Fire søsken går ut

Rønnaug på Skarnes var på veg frå dokteren som hadde hatt kontordag oppe på Vollan .

Enda silte redsla i henne . Ho såg dokteren for seg , såg det underlige blikket hans . Han pusta tungt , det var som han stridde med seg sjølv om han skulde seie sanninga .

At den var så vond ! At rommet kunde bli så lite og trongt ! Ho hadde da visst om dette , ho hadde ant det i mange år .

Ho skalv der ho gikk , prøvde tenke på alt anna , men ho såg bare rommet for seg der oppe . Orda hans dreiv enda på , det var som dei vart banka inn i minnet . Enda dokteren sa det så uendelig vart !

Ho vart sittande og stire inn i auga hans . Med eitt syntes ho blikket hans vaks så , auga vart unaturlig store . Ho tok tak mot synet ein augeblink , men så datt ho visst .

Han stod med vassglaset over henne da ho vakna .

Det vart betre da ho kom seg ut , men korleis ho var kommen dit , visste ho ikkje .

Det bar ned mot Leitet . Ho måtte stanse litt , ho fekk slik skjelving i kroppen . Handa som kvilte på staven var uttært , såg ho , blodårane syntes så altfor tydelige .

Da kom isinga i ryggen så ho måtte bite tennene samen . Den var det første ho hadde merka da ho fekk sjukdommen .

Ho kom seg , stod og svaga , taket var over . Da var det som ho fekk kraft til å ta seg samen . Var det å ta så på veg for at ho skulde dø ? Ho hadde da ant det , og ein gong måtte alle den vegen . Det var med det same umulig å kjenne at det var rett , men ho måtte . Hadde ho ikkje klart så mange ting før ? Ho la auga att mot det og kjente seg uendelig sår . Men så fann ho eit ord ho hadde lese i ei bok som Kjell hadde heim frå lærarskolen :

Ei døde hefte på livets reise .

Det var eit sant og rettferdig ord .

Ho snudde seg opp mot Vollan , ho vilde sjå bygda . Alt sa henne at det var siste gongen . Skjelvinga var der . Men så vakker hadde ho iallfall ikkje set bygda før . Augustsol og grønne marker . Husa låg kvite på begge sider av vegen . Der gikk markene over til små haugar og pallar til dei løfta seg oppe ved Vollan .

Nedom vegen rann Storelva , var ein buktande sølvtråd som blinka gjennom lauvskogen . Her nede rann elva still . Oppe ved Moan og Langvatnet gikk ho i stryk .

Klemt av kubjøller i liene . Barn i tun og gard . Lyse glade røster . Songen av ljåar på markene . Folk hadde tatt til med høya .

Ho sukka , nett slik skulde ho sjå bygda siste gongen . Det gav litt fred , redsla tyntes ut i henne . No snart stod ho og godkjente at ho skulde dø . At dette i grunnen var hennes siste ferd .

‐ Nett slik .

... Nei , ho hadde ikkje tatt ut på denne turen hadde ikkje Kjell truga henne , sagt beintfram at gikk ho ikkje no , henta han dokteren heim . Da gav ho seg , dei kunde da spare dei pengane . Det trongs visst .

Stakkars Kjell , han var yngsteguten , han var enda kjælbarnet om han var aldri så stor og vaksen . Han hadde alltid vore det , ikkje minst no i sommar .

Ting som hadde plaga henne både natt og dag kom for henne . Kva var det som gikk av barna ? Kjell skulde da på skole snart , han hadde eitt år til han var ferdig . No var han åleine med alt arbeidet . Edvard som var eldst og som hadde vore så god ei hjelp før , han fór heimanfrå i sommar da Kjell kom heim . Kva var det som gikk av han ? Det kunde da ikkje være bare dette at han fór og sprang etter denne underlige predikanten , evangelist Ellefsen som han kalla seg . Det måtte være andre ting .

Ho gløymte bygda , stod pint og såg han for seg . Var det noe i det at han slutta halde lag med Ester , einaste barnet til handelsmann Jonassen i Vika ? Nei , nei , det kunde ikkje være det , da var det og sant at han hadde tatt til med Aina , dotter hennes Finn-Marta i Svartfjellet !

Ho måtte vekk frå det , ho måtte tenke på kva Kjell hadde sagt om dei omvendte på Vollan . Ellefsen hadde komme . Ingen hørte på han stort . Men så bar det laust , den eine etter den andre vart omvendt . No heldt dei møte heile nettene . På slutten ropte og skreik dei , sa han . Han stod med fliren i auga og sa det var ein ny sjukdom , dei gret slik at ein snart kunde sjå på golvet om der hadde sete ein gudelig ein . Jau da , ho kunde tru det , det var Genesarets sjø overalt på Vollan no . Snart kom vel Jordans flod flommande nedover .

Ho hyssa på han , han måtte ikkje spotte . Da lo han og sa , ho fekk nok sjå til å få trua ho og , skulde ho komme fram med stavpekka si i flomvatnet .

... Ho kom ut av dei tankane , kjente det var ikkje rett at ho tenkte slik no . Men det var godt at Kjell heldt motet oppe , han hadde nok . No hadde han tatt til med høya . Men kunde han klare alt åleine ? Han hadde sendt tenestejenta heim i sommar . Han hadde stelt krettura , stelt huset og henne , laga mat og alt . Og så gikk Edvard sin veg !

Hans , andre sonen , tenkte ho ikkje stort på . Han var gift , han hadde både heim , barn og kjerring . Han var den som det hadde gått best med . Hilda , kona , var eit stasmenneske . Og han hadde fått kjøpt Rissletta av farbror Håkon . Ho måtte tenke på det , det var så rart , det var da den ho hadde vilja hatt den gongen ho gifta seg .

Men korleis kunde det ha seg at han som var det minst verd , fekk det beste kvinnfolket ? Og med Edvard skulde det gå slik .

Med Kjell var det ei anna sak , han var ung enda , han måtte få skolen frå seg først . For resten visste ho godt at han hadde ei jente der inne på skolen . Han var visst ikkje lite glad i henne , ho såg kor underlig han vart når han fekk brev frå henne . Han gikk og smilte resten av dagen .

Men Synnøve hadde teneste inne i byen . Ho kunde vel ha set heim i høya , jenta . Men så slapp ho vel ikkje frå posten , og så var ho vel opptatt med denne kjærasten sin . Det var ikkje lite ho hadde råka borti , ein lektor . Det var visst svært fint .

Bare ho ikkje somla så det gikk over styr med han og !

Det gikk eit sårt drag over andletet hennes , ho fekk vete så lite . Alle tidde , ingen fortalte noe . Den einaste var Kjell , men han gikk her og tidde han og . Det var sikkert eitkvart han pintes med . Kvifor tok han brått helgeklæe på seg og gikk ut ? Gikk han tiggargang oppi bygda etter pengar ? Fekk han ikkje gå skolen ut ?

Nei , han sa ingen ting , han vilde vel spare henne . Det var godt på ei vis , men trudde han at det gikk an å gjømme slikt for ei mor ?

Ein tanke kom , fór han etter ei eller anna jente her ? Ho hadde hørt det før av folk som hadde vore inni byen , dei såg han aldri uten at han var samen med jenter . Det var sladder sjølvsagt . Og likevel var ho litt urolig , ho hadde set det så ofte med han vaks opp , han likte jentene . Læraren hadde sagt det same :

" Han Kjell , han kan nok komme langt , berre ikkje skjørtan hefter han . "

Ho vart arg og spurte kva han meinte . Da fortalte han at Kjell kunde aldri leike seg i skoletunet uten at der var jenter . Ein gong hadde læraren komme inn da guten var åleine med ei jente i klasserommet . Guten måtte til henne . Til slutt stod han og stelte med flettene hennes .

Ho bles mot læraren , var no det noe å bere seg for at han pjuska med ei flette ?

Likevel , ho hadde følgt med og vore urolig .

Bare han no valte rett , bare han vart lykkelig !

No fekk ho vel ikkje følgje han lenger !

Ho snudde seg mot Vollan . Jau , det var nok siste gongen . Ei tåre vilde fram , men ho heldt imot . Ho hadde sakte gråte nok i dette livet . Ho hadde gråte nok alt den gongen Kristian , mannen , måtte utfor stupet .

Det kvakk i henne , ho var altså enda ikkje ferdig med det , enda det var gått femten år ! Ingen visste at det var ho som skuvde , at ho vart dreven til det . Men ... .

Ho vilde gå , men stod brått og såg det ho hadde tenkt på i alle åra : Gikk det godt med barna , da hadde ho gjort rett , da hadde ho frelst dem . Gikk det dårlig , da , da var ho mordar .

Nei , nei , ho vann ikkje tenke , ho måtte ikkje det . Ho hadde tenkt nok , hadde vore nok redd når ho ottas det gikk dårlig med dem , idag greide ho ikkje meir .

Ho tok eit kjempetak , ho måtte i veg .

Da kjente ho at ho var veikare enn noen gong , ho hadde visst stått for lenge . Føttene var tunge som bly . Ho vart redd , la seg mest framover , ho måtte klare det . Så , endelig , der kunde ho røre seg !

... Ho stansa da ho kom ned på Leitet , såg Nerbygda . Havet var stavstilt , gardane låg i sommardrøm på begge sider Vika . Til høgre Greipstad , farsgarden hennes , der bror Håkon budde . I midten kyrkja , kaia , bryggene og krambua til Jonassen . Heilt til venstre , Skarneset . Langt der utfor ein stad var Sandvika . Utfor Greipstad , Rissletta . Der var dei lange Skårliene . Tvert over sundt låg øyane og ei rad av holmar . Ho vart ståande å sjå på det alt . Det var heimbygda hennes der ho hadde levd eit heilt liv . Og likevel var det som ho såg henne første gongen . Fordi det var den siste , sa det i henne .

Der kom lokalbåten .

Ho måtte seie farvel til han og . Han var noe av bygda . Ho hadde så ofte sete heime i vindauga og set når han kom . Han var eit bud utanfrå .

Ho vann seg nedover . Han låg alt ved kaia da ho kom til .

Det var fullt av folk . Men det var noe underlig ved dem , ho måtte sjå dem over . Nye tankar kom , dei stod så rare , karfolk med hendene i lomma , stod som ein still mur ... . Var det ikkje dette ho hadde lagt merke til dei siste to-tre åra ?

Slik stod dei , hadde gitt seg til å stå med slakke armar . Ho fann ord for det : Tida hadde vore raust i fleire år , ho hadde leika seg med storkrig og kanonar , sprunge løpsk med prisar og pengar . No hadde ho lagt seg beint ned så folk stod og glåmte . Det var ingen ting å gjere meir . Tida hadde vore ei godtante på vitjing frå Amerika visst . No var ho reist sin veg .

Noen mjølsekker kom på land . Det var som armoda kvein i vinsjene , så låg sekkene der . Jonassen var og løyste dem ut og kasta stroppa inn på dekket .

Ferdafolket på båten stod og halla seg til rekka , såg på dei stakkars arme sekkene . Som det var noe å sjå på ! Det var for resten få av dem , båten såg ut som han gikk i søndagsferd , heile dekket var tomt .

Da såg ho at mannfolka på kaia gikk fram til båten , samla seg utfor rekka ved framdekket . Der strekte dei hendene inn gjennom sprinklane . Så kom dei ut att , hadde fanga ei sild .

Ho steig fram , såg der stod tre sildkasser . Såg hendene som var knytte om den blanke vesle fisken , fingrane kjælte kring han .

Ho kom seg ikkje frå synet , det var som det vart drege eit lakan opp , ho såg ting ho hadde ant : Så fattig var tida blitt . Hender inn gjennom sprinklane på ei dampskipsrekke etter ei sild som fjordane hadde vore fulle av før !

Den blanke vesle fisken som hadde vore livberging kvar ettersommar og haust i mannsaldrar . Synet utvida seg , ho såg naust etter naust . Det hadde blitt stilt der . Dørene var lite åpne . Og var dei det , sat karfolka på dørstokken med hendene i fanget . Garna hang inne på bjelkane og morkna i sin eigen bark !

Plent som her , var kroppane slakke , folk var ikkje folk lenger . Dei gikk i nausta for å minnes . Silda kom ikkje med stormbud , så folk måtte av huse .

Eit nytt bruk var komme , posenøtene . Dei fiska i skøytlastevis og selte i skøytlastevis . Prisane gikk så ned at det vart ikkje bruk for garna . For resten stod silda så langt ut , det var bare nøtene som kunde ta ho .

Ho såg kaiene for seg . Dei var tomme i alle fjordar . Der var ikkje sildesaltarar og kvinnfolk som ganna . Der var ikkje kjøparar og seljarar . Fabrikkane var sprotne fram som ugras og gløypte alt for slikk og ingen ting .

Derfor skrangla lokalbåten tom inn alle fjordar , kløyvde sjøen i søndagspuss og fattigdom .

Ho vart urolig , måtte gå , vilde ikkje sjå folket lenger . Slik var det med det andre fisket og . Finnmarka var mest ikkje til meir og Lofoten gav ingen lott . Fisken var snart bare for fremmende trålarar .

Ho festa synet ved husa , det var ei kvile . Da ho kom om kaia , såg ho utover mot Rissletta på andre sia . Bror Håkon hadde vore god som da han var ung . Han hadde vel ikkje glømt at einaste søstera hans ikkje fekk bu heime , derfor hjelpte han sonen hennes , enda han hadde to sønner sjølv .

Husa stod nye , sementpelane lyste i sola . Rart som alt hadde blitt i bygda på noen år ! Det hadde gått ei sementtid over landet , folk hadde fått kjellarar . Møkk og potet , folk og dyr vart skjøtta om . Det var malte stuer og fjøs . Sementmurane stod der og understreka velstanden som hadde vore . Det vart luftig og godt i husa . Det kom kjøpety og god mat , det var ikkje lenger bare sirup på flatbrød . Det vart mindre sjukdom og mindre lus .

Det siste vilde ho ikkje tenke på . Men så gjorde ho det likevel , såg tida da folk løska seg om kveldane i dei små , grå husa . Da dei drap styggedommen mellom to neglar . Da det hendte han kom krypande fram og synte seg på folk i søndagspuss i kyrkja . Såg ho ikkje unge jenter med gnetter i håret ? No hadde dei snart korkje lus eller hår , det var mest ikkje finkammar til .

Sementtida hadde skapt luft og lys og golv som ikkje låg nedi moldbenken og alte smådyr .

Men så hadde det låke komme : folk tente ingen ting . Dei glåmte i ei naustdør eller stod stille ved ein fjøsvegg . Dei snudde garna i nausttaket og tenkte på det som hadde vore . Gikk sia ut og stelte jorda , slo graset og fekk det i hus , gikk i vedskog og på torvmyr , det såg mest bra ut . Men attom visste ho ein stor fare nærma seg , ei uverstid .

Jau , det kom til å hende eitkvart . Ho kjende det så tydelig at det fraus henne nedetter ryggen , ho gikk fortare . Tida var blitt vond etter sementen hadde storkna halvferdig under husa . Eingong understreka han velstand , no understreka han fattigdom .

Ho såg i lynglimt , var med på det ho såg :

Der var dei som strekte hendene inn gjennom ei dampskipsrekke .

Der dei som snudde garna .

Der såg ho barn . Bleike berrfota barn i restar av gammalt kjøpety .

Auga miste glansen , smil fraus bort .

Om folkehopen tok til å røre på seg ! Om han reiste seg oppetter heile dalen !

Det grøss i henne , det kom til å bli eit underlig tog . Eit lementog i dongeri . Eit farlig , grått eitt . Kva kom til å hende da ?

Ho var kommen fram mot heimen , Skarnes . Husa låg nette oppå bakken . Nei , ho hadde aldri set garden slik , hadde visst aldri halde av han slik heller . Såg ho han og siste gongen idag ?

Der var stua , kvitmalt og nett . Der det nye fjøset . Det var ikkje ferdig enda , men sementmuren heldt iallfall verste flomvatnet vekk .

Og der låg naustet . Det var ombygd slik som gutane vilde ha det .

Merkelig nok , ho heldt mest av det huset . Kanskje kom det av at ho var så glad den gongen ho kunde seie til gutane at no kunde dei ta fatt på det og . Enda hugsa ho kor godt det var å sjå på dem og på arbeidsfolket , dei var så lette og snare .

Det vart ein stordag da naustet var tekt .

Det vart ein stordag til : Den dagen da alt sjøbruket var hengt opp og alt i orden som i ei stue . Koppmålsanden lyste over moldgolvet .

Ho hadde vore både kar og kvinne . Ho hadde greidd å stelle landbruket , no var sjøbruket og ferdig .

Kar og kvinne , det var noe ho bar i blodet . Var det kanskje ikkje ei i ætta som til og med hadde rodd fiske i tre år og ein gong sigla ein fullasta fembøring om Senja i nordvestkuling ? Fans det ein mann som hadde gjort ei slik ferd ? Men det var godt å tenke på at det sigla båtar i ætta , at kvinnene styrte somme av dem .

Og likevel heldt det på å gå som det no gjorde !

Isinga i ryggen nådde brått opp til nakken , ho måtte krøke seg for å ta imot . Jau , det var krefta , det var sjukdommen som tærte henne opp .

Det var så vidt ho vann svinge opp stigen frå hovudvegen . Bakken var litt bratt , men så tung hadde ho aldri gått han , ikkje eingong da ho gikk her ulykkelig fordi ho hadde ein mann som pinte henne , tyranniserte og skremte barna .

Det var dem ho levde for . Men dei hadde skremt henne . Det såg ikkje ut til at det kom til å gå så bra . Det var Hans det gikk godt med , han som var faren oppatt ! Han var kommen seg til velstand , han hadde fått ei støvande kone , han hadde barn . Men korleis kom det til å gå dei andre ?

Ho torte mest ikkje tenke på det . Var det verkelig fåfengt at ho hadde drepe eit menneske ? Det kom brått over henne som ein pust frå den evige død .

Det var noe anna og : Ein dom over hennes ætt .

Det ho alltid hadde levd på i dei vanskelige åra når ho vart pint og slegen til blods , når ho såg at barna vart mishandla og forskremte , var at ei ætt stridde gjennom henne mot det låke i ei anna ætt . Ho hadde noe stort ho vilde stri fram . Og så skulde det kanskje ikkje nytte !

Ho stansa , ho hadde hug å løfte staven mot døden , hytte han av vegen . Ho måtte leve , ho måtte stri enda , ho måtte følgje barna vidare . Det var så vidt ho ikkje bles , kva hadde den unge byspretten i kvit frakk med å seie at ho hadde kreft , ho måtte dø ?

Da fekk ho den gamle styngen . Ho måtte halle seg til staven , bite tennene samen , auga drogs att . Ein augeblink tenkte ho ikkje , kjente bare at ho skalv i heile kroppen , at handa på staven svaia att og fram . Så gikk det smått over . Ho åpna auga og såg igjen , tok så smått til å røre seg . Visst måtte ho klare bakken , ho var da midt i han !

Bare det ikkje kom til å gå gale med barna ! Det uroa henne dag og natt , idag meir enn noen gong . Skulde ikkje hennes ætt halde fram ? Skulde det bare bli gjennom Hans , som var lik faren ? Det var Tea på Skarnes som levde vidare , ingen andre .

Ho var kommen opp i tunet . Ho måtte sjå heile bygda før ho gikk inn , ho var glad i alt . Glad i vika som runda seg så vakker , sanden langs fjæra , bakkane oppfor , Storelva og kjosen , Leitet . Kanskje aller mest Greipstad .

Med eitt såg ho at husa der og bar merke etter fattigdom . Var det noe i det ho hadde hørt at Håkon heldt på å misse skøyta ? At dei heldt på å gå frå alt samen ? Stakkars Anna , kona hans , det var ikkje greitt for henne ! Det vart vel ikkje betre når der var kommen ungkone , Ola var gift .

Det gjorde henne så vondt , det var ei forferdelig tid . Det gikk tilbake med alt . Og ingen visste kor det kom til å ende , ingen visste utveg ! Dei kjente bare at det bar nedover . I raset som måtte komme , var ikkje bare hennes , dei var der alle samen . I det grå lementoget gikk alle .

Ei minning fór gjennom henne . Det var den rare drømmen ho hadde her ei natt ho låg og tenkte på bygda .

Ho var kommen til eit underlig land . Det var lite både på sol og luft . Ho gikk åleine , visste bare at ho måtte gå . Vegen var utgammal . Det kom henne for at det var tusen år sia det hadde gått folk der . Noe vondt hadde hendt så folk ikkje gikk der lenger . Kanskje var det eit fjell som hadde dotte i havet og drepe dem ?

Straks etter kom ho på at ho var på veg til eit slott .

Ho gikk det ho vann , men det vart tyngre og tyngre for kvart steget . Så kom ho på at ho var skyld i ulykka som hadde hendt , det var derfor ho måtte gå her .

Da fekk ho eit syn ho aldri hadde trudd ho skulde få . Ved dette rare slottet sat ei mengd folk . Det kom henne for at dei ikkje var fødde , dei var bare dømte til å sitte der . Men dei var gamle likevel . Dei var som utgammalt ty som hadde hange bortgjømt i ein skjå i tusen år . Så retta dei fram hendene sine . Ho visste ikkje kva det var med hendene , dei var små og magre . Men så gikk det opp for henne at det var det dei klaga henne for , hendene var så ubrukte .

Ho stod og ønskte at dei skulde snakke , at dei skulde seie så pass som eit einaste ord , det ropte i henne at dei måtte , at dei måtte være levande . Ho skulde til sist snakke sjølv , men så kjente ho at her kunde heller ikkje ho det . Noe sa henne at dette var den evige pina , at desse folka bare sat og synte fram tynne hender !

Så merka ho at det var barn . Gamle barn . Dei var grønne som gammalt ty dei og .

Ho løfta hendene opp , ho måtte verje seg .

Med eitt fekk dei mål , dei ropte mot henne som dei klaga henne for alt :

" Gje oss luft , slepp oss ut ! "

Ho kunde ha blitt galen der ho stod , ho vilde snakke , men fekk det ikkje til . Ho vilde røre seg , men fekk heller ikkje det til . Hendene var retta opp som ho bad om nåde , ho fekk dem ikkje ned .

Det var einkvan som sa at den grønne fargen var noe farlig som kom til å slå ut i eld og loge når det kom i frisk luft . Da vart det verdas undergang .

... Ho sleit seg ut av drømmen , såg utover vika . Det var som ho skulde be om hjelp . Men det var inga hjelp . Husa på Greipstad var gråe og fattige som før . Det var stilt i kvart naust .

Kjell og dei andre som gikk og tidde .

Folket som sat inne på krambua . Sat for å gå . Snakka for å tie . Alt gikk for seg kring henne , ho hørte ingen ting , ante det bare .

Alt ho hadde gjennomgått vart viska ut . Ho vart eit lite barn i stutt kjole , ho hadde lyst til å krabbe innover trappa , for eitkvart stort var etter og nappa i henne .

Ho dissa visst i knea , det tok til å dimre for syna . Måtte ho ikkje til å skynde seg skulde ho nå stua ?

Steg for steg . Det gikk langsamt .

No tenkte ho visst ikkje .

Da var det med eitt som det farlige i drømmen var over huset . Stod det ikkje i eld ? Var det ikkje lange logar opp frå grunnen ?

Jorda brann !

Ho sette i å rope , skulde springe fram . Så kjente ho at ho datt , såg så vidt at Kjell kom springande ut mot henne .

Så var alt borte .

%Kjell sat åleine inne i stua , kjente seg meir ottefull enn han hadde vore på lenge .

Mor hadde vel ikkje lenge att . Han var tyngd , han vann ikkje tenke på det . Ting etter ting kom for han , hadde han vore snild mot henne , nok snild ? Han visste at han hadde gjort sitt beste sia han kom heim i vår . Men hadde han gjort det før ? Og hadde dei andre søskena gjort det ? Hadde dei ikkje alltid tenkt på seg sjølve ? Og så underlig ho var blitt dei siste dagane ! Ho låg og var redd og urolig , han visste mest ikkje kva han skulde gjere . Han var redd døden , redd alt det som han visste måtte hende . Det var det at han skjønte ikkje korleis det skulde gå . Alt var vanskelig enten han tenkte på henne eller han tenkte på sine eigne ting .

Det gikk inn i kammerset .

Han skvatt til , lydde , Edvard var der .

Han hadde varskudd alle , hadde først gått til Rissletta og varskudd Hans . Men han stod som det ikkje skilte han . Hilda var den som hadde omtanke , no som alltid , ho kom straks .

Mor hadde bedd han å sende bud på dei andre . Og han hadde gjort det . Edvard hadde endelig vunne å rive seg laus frå Vollan og komme nedover idag .

Men jamen trong han mange dagar .

Så hadde mor bedd om at Synnøve måtte komme . Men først og fremst hadde ho bedd han ringe til lektor Haukås , kjæresten til Synnøve . Stakkars mor , ho var blitt glad i han og .

Det var bare det at det kosta å få han i huset . Ikkje så at Haukås krevde så mye . Han var så grei som eit menneske kunde være . Det såg mest ut som han treivst når han kom i ein simpel heim . Men det nytta ikkje , mannen måtte da ha litt stell . Og han vilde ikkje skjemme Synnøve ut . Han hadde kjøpt mange småting . Ei saltbørse . Ein liten duk . Det var tusen ting han såg som mangla , han kunde bare ikkje kjøpe dem , måtte ta det mest nødvendige .

Hilda hadde stukke til han litt frå Rissletta , lånt lakan , stelt sengene , det var som det var livet om å gjere for henne at det var bra til Haukås kom .

Og det vart det og .

Men kva var det som gikk av Synnøve ? Ho var så rar , det var mest som ho ikkje vilde snakke korkje med Haukås eller dei andre . Og ikkje hadde ho enda sagt eit ord om at det var skikkelig stelt heime . Det var mest som ho kom her og kravde , det var så sjølvsagt at alt skulde være slik . Han måtte vedgå at det såra .

Kvifor snakka dei så lite samen ? Ho var inne hos mor av og til , men han hadde ikkje kjensle av at ho sa stort der heller . Derimot stakk ho seg ut i bygda og snakka med folket der .

Det verka visst underlig på Haukås . Han fekk slikt rart glimt i auga , såg nærmast såra ut . Men han sa ingen ting .

Her gikk ein fremmend mann i huset . Han vilde snakke , men det var som han var sett utom alt . Prøvde han seie eitkvart , la ho straks borti det så han tidde . Seinare kunde ho seie harde ord om at det ikkje fans så mye som ein skikkelig spegel i huset .

Det var nett dette at det var komme noe fremmendt over alt som uroa han . Den einaste som var som før var Hilda . Edvard kom her og hadde fremmendt blikk . Synnøve gikk med hard munn og kaldt blikk . Hans kom som ingen ting skilte han . Han vilde gjerne snakke med Haukås , sat halvtimevis og la ut om jord- og sjøbruk , men han nemnte ikkje eit ord om mor . Haukås merka visst alt , sat som han måtte blinke mot det , vilde ikkje sjå .

Kva var det alt ? Vilde dei stikke seg bort alle samen og velte det innover han ? Visste dei ikkje at han skulde bort snart ? Det var først i august no , sist i månaden måtte han reise .

Ei kjensle av samensverjing fekk makt over han . Gikk dei her stilltiande og avgjorde at han fekk ta seg av alt ? Jamvel om framtida hans rauk på det ?

Ingen nemnte mor . Han hadde spurt Hans om dei ikkje burde få henne på sjukehuset . Da hadde Hans svart hardt :

" Ja , har du nokke å sende henne dit med ? "

Straks etter :

" Ka skulde det for resten hjelpe for ? "

Vart han innringa på Skarnes ?

Hilda såg på han med gode auga , det var som ho stansa opp og syntes synd i han . Men heller ikkje ho sa noe .

Haukås gikk ut når Synnøve var inni bygda . Han gikk turar , var nede ved stranda , ute mot Sandvika , han var ein fremmend uten ro . Kunde det verkelig være ein knute på tråden ? Var Synnøve dum , forstod ho da i all verda ikkje kva mann ho hadde fått tak i ? Han kunde få lyst til å riste henne , seie henne sanninga . Men så fekk han ikkje det til , på ein måte heldt ho på Haukås , det var som ho sa , han er min eigendom , la han være .

