde gløymt å låse opp att . Ho gjorde det med hamrande hjarta , og opna døra . Knut lutte seg inn og strauk tett forbi henne , ‐ det stod ein gufs av fjell og vidde og slåttonn ikring han .

" Hadde du låst døra du , " mumla han .

" Eg syntest det var best , " svara ho .

Dei vart ståande litt , vende mot kvarandre . Så løfta ho armane .

" Onkel Knut , " kalla ho , svært lågt .

" Hild ! "

I neste no var dei saman , i eit famntak så tett som ville dei slette seg sjølve og bli ein ; munnar og kroppar søkte kvarandre vilt , i vånde . Han løfta henne og bar henne bort i senga . Hild låg med attlatne augo og let han gjera med seg kva han ville . Hendene hans fór over henne og streva med å få kjolen av , og ho hjelpte til ; under hadde ho ingenting . Han kledde fort av seg , bles ut lampa og kom til henne . Hild møtte han no og gav seg over i noko som hadde vilja ta makta frå henne sidan dei vart åleine på setra . Ho syntest alt ikring henne vart borte , og i heile verda var det berre dei to .

%Etterpå låg dei lenge saman , stille og lykkelege , berre rørte så vidt ved kvarandre no og da . Slik sovna dei . Da han vakna att , var det lyse morgonen . Hild låg enno og sov . Han rørte lett ved henne og med ein salig smil kraup ho inntil han i halvsøvne . Dei vart lig gande i ein halvdøs til dei vektest opp av kuene som rauta og ville ha sitt og få koma ut i fjellet .

Hild arbeidde fort og lett i fjøset . Ho protesterte ikkje da han igjen let kalvane sleppe til . Elles kom han i vegen for henne meir enn han hjelpte henne , med kyss og klem .

" Onkel Knut da , " lo ho . " Eg blir aldri ferdig på denne måten . " Men kvar berøring fór søtt gjennom henne , fekk henne til å lengte etter han .

Kuene kom seg ut og rauta og bar seg , som var dei opprørte over slik uvant behandling . Dei drog i veg oppover mot fjellet , og Knut og Hild tok fatt på slåttonna . Det var ein liten voll bak fjøset der gras og blomar enno stod og vifta i vinden .

" Kan du ikkje spara denne , han er så vakker , " sa Hild .

" For di skuld lar vi han stå . " Knut sette ljåen frå seg og tok ei rive , hjelpte henne med å få utover såtene på den store vollen . Det vart meir tullprat enn arbeid ; begge var underleg lattermilde , smil kom og fór over andleta for dei minste ting . Dei tumla over ende i høysåtene , og han ville la slåttonn vera slåttonn , men ho vreid seg unna , strauk forrusk av kjolen og såg på han med eit par blå augo som latteren lyste i .

" Høyet må i hus , " sa ho . " Er det ikkje derfor du er her da ? "

" Slavedrivar . " Knut daska lett til henne , var som ein vilter gutunge , syntest ho . Han dreiv hardt på ei stund att , men så vart han tørst og Hild måtte hente mysudrekke blanda med kaldt fjellvatn . Han drakk så det silte nedetter halsen og bringa , adamseplet fór opp og ned . Håret , som tok til å få grå stenk , krølla seg vått over den høge , verbarka panna , der han hadde eit arr . I issen lyste det inn på blank , brun skalle . Da ho hadde sett bort spannet , greip han henne brått i handa , slengde seg raklang på ryggen i ei høysåte så ho kom tumlande over han .

%Dagar og netter gjekk ; seinsommardøgn , breddfulle av lykke , men òg av ein eigen rar melankoli som brått kunne gripe dei begge ; dei hadde ei kjensle av at dette var noko kosteleg dei fekk oppleve her og no . Dei gløymde for ei tid at han alt var vaksen mann da ho kom til verda . Ho kjende seg langt meir vaksen enn før , med ansvar for styr og stell . Ho var hans kvinne , fullt og heilt , og det fekk alt i henne til å bløme opp og falde seg ut på ein ny , ukjent måte . Det gjorde han yr og vill . Ikkje hadde han samvetsagg heller no lenger , syntest slett ikkje ho var for ung .

Ei natt vart Knut brått vekt av eit skrik . Han sette seg opp og såg at Hild stod midt på golvet og stirde fram for seg , som vetskremd .

" Hild ! " ropte han . " Kva er det ? "

Hild kom mot han , rørte seg langsamt og mekanisk . Han greip henne i handa og skjøna no at ho sov .

" Hild ! " ropte han att , ‐ fekk henne så ned på sengekanten og opp i senga . Ho skreik att og virra med hovudet . Knut greip henne om okslene og ropte :

" Hild ! Du må vakne ! "

Ho såg på han , fortumla og forvirra , halvt vaken no . Så snudde ho seg bort og slo hendene for andletet .

" Kva er det ? " sa han og greip tak i henne att . Ho låg og skalv .

" Eg drømte så fælt , " mumla ho , bortvend . Han rørte lett ved håret hennar :

" Kva drømte du da ? "

Først rista ho berre på hovudet , ‐ så kom det svært lågt :

" Eg drømte om mor . "

" Fortel , " bad han .

Da ho berre vart liggande , tok han henne til slutt om okslene og vende henne mot seg :

" Kva drømte du , Hild ? "

Langsamt tok ho til å fortelja .

" Eg drømte at eg gjekk på ein stig . Det var nok om våren , for bjørkene lukta av nyutsprunge lauv . Da fekk eg sjå mor framfor meg på stigen ; ho verka så ung , syntest eg , ‐ ho hadde ein liten hatt med fiolett slør som vifta i vinden . " Mor ! " ropte eg , og da smilte ho til meg ; ein glad smil , og vende seg for å gå . " Mor ! " ropte eg igjen . " Gå ikkje frå meg ! " Og eg sprang etter henne . Ho gjekk roleg framfor meg , men eg kunne ikkje nå henne att . " Mor ! " ropte eg igjen av all kraft . Da snudde ho seg og såg på meg . Eg stod som fjetra for no var ho heilt annleis . Hatten var borte . Dei blå augo hadde skift farge og blitt kolsvarte ; ho berre stirde på meg , og det rann tårer nedover kinna , slik at dei vart bleike og furete . Og så tok heile andletet til å løyse seg opp ; berre augo var att , og dei brende seg inn i meg . " Mor ! " ropte eg pånytt og prøvde å gripe tak i henne enda ho ikkje var der lenger . Men så kom det tilbake , ut or ingenting , andletet , kroppen . Da såg eg at det ikkje var mor , men meg , som om eg såg meg sjølv i ein spegel , der eg likevel ikkje kunne kjenne att mitt eige andlet . Og så vakna eg . " Ho låg litt og tagde , før ho la til :

" Det hørest kanskje ikkje så ille ut , men det var fælt . "

" Det var da berre ein drøm , " sa Knut . Om litt heldt han fram :

" Mor di har vore her i dette selet eingong . Men det veit du kanskje ? "

" Ja , " mumla ho . " Ho var her saman med deg . "

" Eg var svært glad i henne på den tid . Og ho i meg . "

" Det veit eg . Så det var vel ikkje så rart eg trudde du kan hende var far min . "

" Hild ! " sa han , brått opprørt . " Du går da vel ikkje omkring med den tanken lenger at eg kanskje er det ? "

" Nei , " sa ho , " sjølvsagt gjer eg ikkje det . Da hadde eg aldri ligge her kan du vel forstå ! " Også ho var opprørt no . " Det er ille nok som det er , " la ho til . " Du er onkelen min . "

%Neste dag seig igjen uværet tungt inn over fjellet og sveipte allverda i regn og tåke . Mesteparten av høyet hadde dei fått i hus kvelden før ; resten låg i såter . Knut bar inn ved og la i omnen ; nordavinden trakk kald gjennom dei gisne tømmerveggane og ula i pipa . Hild hadde funne seg ein bunding , og han sette seg til å lesa , men var berre halvveges med og kikka bort på henne iblant ; ho sat der så tankefjern , ikkje til å nå lenger , enda dei var i det same vesle rommet , stengd inne av uværet . Kva kan det koma av , tenkte han . Er det drømmen ho hadde i natt , og samtalen vår etterpå ?

" Når kjem Turid att ? " spurte Hild brått . ‐ Går ho og ventar på det , tenkte han , sterkt plaga .

" Du er kanskje lei av å gå her på setra du no , Hild . " Knut la boka i fanget . " Og du blir vel med meg når eg fer attende til bygda ? "

Ho svara ikkje , telte masker . Han sat og såg litt på henne , og så sa han :

" Det er vel ikkje fritt for at dei snakkar om oss dernede no . Vi skulle ikkje bu saman slik her på setra , vi to åleine , ser du . Dei toler ikkje det . "

" Dei får seia kva dei vil . " Hild strikka vidare .

" Så du angrar ikkje da ? "

" Nei . Eg angrar ingenting . "

" Eg er meir enn glad for å høre det , Hild . Måtte du seia det same når vi vel er nede i kvefsebolet att . "

" Tvilar du på det ? " Ho såg spørjande på han .

" Eg vil helst ikkje tvile på det . "

Det vart stille ei stund .

" Hild , " sa han og bladde i boka . " Vil du gifte deg med meg ? "

Det kom nok brått på henne dette , ho vart sitjande stum .

" Er ikkje du gift med tante Gerd da ? " kom det til slutt .

" Eg er det enno . Men snart er vi lovformeleg skilde . Noko ekteskap har det ikkje vore på lenge , det veit du . I grunnen aldri , " la han lågt til , og så heldt han fram : " Eg kan vel ikkje vente at du skal svara meg her og no , enda eg nok helst ville det . Her er det berre oss to , og ingenting som øydelegg ; dernede er det så mangt . Ja , det var best om du svara meg no . Vil du ? "

" Eg veit ikkje , " svara Hild . " Det kjem så brått . Men krev du svar av meg straks , så blir det nei . Eg er berre sytten år . Og du er onkelen min . "

" Nei , nei , eg krev ikkje noko svar no ! " Han var blitt mørk i andletet , sat og tagde ei stund , såg ned :

" Du veit , gifta vi oss vart det brått slutt på bygdeslarvet òg . Og det blir ikkje å spøke med , verken for deg eller meg . "

" Vil du vi skal gifte oss av den grunn ? "

" Nei ! " sette han i . " Det veit du godt . "

Så vart dei sitjande kvar i sitt att , han med boka som han hadde lese før , ho med bundingen . Langt om lenge braut han stilla :

" Kva tenker du på , Hild ? "

Ho hadde late bundingen falle ned i fanget og sat og såg bortrykt framfor seg .

" Å ingenting særskilt , " sa ho og tok arbeidet oppatt , kjende seg nok overrumpla .

" Du var så langt vekk . " Han reiste seg og gjekk bort til glaset . " No kjem kuene . Det har slutta å regne òg , ‐ det klarnar i vest . Vesta glein , tørr stein , " la han til . " Vi får godvær i morgon . "

Igjen vart det mørkt før mjølkinga var unnagjort . Han hjelpte henne å separere ; så gjekk han ut , medan Hild heldt fram med å stelle og stulle inne . Til slutt gløtte ho på døra og ropte på han , spurte om han ikkje skulle ha mat . Han stod ein stad i mørket på vollen , så vidt ho kunne skimte han .

" Kom heller hit ut du , Hild ! " ropte han tilbake . Ho hekta ei ulljakke om okslene og gjekk ut og bort til han .

" Så mørkt det er i kveld , " sa ho , smått frysande . Knut la armen kring henne .

" La oss stå her litt . Eg trur det er siste sommarkvelden . " Han sa det på ein slik trist og rar måte ; det let som eit slags farvel . Det var kaldt etter regnet , men rein , fin luft ; væten hadde løyst ut all den bittersøte aroma som fanst både i det uslåtte vollgraset og i høysåtene , og også i dei ville fjellvekstene utanfor setergrenda , i myr og på lyngrabbar . Det kom elingar med ram lukt av hest frå Sekunda , som stod og halvsov eit stykke unna .

" Hør , " sa Knut , " hør for sus . "

Ja , regnet hadde fått den ødslege , mørke fjellheimen til å suse av rennande vatn ; bekken framfor dei gjekk stri , og frå fjernare elvar og bekkar stod det ei mektig sjoding , blanda inn i viddesusen . Over dei spende stjernehimmelen seg , med ein enda fjernare sus som ikkje var til å fatte . Hild fraus .

" Ein kjenner seg så liten når ein står slik , " sa Knut . " Vi små menneskekryp i alt dette store . " Det var ein rar , fjern klang i røysta hans . " Vi blir fødde til verda , og før vi kjem skikkeleg i gang med å leva , er livet vårt forbi . Det er så ufatteleg kort ; likevel synest vi det er det viktigaste av alt . Men når vi er borte , hugsar ingen oss meir , som skulle vi ikkje ha levd i det heile . Og fjellet ligg her , på same vis , med himmelen over , utan oss . "

Aldri hadde Hild hørt onkel Knut snakke slik . Det han sa , og måten han sa det på , rørte underleg ved strengar i henne sjølv ; og ho kjende inst inni seg at denne mørke mannen ved sida av henne , så framand og så kjent , så langt borte og så nær , betydde meir for henne enn ho ville vera ved .

%Neste føremiddag hadde Knut det travelt ute på vollen med å få høyet tørt ; han snudde og vende på det så sola og fjellvinden riktig skulle få tak : det liksom hasta med å få det i hus no . Tørt vart det òg , og han bar det inn i svære bører på ryggen . Litt frampå dagen fekk han sjå Turid ute i Glima .

" Tenkte eg det ikkje , " mumla han , slengde frå seg rive og tau og stakk inn i selet til Hild ; ho heldt på å kjerne smør der .

" Ja no treng du ikkje slite med dette meir , for no kjem ho stigande ute i fjellvegen , megga sjølv . Det lyser faenskap av henne lang veg . "

" Som du snakkar da mann ! "

" Vent skal du sjølv få sjå . Ja , du blir vel med meg ned att til Rogne no , Hild . For eg fer i dag . Høyet er gudskjelov i hus . "

" Men ser ikkje det rart ut , om eg følgjer deg no ? "

Om litt hadde dei Turid på døra , sveitt og raud etter den lange turen .

" Usj ! " sa ho . " Eg syns fjellvegen blir lenger for kvart året . Og her har de vel hatt det bra ? "

Jau takk , dei hadde da det . Med gløgge , nyfikne augo såg ho på dei både titt og ofte , sat oppkava i ein stol og fortalte rivande fort frå bygda . Hild sette fram mat til henne , ‐ spurte stilt om ho ikkje var svolten .

" Å jau , svolten er eg som ein skrubb , men du skal ikkje bry deg med det . Eg finn meg litt mat når eg berre får desse hersens støvlane av meg . Nei , mor var nok ikkje så sjuk likevel ho . " Det glitra ein liten fort smil i augnekroken . " Det stod no ikkje om livet i alle fall , og gudskjelov for det ! " Men han Knut skulle ha takk for at ho fekk vera borte så lenge . Og korleis hadde det gått med ho Hild da stakkar , og seterstellet ?

" Bra , " svara Knut , kort . Han gjorde seg i stand til å fara heim .

" Du får bli med meg ned att du da , Hild . " Han sa det på ein slik måte at det ikkje var råd å legge imot . Hild gjorde seg fort i stand , ho òg . Da glitra det enda meir i augo på Turid .

" Ja du er vel sliten du , " sa ho . " Det blir godt for deg å koma til Rogne og få kvilt deg litt . "

%Utpå ettermiddagen drog dei av stad , Hild på hesteryggen og Knut ved sida . Da dei i kveldinga kom inn på Rognetunet , merka Knut straks at fliren sat i augnekroken på nokon kvar . Han let seg ikkje merke med det , og hjelpte den støle Hild ned frå hesteryggen .

" Du får herde deg no , " sa han lågt .

Livet på Rogne vart annleis for Hild heretter . Tenestfolket , både Stina , Elling og Gustav var mutte og avvisande når ho prøvde å snakke til dei . Ned i kårstua til gamle Hilda og tante Beate våga ho ikkje gå . Gjekk ho ein tur etter vegen og møtte gamle kjenningar , helsa dei ikkje lenger som før , ‐ berre nikka kort eller såg ein annan veg . Men det fanst òg dei som blunka til henne , og smilte , ‐ særleg menn . Det likte Hild enda mindre . Til å børja med plaga det henne sterkt å bli møtt slik ; så vart ho arg og hardna til i trass ; ‐ tedde seg stolt og avvisande mot dei som såg på henne med openlys og frekk vanvørnad . Men når Hild var for seg sjølv og tenkte gjennom alt , kunne ho inst inne forstå denne reaksjonen . Ho hadde skjemt seg ut og gjort ting sterkt i strid med det folk flest meinte var rett og riktig . Uviljen mot onkelen , som ho iblant hadde kjent ein snev av før , sette seg no fast og vart bitrare . Det var hans skuld ; han hadde forført henne . Når ho tenkte på det , kunne ho jaga seg sjølv opp i eit slikt sinnsopprør at ho måtte ut og gå det av seg på lange , einsame skogturar . Det hende Hild kom forbi onkel Knut på tunet når ho drog av stad i full bør . Han såg langt på henne . Men ho berre gjekk fort framom , som om han ikkje var der i det heile . Det var reint ei lise for henne å merke kor plaga og ulykkeleg han stod der . Han kunne ha det så godt ! Det hende ho lulla seg inn i fantasier på slike vandringar : dei skulle finne henne død i eit myrtjern eller ei elv . Onkel Knut skulle vera den som fann henne . Hild såg han for seg der han stod ved grava medan kista vart senka ned . Han berre gret og gret . Aldri meir ville han få henne tilbake . Ho fekk salte tårer i munnen der ho gjekk , av medynk med seg sjølv . Og med han ! Men så måtte ho le midt i gråten . Ho var ein tullete barnsunge som kunne gå slik og fantasere ! Av eigen vilje og drift hadde ho gjeve seg til ein mann , ikkje ein gong , men mange , og hatt stor nyting av det . Det var like mykje hennar skuld som hans . Ho hadde lokka han , kom det for henne , fått han forelska i seg . Og medan Hild gjekk slik , borte i eigne tankar , fekk ho verkeleg og djup medkjensle med onkelen . Ho visste at ho gjekk der på Rogne og pinte han no , så ho nesten kunne høre det skrike inni han . Og ho ville pine han , det var ein slags rus for henne . Kva er eg for eit fælt menneske , tenkte ho , skremt av kjensler ho aldri hadde trudd ho kunne ha .

Etter ein slik rask tur i den kjølege skoglufta fall Hild meir til ro , og ein gong ho var på heimveg , tenkte ho at no fekk ho snakke med onkel Knut . For ho var glad i han , trass i alt . ‐ Kvifor skal andre få bestemme over mitt liv , tenkte ho . Dei kan få seia kva dei vil . Heretter skal eg ikkje sky han på denne måten . ‐ Det vart brått veldig om å gjera å få snakke med han .

Men da Hild kom heim var onkelen ikkje der . Bilen stod heller ikkje i tunet , såg ho . Ho ville ikkje spørja nokon , men så sa Stina det , reint tilfeldig :

" Han Knut kjem ikkje til kveldsverd i dag . "

" Kvar er han da ? " spurte Hild lett og likesom likeglad .

" Han skulle nok til byen ein tur . Det var uvisst når han kom att , sa han . " Stina såg på Hild . " Men vi har han vel her i morgon , tenker eg . "

Så han hadde reist bort . Slik utan vidare . Han kunne gjerne ha fortalt henne det . Men det hadde ho ikkje gjeve han den minste sjanse til , kom ho i hug .

Neste dag var lørdag . Hild gjekk rastlaus ikring og kvar gong ho hørte bildur , trudde ho det var han . Ho skulle ha vore ein tur heimom og helsa på foreldra og Ingrid og Lars ; hadde sett det ut dag for dag , kjende slik ulyst til å gå dit . Kva ville vel dei seia no ? Ho syntest mor hennar såg på henne , stumt anklagande . Nei , ho fekk sjå innom der til veka . Ikkje gjekk ho ned i kårstua heller , ikkje for nokon pris . Ho hadde sett Hilda Rogne koma opp for å snakke med onkel Knut ein dag . Dei sat inne i stua og Hild hørte opprørt tale derinnanfrå , men ho fekk ikkje tak i kva dei sa . Ikkje ville ho stå og lyde , så ho gjekk og sette seg på trammen . Om litt kom onkel Knut drivande ut i full bør og strauk bortover jorda . Litt etter kom farmor Hilda , ho gjekk med stokk no .

" Ja , ja , Hild , " sa ho da ho møysommeleg tok seg ned trappa . " Du kjem aldri og ser til oss meir du . "

Før Hild fekk sansa seg til å svara , hadde ho vend henne ryggen og var på veg ned til seg sjølv ; Hild kunne sjå på okslene og heile henne at no vart det lenge før ho kom ut or kårstua att .

%Medan Hild gjekk slik og dreiv denne lange lørdagen og venta på onkel Knut , vart ho brått vár søster si , Ingrid , som plukka blåbær på ein bergrabbe ved fjorden . Ho fekk inntrykk av at Ingrid ikkje brydde seg om å sjå henne , men da Hild ropte , retta ho seg opp med glad røyst :

" Nei men er det deg , Hild ! "

Dei slo seg ned på eit svaberg , vifta bort flugene ; praten ville liksom ikkje koma i gang . Ingrid såg ikkje på henne , men sat og plukka i spannet og deretter på ein sko spenna hadde løsna i . Hild spurte korleis det stod til heime , og Ingrid svara , jau takk , som det plar .

" Far er mykje borte om kveldane , " sa ho . " Men no har han vore sjuk ei stund , har ikkje vore på arbeid . "

" Drikk han da ? " spurte Hild .

" Det veit du godt . "

" Meir enn før ? "

" Å ja . "

Hild såg at Ingrid hadde ein mørk flekk på kinnet , opp mot auga .

" Kva er dette ? " ville ho veta . Ingrid sat raud og streka med ein tørr furupinne i berget .

" Far har slått meg , " sa ho svært lågt , og brått såg ho fort på Hild ; augo stod fulle av tårer . Hild la armen kring henne , og da tok søstera til å gråte .

" Vi har det så fælt heime . Og eg syns så synd på mor . No får vi snart ikkje varer på krita i butikken lenger heller ! "

‐ Er det slik fatt , tenkte Hild . Så sa ho om litt :

" Spør mor nokon gong etter meg ? "

" Det hender . " Gråtskjelven sat i Ingrid , ho tørka tårene med eit lommetørkle . " Og du kjem aldri heim meir du . "

Hild svara ikkje på det , tok ein liten stein og kasta ut i vatnet .

" De har vel hørt ordet som går i bygda de òg , om meg og onkel Knut ? "

" Ja , " sa Ingrid . " Alle snakkar om det . Men eg trur ikkje på det , " la ho fort til ; ho sat no sky og bortvend . " For du er ikkje slik . "

Det var ei lette for Hild at dei vart avbrotne no , av Lars ; han kom springande og kasta seg glad om halsen hennar da ho reiste seg . Han var solbrent og blåbærblå om truten , med lyst , stritt hår . Om litt skildest dei ; Ingrid rusla heimover til Bjørketun , følgd av den pratesjuke Lars . Hild vart sitjande og kaste småstein ut i fjordvatnet . Ho kjende seg uendeleg einsam .

%Fram mot kveld gjekk Hild heim til seg sjølv og tok på seg ein finare kjole . Ho børsta håret framfor spegelen ; det fall så silkemjukt og blankt at ho måtte legge det inntil kinnet , kjenne på det og lukte på det , nyvaska som det var . Ho såg brysta sine strutte under kjolen , ‐ dei var blitt høge og faste denne sommaren . Gjennom glaset kunne ho sjå ei støvsky løfte seg sør i bygdevegen og koma nordover . No hørte ho duren òg , og tenkte med ei eling av glede at det kanskje var onkel Knut . Men bilen kjørte forbi . Det tok til å skumre . Brått hørte ho musikk og bøygde seg ut or glaset . Det var høgtalarmusikk frå dansesletta , og han hogg tak i henne , lokkande og dragande ; Harry Brandelius hjala åsimellom over den stille fjorden , sterkare og veikare med luftdraget .

Hild gjekk ut på vegen , uten noko særskilt føremål ; hadde eit sug av uro i seg . Kanskje gjekk ho for å møte onkel Knut , for no måtte han da koma snart ! Ho hørte fjern bildur og stansa . Men bilen kom nordfrå , og han kom fort . Hild steig tilsides på den smale bygdevegen og om litt sveipte billyktene over henne . Bilen bremsa opp så det kvein , og stansa frami vegen . Ei bildør vart opna og nokon ropte : " Hild ! " Ho meinte ho kjende røysta og gjekk bort til bilen . Han var full av glad ungdom ; ho drog kjensel på eit par frå den tid da ho gjekk for presten .

" Går du her åleine da , Hild ? " sa han ved rattet ; ho visste han kom frå garden Berg lenger nord i bygda .

" Eg måtte berre ut å røre litt på meg , " svara ho .

" Hopp inn da vel , og bli med på dansesletta . Det er plass til deg òg . "

" Å nei takk , " mumla ho .

" Jo kom igjen ! "

Ei bildør til vart opna . Halvt frivillig , halvt gripen og trekt inn hamna Hild bak i bilen mellom lattermild ungdom , ‐ to gutar og ei jente , som den eine no tok på fanget for å gje plass til henne . Guten ved sida av seg hadde ho aldri sett , men forstod snart at han måtte vera bror av han ved rattet .

" Eg heiter Gunnar Berg , " sa han og tok henne i handa . Framme sat to jenter til , saman med sjåføren ; den eine var søster hans og henne hadde Hild møtt før . Dei to andre kjende ho ikkje . Alle lo og prata og ville ha henne med , men ho sa lite og ingenting ; kjende seg overrumpla og litt beklemt . ‐ Kva har eg gjort , tenkte ho . Og hva kjem onkel Knut til å seia ? Men når han reiste frå henne slik kunne han ha det så godt . Den glade og lattermilde stemninga smitta etterkvart over på henne òg . Framfor dei låg dansesletta og alt det spennande der . Brått kjende ho seg så fri som hadde ho kome ut or eit fengsel . Og alle var vennlege mot henne ; kunne ikkje ha hørt bygdesnakket om henne og onkelen . Eller dei brydde seg ikkje om det .

%På dansesletta var det godt med folk alt , og bygdesjenansen tok så smått til å sleppe taket . Enno heldt dei fleste gutane seg unna dansegolvet ; stod i grupper i skogkanten der heimbrenten frå lommelerkene gjorde sin verknad , så det løsna med latter og grovkorna snakk . Eit og anna par var i sving på golvet , og jenter dansa med kvarandre . Musikken spela Kostervals og Gunnar Berg engasjerte Hild , enda han hadde ei anna jente med seg . Han dansa godt , feia rundt og rundt ; Hild fall fint inn i hans rytme . Ho såg bort og ned , ein og annan gong rett på han og så fort til side att , ‐ det kribla i heile henne av danseglede . Da valsen var slutt og Hild syntest sletta og golvet sveiv rundt for henne så ho leande måtte stø seg til Gunnar Berg , klappa han oppglødd og ville halde fram . Det kom ein foxtrot no . Litt nølande let ho han ta kring seg . Ho kom nær han og fekk den sterke , harde gutekroppen tett mot sin i alle rørsler . For tett , tenkte ho og ville koma seg meir fri , men han heldt henne i eit fast grep .

" Hild Rogne , " mumla han ned i øyra hennar ; det kilte rart og godt . " Det er fint å danse med deg . "

Hild takka for dansen da foxtrotten var over ; han ville halde fram , bad om ein dans til . Ho gjorde seg leande fri og gjekk . No kom andre og baud henne opp , ‐ kvervla henne rundt i vals og polka ; så var det foxtrot att , og tango . Ho kunne danse skorne av seg , danse til dagen grydde . Ho merka nok blikk frå folk på sletta , nyfikne eller vondkynte ; men det prella av , glad og blussande som ho sveiv rundt i armane på snart ein , snart ein annan . Gunnar Berg kom att og ville danse . Etter ein tango stod han og såg på henne så Hild ikkje visste kvar ho skulle gjera av blikket .

" Kom med ned til fjorden , " sa han og greip henne i handa . Ho rista på hovudet og lo . For kva skulle jenta hans seia da ?

" Det er ikkje mi jente , " forklarte han henne . Men det var nok det , for da dei fór heim att på morgonslengen sat ho mutt og avvisande , medan Gunnar Berg tok Hild på fanget . Hild vart sitjande litt på glør for sin del og skauv bort den nærsøkne handa hans , gong på gong .

" Han blir nok ikkje blid han Knut Rogne når du kjem heim no , " kom det syrleg frå den forsmådde jenta .

%Hild vart sett av ved Rognealléen .

" Kjem du på sletta neste lørdag ? " ropte Gunnar ut til henne og vinka farvel . Ho stod att , fortumla ; visste ikkje om ho skulle le eller gråte . Så gjekk ho fort inn alléen . På det stille tunet ville bikkjene til å gøy . Ho hysja dei ned . Det lukta bil , kjende ho , og fekk sjå onkel Knuts svarte Pontiac . Varsamt lista ho seg inn . Det knirka i gangdøra , og også i trappa enda ho gjekk med skorne i handa og trødde så stilt ho kunne . Ho kom seg inn på sitt eige rom , låste døra , stod litt og lydde . Onkel Knut kunne ikkje ha hørt henne . Ho hekta av seg kjolen og ville gå til sengs ; men sova fekk ho nok ikkje slik med det første , oppspila som ho var og full av motstridande kjensler . Brått hørte ho onkel Knut ute i gangen . ‐ Han kjem hitover ! fór det gjennom henne og ho drog på seg kjolen att . Så var han der og banka på døra , ropte " Hild ! " lågt , men likevel slik at ho vart redd . Da ho ikkje svara , tok han og ruska i klinka og ropte påny :

" Hild ! Lat opp ! Eg veit godt at du ikkje søv . Du er nett komen heim ! "

Da Hild framleis ikkje svara , dundra han på døra med knyttne ven . ‐ Han slår døra sund , tenkte ho . No ropte han høgt og bydande :

" Slepp meg inn , Hild ! Straks ! "

Ho hadde aldri opplevd han slik før og vart verkeleg redd .

" Ja , ja ! " sa ho og gjekk bort og vreid nøkkelen om . Han braste inn og greip henne hardt i handleden .

" Au ! " sette ho i . " Du er hardhendt . " Hild veik unna han ; han var kvit og ugjenkjenneleg i andletet .

" Kvar har du vore ? " spurte han , hås i røysta .

" Ute , " svara ho og snudde seg frå han . Han greip henne hardt om okslene og vende henne mot seg .

" Eg vil veta kvar du har vore ! "

" På dansesletta ! " Hild kjende redsla vike rom for trass og sinne .

" Saman med kven ? " Da ho ikkje svara straks , sette han i :

" Saman med kven , hører du ! "

" Med Gunnar Berg ! " Ho slengde hovudet bakover og lynte mot han .

" Gunnar Berg ? Kvar kjenner du han frå ? "

" Eg kjenner han . Men slepp meg ! Det gjer vondt . "

" Korleis kom du deg dit bort ? "

" Eg gjekk ute på vegen og så kom dei i bil , han og dei andre , og baud meg skyss . "

" Og du tok imot , følgde med som ei anna tøs . "

" Er eg tøs har du gjort meg til det ! " skreik ho mot han . Ingen av dei tenkte lenger på at nokon kunne høre det . Knut slengde henne frå seg så ho tumla over ende i senga . Der kraup ho saman i krampegråt , mest av sinne .

" Ja berre slå meg ! " skreik ho . " Slå meg helselaus , slå meg i hel om du vil . Eg er likeglad med alt ! "

" Eg har da ikkje slått deg , Hild , " mumla han ; han stod og såg på henne , prøvde å roe seg ned . " Eg har ikkje slått deg , og Gud gje eg aldri må gjera det . " Ho berre gret . Knut sette seg på sengekanten og sa lågt :

" Hører du Hild ! Tilgje meg at eg kom busande slik . Men eg har gått her og vore så uroleg for deg , i mange timar . Eg hadde da aldri trudd du kunne dra av stad på denne måten . "

" Skal eg ikkje få lov til å vera ung eingong , og vera i lag med andre iblant , " hiksta ho . " Vil du eige meg , kanskje , som om eg var ein hest ? "

" Nei , nei ! Sjølvsagt skal du få møte andre . Eg er berre så glad i deg , forstår du ; eg held ikkje ut den tanken at andre menn skal få legge armane sine ikring deg . " Sinnsopprøret dirra igjen i røysta hans .

" Det får du venja deg til , " mumla ho , " om du ikkje vil sjå meg reint ulykkeleg . "

Knut sat litt utan å svara på det .

" Hild , " sa han så , " kan du tilgje meg ? " Han tok lett på oksla hennar . Som stukken freste ho mot han og kraup bort frå han i senga .

" Ikkje rør meg ! Kom ikkje nær meg ! Gjer du det , skrik eg på hjelp . "

" Trur du eg vil gjera deg vondt , " sa han stille .

" Ja det vil du ! Du har gjort meg vondt frå eg kom hit , du har øydelagt livet mitt ! " Hild var som frå seg no , og sa dei verste ting , kunne ikkje rå for det . Knut reiste seg .

" Er det slik du ser det , " sa han stille . " Ja da så . " Han gjekk . Hild var enno så opprørt at ho ikkje heilt fatta kva som hadde skjedd . Ho la seg ned og gret , stillare etterkvart ; ho blødde inni seg , syntest ho .

%Skurden var i gang i seinsommarklart vær ; store , kvite skyer , gråare under , men med gylte bremmar , siglde på himmelen og drog sine skuggar over fjord og åsar og skog og åkerland . Hild var med og sette kornbanda i rauk , men kjende seg skydd av alle . Ho retta seg iblant , stiv i ryggen og kikka i løynd bort på onkel Knut ; han sat og køyrde sjølvbindaren i ein røyk av korn og jordstøv og hadde det brenntravelt . Henne såg han ikkje , som var ho ikkje til på jorda ! Slik gjekk dag etter dag ; livet på Rogne var uuthaldeleg for henne . ‐ Eg flytter heim til Bjørketun , tenkte ho . Men så ville ho ikkje det heller . Det var utriveleg der , visste ho . Og ho vart gåande på Rogne .

%Om kvelden tok gjerne Knut bilen og fór av stad i eit eller anna møte . Hild gjekk og dreiv åleine i det store , tomme huset . I stua , der ei stasleg veggklokke stod og tikka og melde frå at timane og halvtimane gjekk , med sprø , gammal klang , stod det òg eit piano . Hild sette seg ved det iblant og spela litt . Som lita jente hadde ho gått ein del år i lære hos ei bondekone i ytterbygda . Før ho gifte seg med ein bonde var ho lærarinne ; kom frå Oslo visstnok , trudde Hild . Og så vart ho verande . Sjølv skulle Hild gjerne ha reist bort no , ‐ til byen , på skole . Men ho såg seg ingen utveg til det .

Med uvante hender leita ho fram tonane i pianoet som hadde stått ubrukt i mange år . Klangane hadde på ein måte gøymt seg bort i støv og gløymsle , og var ikkje heilt reine . Ikkje sidan tante Gudrun sat her , hadde vel nokon opna pianolokket . Hild prøvde å laga seg eit bilete av tante Gudrun , den eldste i søskenflokken på Rogne . Ho måtte ha vore vakker , etter gulna foto i familiealbumet å dømme . Ho var så musikalsk som barn , og viste slik interesse for spel at Olav Rogne kjøpte dette pianoet . Også tante Gudrun gjekk visst i lære hos bykona , på den tid ung lærarinne .

Om pianoet ikkje var stemt , og hendene famla etter dei gamle grep , sette spelet Hild i ein eigen stemning ; det var som om ho gjennom det fekk uttrykk for alt inni seg av sår lengsel , vage drømmar , av voner og uro .

Ein kveld kikka ho i det store bokskåpet med glasdører . Onkel Knut hadde sagt ho kunne finne seg noko å lesa der . Bøkene stod på rekke og rad i skinnryggar med namn og titlar i gylte bokstavar . Det var ei høgtideleg verd ho ikkje riktig våga seg inn i . Andre bøker såg meir tilgjengelege ut , mjuke i permen ; og ho tok fram og bladde , snart i ei , snart i ei anna . Ho børja å lesa i ei som heitte " Alberte og Jakob " , nærmast fordi ho ikkje hadde anna å ta seg til . Og boka fanga henne inn slik " Fiskerjænten " gjorde på setra , ‐ ja enda meir . Alberte likna ikkje henne sjølv , likevel var det eit menneske ho godt kunne forstå . Ho vart levande og nær for Hild . Ho sat i timesvis , oppslukt , ‐ gløymde bort tid og stund ; klokka slo ni og ti og elleve . Ho hørte ikkje eingong at det gjekk i ytterdøra , og da Knut steig inn i stua såg ho på han med bortrykte , fordrømte augo .

" Orsak , " sa han og ville straks gå att . " Eg visste ikkje at du sat her . "

" Eg går og legg meg no . " Hild la frå seg boka og reiste seg brått .

" Kva er det du les ? " spurte han og kom nærmare . Ho kjende det lukta brennevin av han ; han måtte ha vore i godt lag , men såg likevel uglad ut .

" Ei bok som heiter " Alberte og Jakob " , " svara Hild . " Du sa eg kunne få lov . "

" Les alt du vil , " mumla han kort og gjekk bort til glaset ; stod der og såg ut , enda det ikkje var noko å sjå på , anna enn blåsande svarte epletre . Hild ville så gjerne at han skulle ha sagt noko til henne , men han stod berre og tagde .

" Godnatt , " mumla ho og gjekk .

" Godnatt , " kom det lågt frå han òg , men han snudde seg ikkje eingong .

Mot kveldinga ein dag sist i veka kom mor hennar , Eldrid , til Rogne . Hild såg henne først nede i alléen , ‐ ho hadde ikkje tatt beinvegen gjennom moen , men gått rundt . Ho var kledd i ei mørk kåpe som Hild visste ho berre tok på seg ved høgtidelege anledningar , og ho hadde ein svart hatt på hovudet . Det fekk det smale andletet til å bli ekstra bleikt , og ho verka slunken i kleda , tunnare enn før . Synet av mora sette ein støkk i Hild . Kva ville ho her ? Det var år sidan ho sist hadde sett sine føter på Rognetunet . Eg vil ikkje møte henne , tenkte ho , men vart ståande og vente ; og da elgbikkjene sprang opp i lenkene sine , snakka ho dei til ro .

" Er det deg , mor , " sa ho . Mora smilte bleikt .

" Du har det nok svært travelt du , Hild , som aldri kjem og ser til oss meir . "

Ho er blitt eldre på kort tid , tenkte Hild og såg på mor si . Andletet , som enno var vakkert på sin måte , hadde eit fortenkt , litt trist uttrykk , men når ho smilte , kunne det lyse opp i eit ørlite blaff . Dei stod og visste ikkje riktig kva dei skulle seia til kvarandre .

" Kjem du for å snakke med meg ? " spurte Hild .

" Nei , " svara mora , " eg skulle gjerne ha tak i han Knut . " Med undring og uro såg Hild på mor si att . ‐ Kva er det ho vil han , tenkte ho . Kva er det ho har i sinne ? Denne gangen til Rogne kosta henne mykje , forstod Hild . Men det lyste òg ein slags desperat vilje ut or det bleike andletet .

" Han sit inne på kontoret . Du får berre stige på . "

%Eldrid vart verande derinne nokså lenge . Uendeleg lenge , syntest Hild , som dreiv rastlaust rundt på tunet . Det underlege besøket måtte gjelde henne . Til slutt kom mor hennar ut att i følgje med onkel Knut , hadde fått hektiske raude plettar på kinna . Ho gav Knut Rogne handa , smilte fort og mumla eit takk framfor seg , nikka til Hild og gjekk . Hild såg på onkelen med eit blikk som bad om å få veta noko , men han berre tende pipa og dreiv over tunet mot stallen . Hild sette seg i huska under låvebrua og tenkte at kanskje kom han dit som han ofte pla . Ho sat der og gynga litt , plaga av uvisse og uro . Skulle ho gå heim kanskje , og snakke med mor si direkte ? Ho slo fort tanken frå seg . Anten ville mora vera stengd og taus som ho oftast var . Eller det vart eit oppgjer av det vonde slaget , vanskeleg å få gjort godt att etterpå . Hild kjende det slik at mora igjen prøvde å gripe inn i livet hennar og bestemme over henne .

Om litt kom onkel Knut ut or stallen og såg ho sat der . Ho ville snakke til han , men han berre gjekk sin veg , inn att i huset . I aukande uro dreiv Hild ikring , klappa hundane , som logra og hoppa oppetter henne i glede . Dei er glade i meg , tenkte ho bittert . Onkel Knut kom ut att , tok bilen og køyrde av stad . Hild gjekk inn i stua , greip boka ho heldt på med , prøvde å lesa , men vart ikkje fanga inn . Tankane var andre stader og ho slengde boka frå seg att ; gjekk opp til seg sjølv og la seg enda så tidleg det var .

%Neste morgon da Hild kom ut i tunet , møtte ho tante Beate som heldt på å pumpe sykkelen sin . Skulle på kjørkegarden , fortalte ho . Det hadde vore så tørt lenge , ‐ ho måtte av stad å få vatna og stelt familiegrava . Hild spurte om ho kunne bli med og tante Beate lyste opp i ein glad smil .

Dei sykla bygdevegen søretter langs fjorden ; han svinga seg gjennom skyggefulle skogkrullar og mellom gardar med gylne kornåkrar og grønne slåttemarker der kuer gjekk og beita i saftig hågras . Kjørka og kjørkegarden låg på eit ope nes ut mot fjorden , innkransa av store bjørker . Snart var dei der , ‐ gjekk på stille grusgangar , i solflimmer , under bjørkesusen og fuglekvitret .

Tante Beate vatna og stelte Rognegrava med kjærleg omsorg . Her låg forfedrane deira , menn og kvinner gjennom fleire slektsledd . Hild las på ein av steinane : " Knut Rogne , fødd 12/7 1829 , død 3/1 1901 . " Gamle-Knut , tenkte Hild , ‐ gjengangaren , han som ikkje fekk fred i grava si . Vidare stod det : " Gudrun Rogne , fødd Berg 5/11 1833 , død 3/1 1921 . " Det var oldeforeldra hennar , ho hadde berre sett dei på gulna foto i familiealbumet : han med svært skjegg , ho med skaut , gammalmodige og fjerne begge to . Hild las vidare : " Olav Rogne , fødd 3/4 1851 , død 12/10 1923 . " Bestefaren kunne ho så vidt minnast . " Gudrun Rogne , fødd 13/5 1889 , 6/1 1907 . " ‐ Tante Gudrun , tenkte Hild . Ho hadde ligge her i tretti år no , og Hild kunne ikkje la vera å undrast på kor mykje det var att av henne .

" Tante Gudrun døydde ung , " sa ho , berre for å få i gang ein samtale med den tause tante Beate .

" Ja . Eg var seksten år da ho gjekk bort . Eg hugsar ikkje gravferda , for eg låg svært sjuk i difteri eg òg . Dei trudde det var eg som skulle døydd og så vart det Gudrun . "

Hild såg at det bivra litt om munnen på tante Beate . ‐ Så lenge etterpå , tenkte ho . Enno sørgjer ho over søster si .

" Var ho vakker ? " spurte Hild .

" Å ja . Ho var for vakker og skøyr til å leva . Far kom aldri heilt over det , at ho gjekk bort så tidleg . " Det var ei søster til i søskenflokken på Rogne , ‐ Liv , eit par år yngre enn Harald og gift i Trøndelag ein stad ; Hild hadde så vidt sett henne . Det var ein yngre bror òg , men han hadde reist til Amerika som ung gut og blitt verande der . Dei visste lite om korleis det gjekk med han , det var ikkje større brevkontakt . Hild såg nærmare på tante Beate der ho sat på huk og luka bort ugras og krafsa jord kring blomane . Håret hennar , som hadde vore mørkt , var no jerngrått og vifta i vinden ; andletet bar preg av ulevd liv , ‐ likevel hadde furer gravd seg inn og gjort henne langt eldre , tristare å sjå på enn berre for ti år sidan .

" Mor di var på Rogne i går , " sa ho brått og gløtte opp på Hild .

" Ja , " svara Hild . Ho merka at den andre var sjuk etter å få veta meir .

" Ja det er lenge sidan sist , " sa ho til slutt , da Hild berre tagde . Dei var no ferdige med å stelle grava , tok syklane og gav seg på heimveg .

%Utpå kveld børja dansemusikken frå Sletta att , for det var lørdag . Gunnar Berg hadde spurt Hild om ho skulle dit denne helga og , kom Hild brått i hug . ‐ Eg kunne ta sykkelen , tenkte ho , og dra dit bort i staden for å gå og drive her . Det var likevel noko i henne som ikkje ville det . Ho søkte onkel Knut med augo når ho slumpa til å møte han , men han hadde ikkje blikk for henne .

Da stansa det ein bil ute på vegen og brukte hornet , fleire gonger . ‐ Gunnar Berg , tenkte Hild ; ho stod i glaset oppe i gangen . Hjarta dunka fort og hardt i bringa medan ho venta på at dei skulle køyre vidare . Brått svinga billyktene oppover gardsvegen gjennom alléen . Bilen køyrde inn på tunet . Elgbikkjene fauk opp i lenkene sine , ‐ i lyset frå bilen stod Knut og hysja dei ned . Gunnar Berg steig ut og helsa på han , ‐ Hild visste dei var i slekt langt ute .

" Vi berre lurte på om Hild var heime og kanskje ville bli med på dansesletta , " sa Gunnar . Knut kom drivande inn og ropte oppover den mørke trappa :

" Hild ! Gunnar Berg er her og vil ha deg med på Sletta . " Røysta hans var heilt ulik seg .

" Eg skal ikkje på Sletta i kveld , " hørte ho seg sjølv svara . Han gjekk og sa frå til Gunnar Berg . Bilen sveiva med lyktene rundt på tunet og ut gjennom alléen . Hild vart ståande der ho stod ei god stund ; så gjekk ho inn til seg sjølv , opna glaset der og lydde på musikken frå Sletta . Hjartebankinga ville ikkje falle til ro . Seinaugustkvelden slo kjøleg mot andletet hennar inn frå den mørke hagen og fjorden nedanfor . Det måtte vera ein av dei siste dansekveldar på Sletta denne sommaren , tenkte Hild . Ho visste ikkje kva ho skulle finne på og løyste ut håret for å ta av seg og gå til sengs . Så kom ho på andre tankar , ‐ gjekk ned og inn i stua der det var mørkt og tomt . Ho tende ei lampe over pianoet , sette seg på krakken og bladde i gamle noter etter tante Gudrun ; hadde funne dei i kista på loftet ein dag . Ho tok til å spela eit lite stykke av Debussy , som ho sjølv hadde øvd på eingong . Etter ei stund merka ho at Knut kom inn i stua , og ho heldt opp å spela ein augneblink , ‐ venta at han skulle gå att slik han pla no . Men han gjekk ikkje , ‐ vart ståande ein stad bak henne i det halvmørke rommet . Hild spela vidare , konsentrerte seg heilt om tangentane og sine eigne fingrar som flytte seg att og fram over dei ; prøvde av all makt å få han i tale gjennom spelet . Med eitt var han rett bak henne . Han rørte lett ved okslene hennar , og ho la hovudet bakover , mot han ; fekk hendene hans over hals og bryst , ‐ så gleid ho rundt på pianokrakken og slo armane kring han . Det verka slik på han at han knelte rett ned , og ho fekk hovudet hans bardus i fanget . Hild bøygde seg over han så han vart borte i håret hennar , men ho fann han derinne med lepper som streifa han lett over nakke , kinn og munn . Da han reiste seg og løfta henne høgt opp , slo ho beina kring hoftene hans og armane kring hovudet . Slik bar han henne bort til sofaen og sette seg der med Hild på fanget , vend mot seg . I feber fann dei inn til kvarandre og ho gav seg til han .

%Etterpå sat dei lenge i sofaen , ‐ ho halvt låg i armkroken hans . Dei sa ingenting på lenge ; iblant kom ho med ei hand og strauk han lett over kinnet og såg opp på han med eit underleg mørkt og blankt blikk . Dei hørte dansemusikken frå Sletta koma og gå . Han kysste henne på øyra og kviskra :

" Angrar du at du ikkje drog dit ? "

Hild berre smilte og rista på hovudet .

" Eg har lengta etter deg , Hild . Eg trudde eg skulle bli galen , slik du har skydd meg . "

" Det er du som har skydd meg . "

" Denne siste veka , ja . Du veit godt grunnen til det . Eg trudde aldri eg skulle få oppleva dette igjen . For korleis kunne eg våge meg til å koma deg nær meir , etter det som hende sist lørdag natt . Etter det du sa . Eg som har øydelagt livet ditt . " Det var påny ein opprørt skjelv i røysta hans , og ho skjøna no til fulle kor tungt han hadde tatt dette .

" Det er ikkje sant . " Hild strauk han atter med ei lett hand over kinnet . " Eg meinte det slett ikkje . Eg var berre så ute av meg . Du har ikkje øydelagt livet mitt . Tvert imot . "

" Gje du alltid måtte koma til å sjå det slik , " mumla han . Dei vart sitjande stille ei stund att ; så sa ho , lett :

" Kva var det mor ville her i går ? "

Da han ikkje svara , prøvde ho å få han på glid med eit nytt spørsmål :

" Ho kom vel for å snakke om meg , kanhende ? "

" Nei . " Knut reiste seg , gjorde eit slag på golvet og stansa opp framfor henne . " Det står ille til borte på Bjørketun no . "

" Verre enn før ? "

" Ja , langt verre . Far din har fått sparken som meieribestyrar , ‐ dei har ingenting å leva av . "

Hild sette seg brått opp .

" Men kvifor ? "

" På grunn av fyll . Han har forsømt arbeidet på ein slik måte at det ikkje gjekk lenger . "

" Eg trudde han berre drakk om kvelden , " mumla Hild , svært ille ved . " Det gjorde han før . "

" Men ikkje no lenger . Han drikk heile dagen når han først set i gang . "

Hild tenkte på mor si ; skjøna at det var hjelp ho hadde kome for å be om , den stolte Eldrid . Da måtte det vera svarte nauda som dreiv henne . Hild angra brått dei vonde tankane ho hadde møtt henne med . Korleis skulle det no gå med henne og med Ingrid og vesle Lars ?

" Eg har lova å hjelpe dei , " kom det frå onkel Knut . " Far din skal få arbeid hos meg i Rogneskogen . "

Javisst ! På sin trygge , rause måte tok onkel Knut hand om dei han var i slekt med . Eller gjorde han det for hennar skuld ? Hild kjende seg svært letta , men fekk òg ein flau smak av å ta i mot almisse . Og korleis skulle far hennar kjenne det ? Å gå på nåde og felle tre i brorens store skogar , det vart harde vilkår for han .

" Han skal bli tømmerhoggar da , " sa ho lågt . " Har han krefter til det no ? "

" Meir ein slags oppsynsmann , hadde eg tenkt , " mumla onkelen . " Men litt vedhogst og somt anna må han nok ta . "

%Dagen etter , i kveldinga , kom så Harald Rogne inn på tunet der han hadde vakse opp , men der han ikkje hadde sett sine bein i dei seinare år . Han var søndagskledd , det var nok Eldrid som hadde sendt han av garde slik , og i det heile fått han til å gå . Hild og Knut sat inne i stua da han kom og banka på døra . Han steig inn med hatten i handa , ‐ eit uvant plagg å bera for han . " Godkveld , " helsa han og skulle vera livleg og liksom munter .

Dei snakka litt om det fine skurdværet etter at faren hadde kome seg ned i ein stol ; Hild såg han var sveitt og varm i panna . Knut bad henne setja fram heimelaga vin .

" Eller vil du ha kaffi ? " spurte han broren .

" Takk vin er bra . " Han sat og snudde og dreide på hatten . Hild sette fram glas og vinkaraffel . Faren smilte til henne og ho smilte fort att , og så gjekk ho ut , syntest inderleg synd på han , for første gong , trudde ho . Han sat der liksom så liten og overkøyrd i den djupe skinnstolen ; torde ikkje riktig sjå på bror sin , ‐ han som hadde tatt frå han både det eine og det andre . Og no skulle han ta det han enno måtte ha att av ære og sjølvrespekt .

%Harald Rogne børja arbeidet sitt på heimegarden med å hogge bjørk i ei li ovanfor hamnehagan , og fekk rimeleg bra betalt , meir enn andre for den slags arbeid . Smaken av almisse vart enda beiskare da onkelen let Hild forstå det .

" Han er ikkje verd halvparten eingong , " sa Knut . " Det er lite tak i han , og han kjem ragande i bakrus kvar bidige morgon . Eg er redd han skal skamfara seg reint . "

Almisse var det ja . Fattighjelp . Dei var blitt avhengige av onkel Knut no , ho og alle hennar . Sjølv gjekk ho og hadde føda på Rogne . ‐ Men eg arbeider da for den , trøste ho seg ; ho var med og tok eit tak både ute og inne . Det slo henne at ho burde ta seg tenest , så ho kunne hjelpe til litt heime , ho òg . For dei hadde det nok meir enn trongt på Bjørketun no . Faren rangla bort ein god del av fortenesta si , forstod Hild .

%Vekene gjekk og det vart haust . Bjørk og osp og lønn stod og braga i sitt fargespel i gull og raudt , ‐ stod og flamma som svære bål i blåsten langs den mørkt blå , kvitstripete fjorden . Så kom det anna vær og pakka alt inn i tåke og silande regn , både natt og dag . Det var ei tid for mismot og tunge tankar , men Hild tok på seg gummistøvlar og regnfrakk og gjekk lange turar i det regndisige , vætesurklande landskapet ; syntest det var godt å gå med regnet i andletet .

På ein slik kveld , nokså seint , gjekk ho til Bjørketun . Heile dagen hadde ho gått og tenkt på mor si der ho sat og streva livet av seg for å få endane til å møtast , gråare og bleikare enn nokongong . Såpass hadde ho vore innom at ho visste det . Og no ville ho sjå dit bort att . Da ho kom nær lyste utelampa på Bjørketun veikt gjennom tåka og det silande regnet . Det var lys i eit vindauga òg .

Hild banka på , men ingen svara . Varsamt , litt nølande opna ho gangdøra og kom inn i den mørke gangen . Ho stod litt , ‐ hørte veggklokka tikke i stua . Det lyste frå kjellaren . ‐ Mor har vel gløymt å slokke , tenkte Hild . Ho tenkte ho fekk gå att , for alle sov visst . I staden gjekk ho opp trappa og banka på døra til mor si , men fekk ikkje noko svar . Ho opna varsamt og gløtte inn . Der var ingen ; senga stod uoppreidd . ‐ Så ulikt mor , tenkte Hild . No kikka ho inn til Ingrid og Lars òg , ‐ hørte søvnpust frå dei begge . Ho stod litt , uviss , ‐ deretter gløtta ho på døra til farens rom . Det var ingen der heller ; han var nok ute . Fort , i stor uro , gjekk ho ned trappa att , og ned kjellartrappa . Der sat mor hennar i inste boden , knelande på golvet . Hild berre skimta henne så vidt i lyset frå boden utanfor .

" Sit du her mor , " sa Hild . " Skal du ikkje gå til sengs ? "

" Å er det deg , , Hild , " svara mora , underleg veik i røysta . " Eg har litt å ordne her nede . Kvifor kjem du hit på denne tid ? " Hild tende taklampa . Da såg ho at mor hennar sat med strie strimer av blod frå begge handledane , ullteppet under henne var mørkeraudt og gjennomtrekt av blod . I andletet og i håret og også nedetter nattkjolen var det blod .

" Mor ! " ropte Hild . " Mor ! Kva har du gjort deg ? " Ho ville springe opp og ut etter hjelp , men da sette mora i eit " Nei ! " og såg på henne slik at ho vart ståande , som lamma i heile seg .

" La meg få døy , Hild ! Eg bed deg . "

Hild kom brått til å hugse på kva faren hadde gjort førre gongen dette hende . I vaskekjellaren fann ho eit tøystykke og reiv det opp i strimlar . Så knelte ho ned og greip høgre handa til mor si . Ho ville ikkje og verga seg , veikt og lågt jamrande . Det finnst ikkje krefter i henne lenger , jóg det gjennom Hild ; med skjelvande , klossete fingrar stramma ho tøystrimmelen kring handleden ovanfor staden der blodet pulsa ut og prøvde å knytte hardt til , men kjende seg underleg kraftlaus ho òg .

" Det er for seint , " kviskra mora og lutte panna mot henne , som var ho useieleg trøtt . Hild tok den andre handa , like kald og vissen den , ‐ skauv bort høgrehanda til mora , som atter ville hindre henne . Ho fekk bunde til så hardt ho kunne . Deretter tok ho med ei brå rørsle mor si inntil seg , og dei gret begge , ‐ Eldrid stillare no ; tårene hennar draup over Hilds andlet og hender . Hild kjende noko kaldt og vått ise om knea . ‐ Mors blod , tenkte ho , frysande . Dette er ikkje sant , det er ein maredrøm . ‐ Ho ville reise seg , hente hjelp , men det veike krampetaket frå hendene til mora lamma henne og heldt henne fast .

" Ver hos meg ‐ , " kviskra Eldrid , " denne eine gongen , berre ei lita stund . Eg vil ikkje leva lenger . Du skal la meg få gå , Hild . "

Dei sat slik ei stund og omfamna kvarandre , ‐ Hild med ei isande kjensle av at mora vart veikare , andletet kvitare . No såg ho at det enno kom blod ut or såra . Ho gjorde seg fri frå famntaket , prøvde å binde hardare til og reiste seg , enda Eldrid ville halde henne att .

" Vent litt her , mor , " sa ho så roleg ho kunne . " Eg er straks tilbake . "

‐ I spegelen oppe i gangen fekk ho ein skimt av seg sjølv : ho hadde blod over heile seg og var kvit i andletet ho òg .

%På Rogne fann ho onkel Knut og fortalte han fort kva som hadde hendt . Han følgde med henne . Da dei kom ned i kjellaren hadde Eldrid lagt seg overende ; ho låg og stirde ut i rommet .

" Eldrid ! " ropte Knut . " Eldrid da ! "

" Er det deg , Knut . " Det kom som ein pust frå henne . Han knelte ned og stramma tøystrimlane kring begge handledar hardt til så hendene vart heilt visne . Så tok han henne under knea og under ryggen og okslene og løfta henne varleg . Ho verka lett og tunn i armane hans , ‐ hovudet , hendene og beina hang underleg livlause . Knut bar henne opp og la henne i senga . Uroleg lyttande bøygde han seg over henne med øyra mot brystet som ville han høre om hjarta enno slo . Eldrid låg med ein ørliten lysning av smil over andletet , og rørte så vidt ved kinnet hans med kalde fingertuppar .

" Fint at du kom , Knut . " Ho snakka svært lågt , ‐ streva med å få det fram , utmødd og kraftlaus . " Endeleg eingong . "

" Eg går og hentar dokteren , " sa Knut . " Ver her du Hild . " Dermed sprang han .

Igjen var Hild åleine med mor si ; skjøna at ho no gleid bort i avmakt , meir og meir . Ho visste ikkje kva ho skulle seia eller ta seg til , ‐ sat berre ved senga og såg på henne . Så tok ho ein våt klut og prøvde å tørke av blodet i andletet og på hendene . Mora strauk henne lett over kinnet med handbaken . Hild kjende den ordlause varmen , enda så kald ei hand det var . ‐ Mor er inderleg glad i meg , tenkte ho , trass i alt . Og eg i henne .

" Ingrid og Lars , " sa Eldrid . " Du må hjelpe dei . Flytte heim att . Dei treng det . Og far din òg . For han er far din . " Ho låg litt og såg på Hild , ‐ det glimta vått i augo .

" Tilgje meg , Hild , " mumla ho så lågt at det mest ikkje var til å høre . Gråten ville ta Hild att ; ho reiste seg brått og sa :

" Eg går og vekker Ingrid og Lars . "

%Da Knut Rogne ein snau time seinare steig inn saman med dokteren , stod dei alle tre med armane kring kvarandre og gret . Mor deira låg der med ein liten kvit smil , som hadde lykka kome til henne i døden . Dokteren undersøkte henne fort , slo fast at ho var død og let att augneloka hennar . Eit hardt plaga liv var slutt .

%Tidleg neste morgon sende Knut Stina over for å hjelpe . Eldrid vart vaska og stelt . Hild såg i gru at mora hadde blåsvarte merke på kroppen som frå indre blødning , etter slag . No var ho kledd til si siste ferd ; enda stillare enn ho hadde vore i levande live låg ho og venta på den . Harald hadde kome heim på morgonslengen , ‐ full , men han var fort blitt edru . Han drog ikkje på arbeid . Heile dagen gjekk han og dreiv ikring , mørk og plaga , visste nok ikkje kva han skulle ta seg til . ‐ Han var glad i henne trass i alt , tenkte Hild .

Det vart ei stusleg gravferd , ein dag i oktober . Få møtte opp , berre nær slekt . Kista vart boren frå gravkapellet ut i den grå , blåsande dagen av Harald og Knut , som gjekk framme , og Olav og Eldrids bror Hallgeir , bak . Da dei stod rundt grava , song dei ei salme : " Leid milde ljos igjennom skoddeheim " , men røystene vart liksom blåsne bort , syntest Hild . Tante Gerd stod svartkledd saman med barna sine , Olav og Ingeborg , og heldt kring den gråtande mor si , Inga Skåre . Gerd hadde eit svart slør på hatten , ‐ det vifta i vinden , og under var andletet bleikt og forsteina . Ho gret ikkje . Ikkje onkel Knut heller , ‐ han strauk seg berre eit par gonger med handbaken over augo . Far hennar stod og gret , og Ingrid og Lars , reint utrøsteleg , ‐ dei heldt kvarandre i hendene som to bortkomne barn . Hild såg alt dette , men det var uverkeleg , noko ho drømte . Ho kjende det sveid i augo ; tårene ville fram ; ho prøvde å tvinge seg til å tenke på andre ting , men greidde det ikkje . Inne i den kvite kista låg mor . Mor . Heilt urørleg låg ho der med attlatne augo og hendene knepte over brystet , låg med ein liten smil i det voksgule andletet som var blitt mindre enn da ho levde . Kista vart fira ned . Grava var så smal , men likevel stor nok for mor . Aldri meir skulle ho få sjå henne . Gråten braut seg fram no . Hild ville kaste seg over kista , omfamne mora og kalle henne tilbake til livet . Gå ikkje frå meg mor ! klaga det inni henne . Presten tok ein liten spade og slengde jord på kistelokket .

" Av jord er du komen , " sa han .

" Til jord skal du bli . "

" Av jord skal du igjen oppstå . "

At menneske døydde , var ein naturleg ting , ei hard livsens lov . Men mora hadde tatt sitt eige liv . Innestengd i sitt mørke , stumme tungsinn hadde ho gått ikring mellom dei , og ingen kunne hjelpe henne . ‐ Prøvde vi på det , nokongong ? tenkte Hild . Prøvde eg å hjelpe henne ? Anger og bitter sjølvanklage vella opp i henne : det var hennar skuld at mor hennar låg der og fekk gravarens tunge spadetak med våt leire dynga ned over seg . Gråten tok Hild for alvor no , ‐ det fanst ikkje trøst mot han . Likevel la onkel Knut armen om oksla hennar da dei gjekk over kjørkegarden og ut jernporten .

%Hild flytte heim til Bjørketun . Knut Rogne stod og såg henne pakke sakene sine .

" Hugs det Hild , at dette rommet alltid skal stå og vera ditt . Skulle det snu seg slik , er du meir enn velkomen tilbake . "

Det var ein rar , fattig klang i røysta hans . På ein brå impuls la Hild armen kring halsen hans og kysste han lett på kinnet , men vende seg så fort til pakkinga att . Da alt var ferdigpakka , hjelpte han henne å bera det heim , ‐ meir var det ikkje ho hadde .

Hild skulle ha rommet etter mor si . Ho hengde sine eigne kjolar , skjørt og blusar inn blant Eldrids , som ho ikkje ville ta bort . På veggen hang ein burgunder ullkjole ; heller ikkje den rørte ho .

Det kjendest rart , nesten uhyggeleg for henne da ho første kvelden la seg i mors seng . Ho vart liggande vaken og lyde til heil- og halvtimeslaga nede frå stua , slik ho hadde gjort så ofte før ho flytte frå Bjørketun . ‐ Mors klokke , tenkte ho ; den står der enno i stuemørket og mæler ut tida , om mor er død og borte . ‐ Men på ein merkeleg måte var ikkje mor hennar borte . Ho var i rommet ; Hild låg og heldt anden og lydde anspend , ‐ syntest ho kunne høre henne puste . Ho var i rommet , men likevel underleg langt borte ein stad der ein ikkje kunne nå henne : eit strengt , bleikt andlet og eit urørleg blikk som såg på henne frå fjerne rømder , utanfor tid og rom . I den underlege kjensla av å ha mor si nær , men samstundes uendeleg fjern , gleid Hild inn i søvn og uroleg drøm .

Det vart travle dagar for henne no . Mesteparten av dei gjeremål mora hadde hatt , fall på henne . Ho gjorde huset reint , vaska klede i vaskestampen , køyrde dei gjennom rulla , hengde dei til tørk kring huset , tok dei ned og strauk dei . Ho laga mat , vaska opp , bøtte klede og stelte dyra : ei ku , ein kalv og ein del høner . Enda ho fekk litt hjelp av Ingrid , var ho sigtrøtt når kvelden kom , stupte i seng og sovna utan vidare . Neste morgon rava ho opp til ein ny hard arbeidsdag . Hild skjøna no kor godt ho hadde hatt det på Rogne , der ho kunne gå til og frå arbeidet meir som ho ville . Midt oppe i det heile måtte ho lage i stand til konfirmasjon ; Ingrid gjekk for presten i år . Verst var det likevel at dei hadde så smått med pengar i huset . Ho måtte i butikken ein dag for å kjøpe varer dei sårt trong og bad faren om pengar før han drog på vedhogst . Han svara nokså mutt at han ingenting hadde , ‐ skulle få lønn sist i veka , mumla han . Hild kjende det koke i seg , for han var i bakrus . Fyll såg han seg råd til !

" Men eg må ha pengar til mat no straks ! " sette ho i . " Det finnst snautt brødsmulen i huset . "

" Du får bake da , " kom det ampert frå han . " Det gjorde mor di alltid . "

" Eg kan ikkje bake utan mjøl , " svara ho , enda meir opprørt . " Vi manglar alt , ‐ også sukker , kjøtt og potetar . "

" Potetar skal det vel bli ei råd med . Elles kan du gå på butikken og få på krita . Vi har bok der . "

" Er det klokt ? " sa Hild .

" Vi har hatt det lenge . Skal du kanskje gjera opp-ned på alt her du ? " svara han kvasst og gjekk . Om litt kom han inn med potetar i eit blikkspann , sette det klirrande frå seg og drog på dør .

%I butikken , der det lukta stint av alle slags varer : sild , sirup , tauverk , pølse og mangt anna , var det fullt av folk , og Hild kjende seg ille ved da ho kom inn . Praten stansa og dei såg på henne , kunne ho merke . Raud og forvirra bad ho om det ho skulle ha , og spurte til slutt , svært lågt , om ho kunne få skrive det . Kvinna bak disken , Kristine Larsen , søster til handelsmannen sjølv , nikka , tok fram boka og spurte lågt ho òg korleis det stod til heime . Hild svara at jau takk , dei skulle ikkje klaga . Kristine var ei frodig , lettlynt kvinne i slutten av trettiåra , blåøygd og lys i hår og ham , og fregnet , ‐ glad for det meste . Ho såg i boka , fekk eit bekymra uttrykk .

" Det tar til å bli vel mykje på dykk her no att , " mumla ho . Så hjelpte ho Hild å putte i korga , førte vare for vare inn i boka .

Hild gjekk fort heimover , uroleg og oppskaka . Dei hadde altså stor gjeld i butikken ! Ho fekk ei lammande kjensle av avmakt . Korleis skulle det no bli framover for henne og Ingrid og Lars ? Ho tenkte på faren òg , men i stigande harme . At han kunne gå ut og drikke seg full når det stod slik til ! Og så like etter at mor hennar var død . Brutal og omsynslaus var han ! Ho kom til å hugse på dei blåsvarte flekkane mora hadde hatt over ryggen , brystet og låra . Han hadde slått henne , meir enn ein gong . Hild gjekk og arbeidde seg opp i eit heilt lite hat mot faren : med henne skulle han i alle fall ikkje få husere slik !

Ein bil hadde stansa i vegen framfor henne . Ho kvakk til da ho såg at det var den svarte Pontiacen på Rogne .

" Har du vore på butikken , Hild ! " ropte onkel Knut . " Kom og sit på . "

Ho kom seg inn på setet ved sida av han med korga i fanget ; kjende seg ille ved , oppkava og opprørt som ho var , sveitt og varm etter å ha gått og bore på den tunge korga . Onkel Knut såg spørjande på henne frå sida kunne ho merke , men ho torde ikkje riktig møte blikket hans , sat og såg frametter vegen .

" Fint å få skyss , " sa ho og strauk håret bort frå panna . " Og du har det bra ? " Ho sende han eit fort blikk .

" Så passeleg . Det er tomt etter deg på Rogne . Og korleis har de det på Bjørketun no ? "

" Takk fint , " sa ho og smilte .

" Så det er ingen ting eg kan få hjelpe dykk med ? "

" Nei takk ! "

Det vart stilt ei god stund . Hild kom til å tenke på da ho og onkelen fór her i slede ein vinterdag . Uendeleg lenge sidan var det , ‐ likevel mindre enn eit år .

" Ja no har vi snart vinteren her igjen , " kom det frå Knut . Det var berre oktober enno , men lauvskogen stod naken mot fjorden ; hauststormane hadde fare hardt fram mot den lysande fargeprakt osp og bjørk og lønn hadde stått sveipte i . No låg lauvet på bakken og kvervla bortetter i den strie blåsten . I trea hang berre eit og anna bladet att og glitreskein i den låge haustsola .

" Eg trur vi får tidleg vinter . Men først skal vi ha gjort unna elgjakta . Det er forresten sant , " la han til . " Far din blir med meg på elgjakt i år . Men det veit du vel ? "

" Nei . Han har ikkje nemnt noko om det . "

" Vi får vone det blir ei elgsteik både på oss og dykk . " Hild hadde ei kjensle av at han ville sagt meir om dette , men atter vart dei sitjande stille . Da dei var framme ved Bjørketun , la han brått handa si på hennar og sa svært lågt : " Eg saknar deg slik på Rogne , Hild . Kunne du ikkje koma innom ein gong ? "

" Jo , kanskje det , " svara ho svevande og fekk det travelt med å få seg og korga ut or bilen . " Takk for skyss ! " ropte ho og var straks på veg inn , ‐ vinka ikkje til han da han fór vidare .

%Elgjakta børja ekstra seint det året . Alt første dagen fekk Knut Rogne los på ein ung elgokse og gjekk frå bror sin , som fort var blitt tungføtt og kort i pusten . Medan dei argsinte bikkjene heldt oksen i age , kom Knut seg på skothald og felte dyret med ei kule i bringa . Så var det å hente hest og slede , og ut på ettermiddagen køyrde dei til gards med den svære oksen .

Gustav gjekk i gang med flåing og anna slaktararbeid bak uthu set ; Knut sa frå om at halve dyret skulle køyrast til Bjørketun , og slik vart det . Han bad også Stina følgje etter og ta hand om slaktet . Hild og Ingrid hjelpte til som best dei kunne . Hild skjøna no kvifor onkelen ville ha bror sin med på elgjakt . Han leita etter utvegar til å hjelpe dei på ein indirekte måte . Fint av han , tenkte ho , der ho gjekk og talde hermetikk-krukkene på hyller og i skåp nede i kjellaren . Dei vart gode å ta til , saman med all tyttebæra Ingrid og ho hadde plukka og delvis kokt og hermetisert , delvis rørt . Alt måtte ned i kjellaren . Den hadde ho til no halde seg mest mogeleg unna . Når den innestengde lukt av mur og potetbinge slo mot henne i kjellartrappa , kom mor hennar igjen så nær : ho sat liksom på golvet der inne i inste boden . Kjellaren var eit uhyggeleg og mørkt djup , med ein slags avgrunnsgufs i seg ; alle ukjende og farlege krefter i livet hadde samla seg der .

%Ein kald , blåsande gråværsdag med sterk skygang var Knut og Harald Rogne igjen på veg innover . Det hadde vore frost om natta , slik at den første teleskorpa fekk moseflak og myrlende og vassputtar til å krasa under føtene . Knut gjekk fort som han hadde for vane ; bikkjene halsa i veg framfor han og eit godt stykke etter kom Harald , sveitt og raud med hivande pust . Den eldre broren måtte ofte stanse og vente . Til slutt slengde Harald seg raklang ned på eit svaberg der Knut stod og fekk fyr på pipa .

" Du er kanskje svolten og kaffitørst du , " sa Knut , og broren svara at det var han . Dei hadde gått heile dagen utan å koma på faret av elg , og hadde berre rasta kort ein gong . Knut fekk tent eit bål , fann vatn og hengde kaffikjelen over . Harald berre låg der , og når Knut kom nær han , kjende han at det osa fyll av den hivande pusten hans . Han måtte ha vore på rangel natta før og hadde ei flaske med seg i ryggsekken ; eitpar gonger på vegen hadde Knut hørt det klukke bak seg .

Snart sat dei og åt . Harald kom fram med flaska og spurte om Knut ville ha i kaffien .

" Nei takk , " sa Knut , " og det synest eg ikkje du skulle ha heller . Ikkje no . Det høver dårleg i hop med elgjakt . " Han sa det på ein slik myndig måte at Harald stussa litt , så gliste han og slo i ein god slump til seg sjølv .

" Vi skulle vel vera vaksne karar begge vi no , Knut . Kvar får følgje sin eigen hug . Både i dette og i mangt anna . " Det låg ein farleg dirr under . Knut såg på han ; Harald tømte koppen i eit drag .

" Det er vel så det , når det berre ikkje går ut over andre , " mum la Knut ; han sat og fikla litt med pipa og såg ut i været . " Eg trur vi får snø . "

" Å langt ifrå , " svara broren kranglevoren . " Det blir ikkje snø av slik skygang . "

" Nei , nei , vi får vel sjå , " kom det frå Knut . Men da broren skjenkte seg ein ny kopp kaffi , og igjen slo kraftig med brennevin oppi , reiste han seg brått .

" No kan det vera nok , " sa han . " Vi må vidare . " Han pakka fort og opprørt saman . Broren sat og såg på han .

" Har det brått slik brennhast da ? " flirte han og tømte kaffikoppen i eit par svelgar . Påny greip han kjelen , skjenkte i og fylte på med brennevin . Med ei brå rørsle vreid Knut kaffikoppen ut or handa på han og slengde innhaldet bort i lyngen .

" Hører du ikkje kva eg seier da mann ! Det kan vera nok no . "

Eit illsinne flara opp i broren ; han kom seg på beina og greip Knut i bringa med begge nevane .

" Din helvetes tyrann ! " sette han i , " din ‐ din ‐ ! "

Før han fekk sagt meir hadde Knut roleg gjort seg fri og puffa hardt til han så han tumla over ende i eit vierkjerr . Harald kom seg på føtene att . Han var no heilt vill . Det var som om all fornedring han var blitt til del i forholdet mellom han og broren samla seg i eit sinnsopprør han ikkje lenger kunne styre . Han gjorde ei rørsle mot børsa ; men Knut var snarare i vendinga . Heilt roleg tok han børsa opp , plukka ut patronane og stakk dei i lomma , ‐ gav ho så til Harald .

" Når vi enno ikkje har råka på far etter elg , kan vi slutte for i dag . Vi får gje oss på heimveg . Snø blir det òg , som sagt . " Harald stod berre og stirde på han , ‐ pusta tungt .

" Forstår du ikkje det da , Harald , at eg ikkje vil ha deg liggande att inni skogen her . Ikkje kan eg godt bera deg heller , tung som du er . Og eg har no eit slags ansvar for deg . "

" Ansvar for meg ? " svara den andre . " Nei har du det ? Ja det må tynge deg svært det , etter alt som har hendt . Men det seier eg deg , at Hild rører du ikkje meir ! Du øydela mor hennar ; det får vera nok . Du la henne der ho ligg no . "

Knut stod og tagde litt før han svara :

" Eg trur det kan vera delte meiningar om det , kvifor det gjekk slik det gjorde med ho Eldrid . Vi har kanskje ikkje rett nokon av oss til å dømme i den saka . "

Harald Rogne fall etterkvart meir til ro og dei gav seg på heimveg ; det var fleire timar å gå , og dagane tok til å bli stutte .

Det vart ein taus gange gjennom tette granlier , over fururabbar , gjennom dalsøkk og myrlende . Knut Rogne gjekk og hørte at broren vart meir og meir utkjasa bak han , ‐ sleit hardt med å halde følgje . Han heldt visst på å sprenge han reint . Da dei tok seg fram etter eit myrdrag der det flaksa opp fugl og flaug skrikande inn over skogåsen , hørte Knut breking av sau ute til høgre . Han stansa og lydde . Det var ikkje vanleg sauebreking ; det kom frå eit dyr i naud . Om litt fekk han brorens astmatiske pust i nakken og sa utan å sjå på han :

" Eg trur ein sau har gått seg ned i myrholet her borte . " Og dermed gjekk han utetter myrene så den halvfrosne myrgjørma svuppa om støvlane . Litt nølande følgde Harald etter .

Det var ein sau , og han låg i blautmyra til oppunder buken ; han kava og løfta hovudet og breka håst mot hundene og dei to mennene som stansa i utkanten av hengemyra .

" Vi får vel prøve å få opp stakkaren . " Knut sette frå seg børse og ryggsekk , fann fram eit tau og slengde ut grankvistar etter tømmerhøgsten ; prøvde seg så varsamt utover myra , sokk nedi til opp på støvleskafta , men søkte fastare grunn , ‐ små tuer med moltelyng . Den vetskremde sauen , som hadde kjasa seg så varm at det rauk av han i kaldværet , tagde still no og vende hovudet mot Knut ; hadde reint menneskeblikk , syntest Knut . Han la seg ned og kraup raklang fram til sauen gjennom blautmyra , med hender og kne i iskald gjørme . Sauen låg og skalv av frost , kjende han , råklam i ulla , rima over den dampande ryggen . Varsamt la Knut tauet over sauen og rota og leita i myrgjørma under dyrebuken til han fekk tak i tauenden , drog han til seg og batt han med solide knutar til tauet . Knut hadde no sjølv sige nedi til opp på smalleggen . Han kveila saman resten av tauet og slengde det inn mot der broren stod .

" Bind det fast i furuleggen der ! " ropte han . " Bind det godt fast ! "

Harald gjorde som han sa , sette seg så på ein stein og tørka sveitten etter den harde turen , leita fram flaska i ryggsekken og tok seg ein god støyt . Knut var opptatt med sauen , ‐ prøvde å løfte på han , men den sugande myra sleppte ikkje taket lett . Han vart forbanna og tok hardare i med nevane i saueulla , og vart ståande att med hendene fulle av avriven ull . Da greip han til kring bringe og buk på det skjelvande dyret og drog av all kraft . Myra gav aldri så lite etter , men midt i basketaket vart Knut vár at han sjølv heldt på å sige nedi . Han sleppte dyret som sokk i att med ein svupp . Knut greip tak i tauet og ville dra seg inn på fast grunn . Da løsna det inne ved furua .

" Tauet løsna ! " ropte han bort til broren . " Bind det skikkeleg fast da mann ! Eg sig nedi sjølv . "

Harald sat der han sat ; det tok smått til å skumre , men Knut kunne sjå at han sat og flirte . Han tok seg en ny kraftig støyt av flaska .

" Set frå deg flaska ! " ropte Knut . " Hjelp meg ! "

" Treng du hjelp frå meg da , " svara broren og kom seg møysommeleg på beina . " Da skal du først få be fint . "

" Bind tauet fast , for faen ! " sette Knut i .

" Kallar du det å be fint ? " Harald stod der han stod . Ei stund var det heilt stille . Knut kjende myrgjørma ise kring knea og låra . Han gjorde eit par kraftige rørsler for å prøve å koma laus , men seig berre meir i . Sauen , som hadde ligge heilt roleg , tok til å kava att og remja villt .

" Eg får vel hjelpe deg da , enda så lite du har fortent det . " Harald gjekk med ustø gange bort mot furua , bøygde seg og famla etter tauet , fann det og løfta det opp .

" Ja Knut , no er du fint i hendene på meg , " snøvla han . " Og no skal du få krype litt du òg , og be meg om tilgjeving for alt det du har gjort mot meg . "

" Eg har ingenting å be deg om tilgjeving for , " svara Knut .

" Nei da så , " kom det frå broren . Han slengde tauet ut i myra . " Du får greie deg sjølv da , som best du kan . " Harald gjekk tilbake og sette seg på steinen att , tok flaska , men ho var tom og han heiv ho frå seg .

Knut stod til oppunder livet i gjørma . Det kjendest uverkeleg for han at han kanskje skulle ende sine dagar her , med broren sitjande få meter unna . Sinne , eller ein stri vilje til å leva gav han no kjempekrefter ; han greip tak i sauen , drog seg sjølv opp or myrsuget og drog på same tid sauen ned : den vrengde hovudet i været og remja vilt i dødsangst . Mannen kom seg opp på ryggen hans . Med eit kjempebyks heiv Knut seg i ei leid der han meinte det måtte vera fastare grunn . I spranget klemde han dyreskrotten heilt ned i myra , ‐ berre hovudet vrengde seg opp i eit avsindig dyreskrik . Knut skvalpa i blautmyr , men fekk tak i noko smått bjørkekratt som voks på ei tue med gulna molteblad . Liggande langflat drog og åla han seg opp på eit felt med tuer . Der sat han og pusta tungt . Sauehovudet i myra strekte seg med rykande kvit ande desperat mot luft og liv ; vende seg mot han og såg på han , ‐ augo var kolsvarte no .

" Du får tilgje meg , din stakkar , " mumla Knut . " Sau eller mann , kvar og ein er seg sjølv nærast . " Han raspa eitpar gule frosne molter som lyste mellom rustbrune blad , ‐ skalv dugeleg på handa ; den bittersøte , ville moltesmaken isa i munnen . Harald hadde reist seg no på den andre sida av myrdraget , stod og kjende seg utrygg , kunne Knut sjå .

" Treng du hjelp ? " ropte han om litt . Knut svara ikkje og plukka eitpar molter til ; ‐ Harald vart ståande , uviss om han skulle gå eller bli . Så kom Knut seg på føtene , steig varsamt frå tue til tue inn på fast skoggrunn . Han gjekk rundt myra og rett forbi bror sin utan å vøre han . Bikkjene , som oppskremde hadde svinsa ikring han heile tida han låg i myra , fotfølgde han . Roleg tok han opp børsa si og løfta løpet mot myra , fekk sauehovudet i siktet , streva med å halde det der , slik han skalv på hendene . Bra skumt var det òg blitt , men han smelde til så skotet gav gjenlyd i åsknattane rundt . Det lukte brent krutt , ‐ bikkjene sette i å gøy , underleg oppøste , ein flokk kråker flaksa kraksande opp frå myrkanten .

