Det fagre liv

Det er ei natt med ulande storm , regnet piskar mot rutone , vatnet skvett innmillom dei kittlause sprøysor . Natti står bikande svart utanfor dei gardinlause glasi . Men innanfor blafrar det i eit talglys . Lampa slokna her i stad . Ho var oljelaus . Og meir olje fanst ikkje i huset . Men so var det so heldig ein trefnad at det var eit par talglys i huset .

Vinden kvesser hardare i . Det singlar i rutone . Det knakar og knest og uler i nevene . Men stova i Bleke har stått i sytti år . Ho har nok kjent vinden før , og har lært å ta mot han .

Mathilda , kona i huset , ei tunn og bleik , men venlagd kvinne driv att og fram over golvet med det vesle sjuke barnet sitt i armane . Ho speglar seg i glaset kvar gong ho sviv forbi , ser som ein skugge av seg sjølv . Eit hjelpelaust , dødstrøytt andlet der ute i natti snur seg mot henne . Ogso ho ber eit barn . Dei tvo ser på kvarandre med det same lidande blikk . Dei trøytnar like mykje . Og gangen blir meir og meir slepande .

So roast barnet ørlite . Jau no blundar det . Stakkars såre og sjuke barn ! Vesle gode gudsting kor du lid !

Mathilda set seg på stolen . Varleg , varleg . Huskar barnet i armane . Sull lull . Jesus , lat det sova no . Kjære , kjære Jesus .

Jau barnet søv . Kjære Jesus , takk at du let han vesle Anton få sova . So vârt ho kan legg ho han i vogga . Han vaknar ikkje .

Mathilda kryp opp i sengi og legg seg attmed mannen sin , han Jens . Han vaknar ikkje . Han berre snorkar langt og inderleg .

Å , den som kunde ha det so godt som du Jens .

Det er tridje natti no ho ikkje har teke klædi av seg . Og berre små augneblinkar har ho sove . No søv ho før ho forvel har lagt seg til rette .

Men so er ho på golvet att før ho rett er vaki . Ho veit ikkje av at ho tek barnet or vogga . Anten ho vaker eller søv so har ho vant seg til å høyra denne såre og lidande gråt frå det sjuke barnet sitt .

No ber ho det atter , går att og fram over golvet som ein skugge . Barnet sovnar atter . Ho set seg varleg ned , men so vaknar det att .

So blir det å bera det pånytt . Tallause gonger over golvet . Ho kjenner ikkje att armane sine . Dei er liksom dovna av . Eit under at ho ikkje slepper barnet ned . Det søv atter so mykje at ho får leggja seg i sengi . Ho dreg over att . Søv . Søv som ein stein . Men so sprett ho atter opp ved minste uro .

Men natti går . Og det blir ein ny dag . Dagen gir ingi kvild . Mathilda er åleine med alt strevet både ute og inne . Jauvisst hjelper Jens henne . Men det er med store og grove ting . Dei tusen småting ser han ikkje .

Det er himmelvid skilnad millom Jens og broren , Mikkel .

So tomsleg det vart i Bleke etter Mikkel for .

Han vilde reist i haust . Han kjende kallet til å dra ut . For Kristus var stor vorten i hans syn . Tenk , Mikkel som i barneåri og dei første ungdomsår gjekk her og talmast bort både til kropp og sjel , han kunde bli slik ein rein og fager tone i Guds undersame instrument . Og han var so redd og so vâr for å halda denne tonen rein og halda han stemd etter grunntonen , Jesu kjærleik . Det var som ein stille fest kvar dag han gjekk her . Han lærde fagre songar . Og røysti hans tok til i styrke og venleik . Og so den branden i bønene hans . Frå morgo til kveld gjekk han som eit vitnemål om Frelsaren . Han kunde gjerne lata vera å seia eit ord .

Han var på veg og skulde få Jens inn i dette undersame liv . Ho tok til å tru at viljen hans hadde teke til å samla seg om Jesus . Men so vart det som den otten ho hadde hyst heile tidi . Jens drog seg liksom bortatt , vov seg på nytt inn i mørke skuggar , vart fåmælt og stur og ill . Og på nytt tok augo hans til å rengja seg stygt mot broren .

Kanskje var det hennar skuld ? Hennar og Mikkels ? Inst inne er det noko som ikkje er rett . Og verre hadde det vore om Jens hadde visst alt og set til botnar i hennar sjel i dette stykket . Ho angrar ikkje på noko . Angrar ikkje på at ho har vore so endelaust glad i Mikkel . At ho har halde handi hans millom båe sine og kjærteikna henne . Og ho har smilt to han , fårlegt og vakkert smil . Og ho merka meir enn ein gong korleis dei vart dregne mot kvarandre . Synd ? Nei , ho fekk det ikkje til slik . Det var berre ein liten drope av rikdom livet i sin fatigdom gav henne . Og so tok ho mot det . Det var ikkje meiningi det skulde bli til synd , berre litt kjærleik i kvardagens skuggegrå . Kunde Gud tykkja vondt om henne fordi ho tykte godt om Mikkel ? For di ho kjende det som ein lise i sjelsfatig domen å vera nær ved der han var ? Kunde det vera synd den milde sæla ho kjende dei par små gongene han varleg og blygt strauk oppetter armen hennar ?

Ho tek og tilstår for seg sjølv at ho kan ikkje angra det sjølv om det var litt synd . Ho er glad i Mikkel . Og ho er vorti likesæl om Jens . Det hender ho tenkjer på om Jens skulde døydd frå henne . Det er ikkje vondt å tenkja på når Mikkel kunde koma i staden . Endå til denne tanken vil ho forsvara og ikkje finna stygg . Ho har aldri vore rett glad i Jens . Ho måtte ta han . Ho var for veik då i ungdomens år . Ho skulde rømt so langt føtene kunde ha bore henne . At ho ikkje gjorde det , det var synd . Synd som vil hemna seg heile livet i gjenom . Og den syndi tilgir ikkje livet henne .

Ho tykkjer stundom Jens blir so stygg . Og so har han uvanar i andletet sitt . Men ho bryr seg ikkje om å vera åt han for det . Det er som ein vond vilje i henne å få til at Jens ikkje kjem henne det minste ved . Ho steller til mat og pyntar til i huset so langt ho har høve til og tid til . Og i fjøset gjer ho alt slik ho tykkjer det må vera gjort . So ofrar ho seg for borni . Ho har hjelpt dei med små bøner til Jesus før . No får ho ikkje til det meir . Mens Mikkel var her var han so flink å fortelja dei sogor . Han fortalde or bibelen og . For det var utruleg alt det han visste derfrå . Då stråla augo hans . Då var han so vakker at det var eit syn . Og barneaugo skein mot han .

Dei går og spør henne om dagane kva tid han Mikkel kjem att . Men ho veit ikkje so sikkert det , må ho seia . Han kjem vel snart .

" Er han reist og vil fortelja hine borni om Jesus då ? "

" Nei , korleis trur dei det då ? "

" Han vilde det , sa han . "

" Å vilde han det . "

Ho minnest den dagen han reiste . Han hadde kome inn med eit stort fang ved og lagt det opp i lad attom omnen . Ho sa takk på si vis :

" Ja du Mikkel . Du er snild du . " So hadde ho gitt han augo sine , liksom bora dei i han , liksom gitt han heile si sjel . Ho stod han so nær ho kunde . Han stod sameleis . Ho kunde sjå elsken bevra i alle hans drag . Ho venta berre at han vilde fylgja hugen sin ein augneblink og lata kinni deira møtast . Ho synte han at det var det ho venta på .

Ho vann over han som ved trollmakt . Og so møttest dei med kinni ein augneblink . Han stridde i mot , men han tapte . Tapte den eine augneblinken . Ho kjende berre sæla av det . Kjenner den endå . Men ho var dyr . Endå kan ho sjå augo til Mikkel for seg , dei synte fram samvetet kor det verkte og brann . So gjekk han sturen og ordlaus dei tvo-tri timane til han hadde pakka saman pøken sin , bad farvel både med ho og Jens . Og so gjekk han . Ho tenkte ho skulde fått han til og sagt kvar han skulde av . Men det vart ikkje høve til å spørja so beint . Men ho såg på han at det var ikkje berre ein snartur utom døri . Jens sa ikkje takk for det Mikkel hadde vore her . Og ikkje baud han betaling for det .

Ho kjende på at det var hennar skuld at han for so snart . For hennar skuld var det vel han stogga att den gongen i haust . No måtte han fara fordi ho vilde øydeleggja det nye livet han sette so høgt og dyrt . Og endå kan ho ikkje angra det ho har gjort .

Og er det slikt som er synd so er ho ikkje so forferdeleg redd for å synda . So er det vel ein sjølvfylgje : at er ho ikkje redd for å synda , so har ho ikkje Guds ånd . Det er slutt med det at ho er ein kristen .

No bryr ikkje Jesus seg om henne lenger . Difor har han ikkje høyrt bønene ho har bedt han om at vesle Anton ikkje måtte li so grenselaust vondt .

Det er dag no . Himmelen har vorte klår det siste døgnet . Soli er på lang og frimodig tur over blånen . Solskinet ligg spelande blankt på veggen og noko av golvet .

Og Vesle Anton ligg i vogga si og søv .

Utom stoveveggen tinar snøen fort no . Det renn i grøver . Og småborni i Bleke held seg der ute og lagar dammar . So har dei bruer over grovfaret og når demningi brest reiser vatnet med bruene .

Mathilda ser dei gjenom glaset og er glad so lenge dei held seg ute . Dei blir nok såre og grove på hendene av alt kaldvatnet . Men ho får heller smørja dei inn med talg om kveldane .

No søv barnet ja . Og litt arbeid er undangjort . Ho lyt stela seg ei stund om det var råd å få ein liten blund .

Men då ho er komi i sengi og vil til å dorma over , kjem vesle Randi gråtande inn . Ho har trøtt over og fått full treskoen med vatn . Og mori har lova dei ris dersom dei kjem innatt og er våte på føtene . Ho veit ikkje å halda dei med sokkar . Og so varer ikkje tolmodet til alt . Det hender ho skjenner på borni og sannar etterpå at det var ikkje rettferdig mot dei . Ho er smått so redd for at det er nervene hennar som ikkje er i orden .

Randi kjem labbande inn so det renn av den vesle våte sokkefoten . Og ho hyler og græt so vesle Anton vaknar oppatt .

Mathilda sullar og ruggar , men Anton græt og Randi græt . Og so må Mathilda skjenna på Randi . Og di verre blir det . Anton er heilt vaken . Han skrik med eit lite håst mæle . Det er sprengt . Ho må ta guten opp , huska han på armane sine . Bera han og sulla og freista smila til han . Men smilen er ikkje smil . Inni henne ropar det i smerte og vonløyse : Herre Gud , no går det snart rundt for meg .

Jens har teke til å køyra ut gjødsel på bøen . Han legg det i store dungar på snøen . Han må nøyta føret .

No kjem han inn og skal ha mat . Har ho det ikkje ferdig då ?

" Du ser då at det forklyv meg Jens . Kva skal eg gjera då ? Eg rømer heimatt til ho mor . Eg rømer frå alt Jens . " Og so græt Mathilda og . Det er ikkje ofte det hender henne .

Ho ber Anton att og fram over golvet . Han tagnar . Andletet hans blir lyst og godt . Han smiler til mor si . Då lysnar ho ogso opp . Ho smollar til han , no smiler ho innanfrå . Det er visst slik at vesle Anton bersnar . Og soli skin ute , og ho vermer og gjer det lyst inne . I nokre drag skifter det om i Mathilda frå den svartaste rådløysa til still og barnsleg glede .

" Jens , vil du ta han Anton litt , so steller eg mat til deg ? "

Han gjer det . Han huskar det litt på arbeidsgrove nævar . Endå har han ikkje lært dei rette og beste tak .

Men barnet ser opp i andletet hans og finn seg i det .

Ho finn Jens noko mat , noko kaldmat . Han et det utan klage . Litt etter er han i arbeidet att . Våren har vakna i han . Bleke syng med tusen røyster inn i hans sjel . Han er heime .

Men då Mathilda har fått lagt barnet frå seg , finn ho tak att i vesle Randi som har gøymt seg bort attom kinnekrakken og furta fordi mori ikkje tok mot henne . No er ho god med henne . Turkar tårone hennar og gjer det godt att . Randi får skifta sokkar og fer att .

Då får Mathilda seg ein liten blund .

%Jens kjem frå arbeidet og set hesten inn . Han murrar og syng . Mathilda har kaffidropen ferdig og ropar han inn . Ho har sove litt . Det er mildt inni henne og ho har so inderleg hug å vera god . Den vesle blide tone av vår gjer hugen sårmild . Ho tykkjer synd i Jens som slit og balar . Ho kan gjerne vera god med han .

Jens et tagalt . Det fell sjeldan eit ord om dei sit slik tvoeine . Det finst ikkje ting som er so naudleg å seia . Og so har det ikkje vore noko i det siste som har tvinga dei saman . Dei er vel innvertes einige om at denne avstanden er den beste .

Borni er trøytte av leiken . No kjem dei inn . Dei er svoltne og vil ha mat . No må Mathilda ta seg ei stund med dei . Jens smyg utatt . No har han fjøset han må stella med . Det er hans jobb no . Han lyt finna seg i det . Sidan ser Mathilda at han reiser med snel og tog oppover mot skogen . Ho veit at han skal av og henta ris åt kyrne . Han har vore trottug til det i det siste . Og då veit Mathilda at han er redd for foret . Difor er det vel ogso at han er so påpas sande med stellet i fjøset . Ho har set det i det siste at det har minka litt i mjølkebytta .

Borni trøytnar etter dagen . Dei kjem seg i sengene etter kvart og sovnar . Anton får seg ei god skrikerid . Mathilda huskar han og ber han . Det går meir enn ein time slik . Atter brest tolmodet hennar . Det blir atter rådlaust å vera til . Atter tenkjer ho på at Mikkel ikkje lenger er her . Ho kan ikkje skjønna kvifor han tok det so ålvorleg . So sovnar Anton att omsider , og då lid det so langt at ho blir ottefull for Jens . Det vart lenge før han kom att . Altforlenge . Ho spring på låven og ser etter om han er komen . Men det er ikkje likt til det . Ho ropar etter han , men det kjem ikkje svar . Oppe i skogen har det vorte mørkt . Skuggane går i lag og blir til teikning av natt . Det fylgjer uhygge med natt sjølv om det er vårnatt . Mathilda har vant seg til å kjenna uhyggen av næter på Bleke . Og når det er eit kvart som ikkje er etter ruta so ottast ho med ein gong det verste . Då ligg heile livet hennar her på Bleke som ein einaste angst .

Ho ropar oppover :

" Jens ! Jens ! "

Ho lyer etter , men det kjem ikkje svar . So spring ho inn og ser til borni . Dei søv . Ho tek lærsko på og dreg eit par raggar utanpå . Ho lyt oppi og sjå etter Jens .

Ho bed ei liti bøn at Jesus må sjå etter borni so dei ikkje vaknar og skrik seg i hel etter henne . Ho brøyter seg oppover i snøen . Når ho stig i fari til Jens so ber det henne . Men stig ho utom so ryk ho nedi . Elles kjøler det på no meir og meir . Om nokre timar vil snøen vera frosen til skare . So vil vatnet som no dryp frå ufsane og lagar små klunk i kvelden bli til små blanke juklar . Det bullar ein orre oppe i ein topp . Han flyg vekk då ho kjem nær .

Ho går stille som er ho redd for å vekkja kvelden opp . Ho liksom stiller og smyg seg fram . Det er liksom døden oppi her . Og ho er redd . Enn om det har vorte Jens noko so ho finn han død ? Nei , nei . Nei , det kan ikkje vera slik . Gud er ikkje so urimeleg og vond . Ho kan medgå at ho har synda . Ho har gjort so useieleg mykje vondt . Det er vondskap at ho har tykt betre om Mikkel enn om Jens . Jau det er synd kvar kjensle ho har havt . Ja Gud , eg er so useieleg stor ein syndar . Men du veit korleis det har vore for meg . Eg skal prøva å bli anleis dersom du vil lata Jens vera i live .

Gamle tre står og luter . Det tek til og tånar kring dei . Å jau , det blir då vår . Han kjem opp or snøen og jordi . Han kjem i milde sveivler gjenom lufti .

Her ligg selet til gamlestølen . Ho minnest ein gong ho kom her og fann Mikkel sjuk . Ho minnest kor mykje det hadde å seia for han den gongen ho kom her til han som svar på bøn . Ho kjem heilt opp til selet då ho ser at det ligg ein stor dunge med seljeris der . Og med same høyrer ho at Jens kjem med ei droge lenger oppe .

Det går ei letting gjenom henne . Mest som frygd . Jens er då til oppi her . Først tenkjer ho å sende av nedatt og aldri latast gå noko . Men so vil ho stogga til Jens kjem . Det frisknar gjenom henne no av den sterke lufti og skogen . Ho tykkjer mest det er vakkert å vera her og møta Jens . Det er fjøler som er falne frå i utskotet til selet . So ho kan koma seg inn der utan å lata døri opp . Ho smyg inn og står der og ventar . So vil ho kveppa Jens litegrand og vera skøyig med han .

Jens kjem med ei diger droge . Det er mest som eit lass . Mathilda er i veg og skal seia til han : Jens , du er minst so sterk som ein bjønn . Men so seier ho det ikkje . Ho står dorg i ro og vil sjå på han arbeider . Han løyser opp togi og tek av noko av droga . So gjører han til att . Ho skjønnar han vil dra med seg resten . Endå står ho her . Når Jens fer nedover so vil ho stilla seg atti han og setja seg på droga . Hei , ta i gampen min , vil ho seia .

Men då Jens er ferdig set han seg i risdungen og gjer ein ting Mathilda ikkje hadde venta . Han bed .

Han snur andletet oppover mot himmelen , og ho kan tydeleg høyra ordi :

" No ser du meg Jesus at eg sit her . Du kjenner meg betre enn alle andre . Du veit at eg er ikkje slik som eg ynskte å vera . Eg har sagt det til meg sjølv og til deg so mange gonger at no vil eg til å bli ein retteleg kristen . Men du veit det har ikkje vorte til noko . Eg har aldri fått det til . Og no veit du eg trur ikkje på det lenger at eg blir noko som er nokor greida med . Men du får ta meg so fortapt som eg er og rekna med meg som eg er .

Eg veit det er sant som Mikkel sa til meg at i di kraft skulde eg vinna siger . Men du veit eg har ikkje vunne nokon siger . Ikkje vann eg den sigeren eg skulde vunne med Mikkel . Og ikkje vinn eg over meg når det er Mathilda . Og ikkje vinn eg inn til dette å elska deg som eg skulde . I kveld meiner eg dette . Men i morgon so vil eg gløyma meg i dette eg arbeidar med . Eg er so glad i dette å få mykje pengar over garden . Ja du veit alt dette . Det er sant som Mikkel sa at det blir ikkje betre med meg so lenge ikkje eg vil vedgå at dette er synd . Det er synd Jesus . Og du får tilgi meg for det . " Tilgi ... . Nei han tilgir ikkje når eg ikkje er viljug å venda om , sa Mikkel . Og so står det vel like ope . Nei nei . " Hjelp meg Jesus . Det er visst ikkje rett med meg . "

Jens held opp å be . Men han sit lenge . Han ser ikkje opp lenger , han sit og ser ned i risdungen og bit i ein pinn . So reiser han seg og tek toget og dreg droga si nedover . Han nakkar og spenner i og dreg .

Mathilda veit ikkje kva ho skal gjera etter dette . Ho kan ikkje gjera det ho tenkte seg . Men ein ting veit ho at so vel har ho aldri set Jens . Ho blir ikkje so strålande glad nett . Ikkje no . Hadde dette vore før so hadde ho vel vore det . No kunde ho gråta over det her ho står . Eller ho kunde sprunge om halsen på Jens og sagt : Tilgi meg for alt . Jens no har eg vore stygg med deg lenge ... lenge .

Nei , ho greider ikkje gå etter han . Ho greider ikkje vera ved at ho har høyrt bøni hans .

Då Jens er komen or syne set ho etter . Og held seg so langt etter heile tidi at han ikkje kan sjå henne . Han stoggar og kviler eit par gonger . Men då stoggar ho og til han ruslar vidare . Då han dreg droga si inn på låven , kjem ho seg forbi og inn .

Borni søv . Randi har fått ein fot undan åklædet , men ho er ikkje kald på foten . Vesle Anton har kanskje vore vaken som snøggast , og sovna til att . No vaknar han . Mori får so vidt av seg skorne før ho må ta han .

So sit ho med barnet då Jens kjem inn .

Ho tykkjer det er mykje vanskeleg å møta Jens no . For ho trur so sikkert at han i denne dag har vorte omvend til Gud på nytt . Ho er både glad og redd for det . For er Jens no vorten ny , so er det mykje i hennar liv som må få lov å bli dømt . I denne kveldstundi har ho set at det er ikkje berre Jens som er syndaren . Ho har ogso med åri opgitt naudi og omsorgi for han . Vorte likesæl og kald for han . Ho er syndar .

Jens er visst nett slik som han har vore . Like fåmælt og inngøymd i seg sjølv . Men Mathilda ser likevel med nye augo på han . For ho har set inn til han . Men ho ser ikkje på han . Det har ho ikkje frimod til .

Anton er roleg om kvelden . Men likevel får ikkje Mathilda til å sova . Jens sovnar som vanleg om kveldane . Sovnar som ein ut-trøytta bonde og rautar fælt i svevn . Men all svevn er faren frå Mathilda . Det er ikkje rett med henne . Det er hennar skuld alt det som er vondt på Bleke . Det er ho som er største syndaren .

Mikkel tykte ein gong so bra om henne . No rømde han fordi ho var so stygg at han kunde ikkje vera der ho var . Ein gong gjekk han i vinternatti og henta Maria Rynge for hennar skuld då ho var so sjelesjuk . Maria hjelpte henne til fred med Frelsaren den gongen . Og Mathilda hadde det so bra , og vilde so gjerna gjera noko for sin Gud . No har ingen tru til henne meir . No balar og kjempar Jens åleine . Han kjem ikkje til henne , for han reknar ikkje med henne meir .

Ho prøver å be . Men det blir ikkje til noko . Omsider sovnar ho frå det .

Jens vaknar av at ho er uroleg i svevn . Ho ankar seg og let ille . Tilslutt skrik ho over seg . Jens skjek i henne og nemner henne på namn fleire gonger . Men ho skjelv i redsle og skrik endå meir .

" Mathilda , Mathilda ! "

Han rister henne til ho må vakna . Ho rår or og skjønnar at ho har drøymt . Då slær ho armane om halsen til Jens .

" Å Jens , so bra at det ikkje er sant . "

" Kva som ikkje er sant ? "

" Å Jens , eg drøymde at du og eg og Mikkel og Selma syster di sat i stova her og drakk kaffi . De andre song ein song etter på , de song den som Selma og Maria Rynge song i skulehuset på eit møte : Snart vil Himlens hvelv oplyses av vår konges herlighet . Eg lika ikkje at de song . De var berre hyklarar , sa eg . Og eg var so sinna at eg gjekk ut . Men mens eg var ute so vart det so rar farge på himlen og på jordi . Og best det var såg eg ei stor svart hand som skreiv noko på himmelen . Eg kunde ikkje lesa det . Men eg vart so full av angst at eg skreik det eg orka . Eg sprang innatt . Men då var det mørkt inne . Eg ropa på deg Jens , på Selma , på Mikkel , men de var ikkje der . Eg ropa på borni mine . Dei svara ikkje . Eg sprang til vogga , men han Anton var der ikkje heller . Då skjønna eg at Jesus hadde henta dykk andre , men eg vart att . For eg , eg Jens , hadde ikkje olje på lampa mi .

Å , det er sant , det er sant at det er meg det er verst med . "

Mathilda skjelv innved Jens . Panna hennar er våt av sveitte . Som i krampe tek ho tak om halsen hans . Jens hyssar på henne . Ho må då styra seg om ho drøymer litt .

" Men det er sant , Jens . Om Jesus kom no so vilde det gå slik . Eg vilde springa og leita etter dykk som var borte . Og ikkje finna dykk . For de vilde vera tekne opp i herlegdomen , og eg fekk ikkje vera med . Fordi eg hadde opgitt den første kjærleiken til Jesus . Og so vilde eg vandra i lag med ein skare av andre slike som eg , frå hav til hav og frå land til land og søkja Guds ord og ikkje finna det . Å Jens , eg kjenner det , eg kjenner det korleis det vilde vera å ikkje bli teken med . "

Jens svarar henne ikkje . Men ho er ikkje stø på om det ikkje er slik at han skjønnar henne . Kan henda gjer han det .

Mathilda græt og klengjer seg til Jens . Og han gir seg over og let henne få lov til det . Men han kan ikkje hjelpa henne eller gi henne nokor trøyst . Det er so framandt for han at Mathilda er i slik nød . Aldri har det svive for han at Mathilda kunde trengja nokor trøyst i sitt Guds-liv .

I alle høve er ikkje han rette mannen til å gi henne det . Han ligg ei stund og liksom er til teneste . So snur han seg mot veggen og søv .

Men Mathilda ligg og vil gjera opp med sin Gud . Det er likast for henne at ho gjer det grundig no . I denne natt har ho set at det er ikkje greidt å ikkje til kvar tid ha ordna sak .

Men då må ho seia til Jens det som er å seia . Og korleis skal ho få sagt det ? Dersom ho fortel at ho har vore meir glad i Mikkel enn i Jens , korleis vil han ta det opp ?

Ho blir liggjande i skjelving . Med seg sjølv blir ho einig om at ho kan ikkje seia eit einaste ord til Jens um alt dette her . Ho vil berre gjera det umogeleg og verre om ho legg det fram for Jens .

Men kan ho få tilgiving av Gud når det ikkje er reint bord ?

Ho veit ikkje . Men dersom Jens ikkje skjønnar henne so kunde ho øydeleggja livet for dei begge tvo . Ho vil tegja . Ikkje fordi det er so lett å tegja . Nei , det er no den største tyngd . Ho må bera denne byrde åleine gjenom livet . Ho vil ikkje få tilgiving av seg sjølv og Jens , for di ho vil spara Jens .

Ho ser det at Gud vil tilgi henne . Han har gjort det . Det er ei av dei synder Jesus sona for henne . Men i høve til Jens so vil ho ikkje få tilgiving , ho vil sona det . Sona det ved å vera han so god kona som råd er gjenom heile livet . Heretter skal ho ofra seg for Jens og borni . Ho skal setja livet inn på å syna Jens vegen og få han til å gå den .

Det er ei klår og frostsam natt med isblomar på glasi . Stjerner bryt strålane sine i dei og pryder dei med glans som av sylv og gull .

Det er hutrande kaldt i stova . Snoen står tydeleg inn ved glas og i krær . Mathilda nepper klædi heilt opp under nasen og held kulden frå seg . Men sova får ho ikkje no . Og ikkje kjem ho det i hug heller . Ho tenkjer ikkje på Anton heller . Dette er rolegaste natti han har havt på lenge .

Ho ser på frostblomane som er prydde med gyllande stjerneskin . Og det stig oppatt ei vissa i henne at ho atter kjem til Gud og blir ein kristen .

Ho veit det at ho atter får eit oppbluss no , ho har havt so mange slike . Og so lunknar ho av att no som før . Når ho har vore varm og god ei stund so blir ho atter kald og vond . Ho har høyrt nokon ein gong som har sagt at det er slik å vera ein kristen . Tri-og-femti-prosent-kristen kalla ein det . Og ein skulde vera glad og takksam for sopass .

Nei ho er ikkje nøgd no . Ho er so nær undergangen med sitt gudsliv . Ho lever ved dødens port .

" Herre Gud , " seier ho i denne natti , " me skulde ha overflod av liv . Her skulde renna kjelder av levande vatn . Dei fleste kristne er nøgde med å gå på den lægste brui over livsdalen , sa Mikkel ein gong i vinter . Herre , eg vandra alltid på den lægste bru . Når eg berre ser opp på den brui Mikkel synte meg og der han vilde vandra so blir eg ør . Og der er bratt å koma opp , og krossen deroppe er tung . Og eg har lite mod og liten vilje .

Og so har eg visst gitt opp den første kjærleiken . "

Då vaknar vesle Anton i vogga si . Ho voggar og sullar . Men ho må stiga fram og ta han opp . Ho legg han med seg i sengi , men ho får ikkje stogn på han . So driv ho på det kalde golvet i den kalde natti til armane dovnar og føtene er kalde som is .

Då Mikkel reiser frå Bleke so er det meiningi hans at han vil fara ut i den vide verdi og bli der for ålvor . Han har kjent det som eit kall å gå ut og leita opp innefrosne sjeler og fri dei ut i Herrens herlege solskin . Men då han so endeleg har slite seg laus frå Bleke og dreg sudover den gråe bygdevegen med pøken på ryggen kjenner han seg so liten og vesal og lite brennande at han får ikkje mod . Etter ein er på vegen til noko so blir det med ein gong anleis enn det var før . Og no minnest han den framande angst han kjende den tidi han ein gong tok ein tur ut med trekkspelet sitt . Den same rådløysa stig innover han att .

Han skulde vore ute og nemnt for folk den høge og strålande himmelveg som er lagd i livsens største solglans , kjærleiksvegen i offer og einsemd og sanning . Han har ana den vegen , vore innpå han sume gonger og fått fager og stor utsyn og kjent den store freden . Heile hans sjels trådom er å vandra heilt der . Og so retta handi ned til dei som vandrar lenger nede og hjelpa dei opp . Han går og tygg på dei ordi oppatt og oppatt for seg sjølv : Vandra i lyset , liksom eg er i lyset , vandra , vandra i lyset .

So var det lagd ei snara i vegen hans . Det var der i Bleke , der han vilde vera tenar . Der han vilde bera krossen sin stille og tolmodig . Jordisk kjærleik vilde veva han inn . Det var ikkje Mathilda . Nei , det var fårlegare og løyndare makter . Han heldt på å sulka si sjel . Den vesle røysti inne i han som han har lært å kjenna ut for mange andre røyster kviskra : Fly Mikkel , so bergar du livet for Mathilda og deg . Ei onnor liti røyst , nei kanskje ei høgmælt og stolt ei sa : Bli her Mikkel . Det er feigt å fly . Det er den veike som gjer det . Stå opp til strid og kjemp og so vinn du . Men Mikkel kjenner ogso denne røysti . Han lit henne ikkje meir enn høveleg .

No er han på vegen bort , han rømer .

Men han kjenner seg altfor liten og veik og for tapande til å reisa ut og vilja syne folk den høgste og lysande himmelbru .

Han går av bygdevegen og tek fat på ein smal gardsveg . Her har han nok ikkje gått før . Og han skjønnar ikkje kva som gir ham mod til å gå her no heller . Eit stykke oppe i bakkane står ei liti skimlet stova . Det er Nanna syster som bur der med mannen sin han Knut Buhaugen . Mikkel har kjent uviljen mot Knut so han har ikkje set til dei etter Nanna flutte dit . Og det var han mykje i mot at det skulde gå den vegen med Nanna . Det vart visst heilt slutt med gudslivet hennar då ho tok avgjerd om dette .

No vil Mikkel sjå til dei . Han veit at Nanna vil ta det opp som kjem han her og vil tilgi henne fordi ho reiste til Buhaugen . Og Mikkel kjenner det useieleg godt å få koma her og tilgi . Han veit nok at han kjem ikkje til å lika Knut . Han har aldri makta det . Men han vil prøva å elska han likevel . Han har funne det i bibelen at det er lov i Guds rike å elska den som ikkje er til å lika . No vil han prøva .

Men før han kjem opp til husi får han hug å snu att . Eller å setja seg ned i snøen og bli sitjande der . Det er inderleg sorg i han . For han har tapt . Han vann ikkje siger på Bleke . Han var liksom komen eit stykke på veg . So vart han slegen i grus og jamna med jordi . Og han må ta til att på nytt heilt nede .

Og denne gongen ser han ikkje vegen oppatt .

Han ruslar .

Det er underleg å sjå att kårstova til bestefaren . Knut Buhaugen kjøpte den hjå Jens etter bestefaren var død , og Jens selde so han kunde få Mikkel bort . Endå kan det gjera Mikkel vondt dersom han vil tenkja på det .

Mikkel kjem so langt at han ser eit andlet i glaset Det er Nanna . Det er rart å møta att Nanna . Ho har ikkje vore til Bleke att etter ho flutte til Buhaugen . Det er liksom det hulkar litt i han . Ho er då syster hans ho Nanna . Og han kjenner kor inderleg han er glad i henne .

Han vinkar opp . Eit stort og ekte smil . Den som kunde havt noko retteleg godt å gitt Nanna ! Men det har han ikkje . Han har seks kroner og tretti øre i pengar . Og det må han nok ha om han skal finna på å reisa .

Ho møter han i tunet då han kjem . Og ho talar til han som såg dei kvar andre for tvo timar sidan : " Kjem du her du då Mikkel ? "

Det høyrest tydeleg at det er ikkje mot henne .

" Har du pøk med deg og då Mikkel ? "

" Eg tenkte so nær på å reisa . "

" Du reisa ? Phø ! Tutla deg framatt i Bleke Mikkel og ver der . Der treng dei nesten om deg og . "

Han kjenner at ordi hennar er stygge nok til å kunna såra han . Men han let dei ikkje få lov til det . Han smiler over ordi hennar og seier sigervisst :

" No vil eg vera her nokre dagar no . Med deg Nanna . "

Ho tek det knapt op for rame ålvoret , ser han .

" De har då eit kott åt me ? "

" Nei Mikkel , du skjønnar det går ikkje an å vera her . "

" Er han ikkje heime han Knut ? "

" Nei ikkje no . Han er oppi marki etter skav , han . "

" Blir de forlaus de og ? "

" Blir dei det i Bleke og då ? "

" Blir i minste laget i år kanskje . "

Han fylgjer henne inn . Han løyser skone av innom døri . " Eg kunde subba til golvet ditt , " seier han . Han ser ho nett har vaska .

" Tenkjer du på det og du då Mikkel ? "

Han set skone tilrette på eit par vedstikker attmed omnen og finn seg stol . Det er ikkje serleg velstelt hjå Nanna . Det er subbe på bordet enno . Og sengi står slik dei steig or henne .

" Du skulde reida sengi og ordna av bordet før du vaska golvet , Nanna . "

" Nei , det er ikkje hjelp i med sengi . Når Knut kjem frå marki so kastar han seg oppi sengi , so ho kan berre stå . "

" Du kan ta av han slikt . De er like gode for det . "

Det blir ikkje sagt meir om det . Nanna tenkjer visst på eit kvart som ikkje gjer henne godt . Og Mikkel fer penast åt med det at han ikkje prikkar borti det , kjenner han .

Det blir butte millom dei . Mikkel blir berre sitjande der ei stund . Til han legg merke til at Nanna legg siste vedpinnane inn i omnen . Då tek han sko på seg att og nemner at han kanskje kan gå og sjå henne etter litt ved .

Ånei , han må no ikkje det , seier ho , ho er då van å gå etter ved sjølv .

Mikkel møter Knut i tunet .

" Du Mikkel ute ? " seier Knut kort . Han stoggar ikkje og talar med Mikkel . Det var fatig å koma i gjesting i Buhaugen . Men Mikkel let seg ikkje merka med det . Han finn øksi og tek fatt på stuved-dungen som ligg i tunet . Han tenkjer først på å hogga eit fang å gå inn til Nanna med . Men so tenkjer han at han likso gjerne kan stå her og hogga ei stund . Han har fått tak i sag og driv det retteleg då Knut atter kjem til syne . Då stoggar Knut opp og står og flirer litt .

" Ja so då , du er komen og skal hogga ved . "

Knut er vårbrun og skjegget og det er eit par digre fronsete hol i den brun-gråe vadmålsbuksa hans . Mikkel ser på Knut då han går inn . Han er merkt av arbeidet , Knut . Han arbeider då . Pålitande er han ikkje nei . Han låner og set seg i skuld og tek ut på borg og betalar ikkje . Mikkel veit om det . Men han arbeider og heng i og lever tarveleg og slit vel ut buksene sine før han kastar dei . Det er inderleg synd i Knut Buhaugen , sjølv om han kastar bort nokre kroner til tobakk , og om han skryter litt og er ein grand stor i munnen sin . Mikkel skal ta og hogga opp ved-dungen her til han . Det skulde bli minst eit par mål med ved av det . Då Knut er gådd inn , går Mikkel inn med eit finhogge vedfang og spør Knut om han tenkjer på det som storved , dette som ligg ute . Åjau , dei lyt då selja det likaste . Det er Nanna som seier det .

Mikkel er ute og høgg utor det likaste til famnved . Det andre høgg han i høveleg omnsleid og legg opp i lad millom tvo staurar . Dei bed han inn til mat , men dei talar ikkje stort til han .

Han er snart i arbeidet att . Nanna er der eit par gonger etter vedfang . Skal ho få lov å ta i ladet hans ? Jau , det er difor han høgg .

Han er trottug den tidi han arbeider . Men han held tidleg opp . Då Nanna skal åt fjøset og stella kyri og kviga og dei fire sauene , fylgjer han med henne . Og då han har vore ordlaus der ei stund spør han henne om det er slik at ho trivst her i Buhaugen . Tja , dreg ho på det . Ho vil ikkje vera ved at ho tykkjer noko anna . Men han trur henne ikkje .

" Men Jesus då Nanna ? "

Ho finn slikt arbeid at ho slepp å svara .

Litt etter spør han om han ikkje kan få vera her i natt .

Dei har ikkje nokon stad ho kan lata han vera vel ? Det er kaldt og gise oppe på lemmen . Men det står no ei seng der , og namn til klæde er der og .

" Du skal ikkje vera redd Nanna å lata meg vera her nokre dagar . Eg vil dykk ikkje anna enn vel . "

Då blir ho rørd litt av dei ordi . Ho kjenner at det står ei underleg ånd og hjartelag ut frå Mikkel . Det grip henne so ho må ta til tårone .

Olina har vore ute på sleng . Ho har vore med borni på grannegardane og kjem våt og svolti att . Olina er smågjenta som Nanna hadde med seg frå Bleke , no kjem ho og finn mor si og Mikkel i fjøset . Ho kjenner Mikkel og blir ståande blyg . Men Mikkel må av og få ta henne opp . Då slær ho armane om han .

" Kjenner du meg Olina ? "

" Ja . Eg vil vera med heimatt . "

" Kan ikkje eg få vera med deg her då ? "

" Jau , du skal vera med oss støtt . For du er den snildaste som finst . Du er snildare enn mamma og Knut og alle saman . " Og ho gnurar seg so hardt inn til andletet hans at det mest gjer vondt .

Då dei sit inne i stova vil ho ikkje frå han . " Nei du Mikkel morbror , du er min du . "

Ho er reint i frå seg etter å få vera med Mikkel på lemmen og liggja med han . Og so lyt dei lata henne få lov til det .

Då spør Mikkel henne om mamma hjelper henne å be til Jesus . Og om mamma sjølv bed til Jesus .

Nei , dei brukar ikkje det , svarar barnet .