Somtid stansa han og såg henne over . Han kunde meste bli stolt over å ha ei slik søster . Ho var pen , var så pen at det var eit syn . Og ho var blitt enda fiksare no ho var kommen til byen . Det var ikkje underlig at ho fekk makt over menn , at ho samla opp ein slik som Haukås . Men ho fekk da være folk for det ! Kva var det som gikk av henne ?

Men det han hadde mest kjensle av , var at ingen vilde snakke . Dei syntes synd i mor alle , dei tok det tungt og syntes det var sørgelig at ho måtte dø . Men dei gikk her på ein måte så han trudde han var i ein drømmeheim . Det var unaturlig at dei tidde . Det var tiinga som gjorde han urolig .

No var tre dager gått og ingen ting var gjort . Her kom Edvard . Han hadde vel tenkt å gå . Ikkje eit ord om at han skulde hjelpe til i høya , ikkje eit ord om garden . Han småsukka og såg gudelig ut i blåe lufta , fekk eit blikk som han vilde gjømme seg dersom han skjønte at det bar til å snakke om mor .

Og likevel , idag skulde alt avgjeres . Inatt kom lokalbåten . Synnøve hadde ingen ting sagt om at ho skulde bli heime . Så var alt som det var før dei kom . Mor låg der ho låg . Kva i all verda var det dei tenkte på ?

Det var som han fekk ein knute for brystet , han måtte reise på seg og dra pusten . Var dei blitt galne alle , hadde dei sprunge frå vettet , kunde dei tenke seg at han kunde ta seg av alt dette ? Kven skulde stelle garden i vinter om mor døde ?

Tankane kom , han vann ikkje greie dem . Hadde han ikkje i sommar tenkt på at han skulde overta garden ? At han skulde få post i heimbygda og bu her ? Han måtte tilstå at tanken var god . Men det var da Edvard som helst burde bu her . Hans hadde jord , og Synnøve gifta seg i byen .

Han spilte auga opp . Var det skolegang han tenkte på , visste han da ikkje at han ingen pengar hadde ? At alt heldt på å stanse av seg sjølv ? Han kjente det som han skulde søkke i havet , det fans kanskje inga berging .

Det snakka igjen i kammerset . No var det mor . Han hørte ikkje ordskil , og ho snakka langsamt . Edvard svarte eitkvart . Det var uråd å høre det heller .

Da kom kammersdøra opp , Edvard stod der .

Han var lys og bleik , meste tynn i andletet . Auga flakka med det same , han kunde ikkje sjå på folk . Så tok han seg samen , kneip munnen i hop og gikk til vindauga , stod og såg ut i lufta .

Kjell tenkte å snakke til han , syntes han kjente at nett no var det rette stunda . Det var da dei to som hadde hovudansvaret . Han skulde just spørre , da snudde Edvard seg . Han var blitt ein annan , var heilt rolig og det var som han hadde gjort eit stort vedtak . Han spurte :

" Kor er Synnøve ? "

Han fekk sagt det , ho var inni bygda ein stad . Han sa meir og , det var rart så lite ho brydde seg om mor . Edvard snudde seg brått bort , det var som han brente seg , stod litt urolig . Så kom han til ro att , snudde seg , spurte om han var langt borte :

" Ka tid kjem ho heim ? "

Eit eller anna irriterte , han visste med det same ikkje kva det var , kjente det straks etterpå . Dei tenkte ikkje på mor . Tenkte ikkje på han heller . Han svarte mutt :

" Veit eg det ? "

Edvard snudde seg , stod igjen , så sa han sårt :

" Eg spurte berre . "

Han var harm , han svarte :

" Det kunde vel være andre ting å spørre om . "

Edvard sa ingenting , han stod urørlig og såg ut . Ein augeblink syntes han synd i han , han såg så arm ut . Men så tok harmen til att , slik gikk dei her alle . Han sa sint :

" Kanskje er det tid at eg spørr . "

Det var dørgstilt , meste vondt . Så hørte han Edvard svarte stilt :

" Berre spørr . "

Det irriterte at han stod så rolig , at han var veik , han spurte hardt :

" Ka tenker du at vi skal gjere med ho mor ? "

Stilt .

Edvard stod som han ikkje hadde hørt , han rørte seg ikkje . Endelig spurte han som frå ei anna verd :

" Er det nokke å gjere ? "

Han måtte få vett i han :

" Kan ho ligge på denne måten ? "

Det kom ikkje svar .

Edvard såg ikkje ut , han stirte ned i vindaugsposten , tenkte , igjen såg det ut som han strei med seg sjølv . Så snudde han seg , auga var skye , men han var sterk . Han åpna munnen og skulde svare , men let det være , tenkte igjen , kom seg ikkje til å seie noe .

Han måtte rive han ut av tankane , spurte :

" Ka tenker du å gjere ? "

Da var det som Edvard løfta seg , auga såg ikkje , han var visst ikkje seg sjølv , svarte som i ekstase :

" Eg har iallfall ikkje nokke her å gjere ! "

Harmen fekk overtak , det var det verste han hadde hørt . Han kjente at det var det alle tenkte , han spurte igjen :

" Er det ikkje di mor som det er mi ? "

Ei urlita stund hadde han tak i auga til Edvard . Det var som han las i ei åpen bok , såg at han hadde det forferdelig vondt . Så var blikket hans borte , han svarte sårt :

" Ho har ikkje bruk for meg . "

Han skjønte ikkje , spurte før han tenkte :

" Ka sei du ? "

Edvard gav seg tid som han tenkte på det att . Så nikka han framfor seg med han såg blindt ut i lufta .

" Nei , ho har ikkje det . "

Han spurte igjen :

" Har ho sagt det ? "

Han sat og såg for seg alt . Stod det slik til mellom dem ?

Ein fare nærma seg , Edvard kunde ingen ting gjere . Han såg på han . Da nikka Edvard .

Han måtte samle tankane . Det snørte seg altså samen på denne måten . Da spurte Edvard rolig og blidt :

" Du veit altså ikkje ka tid ho Synnøve kjem ? "

Han svarte og kjente seg sår :

" Nei . "

Edvard sa i like sår tone :

" Eg hadde lyst til å seie farvel til henne . "

Hadde mor spurt etter Finn-Marta-dotra ? Hadde ho kravd svar ? Det var som sjølve lagnaden greip inn . Her vart Edvard og sett utanfor . Og kva var det i grunnen med ordet om at han gikk til Aina ? Var det verkelig sant ? Hadde han tilstått ? Kva var det som dreiv han dit og frå ei slik pen og fin jente som Ester Jonassen ? Heldt han på å gå frå vettet ?

Da sa Edvard det :

" Ho tenker enno berre på dei verdslige ting . "

Han tok etter huva .

Kunde det være sant , skulde han gå ? Han spurte snøgt .

" Går du ? "

Edvard svelgte visst , svarte :

" Ja . "

Ei stund etter stod han i ytterdøra . Han eva seg , var uviss . Så tok han seg samen :

" Hels dem ! "

Edvard var ikkje ute før mor ropte .

Han var inne hos henne . Ho såg på han med sterkt blikk som ho var halvfrisk :

" La han gå . "

Han stod ute i stua att , korleis skulde dette ende ?

Kva var det dei kravde av han .

%Enda var korkje Haukås eller Synnøve kommen . Han visste ikkje kva han skulde gjere .

Da var Hilda der .

Han snakke ut med henne . Ho hørte på , og han skjønte ho forstod han . Det var som han kjente at ho hadde snakka med Hans om det same . Blikket hennes sa at ho syntes synd i han , ho var fri for ord fordi ho visste han var bunden .

Ho var inne hos mor , snakke lenge med henne . Så stod ho ute på golvet att , var ottefull enda ho prøvde være rolig . Ho snudde seg mot han :

" Ho vil ikkje bort , ho må bli her . "

Hilda stod urørlig lenge . Han kjente han sokk der han sat . Han hadde ikkje lov å tvinge mor ut , det var ikkje det han vilde heller , det var til og med skammelig at han tenkte på seg sjølv , han hadde plikt . Og likevel var det så vondt . Det var lagnaden som greip inn og strauk ut vonene .

Hilda nikka framfor seg :

" Det er for resten rimelig . "

Alt var avgjort !

Og likevel pinte det han at han tenkte på seg sjølv , han hadde ikkje lov til det .

%Synnøve og Haukås var på loftet . Dei hadde vore der lenge . Han hørte dei snakka . Ho var ivrig , Haukås tok det meir med ro . Tru kva det var dei snakka om ?

Enda måtte han tenke på at det var rart med denne mannen i huset og kor heldig ho hadde vore . Han skjønte nok alt , han hadde spurt i stad om korleis det gikk med skolen . Det var som han vilde rette ei hjelpande hand , spurte til og med om han hadde penger nok .

Det vermte , var ei von . Fekk han låne pengar nok , vart det vel ei råd med mor og om ho vart heime . Det vaks i han av vilje , det måtte bli slik .

Straks etter var dei tankane rare , han hadde ei kjensle av at det verste av alt kom til å skje : Alle vegar vart stengte . Hadde han ikkje set det i auga på folk i sommar ? Han hadde møtt dei gamle kausjonistane , men dei kjente han mest ikkje , skyndte seg å snu ryggen .

Han hadde møtt bare ryggar ! Og no hadde lagnaden og snutt ryggen til ! Det hjelpte nok ikkje at Haukås sat på loftet og snakka med Synnøve om at ho burde bli heime ei tid , så bror hennes kom seg på skole !

Da visste han ikkje av før han hørte Synnøve kom . Ho såg sint ut , sa med ein gong :

" Eg reiser . "

Han tok det rolig :

" Eg syntes du kunde være heime no . "

Ho snudde seg :

" Jau , eg skjønte det , det var det du meinte då du ringte at eg skulde komme . "

Han sa sterkt :

" Det var kanskje for mykje at du gjorde det . "

Ho stod bleik :

" Har eg ikkje gjort nok ? "

Han spurte :

" Er det ikkje mor di ? "

Svaret kom kontant :

" Har eg ikkje slava nok ? "

Harmen tok han , her gikk dei og snakka om at dei hadde slava , og just så var det mor som hadde slava for dem !

Han sa henne sanninga , han hadde venta ho var litt større . Ho hørte på , gikk sia att og fram på golvet og fekk ropt ut om alt ho hadde slete heime . Det hadde ikkje vore for mye kvinnfolkhjelp i huset .

Han spurte om ho orka stoppe hossene sine like lite no som før . Om ho ikkje snart vilde sende dem heim til mor att .

Haukås kom straks etter ned , han fekk ikkje sagt meir .

Haukås gikk bleik til vindaugo . Synnøve tok til å pakke . Det var som ho flytte for siste gongen . Han skjemtes å sjå det , merka at Haukås likte seg enda dårligare .

Han såg mor for seg , såg livet hennes i glimtvis . Eingong hadde ho og vore vakker og ung . Han hadde set billete av henne , visste at ho var sers vakker . Ho og tenkte på framtid og lykke , men kom inn i eit ekteskap som vart ei uendelig pine . Sia vart det slit og strev frå morgon til kveld .

Og her gikk barna hennes kvar sin veg . Ingen tenkte på henne . Dei fremmende , Hilda og Haukås , tenkte meir enn dei ! Skamma flomma i han , han reiste seg , det fekk gå som det kunde , han sveik ikkje mor si ! Enda måtte det vel finnes ei råd .

Det var så vidt han ikkje stod fram og sa , reis bare Synnøve , gå du din veg som dei andre . Han kjente seg sterk . Om han så skulde knegå heile bygda skulde han ha lån så han både kunde syte for mor og samstundes komme på skole sjølv .

Bygda , han fekk ta eit krafttak med henne !

%Han var alt dagen etter på veg opp til Vollan . Rart for resten at han ikkje hadde gjort det før i sommar ! Men han skjønte sakte kvifor , han hadde gruva for den gangen , hadde ikkje vunne seg i veg før .

Aldri hadde han elles visst det var så tungt å gå tiggarvegen som i dag . Da han tok til på skolen , var det ei anna sak . Det var betre tider og folk hadde ikkje set på han med svartblikk som i sommar .

Kvifor gjorde dei det for resten ? Det var det han aldri kunde skjønne !

Men han måtte i veg . Det som hendte i går da alle kom seg ut av huset og let mor att til han , hadde skremt han . Men det hadde og sett fart i han , enda han mest ikkje hadde fått sove det minste i natt .

Planen var grei : Han måtte på skole om han så skulde tigge . Han måtte låne pengar til skolegang og taus heime . Mor skulde ikkje ha det dårlig , ho skulde ikkje li nau . Så kunde han vel ta seg ein tur heim av og til og sjå til henne .

Resten gjorde vel Hilda .

Nei , det måtte ikkje være vonlaust ! Og likevel brente det i han at det var det .

Han hugsa dei siste dagane på skolen . Alt da kom otten for at han ikkje kom att . Han vart liggande vaken om nettene til han kaldsveitta . Siste dagen sat han og tok teikn av alt , vart enda meir sår . Det var som alt sa han , det er siste gongen du set her . Dører , pultar , vegger og vindauga sa han det .

Han mintes Kari .

Det gav eit sett i han , det var ho som stod attom alt no . Var det ikkje fordi han tenkte så mye på henne , hadde han nok tatt det lettare om han vart heime . For hennes del måtte han vinne .

Ho gikk på same skolen . Han hadde gått og set på henne lenge , ønskt å bli kjent med henne . Men det var vanskelig , ho var alltid samen med einkvan . Det såg ut som alle var forelska i henne . For resten var ikkje det å undres over , ho var vakker og klok , ho hadde sjarm .

Ein dag tok han mot til seg , såg ho gikk åleine inn i lysthuset i skolehagen . Nei , han hadde ikkje stor tru om at ho var åleine . Og så var ho det likevel .

Dei vart der resten av friminuttet . Det var ikkje lang stunda , han fekk ikkje sagt stort . Men dei var da blitt kjente , og blunken i auga hennes der ho stod og lo , fortalte at ho såg alt , såg han var glad i henne , og ho likte det visst . Det mørke håret hennes , den friske hudfargen , alt prenta seg inn i sinnet .

Timen etter kunde han ikkje følgje med , han sat med henne i tankane .

I grunnen hadde det gått for mange slike timar . Han hadde tenkt ti gonger meir på henne enn på leksene .

Men korleis skulde han få tak i henne ?

Ein dag såg han i blada at det var kommen ein stor fiolinist til byen .

Det var løysinga !

Han skreiv ein settel til henne i ein av skoletimane . Vilde ho bli med på konsert ?

Det gikk fleire friminutt før han våga stikke settelen til henne . Dess meir han tenkte på det , dess mindre sjanse syntes han at han hadde . Det var så altfor mange som var etter henne .

Det var siste friminuttet . Han gikk i hagen og var nervøs . Ho hadde ikkje set til den sida han gikk . Eit par gonger prøvde han få tak i henne . Det nytta ikkje .

Dei var på veg inn , heile flokken pressa seg innover trappa . Han var sår , han hadde altså fått nederlag , ho brydde seg ikkje om han .

Da visste han ikkje av før einkvan attom han rørte ved armen hans . Det var eitkvart stukke i handa hans . Han kneip til , visste at det var ho som stakk ein settel til han . Han fikk ein snert av blikket hennes og . Det var bare det at det sa så lite .

Han sat mest heile timen før han tore åpne settelen . Så lenge han det ikkje hadde gjort , var det von .

Endelig ! Han skalv på hendene , såg visst ikkje , trudde til sist ikkje det han las : Ho vilde gjerne bli med . Visste han kor ho budde ? Han fekk komme opp til henne .

Så skreiv ho kvar ho var .

Gong etter gong måtte han lese det . Det var ikkje til å tru .

Dei sat i konsertsalen . Han stal seg til å sjå på henne . Ho hadde makt til å halde han hos seg for alle tider , henne kunde han være tru mot heile livet . Tanken gikk lenger , det heitra i han .

Da måtte han forsvare seg mot det , ho stod høgare enn alle andre kvinner , han måtte ikkje tenke på henne slik !

Ho vart med eitt for god for han . Han hugsa kor han var kommen frå , mintes jentene heime , fiskarbåten og rorbua . Han var sett samen av så mye simpelt at fekk ho vete det , da rømte ho nok .

Han syntes han sokk der han gikk heim ved sida hennes . Det var ein kjellar heime . Kvifor vart han aldri kvitt den ? Kjellaren med segnene om oldefar sine drepne ungar ! Kjellaren med bygdesnakket ! Vilde ho ikkje bli redd om einkvan heime sendte henne eit lite ord om det ? Vilde ho ikkje tru løgnene som folket i heimbygda kunde spreie ?

Han gikk og drog ei bygd etter seg . Og røttene frå ein skitten skøytelugar .

Far som slo mor !

Far som mishandla .

Han vart rau bare han tenkte på det , fekk mest ikkje til å svare når ho snakka . Da la han merke til munnen hennes . Den var så frisk og rau , han måtte sjå og sjå .

Han såg igjen og munnen lo med større varme . Han hadde ikkje opplevd det før at ei jente lo når han såg på munnen hennes . Han måtte sjå det oppatt . Til dei lo begge .

Med eitt stansa ho , kunde dei ikkje gå ein liten tur ?

Kvifor gikk dei på moloen ved hamna ? Han visste ikkje , dei gikk bare side om side . Han kjente armen hennes mot seg , kom somtid enda nærmare . Det var til ein song i han !

Det var sønnavind . Skavlane slo oppetter steinane i moloen , drog etterpå ut så vatnet silte i alle groper . Grønt sli og brun tare synte seg . Lenger ut var havet svart , dei såg ikkje bårene , hørte bare susen av dem . Skumskavlane piska der ute . Vinden var så sterk at det var vanskelig å snakke .

Han stansa , havet var mektig og stort . Han hadde lyst å fortelle henne noe om det , fortelle om Ishavet og mørke netter ombord i ei skøyte . Men så kunde han ikkje , visste ikkje av før han stod og sa , som havet skulde kvinna være , slik skulde ho halde på det ho var glad i .

Ho stod der , han såg så vidt at auga vart store . Så snudde ho seg mot han og spurte :

" Trur du ikkje det då ? "

Han vart glad , han kunde ha tatt omkring henne . Men langt , langt der inne var ei lita uro , det var som han vart litt redd henne .

Han vann over det , var det ikkje slik han ønskte at ho skulde være ? Kunde han ikkje ha stått fram og sagt , gjer meg til din træl . Dess tyngre det blir , dess lykkeligare vil eg kjenne meg .

Sia fekk han følgje henne opp . Dei sat i mørket der oppe og snakka samen . Det var som han var fyllt av andakt .

På heimvegen kom minna att . Korleis hadde han ikkje levd før ? Han vilde stri imot dem , han vilde ikkje bli meir uverdig . Men så kom dei likevel . Det var ein kveld da han bare var fjorten år . Han møtte Åse i Sandvika . Ho var vaksen kvinne , ho var ikkje for han . Men ho bad han gå med , ho var mørkeredd . Som han såg alt for seg enda , stigen ut Liene , Åsen ned mot Sandvika , havet , måneskinnet , gardane som låg mørke .

Jau , han hadde tenkt alt samen , han gikk ved sida og ønskte henne . Han var bare redd , visste ikkje korleis han skulde snakke til henne . Men han fekk henne ned til naustet deres . Hjertet hamra i han da ho såg på han og lo . Ho hadde kvite tenner , auga spurte . Han våga ikkje sjå i dem . Men så gav ho han ein liten klem om armen og gikk med .

Dei sat der inne . Han var så redd at han skalv , kva skulde han seie . Han fekk henne nærmare seg . Ho gikk med på det . Men han kom seg ikkje frå tanken at han var bare ein unge , ho meinte vel ikkje det han meinte .

Da sa ho brått :

" Nei , eg kan ikkje sitte her stort lenger . "

Han visste med ein gong at han fekk skynde seg .

Tanken var ikkje så snart tenkt før han drog henne ned til seg .

Ho var litt mot det med det same . Da var det som han kjente han var eit ungt dyr , han måtte fange . Han hadde visst lese om det ein gong . Det var som han hadde opplevd det og , for resten . Ho gav seg . Han vart vill .

Etterpå sat han og var glad , såg ho tok på seg . Aldri hadde han tenkt det var slik .

Det song kring han da han gikk . Han lo heile vegen . Han lo enda meir da han kom heim .

Da var det første gongen han syntes han såg Edvard , syntes synd i han . Han kunde bare ikkje skjønne det . Hans prøvde bruke kjeft , kva hadde ein skitunge med å være så lenge ute om kvelden . Han reiste seg opp , gikk fram til Hans og såg han sterkt inn i auga :

" Tru berre ikkje at eg er redd deg ! "

Hans løfte neven . Men han stod like rolig . Da hendte det noe , Hans vart så rar , blikket flamma opp , men så gav han seg , handa seig ned .

Frå den kvelden hadde han aldri vore redd Hans . Men Åse passa han på å møte . Ofte vilde ho ikkje , men så gav ho seg likevel . Til ein dag han hørte at ho skulde gifte seg . Det gikk så brått .

... Han møtte Kari att og ho var like blid som før . Vinteren gikk , det tok til å bli vårdrag i lufta . Folk kjørte snøen av gatene .

Isen tinte , men fraus til att om natta . Det knastra under føttene av tynn-is om dagen .

Han gikk turar med henne i blå vårkveldar . Jamvel sølepyttane på vegen var blå . Men etter kvart vart blålyset tynnare , det tok til å bli kvitt . Fortoga vart tørre . Folk stansa i flokkar på bankhjørnet , der dei ofte brukte stå å snakke . Musikken tonte ut frå restaurantane .

Nede på kaiene vart det liv . Det var svart av folk når hurtigruta kom .

Kvite kveldar .

Folk klædde seg lyst . Snart tok det til å bli grønnlet på markene .

Ei natt kom det regn , vårregn . Dagen etter var det sol . Om kvelden var det grønt over alle marker .

Folk arbeidde for livet for å bli ferdig med våronna . Han visste ikkje av før skogen hadde dette lette grønnskjær som minte om tynne klæa på unge kvinner .

Det var Kari alt . Ho var våren . Ho var skogen og engene . Kva han såg og hørte var ei helsing frå henne .

Han måtte gå med henne på restaurant , på konsert , på kino . Der gikk pengane .

Han hadde til sist ikkje til mat , alt var brukt opp . Og kva skulde han ha til næste år , det siste ? Han orka ikkje tenke på det , han kunde likevel ikkje være uten henne , han var dreven av ei makt han ikkje rådde med .

Det var først da han kom heim at han kjente otten til gangs . Folk var så rare . Når han møtte kausjonistane , var det som dei trega på at dei hadde hjelpt han . Hadde dei hørt noe om han og Kari ? Han sa seg at det var ikkje så , det var bare slikt han trudde , kom seg likevel ikkje frå det .

Men kunde kausjonistane våge å stanse han midt på vegen ?

Han vart still , hugsa at dei hadde gardert seg godt , Skar nes stod først og fremst i pant ! Enda det i grunnen var pantsett nok til Boligbanken før !

Men han var glad og stolt da han kom heim , om folket såg rart på han . Mest underlig var kanskje Hans . Han gikk som han var sjuk .

Han vilde ikkje sjå det . Han kasta seg ut i arbeidet , vilde trenge tankane vekk . Han fekk rikt høve til det og , han måtte stå for alt arbeid heime .

For ei tid sia gikk han stad og spurte dei gamle kausjonistane . Det vart nei hos alle .

Kva gale hadde han gjort ? Kvifor sa dei nei no ? Tida var blitt verre , det var så , men var det nok ?

Han vart kald , hugsa at han i lengste laget hadde tenkt på Haukås . Og så fekk han seg ikkje til å snakke med han sist !

Var det fordi Synnøve var slik ? Og kvifor var ho slik ?

Folk gikk her og spurte , det var som dei visste at han ingen veg kom . Det var kjerringar som opna eit vindauga og sa , no fekk han skynde seg så han kunde ta posten . Han visste vel klokkaren hadde fått tæring ? Dei låg ut i vindauga med tjukke bryst og snakka . Men bak orda var smilen , det var mest som dei smilte med brysta og .

Kallane på krambua var ikkje betre . Dei spytta brunt og spurte , spurte og spytta . Bak alt var hån , det var som dei stod og leika seg med han .

Kva var det som gikk av bygda ? Var det ei samensverjing ?

Idag skulde han til Morten på Vollan . Han hadde sett han opp som første mann på lista over dem han skulde spørre .

Bare det gikk godt ! Han skulde gå både lett og glad til næste mann .

Han var straks på Vollan . Han måtte bare stanse og sjå på bygda . Det var dei brune myrane han såg på . Der låg jord til ei heil grend , men alt stod i stampe , ungdommen fekk ikkje jord . Få gifta seg . Presten talte om sedløysa når han stod på stolen , og stemte i skolestyret mot at dei jordlause skulde få litt av klokkarmyrane , som var på tre tusen mål . Forstod dei ikkje at klokkaren måtte ha moltebæra som vaks der ? Hadde ikkje folk moral lenger ?

Presten og gudfader sigra , og ungdommen fekk stå kvarandre bi i nøa si , det var ikkje råd for anna .

Men klokkaren stod i ungdomshuset og snakka om fedrelandet . Ungdommen måtte kunne døy for det .

Ein halvfull ein sa at det var det dei dreiv på med over alt landet no , dei kunde så visst ikkje leve av det .

Det vart dørgstilt . Folk sat og lydde på orda . Talaren lydde visst og . Sia var det vanskelig å få stemninga opp . Elles såg det mest ut som laget sjølvdøydde , ungdommen hadde anna å tenke på .

Han kjente det var tankar han måtte gjere opp med , han vart meir og meir opptatt av det . Det var ei ny tid som kom , han kunde bare få gjort så lite før han var ferdig på skolen .

Han stod i tunet hos Morten .

Det gikk i ei dør der inne . Det var kanskje einkvan som hadde set han og stakk seg inn .

Han såg stua over . Ho var lita men kvitmalt og velstelt . Dei to store bjørkene i hagen hadde vakse over henne , skygde for vindauga . Jau , Morten hadde greidd seg godt unda dyrtida .

Når han gikk til han først , var det fordi at Håkon hadde hjelpt han ut av ei knipe ein gong . Hadde ikkje han vore da , hadde vel ikkje Morten sete med garden idag . Morten måtte vel tenke litt på det no ?

Han kom inn . Prøvde arbeide mot mismotet .

Da var det med eitt som han stod framfor same muren som han hadde møtt i sommar . Kona , Tina , såg nærmast sint ut . Ho såg bort på Morten som ho vilde seie :

" Ser du ikkje at eg fekk rett , han kom ? "

Morten tok imot augekastet ho gav han , blinka ei lita stund mot det , og såg ned , vart brydd , harka ein grand og sa :

" Så , den mannen er ute og går ? "

Han fekk svart på det . Tina sette stol fram , men såg ikkje opp , sa ikkje noe heller , gikk bratt i ryggen derifrå . Nei , han var nok ikkje velkommen her !

Morten sat litt flau ved bordenden , såg tvert over rommet , smatta på pipa , drog ho ut og sa :

" Ja ja , det blei no godver til alt . "

Så vart han sittande på same måten og såg i andre veggen . Kinnkulane stakk raue fram over det store skjegget . Så rau brukte han ikkje være . Og han vart meir og meir urolig , visste ikkje kor han skulde gjere av den ledige handa , prøvde trom me med fingrane på bordet , men slutta straks han hørte lyden . Auga flakka , han vilde seie eitkvart , men miste det visst . Så greip han til pipa att , grov i ho med ei fyrstikke og sa :

" Det har ikkje vore slik sommar sia krigen . "

Tina skar av :

" Ikkje meir det blir av det . "

Ho rugga vondt på seg . Morten vart rauare , klypte med auga mot henne .

" Ja ja , " sa han bare .

Han såg på henne straks etter . Det kom noe gammalmannssårt i auga hans , minte om at han vilde ha henne blid .

Marit , dottera kom inn , stansa ved kjøkenbenken .

Kjell fekk eit langt blikk frå henne . Han glømte dei gamle . Ho var pen , stod rank og sterk ved benken . Ein tanke fór gjennom han : Enn om han slo seg samen med henne ? Var ho ikkje god nok ? Skulde han ikkje bu på landet , kvifor kunde han ikkje ta ei bondejente ? Ein augeblink sat han og trudde det var ei lagnadsstund , han hadde aldri set Marit så pen . Han kunde mest le , da vilde vel Morten hjelpe ?

