Slikt hender Menn , ætter og kvinner

Det var i jule-gildet på Glo . Ungdomen gjekk og song um jule-treet . Konene var i fjøset og såg på kyrne . Dei kytte av stellet til Glo-kona : " Feit buskap , " sa dei " vakre både i hud og hold . Du kan å stjorne , du Ane ! " Men dei tiska seg imillom ute i tunet : " Mager buskap , " sa dei , " lortut i hårlaget og skurvut i holdet . Ho kan ikkje få stor budrått av slikt . " ‐ Men mennene deira såg over Glo-merra og sa meininga si : " Ei mager , stivbeint skramle , " sa dei . " Er du ein sløg luring , Jan , so byt ho ifrå deg . Men er du ein ærleg mann , so sel ho til pølse og kjøp deg ei ny , for garden din og stallen med er då verd ei stasmerr . " Dermed var dei ferdige med hestesjået .

So tusla dei inn i stova att og benka seg um ølskåla , ein stor , rund tre-kumme med gul innskrift . Bokstavane var slitne gjenom år og aldrar , so skrifta var uleseleg . Karane undra seg mykje på kva orda tydde . Nokre trudde at det var ei visdoms-line , eller kanskje eit trøysteord frå sjølve Testamentet . Men andre heldt på at det var både skam og synd å ta slike ord upp på ei ølskål . Elles so var skåla venteleg so gamal at folk her hit i svarte dalane , knapt kjende ord frå den boka . Ein fekk kome i hug at Gudsordet var nytt å kalle , her uppi .

" Det er fyrst i vår tid det har fått makt på folk med juletre og song , og misjon og anna godt , " sa ein . Nei , skålskrifta var vel eit villmanns- ord frå villmanns- tida . Ein av karane sat og vende på skåla og pirka i bokstavane med ein finger . Han lurde på um det ikkje stod lukke ein stad . " Gamle-karane og lukka ja , " sa han .

Dei andre bøygde seg burttil , sat skjegg ved skjegg og studerte ei stund . So sa ein og strauk nedetter hake-fakset :

" Der kan likso godt stå ulukke , karar . " Dei sat ei stund og kjende på ordet , so nikka fire av mennene , men verten , Glo-mannen sjølv , han Jan , dei sa , kremta inni togna :

" Lukke eller ulukke , seier de . Eg vil ikkje ha noko med tydinga av skål-skrifta å gjere . Men eg veit litt um sjølve skåla , eller um den kjerringa som ein gong åtte skåla . Ho snakka òg um lukke og ulukke . Fyrste gongen sa ho det so : ‐ Eg er ulukkeleg i lukka mi ! Ho vende elles på orda og innhaldet i dei , for ein annan gong sa ho : Eg er lukkeleg i ulukka mi ! Men då hadde kjerringa skift hug sjølv . Å den hugen ... . Til sist kom ho so langt at ho sa : Eg er ulukkeleg , so ulukkeleg , men då var det smått stell med kjerringa . Ho var mest ikkje kjerring heller då . Eg veit ikkje eingong um eg skal kalle ho ei med-kjerring , eller ei dobbel-kjerring , eller ei ingenmanns kjerring . Ho vasa seg i alle høve for mykje inn i manne-garn , ein seier . ‐ Å ja , ja : stakkars mannen hennar , stakkars ættefar min , får eg seie . Hadde eg endå visst um denne kvinna er ættemor mi . Men sjå , det veit eg ikkje . Eg veit ikkje eingong um soga er sann . Lat oss tru at heile greida er ei gamal lygn , ei vond slarvesoge . Men arme dei ættene som finn upp slikt , som lyg fram menneske og lyg på dei ... . " Han tok til seg skåla og drakk litt , so såg han på gjestene :

" Vil de lye på , so kan eg lyge lygna uppatt . Ho heiter Skål-soga . Men bestefar sa etter ein annan gamling , som han kalla Ur-Jan , at soga burde ha heitt : Menn , ætter og kvinner . Men soga er lang , og de er vel svoltne ? "

" Nei , " svara dei . " Vi har øl , og det er då mat i godt drikke . Berre fortel , du Jan , berre lyg , so drikk vi or soge-skåla medan . Men lyg ikkje lygn inn i lygna . Drikk på det , du . Skål på Skålsoga di , på mennene , ættene og kvinnene deira . "

Jan tok ein sup , so sleikte han ølskumet ut or det grå , rot-tette lippeskjegget sitt :

" Ser de denne innfellinga i skåla ? " Han rissa ein halvrunding med naglen . " Det er eit sinne-bit , fortél dei , eit stygt vitne imot ætta mi , eit sannings-vitne so å seie , so kven veit um ikkje soga er sann like vel . Han som beit det , må ha vore ein breidmunna og kjeftsterk ein . Det skal vere bra lenge sidan det hende , og bra er no det , so fell både æra og skamma burt .

Han som styrde garden her på Glo , var bygdegauven i den tida . Han åtte halve Glo-dalen ‐ og vèl so det . Det er lite hyggeleg for meg å tenkje på at ættene til dykk karane sneik seg inn her og bita upp godset . Eg burde hate dykk for det , her de sit og drikk med meg og er norskar og likemenn . De skulde ha sete som stakkarar under meg , arbeidarar og husmenn og andre armingar på Utmagringsberget . Men lat oss gå over slikt . Lat oss gå over hatet , ja , og ta for oss elsken .

Son til bygde-gauven eg nemnde , gifte seg som ein uvitig dåre . Det sa dei i den tida . Og då Glo-mennene og kvinnene deira hadde fullenda laupet , so sa folk at dei skyna det måtte gå slik . Men det lyg dei . Det var kanskje då folk her hit i lærde å lyge . Guten heitte Jan , og eg går vel og ber namn etter han . Det skulde vere so vakker ein ungdom . Djerv var han , og sterk var han , reint ut eit mannsemne , som dei sa i den tida . Foreldra sette store voner til han . Men han sveik dei : I staden for å ta gull-gjenta som dei peika ut , fór guten vest under Taterberget og fria til ei lusfatig ei . Foreldra hennar var innflytte ‐ eller innrømde . Sjølv veit kva slags gjerning dei hadde gjort . Dei budde i ei jordhole og levde av veiding . Kanskje so stal dei og rana attåt .

Dottera var vakker , huldrevakker , sa dei vel i den tida , lat oss kalle ho englevakker . Håret var vakrare svart enn på andre . Augo likna blåmyrke tjørna . Og kinna var snø-kvite og rose-raude . Lekamen vil eg ikkje snakke um . Nei , for de er då gifte menn . Kom ikkje i freisting med tankane dykkar , for det er synd mot konene , svik og vanære , og skam attåt . De skal berre vere glade for de slapp å sjå ei slik ei bade . Namningen min såg det . Og han selde seg . Han vart som forheksa , sa dei . Henne eller dauden , lét han . Han skulde vere den fyrste i Glo-dalen som snakka so vitlaust og stygt . Han skal òg vere den fyrste som skeia so ut i kjærleik . Sidan fór andre toskar etter stortosken , er det sagt .

Folk riste på hovuda åt kjærleikstullet hans , for midt på blanke arbeidsdagen kunde han spring burt til Taterberget og setje seg hjå gjenta . Dei sa at det var eit syrgjeleg syn . Foreldra syrgde over det . Dei både tigga og bad guten sin : Han måtte ikkje krøkje ryggen deira fyre tida , eller bøygje dei ned på stavane . " Vil du ta rikgjenta , henne Gull-Mette , so skal du få større arv enn dei andre borna våre . Få upp augo so du kan sjå , " sa dei .

" Eg ser ! " svara guten . Eg har set på kvinna og fått ho kjær . Kva kan eg for det ? " Då gret mora , og so sa ho :

" Vil du ekte Gull-Mette , so skal du få alt vi eig . Vi skal gjere dei andre borna våre arvelause for di skuld . "

Då lo guten . Jau , han lo : " Ja so , de set gullet til Gull-Mette so høgt . Men eg kan ikkje selje kjærleiken min , " sa han .

Gull-Mette var umkring han . Ho pynta seg i kostesame klæde og synte seg for han . Ho liksom baud seg fram . Baud seg , ja , det er eit stygt ord . Men lat oss tenkje godt um Gull-Mette , og ordet med : Ho elska Jan . Men guten sa : " Ho freistar ikkje meg . " ‐ Og ein gong på ein høgsumarleik , stod ho i venaste stasen sin tett ved gjenta frå Taterberget . Folk sa at ho var ikkje for vakkert klædd . Ho var styggare klædd enn den styggaste i bygda , og der var mang ei ruska ei , går ordet . Lukta av ho var no ein ting for seg : Det snika gammejord og villmark og veidde dyr , er det sagt . Kvinnene veik frå ho . Dei bruka ordet ufyseleg um lukta og heile kvinna . Men gutane snakka um rose og rose-ange . Endå dei heldt seg bra frå ho , dei òg . Kanskje so var dei redde for hjarto sine ? Men Gull-Mette heldt seg nær ho . Ho var klædd som ei dronning i gull og sylv , men fatigteksa hadde andletet til dronninga , sa dei . Gull-Mette sa ikkje eit ord , men alle skyna tankane hennar : No skulde Jan sjå dei under eitt , sjå skilnaden på rik kvinne og fatig fant ‐ og so velje .

Og han såg . Han valde med : Han valde som dåren , sa dei . Han gjekk beint burt til fatig-gjenta og kysste ho framfor augo på lyden . Folk skjemdest . Dei hadde aldri set so gudlaust og synbert svineri , sa dei . So lyfte Jan augo og såg på mugen : " Eg har vakker kvinne , " sa han . Gutane tagde til det , men gjentene bles ... . Sidan dansa Jan med kvinna si . Og sistpå leidde han henne inn i sumarnatta og grønskogen . Men med same dei gjekk , såg fatig-gjenta på Gull-Mette , og so sa ho :

" Eg er ulukkeleg i lukka mi ! "

Dei såg at Gull-Mette bleikna etter orda . Ho vart kvit som kritberget , sa dei . Dei ringprydde hendene hennar skalv og knytte seg , og det fór i folk at no skjer det vondt med ein gong . No slær Gull-Mette ... .

Men ho slo ikkje . ‐ Pust berre ut , karar , legg saman lippene og ta det med ro . ‐ Ho slo slett ikkje . Nei , kvifor skal vi laga drama ? Kvifor skal vi lyge lygn i soger og seie at kvinnfolk slæst um menn ? Gull-Mette gjekk berre burt i blomebakken og sette seg , det var alt .

Men lyden tok til å leggje ut orda til Jan-kjærasten . Dei kom i krangel og strid ‐ som dei kristne um djupna i Gudsordet . Nokre sa at orda kom frå eit mildt og godt hjarta . Røysta var vakker , so gull-rein og god . Og god var meininga òg . ‐ Den som har slike augo , tenkjer ikkje vondt i hjarta , for ho såg so mildt på Gull-Mette , som ynkast ho over henne og fekk henne kjær , sa dei . Og dei sa meir : ‐ Kvinna frå Taterberget var so glad i Jan , at ho såg inni den vonlause og såre kjærleiken til medtevlaren sin . Det var ulukka i lukka . ‐ Dei sa kanskje sant . Og kvifor skal ikkje vi tru godt um fatigkrypen ? Kvifor skal vi alltid tru vondt um folk for det um det skjer vondt ved dei ?

Andre sa at det var vyrdlaust sagt . ‐ Slik snakkar dei svarte i hjarta , lét dei . Fatigteksa vilde stikke medtevlaren sin , for såg dei kor ho kraup inntil Jan og liksom tvinna seg um han . Og hadde dei nokon gong høyrt at ei fatig ei ynkast over rik kvinne ?

Men nokre gjekk burt i blomebakken og trøysta Gull-Mette : " Jan valde som ein uviting , " sa dei . " Vinn over sorga , for han er ikkje verd å få so rik ei kvinne . slo Gull-Mette . Ho sparde ikkje hendene sine , og ik kje gullringane på dei . Folk vart skræmde . Dei såg forundra på den bleike , forpusta kvinna .

-Kvifor slær du oss ? " spurde dei . Gull-Mette svara med nytt spursmål :

" Kvifor trøystar de ? Kvifor stakrar de stakkaren ? ‐ Å ja , ein veit vel kvifor vi trøystar . Den same veit vel kvifor vi slær trøystaren ... . "

Dei unge diskuterte heim gjenom høgsumarnatta , snakka um Jan og kjærleiken hans . Dei såg han inne på høgda . Han sat med fatigkvinna i fanget sitt . Dei såg Gull-Mette òg . Ho gjekk einsleg ned lia . " Slik er ryggen på ei forsmådd ei , " sa dei .

%‐ ‐ ‐ Dagen etter kom skyldfolket og vilde snakke vit i kjærleikstullet til guten . Det vart eit heilt dagsmøte , eit gifteråd , so å seie . Um kvelden fekk dei guten med seg upp til Blånabben . Derifrå såg dei over Glo-riket , heile herlegdomen , ja : jordarven som guten skulde få , og jordarven til Gull-Mette . Han var ikkje liten der han låg og skein med skogar og fjell og grasenger med dyreflokkar på . ‐ Og åkrane , eg vil kalle dei eit syn , og ikkje seie det sterkare .

Skyldfolket peika og la ut : ‐ So og so mange lèster korn , sa dei , brød til ein heil kongsher . Men guten hermde uppatt innførde ord frå Austerland :

" Menneskja lever ikkje berre av brød , " sa han .

Då vende dei seg mot fatigdomen , peika vest til Taterberget og bad han sjå kor der såg ut . Jordhuset låg og studde seg i bakken , med ein svart opning inntil ein svart bustad . Det var som eit bos i Gull-Mette-rikdomen , som ei flis i verdshavet , dei seier . Menneskja gjekk halvnakne umkring . Kona stod på huk ved tunelden og steikte rå-kjøt på spit . Og mannen sjølv , gamme-herren , sat på ein gråstein og bles i horn medan dottera dansa . Ættebasen riste på hovudet :

" Sjå styggedomen , " sa han . " Ser du ikkje at det der er naken villmanns-dans , so er du ein blinding . "

" Det er vakkert for meg , " svara guten . Han såg på dansen med so blå ein lengt i augo . Då lo skyldfolket . Dei tok spott i tonen òg :

" Spring burt og sving deg med prinsessa , " sa dei og skratta vondt .

" No skal eg gå , " svara guten og reiste seg . Men ættebasen , " overonkelen " , eller han " Lars farbror " , som dei kalla han , tok i guten og bad han vente litt . So tok han til å snakke um gullet til Gull-Mette : ‐ Hadde guten set det ? Nei visst , men han hadde set det . Han hadde fått den æra å kike i skrina og skuffene hennar . Ho hadde ei vakker vekt i gull . " Blunk til gjenta , og stasen er din . Du er då glad i gull vel ? " Men guten såg på dei , og so spurde han :

" Kan nokon ete gull ? "

" Nei , nei , " svara dei , " men gull i skrin , dyr i fjøs , og korn i bingane . Veit du noko mektigare i verda , noko dyrverdigare ? "

" Kjærleiken , " svara guten stilt . Meklarane stirde på han , nokre bles svivyrdsleg , nokre lo , men andre smatta og svelgde rådlause halsklumpar . So spurde ættebasen , han Lars farbror sjølv :

" Kan nokon leve av kjærleik ? "

" Ja eg , " svara guten fast " for kjærleiken gjev mod , gjev arbeidskraft og styrke . Eit liv i strev for den ein elskar , er meir verdt enn gull . Eg ser det . "

" Du ser med blind manns augo . At du kan vrake gull-lilja og slengje kjærleiken din burt i ein fatig-lort , " sa ættebasen og grov i jorda med staven sin . Ei stund var det stilt i rådet . Dei høyrde berre ljoden frå instrumentet til hornblåsaren ved Taterberget . Det vekte dei . Det eggja dei på ny , for no hadde han stige ned frå steinen , frå blåsehøgda si , og gjekk og dansa med dottera , medan han spela attåt . Og best det var , der vogga kjøtsteikjaren òg utpå vollen og gav seg inni horn-takta og dansen . ‐ Yssa og fy , de kan so seie . Skyldfolket til guten , sa det med : " Vend deg ifrå denne rå-teksa , " sa dei . " Ta Gull-Mette , so har du vèlnok kjerring all din dag . Og enn alt det du får med ho : hus og gard og alt som i er . Attåt får du heile Glo-arven , og syskina dine må ta ut i verda med ingen ting . Du blir ein mektig mann , ein riking i riket ... . "

" Rik på gods ja , men fatig på liv og ånd . Jau , rett no tek eg til å skyne dykk . Rett no tek eg til å vanvyrde dykk . Stakkars fatige rikingar . No må eg gråte . Eller : eg trur eg lær . " Og lo gjorde han , lo rett uppi andleta til " tantene " og " onklane " sine . Han lo både lenge og rått og stygt , er det sagt . ‐ At dei ikkje slo , at dei ikkje knevla og batt han og leidde han heim og tjora han i ein av kjellarmurane sine ... .

Men dei tagde . Dei bar over med han . Ættebasen sa sidan , at når tosken talar , då må den vise teie . Og tagde gjorde dei . Dei skal ha ære for det . Kor pass vondt dei tenkte , veit eg ikkje . Kanskje tenkte dei eitkvart mildt um guten ? Men dei gjorde seg ferdige på Blånabben . Han mektige Lars farbror tok til seg staven og gjekk , og dei andre snora seg upp etter han , " tante " etter " onkel " , og " onkel " etter " tante " , ein heil flokk med skyldfolk som ikkje fekk Jan til å byte kvinne med gull . Dei stansa nede i berga og såg etter uvitingen . Han fór skundande vestetter mot volldansarane ved Taterberget . Då kvinna såg han , kom ho springande og møtte han på vegen . Ho rette fram hendene , og Jan bøygde seg og lét til halsen sin . So munnast dei . Då kremta ættebasen . Og kremten gjekk frå mann til kvinne gjenom heile ætta . Men det er ikkje sagt at dei sa noko stygt , at dei baktala og førde vonde ord på paret . Gled dykk over det ‐ og lyg ikkje ord i munnen på dei , um de fortel soga etter meg ... .

%‐ ‐ ‐ Guten kom heim til Glo seinare på kvelden , og han hadde kvinna med seg . ‐ At ho vilde fylgje , og at han våga å ta ho med . Det er vårt syn , eller vårt um syn . Jan hadde kanskje eit større syn , eit råare spottesyn , eller eit djupare inn syn . ‐ Gud veit um han ikkje vilde syne ætta si ein himmel-engel , um han ikkje tenkte å få dei milde i hjarto ?

Skyldfolket sat ringa um matbordet . Dei åt som eit syrgjemåltid , får vi seie . Der sat dei , ja , med mat og med øl . Ættebasen hadde nett lyft denne skåla med eine handa , med den andre heldt han um hake-skjegget so det ikkje skulde lufse ned i drykken . ‐ Sjølv veit kven si lukke eller ulukke han vilde drikke på .

Då var det at Jan steig over den høge dørstokken med kvinna si . Han vart ståande der og halde i handa hennar . Ikkje sa han noko . Ikkje sa ho noko . Og rundt umkring bordet tagde dei med . Dei rørde ikkje føter . Dei åt ikkje bitane av dei lyfte knivane eingong . Men tankane flaksa som myrke nattfuglar millom bord og dør . Mat-kvinnene heldt upp med å bere fram nye fat . Dei veik inn til veggene og stod som klumsa . Øl-drengen kraup saman i ei krå , og sette ikkje fram den fyllte skåla . Det stilna i koke-kovane . Kjélar vart ikkje lyfte av eld , og fat ikkje fyllte . Det var ikkje ein gong mål i stall-drengen som stod ute i garden og passa ridehestane til gifte-rådet . So er det sagt , mann etter mann , og munn etter munn nedgjenom ætta mi .

Endeleg lét det i ættebasen , i eit sandkorn som han knuste med foten sin . So slepte han hakefakset med eine handa og tok um skåla med båe . Han lyfte ho til munnen , og det fór gjenom folk , at no drikk han på ulukka til Jan og ropar forbanninga utover paret . Men han drakk ikkje . Han gaula ikkje ut eit ord . Men han snakka i ordlaus kraft , sa dei :

Han beit i skåla . Dei høyrde kor det knasa og knast i beinhardt tre , og då vart denne halvrundingen snitta utor skåla . Ølet rann skumande utgjenom opet , og ned i skjegget på basen . Han hadde snakka i giftesaka til guten , og han snakka meir : Han svinga skåla , slengde ho over hovudet på bordfolket og rett mot kvinna til Jan , so ølfroden skvatt uppetter henne og veggen . Det vart ståk kringum bordet . Kvinnene skalv og mennene reiste seg , men tenarane ved veggene skreik , er det sagt . Det røste gjenom dei at no blir det slags mål i ætta . ‐ Gu' betre Jan , stakkaren . Gu' betre rosa hans . Det blir ikkje i helg og høgtid dei får blande blod ... .

Men det gjekk spakt for seg . ‐ Set deg berre vakkert ned att , Hans , ro deg med ølet , eller ta deg ei skrå . Dei drap han slett ikkje . Dei slo han ikkje halt heller . Dei krøkte ikkje hår på kvinna hans eingong . Men far til guten reiste seg . Han peika på den skarbitne skåla , og so sa han frå høgsætet sitt :

" Sjå der er arven dykkar . Ta skåla og gå burt frå augo mine ! "

Og guten gjekk . Kvinna bøygde seg og tok skåla . So gjekk ho med . Paret tok vegen til Taterberget , og gammeherren kom lutande utor torv-tuva og møtte dei med horn-låten sin . ‐ Eit sårt og syrgjeleg syn att . Onklane sukka , men tantene gret . Dei ynkast over far til guten . Dei såg på han , og so såg dei på snøegga : Det var same leten på menneske og fonn .

Ei stund stod han og såg kringum i stova . Så ropa han på den andre sonen . Han stod ute i tunet og såg mot lia . Kanskje so hadde han hug å sjå ryggen på ein arvelaus bror ? Han kom stomlande inn då faren ropa . Og faren såg på han . Det sveiv i skyldfolket at no kryner han denne guten til eigar av Glo . Men faren sukka og ropa på stall-drengen . Då brådde det nye tankar igjenom åskodarane : ‐ Faren vog guten , men fann han for lett på Glo-bruket , og no vilde han ha sâla hest og fare ut etter Jan . ‐ Han hadde kanskje tenkt det . Han gjorde det berre ikkje . ‐ Vi gjer ikkje alt vi tenkjer , nei , for gjorde vi det ... Set at Glo-herren hadde gjort det , sett seg på hesten og henta heimatt Jan , ‐ ja , då må ein vite , og eg trur at han veit det : At då sete ikkje de karane her som odelsbønder i kveld . For just nett her i denne tanken , ligg heile vendet for rike Glo , heile ruinane , heile forbanninga , ‐ kanskje ei lita velsigning med . Men lat meg fortelje , lat meg ta heile hendinga med , heile grunn-brotet :

Då stalldrengen synte seg , hadde snø-kvite bleiknaden vike frå Glo-herren . Han berre vinka burt med handa og bad drengen gå : " Det var berre ein svivande tanke som aldri skal bli røyndom her på Glo , " sa han . So vende han seg til sonen att , tok han i handa og leidde han til husbondsætet , og då sa han med gauve-ro :

" Glo-riket er mitt , dal-makta og æra , men tek du Gull-Mette , so er det ditt ! "

" Ja , " svara sonen , han såg upp på faren . " Viljen din råde på bruket her ! "

Guten sat ei stund i husbondsætet , for liksom å sjå kor han høvde der . So reiste han seg , valde ut eit par av dei eldste i flokken og spurde um dei vilde vere béle-bod , for friarar hjå Gull-Mette . Og dei vilde . Dei sette seg på hestane og reid med guten ... .

Og tida gjekk . Dei som var att på Glo , trøytte ho best dei kunde . Dei tok øl og strengespel ut på tunhella og sat og hygde seg og såg mot Gull-Mette-heimen . I kovar og koke-gruver vart det ståk og arbeid att . I kjellaren klukka tunnene øl i store bekarar . Og frå slaktehuset lukta det nyflådd gjødkalv . Herren til Glo hadde gjeve påbod um midnatts-mat , eit drusteleg feste-måltid når sonen kom heim med Gull-Mette . Han nemnde ikkje Jan , men eit par gonger vardest dei at han såg mot Taterberget , og han såg slik at dei ottast for at han treiv hesten og reid sin veg . " Ser han dit ein gong til , so ... , " sa dei seg imillom . Han var på veg til å sjå dit tridje gongen , men han pinte augo mot jorda og stampa med foten . So ropa han til stalldrengen so det glumde i garden : " Jag hestane på skogen ! " Han reiv ned brua millom seg og Jan med dei orda , sa folk sidan .

Litt etter kom friarferda , fire menneske på fire hestar . Og herren til Glo møtte dei på tunbakken med smil og med øl . So bar det inn til bordet att , til midnattsmåltid i høgsumarnatta . Glo-sonen sat i høgsætet og hadde Gull-Mette hjå seg . Dei hadde lyft festeskålene og skulde drikke på velferda åt dei nytrulova , då såg dei Jan og kvinna hans gje nom den opne døra . Der kom dei , ja , og for framum uppe i enga . Jan bar våpen . Kvinna bar den synlege arven , den skar-bitne skåla i den eine handa , med den andre heldt ho i Jan , og Jan heldt i henne ... .

Det vart stilt umkring bordet . Gull-Mette slepte skåla so øl-veita rann burtetter bordet . Då dei såg på ho , var ho kvit som kritsteinen nord i Glo-høgda . Ættebasen , han Lars farbror , sette skåla si varsamt ned . Og dei andre fylgde stilt etter . Det kjendest ulovleg å drikke festeskål med Gull-Mette og denne sonen på Glo .

For fyrste gong fór det gjester frå garden utan øl-rus og ståk , er det sagt . ‐ Dei fór stilt gjenom bygda , som reid dei med lik millom seg . Men Glo-herren sprang innetter høgdene og ropa Jan , so det olla i berga , men det kom ikkje svar frå menneske . Det kneggja berre utridne folar i skogen ... .

Gull-Mette vart verande på Glo frametter sumaren . Kjærasten , den unge herren til bruket fór sud til kongslandet , men han skulde kome att um hausten og gifte seg med Gull-Mette .