" Hugsar du ikkje att Jesus då ? "

" Jau , eg hugsar då at du pratte om han . "

" Snakkar aldri pappan om Jesus ? "

" Han Knut meiner du ? Han Knut er ikkje pappan min . Veit du ikkje at det er han Sjur Volland då ? For det har mamma sagt . Mamma skulde vore på Volland . "

" Men han Knut , bed han aldri han då ? "

" Nei , han ler åt deg Mikkel han fordi du gjer det . Han seier at dei som bed til Jesus dei er styggare enn alle andre . "

" Seier han det . Då er det synd i Knut . Då lyt du og eg be for Knut . "

" Nei , mamma og eg er sint på Knut . For han skjenner på mamma so mamma græt . Og so slår han meg og seier stygge navn til meg . Den djevelen , seier mamma . "

" Men Jesus er so glad i Knut , og han er glad i mamma . Han vil at dei skal leva , leva alltid . Men dei som ikkje kjenner Jesus dei lever ikkje . Dei lever berre ei liti stund . So døyr dei . So livnar dei oppatt og skal stå framfor domen åt Gud . Og so skal dei døy andre gongen . Men Jesus vil at mamma og Knut skal få leva alltid . Men det gjer berre dei som vil vera Jesus sine . For det er han som gir liv . Han er livet . So vil me be at Jesus må gi ogso Knut dette livet , det evige livet , vil du hugsa det namnet ? "

" Ja . "

" Og so vil du elska Knut og be om at han må få det ... . Hugsar du kva han skulde få ? "

" Det evige livet . "

" Ja . "

" Har du Mikkel morbror det evige livet då ? "

" Ja , fordi eg har Jesus . Den som har sonen har livet , står det . Men den som ikkje har sonen skal aldri sjå livet . "

" Då vil eg ha Jesus , Mikkel . "

" Be no då Olina . Eg skal hjelpa deg . " Og so seier ho ordi etter han og bed om at Jesus må gjera Knut snild og god og lata han bli frelst og ein kristen .

Og etterpå seier han at ho aldri må halda opp å be om det . " For når Knut blir det so blir det so godt for mamma . Og for deg . Ja betre for heile verdi . Og for Jesus og himmelen . "

Men Mikkel blir liggjande og be si bøn lågt so ingen høyrer . Han bed for dei i Bleke og dei i Buhaugen . Og han bed om liv i overflod for sin eigen del . Det er det han har rett å venta seg .

Liv i overflod . Eit underleg ord . Kven har vel so mykje liv ? Og kven trår etter det ? Trår han etter det av heile sitt hjarta ? Mikkel , Mikkel elskar du meg ? Ja Herre . Du veit alt . Du veit at eg har deg kjær . Eg er din . Før mig kun hvor døden truer , før mig gjennem trengsels luer , gjennem storm på villen hav . Dette er vaksi bøn kjenner han .

No er eg her . I Buhaugen . Det er ikkje lettaste staden å gi seg til . Men kunde han opna augo på Knut so . Og gi Olina ein gneist av himmelaning . Ja , han har ikkje oppgitt Nanna heller , endå .

Natti er ikkje kaldare enn Mikkel sovnar frå henne . Men då han vaknar er himmelen budd til snø . Mikkel kjenner alltid ei vond kjensle når det atter kjem snø mens det vårast . Misstemning sig over han . Men det glir over att då han står opp og syng . Mikkel ris opp før Knut . So Knut ligg i sengi si og høyrer det . Ja , han kan det .

Om dagen snøar det . Men det blir berre tunn snøkave . Det vinn ikkje å bli noko av det . Knut får seg ikkje til å gjera nok om dagen . Men Mikkel murklar på vedbana . Det munar litt i dei tvo ladi . Han sit inne små stunder og les . Gamle bibelen til bestefaren har han med seg . Han er stor og gamal i stilen . Men Mikkel har trott med han . Han grev og leitar der . Heile dagen kan han halda på med eit einaste kapittel , eller eit halvt kapittel . Ja i ein part av eit vers kan det opnast merkelege ting . Det kan lata opp gluggane til ei ny verd so Mikkel kan skoda inn i ting der han berre må sjå og sjå og undra seg og bli rik .

Litt bortom Buhaugen er ein stor gardsklynge . I nærleiken er nokre åkrar innmillom steinrøysane . Det er Årva . Her var det Gudsmannen Årva-Per budde i eit av husi . Mikkel kjem til å minnast Årva-Per om kvelden då ettermannen hans kjem og set seg til i stova i Buhaugen . Det er ein gamal amerikanar som kjøpte stova etter Per . Han er tjukk og diger , vaggar i hoftene og er ølblå i andletet . Han ber seg øyeleg for gikti då han set seg ned . Og so salvar han opp med råe gloser og seier slike ting som Mikkel ikkje skjønnar at nokon kan få seg til å seia . Men Knut ler hjarteleg til det og ymtar frami i same leid .

Men det er berre innleidingi . Sidan sit han i å klaga over tilhøvi han er under . Nei , han skulde aldri reist frå Amerika . Der var det då råd for eit menneske til å leva . Den som vilde fram der han kunde koma fram . Men her ? Ein skulde gi den vonde i heile greida . Er det nokon som vil hjelpa seg her so et dei ein opp . Plukk opp ja . Og er det ein lathund som er utbegått på all slag djevelskap so set dei han mest i glas og råma og heng han opp til stas . Ein skulde sjå og anvenda dei til jødning .

Og slik blir han sitjande og ha or seg . Og Knut seier at han kan ha mangslag rett i dette . Det er ikkje råd å begå seg for eit ærleg menneske . Men so hender noko som mest får Mikkel til å fara frå Buhaugen i same stund . Knut fer etter ølskål og set på omnen . Jamen har Knut råd til øl og .

Det er den stundi Nanna skal bort i fjøset og ordna det som der er .

Mikkel går etter henne og dreg på det at det er vel best han reiser att i kveld . Då ser han at Nanna skjelv på hendene sine .

" Nei , gå ikkje Mikkel . Ikkje i kveld . For dei blir sitjande til dei er full no . Og då er det ikkje ... då er det godt at du ikkje reiser . " No ser Mikkel korleis Nanna strir i mot so ho ikkje skal syna han kor fatig ho har det . Men han ser det so inderleg vel .

" Ja ja Nanna . Eg skal ikkje reisa so lenge du vil eg skal vera her . Eg veit du har det vondt . "

" Nei , eg har det ikkje so vondt som de trur , Mikkel . De må ikkje tru at han er so urimeleg . " Ho bit gråten innatt alt ho vinn .

" Eg vil prøva å få Knut til å bli ein kristen . "

" Phø ! " Ho blæs i forakt . " Du skal ikkje fara og tulla med slikt Mikkel . "

Han står so smått og svel han og . Han seier ikkje meir . Men ei bøn stig ut or barmen hans . Eit naudrop . Ho Nanna er syster mi . Eg er glad i henne . Ho var deg nær ein gong . Kjære Jesus min . No ser du kor død ho er .

Mikkel blir ståande der borte ved den vesle sauegarden og be . Han blir ståande der lenge med falda hender og han kjem seg ikkje til å seia meir til Nanna . Ho ser nok at han bed , ho kan sjå det i det bleike lykteskin .

Då ho sit ved kyri og mjølkar høyrer han at ho smått so snyftar og græt .

Då går han varleg ut og driv litt . Til han vågar seg opp stigen til lemmen og kryp i seng .

Han høyrer då Nanna kjem inn . Det har visst gått lenger stund enn turvande . Men det er visst roleg med karane . Og då Mikkel høyrer at amerikanaren fer att , og at det ikkje høyrest noko ekstra millom Nanna og Knut , må Mikkel takka Gud for det .

%Mikkel høgg opp veden . Og Knut dreg ned meir . Stor skogteigen har ikkje Knut . Den tek snart ende med slik drift . Men ei ved-droge til sal kjem vel med for han . Der er ikkje mange skillingane å ta inn vinters dagen .

Då veden er opphoggen finn Mikkel nokre ting inne å ordna med . Rar snikkaren er han ikkje . Men han makslar og vøler nokre stolar . Han legg på nokre lister som vantar rundt golvet og ved dører og glas . Kammerset er ikkje ferdig . Men ein dag får Mikkel Knut til å få tak i noko material . Og so set dei i og steller kammerset i stand .

Mikkel tek dei seks kronene han har og let det gå til vyrkje , det og . Og sist på ser Knut so mykje mun i Mikkel at han spør han om han vil vera her vinteren ut .

Den kvelden står Mikkel lenge ute og ser utover dei flate vidder . Det er den same kvelden då Mathilda er oppe i marki og leiter etter Jens .

No tykkjer Mikkel at bygdi hans er mest likso fager herfrå som frå Bleke .

Det er von i han . Augo ser lyst og då blir alt lyst .

Han syng .

Ein ungdom som held på og lever frå ungdomen sin . Ein som går audmjuk og stille og lyder etter kongens røyst . Han vil tena han .

Han syng . For livet er fagert .

" En fred som overgår all forstand " , minnest han .

Enn om han kunde nå so langt inn til Knut at han fekk syne han Jesus !

Mikkel har vore i tri vekor i Buhaugen og har prøvt å vinna seg inn på Knut og Nanna . Det har ikkje stengt seg til omkring han . Hans milde ånd har trengt seg innpå dei og tina dei opp litt . Han gledde seg når Knut kunde setja seg til å tala med han . Mikkel har lese meir enn berre bibelen . Det han har fått tak i har han studera . Og han har lett for å minnast det att .

Den kvelden dei hadde fått kammerset ferdig , hadde Nanna kvikkast so opp at ho beint fram gledde seg i det . Ho hadde teke seg for og vaska opp ei gamal dragseng som stod i løa og sett inn der . Sidan sette ho saman tvo sekker som ho fylte med halm til madrassa . Ho samla dei sengklæde ho hadde og reidde opp seng . Litt rosete tøy sveipte ho kring ein høveleg kasse og sette ut ein av dei få stolane . So hadde dei framandfolk-rom .

Då let ogso Knut vel .

" Dette hadde neimen ikkje vorte i vår dersom ikkje du Mikkel hadde kome , " seier han . " Og pengane som du lånte meg , Mikkel , dei skal du få att . Og noko skal eg veta deg for det du har gjort . "

Den kvelden hadde Mikkel fått mod til å lesa eit ord i boki for Knut og Nanna . Og dei hadde høyrt tolmodig på han . I bøni si hadde han nemnt at han var her so han kunde få Knut og Nanna til å tenkja på Jesus . Dei måtte vakna opp . Dei var unnte eit menneskeliv og dei kunde vinna so mykje ut av det , gjera vegen lys og fager og vandringen heilag . Og so gløymer dei det . Og so glir åri frå dei utan å bli til levande æva . Du skal frelsa dei Jesus . Du veit eg vil ikkje gi meg før ... no eg er vorten so glad i dei .

Då hadde ikkje Knut kunna løynt seg heilt . Han tala minutten etter om likesæle ting . Ja han var so altfor lett og pratsam . Men Mikkel hadde set at det vættest kring augo hans litegrand . Om han kneip tårene fort bort so kunde han ikkje gå i frå det .

Nanna kunde han sjå minder på . Det var ikkje noko skiftingar i andletet hennar .

Dei tre vekor er ute og Mikkel har tenkt å fara . Men kvar skal han fara ? Når han tenkjer på den tingen å våga seg ut so er det forlite mod i han . Då blir han redd verdi . Men inni seg kjenner han kallet til noko stort . Det er lagt ei makt inn i han . Han har kjent henne brusa i ofse og velde desse siste dagane . Kvar gong han frimodig har kunna gitt tilkjenne at han lever ikkje sjølv meir , men Kristus lever i han , då har han forstått Jesu ord : Eg er komen for å kasta eld på jordi . Han veit no , Mikkel , kva dette vil seia . Han kjenner elden . Det er denne kjærleiken som logar inne i han , kjærleiken til menneskja . Han kan stå lange stunder ute i tunet her , eller inne ved glaset og vitja grend etter grend med augo og sjå for seg dei som bur i hus etter hus : Kunde han femna dei inn til Jesus ! Han står sume tider og talar til dei om dette livet han anar og ser , liksom velter det innpå dei . Det er vel dette som er kallet ? Men når han skal reisa til dei og gjera ålvor av dette då maktar han det liksom ikkje . For slikt fann ikkje Årva-Per på ein gong . Kunde han teke hus for hus og gitt seg til slik som her . Men det er rådlaust .

Og no tenkjer han for ålvor på å dra ut . Kvar ? Og korleis vil han gjera det ? Koma til ei framand bygd og be om noko å gjera ? Eller koma og tillysa møte ? Han som berre sa dei hakkete ordi ein gong i haust ? Nei , nei , nei , seier han . Han kan ikkje , maktar ikkje . Han er over tretti år no . Ungdomsdagane har ronne frå han . Og han har ingen ting fått gjort . Han tenkte han skulde fått gjort so mykje for folket her i vinter . Han skulde snu opp ned på det i Bleke . Der tapte han . Men tenk her i Buhaugen har det tina litt omkring han . Enn om han tok ein tur bort til Årva ogso . Til han amerikanaren ? Gjorde seg ærend og vilde klippa håret sitt ? Knut var der ein kveld og vart nett som eit nytt menneske ‐ til hoves . Men der er andre på Årva . Mikkel veit at der ligg tvo gamle kvinnor til sengs der . Han kan då syngja . Og fagre songar kan han .

Han vil bli endå eit par dagar på Buhaugen so han kan prøva ein liten runde bort til Årva .

Same kvelden går han . Han bed heile vegen . Gud må lata han ha god ånd , han må lata han vandra i sanningi . Nei , han veit ikkje kva han skal be om , men Gud får leggja det tilrette for han .

Der sit fire unggutar i ein stor dunge strangeved på Årva . Tvo av dei har stått der og hogge ved og tvo er grannegutar som er komne og slår ei røde . Mikkel kjenner seg blyg då han skal gå framom dei . Eit par saman av dei var på møtet i haust då han sa dei nokre ordi sine . No ser han at dei flirer seg imillom . Men han helsar då godkveld og stoggar opp hjå dei ørlite . Han kjenner det er lettare å stå her ei liti stund og få til å spørja kva for eit av husi ho gamle Margrete Årva bur i , enn å banka på eit av husi og spørja etter der . For han veit nok ikkje kven av Årvafolki som bur i det eller det huset .

" Eg skulde innom til henne Margrete , om de vilde seia meg kva hus ho bur i ? "

" Jau , ho bur der ho , " seier ein . Og det finst ikkje flir i andletet hans . Ikkje flirer dei andre heller . Mikkel skjønnar ikkje kvi han alltid er so redd at nokon skal flire åt han . Det ligg over han so han ofte er brydd ved å møte folk .

Han går vidare . Humpar frimodig på klumpfoten og kjenner at det verste mest er over . Han kjem inn på kjøkenet . Der står byttor og pannor , der er innbore nøgdi ved og lauvris . Han stomlar forbi det og inn kammersdøri , gløymer å banka på .

Ei gamal kvinne har reist seg på ålbogane og ser spørjande på han som kjem inn . Han helsar godkveld til henne . Og ho helsar att , men legg til i same anden : " Du går visst feil no far . Du får gå utatt på kjøkenet og innatt den andre døri . Folki er i hi stova dei . Ho er spikra denne døri her . So ikkje ungane skal springa so imillom heile dagen . "

" Nei , det var her eg vilde . "

" Hå ? Kven er du for ein då ? " Ho gøyr litt når ho talar , og set augo fårleg i han .

" Eg er i frå Bleke , eg . Han Mikkel . "

" Hå ja so , son hans Framand-Olai ? "

Det er lenge sidan Mikkel har høyrt det namnet på far sin . Men han svarar berre ja til det .

" Kva var det du vilde meg då ? " gøyr ho vidare med same ho legg seg nedåt han .

Han står opprådd ei stund og ser ned . Men so lyfter han augo på henne og er lukkeleg . No er det ikkje tungt å seia det :

" Eg har vore borte på Buhaugen nokre dagar . Og no kom eg på at eg vilde bort og nemna om Jesus til deg . "

Han kjenner fryden av å nemna namnet . Og den gamle faldar hendene med same han seier det . Og røysti hennar blir ei onnor og mildare :

" Då er du velsigna då far . " Og det bevrar kring den rukkete småduna munnen . Men det blir ho som talar att først .

" Det er godt å få ha han når det blir so smått som med meg . Hadde ikkje han halde meg oppe no so veit eg ikkje . Eg er so redd eg no , eg skal vandra gjenom den mørke dalen . Og tvilar so at eg ikkje skal nå fram . "

No græt Margrete . Ho er mykje medteki .

Mikkel har ikkje visst det før at ho er ein kristen . No kjenner han det og trur det at ho er det . Han tek den skjelvande handi hennar , ho er visi og kald :

" Du skal nok nå fram . Han slepper ikkje den han har fått . "

" Neimenn slepper ikkje han . Men det er eg som slepper han so ofte . "

" Men har du sagt han farvel no då ? "

" Nei , korleis kunde eg vel det . Nei , nei , Jesum kan jeg aldri aldri miste . Nei ikkje for alt i verdi . " Ho rettar båe hendene sine opp og bekreftar det med eit utslag av indre liv som bevrar i kjærleik .

Då blir Mikkel so gripen at han orkar ikkje eit ord meir . Det haglast om augo hans , det bevrar om munnvikane . Det tonar i sjeli hans .

Den tannlause munnen til den gamle går liksom i rytme . Ho knepper hendene saman gong etter gong som ho atter og atter vil forsikra sin Herre og Frelsar om at ho meiner det ho har sagt .

Då kjenslene hennar atter legg seg litt til ro og ho atter vender seg til Mikkel , nemner ho nokre ord om kor stort det er at han som er so ung har teke til å frykta Gud . Og so stort og so snildt det var at han vilde koma her og sjå til henne gamle krypet . Her har ho lege no veka etter veka og sukka etter at nokon måtte sjå innom til henne med eit velsignelses ord . Det blei so smått og so einsleg no etter han Per , han Årva-Per rusla . I dag har ho lege her og gnutt på Han om ikkje han hadde ein einaste av sine han kunde senda inn her . " Og no var du viljug til å gå . Nei og nei so stort at Herren har fått funne deg . "

Ho knip handi hans , kjærteiknar henne . Og tårone kjem atter .

Då har han kome i hug songen sin og stemmer i før ho får seia meir :

Selv kun et intet , intet , i støvet for synderes venn , Et skrøpelig kar som renset til mesterens bruk stilles hen . Renset at han kan mig fylle når frem på hans bud jeg skal gå , men skrøpelig , så jeg alltid fra ham min styrke skal få .

Selv kun et intet , intet , dog ført i hans ledebånd , en tjener som står ved døren og venter et vink av hans hånd . En harpe som toner lenge når han på strengene slår , men villig til stille å henge til atter hans hånd den når .

Selv kun et intet , intet ‐ og må det med smerte enn skje . jeg legger mig dypt i støvet at verden min Jesus må se . Selv kun et intet , intet , men ham være ære og pris . Han er velsignelsens kilde med strømme fra Paradis .

No har Mikkel gløymt å vera blyg . Med songen let han opp heile si sjel og sender varmen av sitt nye liv fritt ut . Han ser kor det vinn attklang hjå den gamle og korleis hennar sjelestrenger stemmest til helging . Men Mikkel har ikkje merka at døri millom den andre stova og kjøkenet har gått opp og døri han nyleg gjekk inn er komi på glytt . Og der står det ei yngre kona med tri smågjentor omkring seg og lyer på songen .

" Takk å takk , " seier Margrete . " Nei for ei songrøyst . Du må ikkje grava ned denne talenten din . "

Då går døri heilt opp og kvinna med borni vågar seg innom . Han kunde ikkje vera so snild å ta oppatt denne songen sin .

Ho slepp å be om att om det .

Endå varmare syng han . Endå lysare og meir av fryd blir røysti hans . For bøni hans ligg i det . Han ynskjer av heile sitt hjarte at med han må det vera slik som han syng .

Det er fleire som lyer på då han har sunge songen andre venda . Tvo av dei halvvaksne gutane som sat i veddungen har vortne forvitne og har vilja funne ut kva Mikkel vilde bestemori . So kom dei seg inn på kjøkenet og vart ståande der og lyda på songen .

Men no har Mikkel fått so pass frimod at han ogso faldar hendene sine og bed . Han kjenner at han må gjera det her . Han bed om lys for den gamle . Dei unge på denne garden må vakna opp . Ja all ungdom i bygdi . Dei eldre og . Ho kvinna som sit her , små gjentene hennar , dei som sat i ved-dungen , dei må vakna .

I tanken gjestar han grend etter grend og legg folket inn på Gud .

Men då han er ferdig med bøni si sit sonekona til Margrete og turkar tårone . Og smågjentone ser på henne og skjønnar ikkje kva som er so vondt for mor deira .

Men aldri har Mikkel kjent naudi so stor for bygdi og folket sitt som då han i den stille vårkvelden går markavegen bortatt til Buhaugen . Han stoggar oppatt gong på gong og ser over bygdi . Det finst ikkje ein stakkar , ein hyklar eller ein grovsyndar som han ikkje ynskjer himmel-livet innover . Berre han kunde nå dei . Berre det var utløysing for det som bryt på inne i han . Han tenkjer på Jens og Mathilda der han står . Han kan ikkje sjå Bleke herfrå . Men han ser Bleke for seg likevel . Han ser Mathilda kor ho slit dag etter dag frå morgo til kveld . Syndene hennar ogso ser han . Mathilda er vorte til berre eit menneske i augo hans , eit menneske som enno ikkje har nått inn til fullnaden av livet , og som har gitt opp voni om å nå lenger inn til det . Hadde det berre funnest eit stort og godt menneske som kunde vore henne til betre hjelp enn han var det .

Og Jens . Mikkel gjorde ikkje nok for han . Nei han gjorde vel ingen ting for han i vinter . No i denne stundi kjenner han at han har synda mot Jens . Han gjekk liksom og levde smugliv omkring han .

Han lyt vel til Bleke att som snøggast . Burde det i minsto dersom samvetet skulde vera heilt godt . Og samvetet må vera godt . Han bad slik her istad : ‐ og må det med smerte enn skje , jeg legger mig dypt i støvet at verden min Jesus må se ... . Vil han det ? Først i denne stundi ser han kva det vil seia for han : Han skal bli ein syndar i augo til Jens , fordi han er det . Dersom me vandrar i lyset har me samfund med kvarandre . Og då er det at Jesu blod reinsar frå all synd .

Mikkel hallar ryggen attåt ein stein ved vegen . Han kjenner at dersom han skal gå sanningsvegen so er det mykje i han enno som må krossfestast .

Då han kjem til Buhaugen høyrar han at noko gale er på ferde . Nanna og Knut har roke saman . Han høyrer Nanna græt og klagar og auser or seg . Og so høyrer han Knut inn i millom som hermer etter henne med dei styggaste nemne han kan finna . Attåt høyrer han ei liti kvinande barnerøyst .

Mikkel tenkjer ikkje på anna enn å gå inn so dei kan sjå han . Då trur han nok dei vil stogga med trettingi si . Men Knut vender seg berre til Mikkel og tek til å fortelja kor urimeleg og umogeleg Nanna er . Ho furtar for alt slag , og toler ingen ting . Knut er mjukare i stemma no enn då Mikkel stod ute . Og Mikkel forstår nok at Knut no vil sjå ut som den skuldlause .

Men Nanna vil ikkje gi han den forretten : " Du lyg Knut . Det er ikkje noko anna du har lært . Ho vesle Olina skulde ut etter lauvris , og so stod han Knut borte ved omnen og skulde hengja opp skone sine . Då stod mjølkespannet som eg hadde sett opp på omnen i vegen for han . Det stod der og skulde varmast til kalven . So sette Knut det ned på golvet . So kom Olina inn med lauvrisfanget og såg ikkje spannet men kvelvde det ned . Og so treiv han gjentungen og lugga henne og riste henne og banna henne og kalla henne ein hel vetes førkj-unge . Du får ikkje stå slik og lyga full han Mikkel du Knut . "

Men då kokar det over for Knut . Han går bortåt og kliper Nanna i armen og bit tennene saman . " Ja , ja , " seier han . " Eg skal lære deg oppatt eg , di heimegeit . "

So triv han huva si , tek på seg att sko og går . Stundi etter fer han opp over skogane .

Mikkel hadde mest hug å gjera det same . Men i denne stundi skulde det helst vore skogane i Bleke . Vonbrotet med Knut er so stort . Han kan gi opp . Og Knut er ei uvyrda som ikkje er verd eit kjærleg augnekast . Knut kan vandra , til noko verre ein dag vekkjer han .

Nanna sit stur no , er martyr . " Det er best eg gjer det eg so ofte har tenkt på . So kan han vera fri både meg og Olina , " seier ho . Men Olina kryp opp i fanget til henne og er god mot mor .

Då smiler Nanna : " Eg har då deg skatten min . "

Ei stund etter Olina er sovna høyrer Mikkel at Nanna går ut . Meir enn ein time etter høyrer han dei kjem innatt både Knut og Nanna . Han skjønnar det har vorte bra att millom dei . Og før han sovnar har ogso han tilgitt .

Litt lenger lidande ut på vårparten kjem det atter ein talar til bygdi . Mikkel blir med på alle møti hans . Han tek ogso til å forkynna dei sanningar som har vorte mest levande for han gjenom Guds ord . Folk strøymer til møti . Kveld etter kveld fyllest skulehuset . Og det er ikkje sikkert kven dei helst høyrer på , Mikkel eller den framande .

Mikkel går heimatt til Bleke om kveldane no . Han fekk seg ikkje til å gi seg til i Buhaugen lenger . Då var det betre å gå til Bleke att trass alt . Han kunde mest ikkje kjenna Mathilda att . Med Jens var og er ho heilt anleis enn før . Og Jens er kanskje litt anleis mot henne . Det er opnare millom dei . Mikkel hjelper Jens om dagane som før . Og det er ikkje noko vondt millom dei . Men Mikkel arbeider ikkje heile dagen . Lange stunder sit han inne og les og granskar . Han tenkjer for ålvor på å bli forkynnar og dra ut med evangeliet .

Talaren reiser att etter nokre dagar . Men Mikkel lyser til møte . Sundags kveld skal han ha det første på eigi hand . Det er like folksamt . Der sit Knut Buhaugen nedst nede . Jens og Mathilda er der ogso . Der er både far og mor til Mathilda , og syster hennar . Det er mange ungdomar og dei høyrer etter då Mikkel talar . Det er ope for han og han har mykje på hjarta . Han lever med i det han talar om .

Helvetsredslene som han hadde då han var barn dreiv han inn i tvil den gongen . Seinare fekk han sitt eige syn om dei tingi . Han har med åri kome til det at han tek ordi om livet og døden bokstavleg . Han kjem til å fletta inn i talen sin dette i kveld . Og det so tydeleg at dei som fylgjer med ikkje kan ta feil . Då er det dei i møtelyden som ser på kvarandre . Kva er det guten seier ? Seier han at menneskja ikkje har ei udøyande sjel ? Seier han at menneskja har ei sjel som er død og blir død til dei får livet i Jesus ? Står ikkje guten der med vranglære so stygg som so ?

Men so gløymer dei dette for det neste han seier . Han spør folket om dei har det levande for seg at den Jesus som vart teken opp til himmelen skal koma att ? Koma att snart ? Har dei teke vare på hans ord om tolmod so dei skal haldast fri for den freistings stund som skal koma over heimen til å dåra dei som bur på jordi ? Er du redd å møte Kongen over kongar og Herren over herrar i natt , om ein halv time , om tvo minuttar , no ? Eg er ikkje redd å møte han . Han er min . Tenk han er min .

Det er underleg kor stille og gripne folk sit . Han har makt over dei . Og Mikkel vonar og trur at no blir det nokon som kjem til Gud og blir frelst . Om ikkje i kveld , so snart .

Det jublar i hans sjel då han går heim . Han går ikkje etter vegen , men gjenom dei flate vide olderskogar . Det yddar grønt lauv no . Det syng i tusenvis av småfuglar . Trester jamrar og skrattar over reiri sine . Men Mikkel går omveg der han ser reiri . Han vil ikkje gi dei små venene sine unødig angst og redsle . Han elskar kvart blad og kvar blom , kvar lyd og kvar tone i dette vårvarme liv .

I mjuke mosetuva finn han på å setja seg . So kan han liggja her so umerkande og kjenna på våren utan å skipla ein einaste læte . Han er i røyndi ein slik liten tone i dette villmark-orkestre . Han kan lata røysti si opp her og syngja til Gud . Her vankar ingen andre enn dei som høyrer vårlivet til . Men han vågar ikkje liggja her lenge . Jordi kan vera fårleg om våren . Han valtrar roleg i kvelden og bed . Hugen er so lys og varm , og hjarta der inne er roleg . Det hastar ikkje å koma til Bleke .

" Om du min Frelsar vil senda vekkjingi no ? Slik at folket vaknar opp og let deg få makti , allmakti over dei ? Min Jesus , eg tykkjer det er so fagert i kveld . Og det er so endelaust godt å høyra på fuglane og kjenna på angen av det som livnar og gror . Jesus , du må ikkje dryga lenge no før du kjem og reiser oppatt det som er falle . Du skal då rida fram med sigeren og rettferdi sin kvite hest og ta di store makt og bli konge . Eg vil gjerne stå og venta deg Frelsar . Eg vil so gjerna vera med i ditt rike når du reiser det opp . Eg vil so gjerne ha berre deg og ikkje tena nokon annan Herre . Og kunde du bruka meg min Jesus til ‐ ‐ til kva du vil . Men du må lata folket ana og sjå ditt rike og vilja det , vilja det for rame ålvoret . "

Det skymest i skogen og fuglesongen blir djup og inderleg . Skogen står drøymande still . Og gust av vind finst ikkje . Men Mikkel torer ikkje sitja lenger på marki . Endå er vel ikkje telen for vel gådd or .

Han ruslar vidare . Det er endelaust godt og fredsamt inni han .

Då kvepp han opp av eit uhyre rett framfor seg . Han plar ikkje vera redd om han går slik og driv einsam i skogen , ikkje om det er mørke kvelden , ikkje om himmelen har dei mest brandraude og domedagslege skyer . Men no kvepp han so han skrik . Men uhyret er berre ein hest . Hesten er tydeleg rømd , for han har sele på og taumen er ikkje gjord opp . No har taumen hekta seg fast i ein stratt og hesten har stogga opp .

Mikkel kan ikkje koma på kven det er sin hest . Han er ikkje av dei som kjenner alle hestar i bygdi . Ikkje veit han om han skal lata hesten stå eller han skal ta han med seg . Nokon vil bli leitande etter han . Han finn det rettast å ta hesten med seg . So set han seg på og rid .

Han tenkjer å svinga opp mot vegen so han kan møta nokon og få besked . Men han får ikkje hesten den vegen . So jagar han berre på . Hesten veit vel sjølv kvar helst han høyrer heime .

Mikkel har ride berre eit par hundrad meter då han gjenom skogen skimtar ei ung kvinna som med eitt blir var han og stoggar . Han kjenner henne med same . Det er ho Lisa frå Øy , som tenar på Elveteig . Og med same sansar han etter det at dette må vera Elveteig-Brunen .

Lisa har vore på møtet hans i kveld . Ho er av dei som vart vakte for mange år sidan , og vore still og roleg og ikkje nokon grov-syndar sidan den tidi . Meir veit ikkje Mikkel om henne . Ho kjem hitåt no , raud og andpusti . Håret hennar har losna litt opp . Ho jamnar på det og får det litt tilrette att mens ho står og fortel Mikkel at hesten var rømd frå husbonden hennar mens han gjekk inn som snarast og so la dei av i kvar si leid og skulde finna han att . Det var so godt dette at .

" No veit eg ikkje kvar han Elveteigen har gjort av seg . Men han finn vel heimatt , tenkjer eg . "

" Å , det gjer han nok , " meiner Mikkel .

Hesten slunkar i veg . Mikkel rid , og Lisa går ved sida av hesten .

So er det med eitt som Mikkel vaknar :

" Nei , eg treng nok ikkje fara denne vegen eg . Du tek hesten åleine du ? Du kan då setja deg på og rida ? "

" Eg nei ? Eg har aldri våga meg opp på ein hesterygg . Og det er knapt om eg hadde våga å halde taumane no ogso . Det blir ikkje so mykje lenger for deg om du går om Elveteig ? "

" Ånei . Eg kan no alltid fara den vegen . "

Han kjem i hug det at dette er rart . Han rid gjenom olderskogen i vårkvelden . Og fuglane jublar på med sine lydar og si granne plystring . Song kallar dei det . Ja , og so går ho Lisa attmed han . Slikt har aldri hendt han før .

Det er ikkje meir å seia for dei enn det som er sagt . Men snart blir det rådlaust å gå slik og ikkje seia eit ord . Mikkel kjem på at no skulde han nemnt eit ord til henne om dette å vera ein kristen . Men det skulde havt ei naturleg innleiding og den finn han ikkje på . Og so er ho so pass framand at han vågar ikkje å seia det so beint fram . So ventar han enno litt .

" Du var på møtet i kveld ? " seier han då togni vert umogeleg .

" Ja , " seier ho .

Han vilde sagt meir , men han får seg ikkje til . Han kjenner at han er redd ordi om dei er aldri so velmeinte .

Då dei er komne mest til Elveteig stig han av hesten og gir henne taumen . " Eg går denne vegen eg no , " seier han .

" Du må ha so mykje takk då , " seier ho . Ho tek taumane og skal få hesten til tuns . Men ho får hesten til å gå i ring so han vappar seg inn i taumane . Då må han hjelpa henne att og køyrer hesten til tuns . Han tek selen av og hektar hesten fast i tjoret som Lisa syner han . Mens han gjer det får han seg til å seia :

" Det var noko eg hadde hug å seia deg . Men du skjønnar kva eg meiner . "

Ho blir ståande still og tungsam og ser nedfor seg . Men ho svarar ikkje . Han ser på henne at det er noko som arbeider , noko ho kanskje hadde hug å tala ut om . Og han ynskjer so inderleg å fått henne på gli . Men han kan ikkje seia meir enn han har sagt . Og slik kan dei ikkje stå . So seier han utan at han får henne til å lyfta andletet :

" Godnatt då . "

" Ja godnatt . "

Han ruslar over bøane , kliv over hesbandet og kjem seg innatt i skogane . Vegen blir lang heimatt til Bleke i kveld . No kjenner han at han er trøytt . Og han orkar ikkje å lyda til fuglesongen .

Men då han er lagd i sengi si i Bleke kjem hendingar framatt i hugen hans . Dei kjem ikkje i rekkefylgje . Og mange ting kjem ikkje . Men han reid på ein stor brun hest gjenom skogen mens Lisa Øy gjekk ved sida hans . Slik stod skogen , slik let fuglane , slik kjendest det då dei for fram millom tuvone , og småtjørnane blenkte .

So sviv det for han ordi han sa : Har du teke vare på hans ord om tolmod so du kan haldast fri for den freistings stund som skal koma over all heimen til å dåra dei som bur på jordi . Eg er ikkje redd å møta kongen over kongar og herren over herrar . Han er min , tenk han er min .

Var det ikkje kyt dette ? Var det ikkje drygt sagt ? Var han ikkje redd om Jesus steig fram i himmelblånen no og samla herane om seg og baud heile den yrande menneskemengd fram til doms ?

Han tenkjer lenge på det før han er trygg . Men so ser han det at verket er gjort frå Frelsarens eigi hand . Og han har gått inn i verket og vil vera der . Det er hans innarste vilje å vera skild frå alt og fylgja Jesus .

Det er verkeleg sant at han kan få møta kongen om det var i denne natt .

I dette sovnar han . Men vårnatti står sterk utanom og gjer søvnen uroleg . Natti går i draum . Han tykkjer skilleg det er brudlaup i Bleke . Men der er korkje brudgom eller brud . På resten er det gravferd . Og det er han sjølv som er død . Men nett før han vaknar står han oppe i den store heggen borte ved Vesleflaten og riv ned store heggebær-klasar til Lisa Øy .

Då vaknar han . Om det er ståket inn i stova eller det er draumen som vekkjer han veit han ikkje . Men inne er det noko som hender . Mathilda jamrar seg . Og gong på gong ropar ho : " Men vesle snilde Anton då . "

Mikkel veit nok at Anton har ikkje vore frisk . Han har ikkje vunne å kome til krefter att etter sjukdomen sin . Og Mikkel har set mykje på guten dei siste dagane og vore redd for at guten vilde bli ein sjukling for heile livet .

Dei står opp inne , høyrer han . Nokon av borni er vakne . Mikkel lyer ei stund og blir vis med at det er noko sers med vesle Anton . Då står ogso han opp og går inn .

Vesle Anton ligg i krampe . Han knyter dei små hendene sine , rengjer augo og blir blå over heile andletet .

Kanskje finn dei det rart både Mikkel og Mathilda slik som Jens tek seg av barnet . Til vanleg har han verka kaldt og liksælt over for borni . Men no er han so gripen av lidingi til den vesle sonen sin at augo står stive i han . Han held barnet varleg på armane sine og fylgjer kvar rørsle og let det bli til liding i seg .

Mathilda sit rett framfor Jens . Kvar gong barnet får kramperidene tek ho dei små hendene i sine og let dei få knyta seg om fingrane hennar . Mikkel sit litt på fråstand . No ser han so tydeleg at det er Mathilda og Jens . Og han er inderleg glad for det .

Det tek berre ein halv time so er det vesle veike livet sløkt .

Jens stridgræt . Han rister og skjek . Aldri hadde Mikkel tenkt at det er so mykje sjel i Jens . Og ikkje hadde ho trutt det Mathilda heller . Barnet anda ut i armane hans . Ho vågde ikkje ta det frå han , endå slik som heile hennar sjel hungra og tyrsta etter å klemme det inn til barmen endå ein gong . No legg ho seg nedover det og kjenner det slokna kinnet mot sitt . Jens krøkjer armen om henne og hallar hovudet mot henne . Slik græt dei ut hjå kvarandre .

Mikkel går på kammerset sitt att . No treng dei han ikkje . Han er glad . Glad for Jens og Mathilda og vesle Anton . No er Anton i det nye fagre liv .

Han står og ser ut i den lysnande vårnatti .

Livet er fagert , tenkjer han . For det er evigt .

Jens går etter hesten , traskar i moldi og gjer våronn . Mikkel har vore med på føremiddagen . Men no vart han att på kammerset sitt . Jens kan ikkje seia anna enn at han saknar han . Men han kan heller ikkje krevja av Mikkel at han skal vera med so heile tidi . Jens set meir pris på hjelpi til Mikkel no Mikkel hjelper han berre små stunder enn då han gjekk her heil dag . Jens har det stridt nok . Det er dei tusen arbeid og han veit ikkje å vinna over alt . Ikkje får han seg til å leiga dreng , og ikkje får han seg til å spørja om Mikkel vil vera dreng heller . Han vilde helst ha gjort det slik no . Han er veltent med Mikkel . Men å spørja Mikkel no , det vilde kjennast mest som å ha eit oppgjerd med han , det oppgjerd som han skulde havt .

Jens har gått på møte og høyrt mykje om lov og nåde . Det har vore sagt so mange gonger at han har ikkje tal på det at ein skal ikkje høyra på anklagaren , for nåden er fri i Jesu fullbragte verk . Kven skal klaga Guds utvalde ? Jesu Kristi Guds sons blod reinsar frå all synd . Han kan det alt . Han har gripe det dei hundrad gonger og breidt over det dårlege samvetet med . Men Mathilda har drege på det at so enkelt er det ikkje gjort . Og Mikkel har lært han det ordet at dersom me vandrar i lyset . Og det er nettop det han ikkje har gjort , og ikkje gjer . Det er mørker inne i han . Mørke krær som lyset aldri har slept inn til . Syndene mot Mikkel har han ikkje lagt fram i lyset . Dei er ikkje lagde på bleik i soli so dei kan bli kvite som snø . Han lurer ikkje Gud og ikkje samvetet heller . Han veit inst inne i seg at skulde han vera eit sant Guds barn so skulde han sagt til Mikkel :

" Du har slite og bala og lide vondt hjå meg du Mikkel . Du er den eldste . Far skjønna deg ikkje . Såg ikkje langt nok inn i deg . Du hadde vore god nok til å havt garden . Men so skulde du då ha kår hjå meg . Det har du ikkje fått alle desse åri . Og ikkje eit øre for strevet ditt . Her er fem tusen kroner . Eg finn det rett at du får so pass . "

Det er natti etter gravferdi til vesle Anton at samvetet hans diktar dette . Og sidan går han under domen av det og greider ikkje få siger over seg og gjera dette opgjerd .