Han ansa at Tina sat og såg hardt på dem . Andletet hennes var litt ungt med det same han såg på henne , ho likte trass alt at han syntes om Marit . Men så rauna ho og vart streng , fekk tak i ein bunding og sa sterkt til Marit :

" Gå ut og heng opp klæa ! "

Det var mest som ho sa : Eg kjenner Greipstad-folket , du skal ta deg i vare for dem . Han der svik deg som oldefar hans sveik kona si .

Jenta vart rau , gav mora eit harmt augekast og gikk halvt sint ut .

Morten var meir brydd , men roa seg . Det kom eit dødt drag i auga hans . Så levna han til , snudde seg og sa :

" Ja ja , godveret er mest alt vi har att av den gode tia . "

Kjell måtte le , spurte varsamt :

" Var det så godt ver i den tia då ? "

Morten vart opprådd , det var som han først no ansa kva han hadde sagt , mumla framfor seg med skjegget mot brystet :

" Første året iallfall . "

Tina reiste seg der ho sat :

" Det var no ikkje sveltihel som no . "

Morten såg på henne , fekk dødblikket att .

Det var noe attom alt , det vart avgjort eitkvart uten ord . Var Tina redd for at Morten vilde hjelpe ? Han prøvde smile mot henne , det var altså om å få henne blid .

" Ein ting har eg aldri kunna lært og det er å bitte . "

Han peikte på bundingen hennes .

Ho såg kvast på han :

" Ka du sei ? "

Han tok det oppatt .

Da skok ho seg på stolen :

" Den lærer det som treng det . "

Han måtte ikkje gi seg , lo :

" Nei , eg lærte det iallfall ikkje ! "

Ho bøydde seg over bundingen , sa vondt :

" Det fins folk som må ... slite for maten . "

Han skjønte henne , kjente seg sår . Morten skjemtes visst . For resten var det ikkje godt å seie . Kinnkulane var så raue at det såg ut som det var gått eld i skjegget . Kanskje heldt han med henne , kanskje var det nyst før han sprang opp ?

Dette var hans folk , bygdefolket ! Han sat framfor utgammalt hat , det var oldefar og bestefar dei var sinna på . Han kjente seg så sår at han kunde gå straks . Denne murveggen hadde han møtt frå han var barn . Ein augeblink kjente han at han hata dem . Skulde han reise og be dem dra til helvete ?

Det var umulig , han sat og sokk i armoda , såg Kari for seg og alle elevane . Og ei stengt framtid .

Han reiste seg med eitt , sat ikkje her og var til narr for ho Tina på Vollan . Han vendte seg mot Morten og sa :

" Kan eg få snakke med deg ? "

Han gikk mot døra , avgjorde at Morten måtte komme ut .

Tina vart stram i ryggen og hard kring munnen . Det var som ho truga mannen . Morten vart enda meir urolig , han såg opp og han såg ned , sa endelig :

" Ja . "

Han reiste seg seint .

Tina heldt auga med han . Så , der gav han seg over og såg på henne . Det var som dei talte samen , i denne stunda vart alt avgjort .

Dei stod ute på trappa . Morten såg død ut i blikket , stod som han vilde forsvare seg mot eitkvart ekkelt . Nytta det å snakke med han ?

Han tok til å fortelle om skolen , han hadde bare dette året att , han hadde slete og svolte , han vilde fram . No var han tenkt å spørre dei beste mennene i bygda om hjelp til eit tilleggslån .

Han snakka fort . Det svei å seie det han sa , han hadde ikkje hatt middagsmat den siste tida på skolen .

Det rare var bare at Morten vart roligare og roligare dess meir det vart sagt . Jamvel dødblikket kom bort , han stod årvåken og stirte fram i lufta , hadde ein still smil under huda . Kva tydde det , snakka han Morten frå seg ? Inst inne syntes han det , enda han hadde valt orda så godt han kunde .

Med eitt kremta Morten , det var som han vilde fortelle at det var ikkje nausynt å seie meir . Han såg lurt uti lufta :

" Og så vilde du spørre meg ? "

Han fekk svart , fekk sagt at det ingen risiko var , han hadde til og med livspolise .

Glimtet i auga til Morten vart lurare :

" Men dei gamle kausjonistan ? "

Han sa som det var , sa at han undra seg over det , han var da ikkje tenkt å snyte dem . Det hadde gått godt på skolen og . Morten gjorde seg alvorlig :

" Var det likt seg ! "

Straks etter retta han seg opp :

" Det er berre det at eg kan ikkje . "

Det sette seg ein klump for brystet . Morten venta , sa endelig :

" For resten vil ikkje ho Tina . Og du veit , eg har plikt å høre etter henne . "

Moralen ! Kristendommen ! ‐ Han snudde seg og skulde gå . Da kom det liv i Morten :

" Kan ikkje mor di skrive på ? "

Sinnet flomma i han . Morten visste vel at om ho skreiv på , hjelpte det ikkje stort .

Han svarte nei , men hadde mest lyst å slå .

Morten likna ein rev :

" Men er det ikkje offentlige fond du kan få av ? "

Da snudde han seg og svarte :

" Jau , vårherre og moralen . "

Morten stod som han hadde fått eit slag , så vaks han , kom nærmare :

" Den mannen er ikkje te å spotte med ! "

" Nei , dersom dem hadde kunna meir om han dem som tener han ! "

Han var alt på veg derifrå .

Da visste han ikkje av før han hadde Morten etter seg , han kom meste opp på sida :

" Jaså , du spotte gud , hæ ? Tørr du svare ? "

Han vart litt redd , kallen var frå seg . Korleis skulde det gå om han måtte ta borti han ?

Det var best å skynde seg , skynde seg både frå uhygga og ulykka .

Morten følgte enda eit stykke , han snakka ustanselig . Jaså , den mannen skulde bli lærar som spotta gud ?

Da Kjell var langt ned mot vegen , stod Morten enda og ropte . Han snudde seg ved grinda og vinka opp til han . Da var Tina og kommen ut . Ho ropte da ho såg han vinka :

" Vi krysse ikkje skiten så lenge vi har skuffel . "

Han kom seg gjennom grinda .

Her gikk han som ein augeblink hadde tenkt at han kunde gifte seg med Marit !

Han glømte snart det , kjente ein skjelv inst inne . Det hadde hendt noe lagnadstungt .

%Nede i vika møtte han Håkon . Han måtte sjå nærmare på han . Så gammal hadde han ikkje set han før . Var det tvangssal på Greipstad snart ?

Håkon stod lutt i ryggen og stirte frami lufta :

" Korleis står det til med mor di ? "

Han sa det . Håkon stod lenge , det var som han gikk gjennom eit heilt liv . Så la han tankane frå seg og spurte , såg sterkt fram :

" Du skal reise snart ? "

Han fekk så vidt svart at han trudde det !

Ein augeblink såg Håkon , stirte langt og intenst . Så var det som han visste alt , såg bort , sa for seg sjølv :

" Ja ja . "

Og ein gong til det same .

Så retta han ryggen , blikket var nært og varmt :

" Du må helse mor di . "

Han tok på og skulde gå , stansa som han tenkte seg om . Så gikk han .

Gjorde det vondt det at han ikkje kunde hjelpe ?

%Lektor Haukås venta seg ikkje så mye av det , men han hadde da fått Synnøve til å være hos seg på fridagen hennes . Han hadde forklart henne at snart var ferien over , sia vart han vel såpass opptatt at ho slapp være stort hos han .

Det pinte for resten at han måtte tigge henne , han hata det . Det var som han vart smågut . Men han visste inga anna råd , trudde det var det beste han kunde gjere . Det måtte da vel være bare nykker , ho kom vel til å bli folk eingong .

Og likevel , han vart enda meir viss på her han sat med henne på restauranten , at det var alvorligare ting attom .

For det første hadde ho idag vore som elles da ho kom . Ho såg mest fornærma ut for at han hadde masa , såg ikkje på han , munnen var hard . Det var eitkvart i blikket hennes og , han kunde bli urolig over det . Så foreslo ho at dei skulde gå både her og der . Han gikk med henne . Det var bare det at dei var ikkje så snart komne fram , så vilde ho ein annan stad . Kvar dei kom var ho misnøyd .

Så var dei da hamna her på utferdskaféen langt utfor byen .

Han snakka til henne . Ho hørte ikkje på han , auga var alle andre stader . Det skar , han var harm , han syntes somtid at han hata henne . Skulde han reise seg og gå , skulde han seie henne at han gav seg fa'n i ei jente som ikkje brydde seg meir om han ?

Han kjente det var rett , han skulde kanskje ha gjort det for lenge sia . Men han visste like visst at han greidde det ikkje no . Ho var mystisk , ho kom kanskje til å bli det og . Han kunde bare ikkje gripe inn så lenge han ikkje skjønte henne heilt .

Det erga ikkje minst . Her sat han framfor ei tenestejente og vedgikk at han ikkje skjønte henne !

Den same pina . Den same nedgangsvegen . Han orka ikkje tenke på det .

Endelig såg ho på han . Han skulde just til å snakke . Da var det bare det ho vilde at han måtte tinge meir vin .

I kveld var ho rarare enn noen gong før . Kva var det som gikk av henne ?

Han ropte på serveringsdama og bad om vinen , snudde seg mot Synnøve :

" Er du i dårlig humør ? "

Ho drog på akslene .

Han spurte igjen :

" Du kan vel si hvad det er ? "

Han tenkte det var pengar ho mangla , visste at slik hadde ho stelt seg før når det galdt det . Ho vart litt blidare i andletet , men med eitt rauna ho , snudde seg mot han :

" Ka skjell det deg ? "

Det gav eit sett i han , så langt var det altså komme . Han vart sint , han kunde gjerne ha slått i bordet , men så stagga han det , kjente etterpå at han var mest dømt til det . Han kunde aldri bli sint på henne , enda det stakk han så ofte at ho var simpel . Det var ikkje det ei tid . Da ho var utrygg på han , var ho annleis .

Igjen kom tankane at han hadde stelt seg dumt , han hadde blitt for glad i henne , han hadde gitt etter for tidlig . Men kva råd var det no , han vann ikkje med å være simpel mot henne .

Vinen kom . Dei drakk . Han såg ho tømte glaset som ho var ein gammal drikkar . Det og erga , kva var det for slag menneske han var blitt glad i ?

Da kom musikken . Det var tre menn . Ein spelte piano , ein fiolin og ein dragspell . Rommet fylltes , det var mest uråd å snakke . Det var for resten det same , ho såg ikkje han meir , ho sat bare og stirte på musikarane . For kvart stykke klappa ho vilt . Han kjente han vilde sjå det , sat og festa synet , han vilde halde på det . Nett slik skulde ho være . Bare ho dreiv på ei tid på den måten vart han vel eingong ferdig med henne . Det var mest som det lo i han , ante ho kva ho gjorde ?

Innimellom drakk ho . Meir og meir . Klappa høgare . Sat som ho var frå seg .

Han såg folk omkring fekk auga på henne . Eit par ungdommar bøydde seg mot kvarandre og lo , kviskra , såg på henne og lo igjen . Han vart skamfull , det gikk for vidt . Hadde ho drukke for mye ? Korleis skulde han få henne til å slutte ?

Han fann på eitkvart å snakke om . Spurte , gav seg ikkje . Det nytta like lite .

Musikarane vart merksame på henne . To av dem lo . Ho såg det ikkje , sat bare og stirte på dem .

Han kjente han vart rau , han sat da her og vart utskjemt . Skjønte ho ikkje at alle kjente han i den vesle byen , han som var lektor ?

Ho drakk enda meir . No såg han at ho var full . Han sa dei måtte reise , han måtte heim ein tur . Ho vart rasande , trudde han at ho fór så snart ? Vilde han , kunde han godt reise for hennes del , ho skulde iallfall sitte her . Ho såg han frekt inn i auga og tok det trassig oppatt , han kunde bare gi seg i veg .

Ein augeblikk tenkte han gjere det . Men så visste han at var ho først kommen i det laget , nytta det ikkje . Sat ho att , tok ho sin hemn . Ho kom til å skjemme han ut så han var ikkje vatnet verd , han måtte heller få henne med seg .

Han var gjennom harm . Slik ho sat der hata han henne , og likevel var han glad i henne . Det var det som var tragedia , han elska eit slikt menneske . Han kunde mest seie det høgt . Vart enda meir harm , drakk , han gav seg mest over . Her hadde han hatt det vondt for hennes skyld . Ho rei på det at ho visste han elska henne , ho gjorde seg nytte av det .

Han såg for seg kvinner han kjente . Alle var betre enn ho . Mange av dei var oppglødde for han . Han visste at han bare hadde å gå til dem , han kunde det likevel ikkje . Det var ho han var glad i , og han vart det meir og meir .

Han såg på henne , kjente igjen den stille gleda at bare ho dreiv på å være simpel , måtte han vel ein gong få nok .

Det grov i han at han hadde vore dum og reist heim med henne . Ho hadde fått eit overtak til . Ho visste at mange av kjenningane hans var på kaia da dei fór , han var bunden . Det var det same gamle at ho nytta ut alt . Han hadde ikkje møtt eit menneske som kunde rekne ut sine ting så godt som ho .

Men kva meinte jenta ? Snakka han om at dei skulde gifte seg , vart ho vill , ho tenkte ikkje på slikt . Fekk ho derimot sjå eit brev hos han som ho trudde kunde være frå ei jente , vart ho frå seg . Han måtte ikkje ha med andre å gjere , han måtte heller ikkje komme henne for nær .

Da la han merke til at musikarane stod og gjorde åpent narr av henne . Han vart mest edru , han kunde ikkje tru seg . Jagu vinka ho ikkje til dem og ! Dei lo .

Han snakka til henne , det raste i han . Ho aksla seg mot han og vinka igjen . Så drakk ho heile glaset ut .

Det var greitt at det kom til å gå gale . Ho tok etter veska , men slapp henne i golvet . Ting ho hadde i den fór utover . Folk såg på henne og lo . Snart sat dei der og var til beste for heile restauranten !

Han plukka sakene opp til henne . Da oppdaga han at ho passa på å fylle glaset , drakk det ut i eit kjør .

Ho sat og stirte på han . No var ho full . Han hadde ikkje set blikket hennes slik før . Så simpel hadde ho aldri vore . Var det for resten ikkje hat i det blikket ?

Det var det han ofte hadde tenkt , ho hata han .

Igjen mintes han andre kvinner . Mintes elevane på skolen . Dei var unge , men dei var da damer . Og her hadde han gått til ei av sitt eige folk , og så var ho så simpel .

Han drakk , det var kanskje best at han drakk mest mulig av vinen , så vart ho ikkje fullare enn ho var .

Tanken skar i han som hån . Han hadde tatt til å drikke sia det vart slik mellom dem . Ho var skyld i alt , her sat ho og dreiv han til å drikke så alle folk såg på . Han vart i enda dårligare humør , han hata henne snart .

Han såg på det mørke vakre håret , dei velskapte hendene , fingrane , auga . Hatet gikk bort , det var ho han elska . Han elska henne så han kunde bli galen . Og så gikk det verre og verre for kvar dag ! Snart orka han ikkje anna enn drikke .

Han sa seg at det var gale , han sokk bare enda lenger når han drakk , krisa vart verre . Men kva skulde han gjere for å glømme ?

Verst var det at det gikk ut over arbeidet . Snart gikk han vel her og heldt av henne til han var ferdig med alt .

Ho såg halvt sint på han , sa :

" Drikk ! "

Han hata ordet , han kunde ha reist seg og gått .

Men så såg han at ho lo så underlig . Best det var sa ho :

" Inatt blir eg hos deg . "

Han vakna , vart reven ut av tankane .

Kunde ho verkelig meine det ho sat og sa ?

Hadde han vore uvøren mot henne før ? Hadde han kanskje skremt henne ?

Han vilde tru det , kjente mest at det var sant . Det var derfor at ho hadde drukke slik i kveld .

Han såg blidt på henne .

Blodet steig til hovudet , han glømte alt . Hørte ho sa igjen :

" Vi blir der lenge . "

Han svarte , han var glad . Enda han ikkje likte at ho sa det så simpelt , ho lo breitt og rått . Det uroa han .

Han vilde dei skulde gå straks . Da vart ho som før , ho vinka , ho var enda meir dum .

Ein av musikarane kom mot dem , kom heilt til bordet , stod og stirte på henne . Ho smilte mot han , såg ingen ting anna .

Han måtte få fyren derifrå , vart sint , bad han fjerne seg straks . Mannen såg hånlig tilbake , var frekk .

Han reiste seg rasande , fyren gikk .

Han sa henne sanninga . Ho prøvde rase mot han , men så såg han at ho var hjelpelaus full . Ho kjente det brått sjølv og vilde reise .

Han fekk klæa på henne , hjelpe henne opp av stolen , stødde henne ut . Det var skam at ho var slik , men han måtte gjere det .

Ute i bilen seig ho saman . Han måtte halde henne oppe .

Brått hørte han at ho snakka rått . Han hadde aldri hørt henne gjere det . Ho snakka meir og meir .

Det bar han imot med det same , men så vart han grepen av det . Det var da slik han vilde oppnå henne . I førstninga da han var kjent med henne , var dei samen slik . Sia hadde det hendt at ho var blitt glad i ein gut . Guten gikk sin veg , det vart brått slutt mellom dem . Ho vart vond av det visst , ingen fekk komme henne nær . Han vilde iallfall tru det .

Med eitt sat han inne i stemninga frå den gongen ho fortalte om den andre . Dei var fulle . Ho vart rar , tok til å gråte . Han visste ikkje kva som vanta henne , fekk henne til divanen , lokka og trøsta henne . Det nytta ingen ting . Han drakk meir .

Da sa ho alt .

Kanskje var det fylla som gjorde at han syntes tilståinga var så vond . Han kom seg visst aldri frå dei kjenslene meir . Han visste ikkje av før han sat og såg henne i armane til ein annan ! Billetet prenta seg inn i sjela , kom til å være der alltid .

Han slapp seg laus der han sat i bilen , dette var oppreisinga , ho skulde være hans i natt ! Det svimla mest for han , han tilgav at ho var slik på restauranten , tilgav alt det andre og .

Ho skulde bli hans ! Kanskje var dei over dei vonde dagene som hadde pint så ! Han klemte henne til seg , hørte orda hennes att , sat og vart tatt av dem .

Aldri hadde han gitt seg over slik .

Dei var inne på rommet .

Straks la han merke til at ho vart ei anna . Det var som veggene fraus henne bort . Han kunde ikkje tru det , fekk henne til å legge seg . Det var same stemninga som da ho fortalte om den andre . Han heldt på stemninga .

Da stod han slått , ho skuvde han vekk , låg full , det var alt .

Han sat i stolen og såg på henne . Ho låg uvørent . Han såg underklæa , såg dei vakre leggene , låra . Best det var krøkte ho føttene under seg , han såg heile henne .

Han greidde det ikkje lenger . Stemninga i bilen var over han . Var han ikkje mannfolk , skulde han ha det lenger på denne måten ? Han gikk til henne , det fekk skje som skulde skje .

Ho reiste seg imot han , skuvde han vekk som før . Han gav seg ikkje .

Ei stund visste han mest ikkje kva som gikk for seg . Ho vart heilt vill , auga var fulle av hat , munnen fortrekt , ho klorte . Han tok imot det og , trudde ho han var så lite mann ? Da krøkte ho seg samen , sette beina i brystet hans og spente av all makt .

Sinnet heitna i han . Han reiste seg i forakt , han var da såpass mannfolk og .

Han sat ei stund og drakk . Så vekte han henne , fekk henne heim .

Ho sat som ei fille i bilen , kom det for han .

%Endelig var han heime . Så vart denne dagen som alle andre . Før han visste av det , gikk sinnet bort , harmen , alt det simple ved henne og . Han tok til å trege på at han hadde vore hard mot henne . Det var same soga , hundre gonger sat han nedfor etter nederlaga med henne og var meir harm på seg sjølv . At han aldri kunde lære å ta det rolig og ikkje mase på henne !

Minne etter minne kom . Han hadde ein venn som var børsesmed . Ein gong hadde han vore så langt ned at han fortalte han alt . Han gjorde det i fylla , måtte ha einkvan å snakke med . Enda han visste at mannen som sat framfor han ikkje hadde særlig mye kunnskap , var ikkje hans jamlike . Likevel , han visste at var det noe den mannen hadde greie på , var det kvinnfolk . Arnold Vik var kjent for det over heile byen . Han var ikkje eingong pen , kvinnfolka visste om korleis han var , like fullt var dei etter han . Han hånte dem , han bad dem reise til helvete , dei kom bare snarare att .

Vik hørte på han med store auga . Så sette han i :

" Develn , ho må ha kur ! "

Han lo mot svaret , han visste korleis det kom til å gå , Synnøve let seg aldri kue .

Vik heldt fram :

" Si til et kvinnfolk at ho skal dra til helvete , si at du går og leker dig i en annen port , du kan forbanne deg på at det blir ikkje lenge før ho kommer . "

Nei , nei , han kunde ikkje tru Vik .

... Han fall i tankar . Såg for seg den vesle byen sør i landet der han var frå . Han hadde alltid hatt det vondt . Han var einaste barn , faren døde så tidlig at han hugsa han mest ikkje . Men mor heldt heimen oppe . Ho skurte og vaska ute i byen , sleit frå morgon til kveld .

Alt tidlig fekk han høre at han hadde gode evner , han skulde bli noe . Han forstod det vart mors drøm , ho sleit enda meir . Han fekk bøker , han skulde gå på skole . Ute i husa fekk ho klæe til han . Dei passa sjeldan , men ho var glad for å få dem .

Det var i grunnen det såraste minnet frå barneåra , han hadde aldri klæe som passa . Det hendte jamvel at ein gut i skolegarden sa at dei klæa hadde vore hans . Som det svei ! Han hadde lyst å gjømme seg . Det hendte og at einkvan peika på han , klæa var for store eller for små .

Han greidde det , gråt av og til , men sa aldri noe til mor . Han sat bare forkommen når han såg ho kom med ein klæpakke . Han prøvde klæa , hørte ho var glad , visste bare at dei passa ikkje .

Det hendte at ho kom med klæe til seg sjølv . Da orka han ikkje sjå på det , han gikk ut . Somtid hata han mest heile byen . Det var som dei dreiv på å øydelegge mor for han .

Det kom ei tid som var enda verre : Dei andre gutane hadde pengar til å be jentene med seg på kino , dei hadde nye klæe , nye sko , ny huve . Dei var mest ikkje til å kjenne att ! Han hadde ikkje sko , ikkje gamle eingong , han var berrføtt . Dei pengane han hadde fått ved å selje blad , måtte mor få .

Det var ei jente han aldri kom til å glømme , vesle Tordis . Ho tok han i forsvar når dei andre gjorde narr av klæa hans . Ein dag kom ho og stakk noe i handa hans . Han tok det , åpna først handa seinare . Det var fem og tjuge øre .

Sia stakk ho ofte noen øre til han , passa på å springe sin veg etterpå . Til ho ein dag kom med ei krone .

Han fortalte det til mor . Ho vart så underlig . Han skjønte .

Tordis med blanke auga ! Han stod og heldt av henne , sa ikkje meir , men var bleik . Sia på kvelden kom ho og spurte stilt , kva heitte den jenta , kven si dotter var ho ? Han sa det alt , kjente at det var som han hadde stole pengane .

Tordis kom att ein dag med ei ny krone . Ho såg så lykkelig ut , auga skein . Ingen av dei andre barna var der , så ho fekk tid til å seie :

" Mor vil det . "

Tordis med blanke auga ! Han stod og heldt av henne , kjente det så han skjemtes . Men så slo eit billete ned i han : Mor som vart sår , var fattig . Mor hennes som hadde pen kjole og gav Tordis pengar .

Han kunde ikkje ta imot , det var uråd . Det ropte i han , vil du såre mor att ? Han stakk krona til henne , snudde seg , greidde ikkje sjå henne og sprang sin veg .

Heime kasta han seg i senga og gret .

Noen dagar etter møtte han Tordis . Da såg ho hatefullt på han , så gikk ho fram og fekk tak i ein annan gut , heldt han i armen og gikk snøgt nedover gata .

Den kvelden gret han og . Den såre gråten som hadde følgt han heile tida sia .

Tordis vilde aldri sjå han meir . Han vart sårare og sårare dess lenger det lei . Han kunde bare ikkje seie noe til mor om det .

Dei andre gutane hadde pengar og jenter , han hadde aldri det . Det var bare ein stad han tok kameratane att , i skolen .

Byen lo til han . Men ein dag kom da dei ikkje gjorde det , han vart kandidat . Dei helsa på han . Det gjorde bare så vondt å komme dit . Ikkje minst etter mor døde . Han hadde ikkje pengar å reise heim da ho låg sjuk , eller til gravferda . Fattigkassa ordna alt . Byen grov ned det einaste han hadde kjært .

Han mintes meir , mintes den tida han var glad i Åshild . Han skjønte ikkje at ho brydde seg om han , men ho gjorde det . Han kom inn i ein fin heim i hovudstaden , far hennes var ein landskjent mann .

Det var ein siger , den store sigeren . Han kjente han vart menneske . Og alt låg åpe for han . Overalt var han godt mottatt . Professorane hadde og tru på han .

Han vart ferdig ved universitetet og måtte ta posten nordpå .

Ein dag tok han så til med doktoravhandlinga .

Men så fekk han brevet frå Åshild , ho skulde gifte seg med ein annan .

Nei , han vilde ikkje tenke på det nederlaget no , vilde ikkje tenke på den tida han tok til å drikke , det var for langt borte idag . Det var andre ting som var verre , tok meir .

Men han vann ikkje arbeide da heller , han gikk ute . Og så kom kvelden da han var ved danseplatten og såg Synnøve første gongen .

Ho stod åleine saman med noen venninner . Han la straks merke til henne . Han hadde mest ikkje set friskare og penare jente . Og slik reine drag i andletet ! Han visste ikkje av før han stod og fann ord for det , det var berre ei god ætt som kunde fostre ei slik .

Han fekk danse med henne , fekk vete kva ho heitte , at ho ingen kavaler hadde , at ho var opptatt med venninnene . Ho kunde derimot møte han ein dag seinare .

Det var ikkje stor tru han hadde på møtet , han ottas at han hadde vore for full første kvelden . Og så vart han enda meir opptatt da han såg henne att . Det gledde han at ho var tenestejente , han vilde ha ei av folket , han sletta Åshild ut med det .

Ho kom att , tok til å stelle så smått åt han . Det var ei åpenberring bare det , ei ung kvinne stelt på hybelen hans ! Og ho kunde det , hadde eit stilt lag så han bare sat og smilte .

Det gikk ikkje lang tid før han kjente seg fletta samen med henne .

Det kom ein dag da ho sat og var sturen . Endeleg fekk han vete kva det var , ho hadde ikkje pengar til kjole . Han tok seg i det , skulde han verkelig gi henne pengar ? Men så hugsa han sin eigen barndom , var det ikkje han som hadde gråte for klæa ? Han gav etter , han sa han var ein tosk som ikkje hadde tenkt på det . Skulde ikkje jenta hans ha noe å gle seg over ?

Han gav henne pengar , gav henne på nytt seinare , gav alltid . Og det var ei still glede at han kunde det , han var meir glad enn ho .

Og så kom kvelden da han fekk henne .

Nei han vilde ikkje minnes det no !

Han gikk i stor stemning dag etter dag . Han stod i skolen og såg over overklassejentene i ein småby . Han såg faktene deres . Dei var ikkje kvinner , dei var drivhusplantar . Dei vart skapningar for han , ikkje meir . Han vilde bare drive dem fram , og det gikk uvanlig godt . Han hadde alle elevane med seg , han visste han var godt likt ute i byen .

Kva gjorde det at han las lysinga for Åshild ? Han sat og las den intenst for å prøve om han hadde att ei kjensle for henne . Andre kvinner hadde auga etter han , gode kvinner , kvinner frå gode heimar . Dei var plantar dei og . Det var Synnøve som var livet , var kjøtt og blod .

Han beit tennene saman der han sat , det var for vondt å minnes , det var da nett kjøtt og blod ho ikkje var . No skjønte han at ho hadde gitt seg til han for å få klæe . Ho hadde drege kjolen av for å få ein ny . Ho hadde tatt buksa av og late han gjere det han vilde for pengar til ei anna . Ein dag kom da han sat fattig att og bad om at han måtte være den første som fekk sjå henne i den kjolen han betalte . Ho lovte det , men kom ikkje , sa kaldt sia at ho hadde ikkje hatt tid . Det var etter at ho hadde fått plass på restauranten og hadde slutta som hushjelp .