‐ Hausten kom . Brudlaupsdagen kom . Gjestene kom med , men brudgomen kom ikkje . Det gjekk ein dag , og det gjekk to . Dei prøvde å snakke med Gull-Mette : " Det var kanskje storm i havet , so skipet hans vart litt seinka . " Dei fekk ete og drikke , og vente og vone . Gull-Mette smilte , men ho gat ikkje ordet . Det reid folk sud på høgdene og såg mot bygda , og det sigla skip ut til havgapet ‐ men det sigla ingen langfarar inn .

Tridje dagen tok folk til å rakle heim . Dei prøvde å skjemte , prøvde å trøyste med : " Berre vent , berr vent , so har vi siglaren , " sa dei . Brudgomen stod kanskje so fast i kongstenesta at han ikkje kunde kome til tid og time . Gull-Mette smilte ordlaus smil att . Men Glo-herren reid sud til Taterberget . Gjestene stansa nede i bakkane med heimfar-nista si . Dei sette seg på holkane og såg etter ridaren , for dei var møyre i føtene etter dans og øl-rus . " No spør han etter Jan , " sa dei seg imillom . Dei såg at mannen i gamma kom ut i skinn og stod ved døra til jordhola , og Glo-herren snakka frå hesten sin . Litt etter kom han ridande heim . ‐ Rakare mann såg dei aldri sitje i sâl på hesterygg , sa dei . Dei gjekk frå nisteholkane og stod i brudlaupsgarden att då han kom : " No spurde du god tidend , " sa dei . Men då dei såg han i andletet , so var det ein grå og ukjenneleg mann som stod framfor dei , ein knust far , sa dei . Då skyna dei at Jan og kvinna hans hadde fare sporlaus ferd .

Dagen etter fór Gull-Mette heim , og hadde bruresylvet med seg . Men ho gjekk med kjæ rast-ringane . So inst inne hadde ho venteleg gifte-von , endå ho var bleik som ei daudmanns-brur , sa dei .

Og hausten gjekk . Glo-herren gjekk ute i han . Ja Herre Gud , kor han gjekk . Dei snakkar um fredlaus vandrar for mindre trakk . Dag etter dag reid han nord i marka . Han tok tri dags ferder , og stundom fem . Veidemenn hadde set han på kne i spor-mjuke dike , og i elvesanden . Han gjekk på sone-leiting , sa dei . Han hadde kanskje venta at seinhausten skulde jage Jan heim . Han kom berre ikkje .

Det var vinteren som kom . ‐ Å ja , ja , ja , kor må ikkje belte-djup snø tyngje på ein far som har son i skogen .

Det vart ein vinter med mykje snø , men han var mild , og fjordane låg isfri . Havet var blidt og roleg , inga sak å sigle skip inn til norske-stranda , sa dei . Ein dag såg dei at Glo-herren reid ned til sjøen . Der tok han båten sin og rodde ut til Hornøya . Sidan kleiv han upp på fjelltoppen og sette seg , ‐ og han sat der lenge . Sidan kom han att , vike etter vike , fór rideferda og båtferda og fotferda til fjells . Ein av husmennene hans , ein av dei armaste , gjekk ut til han ein gong og sa : " Du ser etter son din . " Det vart han nokre dyre ord , for Glo-herren gjorde han endå armare . Han jaga han frå plassen , og stakkaren laut flytte stova si ut på eit nake berg , ut på sjølve Utmagrings-berget .

‐ Uvisleg og hjarte-hardt , de kan so seie , eg seier det same . Men Ur-Jan , han sa det so : " To søner i same hjarta . Ein arvelaus burtjaga med fatigmøy ein stad inni norskemarka . Og ein stor-arving i framandt land , som ikkje kom heim og ekta rik kvinne . Kom i hug , godt folk , at vi har kyllingane umkring oss ... .

Glo-herren gjekk inn i vinteren med grått hår . Han gjekk ut or han med kvit krune , er det sagt . Og det er sagt meir : at han gjekk fleire netter på føtene enn han låg i lega .

So kom våren . Og ved gauke-tid sigla det eit skip innetter fjorden . Det gjekk fyrebod uppetter dalen at no kom Glo-sonen heim frå framandt land . Det vart liv og annsemd att , ein gamal gard vakna og synte seg . Glo-herren sjølv reid ned til Gull-Mette , og sidan reid dei to nedetter dalen . -No rid Gull-Mette i kjærast-mot , " sa folk . Men stakkars Gull-Mette . Armods kvinne , får eg seie : Ho reid ut med brudlaups-von og med trulovingsringar på fingrane sine . Ho reid einsleg heimatt , med nakne , ringlause fingrar , men då var det seinhausten ‐ tri sumrar etter .

Dei møtte Glo-guten . Han var kar åleine , dei seier , men han hadde med seg framand kvinne frå Daneland . Vi har eit ordtak i ætta vår , eit merke på at soga er sann att . Bestefar skulde seie det til far , og far sa det til meg , den dagen eg fór ut og henta heim til meg kona : " Må det no ikkje bli eit Gull-Mette-møte , " sa han . Det vart eit stutt møte , berre ei framum-ferd . Folk såg det på fråstand . ‐ Gu' skje lov at folk stundom lyt sjå på fråstand , at dei ikkje fekk sjå augo i Gull-Mette med same ho såg den framande kvinna . Bra òg , at vi ikkje skynar ormen i det å ride ut med brure-von , og so få eit kjærast-møte som kostar ei burtferd på tri år ... .

Veg-kikarane såg berre at Gull-Mette reid litt til høgre , og vidare sudetter , og paret reid nordetter heimedalen . Men Glo-herren sjølv reid att og fram på møtestaden . Der sat han ja , ein einsleg , kvit-kruna mann på hesteryggen . Stundom vikte han hesten i den leida sonen reid , og stundom i den leida Gull-Mette fór . Han reid i tanke-ring , sa dei . Til sist la han taum-bukta i salkroken og lét hesten velje leid . ‐ Ja so , de sit og trur at hesten valde Gull-Mette-leida , at det hende eit hestelagnads-under , som enda i solskin og lukke ? Langt ifrå . Hesten vilde heimleida . Ein hest vel alltid heimleida . Den som fortel noko anna , han lyg , for eg har røynt det . Eg har ride i heste-lagnad ‐ og eg kom alltid heim til stallen . Han kom dit , Glo-gubben og ... .

%‐ ‐ Det vart eit lite brudlaup utpå suma ren . Men brura gjekk ikkje bruredans , og det terga vestlands-norskane . Ho var fager og fin , men tynn og frysande av seg . Ho bad dei fyre på i gruva , endå det var solvarme sumardagen . Men då gjekk skyldfolket ut , fyrst tantene , og sidan onklane . Ættebasen , skål-bitaren , eller han Lars farbror , turka sveiten , og so sa han :

" Trøyste meg for eit blod og ein merg ho har . " Dei andre nikka : " Men enn når vinteren kjem og gufsar sno på ho , " sa dei . Han Lars farbror såg på fjella , på steinrasa og nedfalls-urene . Sidan sveiv augo hans over garden og tunet . Då sukka han : " Norsk gard under norske fjell , men framand , veikbloda kvinne i tunet . Ho har ikkje eingong tunge å snakke rett med . Går dette vel , so er allting vel , " sa han .

Gjestene gjekk stilt frå eit brudlaup som ikkje vart . Dei gjekk stillare frå dette som dei hadde halde . Ikkje ein einaste mann ståka i rus , er det sagt . Brura kom ikkje utpå tunhella eingong då dei fór . Ho sat inne ved elden og vermde hendene sine . ‐ Ho bleikna då frostnettene kom , og då vinteren gufsa inn med snøfòk som rauk um gluggane , gret ho so tenarane høyrde ho gjenom veggen . ‐ Ho hadde eit bra sterkt mål å gråte med , er sagt . Ho vilde heimatt til kjære landet sitt , for her fraus ho i hel , jamra ho . Men mannen sa at sjøen var ikkje båtfarande no . Elles so såg ho ikkje slik ut at ho kunde ta noka hav-ferd . Ho fekk vente til våren . ‐ Å , den unge Glo-herren gjekk kanskje med smil i seg , med ei rik og stor vår-von . " Våren og sola , " trøysta han . Og den gamle Glo-gubben vakna liksom til òg . Han grov seg burt til gruva og la tyrived på , var som ein eld-nørar , eller fyrbøtar å kalle . " Våren og sola , " sa han med , og la varme skinn um danekvinna . Han hadde vel draumen sin , bestefarsdraumen um ein lubben og vakker sone-son i vogga . Dei høyrde at han av og til song byssam-lull-tonar , og sat og vilde lære sonekona voggeviser på Glo-mål . ‐ Stakkars hår-kvite olding . Alt såg godt ut . Alt var tilskipa . Vogga var reidd . Barneklæda låg der . Tida var koma . Sonesonen kom med ‐ men han var daudfødd . Slikt hender , visst hender det . Men at det skulde hende og der og med dei ... . Stillare bestefar har knapt tusla i norsk gard , har dei sagt . Og dei har sagt meir : at sone-sorgene kvita håret hans , men dauden på sone-sonen tok kvar busta burt frå hovudet . Den dagen dei førde guten til grava , reid gubben inn i marka . Hesteleitarar høyrde Jan -rop i skogen att , men det svara ikkje menneske , det bura berre norsk ukse ein stad inni heiane .

Då kvinna kom upp frå barnelega , sa mannen at dei kunde ta seg ei ferd heim til landet hennar når det leid på sumaren , men no vilde ho ikkje . Ho vilde noko anna : ho vilde ha tenarar frå heimlandet sitt hit upp ... .

Tenarane kom um hausten . Fint folk på spreke fjordingar reid inn i Glo-garden , ja , for ho hadde sytt for å få hestar ut til sjøen . Dei reid , ja . Men ut or garden fór dei gamle tenarane , fotgangarar , burtjaga armingar med klædebyltar på ryggen . Dei måtte gå ut til Utmagrings-berget .

Glo-gubben kom ut då han høyrde framand tunge i tunet . Den kvelden reid han ut i skuminga . Folk såg han , og folk sa : " Gud veit um det ikkje er snau-skalla dauden som no rid til skogs ... . " Hesten kom att um natta , men ikkje mannen . Då tagde folk . Men dei snakka litt sidan , for no tok den unge Glo-herren til å ride umkring i marka :

" Fyrr fór faren på sone-leiting , no fèr sonen på far-leiting ! " sa dei . Han reid og han lydde , og han ropa far i fjella . ‐ Å ja , ja , som Ur-Jan sa : " Jan , eller eit anna namn kan kven som helst rope , men far kan berre son rope . " Folk sa at det var sjølve angesten som ropa . Det var eit uhugleg mål i hamrane . " Gjev han vil teie , " sa dei . Han tagde òg , reid ut i marka på far-leiting utan rop . Då sokk det i folk , og dei sa : " Far-ropa var vonde å høyre , men togna er vondare , for ein ropande menneske-leitar har von um å finne liv , men ein teiande ein , ser etter lik i skogen . " Og sonen leita inn i seinhausten , og han tok til att då våren kom . ‐ Han fann ikkje far sin .

" Framand-tunga har torva han godt ned , " sa folk , og meir sa dei ikkje um det . Men dei såg : Dei såg heimar reise seg på Glo-bruket , nye hus med jordbitar til . Dei framande tenarane fekk odle seg gardar av Glo-jorda . ‐ Det er ættene til dykk karane eg er komen til no . ‐ Og eg vil snakke sant um dei . ‐ Lat oss bruke vakre ord på det gode , men stygge ord på det vonde , som mannen sa : Litt jord kjøpte dei , men meir stal dei . Dei har vel fått løn for det , vil eg tru .

Kor det kjennest å sitje på stola jord , det veit ikkje eg , men ætta di , Kristian , der aust , stal seg vestetter . Og du , Fredrik , der vest , snylta deg austetter . De hadde flate vollane , so de vann venteleg bere merkesteinane inni annan manns jord , steg for steg . Då var det verre med deg , Peder , der sud , du hadde motbakkar , og steinane var tunge . Tjuv-ånda var viljug , eg tvilar ikkje på det , men kjøtet var for veikt å bere norske merkesteinar noko langt upp og nord . Men du , Hans , du hadde undanbakken . Du kunde drage merkesteinane . ‐ Hu-hu ! kor ætta di drog , kor ho stal seg sudetter og gløypte norsk jord gjenom åra . Soga kallar slikt nedgangstid . Eg vil kalle det ei rå tjuvetid , ei fy skam til tid .

Det var berre ein av tenarane som ikkje stal seg jord , det var overtenaren , men han stal noko anna , han stal sjølve kona på Glo-gard . Han stal ho frå Glo-mannen , stal hjarta hennar og heile hugen og rømde med ho . Ein kveld mannen kom heim frå marka , var kona og over-tenaren burte . Glo-herren rekte rideferda etter dei nedetter dalen . Ein stad ut i Vestliene , møtte han hestane . Dei kom med tome sâlar og var på heimveg . Mannen skunda seg ned til sjøen , men skipet hans var burte . Tenaren hadde sigla Glo-kona burt på skipet til sjølve Glo-herren .

Sidan fekk han seg båt og fór etter dei som hadde rømt . Folk sa at han rodde ein mordar-ror . Han la i land ved Hornøya , kleiv upp på toppen og såg vest i havet . ‐ Å ja , ja , ja : faren sat der ein gong og såg etter burtfaren son . No sat denne sonen her og såg etter den rømde kona si . Han sat i same seta , er det sagt . ‐ Armods armingar , får eg seie . Han såg ikkje utsiglande skip . Men han såg eitt som sigla inn . Det vart eit kjent segl på ein kjend båt til sist . Det var Gull-Mette-skipet . No sigla Gull-Mette nord gjenom sunda , og heim etter ei tri års ferd .

Skyldfolket bad Glo-herren ta kone-rømminga med vit og ro . Ho var ei framand ei i norske-jorda , eit turt tre å kalle , sa dei . " Sjå på eitt av dei grøne trea . Sjå helst på Gull- Mette . " Og Glo-herren såg , men no såg ikkje Gull-Mette på han ... .

Og åra gjekk . Ingen her i bygda hadde høyrt noko frå Jan og kvinna hans . Men folk kom han i hug , og nemnde han som døme når ein rik uviting vilde gifte seg med fatig kvinne og skeie ut i kjærleik .

Den unge Glo-herren var lite heime . Han fór og trakka i skogane og passa lite på eigedomen . Det var vel no ættene dykkar hadde blømingstid , at dei rana og stal jord , og skreiv ut falske skinnbrev på eigedomane . ‐ Vi får orsake Glo-herren litt . Han gjekk kanskje og leita etter beina til far sin , gjekk med konesòg og fars-skrik i seg . Men at ættene dykkar hadde hjarta og samvit til å stele frå ein slik mann , må vi tyde til det verste , fire etarar på ein mann , har de høyrt noko so stygt ?

So er det fortalt at ein haust i tjukkskodda vima Glo-herren seg burt i fjella . Han tulla og gjekk ein dag , og han tulla og gjekk i tri . Fjorde kvelden såg han ljos i marka . Han gjekk etter det , kom til ei lita nytimbra stove på dyrka bø . Han høyrde barnemål og vakker kvinnesong inne . Han sa sjølv sidan : " Den songen vart meg til tjon og dom . Han gjekk like i hjarta på meg . Eg elska kvinna fyrr eg såg ho . "

At slikt kan hende . At slikt får lov å hende . Ein trøytt mann kjem til ei dør , høyrer kvin ne-song og misser hjarta sitt , fyrr han har set kvinna ... . Glo-herren kakka på . Då stilna songen , men det kom tung mann til døra , tok frå slåa og lét varsamt upp . Det var Jan , Jan , bror frå Glo . Ved bordet sat kvinna hans og sauma skinnkufte , og ho hadde to born hjå seg , ein gut og ei gjente . Glo-herren såg knapt bror sin , endå han stod med handa i neven hans . Han såg berre bror-kona , fatig-kvinna frå Taterberget . Han teikna biletet av ho slik : " Eg elska ho fyrr eg såg ho . Men då eg såg ho , kjende eg at eg hata bror min . "

Glo-herren vart verande hjå Jan frametter hausten , ein bror på gjesting , får vi seie . Dag for dag tok han seg på tak og vilde heim . Han gjekk til fjellet , men han kom attende til Jan-bu . Han heldt so av borna , av han Vesle-Jan , sa han . ‐ Store-Jan tagde . Han gjekk ut i fjella sine og veidde dyr . Heime sat kona med bror hans . Ho fylgde han over tunet ein dag , for no måtte Glo-herren heim . Ho gav han handa ved siste tunhella . Å , Herre Gud , kvinne skulde aldri ta mann i hand . Ho slepte ikkje handa , men gjekk med ho over dyrka bø , og sidan inn i skogen . ‐ Å , avskils-stunda er ei hjartestund , har eg høyrt . Dei høyrde Vesle-Jan rope mor frå stove-veggen . ‐ Å , um Vesle-Jan hadde ropa mor medan ho var ved tunhella , eller endå medan ho var på dyrka bø . Men eit barne-rop på mor når ho er koma inn i tette skogen med ein burtfarande gjest , skal vere for veikt eit rop , har eg høyrt . Og denne mora sprang heller ikkje heim til barnet sitt . Men ho gjekk upp lia med bror til mannen . Dei kvilde på fyrste mila , men ho gjekk to til med han . Sidan gjekk han ei attende med henne . ‐ Stakkars mil-gangarar . Dei vart trøytte sist på . Dei laut setje seg og varme kvarandre , for det var kalde kvelden , han tinkla strå og gjekk med rim i fjella . ‐ Der sat dei , ja , Glo-herren og brorkona hans , ‐ veike hjarto i sterkt kjøt , sa bestefar etter Ur-Jan . De og vår tid vil vel seie : rå svin . Eg vil teie . Eg vil berre seie kva kvinna sa : " Han rå-tok ikkje hjarta mitt , men eg gav han det steg for steg , tok frå ein bror og gav til ein annan . "

Det var natta då ho kom heim , myrkret og barnegråten og ein teiande mann .

Det vart ein still vinter på Glo . Herren heldt seg heime . Men dei sa at han vakte mykje , gjekk og dreiv på romet sitt og var fredlausare enn fyrr . Av og til vardest dei at han stod og såg på himmelen , på ei viss stjerne til ei viss tid um kvelden . ‐ Bra at dei trudde han bad og tenkte på far sin , at dei ikkje visste at fire dagsferder inne i marka , stod brorkona hans og såg på same stjerna i same tid . Ein vakker kjærleikstanke , men eit rått blod-svik .

So kom våren . Graset kom , og Jan-kona kom ut i skogen og sat der og gjætte dyr . Og Glo-herren kom og fann henne . Sidan kom Jan og fann dei . ‐ Å ja , du Jan . Du vilde ikkje byte kvinne med gull . No låg denne dyrebare kvinna di ved brystet til ein annan mann , din eigen blodsbror . ‐ Lat oss gå over kjenslene hans . Eg vil berre seie kva kvinna sa :

" Eg er lukkeleg i ulukka mi ! " Rått snakka , men sant sagt . Ho såg på Jan , men ho hals-tok bror hans , er det sagt . Då gjekk Jan . Han la ikkje sverd på bror sin eller på henne som hadde svike . Han skaut ikkje med pil ein gong . ‐ Sidan reiste paret seg , og fór sud etter fjella . Framand mann hadde fare burt med kona til Glo-herren . No fór han burt med kona til bror sin . ‐ Lat det vere stygt nok snakka um mi eiga ætt ... .

No er det å seie at Jan umsider fann heim til Glo . Um han fór i mordar-ferd , det veit eg ikkje . Vi skal vere glade for at vi ikkje veit alt , at vi ikkje ser tvert gjenom ætte-myrkret og menneskja . Lat oss berre ikkje lyge oss sjåande og gisse oss fram , for då blir lygna ein gong bora fram som sanningsord . Og kom i hug , godt folk : Få blir kvite på det levande ordet . Men det ligg mang ein svart ein i ei grugga og uklår soge . Og " her ligg dei grav i grav . " Som sagt , Jan myrda ingen . Glo-herren hadde fare or landet med kona hans , og jord-tjuvane fann han vel knapt verdige for kniven . Men han reinska litt upp millom dei , fekk fram skinnbreva og såg på dei . Dei var so falske at dei var ekte nok .

Sidan fann Jan Gull-Mette . No fekk ho tur og tid , ein seier . Og måtte ho ikkje få ? Kva vondt har rike Gull-Mette gjort ?

%‐ ‐ ‐ Og år gjekk .

Ein haustkveld kom det ei armodsleg kvinne frå fjella og ned til Glo gard . Ho var so nedfor og utarma at fillene slong . Ho spurde etter Jan , og han kom ut og såg på ho . Det var kvinna frå Taterberget , kona han hadde langt nord i Janbu . Ho hadde vore innum " heime " sa ho , men ho fann berre den skarbitne skåla , og den hadde ho under handa si . Ho hadde helsing frå broren , lét ho . Han hadde funne att danekvinna si , kona han hadde heime på Glo . " Vi var fredlause i samlivet vårt , to ulukkelege armingar , " sa ho . Ho pusta på . Ho såg Jan i augo og granska han . Ho kjende han ei tid , han var maken hennar og ho sov hjå han . No kjende ho seg kanskje som ei framand ei framfor ein framand , ein terningkastar som måtte late det rulle til bergande vinning , eller botnelaust tap . So kasta ho :

" Eg bad bror din ta dane-kona si , so eg fekk fare burt , ja for eg lengta etter heimen min og fyrste maken min . Eg må sjå dei att , sa eg . " ‐ Å kor måtte ikkje heim og make vere vakre ord i munnen hennar . Og ho nemnde borna , sa uslitande band og slikt . Då nikka Jan . ‐ Å kor ein nikk kan vere von um vinst . Men Jan ropa på Gull-Mette . Han kalla ho kona si , og ho kom ut og synte seg med barn på armen . Då la kvinna skåla frå seg og gjekk , men ho vende seg og sa : " Eg er ulukkeleg , so ulukkeleg . " Ho gjekk til jordhuset ved Taterberget , heimatt til sitt upphav ... . ‐ Å ja , ja , ja : ‐ Ein mann , men to kvinner med born . Ei Glo-ætt , men to kvinne-ætter . Og her blir det natta for meg : Er eg av Gull-Mette-ætta ? Eller er eg av Taterberg-ætta ? " Gjestene svara ikkje . Dei sat berre og såg på innfellinga i soge-skåla . So sa ein : " Trur du på soga ? på at fedrane våre gjekk slik og stomla i myrkret og flytte merkesteinar ? " ‐ Glo-mannen svara ikkje . Og ingen drakk ... .

Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige

Arna Mo stod i stoveglaset og såg nedetter vegen . Han låg grus-grå og folketom i haustdagen . Ho kunde ikkje skyne at kvinnene i misjonslaget ikkje snart kom spøtande på misjons-sokkane . No var klokka elleve , og dei skulde ha vore her i ti-tida . Dei var ikkje mykje arbeidshuga for heidningkrypane , måtte ho seie . Ho sukka litt . Det var tungt å vere leidar når medlemene slo so frå . Ho såg over matbordet som ho hadde stelt til . So tok ho gitaren og finstilte han , slo upp i ein av harpesongane og slo nokre klunkar . Klokka vart halv tolv , og tolmodet til Arna tok ende . Ho gjekk ned i vedhuset og bad mannen , han Ola , gå ned på bakkane og sjå um kjerringdroga kom sigande . ‐ Og Ola gjekk . Men han kom tråvande heim og stota inngjenom døra :

" Det må ha hendt eitkvart mektigt nede i bygda , brand eller daude , for det står kolsvart med folk kringum lensmanns-huset . " " Då vi ned , " sa Arna og kasta gitaren i senga . " Sel på hesten , so køyrer vi . "

Litt etter fór dei i småtråv ned bakkane til tjukkebygda . I ein av svingane støytte dei saman med ein laupar , ein gut på lange bein , eit sendebod , eller ein gard-tråvar . Han kom so kvast at han sprang seg i hestebrystet . God dag , sa han ikkje . Men han sa at han skulde gjeve Arna det bodet at det vart ikkje " spøtemøte " i dag . " For dei har knipe ein tjuv i natt . Og no sit han vèl og vakkert i inste lensmanns-kjellaren ‐ attanfor tri dører og tri låsar ... . " Dermed sprang gard-bodet vidare med tidenda . Arna bad Ola friske upp hesten so dei kunde kome ned ein gong : Ein fanga tjuv . Det fekk ein kalle ei storhending her hiti svartaste avdalane .

%‐ ‐ Det stod kø-tett med folk umkring fengselsmuren då Ola og Arna nådde fram med køyre-gampen . Det var som på ei jubileums-utstelling . Arna hoppa or kjerra og hogg i nokre som høyrde kvinnelaget til . Dei stod med misjons-spøte-sokkane på magen , og no tok dei til å fingre med pinnane . Dei sa som sant var , at dei var på veg til Arna med spøt-tuklet sitt , men so råka dei uppi tjuvhendinga , og lenger var dei ikkje komne . " Vi får ta att møtet ein annan dag . For misjonsarbeidet må vi drive med kraft , " sa dei . " Men i dag er det ikkje rette dagen til det . "

Arna spurde um det var ein fårleg tjuv , um det var ein norske . ‐ Å jau , svara dei , han var no fårleg nok . Og norske var han til gagns : Han var frå bygda her , til og med ein god gamal kjenning . " Det er han Lars i Svadet , " sa fleire i ein gong . Arna slo saman hendene og vogga overgjeva på hovudet .