" Eg slumpa visst til å råke , " mumla Knut , glad for at den avsindige dødskampen derute var slutt : sauehovudet gav seg roleg over til myrsuget . No først kjende han at det hadde tatt til å snø , ‐ lette , våge fnugg fall i andletet hans og på hendene . Han strauk myrgjørma av klede og støvlar så godt det let seg gjera og vaska dei valne hendene i ein vassputt i kanten av myra . Så tok han sekken , slengde geværet over oksla og gjekk . Broren , som heile tida hadde stått og sett på han , svært bleik i andletet , men elles mørk og tung , følgde etter . Knut gjekk på i eit opprørt driv ; det kokte i han så tankane berre rasa ikring utan styring . Han ville gå og gå , og la broren få greie seg sjølv . Ei stund hørte han Harald puste og pese , men så vart det stilt . Knut stansa opp og lydde bakover , hørte ikkje anna enn sitt eige hardt dunkande hjarta i skogsusen , og skrik av kråker langt borte . Sinnet og sinnsopprøret gjekk etterkvart over i undring . Broren hadde vilja la han gå ned i myra , medan han sjølv stod og såg på . Harald , som han hadde vakse opp saman med i leik og arbeid : ein ivrig , gladlynt gutunge , strittande lys i håret , med skurver på kne og leggar ; gode venner var dei for det meste , om dei enn kunne småslåst iblant . Knut måtte nesten le der han stod og brått fekk godhug for han som nyss ville ta han av dage , ‐ kanskje ikkje godhug , men ein slags medynk . Livet hadde fare hardt fram mot Harald , kom det for han ; han var blitt tråkka på meir enn godt var for eit menneske . Hadde han ikkje sjølv ein god del skuld i at broren fekk slik vanlagnad ?

" Vi får gå tilbake og sjå etter han , " sa Knut til bikkjene ; dei låg framfor føtene hans og peste med tungene ute , ‐ venta dei òg .

Knut fann Harald nede i ei steinur , der han hadde ramla overende og blitt liggande . Det stokk i Knut da han fekk sjå han , ‐ han trudde først det stod reint ille til . Men så var han berre full , ‐ låg og klaga over ein vond ankel som han måtte ha vrikka i fallet . Knut fekk han opp , og halvt stødd , halvt bore han ut or steinura og inn på krøtterstigen .

" No får du prøve å greie deg sjølv , " sa han og sleppte broren , let han gå framfor seg . Men han gjekk ikkje på folkevis , ‐ han rava i veg , tok overhaling og hamna ut i eit gransnar . Der vart han liggande .

" Kom deg opp att , mann ! " ropte Knut . Men Harald berre låg og stirde glasaktig framfor seg , ‐ heldt visst på å sovne . Det rann ein liten bekk like ved ; Knut tok vatn og slengde det i andletet på Harald . Det iskalde vatnet fekk han til å reagere , han sputta og fnyste , snudde seg så bort og mumla :

" Din helvetes tyrann ‐ . "

Knut greip tak i broren og fekk han på beina att , tok han i bringa og rista han .

" Ta deg saman , gut ! Vil du legge deg til her og fryse spent i hel . "

Haralds hovud dingla over den tunge kroppen .

" La meg i fred , " mumla han . " Kvifor kan du aldri la meg i fred ‐ . "

Knut la no armen om livet på broren og fekk lagt hans arm over okslene og nakken sin , og stødde han på denne måten medan dei langsamt tok seg fram etter stigen . Det vart ei umogeleg bør å bera til bygds , kjende han snart ; dei hadde enno langt å gå , til dels i ulendt terreng . Mørke kvelden var det òg blitt ; men snøen som la seg kvit på skogbotn og granbar og lauvskog gav eit slags lys .

Igjen seig Harald over ende og greidde ikkje meir . Knut fekk plassert han på ei flat steinhelle , med eit bergsva bak , etter å ha fått sopa snøen bort og lagt barkvistar der . Han tok ullteppet han hadde i ryggsekken og sveipte det ikring Harald .

" Du får sitja her og vente du , " sa han . " Eg går heim og hentar hest . Prøv å halde deg vaken . " Han merkte seg staden og gjekk . Eit par tre timar måtte vel broren tole å sitja der . Kaldare var det ikkje . ‐ Berre han ikkje snøgar heilt ned , tenkte han og sprang meir enn han gjekk .

Da faren ikkje hadde kome heim frå elgjakta medan det enno var dagslys , tok Hild til å undrast . Ho slo seg til tols med at han kanskje følgde onkel Knut innom på Rogne , men kjende likevel uro i seg . Det vart mørkt og tok til å snøge , og ho sende Lars til Rogne for å sjå om faren var der . Men Lars kunne fortelja at ingen var komne att . Hild vart redd for alvor no . Ho greip seg i å tenke meir på onkelen enn på sin eigen far ; alle slags uhyggelege tankar dukka opp i henne . Lars gjekk og la seg , og Ingrid var ute . Hild sat og bøtte klede ; ventetida fall lang , ‐ gong på gong måtte ho bort i glaset og sjå ut . Snøyret vart tettare etterkvart . Brått hørte ho nokon utanfor . ‐ Gudskjelov ! tenkte ho . Så var det berre Ingrid . Ho kom inn som eit friskt vær , raudlett i kinna og våt av smelta snø i hår og augnebryn ; dei blå augo strålte .

" På tide at du kjem ! " brast det ut av Hild .

" Åh ? " svara den andre . " Det er da ikkje så seint . "

" Seint nok . Ho er snart elve . Du er for ung til å flyge ute om kveldane slik . " Den uro Hild gjekk i , fekk tonen til å bli amprare og bråare enn ho hadde tenkt . Ingrid strålte ikkje lenger , ‐ ho slengde av seg kåpa .

" Og det seier du ? "

" Eg har ansvar for deg , Ingrid , no mor er borte . "

" Jada , mamma , " geipa den andre . " Eg vil ikkje ha deg til mor , Hild , " sette ho i ; brått var ho på gråten og vende seg frå . Hild gjekk bort og la armen om okslene hennar .

" Ingrid , " sa ho . " Saknar du mor slik ? "

" Ja , " svara Ingrid lågt , augo var blanke . " Gjer ikkje du ? "

" Å jo . "

Ingrid sette seg , ‐ Hild gjekk bort til glaset . Det snøga tett .

" Far er ikkje komen heim frå elgjakta , " sa ho .

" Ikkje komen heim ? " Ingrid såg forskrekka på henne . " Eg trudde han hadde lagt seg . Kanskje han er på Rogne . "

" Nei . Dei er ikkje komne , nokon av dei . Lars var over og spurte for ei stund sidan . "

" Det var da rart . "

%Søstrene vart sitjande og vente . Klokka slo både halv tolv og tolv før det endeleg kom nokon utanfor . I glaset såg Hild to hestar i det skrå snøværet som utelampa lyste gjennom ; ho kjende dei , ‐ det var Sekunda og Sulumsvarten .

" Der er dei ! " ropte ho . På Sekunda sat far hennar i ei underleg liggande stilling , fastsurra såg det ut til ; onkel Knut stod ved sida og stødde han . Hild sprang ut på trammen .

" Kva er det ‐ ? Er han ‐ . "

" Nei det er ingenting , " svara onkelen . " Men kan du hente ein skarp kniv . "

Ho kom med kniven ; han streva med å få opp stivfrosne knutar på reipet faren var surra fast i . No skar han det av . Hild stod nær han og hjelpte til med å få den nokså livlause faren ned frå hesteryggen .

" Kva er det som har hendt ? " spurte ho lågt .

" Han heldt på å fryse i hel . La oss få han i hus . "

Dei halvt bar han inn , ‐ no kom Ingrid òg og hjelpte til . Så kledde dei av han og la han i senga ; heile den svære mannen låg og skalv over heile seg . Hild hadde ein stor kjele med varmt vatn ståande på omnen . Dei vreid opp klutar , gnikka og gneid han der han var mest kald , og la også varme våte plagg ikring han . Faren var halvt borte i søvn og bakrus .

" Eg trur ikkje han har forfrose seg nokon stad , " sa Knut som hadde undersøkt han nøye . " Når han no får varmt i seg og sove ut trur eg det skal gå fint . "

" Men kva var det som hende ? " spurte Hild att .

" Far din fall om derinne i skogen og orka ikkje meir . Så måtte eg gå frå han og hente hestar . "

" Var han full . ‐ Var det langt herifrå ? "

" Langt nok . Han var heilt nedsnøga da eg fann han att . "

Hild forstod at onkelen hadde berga farens liv , og at det måtte ha vore ein hard tørn .

" Men du , " sa ho , etter å ha fått tømt varm buljong i faren , " du må da vera svolten ? "

" Det er ikkje fritt for det nei . "

Og straks sette ho i gang med å dekke bordet i spisestua , ‐ bar fram det vesle ho hadde .

" Ja det blir ikkje rare måltidet dette . " Men så kom ho i hug hermetikk-krukkene i kjellaren . " Nei det er sant , no skal du få smaka på elgen du skaut her ein dagen . "

Det vart eit festmåltid med elgkjøttkaker og nyrørt tyttebær . Knut Rogne åt glupskt og fortalte frå turen . Dei hadde ikkje sett snerten av elg , ‐ ikkje spor eingong , men derimot ein sau som sat fast i eit myrhol .

" Eg prøvde å få han opp . Men det gjekk ikkje . Han låg for djupt i gjørma . Så måtte eg berre skyte den stakkaren . " Meir fortalte han ikkje om det .

" Kanskje far burde få i seg meir varmt , " kom Hild på .

" Eg fekk i han ei termosflaske buljong inne i skogen . Men det ville nok vera bra med litt varmt , ja . "

Hild gjekk og såg til faren . Han låg no i djup søvn . Ho vreid oppatt klutane i varmt vatn og vikla dei om han : han var ikkje så kald lenger . Andletet tok til å få litt farge av liv . Ho kjende på pulsen som enno var langsam og veik , men jamn .

Knut var halvt borte i søvn og skvatt opp da Hild kom og snakka til han :

" Sovna du , onkel Knut ? "

" Neida . " Han fekk fram pipa , bles i ho og banka ut oske , karva i tobakk . " Korleis har du det no , Hild ? "

" Takk bra . " Ho tok til å setja tallerkenane saman . Knut følgde henne med augo ; Ingrid hadde gått og lagt seg .

" Er det noko eg kan hjelpe deg med , så la meg få lov . "

Hild svara ikkje , heldt på med sitt .

" Har de smått med pengar ? "

" Det hender , " svara ho lågt , vart raud .

" Eg gjev han bra betalt for arbeidet . Men han drikk det vel opp , ein god del av det . Eg forstår de har stor gjeld i butikken . " Da ho såg spørjande på han , heldt han fram : " Ja Gustav O. Larsen fortalte meg det her ein dagen . Nei , eg spurte han ikkje ; han sa det av seg sjølv . Han meinte han ikkje kunne gje dykk på krita stort lenger . " Brått tok han lommeboka si og bladde fram eitpar hundresetlar :

" Vil du gjera meg den tenesta å ta imot desse . " Han la pengane på bordet framfor henne .

" Nei . " Hild var blitt blussande raud , skuva setlane frå seg . " Det vil eg ikkje . "

" Vel , vel , " mumla han , tok pengane og putta dei i lommeboka , kjende seg ille ved . Hild bar av bordet .

" Det var godt meint , Hild ! "

Ho svara ikkje og han reiste seg .

" Eg får koma meg heimover . Men først må eg opp å sjå til han . "

Knut tok igjen ein grundig kikk på broren , som no låg og sov med open munn og djupe snork . Han kjende på han : kroppsvarmen var på veg tilbake i alle lemmer ; pulsen dunka no hardt , men jamt .

Medan han stod der kom Hild stille inn .

" Tilgje meg , onkel Knut , " sa ho svært lågt . " Men eg kan ikkje ta imot hjelp frå deg på den måten . "

" Eg forstår det . " Han stod og grunna litt . " Kanskje eg heretter kunne betale lønna hans til deg ? "

" Det går han aldri med på . "

Knut strauk seg rådvill over håret .

" Ikkje skjønar eg korleis dette skal gå . Eg kan ikkje sitja og sjå på at de svelt i hel her på Bjørketun ! "

" Det blir vel ei råd , onkel Knut . "

Han såg ho var på gråten , ‐ verka tunnsliten heile jenta , visste nok verken ut eller inn . Alt han kjende for henne av varme og omsorg og mangt anna , slo opp i han . Han ville ha tatt og bore henne ut og sett henne på Sulumsvarten og fått henne med seg heim . Men ho var bunden her som ein fugl i ei snare ; han kunne ikkje fri henne ut og ikkje hjelpe henne på noko vis .

" Det har blitt så tomt etter deg på Rogne , Hild . Eg har ikkje vore meg sjølv etter at du fór . " Han tok henne i handa for å seia farvel , drog henne så brått inntil seg .

" Nei , ikkje det . Ikkje her . " Hild gjorde seg lempeleg fri og sa lågt : " Eg trur far er vaken . "

I ein glimt merka Knut at Harald såg på dei ; han låg med ein liten vond smil , men let straks att augo som om han sov . Knut sa godnatt og gjekk fort . Da han hadde løyst hestane og reid avstad i snøværet såg han Hild stå i glaset og vinke .

%Hild la seg no . Det kjendest godt å tenke på at onkel Knut sakna henne derborte på Rogne . Han var brått komen så nær henne att ; sjølv hadde ho halvveges trudd ho no var ferdig med han . Ho var nok ikkje det , hadde berre skuva han frå seg i alt kavet og maset etter at Eldrid døydde . Ho hadde vilja få han vekk , for ho syntest mora stod mellom dei , ‐ mørk og streng dukka ho opp og såg på henne kvar gong tankane ville til Rogne . På Bjørketun vantrivdest ho , hadde gjort det frå første dag ho flytte tilbake hit .

Timane gjekk og sova fekk ho ikkje . Brått hørte ho knirk i ei dør . Faren var oppe og gjekk , trødde tungt og ustøtt ned trappa og inn i stua . ‐ Han skal ha tak i brennevin , tenkte Hild ; ho steig opp og slengde på seg ein kjole og gjekk stilt ned trappa . Inne frå stua kunne ho høre klirring av glas og flaske , ‐ han skalv nok sterkt på hendene . Ho hørte han drikke , men ikkje på folkevis . Han tømte det ned i eit drag og det rys i han . Han skjenkte på nytt og drakk på same måten . Så anda han ut som i stort velbehag , ‐ noko hadde liksom falle til ro inni han . Før Hild fekk sukk for seg kom han og skulle oppatt ; ho stod i den halvmørke trappa .

" Er du oppe , Hild , " sa han og verka klar og nærverande , men rusten i målet . " Eg måtte berre røre litt på meg . " Hild stod og såg på han , sa ingenting . Halvt ampert , halvt skamfull sette han i :

" Eg har tatt meg eitpar drammar ja ! Eg måtte det , forstår du . Du skjønar ikkje noko av dette du , Hild . " Det var brått ein trist , fattig klang i røysta hans .

" Eg lurte berre på kva det var , " sa ho . " Du vil kanskje ha mat no ? Eg kan verme eit par kjøttkaker til deg . "

" Nei takk . Eg er ikkje svolten . " Han gjekk opp trappa att , ustø på føtene , kom seg i seng og sovna straks . Hild la seg ho òg og sovna etterkvart .

%Da ringeklokka vekte henne var det enno mørkt . Ho kjende seg elendig der ho stod hutrande i det iskalde rommet og kledde på seg ; tassa deretter rundt i eit par utgåtte tøflar etter mor si og fekk lagt i omnene . Ho streva gjespande med å få det til å fate , ‐ det rauk kvitt av anden hennar . Så fekk ho vekt Lars som var trøtt og morgonsur og ville sova vidare . Til slutt steig han hutrande ut or senga , kledde seg og kom og åt frukost saman med Hild på kjøkkenet , der bjørkeveden dura godt i omnen . Ute skimta no ein gustenbleik dag fram or nattemørket med blålegkvite jorder og stakka skog mot den mørke fjorden som enno låg open . Det gjorde Lars ivrig opptatt at det var snø og vinter , og han lyste av godt humør da han traska i veg til skolen . Hild prøvde å vekke Ingrid , men ho berre kraup velbehageleg saman under dyna og sov vidare . Hild slengde på seg ei gammal , frynset ulljakke etter mor si , for borte i uthuset venta hønene og kua på mat og stell . Ho gjekk frysande i gang . Det lukta emment i hønsehuset , der hønene sat på vaglen , men kom fykande ned da ho strødde ut mat . Ho plukka skitne egg i forkleet og la dei i ei skoeske i skuten . Frå fjøset stod ein lunken tev av ku og møkk da ho opna døra . Først klatra ho opp på trevet etter eit fange med høy , som lukta godt av sommar ; spadde deretter kumøkka ut gjennom ein glugge på veggen . På gjødselhaugen utanfor sat eit par svarte kråker og krafsa og kraksa ; det rauk av møkka ho slengde ut i nysnøen . Det var tungt og uvant arbeid , Hild verka i smalryggen og måtte tenke på mor si som hadde halde på slik i årevis . Så var det mjølking . Ho sat med hovudet mot kumagen og drog i spenene så den varme mjølka spruta i sinkbøtta . Det minte henne om sommaren på Rognesetra .

Etter å ha bore inn egg og mjølk , drog ho bort i skjulet for å henta inn meir ved . Det var berre nokre få opphogne vedpinnar att , så ho greip saga og tok til å skjera av den fine famneveden faren hadde fått køyrd heim frå Rogneskogen tidleg på hausten . Elles var ho sint og bitter på far sin der ho stod i det kalde , gisne vedskjulet og streva seg gjennom bjørkenevra og den harde veden , uvant med å bruke sag . Halvmørkt var det òg . Etterpå hogg ho så flisene spratt , ‐ hogg i eit sinne som gav henne krefter . Ikkje ein gong det passa han på , at det var opphoggen ved i skjulet ! Ho slengde kubbane i flisekorga , bar dei inn og heiv dei i vedkassa så støvrøyken stod , bråkande og ampert . Faren og Ingrid skulle riktig få høre kor opprørt ho var . Ho kikka inn til faren , men han låg som før , gusten grå med gapande munn . I full bør drog ho inn til Ingrid .

" Ingrid ! " ropte ho og greip henne om okslene . " Sjå til å koma deg opp no . "

Ingrid vreid seg unna og mumla søvnør :

" Jada , masa ! "

I fullt sinne reiv Hild dyna av henne .

" Kom deg opp , di dovne sjaske ! Trur du eg vil gå her og vera åleine om alt ? "

" Så reis , " svara søstera , sette seg gjespande opp og ville ta att dyna , som Hild no reiv til seg . " Reis tilbake til Rogne du . Onkel Knut tar nok imot deg . "

" Ja her blir eg i alle fall ikkje ein dag lenger ! " Hild gjekk beint frå henne . Ho baska i veg med morgonstellet , la skittentøy i bløyt og dundra rundt i huset som eit uvær . Om litt kom Ingrid tassande inn på kjøkkenet , bleik og gretten . Ho smurde seg eit par skiver og sat og nippa til den halvlunka , oppattvermde kaffien . Hild klaska vaskekluten i golvet , låg på kne og sveia han kring føtene på søster si så ho måtte løfte på beina ; sa ikkje eit ord . Kaldgufsen stod inn gjennom den opne døra til gangen .

Midt i kavet stakk Hild innom til faren att . Han var så vidt vaken no . Raud og forpusta strauk ho håret frå panna og spurte uvennleg om han skulle ha mat .

" Eg er ikkje svolten , " sa han ; låg og såg litt på henne . Han hadde det vondt med seg sjølv , og det var til pass ! Helst ville han nok sova frå alt saman att , både bakrusen og tankane . Det var stint i rommet av gammal fyll og anna lukt , så ho slo glaset på vidt gap . Den vinterlege oktoberdagen stod friskt inn i rommet og ho anda han i seg i djupe drag . Det var no heilt lyst ; ein tunn månesigd som hadde forvilla seg inn i dagen lyste bleikt over åsryggen i vest .

%Da dei nokre timar seinare heldt på inne i kjøkkenet , Ingrid og Hild , sa brått Ingrid :

" Eg meinte ikkje det eg sa om at du skulle reise . "

Ho var blitt raud og såg ned på poteten ho sat og skrella . Hild stod og strauk lintøy borte ved glaset . Dei hadde gått og tagd begge , heilt til no . Ingrid strauk litt rådvill håret bort frå augo og heldt fram , lågt :

" Det er fint at du vil vera her . Men eg vart så sinna da du drog dyna av meg . "

" Det var kanskje ikkje så rart , " svara Hild . " Slik eg kom busande . Du får tilgje meg . "

Dei såg på kvarandre og lo . Ingrid hadde tårer i augo , såg Hild , og all aggen mot søstera var som smelta bort i henne .

" Eg gjekk her og kjende meg så åleine om alt , forstår du , " prøvde Hild å forklare . " Og eg sov nesten ikkje i natt etter dette med far ‐ . "

Atter vart det stille og dei arbeidde kvar for seg . Så kom det frå Ingrid :

" Eg tør ikkje tenke på korleis det skulle ha vore her om ikkje du hadde kome heim . "

Hild gjekk bort og strauk henne litt brydd over håret . Ingrid reiste seg og slo armane kring henne , Hild tok ikring henne att , og så stod dei der og tuta begge to . Brått lo Hild , og så måtte Ingrid le òg , men så skar det over i gråt , først med henne og så med Hild .

" Vi er to tulljenter , " sa Hild . " No må vi sjå å få gjort det vi skal . "

%Harald Rogne gjekk ikkje på arbeid den dagen ; låg for det meste , men var oppe til middag og til kveldsverd . Morgonen etter drog han på seg arbeidskleda og traska over til Rogne i grålysinga . Bikkjene reiste seg i lenkene sine da han kom inn på tunet . Han stansa og torde brått ikkje gå nær dei ; han syntest dei knurra lågt , og vart ståande .

Om litt kom Knut ut på trammen , hadde vel sett han innanfrå huset .

" Kvifor står du der , Harald ? " spurte han .

" Eg veit ikkje riktig kva eg skal ta fatt på i dag . " Harald såg fort på broren og såg så bort att . " Eg har felt dei bjørkene du blenkte ut . "

" Så kan du gå i gang med å saga dei opp til famneved . Om du kjenner deg sterk nok alt no til slikt arbeid . "

Dei visste ikkje meir å snakke om , nokon av dei , og Knut gjekk inn att .

Harald fekk rigga seg til med sagkrakk mellom dei felte bjørkene som låg halvt nedsnøga på kryss og tvers , i dynger av bjørkeris og visna lauv . Sola var oppe før han kom skikkeleg i gang med saginga , ‐ ei lita stund låg det kvite vinterriket og glitra og skein ikring han , før det tok til å smelte bort med fall av snø og våte drypp frå trea , blenk i blenk bortetter i det milde draget av vind og i haustsola , så lågt ho hang over skogtoppane ; snøen krympa saman og risla etterkvart vekk kring føtene hans .

Harald kjende seg elendig der han stod og skar fersk , fin bjørk , ‐ som om han skulle ha bly i kroppen . Sveitten dreiv av han . Frå stund til stund utover dagen såg han opp mot Rogne om broren skulle koma drivande slik han hadde for vane . Men ingen Knut kom . Elgjakta førre dagen sat inni han og verka ; tankane krinsa kring den heile tida , både det han hugsa svært godt og det han berre vagt mintest . Full hadde han vore , og det var einaste trøsta når han tenkte på sauen i myrholet . ‐ Det har ikkje hendt , tenkte han , men visste likevel inni seg at det hadde hendt og aldri kunne gjerast uhendt .

Da han tusla heimetter i kveldinga utan å ha sett snerten av bror sin , kjende han seg sliten langt inn i ryggmergen .

" Vi må sjå å få snakka om det , " mumla han framfor seg . Men brått slo det han at det kom dei visst aldri til å gjera .

Hild såg at faren var dødtrøtt da dei sat og åt . Han sa ikkje eit ord , verka enda meir fråverande enn han pla . Ho trudde han gjekk og la seg tidleg , og fekk ein støkk da ho kom inn i stua ved ti-tida og såg han sitja der i mørket ; ho skimta han i lyset frå gangen .

" Har du ikkje lagt deg , far ? " sa ho . " Er du ikkje trøtt ? "

Han svara ikkje , ‐ ho såg at han sat med ei flaske og eit glas framfor seg på bordet .

" Du skulle ikkje drikke no , far . " Det var første gongen ho hadde våga seg til å seia det til han . " Du har ikkje godt av det . "

Han svara ikkje , sat bortvend utan å sjå på henne i døropet . Hild stod litt , rådvill ; så let ho att døra og gjekk opp til seg sjølv .

%Ein dag måtte Hild i butikken . Å spørja faren om pengar kjendest nyttelaust . Ho fekk heller prøve å be om å få på krita , enda eingong . Ho skulle tatt i mot dei pengane onkel Knut ville gje henne . Dei hadde kome vel med no !

I butikken var det som vanleg fullt ; Hild hørte ein dur av prat og latter derinne da ho tok i klinka . Ho steig inn og syntest det vart stille . Bak disken stod ei anna kvinne i dag , ‐ ei som hjelpte til der frå tid til tid . Ho heitte Aslaug og var eldste dotter på Skinnarland .

" Er ikkje Kristine her i dag ? " spurte Hild lågt da det vart hennar tur .

" Nei ho er sjuk , " svara Aslaug .

Hild fekk dei varene ho bad om ; til slutt spurte ho svært lågt om ho kunne få skrive det .

" Vi har bok , " sa ho .

" Ja eg veit det , " svara den andre og tok utan vidare til å skrive inn vare for vare , medan Hild putta dei i ryggsekken . ‐ Eg var heldig likevel , tenkte ho . Aslaug veit nok ikkje kor stor gjeld vi har . Ho fekk nesten eit lite stikk av dårleg samvet .

Ein lørdag ettermiddag ut i november såg Hild på søster si at ho hadde eitkvart fore . Ho dreiv rastlaust rundt i huset , ut på tunet og inn att . Ho ville tydeleg snakke med Hild om noko .

" Eg tar ein tur på lokalet i kveld , " sa ho , som om det skulle ha vore ein daglegdags ting .

" På lokalet ? " Hild forstod ikkje straks .

" Ja det er fest der i kveld . Vi er fleire som skal dra dit saman . "

‐ Det kan eg ikkje la henne få lov til , tenkte Hild ; Ingrid er for ung . Men ho visste ikkje heilt korleis ho skulle ta det .

" Syns du ikkje det er litt kort tid sidan mor døydde ? " sa ho til slutt .

" Det er seks veker , " svara den andre . " Vi kan vel ikkje gå her og sørgje resten av livet heller . "

" Mor ville aldri ha gjeve deg lov om ho hadde levd . "

" Det ville ho det , " mumla Ingrid . " Og eg har fått lov av far , " la ho trassig til .

Hild skjøna at det nytta ikkje å prøve å stanse henne , så ho sa ikkje meir . Ingrid gjekk og kledde seg i svært god tid , tok på den finaste kjolen ho hadde og stod lenge framfor spegelen i gangen og børsta og stelte håret sitt .

" Kven skal du vera saman med ? " ville Hild veta .

" Å det er fleire det . Der kjem dei visst ! " Ho lydde anspend mot bildur ute , greip kåpa si . Men bilen køyrde framom og vidare . Ingrid vart gåande og drive rastlaus og oppspila rundt i huset ; såg ut i glaset og gjekk att . Til slutt kom ein bil og stansa .

" Godnatt Hild ! " ropte Ingrid idet ho fauk ut .

" Bli ikkje for lenge da ! "

" Nei da ! " Fort som ein vind fór Ingrid bort til den ventande bilen .

Hild hadde så vidt kome i gang med å bøte buksene til Lars da det stansa ein bil utanfor att . Om litt banka det på døra . Det var Gunnar Berg .

" Takk for sist , Hild , " sa han litt brydd , " enda det er lenge sidan . Det er dans på lokalet i kveld , og vi er ein flokk som skal dit . Og så lurte eg på om du kunne ha lyst til å bli med . "

Hild heldt på å svara ja med ein gong , så glad vart ho .

" Eg ser du har lyst . Kom no ! "

" Eg er ikkje kledd , " mumla ho og kjende seg brått ustelt og uflidd . Det lukta nok både fjøs og sveitte av henne . Ikkje hadde ho nokon skikkeleg kjole heller ; kunne ikkje gå i sommarkjole no .

" Vi ventar herute medan du kler deg , " dreiv Gunnar på .

" Nei takk , " sa ho . " Ikkje i kveld . "

" Joda ! Kom no . "

" Nei , " sa ho så bestemt at han skjøna ho meinte det . " Eg er for trøtt , " la ho til . " Kom att ein annan gong . Om det skulle høve slik . "

" Det er fest att om to veker , " sa han . " Og da slepp du ikkje unna ! "

Dermed fór han .

Oppspila i heile seg gjekk Hild rundt i romma etterpå og både angra og var glad for at ho hadde sagt nei . Ho tok til å sjå over kjolane sine , men det var smått stell . Så plukka ho fram kjolar etter mor si og fann ein som ho hadde sett henne i nokre få gonger når det var fest . Ho syntest mora hadde vore så strålande vakker i den . Med hektiske rørsler tok Hild av seg kvardagskleda og tredde kjolen på , stelte seg framfor den store spegelen i gangen og knepte att bak i livet . Kjolen , som var i djupraud fløyel , passa henne betre enn ho hadde venta . Ho løyste ut det lange , lyse håret sitt og kjemte det ; det spraka elektrisk omkring kammen . Ho var bleik og litt tunn såg ho , men likevel vakker . ‐ Eg liknar visst på mor , tenkte Hild . No tok ho fram ein liten hatt etter mora , ein med fiolett slør ; ho hugsa han så godt frå ho var lita . Ho sette han på seg framfor spegelen , ‐ vart meir og meir lik mor si , slik ho var på den tid Hild så vidt kunne hugse . Ho strauk nedetter seg over den blanke fløyelen . ‐ Han er kanskje for fin denne kjolen til dans på lokalet , tenkte ho . Og mor , kva ville ho seia om ho såg meg no ? Brått syntest ho mora såg på henne frå inne i den mørke stua , dit døra stod open . Ho fekk reint hjartebank .

" Mor er ikkje der . Sjølvsagt ikkje ! " mumla ho , og måtte le av sin eigen fantasi . Men likevel var det som om ho hørte røysta hennar : " Ta kjolen du Hild . Han er din no . Gå på dans med han . " ‐ Mor vil nok at eg skal få kjolen , no ho ikkje lenger har bruk for han , tenkte Hild . Ho tok han fort av og hengde han på plass i skåpet ; der kunne han få henge og vera ei søt og løyndomsfull freisting .

%Neste lørdag det skulle vera fest på lokalet gjekk Hild i ein slags feber heilt frå morgonen av . Utan å spørja skjøna ho på Ingrid at ho òg tenkte seg av stad att . Hild hadde ikkje fått veta større om første festen ; Ingrid hadde kome svært seint heim , og gjekk ikring og var så fordrømt og bortrykt i dagane etterpå at Hild tenkte sitt . Det var først i desember no , gråvær og mildt ; halvmørkt midt på dagen , og blåblanke holka bortetter alle jorde og vegar . På fjorden låg isen stålblank . Det song høgt i telefontrådane ; kakelinna kalla folk det .

Hild tok for seg Lars og sa at ho skulle ut om kvelden , og det skulle visst Ingrid òg .

" Men du greier deg sjølv du , slik stor kar du har blitt , " sa ho . Lars var litt betenkt . Da laga ho i stand eit tefat med gotteri og det hjelpte godt . Han skulle nok greie seg , meinte han .

Dei to Rognejentene gjorde seg klar til å gå på dans , vaska og stelte seg i kvart sitt rom .

" Kvar skal du ? " spurte Ingrid da ho kom ned i gangen der Hild stod framfor spegelen . Ho såg forstøkt på henne :

" Mors kjole ! Tar du den ? "

" Ja han heng da berre der . "

" Men likevel ‐ ! "

" Syns du eg burde la vera , Ingrid ? "

" Ne-ei , men ‐ . Du kler han godt forresten . Men kvar skal du ? "

" På lokalet eg som du , " svara Hild lett . " Kanskje . "

" Ja du får ikkje bli med oss ! " kom det spontant frå Ingrid . " Det er ikkje plass i bilen , " la ho fort til .

" Eg får køyre med ein annan bil , " sa Hild .

" Veit far at vi går begge ? "

" Ja eg har sagt det til han . "

No kom det ein bil og stansa . Begge skvatt til , greip kåpene og fór ut .

" Det er din bil , Ingrid , " sa Hild . " Kanskje vi møtest . "

" Ja kjem du for å halde auga med meg kan du heller vera heime , " ropte Ingrid og sprang .

Hild vart no gåande i febril uro og vente . ‐ Han kjem sikkert ikkje , tenkte ho . Frå stund til stund måtte ho bort til spegelen og sjå på seg sjølv , rette litt på kjolen , stelle på håret . Ho kunne ikkje gå slik , så stivpynta på lokaldans , kom det brått for henne ‐ Eg må skifte kjole , tenkte ho panisk , men i same stund stansa ein bil utanfor og Gunnar kom på døra . Hild treiv kåpa si og følgde han ut .

På lokalet var dansen i full gang da dei kom dit . Heile huset låg og dirra ; gjennom døra som gjekk opp og att , opp og att , slo ein gufs av lys og varme kroppar og danserytmar ut i den mørke desembernatta . På scenen stod to karar med blanke trekkspel ; Harry Larsen , mørk og smal og rank , med svart bølgjande hår som han gong på gong slengde bakover . Han hadde pomade i håret , visste Hild . Ved sida av han stod Erik Bergerud , stutt og tettvaksen , bøygd over sitt femraders spel . Begge hadde rytmen i heile seg , i kropp og bein og andlet . På golvet under dei gjekk dansen i røyk og damp , ‐ ein reinlender med tjo og hei og tråkk så det dunde i golvet : heile lokalet var ei lydkasse som heldt på å bli sprengd . Karar hang i flokkar nede ved døra , jenter sat og stod langs veggane , men mange var utpå . Og mellom dei Ingrid , såg Hild , i armane på ein ung høgvaksen kar . Ingrid sveiv rundt med nedslåtte augo og ein salig smil . Barn var ho ikkje lenger nei .

%Klokka var to omlag da Hild kom heim . Gunnar Berg følgde henne til døra , medan eit anna par vart sitjande att i bilen . Det lyste ut or alle vindaugo i første etasje ; ho kunne høre ein oppstemt dur av latter og snakk derinnanfrå , ‐ eit glas stod oppe , og ut av det dreiv tobakksrøyken .

" Her er det nok selskap , " sa Gunnar . Han tok ikring henne og ville kysse henne til avskil , men ho lo og vende seg bort så leppene hans berre streifa andletet hennar .

" Takk for i kveld , Gunnar , " sa ho og kysste han lett på kinnet .

" Når ser eg deg att ? Blir du med neste gong det er fest ? "

" Kanskje , " mumla ho .

" Ja eg kjem her att om fjorten dagar , " sa han ; og så gjekk han .

Hild opna gangdøra og kom seg inn i den halvmørke gangen , ‐ tok av kåpa og lydde inn mot stua der ho hørte farens røyst over dei andre . Han var høgt oppe no , og det var dei visst alle . Ho hørte den trillande latteren til Kristine Larsen og den mørkare røysta til Aslaug Skinnarland . Handelsmannen sjølv , Gustav O. Larsen , var òg derinne , og nokre til . Det var første gongen , det ho visste , at faren hadde drege heim gjester nattestid til fyllefest ; medan mora levde våga han det aldri .

Hild sprang fort opp trappa . Ho hørte Lars gråte og gjekk inn til han , sette seg på sengekanten hans .

" Lars , " sa ho , " kva er det ? Søv du ikkje ? "

Lars slo armane om halsen hennar og klengde seg til henne , ho kunne kjenne at det lukta parfyme av han . Nede i stua hadde dei sett på sveivegrammofonen ; Harry Brandelius song og om litt song heile selskapet med .

" Har du venta på meg , Lars ? " spurte ho .

" Ja , " hiksta han . " Du vart så lenge . "

" Har dei halde på i heile natt ? "

" Eg veit ikkje . Far kom og vekte meg . Og så måtte eg ned å helse på dei . Dei lo og snakka så høgt alle . Eg ville gå oppatt , eg , men da kom ho butikkdama springande etter meg . Eg datt i trappa og så tok ho meg og klemde meg . Det var så ekkelt og flaut att . Og så gav ho meg ti kroner ! Vil du sjå ? "

" I morgon Lars . Prøv å sova no , " sa Hild og reiste seg .

" Gå ikkje frå meg ! " Han greip tak i handa hennar og heldt henne .

" Vi må prøve å sova begge to . Det er seint . "

" Kan eg få sova i senga di ? " spurte Lars , litt brydd .

" Ja kom du . "

Litt etter sovna han trygt på armen hennar , men Hild vart liggande yrvaken og lyde ned mot ståket i stua . Eitpar gonger kom det til hissig krangling mellom faren og Gustav O. Larsen , men Kristine la seg imellom og hysja dei ned . Ho hørte Ingrid koma og liste seg opp på rommet sitt .

Ved firetida braut gjestene opp , leande og bråkande ; eitpar bi lar køyrde bort . Kristine Larsen var blitt att kunne Hild høre ; og no kom dei opp trappa , faren med tung knaking , Kristine lett og lågmælt lattermild . Det bar inn på farens rom og ho hørte dei derinne , ‐ faren bråka og vart hysja ned av Kristine .

%Grått desemberlys siva inn i rommet da Hild vakna neste morgon og kom seg opp . Frysande fekk ho lagt i omnane , ‐ lydde inn mot farens rom ; ho kunne høre han snorke , men Kristine måtte ha gått . Ho gløtte varsamt på døra og såg at faren låg der åleine . Gudskjelov , tenkte ho ; ho ville nødig ha møtt Kristine no .

Ei stram lukt av gammal røyk og fyll slo mot henne i trappa . Ho gjekk på kjøkkenet der alt var kaos etter selskapet , og fekk kokt seg ein kopp kaffi . Slurpande på den tok ho ein kikk inn i stua . Der lukta det enda verre og såg ille ut . Velta stolar , duken på bordet halvt avriven , tilsølt med brennevinsflekkar og tobakksoske . På bordet stod eitpar halvfulle flasker og fleire tomme , ‐ der låg òg restane av sundslåtte tallerkenar . Hild sette seg først beint ned . Så tok ho til å rydde saman , klirrande og ståkande , ‐ han skulle høre det der han låg , tenkte ho ; tårer av sinne skvatt ikring henne der ho baska i veg . Ho slo opp glaset så frisk , kald luft fekk strøyme inn . Så måtte ho over i fjøs og hønsehus der dyra venta henne med anklagande utolmod .

I skjulet fanst det ikkje opphogd ved og Hild saga og hogg , snakka høgt med seg sjølv . Dette ville ho ikkje finne seg i lenger ! Vel inne i huset att tok ho det ho fann av brennevinsflasker og gøymde dei nede i kjellaren . Han skulle bli blå for å finne dei !

Ingrid sov lenge denne søndags morgonen , men kom til slutt gjespande ned til Lars og Hild som sat på kjøkkenet og fekk seg litt sein frukost . Da dei hørte faren røre seg ovanpå , drog Lars på dør . Støkken frå natta sat i han .

" Det var nok livatt her i natt , " sa Ingrid . " Slikt har han no aldri funne på før , å dra dei med hit . Held han fram på denne måten , skal vi få det moro her . "

" Eg har gøymd brennevinet hans , det vesle som var att , " sa Hild . Ingrid såg storøygd på henne :

" Men tør du det ? "

Faren kom ned no og gjekk inn i stua . Han rumsterte og leita derinne .

" Faen ! Faen i helvete ! " Han kom på kjøkkendøra og såg stygg ut , var i sterk bakrus .

" Er det du som har rydda opp i stua , Hild ? " Uflidd og ubarbert stod han og klødde seg på kjaken .

" Det er det , " svara Hild roleg . " Det såg ut som eit grisehus der etter i natt . "

" Er det ikkje mitt hus ? " Blodårene svulma i tinningane , ‐ heile det tunge andletet var raudt . " Eg spør ingen om å ta vennene mine heim til ein liten fest . "

" Vil du ha kaffi ? " spurte Hild så roleg ho kunne .

" Kvar har du gjort av flaskene mine ? "

" Var det noko att da , anna enn tomflasker ? "

" Det var det ! " hogg han i og greip tak i handa hennar . " No fortel du meg kvar du har gøymt dei , og det på flygande flekken , elles ‐ ! " Hild reiv seg laus og lynte mot han :

" Elles kva ? Skal du slå meg helselaus kanskje , som du gjorde med mor ? "

" Kvar er flaskene mine ? " Han stod midt på golvet og pusta tungt .

" Eg har gøymt dei , ja ! Prøv om du kan finne dei . "

Faren gjorde eit rasande utfall mot henne , men ho kom seg bak kjøkkenbordet .

" Din helvetes jentunge ! Kom deg herifrå før eg legg hand på deg for alvor . "

" Gjerne ! " ropte ho mot han . " Det er ikkje mi lyst å gå her og slave for deg slik mor gjorde . "

" Hald mor di utanfor . "

" Du pinte livet av henne du ! " skreik Hild , ho var ikkje redd lenger , men så opprørt at ho skalv . " Ho måtte vel hogge ved ho òg ? Ikkje eingong det sørgjer du for at det finst fyringsved i skjulet . Du berre drikk du , og ligg og veltar deg i senga med framande kvinnfolk . Og det er ikkje meir enn åtte veker sidan mor døydde ! "

Det kom eit brøl frå faren og han fór mot henne , så brått at ho med naud og neppe fekk berga seg rundt bordet . Ingrid skreik til og greip tak i farens arm . Han slengde henne frå seg så ho tumla gråtande over ende på golvet . Eit raudt sinne flara opp i Hild ; ho gjekk beint mot faren og gav han ein susande øyrefik . Ein augneblink stod han og stirde forbløffa på henne , ‐ tok seg til kinnet som var blitt enda raudare .

" Så du slår du , " mumla han håst , og i neste no hadde han langa ut ei knyttneveslag mot henne så det svartna for augo , og ho gjekk i golvet .

Hild hugsa ikkje etterpå korleis ho kom seg på beina , opp trap pa og inn på rommet sitt og fekk vridd nøkkelen om før faren var der , rasande og brølande . Han rista i dørhandtaket og dundra på døra . ‐ Han bryt seg inn , tenkte ho , han slår meg i hel .

Etter ei stund gjekk han ; ned i kjellaren kunne ho høre , skulle vel leite etter flaskene . Hild vreid nøkkelen om , opna døra og lista seg på tå ned trappa . Da hørte ho at faren var på veg opp att ; ho treiv kåpa si og sette på dør . Han kom etter . Hild sprang som for livet ‐ mot Rogne . Etter ei stund gav faren opp , stod og ropte ukvemsord etter henne . Hild merka at ho blødde naseblod , det rann nedover leppa og ho fekk blod i munnen .

På Rogne var det søndagsstille . Ho drog inn i gangen og banka på døra til stua . Da Knut opna gjekk ho rett i armane hans . Han tok fortumla ikring henne .

" Men kva er det , Hild ? "

Ho svara ikkje ; skar i å gråte mot bringa hans . Han greip henne under haka og løfta andletet hennar mot seg .

" Du blør ! " sa han forskrekka .

" Det er far , " hiksta ho . " Han slo meg . Eg trudde han ville slå meg i hel . " Onkelen vart rar i andletet , såg ho ; han tok eit lommetørkle og tørka blodet av henne .

" Ver her du , Hild ; legg deg ned på sofaen her . Eg er straks tilbake . "

" Kvar skal du ? " spurte ho .

" Eg må bort å snakke eit ord med bror min . Eg trur det kan vera på tide . "

Hild vart redd no og ville halde han att .

" Ikkje gjer det , " sa ho .

" Jo Hild . "

Da ho ville følgje etter , stansa han henne på ein måte som ikkje var til å misforstå .

" Du blir her , " sa han , og gjekk . Ho såg han gjennom glaset i fullt driv bortover mot Bjørketun .

Hild gjekk opp på gjesterommet der alt var som den dagen ho drog . Ho fann til og med vatn i porselensmugga så ho fekk vaska seg i andletet . Men det var iskaldt og ho gjekk ned i stua der bjørkeveden dura i den svære omnen ; ho dreiv uroleg til og frå glaset for å sjå om ikkje onkel Knut snart kom att . Så orka ho ikkje vente lenger , slengde på seg kåpa og halvt sprang bortover mot Bjørketun , livredd for kva som kunne skje der . Midtvegs møtte ho onkel Knut . Han greip henne i handa og drog henne med .

" Du får følgje meg til Rogne du no . "

Han gjekk så fort at Hild måtte småspringe ; ho torde ikkje spørja kva som hadde hendt .

" Du treng ikkje vera redd , " sa han . " Far din lever da . Men han kjem ikkje til å slå verken deg eller andre på ei god stund . "

" Kva gjorde du med han ? " spurte ho lågt .

" Eg tukta han slik at han kjende det . Ja , eg prøvde å snakke med han først . Men vi kan vel vera glad til at han lever , både du og eg . "

Hild måtte bli verande på Rogne no . Tilbake til Bjørketun ville ho ikkje for nokon pris . Korleis det stod til med faren visste ho ikkje , for onkel Knut snakka ikkje meir om det .

Ingrid kom over med det ho trong mest i ein liten koffert .

" Eg tenkte du kvidde deg for å hente det , " sa ho , ‐ dei sat saman oppe på gjesterommet .

" Takk Ingrid , det var snilt av deg . "

Ingrid sat litt , såg seg ikring i rommet .

" Blir du verande her no da ? "

" Ja på Bjørketun kan eg ikkje bu . "

" Du treng ikkje vera redd for far , " mumla Ingrid lågt . " Han ligg til sengs han . "

" Er det ille med han ? "

" Han har vondt i ryggen , kan snautt røre seg . Vondt i hovudet har han òg . Onkel Knut fór hardt fram mot han den dagen . "

" Såg du det ? "

" Nei , det skjedde nede i kjellaren ; far var der for å leite etter flaskene da onkel Knut kom og spurte etter han . "

Det vart stille litt . Så sa Ingrid ; ho sat og fingra med ein laus knapp i kåpa si :

" Du Hild . Kan du ikkje koma heim til oss att ? " Ho var på gråten , såg Hild . " Vi greier oss ikkje utan deg . "

" Du sa eg kunne reise . "

" Ja , men eg meinte ikkje det , det skjønar du vel ! "

" Du er vaksen nok til å gjera det arbeidet eg gjorde . Eg vil ikkje til Bjørketun att . "

Ingrid reiste seg og såg reint forkomen ut ; Hild måtte synest synd på henne òg , tenkte ho skulle gje henne ein klem . ‐ Men da blir det berre gråt , tenkte ho og let det vera . Ingrid tusla i veg med den tomme kofferten , heimover til Bjørketun og all elendigheita der .

%Det var rart for Hild å vera på Rogne att . Dei første dagane kjendest det herleg å få kvile ut etter det harde slitet på Bjørketun , å få ligge om morgonen og høre det dure i omnen og sjå eldskinet spela i mørket ; Stina hadde vore inne og lagt i . Det var godt å vera på Rogne , ‐ her skulle ho gjerne bli alltid . I neste augneblink gjorde den tanken henne forstøkt . Var det slik at ho til slutt måtte bli verande her , livet til ende ? ‐ Nei , tenkte ho , det vil eg ikkje .

Hild vart rastlaus etterkvart som dagane gjekk ; ikkje kjende ho seg heime heller , slik ho hadde gjort før . Og ho såg på tenestfolket at ho ikkje var særleg velkomen tilbake . Kanskje burde ho prøve å få seg tenest ein eller annan stad ? Det undra henne litt at onkel Knut heldt seg unna . Han kom i alle fall ikkje og trengde seg på , slik ho hadde trudd han ville gjera , første natta ho låg i gjesterommet att . Men ho merka det spørjande blikket hans både titt og ofte . Det var som venta han eit lite teikn frå henne . Ho vakta seg vel for å gje han det , enda ho lengta da visst etter han , ho òg , på sin måte . Det var som ei søt pine å halde han frå seg .

Ein kveld Hild sat og smått spela på pianoet , kom Knut inn frå kontoret sitt . Det var skumt i stua og ho måtte tenke på førre gongen ho sat her og spela og han kom inn . Om litt heldt ho opp ; han hadde sett seg i sofaen .

" Spel meir , " sa han . " Eller kom hit og hald meg med selskap . " Ho reiste seg .

" Eg burde gå til sengs , " mumla ho . " Det er seint . "

" Nei kom no hit , " bad han .

Hild sette seg i ein skinnstol , ‐ tok eit blad som låg på bordet . Onkel Knut sat og såg på henne . Ho såg på han òg , som snarast .

" Fint å ha deg her på Rogne att , Hild , " sa han om litt . " Det har vore så stille og tomt etter deg . Kveldane blir lange når ein er åleine i dette svære huset . Ikkje har eg større å fara ut etter heller . Eg er ikkje med i styre og stell lenger . Men det veit du vel ? "

" Nei ? " Hild såg undren på han .

" Veit du ikkje at det har vore kommuneval i haust ? "

" Det veit eg da . "

" Ja først var det no krefter i sving for å få meg stroke av Bondepartilista . Det gjekk ikkje . Men så fekk dei det til likevel . Man ge nok strauk meg på lista så eg ikkje vart attvald . Det var visst ein heil liten aksjon i gang ja . "

" Men kvifor ? Du var da med i alt . "

" Eg var det . " Han strauk seg over andletet . " Og eg likte det . Det er vel det at eg har mist tilliten . Her har vore for mykje folkeprat . "

Slik hadde altså bygda hemna seg på han , dømt han .

" Dei er nok glad til dei er kvitt meg , mange . Eg er sta ser du , når det er noko eg vil . Ja det veit vel du ? Du er forresten sta sjølv du , " la han lett til . " Det er same strie lynnet i oss begge . " Knut sat litt før han heldt fram .

" Kanskje er det ikkje så rart at bygdefolk dømmer slik dei gjer . Dei syns nok du er altfor ung for ein gammal bukk som meg . Og det syns kanskje du òg ? " Han såg bort på henne . " Og det at vi er i så nær slekt , ‐ det er ille det òg , veit du . Enda det er no like nær slektskap mellom mann og kone nokonkvar stad i bygda her , og i andre bygder det eg veit . Ja , mann og kone er vi no heller ikkje vi , Hild . Eg skulle ønskje vi hadde vore det . " Han tagde litt ; heldt så fram , sat og fingra med pipa .

" Du hugsar vel kva eg spurte deg om ein dag på setra i sommar ? Enno har du ikkje svara meg . " Han tagde litt . " Du vil ikkje svara no heller . Nei , nei . " Knut reiste seg og gjekk bort til glasdørene . Det var stummande mørkt ute ; han stod likevel som såg han på eit eller anna .

" Ingrid var innom i går att . Vil ho ha deg heim til Bjørketun ? "

" Ja . Men eg vil ikkje dit . "

" Korleis er det med far din no , nemnde ho noko om det ? "

" Det går da visst betre med han . "

" Gudskjelov for det ! Eg har vore litt uroleg , ser du . Ja , eg kom i skade for å dunke hovudet hans mot golvet , og tok nok litt hardt i han i det heile . Eg var så styrlaust sint , og han stod berre og flirte meg opp i andletet da eg prøvde å snakke til han . Men det har vel gått bra da , likevel . Eg burde ha henta dokteren , men eg ville nødig ha det utover bygda . I tillegg til alt anna . " Han gjorde eit slag i rommet og stansa så opp framfor henne .

" Du blir vel buande her på Rogne no . "

" Eg veit ikkje . " Om litt la ho til : " Eg syns så synd på Lars og Ingrid . Det finst ikkje mat i huset . Og i butikken får dei nok ingenting på krita lenger . "

" Ta det med ro . Eg har betalt den gjelda der , " mumla han .

" Har du ‐ ? "

" Ja eg veit du ikkje likar det , men eg såg meg ingen annan utveg til å hjelpe dykk . "

Så det var altså slik . Hild hadde hatt ei aldri så lita aning om det . Ikkje vart ho det minste lei seg heller . Ho såg opp på han ; blikket var blankt av varme og takksemd .

" Du er som eit forsyn for oss du , onkel Knut , " sa ho stille . Ho kjende trong til å reise seg og slå armane om halsen hans . Men ho vart sitjande .

" Eg kan ikkje bli gåande her på stas heller , " sa ho om litt .

" Nei vil du hjelpe til i fjøset , er det fint . Turid tar til å bli tungføtt . "

" Turid ! Er ho sjuk ? "

" Ho skal ha barn , " sa han .

%Ein ettermiddag kom Lars springande til Rogne , reint ifrå seg , og da han fann Hild greip han tak og klengde seg til henne . Smått i senn fekk Hild ut av han kva det var . Kristine Larsen hadde vore og sett til faren , og etterpå spurt Ingrid og Lars om ho skulle flytte heim til dei . Ingen av dei ville det for nokon pris . Men faren hadde vilja det , ‐ sagt at dei ikkje kunne greie seg utan skikkeleg kvinnfolkstell i huset . Hild måtte lova bror sin at ho skulle koma . Han tørka tårene og rusla heim att .

Hild fekk tak i onkel Knut ; han heldt på inne i stallen , fora hestane .

" Eg må heim til Bjørketun , " sa ho fort .

" Åh ? " Han såg på henne . " Er det noko du saknar av sakene dine kanskje ? " Men han skjøna nok .

" Det står ille til derborte no . Lars var nettopp her . Far vil ta Kristine Larsen inn i huset . "

" Så du går for å bli der da . "

" Ja i alle fall ei tid . Eg kan ikkje la vera . "

" Nei , nei , " sa han etter å ha tagd ei stund , ‐ han stod og strauk Sulumsvarten over mulen . " Men eg synest det er meir enn ille at du skal ofre deg slik . "

Hild gjorde seg fort i stand og skulle gå .

" Eg får i alle fall vera der ei vekes tid , " sa ho . " Så får vi sjå . "

" Det er ikkje lenger mellom Rogne og Bjørketun , ‐ du må kunna koma hit ofte . "

Onkel Knut stod og såg etter hende da ho gjekk ut or tunet . ‐ Det blir visst lenge før eg ser han att , tenkte Hild .

Det stunda mot jul . Hild baka og stelte i stand , prøvde så godt ho kunne å gjera det slik mor deira hadde gjort det . Ho fekk ikkje tid til å gå nokon stad ; til butikken sende ho no Ingrid . Gudskjelov at dei kunne få varer på krita att ! Snille onkel Knut , tenkte ho og vart varm inni seg . Han gjekk vel og venta henne , at ho skulle stikke innom , eller helst koma og vera der att .

Ein lørdag banka Gunnar Berg på og ville ha henne med på dansefest , men ho sa nei takk . Så inviterte han henne til juleball på Berg i romhelga . Det sa ho ja til , ‐ fekk brått slik trong til å koma ut or tredemølla på Bjørketun , om så berre for nokre timar .

%Det vart ein rar kveld første julekvelden mor deira ikkje var blant dei . Faren var berre ein skugge av seg sjølv der han sat og sa lite og ingenting . Juletre hadde dei likevel , og det anga av granbar og brent voks som alle julekveldar før ; frå omnen lukta det kongerøkelse og etterkvart ribbe og surkål . Dei var ute på trammen , Hild , Ingrid og Lars ; dei stod og fraus i den kalde , kvite desemberkvelden . Kjørkeklokkene ringde helga inn , ljoma over den frosne bygda som låg sveipt i kvitt med sine gardar , jorde og utmarker , med fjord og skog . På kjørkegarden under klokkene i tårnet låg mor deira og vart borte , meir og meir . Dei tenkte på henne alle tre og Lars tok til å gråte , og så gret Ingrid . Hild tok ikring dei begge og kjempa for å halde gråten nede .

" Kom inn , " sa ho . " Det er kaldt . "

Og dei gjekk inn frå mørket som lyste av snøkrystallar under eit veikt skin av stjerner . Med sløra augo vandra dei kring treet , heldt skjerf imellom for å nå rundt og song : " Jeg er så glad hver julekveld " , " Deilig er jorden " , " Her kommer dine arme små " .

%Femtedagskvelden kom Gunnar Berg med hest og slede . Hild hadde kledd seg i fløyelskjolen etter mora og ei varm skinnkanta vinterkåpe ; den hadde ho fått av onkel Knut . Snart sat dei under ulveskinnsfellen og fór gjennom bygda som låg blåkvit med mørkare skarpe skuggar i månelyset . Det var kaldt , og det gnistra under sledemeiane ; dombjøllene klang festleg , ‐ den spreke hesten langa i veg nordetter , prustande og prumpande . Hild måtte tenke på førre gongen ho fór i slede denne vegen , ein blank vinterdag . Ho såg bort mot Gunnar som sat ved sida av henne , glad og ivrig . Det kjendest litt rart , ‐ ho syntest ho sveik Knut no , men tenkte straks at ho var da verken trulova eller gift med han . Skulle ho ikkje kunne more seg saman med annan ungdom ?

Dei køyrde opp til Berg gard som låg breid og stasleg på ein open stad ved fjorden . Tunet og dei mange svære husa låg i eit glitter av tuntre og hage . Det var sett brennande faklar ved inngangen til det eldste våningshuset . Til dagleg stod det tomt , men no hadde ungdommen fått ta det i bruk . Med alle sine vindaugo låg huset og lyste , oppe og nede ; derinne var ballet så smått i gang . Det kom ungdom i bilar og sledar , ‐ helsing , latter og høgmælt prat stod høgt i taket . Og av ein svær bolle vart det aust sterk , varmande drykk : den tende fort glansen i augo og roden i kinna . Ein sveivegrammofon var i gang , og snart låg det digre huset og dura av fest , rauk kvitt ut i den kalde natta gjennom opne glas og dører som gjekk opp og att . Spelemenn hadde feler med , og ein eit trekkspel ; mellom platene spela dei opp . Drykken smakte søtt og godt , syntest Hild , og ho sa ikkje nei takk da Gunnar slo i til henne , gong på gong . Ho vart så merkeleg lattermild og fandenivaldsk , ‐ mellom to dansar fekk ho skimten av seg sjølv i ein spegel : heile jenta strålte , augo glitra og lyste . Ho hadde det så fint som ho aldri før hadde hatt det ; dansa både med den og den , og midt på dansegolvet kysste ho brått Gunnar Berg på kinnet . Han tok henne tett inntil seg i dansen , og ho let han få lov , ‐ ho kjende kroppen hans mot sin og likte det . ‐ Går dette an , tenkte ho ; men så lo ho og dansa enda tettare . Dei sveiv rundt og rundt og da dansen var slutt sveiv brått alt rundt ; ho måtte halde seg fast i Gunnar .

" Huh ! " sa ho . " Eg trur eg må ut å få luft . "

" Eg følgjer deg , " sa han .

" Nei , nei . " Hild gjorde seg fri frå han og ville gå , men var så ustø at ho tok overhaling . Noko slikt hadde ho aldri opplevd før . ‐ Eg er full , tenkte ho , men fniste berre av det .

" Eg trur eg følgjer deg likevel , " sa Gunnar og stødde henne ut . Alt sveiv no rundt og rundt i selskapssurret . Vel ute på trappa kjende ho at ho vart kvalm og ville kaste opp .

" Eg må på do , " kviskra ho lågt til Gunnar , hadde vanskeleg for å få tunga med . " Kvar er det ? "

" Derborte . "

Han ville stø henne på veg , men ho gjorde seg bryskt fri og gjekk .

" Gå inn att du . Eg er straks tilbake . "

Litt nølande gjekk han inn .

Hild vakla over tunet i månelyset mellom dei høge snøpalsane og småsnakka og lo for seg sjølv . Tunga slo klikk , og beina ville bera henne andre stader enn ho hadde tenkt seg . Brått var kvalmen over henne , slik at ho berre måtte bøye seg framover og kaste opp . Det var som om alt ho hadde inni seg vart vrengt utor henne ; det fossa ut i snøen . Ho stod og rava , kjende seg elendig , men var likevel vagt medveten om at ho ikkje måtte få det på fløyelskjolen . Surt oppkast trengde ut gjennom både munn og nase og augo , og tårene rann .

" Eg er full , " mumla ho . " Fytterakkern så full eg er . " Det kom igjen og igjen og til slutt var det ingenting , berre sur galle . Etterpå prøvde ho å vaske seg rein med snø , men syntest det lukta oppkast av heile seg . No kom Gunnar Berg mot henne .

" Er du sjuk , Hild ? " spurte han .

" Ja , " sa ho . Ho stod og skalv av frost og fullskap .

" Kom med inn . Du frys deg forderva jente . "

" Eg vil ikkje inn . "

Så tok han henne med bort i eit sturhusrom der det var vatn og ho fekk vaska og stelt seg litt .

" Eg vil heim , " smågret ho . " Kan du køyre meg ? "

" Ikkje enno Hild . Du skal få kvile deg litt , så er du snart like god att . Eg visste ikkje at du tolte så lite . Det var no mi skuld . "

" Eg er ikkje van med å drikke , " mumla ho .

Gunnar fekk henne usett inn kjøkkenvegen og opp på eit stort gjesterom .

" Det er kaldt her , " sa han . " Men du får prøve å kvile litt likevel . "

Hild fall om på senga som hadde ho slokna heilt . Han fekk lagt henne til rette og breidd over henne , så la han i omnen og gjekk ned att .

%Da Hild kom til seg sjølv hadde ho dundrande hovudpine og hugsa først ikkje kvar ho var . Så kom ho på det , ‐ sledefarten , ballet , at ho vart sjuk og kasta opp og måtte til sengs . Det var stille i huset no , kunne ho høre ; grått dagslys tok til å sive inn gjennom glaset . Ho kjende seg sjuk og elendig , skamfull òg ; fekk prøve å koma seg bort fortast råd var . Da hørte ho det puste roleg ved sida av seg . Hild snudde hovudet og såg at det var Gunnar Berg ; han låg i djup søvn . ‐ Kvifor ligg han her ? tenkte ho og fekk brått ei panisk kjensle av at det kanskje hadde hendt noko ho ik kje klart mintest . Ho var halvnaken kunne ho kjenne no ; fløyelskjolen låg slengd over ein stol . Hild sette seg fort opp og det gjekk atter rundt for henne . Med stor møye fekk ho kledd seg . Kjolen var skrukket og litt flekket såg ho . I ein spegel skimta ho andletet sitt ; det var grågrimet og ho var ruskete på håret . Ho virra rundt og fann til slutt kammen sin , fekk greidd seg så nokonlunde , og ville gå . Men no hadde Gunnar vakna . Han låg og såg på henne .

" Skal du gå , Hild ? "

" Ja . Det er visst på høg tid . " Ho la til : " Har du ligge her i natt ? "

" Ja , " sa han . " Du var så iskald at eg måtte legge meg ved sida av deg og verme deg . Eg var redd du skulle bli sjuk . "

" Du trong vel ikkje ha kledd av meg for det , " mumla ho raud og brydd utan å sjå på han .

" Eg tok berre av deg kjolen . Så han ikkje skulle bli så skrukket . Og så skorne og strømpene . "

‐ Og litt til , tenkte ho .

" Du var så borte at du ikkje merka nokon ting du . Men det var fint å ligge inntil deg . Enda så iskald du var . " Gunnar tagde litt før han heldt fram : " Er du så lei deg du , Hild ? Det skal du ikkje vera . Det har ikkje hendt noko som du treng skamme deg over . Ein slik råtass er eg no ikkje at eg kjem deg for nær når du er minneslaust full . " Han steig opp av senga og var påkledd , såg ho , hadde berre slengt jakka av seg .

" Eg køyrer deg heim , " sa han . " Eller vil du ha mat først ? "

" Nei takk . " Det kvelvde seg inni henne berre ved tanken .

Etter litt strev fekk han den iskalde bilen i gang og dei kom seg av garde , nokså usett trudde Hild , men meinte likevel ho såg eit andlet bak gardina i det andre våningshuset . Ho sat og småskalv i bilen og anden stod kvit or munnen på dei begge . Det var ein gråkald morgon . Ingen av dei sa noko større . Så steig ho av utanfor Bjørketun .

" Vi møtest vel snart att ? " sa han .

" Vi får sjå . Takk for skyss . " Dermed småsprang ho inn .

%Minnet om dette juleballet plaga Hild lenge . Det vart nok snakka om det rundt i bygda , tenkte ho . Dei fann vel ut at eplet fall ikkje langt frå stamma . Onkel Knut kom nok til å få høre om det han òg .

Smått i senn vart likevel hendinga fjernare og mindre plagsam . Det blir gløymt , tenkte ho . Av folk flest ja , men ikkje av onkel Knut . Hild hadde ikkje sett han på lenge no . Og etter juleballet vart det reint umogeleg for henne å berre stikke bort til Rogne .

%Heile bygda snøga ned og fraus til med røyken frå pipene stigande opp i frostdagen da det vart klarvær og smellkulde ut i januar . Tømmerlass , dregne av rimete hestar og med rimete køyrekarar på lassa , kom knirkande og gnistrande ut or skogen , ‐ slang og slengde etter tømmervegane ned mot fjorden ; det lukta hest og friskt nybarka tømmer .

Etterkvart tok så dagane til å bli lenger , og ein morgon Hild gjekk over tunet merka ho at det var vår i lufta ; det draup frå taket , og ho kunne høre det på fuglesongen . Det var som å koma ut or ein lang tunnel av mørke og frost og få glimen av dag og lys mot seg .

%Ein dag Hild heldt på nede ved fjorden , dit ho hadde drege ein kjelke med våte , nyvaska klede , kom Knut Rogne gåande . Ho var så opptatt med å hogge hol i isen at ho ikkje merka han før han snakka til henne .

" Er ikkje det der vel tungt arbeid for deg , Hild , " sa han . Forskrekka retta ho seg opp , raud og forpusta , og strauk med den våte votten håret bort frå augo .

" Er det deg onkel Knut ! "

Utan vidare tok han øksa frå henne og hogg så isbitane spruta om økseleggen .

" Det er lenge sidan eg har sett deg no . Kvifor kjem du aldri og ser til oss på Rogne ? "

" Du kjem ikkje til oss du heller , " svara ho lågt .

Snart hadde han fått eit hol med ope vatn og Hild la seg på kne ; tok til å skylle kleda i isvatnet .

" La meg få gjera det , " sa han . " Du frys deg forderva på hendene . "

" Nei takk . Dette er kvinnfolkarbeid . "

Knut fekk fram pipa , stod og såg på henne .

" De har det tungvint og gammaldags på Bjørketun , " sa han ; og så kom det , lett og liksom tilfeldig : " Eg hørte du hadde vore på ball i julehelga . "

" Ja . Eg var da det . "

Hild låg raud på kne og skylte ; venta at han skulle seia meir . Men han tagde . Så tok han til å hjelpe henne med å klaske dei dryppande kleda opp i butten på kjelken att , etterkvart som ho var ferdig med dei .

" Lenge sidan vi gjekk her på skeiser , " sa han om litt ; han såg utover fjorden som låg flekkekvit , men med ope vatn i eit par råker der solglimen gnistra .

Så hjelpte han henne å dra kjelken , heilt opp til Bjørketun ; ho gav han ein fort kyss på kinnet .

" Takk for hjelp , " mumla ho og fekk det travelt med tøyet att . Han gjekk heimover gjennom moen . ‐ Kor mykje veit han om det ballet ? tenkte Hild ; ho stod i sturhusdøra og såg etter han .

%Det vart full vårløysing med blenk og bråning , brus og glitter kvar ein vende seg , og eit ellevilt fugleliv . Ein dag fann Hild kvitveis ; elva gjekk i vårflom og tømmerfløytinga var i gang med dunder og ståk . Lars var av stad og såg på ; ein dag kom han att og hadde fått seljefløyte som ein av karane hadde spikka til han . No gjekk han rundt og bles på den .

Fjorden låg open og steig inn over utmarker og enger med sin veldige tilgang av vatn frå fjell og vidde ; barskogane suste grønne , ospe- og bjørkelier hadde fått eit gråfiolett fargeslør . Den frambrytande våren vekte ei uro i Hild , ein lengsel mot noko ho ikkje visste kva var .

%Far hennar gjekk no atter meir full enn edru og drog ut om kveldane både titt og ofte . Ein lørdag tidleg i mai kom han heim med gjester att , utan å ha nemnt det for nokon . Ingrid var ute på dans , ‐ Hild heldt seg på rommet sitt og let Lars få legge seg der . Nedunder vart det same ståket som førre gongen ; men da ho stod opp neste morgon og venta seg kaos i stue og kjøkken , tok ho feil . Kristine Larsen var i full sving med å rydde . Litt brydd helsa ho på Hild .

" Ja det vart seint på oss i natt . Du fekk vel ikkje sova stort du heller , Hild . Desse karfolka skal no alltid bråke så fælt når dei blir fulle , " sa ho . Utan å svara noko særleg gjekk Hild bort i uthuset for å ta hand om dyrestellet . Da ho kom innatt hadde Kristine duka til frukost i spisestua der faren no sat og åt . Han var nok i sterk bakrus , men likevel ikkje uflidd og ubarbert slik han pla vera etter ei ranglenatt ; han sat søndagskledd og kakka hovudet av eit nykokt egg .

" Set deg du òg Hild , " sa Kristine blidt , ‐ ho kom med kaffikjelen og skjenkte i til Harald . Han la armen kring dei runde hof tene hennar og ho slo handa hans bort med ein skjelmsk smil . Hild kjende seg brått avsett som husmor og tok plass ved bordet , nokså uvillig og uvennleg . Kristine let seg ikkje merke med det .

" Uvant å bli varta opp her i huset , " sa Hild og smilte , så vidt det var . " For meg da . "

" Du kan vel ha fortent det , slik du går og strevar her , dagen lang . "

‐ Men no skal eg kanskje få avløysing , tenkte Hild . Lars kom , og stansa forstøkt i døra da han fekk sjå Kristine , ville til å springe ut att .

" Kom og set deg Lars , " sa Hild , og han sette seg tett opptil henne , sky og uglad . Kristine skjenkte i mjølk til han og ruska han i håret .

" Du er da ikkje redd meg du Lars . "

Han vreid seg unna , men ho berre lo :

" Vi skal nok bli fine venner ein dag . "

No kom Ingrid òg , og ho vart ikkje mindre forstøkt ; helsa likevel som snarast og sette seg , såg spørjande på Hild og så på faren . Han var i godlage , både skjemta og lo , men på ein forsert og unaturleg måte , liksom vakta på barna , på blikk og andletsuttrykk . Dei sat stille og avvisande alle tre , og da mørkna han òg . Det var pinleg stilt .

" Takk for mat , " mumla Lars til slutt og sette på dør . Ingrid fekk det travelt ho òg og kom seg ut . Men da Hild ville gå , sa faren :

" Du får bie litt du Hild . Det er noko vi gjerne skulle snakke med deg om . "

" Javel , " mumla Hild , sat stiv . Faren såg ned i tallerkenen sin , der han smuldra opp eit stykke brød mellom fingrane .

" Eg har skjøna det slik at du synest det er hardt å gå her og vera åleine om alt , ung som du er . "

" Eg greier det da , " sa Hild og såg trassig på faren . Kristine sat nok òg og kjende seg ille ved no , var rar og raud .

" Vi har snakka om det , Kristine og eg , " heldt faren fram , " at ho flytter hit og bur her og hjelper deg . "

Blodet steig til hovudet på Hild . Så var det altså slik .

" Ho skal ikkje gjera det for mi skuld . Eg greier meg godt utan hjelp . "

" Nei du gjer ikkje det . " Faren var skarp i tonen no . " Det er så som så med stellet her . "

" Kanskje det . " Det kokte i Hild så ho ikkje lenger vørte kva ho sa . " Men det er ikkje alltid lett for den som husmor skal vera , når mannen i huset brukar pengane på brennevin . " Faren slengde klirrande frå seg bordkniven han sat med og reiste seg , raud og opprørt .

" Så er vi der att no ! " sette han håst i . Hild hadde sprunge opp ho òg , ‐ venta seg same medfart som sist . Kristine Larsen greip Harald i armen .

" Ikkje bry deg om dette . Set deg . "

Han stod og pusta tungt , stirde på Hild .

" Set deg , " tok Kristine oppatt og han seig ned på stolen .

" Du trur kanskje det du Hild , at du bestemmer saker og ting her på Bjørketun etter at mor di døydde . Du gjer ikkje det , nei ! "

" Det har eg aldri trudd , " svara Hild , dirrande . " Ho hadde visst ikkje større ho skulle ha sagt , mor heller . For du brukar rå makt . Du slår . "

Kristine prøvde å hysje henne ned , men ho dreiv på : " Eg såg nok korleis mor såg ut . Du tok livet av henne du ! "

Igjen ville faren fara opp , men Kristine stod bak han med hendene på okslene hans og heldt han nede med myndig ro :

" Så , så , så . Bli sitjande . Tel til ti . "

" Vil du veta kven som tok livet av mor di , du Hild , da kan du gå til Rogne og spørja han Knut . Ja gå dit ! Han tar nok imot deg han . Og så kjem han vel farande hit att og skal setja seg til doms over meg . Det var faen i helvete òg , at han ikkje seig ned i det myrholet under elgjakta sist haust . " Han var så opprørt no at røysta skalv .

" Ja du ønskte nok det du ! " sette Hild i .

" Så du veit det ? Han har fortalt deg om det ? Ja det kunne eg tenkt meg . "

" Fortalt kva ? " Hild såg forferda på far sin . " Hjelpte du han ikkje med å koma oppatt ? "

Han drog på okslene , mumla :

" Eg hjelpte han så godt eg kunne . "

" Det trur eg ikkje på ! " skreik Hild mot han . " Du ville ta livet av han du ! "

Faren fór opp .

" Kom deg av garde ! Plukk saman tølene dine og kom deg bort ! Eg vil ikkje sjå deg her på Bjørketun meir . Gå og ligg med onkelen din alt du vil for meg . Du som mor di ! "

" La mor vera i fred for deg , endeleg ein gong ! "

" Allemannstøyte ! Trur du ikkje eg veit kva som hende på Berg , på juleballet ? Du drakk deg minneslaust full og gjekk tilsengs med Gunnar Berg . "

" Om eg drakk meg full , er vel du den siste til å laste meg for det . " Hild styrte seg ikkje lenger no . " Ditt fyllesvin ! Ditt elendige krek av ein mann ! " Ho slengde innhaldet av ein halvfull kaffikopp i andletet på faren . Han bles som ein vill okse og var over henne før ho fekk kome seg unna , tumla henne over ende på golvet og fika henne opp ; ho skreik av sinne og redsle , krøkte seg i hop , heldt seg om hovudet for å verge seg .

" Skal du aldri lære ein gong , din faens jentunge ! " Han greip henne i håret og dunka hovudet hennar mot golvet , frå seg av raseri . I same stund var Kristine over han og ville dra han bort .

" Hald opp med dette Harald ! Det er nok no ! "

Han vart opptatt med å få rista henne av seg . Hild kom seg laus og kraup unna , sprang ut og opp trappa ; låste seg inne . Faren kom ikkje etter . Ho stod andelaust skjelvande og lydde , kunne høre faren og Kristine nede i spisestua ; han snakka høgt og opprørt , ‐ ho prøvde å tala han til ro . Hild fann ein koffert og tok mekanisk til å pakke sakene sine i den : underklede , strømper , sko , kjolar og skjørt . Ho tok fram den raude fløyelskjolen , som ho hadde fått rensa og stelt i stand att ; no la ho han i kofferten , ‐ tok også hatten med det fiolette sløret . Ho gret og pakka . Aldri meir ville ho leva og bu på Bjørketun , det var den einaste klare tanken ho hadde . Så gjekk ho ; faren fekk koma om han ville . Ho slengde på seg ei vårkåpe og tok vinterkåpa på armen . Ho ville til Rogne ; det måtte bli dit , anna val hadde ho ikkje .

Knut tok vel imot henne no som sist . Han såg ho var svært bleik og spurte kva det var .

" Far bad meg ryke og reise , " sa ho . " Han tar Kristine Larsen inn i huset . "

" Slo han deg att da , no som førre gongen ? " Knut stod visst på spranget bort til Bjørketun .

" Nei , " laug ho , " han ville berre ikkje ha meg der . Kan eg få vera på Rogne , inntil vidare ? "

" Om du kan ! Så lenge du ønskjer det Hild , og det veit du ! Helst heile livet til ende , " la han lågt til . Ho let som ho ikkje hørte det . Han følgde henne opp på gjesterommet med kofferten og gjekk att straks så ho kunne få vera litt åleine .

Hild slo opp glaset og fekk mot seg ei god lukt av nyutsprungen bjørk . Ute var det fint vårregn , merka ho no , ‐ på vegen hit hadde ho ikkje kjent det , men i håret og på kåpa var det eit lett fuktig skimmer som av dogg . Ho tok av kåpa og la seg så lang ho var på det kvite hekleteppet ; måtte minnast første gongen ho kom hit . Endeleg var ho heime att , tenkte ho . Inga makt i verda skulle no få henne attende til Bjørketun . Ho kom til å tenke på Lars og Ingrid som måtte bli der ; ho såg for seg andleta deira da ho gjekk , så forstøkte og ulykkelege . ‐ Men Kristine Larsen er snill , tenkte ho . Ho kjem til å stelle fint med dei .

Hild sovna der ho låg og vakna først ut på ettermiddagen . Det hadde slutta å regne , men det draup frå trea ute i hagen . Fjorden låg stavstill med den vårlege bygda i seg , og blenk av sol . Ho gjekk ut ; det var søndagsstille og fredfullt overalt . Hild tok stigen ned mot fjorden ; bekkeblom og smørblom lyste gult langs grøftekanten og seljekrattet stod med lysande gåsungar . Blenda av sola som låg og duppa i fjordens blanke flate , sette ho seg på svaberget , ‐ la seg ned og hørte den vesle låten av vatn mot berget . Fuglar sveiv høgt over henne . Så sette ho seg opp att og kasta småstein ut i det blanke vatnet ; ringbølgene spreidde seg ut og ut . Ho fekk lyst til å ta båten og ro utpå og bryte spegelbiletet av åsar , gardar og himmel med glitrande åretak . I staden dreiv ho vidare utan noko særskilt føremål , og først da sola duppa over åsane i nordvest gjekk ho heimatt til Rogne . Heimatt , tenkte ho . Det er Rogne som er heimen min .

Da ho kom inn på tunet møtte ho onkel Knut .

" Bli med her Hild , " sa han , " så skal du få sjå noko fint . " Han tok henne lett i armen og førde henne inn i stallen der den skinnande rad av velstelte hestar stod og gnurpa og åt .

" Sjå her , " sa han . I ein liten binge stod eit føll med kvit blese i panna , skjelvande nyfødd og kalvbeint . " Denne folen skal du ha , og du skal gje han namn . "

" Da vil eg at han skal heite Årvak . " Ho klappa den vesle silkeblanke folehalsen .

" Han vart fødd i natt . "

" Og så kan han alt stå på føtene ? "

" Ja slike kjem seg på føtene medan dei enno er våte av mors liv . Snart skal han ut i hamnehagan ; kanskje blir det ein stor tråvar , for han har godt å slekte på . " I denne verd av hestar trivdest onkel Knut , og han hadde fleire enn han trong til gardsdrift og tømmerdrift , både unge blanke dyr som slengde med hovuda i spilltauet og hadde sitrande uro i heile kroppen , og gamle , rolege gampar , tunge av eit langt liv i pløksleforene og i famnedjup vintersnø langt til skogs .

%Godværet heldt seg . Våronna var i full gang no . Hild hjelpte til på garden , mest i fjøset . Turid var ikkje den same lenger , ikkje glad og lettliva som før . Ho hadde fått eit barn for eit par månader sidan , men det var dødfødt . Det vart skumla om at ho sjølv hadde tatt det av dage . Hild trudde ikkje på det , for Turid børja å gråte når ho iblant kom til å snakke om barnet . Ho var på kjørkegarden òg og stelte den vesle grava , planta blomar der .

Også Hild drog på kjørkegarden ein dag , saman med tante Beate ; dei sykla som førre gongen . Det var rart å koma der no . Grava til mora låg nær familiegravstaden , men likevel litt utanfor ; ein liten jordhaug der det berre voks stritt villgras . Ikkje ei gravstøtte , ingen kross ; namnet hennar stod ingen stad , det var som om ho var stroken vekk for alltid . Ho burde ha tatt hand om det , ‐ av far sin kunne ho ingenting vente . Da tante Beate var nede i bekkedalen for å hente vatn , la Hild seg på kne ved grava og tok til å luke bort verste ugraset .

" Tilgje meg mor , " mumla ho , " om du kan høre meg . Eg var ikkje snill mot deg medan du levde , og no etterpå har eg forsømt deg . Men gløymt deg har eg ikkje . "

Ho òg gjekk no ned i bekkedalen og fann villblomar som ho tok opp med rot . Dei planta ho på grava ; seinare fekk ho koma tilbake med blomar frå hagen på Rogne .

%Da dei vel var heime på Rognetunet att og sette frå seg syklane , sa tante Beate :

" Kan du ikkje koma og sjå til mor og meg eingong , slik du ofte pla før ? "

" Gjerne , " svara Hild , " men eg tenkte at farmor ikkje ville like det . "

" Jo mor saknar besøka dine . Enda ho er ikkje så glad for alt som har hendt her i det seinare . Men eg synest du skulle koma . "

Så gjorde Hild det ein kveld ; tok mot til seg og banka på nede i kårstua .

" Kom inn , " svara det derinnanfrå .

Gamle Hilda Rogne sat i ein gyngestol i tusmørket inne i dagleg stua , ‐ hadde ikkje tent lys , ho likte å sitja slik visste Hild frå før . Den gamle vende dei halvblinde augo mot henne og spurte :

" Kven er det ? "

" Det er meg ‐ Hild . "

" Så , er det deg . Ja eg tykte eg hørte vardøgret ditt for litt sidan . Du får sjå til å sitja Hild . " Ho var svært blid .

" Beate ! " ropte ho ; men Beate heldt på med eit eller anna på kjøkkenet og hørte ikkje .

" Beate ! " ropte ho att , og det let ampert no , syntest Hild . Tante Beate kom fort og oppkava .

" Kan du ikkje høre heller no , " murra den gamle .

" Eg heldt på å vaske i skåpet . " Tante Beate tørka dei våte hendene på forkleet og helsa fint .

" Trengst det da , " mumla mora . " Eg trur du snart vaskar meg ut or huset . Men du får setja fram kaker og heimelaga vin til Hild . Eg tar eit glas eg òg . " Tonen var blidare no . " Ta med eit glas til deg sjølv Beate ! " ropte ho etter henne .

Tante Beate sette fram vin og kaker og frukt . Gamle Hilda sat liksom i stolen sin og styrde all hennar ferd ; det strålte ein styrke ut frå henne , som var både vond og god . Det var makt i henne enno , og sterk vilje til å bruke den der ho kunne koma til . Og det var stakkars snille tante Beate det gjekk ut over .

I børjinga vart det mest snakk om vær og vind , men etterkvart kunne ikkje den gamle dy seg .

" Far din har tatt denne butikkjomfrua inn i huset til seg no , hører eg , " sa ho . " Det var aldri skikk og bruk i vår slekt å leva på den måten . Men dei skal vel gifte seg da ? " Ho feste dei dimme augo på Hild .

" Det veit ikkje eg noko om . "

" Nei , nei , " sukka den gamle . " Men at far din skulle skjemme seg og oss ut slik , det hadde eg aldri trudd . Det er så ein kunne ønskje ein låg under torva . Forresten er det ikkje stort metare med han Knut . "

Tante Beate prøvde no å gå imellom , få praten inn på andre ting . Men mora braut henne bryskt av .

" Gå inn på kjøkkenet du Beate , og vask vidare i skåpa dine . " Beate gjekk , litt nølande . Det vart stille ei stund . Den gamle tok opp ein bunding som ho sat med i fanget .

" Du låg på setra ei stund i fjor sommar , du Hild . "

" Eg gjorde det ja . "

" Ja det er fint deroppe . Eg låg der sjølv eg , om somrane , frå eg var nygift og kom hit til garden . Ja du hugsar vel ikkje større av farfar din du . "

" Jo eg minnest han da , så vidt det er . "

" Du var berre ein tre-fire år da han døydde . Han var noko eldre enn meg , og vart ikkje så gamle karen heller . Hjarta slo brått klikk . Det er noko som ligg til Rogneslekta det . Ja ikkje mi slekt , " sa ho , " der blir dei utgamle , dei fleste . Det blir vel eg òg , trass i alt eg har å plagast med . Eg skal vel måtta gå og sjå på elendigheita enno i mange år . Ja sjå , det kan eg no ikkje , men hørsla er det ingenting i vegen med . " Ho sat litt med bundingen i fanget att , seig liksom inn i seg sjølv .