Så kom dagen da ho fortalte at ho var forelska .

Men det som drap alt for han , var at han aldri hadde vekt henne , han fekk sjå sanninga i auga . Ho var som eit barn første gongen han møtte henne , ho var det alltid sia . Ho bar seg , han måtte være snar , det gjorde vondt . Det hadde vore ei glede første gongen , ho var fremmend for dei ting . Sia vart det det som pinte han mest . Ei jente med fin hud som bar seg , eit barn som låg angst var alt han hadde opplevd .

Verst var at nett det gjorde at han vart enda meir glad i henne , enda meir bunden , han måtte vekke henne . Greidde han ikkje det , var han ferdig .

%Han sat inne og drakk . Det var snart morgon . Han drakk , orka ikkje legge seg . Næste dag var øydelagt likevel , han kunde ikkje arbeide . Men kvifor klart han ikkje vekke den kvinna han heldt av ? Var det hans skyld ?

Han undra seg , ho var kvinna frå folket , den friske jenta frå landet .

Hadde det da heller ikkje noe å seie for henne at ho kom i trygge kår ? Kven var ho ?

Og skulde han verkeleg gå til grunne for henne ?

%Synnøve gikk snøgt gjennom gata , var litt nervøs . I grunnen var ho sint for det , visste ikkje kvifor ho var slik . Men på den måten hadde det visst vore alltid , ho vart bare meir og meir nervøs .

Kvifor skulde ho ikkje ha moro ? Ho mintes den tida ho hadde huspost . Det var selskap , ho fekk arbeidet med å stelle til , varte opp . Når det var over , måtte ho gå å legge seg . Langt inni sømnen hørte ho dei andre hadde det morosamt . Somtid vakna ho av at dei lo , visste med eitt at no var dei fulle . Ho var bare så barnslig at ho trudde det livet var ikkje til for henne .

Somme av dei unge mennene hadde eit godt auga til henne . Ein og annan stal seg ut på kjøkenet med ho stod og vaska opp . Ein hadde kyst henne og sagt ho var for god til å stå der .

Den natta drømte ho at han kom inn . Han la seg over henne , var eit troll som vilde henne vondt . Ho vakna med det same og hørte dei lo nede .

Sia hadde drøm-angsten vore over henne , det var noe som var etter henne . Jamvel no , enda ho skulde møte si beste venninne , Guri , og dei skulde ut og ha moro . Ho kunde ikkje for det , ho tok snøgge steg , måtte sjå seg tilbake . Kva gale gjorde ho med det at ho gikk ut litt ?

Med eitt var dei tankane vekk , der borte kom Guri smilande .

Det var uvanlig mye folk i gata . Unge jenter kniste og lo , ærverdige ektefolk var på heimveg frå selskap eller tur . Attåt var byen full av sildfiskarar . Det var blitt så mye sild at hamna var full av båtar som låg lasta og ikkje fekk levere til fabrikkane på fleire døgn .

Ho såg seg spent omkring . Det var morosamt å legge merke til dem , dei var så friske og livfulle .

Fleire prøvde å snakke til dem . Men dei svinga forbi , ho visste ikkje kvifor . Det var det at ho måtte fortelle for Guri , ho kunde ikkje skjønne at ho alltid var redd , det måtte være noe rart . Kanskje var ho ikkje heilt frisk .

Dei var komne nord til torget , hadde stansa litt med verste folkestrømmen gikk forbi . Ho stod nett og sa at no var ho meir redd enn noen gong før .

Guri gjorde først store auga . Så kom det smil over heile andletet , ho sette i å le :

" Du er vel ikkje på vei ? "

Det varte litt før det gikk opp for henne kva det var Guri meinte . Så med eitt skjønte ho det , dei stod og storlo begge to .

Da stod brått tre fiskarar framfor dem og vilde vete kva det var dei lo til . Ho kjente seg angst med det same , det var visst farlig . Men så var dei så morosame , og auga til Guri loga , ho hadde visst lyst på leven . Før ho fekk tenkt seg om , svarte ho , det var som ho jaga angsten bort med det .

Gutane vilde ha dem med ombord . Først tenkte ho det var ein umulig tanke . Men så vart det farlige så lystig . Ho såg folket over . To var unge , men den tredje var minst førti år . Han var så stygg at ho hadde ikkje set det verre . Det var bare det at han var den mest morosame . Han kom heilt bort til henne og sa at han var den styggeste mannen på jorda , men no hadde han verkelig råka til å møte den penaste jenta vårherre hadde fått til den siste mannsalderen . Da var det greitt at han måtte få sjå nærmare på henne . Ho kunde ikkje anna enn le , såg at mannen hadde stutte bein , han var bleik og likna ei padde . Det var så lystig stygt at ho kunde ikkje seie nei , ho såg på Guri , såg at ho og vilde i veg der ho stod midt mellom dei andre to . Det var som ho sa , dei drep oss no iallfall ikkje .

Dei gikk med . Gutane lo og prata , dei var heilt overgitt glade . Ho måtte sjå på mannen . Han hadde sterke furer ved munnen , store tenner og høg panne . No likna han ein hest . Ho mintes med det same at ho alltid hadde vore redd hestar , ho hadde vore det frå ho var barn , hadde drømt dem ofte og vakna forskremt . Somna etterpå trygg og rolig fordi det bare var ein drøm .

Dei gikk ned kaitrappa . Da la ho merke til at sjøen hadde falle svært , det måtte være store flør . Det var ei minning frå tida heime . Ho vart sint på det , angsten var der , eit lite spørsmål om kva det var ho gjorde no . Skulde ei kaitrapp og ligge henne i vegen ? Ho skalv litt da dei var i båten , det var så tirrande . Men dess tryggare var ho på at det var rett det dei gjorde .

Hest-mannen slo armane kring henne i båten , sa at ho burde ha venger så pen var ho . Men så heitte han Oskar , det var da mest enda eit lite kongsnamn .

Ho måtte sjå på armane hans og hendene . Dei var tjukke og sterke . Det kjentes som ho stod og reiste mot han , som ho hadde vedtatt i sømne å stå still om eitkvart farlig kom . Ho visste ikkje av før ho lo mot han , hørte som i drøm at Guri lo samen med dei andre to .

Oskar jumpa lett inn på dekket da dei kom til skuta . Det var underlig , her vart han meste vakker .

Underlig og , da dei kom ned , sa han at dei ikkje måtte være redde . Dei skulde bare ha litt leven . Så slengte han på kjelen , sa at dei skulde ha dram og kaffi .

Sia henta han fram grammofon .

%Dei hadde sete lenge . Det tok til å suse i hovudet . Men i grunnen var ho ikkje redd . Det var vel helst bare pumpelukta ho ikkje tolte .

Ho måtte sjå på lugaren . Dei hadde tendt lys , men det var litt skumt . Ein hadde lagt kappa på , det var ikkje verdt at skipperen fekk høre at dei hadde jenter ombord .

Blikket gikk til køyene . Der var skitne sengklæe . Kring veggene hang gangklæa . Alt var skitte , ho syntes mest at ho alt var i veg med å vaske . Rart at dei ikkje hadde einkvan til å gjere det ombord .

Ho sat og såg på sengklæa . Da gikk det ei ottebåre gjennom henne , det var ei røst som sa henne , du har lyst å ligge der . Ho såg på Oskar . Han sat og såg blidt på henne . Handa hans kom fram , han strauk henne over armen . I grunnen skulde ho ha skuvd handa hans vekk , men ho let det være , det var eitkvart som batt henne . Aldri hadde ho opplevd slikt , ho syntes det var dette ho hadde drømt om alltid . Det var liksom her ho skulde ha vore . Klæa hadde ei makt over henne som ho ikkje kunde skjønne .

Ei lita stund sat ho som ho ikkje såg dei andre . Ho hørte levenet , visste kor ho sat . Men ho datt liksom ut av det . Det var det at det gikk opp for henne noe ho aldri hadde visst om : Dei skitne klæa hadde makt over henne . Ei stund tenkte ho at det kom av at ho i barneåra syntes det var så rart med klæa far kom heim med . Det gikk skøytelukt av dem , og så var dei så uflidde . Seinare var det det same med gutane . Ho hadde opplevt det den gongen og , nett dei klæa kunde ho ikkje glømme .

Men aldri hadde ho visst det så tydelig som no . Ho sa seg at det bare var eit møte med bygda , men så kjente ho at det var ikkje det . Ho vart redd tankane . Det var som det åpna seg eit djupn i henne . Det var det ho hadde vore redd visst .

Ho såg dei andre . Tenkte med redsle på at dei kunde lese tankane hennes . Det var uråd å komme frå det . No såg ho inn i auga til Oskar . Ho kunde ikkje la være å stire på dem . Ho sat og svaga i det , hadde lyst bare å gi seg over , la han forstå kva det var ho tenkte . Så syntes ho at auga hans var vakre . Ein liten augeblink var det bare det ho såg , som ho sat i eit underlig skinn . Men så såg ho igjen at han var stygg . Det var bare det at her i lugaren klædde det stygge han . Ho kunde ikkje skjønne det . Prøvde sjå han for seg i gata . Han var umulig stygg der . På eit hotell eller ein restaurant enda verre . Ja , om det så var heime i bygda , gikk han ikkje an , ho hadde ikkje kunna gått ved sida hans der . Og likevel sat ho trollbunden . Enn om han såg kva ho tenkte ? Til sist syntes ho at han gjorde det . Ho fekk lyst til å ta borti han . Det var som ho sakte prøvde , let han sjå litt av tankane , litt til , så alt .

Da visste ho ikkje av før dei sløkte lyset .

Ho vart så redd at det gikk eit sjokk gjennom henne . Straks etter hørte ho Guri mest illskreik . Men det var ikkje vondt , hørtes ikkje slik ut . Ho forstod at dei to klemte henne , at dei hadde henne ned på benken . Alle tre lo visst .

Oskar fekk tak i henne . Ho vart redd . Hendene hans var over henne , overalt . Ho skulde skrike , ho skulde rive seg laus , komme seg opp . Men så var det så spennende at ho vilde kjenne det ei stund til . Ho hørte på Guri at det var visst ingen fare .

Det verste av mørket gav seg , ho skimta dei andre borte på benken . Dei hadde Guri mellom seg , kilte henne visst . No såg ho det kvitna i underklæa når Guri sparka og lo . Synet tok så rart , ho visste ikkje kva det kom av , det hadde slik dragande makt at einkvan vart pint . Ho kunde meste ønske at dei gjorde meir med Guri , ikkje noe svært farlig , men farligare enn dette .

Ho skulde sjå , vilde få greie på kva dei gjorde . Da tok Oskar omkring henne , bøydde henne inntil seg so ho ikkje fekk sjå . Ho vart litt erg med det same , strei mot . Men så visste ho ikkje av før ho var inni same stemninga som da ho såg køyene med sengklæa . Ho tok imot for å verje seg , men ho vart veikare og veikare , det var som armane gav seg av seg sjølv . Ho såg tydelig for seg klæa i køyene , svarte vegger , alt var grovt og simpelt .

Han hadde hendene under klæa hennes , han var vill og sterk . Ho sat med den rare kjensla , her i båten var han vakker .

Nei , ho skulde ikkje gi seg over , ho var da herre over seg sjølv . Men ho måtte være med på det litt til . Og enda litt .

Det var mest som tankane kom bort , no , no var han der . I ein slag drøm merka ho at det var blitt stilt på benken . Ho hørte bare hikst og pust . Igjen syntes ho at ho såg Guri for seg der ho låg . Straks fór det kaldt gjennom henne , kva heldt dei på med ? Guri , kunde ho våge ! No hørte ho tydelig . Ho vart så redd at ho vilde rope , Guri måtte da ikkje være galen . Men ho kunde det ikkje , det var denne underlige kjensla at dei tok Guri med makt .

Da var Oskar over henne , braut henne ned på benken .

Ho skulde nett sette i å rope , da ein lyd skar tvert gjennom rommet . Ho hørte straks kva det var . Ein småbåt la til sida , folk jumpa innover rekka . No hørte ho røster og tramp inne på dekket .

Oskar var alt oppe , dei andre og . Ho skalv så redd var ho , stod og sletta klæa . Så tendte ein av dem lampa . Guri var ikkje ferdig med å få på seg , ho såg vondt mot lyset og protesterte mot at dei tendte det . Så snudde ho seg vekk og fekk på seg .

Det var så vidt ho var ferdig da dei andre kom ned . Ho sat på benken og var rau over heile andletet . Best det var sprang ho opp og kravde at dei førte henne i land .

Dei andre prøvde halde leven med henne , men det nytta ikkje . Ein vilde halde henne att da ho gikk opp leideren . Ho slo , spente til sist mot han så han fór tilbake og sa :

" Ho spenne pinade som ei merr ! "

Kvifor var Guri så sint ? Ho var det enda da dei stod i småbåten og Oskar førte dem på land . Ho rista på seg , skok akslene og sa :

" Isj ! "

Og seinare :

" Svinfyrar ! "

Oskar såg på snei nedover henne og lo skeivt . No var andletet hans verkelig stygt .

Dei gikk sør gjennom byen . Ho syntes alt var så rart . Gatene var stille og kvite , heile byen sov . Bare her og der såg dei ein eller annan som hasta heim , stakk opp ei sidegate og kom seg inn .

Ho såg det , men det var ikkje det som opptok henne . Heller ikkje at Guri gikk og tidde , var sint enda . Nei , det var dette at otten som ho hadde kjent før i kveld var heilt borte . Og at det hadde hendt noe med henne . Først synet av lugaren , klæa , folka , alt var noe som hadde drege på henne . Ho kunde bare ikkje skjønne kva det tydde . Ho kunde mest ha gått ombord igjen . Men ho kunde da ikkje det , for Guri . Nei , nett for henne . Det andre var synet av Guri da ho låg på lugarbenken . Ho hadde aldri tenkt på det , det slo bare ned i henne . Ho vilde tenke på det og , var mest glad for at Guri tidde . Ho vilde sjå henne for seg der ho låg og der ho stod etterpå . Ein umulig tanke slo ned i henne : Ho hadde lyst til å ha samme makt over Guri som dei andre . Ho kunde bli skremt , kjente det tydelig at tankane var farlige . Det var som ho åpna ei dør inn til noe dødsfarlig . Det raraste var at ho med det same syntes ho hadde kjent dei tankane ein gong , ho hadde i redsle stengt dem inne . Det var så ho kunde tru ho hadde sove i mange år og først no vakna opp . Var ho blitt rar eller kva kom det av ? Ho pusta tungt , vilde riste tankane vekk . Fekk tak i armen til Guri og smetta sin inn i hennes . Ho halla seg mot henne , kjente det varmt og stort at det var godt å ha ei slik venninne , ha Guri . Ei som ikkje var prippen og ekkel . Ho måtte sjå henne inn i auga . Kjente ho vart rolig av å gjere det . Guri smilte til sist mot henne , sinnet gikk bort . Det var så rart å legge merke til , ho hadde makt over henne likevel . Ho vart så takksam at ho kjente det vermte i sinnet . Ho fekk med eitt lyst til å være god . Først vilde ho stryke Guri over håret . Ho gikk og såg det for seg korleis det skulde være . Guri skulde ligge i pene reine klæe , og så skulde ho stryke henne over håret og kinna til ho somna . Ho vilde gjere noe godt for henne , sy henne eitkvart eller kjøpe henne eitkvart pent . Guri hadde aldri fått noe skikkelig pent .

Gata var straks slutt , dei var der ho skulde gå inn . Med eitt svinga ho ut av gata , sa :

" Eg går med deg , Guri . "

Guri gjorde store auga med det same . Men så lo ho :

" Det er visst første gongen du føl meg . "

Jau , ho såg det tydelig , ho hadde aldri følgt Guri , det var Guri som hadde følgt henne . Alle menneske hadde følgt henne . Det slo henne så ho måtte sjå det for seg ein augeblink . Da var det som alt det gode i henne valt fram , ho vilde bli god , vilde være det mot Guri . Ja , ho vilde visst være det mot alle menneske . Ho såg dem og for seg . Det var mest dei heime . Ja , og så dei to jentene som budde samen med henne i rommet over restauranten . Ho vilde være god mot dem . Men Guri vilde ho stryke over håret .

Da dei skiltes , måtte ho gi Guri ein klem . Det var noe ho aldri før hadde gjort .

Merkelig og , ho skjemtes av det . Var ho da så eigenkjærlig ?

Ho låg lenge og tenkte på det om natta . Det var to ting som hadde hendt . To krefter hadde fått tak i henne : Ein lugar og ei god venninne . Enda drogs ho til begge .

Men det var det med Guri som vann . Ho somna i at ho låg og såg henne for seg , at Guri hadde komme til henne . Ho sa visst namnet hennes og :

" Kjære Guri . "

Alt det farlige gikk bort , og ho fekk same lysta til å være god . Først mot Guri , sia mot andre .

%Solsteiken hadde vart frå tidlig morgon , lufta var heit og still .

Hans stod heime på Rissletta og slo . Det hadde vore ein tung dag . Alt som kunde krype og gå måtte være i arbeid , guten som bare var seks år , Helfrid som bare var fem . For ikkje å snakke om Hilda .

Han måtte smile når han tenkte på det , han hadde ei grepa kjerring når det bar til i arbeidet . Det var kraft , det var arbeidsrase i henne .

Ho hadde bare den lette kjolen på seg når ho stod i rakinga . Han såg dei kraftige leggene , såg i tanken kne og lår . Han kunde sverjet på at han hadde gjævaste kjerringa i heile bygda .

Det var bare det at slikt kunde han ikkje seie til henne , det var slikt ein aldri skulde seie til eit kvinnfolk . Den kunsta hadde han kunna frå han var unge , han kunde tie nok til kvinnfolk . Han lo igjen , han kunde meistre dem !

Det var for resten rart at så mange ikkje kunde det ! Han såg både den eine og den andre for seg . Korkje Edvard eller Kjell var stort tess i den lei , og såg han dei andre karfolka borti grenda , stod det ikkje rart til der heller . Han måtte tilstå han vanvyrde dem , det var ikkje mannfolk som ikkje kunde styre ei kjerring .

Men så måtte ein ha vett i skolten skulde ein greie det . Han måtte tilstå det og , han trudde ikkje dei hadde stort av det noen .

Eit sårt minne kom for han , mor hadde alltid halde med Edvard og Kjell . Den siste var no reine engelen hennes . Annleis hadde det vore med far , han hadde vel tidlig set kven som vart mannfolk . Han kunde mest bli varm når han tenkte på det . Mang ein gong hadde han rusla samen med far , når han talte ut . Det hendte far sa beintfram at både Edvard og Kjell vart kjerringar . Kanskje var det far som hadde lært han kva kvinnfolk var .

Det var minne som ikkje bare var gode : stundene når far og mor var uforlikte . Rart at dei kunde ha det på den måten . Det gjorde han mange gonger vondt , huset var delt i to . Edvard og Kjell heldt med mor , han heldt med far , og Synnøve , ja ho stod visst midt imellom og var ingenting . Ho var liksom skapt til det .

Men at dei kunde halde ut å ha det slik i vekesvis ! Verst var det med maten . Han såg faren likte maten mor laga , men han kom og sa , du Hans , vi et ikkje det der . Så rusla dei i naustet og åt tørt brød og spekesild . Det var salt , det var vondt , han kunde ikkje sjå på faren , for han sat og såg for seg den gode maten heime på bordet . Der sat Edvard og Kjell og åt han opp . Det var som far skjønte eitkvart , han snakka ustanselig , leita fram dei beste betane og sa , ta den , og den . Det var uråd å springe opp til den gode maten . Fars store hender , auga hans , det gode i røsta ! Nei , dei fekk ha maten og varmen i stua . Når dei hadde ete , kunde far seie :

" Dettan er mannfolkmat . "

Så fortalte han om gamle dagar , om bestefar og oldefar . Dei måtte greie seg med enda dårligare kost . Han sa litt godt om Greipstadfolket og da .

Jau , han var glad for alt no , det var godt å bli herda . Far sa ofte , skulde ein bli mannfolk , måtte ein ikkje være blauthjerta . Ein måtte kunde ta ein tørn i stua skulde ein makte å ta ein tørn ute . Den som var blaut nok til å bøye av for kvinnfolk var ferdig i denne verda .

Det var store og kloke ord .

Billete etter billete frå hendingar i barneåra kom . Det var som ein film . Idag såg han dem tydeligare enn noen gong . Det var rart med det , han såg alt tydeligare dess lenger det lei . Somtid hadde han fått den tanken at han var på reis mot faren , mot alt det far hadde stridd for og vore miskjent for .

Det var ting som ikkje var vakre å sjå på , han visste det . Men han kunde like godt sjå dei med ein gong , det var mandig . Ein måtte lære seg til å sjå livet i auga , sjå det som det var . Det hørte med til livet .

Jamvel om ein måtte ta ei kjerring i nakken eller hive ein unge bort i ei krå . Det var sakte noe i andre hus og . Det var alltid noe slikt i kvar stue i verda . Det var veikskap ikkje å sjå det , veikskap at ein ikkje skjønte det .

Det var sant at faren hadde bede han vanvyrde mor . Det var sant at faren hadde loge når det galdt å fortelle kor mye betre og djervare andresonen var enn dei andre . Det hadde uroa han ofte det , han heldt ikkje dei mål faren la på han . Han hadde lege vaken om natta somtid og vore redd for det . Men idag forstod han alt , idag hadde han kunna rusla heim og tatt faren i handa om han hadde levd , og takka han for alt . Faren hadde set lenger . Det var handlingar som skulde komme han hadde tenkt på . Det var pålegg om å bli mann når han roste .

Han strekte seg der han stod . Mangt var ikkje godt , det var sant , uforlikskapen var av det vonde . Det hadde heller ikkje alltid vore morosamt å høre det far sa om mor . Ikkje om morslekta heller . Han hugsa godt den gongen faren fortalte om fa'n som gikk laus på Greipstad . Men det var verkelig noe i det , der hadde vore ei tenestejente og lausungar . Og oldefar som var så lur , kunde det ikkje være han ?

Det var heller ikkje bra å tenke på når far slo . Når han slo mor , aller minst . Men , ho hadde halde av far . Og det var det han hadde lært av far , dess hardare ein heldt ei kvinne , dess meir elska ho . Aldri kunde han takke nok for den lærdommen . Han visste så vel i dei unge farlige åra korleis han skulde ta dem .

Han hadde stått og kvilt seg til ljåen , no måtte han slå . Det var minne som var verre , dette at det ikkje gikk så lett med Hilda . Han dreiv henne i arbeide , ho var lydig slik . Men neimen om ho var god å drages med . Han hadde fått makt over alle andre , bare ikkje over henne . Likevel , det måtte gå , han var da herre i sitt eige hus .

Han hugsa ein gong faren sa :

" Det lønner seg for alle ting å være herre i huset . "

Det som uroa han mest med henne var dette at ho tok til å legge seg borti hans saker . Han fekk ta henne utav auga , han fekk seie henne sanninga . Her tok ho frami jamvel når han skulde tukte ungane .

Det var ikkje fritt for at han beit tennene samen , men musklane gav straks etter , det var ikkje lett å vinne over henne . Dessuten var ho av gode folk . Nils Larsa i Hamna var ikkje til å spøke med , heller ikkje brørne hennes . Det var det at ho kunde føre opp dem . Det var meste så han hata dem . Når han ein gong viste til det han hadde fått gjort i nedgangstidene , kunde ho stå der med ein halvsmil om munnen , ho kunde sjå på han som ho vilde til å spørre om brørne hennes var dårligare . Hadde ikkje dei kanskje jord og gard ? Hadde dei ikkje båt og ?

Han slo hardt frami , han kunde sverje , han tok snart til å hate henne . Kvifor gikk ho ikkje avstad og tok det der utpissalammet , han Ottar i Dåfjorden ? Han fekk vel til å spørre henne om det ein dag , kvifor fór ho ikkje dit ? Hadde ho kanskje ikkje komme nokså sjølvbeden til Skarnes siste jula før dei gifta seg ?

Han hadde eit minne til : Hadde ho ikkje set med blide auga etter Edvard i dei dagane ho var der ?

Han vilde vekk frå dei tankane , han måtte tilstå at han hadde vore redd for Edvard . Han hadde stått opp ei natt og gått til henne , gjort gjerninga så ho vart hans . Bare fordi han var redd for sin eigen bror !

Fordømt og at han ikkje hadde gitt seg tid ! Så ho hadde komme att og tigd . For det hadde vel ikkje blitt meir med henne og Edvard enn mellom han og dei andre .

Da hadde det vore eit ris og tukta henne med . Fa'n at han hadde vore så dum ! Han slo graset framfor seg , det var som han slo dei vonde tankane . Det skulde ha vore herlig og hatt noe han kunde tvinge henne på kne med kva dag han vilde ! Da hadde ho vel ikkje vore så bratt i nakken som ho no var .

Men han fekk være mann for å ta henne uten det ! Bøye henne dit han vilde .

Det var for resten ikkje bare dette med Edvard den gongen . Han kjente han vart heit i kroppen , var det ikkje noe framleis ? Kvifor fór ho her og syntes synd på Kjell ?

Han heldt opp å slå , snudde seg om og såg mot Skarnes . No var ho nett kommen derifrå . Kvifor kunde ikkje Kjell og Edvard halde taus ? Kvifor skulde han sende kjerringa av garde for å hjelpe dei fåmingane ?

Nei søtten om han var sjalu ! Han var da ikkje sjalu på sine eigne brør , men det var eitkvart brennekkelt i blikket hennes . Var det same ertinga som ho brukte den gongen ho kom til Skarnes ? Han hadde sverje høgt , kva helsiken var det med henne ! Ho var ikkje som andre kvinnfolk . Gikk ho til Kjell for å gjere mannen sin liten ? Det måtte være det .

Ord ho hadde sagt kom for han :

" Stakkars Kjell , han har det ikkje godt . "

" Undre meg på om Kjell har fått kokt middagsmat i dag ? "

Ho kunde sitte ute i høyet med dei drakk kaffe og seie når han hadde snakka om viktige ting :

" Eg trur eg ser bort til han Kjell i kveld . "

Det var som å bli skoren i mange stykke . Ho hadde altså ikkje hørt noe av det han hadde sagt !

Det hendte ho kom inn ung i auga og sa :

" Du så brun Kjell er , eg trur han er svart over heile kroppen ! "

Ho kunde bli ståande som ho såg det for seg . Han vart ein gong så sint at han sa :

" Koffer fa'n ser du ikkje etter ! "

" Vil du det ? "

Han kunde tygge stein så sint var han . Men han var da ikkje svartsjuk på sin eigen bror , han var da menneske , han kunde da vel fa'n gale tukte både eit kvinnfolk og ein skitlest . Vilde ho ha han på kne , da skulde ho få kjenne kva stål var .

Det hadde hendt at han hadde komme inn av marka og sett seg til middagsbordet og snakka om heradstyret , nedlate seg til å snakke til eit kvinnfolk om det . Da hadde ho brått sagt :

" Eg undre meg på om Kjell stakkar har fått seg kokmat idag . "

Nei , han var ikkje svartsjuk på sin eigen bror , men det var det han var sint på , at folk gikk og sa stakkar . Han hata det ordet ! Det var uverdig , det skapte krøplingar og dagdrivarar . Han hadde hata det frå han var barn . Mest hata han det hos mor . Han hata handa hennes når ho kom og strauk , han hata tårene ho hadde i auga og det veike blikket .

Det var ilt å tenke på no , men han hadde just da set på magen hennes for å sjå at ho var tjukk og stygg . Det hendte han bante over bibelsoga fordi mor snakka så vakkert om Jesus og alle dei andre veike . Når bare ein eller annan var veik nok , så heldt kvinnfolka med dem . Det var det same hos jentungane . Han hugsa frå skoledagane , hadde ein devel fått blodete nase , så var skjørteflokken opprørt . Det var til å seie tvi over .

Han hugsa ei lita brun ei han hadde likt , ho kom fram og sa dyr ein gong han hadde spent ein dåspeis . Enda hugsa han kor fri for ord han vart . Men han såg nedover henne som han såg på mor og sa :

" Kjerringmage . "

Jenta stod bare og glåmte . Sia tolte han ikkje sjå henne .

Ho gjorde både det eine og det andre for å bli forlikt , men han heldt henne vekk . Det var godt . Han vaks av det .