" Du store min , " sa ho . " Han Lars i Svadet ? Ja so , har han stole seg hit att no . Eg gjekk saman med han på skulen . " ‐ Å ja , dei hadde gått saman med han på skulen nokon kvar . Dei mintest godt benken han sat på . Det var underleg , næstan ved-underleg å kome det i hug no . Han var ingen dum gut . Han kunde katekisma og bibelhistoria si . Elles so fekk dei seie at han hadde byrja tjuv-bana si i det små , hadde små-tipla , eller natt-mjølka kyrne til grannen sin . Sidan gjekk han over til stabbursmat , og til sist bar han inn i mynt-næringa . Dei mintest vel det blada skreiv um tømde butikk-kasser nedetter grannebygda ? Det var just spora etter skulekameraten og kjenningen deira , han Lars i Svadet . No visste dei det , for dei kneip han i byen og sette han på bås ei stund . No var han venteleg på gjenomgangstjuving i heimbygda . Eller , han vilde kanskje heim og puste på med vinteren , for det var ikkje ei tid for tjuven . " Snøen er fårleg for tjuvefoten , veit vi . " Arna nikka til det . So spurde ho um kona til fangen visste um at mannen hennar sat innfor muren her . ‐ Nei , ho gjorde ikkje det . Dei hadde elles snakka um å gjeve ho bod , so kunde ho kome inn i sella og gråte . Det vilde kanskje verke bra på tjuven , få han inn i trege og bot og burt frå dei vonde vegane . Men det var ikkje lett å gjeve bod um slike ting , for i natt hadde tjuven herja med kraft , kunde ho tru : " Han spika ei dør i dokterkontoret , braut upp knivskrinet og pengekassa . ‐ Og då dei kom over farken og reiv av han maske-skjegget , so vende han seg imot dei og kasta operasjonsknivar . Men Gu' skje takk at dei var rustfri og reine , at dei var koka i går ... . " Arna neste hendene over magen og stod som under ei kyrkjeandakt . " Ja so , han kasta operasjonsknivar , " sa ho . Forteljaren nikka : " Ja då , opera -sjonsknivar , og dei som kvasse var òg . " Såg ho pannebindslet på lensmannen ? " Der syla han inn ein av blindtarmsknivane . Men tjuven laut då til . Å , det måtte vere underleg å bryte seg over slik ein , kome med reip og stå andlet til andlet med ein råbarka stortjuv , og so vite at det var han Lars i Svadet . "

Arna spurde kor han tok det då dei batt han .

Han tok det med ro , svara dei . Han både såg på dei og snakka med dei . " No likar de dykk , " sa han til kjenningane . Sidan spurde han koss dei levde og ståka . Jau då , han sat der i dokterstolen og spurde bygdenytt me dan dokteren sydde att såret i lensmanns-skallen . Og då dei førde han ned til kjellaren , sa han takk for hjelpa . Og vent no , so skal eg kome og gjeste dykk . Ved inngangen til sjølve holet , stansa han og såg på dei , so bad han dei slå upp i skrifta når dei kom heim , eit visst kapitel og eit visst vers . " Det er mi god natt til dykk . Og sov bra på orda . " Dermed nikka han og bad dei læse døra , " for set at eg kjem ut og det er natt i husa dykkar . Brenn lampene , folk , vak og les . "

Dei slo upp i ordet då dei kom heim . Det var no underleg å sjå kva eit slikt stor-hjarta gav dei . Men dei vilde vedgå at det var ingen god natt-mat . Dei lét lampene brenne til det ljosna av dag , for i verset stod : " Det skal gå Sodoma og Gomora tåligere på dommens dag enn denne slekt . " Forteljaren stansa , for no kom lensmannen frå kjellaren med eit par sleikte tallerkar . Han hadde vore ned og gjeve fangen middag gjenom luka . Lensmannen riste på hovudet : ‐ Fangen hadde rumstert fælsleg , lét han . Fyrst hadde han vore burti jarnstengene for glaset og bøygd litt på dei . Sidan hadde han teke ned panelinga i eine veggen , men der møtte han grunn-berget . No arbeidde han med jarnstengene att . Og vilde dei ha tjuven inne , so fekk dei kome og hjelpe han med å få lemmar for glasa . ‐ Og dei kom . Dei stimde um nova og burt til glasa . " Vi må spikre og bolte med kraft , for vi må ha han Lars inne , " sa dei og keik inn millom jarnstengene . Dei såg i røvaren . Han stod tett innanfor og stirde på dei . ‐ Dei snakka um at han var bra lik seg , at det var eit stor-under med alt i hop .

No kom Per tiggar hinkande . Han med bøygde seg ned og keik millom stengene . Då smilte fangen . Per smilte med , og nikka til tjuven :

" Han kjenner meg att frå i natt , " sa Per tiggar . " Ja , for eg råka han . Eg snakka litt med han , fyrr han gjekk til gjerninga . " Dei vart opne i andleta . " Snakka du med han , " sa dei og ringa seg um Per . Nokre tok burt i trøye-restane hans og bad han fortelje um møtet . Andre lyfte hovudet og ropa nedetter vegen at " de må ikkje gå heim endå , folk . Han Per tiggar har noko å fortelje . Han råka tjuven fyrr han braut seg inn til dokteren . " Folk vende og kom uppatt til kjellarmuren og bad Per gå i veg um møtet med tjuven . Per tiggar vreid litt på seg . Han fraus so tennene hakka . Lippeskjegget hang nedetter munnvikane som to brotne vengespissar . Han var so mager og maktlaus at skjeggrota bar ikkje bartane . Arna bad Ola ta av seg frakken og ha kringum stakkaren medan han fortalde . Og det kom fleire med og baud fram både frakkar og hals-klutar . Då lo Per tiggar . So sa han :

" No kjenner eg dykk att frå den tida eg gjekk umkring millom dykk og levde vèl ... . Jau ser de , eg råka tjuven , og det var um natta i kvitrima skogen . Eg kom som ein Lasarus gjenom bygda eller : armare enn Lasarus , for han fekk bordrusk , han . Og tunhundane var milde og sleikte krypen . Men kva gav de meg ? Ei dør i skallen . Ei sint bikkje i foten . ‐ Hiss , ta han . Jag fatigdroga og snyltelusa . Vi sit her og strevar med misjonsarbeid , sa de . Men eg banna dykk ikkje . Det gjer ikkje ein som skal sove i Abrahams fang . Eit stygt vitne blir eg vel for dykk , og då må eg snakke sant . Eit sanningsvitne lyt snakke sant , på den dagen , kom i hug det . Ja , for eg har vore som ein prøvestein for dykk , ein jordisk sending å kalle , ein røyndom for hjarto dykkar . Eg gjekk og tenkte på dette , at eg kan ikkje orsake dykk og tyde alt til det beste . De var lenge bra med meg . De skal ha den munnlege æra mi på det : De gjødde meg ei tid . De gav meg stundom ein dram , og stundom ein skilling : ‐ Det var i den tida eg snakka stygt um fiendane dykkar ! Men so slutta eg med det , for eg såg kor glade de vart når det gjekk ille med næsten dykkar , og då gøymde de matfata . Då lét de drammane stå på flaskene , og skillingane kom ikkje meir i fatig-handa mi . " Det tok til å murre i mugen . Ein ropa at dei skulde ta av han frakkane og jaga tannbiten burt . Dei hengde ikkje varmt vadmål på armingen for å få ein rasande kjeft . Men andre var mildare . Dei bad han vere stutt i innleidinga og gå til sjølve emnet , til tjuven . " For det er han Lars som interesserer , " sa dei .

" Ja , ja , " smilte Per tiggar . " Eg var nett komen til tjuven no , for tankane på dykk hadde fått meg inn på ein sideveg som bar til skogen . Han Lars sat på ein stein og riste tjuvhanskane sine . Han hadde eit grått skjegg òg , liggjande ved sida . "

" Du måtte ha sprunge til lensmannen , so hadde dokteren havt kniv-skrinet sitt , " skaut ein inn . Og ein annan mulla ålvorleg :

" Du blir som ein medskuldig i tjuv-gjerninga , Per . Du såg røvaren og melde ikkje . " Då lo Per tiggar :

" Korleis skulde eg melde ? " spurde han . " Kva skulde eg springe på ? Føtene bar meg ikkje i tråv , for eg var både svolten og frosen . De hadde mat , men gav meg ikkje . De hadde klæde , men hengde dei ikkje på meg . Eg kunde ha varsla , men de hadde svelt ut varslaren . Kven er so den medskuldige ? "

Nokre tok til å murre att :

" Snakk um han Lars , um sjølve tjuven . Tok han på seg skjegget ? "

" Ja , men han stelte litt med det fyrst , kosta det og sette upp busta . Det var eit brunt og bra vakkert skjegg . Og då han fekk det på seg , so var det ikkje han Lars som sat der , men ein ven av dokteren . "

" Ser vi der , ser vi der . Sjå luringen du , men var du ikkje redd , Per ? Det var då natta , og du var åleine med han i skogen ? "

" Redd ? " Per lét fatigmannspisten . " Kva skulde eg vera redd ? Gods åtte eg ikkje , ikkje so godt som ein koparskilling . Eg hadde ikkje pung heller , ikkje ein gong lummer å ha pungen i . Og livet mitt . Nei , de vil ikkje tru meg , men eg baud han det . " Ta det , " sa eg , " so eg kan kome heim til Abrahams fang . " Då såg han på meg . Sidan såg han til stjernene . So tok han av seg maskeskjegget og var berre Lars i Svadet over heile andletet .

" I Abrahams fang har eg eit barn , " sa han . " Der ser eg det , og her kjenner eg det , " og han tok seg til hjarta . Då sette eg meg ned hjå han . Nei , eg trøysta ikkje . Kva skal den fatige trøyste med ? Vi berre sat der på kaldrima marka , ein tiggar og ein tjuv , og over oss gjekk midnatta med underlege stjerneskot .

" Det er svært kor stjernene rapar , " sa eg .

" Dei gjer so , " svara tjuven . " Mor mi sa at då får Gud heim til seg ei sjel . Kona mi sa det med , den kvelden barnet vårt døydde . " Han hadde teke av seg tjuvhanskane , og han var Lars i Svadet på hendene òg . Han sat og såg ned på dei ‐ på fingerringen sin . Um litt tok han upp eit bilete , fann det fram frå bringa , ja , or hjartesida . Det var fest til ei hår-snor som hang um halsen hans . Snora var fletta . Det var som eg såg skirt gull . ‐ Kjært hår , tenkte eg . Tjuven såg på biletet . Um han kysste det , veit eg ikkje , men han heldt det nær innåt munnen sin . Sidan kveikte han i ei stikke og lét meg sjå biletet . Og eg seier dykk med tiggar-munnen min : Det er underleg å sjå eit bilete under fyrstikkljos i skogen . Det blir so levande med ein etterpå . Biletet var frå Svadet , Gråveggen på stova var der . Han Lars sat med eitt barn på kneet sitt , ei lita gul-lokka gjente . Kona sat med eitt i fanget .

‐ Mann , kone og born ved heim ; tenkte eg . Men tjuven , han Lars , sa det :

" Kona mi , borna og heimen min , " sa han . " Og vesla på kneet mitt var det som døydde ... . " "

" Nei , nei , " ropa mugen . " Sa han ingen ting um tjuvbragdene sine . Det er dei du skal fortelje um . Det barnet veit vi då um : Det døydde so å seie sveltedauden . "

" Der sa de det . Der dømde de dykk , " ropa Per med den frosne tiggar-røysta si . " Han Lars tjuv sa det same . Høyr her kor han sa det , kor sjølve sanninga ser ut :

" Eg vart arbeidslaus , og sidan matlaus . Kona vart sjuk og borna skranta . Dokteren sa at dei måtte få kraftig mat , helst mjølk og rjome . Men eg hadde ikkje ku . Eg hadde ikkje pengar å kjøpe mjølk for heller . Og eg trur knapt at eg hadde fått kjøpt i bygda , for dei hadde nett bygt meieri , og alle vilde ha største liter-talet i meiri-rekneskapen . ‐ Det er skam å vere Lina med ti kyr og levere mindre mjølk enn Ane med ni . ‐ Ei mjølkeære er inga lita ære , som mannen sa . Eg prøvde å låne mjølk og rjome , sa at eg skal betale når eg får att arbeid . Men folk bad meg ro til meieriet . Eg hadde slikt å gjere , sa dei . Elles so kunde eg få fylgje med på mjølkebåten um eg vilde . ‐ Eg fylgde med , var med og rodde mjølka deira utover , for å få ein liter eller to attende med meg , same vegen . Eg lo då eg såg det . Eg snakka med :

" De er eit underleg folk med eit underleg sinn , " sa eg . Men eg skulde ha tagt , for eg fekk ikkje mjølk på meieriet heller . " Eit meieri borgar ikkje , " sa dei . ‐ Nei men fy då , borge mjølk .

So døydde smågjenta mi . ‐ Svelte-dauden ! sa folk . Dei tala sant , men dei la heile synda på meg , og eg vart ein svart mann i bygda . Det daude barnet tyngde på meg . Det la seg på samvitet , ja . Men dei levande sjuke , la seg på ansvaret . " Du berge dei , " sa eg . Eg dreiv ut ei natt , og eg dreiv ut to . Tridje natta hadde eg spann med . Eg gjekk inngjenom ein fjøsgang , nådde ei dør og kroka ho upp , men då vart eg ståande , for eg kjende noko underleg i meg , ein veik forunderleg pust , eller som ei kviskrande mjuk susing . ‐ Barnet mitt , sa eg . ‐ No ser det over til meg frå Abrahams fang ... . Eg la dørkroken i lykkja att , stiltra gjenom fjøsgangen og ut . Der var det stjernenatta , open og klår sjåveg frå himmel-høgda og ned til jorda . " Ottast ikkje , " barnet mitt , sa eg . " Du skal ikkje gråte i himmelen din , no skal han pappa gå heim . " Eg tårast litt , tok so um det tome mjølkespannet og vilde rusle heim . Då såg eg ljoset frå stova mi . So raudt og so veikt hadde eg aldri set det fyrr . Det var oljelause veiken som brann .

‐ Er kona mi so sjuk at ho ikkje vinn å slå olje på lampa , sa eg , for vi hadde litt olje på ei flaske . Eg vart ståande ei stund og vende på meg . Eg fraus , men like vel sveitta eg . Lampedropen heime veikna . ‐ Ho må vere mykje nedfor , tenkte eg , og liksom kvakk inni fjøsgangen att , innatt i kolmyrkret . Der kom barnet for meg på ny . Ei lita gulhåra gjente som gjekk og leika med tunneband . Eg såg sæterfjøset heime òg , trekyrne og steinuksane . Men det stansa meg ikkje . Eg kroka upp døra og steig inn i sjølve fjøset . Eg trivla meg fram til ei ku , bøygde meg ned og kjende på juret . Det var mjølke-tungt . ‐ Å , her var livgjevande ting for kona mi og det levande barnet . Då såg eg det døde att , det låg so bleikt i kista : fatigt barn i fatig kiste med fatig lyngkrans på . Eg fór upp og ut . ‐ Eg kan ikkje sjå slikt og tjuvmjølke ku , sa eg . Men ute såg eg den døyande lampedropen att ... . Sidan vart eg gåande lenge att og fram millom fjøset og utgangen . Den døde i grava , samvitet mitt , sa nei . Men dei levande svoltne , forsytar-ansvaret i meg , sa ja . ‐ Du lyt berge dei , sa det ‐ og so mjølka eg fyrste tjuvmjølka . "

Per tiggar stansa . Han kraup liksom ned i dei påhengde plagga . Mugen tok til å ståke umkring :

" Fortel meir , " sa dei , " men berre um sjølve tjuvbragdene , ikkje um årsakene . Kva kjem dei oss ved . Veit du um han Lars hadde stolne ting på seg ? "

" Han hadde mat , spekekjøt og lefsekling , stabburstolne ting , ja . Eg tenkte det , og han sa det : " Du gjer som du vil , " sa han og snakka ærleg um tjuv-vara . " Men du kan få mette deg , vil du . " Og sjølv tok han til å ete , beit av lefsa og skar upp kjøt , stole kjøt med stolen kniv , ja . Innimillom snakka han : Han hadde set seg ut eit hus til natta , eit kjent hus , med kjende menneske i . " Det er underleg , det , gut , ‐ men vil du ha lefsekling og sauelår ? " spurde han att og rette fram knoken ... . "

Per tiggar fekk ei hosterid . Han kneip um bartane som hang ned og gjorde dei endå meir modlause . Men mugen kremta seg upp :

" Tok du imot ? " spurde dei . " Åt du av tjuvematen til tjuven ? " Då lo Per tiggar med fatigmunnen sin :

" De har fått interesse for meg no . De vil vite um eg hela , ja de rettferdige ... . Men eg vinn ikkje fortelje meir . " Ånden er villig , men kjøtet er skrøpelig , " som skrive står . " Han lét att augo , kraup ned i vadmålsfrakkane og stilna . Dei tok i han og riste han litt . Men Per berre blakra med augo og studde seg til dei .

" Hent litt mat , " sa ein i flokken . " Og litt kraftig drykk , " sa ein annan , " for her må sterkt til , skal vi få meir ut av han . " Det sprang eit par kjerringar etter mat . Og ein mann fór i veg etter flaska . Dei opna munnen på han og dramma i han vin . Og dei slo i han fløyte , og bad han svelgje undan . " Han kjem seg no , " lét dei . " Livsglansen kjem fram i augo . Og sjå skjegget hans : Det lyfter seg verkeleg og set bust . So ja , strekk deg i frakkane , Per . "

Endeleg tok Per til å sjå på dei att , men han var ustø i føtene og litt sjanglen av seg . " Beina svik meg , " sa han . " Den som kunde fått sett seg ned ei stund . " Det vart råd med det . Dei fór inn etter ein av lensmanns-stolane , ein ruggestol med skinnsæte . So puta dei Per upp . Han smilte :

" No har eg det godt , " sa han , " ja , som prinsen i eventyret . Men de gjer dykk for mykje strev for å få sjå innum beina på ein tiggar . Det er mest synd at eg lyt svike dykk : Eg åt slett ikkje av tjuvematen som tjuven baud meg . "

" Du lyg ! " ropa ein i flokken . " Ein svolten mann et tjuvemat . Lekamen krev det . "

" Ja , ja , " sa dei andre som eit amen i ein kyrkjelyd .

" Lekamen ja . " Per tiggar hegra litt . " Lekamen sa sakte ja . Men ånda nekta då handa var på veg mot sauelåret og lefsa : ‐ Ver på vakt no , Per , sa eg . Kom i hug at du ein gong skal sove i Abrahams fang , at du skal vere eit sanningsvitne imot bygda di , og då må du vere rein . Ja for eg såg som eit syn , eller det var vel ein draum eg drøymde uppatt der i kvitrima skogen . Eg såg de kom med offerkronene dykkar ‐ heile kasser med hekl og misjonsspøt . Store ting sakte , og veldige gjerningar . Men so vart det svara : ‐ Vent litt her utanfor til vi har snakka med han Per tiggar , han sit her inne og pratar med Abraham og Isak og Jakob og ein annan fatig norske . Vitne-tida mi var koma , tykte eg . Då riste eg på hovudet . Ja folk , då tok eg til meg fatighanda mi , og sa til han Lars tjuv : " Gøym lefsa di . Ta kjøtet til deg og freist meg ikkje . " Og tjuven nikka . " Du gjer rett , Per , " sa han . Så tok han til å grave i lummene sine . Um litt fann han fram ei krone :

" Ta den , " sa han . " Det er ærleg tent mynt , ein bergingsskilling å kalle . Eg har merkt krona med to fila strek . So ho er ærleg nok . Kjenn her . "

" Kvar du tente den ? " spurde eg og kjende i dei fila merka .

" Eg berga eit menneske frå å drukne , ein landhandlar burti Blåbygdene . Det var på fyrejulsvinteren ei myrk natt . Eg hadde nett dirka meg inn i ei handelsbu då eg høyrde skrik frå tjørna . Eg sprang frå næringa mi . ‐ Livet må gå fyrst , sa eg og berga armingen . Han gav meg ei krone for livet sitt ... . Men dagen etter var han med og hekta meg . Ja , for det var han som åtte handelsbua . Han hadde ikkje mist noko , men eg hadde brote av ei fjør i dørlåsen . Han kravde 100 kr. i bot for fjøra , ‐ 99 kr. meir enn for livet , ja ... . " "

" Betalte han ? " spurde mugen i kor .

Per tiggar reiste seg og smilte :

" Ja sjå , det veit eg ikkje . Eg kom ikkje på å spyrje , for eg stod og tenkte på tala , på differensen millom liv og låsfjør . Og elles so gjekk eg med den ærlege krona , med bergingsløna , eller subtrahenden um de vil . "

" Har du krona på deg ? " spurde ein .

Per fann ho upp or sokkebrotet sitt :

" Det blir ein middag med kaffi til , " sa han og stabba nedetter lensmannstunet . Men mugen ropa etter han :

" Frakkane . Du må ta av deg frakkane , mann ... . "

Fornaud Premistuteemnet

Det spøkte for fôrløyse i år att uppe i Blåvasslia . Hadde våren kome i vanleg tid ‐ eller litt tidlegare enn vanleg , so hadde dei starva seg igjenom det på ærleg vis . No visste ikkje Olaus kor det kunde ende . Tjuvevegen var ingen lett veg . Dei skulde ta og prøve han dei som dømde tjuven . Olaus hadde prøvt han for vel ein halv ku-alder sidan . Han kalla det ei lita tjuveferd , berre eit par sekker høyrusk frå ei markløe langt inni svarte fjella . Men samvitet tok til å gnage han . Han fekk ei nål i eg 'et , eller ein liten knekk i majesteten , som han sa til kona . Kvar duld gjerning skal ein gong fram i dagen , sa presten so ofte . Orda hadde kniva so lenge i Olaus at i sumar bar han tri fyllte sekker inn att i høyløa . Han gav att med rente og rente-rente , dei sa . Men freden kom ikkje . Gnaget i samvitet vart med han på heimvegen . Han gjekk i løyndom att , sprang gjenom skogen so ingen skulde sjå han . Domedagen vart so levande og klår for han . Han tykte at Vårherre synte han fram , både som tjuv og attendeberar , i tur og retur , ja . ‐ Sjå no der tjuven Olaus , lydde det i basunen , tykte han . ‐ Han skal aldri få fred . Han skal bere attende i all æve . ‐ Amen , kviskra Olaus då han gjekk ned lia . Han sa det same no òg . Men det verste var at han tok til å trege på at han bar attende sekkene , for det bjådde mot fôrløysa att . Ei ny tjuveferd låg venteleg og venta på han ein gong frampå våren .

Han hadde elles ottast for tjuve-vegen like sidan i haust . Det var det , at då ho Krona bar til verda ein velskapt , grå stutekalv , so vilde kjerringa , ho Ane , setje han på . Men Olaus sa med ein gong :

" Kalven blir oss for dyr . Det blir ein tjuve -kalv . Livet hans gjer meg til høy-tjuv att . Har du gløymt at då mor hans var kalv , laut eg berge livet hennar med stole høy ? Fedranes vondskap , Ane , du skulde spare meg . " ... Hausten skein inngjenom fjøsruta , og sola ròda over nakken til grå-kalven . " Han var breid og vakker der , " lét Ane . Men Olaus sa at det var ein høveleg blink for økse-hamaren . " La oss ta han ut og gjeve han dasken , so friar eg samvitet mitt , og attåt so har vi god mat i lang tid . " Då bles kona : " Der står kalven , og der skal han stå , " sa ho .

So kom etterjulsvinteren . Han kom med snø og frost so dei knapt hadde set maken . Og kalven gjekk i bingen sin og dansa og drakk mjølk . Han voks som ei glede , men han åt høy som ein turk , so Olaus tok til å ottast gale . Tjuvekvida la seg meir og meir innpå han . Han bad Ane knipe litt på fôret åt kalven . Dei fekk stydje uppunder med bork og beit . Han freista kalven med det , men du var fri at han smaka det . Han stod berre og grein , rukka nasen og småmøa . Ane sa at kalven var visst ikkje fødd til so grov kost . " Han er so fin i munnen . Ser du ikkje at han bed um mjukt enghøy ? " Ane svinta burt i løa etter ein vondul . Det var medan kalven knurpa og åt at Ane såg det store ved han :

" Sjå beina , og sjå bunene , " sa ho , " sjå forma og heile upplegget . Du skal sjå at det er eit premiemne som står framfor oss . "

Dagen etter hadde ho set lenger inni premiuksen , og ho sa til Olaus :

" Eg er tenkt å spekulere med stut-kalven . For set at vi får han fram til premistut . Då lyt vi til utstellinga med guten . Eg ser alt kor premisløyfa raudnar i vinden . So kjem kjøparane og byd i kapp på grå-karen , han Vakker-Kron som skal vere namnet hans frå i dag . Du må då sjå æra i det . Heile kjøpar-ringen samla um stuten vår ? "

" Hm ? " svara Olaus . " Eg ser vanæra i det . Det er for dyrt å ale premistut på stole høy . Lat oss ta han ned , kjerring . "

" Stole ? Det er ingen som har bede deg stele . Og her er då mjøl å få , kraft-fôr , Olaus . "

" For den som har pengar , ja , men ikkje for husmanns-armingen , Blåvass Olaus . " Ane riste på hovudet :

" At du alltid skal vere so tung å få med : Vi får pengar for stuten , so digert med setlar at ... . Du må då få augo på dei um ikkje anna . "

" Dei hjelper meg ingen ting når eg ligg på sjukesenga og har stole høy på samvitet mitt . " Ane smatta litt , so spurde ho :

" Veit du at bileta av premistutane og eigarane kjem i blada og i den digre " Stamboka " ? Nei , det veit du ikkje , men dei fotograferer " spissane " som det heiter . Prøv å få augo på biletet av stuten og oss . Der står vi på utstellingsplassen : Du held i grima , og eg i fatebandet ... . " Då lo Olaus . So sa han :

" Jau , det biletet ser eg : Kjerring i reip , og reip i ukse-fot . Ha-ha-ha , det blir ei ærverdig stambokrose . " Dermed gjekk han upp på løa og såg på høyet . Det hadde brå-minka slik at han vart reint overgjeven .

" Kalven takast , " sa han til seg sjølv . Han sa det til Ane ved middagsbordet og :

" Um ei vike går jekta til byen og då skal kalve-skrotten vere med . " Då kakka Ane i bordet med hornskeia si :

" Du kan våge å slakte stuten , " sa ho .