Men kvar gong Mikkel kjem til han og tek i med arbeidet og går still og mild og blid , blir det til nye tyngder på samvetsbyrdene hans .

Han sit seg litt i åkerreina mens hesten får pusta på litt .

Og nett no minnest han det : Her var det han hin gongen selde kårstova etter bestefaren so han kunde bli kvitt Mikkel .

Gud er med Mikkel . Heile bygdi er med han . Det er Gud som har forbytt Mikkel å reisa frå bygdi , og frå Bleke . Gud har tala gjenom Mikkel og gitt Jens samvet . Ve han no om han ikkje kjenner si nådetid .

Jens kvepp opp . No kjem tonane til han . Trekkspeltonar og fagre ord .

Han har teke til att å spela trekkspel i det siste , Mikkel .

Det er synd , seier sume .

Det er hjartegripande vent og heilag når han spelar og syng slik , seier andre . Og Jens er av dei som må stogga og lyda på so snart Mikkel tek i spelet . Men berre eit einaste salmevers syng og spelar han no . So kjem han ruslande og skal vera med Jens .

No skulde eg sagt det , tenkjer Jens . Eller det seier det inni han . No skulde eg sagt at du Mikkel skal ha tvo hundrad kroner for sommaren om du vil vera hjå meg . Og so skal du ha tvo tusen for kåret , eller eit tusen ? Mikkel hadde tykt stor mun i eit tusen kroner .

Mikkel tek grevet og slær sund moldklumpar etter plogen . Han grev ved landet der plogen ikkje kjem til . Han tenkjer visst ikkje på nokon samtale med Jens no .

Men Jens kjenner at no skulde han havt ordning med dette som maurar og mel inne i samvetet .

Tusen kroner ? Sjølv om han ikkje tok meir til det . Slik som han har spinka og spara og slite og halde innåt so han kunde løysa inn det siste tusen på Bleke ! Og so no setja seg det siste tusen på nytt ? Mikkel kunde teke seg noko til som var nyttigare enn all denne lesing og grubling . Hadde han ikkje gått og lite på dette og harma seg den gongen før i tidi over tilhøvi so hadde han havt givnad å vorte ei kvart . Han kunde streva so iherdig han med sitt som Jens har streva med garden , so kunde han fått sett seg nedatt på ein orgelkrakk ein stad . For det var stort å høyra på Mikkel den tidi han spela orglet i kyrkja .

Kven hadde vel i lengdi set på om armane hans var stritt lange , ryggen noko for smal og hovedet i det breidaste ovantil ? Andletet til Mikkel skulde vera so rart og den tidi . Men det er vorte anleis . Jamvel Jens , han som ikkje har so vel vet på det og ikkje tenkjer so mykje på det , kan sitja og sjå på Mikkel lange stundene og tykkja at andletet hans er godt og fagert å sjå på .

Det at Mikkel har klumpfot trur ingen no meir har noko med satansmakti å gjera . For Mikkel har vakse seg so langt frå satan .

Mikkel kjem bortåt Jens og stoggar der . Men han ser berre ut i veret og står der . Han har ikkje noko på hjarta , kan ein sjå .

Han kunde løyst opp knuten og gjort reint bord no , Jens , kjenner han . Han kunde bytt Mikkel dei tusen kroner og spurt om han var vel nøgd med det . Det hadde vore redeleg framferd om han ikkje hadde teke meir til det .

Finaste ungdomen er snart sliten av Jens ogso . Og Mathilda har teke sin part . Og tidi har teke sin part av henne .

Men Jens får ikkje opp munnen sin no heller . Var det sagt so var det ikkje godt å ta att .

Men då han går og pløver att og fer framom Mikkel slumpar eit ord or han utan at det so beinveges er planlagd :

" Har du aldri tenkt å gjera noko meir med musikken då Mikkel ? "

Det er pent sagt av Jens og Mikkel lysnar inni seg og tek det inderleg vel opp .

" Eg tenkjer so mangt Jens . Men når det lid til stikka so vågar eg so lite . Eg ventar ‐ ventar på Gud . Og Gud har so god tid . "

" Ja Gud . Han er god å skulda på når ein ikkje vågar noko . " Han ventar gjerne Gud og .

Mikkel tenkjer på desse ordi resten av dagen . Ein so stor tale har han aldri høyrt av Jens før . Og det er lenge sidan han har vorte so nedåt-slegen .

Enn om det då at Gud har gått og venta på han , set etter om han ikkje vilde leggja i veg ? Enn om det er tru og mod som det har skorta på heile tidi . Og ungdomsåri har ronne frå han og her står han ?

Herre Gud .

Den kvelden sit Mikkel på kammerset sitt og grublar med andletet i hendene . Han har tenkt dei tankane han har for seg opp og ned mange gonger . Og endå har han ikkje funne nokon trå so han kan rekkja det opp . Det er butte til i han . Gud er god å skulde på når ein ikkje vågar noko . Det var Jens som sa det . Og det var ulikt Jens å seia noko slikt . Difor gjekk det so langt og djupt .

Jens er ikkje komen inn frå arbeidet . Mathilda sit inne i stova . Ogso hjå henne er det stilt . Ho er ferdig i fjøset og borni er komne i sengi . No sit ho vel med eit sundt klædeplagg .

Best det er let ho opp døri til Mikkel og spør om han vil sjå etter borni mens ho er ute litt . Ja , seier han . Han skal høyra etter dei . Men han ser ikkje opp .

Ho blir ståande so lenge at han må snu andletet mot henne . Ho står der og ser ned . Ho er stur og bleik og yndefull .

" Mikkel . Det var vel best eg sa det til Jens altsaman . "

" Kva sa ? "

" Det veit du Mikkel . Eg får visst ikkje fred før . Og Mikkel , eg vil vera ferdig eg når Jesus kjem . "

Det blir togn lenge . Omsider spør Mikkel :

" Men kva du vil seia då Mathilda ? Det er då slutt dette no . Ei synd me har lagt av . Du gjer best i å lata det vera gløymt . Legg du det fram for Jens so vil du øydeleggja det som er vorte godt millom dykk . Slik fann eg det ut då eg tenkte å gjera opp . "

" Kan eg lita på at det er rett dette då ? "

" Det var og er rett for meg , dette , om so sant Jesus kom i natt . "

Ho tenkjer litt på det og vil gå . Men so stoggar ho att .

" Det er uvant for deg Mikkel som får til det du balar med . "

" Eg ? Kva eg har fått til då ? No har det ronne frå meg ein og tretti år . Og her sit eg . Klædi eg har på meg tente eg saman på blåbærplukking for tvo år sidan . No er dei verd femti øre . Bestklædi mine fekk eg hjå Selma . Eg tener ikkje tvo kroner . Eg er på mitt beste og er ingen ting . "

Ironisk og beiskt seier han det . Det grin stygt i eine munnviki hans .

" Og , " held han fram , " i kveld har Jens sagt at Gud er god å skulda på når eg ikkje vågar noko . "

" Vågar noko ? Du har då våga alt du Mikkel . Du vågar det for Jesus som mest ingen annan har mod til : å vera fatig for Jesu skyld , å ikkje eiga det du kan halla hovudet ditt til . Og no lyer heile bygdi på deg . No seier dei han Årva-Per og han Mikkel Bleke . "

Mathilda står med tåror i augo .

I ein augneblink skifter det om inne i Mikkel . Ikkje so at han blir stolt og stor . Men ei takksemd so høg og stor fyller han . Han har då stått til teneste for Gud . Han har ikkje kunna vandra dei lette vegar fordi han vil bera krossen . Der kunde vore vegar å gått for han .

Men endå ‐ endå vil han bida på Herren .

Herren har opna vegar for han her i bygdi . Folk lyer på den bodskap han har å bera fram som ein bodskap frå Gud . Kanskje Gud vil at han skal gå slik alle sine dagar . Vegen med Jesus kan bli ein einsleg veg . Ein veg i fatigdom og forakt , i liding og offer under krossen . Men det er ein himmelveg . Og livet det kjem etterpå . Det fagre liv . I alle ævor .

" Mathilda , " smiler han . " Tenk å få leva . " Men ho smiler ikkje att . For augneblinken ser ho for kort .

" Sjå langt Mathilda . Det stoggar ikkje her . For den som har sonen har livet . Og no har du dette livet . "

" Eg vil ha det no . Eg vil trengja meg fram , riva Guds rike til meg med makt . "

Han berre smiler og er lys .

" Men får eg lov av deg Mikkel so talar eg ut med Jens likevel . Det er noko i meg som krev det . Og Jens går med ein mistanke ‐ ‐ ‐ mistanke om det som ikkje er sant . Og endå freister han å tilgi . "

" Ja tala berre ut om altihop . Det skal gå fint . Eg er so glad i Jens i kveld at eg skulde døy for han . "

Mikkel tek spelet sitt . Han dreg og fingrar og syng :

Ha takk kjære Frelsar no er eg so sæl , i deg fann eg kvild for mi fredlause sjel . Eg famla i blinda so fredlaus og tom so fyllte du hjarta med din heilagdom .

Men sjølv du min Frelsar må grunnfesta meg so rotfast som kvisten på treet i deg . Ta frå meg meg sjølv , gravlegg alt som er mitt og gøym meg i deg og i kjærleiksverket ditt .

Mens Mikkel spelar og syng har Mathilda late varleg att døri og gått .

Då han ei god stund etter ser inn til borni , ser han ut glaset etter Mathilda og Jens . Dei held på med ein liten kjøkenhage nede i åkeren . Han ser dei talar saman . Dei stoggar gong etter gong , rettar seg opp og ser på kvarandre og talar . Og dei smiler , både ho og han .

Dei lever . Dei tek til å leva . For dei er vortne friske . Strenger stillest .

No ser han kor fager våren kjem over heile dalen .

Våren skal koma over heile verdi . Det skal bli ein ny himmel og ei ny jord . Der rettferd bur . Ei verd med skog og med elvar og fagre menneske . Men natt skal det ikkje vera meir , og ikkje synd og ikkje styggedom .

Kunde han få vekkja opp mange mange so dei kunde få leva og få vera med .

Sundags kveld skal han få ropa det ut til dei . Og by dei inn .

Måtte dei skjønna og sjå !

Då Mikkel kjem og skal ha møtet sitt i skulehuset sundagskvelden etter er huset stuvande fullt av ungdom og ein del nyfikne smågutar . Nokre av dei vakte ungdomane er der . Jens er der i kveld ogso , far til Mathilda , Sivert Rynge , men elles er det ingen eldre . Dette er heilt omsnutt frå sist .

Sivert Rynge er krinsformann . Det er han som har rådvelde og allmakt over skulehuset .

Det går tregt for Mikkel . Den rette glød er ikkje over han . Han hadde ikkje gjort rekning med so mange lettsindige ungdomar . Og dei fleste av dei som han såg forrige sundagskveld og som var so gripne av ordet , dei er borte i kveld . Eigentleg var det dei han tenkte å nå . Men Lisa Øy er der . Han har litt frimod når han ser på henne .

Men elles er det ikkje likt til at han vinn inn på folket . Det er stengd og rådlaust . Ikkje er det skikk på songen heller . Det blir liksom på måfå . Smågutane sit og flirer . Fleire vaksne gutar sit og kviskrar .

Alt er anleis enn Mikkel hadde tenkt seg det . Og då han sluttar møtet er han mykje stur og vonbroten . Han er ikkje den som kan få gjera noko . Han kan ikkje vinna folket for det han ser .

Men han vil våga å lysa til møte neste sundagskveld ogso . Då skal han ta meir sikte på å seie noko til dei ufrelste og ugudelege ungdomane .

Etter møtet vil Sivert Rynge tala med han . Han bed han retteleg i ser so det må vera noko vektig .

Sivert Rynge er ein mann Mikkel har all vyrdnad for . Han har havt det serleg etter den gongen han sa nokre ord i gravferdi etter faren . Då meinte Mikkel at Sivert forstår meir enn mange andre . Noko av dette har vara heile tidi .

No gjer Sivert seg høgtideleg og omstendeleg :

" Ja Mikkel , du får ikkje ta meg vondt opp . Det er nok ikkje av meg sjølv dette . Men dei har vore i meg fleire og lagt ansvaret inn på meg for møti dine . Det har vore fleire som har vore i meg og sagt at eg skal forby deg skulehuset . Og so skulde eg spørja deg kva du meinte med det du sa forrige sundagskveld ? Dette om sjeli , og om døden ? "

" Eg meinte det slik eg sa det . "

" Du meinte at det ikkje er noko helvete til ? "

" Det har aldri eg sagt . "

" Noko evigt då ? "

" Det er so evigt som det kan bli . "

" Kva var det du sa då ? "

" At døden er evig . " " ? "

" At dei som har sonen har livet . Og dei andre er døde . Evig døde når dei døyr den andre døden . Og det står i Bibelen . "

" Her blir ikkje spurt etter kva som står i bibelen , men om du kjem her med ei vrang lære . Du trur slik som adventistane . Du trur ikkje at menneskja har ei udøyande sjel ? Slik måtte ein ta det opp . Du kan skjønna at me kan ikkje låna deg hus til slikt ? "

" Men eg har då ikkje funne det i bibelen at menneskja har ei udøyande sjel . Men at dei får ei ved å tru på Jesus . Kva var det som døydde i syndefallet dersom det ikkje var sjeli ? "

" Ja ja Mikkel du får ikkje ta det gale opp om eg seier det so beint som eg gjer . Men skulehuset kan du ikkje få bruka til slikt meir . Forferdeleg ! "

Mikkel bleiknar til . Det som eingong var løysingi for han , det som opnast for han so han såg at Gud var kjærleik , det som fekk det heile til å hanga saman , det vil mest ikkje tola denne vesle påkjenningi .

Han finn det rimeleg at dei stengjer for han . Han er kanskje på ein rivande galen veg , og det er Gud som grip inn no .

Han går mest med kneskjelv heim , siste restane av det som var lyst og vonfullt , det sloknar og blir svart .

Einsleg går han heim . Først etter vegen . So svingar han av og tek skogleidi vidare . Men i kveld høyrer han ikkje fuglesongen .

Då han kjem til Bleke att går han ikkje inn i stova til Jens og Mathilda . Han går beinast inn i kammerset sitt og fer stilsleg åt .

Det er so lyst at han kan lesa utan eldslys . Han triv bibelen sin og blar att og fram og leitar . Han må då finna eit ord der han kan syna all verdi at han har rett . Eller har han ikkje rett ? Er det sant at det er til det eldande raude hav der mest alle døde skal sendast uti og leva der æva etter æva uten å ta ende ? Er det sant at alle ufrelste menneske er skapte slik at dei ikkje kan døy om dei ligg i den brennande elden i aldrar og ævor ?

Då er det mykje som må ramla i grus att inni han . Men står det vel nokon stad at ufrelste menneske har eit evigt liv ?

Han går lenge og driv att og fram over golvet . Han er ikkje trøytt og kjenner ingen trong til svevn . Inni han bryt det . Han tenkjer på bibelordi og minnest den rike mannen i helvete . Og der er eit djupt svelg , so ingen kan koma frå dykk til oss og ingen frå oss til dykk .

Men det var då i nådens tid dette , mens den rike mannen enno hadde fem brør på jordi som hadde tid til å omvenda seg . Men ein dag seinare , etter dei tusen år , då skal helvete gi tilbake sine døde , ogso den rike mannen . Og han skal stå framfor Guds åsyn , han skal sjå Himlens herlegdom og alt det han gav avkall på for å vinna det gode i si levetid . Og so skal han kastast i sjøen med eld og svovel og brennast opp . Dette er den andre døden , eldsjøen . Er det å ta feil av ?

Og so er hans kall å kalla folk til Jesus , so dei kan tru på han og leva . Dette er livet , det evige livet at dei kjenner deg og den du utsende Jesus Kristus .

Han skal endå fortelja verdi det . Heile sitt liv skal han gjera det . Kvar einaste menneske som vil ta i mot dette bodskapet skal leva . Han skal berga dei for det evige livet . I dei millionar aldrar skal dei få leva i herlegdomen og fullkomenskapen fordi han synte dei den opna vegen til livet . Dette var det ogso læresveinane til Jesus gledde seg over :

So har då ogso Gud gitt heidningane omvending til frelsa so dei kan leva .

Men her heime er det stengt for han . Han skal ikkje få lov peika på han som er den einaste vegen , han som er livet .

Jau , fer det lyst gjenom han . Endå kan han fara frå hus til hus og nemna namnet for dei . Det underlege store namnet som han har fått so kjært . Han skal til Årva att . Der var nokon som tyrsta etter frigjeringi . Og so vil han ikkje gi tapt med dei i Buhaugen heller . Han var på vegen inn til dei .

Men om no heile bygdi finn ut at han er på galne vegar ? Om alle blir redde han fordi han ser tingen anleis enn dei vil kramphalde på det ? Om det ikkje finst ein i heile landet som vil skjønna han ? Eit lys stig framom dette ogso . Det han veit og det han har fått er kome til han som trøyst og løysing den gongen han var i naud . Den gongen alt var svart . Og lyset frå himlen og kjærleiken til Jesus og medmenneskja fylgde med . Og kjærleiken er alltid frå Gud . No kan han berre peika på Jesus og det undersame samlivet med han . Han kan vera nøgd med det . Kanskje er det noko av egoisme dette at folk nett skal sjå det han ser ? Det er noko av krossen dette at han må begrensa seg . Han har kjent det før .

Kanskje vil Gud at han skal vandra varleg fram . Kjærleiken toler alt .

Han reiser alt kvelden etter til Årva og taler med folket . Og han spør om det ikkje kunde gå å få ha møtet her sundagskvelden i staden for i skulehuset . Det har dei ingen ting i mot , men er heller takksame for det .

So står det nokre plakatar her og der at Mikkel Bleke talar på Årva i staden for skulehuset .

Det møter op tjuge menneske . Mikkel talar om det han har funne i livet med Gud og det som vart omsnutt . Og folk veit det er sant . Dei veit og at det er indre krefter som bryt fram det Mikkel seier . Det kjennest . Åndi ligg over det vesle møtet . Eit par av konone på Årva græt . Nokon av dei unge sit med andletet i hendene og gøymer seg .

Og i bønestundi etterpå fell mest alle saman på kne . Knut Buhaugen er der , men han blir sitjande . Likevel er det ikkje rart om han . Eit lite støyt til , tenkjer Mikkel , so kjem han . So kjem han . Det kjem nokre nye denne kvelden . Tri eldre kvinnor vil verta frelste og ein staut ung gut på syttan år .

Ei ung kvinna bed dei andre be for seg . For det er ikkje rett med henne . Og då Mikkel har tala med henne ei stund blir han einig med henne at det kunde vore rettare . Slikt lunka og slurve liv vilde han ikkje vore nøgd med . Men so syner han henne vegen ut av uføret . Han syner henne den vegen han sjølv har vandra , vegen nær inn åt Jesus , vegen ut frå mengdi og i einsemdi ut til Golgata . Der kan ho sjå seg rik . Og der kan ho leva livet fagert .

Dei bed saman at ho må finna inn der .

Han vågar seg til å lysa til møte ogso sundagskvelden etter .

Men denne veka går det frå mann til mann og frå gard til gard at ingen må ha noko med Mikkel Bleke å gjera . Han fer med so galne lærdomar at ve den som har noko med han å gjera . Alle må stengja dørene for han og ikkje sleppa han inn til gamle og truskuldige .

Nei , alt for store dygder må dei ikkje tru på . Og ikkje altfor mykje gudlegdom heller . Alle måtte då skjønna og forstå at slik ein kristendom som Mikkel fer fram med , det måtte vera anten reine galskapen borti blåe villa , eller ein ham til å gøyma ein satan med . Dei har lese om slikt i dei store avisene .

Alle vil ikkje tru det . Dei må seia som sant er at dei fekk godt for Mikkel . Og dei gamle på Årva seier at åndi i han kjendest fin . Men det blir forsikra at han fer med ugudelege lærdomar . Han trur ikkje på helvete . Han trur ikkje at menneskja har sjel . Han har sagt det beint ut . Dei må sky han som pesten .

Om dette er sant so er det gale . Det meiner alle . Og so kjem det ut at det er sant . Mikkel Bleke er ikkje rett i trui .

Det blir ikkje møte meir . Mikkel prøver seg fram . Men han ser at alle er redd han . Møter han born på vegen so ser dei sky på han og vik undan so snart han vil få dei i tale .

So er det andre ting som grip inn . Det høyrest mest som ein lovsong over bygdi . Og det gløyper det åndelege innslag som er kome gjenom Mikkel . Knut Buhaugen og fleire som sat so gripne og lydde til tonane frå Himlen og hadde heilag aning om det sæle liv som skein høgt over kvardagen , sopar dette av seg og opnar heile hugen for det nye . Det skal bli store pengar å tena for alle fatige i bygdi . Det skal bli rikdom i mange år . I ti år . For alltid .

Det skal byggjast veg dei tvo miler frå Kyrkjebygdi og hit .

No er Mikkel gløymd . " He he , " seier svogeren hans ein kveld borte på butikken på Rynge . " Han Mikkel sa at når me nådde himlen so skulde det bli andre greider enn å leva for fire menneske av tvo magre kyr . Men no skal det bli fem seks sju åtte kroner dag no . Nei om eg spør etter penare himmel . " Det er dei som tykkjer at spøken er grov . Men dei ler til det likevel . Og kanskje er dei einige med han . So mykje har nok aldri himmelen vore i mange sin draum som for dei fatige i fjelldalen dette å tena åtte kroner dag . Knut Buhaugen har grave etter fjellgras om sommaren og bork og ris om vinteren til dei par dyri sine . So har han gått på dagarbeid sume stunder i det beste årsbelet for ein eller tvo kroner dag . Og slik har det vore for dei fleste .

No skal det bli anleis .

Den gamle amerikanaren sit med brillene langt ut på nasen og filer ei sag då Knut kjem innom og fortel det til han .

" Det skal bli vegarbeid no . Det skal bli andre tider . No blir me rike . He he he . " Knut er som eit barn so glad .

Men amerikanaren vaknar seint . Og då han vaknar er det ingi glod i augo . " Hø ja so . Men det grodde for seint for meg det graset , " seier han beiskt . Han filer som før . Han er utbrend .

" Eg har prøvt meg før eg . Eg har tent pengar og . Mykje pengar . Men kvar vart det av det ? Du skal sjå Knut . Når de har pengar og har vant dykk til å leva , so kjem storrøvarane og syg dykk . Dei lurar det til seg . For den sterkaste skal vinna . Og du Knut Buhaugen er ikkje sterk . Ikkje var eg det . Ten ikkje pengar åt stortjuvane . Slit deg ikkje ut åt dei . Eg har slite meg ut på hardt arbeid . Eg kom heim att og vilde ha det roleg på mine gamle dagar . Eg sette pengane mine inn i Landsbanken . Kven som saug det i seg veit ikkje eg . Nei eg rører meg ikkje . Åtte kroner dagen , seier du . Det kunde vore ti . Di kraftigere tok dei deg om nasen . "

Han filer , filer . Han har tapt trui på rettferdi . Han uroast ikkje av nye voner . Men Knut trur han høyrer på galmannsprat . Han sloknar ikkje for svartsynet . Det skal bli nye tider .

Han må vidare . Han må heim . Dette må Nanna veta . I kveld har han med ein stor pose fine brød til henne , til henne og gjentungen hennar .

Og det er ikkje berre Knut som ser det slik . Ein midaldra mann or Dokki kjem heime til ei skinnmager kona og ni bleike halvnakne ungar og fortel det med gledegråt at no , rett no so ... kjem andre tider ... som han ikkje har kome i hug var til .

Tidendi kjem til Mikkel og . Han og er menneske .

Nokre dagar har han gått nedfor og set alle lys slokna framfor augo sine . Men so vann han att freden og stilla hjå Gud . So har han kvila i det at Gud enno har vegar å opna . Han har vona mot sommaren at han vilde stella seg til med rikdom i blåbær . So vilde han sjå og tena so mykje på det at han kunde få seg nokre slantar so han kunde koma ein stad ut . Ein stad der verdi var romare .

So lyder det uventa for han som for andre at no blir det rom for alle saman . Og so fengd blir Mikkel av det at han går til Sivert Rynge og spør om det er plass for han og .

" Hjah . Kva skal me seia ? "

Sivert tek mål med augo . Han noterer halve namnet hans i boki og set strik att over det . " Du lyt høyra med ein arbeidsformann . Kvart lag har ein og du lyt prøva å koma deg inn der . Men ... men er du sterk nok til slikt arbeid ? Og so er det familiefolk først og framst . Og so treng vel bror din om deg heime ? Det er arbeidsledige som i første rekka ... . "

Mikkel svelgjer sinne og raseri . Men han er bleik . Bleik og liten og skjelvande . So snur han og går og vil ikkje seia eit ord . Men han stoggar att .

" Sivert , ein gong tykte eg bra om deg . Eingong trudde eg du stod over dei andre som menneske . Men du er med og stengjer alle vegar for meg . Omvend deg . Elles blir det snart heitt for deg . "

Mikkel prøver å gjera røysti si dempa og roleg . Men hat og raseri logar over , og den tunne kroppen hans skjelv .

Sivert ser kaldt og spitande på Mikkel :

" Det sømde seg for deg Mikkel om du ikkje gjorde deg fullt so stor . Ta til takke med at du får lov å gå her som eit menneske . Det kunde vore anleis med deg etter som det såg ut . "

Mikkel let att døri og går . Han orkar ikkje å seia farvel . Det flyg ein tanke gjenom hugen hans at Gud må ta frå Sivert Rynge alt det han eig og gjera han til eit armt og ynkeleg menneske resten av livet . Men no skal Mikkel trassa han . No skal han ... .

Ja kva skal han ? Kva skal ein liten gjera mot ein stor ?

Mikkel går heim . Vonbrotet er stort . No tenkte han at det skulde vorte ei råd ogso for han . Han hadde alt set for seg ei liti stovehytta som var hans . Ei stova so stor som Knut og Nanna si . Og han såg Lisa Øy for seg . Ingen er som ho . Ho lydde på han anleis enn dei andre . Ho trudde på han og venta at han kunde syna veg . Og han trudde mest ho var sterk nok til å sjå framom både klumpfoten og ymse anna ... om det trengdest .

Han græt ikkje . Men han er ikkje glad i Jesus nett no . Og ikkje i eit einaste medmenneske . Kva kjem menneske han ved ? Har han ikkje no ofra nok for å hjelpa dei ? Han har fått både løn og takk for det . Småsjeler , seier han . Hyklarar og lygarar og farisearar alle i hop .

Han møter ein yngre mann på vegen . Dei stoggar og talast ved . Og Mikkel let det koka over . Han fortel om Sivert Rynge både laust og fast og målar med dei svartaste fargar han har for handi . Den andre er ikkje einig med han . Sivert har no det omdøme hjå alle at han er ein av dei likaste .

" Lær å kjenn han . Kom innåt han , " meiner Mikkel .

Han går .

So kjem han heimatt til Bleke . Han går op i skogane der .

Det er vårdag med sol og varme . Det gimar godt av skog og mark . Bjørki skin og glitrar med ungt kvaeglimande lauv . Humla surrar og fivreld stiv . Lange dovne læte frå småfugl hjelper fram den rette dåmen av det heile .

Og då Mikkel går i dette kjem han til seg sjølv att . Han vaknar med eitt , og seier høgt : " No har eg synda , synda tungt . "

Og so har han skjemt seg ut hjå Sivert Rynge . Vore dårleg vitnemål om Jesus .

Han går lenge før han våger seg til å bøyga kne'i sine i mosen og seia alt beint ut til sin Herre og Konge . Men so græt han det ut og får tru tilgiving for syndene sine . Stundi etter tenkjer han på å fara beinaste vegen til Sivert Rynge og be han om tilgiving for alt . Han kjenner det rettast slik .

At han kunde gløyma seg slik bort , og bli so såra ved menneske si urettferd ? Han veit det då at han slumrar ikkje og søv ikkje israels vaktar . Hans vaktar . Herren er ein skugge ved hans høgre hand . Soli skal ikkje stikka han om dagen og ikkje nattkulden om natti . " At eg kunde gløyma dette min Jesus ! Sjå til liljone på marki , sa du . Sjå til fuglane under himmelen . Dei strevar og masar ikkje med alle verdens ting . Og du føder dei likevel . Herre Jesus . Eg vil ikkje meir gå slik som i dag . Du får vera min førar . Du får finna plassen til meg . Du får gi meg det eg treng . Og til den tidi du finn for godt er eg stille og ventar på deg . Fyll meg med deg Jesus . "

Og so syng Mikkel . Han syng i glede . Enno er livet fagert omkring han . Og i han . Enno tøyger livet seg gjenom alle ævor og endeløyser og er evigt . Og han er i dette livet .

Og Gud skal turka kvar tåra av augo deira . Gled dykk i Herren alltid .

Løni er stor i Himmelens rike .

Gled deg over det Mikkel at namnet ditt er skrive i Himlen .

" Du syng du Mikkel , " seier Mathilda lyst til han då han kjem ned i tunet . " Du er visst glad alltid du . Den som kunde ha det som du . "

" Ja ha Mathilda . Og tenk , so godt kunde alle ha det om dei kjende kunsten . Ja du Mathilda . Men eg lyt få litt mat hjå deg . Eg må endå ein sving av att eg . "

Det blir ikkje før i kveldingi Mikkel trasker sudover og skal møta Sivert Rynge . Men no er ikkje Sivert vond å koma til . Han er rørd so det blenkjer i augo hans då Mikkel fortel at det vart so vondt for han . Han vart sinna og arg , han sa vondt om Sivert . Og Sivert seier at han må ikkje ha meir vondt av det . Han tenkte ikkje meir over det .

Men dette er nok ikkje heilt sant . Sivert har alt fortalt det til ein mann kva utslag kristendomen hans Mikkel har gjort . Han kom her med ein ukristeleg kjeft i fullt raseri . Det bur eiter i den karen , sa han . Og mannen som Sivert sa det til alt levert det i forstørra utgåve til tvo mann og ei kvinne . Og det er alle saman slike som har funne det som reine galskapen med desse møtegreidene til Mikkel . I dag har han steikt og banna framfor augo til Sivert . Ha ha , no har det gått hol på heilagdomen . Det er å flira åt .

Og seint same kvelden får Sivert spursmålet om det er sant at Mikkel gjekk so reint av skaftet . Men då vil ikkje Sivert svara til det .

Då Mikkel går heim når han att ei eldre kvinna som går på vegen og spøtar . Ho går i ein tunn bomullskjole som er dårleg laga . Og skone er skeive og sunde . Mikkel gir seg i fylgje med henne .

Men han har ikkje stort å seia . Det ligg som ein angst i han . Han har skjemt seg ut . Han har øydelagt alt for seg , sjølv om det er tilgitt . Han har sett eit strik over vitnemålet om Jesus , gjort det om inkje . No i kvelden og solegladet kjenner han det aller sårast . Difor er han stur og tagal og har ikkje noko å tala med kvinna om .

Men ho let vel fordi ho møtte han nett her og slapp gå lenger . Det er slik at mannen er vorten so reint skral og dei veit ikkje si arme råd for sommaren . Det var so gale at ho kan ikkje seia det at Lisa lovde seg på Elveteig . Men no er det nok ikkje noko å gjera med det . Det er ikkje folk å få no måta . Det er denne vegen dei ventar på alle . " Og no tenkte eg å snakka med deg . Men du har vel lova deg att til Jens du ? "

I ei hast jagar glede og saknad gjenom Mikkel . Det er ei kjensle som sviv han , ei han ikkje har kjent sidan den tid det kjærlege hjarta prestefrua opna vegen for han til å spela orglet i kyrkja . Det er lenge sidan . Det er kome so pass på fråstand at det er ikkje verkeleg lenger . Denne gongen er gleda like stor som då . For sjølv om han er vaksen kar so er han takksam for dei dropar som fell til han frå livsens overflod .

Men kor stort det er at mor til Lisa Øy står her og spør han om å vera sommarkar hjå dei , og kor herleg og fredeleg ein sommar hjå dei hadde vore , so lyt han vel gi avkall på dette . Det er vel ikkje rett å reisa frå Jens . For han går vel og lit på Mikkel .

" Nei eg har ikkje lova meg , " seier Mikkel . " Og ikkje er eg spurd heller . Men han Jens lit vel på meg . "

Det blir lang togn . Men Gjertrud Øy fylgjer og spøtar og ser ned .

Endeleg seier ho , og det kjem spakt :

" Då veit ikkje eg nei . Eg er no berre eit gamalt skrøpeleg kvinnfolk . "

So stoggar ho opp og vil snu . Mikkel stoggar opp ogso . I han dregst det . Heile hans hug er å koma til Øy . Dei tvo gamle er gilde og strevsame folk som har bala tungt heile sitt liv . Stova deira er liti og gamaldags . Men Mikkel veit at det er velstelt og reint hjå dei . Garden deira er liten . Men dei har slege utmark og fjellslåtter hjå granner og andre . Soleis har dei greidt å fora tvo eller tri kyr og litt småkrøter . Med det har dei hangla og levt . No står dei oprådd ‐ langt uti arme alderdomen sin og spør han om hjelp . Ja han skal få lika for det han gjer . Dei vil betala . Det vilde ikkje nokon annan . Nei nei san . Han er ikkje skuldig Jens noko . Og Jens såg vel helst han var honom kvitt . Han har for so vidt brengla seg innover dei i Bleke . Jens går vel enno med otte for at Mikkel skal bli eit kår og ei byrd for han alle dagar . Det var vel best om han lova seg til nokon annan .

Og so kjem Gjertrud med noko som hjelper denne tanken endå meir :

" Han kunde vera åleine ein sommar Jens . Han reknar vel ikkje so mykje med det du slit der likevel , etter som dei fortel . "

" Men Jens er no anleis med meg no enn før . Og so er det Mathilda . Det blir augert for henne om eg reiser . Men no skal de få veta det i morgo kva eg kan koma til . Eg lyt ... ja eg seier det som det er ... eg lyt spørja ... Jesus um det . "

Mikkel finn ikkje annan måte å seia sanningi på .

Gjertrud blir litt klumsa av desse ordi . Men so grip dei og . Ho mjuknar til av dei og blir mild .

Ja , når ein kunde ta det på den måten so , so var det vel rettast .

Han må gå frå henne . Og han går raskt . Enno finst det då menneske i verdi som ser seg mun i han og kan ha bruk for han . Det kjennast godt å veta . Men han er ikkje stø på om dei gamle på Øy veit om det som seiest om Mikkel . Tru om Lisa gjer det ? Ja , det gjer ho sikkert . Kanskje kjem ho heim til far og mor i kveld etter arbeidet er slutt . So fortel mori at no har ho spurt Mikkel Bleke om han vil vera hjå dei . Tru om ho då vil tenkja på at Mikkel hjelpte henne heim med hesten , eller ho vil fortelja at folk er vortne so redde Mikkel . Han er ikkje rett i trui meir . Dei må ikkje ha noko med han å gjera ?

Kanskje vil dei slet ikkje ha noko med Mikkel å gjera i morgo ? Men det var no rettast likevel at han ikkje slo til med same . Dei bør veta alt om han so det ikkje blir noko etterpå .

Ja ja . No får det bli som det vil lagast .

Då han kjem heim held Jens på med ei inngjerdsle på dekkene nedunder husi . Han har dyrka her dei siste åri . Det er tilsått til kunsteng og no vil han freda det . Mikkel seier at han godt kan vera med å strekkja nettingen med han . Men han vil heim og få seg ein matgrand først .

Litt etter er Mikkel der og arbeider med Jens . Og heile tidi leitar Mikkel etter eit høve so han kan koma inn på dette om Jens kan bli av med han i sommar . Det fell seg so vanskeleg .

Jens har fått greida på korleis det er gått med Mikkel . Jens er mykje brydd av det . Han veit mest ikkje å sjå på broren . Det er so skamfullt og trægeleg . Best var det om han kunde slengt i broren eit par hundrad kroner og fått han til å teke seg ut . For Jens kan ikkje sjå det anleis enn det hadde gått likare for Mikkel ein stad der ute enn her heime .

Men dei par hundrad kronene ser ikkje Jens seg syn med nett no . Han har so smått tenkt på å ta det store stiget å kjøpa slåmaskin i år , no før slåtten . Det er ikkje berre på Voland dei har slåmaskin no . Det er kome til på gard etter gard dei siste åri . Og no er det ikkje so lite slåmaskina kunde brukast til på Bleke .

Og so er det ikkje fritt Mathilda har teke på og masa på han etter eitt og anna . No har dei måla golvi sine der , og der . Der har dei fått seg komfur . Mor hennar hadde fått aluminiumspanne og kaffikanne sist ho var der . So ynskjer Mathilda at det må gjerast noko med kjøkenet . Det skulde vore paneling på dei gisne veggene . Det skulde vore disk og skåp , og eit nytt glas . Og skal dei vera so åleine med alt arbeidet og strevet om vinteren so må han få spring i fjøset . Og dette siste kunde han vera einig med henne i . Han har meir enn ein gong vore trøytt og leid av alt vatnet som måtte berast inn . Men skulde han ta i ferde med alt det ho nemner so vann han ikkje meir . Likevel kan han ikkje sjå det anleis enn det kunde vera rettare alt det som Mathilda har drege på enn å gi Mikkel so alt for mykje . Han har fått fred for dette som låg og mol i han at Mikkel skulde ha eit tusen kroner eller tvo . Det var no mest reine galskapen .

Og Mikkel strekkjer i nettingen , set nedi stolp og spikrar til . Han heng i so sveiten perlar på vangane . Og han berre leitar etter eit høve so han kunde nemnt til Jens om det var råd at han var hjå dei på Øy i sommar .

Men ikkje seier Jens noko og ikkje får Mikkel seg til med det heller . Og so blir klokka ti og Jens ruslar heim . Han har vel hesten å stella .

Mikkel set seg i stolpedungen og vil kjenna på kvelden og spørja Herren sin til råds kva han skal gjera . Denne gongen hadde det smaka godt å gjort som han fann for godt utan å spurt nokon om det . Men han vil ikkje gjera det . Det er det einaste som held han att .

Mens han sit slik og falder hendene og held augo att og kjempar i overgiving til Gud , høyrer han nokon går etter den steinute gardsvegen op til Bleke . Han får hjartebank då han ser at det er Lisa Øy .

Jammen kjem ho setjande raud og frisk so det lyser .

" Hei , " seier han . Han trur mest det er honom ho vil finna .

" Hei " svarar ho . " Er det der du er . " Ho kjem setjande beint hit .

Ho ser ikkje ut til å ha noko å be om orsaking for .

Ho helsar honom opp i handi og takkar for sist . Mykje ung er ho og barnsleg i andletet sitt . Munnen er litt open . Det tykkjer han er fagert . Tennene lyser kvite . Augo er lyseblå i henne . Altfor lyse . Men til henne er det fagert . Klædi hennar er ikkje noko sers helgaplagg , men dei sit nett og vent om henne so ho er staseleg i dei . Mikkel ser i røyndi alt dette den vesle stundi mens han reiser seg opp og står attmed henne .

" Ho mor hadde tala med deg , " seier ho då ho tykkjer ho har tagt høveleg lenge .

" Ja , " svarar han .

" Mikkel , du lyt lova deg til dei . For han far orkar ikkje noko . Og eg orkar ikkje seia meg oppatt på Elveteig . Kan ikkje gjera det om eg ikkje blir nøydd til det . Men du veit det er ikkje alle som eg ynskte skulde vera med dei . Det var eg som sa at ho mor skulde spørja deg . "

Lisa seier alt dette i eit køyr . Og so ser det ut til at ho har ikkje meir å seia . Ho ser bedande og fortapt på Mikkel .