Jau , han gikk ved at han kjente seg som mann når han heldt kvinnfolka der dei skulde være . Dei hadde å ly , ikkje å kommandere , vårherre hadde da skapt dem til kvinnfolk .

Hilda skulde nok få sitt .

Han vakna opp av at han hørte dei brynte ljå inni vika . Dei slo alle no . Det var så godt å høre , det minte om styrke , om jord og mat og kvinnfolk . Han kunde meste ta det opp att , jord og mat og kvinnfolk .

Det var mannens rike !

Bruk og sjøstøvlar og naust !

Han snøste , kva vart det av denne veikskapen med å synes synd i folk ?

Igjen såg han bygda , hørte av og til ljåane som skar seg inn i tungt gras . Der fall det . Der vart skårgongen liggande som ein mur etter .

Med eitt såg han bort til Skarnes . Der var endelig Kjell kommen seg på marka . Det var rart så seint det gikk der i år . Han undra seg på korleis mora tok det . Det var første året ho ikkje var med i høya . Men kunde Kjell skjønne at det var meining i å ha det på dette viset ? Graset stod og vart trena meir og meir . Det var tydelig å sjå at det rauna på rabbane . Jau , det skulde bli vinterfôr som sa seks ! Han såg lynsnart Hilda for seg . Pinade , var han ikkje arving han som dei andre ? Kunde han sjå rolig på at alt gikk tilbake ? Skulde han stad å tvinge dem i arbeid der borte ? Eller drive dem ut av huset !

Det båra brått i han , Hilda fekk kanskje gå meir til Skarnes enn ho vilde ! Skulde han tvinge henne til det , ha to gardar ?

At han ikkje hadde tenkt på det før ! Han stod glad , det kunde hende han synte dem nytt ein gong ! Det var meste som han såg folk lo mot han .

No kunde mor ligge der og synes synd i dei andre ! No fekk ho sjå kva ho fekk att for det ! Var det ikkje store ting ? Var dei ikkje blitt svære karar ?

Han vilde betterde inn og seie det til Hilda .

Han var alt på veg , tørka hendene på buksa og lo . No skulde han ha litt moro med henne . Alvoret skulde han gjømme vel til tida kom . Men det måtte da vel ein gong gå an å få vett i henne og .

Han var mest framme ved stua da han vart ståande klumsa , der låg Helfrid på rygg i sola med beina i veret og hendene frami skrevet . Ungen hadde ikkje bukse på seg eingong !

Alt det andre var borte , han såg bare ungen . Ho hadde altså ikkje slutta med det der , enda han hadde smikka henne på fingrane før . Men det var ikkje å vente anna , Hilda heldt med henne . Han beit tennene samen , det var vel stakkarsdommen som skulde forsvares der og . Han var med eitt borte hos jenta , fekk henne i nakken .

Det var litt sårt å kjenne den vesle barnekroppen skjelve slik , han var da far . Men det nytta ikkje , her måtte gjeres eitkvart , det måtte bli slutt på tullet hennes .

Han rista ungen forsvarlig , beit tennene samen mot det veike i seg og gav henne noen skikkelige klafsar . Ungen høgskreik som han stakk henne , men han slo , det skulde være slutt med trollskapen . Til sist tok han hendene hennes , la fingrene samen og gav henne rettelig hundtukt .

Han slengte henne framover vegen . Ho sprang og gret . Føttene gikk som trommestikker . Han såg ho var kalvbeint , at føttene var lubne . Nei , han var far , han hadde ansvar , han måtte være hard .

Det skulde være godt å ta til åt Hilda no . Han hadde tidlig set at ungen hadde den uvanen , vårherre visste kva det kunde bli av henne ! Men han sa straks til Hilda at det måtte gjeres noe med det , fortalte at han hadde hørt av dei gamle at beste råda mot slikt var å klæ eit par våttar på hendene og ha dem bundne om halsen på ungen .

Hadde Hilda hørt på det ? Ho hadde set foraktelig på han og snøst . Da han eingong hadde våttane på ungen , vart ho rasande .

No skulde han så gu minne henne så grundig om det at ho hugsa det ein annan gong .

Han stod i døra , kjente han var sint , han kom til å seie sanninga , han kom til å seie mer enn han hadde tenkt . Da stod ho der med jenta på armen . Ungen skreik så det var ikkje til å høre mannemål . Han vart litt stuss . Hilda kom fram mot han , han hadde ikkje set auga hennes slik før , vart paff av orda :

" Eg kan berre seie deg at tek du til å bli Kristian på Skarnes , skal eg ha med deg å gjere . "

Han tok spenntak mot orda . Det var første gongen han hørte at ho nemnte var hans . Han fart rasande , tok eit steg fram mot henne :

" Ka er det du sei ? ! "

Ho løfta brynene , vart skeiv i munnen , ropte mot han :

" Kristian Skarnes ! "

Han kunde ha slått , fekk ein lynsnar tanke om å gjere det med ein gong . Det kribla i armen . Ho såg snøgt nedover han , stod tett inntil han . Han kjente heit pust , ho sa :

" Gjer det , Kristian ! "

Det svartna for auga hans . No , no slo han , no slo han så ho låg der . Ho hadde ikkje noe med å klandre far . Men så såg han auga hennes . Var ho galen ? Hysterisk ? Han snudde seg vekk . Eitkvart sa , du gjer det ikkje denne gongen , det er andre måtar å ta henne på . Han kasta huva bortpå ein stol og gikk til bordet , sa ergerlig men ikkje rasande som ho :

" Du kunde no ha hadd bukse på ungen ? "

Ho var like sint :

" Det var kanskje den slags bukse du skulde ha hadd på deg ! "

Igjen loga sinnet opp i han , det var så vidt at han sat det over . Trudde ho at det var ho som hadde makta her i huset ?

Brått lo han . Gjorde det så ironisk han kunde :

" Hold med stakkaran du ! "

Ho vart meir rasande :

" Ka er du for nokke ? "

Han svarte i same tonen :

" Sjå bort til Skarnes . "

Ho vaks :

" Der er ikkje lenger nokken som tek på små ungar ? "

Det svei , men han styrte seg :

" Du kan jo sjå til mammadiltan der . "

Ho fekk ikkje mål for seg , tenkte ei lita stund .

" Er du avundsjuk ? "

Han geipa mot henne :

" Nei , men du kunde jo gjere deg eit ærend dit . "

Der kom noe kvitt fram i blikket hennes , ein liten glimt så han vakna . Ho vart rau , tok jenta , gikk rolig mot døra og hadde henne ut . Så vendte ho tilbake , kom enda roligare mot han . Han hadde aldri set slikt . Ho stansa framfor han , bøydde seg mot han og sa :

" Så , du har altså fått den tanken at du ikkje er nokke i senga heller ? "

Kva i all verda meinte ho ? ‐ Han måtte trekke pusten djupt , måtte ta blikket tilbake . Han skjønte at det var eit forferdelig våpen . Det var som ho stod og bora ein kniv djupt inni han . Han vart såra , her hadde ho eit våpen ho alltid kom til å vinne med .

Han fylka alle krefter ein augeblink , men så var dei borte . Det var som Hilda hadde skore ei livsnerve av med våpnet sitt . Han måtte opp , han måtte ut . Han skuvde henne av vegen og gikk mot døra , han måtte skynde seg før ei ugjerning hendte .

Da hørte han ho lo kaldt etter han :

" Ja så , du vart fri for ord no , Kristian ! "

Enda kunde han ha snudd , enda kunde han ha gått tilbake og drepe henne . Men han greidde det ikkje .

At ho kunde håne hans eigen far ! At ho kunde spotte ein død mann !

Enda ute på trappa kjente han at han kunde snu , han gjorde det bare ikkje . Ho hadde rørt ved eitkvart han brått var blitt redd .

Han såg faren for seg . Det kvakk i han , han måtte bort frå tankane , han vilde ikkje tenke på far . Far , nei , han såg på sjøen og fjellet , det var da slik sol i dag .

Han måtte frå stua , komme seg i arbeid . Men tankane var der likevel , greip han . Var han ikkje heimlaus nett no ?

Verst var det at i denne stunda heldt han av henne meir enn før . Det var så tydelig at han kunde gråte . Ei underlig uro sneik seg inn på han , han hadde ant at ho skulde seie noe slikt ein gong . Men at det var så vondt ! At ho sa det i den tonen , at det fekk slik makt over han ! Han var heimlaus , han kunde gå bort for alltid !

Med eitt var han sint , han måtte trø det under føtter , syne kven han var .

Vesle Gunnar kom med det same opp frå sjøen . Han bar eit lite fiskestell med seg , hadde to tre mort i eit snøre .

Guten kom smilande mot han , kom som han vilde ha dei gamle godorda oppatt , at han vart mannfolk når han interesserte seg for sjøbruk .

I denne stunda hata han det .

Kvifor var ikkje guten inne og passa boka si ?

Var ikkje dette eit høve å ta att på når han jaga guten inn ?

Han gikk mot han , sette i :

" Kom deg til boka ! "

Straks etter hadde han guten i nakken og skyssa han føre seg inn , kjente at sinnet vaks , var det ikkje han som skulde styre i huset ? Han skulde syne henne alvor !

Ho stod ved benken da han kom inn . Han såg henne ikkje , gikk framom og heiv guten ned på ein stol ved bordet . Så fann han i abcboka og la ho fram , spurte om han vilde sjå til å lese no .

Guten bøydde seg , hadde tårer i auga . Det var ekkelt , det var same blautskapen .

Han kjente at ho stod attom , stod på vakt . Han vilde trasse , vilde bøye henne , sa sint til guten :

" Halvvaksne mannfolket skal gå å drive dank , du skal bli ei fin køyse , eit fint kvinnfolk ! Det er vel nokken som skal seie stakkar til deg ! "

Det brast for guten , han sette i å storgråte , tårene tippa ned i boka . Så sa han hikstande :

" Eg , eg , eg er berre seks år . "

Han skulde ta bort i ungen , gi han det grundig . Da var Hilda der . Snøgt tok ho boka frå ungen , snudde seg , drog skjørtet opp og stakk boka i bukselåret .

Så lo ho vondt og skeivt .

Han stod brått klumsa , tenkte han måtte syne kven han var , han måtte ta att som aldri før .

Men så var det snøgt som handlinga hennes avvæpna han , var same våpnet , han var nedfor . Det var uråd å tenke , han hadde bare ein ting å gjere , komme seg ut .

Han var alt på veg , snudde seg i farta mot guten og sa :

" Berre bli kjerringpilt du , men vis deg ikkje for meg . "

Han kom seg ut , syntes han hørte ein liten lått igjen frå Hilda . Det var så han måtte skynde seg .

Han stod ute på bakken , var han redd ? Skalv han ikkje ? Kva i all verda var det slag usynlig våpen ho hadde ? Var det blikket , var det fliren eller var det orda ? Han kjente at det var eitkvart farlig han ikkje var ferdig med . Det kom kanskje til å vare livet ut .

Han såg bygda , han syntes han hørte ljåane synge . Han såg vikabukta var still , at sjøen var blank og at det var godvershausar på himmelen . Det vart godver og sol i morgo og , ein ny stor høydag . Det kom han bare ikkje ved , han var sundknust inni tanken .

Da kjente han at han hata , hata visst alle menneske .

Han så utover bygda , han kunde gjerne ha gått på dem i denne stunda .

Sinnet tok han , kvifor rista han ikkje kjerringfa'n ? Da såg han det var rett det han hadde gjort , han kunde da ikkje bruke handmakt så lenge guten var inne . Han gikk til slåtteteigen , men var urolig .

%Det var noen dagar etter .

Kvifor ikkje ta eit oppgjer med Håkon ?

Han var i naustet og såg Håkon heldt på å stelle ein småbåt heime hos seg . Det var laglig å seie han eit ord no . Dei viktige gutane hans var ikkje der . Det gikk ikkje an å snakke dem til rette , dei var blitt som ungdommen flest , dei kravde og gjorde ingen ting sjølv .

Det var gått fleire dagar sia oppgjeret med Hilda . Han hadde ikkje snakka stort til henne , hadde ikkje set ho . Men det gikk ikkje på det viset .

Han hadde tatt guten med , gått til sjøen og vore borte heile dagen , hadde ikkje gått opp når ho sendte Helfrid med matbud . Det verka bare ikkje på henne . Første gongen syntes han at ho såg litt rar ut . Maten stod likevel og venta . Men næste dagen gikk ho og lo med seg sjølv . Maten var tatt av bordet , det var stelt som alle hadde ete .

Han gikk til kjøkenbenken og tok brød , sa ingen ting , gav gutungen og mat . Men han stod der som ein fåming og hadde tårer i auga fordi han ikkje fekk middagsmat . Nei , det var ikkje stor nerken i den karen !

Verre vart det næste dag . Før han fekk sansa seg , var ho og jentungen midt inni vika på veg til Skarnes .

Det stakk han meir og meir utetter dagen . Han vilde ikkje sjå , men gjorde det likevel : Ho var både i kjellar og fjøs , ho gikk der som garden var hennes . Han vart sint , skulde han halde Kjell med tenestejente ?

Og no var ho der igjen .

Han vilde ikkje tenke på det . Idag hadde ho ikkje eingong sendt jenta med bud til middag . Trulig hadde ho ingen ting kokt . Men til Skarnes gikk ho !

Ein vond tanke kom :

Laga ho til middag der ?

Han la fra seg juksa som han stod og sylte . Handa seig ned , snøret vart liggande over båtripa . No såg han for seg at ho sat ved bordet på Skarnes , Kjell midt imot og Helfrid mellom dem .

Mann og kone !

Det var eit minne om jula da ho hadde auga etter Edvard .

Nei , han var ikkje svartsjuk , han trødde i naustgolvet , han var da mannfolk , men ungane hans skulde ikkje gå til andres bord .

Han vart rasande , tenkte i farta på at han skulde gå og hente henne heim . Men så rann det han snøgt i minne korleis ho hadde trassa før . Han kunde da ikkje bere henne kring vika ! Elles unnte han ikkje Kjell den gleda å sjå at ho var den som rådde . Kom ho kanskje ikkje til å bruke våpnet sitt ? Nei , han kunde ikkje gå dit .

Han vilde heller gå til Håkon , han måtte ha noe anna å tenke på . Han såg for seg alt maset i heradstyret , prøvde tenke sterkt på dei ting .

Han var kommen dit tidlig . Det var rart at folk så tidlig hadde fått tillit til han . Men han hadde da vore på noen møte , han hadde sagt framfusingane sanninga . Han syntes han hadde faren ved sida , syntes han hørte orda hans :

" Rebellarar ! "

Han hadde faren med da han spurte dem , var dei verkelig blitt så grumme karar ? Var det ikkje best å halde seg litt på jorda ? Det kom ein dag alt skulde betales , det kom da an på kven som skulde slite for det .

Det var heldig at Håkon ikkje var på møta , det var i den tida han let over Rissletta . Men Ola var der , Inge , broren , og .

Det gikk ikkje lenge før folk tok til å sjå på han , legge merke til han . Det hadde hendt at Jonassen hadde bede han inn på dram . Møtte han ein ærverdig ein oppi dalen , stansa mannen straks og helsa .

Så kom dagen da dei beintfram kravde han inn i heradstyret .

Han hadde ikkje hatt stor tru på det , men han måtte til å tru etter kvart .

Enda hugsa han røstsetlane . Hugsa dei kveldane han dreiv på å stryke namn for at han sjølv skulde komme inn .

Han hugsa godt auga til Hilda da han gav henne settelen og ho såg Håkon var stroken . Nei , han vilde aldri minnes det i grunnen . Det var første gongen han såg dem slik , såg dette kvitblikket som kom liksom innanfrå og frå sida . Det var som ho såg ein mordar mest . Så skjønte ho , der kom forakt i blikket , det var som ho stod og vaks . Han måtte snu ryggen til .

Det erga , han skulde ha sett henne fritt inn i auga . I staden stod han som han var dømt til å snu ryggen til for alltid .

Det var eitkvart rart ved det kvinnfolket , han visste ikkje kva som budde i henne .

Og likevel , det skulde nok komme , han skulde nok bøye henne , ho kunde bare vente . Til da fekk han ta seg av andre ting , han fekk syne henne kven han var . Syne henne at han ikkje kryssa korkje den eine eller den andre , han kryssa så visst ikkje ætta heller . Når ho såg kva makt han hadde i bygda , vart ho sakte mjuk .

Det gikk ei lita varmebåre gjennom han som han var litt redd . Han stod og slapp tanken laus . Skulde det ikkje være bra med eit basketak med Håkon ? Hadde ikkje han gått her og vore stor all sin dag ? Hadde han ikkje komme heim i huset på Skarnes og snakka både med mor og Edvard uten å sjå han ? Det nytta ikkje gå framfor han , syne han heile kroppen , her var da ein til , han såg det ikkje likevel , han hadde ikkje auga . Og fekk han eit lite tak i dem , rulla Håkon straks på dem og såg på eitkvart anna .

Det hadde hendt at han såg . Da lyste dei i forakt .

Kvifor hadde han så selt Rissletta ? Var det ikkje fordi Edvard skulde ha Skarnes , den dyrka jorda ? Eller for å gjere ein annan liten ?

Og var det ikkje Kjell no for alle pengane ?

Når han tenkte på det , hadde han lyst til å tukte Håkon , han måtte tilstå det .

Det var for resten eit stort spørsmål om ikkje Håkon let det gå ut med skøyta bare i spekulasjon : Han hadde ein søsterson i heradstyret , han hadde forsvar .

Det vart elles Håkon si eiga sak at han let gutane rå så det vart kosta ny motor . Kva skulde ombygginga av skøyta være til ? Var ho ikkje god nok som ho var før ? Hadde ho ikkje stor nok fart ? Han bles til snakket om det nye havfisket . Folk hadde levd av fisket på dei gamle fiskeplassane !

Saka var den , Håkon skulde følgje dei store , han skulde bakke i hamn med ein storkutter !

Han hugsa godt eit år han var med Håkon i Lofoten . Håkon vart ståande forgapt i dei nye kutrane . Og kom der ein med ein førtihesta Bolinder , så hendte det Håkon bad alle halde stilt på dekket , stod og lydde , sa så smilande til dei andre :

" Har de hørt slik bakking ? Har de hørt slik klang som i den karen ? "

No hadde han fått klang ! Han som mange andre . Han let Ola rå , fekk fleirfoldige tusen kroners skyld , stod snau idag , og kommunen vart kravd for terminane . Det var den nye klangen . I siste møte stod det på rekneskapen frå banken åtte forfalne terminar på bortimot fem tusen kroner til samen . Attåt det var lånet på over ni tusen kroner .

Det skulde bli noe for kommunen å bale med !

Det hadde ikkje vore lette år første perioden han sat i heradstyret . Denne perioden såg ut til å bli enda verre , ja det bar mot kaos . Nei , han trong ikkje ta hemn over Håkon , han måtte bare gjere si plikt . Han kunde ikkje gå med på at kommunen overtok skylda , skøyta fekk heller gå kor vondt det så kjentes for Håkon .

Det bar til avgrunns . Han hadde nok hjelpt mang ein venn . Han hjelpte Morten , han hjelpte Rasmus på Liland , han hjelpte han Ol-Mattias i Sandvika . Dei fekk slege av på skatten , enda han visste dei kunde betale . Men dei hadde hjelpt han inn i heradstyret , den eine beina var den andre verd . Andre representantar hadde nok gjort det same .

Men kor kom det til å ende dersom det fekk halde fram på denne måten ? No var det ikkje bare avslag på skattane det galdt . Det var blitt raus både med bustadbank og fiskarbank .

Han fraus mest når han tenkte på det , ja han tilstod at han beintfram var redd . Her var folk som bare vilde bryte alt over på staten . Dei sat på krambua heile kveldane og bare snakka om det . Stortinget glei ut på same måten . Stortingsmennene var redde , dei måtte seie slik og slik . Ein dag enda det nok i grøfta , så utlandet kom og tok alt .

Her måtte seies eit alvorsord , han var klår over det . Når ein slik som Håkon hadde gitt seg over , når han og tok til å skrike om at han ikkje hadde lånt tjuge tusen , men bare åtte , ja da gikk det for vidt . Kvifor lånte han da krona var førti øre ? Og kven skulde dekke resten ?

Nei , han trong så visst ikkje ta hemn , han kunde sjå Håkon liten på eit realt grunnlag .

Hilda , han skulde syne henne alvor ... .

Han var alt på vegen .

Håkon stod og brædde båten . Vesleguten til Ola , Håkon , stod og leika seg borti støa med noen fjølbetar .

Han måtte tenke på det og , der gikk Ola avstad og fekk den ungen bare for at mora hans vart så sjuk her eit år at dei måtte ha hjelp . Han tolte ikkje det , skitsekken , han måtte til tausa borti bua om natta . Og så visste dei ikkje av før jenta gikk med magen full .

Det tolte Håkon . Og han tolte å ta pakket i hus .

Var kanskje ikkje det og skyld i at det stod slik til , Ola kom seg ikkje frå dette kåte kvinnfolket ? Ho vilde vel og ha ein stakkar , ho gikk som dei andre kvinnfolka og samla på dei veike . Og no skulde ho ha den andre ungen !

Han hadde for resten ikkje set eit slikt kvinnfolk , ho hang etter mannen heile dagen enda det stod slik til med henne . Dei kunde ikkje være frå kvarandre på høymarka heller .

Han såg oppover . Jagu sat ho der med Ola slo !

Han snudde seg , spytta , sa inni seg :

" Kvinnfolk ! "

Kva var det for resten ho Ragnhild gikk her og snakka med ho Hilda om ? Kva var det dei lo så til når han var langt nok unda ? Og som dei tidde så med når dei såg han kom ?

... Håkon såg så vidt opp , svarte lågt . Det skar ein grand , slik skulde han bli mottatt . Med det same kjente han at det var da som bergingsmann han kom .

Han fekk ta det med ro , Håkon hadde alltid vore ein vriompeis . Det slo han for resten at Håkon såg så gammal ut . Hendene var slitne og tørre , mest som beinknokar . Nakken var tynn , senene stakk ut som i kalbøtene på eit dyr . Andletet var fullt av rukker , det var bare rukker . Var det skrumpa så inn ? Nasen såg ut som han vilde ut av huda .

Han måtte sjå på heile kroppen , Håkon var blitt eit langt beinrangel i klæa , buksa hang som ein sekk i bakken .

Håkon retta seg opp ein grand , flytta tjærekoppen . Det gikk seint , han var visst veik i ryggen . Eine handa vart hengande slapt ned . Han såg senene i ho , blodårene var mest utanpå . Så skalv ho . Det såg ut som ho dreiv på å leve for seg sjølv .

Han måtte sjå bort , såg på Vesle-Håkon som stod frambøydd på ein stein i havet . Håret hans var gullglinsande .

Ein augeblink heldt han på å bli veik . Guten som likna eit stykke gull mot sølvgrått hav , handa som dreiv på å leve for seg sjølv . Det var minne om gull og fattigdom på ei tid .

Da vart han sint på det veike i seg , han kunde trø på dei tankane . Var det derfor han var kommen ?

Med eitt snudde han seg mot Håkon :

" Ka har du tenkt med skøyta ? "

Det gikk eit sett gjennom Håkon . Så vart kroppen still , handa og . Det såg ut som han lydde og venta med kvar tåg i seg . Tenkte . Så snudde han seg , såg opp med sterke auga :

" Tenkt , sa du ? "

Han gav seg ikkje , han svarte :

" Ja-a ? "

Håkon stod brått bein :

" Enn du ? "

Han kjente sinnet , svarte :

" Eg har vel sakte måtta tenkt ! "

Håkon stod like eins :

" Då slepp vel eg ? "

Han forstod finta .

" Du treng ikkje ta det slik , du veit vel eg har med det å gjere . "

Det fór eit lite lyst drag over gammalmannsandletet til Håkon . Han sa seint og med tyngd :

" Jau , det er nokken som vil tenke for andre . "

Var han sint for han ikkje sat i heradstyret ? Da skulde han få svar :

" Det er vel ikkje eg sjøl som har sett meg der . "

Håkon svarte like langsamt :

" Nei , då hadde du aldri komme dit . "

Han vart heit . Alle minna frå barneåra da Håkon heldt med dei andre kom og . Han svarte harmt :

" Eg er ikkje kommen for å tigge . "

Håkon tok det og rolig . Så svarte han med enda større tyngd :

" Nei , Hans , no har eg ikkje meir å gje bort . "

Det lynte gjennom han : Rissletta . Hjelpa dei første åra . Fôret , krettura . Skulde han stå her å betale det slik ? Hadde for resten ikkje Håkon fått den betalinga han hadde kravd ? Han heldt på å spørre om det . Men så tok han seg i det med det same , det svaret vilde han ikkje ha !

Han måtte vekk frå det , sa heller blidt :

" Er det ikkje best å ordne skylda i terminar ? "

Håkon fekk forakt i blikket :

" Eg trudde ho hadde vore ordna i terminar alltid . "

Han måtte bytte fot , vart sint etterpå , kjente han vart rau . Så sa han :

" Du skjønner vel at kommunen ikkje kan betale for deg ? "

Håkon stod lenge . Så lo han hånlig :

" Var det meir du hadde ‐ ‐ tenkt ? "

Han kjente seg sterk :

" Du får gjere som du vil . "

Han skulde til å gå , men kunde det ikkje , han såg Håkon vilde seie eitkvart . Med eitt kom det :

" Den der hjelpa burde du gå til ein med som ikkje har så gammalt rø på nasen som eg . "

Tonen , orda , blikket , alt var den gamle Håkon . Det heitna gjennom kroppen , kva hadde han for å stå her å være hund ? Hadde han ikkje vore det nok før ? Han heiv seg om , gikk uten å seie meir . Jagu skulde Håkon bli audmjuk før han bau han hjelp !

Han vart meir og meir sint etter kvart han gikk heimover . Hans eigne var dei verste . Men dei hadde halde saman mot han alltid . Han skulde syne dem kven han var , han skulde syne alle krøplingane i bygda det . Det var ikkje det at han ikkje vilde hjelpe , det var ikkje det at han ikkje vilde ombøter , det var kanskje ingen som vilde ombøter meir enn han . Men forstod dei ikkje at han hadde ansvar ? Visste dei korleis han hadde kjent det når han såg kva som gikk for seg i samfundet ?

Her måtte makt til , her måtte einkvan rydde opp . Her måtte ein til som hadde både vett og vilje , ein sterk ein . Elles sokk det heile ned i elende .

Gamle tankar stod for han , han var utset til den som skulde rydde opp . Det var lagnaden som hadde ordna det , derfor var han blitt herda frå det første .

Han var kommen heilt inn i bislaget før han oppdaga at Hilda var heime . Første tanken var at han skulde seie sanninga , han skulde ta oppgjer som sa seks . Men så kom ein annan tanke : Han hadde da ikkje funne ut måten å ordne opp med henne på enda , han fekk vente . Han fekk heller ordne opp med dei andre .

Kvifor ikkje gjere seg forlikt med henne ? Dette med Håkon var eit høve . Han skulde beinast ta til å fortelle henne det , gjere som dei var godt forlikte alt .

Han la merke til at ho såg ikkje opp da han kom . Ho sat med Helfrid på fanget , gjorde ingen ting . Han gikk framom henne , hengte huva opp , sa med ergerlig røst som ikkje var vond mot henne :

" Det var det verste eg har hørt ! "

Ho såg ikkje opp , svarte ikkje .

Han sette seg :

" Eg trur alle folk i bygda held på å bli galne . "

Han såg ho lydde , at ho vart litt forundra . Best det var spurte ho :

" Ka er det no igjen ? "

Han less ikkje høre at ho var spydig :

" No tek han Håkon og til å bli slik . "

Ho skaka seg :

" Det trur eg ikkje ! "

Han vilde ikkje høre det , enda det stakk , tok bare til å fortelle om ærendet sitt , om kor gjerne han vilde hjelpe Håkon . Fortalte om skylda , sa at skøyta kom etter dette til å bli tatt ifrå han .