Olaus var på veg til å våge det , og det var um natta . Han stod upp medan kona sov , tok klæda under armen og sneik seg ut . Som ein kvit nåe sprang han gjenom mars-natta og ned til vedhuset . Der reiv han på seg klæda , fann taug og øks og smaug inni fjøset . Krona sytte mot han . Og kalven reiste seg i bingen sin og gav frå seg ein liten slev-våt låt :

" Hyssj , " sa Olaus " snakk ikkje so høgt din ... . " Han trivla seg fram til lykta , men han kvakk då han fekk i ho og såg at skinet stod utgjenom fjøsruta og rett på stoveveggen . ‐ Vakna Ane og såg ljos frå fjøset , so skyna ho nok kva slags gjerning han var i ferd med , og då kom ho nok tråvande . Han reiv av seg trøya og hengde ho for glaset . So treiv han taug og øks og kleiv uppi kalvebingen . Kalven kvakk litt med same Olaus dunsa uppi , men han roa seg snart og kom og saug på handa hans . Det var eit vakkert emne , so stål-grå lét hadde han aldri set . Det baud mykje imot å gjeve han dasken . " Men du lyt ned . Ein må gjere mykje for å berge samvitet sitt . Og vent no , far min , so skal vi gjere det utan ståk og smerte . " Dermed kneip Olaus um halsen på kalven og vilde binde han i stolpen , men då fór uvitingen i beistet . Fyrst flaug det på gråsvarte veggen og sidan på grinda . Og med ein låt so daudingstygg at Olaus valna i nevane , hoppa kalven over grinda og burt i fjøsgangen . Med same gjekk døra upp og kona stod der . Ho tråva inn , ja , men kalven fór som ein skutel gjenom dørgapet og ut i blåkalde mars-natta . Olaus sette etter . Det bar burtetter myra i tan og kapprenn . Olaus hala innpå , og med eit digert sprang , kneip han i rumpa og sette seg i fonna . Då lét kalven daudinglæta att . Ho var råare enn rå . Ho gjekk gjenom mergen på Olaus . Han slepte rumpe-taket og vart sitjande i snøseta . Men kalven tana inni skogen og vart burte i natta . ‐ Og over brann midnattsstjernene .

Kona hadde late att fjøsdøra då Olaus kom att . Han måtte kakke på , fyrr han slapp inn . Kona spurde kva han vilde i fjøset midt på natta ? Olaus såg seg ikring , men fjøsgangen var trong , og kjerringa breid , og Olaus vilde ikkje klive over grinda for å kome ut . So laug han :

" Eg høyrde bulder i fjøset , " sa han . " Og då eg kom ned her , so hadde kalven brote seg fram frå bingen . So kom du og toska upp døra . Resten skynar du sjølv ! " Kona svara ikkje , men ho lyste på øksa . Ho lyste på slaktekniven som han hadde odda inn i ein stolpe . Sidan lyste ho på tauget og trøya som hang for glaset . " Ta ned " gardinet " , " var alt ho sa , og det var mest mildt sagt .

Men ho bad for mannen sin sidan um natta . Han låg og høyrde på kviskringa og fekk vondt : " Du får tilgjeve han Olaus at han vilde snikmyrde kalven . Og kan du , so får du tilgjeve at han laug for si eiga kone . " " Herre Gud , " anna kunde ikkje Olaus seie . " Eg vilde berge samvitet for tjuvesynd , men i staden har eg fått lygna innpå det . "

Olaus sov lite um natta . Og då morgonen kom , stiltra han fram or senga . Ein god tanke hadde slege rot i han : Han vilde lage morgonmat åt kona og gjeve ho kaffi på senga , då måtte ho bli blid . Sidan vilde han gå i fjøset og stelle Krona , so kunde Ane få liggje og kike i misjonsbladet , sjå gjenom rekneskapen og telje kassa , der var femtan kroner i går , hadde han set . Det var liksom so gjævt no sidan nyår Ane vart vald til formann og kassestyrar i kvinnelaget . Men kjerringa vakna fyrr Olaus hadde fått på seg klæda . Ho slengde seg framor senga og bad han ha seg ned att i bólet . " Du vilde snike deg ut og drepe stuten att , din ... , " kvæste kona . Olaus sette seg modfallen på sengestokken .

" Eg vilde no liksom , ja , gjeve deg litt godt på senga , " freista han . Då hogg ho augo i han :

" No skal du halde upp med lygna , Olaus , ja , for du syndar deg ned i raude avgrunnen , må du skyne . " Olaus svara ikkje , men han jaga upp i seg eit beiskmod som var skræmeleg framandt for han . Og medan han slurpa i seg den tynne kaffien , auka harmen . Det var då blanke vatnet han sat her og drakk . Det var som ei slaktestraff , skyna han . Eit anna kaffi-krut hadde han tenkt å gjeve kona . Han kremta seg meir og meir upp , og til sist snakka han med husbonds-tyngd :

" Ja ha , " sa han . " Slaktestyvingen er på frifot , men no går eg ut og hentar han heim under øksa ‐ um han ikkje har gjort åt med seg i natt då . "

" Du skal få øks , " small det utor Ane . Då reiste Olaus seg . Han såg tungt på kona , og so sa han åtvarande :

" For slike ord kjem dei på straff ute i verda . Pass munnen din , Ane , for fangehusa er både store og mange , men som sagt , no går eg og ser etter styvingen . Går du med ? "

Ane gjekk med . Dei fylgde kalvespranga burtetter myra . Kona stansa ved snølega til Olaus , og då lo ho :

" Ja so , du stupte her . Du vann ikkje lenger . Du fell fort no . Å ja , Herre Gud , eg drøymde i natt at eg gjekk her og streva åleine . " Orda gjekk tungt innpå Olaus . Han fekk mest hug å gå heim og leggje seg . " Ja so , " sa han berre . " Du drøymde det . "

Dei spor-fylgde kalven vest til skogen . Der hadde han teke innpå ein timberveg som bar til tjukkebygda . Dei råka burt i han i lensmannsgarden . Han stod i kjellaren som ein arrestant å kalle . Olaus høyrde røysta hans ut um muren . Og storfolk som var ute og dreiv i mars-sola , stansa og lydde . So kom dei upp og spurde kven som var komen i holet i natt ? Dei tykte det lét frå ein øl-rusa ein . Men lensmannen smilte at denne gongen hadde han straffa eit dyr , ein rømd kalv , og eigarmannen måtte vel melde seg eingong , for han hadde sett ei lysing inn i bygdebladet for litt sidan . Då steig Olaus fram og sa at han var mannen . " Og må eg no få rømingen med meg ? " Lensmannen spurde kor dei fór åt som slepte kalven ut i svarte natta ? Var det under slakting dei hadde slept han kanskje ? Det gav ein rykk i Olaus . Han såg burt på kona , og det brende gjenom han at no nikkar ho sannings-nikken , no seier ho ja , og det måtte ikkje hende . So laug Olaus : " Å nei , " sa han , " under slakting var det no ikkje . Kalven var no so å seie ein grinde-springar , og kar for å få upp dør-kroken òg . " " Hm ? " lét det i Ane . Olaus tykte ho snakka stygt med den kremten . Men lensmannen nikka og sa at det kosta so og so mykje å få hitte-godset ut : ‐ litt for å fange inn kalven , litt for upphaldet , og litt for losjiet . Dertil kom lysinga i bladet ‐ 12 kr. i alt . Det sokk i Olaus . Det kosta feitt å ha kalv i lensmannskjellaren , skyna han . Og han som ikkje åtte tolv øre .

" Nå ? " spurde lensmannen . " Har du løysepengar på deg ? ja for etter lova so skal pantet stå til det er løyst . " Olaus riste på hovudet . Han bar ikkje pengar på seg til kvardags , lét han .

Hadde han 12 kr. heime då ?

Olaus såg på kona og venta hjelp . Kunde ikkje ho lyge litt denne gongen , seie at dei hadde løysepengane heime og skulde kome med dei . Men kona såg ein annan veg , og tagde som berget . Olaus skyna med same at her laut ei ny lygn til , for kalven kunde ikkje stå her i dagevis og ete lensmannshøy , då åt han snart upp sitt eige verd . Og so sa Olaus at løysepengar hadde dei . Han skulde sende kjerringa ned med dei ein av fyrste dagane .

So leidde dei kalven ut , og dei som stod der , såg på han . Det var eit vakkert emne , lét dei , stort og velfôra . Kanskje dei vilde spekulere med stutemnet ?

" Å nei , " sa Olaus , " det er ikkje mi meining å sikte mot premihøgda . Det er no berre ein plass-ukse , og vi får vel heim under øksa med han . " Dermed gjekk Olaus , men han høyrde at kona snakka litt um han , og ho sa : " Med han Olaus , stakkar , går det nedetter . Seinkomen og tung har han alltid vore , men no ser det ut til at alderdomen bøyer han heilt ned på staven . Han går både i barndomen og i svevnen . " Olaus harmast der han gjekk med kalven , og då han kom upp i bakkane , stansa han og vilde gjeve kona inn , men ho tok orda ifrå han : " At du endå kan tenkje og snakke um å slakte premiemnet , " sa ho .

" Eg tenkjer som ein ærleg mann , og snakkar som ein ærleg mann . Og som ein ærleg ein vil eg rope inni deg : Det er for dyrt å ale upp premistut på stole høy . Eg har slett ikkje samvit til det ! " Då lo Ane . So sa ho speande :

" Men du har bra samvit til å lyge . Du laug deg fint frå kalveslaktinga , og du laug pengar i pungen heime . Er det ti , eller er det tolv øre du har ? Sei meg Olaus : Kvar vil du ta resten av løysepengane ? "

" Dei skal kalven betale , ja då Ane , med kjøtet sitt og skinnet sitt . Eg tenkte det då eg sa det . So sanninga var i tanken min . " Ane hosta litt , men ho sa ikkje noko , ikkje fyrr dei kom heim og sat og kvilde seg etter basketaket , då sa ho :

" Får eg lov å ale upp denne stuten , so skal eg syte for løysepengane . " Olaus tenkte på at ho hadde mange vener , at ho var formann i kvinnelaget og alltid fekk låne 12 kr. til so lenge .

" Ja , ja , " sa han . " Skaff løysepengane og spekuler med kalven , men fôr han med vit og varsemd , for som sagt : Kom i hug sjukesenga mi , kom i hug draumen din òg . " So gjekk Olaus til vedskogen .

Han kom ikkje heim fyrr det leid fram i myrkninga . Ane var ikkje inne , og det var kaldt i stova . Han kveikte i lampa og såg seg ikring . Sigar-kassa som ho hadde misjonspengane i , stod opa på bordet . Der var 15 kr. i ho i går , kom han på , no låg der berre tri . Ja so , sa han framfor seg , ‐ du er i veg til lensmannen med dei 12 . Skal eg kalle gjerninga eit stygt lån , eller eit rått ran ? Han kunde ikkje halde seg då Ane kom heim , anna han sa til ho :

" Eg ottast for at du kjøpte kalvelivet vèl dyrt . Ja , for set at det blir tjuving ‐ frå sjølve Allmakta . "

" Gru ikkje for meg , " var alt Ane sa .

Nattegangarar

Men Olaus grua . Han tok uppatt orda for seg sjølv og tenkte dei vel igjenom : ‐ Ho kjøpte for dyrt , ja , for ho vart misjonsvikar . Og eg , min stakkar , selde for billeg , for eg blir venteleg høytjuv på ja-ordet mitt . Men kalven , han Vakker-Kron , knurpa og togg , for Ane fôra med kraft . " Ein premistut må drivast , " sa ho . Og han la på seg og fekk liv i augo . Olaus tykte at han såg både skøy og skurk i han , som sa han : ‐ Eg et meg til premistut , men deg til høytjuv . Fedre-vondskapen , Olaus , mø-ø-ø .

%‐ ‐ So kom april . Siste høybosa fór i Vakker-Kron . Og Ane laut prøve premistuten sin med sengehalm . Men han berre rota i den med nasen sin . Ane sukka : Halm var nok ikkje å bli premidyr på . ‐ Stakkars krypen , han bed um mjukt , fint enghøy . Den som nådde ned i ei av storløene i bygda . Det kvakk i Olaus :

" De skulde spare meg , " bad han .

Seint den kvelden gjekk Olaus ned i fjøset og såg um dyra . Kua stod tom og mager og knurpa i seg det siste av ospeborken , men han Vakker-Kron hadde ikkje smaka sengehalmen . Han hadde ikkje rørt han morgonen etter heller . Han berre sytte mot Olaus , med so underleg ei snurkling i mælet , som sa han utan skam og blygsle : ‐ Får eg ikkje mjukt enghøy , so skal eg svelte meg i hel . Gå og stel litt åt meg , Olaus . Olaus sputta : ‐ Nei , det skulde bli lygn . Han vilde ikkje ha ei ny tjuveklo i samvitet . ‐ Og er du so streng ein fråhaldsmann at du nektar sengehalm , so berre tær på spekket , ditt horn-naut . Olaus daska han litt med handa . So gjekk han . Ane hadde lagt seg då han kom inn . Men ho vart liksom so svika då han steig upp i senga .

" Du vil leggje deg , " sa ho . Det hogg i Olaus . Han var som dømd til å gå vegen . Ein tjuv med sekk på ryggen ‐ fram og attende . ‐ Du skal aldri få fred ... . Han bråreiste seg ein gong ut på natta . " Sjå no der , tjuven Olaus , " sat Vårherre og sa , tykte han . " Du spare meg , Ane , " bad han . " Lat meg få ta øksa , ja , for øksa kan berge samvitet mitt , men sekken drep meg . " Ane med reiste seg upp og sat i den halmtome senga . Ho tok til å snakke um at dei fekk setje kua burt på fôring . Ein eller annan måtte vel kunne ta ho for mjølka . Men Olaus riste på hovudet . " Det kan no vere so si sak å setje burt eit mjølkande dyr , " sa han . " Du veit at vi har no liksom levt av Krona : Ho har gjeve oss smør og ost på brødet , fløyte i kaffien , og enn all surmjølka . Set vi ho burt , kva skal vi so ete , og kva skal vi drikke ? Nei , vi får heller freiste å få burt kalven . "

" Stuten skal ikkje kome under framande hender , " slo Ane fast . Så måtte Olaus til bygda . Han gjekk to ærend : fyrst spurde han um nokon vilde fôre ei ku for mjølka ; men då det vart nei , so vilde Olaus låne høy , ein sekk eller to etter som det kunde høve . Men ingen kunde låne ut høy . Det var sein vår og det spøkte for fôrløyse over heile lina , so nær som hjå presten . " Gå til han , du , " sa dei " for han far har både høy og hjarta . " ‐ Og Olaus gjekk .

Presten stod på troppa og røykte kveldspipa si då Olaus kom upp . Han letta i luva og sa som sant var at det barka mot fônaud og svelt-i-hel uppe i Blåvasslia , og vilde presten i sin faderlege miskunn hjelpe han , anten med å ta kua i fôr , eller med å låne han litt høy , so skulde det seint bli gløymt . Presten kremta . Så tok han til å reinske pipa : ‐ Thupp , thupp , thupp ! lét det når han fekk pipeolje på lippene . So sa han og såg varmt på Olaus :

" Høy har eg ikkje , og då kan eg korkje ta kua di i fôr eller låne deg noko . Men det eg har , det gjev eg deg :

‐ Du skal tru , Olaus , at når nauda er størst , so er hjelpa nærast . "

Olaus måtte gå med dei orda . Han såg gjenom døra og inn i presteløa . Der var då høy , store dungar med grønt , mjukt enghøy heilt fram til døra .

Ane stod ved kalvebingen då Olaus kom heim . Ho spurde kor det gjekk med ærendet : " Skit , " svara Olaus . " Ingen vil ha Krona i fôr , og ingen har høy å låne burt . " No fyrst såg han at Ane stod og gav kalven mjøldeig . " Har du teke av graut-mjølet ? " spurde han , " av sjølve folke-maten ? "

" Ja , når nauda driv ein , so ... . " Då sa Olaus med tyngd : " Den kalven , han blir oss dyrare enn dyr . Han et oss upp både åndeleg og lekamleg . Deg gjorde han til kasse-svikar , men han skal aldri få meg utpå tjuvestigen , eg tek han ned i kveld . "

" Hm ? " sa Ane . " Det er i røynda verst for kua , stakkar . Ho Krona har levt so lenge på bork og beit at ho har mist " jorten " , og då veit du kor det går , Olaus . "

Olaus gjekk burt og kjende på kua . Ho jorta ikkje , nei . Og so mykje vet og skyn hadde han at han visste at når eit jortardyr sluttar å jorte , då lakka det med livet , då var det berre ein ting som kunde berge det , og det var stråfôr ... .

No tok samvitet til å gnage Olaus frå ei ny side : ‐ Set at beista svalt i hel , då vart han som ein mordar , ein naut-mordar . Han låg og plaga seg med namnet frametter kveldstimane . Krona hadde rauta då han la seg . No hadde ho tagna . Det var berre røysta til Vakker-Kron som høyrdest innum veggen .

" Kua teier , " sa Ane sjukt . " Å ja , ho vinn vel ikkje meir . Det er synd at ho ikkje får strå-fôr , Olaus . Å , hadde ikkje gikta plaga meg so ... , " sa ho og såg på tomsekkene som hang under taket .

" Synd , ja . " Olaus sette seg upp i senga . " Det blir synd um dyra svelt i hel , men det blir òg synd um eg må ut med sekken . "

" Ja , " svara Ane , " men eg trur at sveltesynda er største , liv er då liv , " la ho tungt på han .

Då steig Olaus fram frå senga , tok ned to-tri sekker og kom seg ut . Frå ei kasse i gan gen tok han fram eit par fillelabbar som han bruka på skaresnøen når han skulde lure seg inn på rypa . Sniklabbar , kunde ein kalle dei . Han tok dei på og gjekk ut i vårnatta . Krona sytte litt då han gjekk framum fjøset . " Ja , ja , " sa Olaus glad , " so lever du då , og vent no , um eit par timar skal du få ete prestehøy . "

Månen kom upp medan han rusla nedetter , men skyene sigla umkring han og gjorde det myrkt . Olaus var glad for det , for gjerninga han gjekk til , høyrde svarte natta til . Han fór varsamt fram då han nådde den raudmåla presteløa . Men her var visst trygt og stilt . Menneskja i prestegarden var bra folk , dei la seg tidleg og sov tungt . Å , um han far hadde visst at han hadde tjuv ved veggen sin . Olaus lyer litt , so snik han seg um nova og burt til døra , lirkar ho upp og kjem seg inn . Tjuveangesten løyser hjarta i han : ‐ So står han då med sekker att i framandt hus . Men no får han arbeide snøgt , få i sekkene og kome seg heim . So vassar han burtetter stålet , heilt til bordtaket . Her var meir høy enn han hadde tenkt . ‐ Presten laug for meg , trøystar han seg , ‐ han kyrkjefar er heller ikkje heilt av sanninga . Olaus tjuvsmiler litt . Han er elles roleg no , finn fram eine sekken og tek til å stappe i . Han høyrer gjenom høy-tuskinga at ei ku gnur hovudet mot veggen , eller det er kanskje uksen . Han kjem med same på at det var hit dei var med Krona . Preste-uksen er far til Vakker-Kron . Berre det er underleg å tenkje på no . ‐ So ‐ no er eine sekken full . Olaus høgg i den andre , ruskar høy ned i og trakkar til med foten . Det gjeld å botnestappe . Når ein likevel er ute etter fôr som kan jortast , so må ein få mykje med seg , tenkjer han .

Då høyrer han noko som tuskar utanfor veggen . Det krasar so smått i den nyskorpa snøen . Olaus kryp saman der han står , lingsar den full-stappa sekken innåt veggen og lyer . Det står folk utanfor ved døra . Tankane går i Olaus : ‐ Nokon må ha set at han luska inn her , og no kjem dei og tek han på fersk gjerning . Herre Gud rett . Dei tek gjerne både han og sekken inn til presten og seier : " Vi fann han i løa di i fullt arbeid . " Olaus kjenner kaldsveiten i panna . Han blir ein ærelaus mann etter denne ferda : ‐ Blåvass-tjuven , kjem bygda til å kalle han . Og det som verre er : Presten kjem til å nekte han sakramentet . Han får gå heile livet og draga på ei usona synd . Og han som hadde tenkt å gå til altars i morgon og få av seg syndefulle ting . Og det kjem meir sårt fram i tankane hans , ei heil elv av vonde ting : Ho Ane er formann i kvinnelaget . Men kor kan ho leide misjonen , ta inn gåvene og skipe med pengane når ho har ein fanga tjuv til mann ? Å nei , Ane blir katta . Dei kjem og tek kassa , og ser gjenom bøkene , ser at det står i mars-rekneskapen : " En hedningvenn kr. 12 " , som ikkje finst i kassa ... . Olaus skjelv so det tuskar i høyet . Men kvifor kjem dei ikkje inn og tek han ? Kvifor står dei der ute og lirkar med døra ?

Då høgg ein ny tanke seg inn i Olaus : ‐ Det må vere andre tjuvar , høy-ranarar som fôrnauda har drive ut på rov . Tjuv kjem til å møte tjuv , i same løa og i same stålet . Olaus likar seg ikkje . Nei , han likar ikkje å stå som tjuv framfor tjuv . Olaus tøyer seg upp og ser mot døra , då glir ho upp , og måneskinet fløymer innetter låven . Han ser med same i to hovud . Det eine er Gina , kjøkengjenta til presten . Det andre høyrer han Ola timberkøyrar til . Månen skin på andleta deira . ‐ Månen kan skine underleg på to andlet som stiltrar innetter ein låve um natta . Det er då natt til sundag . Paret blir ståande ei stund ved låvetrevet . Olaus kan ikkje sjå dei , men han høyrer kviskringa .

Ola timberkøyrar legg store ting fram or hjarta sitt : Han har vore som ein sæl i himmerik desse fjortan dagane sidan han vart trulova med Gina . Det har vore jubel og smil og song , all dagen og natta med . Men ho hadde pint han mang ein gong . No kunde han seie det : Han hadde vakt når ho gjekk med andre . Titt og ofte hadde han gått einsleg heim med gråt i hjarta sitt . Det hadde vore grått i hugen hans , skodde og tungt vêr . Men no såg han liksom igjenom alt : Ho hadde vel skjemta litt med dei andre for å få han til seg ? No mimrar Gina at slik var det . Ho hadde set han . Ho hadde liksom blunka til han òg , men han gådde det ikkje , og so vart ho likeglad , so gjekk ho tur med dei andre , " men hjarta mitt , Ola , det var hjå deg . " No snufsar Ola at går ho no frå han , so er det vegen på elva , eller ut til eit tre med halsen sin . Olaus undrar seg på um han græt . Men han græt ikkje . Han blir bjørn i armane litt etterpå og tiger i munnen , for : " au ! au ! " seier Gina . " Du knip meg sund , du bit meg til blods i lippa òg . " Då blir Ola lam att og tek til å snakke um framtida , um plassen som han vil kjøpe og dyrke upp . Gina seier at det er store ting , at det er for mykje for ho . Men Ola har drøymt meir . Ola fortel um større ting : ‐ at han attåt vil til med handel . Der og der skal butikken stå . " Å hå , " seier Gina , " du Ola og du . So går eg frå husmannskjerring gjenom bondekone til handelsfru . " Ola vil svare . Ola vil kanskje snakke um større draumar i større ting , men Gina lét att munn-døra , og det blir stilt .

Tjuven Olaus sukkar innvendes : ‐ Åja san og ja . Det var ein gong at det var vår med Ane , at dei låg i høyhus og hadde dyrka upp heile Blåvassdalen , to hestar og femtan naut . Hit var han komen , inn i høyhus til heilag mann , tjuv og kjeltring og sekkeberar frå steinrøysplassen i Blåvasslia . Og heime låg ungdomsdraumen , Ane , med misjonskasse-svik i hjarta . Nett no slær presteklokka tolv , høyrer han . Og han høyrer meir . Det knasar i snøen ute att . Dei i låven må ha høyrt det , for dei fèr burtetter høystålet på andre sida , som to krypande dyr . Litt etter går løedøra upp att , og det kjem nye menneske inn , tri jegerar med børser . Den eine er drengen til presten . Dei to andre er skyttarar frå grannegardane . Det fèr gjenom Olaus at det er reven dei er ute etter , at dei har åte utfor gluggen her , og no vil dei setje seg til å vente frametter natta . Olaus høyrer at dei set seg ved gluggen , opnar børsene og legg i skòt . So seier den eine , og meiner reven :

" Kjem han ikkje klokka eitt , so kjem han ikkje fyrr ho er fire . "

" Halv fem var han frampå i går natt , då såg budeia han . Han skulde vere stor og mektig , ein heil lammedrepar , sa ho , " svarar prestedrengen .

" No ja . Vi får ha tolmod og vente karen uppe . Vi har sundag å sove i , " seier den tridje .

Det isar gjenom Olaus . Revejegerane blir sitjande her heile natta . Og når dei eingong går , so skal kjærastparet kome seg ut . Det ser vakkert og fint ut , tenkjer han : Her er seks menneske i presteløa i natt , tri revedreparar , eit kjærastpar og ein tjuv . Og kven veit um han kjem ut frå fangeholet , fyrr det er høg sundag over bygda . Han ligg ikkje godt . Eine foten har han krøkt innunder seg , og der tek krampen til å bite , men Olaus vågar ikkje å røre seg , vågar knapt å puste , endå han skulde både ha sputta og rekt upp og reinska halsen sin for krim-rugl .

Og tida går . Gjenom halvmyrkret skimtar Olaus børsepipene i gluggen . ‐ Ja , gjev reven kom snart , so elegdomen tok ende . Men han kjem ikkje . Det er stormen som kjem . Det susar langt inni snøfjella . So dyn det i fossane . Ei stund etter tek det til å snøe . Olaus høyrer at det klaskar på bordtaket . Men no lyt han røre eine beinet , for krampen sit som ein kniv i låret . Han tek um kneet med eine handa , lyfter litt i det og strekkjer det ut . Men det " snakkar " i høyet , og ein av jegerane reiser seg og seier :

" Det tuskar . " Orda løyser blodet i Olaus . Det løyser hjarta òg . Det hamrar seg upp i brystet som ei steinsleggje . No kjem dei vel og tek han . Men dei kjem ikkje , for litt etter seier preste-drengen . " Det må vere katten , han har ungar burte i heste-høyet . " Då skynar Olaus at det er paret som har rørt på seg . ‐ Åja , dei har ikkje noka god natt , dei heller . Der ligg dei og får ikkje snakke høgt frå hjar ta . Stakkars par . Stakkars Ola , som ikkje får snakke meir um handels-draumen sin .

No høyrer Olaus at skyttarane bit seg skrå . Skrå , ja . Kor det skulde gjort godt med skrå , ein tomme-lang bondebuss millom tennene . Det vilde ha gledd han og fått han i godlag . Ei skrå gjev varme . Og no har blodlaupet stilna i Olaus . Det blir kaldt . Men det er uråd å vende seg so mykje at han får ta ned i lumma etter skrå . ‐ Å , at den reven ikkje kan kome , at han ikkje kan dra seg ned frå skogen og late seg drepe . ‐ Han kjem berre ikkje .