" Vi snakka om setra . Ja det var dagar det . Eg kan enno kjenne lukta av den , av vollslått og fjøs . Eg ser det òg , alt saman . Det er som om det var i går ; så fort har tida gått etterpå . Enda dagane blir lange for ei gammal gjerandslaus kjerring som meg . ‐ Fjellet ja , dit opp kjem eg nok aldri meir . " Det var ein slags rar lengsel mot farne tider i røysta hennar , og igjen sat ho og tagde .

" Du Hild , " sa ho så brått , " eg er glad i deg , det skal du veta , og det er derfor eg synest eg kan seia det eg seier no . Eg likar ikkje at du bur her på Rogne . "

Det vart dryppstille . Hild kjende seg ille ved .

" Eg likar det ikkje , nei . " Det var ein myndig dirr i røysta hennar . " Heimen din er på Bjørketun . "

" Der kan eg ikkje bu , " sa Hild .

" Kan du ikkje bu der , så får du finne på noko anna . Du får ta deg tenest . Enda eg hadde no ikkje trudd at sonedotter mi skulle bli tenestetaus . Likevel er det betre enn at du går her . "

" Eg er vaksen no , farmor . " Trassen mot den gamle vakna i Hild . " Eg styrer sjølv med livet mitt . "

" Ja du gjer vel det . Men vaksen er du ikkje . Det er verken du eller han Knut . Han burde no vera det , tilårskommen som han er . Det er ikkje folkeleg framferd , slik du og han Knut lever i lag , i same hus . Berre jentungen er du , og brordotter hans attpå til . De eig ikkje folkeskikk verken du eller han . "

Hild reiste seg og sette vinglaset frå seg .

" Det greier seg no , farmor . Meg kan du ikkje tyrannisere , slik du gjer det med tante Beate . "

" Hald henne utanfor , " sa den gamle skarpt . " Og stell dykk som kristne folk , både for menigmann i bygda og for Vårherre . "

" Eg kjenner ikkje større til han ‐ " børja Hild .

" Det trur eg så gjerne , " braut den gamle henne av . " Du set da visst aldri dine bein i Guds hus , det eg kan skjøna . "

" Eg kjenner han ikkje . " Hild tok sterkare i no . " Men om han er til og har skapt oss slik vi er , så dømmer vel han mildare enn både du og bygdefolket . "

" Ja du får trøste deg med det , " flirte den gamle . " Det er nok mange som har funne trøst i slike tankar . Ho gjorde kanskje det mor di òg , i si tid , men du såg kva veg det gjekk med henne . "

" Eg vil ikkje høre på at du snakkar stygt om mor . Det var sonen din som øydela henne . "

Farmora svara ikkje på det . Hild stod og ville gå , men vart ståande .

" Det blir ikkje vår sak å fordele skuld og felle dom når den dagen kjem , " mumla den gamle etter å ha tagd ei god stund . " Men før du går skal du veta det , Hild , at farmor di vil ditt beste , om du ikkje har så lett for å tru det nett no . Og eg vonar du finn vegen hit att , ‐ la det ikkje bli like lenge til neste gong . "

Hild takka for seg og gjekk . Den merkelege blanding av ekte omsorg og beisk anklage farmora hadde møtt henne med , gjorde henne både forvirra og nedstemt . Det var ikkje til å føyse bort heller . ‐ Ho har rett , fór det gjennom henne . Det er både synd og skam dette mellom meg og onkel Knut . Ho dreiv av stad ned mot fjorden , og følgde stigen utetter langs den . Det var slik unders vakker kveld ; varmt som midt på sommaren og så lyst . Hild kjende seg bortkomen og åleine i verda . Berre eit menneske stod henne nær : onkel Knut . Og han kunne ho ikkje få vera saman med utan at både Gud og menneske fordømte dei . Men ho hadde alt falle og fått dommen over seg , ‐ kvifor skulle ho så ikkje falle igjen , trasse både Gud og farmor og bygdesnakket ?

Midt i slike opprørske tankar vart ho vár onkel Knut ; han var ute og dreiv i den fine maikvelden han òg , kom mot henne på stigen . Dei stansa , stod litt og berre såg på kvarandre . Hild kjende det brått slik at den mørke mannen der frami vegen kunne ho ikkje koma utanom , ‐ ville det ikkje heller . Og så gjekk ho mot han med langsame rørsler og bøygd hovud . Ho gav seg til han der på ei lita grasslette mellom bjørkene , slik ho aldri hadde gjeve seg til han før . I famntaket hans vart ho eitt med alt ikring seg , med jord og ville vekster , gjennomtrengd av deira lukt og sødme . Han trekte seg ikkje frå henne da dei begge fekk ekstasen løyst ut i same stund . Etterpå låg dei stille og såg på kvarandre i maikveldens skume lys , ‐ kjærteikna kvarandre med lette kyss over lepper , kinn og augo . Dei halvt sovna , men vakna att da ein liten nattevind tok til å røre ved fjordflata . Hild fraus og Knut sveipte jakka si om okslene hennar . Så gjekk dei , tett saman med armane kring einannan heim til Rogne , over tunet og inn .

%Ein dag i kveldinga kom Ingrid bort , og dei to søstrene fekk seg ein god prat oppe på gjesterommet . Ingrid kunne fortelja at Kristine , som no budde på Bjørketun , hadde slutta i butikken . Hild spurte korleis ho og Lars hadde det og ho svara jo takk , ikkje verst . Kristine var snill , og faren heldt seg heime om kveldane , ‐ ikkje drakk han større heller ; var blid og vennleg mot dei . For det meste da .

" Men eg flytter heimanfrå no , " sa ho brått . " Eg har fått meg tenest som innejente på Skinnarland . Skal børja der om fjorten dagar . "

" Lars da , kva med han ? " spurte Hild .

" Han greier seg vel , " mumla søstera . " Og eg blir ikkje gåande heime for hans skuld . ‐ Eg trur far og Kristine skal gifte seg , " sa ho brått . Ho vart raud og såg ned .

" Ja er ikkje det like bra ? "

" Men da blir jo mor heilt borte da , " sa den andre lågt , ho var blank i augo . " Og du blir verande her på Rogne ? "

" Det blir vel til det , førebels . "

" Eg syns det er rart eg Hild , at du vil gå slik . Folk snakkar om det overalt . "

" Dei får snakke da , " svara Hild heller skarpt .

Da dei litt etter tok avskil var det likevel som gode venner , og for dei begge kjendest det slik at no skildest vegane deira i livet . Dei gret litt og omfamna kvarandre , og så gjekk Ingrid .

Hild tok etterkvart til å kjenne seg uvel , ‐ vart kvalm iblant , og da det vara ved , sykla ho til dokteren ein dag . Der fekk ho veta at ho skulle ha barn . Det svimla for henne da den vomdigre , tungtpustande dokteren sat framfor henne og fortalte det .

" Ja du veit vel kven som er faren ? " sa han .

" Det veit eg , " mumla ho så lågt at det mest ikkje var til å høre .

" Det er ikkje mi sak , " heldt dokteren fram , " men eg synest likevel de skulle sjå til å gifte dykk . Du får det ikkje lett her i bygda om de ikkje gjer det . "

Hild gjekk som i ei ørske da ho kom heimatt til Rogne . Aldri hadde ho tenkt seg at det kunne skje noko slikt . Ho hadde kome til å lite fullt og heilt på han , at han ville passe på . Og da ho møtte onkel Knut ute i tunet , såg ho på han så han måtte stusse .

" Er det noko i vegen med deg , Hild ? " spurte han .

" Det er det , " svara ho kort og mutt , ‐ gjekk rett frå han og opp på gjesterommet , la seg flatt ut på senga . ‐ Kva no , tenkte ho , og kjende det som om livet hennar stansa opp framfor eit bråstup . Ho kunne ikkje lenger fritt velja sine vegar . Anten måtte ho bli gåande med ein lausunge , til skam for kvar og ein ; fleire jenter i bygda hadde fått den vanskjebnen . Eller ho måtte gifte seg og gå på Rogne til sine dagars ende ; for alltid binde seg til onkel Knut , ung som ho var .

Medan ho låg slik i mørke funderingar kom han inn og sette seg på sengekanten .

" Er du sjuk , Hild ? " spurte han .

" Eg er ikkje sjuk . "

" Men noko er det da . "

" Eg skal ha barn , " sa ho og vende seg bort .

" Skal du ‐ ? " Han reiste seg .

" Ja , og det er di skuld . Du ville det du ! "

" Eg er ikkje lei meg for det , " sa han lågt . " Eg ville tvert imot ha vore svært glad om du òg hadde vore det . Men det er du ikkje , ser eg . "

" Korleis skulle eg kunna vera glad ! Eg er berre atten år , ‐ eg er for ung til å få barn . Men du tenkte vel ‐ ! " Ho heldt inne , låg og tagde .

" Tenkte kva ? "

" At det var einaste måten å binde meg på . Men eg kan reise herifrå likevel eg ! Eg må vel kunne ta hand om ein lausunge eg òg , som så mange andre . "

Knut stod og såg på henne litt ; så gjekk han bort til glaset . Det hadde regna før om dagen , berre ei lita fukting øvst i det tørre jordlaget ; og no lysna det i vest att og kom ein glim av sol over skoddeflaka som dreiv langsetter den gråskavlete , lysspettete fjorden . Knut stod og stod ; uendeleg lenge syntes Hild . Til slutt kom han og sette seg på sengekanten att og rørte lett ved kinnet hennar med handbaken .

" Hild , " sa han og røysta hans var varm og sorgfull . " Er du da så reint ulykkeleg , du kjære Hild . "

Ho svara ikkje på annan måte enn med å setja seg opp og slå armane kring halsen hans . Ho tok til å gråte ; han klemde henne inntil seg og ho gret og gret mot halsgropa hans .

" Er du ikkje bitte lite grann glad likevel , du òg ? "

Ho nikka , så vidt det var .

" Da kan du kanskje svara meg på det eg har spurt deg om , meir enn ein gong . Vil du gifte deg med meg , Hild ? "

Ho nikka att , mot oksla hans .

" Er det sant ? " Han heldt henne ut frå seg så ho måtte sjå på han . " Vil du det verkeleg ? "

" Ja , " sa ho . " Eg vil det . " Og brått kjendest det for henne som om det ho no gjorde , var rett . Ho hadde vilja dette lenge , men likevel stritta imot . Ho smilte til han gjennom tårene og la atter armane mjukt kring halsen hans .

%Ein dag noko seinare fekk dei uventa besøk . Harald Rogne steig inn i tunet ; ikkje slik han pla koma til dagleg , i otta , som arbeidskar , men søndagskledd og fram mot kveldinga . Han hadde skofta arbeidet ei vekes tid . Hild stod i kjøkkenglaset og såg han koma , svær og før ; han gjekk med stokk no . Bikkjene fór i været og gøydde , enda så godt dei kjende han . Han stansa uviss . Hild , som helst ville ha stukke seg unna for å sleppe å møte han , gjekk ut og snakka til bikkjene .

" Er det deg far , " sa ho . " Du får sjå å koma inn . "

" Eg skulle ha snakka med'n Knut . Han er vel heime ? "

Jauda , han var det . Faren kom inn i storstua og sette seg tungt i ein av stolane , tok av hatten og tørka seg med eit lommetørkle .

" Det er varmt , " sa han . " Men no får vi visst regn . Og det kan trengst . "

Hild fekk tak i Knut , som nett kom køyrande inn på tunet med såmaskinen .

" Far er her , " sa ho . " Han sit i stua , ville snakke med deg . "

" Seier du det ? " Knut ropte på Gustav og bad han spenne frå og ta hand om hesten . Så gjekk han inn saman med Hild . Broren stod ved glaset no og såg ut , dampa på ein svær sigar .

" Er det deg Harald . Du får sjå å sitja . "

" Takk . " Han sette seg att .

" Eg vonar du ikkje har noko imot at eg røyker ? "

" Nei slett ikkje . "

Harald fiska ein stor sigar til opp or brystlomma .

" Eg fekk desse av Gustav O. Larsen . Vil du ha ? "

" Nei takk du , ikkje no . "

Så vart dei sitjande , nokså brydde begge to . Hild kokte kaffi og kom med kaker . Ho såg på far sin , måtte hugse på førre gongen han sat der ; søndagskledd da òg , men liten og overkøyrd . No sat han riktig baus , ‐ bratt og stiv , hadde vondt i ryggen , sa han , og det glimta til i augo hans . Derfor gjekk han med stokk . Men det var no det at no kom han for å seia opp jobben sin på Rogne .

" Åh ? " Knut og Hild skifte blikk som snarast . " Treng du ikkje den lønna da ? "

" Eg gjer ikkje det nei , " svara han nokså bryskt . " Eg har fått meg anna arbeid . Betre betalt og ikkje så tungt . Skal børja hos Gustav O. Larsen , i butikken hans . "

" Så du skal bli diskenspringar no du Harald . "

Harald vart blodraud .

" Kall det kva du vil . Det er i alle fall betre enn å gå her som jordtræl hos deg . Eg blir ein slags bestyrar , slik i det daglege . "

" Vi får vone det går bra både med deg og med butikken , " sa Knut tørt . Harald sat no med svulmande raude blodårer i tinningen , ‐ sveittedråpar perla i panna så han tørka seg att . Han prusta og saug på sigaren ; røykskyene dreiv ikring han .

" Og så er det ein ting til . Kristine og eg gifter oss neste torsdag . Ho vil ha bryllaupslag , " flirte han . " Ja heilt enkelt , berre dei nærmaste av slekt og venner . Kunne de to koma ? "

Knut såg på Hild .

" Vi skal tenke på det . "

" Ja gjer som de vil ; det er ikkje livet om å gjera . Men Kristine ville nok gjerne at de kom . "

" Vi skal tenke på det og gje svar alt i dag , " sa Knut , litt kort . Og så gjekk Harald ; hadde eit ærend nede i kårstua òg .

" Kva seier du Hild , vi går vel ikkje i det bryllaupet ? Du får avgjera det du . "

" Eg synest vi skal gå , " svara ho . " Eg må i alle fall vera med . "

" Ja da går vi begge . Eg sender Stina bort for å seia ja takk med ein gong . "

" Du når han att enno . "

" Nei , eg spring ikkje etter han . "

%Det vart bryllaup på Bjørketun og det vara til langt på natt . Gamle Hilda og Beate var òg der , men dei drog heim tidleg , like etter kaffien . Den gamle kjende seg uvel , sa ho , der ho stod med stokken sin og var stedig , alt Kristine bad henne om å bli litt til . Knut køyrde dei to heim , og det var med stor ulyst han drog attende til bryllaupslaget , der det no hadde kome brennevin på borda , i rikelege mengder . Den nye stasjonsmeisteren , Gullik Lande , sat og la høgrøysta ut om bolsjevismen som ville legge heile Europa og resten av verda under seg .

" Verdsrevolusjon ! " ropte han . " Det er det dei vil . " Arbeidere i alle land , foren eder ! " Men no har dei råka på sin overmann . Adolf Hitler ! " ropte han . " Adolf Hitler , han blir vår berging , sann mine ord ! "

Enkelte protesterte , andre slutta seg til .

" Sjå på Spania ! " ropte Gullik Lande over dei alle . " Kva er det som skjer der ? Der forsvarar Hitler og Mussolini kristendom og lov og rett mot proletariatets diktatur . "

Andre meinte det heller var general Franco som ville innføre diktatur og velte den spanske republikken .

" Gje faen i Spania ! " ropte ein . " Det er så langt borte . Skål ! "

Det vart no snakk om dei dårlege tidene og tømmerprisane ; dei gjekk berre ned og ned . Knut blanda seg ikkje vidare bort i det , sat fåmælt og litt for seg sjølv .

" Du seier ingen ting du Knut ! " Harald vende seg tergande og flirande mot han . " De har vel nok av alt på Rogne , både mat og peeng . Du fekk nok garden og skogen altfor billeg . Men det er no eingong slik det , odelsguten får alt , ‐ til resten av søskenflokken blir det berre småslantar . Nei men skal du alt gå ? " sa han da Knut reiste seg . " Ta det ikkje slik , det var ikkje så vondt meint . "

" Vi har ein hard arbeidsdag i morgon , skal sette potetar . " Knut såg seg ikring etter Hild .

" Ho er på kjøkkenet og hjelper til med nattmaten , " fortalte Kristine .

" Ja han må vel ha kona si med , " mumla Harald , han sat og delte ut kort . Det vart latter ikring han , men Knut let seg ikkje merke med det og gjekk inn på kjøkkenet , følgd av Kristine .

" Eg dreg heim eg no Hild , " sa han . " Blir du med ? "

Hild stod raud og oppkava over suppegryta .

" Nei , " svara ho , litt skarpt . " Eg kan ikkje gå frå nattmaten . "

" Nei , nei , du får gjera som du sjølv vil . "

" Ja det skulle berre mangle òg . "

" Berre gå du Hild , om du ønskjer det , " kom det frå Kristine , " dette kan eg ta hand om . "

" Nei eg blir . " Hild vende seg mot suppegryta att . Det heitna til i Knut òg no , men han sa ingenting , berre drog på okslene og gjekk etter å ha sagt farvel til Kristine . ‐ Ho er trassig og lunefull , tenkte han . Ho skal ikkje bli så lett å leva i hop med .

%Fjorten dagar seinare var det bryllaup att , denne gongen på Rogne . Da Hild stod kvitkledd framfor spegelen i gjesterommet , smal og høg , medan tante Beate høgtideleg festa på henne bruresløret , såg ho at ho var svært bleik .

" Du er ei vakker brur du Hild , " sa tante Beate og kikka på henne i spegelen ; det lyste varme og godhug ut or dei små , gråbrune augo . " Denne skal du ha , " sa ho og festa ei gammal fin sølje på brystet hennar . " Den har eg fått av mor ; og ho fekk sølja av si mor att . "

Ho var på gråten tanta no , såg Hild , og det var visst ikkje langt unna med henne sjølv heller , blank som ho var i augo . Ho granska seg frå sida og strauk det kvite , fine silkestoffet over magen og ut mot hoftene da Beate vende seg bort ein augneblink og sysla med noko anna . Ingen kunne sjå at ho bar på eit liv inni seg , enno . Gudskjelov .

Det var ei rar og uverkeleg stund for henne da faren førte henne opp midtgangen i kjørka og gav henne over til onkel Knut ; høgtidskledd , med vasskjemma hår , tok han mot henne og leide henne framfor altaren . Hild svara eit lågt ja da presten spurte om ho ville ha Knut Rogne som hos henne stod og vera han tru til døden skilde dei åt .

På vegen utatt , nedover kjørkegolvet mellom benkeradene , heldt ho seg godt fast i armen hans . Alle andleta i kjørkestolane , mest menn til venstre og kvinner til høgre kom mot henne , kvite og stirande , medan Mendelsohns bryllaupsmarsj tona frå orglet over dei .

Ute på trappa tok junivinden tak i bruresløret , ‐ bjørkene stod brusande fulle av grønt lauv og silte solflekkar og skuggar ned over plen og grusgang og graver . Ein stad ute til høgre låg mors grav , tenkte Hild , ‐ framleis utan kross eller stein . Den grå oktoberdagen da dei bar Eldrids kiste frå gravkapellet og stod rundt grava i den kalde blåsten , kom brått nær . Ho måtte tenke på ei salmestrofe : " Sorgen og gleden de vandrer tilhobe . "

" Er du ikkje glad Hild ? " spurte onkel Knut lågt . " Eg syns du går og græt . "

" Eg er glad , " svara ho . Og ho var det . Mest glad , enda mange slags tankar fór gjennom hovudet hennar . Ho sa farvel til ein del av livet sitt no ; også til drømmar om ting som hadde ligge forjettande løynde i ei ukjend framtids blåne . No hadde ho vald sin veg , klokt eller uklokt , det fekk tida vise , men ho måtte gå den .

Og da Hild på heimturen såg flagget smelle og falde seg ut i vinden over husa på Rogne , kjende ho seg brått inderleg glad . Ho såg frå sida bort på Knut ved rattet ; ung og livfull verka han , syntest ho , ‐ profilen hans lyste mot sommarlandskapet som fór framom . Ho la hovudet lett mot oksla hans og han smaug ein arm om livet hennar .

" Køyr ikkje i grøfta no . "

" Så lenge du sit ved sida av meg Hild , køyrer eg ikkje i grøfta . "

Dei svinga inn alléen mot Rogne . No skulle denne garden bli heimen hennar for alltid .

Februarsnøen lava ned og sveipte allverda i kvitt . Fort og tett , i svære filler , fall han på skrå frå ein usynleg skyhimmel ovanfor snø-yret : ‐ han syntest vera utømmeleg . Etter vegane gjekk ein døyvd dur av lastebil med snøplog att og fram heile dagen , men brøytekantar og veg snødde og fauk att etter han .

Hild stod ved kjøkkenglaset på Rogne og såg ut i snøyret til ho vart reint svimren ; skimta berre såvidt dei andre husa som låg rundt tunet , der Gustav no herja med hest og snøplog for å halde vegane til fjøs og stall og stabbur oppe , og også vegen ut gjennom bjørkealléen . Det grå snølyset utanfrå fekk Hilds andlet til å verke enda bleikare enn det var . Tungføtt og svær rørte ho seg rundt i det digre , halvskume kjøkkenet . Ho verka i smalryggen og under fotsålane av å bera den store magen med seg overalt , som ein framand del av henne sjølv . Ho sette seg med møye , og når ho skulle oppatt , var det eit ork det òg . Kor lettvinn og fort hadde ho ikkje vore i alle rørsler før dette inni henne hadde tatt til å vekse og deformere henne slik . Ho kom seg nedpå ein stol , og tok opp handarbeidet : ei lita barnelue ho heldt på å strikke , men vart fort utolmodig og måtte opp å gå att .

Da tok det brått tak over veikryggen , ‐ ei smerterid som ikkje var den vanlege , dumpe verken , men ein kniv tvert igjennom henne . Ho sette i eit lite forundra rop , og tenkte : No kjem det ! Jordmora må hit ! Men korleis skulle dei kunne få tak i henne i slikt vær ?

Knut hadde nok hørt ropet , der han sat med rekneskapen inne på kontoret , for han kom i døra . Ei ny og hardare eling av smerte fór gjennom Hild , så ho skreik litt att , tok seg til ryggen og sette seg ende ned , stiv og rak . Knut stod først som nåmen .

" Er det ‐ ? Kjem det no ? " Han greip henne i armen , ville føre henne opp trappa og i seng , men ho gjorde seg bryskt fri .

" Nei ! " sa ho . " Stina hjelper meg . Få tak i jordmora du . "

Reint skjelven på handa treiv han pelsfrakken ute i gangen , og skinnlua ; sette på dør . Snødrevet piska bitande beint frå nord , hadde føyka saman ei drive framfor dørene til vognskjulet der bilen stod . Gustav heldt på med snøplogen borte i alléen , ‐ var på veg hitover , hørtest det ut til . Men Knut hadde ikkje tid til å vente ; han slo dørene opp , fekk så vidt starta den iskalde bilen og let han gå på tomgang ; eksosen gøysa gråkvit ut i snøværet og la seg som ei låg sky bortetter tunet . Han sette gearet i revers og rusa bakover så snøføyka stod , ‐ meinte han skulle greie å koma seg ut dit det var oppbrøytt veg . Men bilen køyrde seg fast i djupsnøen .

" Faen i helvete ! " ropte Knut , ‐ prøvde å ruse att og fram , men hjula berre grov seg ned ; snøen pakka seg tett opp under bilen . Til slutt stod hjula og spann på blanke holka . Sveitt og varm tørna han ut og ropte til Gustav som kom køyrande mot han ut or snøtjukka :

" Eg treng hesten din , Gustav ! Straks ! Spenn han for spiss-sleden . " Sjølv drog han spiss-sleden ut frå vognskjulet . Saman fekk dei spend snøplogen frå og Fritjov for sleden .

" Eg må ha tak i jordmora og det på flygande flekken . Ho Hild er blitt klein ! " Knut greip taumane og slengde seg i sleden , ‐ fór av stad ut i det blåsande snøkavet .

%Hild låg og venta , på jordmora og på ridene ; dei auka i styrke no og kom tettare , ‐ reiv og sleit i henne så ho stemde nakken mot hovudputa og prøvde å døyve skrika . Stina stod over henne , heldt henne i handa , småsnakka til henne og sa :

" Berre ta det roleg no , Hild , ‐ det går fint , ser du ‐ . " Sjølv var nok Stina uroleg ; ho gjorde seg ærend bort til glaset både titt og ofte og kikka ut .

" Kjem dei ikkje ‐ ! " sa Hild og virra med hovudet i puta , låg og pusta ut etter ei rid og førebudde seg på den neste , som ho visste ville bli verre . Da den kom let ho att augo og greip tak i handa til Stina . Ho låg med kvite , halvopne lepper og måtte la skriket få bryte seg fram , enda ho ikkje ville , hørte ikkje at det gjekk i gangdøra nede , der jordmora Helga Rønning , ei myndig kvinne i femtiåra , steig inn saman med Knut og børsta snøen av seg .

" Her er det nok på høg tid , " sa ho , slengde av seg kåpa og halvt sprang opp trappa med den vesle kofferten . Knut vart ståande att , nokså bortkomen . Han gjekk inn i stua og sette seg med ei avis , men bokstavane berre flimra for augo hans . Han sat vend mot det som skjedde deroppe , og da Hild tok til å skrike att , villare og sterkare no , reiste han seg og børja å drive rastlaust ikring , frå rom til rom , utan å tenne lamper . På eit tidspunkt kom Stina ned , bleik og oppskaka , med helsing frå jordmora . Han måtte vera førebudd på at det kanskje vart nødvendig å hente dokteren . Hjarta sokk i han :

" Står det slik til ! Går det ikkje bra ? "

" Jau eg trur da det , " mumla Stina og såg bort . " Men det er nok eit stort barn , ‐ det er langt over tida visst . Og Hild er litt trong , seier Helga . " Stina gjekk opp att for å hjelpe til . Knut drog ut på tunet der Gustav var i sving med snøplogen . Det hadde elles letna no .

" Du får sørgje for at ein hest står ferdigsala og forspend spiss-sleden , " sa Knut . " Eg må kanskje av stad etter dokter òg . " Dermed dreiv han inn att . Han var no så uroleg at han ikkje orka å sitja still eit sekund . Da det fór i han at Hild kanhende ikkje kom til å overleva denne kvelden og natta , vart han både varm og kald . Om det gjekk slik , ville skulda vera hans . Han hadde med vetande og vilje ført henne opp i den situasjonen ho var i . Ho hadde stolt på han , fullt og heilt , men han ønskte at ho skulle bli med barn . Og det var før dei kunne kalle seg mann og kone .

Det kom no nokre skrik ovanfrå i ein heilt annan toneart , ‐ eit slags dyreskrik ; Knut måtte brått tenke på sauen i myra . Han tok trappa i eit sprang og ropte i døra inn til dei to kvinnene som heldt på med Hild :

" Skal eg hente dokteren no ! "

" Nei ! " ropte Helga tilbake , hadde ikkje tid til å sjå på han . " Kom deg ut att du ! " Ho var travel og myndig . Knut fekk ein skimt av Hild : ho låg heilt kvit i andletet og skreik ende ut , ‐ jordmora var blodete på hendene og drog i eitkvart .

Da Knut fortumla kom seg ned i gangen att , vart det brått stilt deroppe . Han seig ned på ein benk . Hørte barneskrik , men det trengde liksom ikkje inn til han . Stina stod oppe i trappa og ropte :

" Det er over ! Det har gått bra . Du har fått ein stor son ! " Han reiste seg .

" Lever Hild ‐ ? "

" Visst lever ho , mann ! " lo Stina .

" Ho lever , " sa han , nesten forundra , strauk seg over panna .

" Ja , det hører du vel . Men gå inn i stua og set deg , du . Så får du nok koma opp om litt . "

%Det fekk han òg . Hild lå bleik i senga , smilte trøtt men glad til han . Helga Rønning løfta ein naken , stygg og skrukket skrikarunge mot han .

" Her har du son din , " sa ho og dytta storskrikaren opp i hendene på han . " Er det ikkje ein velvaksen og fin kar ? "

‐ Ikkje særleg velvaksen , tenkte Knut og visste ikkje riktig korleis han skulle halde det vesle vesenet . ‐ Ikkje særleg fin heller nei , tenkte han vidare . Langt derifrå .

" Er han ikkje fin ? " tok jordmora oppatt , og Hild såg på han med eit spørjande , stolt smil så han ikkje kunne svara noko anna enn :

" Jovisst ! Og slik røyst det er i krabaten . "

" Han protesterer mot å koma til verda , kan du skjøna ; hadde det mørkt og trygt og godt der han låg før , veit du . Men så er han vel svolten òg , som rimeleg kan vera , etter ein slik stri tørn første dagen han lever . " Helga tok ungen og la han ned til Hild . Han famla i blinde med munnen og bittesmå fingrar over Hilds store , mjølkesprengde bryst , der fine , blå blodårer syntest i det kvite . Hild hjelpte han til å få tak i den mørkebrune brystvorta .

" No får du suge da , " sa ho . Men han syntest ikkje å forstå det . Ho pressa ut litt mjølk mellom to fingrar så han fekk det på leppene . Han låg og smatta og smakte på det , litt undrande , ‐ skjøna nok stadig ikkje kva han skulle gjera med det han fekk putta inn i munnen , om att og om att .

" Har du ikkje næringsvet du din stakkar . Ja har du det ikkje no , får du det vel ikkje sidan heller , " sukka Hild , litt oppgjeven . " Ta til deg no , så eg ikkje blir heilt sprengd . " Men nei , han skulle ingenting ha . Ikkje på den måten . Enda så svolten han måtte vera : han skreik til han vart mørkeraud i det vesle rynkete , samanklemde fjeset under dunet svart fødselshår .

" Du får bie litt ; han kjem nok , " meinte jordmora .

%Men han gjorde ikkje det , verken den natta eller dagane og nettene deretter . Hild vart tung om hjarta når ho låg , eller sat , med den vesle krypen ved brystet . At han ikkje hadde vet og vilje til å ta for seg av den overflod som fylte henne så det vart våte flekkar på kjole og bluseliv både titt og ofte ! Ho måtte til å presse ut mjølka sjølv og få ho over i tåteflaska . Det gjekk betre slik . Men for Hild var det eit stort vonbrot . Ho hadde eit sug i heile seg etter at han skulle ligge å surkle og smatte , slik ho hadde sett Lars gjera da han var liten , og andre spebarn . Ho kjende det nesten som om han vraka henne , støytte henne bort ; enda han nok likte å vera nær henne og få dei kjælande hendene hennar over heile seg .

Hild såg ofte granskande på guten , om han skulle vera annleis enn andre småbarn . Djupt inni henne sat ein vag angst for det . Ho såg at han ikkje kunne feste blikket og sjå på henne ; men det var da visst vanleg med slike små . Når ho kilte han kunne han iblant smile til henne . Han låg og fekta med armane i barnevogna , og laga underlege lyder så det rann slev og spytt nedetter hake , kinn og hals . ‐ Ikkje noko underleg i det , tenkte Hild , men ho vakta på han heile tida .

%Guten vart døypt og fekk namnet Torgeir . Suge ville eller kunne han stadig ikkje , og Hild gjekk etterkvart tom for mjølk til han . Det var som om kjelder inni henne tørka ut fordi ho ikkje fekk barnemunnen til å suge . Ho måtte no gje han vanleg mjølk og han tok like gjerne den . Det gjorde henne tung til sinns . Kanskje kunne det like godt ha vore ein annan til å stelle han òg .

Knut tok seg forresten av den vesle , meir enn ho hadde trudd på førehand ; gjekk med han i armane att og fram på golvet og byssa han i søvn når han vakna om natta og børja å skrike . Hild var oftast så søvnør at ho berre sansa det slik halv-veges . ‐ Også tante Beate ville gjerne ta hand om vesle Torgeir ; ho reint blømde opp ved det og augo fekk glans . Og Hild var glad for hjelp på denne måten , så ho slapp å vera bunden sjølv støtt .

%Ingrid hadde reist bort frå bygda , til ein liten stasjonsby lenger austpå , ‐ arbeidde i ein frisørsalong ; det var folk Aslaug Skinnarland kjende . Ho skreiv til Hild iblant , hesblesande , korte brev , men fulle av liv og gøy . Hild forstod at ho hadde det bra , slik ho gjerne ville ha det . Ho skreiv om gutar og festing mest . ‐ Kom og besøk meg , bad ho ein gong ; ho skreiv for å gratulere Torgeir med eittårsdagen , sende til og med ei lita gave . Det rørte Hild at søstera hadde festa seg ved datoen , og ho skreiv eit langt brev tilbake , mest om Torgeir som var søt ; her kan du sjølv sjå , skreiv ho , for ho la ved eit fotografi . Vi har hard vinter og det er svært kaldt . Elles har eg ikkje større å fortelja om , for det hender ingenting her . Takk for invitasjonen . Eg ville gjerne besøke deg . Om eg berre kom frå .

%Så var det ein dag straks før påske . Hild stod og strauk barnevask på kjøkkenet da Knut kom inn . Han tok eit lite plagg og stakk nasen i det .

" Det luktar godt og reint , " sa han .

" Det er reint , " mumla Hild . " Når berre ikkje du skitnar det til att . "

Han la plagget frå seg med ei brå rørsle .

" Eg meiner du som går ikring derute og steller med så mangt . Både i stallen og på garden elles . "

" Det er i tilfelle rein skit , " svara han kort . " Eg trur ikkje Torgeir har vondt av det . Ikkje det minste heller , " la han til i stigande harme .

" Nei , nei , " sa ho blidt over det fresande strykejernet . " Men du veit når eg har hatt strevet med å vaske det og stryke det , vil eg helst at det skal vera skikkeleg reint òg . " Knut sette seg ved kjøkkenbordet , strauk seg trøtt over andletet . Hild kikka litt bortpå han . Han såg sliten ut . Ikkje særleg glad heller . Ikkje slik han hadde vore den første tida etter bryllaupet . Han sat litt og fingra med pipa , karva i tobakk :

" Du Hild ; eg har tenkt på det du , om du kunne ha lyst til at vi tok ein tur på fjellet i påskeveka , ein to tre dagars tid ? "

" Men Torgeir da ? " Hild kjende ein vag uvilje i seg mot å ligge på setra saman med han .

" Beate tar gjerne hand om Torgeir . Og det veit du godt . Men eg skjønar at du helst ikkje vil . "

Hild mumla :

" Det kunne vel vera fint det . "

" Ja eg tenkte det kunne vera sunt for deg å koma dit opp ei tid . "

" Eg er da ikkje sjuk . "

" Ikkje nett det heller . Men eg synest du går her nokså bleik og tunn . " Han sat litt og streka med ei fyrstikk på bordplata og sa svært lågt , utan å sjå på henne :

" Det er kanskje alt blitt slik , Hild , at du ikkje lenger trivst med livet her på Rogne ? "

Ho såg på han , tok eit nytt plagg og strauk vidare .

" Eg har da alltid likt meg på Rogne . Eg trudde du visste det . "

" Så er det vel selskapet mitt da , som du ikkje trivst med . " Han smilte , ‐ det skulle vera ein slags spøk . Men ho kjende spørsmålet dirre under : om ho var glad i han . Alltid låg det spørsmålet der , i all hans måte å vera på mot henne . Det plaga henne .

" Men om du ikkje vil til fjells , " sa han og reiste seg , " så får vi finne på noko anna . Kan du ikkje besøke Ingrid ? " Hild hadde synt han brevet frå søstera .

" Gjerne det , når du på død og liv vil ha meg bort frå garden . "

" Du veit godt at det er ikkje det ! " Han tok i no , opprørt . " Eg ville helst ha deg her alltid . Men ikkje når eg skal sjå deg tynest bort av vantrivsel . "

Hild sette frå seg strykejernet , gjekk bort til han og la hendene på okslene hans :

" Tilgje meg Knut , at eg er som eg er , eg vil ikkje vera slik , forstår du , så slem og urimeleg . Men eg er sliten , ‐ det er berre det . Eg vantrivst slett ikkje . " Han tok hovudet hennar mellom hendene sine og såg henne beint i augo .

" Kan eg lite på det da Hild ? " sa han lågt .

" Visst kan du det ! Slikt skal du ikkje spørja om ! " Ho gjorde seg opprørt fri ; så lo ho , la armane kring halsen hans , kysste han lett på kinnet og såg ertande på han .

" Onkel Knut , " sa ho lett og ville likesom jaga misstemninga bort . " Du er vel ein raring du . Om eg ikkje går rundt og klemmer på deg heile dagen , trur du straks at eg vantrivst . Eg har anna å gjera òg , forstår du . "

Han smilte , litt trist :

" Eg trudde vi var samde om det , at du ikkje skulle kalle meg onkel Knut meir . "

" Ein gong iblant må eg da få lov . Når eg så gjerne vil . Det er vanskeleg å seia berre Knut . Knut . Tørt og kort synest eg det er . Mens derimot onkel Knut ‐ . " Ho ruska han uvørrent i håret . " Du er da onkelen min , vi kjem ikkje bort frå det . "

Nei , det kom dei nok aldri bort frå . Men medan ho tok det lettvint , plaga det han . Han var og kom til å forbli den gamle onkelen hennar , om dei aldri så mykje var mann og kone . Onkel Knut . Det understreka til overmål både skilnaden i alder og det at dei var nærskylde . Han hadde kjent det slik frå første stund ho kom til Rogne som ung jente at det var noko bortimot eit brotsverk dette : å bli så glad i henne at han måtte få henne , koste kva det koste ville . Han tenkte iblant : prisen kan bli høg . Og han var snautt ferdig med å betale den , enda det hadde kosta han ein god del av ære og omdømme i bygda , av husfred i hans eiga nære slekt , og av sjelefred . Likevel er det prisen verd , tenkte han , om ho berre kunne vera like glad i han som han i henne . Det hadde vore slik første halvåret etter bryllaupet at han trudde ho var det .

" Slik stas , " murra mor hans eingong han var innom henne i kårstua . " Ein skulle ikkje tru det var andre til i heile verda . Men ta det med tol , gut . Livet er langt det . Året òg . "

Og da Hild for alvor tok til å merke barnet inni seg , drog ho seg meir bort frå han . Han kom til å kjenne det slik at ho gjekk ikring med ein stum uvilje mot han . Det var som om den voks ettersom barnet voks inni henne . Brått og utan skjellig grunn kunne eit sinne flare opp i henne , mot han , for dei minste ting . Alltid hadde han hørt at kvinner iblant var lunefulle under svangerskapet og han tok det roleg , å sjå til . Men det sat ei gnagande uro i han . Berre barnet kjem til verda blir det annleis , tenkte han . ‐ Han var likevel ikkje heilt trygg på det , inst inne . Og med god grunn , hadde det synt seg .

Det vart slik at ho ville bli med han til fjells i påska . Beate tok hand om Torgeir ; skulle ha han nede i kårstua for første gong . Og så fór dei ein morgon , ‐ gjekk på ski der dei før hadde ride . Det var både langt og tungt ; dei klatra i liene på hard , isete snø . Knut gjekk føre , ‐ Hild streva etter på attglatte ski .

" Er du trøtt , Hild ? "

Han hadde stansa , stod og venta på henne .

" Det er tungt ! "

Hild hang forpusta over stavane .

" Vi får ta det litt med ro da . Det var her vi rasta da vi reid til fjells første gongen . Kan du hugse det ? "

Så det var her . Dei stod på ei lita slette , kvitgnistrande i sola , med blålege skuggar av trea . Det var kaldt , så anden rauk kvit ikring dei ; men det kom og gjekk likevel nesten vårlege susingar i liene , og skogen stod fri for snø , ‐ med frostrim , både barskogen og dei nakne lauvtrea som løfta greineverket lysande mot himmelen og sola . Eit slags kniplingsglitter , tenkte Hild . Ho hørte ein ørliten klukk av bekk , bortgøymd og attfrosen i alt det kvite .

%Dei gjekk att ; ski skrasla og let , og no tok fjellet til å løfte seg opp over barskogen , skinnande kvitt ; det anda mot dei , kaldt og reint .

Hild var dødtrøtt da dei til slutt nådde fram til setergrenda , ‐ tørst òg , så ho tok av den grovkorna snøen og putta i munnen .

" Ikkje gjer det , " sa Knut . " Det kan vera mark i snøen . "

‐ Eg er ingen barnsunge , tenkte Hild , irritert . Knut var i full gang med å spa seg veg inn på trammen og fram til døra ; heile det vesle selet låg nedtyngd og halvt bortgøymd i fokksnø . Så da dei kom inn , var det halvmørkt , også etter at dei hadde fått drege gardinene frå ; utanfor glaset mot vest boga det seg opp ein snøskavle som var gjennomlyst av sol . Iskaldt var det i selet , med rim på dei sotete tømmerveggane , ‐ kaldare enn ute , syntest Hild ; ho tok til å fryse no i dei sveitteklamme kleda . Men snart dura det i omnen og det spraka eit veldig bål på peisen . Den hadde Knut fått mura opp sist haust , slik at selet vart ei slags hytte . Hild kraup kulsande inn mot elden , ‐ vart gloheit framme og iskald bak ; sat og såg fortapt inn i det knitrande bålet som med fyk av gnistar dura opp mot pipa og lukta godt av brent kvae . Ho var så trøtt at ho dubba av gong på gong , medan Knut var nede ved bekken og fekk hogge hol i isen . Han kom att med sinkbøtta skvalpande full av vatn og isklumpar .

" Det var langt ned denne gongen , " sa han . Ho ville til å røre på seg og laga i stand mat , men han bad henne sitja .

" Du er heilt ferdig . Kvil deg . "

Gjennom halvsøvn kjende ho etterkvart lukt av sydande kjøttkake .

" Kom og set deg . Det er mat , " sa Knut og tok henne om okslene . Støl og stiv reiste ho seg og tok plass ved bordet , og han sette seg beint imot . Slik hadde dei sitte før , tenkte Hild og kom i hug den sitrande spenning dei sat i da . Ho kjende ikkje den no . Det var ikkje lenger ulovleg å sitja her med onkel Knut . Ho såg på han og tenkte : han er mannen min til døden skil oss åt ; det hadde ho lova framfor Guds altar . Andletet hans var grimet og verbarka , grovt , slik det ofte blir på den som baskar ute i all slags vær . Han var blitt gråare i håret òg .

" Kva tenker du på , Hild ? "

" Ingenting særskilt . "

Og så vart det stilt att . Gjennom glaset i sør såg Hild ut på vollen ; han låg kvit med eit glitter av snøkrystallar over seg . Fjøset og utløa svartna så vidt fram under dei driver av fokksnø vinterstormane hadde pakka dei ned i . Aldri meir kan det da bli sommarsliv heroppe , tenkte ho .

%Utpå ettermiddagen tok dei ein tur innover fjellet . Sola heldt på å gå ned og skuggane tøygde seg blåleglange frå det som fanst av kraggskog , einslege krongletre , innepakka i snø og is på nordsida , men med baret snøfritt og grønt mot sør . Det skrasla i ski og knirka i stavtak der dei gleid fram gjennom driver av fokksnø og over isete skaresvullar . Da dei suste nedover att , gjekk det i rykk og napp . Hild brasa overende i fokksnøen , ‐ kom seg opp og stod litt og pusta ut . Fjellheimen ikring henne var så vakker og urørt at ho reint måtte fryse ; ‐ ho såg ut i uendelege blåner av fjell og åsar og bygdelag med fjordar og vatn : alt flaut saman i ein raudfiolett dis av svinnande dag . Bak henne løfta høgfjellet seg blåkvitt og strengt mot ein lysande blågrønn avdagshimmel .

" Kjem du , Hild ! " ropte Knut langt nede . Og ho sette utfor . Det var på veg til å bli ein slags blå skumring ; ho streva slik med å sjå i den susande farten at tårene rann . Mjo i legger og lår svinga ho inn på setervollen der Knut alt hadde tatt skia av . Ho gjekk overende i ei fonn og vart liggande .

" Slo du deg ? " ropte han og var straks hos henne . " Kom no , " sa han og drog henne opp . Ho berre lo og tumla overende påny , ‐ drog han nesten med , avmektig lattermild .

" No får du greie deg sjølv . Tulljente ! " Han gjekk inn . Hild låg litt på ryggen og smålo , slo med staven i snøen og såg opp i himmelen . Ei og anna stjerne tok til å blinke der . No kjende ho røyk med kvaelukt slå ned frå pipa , ‐ den kom over henne som eit teikn på kor vel han ville henne . Han var full av omsorg for henne i all si ferd , og ho vart visst berre slem av det .

%Etter kveldsmaten sat dei lenge framfor peisbålet og såg inn i flammene , med sterk gløsing i andleta , kvar i sine tankar . Hild sat og tenkte på Torgeir , ‐ det var første gongen ho var borte frå han . På ein måte kjendes det godt å sleppe matstell og bleier og nattevåk , men ho sakna han òg , ‐ såg han for seg der han låg og fekta med armar og bein og laga taletrengde prustelåtar når ho stelte han .

" Han søv vel , Torgeir no , " kom det frå Knut . Ho kvapp til , hadde ei kjensle av at han las tankane hennar .

" Hm-m ‐ , " mumla ho . " Eg syns han er så sein , " sa ho om litt . " Han kan da ikkje feste blikket skikkeleg eingong . Er ikkje det litt rart ? " Knut såg bort på henne .

" Ikkje det minste rart . Ungar er da så ulike slik . "

" Ja du veit det vel du som har hatt småungar før . Eg veit ingen ting eg , og så går eg og uroar meg for det minste . " Han såg kor inderleg glad og letta ho vart . Sjølv hadde han iblant undra seg over Torgeir og vore uroleg , både for dette med blikket og for somt anna . Han burde vel snart børja å gå no , ‐ og snakke litt òg . Men dei er ulike . Olav var bortimot halvtanna år før han sleppte seg og gjekk over golvet , tenkte han , og så sa han det òg .

" Nei eg har slett ikkje venta at han skulle børja å gå enno , " svara Hild . Det var brått eit heilt anna humør i henne . Ho la handa si bort på hans :

" Er det ikkje rart å vera her igjen du ‐ . "

Ho la hovudet bakover mot ryggen på gyngestolen ho sat i .

" Eg er så glad . "

Han såg det rann tårer nedover kinnet .

" Så glad at du sit og græt ? "

" Det hender da det òg . " Hild lo og tørka tårene ; reiste seg brått , gjekk opp bak han og la hendene på okslene hans ; bøygde seg over han så han fekk den gode jentepusten i andletet og kyss i kyss over panne , kinn og munn .

" Kom , " sa ho , " så går vi ut og ser på stjernene . "

Det var eit stjernemylder over fjellheimen . Ho la hovudet bakover mot oksla hans , med armane hans ikring seg . Dei vart ståande og fryse for å sjå fullmånen stige og svive heilt fri frå den mørke åsranda i aust ; rund og svær la han eit lys over fjell og vidder , kraggskog , myrlende og setergrender : han løfta det alt blått sølvskimrande fram or mørket som no kraup inn i trolske skuggar .

" Vakkert , " sa Hild og skalv , drog armane hans tettare ikring seg .

%Neste morgon drog dei på lang dagstur innover vidda . Det var som å gå på verdsens tak med vidt utsyn i alle leider til bygder og fjernare fjell , og det var lett å puste . Vidda låg framfor dei , gnistrande i sol så alle fjellryggar skein bortetter og kasta blålege skuggar . Over det heile dreiv andre skuggar i stor fart : lette godværskyer løyste seg ut or blådisen langt i vest og vart blåsne fram på himmelkvelven . Hild syntest ho vart blåsen av stad sjølv òg , med Knut i lett og smidig driv framfor seg .

%Morgonen etter gjekk ho bak han att , no i tungt snøvær ; vind og snø piska beint imot . Ho skimta han berre så vidt , men kjende seg inderleg trygg likevel , ‐ han passa vel på å ha henne nær . Da dei snudde , hadde sporet fyke att så dei snautt kunne skjelne det framfor seg . Men Knut var lommekjent i terrenget og aldri i tvil om leida der han i roleg sig fann vegen tilbake ; dei gjekk med vær og vind i ryggen og vart liksom borne fram over flyer og myrdrag . Så dukka setra opp or snødrevet og dei stumla inn i det halvmørke selet . Knut var straks i gang med å nøre i omnen , men sleppte både vedskier og never da ho kom inntil han , våt i håret og kald på lepper og kinn .

Dagen etter skein sola og fjellheimen tindra slik at synet vart blenda . Dei tok det med ro og sat på benken ved tømmerveggen , som lukta godt av gammal , inntørka tjære . Ho tukka seg inn i armkroken hans , kunne ikkje koma nær nok . Det draup frå taket , og ein mild vind gusta om hjørnet .

‐ Våren , tenkte Hild .

%Det vart slik at Hild etter påske drog av stad for å besøke Ingrid . Ho klemte og kysste Torgeir til farvel med eit lite stikk av dårleg samvet . Knut køyrde henne på stasjonen .

" Ta vel vare på deg sjølv , " sa han da ho stod i kupéglaset etter å ha funne seg plass .

" Eg er da ikkje noko barn heller . Og eg har reist med tog før . "

Fløyta let og damplokomotivet tok til å arbeide seg i gang med aukande stempelslag ; ho stod og hadde håret i blåsten og vinka bakover til Knut på den vesle stasjonen . Snart var han borte . ‐ Tenk om eg aldri får sjå han att , fór det gjennom henne . Kolrøyken frå lokomotivet slo ned og inn , så ho stengde glaset , sette seg , såg ut på landskapet som kom farande mot henne , mest skog med opne kvite glenner iblant , ‐ innimellom hus og gardar og så ny skog ; furustammer og kvite bjørkeleggar flerra forbi . Ho kjende klapringa av toghjula mot svillene gjennom heile seg , let att augo og gav seg over i reiseeventyret . Det var eit overmot i toget der det rasa fram med sin rytmiske song . Ho kunne fornemme landskapet dei fór i gjennom dei ustanselege skiftingar i denne songen : Ei stund var han trong og klemt , ‐ så vart han vid open med gjenlyd frå fjernare åsar . ‐ Vi fer langs vatn , tenkte ho , og da ho opna augo glitra det i ei breid elv . Med glidande vatn strøymde ho fritt ; masser av snø og oppskruva is låg slengde til begge sidene , som hadde elva fridd seg frå eit åk . Hild syntest elva og toget brusa omkapp fram gjennom den blanke dagen . Skogen trengde elva saman til rykande fossefall , og togrytmen fekk annan , inneklemd klang ; han skilde lag med elva , gjekk i skjeringar og kurver , nedover kunne ho merke , så fort at alt laust klirra og let i kupéen , ‐ til togrytmen igjen vida seg triumferande ut og følgde ein fjord som bukta seg mellom grender og skogar og åsryggar . Fjordflata var kvit , men med råker og blått overvatn der himmellyset spegla seg , og der det iblant kom brå blenkar av sol så Hild måtte late att augo .

Det var togbytte to gonger . Hild stod klar ved utgangen med alt sitt lenge før lokomotivet sette bremsane på og gleid dryppande og fresande inn ved perrongen . Lynsnart var Hild ute , nervøs og oppkava blant alt det andre ferdafolket som kom og gjekk og sat , fulle av rastlaus venting og reiseuro . Det nye toget brusa inn , ‐ ho fann seg plass og ferda kunne halde fram .

%Ingrid budde på hybel i eit pensjonat , arbeidde i ein frisørsalong , og var sjølv så fiks og velstelt på håret , og i kleda , at Hild snautt kjende henne att der ho stod under ei hengelampe på stasjonen og venta henne . Det var blitt sein kveld , men dei to søstrene sat i timar og snakka saman , Ingrid rivande fort og ivrig , ‐ heime på hybelen hennar . Ingrid var full av humør og liv og lo for den minste ting ; det var som det skulle vera kvikksølv i heile jenta . Ho måtte få veta om alt heimanfrå , om faren og Lars og Kristine , og dei på Rogne . Ho gav seg ikkje tid til å vente skikkeleg på svar før nye spørsmål kom . Så lo ho og ruska Hild i håret , tok ein kam og prøvde å greie det ut , samanfloka som det var av vinden i kupéglaset .

" Du kan ikkje gå slik , som eit bustetroll . Ikkje her . Du har da eit vakkert hår , du òg . Så det skal vi nok få orden på . Men i morgon tidleg tar du eit karbad med heile deg . Vi har bad her ser du , " sa ho stolt .

%Hild var der i fleire dagar . Når Ingrid var på jobben , gjekk ho og dreiv rundt i stasjonsbyen . Han var grå og trist syntest ho , ‐ alltid sveipt i ein eim av sur kolrøyk . Langs hovudgata låg moderne murbygg og gamle trehus kasta hulter til bulter , og gjennom den gjekk biltrafikken slik at det alltid lukta eksos . Hild fekk sjå seg sjølv i spegelglasruter og tenkte : Kva gjer du her , du som har mann og barn på ein annan stad ? Ho lengta brått heim til Rogne .

Eit par kveldar gjekk dei på kino ; ‐ ein gong fekk Ingrid henne med på dansefest .

" Du treng å få lufte deg , " sa ho .

Nokså nølande let Hild framande gutar engasjere seg til dans . Ingrid var i vinden , såg ho ; ny kjole hadde ho fått seg , ‐ heile jenta glitra kokett , snart mot ein og snart ein annan , ofte over oksla på den ho dansa med . Ho var sugen på livet , og det stod eit vær av ungdom og vitalitet omkring henne . Hild kjende seg reint blass og bleik ved sida av Ingrid , enda så fjellbrun ho var , og gyllent silkeblank i håret etter badet . Det var ei verd ho ikkje kjende seg heime i , og ein kveld dei hadde vore på kino og sett " Laila " , og vandra heimover til Ingrids hybel i den vårlege aprilkvelden , med lyset frå avdagshimlen spegla i vasspyttane og den breide elva som strøymde forbi med stilt skvalande vatn , sa Hild :

" Eg må nok reise heim snart . "

" Hastar det slik da , " svara søstera .

" Ja , eg har vore borte lenge nok . "

Om natta låg Hild og fekk ikkje sova . Ho låg og tenkte på Torgeir og Knut , ‐ vart varm inni seg ved tanken på dei begge , ‐ syntest ho hadde svike dei ved å fara av stad slik , utan annan grunn enn at ho ville bort .

Ho stod opp og sette glaset på gløtt ; himmelen var merkeleg lysande og det var slik rar sus i lufta , frå skogen eller frå elva , eller frå dei begge . Ho kjende seg sår til sinns og sjuk av heimlengt .

Hild vakna ved at søstera stod over henne og rista henne i okslene . Det var høglys dag , og roping og opphissa snakk utanfor .

" Hild ! " ropte Ingrid . " Du må vakne ! Det er krig ! "

Hild sette seg søvnør opp i senga , skjøna ikkje kva søstera meinte .

" Krig ? "

" Ja ! Tyskarane er på veg mot landet vårt , sigler med krigsskip inn Oslofjorden , og mot andre byar ! "

Hild var lysvaken no , sprang ut av senga .

" Korleis veit du det ? "

" Dei melde det i radioen . Det blir visst mobilisering her i landet . "

" Er det krig ? Her ? "

" Ja ! " svara Ingrid .

Hild kledde seg fort og tok til å pakke kofferten .

" Eg må heim " sa ho . " Med ein gong . "

" Du kan ikkje reise heim no . Det går sikkert ingen tog . Kanskje kjem du rett ut i krigen . Du er tryggare her . Kongen har rømt , " sa Ingrid i same andedraget . " Kongen og regjeringa og stortinget . " Hild pakka vidare .

" Eg heim , om eg så skal gå på mine bein . " Det hadde vore krig ute i Europa lenge alt ; ho hugsa godt den dagen i fjor haust da tyske arméar marsjerte inn i Polen , og seinare russiske frå den andre kanten . ‐ Stakkars Polen , hadde ho tenkt . Men Polen var langt borte . Ho kom i hug brokker av ting ho hadde hørt om tysk malmtransport i norske farvatn . Og like før ho drog ville brått onkel Knut at ho skulle bli heime likevel . " Det er utrygge tider , " sa han . Ho berre bles av det , da , og sa at Ingrid venta henne . Så måtte han la henne reise .

Hild fekk seg litt mat og gjekk på stasjonen . Da ho skulle kjøpe billett var det ingen i luka . Ho spurte ein stasjonsmann om det var togavgang klokka 12.35 , slik det stod i tabellen . Han rista på hovudet .

" Ingen tog er i rute i dag . Dei som går i det heile da . "

" Kvar kan eg kjøpe billett ? "

" Du får berre gå på toget , om det kjem . Eg trur elles ikkje det er så klokt å reise i dag . "

" Eg må , " sa ho . " Eg må heim . "

%Ingrid hadde vore innom frisørsalongen og fått fri til å følgje søstera på stasjonen . No sat dei saman på ein benk og småfraus . Eitpar fly kom inn over stasjonsbyen , nokså lågt .

" Dei må vera tyske ! " kviskra Ingrid og greip Hild i handa . " Å Gud ! Berre dei ikkje skal bombe her ! "

Dei såg skuggane av flya gli over granskogen på andre sida elva .

" Eg synest du skulle bli med meg heim , " sa Hild da flyduren vart meir borte nordover i den vårlege , klare lufta .

" Eg er ikkje tryggare der enn her , " svara Ingrid . " Eg vil ikkje dit . Eg har ingen heim , eg , slik som du . "

" Du kan få bu hos oss på Rogne . "

" Nei ! Det vil eg minst av alt . "

Det vart stille mellom dei ei god stund . Hild sat og tenkte på at det kunne bli lenge før ho såg Ingrid att no . Kanskje skulle dei aldri møtast meir .

" Ingrid . " Ho la armen om okslene til søster si , tok henne inntil seg . " Det er så fælt å måtte reise frå deg . " Ingrid snudde andletet mot henne og prøvde å smile , men ho bivra om munnen ; den livatte jenta såg med ein gong ut som eit fortapt barn , augo stod brått fulle av tårer , og ho kasta seg hovudstups gråtande ned i fanget på Hild . Ho bøygde seg mot henne og strauk og strauk henne over håret . Medan dei sat slik kom det eit tog nordanfrå og Hild fekk det travelt . Dei reiste seg begge og tørka tårene og lo litt , ‐ omfamna kvarandre og gret att . Toget gleid inn på stasjonen ; Hild reiv seg laus , greip kofferten og kom seg inn i toget , der det var få reisande .

Så stod ho ved kupéglaset . Ingrid hadde kome bort og stod rett utanfor . Tårene rann på dei begge to . Hild prøvde å få opp glaset , men det sat som spikra .

" Ingrid , " sa ho . " Ta vel vare på deg sjølv . "

Men Ingrid hørte ingen ting , ‐ likevel sa ho noko , Hild såg leppene røre seg . ‐ Eg får finne eit anna glas og opne det , tenkte Hild , ‐ så ho kunne få sagt skikkeleg farvel . I same stund bles fløyta og det knaka i toget . Ho greip mot glaset og Ingrid greip att . Toget sette seg i rørsle . Ingrid sprang ved sida , storgråtande og vinkande til ho ikkje greidde å følgje lenger , men vart ståande og stire etter henne , halvt borte i kolrøyken som kvervla seg over perrongen . Hild seig ned i setet , ‐ ho berre gret og gret . ‐ Vesle Ingrid , tenkte ho , vesle søster mi , ‐ medan toget no fekk farten opp , sørover .

Men toget ville liksom ikkje den vegen i dag . Det stansa på neste stasjon og stod der ‐ lenge . Berre få kilometer bak gjekk Ingrid , kanskje på veg til frisørsalongen no , grimet nedetter kinna av augnesverte ; ‐ uendeleg langt borte var ho likevel ‐ ikkje til å nå meir .

Toget stod , og eit tog sørfrå gleid inn i spor I . Det var stappfullt i kupéane og korridorane . ‐ Flyktningetog frå hovudstaden , tenkte Hild . Ho fekk ned eit kupéglas og hørte ungeskrik frå det andre toget , ‐ elles var det merkeleg stille . Det stansa berre så vidt , og rulla så vidare , fór framom med sine endelause vognrekker i aukande fart : andlet , andlet heile vegen , barn , og kvinner og menn i alle aldrar . Snart var det berre att ein svinnande dirr i skinnegangen . Men toget hennar stod og stod ; Gud måtte veta når ho kom heim .

Eit eldre bondepar steig inn i kupéen og ordna seg stilsleg på landsens vis , med gamle slitte koffertar opp på hyllene . Hild reiste seg og hjelpte kona som streva med sin . " Takk , " sa ho og sette seg , breid og myndig , tung i pusten , sat og såg på Hild og var roleg og mild i augo . Til slutt måtte ho snakke :

" Kvar skal du ? "

Hild fortalte kva for kant av landet ho kom frå og at ho skulle heim .

" Det blir vel ei lang reise det , " meinte den andre . " Enda det er best å koma heim ‐ ein slik dag . Vi skal heim vi òg , " la ho til og kikka bort på mannen sin . Men ho hadde meir på hjarta :

" Stakkars dykk som er så unge . Eg må takke min Gud og Skapar at eg har livet mitt bak meg . Slik det ser ut i verda . " Og så sukka ho djupt . Hild kjende det slett ikkje på den måten ; ho var glad ho hadde livet framfor seg , korleis det no enn måtte bli . Ho sa det òg .

" Ja , ja , " sukka den gamle att , " det er godt de har motet om ikkje anna . "

No kom det eit nytt tog sørfrå med mange vogner stappfulle av folk ; det berre smadra rett forbi .

" Eg trur fordundre meg dei rømmer ut or byen , alle som bur i Oslo , " mumla den gamle kvinna . Mannen hennar hadde karva tobakk i pipa , fekk fyr på og gøymde seg fåmælt og fortenkt bak skyer av røyk . No bles ei fløyte og toget kom i gang att , for å stanse og stå på neste stasjon . Slik gjekk det i rykk og napp framover og det vart sein kveld .

%På ein større stasjon , eit knutepunkt , skulle Hild skifte tog . Dei gamle skulle òg av her . Ho hjelpte igjen kona med kofferten ut på perrongen , men der kom dei fort frå kvarandre . Hild kjende seg brått skuva hit og dit i eit opprørt menneskemylder . Somme gret , ‐ andre ropte og søkte kvarandre i trengselen . Sjølv hadde ho berre sin eigen koffert å halde fast på . ‐ Skal alle desse med same toget , så Gud hjelpe oss , tenkte ho . Det ordet spreidde seg at Oslo stod i brann , og at tyske hærstyrkar var på rask marsj innover landet , ‐ kunne vera her kva tid som helst . Det vart tilløp til panikk . Eit par fyllikar sette i å synge : " Ja , vi elsker dette landet " , og fleire stemte i ; til slutt var heile perrongen og eit ventande nordgåande tog med i unison song . Reint klang det ikkje , men mektig : Hild hadde aldri i sine levedagar hørt eller opplevd maken ; det var som om noko tok henne og løfta henne høgt opp , og ho song av all kraft , ‐ kjende seg brått eitt med alle desse framande ikring seg . Mange hadde tårer i augo ; andleta forandra seg og vart reint forklara , ‐ sjølv kjende ho tårene renne og ho let dei renne . Toget nordover gjekk , overfylt ; folk stod i opne kupéglas og song , vinka bakover , og dei på perrongen song og vinka att . Det var som eit gripande farvel mellom ukjende , no brått nær kvarandre i ei felles skjebnestund . I neste augneblink kom toget Hild skulle ta , sørfrå ; ho stod i gufsen frå det da det brusa inn med fresande , sputtande lokomotiv . Den henførde samkjensla i songen endra seg brått til kamp nesten på liv og død . Menn og kvinner trengde seg fram og ville med toget ; gamle folk vart skuva til side , såg Hild . Sjølv hjelpte ho igjen ei gammal kone , oksla seg veg og fekk drege henne opp på stigbrettet , og derifrå vart dei pressa vidare av andre som kjempa for å koma inn . Til slutt slo dørene i . I korridoren var det stuvande fullt , så da toget sette seg i rørsle , tumla folk om kvarandre ; Hild bende imot for å verje den gamle , som ho hadde fått ned på kofferten sin ; ho sat der rund i ryggen , trøtt og stille i kavet og maset rundt seg .

Togrytmen auka . No bar det nordover att , eller nordvestover , bort frå den brennande hovudstaden , bort frå marsjerande tyske hærkolonner . Toget brusa med alle sine døyvde lys inn i det mørke fedrelandet der det låg under aprilhimmelen , skimrande spegla i alt elvevatn som hadde fridd seg frå vinterens åk og fylte vårnatta med sitt brus . ‐ Fedrelandet , tenkte Hild og fraus inni seg ; det greip henne om hjarta , voldsomt , på ein heilt ny og uventa måte . Det var eit mørkt , gripande sug i heile henne ; her hørte ho heime , det var hennar land , ‐ ho åtte det , saman med alle dei andre på toget og alle andre rundt på andre tog , brusande gjennom natta , ‐ og alle som sat i sine hus og sine heimar , frå landsende til landsende . Ho hadde ikkje visst kva det var før no når framande soldatar var i ferd med å tråkke inn over det . Igjen kjende ho tårene renne ; dei draup ned på den gamle , ‐ som retta seg litt opp og såg på henne , vassen og dim i augo . Ho smilte , famla ned i korga si og flidde Hild ei stor brødskive med spekeskinke .

" Takk ! " sa Hild , inderleg glad og sette tennene glupsk i brødet . Den gamle seig i hop og vart rund i ryggen att , sat og gumla på ei skive ho òg .

Hild prøvde å sjå ut , ‐ ho såg skimten av skogar , bygdelag , elvar og fjordar . Her hadde ho fare andre vegen nokre få dagar før , full av forventning og utlengt . Uendeleg lenge var det sidan da . Det vart ei underleg heimferd . ‐ Konduktøren kom gjennom vognene , hjelpte folk tilrette , men billettar var det ikkje snakk om . Dette døgnet reiste folk gratis .

%Igjen steig Hild ut på ein stasjon , ein liten ein no . Ho skulle bytte tog . Det var grytidleg morgon med raudlette rifleskyer i nordaust før soloppgang . Stasjonen låg i skumt lys , øde og tom for liv etter at hurtigtoget ho kom med hadde glide ut frå perrongen , ‐ ho såg andleta der inne , trøtte av nattevåk , men på same tid yrvakne , uroleg vende mot kva framtida måtte bringe . Ho syntest ho kjende dei alle der ho stod i gufsen frå den endelause rad av vogner i aukande fart . Sur kolrøyk låg att og kvervla seg inn i dei lette streif av morgonskodd over elva . Det vart stille , men ut av stilla løyste fuglesongen seg . Lokaltoget stod på eit sidespor , så dødt og øde som hadde det aldri tenkt å gå meir .

Hild sette seg på ein grønn benk med kofferten attmed seg . Ho sat og fraus , men det vermde likevel å sjå ei strime av morgonsol over granskogen øvst i åsen bortanfor elva . Ho dubba av og vakna att , frysande , og sovna pånytt ; halvt i drøm levde ho opp att brokker frå den nattlege togreisa . Sola kom på andletet hennar over tretoppane , og gjennom søvnen hørte ho puffing og kvining i bremsar . Brått var ho yrvaken . Det sovande lokaltoget hadde friskna til og stod no framfor perrongen med dampen sydande . Ho kom seg inn og fann ein kupé : det lukta innestengd av kolrøyk og gammal tobakk . Ho opna glaset så den klare aprilmorgonen fekk strøyme inn ; på vegen fór ei kolonne grå lastebilar forbi , bak sat unge gutar i norske militæruniformer . Dei skal i krigen , tenkte Hild frysande . Ho vinka til dei og dei vinka att ; på ein av bilane sat dei og song .

Da toget endeleg rusla av stad hadde Hild ei kjensle av at det gjekk berre for å få henne heim , nesten tomt som det var . Konduktøren kom og opna kupédørene av gammal vane og melde neste stasjon og slengde dørene att : ikkje spørsmål etter billett her heller . Toget varsla med sine sirener og stansa slik det alltid hadde gjort , på småstasjonar ; det vart lasta og lossa gods , og nokre kom om bord , ‐ fløyta bles og toget var i gang att . Det kjendest uverkeleg at rett bortanfor alt dette vante og heimekjære var det krig .

%Endeleg steig Hild av på sin eigen stasjon , ‐ måtte stå litt og berre sjå på bygda , enno ikkje heilt vakna til liv . Så gjekk ho nordover vegen : han var halvt berr og opptint , med ei tunn skorpe av nattefrost som krasa under foten . Toget drog vidare og vart borte i ein svart tunnel . Hild var trøtt , men lykkeleg , og det var merkeleg lett å gå ; fuglesongen bar henne av stad , ‐ ho hadde sola vermande i ryggen og saug inn teven av møkkahaugar på jorda , syntest han var god og heimsleg ; kråker flaug kraksande over den enno kvitflekkete fjorden og ho hørte fjerne hanegal . Kanskje frå Rogne , tenkte ho , og det fór ei varm eling av glede gjennom henne . Torgeir , tenkte ho , ‐ no kjem eg . No kjem eg , Knut !

Ein bil køyrde forbi henne og stansa frami vegen , stod og venta til ho kom . Det var Torstein Skinnarland såg ho .

" Er det deg , Hild , som er ute og går så tidleg . " Den tilårskomne bonden opna bildøra bak for henne . " No skal du få skyss . "

" Takk , " sa ho og smatt inn med seg og kofferten . Han køyrde vidare .

" Har du vore ute og reist du ? Ja det var vel ingen spøk no . Men da veit du kanskje ikkje at han Knut , mannen din , reiste av stad i går kveld ? "

" Nei , " sa ho og sette seg rakt opp i setet . " Kvifor det ? "

" Han er underoffiser , veit du . Så han skulle møte på moen . Dei drog fleire i lag . Han Trygve , son min , han Gunnar Berg , han Halvor Ekre ‐ . Gud veit kva det skal vera godt for , ‐ det nyttar ikkje å slåst mot desse som har kome her no . Ikkje er dei væpna skikkeleg heller , slikt vanstell det har vore i mange år med forsvaret her i landet . "

Hild hørte ikkje meir på han , sat berre som svimeslått .

" Men måtte han det , ‐ dra i krigen meiner eg ? " Røysta var underleg tunn da ho endeleg snakka .

" Han syntest vel han måtte dra . Han er underoffiser , som sagt . Om han har aldri hatt for vane å spara seg sjølv , kva folk elles kan seia om han . "

Hild var stum no ; sat berre og svara med fråverande einstavingsord på alt Torstein spurte om . Da han sette henne av utanfor Rognealléen , sa han :

" Du må ikkje ta dette for tungt , Hild . Snart har vi dei heime att , alle . Eg er ikkje særleg glad eg heller , for å ha son min med . "

Hild gjekk innover bjørkealléen . Bikkjene møtte henne , slik dei pla , og Stina kom ut frå kjøkkenet , greip henne i hendene .

" Stakkars jente , du er stivfrosen ! Og så han Knut som måtte fara av stad slik ! Ja du veit vel ikkje det at han Knut reiste i går ? "

" Jo , " mumla Hild , og slo brått armane kring den halvgamle innejenta . Ho vart reint forfjamsa og fekk ein våt blenk i augo , ho òg .

" Kvar er Torgeir ? " spurte Hild etter å ha kome seg litt .

" Nede i kårstua . "

Hild fór dit ned , greip Torgeir som låg i den vesle senga si der , løfta han opp og klemde han inntil seg så han vart reint forskrekka og skar i å gråte . Hild klemde tante Beate med den ledige armen , og deretter gamle Hilda , ‐ dei hadde berre så vidt kome seg opp og fått kledd seg . Den gamle bondekvinna var uvan med kjærteikn av dette slaget ; raud og brydd , men òg rørt , sette ho seg i stolen sin .

" Ja han Knut måtte av stad han , og det litt brennfort . Men det har du vel hørt av Stina ? "

" Torstein Skinnarland fortalte meg det . Eg fekk skyss , ‐ han plukka meg opp på vegen . "

" Ja eine sonen hans skal òg ha fare i veg . Vi får vone dei kjem att alle , med livet og helsa . "

Tante Beate snufsa i eit lommetørkle og vende seg bort . Den gamle heldt fram :

" Du har ikkje Ingrid med deg heim da ? " Ho såg på Hild , sløra og dim i blikket .

" Nei ho ville vera der ho var . " Hild sat og klemde på Torgeir . Han pludra og smilte til henne no , ‐ kjende henne visst att . Ho dekte heile det vesle barneandletet med kyssar .

" Har han vore snill ? "

" Å ja ! " Tante Beate snudde seg raudøygd mot henne , strålte opp i ein smil . " Han har vore som ein engel ! "

" Ja dei græt kanskje om natta , englane òg , for alt det eg veit , " mumla den gamle tørt .

Hild takka fint for hjelp , reiste seg og ville gå med Torgeir .

" La han vera her litt til du , " bad tante Beate , " så du får kvilt deg skikkeleg . Du er da så trøtt at du står og svagar . "

Ho sa ja takk til det , og drog opp for å få seg mat . Stina hadde kokt kaffi og duka eit overdådig frukostbord i spisestua . Gjorde ære på henne , kjende Hild , og det vermde henne ; det var som ein slags usynleg is var broten mellom dei to .

Ei natt Hild så vidt hadde sovna , vakna ho brått ved at det gjekk i ei dør nede . Ho låg og heldt pusten og lytta . Ei stund var det heilt stille , ‐ så hørte ho varsame steg i stua . Kunne det vera Knut ? Hadde han kome att ? Tanken slo gjennom henne som ei varm bølgje , men straks etter tenkte ho at det kunne ikkje vera han ; hundane ville ha helsa han velkomen . Var det nokon der nede , måtte han ha lista seg inn i hagen på bakvegar ; glasdørene ut dit stod alltid ulåste . Hild steig opp , gløtte på døra og lydde . Det var stille no . Ho måtte ha hørt feil . Da vart stuedøra til gangen opna ‐ varsamt . Hild stod først stiv av skrekk , så slengde ho på seg ein kjole og smette føtene i eit par sko . Med hardt bankande hjarta gjekk ho ut og ropte nedover den mørke trappa :

" Er det nokon der ? "

Det svara ikkje , men ho kunne sanse med heile seg at det var einkvan der , ‐ ho syntest ho hørte det puste òg .

" Hallo , " ropte ho . " Er det nokon der ? "

" Ja , " svara ei låg framand mannsrøyst . Ho sette i eit lite skrik .

" Bitte ruhig ! Bitte schreien Sie nicht ! " kom det lågt og inntrengjande . Hild greip tak i trappegelenderet , beina vart som borte under henne . For nokre år sidan hadde ho vore med på eit privat kurs i tysk og engelsk , ‐ det kom vel med . Ho skimta mannen på veg opp den halvmørke trappa og ho ropte mot han :

" Was wollen Sie ? Gehen Sie ! Fort ! Fort ! "

" Gott sei Dank ! Sie sprechen deutsch . Bitte , bitte , schreien Sie nicht ! " Røysta hans var så inntrengjande , så full av angst og bønn at ho tagde . Han kom mot henne ; Hild stod som fjetra , ville skrike , men fekk ikkje opp mælet . Andletet hans kunne ho ikkje få tak i , men hørte på røysta at han var heilt ung .

" Ich bin Flüchtling , " sa han ; og så snakka han vidare , oppjaga , men likevel tydeleg , slik at ho skulle kunne forstå . Og ho forstod det meste : Dei ville ta livet av han om dei fann han . Han var frå Berlin , hadde hatt hyre på ein tysk båt som låg i norsk hamn da krigen kom til Noreg . Han hadde rømt , gjennom skogar og på øyde vegar og halde seg utanom tettstader og riksvegar . Tyske troppar hadde vore i hælane på han . Han ville til Sverike og derifrå vidare ut . No bad han om mat og husly fram til neste natt .

Hild fekk han ned på kjøkkenet og tende lys . Han ropte lågt :

" Bitte auslöschen ! "

Ho sløkte att , brennfort , og i halvmørket fann ho fram mat : mjølk , brød , smør og skinke . Det var klar natt ute , med lys frå ein halv måne . Den framande hadde sige ned på ein stol ved kjøkkenbordet , halvt låg framover bordplata , ‐ sov trudde Hild .

" Bitte , " sa ho . Han fór opp og såg på henne , forvilla ; hadde sove så vidt det var .

" Sie verraten mich nicht ? "

Hild rista på hovudet , ‐ skulle nok ikkje forråde han .

" Bitte , " sa ho igjen .

Den framande tok til å eta , glupsk som eit dyr , pusta tungt no , opptatt av ingen ting anna enn maten . Hild sette seg beint i mot med albogane på bordet og hendene under haka ; prøvde å få tak i andletet , men han sat slik at det vart borte i mørket ; ho kunne likevel fornemme den vibrerande uro som strålte ut frå det . Da han hadde ete sa ho :

" Kommen Sie ! " Ho ville følgje han opp på gjesterommet .

" Warten Sie , " svara han og leita seg fram inn i stua og kom så att med sakene sine : ein koffert og noko Hild trudde måtte vera ei felekasse . Dei gjekk opp trappa og inn på gjesterommet . Hild kjende det stod ein gufs ikring han av inntørka sveitte , men òg av fôr og granbar ; han hadde nok sove både under open himmel og på låvar . Dødtrøtt som han var stupte han i seng med kleda på og sov straks . Ho henta vatn i mugga , sette fram ei toalettbøtte og la i omnen . Så gjekk ho inn til seg sjølv att , låste døra og la seg .

Den uventa hendinga , og møtet med den framande mannen , ein tyskar , hadde skaka henne slik opp at ho ikkje fekk sova på lenge . Ho forstod kor farleg det var å ha han i huset . ‐ Men han dreg vidare i morgon kveld eller natt , tenkte ho . Ho hadde ikkje hatt noko val slik han kom , ‐ måtte gje han mat og seng . Ikkje hørte han med til fienden heller , ‐ tvert imot . Hild prøvde å tenke på korleis det skulle gå neste dag , ‐ tenkte gjennom alle dei små , praktiske detaljane . Ingen måtte få veta at han var i huset . Tankane gjekk til Knut ; kva ville han ha sagt om han visste dette ? Ingenting , kjende ho seg overtydd om . Han ville ha handla på same måten i hennar stad . Torgeir , som låg i seng med henne no , snudde seg i søvne og kraup tettare inntil henne . Det var slik trøst og selskap i den vesle varme kroppen . Ho tok ikring han og kysste han på kinnet , så silkemjukt søvngløsande . Torgeir strekte seg i umedvete velvære , vakna halvt og sov vidare med den gode barnepusten rett opp i andletet hennar .

%Neste morgon da Hild banka varsamt på døra til gjesterommet , kom det ikkje svar derinnanfrå . ‐ Har han drege alt , fór det gjennom henne . Ho gløtte på døra . Nei , han var der ; låg som før i djup søvn , hadde ikkje rørt seg såg det ut til . Hild drog opp rullegardina og opna glaset for å få inn frisk luft . Fuglesongen og sollyset flomma inn i rommet . Ho gjekk bort til senga og såg på den framande . Han låg med andletet halvt opp : eit vakkert andlet med fine trekk , smalt og bleikt ; håret var nesten svart , augnebryna store og mørke , ‐ men blåsvart skjeggerot , fleire dagar gammal , fekk han til å sjå ut som ein straff-fange , syntest Hild . Meir enn nitten ‐ tjue år var han knapt . Over andletet gjekk det nervøse trekningar . Han rørte på seg og heldt visst på å vakne . Hild ville liste seg stille ut , men kom borti ein stol . Med eit sprang var han oppe , lys vaken , ‐ stod der med eit vilt forvirra uttrykk av angst i andletet . Så hugsa han , kjende henne att og seig ned på senga .

" Mein Gott ! " sette han i og heldt hendene for andletet , virra med hovudet att og fram : " Mein lieber Gott ‐ . " Så tok han hendene vekk , såg på henne , reiste seg og greip spontant hendene hennar , såg på henne heile tida med augo som var store og mørke , men likevel lysande .

" Danke ! " mumla han . " Vielen , vielen Dank ‐ ! " Brått bøygde han hovudet og kysste henne på høgre handa . Fortumla ville ho dra handa til seg , men gjorde det ikkje . Da han løfta hovudet og såg på henne att , var augo nesten svarte og underleg sløra ; det gjekk igjen nervøse trekningar over det forfina andletet . ‐ Ingen straff-fange nei , tenkte ho og visste ikkje kva ho skulle gripe til . Måten hans å te seg på var så reint uvant for henne . Med sterk hjartedunk gjekk Hild på kjøkkenet og henta varmt vatn til han . Så gjekk ho att for å laga i stand litt morgonmat . Da ho skulle gå med frukostbrettet , kom Stina inn og undra seg svært .

" Eg et på soverommet i dag , " mumla Hild . " Eg har så vondt i hovudet , ‐ legg meg litt att og kviler ‐ sov dårleg i natt . "

" Skal eg koma og ta Torgeir kanskje ? "

" Nei , nei , slett ikkje ! Det greier eg godt sjølv . "

Og så gjekk ho .

%Hild banka på døra og han svara : " Herein . " Han stod ved glaset no , hadde fått barbert og stelt seg . Kleda hans fortalte lang veg at han var ein framand , og at han var på flukt . Ho fekk finne fram ei skjorte , ei bukse og ein gensar ; Knut hadde vel eit eller anna som kunne passe så nokonlunde , enda den framande var høgare og smalare .

" Bitte , " sa ho . " Kaffee und Brot . " Ho sette brettet på eit lite bord ; han smilte til henne , og tok til å eta , ståande , fort og uroleg , som på farten til å dra ; stod liksom og lytta med heile seg mot lyder i huset og utanfor .

" Ingen kjem her , " prøvde ho å forklare han . Han fall litt meir til ro , sette seg . Men da det gjekk i dører nede , fór han opp att . Hild sa han kunne vera roleg , ‐ det var berre folka på garden , fortalte ho , ‐ prøvde å forklare det med dei få tyske orda ho kom i hug , stotrande og klosset . Likevel forstod han visst og sette seg att .

På senga låg den slitte kofferten opna og pakka ut av : toalettsaker , ei skjorte , nokre bøker og litt til . Det låg òg eit par fotografi der . Hild spurte om ho kunne få sjå , og han nikka ivrig . Det eine var eit familiebilete , hans familie , skjøna Hild , for han var sjølv med der , ‐ ho kjende han straks att ; han verka enda yngre på fo toet , velkledd og smal ; det forfina andletet hadde eit alvorleg , tankefullt uttrykk . Han stod mellom to unge kvinner , vakre dei òg , og mørke som han , ‐ den eine halvt barn ; han hadde lagt armen om oksla hennar . Framfor dei tre sat ein mann og ei kvinne , han skallet , med briller , i femtiåra , ‐ ho heilt mørk i hår og augo , knapt meir enn førti ; barna likna mest på henne .

" Meine Familie , " sa han . " Und hier , " han kom bort og sette seg ved sida av henne på sengekanten , " das ist meine kleine Schwester Sarah . "

Fotoet viste i nærbilete andletet av ei heilt ung kvinne , den yngste ; det var noko underleg fordrømt og bortrykt over henne .

" Schön , " sa Hild .

" Ja , sehr , sehr hübsch . " Brått rørte han ved henne på biletet med leppene , ‐ så sat han likesom og smilte framfor seg , ‐ ein svært trist smil , syntest Hild . Ho kjende trong til å stryke han over kinnet og trøste han . Igjen vart han gripen av uro , reiste seg og dreiv att og fram på golvet . Hild tok opp felekassa som låg i senga .

" Spielen Sie ? " spurte ho .

" Ja , ja . " Han verka sterkt plaga og fråverande no , strauk seg med ei nervøs hand over andletet , var igjen borte ved glaset og kikka varsamt ut gjennom gardinet . Hild la frå seg felekassa og tenkte ho fekk gå . Da kom han att .

" Ja ich spiele , " sa han , opna kassa og tok ut fela og bogen , varleg som om han rørte ved dei skøyraste ting . Hendene hans var lange og smale , såg ho , og kvite , nesten gjennomsiktige ; det var så ein kunne sjå nervetrådane i dei .

" Spielen Sie ! " bad ho .