Ho spurte brått midt i fortellinga :

" Ka sei Håkon sjøl ? "

Det og stakk , men han måtte styre seg :

" Han vilde ingen ting betale . "

Ho sa kaldt og hånlig :

" Han gjekk ikkje med på planan dine ? "

Var dei imot han alle ? Han kjente seg sår , men han måtte bli forlikt med henne , svarte som han ikkje hadde skjønt henne :

" Nøtte det å planlegge nokke for han når han er på den måten ? "

Ho rørte ved håret til jenta , sa halvt ergerlig :

" Kunde du vente nokke anna ? "

Han vaks :

" Kan eg ikkje vente , sei du ? "

" Nei ! "

" Er det eg som hjelper han eller er det han som hjelper meg ? "

" Så kunde han vel vente større hjelp av deg . "

Han løfta seg på stolen :

" Kem er det som har ansvaret ? "

Ho strauk jenta over håret , kjælte henne , såg ikkje han , svarte likesælt :

" Eg trur ikkje du har meir ansvar enn han . "

Han la styrke i spørsmålet :

" Er det han eller er det eg som set i heradstyret ? "

Ho såg hardt på han :

" Sat han der , hadde vel du ingen ting der å gjere . "

Det var som han vart skoren tvert av . Verst var det at han fann ikkje svar . Da spurte ho i ein heilt annan tone :

" Ka rådde du han til ? "

Han fekk mot , tok til å forklare , var blid i røsta . Han hadde da sagt til Håkon at noe måtte han betale på det forfalne . Og så måtte han komme med forslag om kor store terminar han kunde betale på det andre . På den måten kunde skylda bli noen tusen mindre . Men da måtte han altså betale på dei terminane som forfall .

Ho sette i å kaldskratte :

" Nei , ja så du ! "

Han måtte spørre .

Ho lo enda ei stund . Så såg ho brått på han og sa :

" Du synes det var hjelp ! Først har han ikkje greidd terminan etter kvart , fordi han ikkje hadde pengar . For å rå bot på det foreslår du at han skal betale dobbelt opp , når han er blitt enno fattigar . "

Ho lo over barnet , såg sia ut vindauga . Det var som ho vilde seie , dumt hadde ho ikkje hørt . Han sat still , kjente han hata henne . Kva vett hadde ho på pengar ? Best det var , sa han det .

Ho snudde seg mot han :

" Men vi to hadde vett på pengar då vi tok imot hjelp av han Håkon ? "

Han vart sint , skulde han alltid få høre det .

" Har eg ikkje betalt det som var fastsett ? "

Ho spurte skarpt :

" Var det dei same terminan han fastsette for oss ? "

Det var ikkje verdt å svare , ho var visst så sint at ho styrte seg ikkje .

Straks etter tok ho jenta med seg og gikk ut .

Han sat att , var harm . Han hadde altså ælt dem på seg alle ! Sinnet tok han , dei skulde betterde få det igjen !

Han reiste seg , gikk over golvet . Heretter skulde dei få høre frå han alle .

Han var ute , han stod og tok bygda i augesyn . Det demra for han , det var der han skulde vinne .

%Det var sein kveld snart . Kjell stod inne og vaska seg . Han hadde strevd frå idag tidlig , han hang visst ikkje samen snart .

Verst var dette med mor , det såg ut til at det gikk tilbake med henne kvar dag . Heldt det fram slik , var det eit stort spørsmål om ho kom til å overleve sommaren . Han hadde set det på blikket hennes og , ho var redd sjølv .

Elles var det eitkvart ho plagas med . Var det religionen ?

Han kjente seg kald . Han kunde ikkje hjelpe henne med det . Men det gnog og gnog . Ein dag måtte han kanskje stå andlet til andlet med det at han måtte snakke med mor om gud , kanskje be .

Det måtte være det ho vilde snakke med Edvard om . Ho hadde masa dei siste dagane og spurt etter han fleire gonger . Og så hadde han ikkje nått å få bud til han !

Det gikk eit ord om at han var oppe i fjellet . Men han kunde ikkje fortelle mor det . Det vilde bare gjere henne meir urolig . For ho hadde hørt desse gysjene om at han heldt til med dotter hennes Finn-Marta . Jenta heitte Aina og var til og med ingenting å sjå på . Kunde Edvard være så galen ? Kunde han gå frå ei jente som Ester ?

Nei , han kunde ikkje tru det .

Jamvel om han fekk den tidenda her ein dagen at Edvard var der oppe . Mannen som fortalte det smilte innmari .

Han spurte igår ei av dei frelste frå Vollan om ho visste av Edvard . Ho tok straks til å preike om dei store undera som gikk for seg der oppe , så det var ikkje eit vettig svar å få av henne . Til slutt stod ho bare og sa Jesus , halleluja og takk skje gud . Da han spurte om Edvard var i Svartfjellet , stussa ho litt , men skjønte ingen ting . Ho tok til å snakke om at Edvard kanskje vart omvendt . Ein dag kunde han bli den store reidskapen for gud .

Han gikk harm frå henne . Edvard vart vel heller reidskap for Aina .

I grunnen hadde han ønska at reidskapen hadde komme heim og vore til litt gagn i høya . No var det så mye arbeid at det var mest ikkje tale om å få sove . Han skulde tidlig opp og mjølke , få kyrne til marka , riste høyet , breie råhøyet . Så var det å lage mat . Ei lita stund kunde han kanskje få kvile til middag . Men han måtte opp før dei andre , han måtte rake åleine . Etterpå bære høyet i fjøset . Han syntes ofte han hadde blodsmaken i halsen . Og når han så var ferdig med tørrhøyet , var det å såte . Han kunde ofte ikkje bli ferdig før i sjutida , knapt før dogga kom . Aldri var han så glad som når han såg det var austavind og breia kunde ligge til næste dag . Det var bare det at iår hendte det sjelden .

Etter det måtte han slå utover natta .

Han såg på armane , dei var bra trena no . Han visste at andletet var skarpt og magert . Han kom vel til å bli bare beinranglet når alt var over .

Og likevel , arbeidet var ingen ting mot tankane . Tida gikk , dag etter dag , snart skulde han i veg , men det såg mørkare og mørkare ut . Dette med mor kom kanskje til å stanse alt . Ein utveg var det å flytte henne til Hans , Hilda vilde nok bli god mot henne . Men mor vilde vel helst dø på Skarnes .

Det mørkna dess meir han tenkte . Han hadde nett fått brev frå Kari . Ho fortalte om ein gut i heimbygda hennes , han hadde tatt til på ein skole og måtte slutte . Ho brukte slike ord at han godt skjønte ho såg ned på guten .

Kva vilde ho så ikkje seie om han ? Han som hadde spandert henne på kino og konsert , brukt pengar han ikkje åtte ?

Han hadde ikkje orka lese brevet meir enn ein gong , det var så vondt .

Men det hadde sett fart i han , han måtte til å handle . Han fekk kaste bort ettermiddagen og heller være oppe i heile natt .

Han tenkte i farta på at hadde Edvard ikkje stelt seg slik med Ester , hadde sakte Jonassen hjelpt i siste liten . Men han kunde ikkje gå dit no .

Det var best å prøve Hans . Han kunde no iallfall spørre . Han hadde snakka frampå med Hilda . Ho hadde ikkje sagt stort i førstninga , hadde bare set alvorlig og lenge på han . Eit par dagar etter lo ho så rart mot han , det var som ho visste ei råd , og sa :

" Du kan skjønne , du få hjelp . "

Men han kjente Hans , han visste kva som budde i han . Fekk han det først oppi hovudet at han skulde nekte , strakk nok ikkje Hilda til der .

Han var inne og såg etter mora . Ho låg som ho sov . Han tenkte stille seg ut , men så snudde ho andletet mot han og spurte :

" Kor skal du hen ? "

Han svarte at han skulde til Hans . Ho vart liggande lenge , så spurte ho på nytt :

" Har du fått nokke tidende frå han ? "

Ho let auga att som ho venta . Brått slo ho dem opp att :

" Eg meinte han Edvard . "

Igjen måtte han lyge : Han hadde sendt bud , og han kom vel snart . Sist han var i Sandvika , sa dei , drog han til Røbergshamna . Men dei skulde sende bud . Han reiste sammen med Ellefsen .

Han syntes det var så sårt at han laug . Han gikk bort og strauk henne over panna . Det fór gjennom han , det såg ut som ho fall bort for kvar dagen . Andletet var uttært , gav ei minning om lik . Her var visst sjukdommen snart ferdig , her var ikkje stort att . Rart for resten at ho hadde kunna bore på sjukdommen så lenge . No såg det ut som ho hadde gitt seg heilt over . Men at dei skulde drive han til å lyge for henne ! Han kunde gjerne ha lagt kinna ned mot henne og sagt : kjære mor !

Han skulde til å gå . Da sa ho stilt , auga var attlatne :

" Det haste no , Kjell . "

Han måtte ut , han greidde ikkje stå der . Det såre fekk makt over han . Her var han åleine i huset med eit menneske som heldt på å dø , og dei andre som hadde same plikta til å hjelpe var borte . Dei fór på tur til finngammane . For første gongen syntes han at han hata Edvard . Og Hans var ikkje betre . Kva var det som budde i dem når dei kunde være slik ?

%Det var eit hardt andlet han møtte da han kom inn . Hans sat og stelte med ein ljå-hæl , hadde vel skadd ljåen sin . Det var altså derfor han ikkje var ute og slo .

Otten var der , det andletet der , det kjente han , det bøydde seg aldri i livet . Det var det andletet som ikkje hjelpte eit menneske på jorda uten at det fekk vederlag for det .

Men det måtte vel gå an å få han blid . Det måtte gå an å skape eit anna andlet på bror sin ?

Han fekk litt av humøret att , tok til å sjå seg om i rommet .

Hilda var så vidt inne . Ho helste og var blid . Igjen la han merke til at ho fekk slik underlig raufarge når ho såg på han . Han var litt flau , visste ikkje at det var noe å være flau over heller . Ho hadde korkje sagt eller gjort noe .

Han måtte sjå bort på Hans . La merke til at han og hadde set det , såg granskande opp frå sida mot henne . No vart blikket hans stål . Han kremta , flytta eine kneet fram . Nett no sat han som i gutedagane og skulde gjere seg farlig . Nett det der draget kjente han . Han flytta foten så han lettare kom seg opp og fekk tak i den han skulde slå ned .

Hilda gikk framom dem begge . Han måtte sjå på henne . Mintes at han aldri hadde set slik på henne før . Noen rare tankar kom , det var ei slik kvinne han skulde hatt . Det arbeidsmennesket . Med den reisinga ! Det blikket , det laget .

Ei slik hadde Hans fått !

Ho vendte seg til han att , stod og lo . Han såg kneet hennes , heile fanget . Nei , han visste han tenkte ikkje på noe låkt , ho var da gift med bror hans . Men idag såg han henne .

Ho såg ikkje på Hans , spurte bare :

" No , har du fått greie på lånet ? "

Det var som det heitna inne . Det var eit farlig spørsmål når ho kom med det . Stod ho her og øydela sjansen til å få Hans som kausjonist ?

Han svarte ikkje stort på det .

Gunnar kom med det same inn . Faren sette auga i han . Guten vart bleik , såg forkommen ut , visste ikkje kva han skulde gjere . Så spurte faren :

" Har du glømt boka di ? "

Gunnar vart heilt bleik .

Da gikk Hilda fram . Ho snakka om veret med ho gikk over golvet . Var framme hos guten . Tok han inn til seg og gikk baklengs med han mot vindauga , der ho stod .

" Ja , det er vanskelig for mange no , " sa ho .

Det kjentes som ho hadde sletta Hans ut . Guten stod og halla seg inn mot henne , var trygg .

At ho våga ! At Hans ikkje la imot ! Det var underlig . Her måtte det ha hendt eitkvart . Hans sat framlutt , var mørkerau i andletet , såg ikkje opp .

" Er han ikkje pen ? " sa ho .

Det var guten ho meinte . Ho stod og strauk han over håret .

Kva skulde han svare ? Han fekk sagt ja . Men han kunde ikkje sjå på henne , ho stod og erta Hans . Han var opprådd der han sat .

Da visste han ikkje av før ho sa med lått i røsta :

" Han er så lik deg . "

Han sat flau . Kvifor stod ho slik ?

Guten visste heller ikkje korleis han skulde ta det , han såg eitt fram , eitt opp på mora .

Det tok til å bli pinlig .

Da sa ho det verste av alt :

" Ja , folk kunde godt tru at det var du som var faren . "

Han måtte sjå bort på Hans . Han sat bøydd , var kvit i kjakane . Nett no eksploderte han .

Ho stod på same måten . Det såg ut som ho var heilt forherd . Bare ho ikkje sa enda meir .

Da sette ho i å le :

" Det er vel ikkje noe å skjemmes for ! "

Han måtte seie eitkvart , mumla :

" Det gjekk vel an å være far til ein slik . "

Ho svarte :

" Du kunde få ei ferdig dotter og . "

Han skjønte ingen ting . Her måtte ligge eitkvart attom , ho kunde da vel ikkje være heilt galen .

Han måtte ut av det , retta handa mot guten og sa :

" Skal du ikkje helse på han farbror ? "

Hans sette brått i å le . Han var sint . Auga skaut lyn , han var ikkje til å sjå på .

Med eitt hendte det verste : Hilda tok guten og skuvde han fram , sa i farta med ho storlo :

" Gå til far din du . "

Ho gikk ut , lo høgt i døra med det same .

Han fekk guten til seg , tok han på fanget . Det var uråd å sjå opp , han syntes det vermte og ølna om hovudet . Bare han hadde hatt ord , så han hadde kunna sagt eitkvart .

Han tok til å kitle guten . Det var ikkje lenge før guten slepte seg laus , lo og syntes det var morosamt . Det var som han glømte faren , og gav seg over .

Varmen gav seg , ølninga og . Det farlige var borte . Men enda kunde han ikkje sjå opp . Han såg på beina til Hans at han var langt frå blid , han sat og var farlig .

Ei stund etter kom Hilda inn . Ho sa ikkje noe , men ho hadde slik underlig smil . Var det verkelig blitt vanskelig mellom henne og Hans ? Og kven si skyld var det ?

Nei , for resten , han tvilte ikkje på det . Men kven kom til å sigre ? Før hadde han alltid rekna med at ho kom til å få det vondt . No slo det han at det kanskje kom til å gå verst utover Hans . Hadde han ikkje kjent henne før no ?

Med eitt var han klår over at han ikkje kunde be Hans om hjelp . Det var sårt , men han kunde iallfall ikkje i kveld . Det var same trollskapen han hadde opplevd heile tida , alt fylka seg imot han .

Han sette guten ned og reiste seg . Det vart så trongt inne . Det kom han for at det vart trongt kvar han så snudde seg . Han vann ikkje eingong spørre Hans kva dei skulde gjere for mora . Her sat han andlet til andlet med broren og kjente dei kunde ikkje tale samen . Det var ein underlig tanke , men slik hadde det visst alltid vore . Dess nærmare dei kom kvarandre , dess lenger frå kvarandre var dei .

Han sa farvel og gikk , fekk blikket til Hilda med det same . Det var så rart .

... Stengte vegar , sa det etter han da han kom ut på marka . Det var bare ein veg som var åpen for han , vegen heim til mor som låg og skulde dø .

%Edvard var på veg fra Moan og ned i bygda . Han gikk seint og tungt . Det låg eit alvor over han som aldri før . Livet vart tyngre og tyngre , det var som alt brotna under han . Han hadde prøvd å rømme frå det , hadde gjort det i år etter år . Han kunde gråte når han tenkte på korleis det hadde vore . Likevel , han kunde ikkje bare skylde på livet , han hadde sjølv ikkje vore den som hadde tatt det rett . Men endelig var han innhenta !

Han gikk midt i soldagen og vedgikk at han hadde vore feig . Han hadde tenkt å fuske seg frå livet , frå ansvaret , frå alle dei røster som hadde talt til samvettet .

I natt hadde han kjempa , hadde gjort det frå han var på møtet igår kveld . Alt talte til han da , sa at han måtte gi opp motstanden , han måtte gå den vegen han var kalla til frå han var barn .

På same tid hadde han dårlig samvett for at han ikkje hadde vore heime og gjort si plikt . Der låg mor og døde , og her gikk han og ingen ting gjorde for henne . Eit ord sa han , du må forlate far og mor , du må gå ut . Men det var ikkje nok . Det var eitkvart som sa at han måtte først og fremst gjere dei nærmaste pliktene .

Så var det Ester . Alt la seg over han , alt vilde hefte og halde att . Men idag tidlig fekk han klårleik . Det var eitkvart som sa , så grundig har du bunde deg til verda at du ofrar sjelefrelsa . Er du betre enn den rike mannen ?

Idag tidlig da han vakna , la han seg på kne fram ved det vesle takvindauga og bad , takka gud med høg røst . Han var så glad at han mest ikkje kunde snakke . Endelig , endelig hadde han funne klårleik !

Da var det som det lo attom han , lo vondt . Han kom ut av stemninga , det var som det vonde skygde for gud .

Og så gikk han her i same tvilen ! Han var eit armt lite menneske , mye mindre enn han hadde kunna tenkt . Han bad igjen og sa det , sa til gud , du ser det da , eg er ikkje meir med eiga kraft . Men gi meg kraft , viljen er der !

Igjen lo det . Kva vilje var det han hadde ? Hadde han hatt nok av den , hadde vel alt vore klårt .

Han visste det no , han måtte ned til Ester , han måtte gjere godt alt det , gjere opp med det jordiske , skulde han vinne fram . Det var den klårleiken han vann til idag . Han måtte rive seg laus , han måtte være mann nok til å ta eit oppgjer .

Han gikk vidare etter den nye vegen . Folk stod i hardaste slåinga . Han hørte ljåane , hørte klangen av bryne mot stål . Det var så velkjent alt , det var sommar i det . Og han måtte mest late auga att , han kom til å tenke på Kjell som var åleine idag som dei andre dagane . Om han enda hadde hatt mot til å fortelle han alt ! Han kjente han hadde lyst å legge seg på kne for bror sin og seie det . Og han visste at Kjell hadde vilja forstått .

Det same med mor og , kanskje . Hadde han bare kunna funne orda ! Hatt motet . Han vedgikk det så han kjente ryggen vart bøydd . Det var det same no som alltid , han var feig , motlaus , elendig . Å , om han bare kunde tilstå !

Eitkvart stort forfølgte han . Det hadde vore etter i alle år . Men det var vel guds ånd som hadde set etter han . Det var kraftige vengeslag som hadde vore på all hans veg .

Tanken var så god at han gjerne kunde rette hendene opp og takke , rope i glede , be den helligånd aldri gå fra han .

Men kunde han det før han hadde blitt kvitt det vonde i seg ?

Han vart ståande , der var spørsmålet .

Han kunde ikkje bli eit godt menneske , så godt som han vilde . Han kunde ikkje bli skikkeleg omvendt , det han strevde for . Det var eitkvart i han som heldt att . Var det dei vonde tankane som alltid vilde fram ? Han hadde aldri sloppe dem til . Det første han kjente dem , hadde han stengt dem ute , greidd det . Trengte dei for mye på , las han eit salmevers inni seg . Det hjelpte .

Jau , han hugsa somt . Han hadde alt tidlig hatt hug å slå Hans , tukte Kjell og riste Synnøve . Somtid hadde ein forferdelig tanke lagt til å loge opp i han : Han hadde lyst å stå fram for mor og seie stygge ting , spytte på henne . Han hadde mest klypt seg i armen for å få tankane bort . Til han lærte seg å ty til guds ord .

Enda hugsa han første gongen det gikk opp for han kva gud måtte tenke . Det var ei kald stund . Han og Hans heldt på å egne lina i naustet . Det var kaldt og surt , han fraus på hendene . Stanken av fjærmakken var vond , det lukta aure til han vilde kaste opp . Og det var så tungt å sitte bøydd over stampen . Hans hadde det lettare . Han fekk stå bein , krøkte bare makken på onglane og kunde sleppe dem . Han måtte derimot sitte over stampen .

Så med eitt tenkte han vondt . Han vart sint for at dei ikkje hadde mat , at mor vilde ha dem til å ro kvar dag . Han vart sint på Hans som stod der bein som ingen ting var . Ja , han fekk lyst til å slå . Han gav etter . Det var godt . Han såg i tanken Hans for seg , at han låg slått ned og blodete . Lysta vart vill , han vilde slå meir , vilde drepe .

Med det same reiste han på seg , trudde at han hadde mordarblikk , for Hans vart bleik . Han såg inni eit par redde auga . Så var det som han sjølv fekk eit knivstikk i ryggen . Han sette i å skrike så vondt var det . Tenkte lynsnart at det kom av at han hadde sete bøydd så lenge . Men det var eitkvart anna som trengte seg fram . Det var eit varsel om det vonde han kunde komme til å gjere .

Alt hadde gud set !

Det suste for øyra , han sat og sokk , hørte ikkje Hans , såg korkje stampen eller naustet . Han sat i eit uver . Det var noe kraftig som hadde slått ein veng kring han . Det måtte være guds ånd .

Så var det som han vakna av at Hans snakka , kjente straks etterpå at Hans stod og heldt i han .

Det var ikkje anna råd enn at han måtte opp , måtte til sengs . Hans leidde han heile vegen . Mor vart redd . Ho gret visst . Men sjølv visste han godt at han ikkje var sjuk , det var guds ånd som hadde slått han fordi han hadde lyst til å bli brormordar .

Den natta sov han ikkje . Men han lovte at han skulde ikkje tenke slik meir . Han hadde sagt det til gud , sett si sjel i pant på det .

Det hadde mang ein gong vore tungt , han visste det . Men han hadde halde det bra . Det var bare det at han sia aldri våga granske det vonde . Det var bare som ein stor fare låg på lur . Det var som han sigla på eit stormhav . Kvar stund var det eit brott han måtte komme seg framom .

Men når stormen ylte i novene heime eller i riggen på skøyta , da var det der enda verre . Når havet svartna i haustnettene og sendte kaldgufs inn over landet , når regnet piska mot rute og tak , når lier og marker låg i vatn og rote gras , da var det alltid over han . Han stod kar mot det og sa som det stod i salmen , korset vil jeg aldri svike . Han skalv i ein storm men heldt det ut alt .

Han kunde stå uti stormen og seie det mot han , gå inn etterpå og være sterk .

Men det var i soldagar og . Når ei jente sette foten fram , når ho såg lurt på han , når ho trippa etter vegen i lys bluse og han såg svaien i hoftene , det vonde var der . Men , han hadde lært seg å stå imot . Det var alltid som det song han i hugen :

Dagsens auga sloknar ut , kveldsol ned i vester glader .

Likevel hadde mye sneke seg inn på han . Det var stunder da han glømte det . Han stod og tenkte på ting som han visste han ikkje burde tenke på . Da vart han så rar , kva tenkte ikkje gud om han ? Og han kom på det , gud visste eitkvart forferdelig om han . Det var sanning , han var ikkje hysterisk , han kjente det . Når han såg andre menneske i auga , såg han at dei var naturlige , dei hadde ingen ting å bere på . Dei kunde banne eller snakke om mat , dei tenkte ikkje stort ved det . Men han gikk her og bante så å seie bare ved å tenke . Jau , han hadde gjort det . Bannskapen hadde sneke seg gjennom tanken når han vart redd å banne . Det kunde komme over han uten at han greidde stå imot .

Det ureine tenkte han på . Det hadde hendt han hadde mest stansa ved ei klæsnor bare fordi der hang kvinneklæe . Han måtte rive seg laus med makt . I uvakta stunder sneik satan seg inn på han .

Nakne kvinner , hadde ikkje det vore trollhildringar ?

Og enda meir . Hadde han ikkje kunna blitt grepen av å sjå ein hest på vegen ? Det var så han kunde springe . Han hadde stått og snakka med kjøraren og set at hesten attanfrå likna ei kvinne .

Jamvel i denne stunda var han redd at han skulde møte ein kjørar . Han vilde ikkje bli audmjuka igjen . Han hadde så mang ein gong gått urein og nedfor , han måtte sleppe idag .

Det var bare det at ingen visste kva kamp han hadde ført . Bare gud .

Vegen gjorde ein sving til venstre . Midt framfor åpna skogen seg . Det var mest rart , der gikk visst ein liten stig inn der .

Han stansa og såg det . Det var plassen ! Det var hans Betel ! Der inne ein stad skulde han finne gud .

Han stod ei lita stund , vilde kjenne i heile seg at det var sant , det var dit gud hadde kalla han idag .

Med det same var han overtydd om det . Men så kom tvilen . Han kjente gråten i seg . Slik hadde det vore alltid , tvilen skulde være i alt . Aldri i sitt liv hadde han vore trygg på anna enn det vonde han drogs med . Aldri ei kvilestund . Aldri ein augeblink i stor glede . Aldri slik at det gode fossa stort og åleine gjennom han . Fekk han ei glede , skulde ho minskes av tvil .

Han bøydde ryggen , tenkte intenst . Nei , det var ingen ting som sa han noe . Der var ingen lovnad , inga von . Han vart enda sårare , åpna auga og såg skogen . Såg han var vakker . Men han hørte til verda . Der var ingen ting som vitna om det evige .

Han låg inne på den vesle sletta . Så sår hadde han visst aldri kjent seg før . Og dette skulde være den store stunda ! Han bad inderlig . Han ropte på gud om hjelp .

Det var ikkje svar å få .

Han prøvde seie kor ærlig han meinte alt , han måtte ha gud med , elles orka han ikkje leve .

Da var det med eitt som han såg det revna i skyene . Låg og såg dei var vakre . Kvite store skyhausar som sigla over lyseblå himmel , og kringom stod skogen mørkegrønn . Noe sa han at det var eit teikn . Han kunde til og med sjå på skogen uten at det minte om verda . Noe av lauvet var alt tatt til å gulne , hausten var i emning . Han såg igjen på himmelen . Da hendte det : Skyene delte seg , der vart som ein port .

Det var lovnaden !

Han kasta seg på kne , han ropte , han bad og tagg . Det kjentes som han sokk ned i eit stort tomrom att .

%Sår og bøydd gikk han derifrå . Det var det evig gamle , han kom ikkje lenger , han nådde ikkje fram .

Men han hadde fått teiknet , han vilde gå på møtet . Kanskje måtte han gi seg over først , før han kunde bli omvendt .

Det var ikkje lett å gå , men det var lettare enn før .

Skulde underet skje i kveld ?

%Han sat på møtet og forstod det så han kjente gråten og sa inni seg :

" Eg er ein heimlaus på jorda ! "

Han sa til alle gode makter :

" Eg har inga glede meir . Eg kan ikkje være mellom dei syndige ! Kan eg ikkje sleppe inn til dei andre , til dei frelste ? "

No kjente han for første gongen tårene . Det var i grunnen eit lite teikn . Eingong i barndommen hadde tårene slutta . Han hadde ikkje fått gråte meir . Han syntes synd i seg sjølv , kvifor forstod ingen kor vondt han hadde det ?

Hadde han ikkje vore sår nok til at han kunde gråte ?

Da hendte det noe : Evangelist Ellefsen stod på katetret og sa utover salen bleik og rørt med han heldt handa framfor seg :

" En ny sjel frelses ! "

Det vart bråstilt . Sjølv sat han og svaga før han visste ordet av det :

Ei sjel frelses !

Han såg Ellefsen stod i same stillinga . Urørlig . Bleik . Auga var retta over salen , ut i blånene visst , han såg det ingen andre såg . No var andletet stivt , kvitt . Så sa han som det ikkje fans folk i rommet :

" Guds ånd arbeider med en sjel i denne stund . "

Det vart livlig inne . Dei som bad ropte halleluja . Straks etter bad dei enda høgare og ropte .

Han såg ein mann sprang ut . Eit par ungdommar etter .

Da kjente han eitkvart kom over han . Han såg visst ikkje , rommet kom bort . No , no skjedde det visst . Han tok i , måtte kjenne det tydeligare .

Han vakna som av sømne . Ellefsen stod ved sida . Auga var mørke og sterke . Det kvite , stive andletet kom nært .

Han sat , no var det bare sekund . Skulde han gjere spranget ?

Han gjorde det , sa ja mot andletet .

Da ropte Ellefsen :

" Pris skje Gud ! "

Han let auga att mot det , gav seg over . Så hørte han Ellefsen sa inderlig og godt :

" Kjære sjel ! "

Han let seg føre , var eit lauv i vind , alt fekk hende . Kjente at Ellefsen førte han til botsbenken . Han gikk , men det var som han sveiv . Så steig hallelujaropet som eit hav kring han !

Dei bad ved benken .

Da gikk det iskaldt gjennom han , det var som han ikkje kjente si eiga røst . Det var som alt av godt i verda vilde seie han at dette var falskt .

Han stønte , han tok i og bad , han måtte finne frelse . Da med eitt kom det gamle att , tvilen , otten , han nådde bare til dørstokken .

%Han hadde bedd , men hadde ikkje von .