Men dagen kjem sigande ein gong . Det ljosnar meir og meir . Olaus ser at det har snøa , lagt ned ein sko sporsnø , og no klårnar det upp . Um han ein gong i natt kjem ut , so vil dei sjå spora hans . Dei vil undre seg over ein nattegangar og fylgje teikna i nysnøen . Det gler han litt at han Ola timberkøyrar og ligg vêrfast her , at han med må ut ein gong og setje labbar i snøen . ‐ Ja , men fyrst må jegergutane gå . Dei går ærleg . Og det står ikkje på å vere Ola heller , kjem Olaus på . Han har same vegen som revedreparane , kan berre stige i spora deira og gjere harehopp ved stova si . Det blir anna å vere Olaus høytjuv og gå i nysnø mot skogen . Jau då . Dei kjem til å sporfylgje han , heilt heim til ho Ane . ‐ Ane ja . Tanken på henne hjelper litt på blodlaupet : Ho ligg heime på senge-tilet og er redd . Ein tur til prestegarden tek to timar med vanleg gangfart . Ein springande tjuv må gjere det på kortare tid . ‐ Å jau , Ane er klok . Ane reknar . Ho vil skyne at noko er gale . Ho kjem kanskje på draumen sin , at ho gjekk uppe i Håvasslia og streva åleine ... . Det svimrar for Olaus . ‐ Herre Gud rett , set at det skjer i natt , i denne løa , og i dette stålet med ein heil- og ein halvstappa tjuvesekk framfor seg . Sveiten perlar fram på panna : Vi er då berre gras og høy , og rusk og brennefang , ei garantilaus taterklokke , som preikaren sa .

Olaus lèt att augo . No vil han bede . Å men nei , det nyttar nok ikkje . Det blir ei bøn um å kome velberga og usedd ut og heim . Det blir ei bøn um å løyne lekamen , um å kome frå vanæra og tjuveskamma og gå breidvegen på jorda . Olaus ser den andre vegen og , smalvegen der sjela får fred : Han går rett ned frå høystalet til revejegerane , og derifrå inn til presten ‐ med ein heil- og ein halv- og ein tomsekk i handa . Olaus rister på hovudet , han kallar seg sjølv ein armods vågehals : for vegen til presten er ufarande . " Eg kan gå han og få fred , " seier tjuven Olaus for seg sjølv , " men ho Ane går att etter meg med ettermælet mitt og er kona til Blåvass-tjuven . Eg må teie for den levande si skuld . "

Ein kremt vekkjer han , får han til å krype djupare saman i høyhola . Det er fårleg for tjuv å sige so burt i tankar . Då sputtar ein av jegerane , so seier han halvhøgt :

" Jadden blir han lenge no . Klokka går til tri , ser eg . "

" Å , han kjem nok . Når han fyrst har fått smaken på åta , so ... , " seier ein annan . Olaus sukkar . Det kvekk litt i han med same , men han rasar over reven som ikkje kan dra seg fram på åta og late seg skyte . Han småskjeller på skyttarane : ‐ At dei fåmingane ikkje kan skyne at ein rev aldri går fram på åte i nysnø , at reven òg har spor-angest i seg .

Tida går . Kulden isar gjenom ryggen på Olaus , for han sit heilt ut mot bordtaks-glisa og dalkjølen . ‐ Å , kor det skulde ha gjort godt og flytt seg eit par alner fram i det varme høyet . Han skulde ha breidd på den eine foten òg , for kulden har gjort han nomen og stiv . Og gikta herjar , som sat det ein og fila og stakk djupt inni lår-beinet . No vilde gryteloket og dei varme mursteinane hennar Ane gjort underverk . Og enn det lodne katteskinnet , ja , berre den ruvlute handa hennar på lår-huda vilde gjort store ting . Tjuven Olaus ser over låvegapet og dit burt som paret ligg . Han kan ikkje sjå dei , for dei kraup langt inn i myrkret på stallhøyet . Men det står ikkje på å vere Ola timberkøyrar som har ho Gina og verme seg ved . Og det står ikkje på å vere Gina heller , for no kan ikkje Ola vere bjørn imot henne . Eller , kven veit . Kanskje so vil ho at han skal vere bjørn og lippe-tiger attåt , tenkjer tjuven Olaus og kjem i hug at ein gong var det vår med Ane . Ho var kvit og fin og utan vortebust i andletet .

Ein ny time slit seg fram , og ein av jegerane snakkar att :

" Nei , no ruslar vi , karar . Klokka går til fire , ser eg . " Dei andre svarar ikkje . Men ein av dei geispar . Då kjem geispehugen over tjuven Olaus med . Han skulde dessutan ha hosta , gjeve frå seg tri-fire kraftige brystljodar . No må han liggje her so keiveleg og pine naudsynlege ting inne . Men hosten sprengjer på , set seg upp for bringa og fyller munnen med vind . Olaus må halde for med handa og sleppe trykket ut millom fingrane i små støytar . Å , men det kjem nye ting til , nye kroppslege ljodar vil fram i han : Han får hug å nyse . Dei ljose , siglande morgonskyene verkar ein stad inn i nasegangane og vil få han til å gjeve ljod . Og nys han , ja , so blir det ikkje berre ein mus-kvekk . Det blir eit gaul . Han har ofte vore brydd av nysinga , kjem han på , serleg i kyrkja . Ja , for han nys ikkje som ein vanleg skapning , men med ei råkraft so folk hoppar i stolane . Det er stygt nok . Det er skam nok òg , for bra folk har sagt at han tyner ordet for dei med den nase-ljoden sin . Men det er ære verdt å nyse som åhøyrar for kyrkjelyden , mot å nyse som tjuv for tri jegerar og eit kjærastpar . No ja . Kjærastparet er det elles ikkje so fårleg med . Det vilde kanskje kvekke litt , og tuske i høyet . Det er verre med børsekarane . Dei vilde kome farande . Dei vilde læ ute i bygda og fortelje at dei kneip Blåvasstjuven på nysinga . ‐ Nasen melde han ... . Tjuven Olaus må vende seg frå ljoset , late att augo og halde for nasen med handa . Han rasar litt over dei kroppslege vanane . Dei er då nokre beiske uvener for ein tjuv . Ein nys no , ein liten hostande hark , og Olaus er tjuv over heile bygda . Hunden skulde fare og stele , det såg han no . Men hoste-rida går over . Nysehugen kverv burt . Og no er han ljosvaken og har ikkje lyst å geispe heller . Han har liksom stridd og vunne , hissa viljen på kjøtet og pint det til å teie . Han retter seg litt upp etter dette , kjenner at ein slik liten siger gjer godt for ein stakkar som er i trengsle og naud . Halv fem snakkar jegerane att . Den eine seier til prestedrengen :

" Du hadde gjort det betre um du hadde sove hjå ho Gina i natt . " Drengen geispar litt , so svarar han :

" Ho Gina er god å gå til . Der er både sengerom og hjarterom . Å ja men og ja san . Natta til måndag er òg ei natt . Eg har tinga meg losji hjå ho då . I natt var ho visst burttinga . "

" Men skal ho ikkje ha han Ola timberkøyrar ? " spør den tridje . Då lær prestedrengen :

" Ho turar med han som med deg og meg . Ho sa sjølv i går kveld : " Det er morosamt å høyre på toskepratet hans , men var meg vèl frå å ha ein slik skapning ... . " "

Tjuven Olaus ventar på meir , men det kjem ikkje meir av det slaget . Ein av jegerane seier berre :

" Ja , no går vi , gutar . Reven gjekk fri , han . " Litt etter reiser dei seg og ruslar ut . ‐ Stakkars Ola på hestehøyet , tenkjer tjuven Olaus . ‐ Stakkars hjarta hans . Han høyrde nok kva prestedrengen sa , og då brest det vel . No går vel Ola til fossen , eller ut til eit tre med halsen sin ? Armingen , han har vore som i himmerike i fjortan dagar . Herre min Gud for ei jord han no datt ned på . Han har trudd han åtte ein engel , no ligg han vel og ser at han har nørt orm ved barmen sin . Men der kjem han fram frå myrkret og nattlega si , ein sviken mann på fire med høystrå i håret . ‐ Jaha , vegen til fossen er stutt her . Han er ikkje lang til skogen heller . Og der er reip på låvetrevet . Tjuven Olaus såg dei i natt . Der kan eg få meg sekkeband , tenkte han . Men Ola går ikkje . Eller : Ola får ikkje gå . Gina er hand i hælen på han . Ho er snøgg å gå på fire . Ho er kanskje van å krype i høystål , for ho tek seg fram ved sida av Ola timberkøyrar og vil um halsen på han . Men Ola rister ho av med bjørnekrafta si , og lèt ikkje til halsen sin . " Ha deg burt " seier han og hoppar ned i låven . Og Gina græt . Gina snyktar litt fyrr ho hoppar etter . Tjuven Olaus kan ikkje sjå dei no . Det tergar han litt . Han skulde både set og høyrt når rett var , ja , for ein slik tilburd blir store ting for Ane å høyre , eit veldigt stoff i kvinnelaget . Det er berre so leidt og syrgjeleg at Olaus ser dei under slike høve . ‐ Men skit i det , tenkjer han . ‐ Ane greider det nok . Ho har greidd verre brasar . Ho greider å få både Olaus og paret til ein ærleg stad ved ei ærleg tid . Men ver still no , Olaus , for no snakkar dei . Det er Gina . Ho tek Gud til vitne på at prestedrengen laug . Ho kallar han både tosk og gap , og sidan svin og rakkar . Men Ola han seier :

" Gå , di skjøkje . " Det rykkjer i Olaus . Han dreg til seg eine foten so det gnest i høyet . Han kvekk ved det òg . ‐ Armods Ola , han kom inn her med ein vakker og stor draum um ei god kone . No ser han ei skjøkje i same kvinna . Det rører seg på låven . Det brår gjenom Olaus at no fyk vel Gina upp . Ho spring kanskje i andletet hans og klorar ut or han augo . Det gjer ei kvinne som får skjøkje namn endå um ho er ei skjøkje . Men nei , det gjer ikkje Gina . Ho er syngjande mjuk i røysta då ho seier : " Ola , eg elskar deg , berre deg . " Ho vil kanskje um halsen hans att . Eller sjølv veit um ho ikkje ligg i kne og knip han um føtene . ‐ Han må ikkje gå ifrå ho , for då blir det natta , seier ho . Olaus blir rørd . Han ligg der millom tvil og tru . Ho seier kanskje sant . Kan hende at ho elskar skapningen Ola , at det er i natt ho har fått smak på han . Det kan ha gått snøgt for seg i hjarta hennar , som ei røvar-frelse å kalle . Eller er det tanken på handelsfrua som gjer ho so bedande varm i røysta . Kven veit . Gina kan vere trøytt av siglinga på bygdesjøen , no vil ho i hamn . Det er kanskje naudhamn ho søkjer i Ola , etter ei for lystig sigling ... . Tjuven Olaus tenkjer på mangt , men han held like vel fast på at : " gå ikkje , Ola " er vakkert sagt . Det er hjarte-rørande ord å høyre .

Men Ola går . Han har vore trulova i fjortan dagar . Han gjekk trulova inn i løa her , no går han sviken , eller ein fri mann burt . Han har i ein brå-blenk set inn i eit menneske og gjort seg ferdig med det , trur han visst . Under durar elva , og ovanfor susar skogen med sterke greiner som vil halde ein mann i reip . Men millom elva og skogen ligg bygdevegen med nysnø på . Revejegerane har sett spor i han . No går Ola i same spora . Tjuven Olaus ser han gjenom ei sprunge i bordtaket . Han går ikkje so sers stram og rett , men heller ikkje so bøygd etter ei slik natt på hestehøy . Han ser ikkje på elva , og ikkje på skogen heller . Han er då visst tenkt å halde fram med livet . Kanskje so tenkjer han alt på ei anna kvinne , og drøymer um ei livsgjerning eit hanesteg over handelsmannen , ei svik-hemn å kalle ? " Sjølv veit , " seier Olaus . Gina har gått sin veg . Ho slutta å gråte då Ola gjekk . Ho berre sopa bos av kjolen og tok eit par lange høystrå ut or håret . No vil Olaus upp og ut med . Han ser på sekkene , den fulle og den halve , og den tome med . Og Olaus sukkar og kjem heilt hit att til seg sjølv . Han er tjuven Olaus , gift med Ane i Blåvasslia . Og i bingen står Vakker-Kron og svelt etter høy . Og på båsen står den kjære Krona og ikkje får jorte . Det er kanskje no at ho går inn i sjølve stråfôr-løyse-dauden . Han heim med høy . Klokka er vel kring fem . Nattegangarane er nok i seng . Og dei vanlege sovarane er knapt uppe .

Men dei er uppe . Budeia til presten er uppe . No stikk ho hovudet ut dørgapet i tenarstova . Ho gjer morgonskikk ved nova . So kjem ho hit til løa og inn . Olaus kan ikkje sjå ho , men han høyrer at ho dreg høy i same stålet som han ligg . ‐ Set at ho kjem heilt hit , tenkjer han og blir angest-sveitt att . Men ho kjem ikkje . Ho berre vondlar og kastar fram i låven . Olaus tel . Det går over tjuge . Berre det å telje vondul-daskane i låven er underleg , tenkjer tjuven Olaus . Han tel eit tjug til , og endå eitt . ‐ Det står ikkje på å vere preste-kyr , det blir anna å vere Blåvass-Krona .

Endeleg ein gong går budeia ned i fjøset . No retter Olaus ut føtene , kjem seg frå bordtaket og strekkjer seg ut . ‐ Å , kor det gjer godt , kor det er vedunderleg å kjenne at ledene verkar og lèt seg bøye . So bit han seg skrå og tygg , samlar upp ein munn full råke og sputtar med ljod . Berre det å sputte med ljod er som ein stor fridom . Olaus vil gjere meir . Han vil hoste . Han gjer det òg , hostar og sputtar på ny . So ser han ut gjenom kikholet . Sola skin alt innpå skogen . Heile dalen ligg der som ei ny verd utan spor av liv . Tjuven Olaus lurer på um han skal hoppe ut i sporsnøen , sørpe gjenom den kvite reinleiken og hogge teikn med labbane . Ja , for no han burt , for folk vaknar snart og kjem ut . Men det er sekkene . No dreg dei augo og tankane til seg att : Det lid so langt at han kan ikkje ta dei på ryggen og kome stigande gjenom bygda . Han kan heller ikkje late dei liggje her med høy i . Nei , for ein gong vil folk i prestegarden finne dei , og der er då namn i dei , greide kjenneteikn . Der står O.B. sydd inn med kvit ulltråd . Og so kjem presten til Blåvasslia , kanskje ikkje for å gjeve han mulkt , men for å refse synda i syndaren . Olaus rister på hovudet . Olaus tenkjer , ja , og Olaus ser : Det er bra å ha namn i dei ting ein eig , bra når det kjem burt , og sers bra um dei blir stolne . Det er minder bra å ha namneteikn i dei ting ein har med seg ut på tjuvestigen , og serleg når ein er stedd i slik vande at ein ikkje kan få tinga heim med seg . Ein tjuv skulde aldri ha namn i tinga sine .

Olaus har kravla seg upp . No står han på fire og granskar vegen , her ifrå og til døra . Med eitt høgg augo i ein bunt tomsekker som heng på låvetrevet , og med same skyt ein tanke upp i han : Han vil kaste sekkene sine saman med prestesekkene . Jau då , i staden for å stele høy frå presten , so skal han no få gåver . Og no tek tjuven Olaus og tømer sekkene . Tanken på Krona vil stanse armen hans . ‐ Å , dette hadde vorte fin mat for ho , søte ting og støytt uppatt i ballar og jorta . Kor ho vilde ha sleva nøgd og mett . Han blir so mild . Tjuven Olaus kjenner i gråten der han står og ser den kjære rosute Krona for seg . Men tanken på Ane får han til å skunde seg . Ho ligg vel og kjem i hug den stygge draumen . Og kva må ikkje Ane då gå igjenom når ho trur at mannen har fare i uferd på tjuvestigen . Herre Gud . Ho spring frå vitet . Løna for denne vonde natta blir ei vitlaus kjerring og ei ihelsvolta ku . " Og då , Olaus , er du ein fredlaus på jorda . Då kan du gå burt og hengje deg , " seier han og vender tomsekkene for å få tak i namneteikna . So tek han slirekniven og rekkjer upp trådene . ‐ So , no er det ingenmanns sekk . No vil Olaus ta spranget .

Då går det i fjøstroppa . Og budeia stikk upp hovudet og kjem hit til stålet att . Han høyrer at ho småsyng og stappar høy i meis . Tjuven Olaus blir still i lega si .

Og tida går . Budeia går og . Ho trakkar att og fram på løa . Ho går berre ikkje ut frå løa . Kringum i gardane blir det meir og meir morgon . Hanane gjel , og hundane gøyr . Det rautar svoltne kyr ein stad burti grenda . Og snart høyrer Olaus menneskerøyster frå tropper og tun . Det er sundagsmorgon over bygda . Med eitt messar presten frå kontoret , høgt og skjelvande som i kyrkja . Olaus sukkar : Han kjem ikkje burt frå tjuvegøymsla si fyrr etter kyrkjetid . Nei då , i dag kjem ikkje Olaus Blåvasslia til Herrens bord . Han lèt att augo . ‐ Stakkars Olaus , no er han trøytt . Kor det skulde gjort godt å sove litt . Og no skin sola . Det vermer inn gjenom bordtaksglisa og gjer Olaus svevnør og trøytt . Han høyrer som i halvdraum at prestedrengen kjem inn på løa og spør etter eit par tomsekker . Litt etter køyrer han framum kikholet med to fulle høysekker på sleden . ‐ Presten må ha selt høy , tenkjer Olaus .

Endeleg ein gong tek menneskja til å fare nedetter vegen til kyrkja . Dei ber salmebøker i hendene . Dumbjøllene syng ned frå fjellgardane . Dei køyrer i slede i dag . Heile bygda er på kyrkjeveg . Presten kjem med frua og dottera . Budeia kjem , og til sist kjøkengjenta Gina . Ho har ikkje hestehøy i håret lenger . Gina har hatt og tongkrulla hår under hatten , ei vakker gjente , fjørne legger og rett rygg . ‐ Men stakkars Gina , tenkjer tjuven Olaus . ‐ I går kveld var du ei trulova ei . I natt såg du deg gå gjenom kone-grader : frå husmannskjerring gjenom bondekone til handelsfru . Men i daginga ramla alt . Armods kvinne . Stakkars munnen din . Du måtte ikkje ha snakka stygt um Ola . ‐ Ola ja , der kjem no visst han med ned til storvegen frå husmannshytta si , ein vanleg kyrkjegjest , ein spak og roleg gangar . Sjølv veit , han vil kanskje inn i tårnhuset og sjå seg ut ny kvinne . Eller er han trøytt og sviken og vil til nattverdsbordet ? Tjuven Olaus sukkar : Der skulde han med ha vore . Han er berre nokre timar forseinka .

Og folk kjem og kjem , ut frå natta og myrkret og fram i solblanke kyrkjesundagen med besteklæda på seg , ein vakker sundag over ei vakker bygd , der vakre kyrkjegjester kjem gangande . Og klokka ringjer . Ho seier kom ! kom ! Då gjer tjuven Olaus seg vanheilag der han ligg , ja rå og rasande kjenner han seg . Han reiser seg upp og står i høyet : " Ja , kom , kom , " seier han . " Kom dykk inn i kyrkja so eg slepp her ifrå ein gong . "

So stig han ned frå høystålet . Her er trygt no , kjem han på . Han er einaste mennesket i prestegarden . Ved låvetrevet stansar han og blandar sekkene sine med prestesekkene :

" Her har du for husværet , " kjem han til å seie .

So luskar Olaus ut ... .

Og medan salmesongen tonar frå kyrkja , er Olaus Blåvasslia på heimveg frå tjuveferda si . Han er ingen tjuv , trøystar han seg . " Nei , " seier han . " Eg gav til og med frå meg sekkene som eg hadde tenkt å stele upp i . " Han går som vanleg gjenom gardane : eine handa på ryggen , den andre i vestestaupet . Tjuven Olaus er berre ein roleg kall som har gått seg ein sundagstur i gamlebroka . Han seier " godt mot " til seine kyrkjegjester . Han stansar upp når nokon vil snakke med han . ‐ Mennesket gjer mangt , og orkar mangt , tenkjer Olaus . Her står no eg og snakkar med folk , men heime ligg kanskje ho Ane i vill vitløyse . Eller ho har kanskje tråva ut i bygda på leiting . Det brenn under føtene hans . " Å nei , " seier han til saligsnakkaren . " Eg må vel tusle meg heim frå turen . "

Og Olaus går , men han aukar farten og går seg upp i tråv då han kjem inn i skogen . Det er i fullt laup at han møter kjerringa . Ho kjem med gråten , men då ho ser at det er han , so slær ho saman hendene og ropar :

" Nei , no veit eg sant ikkje . Er det du Olaus i kjøt og blod ? "

" Hm ? " Olaus kremtar . So hostar han . Å , det er herlege greider å reinska røyra utan å vere redd ljod . So snakkar han :

-Det skulde no liksom vere eg . Men , hm ‐ det gjekk skit med sjølve ærendet . Du ser at eg kjem heim ein tomhendt mann . Ja , Ane , eg har hatt ei natt . Eg har vore i Jammerdalen , eller i Daudeskuggens dal å kalle . Men no ligg vel Krona der ? "

" Krona ? med henne er det berre bra , for ho står og jortar . Ja , for det har hendt eit under , Olaus : I dag tidleg kom preste-drengen med to sekker høy til oss ‐ ei sundagsgåve frå han far , sa han . Og i kveld skulde vi få kome ned med Krona . Presten vilde ta ho i fôr , so no ser allting bra ut , Olaus . "

" Hm ? hm ? utanpå ja , men innvendes , Ane . Eg var på tjuvevegen både med foten min og tankane mine . At eg ikkje fekk høve til å fullende gjerninga , bergar meg ikkje . No ser eg det . Eg dømer meg sjølv , og det er pinestad nok for ein småmann som meg . Eg sa deg , Ane , at den kalven blir oss for dyr . Han er for dyr , han er dyraste beistet i bygda . "

" Dyraste beistet ja . Det er då greidt , for han blir ein god premistut . Du skal få sjå , Olaus , " sa Ane og smilte .

%‐ ‐ ‐ Og Olaus såg . Han såg den dagen då Vakker-Kron kom frå utstellinga utan premisløyfe , ein medels feit og vanleg slaktestut . Han var for krokut i beina , og for slakk i ryggen til å bli premistut . Olaus sukka , og so sa han til kona :

" So får vi ikkje råd til å leggje dei tolv kronene ned att i misjonskassa . Eg hadde tenkt meg til presten med synda mi , i fall kassesviket hadde vorte utjamna . No lyt det vere , for misgjerninga di står og stengjer for sanninga . "

" Hm ? " sa Ane . " Kom i hug at mange må gå med tyngre ting gjenom livet . "

" Kan so vere , " svara Olaus , " men det hjelper ikkje deg og meg når det blir peika og sagt : ‐ Sjå no der tjuven Olaus og misjonssvikaren Ane ... . "

Ein draum um kjærleik

Svanhild er nordanfrå . Ho styrer huset i doktergarden . Eg tykkjer um Svanhild , likar å sjå ho , for ho er vakker . Er søt venare ord , so seier eg det med . Ho er vakker for meg , for dei andre gutane skal ho ikkje vere vakker . ‐ Nei , gjev at dei ikkje vilde tykkje um ho . Må dei berre ikkje få augo upp so dei ser ho . ‐ Eg vil bede um det , og attåt bede um å bli bønhøyrd . Stundom kviskrar eg namnet hennar : " Svanhild , " seier eg , og då sig augo mine att som i svevn og lukkeleg draum . Eg får kjenning av noko nådekvitt og reint , av dunmjuk varme og søt ande . " Svan-hild , " kviskrar eg att , då ser eg born framfor meg , kveldstvegne born som bed seg uppi himmerik . Eg blir barn når eg tenkjer på Svanhild , mest som ein mjuk liten gut som ottast at mor kan døy .

Svanhild er ljos . Ho har gull-kvitt hår utan kutting . Ho flettar håret i to lange lekkjer som ho legg kringum hovudet . Ho ser kanskje litt eldre ut då enn ho i røynda er . Ho er tjuge år . Med fletter um hovudet kan ein ta ho for fem og tjuge . Ho ser ut som ei kone , tykkjer eg , kona mi , på garden min . For meg er det ein ov -vakker tanke . ‐ Berre gå med fletter um hovudet , tenkjer eg . Berre sjå ut som ei kone , so vil ikkje dei andre gutane leggje merke til deg . Det er nok når eg ser at du er vedunderleg . Det er so høveleg nok .

No og då ser eg Svanhild med skrull i nakken , ein gullklump som voggar litt når ho går . Det kan endå gå , for ho ser framleies ut som ei bondekone på to og tjuge år . Det blir verre når ho set håret upp kringum øyro , kjem gjenom bygda med gull-klokker , for då blir ho den ho er , Svanhild , ei draum-ven gjente på tjuge år . blir eg redd at dei andre gutane kan sjå ho og få kjensler for ho , og det må dei ikkje . ‐ Gjev inderleg at dei var kvinne-blinde , og at eg åleine såg . Men eg blir endå meir ottefull når ho møter upp med utslege hår . Det hender at ho gjer det , kjem med smil um munnen og utslege gull nedetter ryggen . Det er som å tenkje på ein engel frå himmelen . Asle , granneguten , såg ho ein slik kveld . Han dansa med ho , ein slått , og to og tri . Han fekk halde i handa hennar , såg eg . Han fekk stryke hårgullet med . Er det naudsynleg å seie at hjarta mitt gret ? Eg måtte finne på råd , gjera syndig gjerning for å få Asle burt frå Svanhild : Eg blunka han med meg ut . Ein slik blunk seier dram . Og Asle er glad i dram . Han går frå ei kvinne kan han få dram . Og han gjekk frå Svanhild med , og fylgde meg ut til flaska . Eg skjenkte han tri fire drammar akevitt . Sidan skjenkte han seg sjølv . Asle er flink å skjenkje seg sjølv . Han seier aldri skål , men flaske . Han kom ikkje til Svanhild meir den kvelden , men han babla namnet hennar og song litt vakkert um ho . Sidan kraup han på fire i tunskiten . Men det kom andre dansarar og svinga seg med Svanhild , og eg måtte blunke dei med ut til dram , ‐ mann for mann , og dram for dram , sa eg . Det vart ein dyr kveld for meg : fire akevitt gjekk i fiendane mine , til vern um Svanhild . Fem mann låg i rus på låven . Folk kalla meg ein forførar då det kom upp . Men det verste var at eg berga ikkje Svanhild for meg sjølv heller . Ho kom burt for meg under dramminga . Det piner meg mykje at eg ikkje veit um ho hadde fylgje , um ho sat i skogen med nokon . Gud gjeve at ho gjekk åleine heim .