Han stemte strengane med hovudet bøygd lyttande ned mot dei , vár for den minste disharmoni . Så sette han fela i halsgropa og tok til å spela , lågt , med sordin . Brått var fingrane på høgre handa vibrerande , dirrande fulle av liv over strengehalsen medan den høgre førde bogen , forunderleg levande den òg . Hild sat og såg opp i andletet hans ; igjen gjekk det trekningar over det , ‐ ikkje nervøse , men henførde og ekstatiske . Han hadde late att augo og det lyste av han ; leppene var halvopne og rørte på seg , ‐ det var som om tonane han lokka fram frå det vesle instrumentet gjekk gjennom heile han og brast ut i andletet , sitra i hudporer og augnelok , vibrerte i dei fine nasebora . Han gløymde no alt for musikken . Maken til tonar hadde Hild aldri hørt , så brestande fulle av liding og lykke ut over all forstand på same tid . Ho sat som fjetra og stirde på han . Brått heldt han opp ; stod med fela i ei hand og bogen i den andre .

" Ich bin ja wahnsinnig ! " kviskra han . " Sie könten mich hören . "

" Spel meir , " bad ho .

" Nein , nein ! " Med skjelvne hender la han fele og boge ned i kassa att . Rastlaust tok han no til å pakke saman sakene sine og sa at han ikkje kunne vera der lenger . Hild meinte han burde bli til kvelden , til det vart mørkt . Ho gjekk fort ut og leita fram klede som ho kom inn til han med , bad han ta dei på så han kunne sjå norsk ut når han drog vidare . Reint overstrøymande takka han henne , rørte lett ved henne og kysste henne brått og uventa på kinnet . Hild kom seg ut , ør og fortumla , kjende kysset hans brenne på kinnet .

Torgeir var vaken no , kunne ho høre , og ho gjekk inn til han . Han låg og såg i taket og babla og prata med seg sjølv , lykkeleg , på eit språk som var berre hans , ikkje til å forstå for nokon annan . Hild løfta han opp og klemde han inntil seg . Det lukta stramt av han , så ho gjekk i gang med å skifte bleie , ho vaska og stelte han , småsnakka til han . Torgeir lo og greip etter håret og fingrane hennar , var blitt fastare i blikket , syntest ho . " Ma-ma , " sa han brått midt oppi alt bablet og det fór ei gledeeling gjennom henne .

" Kva sa du ? Mamma ? " ropte Hild .

" Mamma , " tok han oppatt , og så ein gong til ; han såg reint stolt ut og det lyste eit slags vet utor dei bleikblå augo hans . Hild løfta han i været og dansa rundt med han så han lo høgt .

" Torgeir , Torgeir ! " sa ho og kysste han , og atter sa han " mamma " , klart og tydeleg .

Hild fekk kledd han og sett han i ei leikegrind nede i daglegstua . Så vermde ho mjølk til han . Iblant stansa ho opp i arbeidet og lytta , om det skulle koma nokon lyd ovanfrå .

" Er det noko i vegen ? " spurte Stina .

" Nei , nei . Det er berre denne hovudpina som ikkje vil gje seg . " Stina kom med Globoid . Hild vart nøydd til å ta . Ho lunka på kjelen og smurte seg ei brødskive .

" Har ikkje du ete da ? " kom det frå Stina .

" Jo , men eg er svolten att , " svara Hild , kort og avvisande .

%Torgeir hadde fått seg mat , sat velnøgd og gurgla og let i leikegrinda , travelt opptatt med ei rangle . Hild gjekk ut i hagen og kikka opp mot glaset i gjesterommet , ‐ syntest ho såg ein skugge bak gardinet . Komen ut på tunet møtte ho Gustav ; han var svært alvorleg .

" Bli med her , " sa han og gjekk føre henne , over mot låvebygningen og inn i stallen . Den gode , varme stall-lufta slo mot henne . Hestane hadde fått havre og stod og gnurpa og åt med hovuda i krybbene . Berre ein rørte ikkje maten . Det var Sulumsvarten . Han hang sørgmodig med hovudet , heldt venstre frambeinet løfta .

" Sjå her , " sa Gustav , tok varsamt i hesteleggen og fekk han høgare opp . " Han er tjukk som ein stokk . Og glovarm . Kjenn . " Hild kjende på leggen ; han var ikkje lenger smekker og fin , men sterkt opphovna , ‐ ho syntest ho kunne kjenne blodpulsslaget i han . Sulumsvarten vende hovudet og såg på dei ; augo var store og tolmodig lidande .

" Det er infeksjon . Hesten har det vondt . Kva skal vi gjera ? "

" Spør du meg om det ? "

" Ja når Knut ikkje er heime , så . Etter mi meining burde vi skyte han straks . Gammal er han òg . "

" Nei ! " sette Hild i . " Ikkje det ! Ikkje Sulumsvarten . " Ho klappa han på halsen under hårmanka der han var heilt våt av sveitte . Sulumsvarten som hadde bore henne til fjells , ‐ aldri ville ho gå med på at han skulle skytast .

" Du får avgjera det , " sa Gustav mutt . " Men eg har no sagt frå . "

Hild gjekk inn og ringde til Torstein Skinnarland ; ho visste han var hestekyndig . Om han kunne koma å sjå til ein sjuk hest ? Han kom straks , undersøkte Sulumsvarten grundig , og så sa han :

" Det er berre ein ting å gjera . Infeksjonen har gått i kroppen på han . " Han vende seg til Gustav . " Du får ta han bak låven og gje han ei kule . Hesten er ferdig . "

" Skal eg gjera det Hild ? " spurte Gustav .

" Om det ikkje finnst anna råd får du vel det . " Hild var tjukk i målet og kjende at andletet bivra . Men gråte ville ho ikkje så dei såg det . Ho takka Torstein Skinnarland for hjelp og gjekk inn i spilltauet til Årvak ; han var to år no og spelande , sitrande blank i hårlaget . Ho slo armane kring halsen hans og stod der urørleg medan Gustav løyste Sulumsvarten for siste gong og drog han med seg . Hesten slengde hovudet i været og skreik av pine da han måtte setja foten nedpå , og så hinka han på tre bein , dregen ut av Gustav . Hild berre stod og stod , knuste varme tårer mot den unge hestehalsen ; Årvak mumsa vennleg borti henne med mulen , silkeglatt og mimrande . Det vara ei stund , og så small det dovt bak låven . Sulumsvarten var borte . Ho kom i hug rideturane , ‐ ho sat skrevs over den breide ryggen , kjende rørsla av det varme , dampande dyret . ‐ Gustav burde sagt frå før , tenkte ho bittert . Da kunne dei kanskje ha berga hesten . Og kva skulle Knut seia når han kom heim ?

%Hendinga med Sulumsvarten gjekk slik inn på henne at ho for ei tid reint gløymde den framande på gjesterommet . Så kom ho til å tenke på han att . Det var langt på dag , ‐ han måtte vera dugeleg svolten ! Ho fekk stelt i stand eit brett med mat , brød , smør , mjølk og skinke ; medan Stina heldt på å vaske golvet i stua , skunda ho seg opp trappa og banka på døra til gjesterommet . Det svara ikkje . Ho banka igjen og sa :

" Det er meg . Ich bin es . "

Den framande låste opp og sleppte henne inn . Ho måtte mest le da ho fekk sjå han i Knuts klede . Buksene var for korte og genseren vid .

" Komisch ? Sehe ich komisch aus ? "

" Nein , nein ! " svara ho . " Du ser så norsk ut att . "

" Was ? "

" Norwegisch . Sie sehen norwegisch aus . "

" Gut , gut ! " No lo han òg , og drog i den vide ullgenseren , såg guteaktig ut . Han sette seg til å eta straks , var skrubbsvolten , smurte smør på skinka .

" Ich glaubte Sie hatten mich ganz vergessen . "

Hild stod ved glaset og såg ut . Da vart ho vár fire fem motorsyklar som kom sørfrå , og etter dei ei lang rad grå lastebilar . Det sat uniformerte menn både på motorsyklane og på lasteplana . ‐ Norske soldatar , tenkte ho først . Men så slo det henne : det var tyskarar ! Den framande hadde hørt duren han òg , sat spend . Han kom bort til glaset , godt gøymd bak gardina . Ei lang kolonne lastebilar rulla forbi derute på bygdevegen så støvskyene stod .

" Wehrmacht ! " kviskra han hest og drog seg unna , kvit i andletet . " Sie haben mich eingeholt . " Sveittedråpane glinsa fram på den høge panna .

No vart det stopp derute , av ein eller annan grunn . Bilane stod med motorane i gang og spydde ut eksos . Hild kjende det som om hjarta slutta å slå i henne , før det igjen rasa i veg . ‐ Skal dei hit ? tenkte ho panisk . Han sansa hennar uro , og det dreiv opp hans eiga ; han greip kofferten og felekassa .

" Wo kann ich ‐ ? "

" Kommen Sie ! " sa Hild , treiv dei gamle kleda hans og gjekk føre han opp ei trong trapp til loftet og inn i det vesle loftsrommet , der det var skrå veggar og eit lite gavlvindauga ut mot vegen . Ho låste døra og gjekk bort til glaset og opna det på gløtt . Hild såg lastebilkolonna betre no . Strake , barske menn i uniformer og hjelmar og blanke støvlar under ballongbuksene køyrde langsamt på motorsyklar attende langs raden av lastebilar . Nokre av soldatane hadde hoppa av lasteplana for å strekke på seg , eit par pissa i vegkanten , andre tende ein røyk , stod og såg seg ikring , ‐ rett mot henne , syntest Hild og drog seg litt til side . Dei fleste vart sitjande på lasteplana , og ho hørte at dei song med unge , sterke røyster : " Denn wir fahren , denn wir fahren , denn wir fahren gegen Engeland ! " Ho såg fort bort på den framande ; han stod og lytta , augo var kolsvarte . Hild vende seg mot glaset att , visste vagt inni seg at om dei kom , var han ikkje tryggare her enn i gjesterommet .

Folk hadde samla seg utanfor hus og på gardstun heile grenda bortetter , såg ho ; dei stod tagalle og stirde på dette nye og uhyggelege som fylte bygdevegen frå nordanfor Rogne og langt sørover . Også ute på Rognetunet stod dei og glodde : Gustav , Stina , Turid og Elling . Håse røyster kommanderte kort og hardt på tysk ; soldatane hoppa opp på lasteplana att og kolonna sette seg langsamt i rørsle , og no song dei alle med slik kraft at Hild kjende det gå gjennom merg og bein : " Denn wir fahren ‐ . "

Da siste lastebilen var borte og støvet snautt hadde lagt seg , greip den framande sakene sine .

" Ich muss weg , " sa han . " Sofort ! "

" Nein ! " Ho stansa han . " Bitte ! Bleiben Sie ! Gefährlich . "

Han såg på henne .

" Darf ich bleiben ? " mumla han lågt . Ho nikka .

" Es ist gefährlich für Sie , " la han til , stille .

" Bleiben Sie , " tok ho oppatt . Igjen fór det trekningar over andletet hans ; ho trudde han skulle ta til å gråte . Så knelte han spontant ned framfor henne , slo armane kring henne og klemde hovudet mot magen hennar . Det bølgja vilt og rart gjennom heile henne . ‐ Ho burde gjera seg fri , tenkte ho mekanisk , men vart ståande som fastnagla , rørte lett ved håret hans . Han løfta andletet opp mot henne og det var vått av tårer .

" Sie sind eine wunderbare Frau . Wie Mutter , " la han til , svært lågt .

%Den framande vart verande der oppe på loftsrommet dag etter dag . Tyskarane fór stadig etter vegen no , ‐ på motorsyklar og lastebilar , eller marsjerte tilfots . Dei hadde oppretta ein forlegning ute ved stasjonen . Kanskje drog dei snart vidare , når fronten forflytte seg nordover . Det var spreidde kampar over heile Austlandet , fekk dei veta frå T.T. . Hild meinte at flyktningen på loftet måtte vente med å dra vidare . Så slo han seg til . Sjølv gjekk ho i aukande uro for det ho hadde vikla seg inn i . Det var farleg å ha han der , på meir enn ein måte . Men ho fekk seg ikkje til å sende han av stad heller , rett i døden .

%Ein kveld kom Stina ned frå loftet , ‐ hadde vore deroppe for å stuve bort eit eller anna . Ho var likbleik , og dei kulerunde , framståande augo ville reint springe ut av sine holer .

" Det er nokon på loftsrommet ! " ropte ho lågt . Hjarta sokk i Hild , men ho prøvde av all makt å tala roleg .

" Langtifrå , " sa ho . " Der er det da ingen . "

" Jau du ! " påstod den andre . " Eg hørte noko derinne . "

" Så er det vel Gamle-Knut som går att . "

-Det trur vi da ikkje på , verken du eller eg . Men eg hørte ein lyd . Eg tenkte det kunne vera ei rotte , eller kanskje ein katt , ‐ glaset har stått oppe der iblant har eg sett ‐ . "

" Ja , eg har vore der og lufta ut litt . "

" Eg tenkte meg det , ja . Men da eg ville inn og sjå etter , var døra låst . "

" Låst ? Å ja , det er sant ! Det er eg som har låst døra . "

" Har du ? Kvifor det ? " Stina såg rett på henne . Ein augneblink var Hild i beit for svar ; tankane stod stille . Ho vende seg mot omnen der ho heldt på å verme mjølk til Torgeir , kjende med ein finger om ho var passe varm snart , medan ho febrilsk leita etter ei rimeleg , truverdig forklaring .

" Kvifor har du låst ? " spurte Stina opp att .

" Eg har ting der , " mumla Hild , nokså svevande .

" Kva for ting ? "

" Ting eg gjerne vil ha for meg sjølv , " svara Hild kort . Den andre stod berre og såg på henne .

" Er det så rart at ein ønskjer å ha enkelte ting heilt for seg sjølv ? "

" Nei , nei , " mumla Stina , " men likevel ‐ . "

" Ja det er ingenting særskilt , " braut henne av , underleg opprørt . " Berre dagbøker og slikt . Eg har skrive dagbøker frå eg var lita , " sa ho og kjende seg forvirra fordi ho slik vikla seg inn i nye løgner . Stina sa ikkje noko til det , såg ut til å slå seg til tols med forklaringa , men gjorde det nok ikkje heilt likevel .

Den framande på loftsrommet heitte Thomas Hilpert . Han vart meir og meir uroleg ettersom tida gjekk og han sat innesperra i det vesle rommet . Han fekk mørke skuggar under augo , og kunne aldri la dei lange , nervøse fingrane vera i ro . Iblant sat han og las når ho kom inn der , eller han smått fingra med fela . Spela torde han ikkje . Også Hild vart nervøs . Det kom til små , ampre scener mellom dei for ingenting . Han var så vár for minste mislyd eller utolmod i røysta hennar ; gong på gong stod han på farten og ville gå . Da måtte ho snakke han til ro att , og døyve si eiga uro , som om han var eit barn . Det ende gjerne med at han gav henne eit eller anna spontant kjærteikn . Eingong etter ein slik scene tok han hovudet hennar mellom hendene sine og strauk henne med sitrande fingertuppar over panne , kinn , lepper og hals . Det var ingenting pågåande frekt i dette ; måtte berre bli slik , ‐ men Hild merka skremd at det i hans berøring av henne meir og meir kom ein erotisk hete som fekk henne sjølv til å bli underleg mjo og veik . Ho tenkte forundra og redd : går han vidare og rører meir ved meg , veit eg ikkje lenger kva eg kan koma til å gjera . Dump sjølvanklage kom opp i henne ; kva var ho for ei ? Det var eit slags svik mot Knut å gå her å vera så opptatt av denne framande , ha han i tankane både natt og dag . Når ho iblant vakna , fylt av ei heilt ny og ukjend lystkjensle , kunne ho vagt minnast drømmar der han hadde vore med . Galskap , tenkte ho og kasta seg ut i praktiske gjeremål . Det var mangt ho måtte ordne opp i og ta avgjerd om no når Knut var borte . Våronna var i gang , og Gustav kom til henne både med dette og hint . Ho svara som best ho kunne , eller bad han ta avgjerd . Men tankane ville tilbake til Thomas Hilpert oppe på loftsrommet . Hild skjøna det var på tide å få han ut av huset . Ho måtte be han dra vidare i morgon den dag . Det fekk gå slik eller slik med han ; ho måtte tenke på seg sjølv og sine no .

%-Det er ein på loftsrommet , " sa Stina roleg da dei møttest på kjøkkenet neste morgon , og ho såg granskande på henne .

" Åh ? " Hild skjenkte seg ein kopp kaffi .

" Ja eg var nettopp eit ærend på ytre loftet , ser du , og så gjekk eg bort til døra og lytta , for eg syntest det var nokon der inne att . Og jaggu var det så . Eg hørte pust frå ein som sov . Og utanfor på gangen stod ei toalettbøtte med noko i . Eg bar det ut og tømte det på do . "

Hild måtte stø seg som snarast til kjøkkenbordet , og sette seg beint ned . Stina såg på henne heile tida :

" Du gøymer nokon derinne , du Hild , gjer du ikkje ? "

Hild svara ikkje , sat og bles på den gloheite kaffien . Stina dreiv på :

" Eg har sett deg gå over tunet med den bøtta , meir enn ein gong , og det undra meg ikkje reint lite . "

" Stina , " sa Hild og greip handa hennar . " Det eg fortel deg no , må du ikkje fortelja til ei levande sjel . Lovar du meg det ? "

Stina nikka energisk :

" Kross på halsen . Men kva er det ? "

" Det bur ein mann deroppe . Ein tyskar . "

" Ein tyskar ! " sette Stina i . Hild reiste seg fort og hysja henne ned . Ho kikka uroleg ut gjennom glaset som stod oppe , men det var ingen på tunet . Stina såg no heilt vetskremd ut der ho sat med augo langt utor skolten og handa for munnen , stirde forferda på henne .

" Det er ingen tysk soldat , " sa Hild dirrande . " Om det er det du trur . Det er ein flyktning . " Ho fortalte no Stina det heile : korleis han kom nattestid , ‐ at ho hadde gjeve han mat og lova han husly til neste natt . Men så kom dei tyske soldatane til bygda , og ho måtte la han bli verande . Stina sat og hørte på med open munn .

" Stakkars gut , " sa ho . " Du gjorde rett , Hild . Men Gud fader i himmelen , det er farlege saker dette ! Og han Knut som ikkje er heime eingong . "

" Du lova å teia , " sa Hild .

" Eg skal teia . Må eg bli fordømd til helvets pine om det kjem eit ord utor min munn , om dette , til nokon . Men han må ut av huset , Hild ! Vi kan ikkje la han vera her . "

" Eg trur han fer til natta , " svara Hild .

%Da alle andre hadde lagt seg om kvelden , og det var blitt stille på garden , gjekk Hild og dreiv uroleg rundt i stuene utan å tende lamper . Det var først i mai no , men nokså skumt ute , med overskya vær og regn i lufta . Ho ville opp og fortelja Thomas at han måtte dra vidare i natt . Han la seg seint kvar kveld , hadde ho mer ka , og var nok ikkje i seng enno . Hild grua seg svært for dette ; men det var ingen veg utanom , særleg no , når Stina visste om det . Det ville han skjøna sjølv òg . Likevel var det meir enn hardt å skulle drive han frå garden , ut i det uvisse . Han har små sjansar til å greie seg , tenkte ho . Nokre få norske ord hadde ho lært han når dei sat saman der oppe . Han var lærenem . Men mest var det han som snakka med si låge , melodiske røyst ; han fortalte om seg sjølv : han var musikar , fiolinist ; faren lege i Berlin . Hyre hadde han tatt for å koma bort frå Tyskland . Tanken hans var å dra vidare på eit norsk skip til Amerika . Men lenge før dei ankra opp i norsk hamn hadde han forstått at noko var i gjære . Natta til niande april hadde han stått på dekket og hørt store skip ute i fjorden , på veg innover mot Oslo . I virvaret neste morgon kom han seg ut og av stad , fekk med seg det han trong mest , og fela .

No vandra han rundt der oppe i det vesle loftsrommet som eit dyr i bur . Han ville til Sverike , men dit var det langt , ‐ mange høgdedrag og mange dalar å krysse , elvar og fjordar . Ei ulendt og tung ferd vart det , for han måtte gå til fots utanom dei store vegane , utanom byar og knutepunkt der tyske forlegningar og tysk vakthald ville gjera det livsfarleg for han . Sjølv snakka han berre tysk og engelsk . Dei nordmenn han kunne slumpe til å møte , ville sjå på han med mistanke og uvilje .

Det var kvavt i stuene og Hild slo opp glasdørene mot hagen . Frisk , god natteluft strøymde inn , angande av jord og groe . Det hadde tatt til å regne , ‐ lett , fint vårregn . Gjennom det hørte ho mektig sus av vatn ; elva gjekk stri i vårflom no og fjorden hadde stige inn over utmarkene . Om dagen var tømmerfløytinga i gang med ståk og roping ; lettbeinte karar sprang på det drivande tømmeret , hogg med hakane og løyste floker . No låg dei og sov , men regnvinden bar med seg eimen av friskt tømmer .

Regnet auka umerkeleg ; Hild stod og fekk væte i hår og klede , ‐ det kjølte herleg svalande over andletet . Passeleg mørkt for ein som skulle koma seg usett bort , tenkte ho . Men det var no ille å sende han av stad i regnvær òg . Kvar skulle han ta vegen , og kvar skulle han sova neste natt ? Det tok til å regne slik at ho måtte inn ; plaga og tvilrådig sat ho og hørte regnsusen auke på .

Da sette brått hundane i å gøy ute i tunet . Først fekk Hild ein støkk i seg og sterk hjartebank , så skjøna ho at det ikkje var framande som kom , for det var vill glede i bjeffinga . ‐ Knut , tenkte ho , han er komen heim ! Ingen annan helsar dei på den måten . Ho kjende seg både uroleg og glad , men mest glad . No kunne ho høre røysta hans derute , han snakka til hundane ; dei kvinka og var frå seg av glede . Ein hest knegga på stallen og så ein til . Heile garden helsar han velkomen , tenkte Hild . Ho skunda seg ut , møtte han på trammen .

" Knut , " ropte ho med armane strekte mot han . Han tok henne inntil seg så ho vart reint borte i det sterke famntaket , ‐ ho kjende den gode , trygge lukta som var hans ; han var våt av sveitte og regn , og Hild fekk stri skjeggevekst mot andletet .

" Velkomen heim , " sa ho . " Men så kom inn da mann ! Du er klissvåt . "

I gangen slengde Knut ytterjakka frå seg og omfamna henne pånytt .

" Du er våt til skinnet , du må gå og skifte straks ; så dukar eg bordet og steller i stand eit nattmåltid . For du er vel dugeleg svolten ? "

" Det er ikkje fritt , " sa han og strekte seg . " Litt vårregn har ein ikkje vondt av . Men det er godt å vera heime og i hus . " Så gjekk han .

%Da dei litt seinare sat ved bordet og han åt , grådig og forsluken , tenkte Hild : Thomas får vera her no , i alle fall til i morgon natt . Knut fekk bestemme , både det og mangt anna . Men først måtte ho få fortalt han det .

" Og du som drog din veg før eg kom heim , " sa ho .

" Eg vart nok fint nøydd til det . Når ikkje tyskarane kunne vente med invasjonen til du hadde kome deg heim att . " Han såg bort på henne : " Du har sakna meg da ? "

" At du kan spørja om det ! Eg vart så redd og lei meg den morgonen da eg kom her og du var borte . Korleis har du hatt det ? " spurte ho og nippa smått til ein kopp kaffi for å halde han med selskap .

" Det får vi snakke om seinare , " meinte han .

" Du er vel trøtt ? "

" Ja . Eg har sykla i heile dag på ein damesykkel eg fann , og mesteparten av i går natt . Da det var ei mil igjen , punkterte eg liksågodt . Lappesaker hadde eg ikkje , og ikkje såg eg folk , så eg berre tråkka på , ville heim . Til deg og Torgeir . "

Hild reiste seg og skjenkte i kaffi til han , kysste han lett på det ruspete kinnet . Han ville kysse henne på munnen , men ho gleid unna .

" Et no , " sa ho . " Det der kan du gjera sidan . "

Knut likte det ikkje heilt kunne ho merke , men han sa ingen ting , ‐ berre åt og drakk vidare .

" Og her står alt bra til ? "

Jau takk , det gjorde da det .

" Torgeir , er han frisk ? "

" Det er han . Og du , han har tatt til å snakke ! "

" Nei ? " Knut la frå seg kniv og gaffel , lyste opp .

" Han seier mamma . "

" Ingenting meir ? "

Hild rista på hovudet .

" Ja det er no ei børjing . Han seier vel snart pappa òg da . ‐ Og våronna er i gang går eg ut frå ? "

" Ja , " svara ho . " Men det er sant , vi måtte skyte Sulumsvarten . "

" Sulumsvarten ! " Opprørt skauv han kaffikoppen frå seg . " Kvifor det ? "

" Han hadde fått infeksjon i venstre frambeinet . Eg sende bod på Torstein Skinnarland og han sa at hesten måtte skytast . "

Knut sat mørk og dyster , ‐ han hadde vore særskilt glad i Sulumsvarten .

" Det var ein liten infeksjon før eg drog . Han hadde vel tråkka på noko kvasst . Men eg trudde da aldri ‐ ! At ikkje Gustav passa på ! " Knut reiste seg med ei brå rørsle .

" Takk for mat , " sa han . " Vi får gå til ro ; eg er svært trøtt . "

" Det har hendt ein ting til medan du var borte . Noko som du kanskje synest er enda verre . "

" Åh ? " Han stansa og vende seg mot henne . Hild sat og tagde litt , visste ikkje riktig korleis ho skulle få det sagt .

" Er det ille at du kvier deg for å seia det ? "

" Eg veit ikkje kva du vil meine . Eg måtte ta ein tysk flyktning inn i huset . "

Han stod litt , ‐ sa så :

" Kva slags flyktning ? Desertør ? "

" Desertør ? "

" Ja kom han i uniform ? "

" Nei , han var i vanlege klede . "

" Han kan vera desertør likevel . "

" Nei han er sjømann , eller rettare sagt : musikar , fiolinist . "

" Når var det ? "

" Midt i april . Han kom her seint om natta , ‐ lista seg inn gjennom hagen . "

Hild fortalte no vidare kor livredd ho hadde vore , ‐ at ho så hadde gjeve han mat og husrom for natta .

" Eg kunne ikkje anna gjera , eg måtte hjelpe han . "

" Sjølvsagt måtte du det , " sa han . " Så fór han vidare neste dagen da . Eller venta han til det vart natt ? "

" Han skulle ha drege vidare neste natt . Men så kom tyskarane hit , dei kom i lange lastebilkolonner . "

" Ja , eg veit dei har ein forlegning her , " mumla Knut .

" Og da var det ikkje rådeleg å la han fara , syntest eg . Eg fekk han til å vente , enda han sjølv ville dra . "

" Du kunne vel ha rett i det , " sa han lågt , no noko meir tvekande . " Men når drog han så ? "

" Han har ikkje drege . "

" Har han ikkje ‐ ? Er han her i huset ? Har han vore her heile denne tida ? "

Hild nikka .

" Han held til oppe på loftsrommet . "

Knut sette seg , tok fram pipa , men la ho bort att .

" Er det andre på garden som veit om det ? "

" Ja , Stina . Eg prøvde å halde det løynd . Men ho oppdaga det i dag tidleg , var ein tur på ytre loftet og hørte han puste der inne . Han sov enno . Ho lova å teia , " sa ho da ho såg kor mørk og uroleg Knut vart .

" Eg lit ikkje på kvinnfolktunga . Nåja , Stina er vel ikkje blant dei verste . Men dette er for godt nytt til at ho kan halde tett med det . Berre vent skal du få sjå . "

Knut hadde reist seg og dreiv uroleg att og fram .

" Ein ting er sikkert , ‐ han må bort og det snarast råd er . "

" Ja , " sa ho og nikka , følgde han med augo heile tida .

" Eg hadde tenkt å seia til han at han fekk dra i natt . Men så vart det regnvær og så kom du ‐ . "

" Finn dei han her , og er han desertør , brenner dei garden ned over hovudet på oss . Og meg tar dei meg seg . "

" Kunne det gå så ille ? " Det var som om hjarta sokk i henne .

" Det er krig , Hild ! " sa han , dirrande . " Du veit nok ikkje enno kva det er du . "

" Men skal vi ikke hjelpe andre menneske for det ? " Røysta hennar var tunn og bresteferdig . " Ville du ha vist han ut att om du hadde vore heime ? "

" Det ville eg vel ikkje , " mumla han . " Men no må han i alle fall bort . Eg går opp og snakkar med han . "

" Nei det kan du ikkje ! Du skremmer livet av han . Og han forstår ikkje norsk . La oss vente til i morgon , " bad ho . " Så dreg han i morgon natt . ‐ Har han nokon sjanse da meiner du , om vi sender han bort ? "

Knut drog på okslene .

" Eg veit ikkje . Men eitt veit eg : blir han , er vi ferdige , eg i alle fall ! "

Hild berre stod der og hang med hovudet , hadde ingenting å svara til det . Han gjekk bort og tok henne om okslene .

" Eg skjønar da det , Hild , at du har gjort dette i beste meining . "

Ho la panna inn mot brystet hans .

" Så Hild , " sa han . " Han greier seg nok . Kor gammal er han forresten ? "

" Tjue år eller der omkring . "

" Ikkje meir . På din alder da . "

Ho kunne fornemme ein snev av anna slags uro i røysta hans no .

" Da er han ung og sprek og greier seg fint . "

Han sleppte henne ; Hild tok til å setja saman på bordet , medan han greip til pipa att , karva i tobakk , tende og dreiv inn i daglegstua . Ho følgde etter og tende eit par lamper .

" Så du har fått nytte av tysken din no da , " sa Knut lett og sette seg i ein skinnstol .

" Å eg kan no ikkje større , " mumla ho . " Men du da ‐ . " Ho tok plass i sofaen . " Korleis har du hatt det? Kom du med i krigen ? "

" Krig og krig . Det vart no eitpartre trefningar ja , oppover i Gudbrandsdalen . Men vi hadde ikkje større vi skulle ha sagt . Ikkje fekk vi vidare hjelp av desse engelskmennene som gjekk i land i Åndalsnes heller . Dei trudde visst dei skulle på laksefiske og vart hivde på sjøen att , nokså fort . Ingen i Europa kan stå seg mot den tyske krigsmaskinen , ser du . Eg trur vi skal få ha dei her både lenge og vel . Kanskje alltid , " la han til . " Det ser mørkt ut . "

" Var du saman med andre frå bygda her ? "

" Ja , Trygve Skinnarland og Halvor Ekre . Og så Gunnar Berg . "

Han såg som snarast bort på henne . " Gunnar og eg var i lag mesteparten av tida , og vi diskuterte politikk så fillene fauk . Men eg er dødtrøtt , Hild ; vi går vel og legg oss . "

" Gå føre du , " sa ho , " så set eg bort maten og sløkker . "

%Knut var i seng da ho kom opp ; låg og følgde henne med augo medan ho kledde av seg .

" Eg tenker på denne tyskaren , " sa han . " Kanskje kunne han få bu på setra vår ei tid framover . "

" Å ja ! Kunne han det ? " Hild vart så glad at han måtte sjå på henne .

" Det er ingen andre der oppe med krøttera om somrane no , veit du , og svært så fredeleg for det meste . Eg fekk følgje han i morgon natt etter at folk har lagt seg . Kan vi forresten lite på han ? Teier han med at han har vore her , og sidan fått hjelp av oss til å bu på setra vår , om dei tar han ? "

" Vi kan lite fullt og heilt på det , " sa ho med slik ettertrykk at han måtte smile som snarast .

" Du trur nok for godt om menneske du Hild . Eller kjenner du han så vel at du kan seia det for visst ? "

Hild merka ho vart raud og vende seg mot skåpet for å henge opp kjolen .

" Eg kjenner han ikkje , " mumla ho . " Men du får no eit inntrykk av folk . ‐ Du meiner han blir tatt , forstår eg ? "

" Vi kan nok ikkje sjå bort frå det ? "

Hild sløkte lyset og drog opp rullegardina , ‐ regnet plaska mot rutene . Så kraup ho til sengs ved sida av han . Han sette seg opp og bøygde seg over henne , fingra med håret hennar .

" Eg har lengta slik etter denne stunda , " mumla han .

Ho rørte lett ved andletet hans med fingertuppane . Knut bøygde seg djupare over henne , og leppene hans søkte hennar . Da ho ikkje kom han i møte , lo han litt .

" Du er visst trøtt du òg Hild . "

" Det er eg . "

Han fór over halsen og brysta hennar med leppene og fekk tak i eine brystvorta .

" No skal vi sova , " sa ho og skuva hovudet hans lempeleg bort , kysste han lett på panna og sa godnatt . Han la seg på ryggen og mumla godnatt , ‐ vart liggande og stire ut i mørket .

Etterkvart heldt det opp å regne ; Hild hørte det draup frå trea i hagen . Knut låg vaken kunne ho merke .

" Knut , " sa ho lågt og rørte lett ved han . " Er du sint på meg ? "

Han svara ikkje . Det hadde vakse opp ein usynleg mur mellom dei der dei låg , ho kunne fornemme kor djupt krenkt og såra han var . Men trøttleiken tok til slutt overhand så han sovna . Borte frå barnesenga hørte ho Torgeirs lette søvnpust . Sjølv låg ho med mange slags tankar før ho òg gleid inn i søvn .

Neste dag var det varmt og sol ; regnet om natta hadde sveipt bjørkene i eit fint , lysegrønt slør , og på himmelen sveiv lette skyer . Lufta var rein og det lukta bjørk og groe og tømmer frå elva der fløytinga gjekk for fullt att .

Hild var oppe med mat til Thomas og fortalte han at mannen hennar hadde kome heim om natta . Da skvatt han til og ville veta kva ho hadde sagt til han .

" Han veit alt , " sa ho . Igjen greip han sakene sine og ville gå . Ho bad han ta det med ro , fortalte at han hadde ingenting å frykte frå den kanten . Verre var det at ei av tenestjentene visste om det , ‐ ho hadde hørt han da ho kom på loftet dagen før .

" Gut , " sa han , " dann muss ich weg . Sofort . " Brått omfamna han henne og dekte andletet hennar med kyss , som i feber ; tok så kofferten og felekassa og ville gå . Hild greip han i armen og heldt han att , fortumla av hans brå og ville kjærteikn . Ho fortalte at dei hadde ein plan , ‐ skulle hjelpe han . Ho streva svært med å få forklart dette , stotra i veg , snakka norsk med tyske ord , men han hørte på henne , forstod visst det meste . Han kunne få bu på setra deira , sa ho . Setra ? undrast han .

" Kleines Haus im Gebirge , " prøvde ho å forklare . Han nikka og syntest å forstå , lyste opp da ho sa dei ville følgje han dit neste natt , at han skulle få med mat nok og at dei seinare skulle koma og sjå til han .

" Gut , gut ! " Men så vart han mørk og uroleg att , stod i djupe funderingar .

" Ist was ? " spurte ho .

" Nein , nein , " svara han . Likevel ‐ han kom ikkje vidare på den måten , og han ville til Sverike . Hild meinte det måtte vera betre å vente til fram på seinsommaren , når det vart mørke og varme netter og mat å finne ute på markene . Thomas nikka og såg ut til å vera samd med henne i det . Så spurte han om det var ho som skulle følgje han til fjells .

" Nein , " svara ho . " Mein Mann . "

Han mørkna att da , stod martra og plaga da ho gjekk , dytta seg med eit lommetørkle nervøst over panna der sveitteperlene glinsa .

%Først fram mot dugurdsleite steig Knut opp , raka av seg den grå , strie skjeggeveksten og tok på seg kvardagsklede . Tenarane sat og åt på kjøkkenet ; dei visste han var komen om natta og helsa fint på han , nyfikne etter å få høre korleis ferda hans hadde vore . Han fortalte eit og anna , og såg iblant bort på Hild .

Da dei andre vel var ute og dei sat att åleine , spurte han lett :

" Han framandkaren oppe på loftet , har du snakka med han i dag ? "

" Ja , " svara ho . " Og eg fortalte han at du ville følgje han på setra til natta . "

" Kva sa han til det da ? "

" Han vart glad , kan du skjøna . Vil du kanskje opp og helse på han ? "

" Eg får tidsnok sjå han . " Knut reiste seg . " Eg går ned i kårstua ein tur og snakkar litt med mor og Beate . " Og så rusla han i veg .

Hild laga i stand eit matbrett og gjekk opp på loftet . Ho banka på og sa kven ho var , slik ho pla . Med det same ho opna døra slo hans nervøse uro mot henne , intensare enn nokon gong før . Han var som ein spend nervestreng , heile mannen , dreiv rundt ikring i det vesle rommet utan å vera i ro ein augneblink ; det var som om trekningane i andletet no hadde forplanta seg til fingrane òg , ‐ dei fór opp i håret , over andletet , tok opp ting og sleppte dei att . Hild sette seg på sengekanten og prøvde å snakke han til ro , men det var som han ikkje hørte på henne . Han sa berre : " Ja , ja . Ja , ja , " og tråva rastlaust rundt .

" Bitte setzen Sie sich ! " ropte ho brått , så opprørt at han bråstansa ; han såg ut som om ho hadde fika til han i andletet .

" Bitte essen Sie , " sa ho så , mildare no .

Thomas såg på henne med dei store mørke augo , som kunne skifte slik frå å vera glitrande og strålande til å bli svarte og sløra med ein våt glans av tungsinn eller sorg . Augo , og også andletet , var levande speglar for hans lett bevegelege sinn , der kjenslekasta kom og gjekk , ikkje overflatisk , men med det djup i seg , og den intensitet ho hadde kunna fornemme i dei få tonane han spela på fiolinen første dagen . Det som jaga han no var ikkje vanleg redsle . Hild hadde det ikkje klart for seg der ho sat og såg på han , ‐ berre at det var ein pinefull angst i han som omfatta noko meir enn han sjølv og hans skjebne i den nære framtid han gjekk i møte . Hild kjende seg underleg dregen mot og fjetra av dette i han ho ikkje kunne forstå .

Thomas rørte ikkje maten , reiste seg att , gjekk bort og tok opp felekassa , opna ho , løfta fram fela og la leppene mot strengehalsen . Så gjekk han mot henne , ‐ held fele i ei hand og bogen i den andre , og augo lyste i ekstase .

" Bitte , " sa han . " Für Sie . "

" Nein , nein , " stamma ho og skauv frå seg fela han ville dytte opp i hendene på henne .

" Doch , " bad han inntrengjande . " Bitte , nehmen Sie sie . "

Hild sat ein augneblink fortumla med fela i handa , ‐ strekte ho så mot han att . Han rista energisk på hovudet , men tok likevel instrumentet , snudde og vende på det og mumla :

" Ein echter Stradivarius , vom Vater meiner Mutter geerbt . " Varsamt plaserte han fiolinen og bogen ned i den slitte , svarte kassa , som var det ei sakral handling ‐ og la deretter den i fanget hennar . Han gav henne det kjæraste han åtte i livet , og ho forstod det var ingenting anna å gjera enn å ta imot . Gripen og vilt fortumla tenkte ho : kva skal eg med eit slikt instrument som eg aldri kan bruke nokon gong . Han måtte ha gjetta tankane hennar , for han sa at ho skulle ta vare på det , gøyme det , og når krigen var slutt og han kom tilbake skulle han spela alt det han ikkje fekk spela no . Hild la felekassa frå seg og såg på han , underleg bortrykt . Så løfta ho armane langsamt mot han ; han kaste seg ned framfor henne og slo armane kring henne . Ho greip han om hovudet , vilt og ute av seg sjølv , løfta andletet hans opp mot seg og sat og såg på det , strauk over det med fingrane som ville ho prente det inn i seg for alltid . Ho sat med skilde bein , og tett inntil henne kom han seg opp på kne , med andletet nær hennar så den eine drog inn den korte , undertrykt oppjaga pusten frå den andre .

" Slepp meg , " bad ho lågt , men det var berre røysta hennar som sa det , ‐ alt i henne ville noko anna . Så fekk ho leppene hans mot sine og kom han vilt og utan atterhald i møte .

%Da Hild gjekk ned i stua , sat Knut der med ei avis . Det var varmt , og ho opna dørene til hagen . Fuglesongen slo inn , eimen av bråtebrann og ei intens lukt av blomar . Det blømde derute no , pinseliljer og tulipan . Ho gjekk ut og plukka ein stor bukett , sette han i vase og bar han inn i stua . I spegelen såg ho at ho var ulik seg sjølv , andletet bleikt og lysande . Ho retta litt på håret og vart vár at Knut sat borte i stolen sin og såg på henne , nokså mørk i andletet . Men Hild fekk det travelt med å førebu , i all løynd , ferda Thomas no skulle ut på . I ein underleg sinnstilstand vandra ho rundt og samla ihop mat : skinke frå stabburet , potetar frå kjellaren , kjøttkaker og karbonade . Ho la ned mange av dei brøda Stina hadde steikt i bakaromnen dagen før . Mjøl og sukker og salt fanst det på setra . Det vart likevel ein stor oppakning til slutt , og Knut rynka bryna da han fekk sjå alt som skulle med . ‐ Han skal ikkje svelte i hel i alle fall , tenkte han .

Svært seint , etter at garden hadde gått til ro , leidde Knut Sekunda ut på det nattstille tunet . Hundane låg og halvt sov , blunka opp som snarast og sov att . Han fekk pakka maten i kløv over hesteryggen . Hild var på loftet og henta framandkaren . Dei kom ned og ut i tunet . Den framande var svært bleik og verka skygg og rar da han helsa på Knut , såg opphengd ut i dei korte buksene og den vide genseren . Han er da berre gutungen , tenkte Knut . Ingen av dei sa noko . Da Knut vende seg bort og stelte litt med kløven , greip Hild Thomas hardt i handa , kysste han på kinnet og kviskra inn i øyra hans :

" Auf Wiedersehen . "

Han kysste henne på høgre handbaken , slik han hadde gjort første dagen , såg på henne ein augneblink og mumla :

" Auf Wiedersehen . Adieu . " Så vende han seg fort mot Knut og hesten .

" Kom , " sa Knut , og dei drog stilt av stad , ut av tunet . Knut først , tung og røsleg , med hesten etter seg , og bak den att Thomas , høg og smal og litt utrygg i gangelaget ; ‐ ein framand fugl , tenkte Hild , enda han bar ryggsekk han som Knut . Ho stod og såg etter dei ; Thomas snudde seg og vinka og så kom dei bort mellom bjørkene . Hild vart ståande der midt på tunet , ‐ skimta dei så vidt att oppe i utmarka , hørte slaget av hestesko mot stein . Blenda av tårer kunne ho ikkje sjå klart . Eg ser han aldri meir igjen , tenkte ho . Aldri . Det var ein tanke ho ikkje heilt kunne fatte .

" Ei fin vårnatt å gå i , " mumla ho fram for seg og såg ut over fjorden . Han låg stavstill med himmellyset og dei mørke dottete skyene i seg ; oddar og nes på andre sida , og åsryggar , ruga trolsk fordrømte over sine mørke spegelbilete . Også i natt var det eit brus av vårflomvatn fjern og nær ; det var som ho kunne høre fjorden stige med eit og anna skvulp mot berga . Lette streif av natteskodd ringla seg over han , og gjennom dei flaksa ein flokk ender kvekkande opp og flaug nordetter . Utover markene låg ein blåleg dis av bråtebrann med sin syrlege eim .

Frysande gjekk Hild inn att , opp på loftsrommet der det var tomt og øde . På senga låg den slitte kofferten ho hadde fått han til å la bli att . Ved sida av den låg felekassa . Ho opna kassa og tok fela ut , varleg , slik han hadde gjort det , som om det var ein heilag ting ; stod og snudde og vende på henne i nattelyset borte ved glaset . Alt etter han måtte bort , hadde Knut sagt ; måtte brennast . Hild la fela ned att , tok kassa og kofferten med seg og gøymde dei i kista ute på loftet , under takbjelkane , i spindelveven der . gjekk ho atter inn på loftsrommet , drog ned rullgardina og tende taklyset , ‐ skulle sjå om det fanst meir . Ho kikka høgt og lågt , og under senga fann ho lommeboka hans og dei to fotografia ; dei måtte ha falle ut or jakka hans og glide ned mellom senga og veggen . I lommeboka låg det nokre få tyske mark . Verst med fotografia , tenkte Hild ; dei vil han sakne . Ho tok både dei og lommeboka med ned , gøymde dei førebels mellom eit par bøker i stua . Til slutt gjekk ho og la seg .

%Det vart ei stille ferd for dei to på fjellvegen . Dei gjekk og gjekk , utan å snakke saman . Kunne ikkje det . Ville ikkje heller . Ikkje Knut i alle fall . Han merka at den framande vart trøtt , uvan som han var med å gå i slikt terreng . Knut måtte stanse og vente iblant , gav Sekunda ein sukkerbit eller to ; den mjuke hestemulen mumsa varmt ned i handloven hans . Tyskaren sette seg utmødd på ein stein , ‐ Knut tende pipa , og Sekunda , som fåfengd strekte hovudet mot han etter meir sukker , tok til takke med graset langs stigen , ein munnfull her og ein der . Den korte natta var snart forbi ; himmelen raudna over dei mørke åsrendene i nordaust , ‐ ein bleik måneskalk gjorde lite av seg på den lysande vårhimmelen .

%Vel framme ved setra opna Knut selsdøra og tok av kløven . Den framande hjelpte til så godt han kunne , sjenert og klosset . Det nytta ikkje for Knut å teia lenger no ; han snakka norsk og forklarte mange små detaljar : korleis han skulle opne spjellet og leggja i omnen , kvar han fann nøkkelen til uthuset ; han henta vatn i bekken så han kunne lære det , viste han vedskjulet med hoggestabbe , sagkrakk og reiskap . Inne i det mørke selet , der han hadde tendt ei parafinlampe , gjorde han gjesten kjend med kjøkkenstellet , synte han kvar han kunne finne servise og sukker og mjøl og salt . Den framande nikka og følgde med . Det var blitt heilt lyst og sola steig opp og skein over fjellet der snøen enno låg i nordhellingar . Minne frå påskehelga da han var her med Hild , kom over Knut . Han var klar til å dra ned att no ; han gav den framande eit handslag og sprang opp på hesteryggen .

" Adjø , " sa han og den andre svara " Adieu " ; han stod bleik og frysande på trammen .

" Ta jakka mi . Det kan bli kaldt her oppe om det er sommar . " Knut slengde til han jakka si .

" Danke , " svara tyskaren . " Auf Wiedersehen ! "

" Far vel , " ropte Knut tilbake , og så reid han . Den framande stod og såg etter han og vinka , underleg fortapt og einsam i den ødslege fjellsusen . Det var ikkje fritt for at Knut kjende litt medynk med han . Korleis denne upraktiske , utanlandske storbyguten skulle kunne ta seg fram gjennom skogar og over åsar og vassdrag , og koma seg velberga gjennom fiendeland kunne han vanskeleg forstå .

Våronna tok til for alvor no . Dagane var fulle av bråtebranndis og bjørkelukt ; linerla hoppa og fann meitemark i plogfórene som velta seg i dagen bak Gustav og plogen . Hestebeitet prumpa og let framfor han , dampande av sveitte . Óm av leikande ungar bortigjennom grenda blanda seg med hundebjeffing , banking og hamring frå eit bygg i den klare lufta , glad plystring .

Hild stod i blåsten og hengde opp nyvaska barneklede til tørk ute i tunet . Da ho var ferdig med det , grov ho opp eit par blomeplanter i hagen , pakka dei i vått avispapir og la dei i ei korg . Så sykla ho utetter bygdevegen , ‐ hadde korga på bagasjebrettet . Iblant slo det elingar mot henne med varmare luft , fulle av sommarange frå vekstene langs vegen . Ho hørte song , og brått blenkte det i hjelmar ut or skogkrullen . Ho hoppa av sykkelen og leidde han langs grøftekanten ; den marsjerande soldattroppen fylte nesten heile vegen . I sine grønne uniformer og med maskingevær over okslene marsjerte soldatane forbi henne , ‐ heldt andleta urørlege i marsjretningen , blodsprengde av song . Støvlebeina svingte langt fram , alle i ei rørsle : høgre , venstra , høgre , ‐ og venstre armen svingte med . Hild stod i gufsen frå desse framande mennene og kjende seg nesten slått ned i grøfta . Ho såg på andleta om det skulle finnast eit som kunne minne om Thomas . Men alle var annleis , ‐ uniformer og hjelmar gjorde dei merkeleg like . Ville Thomas sett slik ut om han hadde gått her , undrast ho . Ho prøvde å tenke seg det smale , bleike andletet hans over ei uniform og under ein hjelm , men fekk det ikkje til .

Da støvet la seg etter dei , sykla ho vidare , til kjørkegarden , der ho ikkje hadde vore sidan i fjor haust . Det var komen opp ein stein over mors grav , og på den glaserte plata stod inngravert : " Eldrid Rogne , fødd Skåre 12/6 1899 , død 3/10 1937 . Kvil i fred . " Hild planta blomane ho hadde med i korga , vatna og luka bort ugras . Mora var blitt fjernare no i det daglege , men her på den stille kjørkegarden , under susen av det nyutsprungne bjørkelauvet , kom ho igjen nær med heile sitt innestengde vesen og sin bundne varme . Det fekk Hild til å tenke på Bjørketun ; ho hadde ikkje vore innom der sidan ho kom heim . Men no ville ho ta ein tur dit , med det aller første .

%Ho gjekk til Bjørketun same ettermiddagen . Kristine tok vel mot henne , lyste reint opp , som i glede . Elles hadde nok dette året tatt på henne ; det lette , gode humøret var der , og latteren , ‐ men ho hadde likevel fått eit drag av bekymring over andletet , ‐ rynker om munnen og i panna var blitt djupare , og ho verka eldre .

Hild kjende nesten ikkje att Lars da han kom mot henne , så lang han brått var blitt , høgare enn henne sjølv . Han var brun og solbakt i håret , ‐ i stemmeskiftet kunne ho høre . Da ho gav han ein god klem vart han brydd og vreid på seg , raud under solfargen . ‐ Tretten år , tenkte Hild . Han er snart vaksen han òg .

" Det går ikkje så bra mellom han og far hans , " fortalte Kristine da han hadde fare ut att ; skulle kaste på stikka saman med eitpar andre .

" Korleis det ? " spurte Hild .

" Harald er for brå mot han . Ja du kjenner sinnet hans . Og no vil ikkje lenger Lars finne seg i å bli tukta slik . Han tar att med far sin , toler ingen ting meir . Eg er redd det kan ende reint gale . Her ein dagen gav Harald han ein susande øyrefik . Da vart guten heilt vill , gjekk laus på han og fekk han under seg . Ja Harald var ikkje edru , og Lars er sterk . Meg er han forresten snill mot . Vi er gode venner vi . "

Hild spurte kvar faren var .

" Ute , " sa Kristine og vart raud .

" Drikk han att ? "

" Ja . " Kristine sat og såg ned og fikla med forklesnippen . " Han var så bra lenge , men no er han verre enn nokongong . Eg veit ikkje mi arme råd , " sa ho og såg fort på Hild ; ho var på gråten . " Gustav vil ikkje ha han i butikken lenger heller . "

" Er han utan arbeid no da ? "

" Ja for det meste . Ein og annan småjobb sleng det iblant . Gudskjelov at eg står i butikken att , så har vi da eit levebrød . "

" Kvifor måtte han slutte der da ? "

" Det gjekk ikkje så bra , " mumla Kristine . " Det vart noko feil i rekneskapa ; Gustav fekk det ikkje til å stemme . "

" Tok han pengar ? " spurte Hild svært lågt .

" Ja , " kom det om litt .

" Mykje ? "

" Åja , ein god del . Men Gustav gjer ingenting med det , for mi skuld . "

Samtalen gjekk i stå no .

" Korleis stod det til med Ingrid ? " spurte Kristine til slutt .

" Jau takk , ho har det bra , slik ho gjerne vil ha det . "

Hild sat nokså fråverande , opptatt av det ho hadde fått høre om far sin . Det vart atter stille , og så sa Kristine :

" Og de som har hatt ein tysk flyktning på Rogne . "

Hild sat litt og berre stirde på henne med open munn .

" Har vi ? Kven seier det ? "

" Ja er det ikkje sant da ? Alle snakkar om det . Men det er kanskje berre prat ? "

" Det kom ein framand midt i april . Han var tysk , ja , men ikkje soldat , " sa Hild og prøvde å døyve den uro som slo opp i henne . " Eg måtte gje han mat og husly . Og så fór han vidare . "

" Ja slik er det , " sa Kristine , " ei fjør blir til fem høns . Dei seier han skal ha budd der heile tida , ja at han bur der enno . Som folk snakkar . "

Litt etter fann Hild påskot til å gå .

" Vil du ikkje ha ein dråpe kaffi ? " spurte Kristine . " Eg har da reint gløymt meg . "

" Nei takk , Torgeir skal ha stell . Eg får koma att ein annan gong . "

" Ja gjer endeleg det , " bad Kristine .

Hild hadde fått eit sjokk og blodet suste i hovudet på henne så ho ikkje kunne få tenkt klart på vegen heimatt . Ho gjekk straks inn på kontoret til Knut som sat med gardsrekneskap .

" Heile bygda veit om det no , " sa ho forpusta og slapp seg ned på ein stol .

" Kva da ? "

" At vi har hatt ein tyskar her ; dei trur han er her enno . "

Knut tok det roleg , men ho så han vart bleik under brunfargen .

" Det var vel ikkje anna å vente , " sa han . " Har du brent opp alt etter han , slik eg bad deg ? "

" Ja . " Hild våga ikkje nemne fela i kista på loftet ; ville ikkje heller .

" Ikke dette , " sa han og tok fram fotografia og lommeboka . " Eg fann det i stua i dag , skulle rydde bort nokre bøker . " Han var stadig roleg , men ho fornam ein farleg undertone i røysta hans .

" Ånei , " sa ho , " det er sant ! Det hadde eg gløymt . " Ho tørka sveitten av panna med fingertuppane . Knut sat og såg på familiefotoet , snudde det .

" Heinrich und Ruth Hilpert , " las han . " Sarah , Thomas , Esther . Berlin 1938 . ‐ Er det familien hans det ? "

" Ja , " kom det lågt frå Hild .

Knut tok roleg fyrstikkeska på bordet , rispa ei fyrstikk og sette ho borttil kanten av fotoet , over oskebekaren .

" Brenner du det ! " Hild sat forferda og stirde på han .

" Ja , " sa han hardt og dirrande . " Eg gjer det . "

Fotoet tok fyr og krølla seg langsamt saman ; ho såg andleta bli borte , først i sot ; ‐ så krølla dei seg i hop til oske . Ho sat berre og stirde , rista lett på hovudet ; det heile var uverkeleg , syntest ho . Og han brende da berre eit fotografi . Knut tok den andre på same måten .

" Vi kan vente tysk besøk når som helst . Hadde dei funne desse , kunne det ha brunne meir her enn eitpar fotografi . "

No vrengde han lommeboka ut og inn , og brende pengesetlane .

" Kom han frå eit tysk skip , sa du ? "

" Ja , han fortalte det . "

" Han kan ha vore desertør likevel . Særleg ille blir det for oss om tyskarane finn han fordi han er jøde . Eller halvt jøde . "

" Jøde ‐ ? " sa ho . " Korleis veit du det ? "

" Namna da , jente ! " sette han i . " Det er jødenamn alle saman , med unntak av faren . Ruth , Esther , Sarah , Thomas . Du veit kanskje ikkje så mykje , men bibelhistorie må du vel i alle fall ha lese ! "

Hild kjende det som om han fika til henne , hardt , om att og om att .

" Om han er jøde , " sa ho og ranka seg bleik opp i stolen . " Kva skilnad gjer det ? "

" Det gjer all skilnad i verda ‐ for dei ! " Han var no så opprørt at han vanskeleg kunne halde seg i age . " Og forstår du ikkje det , Hild , kan du koma til å få lære på ein måte du ikkje hadde tenkt deg . "

" Om han er jøde , " tok ho opp att , og røysta skalv no . " Kva skilnad gjer det for oss ‐ for deg ? "

Knut drog på okslene .

" Ingen spør etter vår meining . Og jøde er jøde , " mumla han . " Det har vi da alltid visst . "

Hild reiste seg seint .

" Men Knut , " sa ho lågt . " Er dette deg ? " Han reiste seg han òg .

" Det er det ja ! Eg vil ikkje la garden brenne ned over hovudet på meg fordi du har forgapa deg i ein jødegut . Mykje ofrar eg for di skuld , Hild , men det finst grenser ! " Han tok oskebekaren og slengde restane ut i hagen , under ripsbuskene .

" Så er det ute or verda , " sa han . " Eg går ut frå at du talar sant når du seier det ikkje finst meir att etter han . "

Hild stod berre og stirde på han .

" Eller gjer det det ? " la han til , oppfarande . Ho rista på hovudet ; sette seg att , da han gjekk ut , ‐ vart sitjande lenge . Felekassa på loftet burde ho hente og gøyme på ein tryggare stad , tenkte ho vagt ; borte på låven kanskje . Til slutt gjekk ho ut i tunet og kjende på kleda . Dei var stryketørre , ‐ det hadde blåse friskt heile dagen . Ho plukka dei saman og tok dei med på kjøkkenet , gav seg til å stryke , ‐ gjorde alt mekanisk .

Om ei stund kom Knut drivande inn , tok ei vassause og drakk , ‐ såg på henne i løynd , kunne ho merke . Hadde noko han skulle ha sagt , men det tok tid .

" Du får ikkje ta det altfor alvorleg det eg sa , om jødane , " sa han til slutt og tørka sveitten av panna med skjorteermet , ‐ hadde nok baska på verre der ute . " Det berre slapp utor meg . Eg er ingen jødehatar ; det veit du godt . Eg syntest det var rett av deg å hjelpe han da han kom den natta . Og eg har da hjelpt han på min måte , eg òg , ved å la han få bu på setra vår og følgje han dit opp . Det er farleg nok for oss , berre det . "

" Du visste ikkje at han var jøde da . " Hild dynka eit lite plagg og strauk så det freste om jernet .

" Nei , " sa han , ‐ det heitna til i han att . " Men eg ville tenkt og handla likeeins for det . "

Ho svara ikkje , stod berre og smilte kaldt .

" Tvilar du kanskje på det ? Du visste forresten ikkje at han var jøde du heller , før eg fortalte deg det . "

" Nei , " sa ho og såg spørjande beint på han . " Og kva så ? " Knut stod og fingra med pipa .

" Ville du tatt imot han på same måten om du hadde visst ‐ . "

" Ja ! Du kjenner meg dårleg om du trur noko anna . ‐ Kvifor er ikkje jødane like bra som andre folk ? " la ho til . " Har du møtt jødar , så du kan dømme dei slik du gjer ? "

" Eg dømmer dei ikkje har eg sagt ! " brusa han opp . " Men det er vel snautt utan grunn at dei har fått ord på seg for å vera ‐ slik dei er . "

" Jesus var jøde , " sa Hild lågt .

" Han var det . Og det var hans eigne jødiske brør som spikra han til krossen på Golgata . Det får vi ikkje gløyme . "

" Må dei lide for det , alle , til evig tid ? "

" Det står i bibelen , " sa han , " fedranes misgjerningar skal heimsøkje barn i tredje og fjerde ledd . "

" Da er det ei uhyggeleg lære , det som står i bibelen , om barn skal lide for dei synder far og mor deira har gjort ! " Hild var blitt svært bleik .

" Vil du gå i rette med Guds ord du Hild . Formastar du deg til det . "

Ho svara ikkje , og om litt gjekk han ut att .

%Neste morgon da Hild sat på kjøkkenet og gav Torgeir mat , hørte ho motorsykkelbråk på bygdevegen . Ein flokk tyskarar kom sørfrå på motorsyklar og i ein lastebil . Det var ikkje noko uvanleg syn . Men så merka ho at dei svinga opp bjørkealléen og like etter inn på Rognetunet som vart fullt av køyretøy og øredøvande bråk . Hild stod i glaset , kjende seg nåmen . ‐ Fela ! tenkte ho . Tyskarane sprang av motorsyklane og lasteplanet ; sola blenkte i hjelmar og skytevåpen , ‐ dei stod med maskingeværa skyteklare i ring rundt Knut . Ein av hundane fór opp og i låret på nærmaste tyskaren ; han sette i eit høgt gaul , ‐ i neste no var han riven bort og det small knitrande frå maskingevær . Finn tumla bortetter og vart liggande i ein blodpøl . Dei andre hundane kraup ylande unna . I stalldøra stod Gustav og Elling , Turid kom ut frå fjøset . Stina var på kjøkkenet , saman med Hild .

" Gud hjelpe oss , " sa ho , skjelven i røysta , rar og bleik .

Den nye lensmannen i bygda var med tyskarane , ‐ han stod og snakka til Knut . Hild opna glaset på gløtt så ho kunne høre .

" Du har ein tysk flyktning i huset , " sa lensmannen .

" Nei , " svara Knut .

" Du har i alle fall hatt det , " gjekk lensmannen på . Knut nekta for det òg . Lensmannen vendte seg til ein med offiserslue og ballongbukser over dei blankpolerte støvlane ; han brølte ein kommando , og i neste no var huset fullt av tyske soldatar ; også i det andre våningshuset og i uthuset storma soldatar inn ; eitpar stod med maskingeværa klare på tunet og heldt vakt . Hild sette seg ved kjøkkenbordet og tok Torgeir på fanget , ‐ hørte dei rasa gjennom huset .

Da dei fór bort frå garden att utan å ha funne det dei søkte , vart Hild berre sitjande som i avmakt . Knut kom inn , bleik og roleg , men han skalv på handa han heldt pipa i . Stina drog på dør , gjorde seg eit ærend ut .

" Det lyser dårleg samvet av henne , " sa Knut og streva med å få fyr på pipa .

" Han er vel ikkje særleg trygg på setra heller no vel ? " Hild sette Torgeir frå seg på golvet , sat sjølv på huk og let han leike med fingrane sine .

" Å deroppe er det sjeldan folk på denne årstid , " svara Knut , men ho kunne merke at han var svært uroleg .

%Da dei hadde lagt seg om kvelden , kunne ikkje Hild få sova . Han låg vaken ei stund , Knut òg .

" Godt han ikkje var her lenger , " sa han ut frå tankar han låg med . " Han må vera desertør , når det var slik om å gjera å få tak i han . Men dei gjev seg vel med dette . "

" Vi får vone det , " mumla Hild . " Burde du ikkje likevel dra til fjells og varsku han ? "

Han svara ikkje .

" Knut , " sa ho og løfta seg opp på albogen . " Ver så snill ! Dra dit opp og varsku han før det er for seint . "

" Legg deg og sov . " Han vende seg frå henne , og like etter sovna han .

Det stod eit blåleg lys gjennom vindauga , det låg inn over golvet med skuggar av sprossane . Hild steig stilt opp or senga , gjekk bort til glaset og opna det . Luftdraget slo mot henne , svalande , og hadde i seg ein døvande duft av hegg . Fullmånen hang høgt på himmelen , der det svam store skyer , mørke under , men med forsølva bremmar . Morelltreet ute i hagen stod og lyste i full blom ; det hadde vore eit drivande grovær .

Hild kledde seg fort og stilt , tok på skjørt og genser , greip eit par støvlar , kikka bort på mannen som no sov tungt . Så lista ho seg på tå ned trappa og ut . Bikkjene reiste seg , men da ho snakka til dei , la dei seg blundande ned att med hovudet på framlabben . Garden anga mot henne med alle sine gode lukter frå fjøs og stall og tun og hage . Ho gjekk over tunet og opp i utmarka ; der vart ho møtt av andre lukter , hegg og bjørk mest , og liljekonvall . Heggen stod lavande kvit i nattelyset over fjord og land . Så gleid fjellstigen inn i skuggen av tett skog . Her lukta det granbar og kvae , og skogbotn : mose , bregner ; den doggande nattelufta fekk jorda til å ande ut all sin rike aroma .

Etterkvart såg Hild fjorden djupt nedunder seg ; han låg som eit veldig beger i dalbotnen , fylt med måneskinn . Og snart kjende ho gusten frå fjellet , ‐ kaldt , reint strøymde det mot henne , angande av myr og vidde . Ho såg høgfjellet løfte seg : flyer og steingrå høgdedrag over kraggskogen . Aldri hadde ho trudd fjellvegen kunne vera så lett ; likevel dunka hjarta i henne så ho kunne høre det . Storfugl flaksa tungt i været framfor henne og strauk inn over tretoppane . Himmelranda i nordaust tok til å raudne slik at åslinene under verka mørke .

%Hild kom til ei tom seterbu . Ho hadde venta å finne han sovande , men da ho kom nær , fekk ho ei slags rar førekjensle av at han ikkje var der . Ho opna den knirkande døra . Det gufsa kaldt og innestengd mørke mot henne . Så drog ho frå gardinene . På bordet var litt matrestar , ein smørasjett , ein tørr brødskalk ; han måtte ha drege av stad i huj og hast . Hild seig ned på ein krakk og kjende seg brått sliten og utmødd . Ho hadde gått for å varsle han , men òg for å møte han att , enda eingong . No var han borte , utan ein brevlapp med ord og helsing . Sjølvsagt ikkje , tenkte ho midt i det sugande vonbrotet . Ingen skulle kunna sjå at han hadde budd på setra .

Ho gjekk ut på steinhella og sette seg der , vart sitjande apatisk . Oppe i snaufjellet , der det enno låg snøflekkar att , lyste morgonsola over steinhøgdene . Sollyset kraup nedover og fekk dvergbjørkkrattet til å glitre og glime , og snart sat Hild med den gode varmen i andletet , ‐ likevel fraus ho så ho skalv . Ho la hovudet bakover mot tømmerveggen og kjende tårer renne varmt nedover kinnet og dryppe ned på halsen . ‐ Tulljente , tenkte ho ; det er da berre godt at han har kome seg bort .

%Sola kom høgare opp og det tok til å blåse . Hild berre sat . Brått hørte ho steg i fjellvegen . ‐ Kjem han ! tenkte ho og fór opp . Så var det Knut . Han kom nærmare og oppdaga henne .

" Sit du her , Hild . "

Ho svara ikkje .

" Kvar er han ? "

Da ho framleis ikkje svara , stakk han inn i selet og kom så ut att .

" Har han gått ? "

Hild nikka , så vidt det var .

" Gudskjelov for det ! " kom det frå Knut . " Etter det i går har eg vore redd dei skulle finne han her . "

" Kvifor gjekk du ikkje for å varsku han da ! "

" Eg ville gjort det , i dag ; men du kom meg i forkjøpet , du . At du hadde gått hit , skjøna eg straks da eg vakna ved firetida og såg at senga di var tom . "

" Men Torgeir ! " sette ho brått i . " Kven skal ta hand om han når han vaknar . "

" Det burde du tenkt på før , du som er mor hans , " svara han mørkt .

" Eg visste da ikkje at du òg ‐ . "

Knut braut henne bryskt av :

" Trur du eg roleg lar kona mi reke av stad til fjells , nattestid , for å oppsøkje framande mannfolk ! " Han drog anden med ein låg skjelv .

" Eg gjekk for å varsle han ! " nesten skreik ho mot han . " Kan du ikkje forstå at eg måtte det ? Når ikkje du ville ; eg bad deg om det i går kveld . "

" Har du ikkje hørt ! Eg hadde tenkt å dra ! " ropte han opprørt .

" Det kunne ikkje eg veta , " mumla Hild . Brått fekk ho det travelt .

" Vi må dra ned att , straks ! " Knut stod der med ein liten uglad smil .

" Du treng ikkje vera redd for Torgeir . Eg bar han ned i kårstua før eg gjekk . Beate tar hand om han . No som før , " la han beiskt til .

" Å gudskjelov for det ! " Hild kjende seg med ein gong så sigtrøtt , så elendig at ho gjekk inn og la seg på brisken og sovna straks .

Knut tok til å reparere kveet som vintersnøen hadde herja med og brote ned eit par stader . Dagen gjekk og Hild berre sov . Knut kokte middagsmat og vekte henne . Men ho ville ingenting ha , snudde seg berre mot veggen . Så åt han åleine og gjekk til arbeidet att , mørk og uglad til sinns . Det bles ein kald vind no . Grå skyer trakk inn over fjellet og gløypte sola ; ho fór av stad som ei rasande kule gjennom lysare og mørkare skylag , og under dei att fauk flak av skodde så steingrå høgdedrag og åsknattar iblant kom heilt bort ; veike solelingar fór over fjellheimen . Dei fekk dra nedatt i kveldinga først , tenkte Knut , slik at dei kunne koma heim om natta når ingen såg dei . Berre det ikkje fell snø , tenkte han vidare og såg på himmelen . Han mørkna meir og meir .

Da arbeidet var unnagjort , gjekk han inn i selet . Hild låg der som før . Knut sette seg på sengekanten .

" Hild , " sa han lågt , " søv du ? " Han strauk henne så vidt det var med ein iskald handbak over kinnet . Ho snudde andletet mot han og låg og såg på han , mørk og blank i blikket , rørte så lett ved fingrane hans . Dette vesle kjærteiknet fekk det til å tine inni han .

" Er du så reint ulykkeleg du , Hild ? " sa han , svært lågt . Den uventa varmen i måten han sa det på , og den fattige klangen i røysta hans , verka slik på henne at ho braut saman i gråt . Han la seg ned ved sida av henne , strauk og strauk henne over håret , snakka lågt og med møye :

" Eg skjønar det no , Hild , at du er blitt glad i denne framande guten , meir enn eg har brydd meg om å veta . Du er ung , ‐ berre tjue år , ‐ eg forstår nok at hugen din lett kan vende seg mot ein slik ein som han . Han har eit vakkert andlet og er ein kjekk kar , på sitt vis . Men du har da møtt unge menn før utan å forelske deg i dei på den måten . Eg tenker på Gunnar Berg . Og på min eigen son , Olav . Og da var du ikkje eingong kona mi . Likevel var eg sjalu . Du skal veta det at eg går ikring heile tida og er sjeleredd eg skal miste deg . For mistar eg deg , Hild ‐ " han tagde , låg og svelgde noko som kunne likne gråt . " Mistar eg deg , " tok han oppatt , han var svært lågmælt no , og røysta skalv " ‐ da synest eg ikkje livet kan vera verd å leva lenger . " Han vart liggande og stire i taket , ‐ Hild såg på han , undren og gripen . Slik hadde ho aldri hørt han snakke før . Ho la handa mjukt om hovudet hans og vende det varleg så ho fekk andletet mot seg . Slik låg dei litt og såg på kvarandre ; ho let fingrane gli lett og ettertenksamt over panna hans , og kjaken .

" Onkel Knut , " sa ho på den gamle måten . Brått slo ho armane kring hovudet hans og klemde det inntil sitt eige tårevåte andlet . Ho kysste han på augnelok og kinn . Han søkte munnen hennar med leppene og ho stivna til litt , men kysste han lett likevel . Helst ville ho berre ligge i armkroken hans og få trøst og varme no . Men han var tend av henne , vart det meir og meir , famla over henne og ville få av kleda .

" Nei , " bad ho , " ikkje det . Ikkje i dag . "

" Jo , " sa han , pågåande . " Eg har lengta meg sjuk etter deg . Du er da kona mi . Du kan ikkje nekte meg deg . "

" Ver så snill ! " bad ho og var over i gråten att , prøvde veikt å hindre han . Men han var heilt vill no . Han fomla med knappar og hekter , gav opp og drog berre underbuksene av henne . Hild låg passiv og let han gjera det . Ho var tørr og stengd , men han trengde likevel inn ; det gjorde så vondt at ho skreik . Skriket hissa han berre meir opp . Ho syntest ho måtte bli kvavd ; Knut låg over henne som eit tungt , vilt dyr med sine kjasande rørsler og sin hivande pust . Stiv og kald låg ho og kjende seg valdtatt av den oppøste mannen , nagla pinefullt fast til brisken . Til slutt støytte han seg ut inni henne i rykk på rykk så det blodsprengde andletet forvrengde seg i stønnande vellyst . Han seig saman over henne med hamrande hjartedunk og velta seg over på sida . Full av avsky for heile parringsakta , den ho ofte hadde hatt slik nyting av , låg Hild lenge urørleg , til han kom med ei sveitt hand og kjærteikna henne over kinnet . Det gjekk ei lett rysing gjennom henne og ho sa :

" Skal vi gå ? Det er natta snart . "

Han tok brennfort handa til seg , låg stille ei lang stund . Så sa han :

" Du likte nok ikkje dette du Hild . "

" Du kunne ha late meg vera , slik eg bad deg . "

" Du er kona mi , " mumla han lågt .

" Ja , men du eig meg vel ikkje for det . " Det var ein rar skjelv i røysta hennar . " Slik at du kan gjera med meg kva du vil . "

" Synest du eg gjer det , Hild ? " sa han svært lågt . " Behandlar eg deg så ille ? "

" Du gjorde det no . "

" Eg meiner no sjølv eg er ein svært tolmodig mann , når det gjeld deg . Finn meg kanskje i meir enn eg burde . "

Ho svara ikkje på det , og dei vart liggande og teia begge . Om litt stod dei opp og gjorde seg klare til avgang .

%Ute var det blitt blåsande mørkt , men dei fann vegen ; han gjekk først , kjende kvar stein og rot i fjellstigen . Hild tok seg fram etter han , fraus så ho skalv ; dei gjekk med ein iskald vind i ryggen . Men skylaget var blitt lettare ; stadig skiftande , i fullt jag over fjellet tumla det seg med fullmånen så vidde og myrdrag og skogslende snart låg i usikre elingar av månelys . Høgfjellet stod reint lysande fram or mørket bak dei , vart borte att og steig fram på nytt . Etterkvart fekk månelyset overtaket og det vart lettare å gå .

Neste morgon drog Hild rett ned i kårstua for å hente inn Torgeir .

" Eg har vaska og stelt han og gjeve han mat , " sa Beate da ho gav han frå seg . Ho såg spørjande på Hild , ‐ undrast nok svært på kvifor Knut hadde kome grytidleg og bede henne ta hand om guten . Men ho spurde ikkje . Hild takka for hjelp .

" Vi er da berre glad til , at vi kan få ha han iblant , og vera til litt nytte for deg og han Knut når de treng det . "

Hild sette Torgeir frå seg på golvet i kjøkkenet , gav han leiker , men han slengde dei frå seg . Han hadde ein eigen måte å karre seg bortover på ; no ville han ha tak i katten som slitra seg unna på lydlause poter og med halen rett i været , før han la seg i ei solstrime frå glaset , nøste seg i hop og mol av velvære . Torgeir ville etter han og sette i å illskrike da Hild drog han tilbake . Ho løfta han opp og ville ha han til å gå .

" Gå no , " sa ho utolmodig , men han hadde verken vet eller vilje til å setja bein framfor seg når ho førde han bortover . Ho prøvde å sleppe han ; da seig han berre saman som ein illskrikande bylt på golvet . Igjen var han kravlande på veg bort mot katten . Andletet hans var raudt av trass og sinne . Hild vart no sint ho òg , ho greip han og bar han sprellande og skrikande inn i stua og dumpa han ned i leikegrinda . Han såg opp på henne med eit andlet så foruretta at ho måtte le midt i sinnet . Da hylte han , tok teddybjørnen og ville rive av han armar og bein . Da han ikkje fekk det til , skreik han enda verre , la seg rett ned og sparka i golvet . Hild gjekk frå han , uglad og plaga , ‐ hadde arbeid å gjera på kjøkkenet . Han var sein , snart halvtanna år gammal , og ikkje kunne han snakke , ikkje stå , langt mindre gå ! ‐ Men temperament har han i alle fall , tenkte ho . No skulle han få skrike frå seg .

Brått vart det stilt inne . Om litt kom Stina med Torgeir på armen , dulla og småsnakka til han . Han hadde putta høgre tommelen inn i munnen slik han ofte pla ; blanke tårer rann ned over bollekinna og han hiksta til ein gong iblant . Han såg fåmete og fortapt ut , fór det gjennom Hild . Med eitt fekk ho så inderleg vondt av han .

" Du skjemmer han bort , " sa ho til Stina , men tok imot han og klemde han inn til seg . " Stakkars vesle krok , er du så lei deg i dag ? " Ho tørka bort tårene og kysste han . ‐ Gud i himmelen , tenkte ho , la han vera slik barn skal vera . Han er det , trøsta ho seg så , han er berre sein .

%Vekene gjekk . Det vart sommar og slåttonn ; godværsskyene siglde med sine blå skuggar over fjord og skog . Hild merka at ho skulle ha barn att , ‐ visste ikkje om ho var glad eller lei seg for det . Ho gjekk og sleit og bar på Torgeir ; enno kunne han ikkje gå . Ein dag tok ho han med opp i utmarka , sette seg der på ein stein like ved gjerdet . Torgeir hang og klengde seg til henne , plaga av varmen og flugene . Det var slikt insektsurr i blomane og slik soldirr over åker og eng , ‐ Hild hørte grashoppene spela , nær ved og lenger borte . Eit par hestar drog seg ned mot gjerdet og humra smått , strekte halsane og ville ha klapp så ho måtte reise seg og gje dei det ; dei lukta godt og mumsa kjælent med fløyelsmulane i handloven hennar og i armkroken . Torgeir ville bli løfta opp så dei kunne mumse på han òg ; halvt redd , halvt ellevill av glede greip han med klissete fingrar der han kunne koma til i mule og man . Det var store , snille dyr som fann seg i det , slengde berre litt på hovudet når han kom dei blanke augo for nær .

Hild la seg ned i graset så lang ho var og da jubla Torgeir og kravla oppå henne , ‐ ho fekk det våte siklet hans over andlet og hender . Det lukta stramt av han . Like ved rann ein liten soltørr bekk , så ho drog av han kleda og bleiene og vaska han og let han etterpå krabbe naken rundt . Atter kom han kravlande opp på henne , bobla over av godlåt , og ho fekk knea hans i magen . Da slengde ho han frå seg så han sette i å gråte .

" Men Torgeir da ! " sa ho og angra straks , prøvde å trøste han med kyss og klem . Til slutt stakk han tommelen i munnen og stilna , sløv og fjern i blikket . ‐ Gudskjelov , tenkte ho , enda det plaga henne å sjå han ligge slik òg . Men ho var så inderleg trøtt av maset hans . Det var reint kvelande heitt , Hild kjende seg snørt inne og løyste på alt som sat stramt ikring henne . Ho låg og smått strauk over Torgeirs sveittevarme panne med fingrane , såg at han sov . Sjølv kjende ho ei kribling av maur og anna smått , men var for døsig til å gjera noko med det .

Da ho vakna att hadde blåsvarte toreskyer tårna seg opp over åsane i vest , og det romla langt borte . Fort kom ho seg på beina , fekk kledd den søvnampre Torgeir , og så gjekk ho ned mot garden med han skrikande i den eine armkroken og lortbleia i andre handa .

Det vart eit himla vær . Lyn i lyn flara opp , ‐ bygda låg under knallande dunder og romling . Hild stod som fjetra i kjøkkenvindauga ; ho såg dei første svære regndråpane ripe i glaset , ‐ i neste no tromma det kvitt mot rutene så ho instinktivt veik unna ; stod deretter i kjøkkensvala og såg all verda drukne i skybrot . Knut , Elling og Gustav kom stupande dyvåte inn , og det vart desembermørkt i huset midt i juli . Men Hild likte det , ‐ ville helst stått ute i plaskregnet med andletet opp og blitt våt til skinnet over heile seg . Da været igjen drog romlande bort , fekk ho Stina til å ta hand om Torgeir og gjekk ut . Det fossrann frå alle takrenner . Lufta var så frisk at ho ikkje kunne få sypt henne nok inn . Regnet hadde slutta å låte over den gårete , gråblakke , lysflekkete fjorden . Allstad strøymde og rann vatn ned mot han , ‐ forte solelingar gjekk over granåsen på andre sida . Brått glitra sola som snarast over all bygda og Hild såg ein veldig regnboge spenne bru mellom fjord og åsar . Det draup av tre og dampa frå alle marker med døvande lukt . Ei brå glede sprengde på inni henne så ho kunne ha hoja ende ut , den lumre , kvelande søvntrongen var som blåsen bort . Ho såg det ryke av fjorden , ‐ han tok til å blåne og glime . Hild kjende seg dregen dit ned , fann seg ein einsam stad bak odden , kledde fort av seg og vassa uti til fjordvatnet slutta seg tett om all hennar kropp og fekk henne til å flyte vektlaus i solglitret .

%Endeleg ein dag hende det Hild hadde venta så tolmodig på : Torgeir reiste seg med godt tak i kanten på leikegrinda , stod og svaga litt og bumsa nedatt . Først vart han forskrekka og skulle til å tute ; så lo han og prøvde pånytt , kom seg opp og datt , hadde riktig fått blod på tann . Til slutt stod han , stolt som ein hane da Hild overøste han med glade utrop og umåteleg ros . Ho stod på den andre sida av leikegrinda .

" Kom , " sa ho og strekte armane mot han . " Kom Torgeir ! " Han såg skeptisk bortover golvbiten mellom dei . Men så let han det stå til , stolpra eit par steg og gjekk overende . Han låg og hylte no som ville han ha sagt at det var hennar skuld . Hild lo og klappa i hendene :

" Torgeir flink gut , " sa ho og igjen måtte han bort og opp og kom skeinande ; rauk over ende og krabba illsint bort , reiste seg og gjekk att . Til slutt greidde han seg over ; ho greip han og løfta han høgt opp , yr av glede , klemde han til seg og dekte det snørrete andletet hans med elleville kyssar .

Knut kom inn .

" Torgeir går ! Han går ! " Ho gjekk rett i famnen hans , heldt guten på ein arm og slo den andre om halsen på Knut . Ho var reint tindrande glad . Han lyste opp han òg .

" Gå Torgeir ! " sa ho og sette han på golvet . Igjen var han skeptisk , men våga seg i veg på ei halsbrekkande ferd mot faren som fanga han opp da han skulle til å dette .

" Og så hit att ! " sa Hild , ‐ ho var umetteleg , sat på huk og ville ha han utpå . Han kom , lo så han hiksta etter å ha gått fire-fem steg og hamna i armane hennar . Ho lo ho òg , til tårene trilla , ‐ sjølv Knut måtte le . Dei heldt på slik ei stund , men så vart Torgeir trøtt og syntest det kunne vera nok . Hild sette han opp i leikegrinda der han la seg ned med tommelen , gurgla og smålo , inderleg velnøgd med seg sjølv . Likare dag hadde han visst aldri opplevd ! Hild slo armen kring livet på Knut , han la sin om oksla hennar og dei dreiv ut i hagen , bortover mellom dei gamle epletrea . Det var første gongen ho hadde vilja røre ved han etter den seine kvelden på setra . Ikkje var det blitt større snakk mellom dei heller . Uglad og mørk slo han seg til tols med det , ville ikkje tvinge seg inn på henne . Men no kom ho sjølv på ein måte som reint tok pusten frå han . Aldri vart han visst klok på henne . Han trudde han hadde mista henne for alltid , og no sat dei på ein benk ute i hagen og hørte inderleg saman . Hild la hovudet mot oksla hans , og han torde mest ikkje snakke til henne , redd for å øydelegge det som var mellom dei no . Det kunne vera meir en skøyrt , tenkte han . Kanskje var det berre gleda over at Torgeir endeleg gjekk .

" Eg skal ha barn , " sa ho om litt . Knut kjende han vart heit . Det han gjorde mot henne på setra fekk altså slike følgjer .

" Eg er lei for det , " mumla han og såg bort , plukka opp eit strå som han sat og fingra med . " Du får tilgje meg . "

" Eg er ikkje lei meg , " sa ho . " Ikkje i dag . Eg har nok vore det . Men ikkje no . "

Han la igjen armen om oksla hennar og klemde henne inntil seg , utan å seia noko . Hild vende andletet hans mot seg med ei lett handrørsle , og la sitt kinn mjukt mot hans grove . Så reiste ho seg , leande , men han såg ho hadde tårer i augo .

" Eg har ikkje tid til dette , " sa ho . " Og det har vel ikkje du heller , no midt i skuronna . " Dermed gjekk ho inn , lett og lys og ung . ‐ Snart skal ho bli tung og ufør i kroppen av å bera på eit nytt barn , tenkte han . Men han kjende seg så glad som han ikkje hadde vore på lenge . Han sat litt i den gode , svimre kjensla før han reiste seg og gjekk til arbeidet sitt , han òg .