Men han svarar ikkje . Ser berre ned .

" Du , " seier ho . " Du må ! "

Han ser framleides ned og tenkjer seg om . Og meinheld seg innvertes so han ikkje skal seia ja . For seier han ja so har han tapt . Då ber han ikkje krossen . Men endeleg finn han det :

" Kan ikkje du Lisa vera med opp . Og so kan du nemna det til Jens . Og til Mathilda . Du veit eg tykkjer det ser stygt ut å reisa frå dei dersom dei ynskjer at eg skal vera . "

Ho veit det . " Men alle som er ... men alle skal på vegarbeid , alle som kan sleppa frå . Det finst ikkje folk å få , ikkje nokon som er å lita på . Jens kan no få seg nokon han som styrer sjølv . "

Ho er vorti raud mens ho seier dette siste . Ho var på veg og skulde forsnakka seg . Han merka det og var på veg og skulde mislika det . Men so smiler han . Lisa meinte berre at han var ikkje fullt arbeidsfør . Og det veit han om .

Lisa fylgjer Mikkel opp til tuns . Samstundes kjem Mathilda ut med eit fang klæde som skal leggjast i blot til vaskings . Og Jens kjem frå stallen mjølet på hendene etter surpingi .

" Mor har spurt Mikkel om han vil vera hjå oss i sommar , " seier Lisa med same ho har helsa . " De må lata han vera det ! "

" Eg vilde ikkje lova meg utan å nemna det til dykk , " skøyter Mikkel til før ho får seia meir .

Han ser det på Mathilda at ho blir stur . Og Mikkel tenkjer i same stundi at for hennar skuld kan han ikkje reisa . Han veit kor ofte det hender at han får ta eit tungt tak i staden hennar . Men Jens er snar til å seia noko som Mikkel aller minst hadde venta på , og som får han til å bli meir uviss enn nokon gong før korleis Jens tenkjer og meiner :

" Det har ikkje eg noko i mot , " seier han . " Det vilde vera godt for Mikkel om han kunde få tena litt . "

" Men korleis blir det med oss då Jens ? " seier Mathilda .

" Me får oss dreng me i sommar , Mathilda . Du skal ikkje vera redd for det . "

Det er nytt for henne og for Mikkel . Og Mikkel hadde slett ikkje venta det . So har det då vore meiningi hans heile tidi at ikkje Mikkel skulde vera her . Han får seg ikkje til med eit ord meir . Og han ser på Mathilda at ho veit slet ikkje om korleis Jens har gjort det .

" Ja ja , " seier Mikkel om ei stund og snur seg til Lisa , " eg kjem då . "

Han er både såra og glad . Og Lisa er berre glad . Ho tek han so rart i handi då ho seier takk og godnatt at han kjenner handtrykket varmt og godt radt opp til hjarta ein stad .

So spring ho . Ho er uvanleg let på foten . Og no er ho glad .

Mikkel får seg til å spørja Jens morgonen etter kven det er han skal ha til sommardreng . Og då fortel Jens at han har fått brev frå broren Geir at han vil koma heim i sommar om han kunde få lov .

Då tek Mikkel handi til Jens og er god med henne . Det er ikkje noko å seia takk for , men Mikkel kjenner det som treng han be Jens om tilgiving for di han tenkte vondt om han i gårkveld , og i natt når han vaken har vore .

Geir kjem heim . Han kan ikkje skjønna at ikkje Jens ropte det ut i glede med same han fekk brevet . Det er mange år no sidan Geir for sin veg . Og dei er visst fri den tingen at dei har høyrt gjete han sidan han for . Kvar han har vanka veit dei ikkje . Kva spor han har fare etter er uvisst . Men Mikkel gler seg mykje for di han skal koma heim .

Og difor finst det ikkje det minste tungt for Mikkel då han dagen etter reiser frå Bleke att , med ein liten pøk på ryggen .

Han er ein god del over dei tretti Mikkel no . Nokre turar har han gjort frå Bleke . Og tenkte at no ber det bort for godt . Fatig var han og fatig er han . Pøken har vore mykje godt den same . Men denne gongen går han lettare enn før . For han kjenner at denne gongen går han fordi nokon har bruk for han . Og finst det råd med det so skal dei gamle i Øy få ein tenestdreng som aldri ein augneblink skal yta minder enn han har evne og makt til . Det seier han i sitt stille sinn til Lisa . Fordi ho Lisa vende seg til han då so mange vender seg frå .

Og so går han med den faste avgjerd at han vil vandra slik at han vil ikkje vera til skam for Jesus meir .

Gabriel Øy ligg hjelpelaus i sengi si . Det er gikt som held på og bryt honom saman . Men han er mykje tolmodig med det . Han ligg helst smilande og lentug dagen lang . Andletet hans er tett og greidskore . Augo er lyse , som hjå dotteri Lisa .

Han er ikkje nokon gamling nett . Alderen ligg midt millom femti og seksti år . Men håret hans har bleikna mykje og ei mengd rukker i panna og kring munnen gjer at han ser ut noko eldre .

Det blir ikkje mange ordi han seier den vesle stundi Mikkel blir verande inne mens han får seg mat . Mikkel må vera so og so mykje velkomen . Han kan ikkje seia kor velsigna det var at han var å få . No får han då stelle seg slik han ser det trengst . Dei har ikkje noko menneske til å stå over han . Og ikkje trur han det trengst heller .

Det er alt som blir sagt .

Men Mikkel ynskte det skulde vore litt meir då han kjem ut og skal finna arbeidet . Han veit ikkje so visst kva han skal hogga i . Om dette var hans gard ? Det trengdest sjølvsagt mest at gjødsli kom utover no mens det er råme i marki . Gabriel har drege møki ut på bøen mens det var snø . Det ligg no i fine tiljamna dungar . Mikkel finn greipi og er i veg med det . Og so arbeider han alt det armar og kropp vinn å lystra . Han jamnar det so best han kan og karvar det smått .

Han heftest ikkje då han er inne til måls . For denne første dagen mens han arbeider ser han mange ting som det er på høg tid å få gjort . Og han heng lenge i utover kvelden . Gabriel Øy seier til han at slik må han ikkje ta det . Han skal vara fleire dagar . " Du kan ikkje venta å ha helsa til å fara slik åt . "

" Å , Mikkel har nok ikkje slite seg det minste forderva . Han er van å arbeida so pass . "

" Ja , du er no vaksen Mikkel . Du lyt rå deg i alt som du vil sjølv . "

Dagane utover blir det nok slik at Mikkel arbeider seg trøytt . Grundig trøytt . Men han arbeider ikkje av reddhug og otte . Men av arbeidslyst . Og arbeidet går sikkert og støtt frå hendene . Han gjødslar og ryddar og set hesband i stand , han spar om dei små åkerflekkene , sår ei liti konnsnyte og grev pene jamne potetforer so det slaget kan setjast . Gjertrud er med til det . Ho set potetene og Mikkel grev attpå . Og då våronni er undagjord seier Gabriel at no må Mikkel sakta på , ellers gjer han seg arbeidslaus . Men Mikkel er ikkje redd for det . Det er noko han har kome på , seier han . Det er den bordlønningen som ligg halvt nedøyrd borte i løa . Er det noko serleg den er etla til ?

Ja , det var no slik , seier Gabriel at han kom til å kjøpa det der ein gong på ein auksjon nede i Kyrkjebygdi . Han tenkte å vøla om eitt og anna på husi . Men so vart det aldri av at han tok i fere med det .

Den vesle stova på Øy er bra bein og jamn , og tømmeret i henne er ikkje verst . Opplengene er ikkje gamle og dei er innretta etter rettholt , har Mikkel set . Men stova har aldri vore bordklædd . Og mykje vilde ho skapast om det var gjort . So trengdest der vindskeier på taket .

Når bordi ligg her og han har tidi so kunde han vel ta å slå det på ? Han spør om ikkje det går an . Og Gabriel meiner at greider han å ta i fere med det so var det reint urimeleg bra . Og Gjertrud må le beint over seg : Nei skulde dei no få det bordklædt då . Det vilde no bli noko for henne Lisa når ho sikta heimom .

Jau , Mikkel har vore med litt . Han var med Knut Buhaugen og stelte til litt der . So han kan no få det til , trur han . Men so laut han ha seg ein høvel . Jau , det finst både ein skrubbhøvel og ein pusshøvel . Men tennen må slipast og ordnast . Og høvlane er ikkje som dei skulde vera . Mikkel tek i ferd med dei og både sliper og bryner og får dei so vidt brukande . So kanthøgg han bordi og skrubbar dei nokolunde pene .

Han arbeider som i feber . Veggen som snur mot vegen må vera ferdig før Lisa kjem og ser heimom . Og han blir det . Dei andre veggene fylgjer etter . Det kjem lister kring vindaugo , det kjem hyrnebord , og det kjem vindskeier . Det blir so flott at folk stoggar opp og ser på det . Du verdi slik han Gabriel flottar opp i vår då ?

Håh ! Og so pene åkrane er der . So vel som det er rydda på marki og so fråseggjort alle stader .

Ja , skal du ha set slikt . Det er han Mikkel . Men at han er slikt til kar då ? Han Mikkel jau ! Den karen er ikkje å blåsa til .

Men Mikkel veit ikkje at nokon ser og tenkjer slik . Han strevar på alt han vinn so han kanskje kan ta att noko av alt det som han har gjort galt . Og han går jamnan med den kjensle at han er utskjemd for all verdi , for alle tider .

So blir han ferdig med bordklædningi . Og endå er det bord att . Han ser at heile inventaret i fjøset berre er noko lappegreider . Det er klatta med gamle molar og kassefjøler over alt . So tek han og riv ned heile stasen . Han er i skogen og finn nokre jamne oldrar , dei rydjer han til standarar . Gjertrud har ærend til krambui på Rynge og ho kjem med store spikrar og boltar til han . So held han nett på og steller til nye pene båsar då Lisa seint i kveldingi varleg kjem og smett hovudet inn fjøsdøri .

Då ho blir var han inne i skymingi kjem ho heilt inn til han .

" No måtte eg heim og sjå , " seier ho . " Eg orka ikkje halda meg lenger . Endå eg hadde ikkje tid i kveld heller . Nei no kjenner eg meg ikkje att her Mikkel . " Han smiler til det . Og smiler mest for mykje . For han høyrer korleis Lisa tykkjer om det . Han forstår so vel at ho har ikkje ord for handi å seia det med . Men det gjer det same .

" Eg måtte då finna noko å gjera på , " smiler han . " Men visste du det då ? "

" Du kan då skjønna eg visste det . Det var ingen som gløymde å fortelja det . Men du , når du får tid , til hausten eller til vinteren , då må du vøla om sumt inne og ? "

Ja , slikt småting som han greider so .

So står ho og ser på han . Ho kjem inntil ogso og held i bordenden mens han sagar . Men no må han då halda opp , seier ho . " Du lyt koma inn no . "

" Kor langt lid det då ? "

" Bort i mot mørkt , " smiler ho .

Men verre er det no ikkje enn dei ser kvarandre derinne . Og dei ser bra tydeleg dei nye båsane og saugardane .

" Ja no blir det anna til fjøs , " seier ho då dei står og ser på det .

" Åja , det blir no det , " svarar han .

So går dei inn .

Dei er omlag jamhøge . Ho er akslebreid og venbygd . Han er smalaksla og gruven . Og han haltar litt på den klumpne foten sin . Han veit om det alt og kjenner seg ikkje lite brydd av det no attmed henne . Men ho går og tykkjer stort om Mikkel . Ho tykkjer det er so meir enn rimeleg korleis han har stelt til heime , både med husi og den vesle eigedomen . Og so veit ho at det syn ho har fått på dei åndelege ting det har liksom prentast inn av han . Aldri har ho fått so mykje av nokon predikant som Mikkel , tykkjer ho . For det er liv i kvart ord ho har høyrt av han .

Lisa set seg bort til sengi åt faren då ho kjem inn . Ho spør han ut om sjukdomen hans . Om han har verkt mykje ? Om han ikkje er det slaget betre ? Mikkel tenkjer på at han visst ikkje har høyrt nokon som har tala so vent med far sin . Sidan hjelper ho mor . Ho spør henne om smått og stort heime på garden , om det som er inne og det som ute er . Ho syner interesse for alt . Og so fortel ho småting som har hendt . Ho fortel det mens ho smiler og er glad .

Og mens Mikkel ser henne slik so fyller det han med ei fysne i hans indre . Lisa blir til noko av det fagraste han har set . Og det er fagerdom som grip . Det kjem med smilen hennar , det kjem med det inderleg mjuke i tonelaget . Det fylgjer augnelaget hennar når ho ser på mor og på far .

I den stundi er det han medvete kan seia til seg sjølv at no er han vorten mykje glad i Lisa Øy . No er det mest rådlaust om livet stengjer til for han på den kanten der .

Han seier ikkje eit ord til henne som ho kan ta seg tankar av . Og ho smiler ikkje slik til han at ho ikkje har lov til det om so sant det aldri sviv henne ein tanke på noko i den leid . Dei seier berre sovidt godnatt til kvarandre då ho reiser til Elveteig att om kvelden . Men han seier i sitt stille sinn mange vene ord etter henne i den stundi ho er på vegen dit .

Dagen etter er det laurdag med fint mildt regn . Det frisknar so godt i skog og på mark . Og angen blir so rein og so sterk . Mikkel kjenner på det og blir rik i det . Han kjenner den angen frå før i tidi . Den har blanda seg med sorg og med saknad , med von og med draum . Og no kjenner han noko av alt dette . Det vekkjest oppatt med angen av regn og vår . Men no er det kome noko nytt til , dette med Lisa . Åndi av henne har lagt seg over våren , og over dåmen av himmel og jord og skyer og grønt .

Øy ligg nede på flatviddi . Elvi kløyver seg i tvo greiner som møtest att lenger nede . Millom der står dei små husi . Men mykje av slåttemarki ligg oppe i bratta .

I kveldingi går Mikkel over den vesle steinkloppi og opp gjenom skrebrot og lyngmark . Det angar av blåbærlyng og heggeblom , og det regner tett og smått . Mikkel blir våt på føtene sine . Men det lyt våga seg . Han lyt av åleine . Det er eitt og anna han må seia til Gud i dette her .

Morgonen etter står han tidleg opp og går til Bleke . Geir er visst komen heim i ein av dagane som var . No lyt Mikkel heim og sjå han . Det er so lenge sidan sist . Mikkel er mykje i spaning om korleis Geir no ser ut . Er han vakker og fin og klok og merkt av det store ut-i-verdi ? Eller er han vorten som amerikanaren på Årva ?

No må Mikkel ha vissa om det .

Han møter Geir på vegen . Geir er nok vorten mykje anleis . Men det er ikkje vanskeleg å kjenna han . Han er dyktig høg . Høgare enn Jens . So høg som faren omlag . Han går i flott lysegrå dress , og hatten er so liten brem på og står mykje på skeive . Hatten fortel ein heil del til Mikkel om Geir . So mykje at det blir litt framandt å helsa på broren . Geir røykjer pipa . Men det er ikkje meir enn Mikkel kunde venta seg , for Geir for visst og snufsa og røykte mens han var heime og . Mikkel smiler stort då han rettar handi til Geir og ynskjer han velkomen heim . Men Geir tek det kvardagsleg . " Ja so Mikkel , du fer og sviv du og då . Du skal kika heimatt ? "

" Åja . Og du Geir då som vilde koma att ! " " Tja , eg vilde no glytta heimatt i dette holet her , som snøggast då . "

Mikkel får hardt om å svara når Geir seier det slik . Dei går heimover i lag . Geir seier ein og annan tingen utan at det ligg nokon eld i det . Og Mikkel svarar omlag på same vis . Dei er for so vidt vilt framande for kvarandre der dei går . Det ligg nokre år millom den Geir som var og den Geir som er , og Mikkel kjenner ikkje dei åri .

Då dei kjem mest oppunder husi i Bleke finn Mikkel noko å spørja om :

" Du skal vera hjå Jens i sommar då ? "

" Det trur eg slett ikkje . Eg kom heim so eg tenkte eg skulde koma inn på vegen . Nei , me har slite nok hjå Jens vel , både du og eg . Me har fått rar takk for det . Å slita hjå bøndene skulde Den gjera , Mikkel . No har eg vore borte på austlandet nokre år , vore sveisar og gardsdreng . Men du blir ikkje akta som menneske . Dei kjøper seg ein hest og leiger seg ein dreng og finn det plent likt . Og han Jens vil det på same måten . Han tok til her då eg kom heim og baud meg tjuge kroner månaden . Det var vel ikkje so nøye når eg gjekk heime , sa han . Og det trur du , sa eg , at eg går og slit for det ? Eg vil ha femti . Og då vil eg ha tvo timar på middagen og kveld klokka sju . Og so vilde eg ha ordentleg mat . Og ikkje berre flesk og graut heile dagen . Men då vart han nervøs so han skalv i fingrane . He he . Nei Mikkel . Arbeid ikkje ein dag , ikkje ein time til Jens utan høgste betaling . Han er av den sorten som skulde flåast tjukt . Har du fått noko av det du skulde ? Kor mykje har han gitt deg for somrane ? Har du ikkje råd å gå i betre klæde , eller er du ein gniar du og ? "

Nei . Mikkel må seia det at han har ikkje tent noko heime hjå Jens .

Då bannar Geir , drygt og kraftig og inderleg frå hjarta . Og Mikkel vågar ikkje seia at han bør lata det vera . Endå Mikkel vilde so gjerne seia det no i denne stundi at Geir tek formykje til med Jens . Han vilde gjerne sagt at Jens har borni å slita for , og Jens har slite hardt . Geir får vera nådig .

" Nei , " held Geir fram . " Eg får gjera litt lika for meg nokre dagar til eg kjem inn på vegen . Men eg er ikkje hjå Jens for femti heller no . Eg hadde seksti for månaden borte på austlandet . Men det heller er ikkje noko . Kvifor ikkje ha hundrad og femti kroner månaden for oss som for andre ? Kvifor ikkje streika for alle gardsarbeidarar til dei får løn og timetal som anna folk ? Svarar seg ikkje , seier bøndene . Då kunde det liggja brakk både åker og eng . Kvifor får dei det ikkje til å svara seg ? For di dei er naut . For di dei ikkje har vet i bondeskoltane sine . So lat oss hjelpa dei so det kan svara seg . Me gjer ikkje eit dagsarbeid åt dei . Me streikar og et op maten deira . So legg dei ned arbeidet sitt . So vil dei ha hjelp av staten . So tek staten gardane og so blir bøndene som me . So får me løn av staten alle . Toppløn . Ikkje berre prestar og militære og tjuvar og kjeltringar og sataner og spekulantar . Men me og . Her er nok å leva av for alle . "

Geir preikar so det røn or han . Og Mikkel må høyra den elden det kjem i Geir . Han meiner det då . Han har tenkt det før og meiner noko so borti natti til eventyr .

" Men du får ikkje til dette Geir ? "

" Nei ikkje eg . Men me . Alle me tusen . Du og alle dei andre her . Du kan då skjønna det Mikkel at eg er komen heim for å få folk med . Eg er glad for di vegen er komen . For då kjem betre dagløner og meir liv . Det kjem ny ånd med slikt arbeid . So vil ikkje ungdomen arbeida meir for inkje , og so vil ikkje småbøndene produsera mat åt storfolket meir for inkje . Bøndene seier me . Larka husmenner er det alt i hop . Men trur du dei vil vera med på det . Dvergsjelene . Trur du han Jens vil vera med ? Nei han Jens greider seg . Han Jens har grave til seg ungdomen din Mikkel , mykje av min . Nei om eg slit ein dag hjå han om han gav meg fem kroner dag . Tjuvpelsen . "

Mikkel tek til å tru at Geir må vera full . Anten full eller galen .

" Du snakkar visst tull no Geir . "

" Ja det høyrest vel slik ut fordi de alle saman er for dumme i hovudi dykkar til å forstå det . Ta og tenk deg om Mikkel . Du skal få låna bøker hjå meg . "

Dei kjem opp i tunet og talar ikkje meir . Men dette siste av Geir var mildt sagt og Mikkel tenkjer på det . Geir er då visst ein klok kar . Han har vore ute i verdi ein sving og har set noko av livet . Det er ikkje sikkert at ein ikkje blir romare i hovudet av det .

Det kunde vore moro å lesa om dette som Geir nemnde , endå Mikkel er redd at det kunde vore fårleg .

Då Jens om dagen blir åleine med Mikkel seier han :

" Har du lova deg heile sommaren på Øy du ? "

" Eg har vel helst det . "

" Men no utover ei tid so har du ikkje noko å gjera der . Høyr med dei om ikkje eg kunde få deg ein måne no . Eg skal gi deg tretti kroner Mikkel . "

" Men Geir er då her ? "

" Geir ? Geir som er ein tull . Geir som er vorten kommunist . "

Mikkel veit ikkje stort om kva det er for noko . Han minnest ein gong for lenge sidan . Det var den gongen han spela orglet i kyrkja . Då var han og høyrde på ein som tala om den nye tid . Om den arbeidande ungdom som skulde fram til sin rett . Det var den gongen noko som drog han med . Og han gjekk og tenkte på det i sitt stille sinn at no høyrde han til i denne retningi . Dei sa det var kommunisme . Og so meinte han at han vilde vera kommunist .

Men sidan den tidi har han ikkje tenkt stort på det . Ikkje har han lese om det heller . Jens har ikkje vore den karen at han har halde ei avis . Og ikkje har Mikkel havt det heller endå so hug han ofte har havt til det .

Men no er Geir kommunist . Han har bøker om det . Bøker .

" Nei Jens . Eg må nok vera på Øy no sidan du sa eg kunde lova meg . Det er nok arbeid der . "

Han kjenner det inni seg at han må vera på Øy . For dei treng han der . Dei er glad for han . Og han vil tena noko . Det blir kanskje råd å koma ut til hausten , ut med ordet om livet .

Og so er det Lisa . Det er godt å vera på Øy for hennar del . Det vart liksom dåmen av henne over alt der etter ho som snøggast var heimom .

Og so er det bøker . Han vil få stunder å lesa noko og bli kjend med det som Geir lever i . Kvifor han har so hug til det veit han ikkje . Kanskje so han kan møta Geir der han er og syna han ein sannare veg .

Mikkel ser ikkje stort til Geir seinare på dagen . Geir har det vesle innreidde loftromet for seg sjølv . Det går an no sommerdagen . Mikkel er oppom til Geir då han vil reisa . Då ligg Geir og les i eit tidsskrift og røykjer pipa .

" Eg går no Geir . "

" Eg fylgjer med ein tripp . Vil du ha med noko å lesa i ? Du kan no sjå det . Du må kje vera so dum som Jens . "

Jau , Mikkel vil gjerne lesa . Og Geir steller til ein heil pakke .

Mikkel må inn og seia nokre ord til Jens og Mathilda . Og han må ta i borni aldri so lite . Det er vakkert å merka at for borni er han den beste som finst . Mathilda ser bleik ut . Ho har det for travelt att , og so ber ho vel på ein liten att . Ho ser ut til det . Stakkars Mathilda , kunde han sagt . Det blir vel ein helselausing att , slik som vesle Anton . Han kan ikkje venta det anleis slik som Mathilda går til .

Nei det er greidt nok som Geir sa at Jens skulde ikkje ha folk . Men det er Mathilda som må li for det . Mikkel held handi hennar lenge . " Eg skulde nok gjerne vore med dykk , " seier han . " Eg kjenner det mest som synd at det skal vera so travelt for deg . Men no veit du det er slik . " Og augo til Mathilda ser på han fritt og stort og takksamt for eit godt ord . Andletet hennar står so bleikt og yndefullt og ope mot han .

Då Mikkel og Geir går saman stundi etter let Geir det framleides renna over det vonbrotet han har over menneske . Og det syn og den tru han har på omsnunaden . Men Mikkel går og seier til seg sjølv at Jens er ikkje rette mannen til å leggja livsvegen for Mathilda . Ho skulde gjort livet til ein rikdom for ein mann som vilde vandra krossvegen og som hadde lagt ut for å jamna urudt terreng .

Brørne skilst ved Øy . Då seier Geir at han vil ta ein liten tripp med same og helsa på Nanna . Han har ikkje set henne etter han kom heim . So går han . Han har lært å gå vakkert , Geir . Det er fin reising i ryggen hans . Og føtene stig vent og sikkert . Men Mikkel går inn med bøkene . Går på den vesle ufine loft hybelen med skråtak på begge sider , med skeivt og gråna vindauga og uhøvla tre i taket . Her legg han seg til å lesa og vil finna ut kva syn broren har fått på menneske og på tilvære .

Klokka tvo om natti sit han ved glaset og leitar seg fram gjenom sidene i halvnatti . Han forstår ikkje alt so vel av det han les . Men han får då syn på tingen . Det opnar ei dør for han ut til eit liv som er anleis enn han har havt aning om . Det ligg ei dårande makt i det . Han seier til seg sjølv : Dette er forferdeleg . Dette er satan sjølv . Dette er lygn . Dette er eit mylder av vonde åndar . Og åttåt må han seia : Men i altsaman er det noko sant . So sant at det er ein gru .

Best det er høyrer han høgrøysta tale frå vegen . Han kan sjå folket som går der so vidt . Det lysnar ørlite av morgonen no .

Det er no Geir det der då . Og det er Knut Buhaugen . Og so er det ein av gutane på Årva . Fulle er dei . Knut går på hiv og slag . Geir går omlag beint , men noko ustødt . Den andre går og slumpar og nikkar med hovudet .

Knut tener pengar no ja . Han har havt til drikka .

Der stoggar Knut midt i vegen , dreg flaska opp og drikk . Og i morgo skal han på arbeid att !

Det skjer gjenom Mikkel . Han tenkjer på vesle Olina , og på Nanna . Han minnest dei dagane han var der . Han minnest møti i skulehuset då Knut sat der .

" Herre Gud , det var satan som stengde skulehuset for meg . " No ser han det . No ser han at det er satan som har teke til der han gav opp .

Han tenkjer seg ikkje meir om enn ein tridjedels sekund so spring han til vegen og møter Geir og dei andre .

" Du skulde ikkje det der Geir . Det er ikkje som det skal vera . Du snakka om den nye tid . Det skal då ikkje vera slik det ? Og du Knut skal då på arbeid att i morgo vel ? Då treng du sova no . Geir , du skulde ikkje gjera det ilt for Nanna . "

Knut er blid og smilande :

" Bry deg berre ikkje om dette du Mikkel . Lat me berre dra til helvete , bry deg aldri om det . Det går finare fuglar dit . Gå og legg deg du so du blir pen og får ho Lisa . Og so tenkjer du på Vårherre . "

Geir står og småflirer . Han er ikkje fullare enn han greider det .

" Kom her Knut so fylgjer eg deg heimatt ; du skal ikkje gå slik du som er ein gift mann , du som snart får deg ein liten son . " Mikkel tek honom i armen .

" Ja når du seier det Mikkel . Du må ikkje tru eg er so forbanna at eg ikkje gjer det du bed meg . Er du so liten på det at eg skal få halda deg i handi ? "

" Ja , kom berre du . "

Men då Knut og Mikkel går åleine får Knut det med gråt . Det går so galt med han no . Satan har teke han so heilt . " Eg trudde eg vilde omvendt meg og kome til himmelen , slik som du sa . Men no har eg bryggja og det må eg drikka opp . Og i kveld var eg stygg med Nanna . Dra til bloksberg med ungen hans Sjur , sa eg . Eg skal slå ned ølet straks eg kjem heim . Eg skal aldri drikka meir . Trur du meg no Mikkel ? Eg skal banna på det . Trur du meg då ? Her er att ein halv flaska med øl . Vil du smaka på det . Du var då ein gris etter ølet eingong du og . "

Knut tek korken or og held flaska opp til Mikkel , og Mikkel kjenner den eggjande angen av det . Men i den stundi er det som Mikkel veiknar tvers i gjenom . Han spør seg sjølv kva det kunde gjera om han tok ein liten sup . Han kjenner lysti . Det er mest som lidenskap .

Men mest i same stundi kjem ei underleg kraft innanfrå . So skræmest han over seg sjølv .

" Nei Knut . Eg vil ikkje . Eg vil vera ein kristen . Min herre og konge krev av meg at eg skal vandra han til æra . " Og då er det nett som noko stikk Knut . Han tek flaska og sender henne i muren so ho går i uteljande betar .

" Ja , ja , " seier han . " Eg kan berre eg vil . Og var eg med deg Mikkel so vilde eg . "

So går dei tagale .

Dei finn ikkje Nanna i stova . Knut ropar på henne . Ho svarar ikkje . Då blir han sinna og brukar munn . Men Mikkel hyssar på han . Nanna er heller ikkje i det vesle kammersromet dei stelte til . Men på lemmen har ho lagt seg med Olina . Knut er rasande då han går dit . Men no tek Mikkel han i armen . " Lat berre Nanna liggja . Legg deg i stova du . Det er då natt og Nanna søv . " So lystrar Knut og går innatt . Mikkel hjelper han i seng og sit attmed han ei ørliti stund til han sovnar . Då stiller Mikkel seg over golvet og kjem seg ut .

Han er komen eit heilt stykke nedover den smale steinete vegen då han brått kjem i hug at han skulde gjort noko med ølet til Knut . Han får våga seg til å slå det ned . Kanskje vilde Knut lata vera å bryggja til att når han først var lens . Mikkel starvar oppover att , og han kjenner seg litt utrygg . Kanskje gjer han ikkje rett med dette ? Men han får seg ikkje til å gå heim før noko er gjort . Han stiller seg inn i kjellaren og finn eit anker der . Det er ikkje svært mykje på det . Men det er nok til å laga fleire kveldar helvete .

Han skruvar på kranen og let det renna . Men det renn ikkje ned på tufti , for det står ein hermetikkboks under .

Atter sviv det Mikkel om det kunde gjera noko vondt om han smaka på ølet aldri so lite . Angen av det lokkar han . Han var so glad i dei sterke ting ein gong . Han er oppe til munnen med boksen og er i ferde med å ta tvo små supar . Han er tung og trøytt av natti . Han er so umåteleg tørst . Han vilde gå like støtt heim for dette . Ingen vilde møta han . Men so skvetter handi innhaldet av boksen bortetter muren . Det er liksom han tvingar henne til det før han er for veik . So let han det stå og drypa or kranen ned på tufti . Drope etter drope . Kor mykje vilde gå den vegen til i morgo tidleg om Knut kom hit ?

Mikkel skruvar kranen til att . Han får seg ikkje til å leka ned ølet for Knut . Knut vilde gjerne skulda det på Nanna . Og so vilde det bli verre enn alt anna . Men om han slo vatn på det og gjorde det veikare ? Han gjer det . Han ber mange boksar vatn og slær ned i spunsholet . Slær mest fullt ankeret . Og so tappar han av att . Og so let han spunset vera or . Når Knut kjem åt kjellaren so trur han kanskje at han sjølv har rive det or , og so har ølet dovna . Mikkel let spunset trilla beint ned . So ser det so naturleg ut .

Han let døri varleg att og ruslar . Men han kunde ikkje kjent det verre inne i seg om han hadde stole eit kvart . No ser han det at det var ikkje redeleg framferd . Det var som ei feig lygn . Han skulde fått Knut med seg inn og slege det ned . Men det gløymde han . Og no lyt det vera som det er .

Det er lys morgo no . Fuglane har teke til med songen sin . Graset står doggvått . Heile austhimlen har raude skyer og litt raudleg skin ligg over dalen og fjelli . Og i dette går Mikkel svevnig og trøytt og balar av alle krefter so han kan overtyda samvetet sitt at han gjorde rett .

Det er ein av dei stille sollause overskya sundagar høgsommarsbel . Det er mildt og tungt og kvalme i lufti , men er ikkje likt til regn før i morgo på føremiddagen eller slikt . Mikkel har halde på med slåtten no i fleire vekor . Frå morgon tidleg til seine kvelden har han prøvt å levera av rørsler og kraft og omtanke og trott det som kunde driva arbeidet framover . Og Gjertrud har gått og bedt ham halda på litegrand . Han toler då ikkje slik medfart . Men det er ikkje av redsle eller treldomsånd han tek slik i . Han likar å få det gjort . Og det er so nytt for han å få arbeida med den kjensla at dette blir ikkje gjort om ikkje han gjer det . At det er berre på han å lita . Og so var Lisa heimom att som snøggast ein kveld . Då sat ho attmed han mens han sette opp hes , ho sat med begge kinni i hendene og gav seg til der . Ho sa ingen ting , men sat og småsmilte . Då han var ferdig sa ho berre : " Ja du Mikkel . " Han hadde merka at arbeidet hadde ronne lett or hendene hans mens ho såg på han . Og det var vel det ho meinte .

So hadde ho berre site slik og visst funne det koseleg . Då han hadde fått hesi ferdig og tok til å hesja oppi av høybyrdene han hadde bore nedåt , tok ho i og hjelpte han . Dei hadde stått tett i lag og hesja golv etter golv til høyet var kome oppi . Før han hadde på siste fengja sette ho seg ned . Og då dei var heilt ferdig sette han seg attmed henne . Og då hadde ho nemnt det med varlege ord at han kunde vera her til vinteren og . So kunde ho lova seg att på Elveteig .

Tanken på korleis Lisa var den kveldstundi gjer at Mikkel godt kan hanga i slik . Det er berre som ei liti takk .

Men no er det sundag . Og han ligg i graset attom olderkjørri ved elvebakken og held kviledag . Han har lege her og høyrt på den rare fløyting frå grashopper . Ein småfugl har site på greini rett over hovudet hans og titta ned på han . Han har vore der fleire gonger og floge att . Han høyrde vinden frå dei små vengjeslag . Det var vent å leve slikt oppe att . For han minnest so mang ein gong i Bleke at det var slik . Han lydde so mang ein gong på grashoppen , såg på dei små kræk på marki , såg himlen gjenom grøne trekrunor og tenkte tankar som berre høyrde livet hans til .

Elles har han havt bøker med og lese i dag . Han har lese ut bøkene til Geir . No kjenner han den tingen . Det braut i han . Det opna portar for han ut til nye heimar og verder . Han har set for seg byljande menneskehav som kavar og leitar og vil laga nye himlar og nye verdsheimar . Dei lagar det vakkert og stort . Men Mikkel maktar ikkje å tru . Geir trur . Geir trur og skjemmer seg ut og lever for det . Det er modig av Geir . Mikkel trur og . Men han trur noko anna . Det han trur på vil ogso han leva for og skjemma seg ut for . Det har han gjort . Det er ikkje lenger sidan enn igår at han høyrde det etter Sivert Rynge som skulde vore sagt den gongen Mikkel var der og søkte etter arbeid . No har det gått rundingen over bygdi og når Mikkel att . Han skulde bykst opp og ned og dura og banna den gongen . Og dette trur dei om han over heile bygdi . Det var den unge guten som gav seg over til Gud den kvelden på Årva og som enno hanglar med og lever med Herren som fortalde han det . Mikkel måtte seia at det var ikkje sant . Det var slik at han sa formykje . Men han gjekk og gjorde opp for det .

Og Mikkel veit at kven andre det var som hadde gjort som han so hadde ingen funne på å lagt noko til , eller i det heile nemnt det . Men fordi han på nåde og unåde har gitt seg over til Gud so lyt han tola det .

Han er ikkje so hardsår som før . Han toler det bra no om bygdi atter har kasta han på skraphaugen . Han er ikkje beisk og vond av det . Derimot syrgjer han over å sjå ungdomen . Ja over dei eldre med . Han minnest ikkje ein sommar med so mykje fyll og ulivnad . Og det er kome ei onnor ånd i mykje av folket . Geir har fått med seg ein flokk som han har vekt opp for den nye tid . Geir er ikkje komen inn på vegen . Han går og sleng heime hjå Jens og hjelper til litt . Men rett som det er tek han seg turar til veganlegget og sit der eller går der og preikar med dei som arbeider .

I dag har dei vore saman og skulde skipa foreining . Arbeidarforeining . Studiesirkel . Geir er ein mektig mann vorten . Han tek dei med seg . Vinn dei og organiserar dei .

Og her ligg han sjølv og gjer seg ikkje bruk av den dyrebare sundagen . Han skulde vel samla nokon han og so han kunde bydt dei gjera opp med Gud , so dei kunde få det godt attom døden , opp i himmelen ?

Men dei har teke skrekken . Dei er redd han . Dei lit ikkje på himlen hans . Og trur ikkje at vegen han syner dei ber fram . Han har prøvt . Han har vore på veg og vekt dei opp . Men so gløymde dei det . Dei krev meir handgripelege ting .

Finst det ikkje ein utveg so han kunde syna folk noko likso bra ogso for dette livet som det Geir fer med ? Nei , denne verdi skal forgå med bulder og brak . Men det skal koma ei ny verd . Der rettferd bur . At ikkje folk ser det då ? Enn om det er denne gamle jord som skal gjerast ny ? Pussast oppatt og bli fullkomi ? Og so kjem Jesus og tek over styringi . Han skal vera konge . Alt skal leggjast under hans makt . Mikkel minnest at han har lese alt dette . No ser han det i ein glimt . Jesus er konge . Kongen over kongar og Herren over herrar . Og herane i himmelen fylgde han på kvite hestar klædde i skinnande kvitt reint linty . Og det kvite lintyet er dei rettferdige gjerningane åt dei heilage .

Mikkel har kjøpt seg nytt nytestamente . Han har det med seg . Og no leitar han oppatt dette storfagre frå openberringi 19 og les det . Og lever i det . Og ser det for seg . So ligg han der flat på marki og seier inn i himmelen : " Kva skal eg gjera Herre ? Kva kan du bruka meg til , min Jesus , min konge ? "

Lenge ligg han og ser inn i himmelen og ventar svaret . Enn om Gud let han veta det no i denne stundi ? Enn om Gud sa : " Gå til Kina eller India no i denne stundi , slik du er , so fatig og ulærd som du er . "

Vilde han vågt det ? Vilde han sagt : " Eg vågar det ? " Jau , om han skulde døytt på halv-vegen . Men Gud veit at han helst vilde vore her på Øy . Han og Lisa .

" Men den som elskar noko ... men om du Mikkel elskar Lisa framom meg so er du meg ikkje verd ... . "

" Nei Frelsar , for ditt rike ofrar eg alt . Du har ordet om det evige liv . I ditt samfund er det ingen død og ingen slutt . Eg prisar deg min Herre , min Konge , min Gud . "

Han opnar testamentet sitt att og støyter brått på eit ord som han må fletta inn i dei tankane han nett har havt . Han les : Høyr han som ropar i heidi : Rydje vegen åt Herren , jamne stigane hans .

Jamne stigane for Kongen . Rydda vegen for hans rike . Det rike som kjem . Rydda vegane for det i menneskehugane . Slik som Geir held på å rydda vegen for det kommunistiske heimsriket . Å Geir , du skal tapa . Ditt rike skal vika plassen for det som kjem , for det evige .

Herre Gud ! Den som kunde visst korleis ein skulde ta tingen og rydda vegen for Herren . Den som kunde visst korleis terrenget skulde ryddast . Korleis kan han få målet so klårt for auga at han kunde syna andre det ? Slik at ein kom i brand for det . Slik at alle livsens private fordeler vart sett til sides for det . Og so gjekk han ut på det i tru . Meir tru enn Geir har på sitt ?

Korleis ?

%Det hender i livet at fleire ting samstundes legst fram i eins veg som tener til det same . Det hender at tri bøker om same emnet legst som ved eit tilfelle opp i hendene på ein , og opnar ei ny leid og gjer noko i livet heilt nytt . Det hender at ein i kvart verdenshyrna finn på å seia same tingen samstundes , ein ting som ikkje har vore sagde før . Det hender den kristne at han opnar bibelen på slump på fleire plassar og finn ymse ord som har det same ærend til ein . Nokon er vekt opp på den måten og finn si livsleid og gjer sitt spesielle livsverk som høvde for evner og anlegg .