%‐ ‐ ‐ Eg er ikkje trulova med Svanhild , ikkje endå . Eg har ikkje våga å spyrje ho um kjærleik , for eg er ikkje heilt viss um å få ja hjå ho , og eg vil ha visse i sakene mine , ikkje minst i kjærleik . Eg er redd ein nei . Ordet korg rys i meg . Det kjennest som noko uhyggeleg , som ei byrd på ryggen min , og dessutan som ei skam bak på meg . ‐ Eg har ein gong fått ei korg . Det var hjå Sofia . No er eg glad for den korga , ser som ei styring i munn-svaret hennar , ein lysande vakker lagnad i den neien Sofia gav . ‐ Svanhild nordanfrå var den utkåra alt medan ho gjekk heime ved havet sitt . Eg ser kor midnattsola skin på ho der ho sit og drøymer seg sudetter . ‐ Takk , lagnad , seier eg . ‐ Men stakkars dumme Sofia seier eg med : Du vraka meg , ein traust og velhalden bondeson og gjekk til husmannen min , han Jørgen i Røysa . Det var tanken at Jørgen skulde havt syster mi , Olina , og vorte eigar av Røysa , men i staden , so ... .

Eg kjenner at eg endå har litt gift i bringa når eg tenkjer på det , at eg vil gjere bygslekontrakta streng og tung . De skal få kome hit på pliktarbeid , og vere trælane mine . Du Sofia skal få sjå kor ho Svanhild går vakkerklædd , som ei frue i huset . Berre vent til eg får granske hugen hennar . Ja , for eg vil granske ho fyrr eg tek spursmåls-steget , for eg har både otte og vyrdnad for ei korg til . Kanskje so har eg ikkje helse heller . Nei , for dokteren seier at eg har veike nerver , og det verkar på hjarta . " Du får vere varsam , Petter , " sa han , " leve roleg og avbalansert . Ei for stor glede er fårleg , men òg ei stor sorg . " ‐ Kunde eg få sjokket i nervene den kvelden Sofia gav meg nei ? Eg har vandt for å tru det , for hjarta rasa ikkje so svært i veg . Det blir armare å vere hjarta no når eg ser Svanhild . " Armods pumpe , " seier eg , " du støyter blodet ut i andletet og gjer meg raud og sveitt . " Men det bankar med von um å vinne Svanhild . Og vona , ho er ein smil i sjela , kjenner eg . For den som har von , han kjenner noko av gleda , av forsmaken på kjærleikslukka , har eg høyrt . Å , det må bli ein vedunderleg stor dag å stå trulova med Svanhild . Eg drøymer um den dagen , ser han framfor meg òg : Det er vår då , sprettande lauv i liene , og blomar på marka . Eg vil bøye meg ned og plukke ei rose til Svanhild , feste ho i bringa på ho og seie : " Den fyrste kjærleiksblomen min . " So går vi hand-i-hand burtetter garden min ‐ heilt burt til husmannshytta til Jørgen i Røysa . Sofia kjem av vanvare ut på troppa , og eg seier : " I morgon må du kome på pliktarbeid , Sofia . " Eg grip meg i at eg lær ved tanken . ‐ Ha-ha-ha , kor Sofia står grå ved fatighytta si , kor ho bit seg i den blodlause lippa og tregar at ho gav meg nei i skogen . Og der kjem han Jørgen sjølv , ein arbeidssliten og krimsjuk mann . " Kom og arbeid for plassen , " seier eg mektig . Og Jørgen må nikke . Det var ei tid at Jørgen ikkje nikka . Det var då vi tevla um Sofia . Kor eg hatar ordet tevle . Eg hatar tevlaren med når eg sjølv er med i tev linga og taper . Litt gjer det vel at han ikkje tok syster mi , at han gjorde ho mannlaus å kalle . So går eg burt frå husmannsparet med Svanhild mi , ei stor stund , ein lukkeleg dag å kalle .

Men det må bli ein endå større dag å føre Svanhild som kone heim til garden min . Eg drøymer um den dagen òg : Då er det høgsumar . Eg går med Svanhild burtetter enga . Det er i solefall etter vigsla . Svanhild ber krune på hovudet , lauvgull som ringlar i sumarkvelden . Og ospelunden ringlar med lauv i tusen-mengd . Svanhild spør , tykkjer eg : " Skal vi gå dit ? " ‐ Eg har slik vakker ein ospelund , tre-tett og avsides burti ein dal . So går vi . ‐ Må eg få kalle den dagen og den stunda lukke-sæl ? Jau , eg må , for eg elskar Svanhild , elskar ho frå hjartedjupet i meg . Det bankar høgt når eg møter ho på vegen . Det gler seg når ho smiler til meg . Men det får sorg når ho smiler til ein annan . Eit par gonger har det jubla . Det er dei gongene Svanhild har gått tur med meg . Jau , ho har gått tur med meg . Fyrste gongen var ho snild , " kjekk " kallar vi det her på bondebygda . Ho gjekk langt med meg , var morosam og pratande . Det var som heilag song å høyre røysta hennar . Ho snakka draumemildt um havet sitt der nord , um moltemyrar og snøkvite svaner på himmelblå tjørn . Ho gjekk og små togg på ein bjørke-kvist medan ho snakka . ‐ Å , kor det måtte vere godt å vere kvist i munnen hennar . Sidan spurde ho etter systerne mine , og eg sa litt um garden min , at eg tenkte å byggje fjøs , for eg braut upp jorda , og avlinga hadde vakse svært . Eg måtte få større hus , og setje på fleire dyr . Ho gjekk og nikka , gjekk og var interessert i dyra mine og i avlinga . Ho spurde um eg vilde byggje steinfjøs med løe over . Og eg spurde kva ho tykte best um . " Steinfjøs , ‐ for det varer lenger . Ein må tenkje litt på etterkomarane ‐ på borna . " Ho sa det so drøymande . Og eg lét att augo . Eg såg eit nytt mur-fjøs med løe over , kyr som rauta mjølketunge . Svanhild gjekk og strauk dei og leidde liten gut , barnet mitt , og barnet hennar ... . Sidan spurde ho kor mykje krøter eg fôra no .

" Tolv kyr , " sa eg " hest og sauer og tjuge geiter . "

" Ja so , " sa ho " geiter òg . So har du ost . Å , det må vere godt med heimekoka ost . Må eg få kome innum til deg ein gong , Petter , og smake geitosten din ? " Ho sputta ut tyggje-kvisten medan ho snakka . Og eg svara :

" Kom , " sa eg , " kom når du har tid , " men eg merkte meg kvar tyggje-kvisten datt ned ‐ til vinstre for ein hestelort , fire steg frå dokter-grinda . Vi stansa der . Og ho takka for turen . Eg tok upp tyggje-kvisten hennar då eg gjekk heimetter . Han var utan never og utan bork , kvit og mjuk-toggen , full av saft , av søt og herleg råke . " Svanhilds munnvæte , " sa eg og saug han ut og svelgde . Kor det var godt , ein forkunn-mat å kalle .

Andre gongen vi gjekk tur , var ho snildare , tykte eg . Ho var heilt ut kjærleg . Ho tok armen min ein stad det var myrkt . Eg spurde um ho var redd . Då lo ho :

‐ Redd ? Nei , ho var ikkje redd . Det gledde meg at ho nekta , det vart til jubel i meg : Svanhild var ikkje redd myrkret . Det var soleis ikkje det som gjorde at ho tok armen min . Det var andre ting som spela inn . Det var meg ho tok i , meg . No fyrst veit eg kor stort ord det er . Jau , eg tenkte på kjærleik . Ho heldt handa mi lenge fyrr vi skildest . Eg klemde handa hennar , og visste kvifor eg gjorde det . Ho tok fast um mi hand med , klemde til sameleis som eg gjorde . Det var ei stor stund , heilag , ugløymande vedunderleg . Vi tala med hand-trykk . Er ikkje det hjartespråket ? Talen min kom frå hjarta , for det hamra og slo heilt uppi halsen . So overførde eg Svanhilds hand-trykk . På seg sjølv kjenner ein andre , har eg høyrt . Eg vart glad i dei orda og kviskra til meg sjølv :

" Ho elskar meg , so som eg elskar henne . "

So sa Svanhild :

" God natt då , og takk for i kveld . Og vel møtt ein annan gong , Petter . " Eg tykte det var so vakkert sagt : Ein annan gong ... . Folk seier at ein annan gong er ein utru skjelm . Den mann blir sviken som trur på ein annan gong , sa sæle bestefar . Men eg kjende at Svanhild meinte det ho sa , og eg vil tru godt um " ein annan gong " . So sa Svanhild namnet mitt . Petter , sa ho , berre det fekk hjarta mitt i veg . Det er ikkje noko vakkert namn til vanleg . Når systerne mine ropar det , er det hardt som å bite i stein . Eg har skamma meg over namnet . Men i munnen på Svanhild vart det vakkert , næsten til heilag song . Det kan liggje djupe ting i å nemne eit namn . ‐ Eg går til meg sjølv att når eg lèt att augo og kviskrar : Svanhild .

Etter denne turen var eg glad i lang tid , ei heil vike . ‐ Eg vil kalle det ei god vike . Ein seier at kjærleiken er ein . Ja , den store er vel ein , men slær ikkje den seg ut ? Kan eg kalle den ein veldig stomn , med greiner i ovrik bløming ? Kjærleiken min til Svanhild slo seg ut : Eg vart so mild i desse dagane , snild med far og mor , og mest kjærleg mot systerne mine . Eg gjekk fyrst i meg sjølv , og sidan til dei og sa at eg har ikkje vore som eg skulde mot dei . " Eg har vore på tvert og stor og stygg i munnen , i det heile ein ukjærleg bror , " sa eg . Dei såg på meg i stor undring . ‐ Å , eldre syster kan sjå underleg på ein yngre bror . Olina spurde um eg var vakt . Vakt ? Jau , det var just det eg var . Himmelen var so nær , for eg gjekk som i paradiset . Maria , den andre syster mi , gav meg ei songbok med harpesalmar i . Og eg song um kveldane , lét upp glaset og song mot doktergarden . Det hende at Svanhild kom ut på troppa og lydde på . Ein kveld vinka ho . Då slengde eg harpesongane og sprang burt til gjerdet . Ho kom litt etter , la handa si over og lét meg ta i ho . So spurde ho um det var eg som song so vakkert . Og eg nikka , men eg såg ned og vart blyg og raud som småguten . Då sa ho : " Du har ei veldig kyrkje-røyst ! Syng meir um kveldane , Petter . " Ho gleid litt med foten med same . Gjerdet var høgt , og vi heldt hendene over , no kom haka til Svanhild ned på handa mi . Ho tok ikkje haka til seg , men lét ho kvile seg på handa . ‐ Kor det var godt å vere hand , men det var betre å eige handa . Ho gnudde haka si litt over knuane . Kor haka var mjuk , og yrande tett av små dun . " Du har ei fast og beinsterk hand , Petter , " sa ho . " Ja , men det er godt å vere hand under so mjuk ei hake , " sa eg . Med same såg eg ned på knuane , og det gjekk ein rykk igjenom meg . Handa mi var ikkje rein . Det låg klattar frå fjøset på ho . ‐ Arme meg , tenkte eg , ei rein og nådekvit hake på ei ku-skita hand . Kor eg tregar at eg ikkje hadde vaska meg , at eg ikkje hadde teke " Fedora " såpa til Olina og sett meg inn med vel-lukt ... . Litt etter laut Svanhild gå . Ho måtte koke kveldsgraut åt dokteren , sa ho . " So syng du meir då , Petter . "

Og eg song . Det var to dagar att av vika . Dagane bruka eg til velgjerningar . Eg bar vatn og ved for systerne mine , og Maria sa at eg var eit nytt menneske , ein god og umsynsfull bror . Eg gav gåver til dei fatige , og skuleborna fekk drops og anna søtt . Um kveldane song eg gjenom ope glas . Eg tenkte på Daniel når han tilbad og hadde glasa opne mot Jerusalem . Alt var godt . Alle var gode . Kjærleiken var alt i alle , tykte eg . Eg talde upp fiendane mine . Dei var ikkje få , men no tykte eg at eg heldt på å elske dei . ‐ Eg vil gå til dei og få tilgjeving . Vent til over helga , so kjem eg , sa eg til meg sjølv . Eg får ta meg ein tur upp i Røysa med , og gjere bygsle-kontrakta mild for Jørgen og Sofia .

Gjenom alt kjende eg at det var den store kjærleiken til Svanhild som dreiv meg . Ho skreiv seg djupare og sterkare og lenger inn på hjarta etter den kvelden ho kvilde haka på handa mi .

Det er i hjarta kjærleiken brydder og gror . Det er der kjærleiken græt og lid òg . Eg fekk kjenne det då den gode vika var fara , den stille vika då eg song harpe-songar og gjorde berre vèl . Eg gjekk ut sundagskvelden og vilde råke Svanhild . Og eg råka ho , men ho kom saman med Asle , granne-guten ... . Eg veit ikkje um eg skal gjeve ei slik hending noka tyding . Eg seier ikkje at det skal tyde noko , berre at det kan tyde . Men det gjorde vondt å sjå at ho gjekk med Asle .

Å , at eg ikkje hadde brennevin , at eg ikkje fekk blunke dram-blunken og lokke Asle frå kvinna . Eg kom i hug at Olina hadde litt på ei flaske . Ho bruka det av og til for magen sin , dyre viskidropar . Skulde eg naske dei , våge magen til Olina , so eg kunde få Asle burt frå Svanhild ? ‐ Eg våga magen . Eg gjorde meg til viskitjuv for Svanhild skuld , sprang som ein vind heim til kista hennar og henta flaska . Det var nok på ho til å få Asle i kne og song . Men då eg kom ut på vegen att , so var Svanhild og Asle burte . Eg såg berre ein skræmd katt som kom ut gjenom gluggen i ei høyløe . Var dei to der inne tru ? Eg lydde . Ein gong tykte eg at det tuska i høy . Men eg var for veik til å gå inn og sjå , for bonde-blyg . " Eg vil ta inn sterkt , " sa eg . " Det sterke skal gjere meg sterk . Vent no , Asle , so skal du få gå gjenom gluggen . Du skal få gjere kattespranget . " ‐ Klukk-klukk , sa flaska til Olina . Men eg vart ikkje Petter den sterke av magedropane hennar . Eg minnest at eg vart mjuk og gret . Sidan minnest eg ikkje meir , men systerne mine fortel etter andre at Asle fann meg ved eit høyfjøs . Eg stod og sumde upp etter veggen og vilde gå gjenom fem toms tjukt timber . Maria gret . " Og eg som trudde at du var eit nytt menneske , " sa ho , " som hadde vunne inn i syndeanger og umvending og bot . Eg gav deg harpe-songar , og attåt har eg tinga deg eit dyrt strengespel . Men når vi ser til , so har gamle Adam'n vakna i deg att . Han er både større og styggare enn fyrr . " ‐ Og Olina kom med den tome flaska . " Dei fann ho ved veggen , og eg kjenner ho godt , " sa ho . " Hjelpe meg for deg , Petter , du har drukke upp medisinen min . " Ho kalla meg både viski-tjuv og svire-hund , og sidan svamp og fylle-bytte . ‐ Gamle syster er ikkje alltid so milde . Mot ein fyllesjuk bror kan dei vere reint u milde . Eg blir ulukkeleg der eg ligg . Men eg vil orsake meg . Det byd òg imot å ta so stort viski-rus innover seg . Eg har dessutan hug å bite Olina litt , for svirehund er eit stygt ord i systermunn . Det er ikkje stort vakrare svamp og fyllebytte heller . No veit eg , at då Olina ikkje kunde få Jørgen i Røysa , so kasta ho augo på Asle . Ho har set på Asle i mange år , set og vorte gamal på det . Eg seier :

" Eg drakk ikkje alt som var på flaska . Asle drakk nok storparten . Han er drikkesvamp med kraft . " Eg trur at dette skal gjere Olina vondt , men eg tek visst i mist , for ho ser på meg og spør :

" Drakk han sist ? "

" Ja , " laug eg . " Han struta godt . Han tok siste dogga . "

Då vender Olina seg mot flaska . Ho liksom ser på ho , og får ho kjær , og ho tek flaska og går . Det fèr gjenom meg at ho set munnen på flaske-halsen og liksom smakar Asle . Men stakkars Olina , du smakar berre meg , eg drakk både fyrst og sist og alt som var imillom . Ha-ha ! lær eg der eg ligg bleik og fyllesjuk . Eg høyrer sjølv at det er ein stygg lått , ei sår og remjande hegring . Ein mann skulde aldri læ i bak-rus , no veit eg det .

Det vart nokre vonde dagar utetter vika . Eg var ikkje so blid som fyrr , bar ikkje vatn til kjøkenet , nei , og ikkje ved . Eg sette ut med å gå til fiendane mine , sat berre og tenkte på alt det vonde dei hadde gjort meg . Eg kom knapt til å tilgjeve dei um dei kom og tigga meg um nåde . Og paret i Røysa : " Eg vil gjere dykk bygsla vrida og tung , " sa eg og sette meg til å skrive utkast til kontrakt .

‐ Men ei vond vike går òg . Denne gjekk med . Det vart sundag att , og eg fekk gå ny tur med Svanhild . Eg var litt still i fyrstninga , liksom litt likeglad . I ein vegsving slo eg på at eg visstnok måtte heim . Eg hadde gløymt å stelle hesten , sa eg . Då tok Svanhild armen min . Litt elektrisert vart eg vel , men eg let armen hange ned ved sida , utan å trykkje kjære handa hennar . Ho tok til å tale um Asle , at ho råka han og vart ikkje fri han . Det var ein kveld utan glede , lét ho . " Men du gjekk då inn på høyhus med han , " rasa det ut or meg . Då stansa ho . " Er du galen , " svara ho , " gå inn på høyhus med den gapen . " Vi var komne inn i marka , og stansa ved ei utløe . Over oss låg himmelen , og han var gruggen .

" Gjekk du ikkje inn ? " spurde eg . " Nei , " svara ho og såg sant på meg . Og litt etter .

" Det kjem visst regn , " sa ho og såg på skyene .

" Ja , " svara eg , og såg uppetter løeveggen , ei lita og god løe i ei logn mark .

" Då blir vi våte , " sa ho .

" Her er hus , " våga eg . " Enn um vi går litt innum døra . " Eg kjende at det gav ein liten rykk i handa hennar . Eller var det i mi ? Stakkars nervene mine , no løyste dei hjarta i ein blodig marsj . Eg stod der og var ein raudkoka Petter . Eg skalv , for no kom ho til å læ , til å nekte å gå innpå høyhus med meg òg . Då sa ho :

" Jau , vi kan godt gå inn . " Ho la kinnet sitt til bringa mi , og eine handa strauk meg lett nedetter kjaken . Eg fingra litt med håret hennar . Det var so silkemjukt og fint i handa mi .

" Ja , so får vi gå inn , " sa ho , " for no kjende eg ein regndrope . ‐ Og med deg kan eg sitje i høyhus , " la ho til .

Vi var komne til døra , då såg vi folk nedan for på vegen , ungdom som var ute og gjekk . Dei kom upp til løa og stod . Eg vart harm . Dei skjemde ut kvelden for meg . Ei strofe frå ei vise kom for meg og gjorde meg vondt :

" ... men jeg kom aldri lenger enn til døren ... . "

Då kviskra Svanhild :

" Vi to skal gå inn på høyhus ein annan kveld på ein annan stad . " Og då vi gjekk heim , kviskra ho att :

" Det kan vere no sundag . Eg skal kome innum til deg ‐ til systerne dine , skynar du . Må eg då få smake geitosten din ? "

" Ja , " svara eg , " kom , og du skal få mykje geitost . " Eg sa dette vèl høgt , for eg sa det i geispande fysne . Vi gjekk millom to par . Og herren i fremste paret var fienden Asle . No lo han sjukt , so snakka han ovundsjukt :

" Tenk , Petter går her og snakkar um geitost med ei dame . Er det koke-osten til Olina du falbyd ? Sist ho trakterte meg , var osten både eira og leira . " slo eg . Eg vil ikkje seie meir um det , berre at Asle skulde ikkje ha munn å snakke med . Han skjemde ut meg , og han ære-trødde Olina . Eg kan bite Olina . Eg kan stikke ho , men det blodstikk meg at ein annan stikk ho . Då er ho syster mi . Kom i hug , godt folk : at då slær ein rett bror .

Eg var likevel glad då eg kom til ro , for Svanhild kviskra endå ein gong :

" Ein annan sundag , altso ‐ på ein annan stad . " Eg heldt i handa hennar . I ermeslaget på kåpa kjende eg ein lummeduk . Eg fingra han til meg og fekk han i lumma . Eg vil ikkje kalle det tjuving , eller ærelaust ran , men eit heilagt minne : ‐ Eg gjorde det for tilbedinga si skuld . Kor det var godt å ha lummeduken hennar ... .

Det kom ei ny vike med velgjerningar . Eg bar ved og vatn att , og eg kom i hug fiendane mine . Kvar og ein kunde eg tilgjeve , men ikkje Asle . " Seier eg at eg tilgjev deg , so lyg eg , " sa eg . " Du gjorde syster mi til ei kjøkensubbe . " Men paret i Røysa tok eg for meg i tankane : ‐ Det er ikkje lett å vere husmann , tenkte eg . Han er som ein træle-hest på annan manns gard . Eg vil stryke tyngste punkta i kontrakta og gjere dykk bygsla lettare . Eg har hjarta til det , ja , for no er eg viss : Svanhild elskar meg . Ho bere kjærleik til meg . Her ved brystet mitt kvilde ho hovudet sitt . Her på kjaken strauk ho med handa si . Det gjer ikkje ei kvinne utan kjærleik , sa eg . Ho vilde gå inn i høyhus med meg òg . Det gjorde ho ikkje med gapen Asle . Å : ein annan sundag er ein fager draum . Ein annan stad er ord med lengt i . Kor dei orda vermer meg . Kor dei er ei uppmoding um å feste ho . Eg vil feste deg , Svanhild . Når sundagen kjem , skal du bli mi .

Eg gjekk på loftet og song att , og no klunka eg på det nye strengespelet . Maria gav meg det verkeleg , ei firkanta og svær harpe , som ho kalla " citter " . Men eg laut seie frå meg brennevinsflaska og alle hennar ugjerningar . Eg vart liksom konfirmert på ny , gjekk inn i fråhaldslaget . Eg såg at eg gledde drikkarane . " Vent no , so skal de få sjå eit stort fall , " sa dei . Og eg spela og song . Eg var Daniel på salen att . Eg bad mot mitt Jerusalem . Men ein av grannane spurde systerne mine om dei hadde sjukt naut i stovehuset . " Og kven i hun' er det som slær so hardt på sagblad ? " spurde han . Den karen blir ikkje lett å tilgjeve . Han lyt visst uppå lista til Asle .

So kom sundagen , ein solblank dag i mars . Eg hadde set ut blom til Svanhild , ei vedunderleg rose i ei av blomepottene til Maria . Herleg dag med herleg lagnad : Far og mor og systerne mine vart bedne ut i gjestebod . Dei skulde ikkje kome heim fyrr måndag . Eg kalla sundagen min dag . Og staden vi skulde vere på , var utsedd . Vi skulde ikkje sitje i kaldt uthus med høy , men på sofaen i beste-stova . Eg fann fram geitosten . Han var korkje eira eller leira . Å , den kjeftvonde Asle ... . Sidan skipa eg til best eg kunde , dynka sofaputene , fekk inn ved og la i omnen . Skuminga kom . Eg sette meg ned ei stund , og eg tykte at romet var hyggeleg . Her skulde vi sitje og tru love oss . Eg kom i hug at Svanhild måtte få skjenk når stunda var over . " Eg vil skjenkje deg ein festedram , " sa eg , og fann fram glas og flaske , berre uskuldig frukt-vin . ‐ Å , drikkarane skulde få ein lang nase , men fråhaldsfolket ein trufast mann , kven veit , kanskje ein svær talar . ‐ Eg vil gå ut og tale imot flaska . Ho øyder både heim og samfund , prøve-tala eg .

Og tida gjekk . Eg reiste meg og dreiv litt over golvet med hendene på ryggen . Eg var ein roleg mann i fyrstninga . " Snart høyrer eg dei kjære stega dine i troppa , " sa eg . Men eg dreiv meg inn i uro , meir og meir inn i uro . Angesten kraup inn i meg : " Kjem ho ikkje ? " Til sist heldt eg det ikkje ut inne . Eg måtte burtetter vegen ein tur . " Eg går for å møte ho , " sa eg og stakk bringeblomen i lumma .

Og eg møtte ho . Um eg berre ikkje hadde møtt ho , men eg møtte ho i ein veg-sving : Ho kom saman med husbonden til Asle , jau då , husbonden til Asle , ein enkje-mann kring dei fyrti ‐ med tri born . Eg skunda framum , men eg vende og sneik meg etter dei . Ho gjekk inn i heimen hans . Eg gav meg til å vente i rogne-buskane nedanfor stova . " Ho har vel råka enkjemannen på vegen , " orsaka eg . " Ho skal kanskje hente eitt eller anna . Gjev tid og tòl , Petter , snart kjem ho og går inn til deg . " Det myrkna meir og meir . Eg såg at det kom ljos i eitt av roma på baksida av huset . Bakken attanfor er høg og bratt , kjem eg på , eg kan setje meg der og sjå inn i romet til dei . So går eg burt frå rognebuskene . Eg er skuggen som stel meg fram . Bra at eg har myrkret med meg . ‐ Eg får auga på ho der inne . Ho sit med eitt av enkjemanns-borna i fanget og drikk kaffi .

" Ho er kanskje glad i born , " seier eg . Ja , for sjå : no går ho burt til senga med det . Der breider ho kvitlane på det . So seier ho noko og smiler . Litt etter legg barnet saman hendene , ei lita ljoshåra gjente på fire år . Svanhild står bøygd og lærer barnet til enkjemannen kveldsbøn . Eit vakkert teikn . Eg vil gøyme det . Ho blir liksom kjærare for meg etter eit slikt syn . Eg blir mest skamfull over å stå og tjuv-sjå på ho . ‐ Å , kor ho blir ei god mor for våre born , tenkjer eg og vil gå burt . Då ser eg at ho retter seg upp og stryk med handa si over barnekinnet , framleies eit varmt teikn . Eg vil stå der og sjå fleire .