Da dei hadde lagt seg om kvelden og sløkt lyset , kom Hild smygande og la seg inntil han . Ho låg og såg på han i mørket , og han fekk fingrane hennar kjærteiknande over panne og kinn , ‐ i neste no ein varm , mjuk kyss på munnen . Han tok henne til seg og ho kom han i møte ; alt i henne var mjukt og ope som han aldri hadde opplevd det .

Etterpå låg dei og anda ut i armane på kvarandre , tagde lenge .

" Han søv han , " sa ho til slutt , ‐ dei hørte Torgeirs jamne , lette pust borte frå den vesle senga hans .

" Og no kan han gå , " sa ho , ‐ røysta var full av lykke og glede . ‐ Når det regnar på presten , dryp det på klokkaren , tenkte han . Men så fekk han igjen leppene hennar mjukt og vått mot kinn og augnelok og tenkte det var ikkje verst å vera klokkar heller .

" Eg har vore så redd , " sa ho lågt ut i mørket . " Hadde aldri trudd at han skulle koma til å gå , nokon gong . Eg har tenkt det , ofte , at det måtte vera noko gale med han . Har du ? " spurte ho fort og sky . Knut kunne ikkje nekte for det .

" Men han er nok som alle andre , det ser vi no . Berre litt sein . "

" Ja , " sa ho og klemde andletet sitt mot hans .

" Det er så godt å få snakke om det . Eg trudde det var ei straff frå Gud , " la ho stille til .

" Kvifor skulle han vel straffe oss slik ? "

" Vi har levd i synd , " sa ho lågt . " Vi gjorde han i synd , den kvelden på sletta ved fjorden , hugsar du det ? "

Om han hugsa !

" Gud dømmer ikkje slik som menneska , " sa han . " Han er ikkje liten . Vi elska kvarandre , og kjærleiken mellom mann og kvinne er da vel Guds verk så godt som noko . "

" Kan det ikkje vera djevelens òg iblant ? Ja eg trur ikkje større på han , men han er da visst til likevel . Finst det ein Gud må det finnast ein djevel òg . " Hild låg litt , og så heldt ho fram : " Eg har ofte tenkt at dette mellom deg og meg kan da ikkje vera naturleg , det vera synd . "

" Vi er mann og kone , " sa han , ‐ ei gammal uro steig opp i han att . " Vi har bunde oss til kvarandre framfor Guds altar og lova å vera einanan tru til døden skil oss åt . "

Ei lita stund låg ho heilt stille , som ho ikkje pusta . Så sa ho :

" Eg synest det er skremmande å tenke på det , at to menneske skal kunne eige kvarandre så lenge dei lever . "

" Angrar du ? " spurte han lågt .

" Nei , " svara ho , svært lågt ho òg . " Eg gjer ikkje det . "

Igjen låg ho og tagde før ho heldt fram :

" Når eg har gått og trudd at Torgeir var ‐ ikkje heilt ‐ , da har eg tenkt det måtte vera vår skuld . Vi er i så nær slekt ; eg har hørt at nært slektskap mellom mann og kone kan føre til slikt . Men kanskje fekk han ein hjerneskade da han kom til verda ; det var ein hard fødsel . Det ville ha vore betre det . "

" Du har uroa deg utan grunn , " sa han og strauk henne over håret .

" Gudskjelov ! " brast det ut av henne og ho bora hovudet inn i halsgropa hans . ‐ Dette er lykka , tenkte Knut . Grip henne og hald fast på henne . Men under låg det ei vag , mørk uro .

%Det kom no ei lykkeleg tid for dei begge . Hild likesom blømde opp , var nær og varm . Arbeidet gjekk som ein leik , syntest Knut . Kornet kom i hus og det vart tresking ; han stod i duren og støvrøyken på låven og mata treskemaskinen med gylne kornband . ‐ Ho har gløymd den framande no , tenkte han .

Ein kveld sist i september fekk Knut Rogne uventa besøk . Det var stasjonsmeister Gullik Lande , Gunnar Berg og Trygve Skinnarland . Medan Hild duka kaffibordet , friska han og Gunnar og Trygve opp minne frå Gudbrandsdalen og nordover , i aprildagane .

" Vi var bra slitne da vi kom til Tretten , " sa Gunnar . " Men vi fekk ikkje mykje fred der heller . Fy faen , dei engelskmennene som skulle hjelpe oss og gje oss ryggdekning medan vi trekte nordover , dei gav da opp ved Balberg utan å løsne skot , og kom halsande i hælane på oss . "

Knut hadde fortalt så lite frå krigen , så Hild stod og lydde med stor interesse no .

" Dei var likare dei som kom etter , " meinte Knut . " Dei beit da bra frå seg både ved Sel og ved Otta . "

" Likevel vart dei nokså fort hivne på sjøen , alle . " Gunnar sat og såg på Hild , litt i løynd .

" Og på Åndalsnes , " tok Trygve over , " måtte vi dekke innskipinga medan tyskarane bomba byen sønder og saman . "

" Ingen kan stå seg mot slike , " sa Knut roleg , hadde fått fyr på pipa .

" Vestmaktene gjer da ikkje det skapte grann heller , prøver ikkje eingong å ta att , " meinte Gunnar . " Det er i alle fall berre ein ting å gjera for oss . Tyskarane er her og dei blir her . Vi kjem best ut av dette om vi samarbeider med dei . Og det er ein måte å gjera det på , gjennom Nasjonal Samling . Vi har meldt oss inn , både Trygve og eg , og no vil vi ha deg med , Knut . "

Knut sat og tagde . Hild såg uroleg på han . Stasjonsmeister Lande tok til å leggja ut om Vidkun Quisling og partiet . Ho visste han fór bygda rundt for å verve medlem , og ho mintest det han hadde sagt i farens bryllaup .

" Berre Tyskland kan verja oss mot bolsjevismen , " sa han no .

" Eg trudde Hitler hadde alliert seg med den , " kom det tørt frå Knut .

" Inntil vidare ja ! Les " Mein Kampf " , så vil du forstå at Det tredje riket har som endeleg mål å knuse kommunismen og Antikrist , og påny gjera dei germanske folkeslag til herrar på jorda , det dei er fødde til å vera . Den norske bonden har alt å vinne på Tysklands siger . "

" Eg er ikkje så viss på det , " kom det sindig frå Knut . " Ikkje likar eg desse herreidéane heller . Og ikkje har vi lett for å følgje ein førar . Vi har vore ein fri bonde på kvart nes i dette landet . Vi skal vel heller ikkje gløyme at tyskarane er her som fiendemakt , ‐ dei har tatt landet frå oss , og eg synest det er lite mannsleg å gå i deira teneste no . "

Stasjonsmeister Lande var blitt bleik .

" Vi kan takke England og Frankrike for det , at tyskarane måtte sikre seg Noreg . Har du ikkje hørt om Altmark og Jøssingfjord ? " Fanatismen lyste av han .

" Åjo , " svara Knut like roleg . " Men det var engelske krigsfangar på Altmark . Og vi kunne vel ikkje vente at vestmaktene skulle finne seg i den tyske malmtransporten i norske farvatn heller . "

" Dei hadde planlagt invasjon ! " sette Lande i , dirrande bleik , med smale lepper . " Men så kom Hitler dei i forkjøpet . Heldigvis for oss ! " Han reiste seg og ville ikkje ha kaffi . Dei to ungdommane reiste seg òg , brydde og ille ved .

" Eg trur du kjem til å angre på dette , Knut Rogne . " Det var ein trugande undertone i stasjonsmeisterens røyst . " Du vel feil side . "

" Vi får vel sjå , " svara Knut , hadde reist seg han òg .

" Det var vel ikkje å vente heller , av ein som hyser tyske rømlingar , " kom det frå Lande .

" Dei fann ingen da dei var her og ransaka garden . " Også Knut var blitt bleik under brunfargen no , og heit .

" Men han var her likevel , " svara den andre , med ein brå blink i brilleglaset . " Først her og seinare på setra dykkar . "

Knut svara ikkje .

" Du veit vel at han var jøde ? " heldt den andre fram . " Dei fann ut det da dei tok han borte i nabobygda . "

Hild måtte stø seg til stolryggen ho stod ved ; Knut gav henne eit fort augnekast og svara :

" Denne som vart tatt , fortalte han at han hadde vore her da ? "

" Nei . Men vi veit det likevel . Han fekk dei visst ingenting ut av . Underleg nok . Dei tar ikkje med silkehanskar på jødar . "

Hild heldt på å spørja kva dei kom til å gjera med han , men tok seg i det .

" Ja her har han ikkje vore , " sa Knut avgjort . " Same kva folk seier . Folkeprat er det nok av , både i krig og fred . "

" Har han vore her , fru Rogne ? "

Hild fekk brått den fanatiske brilleblinken mot seg .

" Nei , " sa ho , svært lågt .

%Da dei hadde gått , seig ho ned på stolen .

" Farleg mann for bygda , denne Lande , " mumla Knut etter dei .

" Kva kjem dei til å gjera med han ? " Hild var svart i augo og tunn i målet ; han skjøna i ein glimt at ho nok ikkje hadde gløymt den framande . På ingen måte heller .

" Dei sender han vel tilbake til Tyskland . "

" Til Berlin ? "

Knut drog på okslene og mumla :

" Truleg til ein annan stad . "

" Tar dei livet av han ? "

" Korleis kan eg veta det ? "

Hild sa ikkje meir . Han tende pipa og dreiv ut på tunet .

Ein føremiddag seint på hausten kjende Hild det nye livet sparke inni seg . Det gjekk ei rar svimring gjennom henne . Ho måtte setja seg ned og legge handa mot magen , sat spent og venta . Da kom det att , fleire kraftige spark som ville han snu på seg . Han , tenkte ho . Det kan vel vera ei jente . Men ho trudde likevel ikkje det . Ute var det halvmørkt , skimra kvitt i nyfallen kram snø bortetter tun og jorde , ‐ han hang tung på svarte greiner , linnværsusen song høgt i telefontrådane . Dei hadde fått slaktekjerring til gards , og frå bak låven lukta det stint av blod og innvollar . Hild ville ikkje vera med på slakting i år , heldt seg langt unna . Fostret kunne ta skade av det , trudde ho . Ho talde veker og månader , fann ut at ho skulle føde først i mars . 4. mars , tenkte ho .

Slik vart det òg , på dagen nesten . Ho fekk ein son og det gjekk lett denne gongen . Og no fekk ho oppleve den lykke Torgeir hadde nekta henne . Ho låg med spebarnet ved brystet og kjende barnemunnen suge seg ; livssalig både for han og henne . Da Hild kom seg på føtene att , opptok stellet av den nyfødde henne slik at Torgeir vart gåande og sutre og dra henne i skjørtet .

" Ikkje mas ! " sa ho . Og så sette han seg på golvet og trøsta seg med tommelen ; tårene rann , og det rann slev og snørr nedetter haka , ‐ han var skjeløygd og nærsynt . Når han gjekk , skeina han i veg og hadde likesom ikkje styring . Snakke gjorde han no i eit sett , men sa opp att og opp att dei same tinga . Knut tok seg svært av han , ‐ var underleg knytt til denne sonen ; uendeleg tolmodig prøvde han å lære han opp til dei enklaste ting , og mata han med skei . Hild kunne bli utolmodig , ja sint på Torgeir både titt og ofte , men Knuts tolmod var uoppsliteleg .

Det nye barnet var kvikt , vakkert over all måte , syntest ho , og festa snart det mørke blikket på henne , såg klokt ut . Torgeir sat med tommelen i munnen og stirde på dei med nærsynte augo medan ho stelte den vesle , reint fortapt å sjå til . Men ho hadde ikkje overskot for begge heile tida . Og Torgeir ville ha henne berre for seg sjølv .

" Gå til pappa du , " sa ho ampert . Han sette i å tute og skeina i veg for å finne far sin .

" Du er ikkje snill mot Torgeir , " sa Knut ein kveld , ‐ ho sat og dia den minste . Det var noko dirrande opprørt i røysta hans .

" Er ikkje eg ? "

" Nei , " svara han , kort og bratt . " Du er ikkje det . Du tenker berre på denne nye . "

" Skal eg ikkje gje han mat kanskje ? " lynte ho mot han . " Og stelle og vaske han ? Det tar tid det ! "

" Jo , jo ; men du kunne vel bry deg litt meir om Torgeir òg . "

" Eg prøver da så godt eg kan ! " Hild kjende seg tunnsliten og opprørt , hadde ikkje skikkeleg herredømme over røysta . " Men Torgeir masar heile tida han ! "

" Det har vel sin grunn , " sa han kort , underleg forpint . " Og Torgeir treng meir omsorg og varme enn barn flest , det må du da snart forstå ! "

" Eg forstår det , " sa Hild , frysande . Det var som om dei slo fast no , seg i mellom , at Torgeir var ikkje slik barn skal vera . Tårene spratt , så opprørt var ho :

" Eg kan ikkje ta hand om Torgeir slik han vil det , heile tida , skjønar du ikkje det ! Og han har da deg òg . "

" Det har han , " mumla Knut stille . " Men mor er mor , " la han til , ‐ kom bort og stod og såg litt på henne og barnet .

" Denne har i alle fall næringsvet . " Han smilte sky . " Eg var kanskje litt urimeleg mot deg ; men det er så fælt å sjå Torgeir gå slik . " Han strauk henne lett over kinnet med handbaken og gjekk inn på kontoret til seg sjølv .

Hild vart sitjande i tankar . Kanskje var det sant . Kanskje var ho for brå og oppfarande mot Torgeir . Glad i han var ho , men han plaga henne òg med sitt fåmete og masete nærvær , og dette andletet som alltid var fullt av snørr og slev og skulle klemme seg inntil hennar , kjærleg og svolten på kjærteikn . Han gjekk ikring og var ei dagleg påminning om det syndeliv ho hadde levd .

" Stakkars krok , " fór det i henne . " Det er da ikkje hans skuld ! " Og varmen for han vella fram i henne som frå djupe kjelder . Ho måtte leggja den minste frå seg i barnevogna og finne Torgeir , ta han til seg og klemme og kysse han . ‐ Nei , barnet var utan skuld og leid ufortent , tenkte Hild . Atter dukka dei gamle anklagene mot Knut opp i henne , bitrare , meir uforsonlege no . Han var den skuldige ! Han forstod det visst sjølv òg , slik han , vaksne mannen , gjekk engletolmodig og stelte med Torgeir !

%Det vart ein lang og kald vinter , ‐ den verste i manns minne , sa Knut . Elles merka Hild lite til krigen . Frå Rogne kunne ho sjå tyske avdelingar marsjere etter bygdevegen ein gong iblant ; dei gjekk i svære , nesten fotside kapper no , og song " Gegen Engeland " så frostanden rauk ikring dei . Av Knut fekk ho høre nytt om krigens gang utover ettervinteren og våren . Ein morgon like før jonsok kom han drivande inn i stua der ho sat på huk ved barnevogna , opptatt av vesle Håkon . Knut hadde stort nytt å melde og var oppspila :

" Ja no har dei marsjert inn i Russland ! Dei gapar vel over meir enn dei kan svelgja no ! Vi får vone det . "

Men utetter sommaren og hausten vart han mindre trygg . Som ein annan general flytte han knappenåler med raude og grønne hovud på Europakartet han hadde hengd opp . Dei grønne trengde djupt inn i Russland . Da det igjen vart vinter , kunne han fortelja at tyskarane hadde slått ein jernring rundt Leningrad og hamra laus på byen . Lenger sør rykte tyske divisjonar fram mot Moskva .

" Dei kan nok høre kanondrønnet i Kreml no , " sa han . " Men den russiske vinteren har stansa stort folk før . "

%Det vart atter jul . Håkon var snart eit år gammal , og fekk oppleva sin første julekveld . Han sat på Hilds arm , og juletrelysa spegla seg i dei mørke , blankt tindrande augo ; også Torgeir stirde opp mot lysglansen , fjetra og bortrykt , som såg han inn i sjølve eventyret .

I stuene på Rogne var det samla mange denne julekvelden . Lars var der . Sidan sist sommar hadde han ofte kome rekande til gards , trivdest nok ikkje heime på Bjørketun . Han følgde Knut i stall og på tun , hjelpte til i slåttonn og skurdonn . Det vekste fram ein slags vennskap mellom han og onkelen .

" Du er no svogeren min du veit du , " smilte Knut og slo han på oksla .

Og no var han her på julekvelden . Ingrid dukka også opp , reint uventa , vesle juleaftan , ‐ hadde tenkt seg til Bjørketun , kunne ho fortelja , men gjekk i staden opp alléen til Rogne . Det vart stor gjensynsglede på henne og Hild , dei omfamna kvarandre , og både gret og lo . Snart to år var det sidan dei skildest niande april 1940 ; i mellomtida hadde Ingrid flytt til Oslo , fått arbeid i ein frisørsalong der . Ho fortalte om sitt nye liv , litt nervøst og oppjaga , syntest Hild , ‐ var ikkje den same glade , heilt unge jenta lenger . Ho var sterkt sminka , med svart kring augo , og leppestift ; sat og røykte i eit sett .

Da kjørkeklokkene ringde helga inn , slengde Hild eit hekla sjal om okslene og gjekk ut i tunet . Klokkeklangen kom i sterkare og veikare bølgjer , ettersom luftdraget bar han . Det var slik frost i den klangen , syntest ho ; han kalla folk ut på trammar og tun og rørte på forunderleg vis ved hjarta deira ; og mange tankar gjekk til den sovande kjørkegarden der han låg i sitt glitterkvite liksveip av snø under det ljomande klokketårnet , kransa inne av svære , rimfrostslørete bjørker . Hild drog sjalet frysande saman over brystet og tenkte at slik ringer kjørkeklokkene helga inn i heile landet no , mørkare og lysare i klangen , ‐ og over heile det kristne Europa , i katedralane og småbykjørkene . Ho syntest det vart ein veldig samklang av klokker som løfta sitt avmektige rop om fred opp mot den stjernekalde himmelkvelven . Bak klokkeklangen var det dump bulder av kanonade langt i aust . I dette no fall det unge menn , på hennar alder og yngre , og farga snøen raud på uendele ge sletter der isvinden gjekk med snøen rykande som låge , kvite skyer , pakka inn marsjerande kolonner og urørlege rekker av tanks i isødet . Hild kjende det slik at den trygge , stille bygda , skjerma av lodne skogåsar , brått låg gjennomblåsen av gufs utanfrå den store verda . Tankane gjekk til Berlin . Sat dei i heimen til Heinrich Hilpert i Friedrichstrasse med juletreet tent , bleike av uro og angst for kvar Thomas måtte finnast i verda ? ‐ Dei har ikkje juletre , tenkte ho så , ‐ dei er jødar og er ikkje med på å helse Jesubarnet velkomen til jorda .

" Står du her , Hild ? " Ingrid hadde funne vegen ut ho òg , i sin tunne silkekjole , stolprande på høge hælar .

" Tenker du på mor ? " spurte ho med frostskjelv i røysta .

" Å ja , på det òg , og på mangt anna , " svara Hild . Også Lars kom ut no , ‐ dei stod der stille alle tre ; minne frå barndommen fekk dei til å teia og lytte til klokkeklangen .

Etterpå gjekk dei inn , og det vart ein stor ring kring treet . Stina og Turid var med , og tante Beate , ‐ gamle Hilda sat og såg på og det same gjorde Knut . Hild bar Håkon på armen . Dei song : " fred på jord , fryd på jord " ; ‐ Hild , Ingrid og Lars hadde klare , vakre songrøyster , og vesle Torgeir song med av all kraft , ‐ dei måtte undre seg over den høge , reine klangen i barnemålet , om han ikkje fekk orda så godt med seg . Dei hadde ikkje blenda i kveld ; i stueglasa vandra ringen i ei vedunderleg spegling kring det lysande treet .

%I julehelga tok Ingrid glupsk for seg av bondekosten . Det var smått med mat i byen , ‐ sjølv levde ho mest av kålrabi og sild , gjekk gjerne på Gildevangen , fortalte ho . Brødet var surt , med rårender . Og verre vart det nok .

Før ho drog att straks over helga , fekk Hild ut av henne at ho skulle ha barn .

" Da synest eg du skal bli her , " sa Hild , fælen .

" Nei , eg må tilbake til jobben . Eg greier meg sjølv . "

" Kven er faren ? " ville Hild veta .

" Det er han som eig frisørsalongen . " Ingrid såg bort , var blitt raud . " Vi skal gifte oss ; han har lova det . Så med meg går det berre fint . "

" Nei Ingrid , du får bli her , når det står slik til . " Hild var så myndig at Ingrid såg på henne og sette i å le .

" Jaså , du vil vera mor mi enno du , Hild . Å nei , den går ikkje . "

Hild sende med henne mat da ho fór : skinke , egg og smør . Ho vart kisteglad for det og kysste søster si til farvel .

" Ver ikkje sint på meg , Hild , " bad ho lågt .

" Pass godt på deg sjølv , " svara Hild , enda ho visste det var fåfengt å gje henne gode råd .

%Det vart ein fimbulvinter att , streng og lang med bitande nordasno og mykje snø . Men vekene gjekk og sola steig på himmelen . Ein blank søndag i mars var det tråvløp på isen ; folk drog utover frå begge sider av fjorden i sledar og til fots og på ski . Stina skulle passe Håkon og Hild kledde godt på Torgeir , sette han på kjelken og drog han ut til tråvbanen . Det var eit yrande liv der , ‐ folk stod og tråkka i støvlar og botforar for å halde varmen ; lommelerkene hjelpte òg bra til og fekk liv i karfolka . Hild såg Knut så vidt det var , i sulkien , med Årvak forspend . Han var fire år no , prustande svart og blank , sitrande utolmodig i skjækene framfor start . Og så kom dei av garde ; spreke fireåringar langa i veg så isen spruta om hovane . Hild prøvde å koma nærare banen , men Torgeir småsutra på kjelken og ville heim .

" Vi må sjå på Årvak , " sa Hild .

" Ja Ålvak , " svara Torgeir . Ho løfta han opp og trengde seg heilt fram til brøytekanten . No kom feltet farande mot dei , ‐ vårsola glima i biksel og blankt på seletøyet , skummet skvatt om hestehovuda . Årvak låg utvendig som nummer tre .

" Heie Årvak ! " ropte Hild .

" Heia Ålvak , " tok Torgeir oppatt ; han var så tung at ho måtte sleppe han ned , men da sutra og skreik han . Ho sukka og løfta han igjen .

" La meg , " sa ei kjend røyst ved sida av henne . Det var Gunnar Berg ; han løfta Torgeir høgt opp på oksla si , og guten vart så forskrekka og forundra at han tagde bom still . Gunnar var i hirduniform , fór det gjennom Hild . Han såg framandsleg ut .

" Du ser på uniforma , " sa han . " Snart ser du meg i ei anna . Eg dreg til Austfronten om ei veke . "

Dei vart ståande å sjå på tråvløpet no . For Årvak hadde tatt teten ; men så galopperte han og fall tilbake .

" No likar ikkje Knut seg , " mumla Gunnar . " Og kanskje ikkje du heller , for det er vel din hest ? "

" Skal du verkeleg til Austfronten , " sa Hild , ikkje særleg glad for å stå der saman med ein hirdmann . " Tør du det ? "

Han lo .

" Eg får vel vera med å slåst for det eg trur på . Så får eg sett litt av verda i same slengen . Og når eg har vore der i to år , gjev dei meg ein stor gard på 2-300 mål . Det har Føraren lova oss . Bra for den som ikkje er odelsgut . Så no kan du angre Hild , at du ikkje tok meg , men den gamle onkelen din . Eg ville hatt deg eg , veit du . " Han sa det på ein skjemtande måte . Hild smilte og svara i same tonen :

" Du kan skjøna eg veit det . "

" Ja , for når ein har vore i seng med deg er det ikkje lett å bli kvitt deg heller . " Han var brått alvorleg og svært lågmælt . Hild kjende seg ille ved . Løpet var slutt no ; Årvak hadde kome inn på fjerdeplassen .

" Eg må heim , ‐ Torgeir frys . " Ho sette guten på kjelken og drog av stad inn mot land .

" Ikkje ta det slik da Hild ! " Gunnar kom etter , tok kjelketauet frå henne og drog .

" Det var spøk kan du vel forstå . Men fell Knut død om ein dag , veit du at du har meg derute ved fronten . Berre eg ikkje forelskar meg . Dei polske jentene skal vera så ‐ . "

" Hald opp no , din tullebokk ! ‐ Ikkje alle kjem att frå fronten , " la ho stillare til .

" Eg greier meg nok , " fleipa han vidare . " Og blir det for ille deserterer eg . Rømer . Så kjem eg hit til Rogne ei sein natt og skremmer livet av deg . Da blir du nøydd til å gøyme meg på loftet ditt , Hild . "

Ho svara ikkje , berre gjekk på .

" Eller kanskje du ikkje vil det ? Eg er ikkje jøde eg veit du , men ekte arisk norsk bondegut ; det er vel ikkje så spennande det . "

Dei skildest inne ved land , ‐ før vart ho ikkje kvitt han . Da han gav henne tauet , greip han henne før ho fekk sansa seg , og kysste henne på munnen . Hild gav han ein susande øyrefik .

" Det er krutt i deg , " sa han og tok seg til kinnet . " Men den kyssen tar eg med dit eg fer . " Så drog han utover isen att , mot tråvbanen .

" Så frekt ! " Hild tørka seg om munnen og såg på Torgeir . Han hadde nok ikkje skjøna det skapte grann ; han sutra og ville heim .

" Vi skal heim no , " sa ho og drog kjelken oppover mot Rogne .

%Da Knut var komen att og heldt på inne i stallen gjekk ho dit bort . Han stod og strigla Årvak som sitra i hårlaget og godgjorde seg gnurpande med havre .

" Det gjekk ikkje så bra , " mumla Knut . " Hesten vart for nervøs . Eg såg forresten skimten av deg . Kven var det som stod med Torgeir på oksla ? "

" Gunnar Berg , " sa ho .

" Ja det var det eg tykte ; han går og spriker i denne uniforma . "

" Han skal til Austfronten no . "

" Ja , ja , eg har hørt rykte om det . Du burde halde deg unna folk i slik uniform . " Knut var i dårleg humør og strigla hardt . Alltid er han sjalu på unge menn , tenkte Hild og svara kvast :

" Han kom bort til meg ; eg kunne da ikkje stikke av heller . "

" Nei , men du gav deg i lag med han heimover , vart det sagt . "

Ho heitna til .

" Han kom etter meg ! "

Knut stod med ein liten flir .

" Ja han gjorde vel det . "

" No er du dum ! " lynte ho mot han . " Eg gidder ikkje stå her og høre på deg lenger . " Dermed drog ho ut . Ho var opprørt . Slik utan den minste grunn ! tenkte ho . Han visste godt at ho ikkje brydde seg om Gunnar Berg . Det måtte ligge noko anna under . Knut hadde ikkje vore den gamle Knut på ei god stund no . Kanskje han såg det same som ho , at Håkon likna lite på han og hans slekt . Hild hadde lenge visst inni seg at Knut ikkje var far hans , ‐ hadde tenkt det alt da ho fekk sjå den nyfødde første gong . Det gjorde henne uroleg og gav henne dårleg samvet , men sende òg ei gledeeling gjennom henne . Ho hadde likesom fått Thomas tilbake . Og ettersom vekene gjekk og ho såg at det var slik , måtte vera det , veik uro og samvetsagg for den lykke barnet fylte henne med . Det var ein søt løyndom ho gøymde vel i sitt hjarta . Håkon skulle få vekse opp som rett son på garden , og aldri måtte lide under kjensla av å ikkje høre heilt til . Ho hadde svike Knut da ho unnfanga dette barnet , og no sveik ho han dagleg ved å halde det løynd for han , kom det for henne . Iblant tenkte ho at ho burde fortelja han om det . Men ho slo det frå seg . Det var best for alle at det aldri vart kjent . Best for Håkon og best for Knut . Og for henne sjølv .

Frå taka på våningshus og uthus hang istappane som lange blanke spyd , farlege både for store og små . Aprilsola glima i dei , og det tok til å samla seg dråpar på ytste spissane ; hang der og bivra til dei draup ned , og nye kom .

" Kan du ikkje prøve å få ned desse istappane ? " sa Hild til Knut meir enn ein gong , ho gjekk og var uroleg . Han mumla eit eller anna og dreiv på med sitt .

Ein dag med nyfallen snø buldra det så Hild skvatt til inne i kjøkkenet . ‐ Kvar er ungane ? tenkte ho , vetskremd . Så såg ho i glaset at Lars heldt på å laga snømann for Torgeir ute i tunet , og Håkon vakla til og frå , enno ustø på føtene .

" Gudskjelov ! " mumla ho , ‐ såg at snøen og istappane hadde rasa ned frå uthustaket . Ho ropte ut til Lars og bad han passe vel på dei små .

Det vart enda mildare med føhnvind i sønnadraget . ‐ Våren , tenkte Hild der ho gjekk over tunet , reint blenda av takrennesildret : det bles no som lysande glitter kring husa , ‐ i ledningsnettet frå stolpe til stolpe glima det og song høgt . Torgeir stod og gret fordi snømannen hadde sokke heilt saman , med svart farge frå kolbitane i augneholene rennande ned etter dei innsokne kinna .

" Snømannen glæt , " sutra Torgeir .

Ho tok han med bort i huska under låvebrua og snart var heile sorga gløymd . Medan ho dytta han , kikka Hild bortetter tunet der det risla vått og leirklinet i faret etter gange til stabbur , fjøs og stall . Skittengrå og ferdig flaut den harde vinteren bort no , rann ut i grøfter og bekkefar . ‐ Endeleg ! tenkte Hild og såg at fjordisen hadde løsna frå strendene , gråskimlet og porete , ikkje til å gå på lenger for anna enn fugl . Blankt vatn spegla svaberg og lyngrabbar .

%Ein kveld ville Knut ha henne med på lokalet . Den unge læraren i nabokrinsen , Tor Flatland heitte han , hadde stifta songkor i ytrebygda .

" Vi blir med der , " sa Knut . " Du kan trenge å koma ut or huset . "

" Men ungane ? " Hild hadde både lyst og ikkje lyst .

" Dei tar Stina hand om . Det er berre nokre timar eit par kveldar i veka . "

Så vart ho med .

Etter prøve vart Hild plassert mellom sopranane , og Knut fekk stå i bakerste rad , til høgre , der dei song bass . Kvinnene øvde kring pianoet ; bondekona som kom frå byen sat og spela sopran ‐ og altstemmene omatt og omatt . Inne i eit anna rom heldt lærar Flatland på ; han brukte fela til å øve med bassane og tenorane . Heile ungdomslokalet dura av disharmonisk klang og aktivitet ut i vårkvelden . Men så samla det seg til samklang og harmoni seinare på kvelden , litt utrygt i førstninga , men med aukande styrke .

Tor Flatland dirigerte ; han var høg , mager og mørk , ‐ han var ivrig med ; det gjekk over andletet hans for kvar falsk tone , så han braut av og tok oppatt . Hild stod i eit brus og kjende seg underleg løfta , ‐ hørte si eiga rike , fyldige røyst gå opp i eit stigande , jublande crescendo saman med dei andre sopranane , og i ryggen hadde ho klangen av mannsrøyster , ‐ tenorane høgt oppe og bassane med sin orgeltone , altstemmene til venstre . Så smelta det saman til ein stor rik samklang ; vakkert , vakkert , tenkte ho frysande . Kanskje var det ikkje så vakkert , men det kjendest slik , og ho syntest ho kunne sjå det på dirigentens andlet ; det sitra og vibrerte med i songen og iblant song han sjølv òg , medan dei lange , uttrykksfulle hendene dirigerte , dempa dei ned og dreiv dei oppatt i dramatiske crescendo .

Koret hadde øvd eit års tid , visste Hild . No øvde dei på " Når fjordene blåner " , " I ensomme stunder " og " Landkjenning " . Desse korøvingskveldane utover i april og mai var til stor glede for Hild . Nye songar kom til : " Gud signe vårt dyre fedreland " og " Dette Norge " . Dei gav henne den same høge kjensle av kjærleik til fedrelandet som hadde gripe henne så sterkt og brått under togreisa heim om natta niande april . Også det å kjenne seg eitt med andre fekk ho no oppleva på nytt . Ho var så levande med , så vár for den minste nyanse i dirigentens andlet og hender at ho fekk dei djupblå augo hans på seg ofte . Og da eingong ho som song solo i eit sopranparti var blitt sjuk , kalla han brått Hild fram . Ho stod der brydd og raud og såg ned i golvet , men så løfta ho blikket mot han og song slik han baud , følgde hans handrørsler . Røysta hennar klang åleine ut i det store , ødslege lokalet , først litt spedt og utrygt , så stigande rik og full og med ein jubel i dei høge tonane som ho ikkje sjølv visste ho hadde i seg . Den bleike dirigenten lokka dei ut or henne ; ho var eit instrument han spela på . Han nikka oppglødd til henne og augo hans lyste , ‐ så fall dei andre sopranane i , og deretter heile koret .

Da dei sykla heim gjennom den lyse vårkvelden , sa Knut :

" Du song vakkert , Hild . Eg visste ikkje det at du hadde slik røyst . Enda eg har no hørt at du syng bra , heime på Rogne òg . Du burde ha vore ute og lært . "

" Ja du seier noko du , " svara ho . " Den som hadde kunna det . "

Ein dag Hild hadde vore i stasjonsbyen og var på veg heimatt , til fots , kom Tor Flatland syklande etter henne . Han steig av da han tok henne igjen .

" Er det deg , Hild Rogne , som er ute og går i godværet , " sa han og trilla sykkelen ved sida av henne . Og ein vedunders fin maidag var det , ‐ han blenkte i sykkelstyret , ‐ bjørkene sveiv med lysegrønt slør i vinden , og bak dei gjekk fjorden striblå med ein og annan brestande kvit skavl . Hild hadde vore og kjøpt strikkegarn , fortalte ho ; det var så lite å få tak i no .

" Eg trudde de karda og spann sjølve på Rogne , " sa han . Ja , dei gjorde da det òg , men dette var finare garn . Hild kjende seg brydd , visste ikkje kva ho skulle gripe til å snakke om , og kikka bort på han i løynd . Han såg på henne att , hadde eit stritt blått lys i blikket og ho tok fort augo til seg . Så måtte ho til å sjå på han igjen , når han ikkje merka det . Det mørke , lange håret bles viltert over andletet , som var langt og smalt og litt høgtideleg , med blåsvart skjeggerot , men elles bleikt i hamleten , prega av inneliv i skolestua . Høg og sterkbygd gjekk han og likna ein elg , tenkte Hild ; ho streva med å halde følgje . Ho syntest det var ei ære at han gav seg til å gå ved sida av henne slik , sjølvaste dirigenten , han dei alle hadde slik vørnad for . Og så var han visst berre ein mann lik alle andre , bondeson frå Telemark , hadde ho hørt . Brått kunne ein gutaktig smil fara over det tankefulle andletet , ‐ det sprakk opp med smilerynker kring augo og munn ; og så gjekk han igjen alvorleg fortenkt , sansa ikkje på kvar han trødde med føtene , om det var i sølepyttar etter regnskurene natta før . Dei snakka om koret ; ho sa ho gledde seg til neste øvingskveld . Da lyste han opp .

" Noko må vi finne på i denne mørketida , " sa han . Det var som han ikkje såg at det glitra og skein ikring dei og at kvitveisen stod i driver bort mellom bjørkestammene . Jo , han såg det nok , saug det visst inn på sitt vis .

" Sjeldan å ha slik fri midt i veka , " sa han . " Ungane er med på matauke i dag , potetsetting . "

Men likevel gjekk Tor Flatland og var så sterkt inni sitt eige at han nok ikkje merka tyskarane frammi vegen før ho la handa på sykkelstyret og sa :

" Tysk kontroll . "

Han bråstansa og det var som andletet hans fraus til . Så gjekk han vidare . Tyskarane stod med motorsyklar på begge sider av vegen ; svinga ut stoppsignalet sitt mot ein lastebil nordfrå . Den stansa i vegkanten , bak eitpar andre ; sjåførane fekk papir og last grundig undersøkt . Tor Flatland og Hild gjekk på , ‐ han snakka til henne , men ho var så fortumla at ho svara berre ja og ha . Det måtte vera ulovlege ting i sykkeltaskene eller i lommene hans . Dei kom seg forbi utan å bli ansa av tyskarane .

" Det var det , " mumla han , som om han tenkte høgt . " Det var sanneleg nære på . "

Hild såg spørjande på han , og sa så :

" Kvar skal du ? "

" Ein liten tripp heim til lærar Holmen . Han har fri i dag han òg . "

Dei var komne til Rognealléen .

" Du syntest kanskje eg vart litt rar da vi skulle gjennom den tyske kontrollen . Det har sine grunnar , og eg lit på at du held det for deg sjølv . "

" Du kan vera heilt trygg , " svara ho . Han takka for godt følgje , sette seg på sykkelen og tråkka nordover . Hild gjekk fortenkt inn alléen , der eit flimrande sol- og skuggesilder låg over grusvegen . ‐ Han er nok med i eit eller anna . Kanskje lærarfronten , tenkte ho . Ho hadde hørt om den , ‐ at Nasjonal Samling ville tvinge alle lærarar til medlemskap i Norsk Lærarsamband og presse nyordninga inn i skolen .

%Da dei neste gong møttest til korøving , blunka han til henne som om dei hadde ein løyndom saman .

" Vi skifter litt på , " sa han til fru Haug . " I dag tar du mannsrøystene , så øver eg med jentene ; det kan vera hyggeleg for oss begge . "

Det vart latter da . Flatland spela både hardingfele og vanleg fele ; han brukte den til å øve inn stemmene med . På hardingfele var han ein meisterspelemann , visste Hild , hadde vore langt framme i landskappleik .

Dei tok alltid ein liten stans i øvinga . Da skjenkte kvinnene surrogat-kaffi og serverte kringle , julekake og vaflar dei hadde med , og praten gjekk livleg . Tor Flatland dreiv ikring , rastlaus og utolmodig etter å koma i gang att . Men bygdefolket tok det med ro og hadde mangt å snakke om ; nasistar og brakkebaronar fekk gjennomgå , og den visste det og den det om jenter som flaug med tyske soldatar . Kva er det for slags tøser , sa dei , kåte flyfiller ! Døtrer av skikkelege bønder og arbeidsfolk .

Tor Flatland sat og småleika på hardingfela , og brått ropte ein : " Ja spel , Tor Flatland ! " Mange slutta seg til , og så spela han . Det vara ikkje lenge så sat heile mannen som rykt bort og inn i ei anna verd ; han var i gangarens rytme . Også andletet var med , i rykk og kast , ‐ slåttens skiftande stemning fór over det , ‐ han pusta tungt og svingde bogen , fotsålen spela i golvet . Det var norsk landskap i dette spelet , syntest Hild . Den trolske klangen frå understrengane og den nesten monotone oppatt-taking gav det ein slik hjartegripande melankolsk dåm ; det minte henne om fjell og vidde med ekko bak ekko i blåne bakom blåne av kulokk og folkevise og menneskeliv gjennom hundreår .

Da han heldt opp og la fela frå seg , var det klapping og bønn om meir ; Hild sat og stirde på han som var ho tatt inn i berget . Han smilte og sa at nei , no måtte dei til med songen att . ‐ Kva er fela for trolsk instrument , tenkte Hild , når det kan få andlet til å forandre seg slik . Ein dag skulle ho få Tor Flatland til Rogne og be han spela på den fine fiolinen ho hadde liggande i kista på loftet .

%Loftsrommet var tatt i bruk no . Da det i september hausten før kom påbod om at radioapparata skulle innleverast , gav Knut frå seg det eine av dei to apparata på garden , det andre hadde han ståande på kontoret ei tid , men flytte det så opp i loftsrommet . Hild sat òg der iblant i ledige stunder og hørte nytt frå T.T. og London . Også Europakartet hang der no . Utover sommaren måtte Knut igjen flytte knappenålene i Russland austover , mot Stalingrad og Kaukasus . Ein veldig tysk offensiv var i gang . Iblant kom det meldingar som fekk Hilds hjarta til å snøre seg saman . Thomas hadde snakka med skrekk om Lublin i Polen , og no melde London om forfølgjing og deportasjon av jødar austover , til store fangeleirar : Treblinka , Auschwitz , ‐ berre namna var slik at det fekk henne til å grøsse .

Men Hild fekk noko anna å tenke på . Ho kjende ho skulle ha barn att og vart bitter . Skal han tyne livet utor meg med barn , tenkte ho om Knut , men måtte i same stund vedgå for seg sjølv at ho var urimeleg . Knut hadde til no berre gjeve henne eit barn : Torgeir , som han år for år vart stadig meir knytt til . Torgeir gjekk enno med bleie og vart ofte våt og lukta vondt ; dei måtte gje han knust sukkerkavring oppbløytt i mjølk til føde . Han snakka høgt og energisk , var stor for alderen , men alltid klisset i andletet av slev og snørr . På sin utrygge måte skeina han i veg , jaga hønene ute i tunet og lo så han hiksta . Håkon sprang etter og skulle jage dei han òg , litt redd når dei flaksa kaklande av stad . Ein gong var Torgeir arg og dytta han overende . Håkon sprang skrikande inn til mamma , ho fór ut og greip tak i Torgeir , rista han hardt så han illskreik .

" Det tener til ingen ting , kan du ikkje fatte og begripe det ! " Knut stod over henne , kvit i andletet ; Hild trudde han skulle slå . Han drog guten til seg .

" Det gjer da berre vondt verre ! " Med handa på Torgeirs lyse hovud gjekk han bortover tunet og prøvde å trøste han , tok han med inn i stallen . Der ville Torgeir gjerne vera , ‐ lange stunder kunne han berre stå og sjå på hestane ; og når Knut løfta han opp inne i spilltauet , slik at han fekk klappe det store hestehovudet og klemme det , var han lykkeleg .

%Knut stelte Torgeir denne kvelden , skifta bleie på han , gav han mat og fekk han til sengs . Ikkje før han var sovna fekk Hild koma nær han . Ho stod bøygd over senga og strauk han nedetter kinnet som var skittengrimet av tårer . Knut hadde ikkje tatt det så nøye med kveldsvasken .

" Tilgje meg , Torgeir , " mumla ho , " at eg var så brå . Eg er glad i deg , ser du . I deg òg . "

Knut sat i daglegstua da ho kom ned ; ‐ det var mørkt der , men ho kjende piperøyken . Ho gjekk inn til han og tende ei lampe .

" Sit du her , " sa ho . Han svara ikkje . Hild sette seg til med eit strikketøy , ‐ strikkepinnane gjekk , og etter at det hadde vore stilt mellom dei ei stund , kom det frå Hild :

" Eg er lei for det som hende ute i tunet i dag . "

" Ja det har du god grunn til , " svara han kort .

" Det hender så ofte no , at Torgeir er slem mot Håkon . "

Ho prøvde å halde seg roleg .

" Han tergar vel Torgeir da . " Knut hadde gripe ei avis som låg på bordet .

" Nei det gjer han slett ikkje ! " Hild heitna til . " Torgeir er berre slik . " Knut smelte avisa i bordet .

" Ja vi veit at han er slik , både du og eg . Så får vi ta omsyn til det , begge to . Og det er ikkje hans skuld når han er som han er . " Kvens skuld er det da ? heldt ho på å svara , men tagde ; strikka opprørt vidare .

" Så du får la vera å bruse på han slik du gjorde i dag . "

" Eg har sagt at eg er lei for det ! " sette ho i . " Har du ikkje hørt det ! "

Knut greip avisa att , sat og bladde og las .

" Det er ikkje alltid lett å vera meg heller , " heldt ho fram , var på bristepunktet , så trøtt og tunnsliten all igjennom .

" Eg har verken humør eller overskot til å behandle han som om han var eit rote egg , kvar time på dagen . Han får tole litt han òg ! " Ho gjorde ein opprørt sleng på ulltråden så nøstet fall ned og trilla bortetter golvet .

" Eg er trøtt . Trøtt og lei ! " sa ho og fiska nøstet innatt med foten . " Og så skal eg ha barn igjen . "

Han såg bort på henne .

" Skal du det ? Det visste eg ikkje . "

" Men du veit det no . " Hild strikka på som galdt det å bli ferdig snarast råd var , ‐ felte masker . Han blakra med avisa , las att .

" Eg vonar det er mitt barn dennegongen , " kom det lågt og dirrande .

Strikketøyet fall ned i fanget på Hild ; ho sat steins still ei stund , og sa så , svært lågt :

" Er dei ikkje det dei andre da ? "

" Jo Torgeir , " svara han , opptatt med avisa .

" Ikkje Håkon ? " Ho hørte ei beving i si eiga røyst , ‐ prøvde av all makt å døyve den . Knut la saman avisa ; ho syntest det vara evig lenge før han svara .

" Treng du spørja meg om det ? Du veit det vel best sjølv , du som er mor hans . For det kan no ingen vera i tvil om . "

Han lo litt lågt for seg sjølv . Hild visste ikkje kva ho skulle svara no , ‐ tok oppatt strikketøyet .

" Han er da vel ditt barn like godt som mitt , " sa ho lågt . Knut la avisa frå seg og reiste seg .

" Eg synest ikkje du skulle lyge for meg lenger , Hild . Du har gjort det lenge nok . Det kan bli ein farleg vane veit du . "

Han gjekk bort og drog opp den gamle veggklokka ; ville liksom gje henne tid til å svara , til å fortelja han det han nok hadde visst lenge . Men ho sat og tagde , strikka i veg , raud og rar .

" Du kan da vel begripe det , Hild , " sa han og vende seg mot henne . " Eg er ikkje heilt blind heller , eg måtte da skjøna det at Håkon ikkje er min son . Eg ser det òg at du aldri gløymer denne unge tyskaren som var her , enda eg har gått og trudd du skulle gjera det , med tid og stunder . "

Ho såg opp på han .

" Du må tilgje meg , Knut , " mumla ho . " Det vart slik at eg gav meg til han . Ein einaste gong . Siste dagen han var her . Det måtte bli slik . "

" Ja det måtte vel det . " Det var bitter hån i røysta hans no . " Du bad meg om tilgjeving , " heldt han lågt fram . " Eg kunne kanskje tilgje deg , om eg berre visste at du angra . Men det gjer du nok ikkje . "

" Nei , " sa ho , etter å ha tagd ei stund . " Eg angrar ikkje . "

Han lo litt att .

" Du snakkar i det minste sant no . Men når du ikkje angrar , blir det ikkje lett for meg å tilgje heller . "

" Eg skjønar det , " svara ho lågt . Så gjekk han .

%I april neste år fødde Hild ei dotter , og dei gav henne namnet Helga . Da Hild stod med henne framfor døypefonten , tenkte ho på kor sjeldan dei var i kjørka . Dei kom dit kvar gong det hende noko stort : til bryllaup , når eit barn skulle døypast eller konfirmerast ; og når ein skulle leggjast ned i jorda til evig kvile . Slik vart kjørka likevel ein viktig del av livet deira , tenkte ho , greip djupt inn i det med sin klokkeklang og sine orgeltonar .

%Våren og sommaren gjekk og no var det tre barn i huset ; småvask hang ute på snorene til alle tider . Ho fekk lite tid til å gjera noko med at Knut gjekk der så mørk og taus . Ikkje kunne ho visst få gjort noko heller . Han tilgav henne aldri , ikkje før ho angra og ønskte Håkon ufødd ; så urimeleg var han , tenkte ho . Det var berre mas og svart kvardag ikring henne . Ikkje var dei med i bygdekoret lenger , ‐ hadde ikkje vore det på eit år snart ; det fall liksom bort av seg sjølv .

Utpå hausten sa Hild til Knut ein dag at ho ville gå til dokteren med Torgeir .

" Ja gjer berre det , " svara han mutt . " Om du trur det kan vera det minste hjelp i det . "

Det var det ikkje heller . Ho fekk adressa til en spesialist inne i Oslo . " Prøv der , " sa dokteren . Han gav henne likevel ikkje større von . Men ho ville prøve .

Seint på hausten fór så Hild og Torgeir til Oslo med toget . Ho hadde ikkje mjølk til Helga lenger , og tante Beate tok både henne og Håkon ned til seg i kårstua .

For Torgeir vart togreisa ei stor oppleving . Han sat stum , taletrengd som han no elles var , med sitt vesle ordforråd . Det rann slev nedetter haka og ho tørka det bort ; han merka det ikkje eingong . ‐ Han sansar da , tenkte ho ; han opplever ting , kanskje sterkare enn oss andre .

Dei skifta tog og ho leide han etter seg ; han gjekk og snudde og vende seg for å sjå alt , bortrykt , med open munn , ‐ ho hadde strev med å halde han på beina . Og så fór dei vidare .

Når toget stod stille og bles ut damp vart han utolmodig og ville det skulle gå att . Hild opna kupéglaset for å få luft i den stinne kupéen der det lukta folk og mat og heimeavla tobakk . Torgeir klatra opp og hang ut så ho måtte halde i han . Det lukta av han òg , kjende ho . Kolrøyken kvervla inn og det var eit surr av røyster utanfor ; det vart ropt farvel og på gjensyn , før toget igjen rykkande sette seg i gang , til Torgeirs store , blankøygde fryd .

På kupéveggen hang ein plakat som Hild las omatt og omatt . " ADVARSEL " , stod det over med store bokstavar , og under det : " Passasjerer som demonstrerer mot tyske militære eller medlemmer av N.S. ved å skifte plass , ‐ blir utviste på første stoppested . "

‐ Skoten blir ein i alle fall ikkje , tenkte Hild .

På ein stor stasjon gjekk mange av , og det kom på tyske soldatar , også inn i Hilds kupé ; dei hadde belte med pistolar , og maskingevær , lo og snakka tysk . Hild sat stiv . Aldri hadde ho hatt dei så tett innpå seg nokon gong . Torgeir krabba ned av benken ved glaset og opp på fanget hennar , sat halvt redd og stirde storøygd på tyskarane . ‐ Dei kan da ikkje finne på å vise han ut , tenkte Hild og heldt ikring han med eit fast tak . Ein ung tyskar beint imot smilte til henne og kilte Torgeir under haka ; Torgeir slo frå seg . Ho vart livredd , men tyskaren berre lo . Så rista og skaka dei vidare , soldatane småsov etterkvart ; eit par stod ved det halvopne , blåsande kupéglaset og røykte . Det lukta no slik av den sovande Torgeir at ho måtte ut , reiste seg og sa " Bitte , " til ein tyskar i kupédøra . " Toalett " . " Bitte , bitte , " sa han og steig tilside . Dei lo bak henne , hørte ho , og ho såg i spegelen på toalettet at ho var blodraud i andletet . Så stod ho der og bytta på den skrikande , søvnampre Torgeir ; alt klirra og rista og skaka over dei rasande toghjula mot svillene rett under .

%Ingrid møtte på Vestbanen , gudskjelov ; stod på perrongen , høg og framandsleg elegant i kåpe og hatt og på høghæla støvlar . Ho var blitt smalare i andletet . Dei gav kvarandre ein god klem og hasta så gjennom den hjallande stasjonshallen ut i gråkald novemberettermiddag som mørkna mot tidleg kveld med snøflinger i lufta . Det måtte ha letta i vest , for i det disige været låg ein raudskimrande lysning over himmelen der , og mot den så Hild heisekraner og skipsskrog , og ho hørte lange ul derute i mørket ein stad .

" Det er skip på veg inn fjorden , " forklarte Ingrid . " Dei går i frosttåke og må varsle . "

Hild hadde aldri vore i Oslo før og kjende seg bortkomen og beklemt . Ho greip eit godt tak i Torgeirs sveitte hand , ‐ vottar ville han ikkje ha på , og hasta i veg , tett inntil Ingrid som tok seg heimevant fram gjennom trengselen i gatene . Halvmørkt var det overalt , ingen gatelykter , ikkje lys frå vindaugo , berre fyk av blå gnistar over trikkar som skrangla i veg , stappfulle .

Dei kom inn i stillare gater og hørte omen av by meir på avstand . Ingrid opna ein stor knirkande jernport inn til eit gardsrom der det lukta stramt av søppel . Rundt gardsrommet ana Hild høge mursteinsveggar oppover i mørket .

" Her bur eg , " sa Ingrid og førde dei inn i ein mørk trappeoppgang som det hjalla i . Eit par trapper opp sette Ingrid nøkkelen i ei dør , og dei steig inn til lukt av sild , innestengd og blanda med ei anna lukt som måtte vera av gass . På nedtråkka tøflar kom ei eldre kvinne ut i gangen der dei tok av seg yttertøyet . På armen bar ho eit lite barn . Ingrid presenterte henne som fru Pettersen , vertinna . Så tok ho mot den vesle , spurte om ho hadde vore snill .

" Ikkje verst , " svara den andre .

Dei steig inn der Ingrid budde ; ho tende lampa i taket , ‐ det var berre ei pære med grønn skjerm , og det gav rommet eit ødsleg preg . På veggane bula den falma tapeten ut her og der , ‐ hang i lause flak eitpar stader . Blendingsgardina var for , ‐ døyvd gatelarm slo opp utanfrå . Ein divan med frynset , falma trekk stod ved den eine veggen , ‐ elles var det eit lite enkelt bord og eitpar stolar ; midt på golvet ei leikegrind .

" Eg har meir plass , " sa Ingrid stolt . " Kom ! "

Dei steig inn i eit ørlite soverom , der ei uoppreidd jernseng tok mesteparten av plassen .

" Er ikkje Lily eit sjarmetroll ? " Ingrid sette dottera opp i leikegrinda . Jentungen hadde lyse korketrekkarkrøller over heile hovudet ; augo var store og mørkt blå i det vesle bleike andletet .

" Ho er eit år og tre månadar , og ho går og snakkar som berre det . Men no er ho trøtt , stakkar . " Ingrid prata i veg , fort og liv fullt , medan ho sette fram mat på bordet . Hild fekk ikkje sagt stort , og Torgeir sat stum på divanen .

" Og du da , Torgeir , korleis har du det ? "

" Hal leist med tog , " sa han . " Tut , tut . " Han prusta og herma etter toget så fråden stod om munnen og han sikla og rann . Hild tørka han fort .

" Torgeir er forkjølt igjen , " sa ho . Ingrid kokte surrogatkaffi og skar opp brød med rårender .

" Det er ikkje rare greiene eg har å by på . Men eg har litt kald sild etter middagen i går . "

Hild tok til å pakke opp av kofferten , skinke , egg og smør . Ingrid slo hendene saman , så glad vart ho , og tende stearinlys både her og der .

" Dette taklyset er så guffegrønt , " sa ho og sløkte det . " No skal vi ha fest ! "

Det utrivelege rommet vart som forvandla , ‐ reine julekvelden , syntest Ingrid , der dei sat og tok for seg , ‐ var søstrer att og snakka og lo . Litt av det gamle kvikksølvet kom påny fram i Ingrid .

" Det vart ikkje noko av den giftinga da ? " spurte Hild .

" Kva for gifting ? " Ingrid såg forundra på henne .

" Med han eigaren av frisørsalongen vel . "

Ingrid vart brått raud .

" Å nei , det vart det ingenting av . Eg ville no slett ikkje ha ham heller . Gammal er han òg , minst femogførti . " Ho vart enda raudare og såg som snarest på Hild . " Alle held seg ikkje like godt , " la ho til .

Dei sat litt og åt utan å seia meir . Hild måtte sjå på søstera . Ho hadde skuggar under augo og eit drag om munnen Hild ikkje kjende heilt att ; ho var mager , men likevel vakker , berre altfor sminka med pudder , augnesverte og leppestift . Hild undra seg på kva slags liv søstera førde her inne i storbyen .

" Kva gjer du med Lily om dagen når du er på arbeid ? " ville ho veta .

" Fru Pettersen tar seg av henne ; ho er så grei så , og har ikkje ungar sjølv lenger , ‐ ingen mann heller . Eg betaler henne sjølvsagt for det . Men etter jul kan eg ikkje rekne med henne meir . "

" Kva skal du gjera da ? "

Ingrid trekte på okslene .

" Eg veit ikkje . Det blir vel ei råd . "

Augo deira møttest som snarast over stearinlyset ; det var ein våt blenk i Ingrids augo . Så lo ho , ‐ tende ein sigarett .

" Denne jenta har no alltid greidd seg . "

" Du er så heilt annleis på håret , " sa Hild .

" Eg har parykk . " Ingrid dytta med fingertuppane bak i det velfriserte håret . " Det er lettare å halde i orden . "

%Hild skulle sova på divanen i stua ; til Torgeir gjorde Ingrid i stand ei seng på golvet . Men han ville oppi til mamma , enda så trongt det var . Der sovna han straks . Hild vart liggande vaken ; gatelarmen utanfrå stilna no etterkvart . Forte steg på høge hælar klapra forbi derute . Ho hørte eit par fulle mannsrøyster eit stykke unna , og kåt kvinnelatter ; enda fjernare omen av by . Det var som om myldret av menneskeliv trengde opp mot rutene ; eit virvar av andlet , framande , uvennlege eller likesæle kom tett innpå henne slik ho hadde opplevd det da dei gjekk gjennom gatene . Ho kunne vagt fornemme at her var krigen og alt dens vesen , og kampen for det daglege brødet , langt hardare enn heime i den bortgøymde bygda . Ho hørte klokker slå både elve og tolv og eitt før ho sovna .

Hild vart vekt opp , brått og brutalt , av ein drønnande lyd som fekk glasrutene til å klirre sterkt . Det var stummande mørkt . ‐ Kvar er eg ? tenkte ho først , forvirra . Så kom ho på det . Torgeir hadde vakna han òg , låg og gret og klamra seg til henne . Før ho heilt fekk sansa seg , kom Ingrid springande inn og tende taklyset . Hild sette seg fortumla opp på divanen .

" Kva er det ? " spurte ho . Ingrid stod i det iskalde rommet , berrføtt og i nattkjole .

" Det må vera bombeangrep ! " sa ho . " Engelske fly . "

Dei lydde , anspende , men hørte ingen flydur , heller ingen flyalarm ; og ikkje kom det fleire eksplosjonar . Ingrid sløkte lyset , drog opp rullgardina og opna glaset , og dei kikka ut . Det var enno heilt mørkt , men det hadde falle litt snø om natta ; den gav eit slags lys , så vidt det var . Heile gata var likevel vaken , kunne dei høre , med folk i glas og på fortau , alle i uroleg undring over kva det kunne vera . Langt borte hørtest opprørt roping på tysk og like etter sterk motordur av mange køyretøy .

%Ingrid drog på jobben som vanleg . Heile den lange føremiddagen gjekk Hild og dreiv rundt i det kalde rommet . Sentralvarmen var berre så vidt på ; ho fann nokre trepinnar og la i omnen , passa elles ungane og vaska bleier . Fru Pettersen hjelpte henne inne hos seg sjølv med å ringe til legen . Ho kunne ikkje få time hos han før 16. desember , klokka tolv . Fortumla fekk ho ikkje sagt anna enn ja takk , før dei la på i den andre enden av røret . 16. desember ! tenkte ho panisk . Over to veker . Ho kunne da umogeleg bli gåande her og vente så lenge ! Fru Pettersen var snill og ringde heim til Rogne for henne òg . Stina tok telefonen .

" Er det deg , Hild , " sa ho forundra , langt borte .

" Ja ! " ropte Hild , " kan du hente Knut . " Ho venta og venta og til slutt kom han .

" Knut , " ropte ho . " Kan du høre meg ? "

" Ja , " svara han , underleg fjernt , ‐ det var sus og uro på linja ; ho var redd for å bli broten .

" Eg får ikkje time hos legen før 16. desember ! "

Han svara ikkje med ein gong .

" Er du der ? " ropte Hild .

" Ja , " svara han . " Du kan da vel ikkje bli der lenge . "

" Men når eg først har reist den lange vegen . Eg kan bu hos Ingrid . Korleis går det med Håkon og Helga ? "

" Dei har det fint nede hos tante Beate . Du treng ikkje vera uroleg for det . "

" Synest du eg kan bli da ? "

" Du får vel prøve . Ta godt vare på deg sjølv og Torgeir . Det er uroleg derinne i Oslo no . "

Dei snakka litt meir ; han var underleg langt borte i sus og surr av andre røyster som kom inn på linja . Hild sa farvel og la på , takka fru Pettersen og betalte ; og gjekk så innatt i det kalde , utrivelege rommet , der ho no skulle bu i meir enn ein halv månad .

Ingrid kom heim frå jobben og kunne fortelja at det hadde vore bombeattentat mot jernbanen innanfor Skøyen , og at toga vestover ikkje gjekk lenger . ‐ Da kan eg i alle fall ikkje reise heim , tenkte Hild og kjende seg enda meir avskoren frå Rogne og Knut og dei to minste . Ho fortalte Ingrid at ho ikkje fekk time før 16. desember , og spurte om å få bu hos henne .

" Sjølvsagt , " sa Ingrid . " Eg er da berre glad til . Så har eg barnepass og kokke . "

Neste dag gjekk Hild med Torgeir ut i byen , ville gjera seg litt kjend ; hadde fått nøklar så ho kunne koma seg innatt . Ho la merke til skilt og gatenamn der ho gjekk , ‐ var redd ho ikkje skulle finne tilbake . Ingrid hadde vist henne Karl Johan den kvelden dei kom ; no gjekk dei nedover der i folkestimen , ‐ ho sleppte ikkje taket i Torgeir ein augneblink . Det snødde tett og stilt over byen og forvandla han , døyvde ned larmen frå hamn og gater . Ei tysk hæravdeling kom marsjerande oppover Karl Johan : først eit militærorkester med blenk i blenk av horn og dundrande trommestikker , ‐ det klang festleg i vinterdagen ; Torgeir stod og gapte og såg på , reint fjetra , ‐ ho fekk han ikkje av flekken . Etter kom det rullande stridsvogner i snøværet ; og etter der att soldatar med kapper og hjelmar og maskingevær , i hanemarsj , svingande armar og bein i ei presis rørsle ; dei krigerske andleta rett framover og songen smellande i gatefasaden . Gegen Engeland . Same song overalt , tenkte Hild .

Det letta utover dagen og ei låg sol kom fram . Parken ved Karl Johan vart forvandla til ein glitrande eventyrskog . Torgeir var ellevilt glad og ville ikkje inn , ‐ han drog henne ned mot hamna der det lukta kolrøyk og sjø og fisk . Skip og fiskebåtar og heisekraner hadde fått snø over seg , men vatnet mot bryggene var svart med strimer av skitt . Utover fjorden glima det blankt og det dunka og let av båtar derute .

%Hild heldt seg mykje godt innom hus , passa ungane og vaska klede som ho streva med å få tørre framfor den osande etasjeomnen . Det var streng frost no ; stod kaldt inn gjennom gisne vindaugo . Låg vintersol skein øvst på skittengrå murfasade der pussen hadde flaka av , tvert over gata . Ovanfor såg ho skimt av blå himmel . Ungane var grinete , Torgeir ville ut og sat iblant og furta borti ein krok . Ho laga mat så godt ho kunne av det vesle Ingrid hadde med heim . Lily var tunn og underernært , ‐ ein liten fuglekropp mellom hendene hennar når ho stelte henne . Sjølv lengta Hild heim til Rogne : garden låg der langt inni vinterlandet , nedsnødd no , med hage og tuntre glitrande i sol , med røyk av bjørkeved stigande opp i kaldværet og drivande ut over fjorden , inn i lette slør av frostrøyk . Knut gjekk over tunet med pipa tend , Håkon tumla vel ute i snøen , raudlett i kinna ; berre dei passa vel på han ! Og Helga låg nok og krabba på golvet nede hos tante Beate , i trygg varetekt der . Sakna dei henne ? Sakna Knut henne ? Ho gjekk og ønskte heitt at han måtte det , no ho var borte , ‐ enda så grått det hadde vore mellom dei lenge . Hild kom til å sjå annleis på litt av kvart no . At Knut tok dette med Thomas hardt , var ikkje meir enn rimeleg . Hadde han ikkje vore glad i henne , kunne han tatt det lettare . Den tanken vermde henne langt inn i sjela , men gav henne dårleg samvet òg . Ho skulle nok bli heilt annleis mot han , berre ho kom seg heim , tenkte ho . Forundra kjende Hild at det var Knut ho hadde i tankane sine alltid no , ikkje Thomas .

Endeleg kom den 16. desember ; ‐ ho drog av stad i svært god tid , fann fram til dokterens adresse og sat lenge på venterommet , der det var fullt av folk , men stille og rart , med lukt av medisin . Torgeir vart fort utolmodig og ville gå . Hild syntest alle i venterommet sat og såg på han , og ho var sjeleredd for at han skulle gjera i buksa .

Langt om lenge kom dei inn . Ein lege i kvit kittel spurte etter namn og adresse , og når Torgeir var fødd . Han undersøkte han , og snakka litt med han , ‐ sende han så ut til ei søster og kom med mange spørsmål til Hild . Ho sat og såg ned og svara lågt , måtte fortelja om alt : slektskapen mellom henne og Knut , skilnaden i alder , den harde fødselen .

" Truleg fekk han ein hjerneskade da , " sa legen til slutt . " Men sikkert er det sjølvsagt ikkje . Han må leggjast inn til observasjon skal vi finne ut det . "

" Om det er slik at han fekk det da han vart fødd , kan han bli bra igjen ? " spurte Hild lågt .

" Nei , han må nok leva med den skaden . Men etter det De fortel , fungerer andre delar av hjernen bra . Ja , ja fru Rogne , lenger kjem vi ikkje er eg redd , " sa legen og reiste seg , hadde mange pasientar i venterommet . Hild reiste seg ho òg , betalte og gjekk . Ho drog Torgeir med seg gjennom gatene , ‐ han var trøtt og sutrete no . Aldri ville han bli som andre , han skulle gå i bygda og vera ein raring all si tid , ‐ ein folk lo av og mora seg over . Det var eit par slike der frå før , den eine godt opp i åra , og på gamleheimen no , den andre vel tretti år . Han gjekk gjerne og song høgt etter vegane , stansa opp og snakka med folk og fortalte merkelege ting han hadde opplevd ; det gjekk lystige soger om det i heile grenda .

%-Korleis er det med Torgeir ? " spurte Ingrid da dei sat ved middagsbordet . Torgeir låg på golvet og trøsta seg med tommelen , trøtt etter turen .

" Dårleg , " svara Hild lågt . " Det er hjerneskade frå fødselen . Han blir aldri bra . "

" Stakkars krok ! " Ingrid sat brått og var blank i augo , ho måtte opp og løfte på Lily i leikegrinda , og kysse og klemme henne . Så sette ho henne frå seg og greip tak i Torgeir , løfta han opp og ville klemme han òg . Men det likte han ikkje , han skreik og greip henne i håret .

" Slepp ! " ropte ho . Men han drog i og drog parykken av henne . Under var Ingrid snauklipt ; andletet såg brått heilt annleis ut .

" Men Ingrid ! " sette Hild i . " Har du klipt av deg håret ? " Ho såg fortumla og forferda på Ingrid . Raud og rar streva ho med å få parykken på plass att .

" Eg har det , " sa ho . " Det er meir praktisk når ein ber parykk . Kvifor ser du slik på meg ? " spurte ho iltert .

" Ikkje for noko , " mumla Hild .

%Dagen etter ville Hild reise heim .

" Vent eit par dagar , " sa Ingrid . " Da har eg juleferie og følgjer med deg . "

Og slik vart det . Mandag 20. desember skulle dei dra . Dagen før , søndag , heldt dei på å gjera seg i stand . Det hadde falle tung , våt snø om natta ; gatene låg kvite att , men det var mørkt og grått i været . Brått flara det opp eit intenst lys , og i neste no fekk Hild eit slag i panna så ho tumla bakover ; ho hadde stått ved vindauga og sett ut . Det small i same stund så huset skalv og det singla i glas ; fleire av rutene var slått ut . Torgeir sette i eit skrik og Lily skar i å gråte , ho òg . Søstrene greip kvar sin unge og reiv med seg ytterplagg i farten .

" Kom ! " ropte Ingrid og dei sprang ned trappene , der òg andre var på veg ned .

Det vart mange etterkvart som stuva seg saman i kjellaren . Flyalarmen gjekk . Ungar gret og kvinner med ; enkelte var gripne av panikk , andre heldt seg meir rolege . Det måtte vera alliert flyangrep ; redselsskildringar frå Berlin og andre tyske byar vart brått uhyggeleg realitet også i Oslo .

" Det er utrygt her , " kviskra Ingrid til Hild etter ei stund . " Fell det ei bombe , er vi ferdige , ‐ det er reine rottefella . Kom ! " Dei hadde fått kledd godt på ungane ; Ingrid sprang opp og henta støvlar og yttertøy til seg og Hild , medan ho og dei små venta nede i portrommet . Flyalarmen gjekk stadig , men fly kunne ho ikkje høre .

Så drog dei ut på gata , ‐ hasta i veg i den slapsete snøen , det singla i glas om føtene , rutene var ute overalt . Ingrid bar Lily , Hild drog Torgeir med seg . Framfor dei lyste og sitra den disige himmelen som av ein veldig brann ; skyer og svær svart røyk vov seg i hop , og det kom stadig nye eksplosjonar .

" Vi skal da ikkje dit ! " ropte Hild etter Ingrid som halvt sprang framfor henne . Andre hasta same veg .

" Kom ! " svara ho berre . Det bar no ned mange trapper og inn i ein tunnel der det var lys og fullt av folk , og ein merkeleg oppøst stemning .

" Undergrunnsbanen , " forklarte Ingrid . " Her er vi trygge ! " Etterkvart vart det så fullt at dei måtte ned på skinnegangen og inn i den mørke tunnelen ; dei halvt gjekk sjølve og vart halvt skuva innover . Det lukta rart .

" Men kan ikkje trikken koma ? " spurte Hild , redd .

" Nei han står , " svara Ingrid . Dei vart pressa vidare . Hild fekk etterkvart ei panisk kjensle av å vera innestengd i ein mørk holgang som det ikkje fanst ende på . Torgeir vart trøtt av å gå og ville snu . Så tok ho han på ryggen . Han var tung , men ho gjekk og gjekk . Da syntest ho brått ho mista kontakt med Ingrid i folkeskuven .

" Ingrid ! " sette ho i .

" Eg er her ! " svara søstera litt lenger framme ; men det var belgmørkt og ho kunne ikkje sjå henne , og folk skuva seg fram og trengde på mellom dei . Da var det ein som lyste for henne med ei lommelykt .

" Saknar De nokon ? " spurte ei vennleg røyst .

" Ja , søster mi ! "

" Vi skal prøve å finne henne . Kom . "

Men no dukka Ingrid opp . Hild greip tak i handa hennar .

" Gå ikkje frå meg ! "

" Det gjer eg da slett ikkje . " Ingrid hadde ei snor i lomma . Den batt ho no ikring livet ; løkka i den andre enden tok Hild om handleden . Så gjekk dei vidare . Endeleg lyste det i tunnelholet langt framme .

" Valkyrieplass , " sa Ingrid .

" Kan vi koma opp der ? " Hild slapp Torgeir ned , orka ikkje bera han lenger , var så sliten og utkjasa at ho kunne legge seg rett i skinnegangen .

" Vi kan koma opp , " sa Ingrid . " Men vi er tryggare hernede . "

" La oss gå opp , for guds skuld ! "

Da dei kom ut i det fri , drog Hild inn lufta i djupe andedrag ; det var som fekk ho livet tilbake . Det lyste enno sitrande raudt over byen i sørvest , og mindre eksplosjonar flara opp . Flyangrep var det ikkje , men i tunnelen hadde dei hørt rykte om at heile byen var underminert av tyskarane og kunne gå i lufta kvar tid som helst .

" Vi går heim til deg likevel , " sa Hild . " Eg orkar ikkje meir . "

Dei gjekk . Ho slepte på den gråtande Torgeir , dels bar ho han på ryggen , dels drog ho han etter seg . Det var blitt mørkt no ; vesle Lily hadde sovna frå det heile på armen til mor si .

Neste morgon drog Hild og Ingrid på stasjonen , lasta med ungar og koffertar . Enno brann det ute i sørvest .

" Over Filipstad , " fortalte Ingrid . Store ammunisjonslager var sprengde i lufta , hadde ho fått høre ; det kom stadig små eksplosjonar .

Dei fekk plass på toget som vart fullt og snart rulla ut frå perrongen , ut i vinterlandet , skumringskvitt i gråværet ; heimover , heimover , heimover , syntest Hild hjula song , fortare og fortare , så snølandskapet kom farande mot henne og forbi , ‐ alt tett innpå lynande fort : forbi , forbi , forbi ; det som var lenger unna langsamt glidande , med kjørketårn og bygdelag , lodne skogar og åsar . Toget rasa vidare bort frå Oslo gjennom den grå desemberdagen . Dei var som på veg ut or ein mørk tunnel og kunne igjen puste fritt .

%Det vart kveld før dei kom heim til Rogne i drosje frå stasjonen . Den stille garden låg brått i ein ôm av utrop og gjensynsglede . Hild kasta seg i armane på Knut og omfamna deretter både Stina og Turid . Så måtte ho ned i kårstua og helse på tante Beate og gamle Hilda , og kysse Håkon og Helga som låg og sov . Dei snudde seg i søvnen .

" Mamma , " mumla Håkon og sov vidare .

" Han kjenner meg att ! " ropte Hild glad og ville til å løfte han opp .

" Ikkje vekk han , " bad Beate .

Oppe i daglegstua sat Torgeir og bobla og spruta og fortalte far sin om alt han hadde opplevd . Han fann ikkje ord , tok opp att , stamma av berre iver , sprutraud . Han og Lily fekk mat ; Ingrid la Lily på gjesterommet , og snart sat dei vaksne kring eit bugnande bord i spisestua , duka og dekt av Stina . Men Torgeir ville vera med , og han snakka heile tida til han brått slokna i fanget på far sin . Stina tok og bar han opp , ‐ ville skifte på han og legge han .

Ingrid var trøtt og gjekk til sengs ho òg . Hild og Knut sette seg litt i stua ; ho kraup opp i sofaen til han , fortalte frå ferda .

" Eg trudde aldri eg skulle koma meg heim , " sa ho og slo brått armane kring halsen hans og smaug seg tett inntil han .

" Å Knut ! " sa ho . " Eg har vore så redd . Og eg har lengta slik et ter deg . " Så skar ho i å gråte . Han tok kring henne ; hadde ikkje gjort det på svært lenge .

" Hild , " sa han , undren og fortumla , ‐ lykkeleg . Og igjen gjorde han det han hadde gjort for lenge , lenge sidan . Han reiste seg , tok henne og løfta henne opp , bar henne . Hild kjende det som ei salig svimring i heile seg der ho hang i armane hans med sine armar mjukt kring hans hals . ‐ Ber meg , tenkte ho , ber meg kvar du vil , berre eg er hos deg .

%Da dei hadde kome seg i seng , kraup ho inntil han att ; ho overøste han med kjærteikn og brukte ord ho aldri før hadde tatt i sin munn , og gav seg til han . Etterpå låg ho stille og lykkeleg i armkroken hans , der det var godt og trygt . Til slutt spurte Hild , svært lågt :

" Har du tilgjeve meg no ? "

Hild kjende at han stivna til og han svara ikkje .

" Har du ? " spurte ho att med fingertuppane lett over munnen og haka hans .

" Ja om du angrar . " Knut snakka svært lågt han òg .

" Vil du eg skal ønske Håkon ufødd ? "

" Kanskje ikkje nett det heller . Når han no først er der . "

" Du skal veta det , Knut , " sa ho så , " at da eg gjekk derinne i Oslo var det deg eg tenkte på , ikkje Thomas . "

" Eg får vel takke for det , " svara han nokså tørt .

Men ho kunne merke at det drog etter . Om litt tok han henne tett inntil seg att .

" Eg er likevel svært glad for å høre det , Hild . "

Hild låg stille ei stund , og så sa ho :

" Du har ikkje spurt om korleis det var med Torgeir . "

" Nei . Eg ville ikkje ha denne stunda øydelagt for oss . For når du ingenting fortalte ‐ . Kva sa den dokteren da ? "

" Han meinte det måtte vera hjerneskade ved fødselen . "

Knut låg litt og tagde .

" Kan han bli bra att ? "

" Nei , " svara ho stille . Atter låg han ei stund .

" Eg hadde tenkt han kanskje kunne vekse det av seg . Enda eg trudde nok ikkje større på det . "

Det vart ikkje sagt meir . Om litt sovna Hild , men Knut låg lenge vaken .

%Dagen etter gjekk Hild og sveiv rundt i husa og på garden , ‐ kom seg ikkje i gang med noko skikkeleg arbeid , let Stina ta hand om barnestellet etterat ho hadde henta Håkon og Helga opp frå kårstua og helsa på dei med klem og kyss . Ho gjekk liksom berre rundt og rørte ved ting og tok alt inn i seg i stille gjensynsglede .

" Jøsses , Hild , " sa Ingrid da dei vart åleine i stua eit par dagar seinare . " Som du går ikring og lyser da . Er du enno like forgapt i denne onkelen vår ? "

" Mannen min , " retta Hild henne .

" Ja , ja . Han må vera noko til mann , trass i alt . "

Dei heldt på å pynte juletreet som Knut hadde hogge og bore heim og sett fot på . Det nådde heilt opp til taket og lukta friskt av granbar og vinterskog .

" Det må jamen vera godt å ha ein å koma heim til . "

Hild måtte sjå på søster si .

" Det kunne du òg hatt . For du veit no vel kven som er far til Lily ? "

Det klirra lett i glaskula Ingrid streva med å henge opp .

" Sjølvsagt veit eg det ; eg er inga gatetøs heller . " Ho var blitt raud .

" Bur han i Oslo ? "

" Han budde i Oslo . "

" Ikkje no lenger ? "

" Nei . "

Det var noko bratt avvisande i måten Ingrid svara på , så Hild gjekk ikkje vidare med det .

" Eg syns du skulle bli heime no . " Hild hengde glitter ovanfrå og nedover . " Det må vera fælt å bu i Oslo . "

Ingrid lo litt .

" Ikkje så ille . Det er ikkje slik til kvardags som det har vore desse siste par vekene . Du kom jaggu hovudstups oppi det du . Litt lite mat , stort sett , og litt kaldt i husa , men elles bra . "

" Lily ser dårleg ut . "

" Ja ho er inga lubben , raudkinna bondetuppe akkurat . Her på landet er de så stinne av mat at det sit opp i halsen på dykk . Medan byane svelt . "

" Det er kanskje vi som held liv i byane òg , når alt kjem til alt . "

" Ja du kan visst ha rett i det . " Ingrid la brått armen om halsen hennar .

" Tilgje meg . " Ho slo seg på munnen . " Denne kjeften min berre rasar i veg og seier ting eg slett ikkje meiner . " Ingrid tagde litt , tok ei lysklype . " Eg er sjeleglad for å kunne vera her i jula . Og for all maten du sender meg . Men du Hild , " heldt ho lågt fram , streva med å feste klypa på ei mjuk grein . " Trur du Lily ‐ ville du la henne få bu her når eg dreg att , i alle fall for ei tid ? Du forstår det blir litt vanskeleg no . Eg må flytte ut der eg bur . Gardeigaren har sagt meg opp . "

" Kvifor det ? "

Ingrid var rar og brydd .

" Han skal ha ein annan inn der , så vidt eg veit . "

" Men har du nokon stad å flytte inn ? "

" Pyttsann , det finn eg nok . Eg greier meg godt , om det ikkje var for Lily . Det blir ingen til å passe henne når eg er på arbeid . "

" Eg skal snakke med Knut , " sa Hild . " Det må kunne bli ein utveg så ho kan vera her . "

Ingrid vart hoppande glad og slo armane kring Hild .

" Du er jenta si du Hild , og dette skal du aldri angre på . " Ho fekk tårer i augo og vende seg bort .

" Æsj , no får du meg til å gråte òg . " Og så lo ho ; dei lo begge og pynta vidare på juletreet . ‐ Det vart fullt av smått på Rogne heretter , tenkte Hild . Men ho kunne umogeleg la Ingrid dra inn til byen att med ungen , når det stod slik til .

%Denne julekvelden vart det ein enda større ring kring treet enn før , ‐ mange små stabbande føter og blanke barneaugo opp mot lysglansen . Gamle Hilda sat i stolen sin slik ho pla , men var blitt bleik og tunn no , og nesten blind . Tante Beate pusla omsorgsfullt ikring henne , men gamla heldt seg stiv og sa at det hadde inga naud med henne .

" Berre gå kring treet du , " sa ho . " Berre ikkje bry deg . " Men likevel masa ho og ropte på Beate rett som det var .

Hild måtte sjå på Lars der han gjekk og song med kraftfull mannsrøyst , høg og dryg over okslene . Han var seksten år og Knut hadde tatt han i si tenest ; han gjorde gagns arbeid på garden , visste ho . I ringen kring treet gjekk òg den unge jenta dei hadde fått til å hjelpe Turid i fjøset , for Turid var ofte sjuk no . Eli heitte ho og var blussande ung , berre nitten år og svært vakker . Hild såg at ho og Lars søkte kvarandre med augo både titt og ofte . Ho fekk visst sjå etter litt , så han ikkje rota seg reint bort . Men straks var tankane andre stader . Ho bar Helga på armen og den vesle sat trylt av lys . ‐ Eg er heldig , tenkte ho , som kan gå her og ha det trygt . ‐ Treet lukta godt av granbar , harpiks og brennande voks . Det stod der og glitra i all sin stas , men snart kom barnålene til å drysse ; treet skulle bli ribba for glitter og englehår og kulørte kuler og lys ; det skulle bli slengd bak uthuset , snøge ned der og dukke oppatt til våren , brunt og tørt . Hadde det fått stå på si rot i skogen kunne det ha kasta snøen av seg og løfta seg mot vårlyset med friske , nye skot .

%Hild syntest det var vanskeleg å få spurt Knut om dei kunne la Lily vera att på Rogne når Ingrid reiste til byen igjen . Ho manna seg opp og gjorde det likevel . Knut tok det roleg .

" Ja jentungen kan visst trenge til skikkeleg mat og stell , " sa han . " Så om du orkar å ta det på deg , Hild , har eg ingenting imot det . Men du burde snakke litt med søster di så ho ikkje set i gang og legg fleire gaukungar i andres reir . "

Hild vart raud .

" Nokon gaukunge er det vel ikkje ; Lily tar ikkje store plassen . "

" Ikkje enno , " svara han . " Og eg ser gjerne at ho blir her , som sagt . Eg er berre redd for at Ingrid kan koma ille ut å køyre derinne i Oslo . "

" Ja du tok på deg litt av kvart du , Knut , da du gifta deg med meg . " Det var ein eigen hete i røysta hennar , av skam , men òg av indignasjon .

" Eg har no likevel ikkje angra på det , " mumla han . " Når eg berre kan vera viss på at eg har deg . "

" Er du ikkje det da ‐ no ? "

" Jau , " svara han , " jauvisst ! Men heilt klok på deg blir eg aldri , ikkje heilt trygg heller . "

" Kanskje det ikkje var så bra det , om du kjende deg altfor trygg , " smilte ho .

" Kanhende . Enn du sjølv ? " Knut såg granskande på henne . " Synest du det blir for trygt , for keisamt her på Rogne , saman med meg ? "

" Det gjer eg slett ikkje , " svara ho litt brå i tonen , men la til : " Det er godt å ha det trygt . "

" Ja eg har det i alle fall ikkje keisamt . For du skifter du Hild , som været i april . Det er som å vera gift med fleire kvinner . "

" Det er vel ikkje så bra med berre blanke dagar heller , " meinte ho .

" Du kan nok ha rett i det . Berre solskinn er ille for grøda , og sikkert for folk og fe òg . "

Kvelden før Ingrid skulle dra inn att til Oslo , sat dei to søstrene nede i stua etter at dei andre hadde lagt seg .

" Eg måtte gråte ein skvett da eg stelte Lily i kveld , " sa Ingrid . " Men eg er likevel svært glad for at ho kan vera att her . "

" Vi skal passe godt på henne . " Hild skjenkte heimelaga vin i to glas .