Nokon vil seia at det er Guds føring med eit menneske .

Då Mikkel er vorten uroa i tanken av broren Geir og ein heil flokk unggutar og nokre kvinnor som fer framom med lått og med leven , blir det til det at han vil rusla inn i stova . Men då han kjem i den vesle gangen høyrer han at det snorkar og søv inne . Gabriel har vel sovna til etter middagen , og Gjertrud har vel funne for godt å lagt seg nedpå att og . So går han ikkje inn . Han stiller seg opp på svali . Får det til å rikta minst mogeleg i trappi . Han lærde å gå slik nattes tid før . Han vil koma seg opp på loftet sitt og ta seg ein liten blund , han og , om det var råd . Men oppe på gangen finn han på å sjå litt nærare på eit gamalt trog borte i ei krå . Det har stått der sidan han kom til Øy , men han har ikkje tenkt på det . Det er fullt av gamle gulna aviser og ymse slikt rot . Og då han ser på avisene ser han at det er ikkje so gamle som dei er gulna til . Det er frå dei aller siste åri . Det er ikkje blad som Gabriel Øy har halde . Dei må vera tilsende frå nokon annan . For Mikkel ser at det er heilt framande namn på dei , og same namnet på alle .

Mikkel set seg på golvet og tek fram av bladi og ser på dei . Og so blir han med ein gong var ein større artikkel som har noko slikt til overskrift : Den kristnes rette forhold til de sociale bevegelser .

For seks vekor sidan vilde aldri Mikkel ha set ei slik overskrift . Og det hadde vore jamgodt som det hadde stått noko på latin eller russisk . Men no har han lese bøkene til Geir . Og no går det varme støyt gjenom han fordi han finn noko som kan vera ei løysing på det som har fløkt seg til og gjort det rådlaust for han lenge . Han les spalte etter spalte . Les oppatt gong på gong dei avsnitt som er vanskeleg å skjønna . So får han samanhengen , om det er einskilde ord han ikkje kan med . Det er ein flengjande kritikk over kristne som let dei gudlause løysa dei oppgaver som var lagt i dei kristne sine hender . Men dei kristne har ikkje kjent si tid og sitt ansvar . Deira hender har vorte sulka og blodige i konkurransen om rikdom og makt . Socialiseringi nådde ut i blomst ved dei som kasta Kristus frå seg fordi dei kjende han berre gjenom grådige gribbar som bar hans namn .

Men der er kristne som har vakna . Det er nokon som vaknar i dag . Der er skrive om ein mann som heiter Kagawa , om ein som heiter Jones , og der er fleire . Der er nokon som har funne opptakten til å samla seg og rydda veg for Gudsrike-tanken , som vil jamna stigane , fylla dalane og senka haugane for Kongen den evige . Der blir nemnd bøker som er skrivne om dette . Der er utsnitt av det og det som den og den har sagt . Mikkel høyrer ikkje at Gjertrud står oppatt nede og puslar med kjelen . Han ser inn i stykket som er skrive som inn i ei salig verd .

Kva gjer det om det rasar ? Kva gjer det om det ser ut til at Jesus tapar når det er so sikkert at han skal vinna ? Herre min Gud ! Eg lever . Han kliper seg i armen , han seier eit ord høgt so han høyrer målet sitt . Eg lever , seier han . Eg skal få lov å stå på Kongen si sida . Eg skal få vera med å jamna stigane for han . Eg skal få vera med i hans herlege rike , i hans fagre liv gjenom tusener år . Han puggar gjenom artikkelen gong på gong . Ikkje eit ord må gå honom forbi . Og han leitar gjenom blad-troget etter meir . Men der er ikkje meir av den sorten . Men bøkene som er nemnde noterar han . Han må ein kvar staden i verdi spørja oppe kvar dei er å få .

Han går utan ro eller kvile resten av dagen . Det ligg ein evig stor ting framfor han som han liksom ikkje kan gripa eller gjera klårt for seg . Men det er der . Og det er verkeleg . Livsverkeleg og sant . Folket trengde å vakna , men so søv dei . Søv og halvsøv . Og han held liksom på og skal vakna opp og so er han redd at han vil sovna til att før han blir fullvaken . Difor går han ein sving inn gjenom olderskogane i kveldingi og stormar Gud og himmelen med bøn .

Gud må lata han få noko pengar no . Han må få tak i bøker . Han må få råd til ei avis so han får sjå verdi , so han får vera med å kjenna henne på pulsen . So han kan leggja bibelen på det og mæla so han får sjå kva livsklokka til den gamle tid lid .

So må Gud fylla ein liten kryp som han med den Heilage Ande . Fylla han som dei første læresveinar vart det . So han kan ropa med himmelsk røyst og få sovande drøymarar til å vakna .

Herre min Gud ! Eg kan ikkje leva om du ikkje no gjer noko med meg .

Han går og går og kjenner at tre'i står omkring han og luter med greiner og lauv . Han tenkjer ikkje på det . Det er ein kjend og god ange av marki . Det er noko eigeleg ved nyslegi utmark millom oldertre . Sansane hans tek det opp , men heile hans indre stormar Guds trune .

Slik går han . Går til han står i skogkanten og ser bort i tunet på Elveteig . Og då han snur og tek til med heimvegen er han klår over at han har stått ei heil rid og venta på å få ein skimt av Lisa . Han har i røyndi so inderleg hug å fått talt med henne . Han skulde spurt henne om ho ikkje kunde vera nådig med han so han slapp ta det so hardt nokre dagar . Ja han skulde helst vore fri alt i hop og gøymt seg i det gamle selet over Bleke .

Han er anleis no enn anna folk . Har vore det alltid . Difor trudde dei han var rar og unormal . No vilde dei trutt det om han att . Men no kan han då lata seg inne so ingen ser det . Har kunna det i minsto . Men korleis det går i morgo veit han ikkje . Det må bli ei underleg avjamning under svevn i natt om han i morgo skal kunna arbeida som var det berre den tingen i verdi til .

Han ruslar heim og let bøni halda fram .

På det vesle loftromet blir han sitjande etter kveldsmaten over ein open bibel . Han les det han har lese so mange gonger før . Men no er det nytt .

Det er ikkje berre stakkars arme menneske . Eller du store forferdelege gru og forbanning . Det vender om til ei fryd i han : Du store lukka og sæle å få vera menneske . Gud skapte mennesket og det var det største i hans evige kjærleiks plan . Det er ikkje sorg og gru at han gjorde det . For han er a og ø , opphavet og enden , den første var han og skal bli den siste . Og det heile endar i sæle og herlegdom gjenom alle ævor .

Du hadde evig grunn å gle deg menneske den første gong ditt hjarte slo .

%Etter non dagen etter er det regn og vind so det er lite råd å vera ute . Dagen har gått bra for Mikkel . Han har hange i som vanleg og fått gjort bra . I går var han oppe under skyene , i dag er han delvis komen nedatt på jordi . Det går vel ikkje godt an å kasta seg hovudstups bort i desse nye ideane . Han var vel mykje åleine om det og då vart det eit slag bort i natti . Men han har då teke ein ny innstilling til heile heimsituasjonen .

Då han har sett seg inn etter det har teke til å bullregna , han held på og tindar rivor og han har nokre gisne sko som han må hurva saman att , kjem det ein framandkar med kuffert . Han blir ståande med hatten i handi borte ved døri . Han har simple grå klæde utan frakke . Dei har alt trekt i seg dyktig med vatn .

" Det vart ruskever , " seier han .

" Åja . Han tøppe seg til . " Det er Gabriel som svarar . " De får setja bortåt ein stol til framandkaren . "

Ånei . Det trengst ikkje . Han må straks rusla att . Han er ute med noko bøker .

Hm hm . Han er vel det . Men dei kjøper nok ikkje slikt her nei . Dei har då fullskuvande med slikt .

Men den framande tek ingen notis av eit slikt svar . Nitti prosent av dei han byd bøker svarar slik . Men han sel då bøker likso gjerne til dei som til andre som svarar at dei får sjå på det . Difor opnar han frimodig kufferten sin og tek fram bøkene . Han held eit lite foredrag om kvar einskild og ser på Gabriel om det ikkje verkar . " De skulde ha den boki her . Ho har vekt veldig opsikt . De skulde ikkje lata høvet gå forbi Dykk . "

Men Gabriel skal slett ikkje ha bøker . Det er like bort i natti som å be han kjøpa ein bil eller eit gullarmbandsur .

Og kolportøren må pakka nedatt bøkene sine utan resultat . Han har lensa seg for seks og tretti små foredrag .

Men Mikkel har site og lytt til dei . Og han er vorten klår over at den framande har ingen ting innan hans fag . Han seier fort farvel og driv utatt i pøsregnet . Mikkel vilde ha spurt han om noko . Men han fekk seg ikkje til . No legg han i ei hast arbeidet frå seg og fylgjer ut .

Og so nemner han dei bøkene som han ynskjer seg . Den framande har dei ikkje , men han kjenner eit par av dei . Han trur nok han kan skaffa dei om so var at Mikkel vilde ha dei .

Mikkel tenkjer hardt på å gå og be Lisa om han ikkje skulde få litt pengar på forskot . Men han er redd dei har ikkje pengar no . Og Lisa tek vel ikkje ut noko på løni si heller . Men ho måtte vel veta ei råd . Han sa til henne at det var noko han var so interessert for . Ja han kunde sagt det beint ut so ogso ho hadde set det som han har fått auga på . Ja , og so var det nokre bøker han måtte ha . Om ho visste ei råd med pengar til det so lenge ? Lisa hadde vel ikkje teke det so vondt opp . Men det vilde vore vondt om ho hadde tenkt inni seg : So lenge du ikkje har pengar sjølv Mikkel , so skulde du ikkje vera so flott kar at du kjøper bøker .

Han får seg visst ikkje til å gå til henne . So får han ta ein tur heim til Jens og spørja om han kunde få låna tjuge kronor so lenge . Han finn det rimeleg at Jens vil ikkje nekta han det . Det er ruske og vått om kvelden . Men han vil ta seg ein tur til Bleke likevel .

Jens og Mathilda står i pøsregnet og hesjar då han kjem der . Endå er klokka over ni . Mikkel tykkjer synd på dei . Han har ikkje funne på å vore ute etter klokka fire .

" At de står ute i dette veret då ? " seier han .

Jens ser ikkje til leds . Han er visst innbiten og harm .

Mathilda ser på han , trøytt og mager :

" Me må då det skal me bli ferdig . Det er kome so lite langt i sommar . "

Ho smiler ikkje Mathilda no . Og det er ikkje stor stundi ho ser på han .

Han vil ikkje spørja noko om Geir . Han veit omlag korleis det er . Og so vil han ikkje freista trøytte og gjenomvåte folk .

Han tek heller og hjelper dei med å hesja hesi full . Og det går ikkje tvo minuttar før han ser at det kome anna liv i både Jens og Mathilda .

" Det var vel ikkje råd for deg Jens å låna meg tjuge kroner ei stund ? "

Det blir drygt lenge før Jens svarar .

" Du kan no vel det Jens ? " seier Mathilda .

Det blir atter stilt .

" Du veit eg skulde gjort det . Men det høvde ikkje nett no . Du veit eg kjøpte slåmaskin her i sommar og no lid det til den tidi at eg skal betala henne . "

Men sanningi er den at Jens har lagt av pengar til slåmaskina gjenom lange tider . Og då han kjøpte henne pluta han det til slik at han skal ikkje betala henne på tvo månar endå . Han kunde godt late Mikkel fått lånt pengar . For om tvo månar vilde sikkert Mikkel klara å skaffa dei att . Det veit Jens og . Men lånar han først Mikkel tjuge kroner no so set vel Mat hilda opp med at Jens får lov å ta dei att . Du må skjemma deg Jens å ta att desse kronene av Mikkel som har slite so mykje hjå deg for inkje som han har gjort , vil ho seia . Og Jens seier nett det same sjølv . Han kunde unna Mikkel det so inderleg vel . Men å bli av med tjuge kroner no det har han ikkje rekna med . For det har vore so stor ein ekstrakostnad med denne slåmaskina . Og so blir det utlegg heretter og . Dei skal ha eit barn att når det lid på . Og no lyt han vera einig med Mathilda at dei lyt ha gjenta frå hausten av . Då skjønnar han ikkje korleis det skal sviva og koma rundt .

" Ja ser du Mikkel . Du skulde fått tjuge kroner hjå meg . Men nett no er det nok som eg seier . Men eg skal sjå når eg har selt dei par kvigene . Då skal eg stikka bortom i Øy med tjuge kroner , etter rett so veit du at du skulde no vel ha so pass . "

Mikkel blir kløkt av desse pene ordi . Det er nok ei stund sidan han har fått so godt for Jens . Og Mathilda står og tykkjer nett det same . Men kanskje ser Jens no at det er skilnad på Geir og Mikkel .

Mikkel vil rusla til Øy att . Dei vil det både Jens og Mathilda at han skal vera med inn . Men no er dei våte , og han er på veg til å bli det . Det er nok best å koma heimatt .

Geir er der ikkje . Han fiffa seg her i stad og for sin veg . Det er so mange stader han skal halda til . Og det hender om kveldane han dreg andre med seg hit . Mathilda mislikar det mykje . Ein kveld sa ho til Jens : " Du kunde betalt Mikkel full lønn , so hadde du havt han . Du trudde det skulde verta so flott med Geir du . Men du ser då han er ikkje for maten . "

Men dette vilde ikkje Jens svara henne på . Han er ikkje redd Geir . Men Mikkel er på tvo og trettiande året og det er ikkje vorte noko av han enno . Otten har sett seg fast i han at det brenglar seg slik til at Mikkel blir ein livsvarig kårkall til slutt likevel .

No etter Mikkel er faren og dei har fått rengt av seg dei mest våte klædeplagg seier Mathilda til Jens : " Du var godt dum Jens at du slepte Mikkel i frå deg . Og at du ikkje hyrte han som vanleg dreng for vanleg løn . Ser du korleis han har gjort det på Øy ? Hadde det ikkje trengst at me hadde gjort noko med huset her og . Du ser då at det morkna sundt kring veggene . Mikkel vilde aldri krevja meir enn ei stakkars løn , og dersom han fekk lov so veit du at han sette skap på huset . "

Han svarar ikkje til det . Det er ikkje verdt at han seier beint ut at han vil helst ikkje ha Mikkel her . Han kunde sagt det . Sagt det omlag slik : Du ser då det Mathilda at eg er mykje snildare med deg når han ikkje er her . Og du Mathilda er mykje snildare med meg og . Sjølv om det er so mykje meir slitesamt for oss begge .

Men Mikkel går og kjenner det varmt og godt inni seg at Jens gjerne vilde hjelpt han . Og når han fekk selja kvigene sine so vilde han koma bort i Øy med det . Du veit du skulde no ha so pass Mikkel .

Det er lenge før Mikkel kjem i hug at han ikkje vart hjelpt . Først då han er komen heim gjer han det klårt for seg at Jens kunde ikkje hjelpa han med tjuge kroner . Og so tek han til å tvila på om det verkeleg var so snautt hjå Jens nett no . Men han vil ikkje tvila på det . Han vil halda fast på det at Jens tok pent i mot han og var so gild som han kunde vera .

Kvelden etter kjem Geir bortom i Øy til Mikkel . Det er finver og enno arbeidstid . Men Geir er i pussen . No vil han ha att desse bøkene som Mikkel lånte . Det er nokon annan som vil ha dei .

" Du skulde ikkje låna bort slikt til folk , Geir . For det blir ikkje slik som du Geir meiner . Det blir Jesus som vinn . "

" Tøys og tull , " murrar Geir . Men han blir ikkje vond . Han berre nemner at Mikkel må halda kveld no . Det er då over arbeidstid . Men Mikkel meiner at i kveld må han gjera meir det han gjorde forlite i gårkveld .

" Phu , " blæs Geir .

Geir sit og ser på Mikkel mens han arbeider . Og no seier dei ikkje meir . Om ei stund seier Mikkel :

" Hadde du Geir kunna lånt meg tjuge kroner , du , til eg får løni mi ? "

" Kan du ikkje få deg tjuge kroner hjå Jens då ? "

" Eg spurde han , men det høvde ikkje for han no . "

" Å den branden ! Jau Mikkel . Tjuge kroner skal du få låna på flygande flekken . " Og verkeleg so har Geir desse pengane på seg og let Mikkel få dei .

" Kva du skal ha dei til då ? " seier han ei stund etter .

Mikkel vågar å seia det . " Bøker , " seier han . " Eg har tinga nokre bøker . "

" Kva slag bøker ? " Men det svarar ikkje Mikkel på og Geir let det fara .

So er Mikkel inne og finn tak i bøkene til Geir .

Då han er komen ut att og Geir framleides ligg i høydungen seier Geir :

" Har du ingen ting fått hjå Jens du Mikkel ? "

Mikkel vil ikkje so gjerne svara på det . Han ser ned og vil ikkje den vegen .

" Nei Mikkel , du har ikkje fått noko . Eg fekk då namn til løn eg då eg var der . Eg skal ikkje ha att noko av desse tjuge kronene . Du kan få so pass . "

Men Mikkel vil ikkje det , han skal då betala attende . Men Geir seier avgjort at han skal ikkje ha att eit øre . Og so må Mikkel seia takk .

Geir ruslar sin veg . Og Mikkel står og kjenner kor han elskar bror sin meir og meir . Men med den kjærleiken fylgjer smerte . For broren går på ein villsam veg trass i det at han er snild og hjartegod . Der går han . Velklædd og vakker . " Men du er på veg til døden og undergangen . Du er i den tapande flokken . Geir , Geir , kunde eg nå inn til deg og vekkja deg opp . "

Og det er sommarkveld . Det blånar i litt dis kring fjelli , og det klårnar opp meir og meir millom dei lette skyer . Det er nærpå vindstille , men likevel bevrar og blikrar det småblidt og kvilesamt i grøne frodige blad bortover dei store ruster av olderskog .

Mikkel har ikkje hug å halda kveld . Det er so godt å stå her i arbeidet og kjenna på det som lever og er til rundt han . Og so er han takksam i sitt indre . Han har atter set at Gud er med han og har omsut for han . Menneske har vendt seg frå han og sett han til krås . Men enno har Gud omsut for han . Gud synte han bøker han trengde til dei nye tankar som lagdest inn på han . Og no var det sikkert Gud som ordna med dei tjuge kroner han trengde til det og . Og fer Gud slik åt med han so har han sikkert snart ein veg opna fram gjenom dei åri han skal leva .

Jens har vore til Rynge på butikken tidleg ein måndagsmorgo . Då han kjem att gjer han noko som er heilt nytt for han dette dagsbel og i so bra ver . Han legg seg på sengi . Han ser ikkje ut til å vera sjuk . Og det er vel snautt meiningi hans å leggja seg til der . Han tek ikkje sko av seg , ikkje huva ein gong . Han ligg og dinglar med eine foten utom sengkanten , ser seg om i stova liksom augo leitar etter eit kvart nytt .

Kva som er kome på han i dag ? vil Mathilda veta . Ho ser det er eit kvart .

Men han svarar ikkje til det . Og so spør ho ikkje meir . Man han blir liggjande der nærpå halve timen før han endeleg står opp og går ut og finn arbeidet sitt .

Mathilda får veta kva som er kome over han då dei sit og et middag . Det var so over all måte grovt til fyll i går . Knut hadde rasa og Nanna hadde rømt bort til Årva og var reint hysterisk . Geir hadde vore med å spika eit vindauga hjå Sivert Rynge . No får han seg ei mulkt . Dei har vore inne på butikken og teke cigarettar . Og so har dei gjort herverk både her og der .

Geir er ikkje komen attende . Truleg er han i Buhaugen . Men det seier Jens no i denne stundi at Geir kjem ikkje inn om denne døri meir .

Mathilda seier ikkje noko til det . Dette skal Jens få stella med utan innblanding av henne . Ho for sin part har ikkje dusti i mot om Geir pakka i denne dag . Ikkje so å forstå at Geir er nokor uvyrda mot henne . Men når han går og har Gud til narr her so borni høyrer på , og bannar digert og tjukt og bryt or seg fæle ting korleis dei skal gjera det med dei store og mektige som har det godt på andre sin kostnad , då held ho mest ikkje ut å høyra på . Og det var no mest ein meintrefnad at han skulde koma heim no med same det vart vegarbeid i bygdi . Gale hadde det vorte med drykk og leven som fylgje av bra innkoma og dagleg mange timars lediggang , det er ikkje tvil om . Men Geir har attåt sett noko vondt i blodet på ungdomane . Alle klagar over at dei er vorte so lite hjelpsame og so ubeinige og kravstore . Mor til Mathilda var her ein kveld no . Det er so sjeldan ho har teke ein svint til Bleke . Men då snakka ho om det at Ivar , yngste bror til Mathilda , var nett som han var besett . Han vilde ikkje eingong leggja saman hendene meir når dei skulde få seg mat . Og no vilde han ut . Han skulde fylgja Geir ein stad av . Men kvar visste ikkje mor til Mathilda . Ho var her og vilde få Mathilda til å tala vet i bror sin . Og kanskje kunde ho stikka eit ord til Geir ogso fordi han forførde unge ubefesta jyplingar på slik vis . Men ho er ikkje den som får seg til å seia noko til Geir . Og om Ivar fylgjer Geir heim i tunet her so er han so skyr at ho får han mest ikkje inn om døri . Ho kan nok ikkje gjera noko med det .

Men det er meir enn dette om Geir og Nanna Jens har fått høyrt om i dag . Den andre kvir han seg for å nemna til Mathilda . Eigentlig er det det som tyngjer han ned . Gjertrud Øy kom opp i vegen til han og sa at dei var redd for Mikkel . Han gjekk om dagane so han korkje såg eller høyrde . Og om natti visste ho ikkje om han var i seng . Ho var redd det spela innåt med han . Ho kunde ikkje seia kor vondt ho hadde det for han .

Det er liksom Jens må ta det for gitt at det går galt med Mikkel . Han kunde vore redd for det lenge at det var ikkje rett fatt . Alle har vel skjønna at å leggja i veg på den måten som Mikkel med det å vera ein kristen , det kunde ikkje vera normalt og vetigt .

Geir kjem att etter dei er lagd om kvelden . Dei høyrer han går på loftet sitt . Det stilnar fort av med han der oppe . Men Mathilda og Jens vaker . Jens ligg som han søv . Mathilda gjer det same . Men begge er dei so alt for vakne . Ho ligg og tenkjer på bror sin . Ja på alle brørne sine . Dei er tri stykke . Den eldste har ein gong vore med i flokken . Enno er han roleg og still . Men han har fått hug på drykk . Slik i det stille og fårlege . Dei andre tvo turar i synd og villskap . Den nesteldste er på vegen og den yngste har slege lag med Geir og vil trakka Kristi blod under føtene i vill forakt . Han vil ut i verdi og sleppa seg laus , og ho møter han kanskje aldri meir .

Og no såg ho at mor var so gamal og fåmi . Ho har brått vorte so anleis i det siste . Snart kan den dagen vera der at mor legst under torva . Og so er ho visst ikkje ordentleg frelst endå . No gremmar ho seg over at ho ikkje har levt dagen sin slik at ho klårt og trygt har synt sønene sine leidi .

Mor var komi so nær livsporten då ho gjekk på møti til Mikkel . Lat vera at Mikkel er litt vranglærar . Ho trur nok det ho og . Men ho har aldri møtt nokon som har elska Jesus so høgt og bronne so etter å vunne menneske for han . Dei skulde ikkje stengt han . Hadde han fått halde fram so kan henda nokon hadde funne vegen inn til Gud no . Kanskje hadde mor gjort det ? Og far ? Og nokon av syskini hennar ? Kanskje hadde mange av bygdi sine ungdomar gått inn på den ørsmale og tronge , men fagre vegen som Mikkel synte dei ? For det var ein himmelveg ein kunde få hug å vandra .

Varleg nestar Mathilda hendene sine saman og bed til sin Gud . Ho bed at Mikkel må bli " løyst " att . At han kan få peika på Jesus att . Ho er so redd at det går galt med alle hennar folk .

Då blir det klårt for henne at Jens ogso ligg og vaker .

" Søv ikkje du heller Jens ? "

" Nei . Og ikkje du heller ? "

" Kvifor søv du ikkje Jens ? "

" Eg er so redd for Mikkel , " slumpar det or han .

Ho vågar ikkje spørja kva det er . Når Jens tek det slik so er det noko fårleg . Ho får som frostrid over heile kroppen , ho hakkar tenner og skjelv .

Og Jens spør ikkje kvi ho tek det so ålvorleg . Han hadde ikkje venta det anleis .

%Elveteigen flirer litt åt denne profeten , denne drengen deira går visst or hektene med svermeriet sitt no .

Det er tirsdagskvelden at Elveteigen har høyrt gjete at Mikkel har visst ei rar påfunstre att . Han har høyrt det borte på ein av gardane . No er han komen heim og fortel det til Lisa . Han har moro av å erte henne . For ho plar ikkje ta blidt i veg dersom han seier noko om Mikkel . Ho vil mest ha det slik til at han er betre åleine enn alle dei andre i hop .

" Kva som er vorte med han no då ? " spør Lisa . Det er ikkje fritt ho vart bleik .

Husbonden ser det . Og no ser han at det går ikkje med berre spøk .

Nei , han har høyrt det at dei var redd for han . Det heldt visst på og skulde svirra i toppen hans .

Ho bleiknar endå meir . Men so bit ho andletsdragi sine harde . So blir ho raud . Hendene er på veg og skal knyta seg :

" So lenge piner de han vel at de får det til og . "

" De ? "

" Ja de alle saman . Heile bygdi . Ingen av dykk forstår dykk på noko stort og edelt . Ingen forstår meir enn pengar og mold . "

Ho vilde sagt mykje meir . Ho vilde sagt alt ho ser for augo . Men no knyter det seg for henne . Ho svel eit par gonger i hjelpeløyse . Og so gjer ho kveldsarbeidet frå seg i rivande hast . Klokka er mest halv elleve då ho er ferdig . Men likevel tek ho sko på og vil snerta heim . No vil ho veta kva som er sant .

Ho spring snaraste vegen gjenom skogen . Ho blir våt på føtene , våt på klædi og . For det er teigar som ikkje er slegne . No er graset doggvått og ho sopar vatnet av kjørr og busker der ho må smyga fram . Raud av sveitt og oppkava er ho då ho kjem til Øy . Men ho blir so glad med same ho kjem der at det strålar gjenom henne . For Mikkel stoggar nett på låvebrui med ei lauvbyrd på ryggen . Han står og smiler mot henne . Han har barbera seg i dag . Har kjembt håret sitt . Han er bleik og tunn , men fager , synes ho . Ja , det er det fagraste uttrykk or eit mannsandlet som ho veit om . Men ho veit ogso det at det er kanskje berre ho som tykkjer det . Men lat gå . Det er fordi folk ikkje ser .

" Har du ikkje halde kveld då Mikkel ? No klokka er mest elleve ? "

Han går inn med byrdi si og ho fylgjer inn til låvedøri . Der står ho mens han legg byrdi av seg og trekker undan toget .

" Eg forsov meg i dag , og mor di vekte meg ikkje . Og endog kvilte eg middag og . So eg må nok ta att litt . "

Ho veit ikkje å seia stort til han .

Men ho ser då at det er ikkje noko galt med han . Kanskje er han litt anleis . Men det er berre frigjering over andletet hans . Det er berre glede og fred over alle hans drag .

" Det er berre vel med deg Mikkel ? "

" Ja , eg har vunne no . "

" Fortel meg det Mikkel ? "

" Det er ikkje råd å fortelja noko , Lisa . "

Ho ser bedande på han .

" Eg har oplevt noko stort , " seier han . " Og eg trur eg har fått kall frå Gud . Livskall . Bøker vart opna og segl vart brotne . Og Gud la anden sin over meg . "

Det er orakel for henne . Ho forstår det ikkje for vel . Men ho ser det på Mikkel at det er sant . Og det er endelaust stort .

" Det var bøker som vart lagde i hendene mine som synte meg so mykje . Og eg fekk tak i bibelen på ein ny måte . "

No har dei stelt seg opp side ved side ved låvebriki .

" Skal du ut no Mikkel . Ut i verdi og reisa . "

" Eg trur det . Eg vil reisa so snart eg er ferdig . Du skal ikkje vera vond på meg , Lisa , om eg ikkje har dugt stort i det siste . Eg har lese om natti , natt etter natt . Lese og kjempa med nye tankar og nye syner og ny overgiving og kamp og bøn . Og so gjekk kroppen min åleine om dagane og skulde gjera arbeidet , mens sjel og hug var i ei onnor verd . "

" Men du skal ikkje ta det slik Mikkel . Kvifor kunde du ikkje teke deg nokre dagar og berre lese ? Du kunde då kome og sagt det til meg . Du som har gjort so mykje , du som mest har fått i hus altsaman . No skal eg seia til mor at du Mikkel skal vera fri nokre dagar og arbeida med ditt eige . For det er dette med bibelen og dei tingi som er livet ditt Mikkel . Og der skal du leva . Dette andre skulde vera berre til eit byte . "

Han må stå og undra seg over kor vel ho skjønnar han . Og ho meiner det utan ein baktanke . Ho held med han til inste hjartegrunn . Det kjenner han . Ho er det første menneske , trur han , som han ikkje finn svik i .

" Lisa , " seier han i brand . Han tek hendene hennar . Han held dei fast millom begge sine . " Gud har fått meg . No skal han få bruka meg det vesle han kan få til av meg . Eg vil peika på Riket som kjem . Eg vil minna dei trøytte menneske som lever i jaget og uroi og kulden i dag om ein ny himmel og ei ny jord . Der rettferd bur . Han kjem snart att no han som koma skal og han skal ikkje dryga . Jesus kjem snart , Lisa . Eg gler meg so til det . Og han vil gi sin ånd over alt kjøt , og kvar den som påkallar Herrens namn skal verta frelst . Eg vil fortelja det so langt eg når . "

" Kvar vil du ta til då ? "

" Eg vil endå ein gong prøva med vitnemålet her heime . Og lyer dei ikkje på det , på Guds eige sanne og usvikande ord , so rister eg dusti av meg og går til ein annan stad . "

" Men når du reiser ut , kjem du aldri att då ? "

Han høyrer det sorgsame i røysti hennar .

" Om du vil det so ? "

" Det veit du eg vil Mikkel . "

" Men du våga aldri å vera med meg ? " seier han beint ut .

Ho raudnar . For slikt ord har aldri før falle millom dei . Men no er han fast og stødig . Han står der som ein vaksen kar og har rekna vel over kva han seier .

" Nei Lisa , eg tenkjer ikkje på å bli gift sjølv om eg elskar deg . Eg vilde deg ikkje so vondt . "

No står ho og svel og får ikkje til steinsens ordet . Ho kunde svara for ein augneblink sidan . Men dei siste ordi stengde det til att .

Ho blir so fatig og innestengd . Står der stur . Han ser det . Og det renn gjenom heile hans medvete at Lisa står her og hadde våga å gått livsvegen saman med han . Det er so urimeleg og anleis enn livet til vanleg møter han at det gjer han nett som nåmen innvertes .

Han har tenkt det at om Lisa vågde det , so vågde ikkje han . For han har sagt ja til Gud . Og då kan Gud heretter føra han på underlege vegar , vegar som Lisa kanskje ikkje kan rekna med å fylgja han .

" Våga du det då ? " seier han då han ser at ho so gjerne vilde kome med svaret .

" Ja , dersom livet og vegen din var fårleg . Slik som du har teke til på han , Mikkel . Eg har lært so pass av deg at eg likar ikkje kristendom som er jamn og roleg og rund og inkjevetta . Men kristendom som alltid blir anleis fordi det stadig ber frå lys til lys . Eg vil gjerne få fylgja deg Mikkel . "

Han står og let det bli til smil over heile andletet sitt . Ein god og inderleg fredfull smil .

Han har slept hendene hennar , men no tek han dei att . Held dei mildt og tankefullt .

" Eg skjønnar ikkje at dette kan vera sant Lisa . Du som er so ven og eg som ikkje er det . Eg som er so anleis enn alle andre slik . "

" Skal eg seia det eg meiner so tykkjer eg du er ordentleg pen altso . "

" Men du er då so ung , Lisa . Det kjem ein dag kanskje då du ikkje tykkjer det lenger ? "

" Men du Mikkel skal hjelpa meg heile tidi , so eg ikkje blir so blind nokon gong . "

No legg han hendene sine mildt til kinni hennar , og ho legg hendene sine utanpå hans att og klemmer hardare til . Og han står og trur henne . Trur at augo hennar er opne for livsens sanne fagerdom , den som ikkje falmar med skinn og farge . Og han trur at ho står her og er viljug til å døy , døy so ho kan leva .

Og slik ei kvinna er vaksi opp på Øy . Slik ei kvinna finst i denne bygdi der gudsliv fødest og gudsliv døyr og der so få spirer kjem seg opp til bløming og frukt , der det ikkje er nokon brennande og ihuga lyd som vyrdslar veikt vaknande liv .

" Eit under frå Gud , " seier han høgt .

" Kva som er eit under ? "

" Eit menneske som har vakna opp til heilt medvet , " seier han .

Det har mørkna mykje no . Der er stjerner på himmelen . Lisa blir brått var det då ho ser ut og opp .

" Men kor langt lid det ? " kjem ho på .

Han veit det ikkje so visst . Halv tolv kanskje .

" Uff nei . Eg som må bort att då . "

" Er du mørkrædd ? "

" Ja , litt so . "

" Du må då inn litt ? "

" Nei , eg må springa no . "

Ho vil leggja i veg .

" Eg fylgjer deg Lisa . "

" Du kan ikkje det Mikkel . Du lyt då kvila no . "

" Eg er so kvild so det mest er formykje . "

Dei går , ikkje so svært fort . Og dei læser fingrane i kvarandre med dei hendene som når i hop . Han må nemna graset og blomane til henne , tre'i og stjernone og himlen og den Gud som eig det .

Mest borte ved Elveteig vågar han å ta armane sine om halsen hennar og klemmer henne inn til seg . Viljen han stridde mot det med vart for veik .

So spring han heim so fort føtene kan bera han .

Det er ein ven månelys kveld med mykje gult i skogen og turr og rima mark . Det er i dag Mikkel er vorten ferdig med tenesta si på Øy . Lisa er komi heim i dag . Mikkel vilde ikkje lova seg att på Øy . Kunde ikkje gjera det for livet kallar på han . Men det blir til det at han blir her nokre dagar attpå . Lisa har fått han til å bli att og ordna nokre småting på kjøkenet . Ho vil sjå å få det til nokolunde slik som dei hadde det i kjøkenet på Elveteig .

No har dei funne på å gå ein tur bortetter skogane i det gullvene månelyset gjenom all døyande fagerdomen i skogen . Og i kveld skal dei fylgjast heimatt . Men Mikkel kan ikkje ta seg fri og nyta dette fagre . Han går og kjenner naudi for alt i kring han som kunde bli anleis og betre dersom han kunde vera vaken nok og leva intens nok . Han nemner det til Lisa . Men ho seier det til han at han må ha rett til å kvila litt . Han kan kvila i kveld . Han kan berre gle seg i so fager ein kveld , og no han er saman med henne .

Jau han gled seg då . Gled seg useieleg . Han har aldri vore til i so mykje fagert og stort som no . Men tidi går so fort . Og det har gått so mange år glipp for han . No lyt han prøva å gripa det rett so han kan vinna noko .

" For Lisa , eg trur ikkje livet mitt blir so sværande langt . Denne her arbeidstidi , meiner eg . Sidan tek eg til på den lange kviledagshelgi . "

Ho likar ikkje at han talar slik . Det legg hauststemning heilt inni sjel og sinn .

" Nei du skal leva , Mikkel . Du skal leva so lenge Gud har ugjort arbeid åt deg . "

" Ja , so lenge skal eg leva , " seier han . " Men det er ikkje sikkert at det er so stor flekk han vil ha meg til å rydda . Eg har nemnt namnet hans rundt her litt . Det var kanskje ikkje stort meir han vilde med meg . "

Dei går . Og himmel og stjernor og skir luft og brunt og kromgult lauv og skire månelyse fjell er deira eiga . Det blir lang togn mens dei går slik . Men dei går tett inn til kvarandre . So stoggar dei opp . Ser på kvarandre og smiler sant og ope mot einannen . Og går vidare .

Då dei kjem attende til Øy står der tvo kvinnor utom døri og talar med Gjertrud . Lisa og Mikkel kan ikkje dra kjensel på dei no . Dei framande står slik til i skuggen av huset . Lisa går framtil , men Mikkel går rundingen bortom fjøshuset . Det er ikkje verdt at dei kjem i lag . Med same Lisa kjem bort til dei og dei har helsast so høyrer Mikkel med ein gong at det er Selma og Maria Rynge . Då er det ikkje lang stundi før ogso han er der og møtest med dei .

Dei skal vera so kort tid heime , fortel syster hans . No har ho vore tvo dagar i Bleke . So måtte ho møta Mikkel litt . Og so lyt ho vel ein tur opp til Nanna . Det må bli i morgo kveld . For sundag er det møte i skulehuset . Då blir dei der . Og ein dag ut i veka reiser dei att . No vilde dei berre få tala med Mikkel litt om han hadde høve til å ta ein liten tur etter vegen .

Men Lisa vil at no skal dei versogod vera med inn til dei og sitja der ei liti stund . Dei tykkjer ikkje stundi er høveleg til det . Men Lisa gir seg ikkje på det .

Det er ikkje stort dei er kjend med Lisa Øy . So dei er vel nærast ved å ikkje hefta seg med henne . Men so seier Mikkel det og , at dei må berre gå med inn .

So går dei med . Og dei seier mange ord om kor koseleg og vent Lisa har det inne . Gabriel har fått so skinande kvitt trekk på sengi si i dag . Og Lisa har skift nye putetrekk på . So har ho sett stolane anleis enn før . Og fått pent papir på blomepottene . Ho har stelt med slikt heile dagen etter ho kom heim . Mikkel måtte rett som det var gi henne ei hand til hjelp . Og no fekk ho folk til seg med ein gong som hadde vet på det og kan seia det på byvis .

Lisa smiler til at dei let vel over det . Ho vilde so gjerne ha det pent .

Og Mikkel ser på Lisa og tykkjer dei gjerer plent so vel om dei tykkjer om henne .

Lisa har godt lag å tala med dei , ho spør etter korleis dei likar seg i byen . Det er vel gildt der ? Ho ynskjer so ofte ho kunde vore der ein tur . Tenk , der det er alltid møte , der det er so mange store talarar , å , det er so mangt gildt .

" Å , det har sine skuggar der og , " seier Selma . " Både med møti og alt . Det er mange som berre går og høyrer store talarar og leitar etter kor store dei er . Og bykristne blir ikkje betre dei enn andre . " Ho kunde gjerne reisa frå det alt for den skuld . Og å tena hjå desse byfruene som set ein hund mykje høgre enn eit menneske ! Huff nei . Ho vil ikkje seia noko om det . " Men du har det godt du Lisa Øy som kan få vera heime og stella deg som du vil . "

Og Lisa Øy held det ikkje urimeleg at Selma har rett . Når ho tenkjer på denne sommaren på Elveteig so var det alltid som ein otte og ei utryggja låg over det . Men der vart ho då akta som eit av dei sjølve . Det var kanskje ikkje so gildt i byen alltid når ein jamt måtte gå å krypa for menneske som var stolte og stive .