Han gikk ut . Dei andre trudde han var frelst . Det gjorde mest vondt .

Han gikk bøydd . Heller ikkje dette hjelpte . Det var eitkvart inni han som var falskt . Han kunde gråte , skulde han da aldri vinne fram til fred ?

%Han hadde bedd dag etter dag . Det var same vonde uvissa . Dei andre sa han var omvendt , det hadde spurtes utover bygda . Han hadde vitna , hadde talt . Det gikk svært godt , og alle vennene var oppglødde . Det var bare det at han sjølv stod i same fattigdommen , kanskje enda verre . Det store han tenkte han skulde oppleve kom ikkje . Han var same mennesket som før , knapt nok det .

Natt etter natt hadde han lege vaken , stridd sin strid . Dagane var ei einaste stor pine . Etter kvart som han vitna , vart det verre . Han visste han var ikkje omvendt med at dei andre sa det . Ingen kunde ta ein annan med seg til himmels .

Så var det dette at der heime låg mor . Det var som han hadde auga hennes på seg og såg ho spurte midt i sjukdommen , var det ikkje ting som låg nærmare til enn det han fór med no ?

Da var det han brått kom på at han kunde ikkje bli omvendt før han rydda opp i sitt eige liv .

Det stod så tydelig for han at det var som ei åpenberring . Det vonde som var etter han var vel mest hans eigne handlingar , hans eige liv .

Det var ei alvorsstund han aldri før hadde opplevd . Han måtte for seg sjølv , måtte ut i skogen . Han stod oppe på loftkammerset der han budde . Det var som han ikkje såg verda , han fekk bare klæa på og kom seg ned .

Dei bydde han mat , men han sa nei takk . Hørte at det kom einkvan etter han og spurte om han var sjuk . Han svarte ikkje , han bare gikk , han måtte fram .

Først ute på vegen kom han til seg sjølv . Han såg bygda . Hugsa at nede i vika var det havet først og fremst han såg , her var det engene . Vegen bukta seg nedover som ei grå snor . Det var gard i gard på begge sider . Somme stader stod store bjørker ved husa , skygde for dem . I liene gulna skogen alt , rogn rauna . Han måtte sjå det , alt såg så vennlig ut .

Han fekk mot . Han gikk til sides frå vegen og bad , la saka fram for gud som han såg ho , han var ein syndar . Men no vilde han ordne opp med alt .

Ein augeblink opplevde han visst det store . Det var som han kjente han gikk inn ein port , alle gode krefter tok mot han . Det var som trøtten seig av han , han vilde late auga att og kvile . Bare kvile .

Da var porten vekk . Han låg på kne , og alt var som før . Så var det som ei røst sa før han rakk hindre det :

" Har du ikkje ei kvinne å ordne opp med ? Kva tenker du med henne ? "

Han reiste seg , stod og skalv i heile kroppen . Ei stund eva han seg . Så visste han kva han skulde gjere , vedtok det og , alt i denne kveld skulde han gå til Ester .

%Han hadde lese og bedd heile dagen , hadde gjort saka opp .

Det var først på nedvegen han såg at det ikkje var greitt . Brevet hadde han fått avstad om at han vilde møte henne . Men var det i grunnen oppgjer at han gikk til henne og fortalte at han ikkje kunde gifte seg ? Var det ikkje like snart å rømme frå ansvaret . Hadde han kanskje ikkje gitt jenta den trua at dei skulde gifte seg . Det skar i han og var vondt , det var inga mannshandling å komme på denne måten .

Tyngsla la seg over han , kom ikkje dette heller til å hjelpe ?

Han såg livet sitt for seg . Han hadde vore glad i ei jente før og kunde ikkje noe med henne . Nei , nei , han visste ikkje kvifor . Og så vart det da Ester . Det gikk på same måten .

Kvifor det hadde blitt Ester visste han ikkje . Han hadde likt henne , tatt til å snakke med henne når han var inne på krambua . Det hadde gledd han at Jonassen likte det , vart jøger når han såg dem samen . Det gav mot og tryggleik . Han bad henne gå tur , og ho var med på det .

Ein kveld han følgte henne heim stod Jonassen der . Han vart full av liv og bad dem inn .

Sia hadde han gått dit ofte . Det var så hyggelig å være der . Lunt og varmt , reint og lyst . Mora var god å tale med . Han forstod snart at ho var religiøs . Det gav enda større trygd . Han vart glad i alle og dei i han .

Til sist visste han ikkje om han var forlova eller ikkje . Det heile gikk så lett , han glei inn i det . Somtid tenkte han når han sat nede i stua med henne om kveldane , at han skulde fri . Men kvar gong gikk det slik underlig kjøle gjennom han . Ho sat og såg så på han , det var som ho kravde noe han ikkje kunde gi . Det kom han for at han skulde gi sjela bort . Så var det det , kva kom til å hende når dei vart verkelig forlova ?

Han let det være .

Men så hendte det noe ein dag : Han kom inn på krambua og såg at Ester vart så rar , han undra seg . Før han fekk sagt noe , kom faren ut av det indre kontoret samen med ein ung handelsreisande .

Ester stod og vog eitkvart til ein kunde . Ho bøydde nakken og såg brydd ut . Straks etter stansa den fremmende framfor henne og spurte om ho kunde komme med ein gong . Ho svarte meste uhørlig , vart rau .

Den fremmende gikk . Jonassen tok vekta . Ester vart ståande litt , så spurte ho faren :

" Du kjem vel ? "

Han nikka . Så gikk ho snøgt ut .

Han stod på kaia og såg ho gikk ned trappa til handelsbåten . Ho skulde altså ombord .

Det tok , det svei . Han sa seg at ho måtte da kunde sjå på varene , men det vart tyngre dess lenger han gikk .

Ein utgammal otte sneik seg inn på han , det var som han hadde opplevd det før ein gong . Han kom heim , men hørte ikkje dei andre snakka . Han sat i vindauga og stirte inn over .

Først da det var gått eit par timar kom ho opp . Da gikk faren ned .

Ho hadde vore åleine med den fremmende ombord i båten ! Han såg for seg flasker og glas , køyer og ein fin salong . Han sat og vart nedfor , kjente seg nommen . Nei , han orka ikkje tenke på det lenger .

Han gikk inn over om kvelden , tenkte få snakke med henne . Han var ved stua , såg det var lyst inne , visste der var varmt og godt . Om ei stund gikk dei gamle og la seg , da kunde han iallfall gå inn . Eit par gonger var ho framme i vinduaga , stod lenge og stirte . Han gjømte seg . Det kom han for at ho såg til Skarnes .

Det var måneskinn og snø . Det gnissa under føttene og var kaldt . Skjellavinden kruste bårene så vidt , dei blinka i måneskinnet . Det vart altså godver imorgon , stod han og tenkte . Så ansa han stjernekvelven . Det blinka så høgt der oppe . Han såg fjellgarden , som var mørk enda det var snø . Med eitt kom det for han at han aldri hadde set himmelen så høg . Han måtte sjå det om att og om att .

Da ansa han at storlampa var sløkt . Gamlingane hadde altså lagt seg .

Ho kom fram i vindauga att , stod lenge og såg . Han måtte sjå ut over til Skarnes han og . Vegen låg tom og kvit med skuggar her og der . Heile bygda var tom , høg og stor og tom , men uendelig rein . Han stod og fyllte seg med synet , det reine .

Enda stod ho der .

Da kom ein heilt ny tanke : Det var ureine tankar som hadde dreve han dit . Han skyndte seg attom husa , kom seg opp på hovudvegen og gikk snøgt heimover . No såg det ut som han kom ifrå Vollan .

... Eit par dagar etter reiste han til Lofoten .

Men der var det resten hendte . Han såg henne for seg stødt og stendig . Kanskje var det skøytelugaren som minte han . Somtid syntes han at han såg henne i ein eller annan av kameratane . Særlig i Sigvard , den yngste . Han kunde meste sitte mållaus og sjå på det .

Kva hadde dei gjort ombord ?

Ei natt drømte han at han drap henne . Han sat lenge attved og såg på liket . Så med eitt syntes han at hovudet hennes låg på eit fat og at fatet meste var fullt av blod .

Redsla silte gjennom han . Han vakna med eit lite skrik så køykameraten lo .

Utpå dagen måtte han skrive . Han sa henne alt , han heldt av henne , ho måtte bli jenta hans .

Det varte ikkje lenge før brevet kom . Ho var hjerteglad .

Dei var forlova !

Sia hadde alt det andre hendt . Først det at han vart så godt mottatt av foreldra hennes da han kom heim . Han såg og at mor likte det , ho vart meste yngre da ho fekk vete at han var forlova med Ester . Stakkars mor , og no måtte han gjere henne den sorga at det ingen ting vart av !

Så kom kvelden da alt gikk så underlig at han måtte følgje henne på soverommet . Det var i grunnen hennes skyld . Nei for resten , han hadde ikkje lov å tenke slik no . Men da dei hadde sete der inne ei stund , gikk ho brått attom eit skjermbrett , sløkte lyset og klædde av seg . Han sat og hørte det spratt i hekter , at ho la klæa bort . Han kunde mest ikkje tenke , kva var det som hendte ? Før han visste av det kom ho fram .

Ho stansa ein augeblink frampå golvet og såg på han visst , så kom ho . Han hadde aldri opplevd det verre , der stod ho naken framfor han bare i den stutte trøya . Han såg alt i lyset frå vindauga .

Kva han tenkte visste han ikkje . Ein rar tanke vakna i han : Ho var eit ungt dyr . Eller ei hulder . No såg han naken hud og den mørke hårkransen . Visst var det ei hulder !

Det var stilt da han gikk framom husa . Han våga ikkje sjå om ho enda stod i vindauga .

Ester var borte , han var inni ei trollhildring . Han fekk henne til sengs , vart frå seg . Han hørte ho lo , ein underlig mørk skoglått . No vart ho liv . Han let auga att , visste ikkje stort meir .

Dei sat i senga lenge etterpå .

Han var nedfor , han ansa mest ikkje . Verst var at ho ikkje kunde tie og at ho stendig skulde henge om halsen på han . Nei , han var ikkje vond , han vilde bare samle tankane .

Ho retta handa fram og vilde dra gardinet frå . Før han visste av det skuvde han handa hennes vekk . Ein augeblink såg han andletet , visste med det same at han måtte gå .

Han var oppe og fekk klæa på seg . Ho var litt forferd , stod attved han ved døra , la seg mot han , heldt han om halsen og var vonbroten . Ein augeblink heldt han på å komme inn i same stemninga . Det båra i han , han tok omkring henne , bøydde seg ned . Då såg ho opp . Han såg ho smilte varmt . Men ho snudde seg . Gardina gløppa litt . Månelyset fall inn over andletet hennes . Han såg det var tårer i auga .

Da greidde han det ikkje , han sleit seg laus og gikk .

Gnissinga i snøen ute , sjøen som låg trollblank i natta , alt greip han . Det var som han hadde hug til å rulle seg i snø . Nordlyset loga opp over Svarthammaren . Ein stor levande boge . Strålane stakk opp og ned i bogen som veldige nåler i eit belte , mangfarga nåler .

Han skyndte seg heim og kom seg i seng .

Det gikk fleire dagar før han kom til henne . Men han måtte . Ho var bleik og såg så rart på han . Han syntes synd i henne , fekk lyst til å stryke henne over håret .

Han vart der om kvelden . Men han akta seg sia for å gå med henne på soverommet . Nei , ho fekk ta det som ho vilde , han kunde ikkje , våga det ikkje .

Først seinare kom den tærande otten at det måtte være gått gale etterdi ho var så bleik . Han gikk i redsle dagar og veker til han endelig våga spørre henne . Enno hugsa han kor rar munnen hennes var da ho svarte . Og så såg ho vekk . Nei , det var ikkje gått gale slik .

Han skyndte seg heim , kjente seg som eit nytt menneske .

%Dei gikk side om side oppover frå Leitet . Enda hadde han ikkje funne orda , visste ikkje eingong kva han vilde . Tyngsla vart verre , jamvel no var han uviss . Han såg på henne , ho var pen , ho var frisk . Ho var alt .

Med eitt stansa ho , heldt han i armen . Han måtte ikkje gå . Ho peika framover , synte han ein fugl som sat og peip så . Det var uråd å skjønne kva ho meinte . Men så sa ho det , fuglen hadde følgt dem fleire meter . Han hadde kanskje reir der framme ein stad , dei måtte gå litt frå vegen , dei måtte ikkje skremme han . Kanskje var det ein sjuk unge ?

Det var som eit slag . fin var ho , ho vilde ikkje såre eit lite fuglehjerte ! Kva var det han gikk her for ? Ein augeblink var det som han fann løysinga . Han heldt på å spørre om ho enda vilde gifte seg med han . Men så såg han nedover henne , såg hendene . Dei same gamle kjenslene var der : Det var pene hender . Altfor pene . Det var som dei kom bort for han .

Ein underlig tanke kom : Han såg eit par andre hender , hendene til Aina . Det var røykete hender , brune og litt krøkte .

Aina !

Det kjølte i han , var det gud som dreiv han til å gjere opp med Ester ? Var det ikkje heilt andre ting ?

Han trødde tungt i vegen , han måtte få tankane bort . Han tenkte slett ikkje slik på Aina , han vilde henne bare vel , han vilde hjelpe henne , kanskje få henne frelst .

Det lo visst kring han , han kunde springe .

Da vekte Ester han :

" Ka var det du vilde meg ? "

Han blinka , vart reven ut av tunge tankar , visste mest ikkje kva det var ho spurte om . Ho såg det visst , lo :

" Du sendte bud . "

Han kunde ikkje svare . Dei gikk lenge . Endelig sa ho igjen :

" Nokke måtte det vel være . "

Han fekk svart :

" Eg veit ikkje . "

Ho studerte han , vart litt forferd :

" Veit du ikkje ? "

Han gav seg over :

" Nei . "

Det var halvt otte i røsta hennes :

" Det var rart . "

Dei gikk lenge . Så såg ho lyst opp :

" Enn då du sendte brevet ? "

Han svarte ikkje . Ho vart alvorlig , sa lågt :

" Eg tenkte det var nokke som hasta . "

Han kjente det som ho skar han i stykke . Kanskje skjønte ho det , ho tidde lenge , venta . Så sa ho :

" Kan du ikkje seie nokke ? "

Han rista bare på hovudet .

Ho vart alvorlig , meste skarp :

" Har eg fornærma deg ? "

Han svarte nei .

Ho spurte i same tonen :

" Er du redd meg ? "

Det gnog , det var mest som ho sa sanninga . Men han svarte :

" Nei . "

Ho sette i å le :

" Men du seier då berre nei ! "

Straks etter :

" Det var vel ikkje nokke å sende bud på meg for ? "

Han hugsa brått kva han hadde sagt til henne for å undgå giftarmålet . Dei skulde gifte seg , det var ikkje det . Men kunde dei ikkje sette det ut litt ? Ho hadde tatt til med utstyret , enda sa han ikkje sanninga !

Synd på synd !

... Dei gikk side om side , ingen sa noe .

Da såg han Aina for seg slik han møtte henne første gongen .

Det var på kaia . Ungdommen ropte etter henne . Ho stod så sår og lita , han måtte ta henne i forsvar . Da kom ho nært han , og han stod grepen av det takksame dyreblikket hennes .

Sia vart han aldri kvitt det .

Han møtte henne fleire gonger . Det same var det same , han kjente seg meir og meir knytt til henne .

Ein gong møtte han henne utfor ungdomshuset . Han orka ikkje være der , skulde heim . Han kom frå ungdom og eit opplyst rom , der ute i snøen og mørket var Aina . Ho stod så arm og åleine , stod vel og hørte på ungdommen inne , våga bare ikkje gå inn . Ho var mellom dei utestengte . Ikkje bare fordi ho var finn , det kunde vel gå , men fordi ho var dotter til Marta .

Den kvelden var det som han kom inn i ein trolldom . Han måtte følgje henne heim . Det var så vidt han ikkje gikk inn og .

Ei fortelling om Marta kom for han . Ho hadde hatt så mange lausungar , det var ei gru . Presten som var eit stort usinne , sendte bud på henne . Hundhopen hadde set ho kom og stilla seg til prestestua . Døra var både skral og ussel . Presten brukte stua bare når han var i Vollvika og konfirmerte .

Så stod Marta der , lita og veik . Presten reiste seg , ein svær svart rusk :

" Du syndefulle kvinde ! "

Det vart ei fæl preike , og Marta vart lita der ho stod . Men stod gjorde ho likevel . Da presten endelig var ferdig og hadde skjemt på henne så ho ikkje var vatnet verd , bytta ho fot og sa :

" Å , bræsta veit no sjøl , goe gamle kenninga møtes , ondt å seie nei . "

Det hendte noe rart . Presten vart ståande mållaus . Så seig han ned på stolen og bad henne gå .

Det var dei som hadde sitt å seie om det , han hadde litt å minnes frå sin eigen ungdom . Somme ymta på at det var litt i manndommen og .

Ester stansa brått :

" Nei , no går eg ikkje lenger . "

Han vart reven ut av tankane . Kva i all verda skulde han seie ? Med eitt såg ho på han og sa :

" Du er blitt omvendt ? "

Det banka i hovudet , han fekk knapt svart .

Da sette ho i å storflire .

Det hjelpte , han stod ein augeblink og visste kva han vilde . Så lo ho igjen :

" Det var kanskje det du vilde fortelle ? "

Han svarte sterkt .

Ho lo igjen :

" Kanskje du skulde omvende meg ? "

Det og svarte han på .

Ho stod ei stund , så vart ho bleik , sa hardt utan å sjå på han :

" Det er vel ei anna som treng det meir . "

No såg han det , ho hata . Han skjønte kven ho meinte , stod snart og var trygg . Da såg ho han inn i auga :

" For resten kan eg godt seie det som du ikkje vinn : Du vilde fortelle at det må bli slutt mellom oss ? "

Det gikk mange sekund før han kunde røre seg . Endelig var det som han sette utfor eit stup . Han nikka .

Røsta hennes var stålhard , det loga visst i auga :

" Det trengte du ikkje om , det har vore slutt lenge . "

Han skulde sjå på henne , skulde seie eitkvart , da snudde ho seg og gikk .

Han la til å rope , vart redd :

" Ester ! "

Ho gikk , såg seg ikkje att .

Enda stod han , vann ikkje gå . Han hørte dei taktfaste stega hennes i gruset . Det var som hammarslag inni han .

Bøydd og sår gikk han andre vegen .

%Møtet var straks slutt .

Han sat like fattig , hadde ikkje vitna eingong .

I fleire dagar hadde han bedd om hjelp , og dette var første møtet etter han var ferdig med Ester .

Ellefsen hadde talt . Vennene vitna . Det var åndsver over salen . Og likevel rørte det ikkje han som han vilde .

Men det måtte hende noe i kveld , det måtte . Han måtte få hol på isen i seg sjølv .

Stunda var kommen , dei song :

Ånd fra himlen , kom med nåde .

Det tonte gjennom han , isa i rygg og tenner . Han var så viss at han reiste seg , gikk fram , mintes ein song med han gikk :

Denne vei vandret Jesus .

Han stod på katetret . Stemninga var veldig . Sjølv var han så grepen at han såg korkje salen eller folket , han måtte bare stå å kjenne at den store stunda var der . Så løfta han hovudet , såg folket og tok til å tale .

Da var det som det stoppa opp i han , røsta hans var rar . Ho fyllte ikkje rommet som han hadde ønskt , ho var spinkel og tørr . Uendelig tørr .

Det var så vidt han ikkje kom av det han skulde seie .

Han sokk , rommet var ein sekk , han snakka til ein stoppa vegg . Der sat folket som dei fraus , snart bad ingen .

Han måtte få handa framfor seg , måtte verje seg mot det . Han stod på katetret og fraus ut det åndsveret som hadde gått over salen ! Folk sat da som han heldt foredrag .

Ord , ord ! Vett og ikkje ånd . Klokskap , men ikkje gudsmakt .

Det var alt han kunde gi .

Stod han ikkje her og sløkte folk ut så dei sat som ein mur !

Nederlag . Nederlag ! ropte det etter han da han gikk ned .

Ellefsen sprang opp . Straks var stemninga der som før .

%Han var på veg derifrå , gikk bøydd . Han måtte vekk , måtte finne fred . Ei søster sa da han gikk ut frå møtet :

" Så god du var ! "

Det var etter han som hån !

Det bar oppover frå Vollan , han visste bare ikkje kor hen . Der flaksa ein og annan fugl i skogen , elles var det stilt , dødt .

Var ikkje livet hans slik ?

Da visste han kor han skulde hen , han vilde gå til Aina .

Han kjente det som eitkvart lurte på han i skogen . Det var det vonde , det som alltid hadde vore etter han .

Han vart sår , skulde livet aldri bli annleis kva han så gjorde ! Likevel , han måtte gå , bare gå .

Han var ved Langvatnet . Det låg så blankt mellom halvmørke skogåsar .

Han fekk mot , han trødde hardt i vegen . Ein ny stor tanke kom , han vilde frelse Aina , føre henne til gud . Tvilen kom , men han trødde mot den og . Var det ikkje dei minste og uslaste han skulde ta seg av først ?

Aina ! han vilde frelse henne !

Han tok eit kjempetak mot tvilen , kjente han vann , enda det kjølte i han da han var på veg over tunet mot gammen .

%Eit stort flakkande skinn frå gruva låg over rommet . Det var som alt tok til å leve for han .

Han hadde talt lenge med henne . Mora var nede i bygda , skulde ikkje komme att før dagen etter .

Han hadde greidd å halde dei snikande tankane vekk . Ingen ting minte han om dem lenger . Det var ei oppgave for han å føre eit menneske til gud . Og ho hadde sete ved sida hans , nei for resten , ho hadde sete midt imot han heile tida og hørt på . Ho vart så glad da han kom , det var mest som ho vilde gråte . I fattigdommen sin vilde ho til å lage mat . Han hadde slått sterkt ut med handa og sagt :

" Nei , Aina , eg kjem i eit større ærend . "

Ho vart rolig , hørte på han . Og han hadde snakka om den gongen han såg henne først . Auga hennes brann mot han . Somtid var det som han sat fast i blikket hennes . Men han visste at det var eldskinnet som gjorde auga slik . Ho sa ikkje eit ord , ho bare lydde . Det gjorde han lettare . Han såg heile kroppen hennes , såg at ho sat på kne , at ho kom nærmare og nærmare . Men han visste at ho var rørt , at det var han som var den sterke , at ho drogs mot han .

Ein augeblink hugsa han noe han hadde opplevd heime ein gong ute i liene . Han møtte ei rypemor med mange ungar . Det tok han , han sprang etter . Til sist fekk han skilt ungane frå henne . Så flaug rypemora . Men da kom ungane etter han . Han sat på ei tuve , og ungane søkte tett inn til han , kraup under beina .

Aina var ein slik hjelpelaus skapning . Kvifor hugsa han det nett no ? Han såg det tydelig , han vilde ikkje sleppe henne , ho trong han .

Han måtte stryke henne over håret , sa at han vilde berge henne for gud . Auga hennes loga opp med det same .

Han sa seg at det var eit teikn , ho var glad , det skulde ikkje komme dårlige tankar no .

Da hendte det brått : Ho bøydde seg innover han .

Han vilde verje seg mot henne . Eitkvart sa at han måtte , han måtte skynde seg . Men han hadde ingen lyst å høre på det . Det var dei vonde røstene som vilde gjere han veik .

Ho løfta ei hand . Han kjente ei minning i seg , noe han hadde drømt . Eitkvart tungt velta seg innover han , eit fjell eller ein stein bare som vart eit fjell . såg han handa .

Ho strauk han over kinna . Handa var mjuk , enda så hard ho såg ut .

Eit minne slo ned i han : Hendene til Ester .

Han snappa etter luft . Det var som han ropte på henne , ho måtte berge han .

Han skulde verje seg , skulde seie eitkvart . Da kjente han at det var for seint .

Det var som Aina loga opp for han ein augeblink . Han såg hendene hennes , såg i same farta at Ester kom bort ved sida hennes . Ester hadde pene hender , men det var måneskinnshender . Her vart det bare hendene til Aina . Brun hud og røyk . Det var som han såg henne naken . Han vart forferd over tanken , men tenkte straks at det bare var dei gamle tankane han ikkje måtte være redd .

Da såg han at Ester kom heilt vekk . Han sat og stirte inn i to underlige brune auga .

To auga frå skogen , sa det i han .

Han skulde verje seg mot det og , men så bøydde ho seg over han . Auga kom nærmare og nærmare . No , no hendte eitkvart !

Brått tok han seg samen . Han vilde reise seg , han tok i av all kraft . Han let auga att og tok i .

Da kjente han at det var som det brast i han . Han kunde ikkje tenke , han såg ikkje , han famla visst i villa . Så seig han attover , visste at ho bøydde seg over han . Så tenkte han ikkje meir .

Han vakna av det ho sa :

" Du bleik ? "

Straks etter sa ho redd :

" Du sjuk ? "

Sterke armar var brått om han , ho vilde hjelpe .

Han vart stødd bort på brisken . Kjente at det var useielig godt å få ligge . Ho var etter noe han skulde drikke . Han tok imot det , drakk , såg henne ein augeblink inn i auga med ho stod og heldt koppen inntil munnen hans . No var ho ei anna .

Det fór ein underlig tanke gjennom han : Det du drikk no , det er trolldrikken . No blir du hos henne .

Han orka ikkje stå imot , han drakk . Det kjentes uendelig fredfullt . Så la han seg , visste at no var det over , om ei stund kunde han gå heim .

%7. august . Folk tok til å bli ferdig med høya så smått .

8. august . Same gode veret . Same slitet .

9. august .

Kjell tok til å bli nervøs . Tida gikk , og ingen ting hendte .

10. august .

Han fekk brev frå Kari . Ho låg i ei hytte langt innpå fjellet ein stad saman med to venninner . Fiskevatn . Herlig natur . Lørdagsvitjing og dans .

Hadde du bare vore her ! skreiv ho . For resten , vi møtes jo snart .

Han gikk ut , stod og såg fjellheimen for seg .

Kari på fjellet , han kunde bare ikkje kjenne noe ved det . Han hadde døden og vonløysa for nært inn på seg til det . Men det var merkelig at han ikkje kjente det verre når han visste ho var på fjellet ! Han vart stuss , hadde han alt gitt opp både henne og skolegangen ?

Han tok seg samen , det skulde ikkje skje . Han snudde seg mot Rissletta , knytte hendene . Kvifor vilde ikkje hans eigen bror hjelpe ?

Var han avundsjuk ?

Tanken var ikkje ny , han hadde ant det lenge . Men han hadde ikkje set det så tydelig som no . Alle var avundsjuke , dei vilde stanse han .

At dei andre var det , undra han seg ikkje over , han var av Greipstad-folket , men at Hans var det var verre . Vel nok hadde han erta Hans , vore litt kry . Men likevel , no kjente han at han måtte ta ein tørn med han .

Sinnet tok han . Det måtte da vel finnes ein som vilde hjelpe !

Han vilde i veg straks , han måtte gjere opp med avundsjuka !

Kari på fjellet ‐ kva vedkom det han ? Han hadde viktigare ting å tenke på . Han stod åleine mot alle , han fekk greie det med henne og .

Han vart full av vilje , sprang inn og skifta klæe . Straks etter var han på veg .

Han var framom krambua med det same han gikk til Vollan . Eit par jenter stod ved disken . Dei kniste og stakk hovuda samen . Det var ikkje godt å skjønne kva dei lo så til , men så såg han at dei stod og skulde kjøpe bukser . Ester var ikkje på bua , Jonassen ekspederte . Ølkjakene hans hang slappe , fingrane var posne og raue , halvt skitne med mørke rukker . På overållen hadde han mjølflekker som synte den digre magen hans enda tydeligare .

Han neva over buksene , geipte mest og sa :

" Fin vare . "

Så bøydde han seg mot jentene . Bartane hang slappe . Han gnidde hendene i buksene og sa :

" Å så mjuke og gode ! "

Jentene kniste . Men så sette den eine i , såg på snora og lo :

" Få sjå den der . Unge mannfolk like lyserødt . "

Det var mest som bartane til Jonassen seig ned litt . Auga glodde , kjakane vart sidare . Han snudde seg og stabba til snora . Kom tilbake og var alvorlig . Jentene såg det , kniste att .