" Ja Lilyungen får det fint no . Berre ho ikkje gløymer mamman sin . "

" Skål Ingrid . "

" Skål . Og takk for alt denne gongen . "

Dei vart sitjande litt og teia ; Ingrid hadde tend seg ein røyk .

" Vonar du får nytt husvære da . "

" Å det går nok . "

" Du har venner kanskje , som kan hjelpe deg ? "

" Javisst . Det går sikkert bra . "

" Er det nokon du er særleg mykje saman med ? " Hild sat og snudde og dreide på glaset .

" Kvifor spør du ? " Med ei amper rørsle stumpa Ingrid sigaretten og tok ein ny .

" Er det så rart ? Eg er da søster di . "

" Ja nettopp ! Og du er ikkje mor mi . "

" Men Ingrid da , kvifor tar du slik på veg ! "

" Tilgje meg , " mumla Ingrid , og tende sigaretten . " Eg hadde berre ei kjensle av at du sat her og forhørte meg . " Så bles ho røyken ut og såg provoserande på Hild .

" Enn du da Hild , er du glad og lykkeleg og nøgd med alle ting ? "

" Eg har det godt , det ser du vel , " svara Hild overrumpla . Ingrid sat og smilte litt og såg på henne :

" Så du har alt du treng og ønskjer deg i livet . "

" Eg har det godt . " Hild tok meir i no . " Eg har barn som eg er glad i , og ein mann som ‐ . Men no har eg ei kjensle av at du sit og forhører meg . "

Ingrid sat og følgde røyken med augo .

" Du har sagt to gonger no , at du har det godt ; det er som du må overtyde deg sjølv om det . "

" Ingrid ! " sette Hild i ; tagde ein augneblink og sa så , dirrande :

" Det er vel slik at du misunner meg da . "

" Misunner deg ! Å nei du ! Du får da ikkje den minste kjenning med livet , Hild ! Her har du gått og tråkka i hælane på onkel Knut frå du var ein neve stor , og har visst aldri oppdaga at det finnst andre menn til i verda . Ja , du var forelska i sonen hans eingong , og kanskje i Gunnar Berg , men det tel ikkje . "

Hild kjende blodet stige seg til hovudet .

" Eg er i alle fall glad til at eg aldri har falle for slike menn som du fell for , og gått frå den eine til den andre . "

" Kva veit du om det ? " spurte Ingrid , skarpt og dirrande , ‐ la sigaretten frå seg .

" Såpass har eg skjøna . Og eg har skjøna det òg at Lily fekk du med ein tysk soldat . "

Ingrid sat og stirde på henne , var blitt bleik .

" Jaså du . Javisst . Kva er det som gjer deg så trygg på det ? "

" Det snauklipte håret ditt under parykken . "

" Kan eg ikkje ha klipt det av sjølv ? "

" Nei Ingrid , det har du aldri i verda gjort . Så stolt du var av det håret ditt . " Ho greip handa hennar , og tonen var brått ein annan , varm og inntrengjande : " Ingrid ! Kjære Ingrid , fortel meg det . "

Den heilt uventa varmen fekk Ingrid til å snu andletet bort ; augo spratt fulle av tårer .

" Det er ingenting å fortelja , " mumla ho .

" Kom igjen . Fortel det til meg . "

Ingrid sat og fingra nervøst med sigaretten .

" Ja han er tysk soldat . Men eg er inga tyskartøs for det . "

" Fortel . "

" Han heitte Heinz , " sa ho svært lågt . " Eg sat på ein benk i Slottsparken ; det var i september for vel to år sidan . Fint og varmt sommarsvær . Da kom han og sette seg på benken han òg . Eg ville først gå , men vart sitjande , ‐ eg sat og røykte . Han tok ein sigarett og spurte etter fyr . Så gav eg han det da . Deretter tok han til å snakke ; kunne litt norsk . Eg var dum nok til ikkje å gå . Han fortalte om seg sjølv , kor einsam han kjende seg , og at han lengta heim . Andletet hans var så vakkert og alvorleg , ja du kan vel sjå det på Lily at han var vakker . Til slutt bad han meg med på kino , og eg tenkte : skitt la gå ! Etterpå følgde han meg heim ; eg vart flau og lei meg kan du forstå , for folk på gata såg oss . Utanfor porten kysste han meg på handa og så gjekk han . Men vi hadde avtala for neste gong . Vi var på dans da , på Speilen ; og etterpå gjekk vi hand i hand gjennom Slottsparken , ‐ det var mørkt , men varmt . Der tok han meg inntil seg og kysste meg , overrumpla meg reint ; og eg var så forelska i han , eg sansa ikkje på kva eg gjorde . Han drog meg ned i graset og eg let han få det slik han ville med meg . "

Ingrid vart sitjande og teia .

" Og så ? "

" Eg møtte han nesten kvar kveld . Det var fint Hild , den tida det vara . Eg angra ikkje på det . Ikkje eingong da dei greip meg ute i gata og drog meg inn i eit portrom . Det var fleire av dei ; dei slengde meg over ende , ‐ ein greip meg i håret ; eg hadde hestehale da , og fekta mot andletet mitt med ein kniv . Eg trudde dei ville skjera halsen over på meg , eg skreik og slost for livet ; da køyrde dei eit lommetørkle inn i munnen på meg , og han med kniven skar av håret mitt . Ein annan brukte saks og klipte meg snau . Dei kalla meg tyskarhore og dei valdtok meg , to eller tre , og dei klipte av meg håret der òg . Så var dei brått vekk . Eg fekk ordna kleda mine nokonlunde og fann att håret mitt der i mørket . Med det over hovudet sprang eg ut på gata og heim til meg sjølv . Eg kasta meg på senga og berre gret og gret ; det sveid og verka i underlivet som var eg skoren opp med kniv . Utover natta sat eg og laga ein slags parykk av håret mitt , ‐ det lange , silkeblanke håret mitt ; det var ikkje lenger ein del av meg sjølv . " Ingrid tagde , tok seg ein ny sigarett utan å sjå på Hild ; det gjekk gråtskjelvingar gjennom henne .

" Du kunne kanskje ikkje vente deg anna , " sa Hild om litt .

" Ikkje det ? Eg bestemmer da sjølv over min eigen kropp og kven eg vil gje han til . "

" Ikkje i krigstid , Ingrid . "

" Jo , også i krigstid ! Lever vi ikkje i eit fritt land ? "

" Nei , det er nettopp det vi ikkje gjer ! Derfor var det også så ille det du gjorde , kan du ikkje forstå det ! "

" Eg forstår i alle fall såpass at du dømmer meg du òg . Eg skulle aldri ha fortalt deg det . "

Dei sat og tagde litt , ‐ så sa ho :

" Eg kan vel ikkje anna vente av deg , du som aldri har blitt mjo og veik når den mannen du er forelska i , tar ikring deg og vil ha deg . "

" Kva veit du om det ! Eg har kanskje opplevd noko eg òg ; og eg har ikkje fiskeblod i årene slik du trur . "

Hild var på nippet til å fortelja Ingrid om Thomas no , men tok seg brått i det . ‐ Ho er saman med tyske soldatar , tenkte ho . Eg kan ikkje stole på henne .

" Reiste han bort frå Oslo da ? " Hild skjenkte i glasa att .

" Ja han vart send til Austfronten , " svara Ingrid , uvillig til å fortelja meir . " Eg får nok aldri sjå han att . "

" Men dette er lenge sidan . Og du er snauklipt no òg . "

" Når det først var gjort og eg fekk meg parykk , klipte eg det sjølv og heldt det kort . "

" Så du har ikkje vore saman med andre tyskarar etterpå da ? "

" Nei , " svara Ingrid , litt nølande . " Jo så vidt . Eit par tre gonger . "

" Med ein eller fleire ? "

Ingrid sat raud og ille ved , røykte nervøst .

" Kva grev du og spør etter ! " Ho tagde litt att og mumla så : " Nokre få . Men det var Heinz eg prøvde å finne att i dei andre . Eg var utskjemt og stempla i alle fall , kvifor skulle eg så ikkje like gjerne halde fram ? Ingen norske gutar ville gå ut med meg lenger , " la ho lågt til . Ho stumpa sigaretten .

" Så no veit du litt meir om mitt liv . Eg har det ikkje trygt og godt som deg . Men eg vil ikkje ha det trygt . Eg vil leva medan eg lever og er ung . "

" Og etterpå ? "

" Eg tar ein dag om gongen , det greier seg for meg . Og om hundre år er alt gløymt . "

" Kunne du ikkje flytte hit til bygda att ? "

" Aldri ! " Ingrid reiste seg . " Men det er seint . Og eg skal reise tidleg i morgon . "

Hild reiste seg òg , og på ein brå impuls omfamna ho Ingrid . Da brast det for henne ; ho skar i å gråte . Så tok ho seg saman .

" Tåreperse , " sa ho og lo . " Du får meg alltid til å grine som ein jentunge . Godnatt med deg . Eg er glad du er til likevel . "

Ho gjorde seg brått fri og gjekk .

Over nyttår vart Hild og Knut Rogne med i songkoret att ; dei hadde vore borte lenge no .

" Eg trudde de ville svikte oss reint , " sa Tor Flatland , svært glad for å sjå dei . " Velkomne skal de vera ! "

Dei heldt på å øve inn : " Jeg så han som barn " . Flatland ville no at Hild skulle synge solopartiet , men da vart ho han hadde vald ut før krenkt og lei seg , ‐ og han måtte la dei ta det på deling . Hild sat først og hørte på , og det let slett ikkje så vakkert og brusande som ho mintest det frå da ho sjølv stod i koret . Alle stirde på dirigenten og song på harde livet , enkelte med levande , gripne andlet , særleg dei unge kvinnene i første rad ; andre meir tunge og døde i uttrykket . Det klang ikkje alltid reint ; da braut Tor Flatland av og tok oppatt , fekk det til å klinge slik det skulle ; andletet hans var så med i den minste skifting at Hild etterkvart såg meir på han enn på koret . Og da ho sjølv stod der att , midt i det , opplevde ho påny dette som løfta og løfta henne , eit brus og ein samklang , ein høg stemning ; den bar henne langt ut over kvardagen og det utrivelege lokalet . Igjen hadde ho det strie lyset frå Tor Flatlands augo rett på seg , ‐ ho såg berre dei og det kvite , henførde andletet hans .

Etter prøva kom han bort til henne og Knut og spurte om han fekk stikke innom Rogne ein dag . Han skulle så gjerne prate litt med gamle Hilda , ‐ samla stoff til noko som kanskje med tid og stunder vart til ei bygdebok . Han skulle vera hjarteleg velkomen , sa Hild , og Knut slutta seg til det .

" Kan det høve på søndag ? " spurte han .

" Javisst ! Ikkje sant ? " Hild såg spørjande på Knut .

" Det høver bra , " sa han . " Du får koma til middag . "

%Så kom han . Det vart stor oppdekking i spisestua , med kvit duk og gardens finaste dekketøy ; det funkla i glas og glima i gammalt sølv . Dei sat og åt og drakk , ‐ hadde akevitt og julebrygg i glasa .

" Skål . Og velkomen her på garden , " sa Knut , nesten høgtideleg . Elles ville liksom ikkje samtalen koma skikkeleg i gang . Hild sat og kjende at ho blussa litt i kinna , ‐ ho var uvan med akevitt og redd for at gjesten skulle ha det keisamt i deira selskap . Dei snakka om koret , og snart var det emnet uttømt . Så greip dei til krigen .

" Det er sørgeleg at så mange av bøndene her i bygda har meldt seg inn i N.S. , " sa Flatland .

" Ja , " svara Knut , " dei trur det blir betre pris på tømmer om Tyskland vinn krigen ; og gode tider for bonden i det heile . Dei frir til oss bønder av arisk rase , veit du . Skal reindyrke oss som om vi var eit krøtterslag . "

" Det er berre blanke opportunismen da ? "

" Ånei , ikkje berre det . Dei trur på sjølve læra òg mange . Dette med blod og jord . Og så er det den raude fare frå aust ; vi vart oppflaska med den i tjue- og trettiåra . Ikkje for det , den faren er da visst verkeleg nok , på litt lenger sikt da . Elles finnst det samarbeidsfolk av ymse slag , her som andre stader , og stripete i alle gråfargar . Folk får arbeid og pengar til mat , flust med pengar enkelte ; og da blir freistinga stor . Og så har vi denne stasjonsmeisteren da , denne Lande . Han er ei landsulykke for bygda , om eg kan seia det slik . "

" Når ein først er på den sida , " sa Tor Flatland , " har eg trass i alt meir til overs for dei som tar konsekvensen av det og reiser til fronten . "

" Ja , vi har ein slik ein her òg . " Knut kikka bort på Hild . " Ein Gunnar Berg frå øvrebygda . Han ligg visst utanfor Leningrad . Dei har fått eit par brev frå han , foreldra hans på Berg . Gud veit om han nokon gong kjem heim att . "

" Dei blir snart drivne heim att , alle ; utan dei som må ligge igjen der borte . Og det er mange . Presset er hardt på Tyskland no , både austfrå og sørfrå , og snart går vel Vestmaktene til landgang ved Kanalen . Det tredje riket er ferdig . "

" Ja trur du ikkje det ? " sa Knut , ivrig . " Men dei har da visst tenkt å slåst til siste mann . "

" Dei har kanskje ikkje stort anna val , " svara Flatland . " Eg trur vi skal få sjå eit uhyggeleg Europa når kruttrøyken ein dag driv bort . Det kan snart ikkje vera stein tilbake på stein . Ikkje av alt det vi har trudd på heller . ‐ Og jødane , " sa han . " Gud veit kor mange det er att av dei . Dei blir utrydda systematisk , med tysk presisjon og effektivitet ; blir køyrde austover , stuva saman i godstog og krøttervogner , gamle og unge , menn og kvinner , ‐ til dødsleirar . Vernichtungslager . "

Det vart stille . direkte hadde Hild aldri fått høre dette før ; Tor Flatland måtte få meldingar , tenkte ho , frå London eller andre stader i den frie verda , meir enn det radioen kunne melde om .

Dei flytte inn i stua og Hild skjenkte i kaffi . Tor Flatland og Knut snakka vidare ; Hild sat stum i sine eigne mørke funderingar . Igjen hadde Thomas kome så nær , men kanskje var han ikkje meir blant dei levandes tal . Det var liksom berre augo hans som stod og lyste mot henne .

" Du er så stille , Hild , " sa brått Tor Flatland , ‐ ho vart vár at han sat og såg på henne . " Du har kanskje ikkje vidare interesse av det vi snakkar om . "

" Å jo ! " sa ho . " Det har eg da . "

" Nei det kan bli for mykje krigsprat . Men det hjarta er fullt av , renn munnen over med . Eg trur forresten det er eg som snakkar heile tida . " Han hadde nok merka at Knut òg sat heller taus no .

Hild skjenkte kaffi att og spurte kvar han budde .

" Eg har eitpar små rom på Tofte . Sjølvsagt kunne eg hatt lærarbustaden på skolen . Men eg er ungkar og spelemann og eg vil nødig jaga gamlelæraren ut . Han har kone og ei ugift dotter i huset . Skulle likevel gjerne ha funne meg noko nytt . "

" Om du vil kan du bu her , " sa Hild , og kunne ha bite av seg tunga med det same det var sagt . Ho såg bort på Knut ; han stod med sigarkassa , der det enno var nokre få fine førkrigssigarar att .

" Her ? " undrast Tor Flatland .

" Ja vi har da eit heilt våningshus ståande tomt . Kan han ikkje få det , Knut ? "

" Jauvisst . " Knut lo litt . " Du kan godt få bu der om du ønskjer det . "

Tor Flatland tok mot sigaren .

" Det var no meir enn snilt . Eg seier mange slags takk . "

" Så kan vi få litt ekstraøving i korstemmene våre , " skjemta Knut og gav han fyr .

%Etter kaffien rusla Tor Flatland ned i kårstua .

Knut var ute av humør .

" Vi burde ha diskutert dette på førehand , før du busa ut med noko slikt . "

Hild sette i hop koppane .

" Ja eg er lei for det ; det berre datt utor meg før eg fekk tenkt meg om . Er du så imot det ? Vi kan seia at det ikkje passar likevel . "

" Nei , " sa han . " Det kan vi ikkje . Og eg er ikkje imot det . Men eg vil nødig at du tar styringa her heilt . Ikkje enno , " la han til i ein litt merkeleg tone . " Eg synest godt om han , ‐ det er ein likandes kar . Du får be Stina gjera i stand der borte . Det kan bli hyggeleg òg , å ha han her . "

Neste kveld det var songøving kom det tre ungdommar og ville vera med i koret , ‐ to gutar og ei jente . Alle visste at dei lenge hadde vore medlem av N.S. . Det vart heilt stille i lokalet da dei steig inn . Dei fleste helsa ikkje , nokre nikka så vidt det var . Tor Flatland fortalte roleg at det ikkje var plass for fleire i koret .

" Det trur vi ikkje noko på , " sa den eine guten aggressivt . " De tok inn nye sist veke . "

" Men no er det fullt . " Tor Flatland vende seg frå dei . " Skal vi så setja i gang ? "

Dei stilte opp .

" Vi børjar i dag med " Gud signe Noregs land " . "

Dei tre ungdommane sette seg på ein benk ved veggen . Koret stemte i , og songen fekk ei eiga kraft . Dei tre gjekk til slutt , og praten braut laus .

" Gudskjelov ! Eg trur vi får lufte ut litt her , " sa ein og sette opp døra så vinterkvelden gufsa råkald inn .

" Så frekt ! " kom det frå andre . " Rein provokasjon ! "

" Vi er nok ikkje ferdige med dette , " meinte Tor Flatland .

Det fekk han rett i . For på neste øvingskveld møtte stasjonsmeister Lande opp ; han var no blitt propagandasjef i bygda .

" Er det slik at de ikkje tar inn fleire i koret ? " spurte han , og såg skarpt på Flatland gjennom briller med tunn gullinnfatning .

" Det stemmer . "

" Gjeld det jøssingar òg ? "

Tor Flatland svara ikkje , stod og bladde i notene framfor koret . Lande greip han i armen , vende han mot seg :

" Eg vil veta om det gjeld jøssingar òg ! " Han var no skarp og trugande , bleik som han pla bli når han tende .

" Det gjeld generelt . " Tor Flatland vende seg mot koret .

" Herr Flatland ! " Det kom sterkt og bydande .

" Ja ? "

" Herr Flatland . Eg vil rå Dykk til å vera litt varsam no . Vi veit kva for rolle De spela her i bygda under striden om Lærarsambandet . De kan takke Gud , og oss , at De ikkje hamna i Kirkenes . Eller verre stader . Men det er ikkje for seint enno . " Det blinka fanatisk i brilleglaset hans ; han vende seg og gjekk .

Ingen sa noko . Lærar Flatland var blitt enda bleikare enn han pla vera .

" Ja det var klar tale , " mumla han til slutt . " Det neste blir vel at dei nektar oss å synge , i alle fall i kor . Men la oss koma i gang , medan vi enno får lov . "

Han var underleg fråverande under resten av øvingskvelden og braut av tidlegare enn vanleg . Knut var ikkje med ; hadde fått ein snev av influensa og heldt seg heime , så Hild vart gåande åleine saman med Tor Flatland nordetter bygdevegen ; ‐ han budde på Rogne no , hadde flytt inn der eit par dagar før . Det snødde , og det var tungt og subbete å gå .

" Ja no ser du kva slags mann Lande er , " sa ho .

" Å eg har da visst det at han var farleg nok . "

Dei gjekk og tagde ei stund , og så sa Hild :

" Var det sant det han sa om deg og Lærarfronten ? "

" Vi står samla om det , alle lærarane i bygda . Utan ein . Og han er medlem av N.S. . "

" Men du står i brodden for det ? "

Tor Flatland svara ikkje straks .

" Lit du ikkje på meg ? " sa ho lågt , ‐ heldt i det same på å snuble i ei snødrive som hadde blåse saman i vegen . Han tok henne brått og uventa i armkroken ; det gjekk ei eling gjennom henne .

" Det er så mørkt , " sa han . " Og du heldt på å falle . Visst lit eg på deg , " la han til .

Dei gjekk tause slik ei stund ; det bles nordavind og dei hadde snødrevet beint mot seg . Ei lyskjegle kom nordfrå gjennom kvervlinga av snø og Hild gjorde seg fri . Lastebilen fór framom så snøføyka stod , og det vart belgmørkt .

" Folk går ikkje slik her på bygda , " sa ho . " Fekk nokon sjå oss , skulle det nok bli prat . Det er ille berre det at vi går her vi to åleine . "

" Men no er det mørkt att . " Han kom med armen igjen . " Så no får eg vel lov ? "

" Du får vel det , " mumla ho lågt .

" Hugsar du den gongen vi kom ut for tysk kontroll ? Det var omlag her . "

" Sjølvsagt hugsar eg det . "

" Eg hadde illegale papir på meg da , aviser og skriv . "

" Ja eg tenkte det nok , så nervøs du var . "

Dei gjekk og tagde ei stund att , ‐ tok seg fram mot det piskande snødrevet ; ho kjende armen hans kvile varmt og levande mellom hofta og armkroken , ‐ sjølv gjekk ho med hendene i ei skinnmuffe , ‐ og kjende hans rørsle mot si i gangen . Om litt sa Hild :

" Vi hadde ein tysk flyktning på Rogne første krigsvåren . "

" Ja eg har hørt noko om det . "

" Tyskarane kom og leita etter han . Men da var han vekk . Han var jøde . Eller halvt jøde . Gud veit kvar han er no , om han lever i det heile . "

" Kom han seg ut or landet , trur du ? "

" Nei . Han vart tatt i nabobygda . "

" Da lever han nok ikkje , " sa han . " Det kan eg aldri tenke meg . "

Atter vart dei gåande stille .

" Græt du ? " spurte han , undren . " Eg synest du går og græt . "

" Nei da . " Hild smilte og vende andletet mot han ; han kunne så vidt skimte det . Brått tok han av vanten på venstre hand og strauk henne lett over kinnet .

" Du græt , " sa han .

" Nei det er berre snøen som smeltar . ‐ Han heitte Thomas , " heldt ho fram om litt . " Eg har forresten ein ting etter han . Ei svært fin fele , ‐ den gav han meg før han fór vidare . Kanskje du kunne spela på den ein dag . "

Han gav armen hennar ein lett trykk og sa :

" Det skal eg . "

Hild gjekk litt att .

" Kanskje ikkje likevel . Knut veit ikkje om den fela . "

Tor Flatland såg litt undren på henne .

" Gjer han ikkje det ? "

Ho rista på hovudet . ‐ Kvifor fortel eg dette ? fór det gjennom Hild . Eg har late han få veta altfor mykje om meg .

" Du skal ikkje vera uroleg , Hild ; og ikkje angre på at du har fortalt meg det . "

‐ Han les tankane mine , tenkte ho , fortumla , og drog armen til seg att , ‐ ho hørte det kom nokon frami vegen . Om litt svinga dei inn alléen til Rogne .

%Vesle Lily hadde stura litt dei første dagane etter at Ingrid hadde reist ; ho sutra og spurte kvar mamma var . Men snart kom ho seg og trivdest godt . Det vesle magre andletet vart rundare og fekk farge , og augo viltert liv under dei lyse krøllane . Hild hadde ikkje fått fortalt Knut at faren var tysk soldat . Ho syntest ho førte han bak lyset . No igjen , tenkte ho . Kva kom han til å seia når han fekk veta det ? Men ho skauv det frå seg ; ikkje vart det tid til å tenke større på det heller .

Lily var dårleg kledd og voks fort frå det vesle ho hadde . Hild , som i ledige stunder ofte sat med saum og anna handarbeid , leita etter stoff så ho kunne få kledd opp jentungen . Ho tok ein av sine eigne gamle kjolar og av den fekk ho laga to til Lily . På loftet leita ho rundt i kister og hyller etter eit tjukkare stoff til kåpe , kraup inn under taksperrene . Brått sat ho på kne med felekassa mellom hendene , ‐ det var som eit sjokk og det jaga hjarta opp i henne . Ho strauk støvet av lokket og opna varsamt , tok fela ut , snudde og vende på henne , rørte litt ved strengane . Thomas kom henne nær ; ho syntest han stod like bak henne , ‐ kunne høre han puste . Det kjendest så verkeleg at ho bråsnudde og venta å få sjå det kvitt lysande andletet hans . Gjennom halvmørket , frå under takmønet , stod strimer av lys som støvet dansa i . Hild la fela tilbake på plass og gøymde felekassa og kofferten djupare i kista . Det låg eit tjukt raudt ullstoff der , ‐ det sveipte ho over dei hemmelege sakene . Da kom ho brått på ærendet sitt , at ho var her for å leite etter kåpestoff . Ho tok opp ullstoffet , og dekte over felekassa og kofferten med andre ting .

Da ho vel hadde late att kistelokket og skulle til å krype fram att , gjekk det i trappa ; det var Knut som kom , han skulle nok inn på loftsrommet og høre radio . Hild sat dørgande still under taksperrene , ville ikkje bli sett .

" Sit du her Hild ? " sa han forundra . " Kva gjer du her ? "

" Eg leita etter eit stoff eg kan sy kåpe av til Lily . Eg fann det òg , sjå her . "

" Du treng da vel ikkje gøyme deg bort for det ? "

" Eg gøymde meg slett ikkje . "

" Nei , nei . Det såg vel berre slik ut . "

Knut gjekk inn på loftsrommet og Hild kom seg opp , reint bortdovna i beina , så mjo at ho måtte halde seg ein augneblink til taksperrene . ‐ Så dumt , tenkte ho . Det måtte da lyse dårleg samvet av henne lang veg .

Hild hadde eit lite arbeidsrom der symaskinen stod . Bordet fløymde over av gamle tøyrestar ; ho skuva dei bort , breidde ut ullstoffet , greip saksa og børja å skjera det til , enno oppskaka . Ho måtte le av seg sjølv . Om no den fela kom for dagen , var det så farleg ? Og dessutan , Knut gjekk aldri dit . Tankane vandra medan ho klipte fort og uvørrent . Lily måtte ha nye støvlar . Dei ho hadde var tunnslitne og kalde , og for små . Også Torgeir måtte ha nye støvlar , fort som han voks . Så kunne Håkon få Torgeirs . Men det fanst ikkje barnestøvlar nokon stad for tida , ho hadde prøvd seg i fleire butikkar , og måtte berre gå heim att med eggekorga si . Elles var egg , og smør , framifrå byttemiddel , betre enn dei grønne pengesetlane , Hild hadde fått tak i både dress til Knut og anna fint på den måten . Andre gonger brukte ho brennevin , det ho kunne få på rasjoneringskortet . Ho var blitt ram til å sno seg og finne utvegar . I butikken til Gustav O. Larsen var det lite i hyllene no , ‐ ikkje stort anna å få enn sild og surrogatkaffi , brunt , uraffinert sukker på kort , deigete brød med rårand ; det kjøpte ho aldri , dei baka brød sjølve på Rogne , av eige mjøl . Til og med B-såpe var det mangel på . Kristine hang over disken , trøtt og sliten å sjå til , utan den gamle smilen , og pakka inn varer i grovt , simpelt papir . Hild likte ikkje å gå dit , for det hende ho såg snerten av far sin på det indre kontoret , alltid full . Ein dag ho steig ut av butikken , kom han etter henne . Ho let som ho ikkje såg han og snudde seg mot butikkveggen der nye anordningar og åtvaringar var slått opp og rive halvt ned .

" Nei er det deg , Hild ? " sa han . " Står du her og les skrifta på veggen du . " Og så lo han godt av sin eigen vits . Brått kom han opp til henne og snakka lågt :

" Du Hild . Eg veit du får flasker frå polet iblant . Kunne du ikkje hugse på meg ein gong ? "

" Eg trur du får nok på annan måte , " sa ho og drog rett frå han , brennande i kinna av skam . Der gjekk faren som ein lasaron , unnsåg seg ikkje for å tigge eingong .

Hild var ferdig med å skjera til Lilys kåpe og gjekk inn i stua der Knut sat og røykte . Ho spurte etter nytt frå krigen for å få ein samtale i gang ; men han hadde lite å fortelja , sat nokså fåmælt og følgde piperøyken med augo .

" Ungane treng støvlar , " sa ho , nokså bryskt , " og eg veit ikkje mi arme råd korleis eg skal kunne få tak i det . "

" Gå til skomakaren . Så syr han støvlar . "

" Har du lær da ? "

" Åja , eg har da det . Det kom ein gamling her ein dagen , som kunne kunsten å garve . "

Knut gjekk , og kom inn att med ein bunt lær .

" Dette skulle vera meir enn nok , " sa han . Og atter såg han litt rart på henne . Hild fekk det travelt , samla egg i ei korg , ropte på Torgeir og Lily og så drog dei av stad til den gamle grendeskomakaren . Torgeir snakka heile vegen , men Hild hadde tankane andre stader . ‐ Eg må få flytt fela fortast råd er og gøymd henne på ein annan stad , tenkte ho .

%Vel heimkomen ville ho gå på loftet og hente sakene etter Thomas . Knut sat inne på kontoret med gardsrekneskapen , ‐ han hadde vore underleg mutt heile dagen . Da ho kom halvt opp i trappa , stansa ho og tenkte : ‐ Om han kjem over meg ein gong til , blir det verkeleg ille . Ho kunne i farten ikkje hugse når det var sending frå London . Etter å ha stått der litt , uviss , gjekk ho ned og sette seg til å sy . Ho hadde skore feil og fekk stort strev med å rette det opp att . Etter ei stund hørte ho Knut gå ut . ‐ No , tenkte ho , no må eg få det gjort .

Da Hild vel var på loftet og skulle til å opne kista , kom ho til å tenke på kvar ho kunne få gøymt bort sakene . Det måtte bli i uthuset . Men skulle ho bera det over tunet midt på lyse dagen ? Ho hørte det låte i ei dør nede og stod stiv . Var det Knut ? Og kom han hit ? Fort gjekk ho ned att og inn på kjøkkenet . Så var det berre Stina som hadde kome med eit fang ved .

" Så bleik du er Hild , " sa ho . " Er du ikkje frisk ? "

" Berre litt sliten , " mumla Hild og gjekk inn til saumen sin att . Ho var no reint besatt av tanken på å få fela og kofferten bort . ‐ Seint i kveld , tenkte ho og sveiva på symaskinen . Etter at Knut har lagt seg .

%Men ho fekk ikkje høve til det . Om ettermiddagen hadde Knut igjen vore på loftsrommet og hørt radio . Da han kom ned i gangen ropte han inn til Hild som dreiv og vaska barnetøy på kjøkkenet . Ho syntest han var så rar i røysta .

" Kom inn her litt ! " ropte han . Sjølv hadde han gått inn i stua , ‐ ho gjekk etter , tørka hendene på forkleet . Ho måtte gripe tak i dørkarmen da ho fekk sjå kva han stod med . I den eine handa heldt han den gamle , slitte kofferten til Thomas , i den andre felekassa .

" Kva er dette ? " sa han . " Eg skulle leite etter noko i kista på loftet , og så fann eg det . "

Hild prøvde å halde seg stiv .

" Å det ! Det er noko etter Thomas Hilpert ; han kunne ikkje dra det med seg til fjells , og vidare , kan du skjøna . Eg hadde reint gløymt det . " Hild kjende seg mjo i beina og sette seg på ein stol .

" Det er berre verdilause ting da ? " Knut var rar og framand i målet . " Som vi kan brenne . "

" Nei , ikkje brenne ! " sette ho i .

" Det skulle vore brent for lenge sidan ! " Knut var opprørt no . " Ei Guds lykke at dei ikkje fann det da dei var her og leita . Og du sa det ikkje var noko att etter han . Du laug for meg da ! " Røysta hans skalv .

" Eg hugsa ikkje ‐ . "

" Du hugsar nok ikkje meir enn du sjølv vil , du . Åjo , du hugsa det nok . Men du laug for meg . No skal det i alle fall brennast . "

" Ikkje fela ! " ropte ho . " Ver så snill ! "

Han såg på henne ; sette frå seg kofferten , opna kassa og tok fela ut .

" Fin fele , " mumla han .

" Ekte Stradivarius , " sa ho lågt . Han smilte , så vidt det var .

" Eg veit ikkje kva det er . Men brennast skal ho , om ho er aldri så fin . " Han var alt på veg ut .

" Knut ! " Hild hadde reist seg , var heilt kvit i andletet .

" Knut , " tok ho oppatt , " brenner du den , da skal vi leva resten av våre dagar som om vi ikkje var mann og kone . "

" Det var da svært . Tyder det mykje for deg . " Det var ein bristande klang i røysta hans av bitter undring og sorg .

" Ja , ja . Det burde eg kanskje ha kunna tenkt meg . "

Han såg grundig på fela , deretter på felekassa .

" Det finst ikkje namn eller noko som kan fortelja at ho er tysk , " sa han . Så tok han kofferten , såg på namnelappen .

" Men her står det : Thomas Hilpert , Friedrichstrasse 43III , Berlin . Eg går og brenner den i alle fall . "

Han stansa opp i døra , som ville han ha sagt noko meir . Så gjekk han . Hild sat urørleg . Aldri hadde ho trudd fela skulle koma for dagen på det viset ! Ho kom til å bli ståande mellom dei etter denne dag , kjende ho vagt inni seg . Ikkje før den var brekt sund og brend opp ville han tilgje . Og aldri , aldri skulle det skje !

Dei hadde Tor Flatland i kosten no ; han sat ved kjøkkenbordet og åt middag og kveldsmat saman med alle dei andre på garden . Om ettermiddagen tok han iblant ein skitur ; andre gonger kom han inn til dei og drakk kaffi . Knut og Tor snakka om krigen som rasa på fjerde året . Det såg ut til å kunne gå mot slutten snart . Hild gjekk til og frå , ‐ ho var glad for at dei to kom godt ut av det med kvarandre . Knut snakka lite til henne om dagen , etter det med fela , han var nok glad når Tor Flatland kom . Stundom hadde Hild til og med ei kjensle av at dei tale om ting ho ikkje skulle høre , for når ho gjekk frå ei stund og kom tilbake , kunne det brått bli stille . Ho likte det ikkje , undra seg ein god del .

%Ein kveld Hild og Knut sat åleine i stua , spurte han brått :

" Korleis går det med Ingrid ? Eg såg du fekk brev frå henne i dag . "

" Det går bra så vidt eg forstår . Ho har fått seg nytt husvære . "

" Måtte ho ut der ho var før da ? "

" Ja ho måtte visst det . " Hild sat med ein bunding , telte masker .

" Veit du grunnen ? " spurte Knut , og det var noko i tonen hans som fekk henne til å sjå på han .

" Ne ‐ ei . ‐ Det vil seia , gardeigaren ville har inn ein annan der . "

" Fordi han ville ha henne ut . "

Igjen måtte ho sjå på han . Han verka nokså mørk .

" Eg fekk høre noko i dag , " sa han og reiste seg . " Av ein som var på gjennomreise og kom frå Oslo ; han hadde møtt folk med kjennskap til henne . Veit du om det er slik at ho går med tyskarar ? "

Hild vart sitjande litt før ho svara , ‐ angra no bittert at ho ikkje hadde fortalt han dette .

" Eg er redd det kan vera noko i det , " sa ho lågt , bøygd over handarbeidet sitt .

" Har ho sagt noko ? "

" Ja litt , da ho var her i jula . "

" Hm . " Knut såg på henne , ‐ tok så til å drive rundt i stua .

" Du kunne gjerne ha fortalt meg om det . "

" Ja eg ville gjort det , men eg kvidde meg slik . "

Han stansa opp framfor henne .

" Så får du fortelja meg det no da , seint omsider . "

Ho svara ikkje straks .

" Skal eg måtte dra det ut av deg . Har ho vore saman med tyskarar lenge ? "

" Å ja , ei god stund er eg redd . " Hild såg brått beint opp på han .

" Lily har tysk far . "

Knut stod og stirde på henne .

" Ho òg , " sa han til slutt , kort og hardt . Hild kjende det som hadde han fika til henne , vart blodraud .

" Så vi alar opp tyskarungar i fleng her på garden . "

Hild reiste seg .

" Knut ! " ropte ho . " Kan du samanlikne ! Kan du ‐ ! "

Ho stod berre og stirde på han , rista på hovudet så vidt det var ; slengde strikketøyet i stolen og sprang .

Knut sette seg . ‐ Eg var kanskje i hardaste laget no , tenkte han da han fall litt meir til ro . Men han hadde ikkje kunna la vera . Ho fekk tole det ; ho hadde sjølv stelt seg slik at ho ikkje kunne vente han skulle ta på henne med silkehanskar heller !

Klokka på veggen tikka og gjekk ; langvisaren flytte seg hakk for hakk , ‐ ho slo ti . ‐ Hild har lagt seg , tenkte han og gjekk opp på soverommet . Ho var ikkje der , ‐ hadde tatt sengekleda og gått derifrå . Vesle Helga låg i barnesenga og sov ; dei andre tre sov på eit anna rom , ‐ der det òg stod ei ledig seng . Kanskje låg ho der . Knut kikka varsamt inn . Dei tre ungane sov med rolege , lette andedrag . Hild var ikkje der . ‐ Ho har flytt på gjesterommet , tenkte han og gjekk inn att til seg sjølv .

Neste morgon var Hild svært bleik ved frukostbordet ; ho såg ikkje på Knut og svara berre med einstavingsord når han snakka til henne . Så tagde han òg . Utover dagen , og dagane deretter , unngjekk ho han , ‐ sat stum ved måltida ; og var ho på veg ut og såg han i tunet , snudde ho og gjekk inn att . Ho gjekk som forsteina , syntest han , og hadde det ikkje særleg godt . Men det måtte vel gå over .

%Ein kveld Knut sat åleine i stua og bladde i avisene , kom Tor Flatland og ville prate litt .

" Set deg , " sa Knut . Men det var tregt å få samtalen i gang . Knut var underleg fåmælt og fråverande .

" Kvar er Hild ? " spurte Tor Flatland til slutt . " Er ho ikkje heime ? "

" Jauda , ho held visst på og legg ungane . Ho er elles ikkje riktig seg sjølv om dagen . "

" Nei eg har merka det . " Flatland reiste seg . " Men du vil kanskje helst få vera i fred ? "

" Nei , nei , berre sit du , " sa Knut . Han lydde ut mot gangen og trappa . " Der trur eg ho kjem . "

Hild kom inn i stua og hadde fela i høgre handa , bogen i den andre .

" Du skal da ikkje gå fordi om eg kjem , " sa ho blidt til Tor Flatland ; Knut såg ho ikkje i det heile . " Her er den fela eg snakka om . Du hugsar vel du lova meg at du skulle spela på den ein gong . Gjer det no . "

Ho strekte fela og bogen mot han . Tor Flatland tok imot , litt tøvande , kjende seg nok ille ved .

" Kan eg ikkje gjera det ein annan gong , " mumla han og såg bort på Knut som sat mørk og dyster i sofaen ; hadde tatt opp avisa .

" Nei no ! " sa Hild . " Ver så snill ! "

Tor snudde og vende på instrumentet .

" Fin fele . " Han prøvde bogen litt , stemte strengane , klunka og skruva att .

" Spel no ! " Det kom nesten bydande frå Hild ; ho hadde sett seg i ein stol godt unna mannen sin . Igjen såg Tor Flatland spørjande på Knut .

" Berre spel du , " mumla han .

Tor la fela til halsgropa , ‐ fingrane på venstre hand vibrerte over strengane ; prøvande spela han nokre strofer frå " På solen jeg ser " . Så heldt han opp .

" Vakker klang , " sa han . " Ei slik flatfele har eg aldri hatt mellom hendene før . "

" Så spel da ! " Hild var blitt utolmodig no . Han såg litt undrande på henne , ‐ borja så å spela eit stykke ho ikkje kjende ; høgre hand førde bogen i lange strøk , ‐ han bøygde hovudet lyttande over instrumentet og løfta det att : den rike klangen i fela fór over andletet hans ; meir og meir vart han rykt bort , som gløymde han alt anna . Hild sat og såg på han , lyttande . Men ho hadde eit halvt auga på Knut òg ; såg kor mørk og uglad han sat der i sofaen . Han hadde det vondt , og ho ville han skulle ha det vondt . Det såret han gjekk med inni seg , og som han ikkje let få gro , no skulle ho stikke kniven i det og vri rundt så det riktig kunne få blø ! Ho vart etterkvart så fylt av sine heite ønskje om at Knut måtte lide dei verste kvaler , ‐ ho hadde slik hatsk nyting av å sjå han bli martra og pint , ‐ det vart ikkje rom i henne for å oppleve musikken lenger .

" Meir ! " ropte ho da Tor Flatland heldt opp ; ho sat med eit så bleikt ekstatisk uttrykk at han måtte tru ho var gripen djupt inn i sjela av spelet hans . Og han spela vidare , inderleg innlevd . Om litt reiste Knut seg og gjekk .

" Såg du det ! " ropte Hild , og han braut tvert av med å spela . " Såg du korleis han såg ut ? " Det lyste ein slags vill og hatsk fryd ut or andletet hennar .

" Eg trur ikkje du bryr deg vidare om å høre på meg , " mumla han .

" Jovisst ! " Ho vende seg mot han . " No kan eg høre skikkeleg på deg . Eg vart så forstyrra av at han sat der . "

" Ja eg skjønar det , " sa han roleg . " Men eg spelar ikkje meir i dag . "

" Du likar fela , ‐ du kan få låne henne . Det er berre fint at ho blir brukt . "

" Takk , eg låner henne gjerne . "

Hild fann kassa til han og la fela og bogen ned .

" Spel på henne . Ofte ! Så skal eg stå ute i tunet og lyde . " Ho var febril og underleg oppspila .

" Vi får vel sjå . " Tor Flatland stod og såg på henne litt . " Du er eit rart menneske , du Hild . Eg blir ikkje klok på deg . "

Så gjekk han med felekassa i handa , nokså forstemt : ‐ Eg var visst stygg mot han òg , tenkte Hild .

%Gjennom lett morgondis braut marssola fram og skein over marker der snøen enno låg djup . Men barskogen stod grønn , og det gjekk susingar i han , både fjern og nær , hørte Hild , ho hengde storvask til tørk på tunet , saman med Eli : undertøy , putevar og laken blakra og small . Alt laust på garden skramla og let i vinden , som tok takrennesildret og bles det glitrande kring hus og uthus . Lars køyrde kumøkk frå møkkakjellaren ut på jorda så teven dreiv stram over heile garden . I sledesporet låg mørke klattar , og i dei oppspadde felta voks møkkahaugene bortetter , med kråker kraksande ikring . Knut køyrde bjørkeved til gards , ‐ svære , isete stammer , og frå bak låven song kappsaga høgt og vislande ; Gustav og Elling heldt på der . Over tunet var ungane i full leik , sprang elleville kring sølepyttane som sola blenkte i .

" Ikkje bli våte no ! " ropte Hild .

I neste augneblinken gjekk Torgeir og plaska i dammane og hikstelo ; dei andre følgde etter .

" Molo mamma ! " hylte Torgeir og datt så lang han var i søla .

" Men Torgeir da ! " Hild halte han opp att , han stod dryppande våt , blid og velnøgd så det lyste av han .

" Ta han med inn og få på han tørt , " sa Hild til Eli , nokså oppgjeven , og fekk dei andre bort frå verste søla . Så gjekk ho til arbeidet sitt att .

Det var ein slags vår i lufta . Eit fly dura fredeleg over dei grønne skogane . Langt utanfor bygda rasa den store krigen som før . Tyskarane drog seg tilbake no , men slost desperat for kvar by , frå kvartal til kvartal , for kvar jernvegstasjon , kvar bru , hadde Tor Flatland fortalt . Det verka så fjernt , ikkje til å fatte med tankane . ‐ Måtte krigen aldri koma hit , tenkte Hild , ho stansa opp ein augneblink , strauk håret frå augo og såg på Håkon og Lily der dei sprang så sorglause i marssola , ‐ ho måtte kikke til Helga òg , ‐ ho låg i barnevogna og småpludra .

Tor Flatland kom heim frå skolestua etter vegar der grus stakk fram og der det sikla og rann under holke og gråporete snøflak . Hild såg han koma gåande , bleik og trøtt etter ein lang dag inne . Han kjende seg nok til overs i den travle aktiviteten på garden ; gjekk om litt og vog i tunet med hendene i lomma , småfrysande , ‐ høg og brei og litt hengslete , hadde visst lyst til å ta tak i øks og sag og seletøy . Så kom han for å hjelpe Hild der ho heldt på å plukke ned frå snorene småtøy som alt var tørt .

" Dette er ikkje arbeid for ein mann , " lo ho mot han ; men likte det likevel . Han lo han òg , og ho fekk dei striblå augo hans rett på seg . Under arbeidet fortalte han om planar han hadde . Hild kjende til det frå før : det skulle vera stort songarstemne til sommaren , på idrettsplassen , med kor frå fleire bygder . Men ho let han snakke i veg om det likevel . Tor Flatland heldt på å laga eit program til stemnet , utanom korsongen : sketsjar , lyrikk og folkedans .

" Du slepp ikkje unna du heller , " sa han . " Du skal fint få vera med . "

" Kva skal eg gjera da ? " spurte Hild og strekte seg på tå etter eit lite plagg som hang høgt inntil stabbursveggen .

" Vent , eg skal hjelpe deg ! " Tor greip etter klesklypa han òg , ‐ og da ho heldt på å falle , slo han armen om livet hennar . Ho gjorde seg fort fri , var blitt raud .

" Du da ! " sa ho og vifta borti andletet hans med det vesle plagget . " Din raring . " Hild strauk det blåsande håret frå panna og såg på han , kjende brått at ho enno var ung , og at ho var kvinne , midt i alt maset .

" Kva du skal gjera ? " Litt brydd tok han tråden opp att . " Du skal synge . Og danse gangar med Knut . "

" Er du så viss på at han vil det da . Der er han . Spør han . "

Knut var komen fram på tunet med hest og slede .

" Du Knut , " sa Tor Flatland og stega langbeint bortover tunet mot han . " Eg fortel Hild om det programmet eg lagar i stand , til songarstemnet . "

" Å ja . " Knut var kort ; spende frå .

" Ja så lurte eg på om du og ho kunne vera med og danse gangar . "

" Vi har ikkje dansa gangar saman på år og dag . Eg er redd eg har gløymt det . Og eg er for stivbeint til slikt no . " Dermed drog han på stallen med hesten . Tor stod att , ‐ såg ut som om han hadde fått ein kinndragar . Han rusla bort til Hild .

" Der ser du , " sa ho . " Han vil ikkje . "

Da ho skulle gå inn med kleskorga , tok han tak i det andre handtaket .

" Eg fekk brev frå stasjonsmeister Lande i går . "

" Nå ? Kva ville han deg ? "

" Son hans var blitt plaga av dei andre ungane på skolevegen . Han kravde i ein streng tone at eg måtte ta affære og hindre slikt . "

" Skal du gjera det da ? "

" Eg kan no ikkje vakte på ungane heller , utanfor skolen . Det er ikkje mitt ansvar . "

" Nei , " sa ho , ‐ men var ikkje særleg glad for å høre dette .

April kom . Ein dag hørte Hild lerka og måtte stanse og lyde på veg over tunet ; det let forjettande i kaldværet og vinden . Ikkje mange dagane etter såg ho ein forfrosen bokfink på fuglebrettet utanfor kjøkkenglaset .

" Velkomen , " mumla ho glad og banka lett på ruta . Rart å tenke på kor langt den vesle fuglekroppen hadde floge , gjennom luftkrigen og over slagtummelen i Europa . Kva var det for underleg kraft som dreiv han nordover ? ‐ Han er fødd her , tenkte ho . Derfor vil han hit att . Men han måtte vente lenge på sommaren dette året . Bygda låg gråbrun i eit kaldt jerngrep . Fjordisen hadde sleppt taket i land ; gråskimlet og porete såg han trøsteslaus ut under blåst og byger . Langt ut i mai fall det snø att , men dumpa våt ned frå tak og greiner og rann bort . Hild hørte gauken for første gong ‐ i aust . ‐ Austgauk , gråtegauk , tenkte ho . No kom det iskaldt regn som vara ved dag etter dag , vil vatnet stod over tun og marker . Kaldaste og våtaste mai sidan 1909 , sa gamle folk og hutra seg . Ungane måtte vera inne , vart grinete og masete . Knut gjekk og var i dårleg humør , også fordi jorda ikkje var til å koma utpå med hest og plog . Hild kjende seg stengd inne ho òg ; det var så ho kunne skrike ende ut iblant . Kraftige haglskurer gjekk over bygda , hamra mot rutene og spratt opp att frå bakken . Hild gjorde seg ærend over tunet og vart piska ho òg , ‐ det var som ei lise etter det evindeleg grått silande regnet . Neste dag var det varmt og sol . All verda steig lysande grønn ut or det våte , og anga mot henne så det stemnde for bringa .

Våronna vart snart i full gang med pløying , harving og såing . Vinterrugen kom opp . I vedunders vakkert vær låg fjorden blank , speglande gardar og skogslier på hi sida og himmellyset på denne . Kjørkeklokkene ringde pinsehelga inn . Men den store krigen rasa for fullt .

%Ein kveld først i juni , etter at Hild hadde fått ungane i seng , gjekk ho ut i tunet , berre for å suge inn litt frisk luft . Det lukta godt av syrin ; ho braut ein klase og la han kjøleg svalande mot andletet , anda angen i seg . Eit kaldare drag i lufta fekk henne til å småfryse og ho ville gå inn att . Da hørte ho brått døyvde fiolintonar borte frå det andre våningshuset . Hild vart ståande og lytte . Det var Tor Flatland som spela på hennar fiolin ; klangen var ikkje til å ta feil av . Det let vedunderleg vakkert ut i kvelden , på same tid klagande og jublande . Hild gjekk nærmare for å høre betre , og da han heldt opp gjekk ho inn i gangen ; stod der litt med sterk hjartedunk før ho banka på . Tor Flatland sat midt på golvet i oppknept vest og i skjorteermane , ‐ andletet bar enno preg av det han hadde spela .

" Er det deg Hild , " sa han og reiste seg fort . " Kom inn , kom inn ! "

Ho let att døra etter seg .

" Eg ville berre sjå korleis du har det , " sa ho og kikka rundt .

" Ja det ser du no , ‐ nokså rotet . " Og det hadde han rett i , ‐ det flaut av bøker over bord og stolar . Han rydda bort eit par tre bøker .

" Set deg , " sa han .

" Eg hørte deg spela og så fekk eg slik lyst til å gå inn og høre skikkeleg på deg . Det let vakkert . " Hild sette seg . " Spel meir . "

" Ja om du lovar å høre på og ikkje ha tankane andre stader . "

" Det lovar eg . "

Han leika smått over strengane .

" Det er ei grepa fele . Han må ha vore fin spelemann han som hadde denne . Ho er godt innspela , om eg kan seia det slik . "

" Det er ho nok . Han eg fekk henne av hadde arva henne frå morfar sin . Spel , " bad ho .

Så gjorde han det . Igjen fekk han dette henførde over seg . ‐ Fela er eit trolsk instrument , tenkte Hild , når det kan få andlet til å bli slik , så nakne , som om sjela lyser ut gjennom hudporene . Tor stod med attlatne augo og det gjekk trekningar over munn og kinn og augnelok , av ein slags salig fryd , men òg av sorg og liding . Hild sat etterkvart sterkt gripen ho òg , musikken tok tak i henne og løfta og bar henne langt bort . Da han slutta og opna augo , stirde dei på kvarandre lenge , som var dei førde tett saman i ei fortrylling . Hild reiste seg brått og braut ut av den , mumla berre takk og kom seg ør og forvirra ut på tunet . Der stod Knut halvt i skuggen under låvebrua , fekk det travelt med eitkvart da ho kom .

" Eg var innom Tor Flatland som snarast . " Ho hørte sjølv at røysta hennar ikkje klang lett og naturleg , slik ho ville . " Han rotar verre derinne . "

Knut berre smilte .

" Skal vi gå inn , " sa ho så , frysande . Ho gjekk og han følgde seint etter .

%Hild ville straks gå til sengs , medan Knut vart att nede i stua . Ho gløtte på døra til barnerommet og stiltra seg inn der . I det grå kveldslyset såg ho at dei sov alle tre , ‐ hørte det òg . Lily hadde sparka av seg og låg med ei dokke i armane . Hild strauk henne lett over det varme kinnet der gløsinga frå soldagen enno sat i . Anføttes med henne låg Håkon ; han var tre og eit kvart år no , ‐ andletet smalt og forfina med mørkt hår og mørke bryn og augnevipper mot putelinet . Hild bøygde seg over han og kysste han . Så gjekk ho bort til Torgeir . Håret krølla seg lyst og viltert over den høge panna hans , ‐ han sov uroleg , låg og kasta på seg . Da ho kysste han på kinnet , kjende ho at han var gløsande varm . ‐ Det er vel sola , tenkte Hild . Så stiltra ho seg ut att og inn til seg sjølv , på gjesterommet der ho hadde ligge om nettene heile ettervinteren og våren . På eit vis likte ho å vera slik heilt åleine ei tid på døgnet , berre med vesle Helga . Men ho kunne òg gripe seg i å sakne Knut ved sida av seg , ‐ hans trygge , rolege andedrag i mørket . Å ta sengekleda og bera dei tilbake vart likevel meir og meir umogeleg , når dei no gjekk slik . Han gjorde ikkje minste teikn til å be henne om det heller .

Glaset hadde stått oppe , og all hagens ange av syrin fylte rommet . Derute var dei gamle apaltrea eit syn no , i full bløming , svevande mot fjordens blanke lysskimmerflate . Hild løyste håret i spegelen , kledde av seg og kraup til sengs mellom dei kjølege lakna som anga reint ; dei lukta av sol og vind , for nyss hadde dei hange ute på snorene . Ho strekte seg , trøtt og mødig , men òg med ei nytande kjensle i kroppen . Vesle Helga låg og pusta lett opp i andletet hennar , kraup inntil henne i søvnen .

Grytidleg neste morgon vart Hild vekt av barnegråt . Torgeir , tenkte ho , låg litt søvnør og let han skrike . Ute var det sol ; ei humle hadde forvilla seg inn i gardina og surra og let der , kom seg til slutt fri , summa brummande inn i rommet og ut att , ‐ vart brått borte i den elleville fuglesongen . Torgeir gret og gret . Hild kledde gjespande på seg og gjekk inn der . Han låg uroleg og kasta på seg , raud i andletet . Da ho tok i han var han glovarm . ‐ Han har feber , tenkte ho , og tassa ned på kjøkkenet og henta kaldt vatn til han for han var tørst . Han drakk begjærleg , sølte nedetter hake og hals . Så låg han atter og såg på henne med glinsande augo , kort i pusten .

Torgeir vart liggande om dagen . Utover ettermiddagen sveitta han sterkt , men vart kvikkare .

" Feberen går over no , " sa Hild ; ho stod og strauk han over den klamma panna og håret som var vått av sveitte . Knut var der han òg .

" Vi får vone det , men vi må halde oss heime i kveld , begge to . "

" Det er øving i koret . Ei svært viktig øving før songarstemnet . "

" Det får ikkje hjelpe . " Knut var brysk og kort .

" Men eg skal synge solopartiet , det blir ille om eg ikkje kjem . "

" For kven ? " spurte han hardt .

" For heile koret . Dei får ikkje prøvd skikkeleg . " Hild òg var opprørt no .

" Så gå da ! " sette han i . " Eg blir i alle fall heime . "

" Han er ikkje så sjuk . Ungar får feber for ingenting . Og Stina kan sjå til han medan vi er borte . Den korte stunda . "

" Eg blir her . "

" Som du vil . " Hild gjekk beint frå han .

Litt før seks drog ho saman med Tor Flatland .

" Skal ikkje Knut bli med ? " spurte han .

" Nei . Torgeir er ikkje heilt frisk og da blir han som ei hønemor . La oss dra . "

Ho sette seg på sykkelen og køyrde . Han følgde etter .

%Da dei sykla heimover att , var Hild stille og fåmælt . Tor Flatland prøvde å snakke til henne , men ho svara berre med einstavingsord . Til slutt sa han :

" La oss stanse litt her , Hild . " Han bremsa og hoppa av sykkelen . Ho stansa ho òg , litt lenger framme .

" Kva skal vi her ? " spurte ho .

" Eg ville berre gjerne få snakke litt med deg . "

" Kan du ikkje gjera det like godt på Rogne ? "

" Nei . Vi er aldri for oss sjølve der . Mannen din går og vaktar på oss heile tida . "

" Har vi noko å snakke om som ikkje han bør få høre ? "

" Kanskje ikkje . Men likevel vil eg svært gjerne få snakke med deg åleine for ein gongs skuld . "

Etter litt nøling snudde Hild sykkelen og trilla han tilbake .

" Kva er det så du vil seia meg da ? "

" Her går ein veg innover , " sa han . " La oss ta den . "

Igjen nølte ho litt .

" Det må bli kort . Knut ventar meg heim ; og Torgeir er sjuk som du veit . "

" Vi er tidleg ute . Eg slutta av litt før i dag . "

" Så du hadde rekna det ut slik på førehand ? "

" Om eg skal seia som sant er : ja . " Tor såg no beint på henne . Hild kjende inni seg at ho ikkje burde vera med på dette , så uskuldig det enn var . Likevel følgde ho etter han . Dei sette frå seg syklane og gjekk vidare på den grasgrodde køyrevegen . Snart gleid han over i stig med knudrete røter og lange , flate svaberg ; han steig oppover så dei fekk fjorden under seg mellom grantoppane og dei enno lysegrønne bjørkene . Fuglane fløyta over hovudet på dei , dei gjekk ved sida av kvarandre i den halvskume sommarkvelden .

" Det er ikkje så mørkt som sist , " sa han etter at dei hadde gått tagalle ei stund , " men likevel ‐ . " Brått greip han handa hennar .

‐ Han er frekk ! fór det gjennom henne , men ho tok ikkje handa til seg . Ho gjekk og såg ned ; stigen var ujamn for foten med stein og røter , ‐ ho kjende at han gjekk og såg på henne frå sida . Dei sette seg på eit svaberg , han med hendene om knea , ho med beina innunder seg .

" Du får koma med det da . " Hild tok opp ein tørr furukvist som ho brakk i småbetar og slengde frå seg .

" Det var ingenting særskilt , eg ville berre snakke med deg . " Tor Flatland sat og såg utover , vifta bort mygg .

" Så snakk , " sa ho og såg skjelmsk , men òg litt uroleg bort på han .

" Er det ikkje vakkert ? "

" Jovisst . Men vi måtte vel ikkje hit for å sjå det . Det er like vakkert på Rogne . "

" Ja , men der dukkar Knut opp overalt . " Tor la seg ned på ryggen oppetter svaberget med eit strå i munnen .

" Det må han da få lov til . Det er hans gard . "

" Sjølvsagt . Du ‐ " sa han , " der ser eg ei stjerne , enda så lys himmelen er i kveld . "

" Kvar ? " Hild kikka opp .

" Der . "

" Eg ser henne ikkje . "

" Legg deg ned her så ser du henne . "

Ho berre sat .

" Kom igjen . " Tor greip henne i albogen hennar og ville trekke henne ned .

" Nei ! " sa ho og gjorde seg fri . Han låg og plystra litt , og så sa han :

" Kvifor kom du inn til meg i går kveld ? "

" Fordi du spela . "

" Det var meininga mi òg det , at spelet skulle verke slik . Eg ville lokke deg i berg , ser du , med den fela du er så svak for . " Det vart sagt halvt i spøk , halvt alvor . " Eg var svært glad for at du kom , " sa han og sette seg opp . " Men det var nok ikkje han Knut . Eg såg han stå under låvebrua . Han er sjalu . " Brått tok han kring hofta hennar .

" Gjer ikkje det , " sa ho lågt og skauv armen hans bort , sat stiv og rak .

" Får eg ikkje lov ? "

" Nei . "

Han lo litt , braut ein bjørkekvist og slo ut i lufta med den , etter myggen .

" Eg trur nok eg veit kva som er i vegen mellom deg og han Knut . Ja først er det no det at du er altfor ung for han . Du går omkring og søker noko han ikkje kan gje deg . "

" Det kan vera nok no . " Hild reiste seg ; ho hadde sitte på foten så han var blitt lam og ho heldt på å falle . Bråsvint var han på føtene og fanga henne opp , med armane kring henne . Ein augneblink stod dei slik tett saman og såg på kvarandre .

" Kva er det du vil meg ? " sa ho lågt .

" Eg veit ikkje . " Han var like lågmælt han . " Eg veit berre det at eg elskar deg , elskar deg , tenker på deg natt og dag . "

Hild gjorde seg fri frå famntaket hans , underleg oppøst .

" Eg er gift kone , eg har tre barn og ansvar for enda eit . Elske , " sa ho . " Ein brukar ikkje slike ord på landsbygda ; ein gjer vel ikkje det i Telemark heller ? Det er noko du har lært i byen det . Seier du det ofte ? " Ho børsta av seg barnåler og boss .

" Ja gjer berre narr av meg du , " sa han ; andletet hans stod kvitt og intenst mot henne no . " Men eg har nok merka det , du er ikkje heilt utan kjensle for meg du heller . Eg ser det på andletet ditt når du står i koret . "

" Vi må dra heim no . " Hild tok til å gå ned mot stigen dei hadde kome på .

" Og så er det ein ting til ! " ropte han etter henne . " Som gjer at det er slik det er mellom han Knut og deg . "

" Kva er så det ? " Ho stansa og stod vend mot han . Tor Flatland gjekk seint ned mot henne .

" Det er det at eit av barna dine ikkje er hans . "

Hild vart berre ståande å stire på han med open munn .

" Du meiner ‐ Lily ? "

" Nei Håkon . "

Ho sette seg på ein stein , var blitt svært bleik , ‐ såg på han heile tida .

" Korleis kan du seia noko slikt ! "

" Fordi eg veit det . Eg har undra meg over mange ting , lagt saman og endeleg forstått . Og da eg kom langt , såg eg det på guten òg , at han er av eit anna folkeslag . "

Hild sat lenge og tagde . Han stod , ventande . Til slutt såg ho opp på han .

" Det tener vel ikkje til noko å prøve å nekte det da , at det er slik . Men eg må be deg teia med det . Alltid . Lovar du meg det ? "

" Eg skal teia , ‐ det kan du vera trygg på , Hild . "

Ho sat litt , stum ; så reise ho seg og såg på han med eit underleg mørkt blikk .

" Du veit for mykje om meg du no , " mumla ho . " Du veit meir enn godt er . Og eg veit ingenting om deg . " Ho kjende seg på eit vis prisgjeven denne mannen : at han tagde . Han hadde fått makt over henne , ville gripe inn i livet hennar . Ein slags motvilje steig opp i henne .

" Kvifor går du slik og snusar ? Kva kjem Knuts og mitt liv deg ved ? "

" Det kjem meg ved på grunn av det eg fortalte deg i stad . Så du veit ein god del om meg du òg . At eg verken natt eller dag kan få deg ut or hjarta og sinn . Eg har lagt meg meir open for deg enn du for meg . "

Hild måtte sjå på han att , mumla lågt :

" Du er vel rar du . " Så tok ho til å gå , fort , og han gjekk bak henne . Utan å snakke noko meir tok dei syklane og køyrde heim til Rogne .

%Knut møtte henne på trammen . Han var kvit og opprørt .

" Kjem du no endeleg ! Sanneleg på tide . "

" Det er da ikkje seinare enn vanleg . "

" Men Birgit Hove og Sigrid Vik sykla forbi for nesten ein time sidan . "

" Dei fekk fri litt før , " mumla ho .

" Det trur eg ikkje . For eg såg andre òg . Du lyg no igjen . "

" Ja så gjer eg vel det da , " lynte ho mot han . " Eg blir nøydd til det når du vaktar meg som eg skulle vera eit dyr på garden din , din eigedom i eit og alt . "

" Du er ikkje min eigedom , " sa han . " Men du er kona mi , og mor til barna mine . Det er vel ikkje så urimeleg at eg vil veta kvar dine vegar går ; du veit best sjølv at eg har god grunn til å vera på vakt . Eg bryr meg om det fordi eg er glad i deg . "

" Du er glad i hestane dine òg . "

" Har du vore saman med Tor Flatland etter at øvinga var slutt ? " spurte han så etter å ha tagd litt .

" Ja eg var det . På vegen heim gjekk vi litt opp i åsen og sat ei stund og snakka saman . Er du nøgd no , eller skal du veta meir ? "

" De har sitte der ein time da , " sa han .

" Har vi det ? Ja eg held ikkje så nøye rekneskap som du . "

" Nei du gjer nok ikkje det . Og ikkje tenkte du vel på det heller at eldste son din er sjuk . "

" Korleis går det med han ? " spurte ho .

" Han har blitt verre . Dokteren var her . Det er hard influensa . Han har ligge i feberdøs og spurt etter deg fleire gonger . "

" Stakkar . " Hild kjende seg brått som ei slem og tankelaus mor , småsprang opp trappa for å sjå til den sjuke .

%Da ho hadde lagt seg , vart ho liggande vaken . Tankane tumla med kveldens hendingar . Aldri hadde ho tenkt at Tor Flatland kunne vera slik , så pågåande . Ho trudde han var ein vaksen , alvorleg mann , litt forelska i henne , passeleg på avstand , det hadde ho merka , og likt det òg . Men så sat det ein fandenivaldsk gutunge i han , som ville tumle henne over ende og ha henne , utan tanke for konsekvensane . Ho hadde sett opp til han , beundra han ; ‐ ho gjorde visst ikkje det lenger , ‐ ikkje på same måten i alle fall , men han opptok henne sterkt . Ho fekk passe seg så han ikkje kom henne enda meir inn på livet enn han alt var .

Tankane gleid over på Knut . Han måtte betre enn henne ha forstått kva det var med Tor Flatland , så på vakt han hadde vore i den seinare tid . Men dei to var på ein måte venner òg , gjekk ofte ut saman om kveldane , ‐ iblant med ryggsekk . Lange turar måtte det vera , for dei kom gjerne seint att . Hild hadde undra seg over det og prøvd å spørja ut mannen sin . Skikkeleg svar fekk ho ikkje ; ein gong mumla han noko om fisketur , men fisk vart det lite og ingenting av . Høvde det slik eingong ville ho spørja Tor Flatland .

%Torgeir låg i ein halvdøs heile neste føremiddag , sutra litt av og til , og mat ville han ikkje ha . Innimellom fekk han skjelvetokter ; Hild stod hos han og kjende på pulsen som rasa i veg , ‐ veik mest ikkje frå senga hans . Iblant snakka han , uklart og rotete .

" Tog , " sa han brått . " Tut , tut ! Nei ! Nei ! " ropte han så og kava frå seg med begge hendene . Ho forstod det var hendingar på Oslo-turen han no tumla med i feberdrømmane sine . Om litt tok han til å sveitte ; låg snart klissvåt og kasta på seg , kort og oppjaga i pusten . Ho gav han vatn og saft og tørka han i andletet frå stund til stund . Ute var det fin varm soldag : gjennom glaset på gangen såg ho Håkon og Lily tumle rundt i tunet . Håkon ropte på Lily , og snart låg dei begge med nasene klemde mot den finmaska nettingen i kyllingburet , der ein flokk gule nøster pilte ikring . Eli leide Helga over tunet ; ho stolpra og gjekk no , ‐ ville til kyllingane ho òg . ‐ Gudskjelov , tenkte Hild , det er ingenting i vegen med henne . Ho hadde vore redd for det da ho gjekk og bar henne inni seg .

Tor Flatland heldt seg borte hos seg sjølv i dag etter at han kom att frå skolen ; var ikkje inne til middag eingong . Hild såg han i glaset i det andre våningshuset frå tid til tid . Fram på kvelden gjekk han ut , ‐ rusla oppover mot hamnehagan . Så kunne Hild koma seg over tunet eit ærend utan at ho trong vera redd for å møte han . ‐ Det blir tungvint her om det skal bli slik at eg må sky han , tenkte ho .

%Etter nokre dagar vart Torgeir betre , og ville opp og ut . Men han vart fort sliten og tolte lite . Han fall tilbake og vart som eit spebarn , syntest Hild , gløymde det vesle han hadde lært . Ho pakka saman dei våte lortbleiene og tenkte : skal han aldri lære å greie seg sjølv med dei enklaste ting ?

Mot kveldinga gjekk ho ut for å plukke inn syrin . Sola skulle snart til å gå ned ; på fjorden låg ein svart robåt i den glitrande svære solglimen , ‐ kom seg ut or han og drog kjølvatnstriper innover mot eit nes lenger sør . Det var så fin ein kveld ; Hild la syrinbuketten frå seg på trammen og gjekk ned til fjorden , ‐ sette seg der , blenda av den veldige glimen ; inn mot stranda blenkte og blika det i smått skvulpande vatn , og lysrefleksar spela oppetter svaberget og over andletet hennar . Ho berre sat der og kjende den livsalige varmen frå fjorden og frå berget , dubba av med nakken mot ein furulegg , trøtt etter den masete dagen .

Da ho vakna att hadde sola gått ned bak skogåsane i nordvest : dei nærmaste grønne i leten , dei lenger borte , i skara , blå og dei fjernaste lysande blå , over i fiolett , under ein avdagshimmel med fargespel i skifting frå raudt til rosa og til blågrønt , skimrande mot henne også i fjordens blanke flate ; i den låg òg grendene på den andre sida : uthus og våningshus stod som raude og kvite søyler i det grønne flimmer av skog og jorder ; gårer med fin krusing skipla spegelbileta og fekk dei til å skjelve utanfor oddar og nes . Det var så vakkert at Hild reint fraus ; over vatnet stod det òg eit kaldare luftdrag .

No hørte ho felespel oppe frå garden . ‐ Han står der med fela att , tenkte Hild , han spinn heile garden inn i ein fin vev av tonar , fylte til bristepunktet av lengsel og drøm , saknad , klagande jubel ; ‐ ein glimrande spindelvev av lyd som han ville fange henne i . Det kom ein ny båt på fjorden , ‐ rokaren sat med dryppande årer og lydde mot spelet , før han igjen dyppa åreblada i fjordens fargeskimmer . Hild tenkte ho burde gå opp og inn , men vart sitjande og lyde . Eit par gonger såg ho Knut ute på tunet , ‐ ein gong var han på veg ned mot henne , men snudde att . Så tok han sykkelen og køyrde sørover bygdevegen .

Om litt heldt spelet opp . Hild reiste seg og dreiv langsamt bortetter på stigen langs fjorden . Ho gjekk opp på eit lite berg med furuer over vatnet . Der stod ho da Tor Flatland kom . Ho hørte først steg på stigen , knesting i tørre kvistar og slag mot stein . Så dukka han fram mellom furuene , kom mot henne , vifta bort mygg som svirra ikring han , for han hadde gått fort og var varm .

" Same fine været , " sa han , ‐ hadde stansa nær henne .

" Ja . " Hild slo seg på armane . " Men det er mygg her . Det er vel på tide å koma seg heim . "

Han svara ikkje , ‐ stod berre og såg på henne . Hild vende seg for å gå , men han vart ståande midt på stigen framfor henne .

" Skal du ikkje sleppe meg fram ? " spurte ho . Han stod som før .

" Nei , nei , så får eg gå utanom . " Ho smaug tett forbi han for det var trongt mellom buskene . Da greip han tak i henne og tok henne inntil seg ; ho kvilte ein augneblink mot han .

" Hild ! " sa han lågt og opprørt i øyra hennar . Ho stemde hendene mot brystet hans og fekk andletet litt bort frå hans , men kroppane var pressa tett saman av hans grep . Dei stod og stirde på kvarandre med opprivne andlet , kort i pusten .

" Kva vil du meg , " sa ho lågt . Tor heldt henne fast med høgre arm , ‐ med venstre handa strauk han henne sitrande vart over kinn og munn og bak i nakken under hårfestet . Kvar berøring fór gjennom henne , ‐ men da han ville kysse henne på munnen , sette ho i " Nei ! " ; " Jo , " sa han . Ho vreid hovudet unna og reiv seg laus . Dei stod begge og pusta tungt . Igjen greip han henne kring livet .

" Nei ! " ropte ho høgt . " Du får ikkje ! " Hild dytta til han med slik kraft at han tumla eit par steg bakover . " Kan du ikkje fatte og forstå det ? Eg vil ikkje dette ! "

" Jo du vil , " mumla han . " Eg veit at du vil . " Ho rista på hovudet , snudde og gjekk fort frå han .

‐ Kva er eg for slags menneske , tenkte Hild der ho halvt sprang på stigen bortover mot Rogne . Eg har eit sjukt barn heime , og tre til som ingen godnattklem fekk i kveld . Ved fjorden hadde ho sett seg til for å lokke han , hadde visst at han såg henne der . Så hadde ho reist seg til slutt og gått utover på denne stigen med langsame rørsler , og kjent heite ønskje stige i seg : at han måtte koma etter henne . Ho hadde stått på berget over fjorden og prøvd å suge han til seg . Og han hadde kome , søvngjengaraktig , funne henne , gripe henne og vilja kysse henne . Skremd av si eiga makt over han , og av si eiga avmakt i hans armar , hadde ho skuva han frå seg og sprunge . Dei var fanga inn av ei fortrylling . ‐ Det er sommarnattslyset , tenkte ho , det gjer oss galne og ville ut over all sunn fornuft ! Tor kom hastande bak henne , ‐ ho kjende blikket hans , ‐ det var som om det kledde av henne . Hild skunda på for å koma ut or berget , heim til trygge rom , fulle av søvnpust frå barn . Der ville ho forskanse seg no . Ikkje skimten av henne skulle han få sjå på lenge !

Ho greip med seg syrinbuketten på trammen , fann ein vase , fylte han med vatn og plaserte buketten der . Syrinklasane , som hadde ligge og stura , blømde opp att og gav frå seg frisk , syrleg ange . Hild syntest ho matte ha feber og bora det heite andletet ned i syrinbuketten for å kjøle det av . ‐ Torgeir har smitta meg , tenkte ho og gjekk opp og inn til han . Ho kjende på panna hans . ‐ Han er varm att , fór det i henne . Ho knelte ned ved senga hans , greip den søvnslappe handa som stakk ut gjennom sprinkelen , kysste ho om att og om att og tårene rann .

" Tilgje meg , Torgeir , " kviskra ho lågt . " Tilgje den slemme , sjølvopptatte mor di , at ho kan gløyme deg slik . " Ho såg til dei andre to òg , dei sov fredeleg og stilt . Ho rørte lett ved dei med hand og munn . Så gjekk ho inn i gjesterommet , kledde fort av seg og kraup til sengs , fekk tak i ein liten god , varm bylt og klemde han inntil seg .

" Kjære , kjære vesle Helga , " mumla ho .

%I dagane som kom heldt Hild seg innomhus ; gjekk opp i husstell og barnestell så det ikkje vart ei ledig stund . Ho kunne ikkje unngå å møte Tor iblant , ved måltida ; ho helsa blidt på han og prøvde å lata som ingenting . Om kveldane var han no ofte opptatt med å førebu programmet til songarstemnet . Knut svara tvert nei til å danse , og da vart ikkje Hild med heller , verken i dans eller noko anna . Tor Flatland måtte sykle av stad til idrettsplassen åleine , til prøver . Nokså lang i andletet , såg Hild , og det gledde henne .

Men ho hadde det ikkje særleg godt sjølv heller og ho våga ikkje å tenke framover , ‐ kjende seg tumla med som ein båt utan styring straks ho kom utanfor barnerom , kjøkken og stue . Så heldt ho seg der inntil vidare , i ein slags hamn . Men det sat i henne ei kjensle av angst og forventning , underleg samanblanda , at ein dag måtte ho utpå att . For livet kunne ho ikkje gøyme seg bort . Men alt var blitt floket og vanskeleg .

Så kom lagnaden sjølv og løyste floken for Hild Rogne . Ho hadde vilja ha både i pose og sekk og stod brått att så tomhendt ho kunne få blitt .

%Hild sat i kjøkkenglaset da tyskarane køyrde inn på Rognetunet og fylte det med larm og eksos . I ein lynblenk mintest ho førre gongen ; tenkte først det måtte vera ein drøm . Men dei stod derute og var verkelege nok , i sine uniformer og hjelmar , med maskingeværa skyteklare . Midt mellom dei såg ho Knut , ‐ ho visste han hadde halde til borte i vognskjulet . Han snakka hundane til ro ; dei kvinka og skalv og kraup saman . Hild såg stasjonsmeister Lande blant tyskarane . No skjedde det ting , fort og brutalt . Fire-fem soldatar sprang inn i det andre våningshuset , og om litt kom dei trekkande ut med Tor Flatland . Dei slengde han ned trappa og greip han att , ein tyskar i kvar arm ; ein gjekk bak og dytta maskingeværløpet i ryggen på han . Sjølv var han rak og trassig , ‐ andletet hans lyste stolt , syntest Hild . Ho opna glaset og kunne høre Gullik Lande snakke på tysk til ein offiser ; han gav ein ordre , og i neste no sprang ein flokk soldatar inn i hovudbygningen . Knut ville følgje etter , men vart gripen og halden att . Hild kunne høre dei rase gjennom huset , no som sist . ‐ Gudskjelov at fela og kofferten er borte , tenkte ho . Og ingen vil tru anna enn at fela er Flatlands eigedom .

No vart det roping og skrik oppe på loftet . Radioen ! fór det i henne . I neste stund kom dei ned att med radioen og ymse anna . Det vart snakka på tysk derute , høgt og opphissa ; Hild fekk ikkje skikkeleg tak i det . Tyskarane , som hadde sleppt Knut , greip han att , hardt og brutalt denne gongen . Hild skunda seg ut med Torgeir ved handa .

" Kva er det ? " ropte ho mot stasjonsmeister Lande .

" Det var slik eg tenkte , " svara han kort . " Dei hadde våpen beg ge . Og illegale aviser . Dei er med i den såkalla heimefronten , " sa han bitande . " Men det veit vel du . "

Det blenkte triumferande og fanatisk i Gullik Landes brilleglas . Bleik og med smale lepper vende han seg mot Tor Flatland .

" Ja , ja , lærar Flatland , det er vel ein strek i rekninga for Dykk at De ikkje får bli med på songarstemnet . "

Den andre svara ikkje , berre såg hånleg på han . Lande vende seg til Knut :

" Og du Knut Rogne , kan du hugse det at førre gongen eg var her bad eg deg om å bli med i N.S. . Du svara tvert nei . Eg går ut frå at du angrar på det no . "

" Eg angrar ikkje . " Knut var bleik under brunfargen . " Men eg forstår vi har deg å takke for dette besøket . "

Lande bukka ironisk . Før Hild fekk sansa seg , hadde Torgeir rive seg laus og sprunge bort til far sin ; han slo armane gråtande kring beina hans og ropte " Pappa ! " Da den eine tyskaren reiv han bort , gjekk femåringen laus på han , illsint og desperat , med hamrande små knyttnevar . Tyskaren lo , tok han i nakken , løfta han opp og kylte han hovudstups bortetter tunet . Med ei brå rørsle gjorde Knut seg fri og gav tyskaren eit knyttneveslag i andletet så han tumla over ende . I neste no fekk han sjølv ei geværkolbe i mellomgolvet og krøkte seg saman i pine . Igjen vart han gripen i armane og fekk maskingeværpipa mellom oksleblada . Han retta seg roleg opp . Hild , som hadde sprunge til og hjelpt den skjelvande Torgeir og klemt han inntil seg , let no Eli ta han , og sprang og kasta seg om halsen på Knut .

" Knut ! " ropte ho . " Knut ! Knut ! " Ho kysste han gong på gong før ho òg vart riven bort .

" Pass vel på deg sjølv og ungane , " sa han . " Du har meg tilbake ein dag . Krigen er snart slutt . Og la så hendt vera gløymt , " la han fort til .

Begge mennene vart slengde opp på lasteplanet , sat der mellom dei tyske soldatane da køyretøya rusa opp og heile kolonna fór ut gjennom alléen og sørover .

%Alle på Rogne hadde sett husbonden bli tatt og køyrd bort . Dei hadde stått som lamma i stalldør og kjøkkendør , på stabburstrapp og i kårstueglas . Berre Lars var ikkje der . No tok dei smått til å røre seg att . ‐ Tora har slått ned , tenkte Hild vagt , og blåse ut veggane . Ho tok til å røre på seg , ho òg , og gjera det ho pla til kvardags , ‐ mekanisk ; ho laga mat til ungane og fekk dei i gang med å leike inne , ‐ over tunet låg enno låge skyer av eksos og gjorde det vondt å puste der .

%Dagen gjekk og kvelden kom og Hild kunne like lite fatte den tanken at Knut var borte frå Rogne . Kanskje for alltid , fór det gjennom henne , men det var ikkje verkeleg . Først da ho var i seng braut hendinga på tunet inn over henne som opplyst av eit lyn , i all sin skremmande realitet . Knut og ho var blitt rivne frå kvarandre . Dei hadde gått i månadsvis og knapt snakka saman , men i dette no kjende ho kor nær han likevel hadde vore , på tun , i stue og i kjøkken med si fåmælte omsorg for henne , trass i alt . Kva ho enn gjorde og sa kunne det aldri bryte ned hans kjærleik til henne . Ei slags forsoning var det blitt i avskilstunda . La hendt vera gløymt , hadde han sagt , det hugsa ho brått på . Ja gløymt og borte for alltid , tenkte ho der ho låg . Ho ville rope til han , men ho kunne ikkje nå han . Han var borte . Borte . Ordet sat i henne som eit dumpt skrik hinsides tårer . Det var ein avgrunn ho ikkje ville sjå ned i og veta om i det heile . Så prøvde ho å tenke på praktiske ting . Ho sat no brått åleine med heile ansvaret , for ungane og for garden og drifta . Men alt det kjendest underleg uvesentleg ‐ no .

Da hørte ho at det gjekk i hagedøra nede , ‐ deretter i stua . ‐ Dette har hendt før , for lenge sidan , tenkte ho . Det kom nokon i gangen og opp trappa , men ingen ting kunne skremme henne lenger . Hild steig opp og smette på seg ein kjole .

" Kven er det ? " spurte ho da det banka på døra .

" Det er meg , Lars . Får eg koma inn ? "

" Ja kom . "

Han steig inn . Hild gjekk mot han og tok han i hendene .

" Lars , " sa ho og så rista ho berre på hovudet . Da gjorde han noko ho ikkje hadde venta : han tok henne inn til seg , sjenert som han var . Det fekk gråten til å bryte fram frå djupt inni henne . Helga rørte på seg .

" Kom , " sa han lågt , og med armen kring henne førde han henne ned i stua .

" Du skal ikkje vera redd for onkel Knut . Han kjem nok att . " Den unge guterøysta som skulle trøste henne , hadde ein skjelv av gråt i seg , kunne ho høre . Lars var blitt svært glad i onkelen sin .

" Han kjem att . Og den andre òg , " la han sky til og såg bort . " Eg kom meg unna da tyskarane var her , elles hadde dei nok tatt meg i same slengen . No kjem eg her for å fortelja deg at eg blir borte ei vekes tid . Eg kom inn gjennom hagen så ingen skulle sjå meg . Det er fleire av oss som stikk tilskogs no . Onkel Knut seier ikkje eit ord , det veit eg for visst , same kva dei gjer med han , men lærar Flatland kjenner eg ikkje så godt . Trur du han held tett ? "

" Blir dei torturerte ? " spurte Hild lågt .

" Vi må gå ut frå det ja . "

Ho såg Knuts andlet for seg slik han var ute på tunet , ‐ og ho såg Tor Flatlands òg , hånleg , stolt og trassig .

" Dei teier begge , " sa ho .

" Det vil fort syne seg . " Lars var uroleg og hadde heile tida augo og øyro vende ut mot tunet .

" Eg dreg no , " sa han . " Men går alt bra kjem eg snart att og hjelper deg med garden . Eg er blitt nokså flink , ser du . Onkel Knut har lært meg opp . Spør nokon etter meg , så sei at eg er på setra . "

Han omfamna henne igjen på sin sjenerte veslebrormåte og var borte før ho fekk sukk for seg .

%Dagane snegla seg av stad . Torgeir spurte ofte etter pappa , og Hild såg eit lys av forstand i dei skjelande augo hans . Ho måtte ta han på fanget og fortelja at pappa følgde med desse framande mennene ein tur , men at han snart kom igjen . Torgeir trudde ikkje heilt på henne , kunne ho sjå .