Mikkel har site og set på syster si mens ho sa dette siste . Han ser det tydeleg at ho er ikkje so nøgd med livet der ute . Og ho går med eit sakn i seg etter eit kvart . Når han tenkjer på det so kan det vel vera mest slik for henne som det har vore for han . Ho har ingen heim i Bleke meir . Og ingen heim andre stader . Ho kan berre koma heim og sjå dei . Ho er vel vaksi no . Ho kunde vore ei pen og god liti kona for nokon . Men det har ikkje treft seg slik . So går ho og heng i teneste vinter og sommar , år etter år .

Han har liksom gått og fått det til slik at ho har vore so ovanpå og havt det so fullkomeleg ho som har gått og vore fin i byen .

So er ho ikkje komi lenger ho heller , er berre eit menneskekryp i ei veglaus verd . Men so har ho livet . Han ser det på henne . Ho har ikkje gitt opp . Det er noko som er større for henne enn alt dette som blendar i verdi . Ja det blendar henne slett ikkje . Fordi noko er større . Hadde ikkje det vore so hadde ho iminsto klipt håret sitt og laga brus og krullar i det . Det har so mange gjort av dei som har vore ein svint ut og kjem heimatt . Slikt har ikkje Selma gjort . Og ikkje Maria Rynge . No tek Maria Rygne til å få små rukker kring munnen . Og det er ikkje fritt håret har teke til å fått lyst sylv i den svarte rikdomen . No held Maria Rynge på og lever seg utor ungdomsåri sine .

Snart blir dei gamle både han og syskini hans , og alle dei som vaks opp saman med dei . Han kan ikkje få til kvar åri har fare av .

Slik sit Mikkel og tek det på den måten , mens Lisa legg kvit duk på bordet og steller til mjølk og kaker til gjestene sine .

Lisa gjer seg kjend med dei . Og dei får det til å talast ved so lettvint .

Gabriel og Gjertrud seier ikkje stort . Gabriel ligg og geispar og er ferdig til å ta nattesvevnen sin . Og Maria Rynge ser på eit ørande lite armbandsur og ber seg litt ille over at no held dei folk oppe .

Men då skundar dei seg og seier det både Gjertrud og Gabriel at det må dei slett ikkje vera redd for . Det var då so koseleg at dei vilde sjå innom .

" Me syng åt dei før me går , Maria , " seier Selma .

Og dei stemmer i der ved bordet :

Nu har jeg funnet livet i Gud , takk Jesus , takk Jesus . Tror mig å være frelserens brud , takk Jesus , takk Jesus . Jesus har vunnet seier , Jesus har banet vei . Fred i hans blod jeg eier , offeret gjaldt for mig .

Det blir inderlig møtestemning inne . Mikkel syng koret med dei etter kvart han lærer det , og då dei er ferdige med songen seier han at dei må ta ei liti stund og be saman . Han kom det i hug nett no at dei kunde be om at ungdomen her heime måtte vakna opp og sjå dette fagre livet i Gud . Dei var so nær det , seier han , og det høyrest på han at det er både sorg og naud over at det ikkje nådde heilt fram . Dei var so nær det og no glir det so langt frå dei . " Lat me leggja det innpå Herren vår no . Det er større makt i det me blir einige om å be om . "

Dei fell på kne der og bed . Det er Mikkel som bed først . Og han bed ut or hjarta sitt etter som han kjenner naudi . Og Selma og Maria bed høglydt med so det er mest i kor .

Men Gjertrud Øy sit på stolen sin og er mest redd . Og mannen hennar har snutt andletet opp mot veggen og torer heller ikkje gi seg heilt med .

Dei kjenner ikkje den Gud som ein kan omgåast som ein bror og fortruleg ven . Deira Gud bur nok enno i høgtidelege former , i bøner or salmeboki og lange andakter sundagsmorgonane .

Lisa ligg bøygd og kjenner på dette no og gråten tek henne . Ho ser kor langt det er att for mor og far enno til å kunna seia : Min Jesus .

Etter bønestundi går dei tvo gjentone og bed velfar med dei gamle . Då Maria tek Gabriel i handi seier ho :

" Ja no har me havt møte i stova dykkar . Får du ogso tru at du eig dette livet i Gud ? "

Det bevrar i hoka til Gabriel og han knip handi hennar :

" Eg vilde nok gjerne få tru det . Men eg er nok ikkje trygg på det , eg . "

Maria skal ikkje preika til han . Ho berre held han i handi og smiler til han . Ho står ei god stund slik .

So ruslar dei . Mikkel og Lisa blir med ut . Selma går og talar med Mikkel og etterpå kjem Maria og Lisa .

" Skal du ikkje ut i haust heller Mikkel ? " seier Selma .

" Eg hadde hug til det . Eg reiser vel kanskje . So lenge eg har pengar til det so . "

" Men du kan då ikkje reisa for inkje , Mikkel . Du må reisa i ein organisasjon so får du då løn for det du reiser .

Du kunde søkja om å få reisa . "

" Ja , men so kom eg til å stri for at Guds folk måtte vera som dei som ventar på sin Herre og Konge . Dei måtte innretta seg her i tidi slik at Kristus kunde koma å ta styremakti . Me måtte bli kristne kommunistar som var viljuge til å gå i døden for Herren Jesus . Det vilde eg be folk om . For det vil Jesus . Men eg veit ikkje om dei kristne organisasjonane vilde vera med på det . "

" Du trengde ikkje blanda deg bort i slikt Mikkel ? "

" Jau , det trengst at dei kristne hadde fått ein ny innstilling . Og vera med å laga slike tilhøve at det kunde bli brorskap millom menneskja . Slik at ikkje dei mektige rana til seg og dei maktlause ingen forsvarar har . Det skal bli eit gledens år for fatige . Det skal koma ein konge som skal skifta rett millom folki . Og kjenner me ikkje vår nådetid , høyrer me ikkje Herrens røyst og rydder vegen for rettferd og kjærleik so søkk me ned i vanhelgd , so vender folk seg frå Gud fordi dei som ber hans namn lever i mot Gud . Det skal koma ei tid då ein ikkje treng samla seg skattar på jordi , for vår himmelske far føder oss alle . Og den tidi er komi . For Gud har laga alt slik at det er nøgdi . Det er nok mat og klæde i verdi for alle menneske om Jesu ånd fekk stå for fordelingi .

Dette vil eg tala om . "

" Du skal forkynna Kristus , Mikkel . Du må ikkje svika det . "

Mikkel blir ivrig . Det ligg heilag kraft i han . Og no seier han med ei overtyding som får Selma til å koma i tvil om sitt eige syn :

" Dette er Kristus . Det er ein del av Kristus og hans program . Han er komen for å gi verdi liv . Menneske som var døde i sine synder , dei har han gjort levande med di han sona deira synder , våre synder . Dei som har sonen har livet , men hine skal aldri sjå livet . Dette er det første . Men so har han den heilage ande å renna ut til den som er viljug å døy , viljug til å lida med han , viljug å lata han leva . Då blir det liv i overflod . Då får elden som han har kasta på jordi fata . Dette er det andre . Dette har han lært meg i sommar . So er det dette som eg nemnde først . Tidi er komi at Kristus skal vera konge . Lovsongen i himlen har teke til no : Me prisar deg fordi du har teke di store makt og er vorten konge . Davids trune skal reisast i det sanne Israel og Guds trune i himlen . No må Guds barn vakna opp og stilla seg utan atterhald innunder hans fane .

Eg vil fortelja det so lenge det er tid . Eg vil vera med å rydda vegen for Kongen . "

Maria og Lisa har nått dei att .

Dei høyrer Mikkel si varme og klåre røyst og kjem i hug at han talar som ein profet .

Selma har teke handi hans .

Ho seier det med handi det vesle ho har å seia .

%Kvelden etter fylgjer Mikkel Selma til Nanna . Med same dei er komne der , kjem det ein smågut springande og fortel at det har vorte Knut noko oppe i marki .

Det har vore slutt med vegarbeidet no ei tid . På ettersommaren har Knut vore heime og gjort arbeidet på den vesle jordvegen sin . I dag har det vore den første lovlege dagen på rypa , og Knut har vore til fjells . ( Det er berre Nanna som veit at Knut ogso var der igår og kom heim med seks ulovlege rypor ) . Nanna blir bleik som eit lik der ho står . Ho set i eit lite skrik , stomlar seg til sengi og fell saman der .

Dei ser kva som er tess med henne , og Selma skjønnar med same kor fårleg det er for henne . Nanna føder før tidi , blodvegen syner etter henne .

Selma slepp å seia noko til Mikkel , han spring av og skal få tak i hjelp . Han går ned vegen , han hinkar og hiver seg alt han vinn i retning mot Rynge .

Då jordmori kjem ein time seinare , er ikkje Selma stø på om det er liv i Nanna eller ikkje . Hjarta held opp og skal slå , pulsen er berre som ei linn skjelving her og der . Nanna kan ikkje sjå eller høyra eller tenkja eller lida .

Mest tri timar seinare kjem dokteren . Jordmori har stått i intens kamp over Nanna kvar sekunden mens . Og enno fins det teikning til liv .

Dei er komne med Knut og har lagt han på Årva . Han har fått eit haglskot i andletet og samlar seg ikkje . Korleis det er kome til veit ingen . Nokon kom brått over han då han låg slik . Skotet kan ha vore frå hans eigi børsa , for eine hylsa i tvoløpsgeværet hans var tom . Men han kan ogso ha gått og luta og nokon har set ei rypa eller ein hare i den grå huva hans . Hagli har skrått nedetter andletet so det kan vera rimeleg . Gjerningsmannen har i so fall rømt frå det og torer ikkje vedkjenna seg det .

Knut kjem til samlingane utpå natti . Han jamrar seg og hyler og er redd døden og fortapingi . Og klagar over at alt er so bekande mørkt . Kan dei ikkje kveikja eit lys då ?

Det er nokon av dei på Årva som sit med han då . Men litt etter kjem Mikkel . Han har gått millom Nanna og Knut i eitt . Knut er med seg då Mikkel kjem ogso . Han ligg med bind kring hovudet og hendene ligg ovanpå åklædet .

" Det er eg , " seier Mikkel stillsleg og so vidt stryk Knut over handi .

" Skal eg døy no då Mikkel ? Er det ikkje håp for meg ? "

" Eg veit ikkje Knut . Det kan vera slik å døy . Me veit aldri kvar livet set punktom . "

" Og eg som ikkje kom då du bad meg om det . So overtydd eg var om det Mikkel at eg burde det . Men so vart det ikkje . Og so vart det berre synd og ulivnad etterpå . Og so trudde eg det skulde bli so herleg no det vart so godt arbeid . Eg skulde ha råd til alt . Eg trudde aldri pengane skulde ta ende no eg tente so mykje . So kjøpte eg brennevin og fin mat og tull og alt slag og no finst det ikkje eit øre meir . Og no står eg ikkje i sjukekasse meir heller . " Knut sutrar og vil gråta .

" Ver roleg no Knut . Prøv å sei til Jesus no at han skal få eiga sjeli di . Be han om å stryka bort syndi di og aldri koma henne i hug meir . "

" Nei , eg maktar det ikkje no , no går det rundt for meg . No ser eg tusen stjernor . Det vrimlar , det gneistrar . Å , å . "

Og so blir det ei lang rekkja med berre tull frå Knut .

Dokteren handsamar Knut att endå ein gong . Kan henda er det ikkje so stor fåre for livet . Men han er redd for synet hans . Dei lyt fara til byen med han so snart råd er . Dei når første båten som går om dei reiser i morgo tidleg . So dei lyt visst det .

Korleis det går med Nanna kan ikkje dokteren seia noko om . Livet heng som i ein tråd . Ved heil ro og varsemd kan ho greida det .

Det blir ordna slik at Selma skal vera med Nanna og Mikkel lyt fylgja Knut til byen . Når det lid so langt at Selma skal reisa att lyt dei sjå å få Lisa Øy til å vera med Nanna . Om det då skulde gå slik at Nanna vil stå det over .

Tidleg på morgostundi kjem Mikkel til Øy . Dei er ikkje oppe der , og dørene er læste , so han må banka kraftig på før nokon kjem og let opp .

Det er Lisa som kjem og opnar . Ho har kasta skjørtet på seg .

" Mikkel , " seier ho . " Kjem du no . " Det er tydeleg at ho er redd . Han må leggja hendene bortåt den kvite halsen hennar . No ser han at Lisa er meir for han enn nokon annan , meir enn Selma og Nanna og alle i hop .

" Veit du ikkje kva som er hendt Lisa ? "

" Nei ? Det er vel ikkje hendt noko , Mikkel ? Eg har lege vaki mest heile tidi , for eg har ikkje høyrt at du har kome att . Eg har vore so redd for deg . "

" Det er ikkje noko som er hendt med meg . Det er oppe i Buhaugen . Han Knut skamfor seg so fælt , og so tolde ikkje Nanna det då ho høyrde det . So gjekk det galt med henne og . "

Mikkel fortel korleis det har gått for seg og korleis det no ser ut . Han må skifta på seg , han , no med same . Han lyt fylgja Knut til byen .

Lisa finn til rettes med han . Ho vaska noko klæde til han i går . Ho lyt få glør i strykejarnet og sjå å få tøyet turt i ei handevending . Mikkel seier at ho må berre ikkje bry seg med det . Ikkje skal ho uroa faren og mori heller . Han kan kjøpa det han treng , for han må ha nytt i haust likevel .

Og so blir det til det at Mikkel skifter på seg bestklædi sine , får seg ein liten matgrand bort i handi og ruslar . Det hastar . Kvar minutt kan avgjera ei mengd for Knut .

Nokon har vore til Bleke etter Jens . Og Jens har vore i Svortevik etter verfaren . Dei er komne til Buhaugen då Mikkel kjem dit att .

Dei held på å lagar båra av staurar og eit åklæde som dei skal bera Knut i . Dei får ogso med seg ein mann frå Årva , so dei blir fire stykke som reiser med Knut .

Om morgonen er det dei som fortel at dei har høyrt framferd . Ei natt hadde dei tydeleg høyrt det på Årva at nokon anka seg og bar seg ille . Og borni hadde visst havt det i seg at noko vilde henda . For det er ikkje so lenge sidan dei hadde funne ei daud kråka som dei la på ein sekk , og so gjekk dei fire stykke og bar kvar sin limp , og ein hadde gått føre og sunge . So det er tydeleg at slikt måtte bety noko .

Nanna kjem til seg sjølv og har samlingane om dagen , men so veik og maktlaus er ho at ho greider ikkje røra ein finger eller venda på hovudet . Selma steller omkring henne . Og vesle Olina får ikkje lov å stå over mor si og gråta .

Då det lid eit par dager ser dei at det er von om at det står til liv . Dei blir der både Lisa og Selma , og det hender at Maria Rynge kjem og er der ei stund .

Lisa får seg til å seia det til Selma ein dag at det er ikkje frit det er litt med Mikkel og henne . Selma har gått og ynskt det slik etter ho vart kjend med Lisa . Og det var nok halvveges ho som drog det frampå .

Det er sundag ettermiddag med klårt og kaldt ver seinhaustes . Jens Bleke er nett komen frå møte i skulehuset . Same talaren som var her i vår , den Mikkel var saman med , er komen att no og .

" Mikkel var vel på møtet ? " spør Mathilda .

" Nei han var der ikkje . Det var ikkje so mange denne gongen . "

Det er slik med Mikkel no at han er ikkje å sjå . Sidan han kom heim etter han var i byen eit par dagar med Knut , har han vore berre på Øy og i Buhaugen . I Buhaugen har han drive med å fått til rette ved og hogge opp . So har han prøvt å hjelpa Knut so han skulde læra litt blindeskrift . Det har gått seint . Knut har havt liten trott , har havt lett for å blåse i det . Helst har han vore mørk og fortvila og ikkje lett å ha med å gjera .

Nanna er komi seg på fot att . Ho ruslar inne , sutrar litt og ser fortvila på alt . Bleik og mager er ho og slut i ryggen .

Ho ser meg ut som eit opphengjelse , seier dei som har lydast oppom med ei liti korg eller eit mjølkespann .

Det var stor ulukka på ein stad , dei har ikkje for vel kunna lagt det frå seg enno . Mikkel har brukt opp ein del av sommarsløni si . Selma la att det ho kunde ogso , og Lisa Øy kom på det sjølv og fekk vesle Olina med på det å bli med til Øy . Det var ikkje verst det .

No er Jens komen heim frå møtet ja . Og dei set seg og skal få seg noko middagsmat . Det blir tagalt etter det vesle spursmålet og det enkle svaret . Dei forsyner seg . Mathilda legg på fati til borni og hjelper dei . Sjølv et ho ikkje so mykje . Ho greider ikkje det feite flesket no . Det vil bli so mykje brystsvid av det . So ho sit helst og murklar med borni .

" Han har visst snart lagt ut løni si i Buhaugen , han no , " seier ho . Ho sit nok og tenkjer på Mikkel enno .

Jens et og let som han ikkje høyrer det . Han veit nok kva det no so lett kan dreia seg innpå .

Men Mathilda gir han ikkje fred . Det er ting i samvetet hans ho ikkje let det få lov å gro over , ho tek det framatt nett i dei stundene då han held på og skal få seg til å ha det bra med Gud . Ho passar so vel på .

-Eg har ikkje hugst å spurt deg før , men du veit du lova å gå bortom i Øy med tjuge kroner til Mikkel ‐ når du hadde levert kvigene . Vart det ikkje slik då Jens ? "

" Mikkel nemnde då ikkje meir om det . So han trengde dei vel ikkje då . Men kva var det eg vilde sagt , gav du Mathilda hesten eit høystrå då du stelte frå deg i fjøsen ? "

" Du kan då skjønna eg gjorde det . Men lat me no snakka om det andre . Du lyt tenkja på dei i Buhaugen no . Du lyt få til eit par vedmål åt dei . "

" Kvatid skulde eg få tid å hogga opp ved då ? " No ser ho at Jens blir ill . " Eg vinn ikkje meir enn det eg har for meg Mathilda . Det får bli som det kan . "

Og då han seinare på dagen driv ein tur bort til Dokki so går han og seier det same . Han har slite hardt nok i sommar , både han og Mathilda . Og kven var det som vilde levt billigare enn dei , og teke til takke med det slik dei har det ? Han Mikkel ja . Han får fara åt med vet . Jens for sin part betalar so bra i skatt . Kva skal dei ha skatten til om ikkje å setja innpå busjettet til slike som blir helselause og udugande . Slike som Knut no . Han kan ikkje sjå det korkje som synd eller skam om bygdi no må ta seg av Knut . Dei kan då ikkje venta at korkje han eller Mikkel skal gjera det .

Men tidleg morgonen etter kjem Mikkel til Bleke . Han kjem so glad og smilande at han reint strålar .

Korleis det står til i Buhaugen ? Jau , det går då fram . Ho greider det Nanna no , ho har teke over i fjøset att . Og det er bra med Knut og . I dag har han stått heile dagen og saga ved . Og det gjekk bra . Han Knut er ikkje å kjenna att han no . Han er snild som eit lydig barn .

" Og no skal eg reisa , eg . Han talaren som er her leita meg opp i går . Han hadde snakka med styret for organisasjonen om meg , og no vil han ha meg med til å syngja og ta del elles . " So han vil berre heim og seia at dei må ha det so bra , so lenge . " Men so vil eg seia det til deg Jens at det du skulde gitt meg , eg veit ikkje kor mykje det etter din meining skulde vore , det får du gi ho Nanna no . Du skal gjera det Jens . Elles kunde det snart snu seg med lukka . Eg tenkte so sterkt på noko slikt ein gong i sommar . Eg heldt på å slå oppe under ei bringebær-rust . Det var so tusjande fullt av humler og dei var rasande fordi eg kom og uroa dei då dei hadde det so lystigast i dei tusen blomane . Dei surra omkring meg so eg trudde dei hadde sett på meg og stukke meg . Då sa eg til dei at det var eg som hadde retten . Eg kunde slå graset her , og eg kunde slå kvar bringebærbusk . Og det var meiningi eg vilde gjera det . Men humlene var i si gode tru at dette var deira eigedom . Eg trur du Jens er nett som humlene . Du har sett deg fast i eit Herrens bringbærrask og trur det er ditt alt saman . Far fint åt Jens , so han ikkje ruskar det frå deg i nokre hogg . "

Jens blir berre raud og ser ned . Han vågar ikkje mukka i mot . Det er lenge sidan Mikkel fekk so pass makt over han . Og Mikkel seier det slik at det skjelv i kjærleik av ordi , Jens blir ustø og veik innvertes av dei . Og Mathilda ser opp i andletet til Mikkel med blanke reine augo og seier med heile sitt blikk at du seier alldeles sant Mikkel .

So tek han dei i handi og vil seia farvel . Men Mathilda seier at slik får han ikkje reisa . Han skal no stogga og få noko å bita i . Det er so lenge sidan han var her . Og no når han skal reisa so . Det er noko Mathilda er glad for trass alt , og det er visst fordi han skal reisa . For det er det rettaste av det som kan henda i verdi .

Ho kokar rjomegraut til han . He tek av dei småkakene ho har og ber på bordet , ho held det ikkje for godt for han . Og Jens får vera med til bords , han et av maten og unner Mikkel med seg . Han er einig med Mathilda i det at ho gjorde det slik .

Då Mikkel reiser fylgjer både Jens og Mathilda han ut i tunet . Dei kjenner det rart at han reiser no . Mikkel tek Jens i handi og held handi so lenge ordlaust at Jens blir raud . Då seier Mikkel :

" Du får gjera ålvor av det no då Jens å bli frelst . Du lyt ta med dette : Freistar handi eller foten deg ... . Og sel alt og fylg meg . Jesus vilde ikkje ta mot den rike ungdomen fordi han ikkje vilde gå inn i Jesus sitt program . Det kjem ei tid for deg og då du lyt velja eller gå sorgfull bort . "

Mikkel hikkar og græt so smått no . Og han er likso smal og hykjen i ekslene som han har vore . Men han er fårleg der han står . Han set lyset på Jens so han står der skiten og fatig . Og so kjem tårone hjå han og . Og hjå Mathilda .

" Det er visst ikkje rett med korkje Jens eller meg . "

Det bevrar i hoka til Mikkel . Han ser korleis han har såra dei han har so inderleg kjær .

" De lyt gi Gud rett i det at det er han som eig hagen , " seier han .

" Eg har sagt til Gud at han skal få ta kvar bidige granden hjå oss . Eg har sagt det heile tidi etter den gongen eg drøymde at eg vart ståande att , og ikkje fekk vera med Jesus . "

" Gud velsigne deg Mathilda . "

So går Mikkel . Dei står og ser etter han . Står so lenge han er å sjå og ingen av dei seier eit ord .

Mathilda går inn . Og Jens kjem ei stund etterpå .

%Same dagen får Mathilda brev frå bror sin som reiste med Geir . Han er komen so langt av garde no , dei reiste med eit kvalkokeri til sudhavi . Broren skriv eit brev fullt av lettsinn og likesæle . Han spottar med Gud og med døden og fortel om livet ombord på ein rå og ufysen måte . Ho let ikkje Jens få lesa brevet . Ho vil ikkje lata han veta at broren er vorten slik . Brevet blir brent før Jens får seg til å spørja etter det .

Den natti blir det atter svevnløyse for Mathilda . Det blir so mangt ho må tenkja på . Alt det Mikkel sa i dag blir til so nådelaus ein dom over ogso henne . Ho har vorte litt meir kravstor i det siste . Og Jens har måtta ut med pengar til slike ting som ho før greidde seg utan .

So var det kanskje for den skuld Jens ikkje gav Mikkel noko .

Og no la han det inn over dei at Nanna skal ha det han skulde havt .

Då blir ikkje Jens ferdig med andsvaret sitt om Mikkel blir aldri so velberga . So kan ikkje Jens berga samvetet sitt før han seier som ho sa : at Gud skal få ta kvar bidige granden .

Før det blir reint bord kan ho ikkje få ein retteleg god dag i Bleke . Ja god dag , det får ho vel aldri likevel . Når alle folki hennar er utanfor so ... utanfor i mørkret . Og når det går som det går .

Og so veks hennar eigne born til . Ho prøver å gjera for dei det ho kan . Og ho prøver å gi dei hug til vegen inn i det fagre og reine og lærer dei om Jesus . Men Likevel vil ugraset veksa opp . Ho kan finna so mange ting hjå dei som ho ikkje likar , syndene held på og tek form , ulydnad , smålygner . Kor skal det bli med dei ein gong ? Skal dei bli som Geir ? Skal dei bli som brørne hennar ? Skal vesle Randi få ein lagnad som ho sjølv eller Nanna ?

Vil ho ta til og tenkja på slikt so er det ikkje verdt at ho tenkjer på å sova . Ho vinn seg ikkje ut or tankane . Og tankane gir henne ingi kvild . Men Jens er visst sovna frå alt no . Det hadde ho mest ikkje venta av han . Eller søv han ikkje ? Ligg han berre og lagar til slik snorking for å gøyma seg for henne ? Det er mest formykje snorking til å vera ekte . Men ho vaker ærleg . Og ho skulde gjerne sagt det til Jens no at no tek du og ruskar reint bord . Eg skal heller velja fatigdomen Jens , velja det hardaste slit med deg . Og eg skal gå med på å ha det berre slik som me har det i heimen . Dei andre får berre smørja måling på stoveveggene sine , dei kan få seg ordentlege kjøkenar med komfur og disk og innlagt vatn og kva som helst . Eg greider det nok denne vesle stundi .

Men om morgonen er Jens den same som han har vore . Han er tidleg i fjøs og stall . Han gjer so vel ferdig alt der . Etterpå fer han til skogs . Han har visst i emning å selja ei mengd ved i vinter .

Men heile dagen går Mathilda og tenkjer på korleis det kan bli rett dette som Mikkel nemnde om Nanna . Ho har fått til ein plan då Jens kjem heim om kvelden . Og då Jens har fått seg mat og fått av seg skogegretta og er nokolunde i godlag nemner ho det til han :

" Me lyt ha gjenta no snart , det veit du . Men no har eg tenkt på noko . Du veit du kjem ikkje frå dette som Mikkel nemnde med Nanna . Og no veit du han Knut går der blind . Om dei hadde flutt hit no so veit du Nanna hadde gjort arbeidet og Knut kunde vorte til eit kvart han med . Eg har høyrt om sume blinde at dei kan bli mest likso dugande som andre folk . "

Han svarar ikkje . Og ho ser på han at dette er langt frå han å gå med på . So må ho leggja det frå seg og legg ikkje fleire planar .

Lisa Øy har ikkje set handskrifti til Mikkel før . Skrifti er ikkje svært ven . Men det er ikkje kludd på den enkle sida han har skrive . Og ordi er velvalde og rett skrivne . Det merker ho seg . Elles sit ho og smiler heile tidi mens ho les det første brevet frå Mikkel , og det første brevet ho har fått i sit liv . Ho les brevet oppatt og oppatt og let det bli til useieleg glede i seg . For det går vel med Mikkel der han ferdast . Det er tri vikor sidan han reiste og han har ikkje late høyrt frå seg på den tidi . Han har skilt lag med den han reiste saman med . Han hadde si ruta å gå etter , og so var det ein stad dei vilde ha Mikkel att . Nokon av dei gamle truande hadde funne ut at han hadde å seia nett det som dei trengde der . Han nådde dei so på prikken . Difor vilde dei ha han att . So vart det vekkjing der . Åtte ungdomar vilde bli kristne . Og han hadde sagt til dei at vilde dei ta til kristenlivet sitt med fusk og halvliv og med mest alle tåttar fast i syndige vanar og verdsleg levevis , so var det betre dei ikkje tok til . So måtte dei fylgja lambet kvar det går . Der hadde Mikkel ogso kome inn på dei sosiale tilhøve . Han hadde nemnt den nye kristne idé med samverke . Den dag vil kanskje koma at Jesus vil krevja noko slikt . Då må du som vil ta til på vegen med Jesus ogso vera viljug å gi avkall på alt av private fordeler . Du som har høve til å bli rik og få leva i sutlause kår i trygd og luksus , du må vera viljug å bli fatig med tusen fatige brør . Menneski og tidi har fuska dette ut or kristendomen . Men det er kome med i bibelen til i dag . Me har gjort kravi små og pynta over dei med nåde . Og so har saltet mist si kraft .

Og dei åtte hadde lova å bli Jesu etterfylgjarar kor mykje det enn kravdest . Mikkel skriv alt dette til Lisa . Og han skriv ikkje stort anna . Dette er størst for han no . Og det blir stort for henne , stort at Mikkel har funne seg og livsleidi si . Og at han kan bli brukt til signing .

Difor sit ho og les det vesle brevet oppatt og oppatt og smiler .

Ho skriv att same dagen . Men slike store ting som han har nok ikkje ho å skriva om . Ho berre fortel at dei tuskar so med det vanlege heime . Dei i Buhaugen er det visst det same med . Etter tilhøvi bra . Dei i Bleke har ho ikkje set . Det er ikkje møte heime no . Sist sundagskveld var svært mange av ungdomane fulle . Og ho kan ikkje skjønna på dei unge gjentene som vilde gå og skora på dei . Dei har teke til att på vegen no , so dei har noko å drikka for . Far hennar er dårlegare . ‐ Det har visst kome noko ekstra til . Men det kan vera veret som gjer det . For det har vore vind og snøslaps .

So tenkjer ho mykje på han . Kvar kveld ved det belet han skal vera på møtet so hugsar ho han i bøn . Ho gled seg mykje til jol so han kjem heim . Ho er berre so redd at det skal bli meinis so han ikkje skal vinna til rette . Då blir det ikkje nokor gild jol for henne . So sender ho mange pene helsingar til han . Godnatt Mikkel . Di eigi Lisa .

So truhjartig skriv ho til han i første brevet . Han hadde gløymt alt slikt . Det var berre det eine som hadde kome i hugen hans .

Ei veka seinare får ho brev att . Han er på same staden . Han bur hjå nokon av dei nyvakte . Mannen har vore tung på lesarane og det gudelege før . Han har vore mykje innpå dette med kommunisme . Men då han gjekk på møti til Mikkel og kjende åndi og høyrde sanningane , so snudde han om . Sidan vilde han ha Mikkel i huset . Mikkel har ikkje havt offentlege møte alle kvelder . Dei har samla seg nokre saman der i heimen hjå Magnus Karlsen , og Mikkel har lese opp til dei or openberringi og lagt ut om det som vil skje når Jesus kjem og vil gjera alt nytt . Dei har vorte fleire og fleire som har samla seg slik . Det har vore rike kveldar som har enda med sams bøn , og det har vore nye som lagdest til den flokken som vilde stå opp og fylgja lambet kvar det går .

I dette brevet fortel Mikkel om at dei har piano i huset . Sjølv kan dei ikkje spela på det . Og han har gløymt utatt mykje . Men no øver han seg på nytt . Det er so gildt .

I eit brev seinare skriv han at han veit ikkje om han kan koma heim til henne til jol . Det er lang reis . Og det kostar ein grand , og tidi er dyrebar .

Lisa græt den kvelden ho får det brevet . Det er tung og hard vinter her heime no . Far hennar er mykje sjuk . Ofte kjenner ho det so einsamt , so kaldt og gledelaust . Det einaste som har lagt litt glede over dagane er at Mikkel skulde koma heim til jol . Og no kjem han ikkje . Han kjem ikkje før fram på våren eller sommaren ein gong . Og slik vil det bli alltid , år etter år .

Ho minnest det han sa den underlege kvelden : Men du våga aldri å fylgja meg ?

Jau , dersom vegen din er fårleg Mikkel , hadde ho svara .

Lova ho formykje ? Rekna ho ikkje med at det kunde bli einsleg på vegen ?

Men eit par dagar etter har ho vant seg til den tanken at Mikkel kjem ikkje heim før til sommaren . Men då blir han heime lenge . So får dei ha eit lite brudlaup med same han kjem . Og so vil ho prøva å tenkja berre på denne sommaren .

Ein dag kjem Mathilda bortom i Øy . Det er første gongen . Ho vil ha Lisa med seg ein tur til Buhaugen , om so er ho har tid å bli med . Mathilda tenkte berre at ho hadde godt av å ta seg ein tur ut .

Lisa vil gjerne vera med . Ho vil so gjerne helsa på vesle Olina att . Dei vart so fine vener mens Olina var her .

So ruslar dei i lag .

Mathilda fortel at det kom brev frå Mikkel hin dagen , og han hadde lagt inn i femti kroner til Nanna . Det er dei ho må avgarde med . Då ho kinna smør i hi veka gøymde ho av tvo kilo smør som ikkje Jens visste om . Og i går kinna dei att . Då gøymde ho av tvo kilo og . No skal Nanna få det .

" Eg har nok ikkje noko til dei , eg , " seier Lisa .

" Nei , du skal vel ikkje heller det , " svarar Mathilda .

Dei går . Mathilda er tung på foten , ho er dryg og svær no . Men andletet hennar er tunt og beinberrt , og fleire av tennene vantar . So ho er ikkje so vakker no .

" Du kjem til å få det godt du Lisa , " seier ho då dei har gått tagale lenge .

" Korleis trur du det ? "

" Jau , trur ikkje du det då ? "

" På ei vis so . "

" Mikkel blir nok snild og rett , Lisa . Og so tener han 150 kroner om månaden . "

" Det siste har eg ikkje tenkt på , " smiler Lisa . " Han har aldri skrive om det . Eg trudde ikkje det var so mykje .

Men so blir han so lite heime , " seier Lisa i ein annan tone .

" Til desto gildare blir det når han kjem . "

" Ja . "

Mathilda har fått Lisa på glid . Og no vil Lisa tala berre om Mikkel .

Dei kjem uventa til Nanna . Ho har det ikkje mykje i orden . Knut sit opp og ned i ein stol og trummar på hendene sine . Han har ingen ting for seg .

Nanna blir glad for det dei kjem . Det slepp ho å seia noko om . Ho tek med ein gong til å ordna bordet , og ho fjelgar om elles , greider håret sitt , sopar av golvet . So får ho kaffikjelen på . Men ho ber seg at ho har ikkje stort åt dei . Knut har etla seg på butikken i dag . Han greider det når Olina leider han . Men no må dei ikkje ta det so nøye .

Ho har kaffi og flatbrød og nokre krullekaker .

Og so har ho kinna ferskt smør i dag . Ho har spinka og spara på rjomegranden so ho trur Knut skal få med seg tri kilo i dag .

Knut talar ikkje . Han sit stur med eine augnehola tom og tillukka og med det andre auga halvt ope . Det syner i eit broste og glanslaust auga . Han kan ikkje skilja natt og dag med det .

Dei tvo kvinnone får seg ikkje til å seia stort til Knut . Dei sit og ynkast over han begge og veit ikkje kva ord dei ikkje skulde såra han med .

Då Nanna har eit erend ut i det vesle kammerset går Mathilda etter henne . Ho tek korgi med seg . " Her var litt smør , " seier ho . " Litt frå han Jens . "

Nei seier ho det . Nei men so mykje då . Slikt er ikkje meining i .

" Og so var her noko pengar frå han Mikkel . " Mathilda tek opp konvoluten .

" Gi han Knut det då . Sei det er til han . For det gjer so mykje på han . Han er so sparsam med tobakken no han lyt spørja meg om pengane , at det er reint synd i han . "

" Her var ein peng til deg frå Mikkel , " seier Mathilda då ho kjem innatt .

Ho gir Knut konvoluten .

Nei seier ho det då ? No att ? Han skulde då ikkje fara slik åt .

Han trommar litt på konvoluten før han opnar han , tykkjer vel det er skam å vera so nyfiken . So brettar han setelen endeleg ut . Han kjenner storleiken og blir mest hjelpelaus . Han mæler oppatt i alle kantar og blir sikker i si sak før han seier :

" Det er då meir enn ein femkronar dette . "

" Ja , det er ein null atti , " seier Lisa . Ho er byrg over det for Mikkel sin del .

Han sit usikker lenge . Veit liksom ikkje kvar han skal gjera av den store pengen . Det er råd å sjå at Knut tykkjer pengen er for stor .

" Du får få han du Nanna , " seier han om ei stund . " Eg kan få att ei krone og tjuge eg av smørpengane ? "

Han spør henne liksom . Han er spak som eit gamalt kårmenneske som er vorte redd dei som har det å stella med .

" Eg skal gøyma han so lenge . Du lyt prøva å klora nokre ord til Mikkel no og takka sjølv . "

Ja han skal gjera det .

Då Nanna fylgjer Mathilda og Lisa på vegen att seier ho i all fortrulegskap :

" Eg har ikkje forstått det før kor endelaust mykje godt og fint det er i Knut . Eg trur det er slik at sume som kan syna fram mykje vondt når alt er vel dei kan bli milde og mjuke når ulukka og motgangen kjem . Og eg veit om sume som kan vera so gode og milde når alt er vel , og kjem vonde dagar på so blir dei harde og vonde . "

" Det kan vera noko i det , " seier Mathilda .

" Men eg veit om sume som er gode heile tidi og blir reint finpussa når alt går i mot , " legg Lisa inn . Ho tenkjer på Mikkel . Å ja . Det kan høva på faren og . Han er so mild og tolmodig og hjartegod no mens sjukdomen er hard og lidingi stor .

Det har teke til å snøa , smått og langsamt med små forfrosne flugsor . Det er kome noko snø før . Det er so vidt kjelkeføre .

" Av vegen , " ropar det etter dei . Det er Knut og Olina som kjem rennande på ei skarve krubba . Olina sit frampå og styrer med føtene og Knut sit bakpå og strikar . Han held om Olina . Held seg godt i henne , det er vel ikkje fritt han er redd .

" No må de vera varsame , " seier Nanna med same dei fer forbi .

" Ja då , " ropar Olina og er ålvorleg og ansvarsfull .

" Olina og Knut er reint vortne leikekameratar i det siste , " seier Nanna då dei er farne forbi .

Men då Nanna er fari heim smiler Mathilda til Lisa :

" No først er det vorte fint med Knut og Nanna . "

" Ja , dei er ikkje so jamstelte lenger no som før . "

" Kanskje det er slik Lisa ? "

" Nei eg veit ikkje eg ser du . Men eg trur eg er mest glad i Mikkel fordi han er so sterk , og har havt so stor makt over meg . "

Mathilda svarar ikkje noko på det meir . Ho tenkjer på seg og Jens . Det har gått på ei vis no og då . Går kanskje vel so bra no som det gjorde før i tidi . Men stor makt har dei ikkje over kvarandre . Er dei veike både ho og Jens ?

Ho kjenner seg ikkje veik . Gong på gong har ho havt godt tak i han og vore på veg å styrt han som ho vilde . Men so var ho ikkje åleine om makti over han . Om ho hadde ei makt ho kunde gjera han sterk med , so var der ei makt han vart veik og blaut av . Pengane . Det er dødsmakti over Jens . Men ho nemner det ikkje til Lisa . Og ikkje vågar ho å nemna til henne at ho og var under ei framand makt ein gong so ho heldt på og vart maktlaus og flat . Men ho seier :

" Det er ei overmakt som gjer ein sterk og frisk . Men der er ogso ei som mergstel ein . "

Men no forstår ikkje Lisa so utan vidare kva Mathilda meiner . Og det blir ikkje nærare forklåra .

Det tetnar til og snøar tyngre og tyngre mens dei går . Det blir vavle å gå . Og Mathilda blir andpusti og tung . Lisa vil at ho skal fylgja bort i Øy no som snøggast , sjå innom døri der og kvila litt . Men Mathilda må heim no . Jens blir vel leid når han skal vera heim leg med borni so lenge . Og so er han so lite van med at ho er borte .

Men so må ho koma heimom ein dag seinare til henne då . " Det blir so einsamt ofte . Og so er det ingen som kjem innom til han far . Og det er visst ikkje vorte heilt klårt for han far enno dette å vera frelst . Du kunde hjelpa han litt du Mathilda . "

" Å , eg er so lite god til noko slikt . "

" Eg kan ikkje tenkja på at det ikkje skal gå vel med han far . "

Mathilda kunde sagt det same om sine . Men no seier ho ingen ting . Står berre ei god stund til ho må ta Lisa i handi , seia takk for i dag og gå .