%‐ ‐ No set Svanhild seg i sofaen . Enkjemannen kjem inn og set seg med . ‐ Eg går litt nærare glaset ... . Enkjemannen flytter litt på seg . Svanhild flytter seg med ‐ nærare han . Han tek eit blad og ser i , eit illustrert magasin . Der peikar han med fingeren og syner ho noko , og ho flytter seg på ny , jau , det er framleies nærare han . Dei les i bladet . Eg ser at ho rører lippene . ‐ Kor dei er vakre når ho les i blad . Enkjemannen styd seg på den handa som er nærast henne . Han blir visst trøytt av å sitje slik , for no lyfter han handa og tek ho attum ryggen på Svanhild . Ho lèt det skje . Kanskje so les dei bladet betre saman no ? Eg prøver å trøyste meg med den tanken , men eg lid der eg står utanfor . ‐ Å , utanfor er eit sårt og syrgjeleg ord . Gud hjelpe den armingen som røynde det og fann det upp . Men no vil eg gå . Eg har veike nerver , og no har dei jaga for mykje upp hjarta . Eg seier det til meg sjølv òg : " Gå no , Petter , gå heim med nervene dine . " Eg går berre ikkje . Eg står . Eg er fårleg nær ruta no . Sofa-paret sit nær lampa . Ljoset skin på handa til enkjemannen , ei ruvlut og sterk bondehand . Ho er uroleg attanfor ryggen til Svanhild . Handa flytter seg meir og meir uppetter . Um no Svanhild bad han vere i fred , bad han ta handa til seg . Ja , so vilde vel enkjemannen gjere det , ta handa burt og sjå dum ut .

Men Svanhild seier ikkje noko , for munnen hennar er attlaten . Ho er vakker med attlaten munn , ovsøt der ho sit i sofaen og har ei enkjemannshand på herda si . Og handa lever . Handa går . ‐ Der legg ho seg i boge um halsen på ho . Det går ein sjuk sukk igjenom meg , ein mimrande lengt , eller ei rasande ovunding : At denne handa ikkje er mi , at det ikkje er eg som sit på sofaen , at det ikkje eingong er eg som eig sofaen . ‐ Å nei , mi sofastund vart sviken draum , for no er klokka mange . Eg ser på halsen hennar . ‐ Å , Svanhild har ein vedunderleg hals , kvit , som mjølk å tenkje på . Eg står og ynskjer at ho hadde havt ein simplare hals no , rukkut , meir brun-grå og gamal , gjerne med vorter og små krulla hår umkring . Ja , for eg vil vedgå at det stikk meg å sjå handa åt enkjemannen um halsen hennar . Det stikk endå meir at denne halsen er so rein , so nåde-kvit og skuldlaus . Ei slik lukke har aldri gått over handa mi , aldri . Eg har vore Petter utanfor der med .

Men må det no berre ikkje hende meir .

Det hender meir : Enkjemannen tek handa åt Svanhild og legg ho um halsen sin . ‐ Ein enkjemann er ein røynd mann : Han har set kona si døy , lagt ho i kista og fylgt ho til grava , såre , syrgjelege ting . Ja , men fyrst har han gått seg gjenom kjærleiken . Han har avla born , gått gjenom gradane , gjenom trulovinga og brurenatta , og nokre år i ekteskap . Han har granska kvinna å kalle . ‐ Tru um det vil hende meir ?

Det hender meir : Han bøygjer seg mot Svanhild . ‐ Å , stakkars kjensla i meg , stakkars augo som må sjå : Bøygde ho seg mot han med ? No sit dei med kinna til kvarandre . Enkjemannen sitt er so brunt , litt rukkut , ja , men elles sterkt og friskt av sol , ein vakker mann . Eg vil tale sant , endå det er um ein uven . Svanhild sitt er so kvitt , litt blømande raudt . Ho må ha godt blodlaup , tenkjer eg . ‐ Kor kinnet må verme enkjemannen . ‐ Kor det må vere godt å vere kjaken hans . ‐ Men må han no berre ikkje praktisere lenger .

Han praktiserer lenger : Enkjemannen kysser Svanhild . Det er kanskje takk for ho lærde barnet hans kveldsbøn . Men han kysser ein gong til , og endå to gonger . Ein kyss frå kvart av borna , og ein frå seg sjølv kanskje ? Eg står og ser det , står med kjærleik til henne som tek kyss frå enkjemanns munn . Eg ser på dei grå-raude lippene hans , på munnskjegget med . ‐ Kor det er underleg å sjå munnskjegg leve over roseraud kvinnemunn . Eg kjem i hug rosa som eg vilde feste i bringa hennar i kveld , ei ven rose , eit ran frå blomepotta til syster mi , ei tjuving å kalle . Eg tek ho upp frå lumma . Ho ligg so samanklemd og folna i silkepapir . Eg tenkjer på geitosten med : ‐ Det var i kveld Svanhild vilde kome og smake . Sidan skulde vi gå ut ‐ til ein annan stad ... .

Eg får slik uro på meg : ‐ Kor ein annan sundag kom og var sann , men kor ein annan stad vart lygn , kor eg vart Petter utanfor att . Eg driv på tunet , frå og til ruta . Det krasar grus under føtene , sand og små stein . Eg tek ned i med handa , og det fer som ei glede igjenom meg : Eg vil kaste grus på ruta . Bra at det vart skapt sand ved stranda , bra at enkjemannen fann han og la han på tunet sitt . Sanden skal berge meg frå å sjå meir ‐ um der i det heile er meir . ‐ Og eg kastar sand . Då spring dei upp . Enkjemannen ser mot ruta . Kor augo i han misser elden og ser snytte ut . Litt etter går Svanhild gjenom døra , men då er eg burte ... .

%‐ ‐ Eg gjekk ein lang tur den natta . Ja , ikkje so lang då . Eg stod lenge nede ved elva . Låten hennar er underleg å høyre for sviken mann . Men elva fekk meg ikkje . Eg grov meg på vegen att , der tok eg upp rosa , kjærleiksblomen , eller bringe-lilja . Eg reiv ho sund , flerra ho i små bitar og strøydde ho for manne-fot . Det leid langt fyrr eg gjekk heim , og eg hadde ikkje venta å råke nokon .

Men eg råka folk . Svanhild og enkjemannen kanskje ? Å nei då . Enkjemannen sov vel hjå borna sine . Han måtte då vere nøgd , ja , meir enn takksam for litt kjærleik på sofaen heime hjå seg . Nei , eg råka Svanhild og Asle , jau då , fienden Asle , " den gapen " , ho sa . Ho heldt i armen hans . Og eg tykte ho heldt han trufast . Det gav ein sjuk rykk i meg , ein ny støyt i hjarta . Eg vil vedgå det . Eg vil vedgå endå meir : Eg tok til å tvile på um Svanhild heldt av meg . ‐ Held kjærleiken hennar på å døy ? Han er kanskje ikkje bryja å spire endå . Og er ikkje kjærleiken hennar til meg byrja å spire , korleis kan han då døy ? Eg grundar over dette , kjenner meg som ein stakkars snytt ein . Eg er sjuk og sår og halvt harm over at Svanhild , um so er , ikkje eingong har kjærleik som kan døy for meg . Ho slepp liksom for billeg frå meg , tykkjer eg .

Desse tankane gjer meg modlaus , sturen og unøgd . Dei bit seg innpå meg um nettene og tek svevnen burt . Jau , tvil på kjærleiken åt ei kvinne er gnagande , stikkande og sårfull som ein sjukdom . Det blir so tungt å arbeide um dagane . Eg går berre og dreg meg og geispar . Det byd imot å ete òg , og eg som alltid har vore so glad i mat . Eg åt for to då eg hadde von um å vinne Svanhild . Von , ja . Kor vona er smil i livet . ‐ Kor vonløysa er gråten grå . Eg går på salen stundom og slær harpe , men eg får det ikkje til . Eg er som ein Saul der eg står . Å , um eg hadde havt ein spelande David . ‐ Det kjem ein ny sundag att . Og eg ser Svanhild på vegen . I kveld går ho med studenten i doktergarden . Enkjemannen står på troppa med borna sine og ser dei . Og Asle ser dei . Han står ved stallnova , ein hestepassar som ikkje har fri-kveld endå . ‐ Stakkars Asle , han blir høg i herdane og stutt i halsen . Det er djuvet over frå hestepassar til dokteraspirant . Og enkjemannen , han står kanskje og sukkar mot kyrkjegarden . Armods kryp med tri born , i kveld blir det visst ikkje sofa-kveld . Det blir so underleg for meg . Enkjemannen og fienden Asle blir som vener , som stallbrør . Vi er tri ulukkelege menn , tri hjarto græt over ei og same kvinna , og no går ho burt med ein fjorde-mann ... . Eg reiser meg og går ned frå harpe-salen . Asle vinkar då han ser meg . Eg skynar den vinken . Han tyder dram . Og eg går . Eg sleikjer meg um munnen . Kor dram skal gjere godt i kveld . Eg vender meg ein gong og ser etter studenten og Svanhild . Dei blir burte attanfor bakkane mine . ‐ Ein stad inni der har eg so vakker ein ospelund . Han ligg so avsides og tre-tett burti ein dal . Eg drøymde ein gong um å gå bruretur med Svanhild der . ‐ Farvel draum . ‐ Farvel fråhaldsmann , her kjem Petter utanfor og går inn til flaska .

Asle har ho under hestekrubba . " Flaske ! " seier han og drikk meg til . Sidan drikk eg . ‐ Kor sterkt er godt . Kor det er underleg å stå i stall og drikke . Asle held i hestemana . Handa mi finn òg vegen dit . Mana er varm og god å halde i . Eg høyrer røysta til Asle som i sus og draum . Han fortel um ei natt på høy . Etterpå fortel visst eg med , for eg minnest at eg gret litt , og at Asle sa : " Drikk , og gløym . " Sidan tok vi ut hesten . Asle kleiv seg på ryggen , og han hjelpte meg upp attum seg . So reid vi ut i bygda og song , to songarar på ein hesterygg .

Kor eg tregar det no . Vi song lyden ut til oss . Borgar for borgar kom og lo . Dei hjelpte Asle ned frå hesteryggen og upp på ein stein . Der heldt han tale um meg , um " venen sin " , den godhjarta og trugne karen , som hadde god geitost , men kvinnetom sofa . " Gå heim og sit hjå han , gjenter , " ropa Asle . " Han går her og græt seg sjuk etter kvinne . Eg såg tårene hans i kveld : Han gret ved ei hesteman ! " Eg sat på hesteryggen og høyrde på . Og mugen skratta . ‐ Kor gleda i folk er ein vondskap stor . Men eg vil lure dei . Eg vil svike drikkaren og aldri ta dram meir . Han skal vere fri å kalle meg ein kjær svire-bror . Og ein mann i bakrus , er ein arming til mann . Men eg vil svike fråhaldsmannen òg , laget , eller organisasjonen . " Stryk meg ! " vil eg seie . " Burt frå møteboka med namnet mitt . Burt frå kontingent-lista med . Eg legg ikkje fem-og-tjuge øre i kassa dykkar . Nei , for kom i hug at de òg var med og lo åt meg då eg fall . De lo ein stygg gledelått å kalle , lo åt ein bror i same laget ... . "

%‐ ‐ Eg sit på salen um dagane og ser at våren kjem . Maria har teke att harpa , og songane med . Eg går sjeldan ut i bygda . Og heime er eg helst ein sur og gretten son og bror . Det bit meg ein stad inni djupna at eg ikkje kan vinne Svanhild . So lèt eg harmen gå ut over dei i heimen . Eg har skjent på far og mor for nær sagt ingen ting , og mot systerne mine er eg ingen god bror lenger . Dei ser på meg alle fire . Dei næraste i ein heim kan sjå på ein . So seier mor ein dag eg er svært sur og gretten :

" Nei , men Petter då . " Far seier det same og legg til :

" Kva er det som går av deg , gut . Du har vorte ein biten huse-grinar i det siste . "

Eg slepp å svare , for det gjer systerne mine . Dei er over 30 år . ‐ Gud må vite kva slags uheppe i kjærleik syster over 30 år har gått igjenom . No svarar dei , fyrst Olina , ho slit seg upp til 35 snart .

" Kva som går av Petter . Jau , det er greidt : Uheppe med gjentene . " Då lær Maria . Ho trunar på 40 .

" Uheppe , ja . Sjå kor blå-bleik Petter er på eine kinnbeinet . Han er merkt med ein neve og ein nei , ein korg-støyt . " Etterpå lær dei båe to , å , so spottande , so hjarteleg fulle av gift , vil eg seie . ‐ Mennesket kan stikke , syster òg , ugifte syster i 40-åra ikkje minst . Og Maria seier att :

" Han må ha vore etter Svanhild , spurt ho og fått nei , som ventande er . " " Ja , som ventande er , " legg Olina inn med tyngd .

No skulde vel eg som den yngste i syskinflokken bite meg i lippa og teie still . Ja , for eg er berre 22 år , so å seie ein ulukkeleg ettersleng , ein uvelkomen gjest til jorda . Maria var 18 år då eg kom til , ei trulova gard-gjente . Ho skulde havt enkjemannen no er . Men du ublide lagnad , so kom eg , guten med odelsretten . ‐ Stakkars Maria : kjærasten fór , då du miste gardretten . Han fann seg ei anna kvinne på ein annan gard . Eg vågar på at det var ikkje for hyggeleg for deg å vogge vesle bror din . Eg skulde som sagt teie . Systerne mine har rett å bite meg , rett å stikke meg litt til blods . Men dei stakk for djupt . Dei stakk meg i hjarta , og det er veikt . Eg vil svare medan det bankar , men fyrst må eg skipe med tankane litt : No veit eg , at Maria endå har hjarta for enkjemannen . Ho har vore trufast i kjærleiken sin . Ho går so gjerne heim til han og gjer seg til mor for borna hans , ja , for barnevona hennar kan ikkje vere stor . ‐ Å , det må vere sårt å vere kvinne på 40 . Og augo i Olina lyg ikkje . Dei ser på Asle og har han kjær . Å jau , ein veit litt um systerne sine . No har eg bra kort på hand , tykkjer eg . Eg vil spele ut essane , og stikke kongane til systerne mine . Dei har opna med Svanhild . Eg vil halde fram . So seier eg , og flirer so godt eg kan :

" Nemn ikkje Svanhild , um henne strir enkjemannen og Asle . Dei elskar ho , og har tur med ho òg . Jau , det seier eg , at dei menn systerne mine elskar , har tur med den kvinna som eg sjølv elskar . " Eg kjenner at eg tek vel djupt i meg , at mine eigne ord sårar meg sjølv , der inne som eg er veik . Det kostar å stikke i kjærleik . Men systerne mine lær , litt bleikt , ja , men dei lær . So seier Olina :

" Tøv og lygn . Svanhild går ikkje med andre , for ho er trulova i heimbygda der nord . Ho skal gifte seg i sumar . Eg har set brurestasen hennar . Det er ikkje småting ho har . " Slik trøystar syster seg . Ho lær att . Ho forsvara sin kjære Asle . Men ho stakk essane mine , spela trumf på dei og skipla heile kortet mitt . Eg vender ryggen til systerne mine og går . ‐ Svanhild skal gifte seg , i slike ord finst det ikkje von , for den som står utanfor og elskar ... .

%‐ ‐ ‐ No er det sumar . Svanhild er gift . Eg såg lysinga i bladet . Eg har set bilete av paret òg , to bilete , eitt med brudlaupsgjestene umkring , og eitt av paret i kne ved altarringen . Presten står og legg hendene på hovuda deira , eit vent bilete . ‐ Eg har felt ei tåre på det , eg vil vedgå det . Stundom stansar eg upp og tenkjer : Men ho gjekk då kveldsturar med meg og var kjærleg . Ho sat på sofa med ein enkjemann . Då var ho kjærlegare . Ho låg på høyhus med Asle , og gjekk i ospelunden med ein dokteraspirant . Sjølv veit kor kjærleg ho då var . Men ho er vel kjærlegast no mot mannen sin .

Eg vil vedgå at eg prøver å terge meg upp mot Svanhild , seier til meg sjølv : " Du hatar ho , Petter , ho var ei flogse , reint ut ei mannfolk-skjøkje . Ho var for kjærleg mot menn . "

Eg trøystar meg litt i den tanken , men ein annan tanke kjem farande og grev seg inn som ei nål i kjøtet : Svanhild var mjuk i kjærteikna sine . Ho elska mykje . Når ho kjælte oss som mest var framande menneske for ho , so å seie turre tre i kjærleiksskogen hennar . Å kor må ho ikkje då vere snild med mannen sin , det grøne tre i skogen . Svanhild blir ei kjærleg og mann-god kone , må eg sitje og vedgå . Det piner meg litt å tenkje på det . Og eg tenkjer på meir : Ho var snild mot ei gjente på fire år , strauk ho på kinna og lærde ho kveldsbøn . Svanhild blir ei god mor . Ho vil lære borna sine å bede . Det med stikk meg der inne som eg er veik .

So legg eg saman stikka og får sum : Ei snild og kjærleg kone , og ei god mor for borna mine har eg mist i Svanhild , eller : har eg ikkje makta å få inn i heimen min . Er det so underleg um eg kjenner meg misnøgd og er litt sur og gretten ? Eg går og ber kjærleik til Svanhild endå , går og elskar ei kone .

Då gjætar-syndene våre kom fram

Vi hadde vore vest i Steinvatna og fiska , hadde streva heile natta og ikkje fått . No vilde vi prøve aust i Draugesjøen med fiskelukka vår . Men vi hadde lita tru , der med :

" Hadde vi endå havt eit lite Guds-ord å sett garna på ‐ liksom Peter-guten i Bibeltida , so kunde det vore von , " sa kameraten .

" Orda har vi . Berre du har hjarta til å bede dei , " sa eg . Kameraten smilte litt , hissa i garna sine og traska i veg .

‐ Vi nådde høgda og såg Jammer-myrane som ei grå modløyse framfor oss . Då sette kameraten seg :

" Bede , sa du , å ja , eg har då gjort det med her i markene , " sa han . " Ein gong gjekk eg her og bad inderleg um å få ei gjente . Det var i gjætardagane mine . Trøyste meg for alt det tull vi fór med i den tida . Ein er ikkje stor , nei , fyrr ein får det i hjarta . ‐ Toskedilla og gjente-grilla tek oss tidleg , som ein sa . Ho tok oss gjætargutane med . Eg har aldri vore so nedfor av kjærleik sidan . Vi fór og hoppa ute på myrtuvene der og sanka tjørn-roser åt ein gjent-unge som heitte Svanfrid . Ho var vel fjortan år i den tida . Og vi fem tilbedarane hennar ti-elleve år . Ja , hjelpe meg kor vi sanka åt henne , både roser og molter . ‐ Vi fekk bra løn for umaken ... .

Kvar gjentungen kom ifrå , må ein vite . Ho som kalla seg mor hennar , visste det ikkje , sa ho . Ho hadde funne henne saman med rottene i eit kjellar-hòl inne i byen . Vesle gravet gret so sårt , og so hadde ho teke seg av henne ‐ av eit gudeleg og godt hjarta , lét ho . Men folk sa noko anna : ‐ Gjentungen var rette dotter hennar , kviskra dei , kjøt av hennar kjøt , og bein av hennar bein . Ho var i alle høve lik henne , vakker og gull-håra og læande morosam . Når ho kysste tjørnrosene og saug i seg dei søt-gule moltene vi toskane kom med , so vart det himmerike for oss gjætar-gutane . Ho var gjenta åt kvar ein av oss i den tida . Vi slost um ho so mange ein gong , gjekk med sår-lugga hår-røter og raud-klora øyre-snippar ‐ og leid for hennar skuld . Stundom kasta vi knivar um henne , skar ut blinkar i tre og skaut um herlegdom . Den som fekk knivodden til å stå i blinken , han vann Svanfrid . ‐ Lat meg vinne , bad eg stilt so mang ein gong . Sistpå tok vi til å hoppe um henne ute på Jammer-myrane . Den som våga seg over søkkefenene og ut til den og den tuva , han vart sigerherren . So tevla vi , tòska oss i veg burtetter og seig stundom ned i og vart skitnare enn griser . ‐ Men so ein dag gjekk det ille : Ein av gutane datt igjenom , ein liten utsvelt stakkar som knapt vann bere gjætarprinsa si . Han heitte Lars , men vi kalla han Skinn-vengen , for han var so mager og lett som ei fjør . Han vart litt um senn basen på myra , vann Svanfrid gong etter gong . Det tok vi elles med ro , for var mora mor hennar , so var Svanfrid og Skinn-vengen syskinborn . Og guten måtte då eige skam i kjærleik . Han gret for skyldskapen stundom , sa at slike hadde då gift seg fyrr , her i Blågrenda , det var berre å søkje um lov hjå kongen . Vi spurde kor han vilde få til bokstavane i den søknaden , for nokon skrivar var han ikkje . Han fekk ufortent refsing for det i skulen so mang ein gong . Men kvar gong han vann henne med myrspranga sine , lyste han upp , stod so langt ute på dei dissande fenene og ropa med tjørnroser i hendene :

" Svanfrid mi ! Hi-hi-hi- hi ! Eg vann , eg vann ! "

Det terga oss , for dit ut som han stod , kom aldri vi feite karane . Millom oss og han låg so å seie gòr-myra og dauden . So spotta vi Skinnvengen , spurde kva krypen vilde med henne ? Kanskje han vilde ha henne til å male bein ? Då lòga Skinnvengen upp ute på myrtuvene , stod og nikka med den tynne halsen sin og gav oss andre ein rasande kjeft med utnamn og styggesnakk . Det var elles synd i ryggen hans mang ein gong etter tevlingane på myra .

Ja , so var det den dagen han heldt på å lide myr-dauden . Vi var på andre sida av Jammer-døla med kyrne . Det var endå ein laurdag , ein minnerik dag , stor-dagen i heile gjætar-kapitlet , får eg seie : Vi heldt på å lage oss spel-kort i dei dagane , hadde stole ei papirkasse og lån-teke ei saks som vi klipte ut blada med . Eit par blyantar hadde vi naska med , ein raud og ein svart fargeblyant . Vi måtte då ha slike når vi skulde rose til biletstellet i syndeboka . Det var eg som hadde fått tak i blyantane , krafsa dei frå morbror min som var emissær . Rett utor preike-taska hans hadde eg knipe dei . Dei låg der saman med Bibelen og " Sions sange " . Morbror hadde bruka dei til å streke under slikt som han kalla " kraftige ord og gjerningar " . Eg såg spora etter dei sidan , både i Bibelen og i songane . No hadde eg tenkt å leggje blyantane ned i taska att . Eg kalla det berre eit lite lån til so lenge , for eg vilde då ikkje gjere meg til so rå ein rakkar at eg stal frå preike-taska . Det var synd og samvit nok at eg hadde smaka på hals-pillene han bruka å ta inn når han skulde upp og tale . Som sagt , blyantane vilde eg leggje ned i att .

Men uheppa var ute : Den dagen vi var ferdige med målinga og innskrivinga i kortboka , skulde vi ride over Jammer-døla og beite kyrne her i haugane . Dei roa seg betre på denne sida av elva . Og no då kortet endeleg var ferdigt , so vilde vi ha fred ei stund og spele litt reinspika um Svanfrid . Vi andre gutane hadde svore oss imillom at um Skinnvengen vann henne aldri so mykje på myra , so skulde han tape i kortspel . Elva var stor , men det var vi ikkje redde , for vi hadde kvar vår ride-ku , som vi hadde temt upp til å bere oss over elvane . Ridekua mi heitte Roselid , ei langbeint , diger dugge , men ho var ikkje vidare til ride-dyr : Stundom gav ho seg til å stå ute i elva , stod lange stunder og berre daska med rumpa so vatnet regna innover meg . Men av og til fekk ho det med å so det berre skuma umkring henne . " Motoren rasa , " sa dei andre gutane då .

Denne dagen gjekk ho til å byrje med , gjekk som ei vanleg ku til ho kom midt ut i stridaste straumen , men der stansa ho . Eg bøygde meg fram , strauk ho på halsen og sa stakkars ku . Og kvile må du då få , Roselid . Men kvilda vart lang . Dei andre gutane reid framum , ein etter ein . Sist på kom Skinnvengen på den magre Krona si . Han geipa og flirte til meg :

" Har motoren slege klikk ? " sa han . Eg trur at eg spytta etter han der eg sat . Men det løyste ikkje kua . Ho stod att i elva med meg på ryggen sin . Vatnet skòla langt uppetter sidene på ho , so eg måtte krøkje føtene uppunder meg , skulde eg ikkje bli våt . No tok eg til å bruke munn på kua , sa salte og steikje , og ha deg i land di fortærande krykkje ! Men kua stod . Eg slo ho på halsen , daska ho på krysset , men ku-geita stod som fastgrodd i elvebotnen .

Harmen tok til å koke i meg , for på elvebreidda stod dei andre gutane og gaplo so det skratta i hamrane : Dei spurde um eg ikkje tok til å svelte . Eg måtte ta av meg matprinsa og få meg middag på ku-ryggen . Og Skinnvengen , den der magre , blånasa myr-tråvaren , lo so han stupte i lynget . So ropa han at eg skulde prøve å bede kua laus med fadervåret . Eg beit tennene saman so det skar i kjakane . Eg frøste av rått og rasande gut-sinne der eg sat på kuryggen : ‐ Gud nåde beina i Skinnvengen når eg no eingong kom i land . Dei skulde bli blå der dei no var kvit-magre , tenkte eg og sparka kua med hæljarna det beste eg visste . Men ho rikka seg ikkje , berre bles i nasen og svinga med rumpa so vatnet drivsa over meg . Eg kjende i sinne-gråten , måtte sitje der på ryggen til ku-heksa og svelgje undan klump for klump .

No slo Skinnvengen på at han fekk springe heim i gardane , få tak i folk og taug , og so drage " vraket " i land med meg på " kjølen " . Dei andre gutane jatta med at det var ein vakker tanke . Eg knytte nevane mot land og truga med å ta håret på Skinnvengen upp med rota um han rikka føtene sine av flekken . Ei stund lurde eg på å hoppe ned av ku-ryggen , late det skure i veg til liv eller drukning . Symje kunde eg ikkje , og elva var fårleg å vasse for so liten ein gut .