I det andre våningshuset , hos Tor Flatland , såg det ut som om lynet hadde slått ned . Bøker og klede var slengde utover , skåp og stolar velta . Midt i det heile låg felene hans og dreiv ; den eine flatfela var tråkka sund , ‐ hardingfela og fela etter Thomas var like heile . Det var i ei anna verd at han stod der og spela , og ho ikkje kunne få augo frå han . Nei , det var ikkje henne , ikkje Hild Rogne , men ei framand kvinne ho ikkje kjende .

Hild snakka med Gustav om praktiske ting på garden .

" Det var ille dette , " sa Gustav , " at han Knut skulle koma opp i slikt . Må ha vore denne andre karen , denne lærar Flatland som har fått han med . "

Da ho bad han ta hand om gardsdrifta , svara Gustav :

" Eg skal gjera mitt . Men du må likevel stå for styringa her du , til Knut kjem att . "

Ja det var kanskje slik at Tor Flatland hadde fått Knut og Lars med i dette farlege spelet . Så vart det hennar skuld . Ho ville at Flatland skulle bu på Rogne , mot Knuts vilje . ‐ Kvifor måtte eg på død og liv ha han hit ? tenkte ho . Hennar skuld var det òg når det vart så kaldt mellom henne og mannen . Ho tolte ikkje eit hardt eller sårande ord frå han ; enda han kunne ha god grunn til å snakke som han gjorde , slik ho hadde gått og forelska seg i andre menn , både før og no nyleg . Fire barn hadde ho å ta hand om , men aldri vart ho visst vaksen likevel . Lily fekk ho ta til seg ; det kunne vera ei passeleg straff å ha horungen til Ingrid i huset : ei dagleg påminning om hennar eigne feilsteg . ‐ Er eg betre enn Ingrid ? tenkte ho . Eg er like kåt og mannfolkgalen , og eg er attpå til gift . Nei , Knut hadde all grunn til å nemne henne og Ingrid i same andedraget . Ho var han ikkje verdig , vart det visst aldri heller .

%Ein dag fekk ho brev frå Ingrid om at ho kom oppover på sommarferie . ‐ Hald deg der du er , tenkte Hild , hos dine tyske soldatar . ‐ Ingrid la seg flat for dei som hadde slengd Torgeir på hovudet bortover tunet , køyrt geværkolba i magen på Knut og drege av stad med han i ei sky av støv og eksos , og som no kanskje pinte livet av han . Nei , ho var ikkje lik Ingrid likevel !

Da så Ingrid kom feiande inn på tunet i drosje og steig ut på høge hælar , enda meir stivsminka enn før , med eit sanseleg drag kring munnen , fekk ho inga hjarteleg mottaking . Smilen , og gleda ved å skulle sjå att Lily , vart brått borte .

" Kva er det ? " sa ho da dei vel var inne i stua . " Passar det dårleg at eg kjem ? "

" Ja . Knut er arrestert . Dine tyske soldatar har vore her og tatt han . "

" Mine ? Det er dei vel ikkje . "

" Jo dei er ! Dei er dine , alle som ein . "

" Eg forstår godt at du er ute av deg , Hild . " Ingrid var blitt svært bleik . " Men du treng ikkje bli så urimeleg og hatsk mot meg for det . "

" Eg er ikkje urimeleg , " svara Hild og røysta hennar skalv . " Men no først skjønar eg til fulle kva du gjer . Du legg deg skamlaust til med dei som torturerer og drep våre eigne menn og våre unge gutar , ‐ din eigen bror for den del , om dei fekk kloa i han . " Ho kunne ha bite seg i tunga med det same ho hadde sagt dette siste .

" Lars , " sa Ingrid , undren . " Han er da ikkje med på noko ulovleg . "

" Nei sjølvsagt ikkje ; eg tok det berre som eit døme . Ulovleg ! " sette Hild i . " Er det blitt ulovleg å prøve å forsvare eigen heim og eige land mot inntrengarar ? "

" Eg forstår eg ikkje er særleg velkomen på Rogne no . " Ingrid hadde reist seg , var blitt enda bleikare . " Men eg skulle vel ha ein heim her i bygda eg òg . Eg får gå til Bjørketun og høre om det finnst ei seng til meg der . Kunne eg kanskje likevel få helse på Lily først ? "

" Versågod ! Og ta gjerne horungen din med deg straks når du går . "

Ingrid stod og såg på søster si .

" Kan du ha Lily her litt til så eg får spurt Kristine om ho har betre plass til henne enn du ? "

" Sjølvsagt , " svara Hild .

" Kunne eg få sjå henne før eg går ? " kom det lågt frå Ingrid .

%Hild fann Lily oppe i utmarka der ho visste Eli var med ungane i dag . Torgeir låg på ei flat helle og sutta på tommelen og såg opp i skyene . Eli sat med Helga på fanget ; Håkon og Lily plukka prestekragar og blåklokker , ‐ dei låg på kne og hovuda stakk berre så vidt opp over silkestråa og blomane som vifta i sommarvinden . Ei sauebjølle tikla like ved , ‐ eit par humlar fór brummande frå blome til blome . Noko fjernt halvgløymd dukka opp i Hild : ho og Ingrid på ein voll , like før dei kom hit til bygda med bil for mange herrens år sidan . Lily minte henne brått om Ingrid , slik ho var den gongen .

" Lily , " sa ho . " Kom hit . " Og den vesle kom gjennom graset med viftande lyse krøllar , glad og tillitsfull , gav henne buketten .

" Er den til meg ? " Hild greip kring dei sveitte korte stilkane . Så tok ho Lily i den andre handa og leide henne ned mot garden , underleg tung i hjarta .

" Mamma er her , " sa ho .

" Mamma ? " lyste Lily opp mot henne med dei store , mørkeblå augo sine .

Men så kjende ho ikkje att mamma . Da Ingrid løfta henne høgt og klemde og kysste henne vart ho redd , ville ned att og bort til Hild , klamra seg til knea hennar og gøymde seg .

" Lilyungen da ! " Ingrid sette seg på huk . " Det er mamma ! Kjenner du meg ikkje att ? " Ho hadde tårer i augo og prøvde å ta etter Lily , som veik unna .

" Du får vente litt til ho blir van med deg , " sa Hild . Ingrid svara ikkje , tok berre kofferten sin og rusla av stad mot Bjørketun på dei høge hælane , med bøygd hovud , smal som ho alltid hadde vore . Igjen braut gamle minne blødande fram i Hild . Ho hugsa på sine harde , hatske ord til søstera for litt sidan , løfta Lily opp og klemde henne inntil seg .

" Lily , du skal få vera her du . Det er da ikkje di skuld , stakkars krok , " mumla ho .

%Ingrid vart verande på Bjørketun . Hild tenkte ho skulle gå bort og snakke litt med henne , men kom seg ikkje av garde . Slåttonna var i gang no og dei mangla mannskap , utan Knut og Lars .

" Kjem ikkje han Lars snart ned att frå setra da ? " spurte Gustav , han sat på slåmaskinen . Hild fekk eit fort , spørjande blikk frå Eli .

" Det gjer han nok , " mumla ho , ‐ ho gjekk og raka saman med Eli og Beate . Stina passa ungane . For kvar ny runde Hild hørte slåmaskinen koma , syntest ho det måtte vera Knut som sat på setet slik han hadde gjort i alle år .

%Seint ein kveld , etter at heile garden var blitt stille , vart Hild sitjande inne i stua , utan å tenne lamper . Det var overskya vær med regn i lufta , og mørkt til å vera tidleg i juli . I dei tunge lauvmassene i eplehagen bles det sterkt . Hild tenkte i uro på alt graset dei hadde raka saman i såter . Da banka det brått hardt på glasdøra . Hild fekk ein støkk i seg , men så skimta ho Lars derute i halvmørket og opna .

" Hild , " kviskra han , greip henne i handa og drog henne med bort under epletrea .

" Eg blir ikkje med inn . Og eg må gå att straks . " Han var oppskaka og febril . Eg ville berre du skulle veta at no har dei tatt to til av våre , Steinar Hagen og Halvor Ekre . Lærar Flatland må ha snakka ! "

" Er du så viss på det ? " sa ho .

" Ja aldri i verda om det er onkel Knut ! " sette han i , nesten aggressivt .

" Kan dei ikkje ha funne det ut på annan måte ? "

" Kanskje . Men det er lite truleg . Og lærar Flatland som fekk onkel Knut og meg med på dette ! Ingen har vel vore her for å finne meg ? "

Hild svara at nei , det hadde det ikkje .

" Ja eg dreg att no ; blir borte ei veke til . Skjer det ingen ting i løpet av den tida , har ikkje namnet blitt nemnt , og eg kan kanskje koma att . "

" Veit du kvar dei er , han Knut og lærar Flatland ? "

" På veg til Tyskland har eg hørt . " Lars gav henne ein fort klem og var borte like brått som han kom . Fortenkt og ille ved vart Hild ståande litt . Kunne det vera slik at Tor Flatland ‐ ? Ho såg han for seg der han stod i tunet med hendene pressa bak på ryggen , rak og mager , med løfta hovud , bleik i andletet . Redd var han nok , men ho hadde likevel tenkt : han får dei aldri i kne . Så hadde dei kanskje knekt han , fått han til å snakke . Inst inne trudde ho det ikkje . Hild sveipte ullsjalet tettare kring seg ; det bles ein kald vind som auka på . ‐ Vi får væromskifte , tenkte ho frysande og gjekk inn .

Og det vart kaldt og dårleg slåttevær ei tid no . Bortover jorda stod hesjene i silregn og høysåtene låg klissvåte . Hild og Stina og Eli hadde hendene fulle inne ; men Hild gjekk heile tida og kikka ut på været og den grå himmelen når regnet iblant gav seg litt . Skygangen var gråsvart og fort , med meir væte i seg ; mest skurer no , så strie at dei sveipte hus og tun og hage inn i gråkvite slør av plaskande regn som spruta opp att frå dammar og trapper og fekk skjørtet til å klabbe seg vått om leggane når dei sprang over til stabbur elles fjøs .

Endeleg tok det til å rive og revne i skylaget ; sola gjekk som ei rasande kule der inne , ‐ iblant nesten heilt borte , så bleikt lysande ; mørke- og lyselingar fór over bygda i same ville fart , til det vætesurklande landskapet brått låg under ein eksplosjon av sollys , før skyene igjen gløypte sola .

Under dei dryppande bjørkene i alléen , som no lukta klebrig sterkt , kom Harald Rogne gåande i kveldinga . Han hadde tatt på seg søndagsdressen , var edru og litt høgtideleg sjenert da han sette seg i stua saman med Hild . Ho baud på kaffi og han takka ja til det , sat og såg ned på hendene sine . Andletet hans var blitt meir pløset og oppløyst enn før av alt brennevinet , hadde fått ein blåraud , usunn farge .

" Det var ille dette med han Knut , " sa han . " Du har ikkje hørt frå han vel ? "

Nei , det hadde ho ikkje .

" Ja det er vel ikkje greit for deg no , med ansvar for garden og alt . Så eg tenkte det at eg kanskje kunne hjelpe deg litt , ta eit tak eg òg . Eg er van med gardsarbeid frå gammalt , veit du . " Han sat og snudde og vende på lua si . Hild ville først til å seia nei takk . Men så tenkte ho det kanskje kunne bli ei hjelp likevel , både for henne og for han .

" Det var snilt av deg far , " sa ho . " Eg tar med takk imot . "

Da han hadde gått , nokså oppliva , angra ho nesten ; var ikkje særleg glad for å få han tett innpå seg att . Ho lurte òg på kva det kunne vera som dreiv han til det , så arbeidssky han lenge hadde vore no .

Neste morgon var det blankt solskinnsvær med drivande skyer . Den strie vinden gjorde fjorden mørk blå og drog kvite strimer i han . Slåttonna tok til att , ‐ det velsigna tørkeværet saug væta utor hesjene så det rauk av dei og fekk dei snart til å ange av tørr kløver og timotei .

Harald Rogne var mellom dei no , og han hadde godt handlag med høygaffel og rive og ljå der det trongst , i grøftekantar og elles . Sveitten dreiv av han , men han såg glad ut der han gjekk , ‐ var blitt eit nytt menneske reint , syntest Hild , og måtte undre seg . Han kom att dag etter dag ; det pløsete andletet liksom fastna til og vart værbarka brunt . Spøkte og lo gjorde han og var i perlehumør . Hild kjende att far sin frå sin første barndomstid . Det var nok sælebot for han dette , å gå på farsgarden og gjera det han helst ville ; og ikkje ha Knut over seg i eitt og alt . Han sela på hestar som om han aldri skulle ha gjort anna , spende for høyvogner , reiv hesjene med kyndige gaffelgrep og lesste på så Eli oppi lasset vart reint overdynga av fôrballane han sende mot henne . Fort trøtt vart han likevel , ‐ tok det hardare enn han hadde fysikk til og stod iblant og stødde seg på høygaffelen , tung i pusten .

" Du tar det for hardt , far , " sa Hild , ho raka i hop haugar til han . Han gjorde gagns arbeid , tenkte ho , og sa det til han . Han likte det og tok enda hardare i . Men etterkvart fekk Hild ei kjensle av at han ville ta heile styringa , både frå henne og Gustav . Gustav mukka imot , og det vart ampert mellom dei , krangel om småting .

Utpå dag kom Ingrid slengande med ein tom koffert . Hild såg henne borte frå jordet og ropte og vinka til henne . Men Ingrid gjekk berre rett på , inn i tunet og inn . Litt etter kom ho ut att , dragsande på Lily som skreik og stritta imot . Da tok ho resolutt jentungen på armen og bar henne bort , alt ho sparka og skreik , ‐ bar kofferten i den andre handa . Der hadde ho nok pakka ned Lilys saker . ‐ Håkon kjem til å sakne henne , tenkte Hild . Ja eg òg .

%Etter at dei hadde ete kveldsmat litt seinare i veka og Harald stod på farten heim , sa han brått :

" Du Hild , ‐ det er ein ting eg gjerne ville spørja deg om . Når eg no arbeider her kvar dag , kunne eg ikkje da like gjerne vera her om natta òg , bu der borte ? " Han peikte mot det andre våningshuset .

" Nei , " svara ho fort , " der bur lærar Flatland . "

" Ikkje no vel , " sa han , litt iltert .

" Nei , men det får stå tomt og vente på han til han kjem att . "

Hild var kort i tonen .

" Trur du han gjer det da , nokongong ? "

" Ja sjølvsagt ! Trur ikkje du ? "

Faren drog på okslene .

" Ingen kan veta noko om det ; han er i Tyskland no , både han og han Knut , i ein fangeleir der . "

" Korleis veit du det ? " spurte Hild fort og spent .

" Eg veit det , " mumla han . " Stasjonsmeister Lande har fortalt det til Gustav O. Larsen . Dei skal ha blitt sende til ein leir som heiter Sachsenhausen . "

" Eg har hørt om den . " Hild var blitt bleik .

" Så det er uvisst korleis det går . Mange dør i desse leirane der nede no . "

" I Sachsenhausen òg ? "

" Ja så vidt eg veit . "

" Men krigen er da snart slutt ! Han da snart vera slutt ! Det står til og med i norske aviser at tyskarane er på vikande front , både i aust og vest ! Og Tyskland blir bomba sønder og saman . "

" Trur du det gjer det betre å vera i ein tysk fangeleir , midt i eldlina , så å seia ? Det blir nok eit ragnarok der nede til slutt . "

" Far , " sa ho , og røysta skalv . " Du snakkar så roleg om dette du ! Det er no vel aldri slik at du ‐ ? "

" At eg kva ? "

" At du ønskjer dei aldri må koma tilbake , " sa Hild , svært lågt .

" Hild ! Kva er det for slags tankar du har om far din ? Skulle ikkje eg ønskje han Knut levande heim att ? Ja han andre kjenner eg ikkje , men eg ønskjer han ikkje død og borte han heller . Når eg så gjerne vil flytte hit for ei tid , " heldt han fram , " kjem det av at eg synest det blir svært uroleg heime på Bjørketun . Vi går ikkje lenger så godt saman , Ingrid og eg . Det kan vel du forstå , du som bad henne ryke og reise . Og no har ho lausungen sin der borte òg . Aldri kunne eg ha tenkt det skulle gå slik med ho Ingrid . "

" Ho voks opp i ein utrygg heim . " Hild hadde berre halvveges hørt etter det faren sa , ‐ tanken på Knut og Tor i Sachsenhausen opptok henne sterkt .

" Utrygg ? " svara faren bittert . " Vi gjorde da så godt vi kunne , ho Eldrid og eg , for at de skulle få ein skikkeleg heim . Ho Eldrid sleit seg ut for dykk , og eg ‐ . Ja det har kanskje ikkje alltid vore slik det burde med meg . Eg drakk meir enn godt var , og eg var visst ikkje alltid snill , verken mot mor di eller dykk barna . No drikk eg ikkje lenger , " la han fort til . " Du har vel merka det ? Men når eg drakk , hadde det sine gode grunnar , som ikkje de visste om , som de vel enno ikkje veit om . Så de burde ikkje vera så snare til å dømme meg . Eg har ikkje kunna for det , ser du . "

" Vi dømmer deg da ikkje , far , " sa ho stille . " Og eg veit kanskje meir om korleis det var mellom mor og deg enn du trur . " Faren såg fort bort på henne .

" Jaså , " sa han . " Er det han Knut som har fortalt deg det da . "

" Trur du barn er så blinde og døve at dei ikkje ser , ikkje hører kva som går føre seg mellom foreldra ? Dei er varare for det enn vi vaksne veit om . " Hild kom brått til å tenke på sine eigne barn ; korleis hadde dei tatt det at det vart så kaldt mellom henne og Knut ?

" Elles veit eg noko frå mor òg . Ho fortalte meg eit og anna før ho døydde . "

" Ja ho gjorde vel det , " svara faren mørkt . " Så stum som ho gjekk der på Bjørketun , snakka ho vel likevel til deg . Du var gromjenta du . " Han sat litt , så heldt han fram :

" Anten du trur det eller ei Hild ; eg var glad i ho Eldrid , på min måte . Men når du no veit det eg trur du veit , skjønar du vel òg at det måtte gå slik med oss som det gjorde . Ho vart aldri mi , enda ho var kona mi og gav meg tre barn . Det skjer slikt i verda ; eg hadde berre ikkje trudd det skulle hende meg . For ho tok meg da av fri vilje , ja ho ville ha meg før eg hadde lagt skikkeleg merke til henne . Så ville ho ikkje likevel når det kom til stykket . Ho brukte meg for å få hemn på han Knut . Eg var så ung , eg hadde ikkje vet til å forstå det . Men det vart ein dyr hemn . Den la henne rett i jorda , ung som ho enno var . "

Aldri nokon gong hadde faren snakka slik til henne . Han tagde no , stod borte ved glaset og såg ut . Hild gjekk bort og rørte lett ved armen hans .

" Far , " sa ho . Han vende seg mot henne .

" Far , " sa ho igjen og la armane kring halsen på han . Han tok keiveleg kring henne att og det kom eit slags stønn frå han .

" Tilgje meg , Hild , " sa han lågt . " Tilgje meg at eg var ein dårleg far . At eg gav dykk ein utrygg heim . Eg hadde ikkje tenkt det slik . "

Da ho sleppte han var han svært brydd , men òg rørt , han fekk fram eit lommetørkle og tørka seg i augo , smilte til henne .

" Sett slikt . Eg har ikkje felt ei tåre sidan den dagen ho Eldrid vart gravlagd . " Så drog han opp klokka or vestelomma . " Det blir seint ; eg må sjå å karre meg heimover . Du får tenke på det Hild , om du kan la meg bu der borte i det andre våningshuset , " sa han og gjekk .

Han kunne ha spara seg å spørja om det att , tenkte Hild . Varmen ho kjende for han no ei kort stund , var visst nokså skøyr ; alt det andre han kom med like før , melde seg att , ‐ måten han fortalte om Knut på , og Tor Flatland , at dei var i Sachsenhausen . Ho kom brått til å minnast den gongen Knut og han var på elgjakt saman , og Knut skulle berge ein sau frå å gå ned i hengemyra . Det stod ein uhyggeleg gufs av den hendinga gjennom alle dei år som hadde gått sidan .

%Siste høylasset dundra inn på låven , og om kvelden stelte dei i stand slåttegilde , slik skikken var på garden . Beate kom , Stina og Eli , Elling og Gustav ; dei sat inne i stua , litt høgtidelege , og drakk heimelaga vin . Om litt kom Harald Rogne til , og han hadde sterkare saker å skjenke rundt i glasa .

" Far da , " sa Hild lågt til han . " Eg trudde du hadde halde opp med dette . "

" Berre for i kveld , " svara han . " Det er da slåttefest . "

Det vart livleg etterkvart , meir enn Hild sette pris på .

" Kan vi ikkje danse ? " spurte Eli , og det fekk ålmen tilslutning . Dei flytte på bord og stolar , ‐ Hild måtte sveive opp grammofonen og legge på ei plate . Gustav bukka galant for tante Beate ; ho reiste seg fnisande småfull .

" Kan eg dette da ? "

" Ja visst ! " Gustav tok henne i armane sine og dei svinga rundt i vals . Elling fekk med seg Eli , og Harald engasjerte Stina . Det vart eit spell og eit liv som måtte hørast lang veg . ‐ Kva skal folk tru , tenkte Hild ; husbonden er tatt av tyskarane og send ut or landet , og her festar vi så det dundrar og dyn i huset . Den nye uro ho hadde fått i seg , for Knut og Tor , for deira lagnad der ute i det ukjende , sat i henne både dag og natt no . Ho ville prøve å få send noko til dei , brev og mat , ‐ hadde vorte bortom Torstein Skinnarland kvelden før på sykkel og spurt om han kunne hjelpe henne med å få tak i rett adresse . Torstein var godlynt , men ein stabukk syntest nok både kona hans og sønene . Dei hadde for lenge sidan meldt seg inn i N.S. , men fekk ikkje gamlingen med .

Medan Hild og Torstein sat og snakka i stua , kom Ragnhild Skinnarland inn . Ho var ei før , myndig kvinne sist i femtiåra . Det sat eit stritt lynne i henne , visste Hild frå før .

" Sørgelege saker ja , at det skulle gå slik med han Knut . Men han har no seg sjølv å takke for det . Den gamle tullebukken ! " bles ho . " Dra på skogen og leike seg med våpen . Han burde hatt betre vet han enn desse ungjyplingane . "

Hild vart heit .

" Eg er stolt av han for det , at han vågar noko for det han meiner er rett . "

" Rett ? " Det dirra no farleg i dei fine nasebora på Ragnhild Skinnarland . " Terroristar og sabotørar , det er det dei er , både han og dei andre , det seier eg beint ut , enda eg er tremenningen hans . "

" Vi er i krig med Tyskland , " sa Hild roleg , men med ein opprørt dirr under . " Dei prøvde da berre å forsvare sitt eige land . "

" Vi er ikkje i krig med Tyskland ! " sette den andre i . " Den jødeplutokratiske " norske " regjeringa der borte i London har spela frå seg all rett til å styre i Noreg . Skjønar du ikkje det da Hild , at Tyskland er vårt einaste bolverk mot hordane frå aust ! Og bryt Tyskland saman , da Gud nåde oss alle ! Det Knut og dei andre gjer , er å falle vår beste forbundsfelle i ryggen , frå bakhald ! Vi skal snakkast ved den dagen bolsjevikane har hærtatt landet vårt . " Ho snakka seg opp i bitter harme , og fekk støtte av sønene som no var komne til .

" Du skulle ha vore med i Gudbrandsdalen du Hild ! " sa Trygve . " Vi var utkommanderte til å forsvare landet , ‐ men skikkelege våpen fekk vi ikkje og alt var rot og kaos ; inga styring . Quisling hadde rett da han ville stanse den meiningslause mobiliseringa . "

" Vidkun Quisling . " Hild var så opprørt no at ho sansa ikkje på kva ho sa . " Han sveik landet sitt frå krigens første dag , ja lenge før det ; og de følgde han blindt . Derfor er de svikarar de òg ! "

Ein augneblink vart det dryppande stille . Så kom det frå Ragnhild :

" Du skulle vakte munnen din , Hild Rogne . Eg trur knapt du tener Knuts sak med å fara fram slik . "

Torstein Skinnarland kremta .

" Det kan vera nok no . Og de får tole det at ho Hild seier meininga si så beint fram når de tergar henne slik . "

" Du ! " lynte Ragnhild mot han . " Du som vil vera så mykje klokare enn oss andre , du veit ikkje ditt eige beste du heller . "

" Vi får sjå , " svara han roleg , " om de ikkje takkar til ein dag , at de ikkje fekk meg dit de ville . Og når det gjeld Hild , så får vi hjelpe henne så godt vi kan . Blod er tjukkare enn vatn , også i ulvetider . "

Meir vart det ikkje sagt , og Hild drog heim att .

%Ho sat og tenkte på denne samtalen no , under slåttefesten . Det plaga henne at ho hadde måtte søke til Skinnarland og indirekte be stasjonsmeister Lande om hjelp . Rundt henne gjekk dansen med lått og liv . Gustav ville by henne opp , men ho rista på hovudet . Så greip han Eli i staden og ho vart villig og glaøygd med . Tante Beate sat raud og forpusta i sofaen og såg på , fniste og lo ; fekk ei lita kort stund gjesting av sin ungdoms flyktige dansetid , før kjærasten drog til Amerika og vart der , medan ho søkte trøst og gløymsle i å leva berre for mor si . Elling svinga Stina rundt og rundt ; dei dansa polka no , med hoj og spenn og rop . Far hennar sat og drakk tett .

Brått orka ikkje Hild meir . Ho stansa grammofonen .

" Det får vera slutt no . "

" Å litt til ! " bad dei andre .

" Nei . Vi vekker ungane . Og så får vi tenke litt på det òg at han som er husbond her sit innesperra i ein tysk fangeleir . Det høver seg dårleg for oss å danse og drikke da . "

" Ta no ikkje slik på veg Hild ! " Faren var full alt , tolte ikkje mange drammane . " Han Knut kjem ikkje fortare heim om vi sit her og sørgjer som om han skulle vera ein død mann . " Han reiste seg , sjangla bort til grammofonen og ville sette på ei ny plate .

" Nei hører du ! " Hild reiv plata ut or handa på han . " Det skal vera stille her no . "

Faren stod litt og pusta tungt , var på veg til å bruse opp på sin gamle måte ; men ho såg slik på han at han valde å vike unna .

" Hysterisk kvinnfolk , " mumla han . " Vi får sjå om det finst moro nokon annan stad . " Han la armen om oksla på Gustav og fekk han med seg . Dei andre tusla stille ut . Berre tante Beate sat litt ; av alt det titrande liv som hadde blussa opp i den gamle jenta , var det berre tårer att .

" Eg er så lei meg Hild , at vi ikkje kunne halde måte . For eg tenker da på han Knut eg òg , kan du vel skjøna ; eg er så redd for han ! Han kjem heim att , trur du ikkje det ? "

" Visst kjem han heim . "

Tante Beate såg på henne med dei varme , blanke augo sine og tusla ut ho òg .

%Det var langt på natt da Hild brått vart vekt opp av bulder og brak nede i gangen . Nokon hadde kome inn og ramla over ende . ‐ Far ! tenkte ho , kledde seg fort og gjekk ned .

Faren hadde fått kravla seg opp att , stod og svaga , heldt seg fast i trappegelenderet og tok overhaling mot stuedøra .

" Får eg sova her i natt . " Han streva med å artikulere .

" Du får vel få gjera det da . Sova fylla av deg . "

Igjen stod han og svaia , tok tunge lange pustedrag ut og inn gjennom nasen .

" Legg deg på divanen i stua . "

Han heldt på å falle og ho greip han i handa for å stø han ; da klamra han seg fast med armane kring henne og ho fekk fyllepusten ramt over andletet .

" Far da , " sa ho og prøvde å gjera seg fri . " Kom no . "

" Du forstår meg du , " gret han . " Du forstår og tilgjev den ulykkelege far din du . Eg er berre ein elendig drankar eg , ser du , ‐ eg er ferdig . Ferdig ! "

‐ Stakkars far , tenkte ho . Men da han fall saman på divanen , ynkeleg oppløyst i tårer og fylleprat , såg ho på han med ei blanding av medynk og avsky .

" Du trur da vel ikkje eg vil at bror min skal døy der nede i Sachsenhausen . Enda så god grunn eg kunne ha til det . Men om han ikkje kjem att , så ver ikkje altfor lei deg du . Og garden skal eg hjelpe deg med , ser du ‐ . " Han snøvla i veg ei stund og så slokna han .

%Neste morgon da Hild skulle ein tur over i stabburet , møtte ho brått Lars ute på tunet .

" Lars ! " sette ho i , reint forskrekka over å sjå han .

" Hysj ! Lat som ingenting . " Han drog henne med inn under låvebrua .

" Tør du koma slik midt på lyse dagen da ? " kviskra ho .

" Eg trur faren er over . For meg . Namnet mitt er ikkje blitt nemnt . Så no har eg tenkt å bli her . De er ferdige med slåtten , ser eg . "

" Ja siste lasset kom inn i går . "

" Dei andre trur eg har vore på setra , ikkje sant ? "

" Jo , men dei har nok undra seg litt likevel , at du var borte i slåtten . Far ligg forresten og søv inne i stua , " kom ho brått på .

" Far ! Er han her ? "

" Ja . Han har hjelpt oss i slåtten . "

" Var han edru nok til det ? " mumla Lars ; han var blitt mørk .

" Han drakk ikkje og arbeidde som ein mann . Men i natt har han nok vore utpå . "

" Det får bli første økta mi her det da , å få han heim til seg sjølv . For du vil vel ikkje ha han gåande her ? "

" Nei , " svara Hild , " det orkar eg ikkje . Ingrid er forresten på Bjørketun no . "

" Er ho det ? " Lars lyste opp .

" Ikkje fortel noko til henne om det du er med i . "

Han stussa litt .

" Nei sjølvsagt . Du skulle ikkje visst det du heller . "

" Du kan stole på meg , det veit du . "

" Kan eg ikkje stole på Ingrid da ? " undra han .

" Ho har vore så lenge borte ; vi kjenner henne ikkje så godt lenger , " mumla Hild .

" Ingrid ! Kjenner vi ikkje henne ? Men ver trygg , eg skal ingenting seia . "

Så drog han inn for å få den fyllesjuke faren heim .

Det vart august og skurdonn . Lars var med for fullt no ; drivande flink , såg Hild , ‐ han køyrde sjølvbindaren som om han var husbond på garden , det fall av seg sjølv at Gustav veik plassen . Eli og Hild sette kornband i rauk , Elling og Gustav hengde på hesjer . Hild merka at det gjekk heite blikk mellom Eli og Lars når han kom køyrande i ein røyk av kornband og jordstøv . Ho likte det lite . Og da ho ein mørk , varm kveld hørte røystene deira nede ved fjorden , gjekk ho inn i hagen og stod der mellom dei lauvtunge trea og lydde . Dei kledde av seg og plaska uti . Hild kunne høre på latteren og snakken ho ikkje fekk tak i , for dei var lågmælte , at dei svømte splitter nakne . Dei småslost i vatnet ; Eli kom med kåte , frydefulle hyl , ‐ Lars hysja henne ned ; røysta hans var pågåande oppøst , djup i klangen no . Han var blitt vaksen . Men ikkje vaksen nok til slikt , tenkte Hild , svært uroleg . Ho måtte snakke med Eli .

Og ho gjorde det borti fjøset kvelden etter .

" Du Eli , " sa ho . " Lars er berre vel seksten år . Du som er tre år eldre burde ikkje leike deg med han slik du gjer . "

Eli sat raud og forvirra og drog i spenene på ei ku så mjølka spruta i sinkbøtta .

" Det er da ingen ting , " mumla ho skamfull .

" Lov meg da at du ikkje får han med på noko de kan koma til å angre bittert begge to . " Hild var sjølv raud og syntest dette var pinleg . Men jenta tok det fint og lova både det eine og det andre .

%Da Hild ein kveld seinare i veka var på veg over til fjøset , steig brått Lars ut or mørket under låvebrua .

" Er det deg , Lars , " sa ho vennleg . " Har du vore i stallen ? "

" Hild . "

Ho stussa ved tonen hans .

" Kva er det ? "

" Eg må snakke med deg . " Han greip henne hardt i overarmen og førde henne med seg inn i stallen .

" Men kva er det da ? " Hild såg kor opprørt han var ; hadde ei aning om grunnen til det òg . Lars buste rett på .

" Du har snakka med Eli du ! Og bede henne halde seg unna meg . "

" Ja eg har det , " svara Hild , litt bryskt .

" Kvifor kom du ikkje til meg da ? Og kvifor bryr du deg i det heile ? "

" Du er så ung , Lars . "

" Eg blir sytten i september . Du var sytten da du gjekk til sengs med onkel Knut på Rognesetra ! "

" Korleis veit du det ? " Hild kjende ho vart raud som om han hadde fika til henne .

" Ingrid har sagt det . "

" Treng det vera sant for det ? "

" Eg trur det er sant . Og året etter var du gift med han . "

" Tru meg Lars , eg snakka til Eli av omsyn til deg . "

" Pass dine eigne saker du ! " beit han henne av . " Trur du ikkje eg såg korleis du hengte deg på Tor Flatland her tidleg i sommar ? "

" Lars ! " ropte ho .

" Ja eg kan vel forstå at du som berre er 24 år får lyst på unge menn , eg forstår det , men eg vil ikkje veta av at du gjev etter for den lysta ! Har du først gifta deg med onkel Knut og fått barn med han , så får du jaggu halde deg til han òg . "

" Det gjer eg da ! " Hild var òg opprørt no . " Og elles er ikkje det di sak . "

" Nei , like lite som dette mellom meg og Eli er di . "

" Du er ikkje myndig enno du ! "

" Er du mor mi kanskje ? "

" Eli er inga jente for deg . "

" Det må eg få avgjera sjølv . "

" Ho er nesten tre år eldre enn deg Lars . "

Han lo høgt .

" For din del har du no aldri sett smått på dette med skilnad i alder . Onkel Knut er ti gonger tre år eldre enn deg . "

Hild stod litt , prøvde å roe seg ned .

" Så er det det , at Eli kjem av småkårsfolk . "

" Men Hild , " sa han og såg måpande på henne . " Er dette deg ? Sit du fast i det gamle klasseskillet her i bygda du òg ? "

" Like barn leikar best , " svara ho kort , kjende seg svært ille ved .

" Du hadde ein tysk flyktning her første krigsåret . "

Hild vende seg brått mot han , var blitt bleik . -Ta det med ro , ‐ det veit da alle . Dei veit at han låg på Rognesetra ei tid òg . ‐ Han var jøde . Eg har vore stolt av deg for det , at du hjelpte han . Men er det slik da Hild : du gjer ikkje skilnad på jøde og grekar , men du ser likevel ned på ein del folk i di eiga bygd , som om dei skulle vera av eit simplare slag ? "

" Det gjer eg da ikkje , " mumla ho .

" Nei da så . Da kan eg kanskje gå ut frå at du ikkje snakkar til Eli meir , på den måten . "

Dermed gjekk han . Hild stod att , overkøyrd og fortumla ; veslebroren hennar hadde gjeve henne ein uventa og hard leksjon . Ho gjekk i kring og trudde ho var friare og meir vidsynt enn folk flest i bygda , men sat visst pinne fast i gamle fordommar likevel .

Lars kom inn att i stallen no , hadde berre tatt ein runde på tunet for å kjøle seg av , var ikkje ferdig .

" Og så er det dette med Ingrid , " sa han . " Du jaga henne frå garden som ein skabbet hund . Om ho har fått ein unge utan å vera gift får vel det bli hennar sak . "

Hild måtte forsvara seg no .

" Det er berre hennar sak det òg da kanskje , at Lily har ein tysk soldat til far ? "

Lars stod og stirde på henne .

" Kva ! Er Ingrid ‐ ! Korleis veit du ‐ ? "

" Ho er tyskartøs ja , så god som nokon , vår eiga søster . "

" Det er ikkje sant ! " Lars stod berre og virra med hovudet , snakka lågt . " Det er ikkje sant ! "

" Jo Lars . Vi får vone det ikkje kjem ut på bygda her . Av omsyn til Lily . Henne har eg tenkt å ta til meg så ho får vekse opp i ein heim . "

" Tilgje meg , " mumla han , " at eg buste slik på deg for dette med Ingrid , eg visste ikkje ‐ . " Han rista på hovudet att og tusla stille ut .

%Ein dag kom Ingrid over frå Bjørketun , underleg tafatt og sky i blikket da ho sette seg i stua saman med Hild .

" Du får tole å sjå meg her , " sa ho lågt og såg ned .

" Eg har venta på deg , " kom det frå Hild . Søstera sende henne eit fort blikk .

" Så du kastar meg ikkje på dør att da ? "

Nei , Hild baud henne til og med kaffi . Ingrid takka ja . Ho tende seg ein sigarett , tok eit blad som låg der medan Hild kokte kaffi inne på kjøkkenet . Ingrid sat med eine kneet elegant slengd over det andre og vippa med ein lang , smal fot utan sko på da Hild kom inn att ; sat og smått song :

" Bei der Kaserne vor dem grossen Tor steht'ne Laterne ‐ und steht sie noch davor . Da wollen wir uns wiedersehen , Da wollen wir uns wiedersehen Wie einst Lily Marlen , wie einst Lily Marlen . "

Hild sette koppane klirrande ut .

" Kva er det for song ? "

Ingrid heldt brått opp .

" Orsak , " sa ho .

" Er det ein du har lært av dei tyske soldatane dine ? "

" Hild , " bad Ingrid . " La oss ikkje børja no igjen ! "

Dei drakk kaffi og det vart lite snakk . Om litt kom Lars inn , ‐ ville til å bråsnu da han fekk sjå søstera .

" Lars ! " ropte Ingrid glad , og reiste seg . Han helsa på henne , brydd og rar . Hild baud han kaffi og han mumla takk , sette seg . Det vart enda stillare no . Ingrid tende ein sigarett til og spurte om Lars ville ha . Han svara mutt nei . ‐ Lily Marlene , tenkte Hild , så det er derifrå ho har namnet . Igjen tok Ingrid til distré å småsynge på same songen . Lars skauv kaffikoppen frå seg .

" Takk for kaffi , " sa han og gjekk .

" Så du har fortalt han om meg no , kan eg forstå . " Ingrid sat med ein kvit liten smil .

" Eg har det . Du hadde klaga svært over måten eg jaga deg frå garden på . Og det er vel rimeleg at han får veta det . Det vart verre om han skulle få høre det av andre . "

Ingrid ville til å svara skarpt , men tok seg i det .

" Tyskland taper krigen , " sa ho brått . " Eg har sala på feil hest og får finne meg i å bli kasta ned i skiten . Men Lily , " heldt ho fram , og no var ho ikkje så kaut og bratt lenger . " Lily får det vondt . Og ho har da inga skuld . "

Hild reiste seg .

" Om du vil det Ingrid , skal eg ta Lily att og la henne få vekse opp her . "

Ingrid såg opp på henne , sat ordlaus og heile andletet bivra brått i gråt som ville fram . Ho prøvde å smile , vende seg så bort , slo hendene for andletet og sat og gret stille . Ein augneblink kjende Hild sterk trong til å stryke henne over håret , men gjorde det ikkje . Igjen vende Ingrid seg mot Hild , våt av tårer , grimet nedetter kinna av augnesverte og sminke . Så reiste ho seg og omfamna Hild , men da ho merka at søstera stod stiv i armane hennar , sleppte ho fort .

" Eg er da ikkje spedalsk , " sa ho lågt . " Eg går og hentar Lily med ein gong , " la ho til . " Sjølv reiser eg innatt til byen i morgon . " Og dermed tusla ho ut .

%Hausten kom med sine gjeremål : korntresking på låven , potetopptaking i klabbete , kaldt småregn . Kontrollørar kom syklande , no som dei andre krigsåra og stod på det kalde stabburet og målte opp kornbingane ; ein god del sekkar hadde Lars fått lurt unna , til privat bruk , og til hjelp for folk i grenda , i hus der det no var smått med mat . Også dette hadde Lars lært av onkel Knut .

I den gamle geografiboka frå folkeskolen leita Hild etter Sachsenhausen utan å finne det , men Lars kunne fortelja at det var ein liten stad i Brandenburg , rett nordvest for Berlin . På brev og matsendingar hadde ho ikkje fått noko svar , ikkje livsteikn i det heile . Gud måtte veta om Knut var i live , og Tor Flatland . Ho gjekk i pinefull uvisse . I avisene las ho ivrig om krigens gang . Iblant kom Lars med illegale blad . I vest hadde no allierte styrkar frigjort Frankrike etter harde kampar , men i dårleg vær utover hausten stansa offensiven opp langs Vestvollen og Rhinens nedre løp . Frå aust trengde russiske arméar fram . Polakkane reiste seg i Warszawa , men tyskarane slo det veldige opprøret ned med hard hand . Det tredje riket måtte likevel vera i ferd med å gå under snart .

Ein ny tysk offensiv i vest , like før jul , ved Luxemburg , skapte igjen tvil om når krigen kunne ta slutt . Det var trist , mørkt desembervær med småregn og tåke og blanke isholka bortetter vegar og jorde . Så vart det kaldare , og julesnøen fall i rett tid . Kjørkeklokkene ringde helga inn , no som alltid før , og Hild stod ute på tunet , tung om hjarta . Kva slags julekveld hadde Knut og Tor Flatland der nede i Sachsenhausen , om dei da var blant dei levandes tal ?

På Rogne gjekk dei kring juletreet og song ; fire små barn tråkka og stabba rundt i ringen , stjerneøygde og forventningsfulle i glansen frå julelysa og glitterstasen . Men elles var det underleg trist og stille . Husbondens fråvær prega dei alle meir enn til dagleg på ein slik kveld , enda saknet av han var der heile tida . Garden hadde liksom mist sitt trygge midtpunkt . Hild kjende det slik at til og med dyra sakna han , ‐ hestane på stallen og bikkjene ute i tunet .

%Ei veke seinare ringde kjørkeklokkene det nye året inn . 1945 . Kva skulle vel det koma til å bringe ? Hild hadde for lenge sidan flytt inn på soverommet att , gjorde det straks Knut var borte ; kom liksom tilbake til han på den måten . Han var i rommet , syntest ho mang ein gong , ‐ alle kleda hans hang i skåpet og fylte soverommet med hans lukt som var god og trygg å ande i . ‐ 1945 , tenkte ho . Skal eg få møte han att dette året ?

%Ei natt drømte Hild at Knut låg ved sida av henne .

" Knut , er du komen att ? " sa ho og snudde seg mot han . Han svara ikkje , låg berre og såg på henne med eit underleg stirande blikk .

" Kvifor ser du slik på meg ? "

Han svara ikkje no heller , låg og stirde ; det var liksom berre blikket , kropp og andlet skimta ho vagt i mørket . Knut var så nifst ulik seg sjølv at ho ville skrike , men fekk ikkje fram ein lyd . Hild kom seg ut or senga , gjekk baklengs mot døra utan å sleppe han med augo . Så prøvde ho å springe bort , men beina ville ikkje bera henne framover i gangen . Rett bak seg kjende ho pusten hans i nakken ; greip han henne ville ho ikkje kunne røre seg meir . Ho kom seg inn i gjesterommet , og vakna av sitt eige skrik . var ho i gjesterommet , sat oppreist i senga der , drivande våt av sveitte .

" Eg har gått i søvne , " mumla ho . Heilt frå ho var lita jente had de Hild iblant gått i søvne . Heime på Bjørketun kunne ho stige opp av senga og gå inn og legge seg ved sida av mor si ; ein gong vakna ho på sofaen nede i stua .

Hild la seg ned på senga i gjesterommet og prøvde å koma drømmen i hug . Han var uhyggeleg . Knut hadde sett ut som ein død mann . Kunne drømmen vera eit varsel om at han ikkje levde lenger ?

Torgeir fylte seks år og Hild laga i stand bursdagsselskap med eggedosis , alt dei orka få i seg . Torgeir sat med eggedosis ut over heile andletet .

" Som du grisar , " sa Hild og tørka av han . " Sjå på Håkon du , så flink han er til å eta med skei . "

" Fille-Håkon . " Torgeir dytta til den fireårige bror sin så eggedosis-skåla hans velta . Det drog seg til ein geip i Håkons fine , smale andlet .

" Sippe-Håkon , sippe-Håkon . " Torgeir dulta hardt borti han ein gong til så den andre sette i å gråte .

" Men Torgeir da ! " Hild greip han om okslene og rista han kraftig . No var det hans tur til å belje av full hals .

" Pappa ! Pappa ! " skreik han . " Eg vil til pappa ! "

" Ja rop på pappa du , ‐ det nyttar deg ikkje stort , han hører deg ikkje . "

Torgeir sette seg bort i ein krok og tok tommelen i munnen , hans beste og einaste trøst når verda gjekk han imot . Han var sløv i blikket og såg så inderleg foruretta ut at Hild lo høgt av han . Da la han seg flatt ned og slo med knyttnevane i golvet , hylte som ein gris og sparka med beina . Lily bar dei enkle gavene han hadde fått bort til han , men han berre dytta henne vekk . Så sette ho i å skrike , og da syntest vesle Helga at ho fekk sutre litt ho òg .

I eit slags galgenhumør fann Hild fram fargeblyantar og ei kladdebok ; reiv ut ark så dei fekk kvar sitt og ville ha dei til å teikne . Håkon sette seg ved bordet og teikna eit hus med sol over , ‐ Lily låg på golvet med sitt ark og laga sterke fargestrekar ; Helga sat på huk og såg på . Torgeir berre rista på hovudet og ville ikkje , klisset i andletet av tårer og sikl . Han var bursdagsbarnet og alle var slemme mot han . Men så vart han interessert han òg , sette seg til med tunga skeivt utor munnen og klussa på papiret sitt med grønt og raudt og gult og svart , fylte heile arket : eit dramatisk kaos av fargar og liner .

" Så fint da , " sa Hild og han strålte opp .

" Er mitt fint ? " spurte Håkon og kom bort til henne .

" Javisst ! Veldig fint . "

" Ikkje så veldig , " meinte Torgeir , tok arket og såg litt på det , og reiv det sund .

" Nei no Torgeir , no kan det vera nok ! Du er slem ! "

Ho tok han og drog han hylande ut . " Du er slem og skal legge deg . "

" Det er min bursdag , " gret han .

%Dagane og vekene gjekk ; det vart mars og april . Ute i Europa var dei store , avgjerande offensivane i gang , kappløpet frå aust og vest mot Tysklands hjarta melde dei i illegale blad . Tredje mai skreiv avisene at raude faner vaia over Berlin . Sachsenhausen låg bak russiske frontliner . Og så , brått , var den store krigen slutt .

Men i Noreg stod tre hundre tusen tyske soldatar , væpne til tennene . Ville dei forskanse seg og slåst vidare ?

Lars hadde gått i dekning den siste tida ; men så kom han setjande ein føremiddag .

" Krigen er slutt ! " ropte han ute i alléen .

" Slutt ? Er krigen slutt ? "

" Ja ! Kvar har du flagget , Hild ? "

Lars stod der forpusta , det reint lyste av han . Hild fann flagget som var stuva bort på loftet , og dei heiste det saman , halte og drog i flaggsnora , greip i hendene på kvarandre og lo . Da flagget kom opp i vinden , falda det seg ut , mektig blakrande ; Hild stod der og kjende det som eit veldig brus av venger over seg . Vakrare flagg fanst ikkje til i verda ; ho kunne ikkje hugse at det var så hjartegripande vakkert med sine raude , blå og kvite fargar i den solvarme maidagen over bygda . Det brusa i vårflomvatn og det susa i skogane slik Hild aldri hadde hørt det suse før . Langs vegane gjekk snart elleville ungeflokkar og song " Ja vi elsker " , av full hals midt på blanke kvardagen , og flagg blakra og small over hus og gardstun . Men nazigardane låg dystre og døde , utan liv på tuna ; flaggstengene stod nakne .

%Pinsehelga kom med det blankaste vårvær . Da høgtida vart ringd inn over grend og stavstill fjord var det reint som om Den heilage ande stod i kjørketårnet og rørte ved klokkene , og ikkje gamle Andreas kjørketenar , syntest Hild , der ho gjekk over det helgestille Rognetunet og kjende det lukte livsalig av bjørk etter den forte regnskura på morgonen . Det grodde i hage og på jorde så ho kunne høre det . Freden hadde kome til jorda . Men sjølv gjekk Hild i utolmodig spenning dag etter dag utetter no og venta på mannen sin og Tor Flatland . Ho visste dei levde og at dei snart kom . Knut hadde skrive frå Sverike . Og ein dag var han i telefonen .

" Knut ! " ropte ho . " Kvar er du ? I Oslo ? Kjem du i morgon ? Gudskjelov ! Knut ! " ropte ho att . " Er det verkeleg deg ? "

Så ho var førebudd , men det kjendest likevel rart da dei neste dag brått var i tunet , steig ut av bilen som køyrde dei , ‐ utan bagasje . Knut var radmager og verka mindre og eldre enn før , Tor Flatland stod høg og hengslete ved sida av han , mager og uttæra han òg . Sjukeleg bleike var dei begge to . Hild kasta seg om halsen på Knut så han nesten mista balansen , ho gret og lo .

" Knut ! " sa ho . " Å Knut ! "

Torgeir kom til og ville ha sitt , kjende faren att . Knut løfta han opp og klemde han , blank i augo . Hild måtte omfamne Tor Flatland òg , i same slengen ; han var berre knoklar og bein , kunne ho kjenne . Knut klemde ungane etter tur ; dei minste var litt redde , ‐ for dei var han ein framand no ; så helsa han på tante Beate og mor si , Lars , Stina og Turid , Eli , Gustav og Elling . Bikkjene stod og kvinka og kvein i lenkene sine , ville bort til han dei òg ; dei hoppa opp på han og slikka han i andletet da han kom .

Inne stod festbordet duka med det beste garden hadde å by på . Det vart spurt og fortalt , om livet i fangeleiren , matmangelen , straffeksersisen , om terror og død . Og så om dei kvite bussane som kom og henta dei og køyrde dei til Hamburg gjennom kaos og trengsel av flyktningestrømmar på vegane .

Begge vart fort trøtte etter måltidet og alt oppstyret , og gjekk og la seg .

Tor Flatland kom snart til krefter , men drog på eine foten , ørlite grann . Hild spurte kva det var .

" Vi vart torturerte , " sa han berre .

Knut heldt seg tunn og skraslen ; noko av krafta i han var borte og ville liksom ikkje koma tilbake . Dei var nære venner no , kunne Hild merke , var blitt det der nede ; men dei snakka lite om livet i leiren . Steinar Hagen hadde òg kome heim ; Halvor Ekre kom aldri att , ‐ var blitt send til ein annan konsentrasjonsleir .

Det fall av seg sjølv at Tor Flatland skulle bu på garden som før .

" Nei du blir her du Tor , " sa Knut da den andre lurte på om han kanskje burde flytte . " Det er no rart òg , " heldt Knut fram , " her gjekk vi på same garden , men vi måtte ned i ein tysk konsentrasjonsleir for å lære kvarandre å kjenne , bli venner . "

Lars undra seg nok ikkje så lite over denne vennskapen ; sjølv var han mutt og avvisande mot Tor Flatland .

" Kva er det som går av bror din ? " sa Tor ein dag , ‐ han møtte Hild på tunet . " Han går her og ser så skeivt til meg . "

" Nei gjer han det ? Det er berre innbilling kan du skjøna . "

" Nei , " sa han . " Eg trur han mistenker meg for å vera skuld i at Halvor Ekre er død . "

" Har han sagt noko slik da ? "

" Sagt og sagt . Ikkje med reine ord , men likevel ‐ . Han trur eg har vore laus i kjeften , at eg sprakk under torturen . Har han ikkje sagt noko til deg om det ? "

Hild vart raud .

" Han nemnde litt om det ein gong , undra seg over at Halvor og Steinar vart tatt . "

Tor Flatland såg beint på henne .

" Trur du eg sa noko ? "

" Nei det har eg da aldri trudd . "

" Du hørest ikkje heilt overtydd ut . Sjå her , " sa han og sette fram hendene . " Dei brekte beina i fingrane mine ; krokete er dei blitt , og litt stive , fleire av dei , ‐ det blir vel smått med felespeling heretter . Dei drog ut neglane , ‐ og sjå her . " Han flengde skjorta open i bringa ned til bukselinninga . Ho såg han hadde arr og merke i huda som spende seg stramt over bryst- og ribbebein .

" Eg trudde dei skulle ta livet av meg , slik dei fór fram . "

" Var det Knut som snakka da ? " mumla Hild .

" Nei , " svara han . " Knut tagde nok han òg . Han gjekk forresten med høg feber dei første dagane , var vel blitt smitta av Torgeir . Nei , ingen av oss prisgav Steinar og Halvor , det skal både Lars og andre veta . "

Det gjorde Hild glad å høre dette , letta òg , ‐ og ho fortalte det til Lars da dei ein dag køyrde til den næraste vesle byen , hadde eit ærend der .

" Eg får kanskje tru det da , når du seier det , " sa Lars .

" Tvilar du enno ? " Hild såg undren på han . " Han synte meg merke etter torturen . "

" Likevel kan han ha sprukke til slutt , " meinte Lars , ‐ ville liksom ikkje gje Tor Flatland oppreising .

" Nei no er du urimeleg , Lars ! Eg er viss på at han tagde . "

" Ja da så ; du kjenner han betre du enn eg , " svara broren mutt og dei vart sitjande stille . Trass i misstemninga mellom dei kjendest det herleg å få fara fritt gjennom sitt eige land att , og enda det var gråvær med regn i lufta sat Hild og saug inn det frodige junilandskapet . I regnyret anga det sterkt av bjørk og syrin .

Like før dei kom til den vesle byen måtte dei stanse lenge ved eit kryss , for på hovudvegen nordfrå kom endelause rekker tyske troppar trampande forbi , grå av støv etter lange dagsmarsjar , utan våpen , med uflidde , våte uniformer , ‐ andleta apatiske , bitre og forsteina i regnværet . Dei gjekk i takt av gammal vane , i ein tung , slepande rytme . Det var ingen song , berre trampet av støvlar som aldri ville ta slutt .

" Tyske troppar på veg heim , " forklarte Lars . " No får dei hauste slik dei har sådd . "

‐ På veg heim til kva ? tenkte Hild og kom i hug det Knut og Tor hadde fortalt om kaoset i Tyskland . Brått kjende ho medynk med kvar enkelt soldat i den marsjerande hæren . Men ho skauv fort slike kjensler frå seg ; det var eit brutalt herrefolk som fekk dei høge nasane grundig klemde ned i skiten .

%Mange i bygda vart no straffa for sine gjerningar under krigen . Passive medlem i N.S. fekk bot , stasjonsmeister Lande og nokre til vart dømde til straffarbeid .

Hild møtte Ragnhild Skinnarland på vegen ein dag ; Hild hadde lita lyst til å snakke , helsa og ville gå vidare .

" Jaså Hild , " sa den andre og smilte slik berre ho kunne gjera det . " Du vil ikkje ha noko snakk med meg meir no . Men ein dag skal du få oppleva at vi hadde rett likevel . At Tyskland tapte krigen skal vi nok få svi for ‐ den dagen russarane kjem . Du kan spørja Gunnar Berg du , kva for slags bestialske hordar det er . "

" Bestialske , " svara Hild . " Veit du ikkje kva Hitler og hans folk gjorde ? Dei fór fram verre enn dyr . "

" Det er løgn ! Eg trur ikkje på jødepropagandaen frå London , som no har kome hit òg . "

" Trur du ikkje det fanst konsentrasjonsleirar heller da , der millionar vart gassa i hel , i Auschwitz og Treblinka ? "

" Det er blank løgn ! " sa Ragnhild , raud og oppøst . " Gunnar Berg verken såg eller hørte noko til slikt . Og han har vore dernede han ! "

" Det har Knut òg , og han har sett dei verste ting med sine eigne augo . "

Ragnhild Skinnarland stod og ruva i vegen , ei myndig bondekone som under andre forhold ville ha vore ei velsedd , gjæv bygdekvinne ; ‐ no hadde den store krigen plasert henne på taparens side . Med heile sitt stolte , bratt lynne gjorde ho opprør mot det ho og hennar no fekk gjennomgå ; blind for fakta avviste ho blankt alle påstandar om tysk terror fordi ho sjølv og sønene indirekte vart medskuldige .

" Ettertida feller ein annan dom , sann mine ord . Og di eiga søster , Hild , kva for medfart fekk ikkje ho da ho kom hit til bygda att ? Pøbelen i stasjonsbyen tok henne og skamklipte henne , og fleire til . Synest du det er rett å fara fram på den måten ? "

" Ho kunne vel ikkje anna vente , " meinte Hild , raud og ille ved . " Slik ho hadde stelt seg . "

" Ja eg er ikkje den som vil forsvara tøseliv . Men no flyg andre jenter galne etter amerikanske og engelske soldatar . Trur du dei blir skamklipte ? "

Hild vart gåande og tenke på søster si da ho til slutt kom seg unna . Ingrid var komen heim etter frigjeringa , utan parykk , med sitt eige hår halvt utvakse og velfrisert . Så var ho blitt tatt ein kveld ved stasjonen ; ryktet om henne hadde kome til bygda . No heldt ho seg mest inne på Bjørketun . ‐ Stakkars jente , tenkte Hild . Korleis skal det bli for henne heretter ?

Tor Flatland reiste heim til Telemark i sommarferien for å sjå til slekta si , hjelpe dei gamle foreldra med slåttonna og gå i fjellet . Og Knut fann seg etterkvart til rette på garden att , tok over styringa med trygg hand , vart barka av vær og vind og gjekk ikkje lenger så slunken i sine gamle klede . Men heilt seg sjølv , slik han var , vart han ikkje syntest Hild , og ho måtte ofte tenke på første natta ho låg ved sida av han att . Ho smaug seg inntil han da med varme , ømme kjærteikn , kjende kor knoklet og mager han var . Han hadde fått dysenteri på slutten i Sachsenhausen , fortalte han , og da den kvite bussen kom til leiren først i april var det med naud og neppe han kravla seg opp på beina og kom seg inn i bilen , godt hjelpt av Tor Flatland .

" Vi trudde vi skulle heim , " sa han , " og vonbrotet var stort da vi hamna i ein annan leir , Neuengamme ved Hamburg . Eg kan takke Tor for at eg lever , så langt nede eg var ei tid . " Han låg og såg ut i mørket , strauk Hild over håret og kinnet , underleg fråverande . Ho klemde seg inntil han , hadde sakna han slik i det året som var gått sidan han vart gripen og køyrd bort . ‐ Det skal bli annleis mellom oss , hadde ho gått og tenkt , ‐ hadde sett slik fram til denne stunda , bygd opp ei forventning ho no ville ha innfridd . Og så låg han der , fjern og bortrykt i hendinger ho ikkje hadde vore med på , i tankar ho ikkje kunne få del i .

" Gløym , " sa ho og kysste han over heile andletet . " Gløym det alt saman ; no er du heime , det er forbi . "

" Eg har lengta slik etter deg , Hild , " sa han . " Tanken på deg har vore lyset i mørket . På deg og på Torgeir , "

Det gjorde henne vondt at han ikkje nemnde dei andre barna . ‐ Men vesle Helga , tenkte ho ; og Håkon . Begge vart liggande stille ei stund .

" Tor og eg , " sa han så brått , " vi har snakka om deg , Hild , mange gonger . Tru det eller ei , det førde oss nær kvarandre . Måten han snakka om deg på , gjorde deg livs levande for meg . Han er glad i deg som du vel veit , og det kan han gjerne få vera . Alle menn må da bli glad i deg , slik du er . Eg er berre stolt av det eg , så lenge eg veit at du er mi . Berre mi , fullt og heilt . Tor fortalte meg det òg at han hadde prøvd å koma deg nærare enn godt var , men at du synte han vintervegen . Hadde eg visst det , Hild , skulle eg aldri ha gått og vore slik mot deg som eg var i tida før eg fór . Ein einaste tanke stod i hovudet på meg frå den stunda dei greip meg her ute i tunet : at eg måtte få sjå deg att . Eg syntest eg kunne gjera kva som helst , ja kva som helst for å få det . Frå den augneblinken da du omfamna meg og kysste meg til avskil , forstod eg det var meg du brydde deg om , inst inne , ‐ ikkje Tor Flatland , og ikkje han den andre heller , denne unge guten som var her . Var det ikkje slik , Hild ? "

" Det var slik . Eg har lengta etter deg , eg var redd du aldri skulle koma heim . Å Knut ! " Ho tok han om hovudet med begge hendene . " Heretter skal alt bli annleis mellom oss . "

" Ja , " sa han . " Og eg skal ikkje vera så inderleg dum at eg går her og mistenker deg utan grunn . "

‐ Utan grunn var det ikkje , tenkte Hild ; heldt på å seia det òg , men tok seg i det . ‐ Seier eg det , blir alt som før att , da stenger han seg inne påny .

" Når ein har sett slikt eg har fått sjå dette siste året , da gløymer ein det ikkje så lett ; det let seg nok aldri stryke ut or minnet . Dei som kom til Neuengamme frå andre leirar , ‐ dei var ikkje menneske mange ; ein måtte tru dei steig rett ut or likhaugen . Der kunne vi forresten ha hamna , nokon kvar av oss ; den tanken fekk vi god tid til å bli fortrulege med . Ja vi hadde svært god tid til å tenke , både på dette og hint . Eg tenkte på det òg Hild , at eg har gjort stor urett mot deg . "

" Mot meg ? " spurte ho .

" Ja . " Han låg og tagde litt ; det var ikkje lett å få sagt dette . " Eg tok deg til meg frå du var berre barnet og enno ikkje visste kva du ville og ikkje ville i livet . Det var som å bryte ein blomeknopp det , før han slår ut i full bløming , og setja han i ein vase med vatn og ha han berre for seg sjølv . Eg tenkte ikkje på det at for blomen ville det vore betre om han hadde fått vera på stilken sin ute i fri luft enno ei god stund . For meg hasta det slik med å få deg , ‐ eg gjekk her så sjeleredd på den tid , at livet skulle ta deg og kvervle deg bort frå meg for alltid . Kom det ein ung mann i nærleiken , såg eg du blømde opp og fekk eit anna liv i augo . Og det var ikkje for meg . Hjarta mitt blødde når eg såg det ; likevel måtte eg ha deg og eg batt deg til meg så du aldri skulle kunne fri deg ut att ; eg gjorde deg med barn . Eg lova det da eg sat der nede i Sachsenhausen og ikkje såg minste lysning i mørket : om eg nokon gong møtte deg att , da skulle eg be deg tilgje meg for at eg tok din ungdom på den måten . "

Hild svara ikkje . Ho låg steins still og kjende det stige opp i seg ei dump , bitter anklage mot denne mannen som no låg der i mørket ved sida av henne og var så openhjarta ærleg . ‐ Nei , nei ! tenkte ho først . Tei still ! Snakk ikkje slik , for Guds skuld ! Det var som han tok hennar eigne undertrykte tankar gjennom mange år og gav dei ord og luft . ‐ Ja ! tenkte ho så ; du har rett ! Rett i kvart ord du seier ! Og aldri kan det gjerast om att . Aldri kan du gje meg livet mitt tilbake .

Han heldt fram :

" Torgeir kom til verda , og eg tenkte eg hadde deg . Men da han var slik han var , sørgde eg over det meir enn du nokon gong har visst . Eg syntest det var ein Guds straffedom som råka oss , eller rettare : råka meg gjennom han , den skuldlause vesle guten . Kan skje det var derfor han vart meg så inderleg kjær . Deg hadde eg ikkje , ikkje slik eg ville . Og da denne unge flyktningen frå Tyskland kom , og du fortalte meg om han den kvelden : eg skjøna det straks at du var hans , om ikkje med kroppen så med sinn og sjel . Han fekk deg , fullt og heilt , og eg hata han for det , ‐ og snakka stygt om han også fordi han var jøde . No når eg har vore mi korte stund nede i helvetes forgard og veit kva slags endelikt han må ha fått , tenker eg heilt annleis enn da . Den gongen ville eg ikkje du skulle ha den minste ting att som kunne minne deg om han . "

" Fela har eg brend , " sa ho , underleg tonlaust . Han låg litt og tagde .

" Når ? " spurte han så , svært lågt .

" Straks etter at du var tatt . "

" Det skulle du ikkje gjort , " mumla han fram for seg .

" Eg gjorde det for di skuld . Eg syntest det var eit offer du kravde av meg . "

" Eit offer ? Du gjorde det ikkje med lett hjarta da . "

" Korleis kan du tenke det ! " brast det ut av henne .

" Nei , nei . Men da var det lita hjelp i det . Du kunne ha gjeve fela til Tor Flatland . Så ho er borte no ? "

" Ja ! Brend og borte for alltid . "

Han låg litt før han tok til å snakke att , svært lågt .

" Når eg no ligg her og lettar hjarta mitt får eg fortelja dette òg . Hugsar du dengongen Håkon var så sjuk ; han hadde ikkje fylt året og du veik ikkje frå senga hans , ‐ eg ønskte da at han skulle døy . "

Hild låg og gløymde å puste , tida stansa liksom opp .

" Ønskte du det , " sa ho til slutt , tonlaust , etter å ha tagd ei stund . " Ønskjer du det enno kanhende ? "

" Nei ! Trur du eg ville ha fortalt deg dette om eg gjorde det ? "

" Du sa du tenkte på Torgeir dernede i Sachsenhausen . Ikkje dei andre . "

" Du kan da vel skjøna det at eg tenkte på dei òg , ofte , vesle Helga ‐ og Håkon . Og på Lily . Men Torgeir er no min son , mitt smertensbarn , eg kjende hjarta kvide i meg når eg tenkte på han . "

Meir vart det ikkje sagt på lenge . Dei låg i mørket , kvar i sine tankar . Den lågmælte einetalen hans hadde sokke inn i henne , og sløkt all attrå . Det var som låg ho ved sida av ein framand mann . Men ho hadde likevel ei vag kjensle av at han hadde kome henne nærare enn nokon gong ; han hadde opna seg for henne omsynslaust ærleg , og ho visste ikkje kva verknad det ville få : om han skar henne bort frå seg eller vann henne på ein ny måte . Da han kom med ei hand og ville kjærteikne henne og deretter tok henne inntil seg , låg ho stiv i armane hans .

" Ikkje i natt , Knut " sa ho . " Etter alt det du no har sagt . " Han lo litt , lågt .

" Om du kunne vera så open mot meg , slik eg har vore det mot deg i natt , Hild , så var det kanskje von for samlivet vårt . Eg vil få veta om alt som rører seg inni deg , få kjenne alle dine tankar og drømmar . "

" Det er meir enn eit menneske kan krevja av eit anna det , Knut . "

" Ja det er vel det , " svara han , og så vart dei igjen liggande stille . ‐ Eg veit ikkje eingong sjølv kva som rører seg i meg , tenkte Hild og merka etterkvart at Knut sovna .

%Det vart fullsommar . Hestane gjekk i hamnehagen og vifta bort klegg og fluer ; lauvskogen etter bygdevegen stod mjølgrå , ‐ støvskyene reiste seg når bilar fór forbi .

Det var ein fin sandgrunne i vika nedanfor Rognejorda ; der bada ungane no medan Hild sat med eit strikketøy og passa på . Dei hylte og skreik , ‐ Torgeir plaska ellevilt med armar og bein , Håkon vassa hutrande til livet og lenger , litt betenkt ; men tok sine første baskete svømmetak innover att , pressa hovudet i været .

" Sjå på meg , mamma ! " ropte han og fekk munnen full av vatn , sputta og hosta .

" Sjå på meg , mamma ! " ropte Torgeir der han sat og spruta . Lily sette seg ved sida av han og slo i vatnet ho òg . Inne på sandstranda sat Helga naken og solbrun med bøtte og spade . Hild kjende seg trygg for dei her ; det låg ein sandbanke utanfor så det vart som ein liten skjerma dam der vatnet òg var varmare enn fjordvatnet utanfor , strøymande i brisen . Hild opna blusen i halsen og drog skjørtet opp over låra , kjende den gode sola verme seg . Ho hørte grashoppene spela , nær ved og lenger borte , og angen frå hesjene dreiv ned mot henne i solheite bølgjer . På den vesle utmarka nær fjorden , i utkanten av åkrar og enger blømde no alle sommarens ville blomar vaiande i vinden : prestekragar , blåklokker , geiterams , røllik , mjødurt , og den søtlege angen fekk eit par humler til å brumme soldrukne til og frå . Ei kort stund , tenkte Hild , så er humlesurret borte , og det elleville sommarskriket frå badande ungar .

Medan ho sat slik , stødd mot ein skrå stein , kom Knut drivande på stigen langs grøftekanten . Ho dekte seg til og sette seg opp . Knut slo seg ned ved sida av henne , fekk fram pipa , og tobakkspungen med skikkeleg tobakk i no . Han hadde nettopp slått den siste enga , fortalte han , og kom berre nedom som snarast . Ungane i vatnet ropte til han at han måtte sjå på dei . Knut tok eit strå og kilte Hild på leggen , litt fråverande . Han gjekk mykje godt i eigne tankar for tida ; det var eit eller anna som låg og gnog inni han . Etter den første natta hadde han ikkje meir kome inn på slike ting , ‐ det vart mest kvardagsprat mellom dei , og når kvelden kom var han gjerne så trøtt av dagens arbeid at han sovna nesten før han fekk hovudet på puta . Dei hadde vore saman nokre få gonger som mann og kone . Han var underleg fråverande også da .

" Kva tenker du på ? " kunne ho seia .

" Ingenting særskilt . "

" Eg vil du skal tenke på meg . "

" Det gjer eg da . "

" Nei , du gjer ikkje det . Du er langt borte . "

Hild sette pris på at han var blitt annleis mot Håkon , at han prøvde å vera det . Håkon vart likevel aldri hans rette son . Det var berre Torgeir det , meir no enn nokongong før . Uendeleg tolmodig streva han med å lære den hjerneskadde guten opp til ymse gjeremål av dei enklaste slag . Men det gjekk smått . Ein gong fekk han ri ; han sat framfor faren og heldt i taumane , så høgtideleg og bortrykt at han ikkje såg Hild som vinka til han . Etter det ville han ustanseleg ut å ri , og faren tok han med på hesteryggen både titt og ofte .

" Ri eg òg pappa ! " bad Håkon eingong .

" Du må vente du , til du blir større , " svara Knut .

" Kan du ikkje ta han ein tur òg da , " sa Hild litt bryskt . Knut såg på henne , løfta Torgeir ned og Håkon opp , og dei tok ein runde på tunet . Det lyste or augo på Håkon ; han sat trygg og tillitsfull med Knut bak seg . Men no slo Torgeir seg reint vrang .

" Det er min hest , " sa han og gav seg ikkje før Håkon vart løfta ned og han sjølv opp i staden .

%Ingrid kom bortom ein dag ; smaug forsakt og halvt redd inn på tunet , ‐ såg seg sky ikring om det skulle vera tenestfolk i nærleiken . På hovudet hadde ho eit skaut , enda så varmt det var . Ho sat litt i stua og drakk kaffi saman med Hild ; ville få treffe Lily , som kom baskande inn utanfrå : eit lite viltert forpusta uvær , skitten og solbrun . Ingrid tok henne i fanget og kysste henne , men Lily spar ka og ville nedatt , for dei hadde det så moro ! Og så fauk ho på dør . Ingrid tørka seg som snarast i augnekroken , og så smilte ho .

" Lily ser godt ut . Ho har det fint her . "

Hild spurte kva ho hadde tenkt å gjera .

" Berre håret veks ut att så eg kan få fasong på det , drar eg til byen , finn meg jobb ein eller annan stad . "

" Det var ille , Ingrid , at det skulle gå slik med deg . "

" Pytt , " svara ho og bles ut sigarettrøyken . " Eg skal vel koma meg i gang att , ‐ eg er da berre 23 år . "

Midt i august kom Tor Flatland attende frå Telemark . Han var blitt brun og sprek etter å ha arbeidd på farsgarden og tråva i fjellet . No hjelpte han til i skurdonna på Rogne , gjekk med naken overkropp og hadde eit jamnt bondesig i heile sin arbeidsmåte .

" Er du tørst , Tor , " sa Hild ; han stod og tørka seg i panna og over nakken med eit rutet lommetørkle . Sveitten glinsa i det brunbarka andletet og den like brune overkroppen der musklane no spela , faste og smidige , medan mellomgolvet gjekk som ein blåsebelg . Hild hadde tørstedrykk i skuggen bak ei hesje og han drakk så det silte nedetter hake , hals og bringe .

" Godt ! " sa han og såg beint på henne med stritt blått lys i blikket , og gav henne spannet att så handa streifa lett borti brystet hennar . Ho vart raud og vende seg bort , gjekk attende med spannet . Tor stod og såg etter henne før han igjen tok fatt på arbeidet .

%Etter at Knut hadde sovna om kvelden vart Hild som ofte elles liggande vaken . Ho kjende seg underleg oppheta i heile kroppen , klødde òg frå arbeidet med kornbanda . Om litt steig ho opp or senga , vrengde nattkjolen av og tok på ein lett bomullskjole , greip med seg eit handkle i farten . Så gjekk ho stilt ned trappa og ut på tunet .

Det var ei varm , mørk natt ; grashoppene spela intenst . Bakken var doggvåt og kjølte godt mot dei nakne føtene og mellom tærne . Da ho gjekk den smale stigen ned til fjorden , svuppa høge strå henne vått om leggane og det dufta sterkt av mjødurt . Hild hekta av seg kjolen og steig uti , ‐ fjordvatnet kjendest nesten varmt no nattestid og slutta seg tett om henne , det var som eit kjærteikn over all hennar kropp der ho svømte utover med rolege , lange tak . Uendeleg fri kjende ho seg . ‐ Herleg å bade naken , tenkte ho og snudde seg på ryggen , låg og heldt seg flytande ved å røre lett på armar og bein . Det utløyste håret flaut opp ikring henne og verka mørkt no , over okslene og over brysta som skimra kvitt og ville flyte opp dei òg . Inne på land kunne ho så vidt skimte Rogne med sine stille hus og treklynger ; heile garden sov . Det fór som ei søt eling gjennom henne at det ho gjorde no var uvanleg og nesten ulovleg , men godt . Da hørte ho steg på stigen ned mot fjorden ; det var så lydt over fjord og marker at grashoppespelinga også nådde ut der ho låg . Hild fekk ein støkk i seg og ville svømme tillands bortom odden , men vart istaden liggande dørgstille , rørte berre så vidt på hendene for å halde seg flytande . Ho såg skimten av ein mann og bluss i ein sigarett ; inne på svaberget , ‐ det var Tor Flatland . ‐ Han har ikkje sett meg , tenkte Hild , ‐ låg og venta at han skulle gå att . Men så kledde han av seg kunne ho fornemme , og stupte om litt frå svaberget , kom svømmande utover mot henne . ‐ Han har ikkje sett meg , tenkte ho igjen , litt panisk , og svømte stilt skrått mot odden . Da merka ho at han bøygde av , kom mot henne med lange , skvalande tak . Hild tok kraftigare i ho òg no , som for å berge seg unna ein fare . Brått var han så nær at dei kunne skimte kvarandre , stod og trødde vatnet begge to .

" Er du ute og badar ? " sa han lågt ; røysta hans let annleis enn ho pla , med ein skjelv i seg .

" Ja , " sa ho . " Og du òg . "

" Eg er ofte ute og badar slik om natta . Det er fint . " Han tok eitpar tak og kom heilt nær henne . Dei stod i vatnet og berre stirde på kvarandre . Brått la han armen kring livet hennar og drog henne inntil seg , og i neste no fekk ho den kjølege munnen hans mot sin ; vart så overrumpla at ho ein augneblink gav etter . Så sette ho hendene mot bringa hans og sprella og sparka for å koma fri .

" Slepp meg ! " sa ho ; ho kjende hendene hans over bryst og hofter og kom seg laus .

" Du er glatt som ein fisk , " sa han .

Ho stod i vatnet og såg på han , ‐ hjarta dunka i henne så ho trudde det skulle springe ut or brystkorga . Så la ho på svøm innover ; han kom skvalande eit stykke etter , ‐ låg litt utpå og smått plaska da ho steig i land . Ho stakk seg bakom ein busk , tørka seg og streva hutrande med å få på kjolen . Så gjekk ho fort stigen opp mot garden , ‐ kom seg inn og i seng , såg at Knut låg som før . Ho vart liggande lenge å skjelve , og hjarta ville ikkje falle til ro .

Heile neste dag gjekk Hild ikring og var ikkje seg sjølv lik , bortrykt når Knut eller Stina snakka til henne , ‐ kikka ofte over mot det andre våningshuset . Utpå ettermiddagen drog ungane henne med bort under låvebrua , ville huske . Ho løfta ein for ein opp i huska og dytta dei varsamt , ‐ dei hiksta av skrekk og fryd . Til slutt skulle dei dytte henne . Da kom Tor Flatland vegande over tunet . Hild ville til å gå , men vart sitjande ; han stod litt og såg på .

" Skal eg hjelpe til ? " spurte han og ungane ropte ja ! Før Hild fekk sukk for seg hadde han gripe henne om hoftene og drege henne langt bakover .

" Pass dykk ! " ropte han til ungane og dei tukka seg forventningsfulle unna . Så sende han henne framover med eit kraftig drag over rygg og oksler . Ungane skreik frydefullt til , halvt i skrekk . Da ho kom tilbake greip han henne påny om hoftene , skifte over til rygg og oksler og sende henne susande langt ut så ho sjølv sette i eit hvin . Han dreiv på , ho fór lenger ut og opp for kvar gong , ‐ det kildra rart i magen . Ungane stod no forskrekka og såg på .

" Stans ! " ropte ho leande . " Gje deg no ! "

Men Tor heldt på . Brått stod Torgeir bak han og hamra laus på han med knyttnevane .

" Pass deg gut ! " ropte Tor og slengde han til side for no kom Hild susande tilbake . Torgeir låg og storgråt .

" Hald opp da mann ! " ropte Hild og han greip tak i tauet , stansa henne . Torgeir sprang til og klengde seg fast med hovudet i fanget hennar .

" Det er ikkje farleg , Torgeir , " sa ho og såg fort opp på Tor , ‐ han stod enno og heldt i tauet .

" Takk for moroa , " mumla ho . " Eg har ikkje fått huska meg slik på år og dag . "

Så reiste ho seg og fekk med ungane bort i sandkassa .

%Natta etter drømte Hild at ho steig ut or senga , gjekk ned trappa og ut på tunet som var kjølegvått under føtene , inn i det andre våningshuset , opp trappa der , i innestengt varm luft etter soldagen , gjennom ei dør og inn i eit mørkt rom . Ho famla seg fram til ei seng , la seg og kraup under teppet . I senga låg Tor Flatland . Han tok i mot henne og kysste henne på munnen . Da vakna Hild , ‐ kjende at ho hadde eit andlet tett innpå seg og ein arm ikring seg .

" Knut , " sa ho forvirra . Så såg ho at det var Tor Flatland som låg ved sida av henne . Ho sette i eit skrik og ville opp og ut or senga , men han heldt henne att .

" Ikkje gå , Hild ! " bad han . " Ikkje enno . La oss snakke saman . "

" Berre snakke da . " Ho såg fortumla på han .

" Ja som du vil . "

Hild slo hendene for andletet og låg litt slik , bortvend .

" Eg har gått i søvne , " mumla ho . " Det hender eg gjer det . " Skamfull og ille ved tenkte ho panisk ; eg drømmer framleis .

" Kom skikkeleg inn under teppet . Du frys så du skjelv . "

" Kva må ikkje du tenke om meg . " Ho vende seg halvt mot han . " Når eg kan koma slik . "

Han strauk henne lett over kinnet , kjærteikna henne med fingertuppane .

" Nei ikkje det , " mumla ho og vende andletet bort att . Hild ville reise seg og gå , men armen hans ikring henne lamma henne ; ho syntest òg ho måtte få snakka med han , han trudde visst ikkje ho hadde gått i søvne .

" Det er sant , Tor , eg gjekk i søvne , ‐ eg gjer det iblant . "

" I søvne eller vaken , eg er glad for at du kom . "

Igjen tok ho til å skjelve og han drog henne lempeleg inn under teppet så ho fekk hans varme kropp tett innpå seg bakfrå . Han låg og fingra med håret hennar , løfta på det og kysste henne hett og ømt i nakken , på øyra og på halsen . Varmen hans trengde inni henne no , men skjelvetoktene ville ikkje halde opp . Ho snudde seg mot han , låg stum og såg på han lenge ; så løfta ho handa og strauk lett over kinnet hans . Da var han med ein gong over henne og kysste henne på munnen med opne lepper og tunga spelande inn mellom leppene hennar . Det bølja vilt gjennom henne , ho greip han i håret med begge hendene som ville ho på same tid få han bort og ha han inntil seg . Så slo ho armane kring halsen hans , slengde hovudet bakover og drog andletet hans mot halsgropa . Han fór med lepper og hender over heile henne , i feber , ‐ brette opp nattkjolen og kysste henne på navlen , over magen og hoftene . Hild låg med attlatne augo og let han gjera det ; all fornuft og sunn sans vart som skylla bort av stigande bølgjer inni henne . Han fekk av henne kjolen og var igjen over henne med tunge , lepper og hender .

" Eg har lengta etter deg , " kviskra han hett i øyra hennar , " gått med eit sug i heile meg etter å få deg , Hild , " sa han , " du er vedunderleg , vedunderleg , du gjer meg vill og galen . "

" Dette er vanvet , " kviskra ho att og møtte kyssa hans no ; pusten hennar gjekk fort og oppriven . " Kva gjer du med meg ? Kva er det vi gjer ! "

" Vi gjer det vi må , " mumla han . " Har du ikkje merka lenge at det måtte ende slik ? "

" Jo ! Jo ! "

" Gløym , " sa han , " gløym alt ! I natt er det berre oss to til i verda . "

Aldri hadde Hild tenkt at det kunne vera slik mellom mann og kvinne . Det var som om noko uforløyst i henne slo overveldande fram i denne mannens famntak , under hans hender . Ho kjende kroppen sin gjera opprør mot det vaksne liv ho hadde levd til denne dag ; ikkje berre kroppen med noko inst inni henne : det tok makta no og skauv bort all tanke på mann og barn . Ho gjorde og sa ting ho aldri før hadde gjort og sagt , slengde hovudet att og fram på puta i nytande vellyst , ikkje til å halde ut .

%Etterpå vart dei liggande stille , tett saman . Det hadde gått eit ras og hennar gamle liv låg under det . Tankane tok så smått til å røre seg att . Kva no ? Kjærleiksnettene med Knut , og den stolne lykkestund med Thomas på loftsrommet , da ho gav den fredlause og dødsdømte seg sjølv som gave og takk for gava hans : alt det var vekk , kom det for henne , skylla bort av den ekstatiske sjokkoppleving i møtet mellom henne og Tor . ‐ Aldri meir kunne ho bli Knuts kvinne , tenkte ho , etter dette ; kona hans , ja kanskje , og mor til barna hans , men ikkje meir . Korleis ho i framtida skulle kunne foreine dei to : mor til fire krevande barn , hjelpelause utan henne , og kvinne , elskarinne , ‐ den tankekrossen ville ho enno ikkje ta opp ; ho ville berre kvile i ei salige kjensle av å vera forløyst . Dårleg samvet hadde ho heller ikkje , ‐ ikkje enno . ‐ Elskarinne , tenkte ho . Det var eit nytt og ulovleg ord , det hørte bylivet til , og bøkene . Likevel visste ho godt at det fanst på bygdene òg , meir enn ein kunne tenke ; det hadde berre eit anna namn , eller ikkje noko namn i det heile .

Den første lysning av dag synte seg på himmelen i nordaust .

" Eg må gå , " sa Hild og kysste Tor på munnen , fleire gonger , ‐ kunne ikkje få rive seg laus . " Sei til meg at eg må gå , " bad ho og kysste han att .