Lisa ser etter henne ei stund der ho går inn i lavande kvit olderskog og tjukk snøkave . Eit hjartegodt menneske , knapt tretti år gamal , sliti og slutande og dårleg fødd . No har ho vore i Buhaugen med ein sending , og Lisa trur nok ikkje det var frå Jens , det ho hadde med seg .

Månen lyser ned over ei kvit bygd . Han ligg nett over fjellbryni og har godt oversyn over dalen .

Det er stille og frostsam kveld , mykje snø , stivfrosen og overstrødd med utalig stjerneglitr . Husi skin med tilfrosne gullvindaugo og røyken står tunn og rett opp frå pipone . Himlen er blå og djup , men månen slepper berre dei største stjernone til .

Rett nedunder brattfjellet ligg dei små huskrøki i Buhaugen . Skogkanten er like ved . Rett oppetter bakkane og til skogkanten er det eit einaste trakk etter hare . Børsa hans Knut let dei vel vera i fred no . Reven vågar seg heilt bortåt det vesle fjøset med vegen sin .

Lenger borte ligg Årva . Ein heil klynge med minder og større hus . Det lyser bleike lampelys or vindaugo . I denne kvelden ligg den gamle kvinna som Mikkel ein gong var inne og tala livsens ord til og strir siste striden sin . Det er liksom heile garden er oppteken med det .

Lenger nord millom elvane syner Øy lang leid med det nyklædde stovehuset .

Men det er dødt og avsides blådimt nord mot Dokki og Bleke . Månen skin ikkje der enno . I Bleke er komi ei liti smågjente for eit par dagar sidan .

Lisa har vore til Bleke som snøggast . Sist Mikkel skreiv til henne , det er mest tri vekor sidan , sende han henne 10 kroner i brevet . No kjøpte ho for noko av det i plomor og korinter og gryn . So laga ho noko ekstra godt til far sin . Og ho tenkte samstundes å ha ein liten sending av det til Mathilda . Faren greidde nok ikkje eta stort av det . Nei no er det det same kva ho vil finna på til han . Men so fekk ho seg ein svint til Bleke no i kveldingi med noko godt til Mathilda . Ho lurde lenge på om ho kunde det . Det tok seg litt rart ut . Men so hadde ho so hug å få vera med Mathilda ei liti stund . Og ho fekk seg då ein liten prat med henne ‐ so langt som stundi gav høve til . Ho sa det beint ut at ho hadde noko ilt i seg . Tykte det var so lenge millom kvart brev frå Mikkel . Og i dei få brevi so var det ikkje so mykje av det som ho stunda og lengta etter . Trudde Mathilda at Mikkel helst ynskte at det ikkje måtte vera noko millom dei ?

Men det trudde Mathilda slett ikkje . Ho trudde nærast at Mikkel såg alt saman so sjølvsagt no at han sa ikkje noko om det .

" Stogg til han kjem heim Lisa , so skal du sjå at Mikkel er den karen som du har trutt at han var . "

Og desse ordi går Lisa no og høyrer for øyro . Og ho trur det slik og tviler ikkje på det meir . So går ho i den gnellkalde vinterkvelden og syng . Ikkje nett i glede . Men det er roleg og bra fredfullt inne i henne .

Det var godt å tala med Mathilda , og ho var so glad for det vene velskapte barnet sitt .

Lisa går fort . Ho er ikkje mørkredd i kveld som ho plar vera ‐ sjølv om ho har vore ute i lyse måneskinskvelden .

Ho har ikkje vore lenge borte , våga ikkje det for far og mor si skuld . Det er so sjeldan ho tek seg so pass fristund at ho ser utom døri . Men no tek ho turen etter vegen litt lenger enn til Øy . Det brenn so lyst borte i glaset hjå far og mor . Ho kan gå turen litt lenger å sjå på det . So seier ho til Gud nokre ting om det som ligg henne på hjarta . Om far som ikkje har den trygge vissa om frelsa si . Om Mikkel som ferdast der ute og strider med sitt .

Det er fjortan dagar sidan ho skreiv til Mikkel og sa korleis det stod til med far . Dersom Mikkel ikkje kom heim før det leid frampå våren so var det nok tvilsamt om far var på denne sida då .

Eg græt mest sume tider fordi ikkje du Mikkel er her og kan hjelpa han . Det er so mykje meir avgjerd med han no enn mens du var her , hadde ho skrive . Og sidan hadde ho ikkje høyrt meir .

Snart er det jol . Det er ikkje meir enn ei stor veka til vesle jolafta . Ho kan ikkje tru anna enn at ho får eit brev frå Mikkel no ein av dagane . Eit brev der han seier alt . Kanskje har han eit brev til far hennar og , fullt av trøyst og sanning og med strålar frå livsens sol .

Ho vil venta på dette no dagane utover .

So snur ho og går attende . No er det på tid å koma heim .

Då er det at nokon ruslar atti henne . Det knirkar i snøen , stigi er rappe og dei haltar litt .

Hjarta jagar blodet gjenom kroppen henner so ho kjenner det varmt gjenom seg med same . For det sviv henne før ho for vel får augnemål på den som kjem at det er Mikkel . So ser ho han og stoggar opp , går nokre stig mot han og seier namnet hans . Ho seier det i storm og lidenskap , ho jublar .

" Mikkel , du kjem . "

Det blir mest formykje for han og . Han grip henne om armane , smålær av glede .

" Lisa , at eg fann deg no ! "

" Ja , når du kjem att til meg so . Var det god is då ? Køyrde du med nokon ? "

" Eg har gått skjønnar du . Kunde springa på isen kvar eg vilde . Eg har gått so fort at . Då eg såg fjelli og himlen her , då eg såg fjellaksli ved Bleke og då eg kjende det på meg at du var so nær , då sprang eg mest heile tidi . Og so kom du til møtes med meg ? "

" Eg gjekk nett og tenkte på at snart no måtte det koma brev frå deg , brev til han far og meg . "

" Eg måtte då koma sjølv når det var slik . "

" Hadde du ikkje kome berre til meg då ? "

" Å , eg hadde vel snautt greidt det anleis . "

" Å du Mikkel ! "

Ho tek ryggsekken hans . Han vil ikkje det , han får vel reisa til Bleke , smiler han . " Det er ikkje sømeleg noko anna . Du kan då skjønna det Lisa at far din og mor di må tenkja eit kvart dersom eg gir meg til hjå dykk . "

" Dei veit meir enn dei skulde visst , " smiler ho att . Ho svingar vegen bort til Øy med ryggsekken hans . Og han fylgjer henne .

Ho går føri vegen . Men utfor døri stoggar han henne . Han finn tak i handi hennar og trengjer ringen inn på fingeren .

" Det var meiningen slik vel ? "

" Det veit du Mikkel . " Han kan ikkje sjå korleis ho ser ut i andletet nett no . Månen står slik til at det er skugge over tunet . Men ho står visst og blir smått so nervøs av det . Kanskje gjer han det litt klosset ogso . Han veit ikkje korleis formularane skal vera til slikt .

" Du tenkte ikkje på dette endå ? " seier han .

" Nei , men det kan godt vera no . "

Dei fylgjest inn . Denne blygsla må ho vinna over ein gong likevel .

Mikkel har ikkje vorte stort anleis den tidi han har vore borte . Det er ikkje stort meir kjøt på beini , og ikkje er han noko sers opstasa heller . Klædi han har kjøpt seg er tarvelege og sikkert billege . Men han er ikkje so verst i dei . Og so tek det seg bra ut at han har snipp og slips . Lisa tykkjer han er vakker der han sit . Han er like naturleg og grei . Det er so liketil og ekte slik han sit ved sengi til faren utover kvelden og talar nokre enkle ord med han .

Men elles ser Lisa det på Mikkel med ein einaste gong at noko serleg opplyfta er han ikkje . Han er heller stur . Eit tunglyndt lag ligg over andletet hans . Han tek seg på tak gong på gong og vil sjå glad ut . Men det tungsame kjem att . Det ligg liksom so djupt , det er berre ho som kan sjå det .

Då han sit åleine med henne på det vesle kammerset hennar før han skal gå på den vesle lofthybelen og leggja seg , får ho seg til å seia det til han :

" Det er noko som ikkje er heilt godt , Mikkel ? "

Andletet hans kan ikkje gå i frå det . Han ser ned som har han ikkje tenkt seg å seia noko om det .

" Eg har set det på deg heile tidi ? "

" Det er ikkje noko sers . "

Ho ventar og ser på han til han må halda fram :

" Det er berre det at alt er anleis enn eg hadde venta ‐ ‐ med det der ute , meiner eg . Eg hadde mest hug til å aldri reisa utatt meir . "

" Mikkel ? Dette som var det største du visste ? Dette som du har sett so høgt som sjølve livet ‐ mest ? "

" Men folk vil ikkje høyra heile sanningi . Dei vil ikkje bli trakka på tærne . Dei aller beste , dei som har store namn som kristne , dei har sine felt som dei ikkje vil sleppa lyset inn til . Ein sa til meg : Der har eg mi svake sida . Men ei må eg ha . Han sa det i skjemt , men eg er stø på at det var sant . Det går so mykje glans av når ein kjem nær . Når Jesus kjem , tru om han vil finna trui på jordi då ... . Og dei eg har arbeidt millom , dei eg var på veg å skulde vinna for Kongen , når eg kom innpå dette med pengane , dette å selja alt , dette å vera viljug å gå inn på Kristi program , då kunde dei berre smila til kvarandre og håna litt om at han er av den sorten . Tidi og vår kultur har stengt menneskehjarto slik til at det finst ikkje eit gudsord om dette som bryt seg i gjenom . Dei vil ikkje vera med på å skapa eit samfund der ein kunde sleppa å leggja seg opp skattar på jordi .

Mange veit mykje om Kristi atterkoma . Dei kan ordi om det frå bibel og fortolkningar , dei studerar heidningetidi og tusenårsriket , men hjarta blir ikkje til kjærleik i barmen deira mens dei ventar på Kongen som skal koma . Elden brenn ikkje . Ikkje blandt dei folki eg ferdast i millom . Same , Lisa , om dei spring hovudstups etter møte og predikantar . Dei fornektar fullnaden i det fagre liv ... . Eg trur eg kan forstå Jesus som tok til med folk som var ingen ting . Reiser eg utatt so vil eg reisa ein stad der folk ikkje er preikte i hel av glosor og daude ord . Det er betre om dei er råe hedningar . "

Lisa har ikkje høyrt Mikkel slik i uttrykki sine . Ho sit og er redd for han . Redd at han får skeivsyn og svartsyn . Ho kan ikkje løyna at ho er redd . Tårone kjem . Ho fell Mikkel om halsen :

" Sjå det ikkje slik Mikkel . For det kan ikkje vera slik . Du må ikkje bli vond på dei . "

Han får henne på fanget sitt . Hallar panna mot den kvite halsen hennar .

" Om eg skal bli åleine av det heile mitt liv so vil eg vera sann . "

" Sanningi tru i kjærleik , Mikkel . "

" Ja . Men eg elskar denne sjuke verd , alle desse sjuke kristne som ikkje veit at dei er det . Og folk skjønnar ikkje kor eg elskar dei . Dei trur eg er ein dømesjuk svermar . Dei seier slikt om meg . "

" Var det ingen då som vilde " selja alt " ? "

" Jau , det var nokre . Nokre som var som eg . Nokon som hadde mist alt i verdi . Nokon som hadde skjemt seg ut . Nokon som hadde pukkel på ryggen , eit vanskapt andlet eller noko slikt . "

" Det må vera andre ogso ? "

" Ja , eit par unge gjentor , slike som deg . Og so ein mann som hadde lege i tretta i ti år med grannen sin om ein gamal rett . Han gjekk og gjorde opp og betalte fire tusen kroner ‐ eller alt han eigde . "

" Men det er mykje , dette ? "

" Eg tenkjer ikkje på det som er vunne . Men alt det som ikkje kan vinnast . "

Men so er det liksom han med makt tek seg att or dette dei har for seg :

" Men no er eg her med deg Lisa . Du er då til . Du er slik du er . Det er mykje det . " Han smiler , han stryk henne på kinnet , stryk bort eit par tåror .

" Kanskje er det slik at eg ser for mørkt på det . Det var ein som fekk trøyst frå Gud at det var tri tusen det stod betre til med enn han trudde . Det er då mange gode menneske til ... . Men det var dette som heiter kristenliv og Jesu program ... at ikkje folk skulde få auga på det og setja alt inn , det var det Lisa . "

Dagen etter går Mikkel og tek hand i eitt og anna . Det er so mangt småttri som har venta på han , ser han . Han går og ser på ringen sin . Og han er ein einaste smil mot Lisa kvar gong ho sviv forbi han . Og det er ofte . Det gjorde godt at han auste or hjarta sitt åt henne . For om det ikkje gjorde henne so veldig godt , so kom ho til å høyra han meir til av det . Det var til henne han måtte og kunde seia det . Det kjenner både ho og han .

Ein dag før jol er han i Buhaugen . Han finn Knut slik opp og ned i stolen sin med tillaga mat for dagen framfor seg . Ved omnen er ved sundhogge . Det knitrar og brenn .

Nanna er ikkje heime . Ho er på vasking og baking . Ho er det mest kvar dag , fortel Knut . Det sleng so lenge ho har arbeid .

" Men du då Knut ? Korleis har du det . "

" Å , eg sit no her . "

" Du tykkjer vel Gud har fare stygt åt med deg ? "

" Å , han har vel ei meining med det . Og so ser eg ikkje so verst . Eg ser mangt eg no . Det er lyst å vera blind . Og eg ser for meg det eg har set før , men no er det mykje fagrare . Eg har set Gud og . Set Jesus . Dei vil meg ikkje ilt . Du må kje tru det Mikkel . Du lyt ha takk for alle pengane . Eg skulde skrive til deg . Men du veit det hadde ikkje vore stort hjelp i . Ja du Mikkel . Du er no den du er du . "

Mikkel sit der ei liti stund . Det blir ikkje stort meir sagt millom dei . Mikkel vilde berre høyra kvar han hadde han . So ruslar Mikkel til Øy att . Han er helst der . Berre nokre småturar er han til Bleke . Han merkar seg det når han er der at Jens helst har det mykje travelt so dei møtest lite .

Ein dag då dei møtest etter vegen , det er millom jol og nyår og Mikkel har etla seg til Bleke , då høgg Mikkel tak i han :

" Eg ser du er vorten redd meg att no Jens . Det er ikkje verdt det . Eg har sagt det eg vil seia til deg . Du lyt som den rike ungdomen velja av fri vilje . Eg skal ikkje prakka noko innpå deg . "

So snur Mikkel og fylgjer Jens og seier ikkje eit ord meir anna enn om ver og vind . Då Mikkel vil svinga av vegen ved Øy seier han : " Ja du får leva då Jens . Hels Mathilda og borni . Eg reiser att i nyårshelgi so eg ser dykk vel ikkje att . "

" Ja vel . Jaja . "

I grunnen gir Mikkel opp Jens i denne stundi . Han trur ikkje det nokon gong blir meir av han enn ein slik hangle-kristen , ein inkjevetta kristen . Mikkel veit ikkje om det er nok å koma inn i himmelen på slikt . Kvar den som påkallar Herrens namn skal verta frelst , står det . Men so står det ogso at ikkje kvar den som seier Herre Herre til meg , men den som gjer viljen til min fader i himmelen . Mikkel veit ikkje kvar han skal dra grensa millom dette . Men det veit han at både Jens og andre skulde ikkje våga seg formykje .

Det er tvo ting som har gledt han og gitt han noko av mod no mens han har vore heime i joli : Det held på å stillest ein liten rein tone på ein streng i Knut Buhaugen si sjel . Og Gabriel Øy har funne seg ein planke so han held på å berga livet sitt i over i æva . Det er då ikkje fåfengt å gå Hans ærend .

Han kan ikkje få reisa att den dagen han tenkte . Det er uver og skridegonga . Han ottast mest det kan bli ei langvarig brøysa no . For tidi før jol og no millom helgane var det berre finveret . Og når det då byter om so kan det bli noko av kvart .

Dei i Øy har ikkje noko mot at Mikkel vart heft . Dei finn det reint hyggeleg om dagane at han er her . Lisa går helgeklædd om dagane og er reint i solskinnslune . Mikkel høgg opp bra med ved , men elles ligg han helst og les no . Han har med seg heim bøker . Det er slikt han har lånt med seg .

Lisa tykkjest skjønna at mor og far er ikkje so mykje for alle desse bøkene . Dei seier det ikkje , og er langt frå anna enn venlege og gode mot han . Men då Lisa her i vinter hadde teke til å lesa i bøkene til Mikkel , då hadde faren fått henne til å teke ned husandaktsboki til Linderot og sagt :

" Bruk berre den flittig , du Lisa . "

" Ja , ho veit no kva ho fer med då , " hadde mori skøytt til .

So om dei har tru på Mikkel , og det har dei , so er dei ikkje noko for all denne lesingi .

Det går berre tri dagar til veret er so pass at Mikkel kan fara att . Lisa fylgjer han til Rynge so ho får sjå korleis det går han på isen .

Sigle-is er det ikkje , og overlaget på isen er ikkje so pass tilfrose at det er nokon som er ute og køyrer . So han må nok fara gåande . " Det skal nok gå , " seier han .

Sidan ruslar Lisa heimatt einsleg . So mykje einsleg og sår . Mikkel hadde ikkje den minste aning om det som nokon har sagt til henne . Og aldri må han få veta det . Han var so glad dei siste dagane heime no . Det var eit heilt anna liv med han enn då han kom . Og han hadde fare att med slikt mod , hadde tykt so stort om det å få gå og nemna Jesus til folki , og so alt det han kunde samla innunder det å vera ein kristen . " So får det fengja som det kan , " sa han . " Tenk , det står i boki at det er Herren sjølv som må gi veksten . "

Og slik for han att . Difor må Mikkel aldri veta at kona til læraren kom til henne på vegen ein dag ho var til Rynge straks det var kjent at ho og Mikkel var trulova , og tok henne ålvorleg for seg og åtvara henne . Det var sagt at slike folk som Mikkel måtte ein vara seg for . For det er noko som er so utrygt og ustødt med slike folk . Lisa må kje tru det at ho har noko plent å utsetja på Mikkel . " Men du trengde ikkje fara so fort i veg . Du er ei gjenta som er god nok til dei beste . Det er ikkje smiger , for alle seier det . So me retteleg syrgjer over deg . So dersom dette er kome for fort på so tykkjer ingen det er skam om du gjer det omatt . "

" Kvifor seier du slikt då ? " hadde Lisa spurt .

" Alle seier at normalt fer ikkje Mikkel fram . Det er som nokon sa i går : Han har funne på noko idear og so går han etter dei , og kjenner ikkje si eigi grense . "

Kona hadde sagt det so Lisa kjende at ho vilde henne vel . Det var slik at ho tykte det var rådlaust at so bra ei gjenta som Lisa skulde gå den vegen . Lisa kjende at det var slik og det var aller verst for henne .

Etter slik som Lisa sa til Mikkel skulde ein trutt ho hadde gått heim like høgreist og tykt like stort om Mikkel for dette . Men det hadde sløkt henne . Ho hadde gått og ynskt å fått døytt so snart som råd . Om ho visste sikkert at det måtte bli rivande galt med Mikkel so kunde ho aldri gjort omatt med han . So hadde ho gått heim slik i den yttarste naud og bedt at Gud måtte gjera noko med det heile .

Då ho kom heim fann ho Mikkel sitjande med bibelen framfor seg . Han hadde set so strålande ut , so opplyfta og frimodig . Ho hadde smelta til att med same . Ho tykte at han var mykje fager . Og det sa inne i henne at ho skulde fylgja han med glede på dei vandaste og tarvelegaste vegar .

Og i dag fylgde ho han so frimodig . Ho visste at mange augo såg etter dei . Dei tala om det i alle grender og sa stakkars Lisa . Dei kan det .

Ho sa det og kona til læraren : " Hadde han vore som broren , han Jens so ... med han er det noko so stødig og greidt . "

Men Lisa tenkjer no ho fylgjer Mikkel på vegen og mens ho ser han fer avgarde ut i verdi att og vil rydda vegen for Kongen , og mens ho går heimatt : at kvar vil dei av med dei jensar som er i bygdi ?

Det er elden i han ho trur på .

%Det blir ein tidleg vår det året . Og til påske kjem Mikkel heim heilt uventa . Folk var alt i gang med vårarbeidet der han hadde ferdast , so det var vanskeleg å samla dei til møte . Difor hadde han i samråd med styret for organisasjonen funne det rettast å bryta opp .

Det er nok snø her i dalen enno . Og isen var farbar . Men oppe i fjelli durer snøskridone og fossane har teke til å vinna seg fram . So våren kjem her ogso . Då Mikkel kjem til Øy finn han Lisa i ferde med å dra ut møk på ein liten møkslede . Ho vil nøyta føret . Ho står i overal , brun i andletet , med nokre hårfliser nedover andletet .

" No kjem eg og hjelper deg Lisa . "

" Det var bra det Mikkel . " Ho set greipi frå seg , vaskar hendene sine i snø og stryk av seg på overalen . So finn dei hendene åt einannan og står og småhumrar .

Det er ei god stund etterpå at ho spør han korleis han har havt det .

" Jau , eg har visst havt det sværande bra . Ser du det ikkje på meg då ? Kor tjukk og feit eg er vorten ? "

Nei , han er ikkje tjukk og feit . Ho har snautt set han so tunn .

Og so står ho og ser på han og har ikkje slept spursmålet frå seg .

" Det går slik opp og ned .

Det er ikkje so lett alltid å vandra rett og redeleg . Når eg forkynnar alt det som Gud har lagt på meg , då likar ikkje folk meg . Då seier dei at dette kjem aldri til å bli slik . Forkynn berre evangeliet til frelse du , seier dei . Og då meiner dei at eg skal forkynna evangeliet til småfrelse , evangeliet til møtestemning . Men livsinnstillingi og innsatsen i alt det som rører seg kring dei , der vil dei vera i sitt gamle land . So langt som til Guds rike på den kanten vil dei ikkje . Det var tvo eldre kristne , mykje konservative i politikken , som sa at dei skjønna ikkje kvifor dei ikkje sende heimatt ein slik vasekopp . Men ei midaldra kvinna sa etter eit møte at dette han sa i kveld var det sannaste ho hadde høyrt . "

Lisa tykkjer Mikkel er mykje klok . Ho skjønnar ikkje kvar han har lært det han veit . Ho for sin part veit ikkje skilnad millom politikk og kultur og sosialt . Og konservativ veit ho ikkje meir om tydingi av enn om det var nemnt ei regle på kinesisk . Men likevel held ho so inderleg vel med Mikkel . Verdi skal fornyast . Det skal bli ei ny oppvakning , for folkeslagi skal gi seg inn under Jesu herredøme og då må det bli forkynning av eit evangelium meir enn til småfrelse .

Men so legg Mikkel og Lisa dei frå seg desse store tingi . Dei møtest med augo . Dei smiler , litt utrygt kanskje . Dei har då ikkje set kvarandre på mest fire månar . Og då er dei litt framandfolk begge tvo slik med same .

" Ja du Lisa , " seier han . Noko må han seia .

Men so blir det å gå inn .

Han kjenner seg mest ikkje att . Stova er rydda og gjort om til bestrom . Det er ikkje seng derinne no , og alt som vedkjem matstellet er flytta ut . Det er ein grøn duk på det gamle klaffebordet , so er der ein serviett i hardangersaum og ein frodig potteblom på den att . Lisa har stoppa og trekt den gamle slagbenken . Det er same farge som i bordduken . Det er nok ho sjølv som har veve og farga det . Døri til kammerset er opi . Der ute har dei no sett ut den breide sengi som var sjølvefolki si før .

Med Gabriel gjekk det som det såg ut . Ein dag i slutten av februar fekk han ordren om å flytta over elvi . Og han la roleg inn årane hi sida og smilte mot han som hjelpte han i land der .

Dei nemner han ikkje nett no . Men Mikkel ser berre det at ikkje Gabriel er her meir . Dei andre har vant seg so pass til det at dei kjem det ikkje so mykje i hug .

Seinare på dagen tek Mikkel fatt på arbeidet til Lisa . Og han byter på seg overalen . Men både Lisa og mor hennar står rett som det er attmed Mikkel mens han lesser . Han har so mangt gildt å fortelja . Og det er so triveleg at han er komen att . Dei får no seia kva dei vil kven som helst , men Gjertrud Øy vil seia at ho for sin part vil ikkje setja seg til å tuta om det vart han Mikkel i Bleke .

Då isen og snøen er faren og det går an å bruka kjerra etter vegen , reiser Mikkel til Kyrkjebygdi . Han fylgjer båten om morgonen og kjem att om kvelden .

Han hadde nokre småting han skulde henta , sa han .

Om kvelden kjem han dragande med eit heilt lass .

Han har nok teke hardt i . For sveitten renn etter tinningane hans .

" Kva er det du dragsar på ? " undrast Gjertrud . " Kva i verdi har du funne på Mikkel ? "

Mikkel er ikkje stø på om det er likt dette her . Men eit orgel har lege og blenkt i hugen hans heilt frå han var barn å kalla . Han har nok ikkje trutt på at det vilde koma so langt , men no det høvde seg slik at han kunde få eit orgel for vel ei månadsløn , greidde han ikkje stå i mot sjølv om både Lisa og Gjertrud skulde finna det litt rart .

Dei finn det litt rart begge tvo , då dei ser kva det er :

" Men Mikkel då , " seier Lisa .

" Ja , du kan so seia , " seier mor hennar .

Men då Mikkel set seg til orglet og syng til , då set Gjertrud seg beint ned .

Mikkel syng inderleg , klårt og varmt .

Då han har sunge songen sin svintar Gjertrud ut . Ho held på med noko ute på kjøkenet . Dei kunde sjå det både Lisa og Mikkel at ho var so gripi at tårone var der . Men Lisa skundar seg å slå armane rundt halsen til Mikkel :

" At du kom på noko slikt då Mikkel ! "

" Du må ikkje tykkja vondt om at eg gjorde det Lisa ? "

" Du kan då skjønna eg gjer ikkje det . "

Ein dag finn Gjertrud på at dei vil ha kvinneforeining i Øy . Lisa seier ikkje mot det . For mori har ofte vore med i foreningsmøti både her og der , men ho har aldri havt det att . Og Gjertrud seier at no var det so plent høveleg . No har dei Mikkel til å seia noko , og so har han orglet ... .

Og Lisa held det ikkje urimeleg at mori gjerne vil lata folk høyra både songen og spelet til Mikkel . Ho sa det ein dag ho mor då ho stod og såg på Mikkel arbeidde ute : " Eg må seia eg skjønnar meg ikkje på dei som har noko å utsetja på Mikkel . "

Å , kor Lisa hadde set stort på mor si for dei ordi .

So blir det til det at det samlast sekstan kvinnor i den vesle stova i Øy . Både Nanna og Mathilda kjem , mor til Mathilda , ho er gamal vorti , grå i andletet , tannlaus og kvit i håret , fire kvinnor frå Årva er der . Men ikkje er kona til læraren der , og ikkje kona hans Sivert Rynge .

Men det blir eit retteleg lesarmøte . Mikkel spelar og syng fleire nye songar . Det er som dei ikkje vil gi han fred . So talar Mikkel til dei . Bed dei om å ha alt klårt med sin Gud . Legg heilt frå land og lev fagert liv med Jesus . " Me lever i den tidi at det er fårleg å sigla oppi knubbane og knausane i land . Her er so mykje skjer . Og det knusest so mange båtar . Og dei som ikkje knusest dei ligg og rotar der og kjem seg ikkje fram . " No har han funne so mange kristne som tok til på siglingi for ti eller tjuge år sidan og dei ligg og rotar og tek grunnen ved land endå .

" Me skulde læra å kjenna Jesus , bli glade i han . Bli glade i vegen hans . Har de nokon gong set etter i bibelen kva som er vegen med Jesus ? "

Og so fortel Mikkel kva han meiner med denne vegen . Han skildrar eit liv med Jesus slik han sjølv kjenner det og har røynt det .

Han sit på stolen og talar med folk om det . Det er enkelt og beintfram og dei kjenner at det han seier , det meiner han .

So syng han att , på same måte som han talar .

Og Mikkel gler seg . Kanskje gler han seg meir over dette møtet enn over mange andre møte i vinter . For no ser han at det er von med folket her heime .

Nanna må gå heim med dei andre . Men Mathilda blir att ei stund . Ho har havt gjenta i vinter og har det enno , so no kan ho stogga på litt for den skuld .

Då ho er ferdig å gå , seier ho til Mikkel :

" Du skal samla folki til småmøte her i huset . Det går . "

Og ho seier det slik at det går ein gneist i han . Han er takksam mot henne for dei ordi , og han seier til seg sjølv at det skal bli so snart han og Lisa har teke seg ein dag til Kyrkjebygdi . Det er liksom han høyrer meir heilt til her då .

Dei tek den turen ein dag . Og då dei kjem heimatt , seier Gjertrud Øy til Mikkel at no får han ta over styringi . Han får greida rentene av dei seks hundrad kronene dei er skuldige . Og so lyt ho få lov å vera med dei slik dei dagane ho skal leva . Noko kårbrev har ho ikkje tenkt seg å laga til . " Eg lit deg Mikkel som mine eigne og eg trur ikkje du let meg li for det at eg gjer det so enkelt ? "

Mikkel er rørd over den tiltru ho syner han . Han tek henne varmt i handi og seier at hans meining hittil har vore å fara fram redeleg i alle ting .

So er det vorte som i ein liten draum han eingong leika seg med . Han har fått ein liten heim og ein liten jordveg og ei fager og god kona .

Det har laga seg slik til for han . Og han korkje kan eller vil sjå det anleis enn at Gud har vore urimeleg god med han i alle ting .

So har han bore åk i sin ungdom . Han har lært å vera takksam for lite , og han har kome seg gjenom ungdomsåri sine utan å eigt noko . I vinter har han havt ni hundrad kroner i den tidi han har reist . Det halve har gått bortatt til orglet , til det han har gitt bort og til det han kosta no til Lisa og seg . Og no seier han at han skal prøva å løysa inn halvparten av banklånet .

" Løys inn det du har , " rår vermori han til . " Slik har me alltid gjort det . For har ein pengane liggjande so går dei til eit kvart , men det ein løyser inn på skuld , det har ein . Sidan legst det nok til dagsarbeid både for deg og Lisa , so har me smørgranden , og litt slakt til hausten . So det sleng nok . "

Og då Mikkel har tenkt seg om ørlite held han med henne .

Og det er sant som ho sa at det legst til med dagarbeid utover sommaren . Dei fleste ungdomane har teke til att på vegen so det er mange som vil ha arbeidsfolk på gardane . På Øy er dei godt hjelpa . Dei gjer seg tidleg ferdig med slåtten og Mikkel tek på seg å onna i hus eit par teigar . Dei er med både Lisa og Gjertrud og det blir ein bra skilling å tena for dei alle . Men uti august vil Mikkel helst bruka store stunder med bøkene og dei par bladi han held . Og dei stunder blir større og større .

Han grublar og granskar , sit med bibelen , blar opp snart fremst og snart ytst , strikar under og noterar ned . Det er som han korkje ser eller høyrer .

Gjertrud får ilt i seg att . Ho kan ikkje skjønna at ein vaksen mann kan setja seg til slik midt i gode sommaren . Ho blir so redd det er noko gale med Mikkel att . Men Lisa hjelper til at Mikkel får sitja slik . Og ho seier til mor si at ho berre ikkje må ha ilt . For det er slik Mikkel er . Og det er slik han skal vera . Ho veit at han no held på å grev seg inn i nye sanningar . Og han finn grunn for dei i bibelen . Han nemner det til Lisa ein kveld etter dei er lagde :

" No tener folket her bra med pengar . Og dei fleste øydelegg det etter kvart . Handelsmannen på Rynge veit å få heim ting dei skal øyda pengane sine på . Folket her skulde få sin eigen handel no . Ein samvirkeforretning . Og no mens det er gode tider skulde dei byggja elektrisk kraftverk . " Ein stad han var i vinter heldt dei på å byggja , og det vart mykje rimeleg . Ein kristen ingeniør stod for arbeidet og det vart rimelegare enn han hadde lova dei . Om dei fekk han hit no , og om folket vilde vera med på det . So trur han ogso det at når folk fekk ting å samla seg om slik , når det vart noko dei hadde felles , so vilde dei bli meir syskin . Det går ikkje med kristenliv i bygdene so lenge folk ikkje vil bli brør , syskin . For det er ikkje rett å tenkja på berre seg sjølv , men kvar mann skal tenkja på sin neste .

Det skulde vera eit samfund av dei heilage .

" Vil du kalla dei saman til møte då og snakka om det ? " spør Lisa .

" Nei , ikkje no . " Først vil han fara over og snakka med dei , mann for mann .

Dei bed saman , både Mikkel og Lisa . Gud må vera med so dette kan gå . Han får stella det slik med folket at dei ser dette . Og at dei ikkje stiller seg vrange om det er Mikkel som tek i ferde med dette . For dei veit det er Hans vilje .

Mikkel har synt henne det i bibelen no at slikt høyrer med i Jesu program .

%So fer Mikkel omkring mest kvar einaste dag ei heil veka og talar med folk . Han tek gardane og husi for seg , gir seg gode stunder og prøver å få folk til å forstå . Og det går so ymse . Sume seier at det hadde ikkje vore so verst , korkje med handelen eller elektrisitetsverket . Det var no slik det skulde vera . Andre seier at dei so godt greida seg med det lyset dei har havt , og nokor slag ny handel har dei ingen interesse av .

Kvar kveld spør Lisa i forvitne korleis det har gått . Han trur dei kjem med . Når berre dei får tenkja seg om so . Han skal ikkje venta å få dei med på eit år , ikkje på tvo heller . Men det skal ta til å rakna . Dei skal vinnast for Kristus . Dei skal bli brør , dei skal ha mest mogeleg felles , det skal bli kristen-liv og kristeleg kvardagsliv .

Ein sundag i september er det uvanleg mange samla til småmøte i Øy . Og etterpå nemner Mikkel om heile sin plan , ein plan for heile verdi , heilt til den dag då Guds bustad er hjå menneski .

Den dagen teiknar det seg ni stykke som vil vera med .

Den unge guten på Årva som Mikkel fekk føra fram for Kristus til frelse lovar å gå i kring å få nye namn på lista . Han er vorten brennande i det siste , han har fått eit vake syn . No skal Mikkel reisa att , og Årva-guten lovar ta seg av det . Han skal og samla folket saman til småmøte , der kan dei lesa ordet saman , og be saman .

Og so reiser Mikkel att . Han kjenner det mest rådlaust å fara frå Lisa no . Ho står og held han om halsen mens tårone trillar . Og han står og har ingi makt til å løysa armane hennar av seg . Han græt ikkje . Men det hulkar langt inni han . Han elskar denne vesle kvinna si over alt på jord . Og ho har gitt seg so heilt til han .

Men enno er det noko som kallar på han der ute . Enno vil han nemna det store namnet Jesus . Han kjenner det er ei evig makt berre i det å nemna det .

Og Jesus er størst for han . Han er større enn Lisa .

Ja , svarar ho . Og smiler gjenom tårone .

Det er tidleg morgon og ho kan ikkje fylgja han . Og ho tek til å sjå slik ut alt at ho syner seg ikkje gjerne millom folk .

Ho fylgjer berre ut i døri og står der og vinkar etter han , står so lenge han er å sjå . So går ho inn og tek alt til å drøyma om jol , og om neste sommar .

Det er i midten av november måne . Mikkel kjem traskande frå ei bygd nordpå og skal innover mot ein av byane . Det var telefonoppringjing til han igårkveld at han skulde koma innover til krinsformannen til i dag . Han måtte få ein samtale med Mikkel . Mikkel hadde svara at han stod oppe i ei større vekkjing og han hadde ikkje hug å gå i frå det no . Men formannen sa at det var so pass vektig at han fekk bryta av likevel .

Mikkel kunde teke rutebilen som går den vegen . Men han hadde hug å trava . Det er so vakkert denne vegen . Det er eit villskap og eit jungel av daljuv , hegg og raun og bjørk og older . Det skin i raudt og gult og brunt . Hausten er uvanleg mild og ven .

Gong på gong stoggar Mikkel opp og ser seg om . Og tenkjer , og gled seg .

Det er vakkert å gå her i hausten . Og det er so gildt å minnast i gårkveld . Då den eine etter den andre av friske ungdomar bøygde seg for Jesus . Og då songen ljoma : En underfull frelser jeg eier .

Og liknande har det vore kveld etter kveld . So har han som vanleg samla folk og tala med dei om dette nye . Om å gjera alle livsens forhald omkring seg kristelege . I handel og i vandel .

Nokre kveldar var det ein saman med han frå eit anna samfund . Og han tala om noko som var so nytt for Mikkel at det aldri hadde svive i hans hug .

Han vilde at dei omvende skulde døypa seg . Døypa seg med troendes dåp , sa han . Mikkel hadde høyrt på han og tykt det var fagert og han hadde sagt til flokken då dei gjekk heim i lag at hadde Gud kalla han til det so hadde han gjort det .

Men sidan har ikkje Mikkel tenkt stort på det . Og ikkje høyrde han meir om det frå dei andre .

Då Mikkel kjem inn til byen og møter krinsformannen , får han høyra at det er ei overhøyring som står for tur . Dei har nokre småting som dei ikkje er heilt nøgde med .

Først det at han lystrar ikkje ordre . Dei vil nok det at han skal stogga der det er vekkjing . Men han kunde late folk fått kvilt seg eit par dagar so han kunde vore på den basaren som var tillyst lenger inne . Det var ordna slik at Mikkel skulde tala der . Og dei hadde lova det . I staden var han saman med folk dei helst vil vera heilt fri å ha noko med å gjera , og var med å agitera for vaksendåp . Slikt må kje gjenta seg . " Då pakkar du kufferten din og reiser heim utan varsel .

Dessutan er du utsend i misjonens teneste og skal fremma arbeidet og interessen innan foreiningane . Me har ingen ting med kva politisk oppfatning du har , men folk har vore her og spurt om du er kommunist , og om det er sosialpolitikk du er utsend til å preika .

Me har set at du har havt framgang der du har ferdast , og det er bra . Men eg har måtta lagt saki fram for generalsekretæren og me er einig om det at dette som her er påpeika må respekterast . Me set pris på å ha deg i misjonen , for det er ikkje tvil om at du har eit bodskap . Men du lyt bøyga deg for organisa sjonens lover . Eg har som sagt ingen rett å la det skura . "

Mikkel har stått og set ned heile tidi .

" Ja du skjønner at dette er sagt i all brorskap og deg har me ingen ting i mot . Å feila det er menneskeleg , og du lovar å vera varsam for ettertidi . Og dette er slike ting som ingen ting betyr ? "

Mikkel står og tenkjer med seg at han tek ikkje på seg å ha gjort noko urett . Det er sant at han har ikkje brytt seg om å springa på basarar og sumla med Guds ord til reklame og pynt . Han har heile tidi havt hug å nekta det . Og dei andre tingi han har sagt har han fred og godt samvet for .

" Nei eg passar vel ikkje inn , " seier han . " Eg er vel for kantet for formi . "

Han står der like tunn og smal i ekslene som han har vore . Augo er store og opne , dragi er klåre og reine i det vesle andletet hans . Men panna er vorti høg og fager og håret er fare frå tindingane .