Inne på land tok kameratane til med kortspel . Innsatsen var Svanfrid . Det terga meg til tårer å høyre det . Då Skinnvengen hadde fått kortblada , kom han ned til elva og spurde um eg kunde sjå dei frå " skipet " . Eg såg nokre svarte bilete , og dei keivelege bògane på ein raudmåla hjarte-ess . Då var det at blyantane til morbror emissær rann i tankane . Dei var kvasse og spisse som sylar , var som to horn å tenkje på , fekk eg ikkje kua i veg med dei , so var det uvisst kva tid ho baud seg til å rusle . Eg fann dei upp or lumma , treiv ein i kvar hand og rende dei inn i sidene på kua . ‐ Då gjekk ho . Ho gjekk til gagns , får eg seie , gjorde eit rasande hopp rett ut i djupaste hølen . Med same gjekk eg bakover , sette føtene i vêret og stupte med hovudet fyre ned i Jammerdøla .

Der låg eg , ja . Eller , der rak eg nedover . Eg såg som gjenom ein draum at kua slabba i land , der sette ho rumpa i vêret og for tanande inn i skogen . Eg var stundom over vatnet med hovudet , og stundom under . Eg kunde ha vassa elva for djupna si skuld . Men botnen var ikkje gåande på . Steinane var slimsleipe , umogeleg å få feste med føtene . Eg gleid og eg datt , tok etter anden og gulpa vatn . Endeleg klora eg meg innåt ein stein midt i elva .

Då merka eg at gutane inne på land var ålvorlege . Den største stod som nomen med kort-blada i handa . Dei andre hadde kasta dei frå seg . Ein av dei sa sidan at han vilde då ikkje stå med det syndige svineriet i handa si og sjå kor eg drukna . Den minste av gutane jamra og gret . Men då han såg at eg kara meg upp på steinen , sette han i med ein takkesong , medan han hoppa upp og ned av glede . Skinnvengen tok i med i slutten av verset , endå han song falskt so det skura . Han hadde då hjartelag for meg , han med , skyna eg . Eg lova meg sjølv at eg skulde spare beina hans . Og håret skulde få gro i fred for meg . Ja , eg lova meir der eg sat og heldt meg i steinen : Han skulde få drikke av rjomeflaska mi , smake grisepylsa som han var so glad i at han naska og stal stundom når vi hengde mat-prinsene frå oss . Eg vilde ikkje kalle han Skinnvengen meir , men reint og beint Lars . " Og kan eg ikkje vinne Svan frid sjølv , so lat han Lars få henne , " sa eg og liksom tala med Gud . Alt godt skulde stakkaren ha for han synte seg glad for berginga mi .

Men berginga ? Eg såg litt med kvart at eg var berre halv-berga , og ikkje for vel det ein gong . Det var ille nok å sitje på ryggen åt ei sta ku , men det var då von um at ho rusla i land eingong . Derimot steinen , han gjekk aldri med meg . Og han var ikkje for hyggeleg å sitje på heller . Flaumvatnet sleikte mest over han . Og kvass var han , og kald var han , og attåt sleip , so han var ikkje å røre seg på .

Dei andre gutane ropa over og spurde kva eg no vilde gjere . Eg såg på elva . Ho skòla og sleikte kringum føtene mine . Straumen gjekk strid på båe sider . Og i botnen leda steinslimet seg som ei gulgrå , ufyseleg sleipe . Det fraus i meg berre eg såg det . Elva var djup og der . Ho vilde sikkert gå til brystet på meg , kanskje like til halsen . Det var dauden å ta ut i , og den var eg ikkje budd på , kjende eg . Eg trur eg bad litt , ikkje um å kome i himmelen , men um å kome meg vel i land , so eg fekk lov å leve ei stund . Eg ropa til gutane at eg våga ikkje å ta ut i elva åleine .

Då spurde Skinnvengen ‐ eller han Lars som eg hadde lova å seie ‐ um dei skulde springe heim etter ein sterk kar som kunde vasse ut og hente meg . Men dei to største sa at det gjekk ikkje . Heimvegen var lang . Det vilde gå eit par timar fyrr dei var her att . Og eg kunde ikkje sitje ute på steinen so lenge , so laugande våt som eg var . Dei fekk prøve å berge meg i land med eige mannskap , sa dei . Gutane tok til å klæde av seg . So tok dei kvarandre i hendene og kom vassande mot meg . Vona lyste upp i meg ei stund , men snart kom vonløysa og gjorde det kaldt umkring meg . Den minste av gutane tok til å kraune då vatnet skòla upp på magen på han . ‐ Han hadde ikkje helse til å gå her og vasse , let han , sjuk var han i hovudet , og litt klein i magen , og elles so var han ikkje frisk sjølv heller , sa han , og tok til å gråte . Denne gongen gret han ikkje over meg , men stakkaren var redd for seg sjølv . Og best det var , slepte han handtaket i kameratane og feta seg i land att .

Skinnvengen eva seg med endå eit stykke , men redd var han , og fraus gjorde han som ein hund i snøbløyta . Men då vatnet nådde upp i brystbeinet på han , sa han stopp og nei og slepte taket han med . Der stod han , ja : Ikkje våga han seg i land åleine , og ikkje våga han å ta i hendene på dei to største gutane , som stod og stirra i straumen og vilde ut til meg . Best det var , gav han seg til å skrike um hjelp . Og minsten inne i land jamra på sin måte . Då fór harmen i dei to som vilde ut til meg . Dei knytte hendene og truga mot sutre-gutane at heldt dei ikkje kjeft , so skulde dei gjere dei til gryn og armod . Og eg lòga upp med og gløymde at eg sat i livsfåre ute på stein-gampen . Eg murra :

" Berre vent , " sa eg , " so skal eg ... . " Men eg trega med same , for gutane stansa , og den største sa nokre vonlause ord :

" Det er uråd å kome ut til deg ! "

Det vart svart umkring meg , tykte eg . Eg såg som gjenom ei skodde at gutane stod og stirra mot straumen . Vatnet sutla umkring herdane på dei . So tok dei nokre fet attetter . Då sa den eine :

" Havt vi eit taug , so trur eg at ... . " Med same kom eg på at det låg hesje-snorer i ei markløe nede i lia . Eg sa det til gutane . Og tanken lyste upp i dei med ein gong . " Der har du berginga , " sa den eldste og knipsa i fingrane . Rikare ord har eg aldri høyrt . So vassa dei i land . Den redde Skinnvengen hadde kara seg upp litt fyrr . Han stod og dilla og fraus so han riste . No jaga dei største gutane han av stad etter hesje-snorer , og dei lova han bra med bank um han ikkje var snar i vendinga .

Skinnvengen var snar . Han hadde sprunge frå frosten og fått laus sveiten då han kom att med eit digert nyste . So hespa dei upp og kasta enden ut til meg . Og eg treiv han , feste han umkring meg og gleid so ned frå steinen . Og gutane sa hipp i heisen ! og drog meg som ein stokk i land . Sidan klædde eg av meg , knepte væta or plagga og turka dei på eit berg , for det var ein solrik og varm dag .

Eg var glad for berginga , eg kan ikkje anna seie . Eg både plystra og småsong der eg sat naken og vilde spele kort um Svanfrid . Men gleda skulde ikkje vare lenge : Med same eg fekk blada i handa og såg teikningane våre , kom eg på at eg hadde mist blyantane som preike-morbror åtte . Eg vart kald i kjakane , og kjende meg som tjuv og røvar . Hadde det endå vore ein verdsleg mann som åtte dei . Men ein preikande emissær ! Eg la kortblada frå meg og sa til dei andre gutane at eg hadde mist blyantane , venteleg slept dei på elva då eg datt av ku-ryggen . " Og kva skal vi no gjere , karar ? " spurde eg .

Ei stund sat dei andre og fingra med blada . So sa den største at her var det vel berre eitt å gjere , og det var å blå-nekte alt i hop . Men då kom den minste gjætar-guten på at bestefar hans hadde nokre fargeblyantar i eit gamalt skrin , det måtte vere råd å ta dei og leggje i preiketaska til morbror , trudde han . Vi gruna litt på det , men fann til sist ut , at det måtte greide seg bra . Det kunde vere stygt nok å stele frå ein gamal kårmann , men vi heldt det for verre gjerning å late morbror misse dei . " Og det er inga sak å lyge for bestefar , " sa småen og rette nakken . Han skulde møte meg ved sumarfjøset um kvelden og ha blyantane med seg , og der ifrå skulde eg frakte dei vidare heim i taska til morbror ... .

Men det vart uppi inkje med planane våre , for ein time seinare var det at Skinnvengen gjekk seg nedi ute i Jammer-myra . Sjølv må han vite kva han vilde der . Det var vel molter til Svanfrid han vilde ut og sanke . Han låg i alle høve djupt då vi såg han , eller då vi høyrde han , rettare sagt , for han skreik verre enn ein tryne-bunden gris . Han stod i til herdane då vi kom ut på tuvene so vi fekk kaste hesjesnora til han .

" Gu' skje lov for snora , " sa vi då vi hadde drege han upp . I dag hadde vi berga to liv med ho . Vi andre samdest um å ha snora . Stele sa vi ikkje , for det var eit stygt ord . Vi spurde Skinnvengen um han vilde vere med å eige i ho . Vi kalla han for ein gong skuld Lars . Men guten berre gret , og bad fadervåret so det hagla . Han sa at ein klo-kvass og sterk ein , kneip han i føtene og drog han ned gjenom dya . Han trudde fullt og fast det han sa , for han drog ned sokkane og såg etter um der var merke etter den myr-vonde . Og no vilde han umvende seg , sa han .

Sidan um dagen fór han heim til mor si og sanna gjætarsyndene , ikkje so mykje sine eigne , men syndene til oss andre karane , rubb og stubb la han fram og frå seg : um hesje snorene og blyantane , spelkortet og knivkastinga um Svanfrid . Ja til og med tevlingane på myra , hadde tosken snakka um . Og det kom meir til : Vi hadde bada stutane ute i tjørnene . Og no og då hadde vi småmjølka kyrne , tipla ned på rjome-flaskene våre og drukke .

Då vi kom heim , stod mor hans i tunet og hadde samla foreldra våre um seg . Fleire og fleire samla seg og stod og høyrde på kor kjerringa snaldra um gjætar-syndene våre . ‐ Hjelpe meg for ein laurdagskveld : Han preike-morbror stod der og fekk høyre um blyantane . Og kårmannen vi hadde tenkt å stele frå , var der . Han som åtte hesjesnorene kom . Til sist kom Svanfrid og fekk høyre um tilbedarane sine . Vi var skjemdare enn skjemde . Vi såg ikkje på kvarandre ein gong . Eg lét att augo og ynskte meg lik-kista med lòk på og mold utover , for slik ei skam kom vi oss aldri upp or . Ung-gutane lo . Og Svanfrid lo åt kjærleiken vår . Då kjende eg at eg hata henne , kor inderleg eg hadde hug å trø på henne med den skitne skoen min .

Mor til Skinnvengen vilde at foreldra våre skulde ta og rise oss der på opne tunet , for refste ein ikkje synda frå barndomen av , so ... . Då tok morbror ordet . Han heldt eit svært møte , ei grundig barne-gudstenest å kalle . Han både skålda oss og flådde oss , får eg seie . Til sist vart det for mykje , for kårmannen vi vilde naske blyantar frå , reiste seg og sa stopp .

" No skal du teie , " sa han og truga mot morbror med krokstaven sin . " Du skulde kome i hug at du gjætte hjå meg ein gong , og då naska du både rjome og mjølk . Og gjentegriller hadde du . Du fór og skar namnet hennar inn i bordtaksfjøler og flidde til husa so det var ei stor skam . Men er det blyantane som plagar deg , so kom upp til meg , og du skal få rikeleg nedatt med deg . "

Då gjekk morbror . Eg tykte mest synd i han , men eg kunde ikkje anna enn halde av kårmannen , og vi gav han mang ei god ljåtåg sidan um sumaren .

" Vore her mange slike karar i verda , so stod det ikkje på å vere gjætar-gutar , " sa vi . "

" Og ris fekk de ikkje ? " spurde eg .

" Nei , men vi gav ris dagen etter . Vi tok Skinnvengen for oss ute i marka . Fyrst knepte vi ned um han broka og piska han på berre skinnet . Sidan drog vi han burt til ein bekk og døypte han , og gav han namnet Slarve-Lars . Det tykte vi han fortente .

Det vart elles synd i guten , for sverminga hans for Svanfrid var nok meir enn barnegriller . Det året vi toskane gjekk for presten , tente Svanfrid vest i bygdene ein stad . Ho var ikkje åleine , som vi seier , då ho kom heim . Det tok han Lars hardt . Og ein kveld vi var to saman , sa han : " Veit du kva eg ynskjer ? " " Nei , kor skal eg vite det , " sa eg . " At eg hadde lut i det Svanfrid ber på . Eine-lut , " la han til . Då tok eg i han . Då løyste eg litt på hår-røtene , ja . " Du må då skjemmast , " sa eg og lugga det eg vann . Sjølv veit kvifor eg gjorde det . Kanskje so var eg ikkje heilt ferdig med ho , eg heller . Eg ynskte meg gjerne ein lut , eg med .

Barnet vart døypt den dagen vi vart konfirmerte . Lars gret , ja , han sat på dei blåmåla benkene og storgret som ein piska . Folk sa at han tenkte på forsakinga og trega syndene sine . Men eg veit at han tenkte på Svanfrid-barnet . Han gret for han ikkje var so stor syndar at han var far til det ... . "

Ein far som seier seks

Bertel hadde ikkje far som andre born der i bygda . Han kom litt med kvart til å undre seg over det , serleg når han var ved kyrkja og gjekk og dingla i handa til mor . Dei andre smågutane gjekk og heldt i handa på menneske som såg annleis ut enn mor . Dei hadde langt skjegg i andletet . Mor hadde berre nokre vorte-buster . Og sume av dei hadde digre hårduskar i naseborene . Dei såg harde og fårlege ut . Og so gjekk dei klædde som han , neantil ‐ i bukse . Skorne var som dam-båten hans å tenkje på . Smågutane såg upp i skjegget på dei og sa far . Han vart kjend med Ola og Arne ved kyrkja , og Ola sa : " Du sat på kvinnesida i kvinnefang . " Bertel stirde på han : " Eg sat hjå mor . Kven du sat hjå ? " " Hjå far vel . Eg sit alltid hjå far . " Og Arne rette nakken og stakk nevane i bukselummene og sa karsleg : " Eg med sat hjå far . I dag sat far min og far til Ola attmed kvarandre , gut . " Bertel glåpte : " Men der sat no småborn på den sida som eg og mor sat òg . " Då bles Arne : " Berre gjentungar , tosk . Det er gjentungane som sit hjå mor . Ein reinhåra gut sit alltid hjå far . "

" Far ? " undrast Bertel . " Kva far er for noko ? " " Det er far det , " sa Arne ... . Men litt um senn gjekk det upp for Bertel at alle born burtgjenom grenda sa far til slike skjeggmenneske som mor kalla skarve mannfolk eller karar . Og sume sa far til same karen , som no Ola og Sigrid . Han spurde Ola ein dag kvifor han og Sigrid sa far til den mannen . " Fordi han heiter far , " svara Ola . Bertel stussa litt : " Men Arne og Harald seier far til ein annan skjegge-mann . Heiter han òg far ? " " Nei , er du tosk , mann , " svara Ola snåpt . " Han heiter berre Birger . " " Men dei seier far , " tok Bertel i att . " " Ja , det er rangt , for han heiter Birger . " Bertel togg litt på neglene , so spurde han :

" Kan eg seie far til den du seier far til ? "

Det trudde Ola . Dei kunde forresten gå og spyrje han . Og dei gjekk . Dei leidde kvarandre upp bakkane . Sidan sprang Ola i fyrevegen og ropa : " Du far , kan han Bertel òg kalle deg far ? " " Hæ ? " sa mannen grugge . " Kva du tullar um gut ? " " Kan han ikkje seie far til deg då ? " " Nei , " kom det grovt att " det kan han ikkje , for han har no liksom ein annan far på ein annan stad , ein far som seier seks , ja . " Ola vilde vite kvar den faren var , men mannen berre hysja : " Ha dykk burt , ungar , enn slikt spyrje-gnag . "

Dei gjekk svikne ned att bakkane , stutte i halsen og småkrokute i ryggen . Bertel sa : " Det der var ein stygg og sint kar . " Ola var ikkje langt frå å slå : " Stygg og sint , han far . Du skulde sjå han Birger , du , so fekk du sjå sinne , gut . "

" Enn um eg kan seie far til han ? "

" Er du rusk galen . Du høyrer vel at han heiter berre Birger . "

" Då får eg spyrje mor , " sa Bertel og rusla heim .

Han busa beint på : " Er det langt til ein annan stad der han far er ? " Mor kvakk , såg han . So bad ho han gå og bere inn ved . Han skunda seg ut etter ved . Og so stod han der med spursmål att , men mor tagde : " Har ikkje eg far då ? " ropa han og drog mor i stakken .

" Du har mor , " svara ho . " Gjev deg til ro med det . " Men guten gav seg ikkje til ro : " Du skal seie um eg har far . -Ja , ja , du har , men hent litt vatn åt meg . " Han gjorde det , sprang til bekken og vart sveitt og tyrst . Mor laut blande han saft-drikke . Ho kalla han kjære snilde guten sin , og det var bra å høyre : " Men kvar er far min ? Mor , kan du ikkje høyre : Kvar er han far ? " Mor bøygde seg over saumen , men guten dreiv på . Til sist lugga mor kjære snilde guten sin , og ho lova han bra med ris um han ikkje heldt upp med spursmåla .

" Gå ut og leik med Ola og Arne , " sa ho . Då fór guten på dør , men litt etter ropa mor at han skulde ikkje gå ut til Ola og Arne . " Du har ikkje godt av å vere saman med dei , " mulla ho . Men Bertel stal seg ned um bakkane , sidan var det fine tråv-vegen ned til leikeplassen .

Ola og Arne var der . Dei bygde fjøs , og hadde dyr , tre-kyr og stein-uksar . Dei klava dei i fjøsveggen etter ulltråd . Bertel hjelpte til , fekk seg fjøs og dyr : ‐ Å , slik diger ukse hadde ikkje Ola og Arne : " Sjå her ! " ropa Bertel og lyfte i steindyret sitt . Og Ola og Arne såg . Dei fekk fingrane i munnen og såg i stor undring på stute-underet . Sidan leita dei umkring i grushaugane for å finne maken til Bertel-uksen . Dei fann ikkje det . Det var berre små , runde steinar dei fann . Bertel sa at dei kunde til naud kalle slikt for kalvar . Dei andre to kjende seg kanskje litt såra , litt ovundsjuke over den mektige steinuksen som Bertel hadde , for Ola sputta på han og sa at det var ikkje levande ukse . Det var stein . " Nei , han far , gut , han har ukse som er liv i . Han burar so fjøset skjelv . " Då vakna Arne til og stama i veg :

" Det er ingen ting imot uksen som far min eig . Han er so sint at han er raud i augo . I går braut han ned båsen sin . Det var med naud at far vann binde han , gut . "

" Då skulde han far ha vore der , so hadde han snart smikka band på ukse-halsen . " Det trudde ikkje Arne .

" For han far er so sterk at ... . " Gutane munnast litt um uksane , og um kven sin far som var sterkast . Ola spurde kva Bertel meinte . Då bles Arne :

" Han meiner som ikke har nokon far . " Det rykte i Bertel . " Men eg har no mor , " sa han . Då lo Arne : " Ha-ha , mor , kva er det å ha , berre kvinnfolk . " Bertel såg ned litt , so kom han på kva far til Ola og mor hadde sagt , og han knytte fram handa og sa med tyngd :

" Eg har far , gut , ‐ ein annan far på ein annan stad . Men mor vil ikkje at eg skal spyrje etter han . "

" Kvar du har den far din ? " kom det frå Arne . Ja , sjå , det visste ikkje Bertel . Han såg ut i lufta og beit seg i fingrane . Då sa Ola trøystande :

" Far hans er kanskje ute på arbeid , for det er far min òg stundom . Det blir sterkaste farane , har far sagt . Og når far til Bertel alltid er burte på arbeid , so kan du vere sikker på at han er so sterk , som ... . " Ola såg seg ikring , men han såg ingen ting som kom upp imot styrken til far åt Bertel . So sa han berre :

" Han seier no i alle høve seks til far din . "

" Ja , " sa Bertel . Arne sparka grus med foten :

" Det er no underleg at far din ikkje kjem heim og byster seg når han er so sterk . "

" Når han ikkje får tid , din tosk , " sa Ola . " Men vent no , berre vent til han får tid , so kjem han nok . Og då ottast eg for at det blir synd i far din , gut . Han kjem til å gjere han so små at ... . "

" Ja , ver sikker , " kom det livleg frå Bertel " so små som gryn blir han . " Det tok til å skjelve um munnen på Arne . Underlippa skaut seg fram . Augo klipte og hogg . Då sa Bertel att , og det var trøyst i orda :

" Du veit det er ikkje sikkert at far tek far din . " Då geipa Arne , for han såg berging for far sin :

" Lat han berre kome , for no har vi han morbror hjå oss . Han kjem til å vende upp ned på far din , farr . Han morbror er so sterk som fjell . Han har velt upp ein stein som er so stor som ... ja , som smia vår . "

" Kor du lyg ! " ropa Bertel og Ola i ein gong .

" Lyg , nei . Det er so sant at de kan ikkje tru det . Steinen ligg her burte , so de kan få sjå han . "

Dei gjekk burt og såg på steinen , og sidan såg dei på smia . Ola sa at steinen var ikkje nåme nær so stor som smia . Og Bertel lét um at det var berre ein liten lort til stein . " Eg er viss um at han far tek mange slike . " " Ja , " sa Ola , " han tek både steinen og han morbror din upp på . " Arne fekk lipper att . Han såg ned og leita etter berging for morbror sin : " Men han far òg er no med . Trur du at far din er so sterk at han tek både han morbror og han far og steinen ? " Bertel såg på Ola . Og Ola togg ei stund , so fann han råd :

" Det blir no alltid ei råd med far din , far min er mann for å halde han . " No brast det for Arne . Han hiksta eit par gonger , og so sa han :

" Eg skal klage dykk heime , det kan de vere visse um . Eg skal fortelje at farane dykkar vil ta både han far og han morbror og den store steinen . "

" Berre klag , din klageskit , " sa dei to andre , men dei fekk store , ottefulle lipper , dei med , for no gjekk Arne . Han vende seg burte i vegen , knytte handa og ropa som ein sigervinnar :

" Eg skal få morbror til å leggje skot i hagla når farane dykkar kjem . " Ola såg på Bertel , og Bertel såg på Ola . Dei hadde ein gong set at morbror til Arne skaut ei kråke med den børsa . Ho datt ned frå bjørke-toppen , som ein dott . Det var eit våleg våpen .

" Eg vil heim og varsle far , " sa Ola . Bertel stod ei stund og blunka , so strauk det som ei bergande von gjenom hugen hans , og han sa :

" Eg er glad for at far ikkje er komen heim endå , når dei vil til med slikt . "

Dei råkast dagen etter , og Arne sa at no kan farane dykkar passe seg , for børsa hans morbror er ferdig . Då sa Ola : " Eg har varsla han far , og han har lova å halde seg frå han morbror din når han er ein slik kar . "

" Og eg har sagt til ho mor at ho skal få bod til han far at han må ikkje kome heim endå , for dei vil skyte han , " sa Bertel .

Arne togg litt . So vende han seg til Ola :

" Han far din lyt no gå ut stundom . Eg skal fint få han morbror til å leggje seg på lur . " Ola såg ned . Ola blunka og snykta litt . So tok han til å grave i lummene . Um litt kom han upp med ei blekkøskje . Det var drops i ho , raude og blå kuler med kvite render i . Han let Arne sjå dei : " Er du huga på drops ? " " Å ja . " Arne var ikkje uhuga nett . " Du skal få dropsa , i fall du vil få han morbror din frå å gjere han far noko med børsa . " Arne stussa litt , so sa han :

" Då trur eg mest eg lyt , men far til Bertel skal ha det . " No tok Bertel til å grave i lummeopa , men han hadde ikkje lummer . " Eg har slite dei sund , so eg kan ikkje ha noko i dei , " sa han . " Du lyg , " kvæste Arne . " Lat meg få kjenne . " Og Arne kjende . Han kjende rett innpå nakne lårhuda . " A-au , " lét Bertel , " du er so kald at ... , " og Arne tok handa til seg .

" Når du ikkje har noko å gjeve meg so ... . " Ola stod og såg på den tome øskja si . Mor hadde sagt at det var vakraste øskja i verda , der var so ven ei rose på ho . Han skjegla litt på Arne , men so sa han :

" Vil du få morbror din frå å gjere far til Bertel noko , so trur eg at du skal få øskja òg . " Ola såg på ho :

" Ja so , men farane dykkar skal halde fred òg . " Det lova dei , og sidan gav dei seg til å rote i grusdungane , gode vener alle tri . Dei snakka um at dei måtte få far til Bertel heim " frå ein annan stad " , so han kunde bli godven med far til Ola og Arne . " Då kan vi sitje i kyrkjestolen alle saman , " lét Ola . " Ja , gut , " sa Arne . " So slepp eg å sitje på kvinnesida i kvinnefang , " kom det frå Bertel .

Dei samdest um å snakke um det der når dei kom heim . Arne sa at far hans kunde snakke han heim i telefonen . " For det gjorde han då morbror kom . " Dei andre to nikka at det var ikkje so dumt . Og " ein annan stad " kunde aldri vere so fælsleg langt burte . " Du skal sjå at vi har han alt i morgon , for når han far snakkar i telefonen då ... , " sa Arne . " Ja , " sanna dei andre " då er han svær . "

Men dagen etter kom Arne med det bodet at det vart ikkje lett å få far til Bertel heim gjenom telefonen . " Nei , for ein annan stad er so langt burte at ho mor gret då eg nemnde det , " sa Bertel . " Ja , " lét Arne att . " Han far seier at han far din har skjemt seg ut , at du er ein lausunge . "

" Lausunge ? Kva er det for slag ? " spurde Bertel og såg på Arne . Men Arne såg på Ola , og Ola rukka panna og tenkte etter . Endeleg sa han :

" Det må vere ein unge som har ein far som seier seks . "

" Men då er han sterk , gut , " kom det stort frå Bertel .