" Det kan eg ikkje når du kysser meg . "

" Så får eg halde opp med det . "

Ho vart liggande litt i armen hans ; no var det han som kysste henne . Hild gjorde seg lempeleg fri .

" Eg må gå . Det er lyse dagen snart . "

Da ho hørte hanegal langt borte , fekk ho ein støkk i seg . Hanen på Rogne svara , ‐ garden var i ferd med å vakne . Ho kom seg ut or senga , fekk på seg nattkjolen , kysste han enda eingong og gjekk .

Hild steig stilt inn på soverommet der Knut enno låg i djup søvn . Det kjendest uverkeleg . Ho såg på andletet hans i det grå morgonlyset . ‐ Han er blitt gammal , tenkte ho med eit brått stikk av medynk og dårleg samvet . Så kraup ho opp i senga . Kanskje var det berre ein drøm det ho hadde opplevd denne natta . ‐ Når eg vaknar er alt slik det var , for drømmar kjem og går att , tenkte ho .

%Hild vakna til vanleg tid og var ikkje det minste trøtt . Ungestellet gjekk unna som ein leik . Ho smånynna heile tida medan ho heldt på .

" Svært så glad du er i dag , Hild . " Knut stod og såg på henne . " Det er reint så du går og lyser . "

" Enkelte dagar er det slik , " sa ho berre . Ho kvidde seg for å gå over tunet , var redd for å møte Tor , enda ho gjerne ville møte han ; hadde han i tankane kvar time og stund . Så møttest dei ved middagsbordet , ‐ såg på kvarandre eit ørlite sekund . Eit par gonger under måltidet møtte ho blikket hans som søkte henne heile tida : ho strålte mot han og veik unna att , ‐ greip skeia og mata Torgeir , sat raud og blussande .

%Som om det var hemmeleg avtale treftest dei ei mørk natt til nede ved fjorden . Hild gjekk for å bade og han kom etter medan ho enno sat og kledde av seg på svaberget . Han drog henne med ned på ei lita grasslette , og dei elska der under open himmel . Etterpå leide han henne uti og dei svømte stilt side om side , braut skvalande den mørke spegling av åsar og nattsvarte skyer .

Dei fann no stadig nye utvegar til stolne møte , også i uthuset , i høyløa og i vognskjulet . ‐ Eg eig ikkje lenger skam , tenkte Hild . Inn til han fann ho ei bakdør frå eit bjørkekratt bak huset , ‐ dit kunne ho koma usett når ho gjekk gjennom fjøset og forgangen inn i vognskjulet på baksida av låvebygningen . Og til fjøset kunne ho gjera seg ærend både dag og kveld utan at det verka påfallande . Iblant kunne Hild få ei slik kjensle av skam at ho nesten ikkje våga å sjå folk på garden i augo , syntest det måtte lyse av henne lang veg kva ho heldt på med . Og ein dag får dette ein grufull en de , tenkte ho ; men gjekk likevel . Etterpå gjekk ho tilbake til barna enda ho kjende seg uverdig til å røre ved dei . Ho gjekk til Knut òg , la seg ved sida av han om kvelden . Men han fekk ikkje koma nær henne , ‐ ho var alltid trøtt når han prøvde på det , og så gav han snart opp ; låg der underleg fjern , med tankar som gnog og gnog inni han slik at det syntest i andletet . Furer grov seg djupare inn i panne og kjake . ‐ Kva slags tankar er det ? undrast Hild . Ikkje er det dette med meg og Tor , det veit han ingenting om . Ho hadde elles nok med seg sjølv og sitt eige nye , blømande liv til å bry seg skikkeleg om kva som kunne vera i vegen med han .

Mellom dei hemmelege kjærleiksmøte måtte Hild og Tor finne ei samværsform som verka naturleg og daglegdags ; måtte venne seg til å prate saman når dei møttest på tunet , og gje inntrykk av at dei var venner og ingenting meir .

" Det plagar meg , " sa Tor til Hild ein kveld . " Knut og eg var venner og no svik eg han , fører han bak lyset . "

" Angrar du da , at du tok meg , " spurte ho .

" Tok , " sa han . " Du kom til meg , av fri vilje . "

" Er det slik du ser det , " sa Hild , og det let bittert .

" Nei , Hild ! " Han tok henne under haka og vende andletet hennar mot seg . " La oss for guds skuld ikkje slost om det , kven som forførde kven . Vi ville det da begge to , så sterkt at inga makt i verda , ingen omsyn kunne hindre oss . Eg ville ha deg , og eg vil det meir og meir , det er viktigare for meg enn alt anna no . Likevel må eg få lov å seia at det plagar meg dette med Knut . "

%Ein søndag ettermiddag gjekk Hild og Tor og dreiv bortover stigen langs fjorden . Torgeir følgde med , han masa og hang på Hild , snakka og spurte ; ho svara kort og fråverande , opptatt som ho var av den vaksne mannen .

" Bade , " masa Torgeir .

" Nei ikkje no . Spring litt i førevegen du Torgeir . Du kan plukke kongler så lagar vi buskap i kveld . Gå da ! " sa ho ampert da han ikkje ville sleppe . Så gav han seg etter .

Hild og Tor gjekk vidare på stigen . Inne i skogen tok han omkring henne og ville kysse henne .

" Ikkje det , " kviskra ho . " Torgeir går bak oss . "

" Han skjønar ingen ting . "

" Jo han gjer det , ‐ det merkar eg godt . Torgeir ! " ropte ho bakover . Det kom ikkje noko svar .

" Kvar er han da ? " Ho ropte høgare : " Torgeir ! "

" Ah , han furtar berre . " Tor Flatland hadde sett seg på ein stein . Men Hild var no svært uroleg .

" Eg må leite etter han . Eg torer ikkje la han gå her åleine . "

Dei leita begge , men fann han ikkje . Hild ropte og ropte :

" Torgeir ! " Og angsten steig i henne .

" Han har kanskje gått heimatt , " sa Tor .

No kom Knut til , ‐ hadde hørt ropa hennar .

" Har Torgeir kome heim ? " Hild stod vend mot han .

" Nei . Var han ikkje i følgje med dykk ? "

" Jo han var det , men så vart han brått borte . "

" Du passa dårleg på da , " sa Knut , svært kort .

No gjekk dei alle tre og leita og ropte . Hild kjende etterkvart angsten setja seg som eit stumt skrik i strupa . Det vart ho som fann han òg , såg han brått frå eit svaberg , han låg nede i det klare vatnet , heilt roleg . Beina visna bort under henne .

" Knut ! " ropte ho . " Knut , her er han ! " Knut var der i same no , fekk sjå barnet og hoppa uti . Det var ikkje djupare enn at han kunne stå ; han famla ned igjennom vatnet og fekk tak i Torgeir , drog han opp og bar han på land . Guten hang slapt i armane hans , dryppande av væte . Tor var der òg no , gjekk i gang med opplivingsforsøk så det surkla vatn i gutebringa , men alt strev var til fånyttes . Tor sette seg til slutt opp , strauk seg rådvill over håret .

" Det nyttar ikkje . Han er død , " sa han .

" Nei ! " skreik Hild med hendene for munnen . " Nei ! Nei ! Prøv meir ! "

" Død ! Er han død ? " Knut stod likbleik og stirde på Tor , kunne ikkje fatte det .

" Ja , " svara Tor stille . " Det finst inga von . "

Knut knakk saman attmed den døde sonen sin som låg og såg ut i eitkvart ukjend , han knela ned med hovudet mot gutebringa og det kom nokre få håse stønn . Hild stod berre og rista på hovudet og kviskra så vidt det hørtest :

" Nei . Nei . Nei . Det får ikkje vera sant ! "

Knut reiste seg møysommeleg , løfta guten og bar han i armane sine opp mot Rogne , beint over eng og stubbåker . Hild følgde etter , gjekk som i ørska . Til slutt kom Tor .

Hild vaska og stelte Torgeir for siste gong . Ho kledde han òg for siste gong og hadde late att augneloka hans . Hjarta blødde i henne så ho syntest ho måtte forgå , ‐ no først kjende ho kor glad ho hadde vore i dette barnet , trass i alt . Det siste ho gjorde mot Torgeir var å støyte han frå seg ; ho valda hans død , ‐ det fanst det inga tilgjeving for , verken på jorda eller i himmelen . Han låg forunderleg fjern , og tårene hennar , som draup og rann ned på andletet og hendene hans , rørte han ikkje , kom han ikkje lenger ved .

Knut gjekk ikring henne som ein skugge , stod lange stunder og berre såg på guten . Hild kjende slik trong til å koma nær han og prøve å trøste han , men til det var ho ikkje verdig her framfor Torgeirs jordiske levningar . Ikkje var han til å trøste heller . Men om det fanst ein gud til måtte no Torgeirs enkle sjel vera hos han . Enkel , og likevel djup , tenkte ho , med mangt ukjend han aldri greide å gje uttrykk for .

%Da gravferdsklokkene tok til å ringe sat Hild svartkledd ved sida av Knut i den dryppstille kjørka ; sat og såg på barnekista som var dynga ned av kransar og blomar . Blomeangen verka bedøvande på henne så det heile vart uverkeleg : gravferdssalmen og prestens korte tale , gangen ut gjennom kjørka , bak kista . Ho gjekk med armen i Knuts , slik ho hadde gjort det ein gong før , i eit anna liv . Ute tok septembervinden tak i det svarte hattesløret , ‐ ho greip det og heldt det for andletet så ho kunne gøyme seg bak det med sin angst og si sorg . Bjørkene børja å gulne , og gjennom dei sende sola flimmerlys ned over staden der den vesle grava var kasta opp , ‐ der Torgeir skulle bli borte for alltid .

%Hild vart no liggande sjuk i høg feber . Med blankt glinsande augo låg ho og merka vagt at folk rørte seg ikring senga ; Stina tørka henne i panna og kom med vatn . Iblant var Knut der og dei to snakka lågt saman . Eingong kom Torgeir bort til senga og tok henne i handa med si vesle butte , sveitte barnehand .

" Torgeir , " mumla ho , glad og forundra . " Er du her likevel da ? " Hild prøvde å løfte hovudet og sjå på han . Der var ingen Torgeir . Ho vart klar ein augneblink og hugsa at han ikkje levde lenger , ‐ ho låg og gret stille . Så gleid ho inn i feberdrømmar ; ho gjekk gjennom ei eng med blomar som vifta i vinden . Da fekk ho sjå Torgeir eit stykke framme , ‐ han var så liten at det lyse hovudet så vidt stakk opp over blomane og graset .

" Torgeir , " ropte ho og ville få tak i han , men han sprang leande unna og var brått langt borte .

" Torgeir , " tok ho oppatt , og igjen sprang han , vart ikkje til å sjå meir . Enga var berre viftande blomar og strå . Da Hild skulle gå vidare , kunne ho ikkje røre seg . Men så såg ho Torgeir att ; han hadde berre lagt seg ned i graset , der låg han og pludra velnøgd , fekta med armar og bein og smilte til henne .

" Ligg du her , " sa ho og sette seg ned på huk . Så var det ikkje Torgeir , men Tor Flatland som låg der med eit strå mellom tennene og ville ha tak i henne . Ho prøvde å koma seg bort , men atter var ho ute av stand til å røre seg . Tor Flatland steig opp og gjekk bortover enga , vart større og større di lenger unna han kom .

Hild vakna og merka at dokteren var der , stod over henne , svær i kroppen og pusta tungt , lytta på brystet hennar , flytte instrumentet rundt .

" Pust , " sa han . " Host , pust , host . " Dokteren vende seg mot Knut :

" Lungebetennelse . " Så skreiv han ut resept og gjekk .

Igjen gleid Hild inn i feberdrøm . Ho såg Torgeir ligge urørleg i ein isblokk som ho hamra laus på med knyttnevane ; men i neste no sat han på Sulumsvarten og heldt taumane , høgtideleg og alvorleg .

" Kvar skal du ? " ropte ho etter han . Han hørte henne ikkje , ‐ reid berre vidare . Da såg ho at han ikkje var åleine , Knut sat bak han på hesten . ‐ Gudskjelov ! tenkte ho , så fell han ikkje av .

%Medisinen gjorde god verknad og dreiv feberen tilbake . Hild låg bleik og stille ein ettermiddag Knut kom inn i rommet .

" Kjenner du deg betre no ? " spurte han . Ho nikka så vidt , låg og følgde han med augo .

" Du har vore så sjuk . " Knut sette seg ned på sengekanten , tok handa hennar . " Eg har vore redd for deg , Hild . Trudde ei stund du skulle gå frå meg du òg . " Ho la andletet ned mot andre handa hans som kvilte på puta , og let att augo da tårene tok til å renne .

%Ein dag steig Hild opp og gjekk ned og ut i tunet , kjende seg svimren og rar , ‐ lyset skar i augo enda det berre var halvt sol . Borte ved sandkassa stansa ho . Der låg barneleiker slengde ikring , også ein hest som hadde vore Torgeirs . Mjo i knea bøygde ho seg ned og tok han opp , bar han med inn .

" Eg fann denne ute i sandkassa , " sa ho og gav hesten til Knut ; han sat i stua med pipa si , ‐ det var straks etter dugurd . Knut reiste seg brått og la hesten frå seg på bordet , gjekk bort og opna døra til hagen . Ein ange av haust , av våt jord og rote slo inn . Den store , vaksne mannen stod og kjempa med gråten , såg Hild . Ho ville gå bort og røre ved han , få bore hovudet inn mot bringa hans , men torde ikkje koma nær han . Kraftlaus og mjo sette ho seg rett ned på ein stol .

%Tor Flatland hadde ikkje Hild snakka med sidan ulykkesdagen . No unngjekk ho han . Men ein ettermiddag kom dei brått til å råkast oppe i utmarka ; ho var der for å plukke inn litt haustblomar , han hadde vore i skogen . Hild fekk sterk hjartebank og ville gå da ho fekk sjå han koma , men det var for seint og så stod ho istaden og venta på han .

" Hild , " sa han og stansa litt unna . " Er du frisk att no . " Han kom nærmare . " Eg ville ha vore inne og sett til deg da du låg så sjuk , men trudde de kanskje ikkje kom til å like det , verken du eller Knut . "

" Du kunne nok ha rett i det , " svara ho lågt , ‐ stod og såg ned på buketten . " Men det var fint at du kom , så eg får snakke med deg . "

Han så stussande på henne .

" Kva er det du har å seia meg da ? "

" Det er berre det at du får flytte bort frå Rogne no . "

Tor stod litt og såg på henne .

" Er det Knut som vil ha meg bort ? "

" Nei . Det er eg . Knut har ikkje nemnt det . "

Atter stod han litt , ‐ var blitt svært bleik .

" Eg skal flytte , Hild . Straks eg får tak i eit anna husvære . " Han gjekk eitpar steg og stansa .

" Ta farvel med deg får eg gjera ein annan gong . "

Dermed gjekk han . Hild måtte berre setja seg rett ned på ein stein . Det hadde kome så brått på henne dette at ho bad han flytte . Og igjen hadde ho handla eigenrådig , utan å snakke med Knut først . Kva kom han til å tenke og seia no ?

%Da dei vel var i seng om kvelden , sa Hild lågt ut i mørket :

" Knut . Får eg koma over til deg ? "

" Ja kom du . "

Ho kraup over og inn under hans sengeteppe .

" Eg vil berre få ligge litt i armkroken din . Det er så lenge sidan , " mumla ho og la seg til rette . ‐ Som å koma heim , tenkte ho og kysste han lett på den ruspete kjaken . Han fingra ved håret hennar , låg og såg ut i mørket .

" Tenker du på Torgeir ? " spurte ho lågt .

" Ja , " svara han . " Og på oss to . Og på mangt anna . Tankar fyk så fort ikring . "

Hild kom i hug noko han hadde sagt eingong : at han ville kjenne til alt som rørte seg i henne . No tenkte ho det same om han , men han låg underleg stengd og fjern .

" Det var vel ei Guds meining med det , " sa Knut etter å ha tagd lenge . " Torgeir skulle ikkje få vekse opp . Han var ikkje liv laga . For han var eit slags offerlam . Har du aldri kjent det slik at han måtte sone for det vi har synda ? "

" Torgeir var da ikkje Jesus , " mumla Hild , lågt og bevande .

" Nei han var eit menneskebarn , avla i synd . Vi er begge skuldige , men mest eg . "

" Eg trudde du gav meg skulda for hans død , fordi eg ikkje passa på den dagen . "

" Ja eg gjorde det , først . Så enkelt er det likevel ikkje . "

" Men så er det det òg , " sa ho svært lågt , " at eg iblant ønskte han ikkje måtte få leva opp ; slike tankar har du aldri hatt . "

" Det har eg nok du . Når eg tenkte på korleis livet ville bli for han , ‐ aller mest etterpå , ‐ når eg var borte . Og du , " la han til . " No slepp vi å uroe oss for det . Men eg saknar han slik at eg synest hjarta ikkje kan tole det . "

Dei vart liggjande stille ei god stund . Så kom det frå henne .

" Tor Flatland flytter bort frå Rogne no . "

Han stivna til kunne ho kjenne .

" Kvifor det ? "

Måtte eg finne det rette svaret , tenkte Hild , syntest ho rørte seg på ein knivsegg .

" Eg meinte det var best at du og eg vart åleine her , utan framande , og så bad eg han flytte . "

Knut låg stiv , urørleg .

" Vi burde vel ha snakka om det på førehand . "

" Tilgje meg Knut . Eg hadde sagt det til han før eg fekk tenkt så langt . "

" Ja ja , det var du som tok han inn her og da måtte det vel bli deg som sende han bort òg . Kva sa han ? Var han svært lei seg ? "

" Eg trur ikkje det . Han sa han ville flytte straks han fann seg nytt husvære . "

‐ Kva veit han ? tenkte Hild . Kva har han skjøna av dette mellom Tor og meg ? Meir enn ho hadde trudd , fór det gjennom henne ; ho tenkte ho burde fortelja han det heile utan omsveip . Men så våga ho ikkje det heller , ‐ det kunne leggja alt øyde mellom dei . Igjen vart det stilt , dei låg kvar i sitt . Om litt tok Knut til å snakke att .

" Eg vart nærare knytt til Tor Flatland i Sachsenhausen enn du nokon gong har fått veta . Han berga livet mitt da eg var sjuk og langt nede . "

" Du har fortalt meg det , " mumla ho .

" Men det er noko du ikkje veit , som han veit , og som han har tagd med . "

Måten han sa det på fylte henne med anande uro , ja angst , og ho spurte lågt :

" Vil du la meg få veta det no ? "

" Ja . Det er det , Hild , at eg er skuld i Halvor Ekres død . "

" Korleis ‐ ? " Hild prøvde å sjå på han , men andletet hans var berre mørke . " Eg skjønar ikkje ‐ ! "

" Halvor døydde dernede i Tyskland , og det var mi skuld ‐ mi ‐ mi ! " Knut snakka lågt , men likevel var det som han skreik det ut .

" Eg snakka til slutt under torturen , ikkje Tor Flatland , slik bror din meiner . Eg trudde dei skulle ta livet av meg , ‐ at eg aldri meir skulle få sjå deg ‐ og Torgeir , om eg ikkje snakka . Og så vart eg angjevar , Hild , nemnde to namn : Halvor Ekre og Steinar Hagen ; eg visste dei var hardhausar begge og ikkje kom til å røpe fleire . Eg angra det som ein hund etterpå , eg fekk det ikkje ut or tankane mine der nede i Sachsenhausen noka stund , og enda mindre etter eg kom heim og fekk veta at Halvor Ekre var død . I fangeleiren fortalte eg det til Tor , eg måtte det ! Han prøvde å trøste meg , sa det kunne hende den beste . Tor lova meg å teia òg , og det har han gjort til no . Eg burde stått fram og sagt frå straks eg kom heim , men eg var for stolt ein mann til det . Nei , så pass til kar er eg ikkje , Hild . No er det Tor Flatland som rår for ettermælet mitt her i bygda , ‐ han og du . "

" Ettermæle , " sa ho , underleg tonlaust . " Du er da ikkje død . "

" Eg kjenner det slik at eg er ein død mann . "

Hild vart liggande stille .

" Vanvører du meg no , Hild ? "

" Nei , " mumla ho . " Slikt kan vel hende den beste , var det ikkje det Tor sa ? Men burde du ikkje likevel stå fram og la folk få veta at det var deg og ikkje han ? "

" Eg burde nok det . Men eg kan ikkje . "

%Vinteren kom og den første jula i fredstid . Ei glad helg skulle det vore , men på Rogne vart det ei trist jul . Da Hild skreiv namnelappar til gavene var det rart å ikkje skrive Torgeirs namn . Meir enn nokon gong kjende ho seg no knytt til dei tre som var att , også til Lily . Den vesle viltre jentungen slutta seg til henne , fullt og heilt , og kalla henne mamma . Hild leika ofte med dei små no og drog dei på kjelke eller brukte sparken ; dei to jentene sat rygg mot rygg med flettene sine under strikkeluene , og Håkon stod på meiane framfor henne . Slik køyrde dei avstad på holkeføret ; dei var elleville av glede og hadde gløymt Torgeir som dei hadde sakna svært dei første vekene , særleg Håkon .

" Er Torgeir i himmelen no ? " kunne han spørja . Og Hild måtte svara at det var han . Er han i himmelen ? tenkte ho der ho gjekk i ringen rundt juletreet . Eller er han borte for alltid ? Ho kom til å sjå på søster si . Det lyste ei slags ny lykke ut or det bleike andletet . Også frå dei tre barneandleta lyste glede . Men Knut sat mørk og dyster ; gamle Hilda låg sjuk nede i kårstua og tante Beate måtte vera hos henne . Hild gjekk og kjende det som eit sug i hjarta at ikkje Torgeir var med i ringen , der han pla gå å synge med høg , klar røyst og skjele lykkeleg opp mot lysglansen .

Etter at alle andre hadde gått til ro , og Ingrid og Hild rydda opp i stua , fortalte Ingrid at ho igjen var saman med gamlekjærasten sin , den første ho forelska seg skikkeleg i , da ho var 15 år . Han kom frå ein husmannsplass som no var kjøpt fri ; Hild hugsa han : ein kjekk lyshåra gut .

" Birger og eg skal gifte oss , " sa brått Ingrid . " Han er glad i meg enno , ser du , og bryr seg ikkje om at eg har vore tyskartøs . Jo han bryr seg nok om det , men han vil ha meg likevel . Eg skulle aldri ha reist frå han . Så no skal du snart sleppe å ha Lily lenger . Det er du vel glad for . "

" Glad ? Nei slett ikkje ! Lily er blitt som ein av mine . Men eg er glad for di skuld , Ingrid ! Det var det beste som kunne skje ! "

%Så var det ein søndag ettermiddag ut i februar . Hild sat i stua og bladde i ei biletbok med Lily og Helga på fanget og Håkon ståande bak seg . Knut stod ved glaset og dampa på ein sigar .

" Men kven er det som kjem der , " sa han . " Det må vera Tor Flatland ! "

" Tor Flatland ? " Hild løfta Helga og Lily bort frå fanget sitt og reiste seg . " Kjem han hit eller skal han hente noko borte i våningshuset ? "

" Han kjem hit . "

Hild fekk det travelt .

" Eg går opp på soverommet . Du får seia han at eg ikkje er heilt frisk . Det er eg ikkje heller . "

" Nei Hild , " sa Knut myndig og bydande . " Du får vera her og ikkje stikke av på den måten . Vi får da vise litt folkeskikk når han no langt om lenge kjem og helsar på oss . "

" Ta imot han du da , " mumla ho , " eg går på kjøkkenet og kokar kaffi . "

" Ja gjer det . " Knut såg på henne , men no banka det på døra og han gjekk for å opne .

%Atter sat dei så saman kring kaffibordet , som dei hadde gjort ofte før . Ungane ståka til og frå og masa med sitt ; det var vanskeleg å koma i gang med nokon samtale . ‐ Best slik , tenkte Hild og tok Helga på fanget . Ho var to og eit halvt år og snakka i veg heile dagen , men no sat ho stum , hadde tommelen i munnen og såg på Tor Flatland ; kjende han nok ikkje att . Lily hang over kneet hennar og gøymde andletet sjenert når Tor ville ha henne på fanget , ‐ så såg ho skrått opp på han , nesten kokett og gøymde seg att . Håkon tok Hild i handa , masa og drog og ville ut , for det var kram snø . For ein gongs skuld syntest ho det var godt å ha ungemaset ikring seg . Ho kjende at Tor såg på henne både titt og ofte . Han kom for å spørja om dei to ikkje kunne bli med i koret att ; han skulle få det igang hadde han tenkt .

" Eg har ikkje stunder , " svara Hild og greidde Helga litt med fingrane i det lyse krøllhåret . " Men kanskje du Knut ? " la ho til og såg bort på mannen .

" Å nei , eg trur ikkje det , nei . "

Samtalen gjekk i stå . Tor Flatland var igjen blitt bleik og merkt av livet i skolestua , ‐ han hadde liksom krittstøv i andletet og på hendene . Hild hugsa kor brun og livfull han var straks etter sommarferien . Knut og han gav seg til å snakke politikk . Det hadde vore stortingsval om hausten og Arbeidarpartiet hadde fått absolutt fleirtal ; Gerhardsen var regjeringssjef .

" Så er alt ved det gamle , " meinte Knut . Men Tor trudde ikkje det , ‐ det var blitt ein ny fellesskaps ånd , skapt av krigen og motstandskampen .

" Vi får sjå . Enno er landet i frigjeringsrus , " sa Knut . Dei kom inn på konsentrasjonsleirane , så vidt det var . Det vart svært stille etterpå . Hild reiste seg og følgde ungane ut . Det gjorde godt å få suge inn den milde , men friske januarlufta .

" Skal vi lage snømann ! " ropte ho . " Ja ! " fekk ho til svar og tok til å rulle ein snøklump ; han la fort på seg og ho sette han på ende . Ungane rulla og tulla ikring medan snømannen voks lag for lag . Hild såg mot våningshuset , om ikkje Tor Flatland snart skulle gå . Nå kom også Lars drivande over tunet .

" Gå inn du , " sa han . " Du har gjester . " Han såg ikkje på henne da han sa det , stod og forma til snømannen .

Så måtte Hild gå innatt . Det var ein rar , brydd stemning i stua ; sigarrøyken låg blåleg og dreiv under taket . Tor hadde reist seg og var nok på veg til å gå .

" Kjem du no endeleg ! " sa Knut . " Vi trudde du skulle bli derute . "

" Det var ingen til å passe ungane , men så kom Lars . Skal du gå alt da ? " spurte ho Tor Flatland og henta frakken hans . No kom Håkon drivande inn , ivrig og forpusta .

" Pappa ! " ropte han , " kom og sjå på snømann vår ! " Dermed greip han Knut i handa og drog han ut . Hild hjelpte Tor med frakken . Brått tok han opprørt hendene hennar .

" Her kjem eg for å råke deg og så stikk du av ! "

" Slepp meg Tor , " bad ho lågt .

" Eg slepper deg ikkje , " mumla han og såg beint på henne der i den halvmørke gangen . " Aldri . " Dei stod og såg på kvarandre . " Blir du med i koret att ? " Ho rista på hovudet . " Eg bed deg , bli med ! "

Knut kom på gangdøra no og Tor fekk det travelt med hanskane . Hild vende seg mot Knut .

" Er det ikkje ein fin snømann ? " sa ho roleg .

Knut følgde Tor Flatland på veg . Hild stod i glaset og såg etter dei da dei gjekk over tunet og ut alléen . Ho kjende hjarta dunke i halsen ; møtet med Tor hadde gjort henne meir oppskaka enn ho ville vera ved .

Mot kveld ein blank dag i slutten av mars sa Hild til Knut :

" Eg vil gjerne bli med i koret att og går på øving no . Sidan du ikkje vil får eg gå åleine . " Ho hadde snakka frampå om det fleire gonger utover vinteren , om dei skulle bli med att , begge .

" Ikkje eg , " sa han alltid . Men ho kunne gå om ho hadde lyst . Og ho hadde det no . Knut likte det svært dårleg kunne ho merke ; ‐ han sa likevel ingenting .

Så tok Hild sparken og fór av stad etter dei isete vegane , ‐ det var blått skumringslys ikring henne , og kaldt så det beit i kinna ; ein frostdisig raud-fiolett farge spreidde seg over himmelen og skyene i vest der sola hadde gått ned .

Korsongen var i gang da ho kom . Hild hørte han utanfrå : kjente kjære tonar som greip henne underleg om hjarta : " Jeg så han som barn med det solrike øye " . Innanfor døra hengde ho kåpa frå seg og gleid så stilt ho kunne inn på sin gamle plass mellom sopranane i koret . Over Tor Flatlands andlet fór ei eling av glede og forundring , ‐ han stod ein augneblink og stirde på henne , gløymde reint å dirigere ; så braut han av songen .

" Hild Rogne , " sa han . " Du skal vera hjarteleg velkomen tilbake blant oss . "

Også av dei andre vart ho no møtt med helsing og glade utrop . Så kalla Tor koret til ro att , løfta taktstokken og den herlege samklangen , som ho hadde sakna slik , steig påny brusande ikring henne ; og ho var sjølv ein del av den .

%Da øvinga var over og ho kom ut , tok ho sparken og ville fara av stad .

" Hild ! " ropte Tor etter henne . " Vent litt . "

Ho syntest ho måtte stanse , og han kom hastande .

" Vi skal da same vegen , eit stykke . "

Så slo dei følgje ; Hild gleid på sparken og han gjekk fort ved sida av henne , ‐ dei andre som skulle same veg vart etter . Vegen svinga inn i ein skogkrull .

" Du køyrer så fort du , Hild , eg må få stå på med deg . " Før ho fekk sagt nei stod han bak henne og heldt seg i okslene hennar . Ho gjorde varsame sparkerørsler for ikkje å koma nær han .

" La meg , " sa Tor og greip handtaka på sparken . Brått stod ho innefanga med armane hans over hoftene og pusten hans i nak ken . Kvar sparkerørsle han gjorde med beinet framover og tilbake rørte ved henne , nærgåande og farleg . Det var berre holke på vegen her , etter mildværet og dryppet frå trea , så sparken fekk god fart .

" Stans ! " ropte ho . " Dette går ikkje . "

" Visst går det ! Det går så det susar òg . " Han kom nærare innpå henne .

" Nei ! Stans ! Om du ikkje stansar kjem eg aldri på korøving meir . "

Tor bremsa opp .

" Da stansar eg , " sa han . " Den sjansen tar eg ikkje . "

" Slepp meg fram . Eg kan ikkje stå slik . " Hild sette seg på setet . Han køyrde langsamt vidare .

" Dette er ikkje sant , " mumla han over henne . " At du sit der og at eg står her . At vi er saman att . Eg trudde aldri det skulle skje i livet meir . "

" Vi er vel ikkje saman fordi om du køyrer meg på spark . "

" Er vi ikkje , " sa han lågt .

Dei gleid fram gjennom den mørke marskvelden . Mildare vindar gjekk som susing i gran- og furuliene bortetter . Sparken og Tors rørsler der bak bar henne fram ; kvart fråspark sende elingar av salig ulovleg lykke gjennom henne . Ho ønskte ferda måtte vara og vara ved ; men det var ei ferd ho måtte få stansa .

" Her bur du , " sa ho og sette føtene i bakken .

" Eg følgjer deg til Rogne . "

" Nei , nei ! Det får du ikkje . "

Han stansa og ho reiste seg .

" Godnatt , Tor . " Hild la brått armen om halsen hans og kysste han på kinnet . Så greip ho sparken og fór vidare , let han stå att i mørket . ‐ Eg kan ikkje halde fram i koret , tenkte ho .

Da ho kom heim var Knut alt i seng . Hild kledde fort av seg ; han låg og såg på henne løyse ut håret framfor spegelen , spurte korleis ho hadde hatt det . " Fint , " sa ho , sløkte lyset og kraup til sengs . Da kom han og ville ha henne , famla over henne med heite kjærteikn .

" Ikkje i kveld Knut , " mumla ho og ville vende seg bort .

" Når da ? " sa han og greip hardare tak i henne , var ikkje til å stanse . Hild let han få viljen sin , låg ei stund passiv , men så kom ho han i møte på ein slik måte at han vart heilt vill . Ho slo armane kring han og let att augo ; ikkje kunne han veta at ho låg under han og tenkte på ein annan mann i hans stad . Da ho merka på pust og rørsler at han kom , prøvde ho å kaste han av seg , men låg fastlåst og kjende han støyte ut sin lenge oppsamla attrå i henne med slik villskap at han skreik høgt . Det fekk henne til å minnast ein kveld på Rognesetra for lenge sidan .

%Hild gjekk likevel på neste korøving . Tor Flatland ropte på henne igjen da ho skulle dra heim , men ho tok sparken og fór av stad . Borti skogkrullen stansa ho , stod og lytta om han kom etter . Ho hørte berre sitt eige hjarta dunke og blodet suse i hovudet ; ho hadde sparka fort og hardt , hang over sparkstøttingen og venta . Han kom ikkje . ‐ Gudskjelov , tenkte Hild . Glad var ho likevel ikkje . Det fór gjennom henne at ho kunne snu og møte han . ‐ Tulljente ! tenkte ho så ; det ville vera for dumt . Så drog ho vidare .

Dei neste gongene let han henne berre gå , prøvde ikkje å få følgje med henne . Ein kveld kom han ut or lokalet i lag med andre , mellom dei Berit Viker som Hild visste gjekk og var forelska i Tor Flatland .

" Vent på oss da Hild ! " ropte Berit . Så måtte ho slå følgje . Tor gjekk og lo og tøysa med Berit og ei jente til ; dei var fulle av skratt for den minste ting . Det var sist i april og vegen berr med tilfrosen søle og leirkline , ‐ himmelen spende seg lys over dei , fjordisen hadde løsna langs strendene og dei gjekk under eit vårleg fuglefløyt .

" Så stille du er i kveld da Hild , " lo Berit , ho og den andre jenta ropte godnatt og tok gardsvegen ned til Viker . Tor prata vidare med ein kar og ansa ikkje Hild , ‐ det var eldste son på garden der han budde . Dei sa godnatt dei òg og stakk oppover ein sideveg . Hild gjekk att åleine med ein heil liten storm av beiske kjensler inni seg . Ho var sjalu og kjende seg inderleg krenkt og såra ! Men ho skulle så visst ikkje krysse han , så fekk ho kanskje gå i fred for Tor Flatland ! Nei , ho ville ikkje vera med i koret meir . Før eller seinare måtte ho slutte likevel . Ho var med barn att . Og no steig dei gamle bitre anklagene mot Knut opp i henne påny , sterkare enn nokon gong før . Igjen hadde han brukt det for å binde henne fast . Han ville tyne bort alt ho hadde i seg av opprør og ungt liv . Det fanst måtar å bli kvitt eit foster på , visste ho . Men ho skauv det frå seg straks ; berre ved å tenke det tok ho liksom livet av Torgeir ein gong til . Ut ville ho likevel så lenge ho kunne og fekk halde fram i koret , trass i alt .

%Etter neste korøving gjekk Hild straks det var slutt og det så fort at ho ikkje såg snerten av dei andre . ‐ Eg kunne tatt sykkel , tenkte ho der ho hasta nordover . Vegen var berr og fin . Det var først i mai no , men likevel halvmørkt med litt regn i lufta ; skyer og skodd dubba ned i åsliene og fjorden låg sløra . Da kom det nokon bak henne på sykkel og det var Tor Flatland .

" Så travelt du har det , Hild , " sa han og sykla smått ved sida av henne .

" Skal ikkje du vente på Berit og dei andre da ? " Hild berre gjekk på . Han lo litt .

" Eg har ikkje bagasjebrett , men du kan få sitja på stonga . Da kjem du fortare heim og no aukar det på med regnet . Kom her , " sa han , hadde stansa litt framfor henne .

" Tør eg det da ? "

" Kom igjen . "

Det tok verkeleg til å regne meir ; så ho sette seg på stonga og han køyrde vidare med det regnvåte håret hennar opp i andletet . Dei møtte nokon som kom gåande mot lyktelyset frå sykkelen ; Hild snudde seg til side og såg ned , ville ikkje bli attkjend for nokon pris . Like etter kom ein bil og ho vende seg bort att .

Ved Rognealléen svinga Tor innover gardsvegen .

" Det greier seg no , " mumla ho , men han sykla nesten heilt fram til tunet før han sleppte henne av . Sykkelen slengde han frå seg i grøfta og drog henne bort frå vegen , inn mellom dei våte småbjørkene . Hild kunne så vidt skimte det regnstrimete andletet hans .

" Fint å ha deg på stonga , Hild , " sa han og tok henne inn til seg med ei brå rørsle .

" Ver så snill å dra no , " mumla ho lågt , men da han kysste henne , slo ho armane kring halsen hans og pressa seg mot han ; det gjekk som ei svimring gjennom henne og ho kysste han att , lidenskapeleg . Så førde han henne gjennom krattet og inn bakdøra på våningshuset der han hadde budd før . Det lukta innestengd og var svært mørkt der , men søvngjengaraktig fann dei vegen opp trappa og inn på hans gamle soverom .

Da Hild ein time seinare kom ut på tunet , var det stummande mørkt og regnet plaska ned . Tor hadde gått ut den andre vegen . ‐ Han får ein våt sykkeltur , tenkte ho , medan ho let regnet kjøle seg av til ho var klissvåt i hår og klede , med væte silande nedetter nakke , rygg og leggar . Det var godt å stå slik , og ho måtte vera gjennomvåt når ho kom i hus , tenkte ho .

Knut sat i stua da ho steig inn i gangen . Ho trudde han skulle ha lagt seg . Stuedøra stod open .

" Husj for eit vær ! " sa ho og vrengde vårkåpa av seg . " Det vart ein himla våt heimtur . "

Han svara ikkje . Hild gjekk inn .

" At du er oppe enno da ? " Ho såg som snarast bort på han ; ‐ han sat fordjupa i ei avis .

" Du er svært sein . "

" Er eg det ? "

" Ja . " Han blakra med avisa . " Klokka slo tolv for litt sidan . "

" Vi heldt på litt ekstra lenge i kveld . "

" Javisst . "

" Og så stansa eg på vegen , stelte meg under eit tre da det tok til å regne så fælt . "

" Du må ha stått der lenge , " sa han . " Det har regna kraftig sidan klokka elve . "

" Ja eg stod lenge , " svara Hild i ein brå tone . " Sit du og ser på klokka du , og legg merke til klokkeslettet når det tar til å regne ? "

" Eg la merke til det . "

Ho kunne no høre kor opprørt han var . " Fordi eg venta deg heim . Og da det vart slikt vær , køyrde eg for å møte deg . "

Var det han dei hadde møtt i bil ?

" Det var snilt , " mumla Hild og seig ned på ein stol , leita fram eit lommetørkle og tørka seg i andletet der ho var klissvåt .

" Men eg såg ikkje noko til deg , så du stod vel under det treet da . " Knut sat med ein rar kald smil . " Eg tenkte helst du hadde kome deg i hus hos ein eller annan . "

" I hus ? Hos kven da ? "

" Tja , hos Tor Flatland til dømes , " sa han lett . " Men det får vera slutt på desse korkveldane no , for din del . "

Han sa det heilt roleg , men likevel slik at ho skjøna han meinte alvor .

" Vil du nekte meg å vera med i koret ? " Hild var blitt bleik .

" Eg vil det ja . Når du ikkje sjølv skjønar at du bør halde deg borte derifrå . "

Det brest snart for han , tenkte ho , slik han sit og held seg i age .

" Du kan ikkje stenge meg inne her på Rogne heller . Eg er ikkje din eigedom . " Hild snakka lågt med ein opprørt dirr i røysta .

" Det har du fortalt meg eit par gonger før . Men du er kona mi , eg vil ikkje la deg springe åleine etter vegane som ei anna flyfille . Enda åleine er du vel ikkje . "

" Så får du bli med sjølv da og passe på meg . Og elles bør du vakte deg vel for kva du seier no . "

Han svara ikkje , sat berre med den same smilen . Hild dreiv på i aukande sinnsopprør .

" Eg er kona di , seier du ? Ja eg er det , ‐ du fekk det til slik at eg vart det . Du bad meg eingong om tilgjeving for at du tok meg da eg var heilt ung , gjorde meg med barn og batt meg så eg aldri skulle koma laus . Det var nok berre talemåtar det ! " Ho sansa ikkje lenge på kva ho sa . -Men du hadde elles rett i kvart ord du kom med den gongen , meir rett enn du sjølv veit om : du tok ungdommen frå meg , gjorde meg til di før eg var vaksen nok til å velja , ‐ du batt meg til garden din og gjorde han til eit fengsel , ‐ og du ! " Ho lynte mot han , hadde reist seg , " du har vore fangevaktaren min du ! Eg er berre 26 år og eg sit her basta og bunden av ein stor barneflokk . Men eg vil ta del i livet eg òg , før eg blir gammal og berre ligg og stirer ut i mørket , ja slik du ligg , som om eg ikkje var til . Men for Tor Flatland er eg til ; han vil ha meg og han har fått meg ! No veit du det ! " Ho stansa , stod og venta på svar , ferdig til å hive seg over han att . Knut sat urørleg , det fanst ikkje lyd i han . Ikkje liv , tenkte ho . Langt om lenge sa han :

" Du fortel meg ingenting nytt . Eg har visst om alt det der . Men det var no rart å høre det frå din munn , til slutt . "

" Visst om ‐ ? " sa ho og kom seg ned på stolen att .

" Ja . Eg er ikkje så gammal at eg er blind og døv . "

Han sat stille ei god stund .

" Du snakkar om den store barneflokken som bind deg . Torgeir er da borte no . Og det er ikkje eg som har skaffa deg alle dei andre barna på halsen , du får minnast det . "

‐ Eit meir enn du enno veit om , tenkte Hild , men ho ville ikkje fortelja han det . I staden sa ho :

" Når du har visst om dette med Tor Flatland og meg , forstår du vel òg at eg var saman med han i kveld . "

" Under eit tre ved vegen ? " spurte han , ‐ det var blodig hån i røysta .

" Nei , " svara ho og ranka seg opp . " I det andre våningshuset her på Rogne . "

" Det var Satan så freidig , " mumla han , " både av han og deg . Nøda må ha vore stor da , når de kunne gjera slikt rett opp i andletet på meg så å seia . Du skulle no vera kona mi du , og han vennen min . "

" Venn ! " sa ho dirrande . " Syns du du ter deg som ein venn mot han ? Du fortalte tyskarane om Halvor Ekre og Steinar Hagen , men du let folk få tenke og tru at det var Tor Flatland . Du ‐ din ‐ din feige angjevar ! "

Knut hadde sitte litt bortvend ; no snudde han andletet langsamt mot henne , han var kvit , ‐ sat og stirde på henne , leppene rørte seg litt , men lenge kom det ingen lyd . Til slutt sa han :

" Hatar du meg , Hild ? " Det var i røysta ein bristande klang av sorgfull undring . Så reiste han seg og gjekk . Hild sat att og kjende det som om ho no fall utfor ein avgrunn . Ho prøvde å tenke gjennom kva ho hadde sagt , men tankane ville ikkje ; ho visste berre at ho hadde sagt dei verste ting i sitt rasande utbrot og kanskje kutta dei fine trådane mellom seg og mannen for alltid .

%Dei feira enkelt bryllaup på Bjørketun . Ingrid gifta seg med sin første kjæraste Birger Steinsrud . Hild var der , men ikkje Knut og heller ikkje Lars . Få dagar etter kom Ingrid til Rogne og henta Lily og alle sakene hennar . Dei skulle bu på det vesle gardsbruket Steinsrud . Da Ingrid hadde sykla av stad med dotter si på bagasjebrettet vart det stille på Rogne . Håkon og Helga stod tafatte att , ‐ visste ikkje kva dei skulle finne på no den viltre Lily var borte . Hild tok dei med til huska under låvebrua , men heller ikkje det var stas i dag . Bilen til Knut stod ikkje på tunet slik han pla no sommars tid . Han måtte ha køyrt ut einkvan stad , tenkte Hild . Dei snakka aldri saman meir , etter den kvelden . Likevel likte ho best å ha han heime , underleg nok , så dyster og inneslutta han gjekk der .

Ut på ettermiddagen kom han heim . Hild sat inne i daglegstua da , og bøtte klede . Og for ein gongs skuld snakka han til henne , stod med ryggen til og såg ut i hagen .

" Eg vil berre du skal veta det , " sa han , " at no har eg vore av garde og gjort rett og skjel for meg . " Han sa det på ein slik måte at ho stussa , vart svært uroleg .

" Kvar har du vore da ? "

" På Ekre . Eg har vore og snakka med gamlefolka der , foreldra hans Halvor . Eg fortalte dei at når han Halvor vart tatt den gongen , siste krigsåret , så var det mi skuld . "

Hild vart sitjande steins still ein augneblink .

" Måtte du det da ? " sa ho svært lågt .

" Og det spør du om ? Du som kalla meg angjevar ; feig attpå til . "

" Eg meinte det ikkje , Knut , eg sa det i sinne . Det var stygt sagt av meg og eg har angra det kvar dag sidan . "

" Stygt sagt var det ja , men likevel sant . Og det var ikkje fordi du sa det at eg måtte gjera det eg gjorde i dag . Eg måtte få reist meg sjølv oppatt aldri så lite , ser du , i mine eigne augo , ja og i dine , og i Tor Flatlands . Så får heller folk i bygda seia kva dei vil . Det kjennest i alle fall som ei stor lette for meg . "

" Korleis tok dei det , gamlefolka på Ekre da ? "

" Dei sa ikkje større . Men takka meg til slutt for at eg hadde kome . Og eg skulle ikkje plaga meg med det , sa dei . Han Halvor var død og kunne ikkje bli levande att . Det var ikkje lett å teia når ein vart pint slik , dei kunne forstå det òg , men undrast likevel på kvifor eg ikkje hadde nemnt fleire , han Lars til dømes . Eg vart svarlaus da . Ja , og så fór eg . " Han stod , mumla så framfor seg :

" Så har eg fått tatt på meg den skulda . Og han Tor Flatland får oppreising i folks augo , det er du vel glad for ? " Dermed gjekk han ut , var svært bleik såg Hild . ‐ Toler han dette ? tenkte ho uroleg . Når det blir kjend på bygda . Ho hadde drive han til det med sin uvettige tale . Dei orda kunne ho aldri få gjort usagte så gjerne ho enn ville .

Neste kveld det var korøving visste ikkje Hild kva ho skulle gjera . Ho kjende sterk trong til å få snakke med Tor Flatland , men kom til slutt fram til at ho fekk halde seg heime .

" Skal du ikkje på korøving i kveld ? " spurte Knut da klokka var blitt innpå sju .

" Nei , " svara ho , " eg trur eg blir heime . "

" Eg syns du skal gå . " Han var nesten brysk . " Du treng ikkje la vera for mi skuld . Eg ønskjer ikkje å stenge deg inne her . " Da ho framleis heldt fast på at ho ville vera heime , men ikkje altfor sterkt , vart han reint stri .

" Berre gå , " sa han . " Eg vil du skal gå . "

Så tok ho sykkelen og fór , kjende det nærepå som om han jaga henne bort frå garden .

Hild var fråverande heile øvingskvelden . Tor såg ofte på henne , spørjande ; plaga han òg . Det vart til at dei sykla saman heimover , ‐ ho skulle så gjerne snakke med han , men det var ikkje lett slik på vegen . Det var fin maikveld , ei stund etter solnedgang . Over ein slags blåleg dis som frå bråtebrenning steig åsane på andre sida fjorden , låg trolsk fordrømte og spegla seg i fjordflata med sine granskogtaggete åsliner , ‐ i skar mellom dei blånte fjernare åsar og bak dei att enda fjernare høgdedrag lysblådisige inn i avdagshimlen , der fargane skifta frå raudfiolett til rosa pastell og lysande blågrønt . Det lukta døvande av hegg langs vegen , og av andre ville vekster i doggete grøftekantar . Så vakkert var det at det gjorde vondt langt inn i sjela . Ein kunne liksom ikkje få tatt han nok inn i seg , denne maivåren .

" Kva tenker du på , Hild& ? " Tor køyrde svært nær og la handa på oksla hennar .

" Eg tenker på det , " sa ho , " kor kort ei stund denne vakre våren varar . "

" Slik er det med alt vakkert , " svara han . " Du greier ikkje gripe det og ta det skikkeleg inn i deg , før det er slutt . "

" Kjenner du det òg slik , " sa ho lågt og såg bort på han . " Men du må sleppe meg . Vi veltar . "

Dei hadde no kome forbi staden der han budde , og brått såg Hild den vesle grasgrodde kjerrevegen som dei eingong gjekk innover på . Han bremsa opp , og ho òg , og utan at noko vart sagt trilla dei inn der , sette frå seg syklane og gjekk vidare . Dei fann att staden der dei sat førre gongen , sette seg på same svaberget . Tor lente ryggen mot ein furulegg og la armen kring henne så ho kom til å kvile inn mot han , med hovudet mot oksla hans .

" Takk for sist , " sa han lågt . Ho kysste han på kinnet .

" Kom du deg vel heim ? "

" Det vart eit plaskande regnvær og eg vart dyvåt , " sa han . " Men det var berre godt . Eg trong til å få kjølt meg av etter å ha vore saman med deg . Og du ? "

" Eg vart grundig avkjølt eg òg . Først ute på tunet , så inne , av Knut . Det vart eit oppgjer mellom oss . "

" Så ? "

" Eg måtte fortelja han om deg og meg . "

" Gjorde du det . Var det nødvendig ? "

" Vart du lei deg no ? "

" Knut og eg var gode venner . "

" Så gode venner at du måtte få dele alt med han ? Også kona hans ! "

" Hild ! " sette han i . " Kan du ikkje forstå at eg kjenner meg som ein slags svikar ‐ mot han . "

" Og likevel skyr du ingen ting for å få meg . "

" Nei eg gjer ikkje det , " mumla han stille . " Eg er som forgjort , tatt inn i berget av deg . Nei , vennskap tel ikkje for meg som det burde . Ikkje ser eg skilnad på rett og urett lenger heller . "

" Så synest du altså det er urett at vi to er saman ? "

" Urett mot han , " svara Tor , " men rett for oss . Eg vel deg , Hild , framfor han . Likevel likar eg lite at du har fortalt han det . "

" Sveik du han mindre om han ikkje visste det ? Men elles kan du ta det med ro . Det var ikkje nytt for han ; han har nok skjøna det lenge . ‐ Du seier du kjenner deg som ein svikar mot han , " la ho til om litt . " Det var han og ikkje deg tyskarane fekk til å snakke om Halvor Ekre og Steinar Hagen . Og det har han gått og tagd med . "

Tor kvakk til .

" Veit du ‐ ? "

" Ja . Eg har det frå han sjølv . "

" Når fekk du veta det ? "

" Sist haust . Og den natta for fjorten dagar sidan , da sa eg til han dei verste ting . "

" Kva sa du da ? "

" Eg kom i skade for å kalle han ‐ angjevar . Og eg sa at han var feig . "

Tor sleppte henne og reiste seg med ei brå rørsle .

-Angjevar var han ikkje ! Å gje etter og snakke under hard tortur er ikkje å vera angjevar , Hild ! Ikkje er han feig heller . Du kjenner han dårleg når du kan seia slikt ! At du kunne vera så ‐ djevelsk ‐ det hadde eg aldri trudd ! " Tor reiv opp ei sigarettpakke og tende seg ein røyk med skjelvne fingrar . Hild kjende seg elendig der ho sat .

" Eg sa det i sinne . Og han kalla seg det sjølv , den natta han fortalte meg om det . Eg brukte berre same ordet . "

" Det hadde du ingen rett til ! " lynte han mot henne . " Fordi om mannen din er ein sjølvplagar , treng ikkje du strø salt i såret . "

" Eg forstår det var gale , " svara ho lågt , sat og såg ned og fingra med ei kongle . " Eg har angra på det . Men når sinnet tar ein , vel ein ikkje alltid sine ord så nøye . Du gjer kanskje det du ! "

Tor svara ikkje straks , sat på ein stein og røykte med hissige drag . Til slutt sa han :

" Sinnet tok deg , seier du ? Men det var vel han som hadde best grunn til å bli sint . Både på deg og meg . "

" Kan du ikkje prøve å forstå meg òg da ! " sette ho i . " Sytten år var eg da han tok meg første gongen . "

" Ville du ikkje sjølv ? "

" Eg visste ikkje enno kva eg ville eller ikkje ville på den tid . Og så gjorde han meg med barn for å binde meg ! Eg såg ingen annan utveg enn å bli kona hans . "

" Var du ikkje glad i han ? "

Hild sat litt , svara så :

" Jo eg var visst det . Eg var glad i han , hadde vore det frå eg sprang på Rogne som barn . Men det skulle han ikkje ha nytta seg av , han vaksne mannen . "

" Du er nok glad i han enno du , " mumla Tor . " Når du kan vera så fæl mot han . "

" Eg veit ikkje kva eg er . Men samlivet vårt vart i alle fall slik at eg ikkje syntest det var til å halde ut . "

" Og så gjekk du til meg . "

" I søvne , Tor ! Du gløymer alltid det du . Og du gjorde alt for å lokke meg . "

" Eg gjorde det . Eg ville ha deg . Og til slutt fekk eg deg . Angrar du no ? "

Hild sat og såg framfor seg , rista på hovudet .

" Det verste er , " sa ho om litt , " at han har vore på Ekre og fortalt foreldra hans Halvor om det . "

" Det var ille det , " mumla Tor lågt . " Han toler mindre å få dårleg ord på seg her i bygda enn eg gjer det . Ja det blir hardt for han når dette kjem ut . "

" Det er mi skuld , " sa ho og såg bort på han med eit blankt blikk . Han kom og knelte ned ved sida av henne .

" Hild . Kjære , kjære Hild , eg vil ikkje gjera deg vondt , det må du vel fatte og forstå . "

Ho bøygde seg inntil han og fekk armane hans ikring seg . Da greip ho rundt han og bora hovudet inn mot bringa hans , som ville ho på den måten presse gråten tilbake .

%Same kvelden , ved nitida , hadde Knut Rogne gått over til Bjørketun . Broren var heime og også Kristine ; dei undra seg storleg begge da han kom i døra . Kristine baud på heimelaga vin og kaker , ‐ brørne sat i stua og prata litt om vind og vær . Knut ville nok få snakke med bror sin åleine , skjøna Kristine , så ho gjekk på kjøkkenet .

" Jaha , " sa Knut og såg seg ikring i rommet . " No har du budd her i snart tjue år . "

" Kan det vera sant det da , at det er så lenge sidan vi kom til bygda ? " Harald sat nok og lurte svært på kva broren ville han .

" Ja de kom i 1927 . Hild var berre sju år den gongen . Og no har ho Eldrid ligge i jorda i ni snart . "

Harald såg ned på hendene sine .

" Ja tida går og vi blir gamle . "

" Eg synest ikkje det er lange stunda sidan vi sprang og leika borte på Rognetunet . "

" Nei du kan så seia . "

" Ja vi visste ikkje den gongen at vi skulle slumpe til å bli glad i same jenta . "

Harald vart langsamt raud opp mot hårrota , men sa ingenting .

Knut heldt fram :

" Vi hadde vel same smaken . Men det vart no du som fekk ho Eldrid til slutt . "

" Ja var det det ? "

" Ho vart da kona di . Og ho valde deg av fri vilje . "

" Jo , jo , ho ville ha meg . Ho kom likevel til å angre bittert på det valet . Men har du kome her for å snakke med meg om ho Eldrid , kan du like godt gå att . " Det var ein opprørt dirr i røysta hans . " For det tener til ingen ting å rive opp i gamle sår når dei seint omsider har grodd . "

" Ja har dei det da ? " spurte Knut .

" Ja ! Og du treng ikkje koma her og fortelja meg om det som var mellom deg og ho Eldrid etter at ho og eg vart gifte , ja til og med natta før bryllaupet vårt . Eg veit det , forstår du , ho Eldrid fortalte meg det til slutt . Ho trudde kanskje eg var så full at eg verken kunne høre eller hugse . Eller ho gjorde det for å pine meg , ho var truandes til det . "

" Det er bra du veit det , så slepp eg å fortelja deg det , ‐ eg hadde tenkt å få gjort det no . Elles har eg kome for å snakke med deg om noko anna òg . "

" Du får spytte ut da . "

" Eg vil endeleg ein gong få snakke om den elgjakta for mange herrens år sidan . "

Harald vart blodraud , reiste seg , gjorde eit slag på golvet og sette seg att .

" Så set i gang . "

" Eg skjøna det da , og eg har tenkt på det ofte sidan , at du ville ta livet av meg den kvelden . "

" Ville eg det ? Det kan eg ikkje hugse . " Harald sat no med svulmande blodårer i panne og tinning .

" Du ville la meg sige ned i myra , rett for augo på deg . "

" Eg var drivande full , " mumla Harald og strauk seg over panna . " Eg orka ikkje stå på beina eingong ! "

" Full var du , men du ville eg skulle døy . Og du hadde god grunn til å vilja det ; det hadde ikkje skjedd nokon urett om eg hadde stroke med da . For meg ville det kanskje til og med ha vore det beste . Men du , du får prise deg lykkeleg over at eg kom meg opp att or myrsoget , ‐ du skulle fått ei tung bør å bera på der . "

" Kva er det du vil ha sagt meg med dette ? "

" Eg øydela livet ditt . Du ville ta mitt til gjengjeld . Eg kan vel ikkje vente at vi no skal vera skuls , så eg bed deg om tilgjeving om du synest du kan gje meg det . Slik at vi ikkje treng å gå i kvart vårt tun og sjå skeivt til kvarandre resten av våre levedagar . Vi er da brør , når alt kjem til alt . Og meir til . "

Harald var no så fortumla at han greip vinkaraffelen og slo glaset sitt breiddfullt , ‐ slo i til Knut òg , og så sa han :

" Om eg nokon gong kan tilgje deg , og du meg , for det vi har gjort mot kvarandre , det vil tida vise . Vi får prøve . La oss skåle på det . "

Dei reiste seg begge og skålte høgtideleg . Så sette dei seg att , nokså brydde begge to .

" Når vi først er i det hjørnet at vi gjev kvarandre brageløfter , vil eg be deg om ein stor ting til . " Knut såg ikkje på bror sin no , sat og dreide vinglaset mellom hendene .

" Og det er ? "

" At du held opp å drikke . Eg veit godt kvifor du drikk , " la han fort til , " og kvifor du tok til med det . Men kunne du slutte no ? "

Harald sat og smilte trist .

" Du bed nok om meir enn eg kan innfri , du Knut . Eg skjønar likevel at du gjer det i god meining . For min del kan eg ikkje lova anna enn at eg skal prøva det òg . Det er berre det ser du , eg har prøvd så mange gonger før . Eg er ikkje lenger min eigen herre når det gjeld brennevinet , har ikkje vore det på mange år . Eg er ikkje rare karen nei . "

-Nå , det er vi vel ikkje nokon av oss . Ikkje eg heller . Eg har kome til det , i det seinare da . Elles er både ditt og mitt liv som fjon å rekne for når du ser litt større på det . Det tel ikkje , rett og slett , ‐ vi er mindre enn to ørsmå kryp i det heile . Kva eit menneske er verd fekk vi oppleva til botnar nede i Sachsenhausen , der kvar og ein hadde nok med å berge seg sjølv frå likhaugen . Ein så mykje smått ja , og mykje menneskeleg fornedring ; det vart ikkje lett å tru på ein gud eller ei høgare styring . Likevel opplevde eg mangt som var stort og . Og anten vi synest det vesle livet vårt betyr noko eller ikkje , så er det eit eller anna inni oss som vil at vi skal koma gjennom det , og ut av det på sømeleg vis . Kanskje kjenner vi eit slags ansvar òg , for dei som kjem etter , at jorda skal vera til å leva på , også i framtida . Og det gjeld da visst ikkje berre våre eigne barn . Ja , du får orsaka meg at eg snakkar så mykje ; du veit eg er ingen taletrengd mann til dagleg . Men eg har ingen å snakke med no for tida og da samlar det seg opp . Du skal ha takk for at du lydde så tolmodig på meg . "

Knut reiste seg for å gå . Dei tok kvarandre i handa att så det kjendest og Harald følgde han ut og eit stykke på veg . Da dei skildest borte i moen , slo Harald han på oksla , lo litt og sa :

" Ja du Knut , du Knut , du er no vaksen kar likevel du . Og det ordet som går på bygda i desse dagar , at du sa ein ting meir enn du burde under tyskarforhøret , det skal du ikkje bry deg om . Ingen har rett til å setja seg til doms over deg for ord sagt i ein slik situasjon , og ingen kan kjenne seg trygg på at han ville ha handla annleis . Du har i alle fall rygg til å bera bygdesnakket ; ‐ det døyr bort ein dag , og du er den du er , hugs det . Men det er vel heller lita trøst for deg i å høre meg snakke slik . Mi meining tel ikkje større . "

Knut gav igjen broren eit fast handtrykk og eit blikk , vende seg så brått og gjekk heim .

%Neste gong Hild skulle på korøving , snakka Knut til henne før ho fór ; ho stod med sykkelen ute i tunet .

" Eg tar ein tur på setra i morgon , " sa han , " og ser etter korleis vinteren har fare fram der . Det er vel litt å setja i stand , så eg blir til utpå kveld i overmorgon . Kan vera fint òg , å få sova der oppe ei natt . Det er lenge sidan sist . Du veit vi har hatt våre beste stunder saman , vi to , der på setra . Men du har kanskje gløymt det du . "

" Eg har ikkje gløymt det , " svara ho og måtte sjå på han , for han var svært ulik seg sjølv . Det kjendest som om det var noko meir han ville ha sagt , men det kom ingenting . Og så drog ho av stad med ei underleg beklemt kjensle inni seg .

%Tor og Hild avtala at dei ikkje skulle sykle heimover saman , men møtast oppe ved svaberget der dei sat sist . Det var overskya vær , og det kom elingar med kaldare luft , tok smått til å blåse . Ho sat og venta , småskalv i den tunne kjolen . Likevel svirra det mygg ikring henne , for det var ein grønskedam nær ved , rundt røtene på ei bjørk , med hinne av raklestøv som myggen duppa i . Det kjendest nedverdigande å lure seg bort slik til stolne kjærleiksmøte , ‐ likevel gjorde ho det og kom til å halde fram . Kor lenge torde ho ikkje tenke på , tok eit møte om gongen . Det vart prata om dei no , kunne ho merke , ho såg det på folk , både når det var korøving og elles . ‐ Dei får berre prate alt dei vil , tenkte ho . No hørte ho han nede i stigen , ‐ ho reiste seg og gjekk han fort i møte , rett i armane hans .

" Du må orsaka meg , " sa han forpusta , " eg vart hefta bort . "

%Før dei skildest sa Hild :

" I morgon natt treng vi ikkje vera ute , ‐ da kan du koma til meg på Rogne , der vi var sist . Og vi kan vera saman i mange timar . Knut er på setra og blir borte til neste kveld . "

" Da kjem eg , " sa han ; dei stod tett saman og kunne ikkje koma frå kvarandre . " Når ? "

" Klokka elve . Da har alle lagt seg . "

" Er det ikkje fælt at vi skal måtta lure oss til å møtast bak ryggen på Knut . "

" Det finst ingen annan utveg , Tor . Du får heller gje avkall på meg da . " Ho klemde seg hardt inntil han med hovudet i halsgropa hans . " Men det vil eg ikkje ‐ ikkje for alt i verda . "

" Ikkje eg heller , Hild ! " Han kjærteikna andletet hennar med lette fingertuppar , løfta det så mot seg . " Kanskje du kunne flytte frå Rogne ? "

" Frå Håkon og Helga ? " Hild rista på hovudet . " Nei eg kan ikkje det . Og det får vera nok at ei kone let Knut Rogne sitja att åleine . "

" Han er vel ikkje vidare tent med å ha deg på garden no , " mumla han .

%Dei møttest neste natt , som avtala . ‐ Eg kan ikkje meir vera han forutan , tenkte Hild da ho låg i armane hans etter at han igjen hadde løyst ut i henne ein villskap og ein ekstase som bar henne bort frå henne sjølv og fekk henne til å skrike i lyst og vånde .

Natta var ei gave med alle sine kostelege timar ; utan uro kunne dei ødsle kjærteikn over kvarandre . Men dagningen kom likevel fortare enn dei hadde tenkt . Da dei skildest farga den komande soloppgangen nordausthimmelen raud , og fuglesongen hadde for lenge sidan vakna . Tor stal seg ut bakvegen og Hild gjekk over tunet og inn .

Tor Flatland hadde så vidt fått sykkelen opp av grøfta da Lars Rogne brått stod der ; han stelte seg beint i vegen for han og var svært bleik .

" Kva gjer du her ? " sa han , opprørt . " Det treng eg forresten ikkje spørja om . "

" Så kan du vel sleppe meg fram da . " Tor Flatland ville køyre . Lars greip tak i sykkelstyret .

" Nei faen heller , om eg det gjer ! Eg vil snakke med deg . " Tor sette roleg sykkelen frå seg ; den andre var så stri og oppøst at han tenkte det var best .

" Eg fekk sjå denne sykkelen i går kveld , " sa Lars . " Eg syntest eg drog kjensel på han . Og så hørte eg det var nokon i det gamle våningshuset , ‐ du og ho Hild ja ! Eg har gått og venta på deg i ein del timar , for når Knut ikkje er heime får eg passe på sakene hans ! " Han stod og pusta litt , hadde vondt for å styre seg .

" No har du vel sagt meg det du ville , og eg har lite og ingenting å svara deg . Og da kan eg kanskje få dra ? "

" Nei så faen i helvete heller om du får ! "

Lars greip han i bringa med begge nevane og køyrde han mot ei bjørkestamme .

" Slepp meg no gut , " sa Tor Flatland . " Eg vil nødig slåst med deg her . "

" Så får du lova meg det da at du aldri meir skal lokke søster mi i seng med deg . "

" Det lovar eg ikkje ! "

" Fordømte horebukk ! " freste Lars , rista han og støytte så til han slik at han tumla bortover .

" Da skal eg lova deg noko i staden : grip eg deg saman med Hild ein gong til , slår eg deg helselaus ! "

Tor fekk reint respekt for guten og harmen hans , ‐ svara heller spakt :

" Ja vi får ta eit nappetak om vi skulle møtast igjen på denne måten . Eg har elles ei høne å plukke med deg eg òg . For du har gått rundt i bygda og sagt at eg sprakk under tyskarforhøret . "

No var det Lars som vart spak .

" Eg har det , " mumla han . " Du får orsaka meg . Men eg måtte da tru det var slik når ikkje onkel Knut ‐ . " Igjen fór harmen i han . " Men det gjev ikkje deg nokon rett til å ta kona frå han . Eller er det kanskje slik at du hemner deg ? "

" Alt anna enn det ! Eg vil Knut vel og vi er venner . "

" Venner ! " Lars lo høgt og hånleg .

" Var da . Vennskap gjeld ikkje i kjærleik og kortspel , blir det sagt . "

" Du talar så lett om dette du , ‐ for morskaps skuld driv du eit spel med andres liv og velferd , ja lagnad , ‐ kva slags rett har du til det ? Eg burde slå deg død på flekken ! "

" For morskaps skuld er det ikkje , Lars ! du må tru meg på det . Eg er så glad i Hild , har vore det lenge , at eg ikkje synest eg kan leva henne forutan . "

" Det var no svært , " mumla Lars .

" Du er sjølv glad i ei jente du , du veit kva det er . "

" Eli er ikkje gift kone , og ikkje har ho ansvar for barn heller . " Han steig til sides . " Du får køyre da . Men eg åtvarar deg . "

Tor sette seg på sykkelen og fór av stad .

Lars gjekk inn i hovudbygningen , enda det no var sløkt og stille der . Han gjekk rett opp og banka på døra til gjesterommet , visste Hild hadde flytt inn der att no .

" Kven er det ? " spurte Hild .

" Det er meg , Lars . "

" Kom inn . "

Ho stod der både undren og forskrekka , streva med å få på seg kjolen .

" Men er du oppe da , Lars ? "

" Du òg , " sa han tørt . " Eg må få snakke med deg Hild . Kanskje vi kunne gå ned i stua ? "

" Gjerne det . "

Han gjekk føre , ‐ ho kom like etter .

" Dette er andre gongen du kjem til meg slik om natta . Kva er det du vil meg no ? "

" Eg vil at du skal bryte alt samkvem med Tor Flatland . Ja eg veit du var saman med han i natt , der borte i det andre våningshuset . "

Hild stod brått bleik og rak .

" Går du rundt og spionerer du ! "

" Ein treng ikkje spionere for å merke kva de to driv med . Slik de ter dykk ! "

" Bland deg ikkje opp i saker du ikkje har noko med , og som du ikkje forstår , din frekke gutunge ! " lynte ho mot han .

" Du er søstera mi , " svara han . " Og han Knut er onkelen min . Og om eg er ung har eg likevel forstått såpass at du går her og piner livet av han ! "

" Det greier han godt sjølv . Det er ikkje fordi han saknar meg at han går ikring og er ein skugge av det han var . "

" Du tenker på dette forhøret ? " Lars snakka lågare no .

" Ja eg tenker på det ! Og at han gjekk her og let Tor Flatland få skulda . Du var den som bar det utover . "

" Men Hild , er du da blind og døv av dette med Tor Flatland , ser og hører du ingen ting ! Du går her og tyner onkel Knut . "

" Det er han som tyner meg ; frå eg var berre barnet har han soge livet ut or meg ! No ligg han berre og stirer ut i mørket , og rører han ved meg , er det som skulle eg få på meg handa til ein død mann . "

" Du har flytt frå han , ‐ han rører da visst ikkje ved deg lenger . "

" Nei ! For eg orka det ikkje meir ; derfor flytte eg . Han er gammal og ferdig , eg er ung , enno ei kort stund . Eg vil få ta del i livet før det er for seint ! "

" Liv , " sa han , stillare no . " Er det ikkje liv det òg da å vera mor , å ha ungar som treng ein . "

Hild lo han rett opp i andletet .

" Du snakkar som du har vet til du ! Eller som ei gammal kjerring ! Du anar ikkje kva det er å ha ein flokk ungar ikring seg heile dagen , det blir ikkje pusterom for deg sjølv og dine eigne behov . "

" Nokon flokk er det ikkje lenger . Det er da berre to igjen . Eg syns du burde ta godt vare på dei . "

" Det gjer eg da ! " sette ho i . " Og eg er glad i dei ! Eg var glad i dei alle fire ! " Gråten pressa brått sterkt på og ville fram , men med eit langt , skjelvande andedrag fekk ho køyrd han ned att og kvevd han .

" Så du treng ikkje koma her du vesle Lars og preike moral for meg . Og no vil eg sova . Godnatt ! " Hild gjekk rett frå han , opprørt og forbitra , men òg underleg oppskaka i heile seg .

" Den frekke gutungen ! " mumla ho ‐ hørte at han gjekk ut gangdøra . Ho var på veg inn til seg sjølv , men stakk i staden innom barnerommet . Håkon og Helga sov som om ingen ting stod på . Ho kjende på pannene og dei små hendene , slappe og mjuke i søvnen . Begge var varme . Dei har da vel ikkje feber , fór det i henne . Men så tenkte ho : det er berre solvarmen .

Ho gjekk bort og opna glaset . Det var lys dag alt ; over den blakke fjorden låg streif av skodd , og også i dalsøkk og over myr-& og elvedrag i skogane på den andre sida , der sola no skein øvst i granåsen . Ho kom til å tenke på Knut ; han hadde vore så rar da dei skildest . No låg han vel og sov der oppe i seterbua , åleine i den ødslege fjellsusen . Han ville dit , hadde gått grytidleg før ho steig opp om morgonen .

Det vart kveld andre dagen og Knut kom ikkje heim . ‐ Så blir han vel enda ei natt , tenkte Hild . Men ho gjekk i ei merkeleg uro . Heller ikkje neste dag kom han . Dagen deretter att bad ho Gustav gå opp på setra .

" Eg er redd for han Knut , " sa ho , " at han kan ha brekt beinet eller noko i den lei . "

Gustav kom heim att utpå ettermiddagen , ‐ hadde gått fort og var oppskaka .

" Eg såg ikkje likt til han Knut ! " sa han . " Verken på setra eller rundt ikring der . Og eg både hauka og ropte så det måtte hørast lang veg . "

Hild kjende det som om hjarta sokk i henne ; ho sette seg der ho stod ved kjøkkenbordet og var blitt svært bleik .

" Da må vi få folk til å leite etter han , " sa ho lågt .

Det gjekk bod rundt i bygda , og grytidleg neste morgon drog ein svær flokk karar og unggutar innover fjellet for å gå manngard . Lars og Tor Flatland var med . Da karaflokken ut på kvelden kom til gards , svært stille , berande på ei båre , stod Hild midt i tunet .

" Vi fann han onkel Knut , Hild , " sa Lars , lågt . Ho berre stirde på han , krittkvit , fekk ikkje fram ein lyd . Lars vende seg til dei andre :

" Vi legg han på låven til i morgon . "

" Nei , " kom det heilt lågt frå Hild .

" Jo , " sa Lars . " Han er slik at han ville fylle heile huset med liklukt om vi tok han inn . "

Så bar dei han på låven . Karaflokken på Rognetunet løyste seg opp i små , tafatte grupper . Ingen sa noko . Etterkvart tok dei til å tusle av stad , kvar og ein heim til sitt . Tor Flatland var den siste til å gå , ‐ bleik og dradd i andletet søkte han Hild med augo heile tida han stod der . Til slutt gjekk han .

Garden låg øde att ; lamslått . Eit lett regn gjorde junikvelden mørk .

" Han var nok på veg innover fjellet da det hende , vi fann termos og dagsniste i ryggsekken hans , " fortalte Lars . " Det var vel hjarta som slo klikk , brått . Det må ha vore eit hardt slag han fekk , for han hadde ikkje kome av flekken etterpå , berre krøkt seg ihop , låg på ryggen nedi eit tørt myrdrag , heilt stiv . "

Hild hørte og hørte ikkje , ‐ ho rørte seg rundt i huset og på tunet som gjekk ho i svime . Ho kjende seg underleg dregen mot låvebrua og låven : han låg no svart og ruvande . Knut var deroppe . Ikkje stod han i røyk og strimer av støv frå treskemaskinen ; han berre låg der og dominerte gardens liv for siste gong .

Ja , alt gardens liv var i dødsdalens skugge , men gleid etterkvart inn i søvnens miskunnsame ro . Berre Hild heldt nattevake . Ho tok ei lykt og gjekk opp låvebrua , med bankande hjarta . Midtvegs stansa ho , redd og tvekande , men gjekk vidare , lyste innover i det svære rommet som lukta av sommaren i fjor . Men Hild kjende ei anna lukt òg , og såg noko mørkt framme på golvet . Ho gjekk dit , drog til side teppet og lyste rett på Knut . Skrekk og gru fór i henne så ho sette i eit lite skrik . Knut låg der ugjenkjenneleg med sitt urørlege andlet og stirde vilt framfor seg . Ho stod litt ; la så fingrane på augneloka hans for å late dei att , men bråsleppte , for dei var iskalde . Ho prøvde igjen , men augneloka let seg ikkje røre , hadde stivna til for godt .

" Knut , " mumla ho . " Tilgje meg . " Andletet var like strengt og urørleg . Ho dekte det til og gjekk , men andletet løyste seg frå båra og følgde etter henne med sitt stirande blikk . Da skreik ho att og sprang for livet , ned låvebrua , over tunet og inn , kom seg i seng og gøymde seg under teppet , skaka som i frost .

Alltid når han hadde vore borte , eller ho borte frå han , kom han henne nær . Og no han var borte for godt kom han henne så nær at alt anna gleid bort : barna , Thomas , Tor Flatland . Det var berre Knut . For å få ifrå seg den uhyggelege dødsmaska låg ho og mante han fram slik han var i levande live , i tunet , i stallen , i huset , på setra . Men atter trengde det urørlege andletet inn mot henne og fylte henne med namnlaus gru : dei vidt oppsperra glasaktige augo stirde rett fram , ikkje på henne , men inn i noko skremmande ukjent . ‐ Det er ikkje Knut , tenkte ho . Berre eit tomt skal , sjølv er han på alle dei andre stader der han pla halde til .

Hild tvinga seg til å vera med på å stelle og vaske liket da dei hadde fått bore det inn i sjølvehuset neste morgon .

‐ Var det desse armane eg låg i , tenkte ho og liksom såg seg sjølv utanfrå ; stiv og kvit og utan ei tåre dreiv ho på med sitt uhyggelege arbeid . Var det denne kroppen ho kraup inn til og fekk over seg så ho vart med barn ? Stina som hjelpte henne , var oppløyst i gråt . Saman kledde dei han til gravferd ; Lars hadde alt fått tak i kiste , ‐ dei la han i den og fekk lokket på , sette opp glasa og lufta likteven ut .

%Atter sat Hild i den gravferdstille , fullsette kjørka , åleine denne gongen , berre med Håkon og Helga ved sida av seg . Klokkene ringde , orgelet spela og dei song ei salme : " Leid milde ljos igjennom skoddeheim " , presten tala ; alt gjekk forbi henne som bak eit slør . Men da songen brått brusa oppe frå galleriet tok tårene til å sile .

" Jeg så ham som barn med det solrike øye " .

Koret hadde møtt opp for å ære Knut på hans siste høgtidsdag . Hild sat og stirde stivt mot kista der Knut låg neddynga av sterkt duftande blomebukettar og kransar .

%Han vart gravlagt ved sida av Torgeir , nær Eldrid Rogne . Hild hadde vilja det slik . ‐ Så fort han følgde etter Torgeir , tenkte ho . Han gjekk inn i dødens rike for å leite etter son sin , kom det for henne .

Kista vart fira ned og presten kasta dei tre skuffer mold på kistelokket . Da braut Hild saman i gråt . Ho fekk ein arm ikring seg og såg opp i farens tåreblanke augo . Han var edru og andletet hans lyste . På andre sida av grava stod Tor Flatland . Aldri hadde Hild sett han så bleik ; dei blå augo stod blankt mot henne eit par gonger . Knuts barn frå første ekteskapet var der òg , men ikkje Gerd . Lars var der ; det gjekk trekningar av gråt over det unge , solbrende andletet hans .

Da folk gjekk stilt bort frå grava vart Hild ståande att litt , stadig med farens arm ikring seg . Sterkt gripen mumla han :

" Veit du det , Hild , at han Knut kom til meg og snakka med meg . "

Ho såg på han . Det rann tårer nedetter dei pløsne kjakane , men det var over andletet eit lys som ho aldri før hadde sett .

%Ei veke etter gravferda kom Tor Flatland til Rogne for å snakke med Hild . Dei sat i stua , dei to åleine , ‐ ungane tok Eli hand om ute i tunet . Det vart ikkje sagt stort , ‐ begge tenkte på Knut og ingen ville ta til å snakke om han . Til slutt sa Tor :

" Eg kjem for å fortelja at eg tenker på å seia opp stillinga mi som lærar her i bygda , eller søke permisjon og reise bort ei tid . "

Under låg eit spørsmål til henne : skal eg det ?

Hild sat litt , og så svara ho :

" Ja det synest eg du burde gjera . "

" Søke permisjon ? "

" Nei . Slutte som lærar her . "

Tor Flatland kom seg på føtene .

" Ja det ikkje han Knut greide i levande live , det fekk han til da han døydde . Å skilja deg og meg frå kvarandre . " Hild reiste seg ho òg .

" Ja , " sa ho . " Han står nok mellom oss no . "

" Kan vi aldri koma utanom han meir ? "

" Det vil tida vise . Eg trur det knapt . Men noko bind oss to saman for alltid . "

" Ja ? "

" Vi var skuld i hans død , både du og eg . "

" Vi var ikkje det ! " ropte Tor , opprørt . " Knut hadde veikt hjarta , ‐ fekk eit lettare slag nede i Sachsenhausen òg . For han var det ikkje liv laga . "

" Vi pinte livet av han , " sa ho som ho ikkje hadde hørt .

" Når du ser det slik , finst det nok ingen veg mellom oss meir . Farvel Hild . Takk for alt . Aldri skal eg gløyme deg , så lenge eg lever . "

Han stod så bortkomen at ho gjekk bort og strauk han over kinnet .

" Hild ! " Tor tok henne inntil seg . Ho la armane kring nakken hans og andletet inn mot halsgropa . Slik stod dei litt til ho gjorde seg fri .

" Farvel , Tor . Skriv og la meg få veta korleis det går deg . "

Så gjekk han . Hild stod i glaset og såg han stige over tunet mot bjørkealléen . Om litt var han borte . Dei var borte begge no , både Knut og Tor . Ho sat att med to små barn og eit til på veg , og ein stor gard med folk og fe som ho fekk ansvar for . Ho hadde alt bede Lars om å bli gardstyrar og han hadde sagt ja til det . Snart var han i full sving : slåttonna børja utan Knut og livet gjekk sin gang . Da skolen tok til var Tor Flatland reist : til Trøndelag ein stad , og no vart det slutt med bygdekoret òg . Ein høg , brusande klang var blitt borte med han , ein feletone , ein glans over livet .

%Under krigen hadde tyskarane bygd bilveg over fjellet til nabobygda ; og no fekk grunneigarar stelt i stand ein vegbit inn til setergrenda . Da det igjen vart sommar , kom Lars med framlegg om at dei skulle ha buskapen på setra som i gamle dagar , men utan ysting og kjerning . Mjølka kunne dei kvar morgon køyre til meieriet . Hild likte den tanken og ville sjølv ligge deroppe saman med Eli og ungane som var tre no . I desember hadde ho fått ein son og ho kalla han Knut .

%Dei drog til fjells med rautande bøling , ‐ Eli og Gustav dreiv han ; Lars køyrde Hild og ungane opp i lastebilen , ‐ og alt som elles skulle til . Hild hadde ikkje vore på setra sidan 1940 . Det var med underlege kjensler ho opna selsdøra . Den innestengde seterstell-lukta slo mot henne . Ho drog gardinene frå . På bordet stod ein tom kaffikopp med oske etter piperøyk , ‐ på bordplata låg restar av litt oppsmuldra tobakk .

Hild kikka ut gjennom glaset . Fjellet var det same , hadde berre fått eit sår av nyvegen , der ein bil gjekk og drog med seg støvskyer inn gjennom fjellheimen . Utanfor var ungane alt i leik på vollen . Det var høg , stor skygang over fjell og vidde , med vidt vandrande skuggar .

%Så gjekk ho atter ein dag og vende nyslått gras på vollen og hørte sjoding av ljå . Når ho let att augo var det Knut som førde ljåen , ‐ angen av halvtørt enggras og ville blomar , surr av humler , alt minte henne så sterkt om dengong ‐ det var inga tid sidan da .

" Eg meiner du går og græt Hild ? " Lars stod stødd til orvet og såg på henne .

" Langtifrå . " Hild tørka seg i augo med halstørkleet . " Det er berre blomestøvet . " Ho gjekk fort opp til vogga ved tømmerveggen . Vesle Knut låg og smilte til henne , pludra velnøgd og greip etter tærne sine . Eli hadde tatt Håkon og Helga ned til bekken der dei sat hylande og plaska med nakne føter i ein kulp .

%Ein kveld etter at ungane var i seng gjekk Hild ut på vollen . Frå det gamle fjøset lukta det godt av krøtter , men ingen hest stod i sommarnattslyset , berre ein lastebil . Ho hørte låge røyster , latter og prat , og fekk skimten av Eli og Lars som låg i lyngen utanfor setervollen . Om litt reiste dei seg og smatt inn i utløa . Så var det berre susing av ødsleg fjell vide ikring .

Da kjende ho det slik at Knut steig fram til henne der i skumringslyset ; han stod halvt bak henne og rørte ved håret hennar . " Ei kort stund , " sa han , " så er vi borte . Ingen hugsar oss meir , som om vi ikkje skulle ha levd i det heile . Fjella og himmelen ligg att , utan oss . "

" Eg hugsar deg Knut , " sa ho lågt . " Enno hugsar eg deg svært godt . "

Da ho vende seg , var han ikkje der , og ho gjekk frysande inn i selet , som anda henne lognt i møte og lukta godt av barns lette søvnpust i mørket .