" Eg hadde hug å vandra i sanning , " seier han spakt . " Og vandra i den gjerning eg trudde Gud hadde lagt for meg . Eg kan nok ikkje lova noko anleis . "

Han står der bleik og fatig , slik som den står som ser heile framtidi si ramla i grus .

" Eg klagar ikkje dei som ser det anleis . Det er berre det at me passar ikkje saman ... . Eg skal gjera greidt for meg i kveld , " seier han . " Og du får helsa folki kringom her som ventar på meg , der eg lova å koma att . "

Det ser ut som det er venta slik . Og Mikkel skjønnar med ein gong at det er oppseiing han får på denne måten . Dei har dryft saki og vore einige om at han var ikkje mann for dei , og no har dei funne nokre småting som årsak til ei pynteleg oppseiing .

Mikkel får dei pengar han har til gode . Og dei betalar han fullt opp reisepengar heim .

Han kan ikkje reisa denne dagen , han lyt venta til i kveldingi dagen etter . Krinsformannen vil han skal vera hjå dei om natti . Men Mikkel kjenner seg ikkje god til det og det let han koma fram . Han går til det billegaste losjihus og tingar seg ei seng til natti . Sidan går han og driv ein lang tur vest for byen i den klåre haustkvelden . Kvelden er nok mørk , men lys nok likevel . Bilane renner forbi . Det er ungdom i dei som har det livleg . Mikkel møtar elskande par etter vegen . Ein flokk unge gutar går rett framom og preikar kommunisme . Dei er mykje venklædde , med frakkar og velperste buksor , og med småbrema hattar som står fint på snei .

Dette kan Mikkel tydeleg sjå i lyset frå bilane som sviv forbi .

Men han har ingen tanke på alt dette . Endå er han berre han stakkars Mikkel Bleke frå gamalt av . Endå er han liten og fatig i verdi . Og først no held han på og ser det som er hendt . Dei har sagt han opp . Dei brydde seg ikkje om det at folk vakna opp og vart vunne for Gud . Han veit om sume talarar som han i det siste er vorten kjend med . Dei går utan brand i sitt hjarta , det ser ikkje ut til at dei vinn ei sjel for Jesus , dei har ikkje forkynning og kraft slik at nokon kan veksa og fornyast ved deira tale . Og han kjenner dei som lever slurvet og lite kristusgripe liv . Dei får reisa år etter år utan klage .

Mikkel kan seia det utan å ta formykje til : Han har havt denne lidenskap kvar stundi han har ferdast at han vilde opna folk sitt syn for Jesus og livet med han .

Men so er det altso ikkje dette det spørst om . Og han veit ingen ny veg å gå . So skal han koma heimatt og vera falitt endå ein gong ... .

Det går med eitt varmt gjenom han . Han skal heimatt . Det har aldri før hendt han i hans liv at han verkeleg har fått fare heimatt . Lisa ventar på han . Ho tel vekone .

Eg kjem heimatt no Lisa , må han seia , eg er oppsagd .

Men ho vil vera den same .

Ho vilde det om vegen ikkje vart so bein .

Mikkel driv . Han kjem langt utom byen . Her er det stilt og fredsamt . Han er einsleg i kvelden .

Desse er dei som har fylgt lambet kvar det har gått , kjem han i hug . Ein flokk med kvite rettferdige klæde , dei skin som himmelens stjernor . Dei har fylgt lambet kvar det har gått , fylgt det innom på Golgata og vorte reine som snø i blodet , fylgt det inn i lidingi og helgingi , inn i døden og ofret , fylgt det inn i menneskelivet , kvardagslivet ... kvar det har gått .

Skal han koma i den klassen ? Skal nokon av dei han har bore vitnemålet fram for ? Kor langt nådde far hans fram ?

Det er lenge sidan Mikkel minnast far . Minnet hans er vorte bleikt . Mikkel kan knapt minnast korleis faren såg ut . Han kan ikkje ta fram att korleis røysti og tonefallet var . Men han minnast at far opna sjeli si på vid vegg for Jesus .

Og so minnest han natti då mor døde .

Men dei andre døde vart ikkje levande att før dei tusen år var tilende . Dei tusen år i kviledagshelgi , då Guds folk skal få leva i fest i dei sæle oppattreisings tider . Mor får vel ikkje vera med då . Men so skal ho stå oppatt og stå framfor domen . Skal Mikkel sjå att mor si då ? Skal han stå der med faren , med Selma , med Knut kanskje , med Mathilda og med Lisa og so sjå at mor sitt namn ikkje blir funne i livsens bok , og so skal ho kastast i eldsjøen , den andre døden ? Han trur det . Han ser det for seg no i den kalde haustkvelden og sveitten perlar på panna hans . Og han ser det klårt at det er tusen på tusen , det er millionar slike som mor ... .

Han vil ditatt der han kom i frå i dag . Dei kan ikkje forby han å vera der å be folket gjera opp med sin Gud . Ja , i morgo fer han dit att og er der som om inkje var hendt . Han kjenner det på seg at der er litt meir å gjera .

Men no sit han seg på den støypte vegkanten og slepper gråten laus .

Og so rister den tunne kroppen hans , og dei smale ekslene skjek .

Den rike sender Gud bort med tome hender , men den fatige fyller han opp med gode gåvor , han gir den trøytte kraft og den som ingi kraft har gir han stor styrke . Han frelser arme folk og tvingar høge augo ned . Jubla himlar og fegnast jord , de berg set i med glederop . For Herren trøystar sitt folk og miskunnar sine armingar .

Mikkel ligg på sengi og les det . Det er ein dag i februar . Dagen er klår og kald , men soli er oppe no og ho smeltar isen på glasrutene . Det er so vakkert å liggja slik og sjå ut . Snøen ligg høg og jamn over alt , han ligg no i soli som eit skinande sylvteppe .

Det sit ein mann borte ved bordet og les i bibelen sin . Det er ein omreisande talar . Mikkel har stelt det so pass til på loftet at dei kan ta inn eit framandt menneske der for den skuld .

Mikkel ligg med bibelen sin halvt attlaten , han ser på den skinande kvite dagen og tenkjer på det han nettop las .

" Høyr her , " seier Mikkel til talaren .

Han les oppatt same ordet . Les det langsamt og tydeleg . " Kva meinest det her ? " seier han .

" Det der ? Det er vel klårt . Det er slik Gud alltid har gjort det . "

" Hm . Men dette då : Veldige verk so gjer hans sterke arm , storlåtne spreider han for ver og vind med deira høgferds hug . Han støyter hovdingar frå høgsete og lyfter låge opp ? "

" Det har han alltid gjort , " seier den framande .

" Det er ein profeti , " seier Mikkel . " Kristus har gjort sin gjerning i tvo tusen år snart . Men endå rår mørkret . Dei låge er låge enno , og dei høge er høge og hovdingar er hovdingar . Det er først no dei skal bogna . Det er først no det blir eit gledens år for dei fatige . Det er først no den store dagen kjem med glede og lækjedom for dei som har venta og ventar på Kongen . "

Den framande vender seg til boki att , han ser det ikkje nett slik som Mikkel og no må han tenkja over det han skal seia i kveld . Og Mikkel vender seg til si bok att .

Han har vore noko skral dei siste dagane . So han har kjent det best å halda sengi . Det er vel berre influensa , men han har noko feber .

Og på ei vis er det ikkje so verst å kvila nokre dagar . Han har hange i og havt mykje å gjera etter han kom heim i slutten av november . Først hefte han seg bort mest i tvo vekor med å få til dette med elektrisitetsverket og denne handelen . Den stranda alt saman på det at folk hadde ikkje tru på det . Nokre vilde vera med . Men dei var få , dei hadde lite å hjelpa seg med og budde spreidt . So Mikkel måtte lata draumen sin fara .

Sidan gjekk han nokre dagar og kjende på nederlagi . Gud vedkjende seg visst ikkje hans gjerning . Han vart oppsagd i misjonen , han vart stengd her heime , stengd då han vilde forkynna livsens ord for folket og stengd då han vilde gjera det betre for folk i det daglege liv .

Men han var oppom i Buhaugen og fekk ved or marki . Knut har teke til å maska det sundt sjølv . So har han vore på Årva og tala med eit par gamle . Han var ogso innum til amerikanaren , han er vorten sengliggjande av gikt . Men han skulde ikkje ha noko med dette pratet om Gud å gjera , og Mikkel kunde ikkje anna enn gå frå han . Men dei andre på Årva var takksame for det han kom . Dei har gløymt det no at Mikkel ikkje skulde vera rett i trui . Dei trur mest han har skift om ogso . For dei har ikkje høyrt meir likt til det . Dei kan ikkje seia anna enn då han var innom her tala han om krossen og om Golgata og om å bli toa rein i lambets blod , so det kunde ikkje finnast galt med han .

Og det same kan dei seia andre stader der han har vore innom . Men Mikkel har ikkje fått seg til å spørja om skulehuset til møte meir . Han har liksom ikkje noko å seia folket meir . Han samlar nokre få i stova på Øy . Og til dei les han opp or bibelen og talar litt om dei ting som hender i dag og dei ting som skal henda når Kongen Kristus kjem . Når alt skal bli nytt .

So har han spela på orglet og sunge . Han har fått tak i notar til nye songar . Og han har makt over folket med dette .

Jeg går og bereder for eder et hjem i min faders hus . Av boliger er der mange høit over jordens grus ,

har han sunge , og mange andre . Og dei nokre var med . Han kunde sjå frå tid til tid at denne vesle flokken vart gripne av Kristus meir og meir . Dei gjekk smått i smått over i Det Fagre Liv som han kallar det komande Guds rike .

Han har att berre denne vesle flokken no . Alt det store han har havt i sitt syn har han liksom gitt op . Ikkje slik at han ikkje trur på det . Han tvilar ikkje på at det skal koma . Men han kan ikkje føra menneske fram til det . Han har peika på sumt av det . Og han hadde vore viljug å ofra alt for det han ser . Men inn i denne vesle kråi med desse nokre menneske er han stengd . Den vesle flekken har Gud leivt åt han .

Og no ligg han her og kan berre sjå ut i vinterdagen .

Lisa har gjort frå seg i fjøset . Det blir middagstid og den framande skal gå og kvila litt . Då set Lisa seg ved sengi hans . Ho sit og syr på noko til det vesle ho ventar snart .

" Blir du snart betre no ? " seier ho .

" Å , det blir nok bra snart . Eg er no ikkje noko sjuk i grunnen . "

Ho kjenner på pulsen .

" Litt for fort bankar det nok . "

" Å ja , litt so . "

Men Lisa er ikkje redd for han . Sjølv om det er første gongen ho har set Mikkel dårleg , so er ho slett ikkje redd . Om eit par dagar er han nok bra att .

" Du , " seier han mens ho sit slik attmed han , " eg har ikkje spurt deg nokon gong korleis du tykte om meg for det eg vart oppsagd ? "

" Eg tykte berre dei var dumme . Dei kunde sagt opp mange mange , men ikkje deg . " Han hadde ikkje venta eit slikt svar frå henne . Og han spurde ikkje kva ho tykte om " dei " . Men han spør ikkje oppatt .

" Du skal ikkje seia det , " seier han . " Dei ser det slik . Eg trur dei gjorde rett . For eg lever kanskje i den tidi som ikkje er komi . Eg er før mi tid . "

" Då er du ei røyst i øydemarki , Mikkel . Ei liti himmelens røyst . "

Ho ser på han . Smiler bort i andletet hans . Og ho veit at han blir ikkje innbilsk om ho seier eit godt ord til han :

" No er du so pen Mikkel , at ... . "

Han tek etter handi hennar , dreg Lisa nedåt seg og er god med henne .

" For saknet si skuld Lisa so gjer det ingen ting om eg er oppsagd ‐ av all verdi for den del , når eg kan koma heimatt til deg . Og finna deg som den same . "

" Eg er stolt over deg Mikkel , og over at det har gått deg som det har . "

" Det meiner du ikkje Lisa ? "

" Ein gong sa du Mikkel på eit møte , det er vel kanskje eit par år sidan : Den som vil vandra heilt i sanning , og gå vegen gjenom livet etter innarste overtyding , han blir ein einsleg mann . Og det er sant . "

Han berre smiler og held henne fastare .

Til dei høyrer mor hennar kjem . Då skundar han seg og slepper .

" So redd du er Mikkel , " ertar ho med same ho set seg på stolen .

" Du då ? " vilde han sagt . Men det er ingi tid til det no .

‐ ‐ ‐ Mikkel blir liggjande slik meir enn ei veka før han kjem seg på fot att . Og jamvel då er han skral . Han får lett hjartebank , og kva lite han vil røra seg til so sveittar han . Han må rett som det er leggja seg ned på sengi att . Men feberen har slept han . Og nett sjuk kjenner han seg ikkje .

Han blir sitjande med bøkene . Han sit og skriv ogso . Noko av det han har gått og tenkt på vil han prøva å skriva ned . Han har tenkt på det heilt sidan han kom heim .

Han prøver å få det til i dikt først . Men det lukkast ikkje heilt . So skriv han det som han vilde ha sagt det og tenkjer å gjera det so pass frå seg at det kunde få plass i eit blad .

Han sit med dette om dagane mens han ventar på å bli heil kar att .

Det held mest på å bli for stort til eit avisstykke . Endå kjenner han det som er dette berre innleiding , og no er det vorte mange tette sider . Kunde han fått det til som ei liti bok , og spreidt tankane og synene sine soleis ?

Han blir ikkje stort betre om dagane . Sume dagar greider han ikkje stort av arbeidet . Men det har teke tanken hans . Og i tanken syslar han med det kvar stundi . Lisa får sjå det han har skrive . Og ho tykkjer det er bra . Ho seier ikkje stort om det , det er liksom ikkje råd . Men ho er snar til å lesa so snart det er kome ei ny lina . Og ho er på vakt etter å laga det slik for han at han har fredelege stunder til å skriva i .

Til han får brev frå ein ukjend ven nede på Sørlandet .

Det er ein som heilt tilfeldig kom til å vera på eit av møti hans i vinter nord på . Ved spurnad til kontoret høyrer han at Mikkel no er ledig , og han bed difor om han vil koma til dei ein månads tid .

Eg er klår over , skriv han , at nettop den slag forkynning er det me treng hjå oss . Eg forstår De er ein vekkjar , og det er då det å vakna me treng so me kan nå fram til heilt medvete i vårt kristenliv .

Det verkar slik på Mikkel at han blir som ny . Han legg skrivesakene tilside . Han får ta att det seinare , når han kjem heim , eller til sommaren . Og so skriv han brev same dagen . Han skal koma i mars ein gong . For tidi er han ikkje retteleg sterk . Han har vore dårleg av influensa og treng ei stund til å ta seg oppatt .

Og so ventar han . Det ligg noko av sjukdomen att sume stader i kroppen hans . Og det vil ikkje sleppa han . Han er bra , seier han til Lisa . Han er ute og høgg ved . Han går i tunet og steller med eitt og anna og syng . Men han ligg og sveittar om natti . So må han til sengs att då det lid om eit bel . Det må vera ein liten snert av bronkitt , meiner han .

Men det er ikkje verdt å henta dokter . Han får leggja seg i ro nokre dagar til han er heilt frisk . Det var berre det at han skulde ikkje stått oppatt før influensa hadde forlate han velare .

Dei har teke oppatt møti i skulehuset sundags kveldane . Det er nokon av gamlekarane som steller med det . Mikkel er so pass bra at han reiser til møti og sit der den stundi . Læraren er med der . Det hender han held ei utgreiding om dagens tekst . Og det er andre som kan ta fram av dei gamle fastslegne ting som ingen kan våga å tvila på . So syng dei salmar og kjende songar .

Mikkel blir aldri åtgådd . Dei spør han ikkje om eit ord eller eit vitnemål , og langt minder etter ein song eller å ta teksten ein dag .

Ein sundag sit han med songboki si opi og vil be om høvet til å syngja den songen han kanskje held kjærast av alle :

Selv kun et intet , intet i støvet for synderes ven .

Men so blir det ikkje høve til det . Og han må leggja boki si att .

So bra er han ikkje vorten at han kan ta denne turen til Sørlandet . Og snart lid det so langt fram på vårparten at han må slå atti .

Det er liksom han kverv saman . Sidan det er møte i skulehuset so får han seg ikkje til å lysa til desse småmøti i sin heim heller . So er det kome det til at Lisa og han har fått seg ein liten son , ein ekte skrikarunge . Det vilde ikkje vera so godt lenger å ha møte .

Før har det vore slik at Mikkel har vorte sterk og stødig av slikt som stilte seg på tverke for han . No mens han går slik , halvt sjukleg , so blir han lamma og tilinkjes av det .

Ikkje har han mod til å gjera noko med skrivearbeidet sitt heller . Det får vera til han får denne tyngsla or kroppen .

Men heime går han smilande og god . Han hjelper til med det arbeidet som ligg for handi , han har orden på sine ting og gjer alt førebuingsarbeid til det som må til i vår . Men Lisa ser godt kor trøytt han vert , og kor gjerne han vil halda sengi . Han har liten mathug , er bleikare og tunnare enn vanleg . Og om han sit roleg inne so står sveitteperlene på panna hans .

Han sit og ruggar vesleguten sin ein dag , og Lisa står attved bordet og vaskar opp koppar og fat .

" Du lyt til dokteren no Mikkel , " seier ho . Og ho seier det i naud og otte .

Det er som han stussar litt , men so seier han nei . " Det er ikkje naudleg , " dreg han på det .

" Men du er sjuk no Mikkel ? "

" Ikkje plent sjuk nei . "

" Jau du er sjuk . " Og so tek gråten henne . Ho græt varleg og stille . Men han ser kor tårone dryp .

" Ja litt so , " seier han . " Men eg er då slett ikkje verre enn eg har vore . Det er berre det at det er so fatig ei leis . Eg vart sett so til side . "

" Bli sterk att Mikkel . Du har då ikkje tapt . Det er då sant alt det du har sagt og stritt for . Og du har då vunne . Sjå han Knut . Kjenner du han att ? Og ho Nanna ? Nokon av dei på Årva ? Og so alle dei der ute . Du veit ikkje kva store ting som kan henda . "

Men han livets ikkje opp av det .

So blir det stilt lenge millom dei .

Til han med eitt kjem i slikt eit uvanleg godlag . Han tek til å skjemta med vesle Olav . Han smollar til han , og gjer seg til åt han , og lagar rare ord . Og so seier han til Lisa :

" Tru kva tider det blir i bygdi når han veks opp ? Tru om me kan få so bra råd til den tidi han veks opp at han kan få læra noko ? So det ikkje blir med han som med so mange andre . "

" Du får syna han det du ser , " seier Lisa . " Slik etter kvart han veks til . Og so strir de ilag for å nå det , du og sonen din . "

Han tykkjer det er vakkert sagt av henne . Og det er som ein gneist som slær liv i han att .

" Ja , me får prøva med det . Ja du Lisa , du kjem på det du . "

" Jau Mikkel . Me vil læra han opp til å sjå med ditt syn . Eg har sagt til Gud at han skal eiga han for sitt rike . For eg er einig med deg Mikkel . "

Mikkel berre smiler .

" Ja , du får læra han opp du Lisa . "

" Det har eg nok etla meg til . "

%‐ ‐ ‐ Og det blir atter vår med snøsmelting og skridegonga og vårsol i alle fjell . Og med våren kjenner Mikkel at modet kjem att . Han er i arbeidet frå morgo til kveld og får det undan . Han syng og er glad . Lisa må ikkje ha ilt i seg om han ikkje er so dryg på maten . Og om han sveitter om natti so er det sikkert fordi han har vant seg til å liggja so mykje vaken . Han tek til å bli eldre etter kvart . Og skulde so vera at han ikkje er sterkhelsa so kan han vera seig for det .

Ein dag finn han på at dei skal til Bleke . Lisa og Olav skal vera med . Lisa tykkjer det er ei merkeleg påfunster . Men han seier at det kan vera bra med ein tur . Den brukte barnevogni som han fekk Selma til å få tak i i byen står no her . Det kan då vera moro å bruka den litt og .

Det undarlegste er at Gjertrud finn det ikkje det minste rart . Det kan vera godt for dei begge å ta ein tur . Og so er dei so bra ferdige med det arbeidet som trengst .

Mikkel køyrer vogni heile tidi , og han har bra fart . Han turkar nok sveitten . Men det er berre slik at Mikkel er vorten slik . Under Bleke set han vogni att og ber guten . Men då dei kjem opp under husi er han so avkavla at Lisa må ta barnet . Mathilda møter dei i tunet med ei liti barneskreid omkring seg . Dei skal alle sjå han vesle Olav Øy , det nye syskinbarnet sitt .

" Nei so fint då at dei fann på dette , " seier Mathilda . " Og at du Mikkel er so bra då . "

Jau , han fekk det so på seg i dag at han vilde til Bleke . Det var so lenge sidan . Og nett no mens det var vår so . Og so var det so rart å ha Lisa med og so vesle guten sin .

Og mens Lisa og dei andre går inn , blir Mikkel ståande ute i tunet og sjå Bleke og liksom ta det innatt til seg . Det var so godt å kjenna det att . Han må ta rundingen bort på låven , gå gjenom fjøset og sjå på veggene og dørene . Det er liksom han har gjort det slik all tidi når han har kome heim .

Jens er i stølsmarki og høgg stølsved i dag . So dei møter ikkje han . Mikkel kjenner det som eit sakn at han ikkje er her . Det er so lenge sidan han verkeleg har vore saman med Jens . Han kjenner på seg at han har såra han og liksom laga avstand millom dei . No har han so hug å vera brorsleg og god med Jens . Det er vel berre noko galskap han har kome på når han går med den førestilling at Jens ikkje er som han skal . Jens er ein tru og stø bonde , han er ikkje noko umenneske . Han har sine feil , og kven har ikkje det ? og han er då med lesarane og det er ingen ting å seia på han .

Jens kunde vel spørja om det var noko meir med dei andre .

I dag skulde Mikkel møtt han og vore litt nådig med han .

Mikkel går inn i stova til dei andre . Han får borni opp på kne'i sine , dei heng om han . Og so må han maska med dei til sveitten renn av han . Og mori må vera etter dei at dei må ikkje vera so stri med farbroren sin .

" Nei no er eg mest klar av dykk , " seier han . " Stogg no litt , set dykk pent på golvet so skal eg fortelja noko gildt . "

Ja , det vil dei vera med på . Han Mikkel farbror vil fortelja , jublar Randi . Og dei andre jublar med , endå dei veit ikkje forvel kva det er for noko det at Mikkel fortel .

Men so fortel han om Josef . Han som var slik ein snild gut og var so lydig med far og mor . So gjekk det so veldig vel med han . Ja han måtte no gjenom brunnen då , og gjenom brørne som tenkte vondt og stengde til for han og gjenom fangehuset og lygn og vondskap , men so vaks han oppatt på hi sida og vart nett som ein konge . Han hadde hestar so vene at det skein og glitra av dei , og vognene hans var nett som ein luksusbil . Og so sat han på truna si og hadde råd til å vera god med alle menneske i heile verdi . Men so var det den gongen brørne hans kom . Og då Benjamin kom . Og då Josef tykte det var so rart at han måtte gå ut for det kom ein klump i halsen på han .

Augo til dei små står mest som naglar i dei , so forvitne er dei . Og alltid lyder det : Fortel meir , fortel meir . Og Mikkel fortel so lenge han greider å hitta på noko . Men han fortel ikkje anna enn det som kan eggja dei og gjera stort for dei det å høyra Jesus til .

Sidan , då småguten hans får ei rid med skriking må han ta seg av han . Han tek han på armen og går ut . Lisa kan vera fri ei liti stund .

Mikkel ruslar oppover bakkane med han . Han går og småpratar med han :

" Her bar dei meg ogso då eg var so liten som du . Her var det augo mine først såg . Her gjekk eg og starva barneåri opover . Her reddast eg og her gret eg . Det var her eg stod og såg på svarte skyer og dimmande kveldar og reddast for domedag , og gruva for helvete . Her elska eg og her lengta eg . No vil eg ta deg med , knuppen min , so du kan sjå det . Du vil aldri hugsa det . Men so er det no gjort likevel . Mor di kan seia det når du blir stor , at her gjekk far din ein vårdag og bar deg , og var so inderleg glad i deg . Eg vil vera borte då . Eg vil vel vera gådd over i det evig fagre og leva der sol aldri går ned .

Sjå sjå Olav . Du stilna no . Du ser frydefullt inn i augo mine . Smil du ja . Det er ikkje verdt å sjå at det renn ei tåra på mitt kinn . Det er so ikkje av sorg likevel . Det er berre so rart å gå her , med vesle sonen min på armen .

Me skal kvila litt her . Sjå den steinen der . Det var hesten min då eg var fem seks år . Eg minnest eingong denne hesten min trava i veg mens eg heldt augo att . Han far stod der borte i brøyske og slo med stuttorven . No , set no på hesten min du Olav . So Y folen . Var det moro ? "

Og so traskar Mikkel vidare med gutpøyken sin . Han stoggar med han mest oppe med selet . Og set seg ned på marki . Han er sveitt no .

" Her oppi selet låg eg sjuk ein gong og trudde eg skulde døy . Og eingong sat eg nett her og øvde meg å spela trekkspel . Det var ein fæl sundag . Den dagen slost eg med Jens . "

So reiser Mikkel seg att og går heilt oppåt selet . Han står og ser på det . Det har ikkje tolt siste vinteren . Det held på og dett over ende . Hytten faller , kjem han i hug . Det blir til ei liti sorg inne i han . Bleke blir smått i send noko anna enn det som det har vore .

Det ligg ein dunge med stuved tett ved selet .

Mikkel set seg der . Han syng so smått :

En dag vil hytten falle ned , den var så trett , den var slitt ut . Men Gud skje lov , for visst jeg vet jeg har et bedre hjem hos Gud .

Snart gyldne sol vil skjule sig i vest bak rosenfarvet sky ... .

Han kjem til å sjå på guten sin , ein liten velskapt og ven plugg , med runde og blømande kinn . Han stryk han nedetter dei små kinni .

" Om kveldsoli mi glar snart bak dei rosefarga skyane , og du skulde bli att her i ei vond og fårefull verd , so gir eg deg åt han som vilde vera med sine alle dagar . "

I trekrunone syng fuglane no som om vårane før . Det er dei same tonar og dei same lydar og læte . Og Mikkel opnar si sjel for det og ser mot himlen og skodar inn i lyset og den store framtidi der .

No som før er livet fagert og godt og er evigt .

" Ser du noko av alt dette guten min ? Eg ser det so underleg rart . Eg har lengta so lenge etter å sitja her . Og no får eg sitja med deg . "

Det ropar Mikkel nede i li-i .

" Ja , " svarar han . " Me er her . "

Det er Lisa som ropar etter han . Litt etter er ho her attmed dei .

" Eg blei mest redd då de vart so lenge , " seier ho , ho set seg attmed Mikkel . " Er det noko som er vondt for deg ? "

" Vondt ? Nei då . Eg vilde berre opp her og sjå det att . Sitja i det slik no i våren . Sjå blomen kor fint han kjem . Veit du at det er den beste ange eg kjenner , blom og ungt bjørkelauv ? Og so desse kvite bjørkeleggene , og so alle fuglane , og so ansemdi om reiri . "

Ho sit og held handi hans og tykkjer han snakkar vakkert .

Men no tek guten til å bli uroleg , og ho må ta han og finna fram den stille trøystar til han .

Slik sit dei ei stund .

Då tek Mikkel til å be . Han auser ut av si sjel den uro og den otte som enno er der , han takkar Gud for frelse og for frigjering , for kjærleikens varme ånd , for evig utsyn og voni om siger for Guds rike . So sit han og gir Lisa og guten deira over i Guds hand . Det er so høgtideleg at Lisa sit og græt . Ho seier ingen ting , men fingrane trivlar uroleg på ein limp av eit klædeplagget hans Olav .

Ho skjønnar ikkje kva som går av Mikkel no .

Dei kjem til Øy att då det lid på dagen . Og Mikkel må gå til sengs med same . Han er ikkje mykje bra . Feberen aukar på og han søv dårleg om natti .

Dagen etter kan han ikkje stå opp .

" Åja , litt so , " seier han då Lisa spør om han er mykje sjuk .

" Eg lyt av og få order til dokteren ? " seier ho .

" Nei du skal ikkje det . Det er ikkje til noko . "

" Du kan då skjønna det Mikkel . "

Men han er stri på det at dokter treng han ikkje . " Det er kallet mitt til å stiga over grensa . Eg drøymde ei natt no at det kom ein skinande kvit mann og stod framfor meg . Han hadde naglemerke i hendene sine , so eg trur på det . No skal du kvila til dei få dagane tek ende , sa han . So skal du stå oppatt snart og få din lut saman med dei rettferdige . So skal du få vandra saman med englane og vera i selskap med Kongen over kongar og Herren over herrar . Eg treng ikkje dokter til det Lisa . "

Våren kom tidleg . Men no kjem eit atterkast . Det driv med snø i fjelli . Skogen får ein sjukleg gul farge . Åkrane som er sådde renn over med ugras . So Mikkel ligg helst på sengi si og ser høgare opp . Det er ingen brus av våren og blikket hans må søkja og prøva augna den rette vår attom drivande skyer .

Lisa sit ved sengi hans , ho har site her so mykje dei siste dagane .

Mikkel er vorten mykje uttærd på kort tid . Livet kan vera slutt om nokre få dagar . Dei har ikkje henta dokteren . Dei skjønnar sjølve at det er ingen annan ting enn galopperande tæring . Lisa har gråte frå seg . Ho har klaga og vride seg i smerte . No har det stilna av . Ho kan tala naturleg med han og sjå sanningi i augo .

" Mikkel , det er ein ting eg hadde hug å seia : Me skulde vel få fatt i presten so du fekk nattverden ? Det er vel ikkje trygt elles ? "

Ho har bala med dette lenge og ikkje fått til å seia det .

Men Mikkel ser med klåre augo framfor seg og svarar lågt og roleg at han har ikkje set apostlane gjorde det slik . Nattverden var syskinmåltidet som batt syskini saman om Jesus . Det var ikkje ei nødverje i dødens stund .

Med eitt er det som han kviknar til og reiser seg ørlite på ålbogane :

" Lisa , du må kalla dei saman , dei frelste . Få dei hertil . Me vil ha nattverd før eg går inn til Livet . Me vil endå eingong samlast om Jesus og eta kjærleiksmåltidet . Eg var med på det då eg var ute . Det var heilagt . "

" Mikkel , kan me det her ? "

" Lisa , lat eg få lov å be deg om denne tingen . "

" Når du vil det so . "

Jens kjem der den kvelden . Han vil sitja med Mikkel ei stund utover natti . Han har vore der som snøggast eit par gonger før . Då har Mikkel lege og kjærteikna handi hans og ikkje fått til å sagt dei ordi heile hans sjel var i brand om . Men i kveld vil ikkje Mikkel at Jens skal sitja her .

Jens skal reisa til Årva og til Buhaugen , til alle stader der det er nokon som vil vera kristen og han skal by dei hertil laurdagskvelden .

" Vil du det Jens ? Bli med du og , og Mathilda , og mor hennar . So trur eg Selma kjem heim til den tidi . Du lovar meg dette ? "

" Ja-a . "

So blir det Lisa som blir sitjande med han den kvelden og . Elles har dei vore her fleire saman . Knut sat her ei natt og let Mikkel leida seg som eit barn .

" Lisa , " seier han då ho sit her . Mor hennar er lagd i kammerset og vesle guten søv i vogga si . " Lisa du skal ikkje tenkja det når eg no er borte at eg er død . Eg lever i fullnaden . Eg skal vera attom forhenget med Jesus mens denne vesle bolken rasar ut her på jordi . So skal eg med alle dei frelste , med Jesus og englane stiga framatt i den store kviledagshelg . Du skal møta meg der Lisa . For du vil vera tru til enden so du får denne kruna og høgd over livet ? "

" Ja . "

" Men gråt ikkje Lisa . Ikkje ei tåre . Bli so sterk at du gler deg . "

" Men det er so fatig i verdi etter deg . Det kan bli so lenge . "

" Du lyt syna Olav vegen , syn han Jesus og det Jesus vilde . Dersom Jesus vil gi so lang stund at det er råd . Og sidan kjem de . "

Mikkel smiler og rettar handi til henne .

Og ho smiler att , vakkert og yndefullt ‐ mens store blanke tåror blenkjer på kinni hennar .

%Trass i det at folk er redd tæring so kjem dei til Øy laurdagskvelden .

Dei kjem tolv stykke utanom dei i Øy . Mikkel har fått Lisa til å laga små kakor . So har dei saft . Treng dei det anleis ?

Lisa var ikkje so stø på det . Men ho kunde ikkje seia mot Mikkel .

Det er ruskever . Det blæs kaldt frå nord . Det er ikkje vårver . Og med same folket kjem er det ikkje varmare i stova enn det godt kunde vore innpålagd nokre pinnar . Men folk set seg til rette kring det oppslegne klaffebordet . Dei fleste har aldri vore med på noko slikt . Og dei gjer det berre for Mikkel si skuld . Men dei kjenner høgtidi og heilagdomen då Mikkel røyner seg med å lesa ordi om den natti Jesus vart forrådd . Og so blir dei sitjande rundt bordet og den eine etter den andre bed .

Mikkel sit i sengi , til-stødd med putor . Bordet er sett med smalsida bort åt sengi .

Jens sit ved nedste bordenden . Han er so lang i andletet og so bleik . Midt for langsida sit Knut Buhaugen , og Nanna sit på den eine sida hans og den unge guten frå Årva på den andre . Ved bordenden tett ved Mikkel sit Selma og på sengkanten sit Lisa . På den andre sida sit Mathilda og mor hennar og eit par av dei frå Årva .

Det brest for mor til Mathilda . Ho tek til å be i stor naud . Ho er ein syndar for Gud . Ho må vedgå at vegen hennar ‐ frå ungdomen av har vore heilt anleis enn han skulde . Men Gud veit at ho lengtar etter tilgiving og vissa om frelsa .

Mathilda bed med mori og for henne . Og ho veit at so mektig og stor ei stund har ho knapt levt oppe før .

Men Mikkel har helst augo sine vendt mot Jens . Han sit mykje grå der nede ved bordenden . Kanskje er det ikkje heilt godt der inne i han .

" Jens , " seier Mikkel .

Og Jens ser ned . Men so tek han til å stomla og be so smått . Det blir nokre ord , men det er ikkje godt å få tak i dei .

Knut Buhaugen vender det blinde andletet sitt beint fram . Og han seier :

" Ja du veit det Herre at eg er ikkje verdig til din nåde , men du tok i mot ein syndar som meg . Du får hjelpa meg no då so eg ikkje går bortatt . For du veit den vonde lurar etter meg som ei brølande løva som vil sluka kven han kan oppsøka . Og so får du hjelpa meg til å vera rett verdig til din store nåde i denne kveld . "

Nanna får seg ikkje til å be . Sjølv om Mikkel nemner namnet hennar og .

So sender dei brødi rundt og so safti . Og det er Jesu lekam og Jesu blod .

Sveitten støkk av Mikkel då det er over . Lisa seier at ho må få ta att putone so han får leggja seg nedatt . Men han vil sitja slik ei stund til .

" Eg hadde so hug å seia eit ord til slutt , " seier han . " Det blir det siste eg seier . Eg vilde so gjerne at denne flokken her , de nokre som kom i kveld skulde bli ein heilag flokk . Heilag kvar for seg og heilag innbyrdes . Endå lid de av beviste og løynde synder . Endå har noko av verdi makt over dykk so ikkje de får sjå lyset og strålane frå kongsstolen . Endå har ikkje nokon knytt sin kristendom so heilt til Kristus og gitt han so fritt rådvelde over terrenget der inne at han heilt har fått skapt det om . Difor kan han heller ikkje gi si heile velsigning . Vil de koma og gi meg handi på at de vil halda saman som ein syskinflokk , at de vil vera lydige mot Gud i kvareinaste ting han set lyset på , og at dei vil hjelpa kvarandre i kjærleik på vegen fram ? "

Lisa gir han handi . So er Knut Buhaugen snar til å senda si hand . Selma gjer det , so den unge guten frå Årva og ein etter hin til det er berre Jens og Nanna att . Dei tvikar , men gjer det omsider . Men den klame og sveitte handi til Mikkel vil ikkje sleppa handi til Jens att .

" Det kjem Jens , " seier han og ser han i augo , " det kjem der ute . Folket vaknar opp for Kristus og hans rike . Hugane opnar seg og vegen ryddest for Han . Det skal koma her ogso . Det vaknar i den unges sinn . Tonen vaknar , den rette tonen . Gud føder det i barmane som vil opna seg for lyset . Målet er der og sume tek til å sjå vegen til det . Og når mange nok er viljuge å kryna Kristus til konge og mange nok vil hans rike , då kjem Han . Og då skal han ikkje dryga . Kjenner du det ikkje bror korleis røtene vil trengja inn i di sjel , dei heilage røtene . Lat dei få festa seg der , lat kvar trevl i ditt vesen bli kristen . "

" Eg er ikkje sjuk , " seier han og snur seg til folket som fylgjer spent kvart ordet . " Eg er frisk . Og eg er lukkeleg . Eg skal ikkje døy . For den som har sonen , menneskesonen , han skal aldri i æva døy . Dette er livet . No flyttar eg over til han eg fekk so kjær .

Å , det skal koma det eg har set som i ein draum . Det kjem snart . No ser eg det , eg ser at skyene opnar seg og lyset fløymer over verdi . Eg ser ei tid då jordi er som ho var i skaparen sin plan . Eg ser eit nytt Eden og Guds bustad er blandt menneski .

Min Jesus . Min Herre . Min Konge . "

Mikkel sig ned i putene .

Ein liten skarp kamp , og so er det over .

Lisa står over han og held vesle Olav på armen . Nokre store tåror fell . Fleire kjem framtil . Dei fleste græt . Men Selma og Mathilda står rolege og ser lyse ut .

" So fagert har eg aldri set , " seier dei .

Men Jens tek dei folnande hender og krampeheld dei i gråt .

" Mikkel , Mikkel , eg fekk seia det for seint at du måtte tilgi meg . Mikkel , eg skal koma no . Koma innpå vegen du vilde syna meg . "

Selma stemmer i og syng eit av dei versi ho veit Mikkel var so glad i :

Selv kun et intet , intet ‐ og må det med smerte enn skje , jeg legger mig dypt i støvet at verden min Jesus må se . Selv kun et intet , intet , men ham være ære og pris . Han er velsignelsens kilde med strømme fra Paradis .

%Folket går , men nokre blir att . Og nokre kjem inn seinare på kvelden då dei høyrer at Mikkel har slutta seg . Dei kan vel trengja eit trøystens ord , dei som er att . Han var nok ikkje so verst forsytar han Mikkel . Dei seier at han har løyst inn skuldi på Øy . Men Lisa sitt då att som ung enkja med eit lite barn . Det er rimeleg at det ikkje står til so bra med henne .

Men dei finn henne frimodigare enn som ein skulde venta . Ho går med lyfta andlet og med lys i augo .

Då nokon bøyger seg ned over vogga og seier til den vesle at det var godt om vesle farlause krypen hadde fått fylgt med same , seier ho :

" Nei han skal leva . Far hans såg eit mål og fann ein veg . Far hans var ei stor sjel , men vengene var for veike , for han var so lenge i bur . Men han såg langt og stort , og han trudde . Eg er stolt over å vera betrudd sonen hans . Det Mikkel såg , det skal han nå . Eg skal stri med han so lenge eg lever . "

Ho er enno ei ung kvinna , ho Lisa . Andletet hennar er brunt etter vår og utearbeid og sveitte . Hendene hennar er grove av strevet . Men ho er lubbi og sterk og mykje velvaksi . Og andletet hennar er fast i sine drag , viljen skin gjenom .

Men over det heile strålar mildska , kjærleik og ynde .