Kjell kom seg ut , orka ikkje stå der . Alt sa han at han måtte på skole , han vilde ikkje sige ned i bygdemiljøet . Han måtte opp . Ein dag skulde han føre dei andre med seg , skape ei ny ånd i bygda .

Men han måtte handle snart . Han skulde til Rasmus på Liland . Det var ein god kar . Fekk han bare han på si side , var alt klårt . Han såg ut mot Rissletta . Det var som husa vart mindre , som makta til Hans skrumpa inn . Han skulde ein vakker dag få mye å tenke på .

%Han sat og snakka med folket . Sønnene var inne , Rasmus og Berte , kona . Det gikk bra til å begynne med . Rasmus var litt rar av seg , tødde likevel opp . Men så vart han fåmælt , det var som han fraus til innvendig .

Eldste sonen , Odin , såg på faren og vart på same måten . Det var bare Martin , yngstesonen , som var annleis . Auga hans var så gode , og han snakka alt i eitt .

Best det var hogg faren frami :

" Du har visst ikkje greia på det der ! "

Dei hadde snakka om politikk .

Martin vart harm , han tok sterkare i . Då såg både faren og Odin på han . Blikka var alvorlige og åtvarande .

Martin gav seg ikkje , snakka ivrigare .

Mora såg til slutt og på han , så reiste ho seg og gikk ut .

Det var greitt at det gikk eitkvart viktig for seg inne . Skulde det same hende her som da han var hos Morten ?

Det vart så stilt at det verka tungt . Rasmus tok så smått til å kremte , sa eit og anna ordet . Odin dreiv bare på med arbeidet . Han mintes at Odin mest ingen ting hadde sagt . Orda hans hadde derimot så mye større tyngd .

Martin sat trassig . Han klavde line , beit hardt forsenknutane og såg sint ut . Dei kua nok ikkje han så snart . Men kor hadde han fått alle dei radikale idéane frå ? Jamvel dei gudelige sa han eit sanningsord .

Det hadde vore stilt lenge . Han let det bare være stilt , orka ikkje å snakke . Kona kom inn . Ho tok til å stelle med rokken . Han mintes at ho ikkje hadde sagt eit ord .

Lyden frå rokkehjulet fyllte rommet . Det var som den sa , ingen fremmende av det folket er velkommen hit .

Da kom det bråt liv i Rasmus , han klødde seg i skjegget , såg opp og spurte , dei lærte vel fælt mange ting inne på skolen . Han svarte ikkje stort på det . Rasmus la hovudet på side og sa ut i lufta :

" Grove ting , det er rart med videnskaben ! "

Auga hans var små , det såg ut som han lo under huda . Med eitt retta han seg opp , var gravalvorlig og interessert :

" Du som har lært så mykje , du har vel greia på den nye teologien ? "

Det var ei felle , men han var så harm , han svarte ja .

Rasmus kom liksom nærmare :

" Er det så at dem er tenkt å forandre katjesma ? "

Straks etter retta han det :

" Den lille katekismus . "

Han hadde ikkje tenkt å svare , men så såg han Martin stirte på han . Alvoret var der , han sa at det var visst ikkje tale om det , men det kunde hende at det vart tatt ut noe slikt som " nedfór " til helvete . Saka var jo den at jorda var rund , ned i gammal tyding fans ikkje .

Rasmus såg ei stund glad ut , det var som han skjønte alt og var samd . Han nikka etter kvart . Best det var sa han :

" Ja-så-no , dem skal det . Dem skal forandre barnelærdommen . "

Det vart pinlig og stilt inne .

Rasmus la eine kneet oppå det andre :

" Ja-ja , det er vel mangt som ikkje passe lenger . "

Så såg han opp att , blikket var stort og sterkt , men langt inni hovudet . Så vart det sårt .

" Ja-ja , " sa han bare .

Stille igjen . Odin bøydde hovudet over arbeidet . Berte retta på rokkesnora . Martin var sint .

Var det noe å vente på ? Han snudde seg mot Rasmus og spurte beintfram om han vilde hjelpe med å skrive på .

Rasmus vart sittande og måpe . Så vart han rau over heile andletet , snudde seg mot han og svarte biskt :

" Eg skriv ikkje på for ein som vil avskaffe Bibelen . "

Det vart så vidt han fekk mål for seg :

" Avskaffe Bibelen ? "

Martin reiste seg , la bruket bort , sa halvhøgt :

" Helvete . "

Så gikk han mot døra .

Faren snudde seg brått etter han :

" Er du blidd så bratt i nakken ? "

Martin var ute , Rasmus ansa seg og sa :

" Det spørres forskjellig . "

Han tenkte ikkje å svare , men sa sterkt :

" Det er løgn . "

Rasmus vart bratt i ryggen :

" Ka var det du sa til han Morten ? "

Det var som eit fjell reiste seg mot han . Han kom seg opp . Dei arbeidde samen om å stenge han ute !

Han gikk som i drøm mot døra , hørte Rasmus sa mildare og løgt :

" Og for resten så kan eg ikkje . "

%Han var ute .

Var det same bygda ? Var det slik fjella såg ut ?

Han gikk nedetter vegen .

Hans , nei , han vilde ikkje tenke på det . Det var som han såg han lo .

%Det erga at ein børsesmed hadde betre greie på kvinnfolk , men det var eit faktum , Vik hadde det .

Arne Haukås kjente det som Vik gjorde seg ærend bare for å konstatere det . Når forretninga var stengt , kom han . Og han hadde fått Synnøve på heilen . Somtid sat han og ønskte at det var han som fekk handsame henne . Ho skulde ha fått krope , ho skulde ha blitt audmyka .

Han angra somtid på at han hadde vore så langt nede at han hadde snakka om henne .

Vik sa :

" Du forstår , ho er toget til verdas ende , andre menneske er bare stasjoner ho stanser ved . Du er en av dem . Ho stanser ikkje før ho ligg på sida i grøfta . "

Dei orda hjelpte ikkje stort . Var det noe han var redd for , var det nettopp det at ho skulde i veggrøfta . Han kunde bli sittande framfor pjolterglaset og sjå det så tydelig for seg at han sprang opp og sa nei , det skulde aldri skje . Gikk det slik , var det eit teikn på at han var eit lite menneske .

Det var tider han ikkje greidde å tenke slik , han hata henne . Ja , han sa det til henne når ho kom . Det var bare det at det nytta ikkje . Ho hørte på han ei stund , så gikk ho . Til slutt var det han som måtte bøye seg .

Næste dag var ho djervare . Ho hadde ei evne han aldri hadde vore borti , alt vann ho på .

Ein dag rista han henne . Det kosta ein kjole og mange audmykande ord .

Saka var den at han vann ikkje arbeide når ho var gått sint bort . Til sist kom ein snikande tanke , han fekk hente henne når ho var så uundværlig . Han fekk tole henne med han heldt på med avhandlinga . Sia kunde han reise bort .

Dag etter dag , det var dei same såre nederlaga , han kjente at han kunde bli galen .

Ho vart borte noen dagar . Han gikk i angst , gikk ute og såg etter henne . Fleire gonger hadde han tenkt å gå inn til henne , men han greidde å la det være . Han greidde jamvel å gå heim kveld etter kveld utan at han ringte til henne og bad henne komme .

Men ein kveld drakk han seg full og ringte .

Ho kom , stod ein augeblink i døra og såg på han med glasblikk . Det fór gjennom han , det blikket der lyste av hat . Endelig var det komme så langt .

Han måtte tenke : Hadde pengane gjort at ho ikkje hadde gått frå han ? Som ho da måtte ha hata han kvar gong ho tok imot noe frå han !

Om ho snakka ut ! Om ho sa alt om si pine ! Han sat mest og frikjente henne for alt vondt . Men brått kunde han ikkje det . Eit menneske kunde ikkje ha lov til å ta imot så mye og lønne det med vondt . Dessuten visste ho kor mye han heldt av henne og korleis han hadde det .

Ein augeblink kjente han hatet levande i seg . Han vilde halde på det . Bare , bare han kunde lære å hate henne heilt ! Han såg stivt på henne , prøvde sjå med same blikket .

Da rann det han inn at kjærleik og hat låg side om side , hat kunde være teikn på kjærleik . Han lo , hatet var nummeret attved det store loddet , det hjelpte han ikkje . Han kunde trygt hate , nøre det så godt det let seg gjere .

Ho sat litt hos han , merka at han var kald . Brått tok ho hanskane på , ho måtte gå . Han greidde å sitte att , han måtte prøve om hatet var sterkt nok til det .

%Han ringte igjen etter henne . Ho kom .

Han visste det var dumt gjort , han kunde bare ikkje la være .

Dei sat og drakk litt . Ho såg kaldt på han som før . Han tok til å sjå på henne . Kva var det eigenlig ved henne som tok han så , hadde makt ? Ho var pen , men det var da ikkje meir . Det var vakre glasharde auga . Det var ein pen spissmunn . Ein vakker kropp som han ikkje måtte røre ved . Kunde han da ikkje makte å drepe alle kjensler for dette vakre , iskalde kvinnfolket ?

Iskald ? Kva visste han for resten om det ? Hadde han anna å seie for henne enn det med pengane ? Kunde ho ikkje være varm hos andre ?

Sinnet heitna i han , han kunde ikkje styre seg . Han sa at ho var simpel mot han . Hadde ho vore verkelig kvinne , hadde ho stelt seg annleis .

Ord tok ord , han visste mest ikkje kvar dei kom frå . Han måtte bare få sagt dem . Han såg henne beint inn i andletet og sa at hadde ho vore kamerat , hadde ho iallfall tenkt litt på arbeidet hans om ikkje anna .

Ho sat og hørte på . Han såg ho skifta andletsfarge . Best det var stod ho , auga lynte :

" Har eg nokken gong sagt at eg brydde meg om arbeidet ditt ? Har eg lovt nokke som eg ikkje har holdt ? "

Det kom over han som lyn , han kjente han var full , han hadde gjort eit dumstykke . Han vart erg på seg sjølv , men sinnet tok han , han sa meir :

" Trur du at du skremmer ? "

Andletet hennes vart rautt :

" Jaså , det var det du vilde meg ! "

Ho heiv seg rundt , var etter kåpa , tok den på , fekk i hanskane , ho skulde gå .

Sinnet flomma i han , kvifor ikkje ta oppgjeret med ein gong . Han sat heilt rolig og kald , det kjentes inderlig godt . Men så hugsa han alt , kjente ein skjelv inst inne : Var han verkelig moden til å be henne gå ? Og vart det ikkje eit større nederlag da å be henne komme att ?

Det svei i han av hat og harme , han var som ein fanga stakkar .

Da kjente han det varmt i seg : Han nørte hatet om han bøydde unda . Det vart ikkje bare siger for henne , ho tapte meir enn ho ante på denne måten .

Han kjente på det igjen , det var ingen annan veg å gå skulde han bli lei henne . Kvart nederlag var eit steg mot frigjeringa . For kvar gong han gav etter , brukte han opp noe av det gode han hadde for henne .

Han reiste seg . Ho stod ved døra , skulde just til å gå . Da var han borte hos henne , tok omkring henne , snudde henne inn :

" Ikkje gå ! "

Ho såg hardt og kaldt på han :

" Koffør gje du meg ikkje fred ? "

Han forakta henne der ho stod , forakta blikket og reisinga , forakta så han kjente seg lei . Han lo , han hadde råd til å seie :

" Bry deg ikkje om det . "

Ho stod trassig enda ei stund . No gjorde det godt så han vart blid , hatet var mest herlig å kjenne på . Det vermte i han , han strauk henne over håret og sa :

" Sitt ned . "

Ho flytta seg , gikk til stolen . Ho var sigerstolt , gav bare seint og smått etter . Det og gledde han , gi ho bare vekte hatet enda meir , gi ho var slik alltid !

Ho stod og tok av seg , småskjente , sa ekle ord . Før hadde dei svidd , no gjorde dei godt .

Hadde han verkelig funne vegen til å bli ferdig med henne ?

Han vart glad . Vel var det ein feig måte , han burde ha vore sterk nok til å gå frå henne uten vidare . Men den svien hjelpte bare til . Elles var det ei herlig kjensle at ho ingen ting skjønte , han fekk tatt att mye bare med det . Ein dag stod ho der og skjønte ho var ført bak lyset .

Han vart i så godt humør at han tok til å halde leven . Gikk det slik , kom ho nok att , han slapp sitte ottefull , han kunde arbeide med alt stod på .

Dei sat og drakk .

Ho fekk meir mot , no var ho heilt sigerviss . Han merka det og lo inni seg , sat og gledde seg over at ho visste så lite .

Han studerte henne . Ho slo stendig i glaset hans . Han visste godt kva det tydde : Ho hadde alltid vunne sine største sigrar når han var full . Før hadde det gjort han vondt , i kveld var det godt . Ho vart meir og meir snakksam .

Det var så han måtte le : Her sat ho og strevde og trudde ho vann , og så var det det motsette .

Best det var fekk ho eit sårt drag over andletet , ho tok til å bli nedfor .

Han fylka all medkjensle i seg , men lo inst inne .

Om ho bare visste !

Så kom det : Han forstod henne ikkje . Han la bare merke til når ho var i dårlig humør , han spurte ikkje etter hva som gjorde det . Han visste ikkje kva det hadde å seie å ha dårlig råd .

Det skar i han med det same , men han styrte seg .

Ho såg lidande ut . Dei andre kunde gå på tur , ho kom ingen stad , ho hadde ikkje sportsdrakt .

Han tidde , sat og kjente på kor han vanvyrde henne , at vanvyrdnaden vaks .

Ho gav seg tid . Så spurte ho rett ut , kunde ikkje han gi henne drakt .

Det gikk ei båre i han av hat , han måtte sjå bort ein augeblink så ho ikkje såg kva han tenkte . Så snudde han seg mot henne og lovte at han iallfall skulde sjå på det .

Ho vart storglad , ho skulde aldri glømme det . Å ho skulde være hos han mange kveldar , han skulde nok få lønn for at han var snild .

Han prøvde sjå forelska ut , men det lo i han . Han reiste seg , gikk til henne , tok omkring henne . Ho let det skje , men var kald . Det var mest som han kjente at det bar henne imot .

Det fór i han , han kysste i forakt .

Munnen hennes var spiss og samenknepen . Ho sat mest på vakt . Så skuvde ho han frå seg , snakka brått . Det var om drakttyet .

Ho tok lommeduken og tørka seg kring munnen .

Han snudde seg .

%Ho kom att tre dagar på rad . Han måtte sjå på prøver og fasongar , ho snakka kveldane ut om drakta .

Han heldt det ut . Han fekk betale det for arbeidsfreden . Og arbeide fekk han , han slapp tenke på om ho kom eller ikkje , han visste på klokkeslettet kva tid ho var der .

%Og likevel , etter kvart ho var hos han vann dei gode kjenslene . Han kunde ikkje hate , han drogs mot henne . Der sat ei ung , pen kvinne på rommet hans , han elska , han var tatt av henne , han kom bare ingen veg .

Det svei i han . Ein annan kom kanskje til å vekke henne . Ein annan kunde få henne til kvinne . Han sat samen med henne og såg henne i armane til andre menn .

Av og til vann harmen . Han sa seg at han burde jage henne ut , gjere brutalt slutt . Han torte det bare ikkje . Det kom vel til å gi han det største nederlaget . Dessuten måtte han ta omsyn til arbeidsfreden .

Ho kom att og var den same , fekk mest alle ønske oppfyllt . Han måtte gi seg , han var som ein fisk i garn . Prøvde han slite seg laus , sokk tråden lenger inn i kjøttet . Verst var det at ho skjønte det .

Han gikk att og fram i rommet når ho var gått , han kunde forbanne seg sjølv . Han kom ikkje ut av det , han seig inn i trøtte og gav seg over . Trøsta seg til sist med at han vann å arbeide , for han visste ho kom att .

Det var tider han vedtok at han skulde gjere slutt på det . Han skulde pakke sakene sine og reise bort . Kanskje vart ho ei anna da ?

Ho kom att , smilte og var blid . Han kjente freden av det og gav seg , orka ikkje anna .

Han tok til å få syner , såg henne i alt . Det kunde være ein tråd på gata , den var namnet hennes eller henne . Det var eit skile mellom to gatesteinar . Han måtte sjå vekk , det minte om ting han ikkje måtte tenke på .

Ho var i alt .

Sat han einsam på rommet , syntes han at han hørte stega hennes . Dei kom nær døra , han venta at ho tok i klinka .

Han kunde sitte i selskap og sjå henne for seg i tanken så han vart fri for ord . Greip seg i at folk hadde snakka til han uten at han hadde hørt det .

Ei rørsle minte om henne , eit ord ønskte han var hennes . ‐ Den foten der , minte ikkje han og om henne ?

Unge kvinner såg på han , somme synte tydelig at dei var interesserte . Pene kvinner , kloke kvinner . Han smilte mot dem og ønskte han kunde bli forelska , at dei kunde få tak i han . Det var bare rådlaust . Snart sat han midt inni den gamle tankeringen .

Av og til når han sat heime , tok han på seg og gikk ned til hamna , stod og såg skøytene og fiskarane ombord . Dei var lykkelige og glade . Dei kunde ikkje stort , dei var fattige , men dei hadde noe å reise heim til . Arbeidde dei ikkje på spreng for å komme avstad ? Dei hasta heim .

Korleis hadde han det ?

Det var det same med ein pikkolo eller eit bud , dei plystra sin veg og ordna på ein ettermiddag dei ting han aldri vann med . Dei hadde vilja vore overlykkelige om dei hadde fått hans sjansar . Han kunde bare ikkje nytte dem ut .

Det hendte han stansa og såg på barna . Han såg småjenter med sløyfer i håret , lubne bein og stutte skjørt .

Dei minte om henne !

Han kunde sitte heime på hybelen og tenke på kor godt ho skulde ha fått det om ho hadde vore hans . At ho ikkje tenkte litt på det !

I staden kom ho att og bare snakka om seg sjølv , fraus han til is inst inne . Snakka om dei ting ho vilde ha uten å gi det minste for dem .

Det grov i han , svidde , ho vilde ha pene klæe for å ta seg ut for andre menn .

At han ikkje skulde møte ei kvinne som han kunde bli såpass glad i at han kunde glømme Synnøve ! Han visste ikkje alt han skulde ha gitt det mennesket !

Somtid prøvde han slå seg laus , få tak i ei eller anna . Oftast lykkas det ikkje . Dei var pripne og rare , heldt seg på fråstand . Han kunde snart hate alle kvinner , dei hadde da ikkje vett .

Etterpå kom gjerne Vik og snakka om kor lett det var å få makt over kvinnene . Han var lei dem fordi han aldri vart kvitt dem .

Var verda blitt omsnudd eller var han galen ? Måtte han til å rømme frå alle menneske ?

Han måtte forsvare seg mot tankane , sa at det trong ikkje være hans skyld at Synnøve var slik . Da isa det i han som hån :

Ingen går frå noen uten at dei er det verd .

Han mintes ei soge ein studiekamerat fortalte om ei jente han hadde vore forelska i .

Ho var kald mot han i fleire år . Ingen ting nytta kva han så gjorde , han fekk mest ikkje ta i henne . Mannfolk var svin og egoistar , tyrannar . Det einaste dei lengta til var å oppnå ei kvinne kjønnslig . Guten var glad i henne , prøvde overtyde henne om at det var ikkje sant . Det nytta like lite .

Heldigvis budde dei langt frå kvarandre , han slapp sjå henne for seg alltid . Dei skreiv brev kvar veke . Men alltid var ho inne på same tankane .

Han gav opp å få henne slik og gikk til andre jenter , ho fekk bare ha det så godt . Likevel heldt han av henne , trudde han skulde ha blitt galen av det .

Da hendte det ein sommarkveld han var samen med henne på tur . Ho var sportsklædd og sat så rart mot han i bakken . Han vilde ikkje sjå på henne , visste at alt var fåfengt . Men så kunde han ikkje la være , kjente med eitt at han vart vilt grepen av det .

Da la han merke til at ho såg alt , men blikket hennes var varmt . Han kunde ikkje tru seg , vilde reise seg og gå . Da bad ho at han måtte sitte .

Han la til å sjå nedover henne med fullt blikk , så sterkt og lenge , kjente det ølna kring seg . Så såg han henne inn i auga .

Ho tok imot blikket hans , svelgte visst . Så reiste ho seg :

" Vi går heim . "

Dei var på rommet hennes . Ho var så underlig , gikk brått inn i eit siderom og skifta .

Han satt att i skjømminga og hørte henne .

Ho kom ut att , stod attved han og sa ho vilde legge seg .

Han måtte slite seg ut av stemninga , tok huva og gikk .

Ho kom etter , kom heilt bort til han der han stod ved døra .

Han visste ikkje kva som gjorde det , han tok henne snøgt inn til seg . Kjente henne mot seg . Så hørte han ho sa lågt og sømnig :

" Uff , gjer det ikkje , eg er meste naken . "

Han våga ikkje tru , reiv seg laus , fekk opp døra og sa godnatt . Da hørte han at målet hennes var så rart , det var som ho var vonbroten .

Nei , nei , han kunde ikkje tru . Og likevel låg han vaken heile natta og pintes med at han hadde vore dum .

Dagen etter gikk han som han var full . Han skalv inst inne da han gikk til henne om kvelden .

Det var ikkje stort å merke på henne i førstninga . Men om ei stund var dei inne i same stemninga .

Han kunde ha rømt straks , kjente han greidde ikkje det oppatt som hendte kvelden før . Da visste han ikkje av før ho sat og gret .

Han fekk henne på fanget . Ho gret enda meir . Han bar henne til divanen .

Blodet sette til hovudet , han vann ikkje styre seg snart .

Brått hadde han henne i armane . Ho fekk omkring han , gav seg .

Han skalv så han kjente han dissa . Skulde han våge å ta i ho slik ?

Han gjorde det , vart vill . Ein augeblink tenkte han ikkje , kjente underklæa og henne under handa . Han skulde just til å ta klæa av .

Da hendte alt med han !

Han gjømte andletet . Det var forferdelig , som han vart drepen .

Først lenge etter torte han sjå på henne .

Ho hadde ikkje merka noe ! Han var inni same stemninga før han visste ordet av det .

Han hadde fått klæa meste av henne , såg henne naken , da hendte det andre gongen .

Han sokk , grov andletet ned i puta , han måtte rømme , skamma ølna kring han .

Da vakna han av at ho låg og strauk han over håret .

Han såg på henne . Kunde ho verkelig forstå , kunde ho tilgi ? Han fekk henne inn til seg , kjente at så sterkt hadde han aldri halde av henne . Det var eit djup av kjærleik han aldri hadde visst om .

Han låg lenge og kjælte henne .

Og så hendte det forferdelige tredje gongen . Han var bare kommen lenger . Kommen for langt . Det var klårt , no visste ho kva som var hendt . Det kunde ikkje være tilgiving for det ! Han måtte være sjuk , øydelagt .

Han reiv seg laus , måtte vekk .

Knust og nedfor skulde han sykle den lange vegen opp til turisthotellet der han budde . Det regna , vegen var oppbløytt og glatt . Han drog mest den dyvåte sykkelen etter seg siste vegbeten , skuvde han inn i skuret så han datt på golvet , orka ikkje sjå han .

Om natta drømte han henne , og det same hendte oppatt .

Han måtte til henne andre dagen , det var avtalt , men det var så vidt han orka gå . Korleis kom ho til å ta det ?

Da slo det han at ho var like blid , ja ho var mildare enn ho noen gong hadde vore . Det var som ho hadde fått ei anna djupn i laget å være på .

Og så låg dei igjen .

Han skalv , visste at gikk det likeins igjen kunde han aldri sjå henne att .

Han såg ikkje på henne , han tenkte intenst på alt anna .

Han greidde det !

Han vart frå seg . Oppdaga etterpå at ho var det og . Det var ei oppleving han aldri hadde tenkt seg .

Etter den stund var det ho som vilde det mest .

Men så vart han lei henne . Han kunde ikkje glømme at alt det hadde ho halde han vekk frå i alle år . Ein dag gikk han frå henne for godt .

Haukås visste det var det samme han tenkte om Synnøve : Ein dag vakna ho slik . Det nytta ikkje , det var dei tankane som gjorde han utrygg for kvar gong han tenkte å gå frå henne .

Kanskje gikk han ein dag for tidlig !

Nei , han måtte halde ut , han måtte oppleve henne slik , ho måtte vakne . Ho var da vel kvinnfolk som dei andre .

%Da var det at han gikk til ei anna kvinne .

Han sat og drakk da han fann på det . Kvifor skulde han være narr for ei jente som ikkje gav seg det minste om han ?

Han møtte frøken Solvang , kjente henne frå den tid ho var og sydde i huset der han budde .

Han stod og bad henne på vin , såg ho var kvinne , var hoe . Ho merka det og undra seg visst . Han hadde ikkje set stort på henne i den tida ho var i huset . Dei hadde møttes i trappene ofte . Ho hadde stirt etter han , hadde undra seg kanskje , kven var han for eit mannfolk som ikkje såg henne . Ho hadde så visst ikkje vore van med slikt . Mannfolka var for mye etter henne til det .

Ein dag bad vertinna han inn på kaffe .

Han måtte drikke samen med frøken Solvang .

Han skjønte alt , såg det på blikket hennes .

No såg han nedover henne . Det båra i han , han gav seg over . Ho såg det , lo , så sa ho :

" La gå . "

Det bar sørover til hybelen hans . Det fekk hende alt , han måtte slette Synnøve ut .

Dei hadde drukke litt .

Da fór det kaldt gjennom han , enn om Synnøve kom ? Han kjente seg nommen i kroppen , tenk om han hadde glømt det av ! Tenk om ho hadde komme inn når ‐ ‐ ‐ . Dumt for resten at han hadde gitt henne nøkkel !

Han stengte døra .

Dei drakk vidare . Frøken Solvang stirte på han , sat i ein underlig varme etter at han stengte døra . Auga følgte kvar rørsle han gjorde . Munnen hennes vart liksom større . Ho lo stendig .

Det bar han imot , blikket hennes var så dumt . Kva var det han hadde rota seg opp i ? Da visste han ikkje av før han såg det tydelig : Jenta sat da der bare og understreka kor mye Synnøve var for han . Det var som ein trolldom ! Han ønskte henne ut , blikket hennes var så dumt at det plaga han .

Han tok seg samen , såg sterkt på henne . Var ho ikkje kvinne kanskje ? Sat ho ikkje der og var bare kvinne ? Ho bøydde seg fram , såg i bordet , såg sky opp på han att , så ned . Tolte ho ikkje blikket hans ? No venta ho han . Han reiste seg , var hos henne . Ho let auga att , halla seg mot han , gjømte andletet mot brystet hans . Så drog han henne på fanget . Kjente ho var herlig , no gav han seg over .

Da ringte det på døra .

Han sat stiv . Tankane svirra , han visste ikkje kva som gikk for seg . Visste bare at det var Synnøve som stod og ringte .

Der sette ho nøkkelen i døra !

Det fór kaldt gjennom han , han skalv .

Ho vrikka med nøkkelen , stod som ho kjente på låset ei stund . Så gikk det opp for henne at døra var stengt på innersida .

Ho vart vill , slo i døra , braut på det ho vann . Da det ikkje nytta , spente ho , ropte .

Han hadde heile tida sete utan å kunne samle tankane : Skulde han gå ut til henne eller skulde han ikkje ? Så vart han klår over at han bare hadde å sitte . Gikk han no , gav ho seg ikkje før ho kom inn , og så vart det skandale . Det var betre ho stod der . Han kunde kanskje seinare bille henne inn at døra var gått i baklås .

Bare ho ikkje fekk døra opp ! Han vart redd , gikk ho ikkje snart ?

Enda dreiv ho på !

Han sveitta .

Best det var , slutta ho , stod still litt , så spente ho hardt i døra og gikk .

Da såg han den andre jenta , mintes at ho hadde vore svært redd til å begynne med . Sia sat ho og lo , var trygg . Han hata med eitt blikket hennes . Bilte ho seg verkelig inn at ho hadde mye å seie for han at det var for hennes del han stengte ei anna ute ?

Han måtte få henne ut . Såg ho undra seg , stirte på han med ho klædde på seg . Så kom det eit fattig drag over henne . Ho skyndte seg brått og gikk .

Ho såg ikkje på han da ho sa farvel .

Jenta var ikkje så snart på gata før Synnøve stod i døra . Auga stod stive , andletet var forvridd .

Med eitt kom ho mot han , sette hendene i andletet og klorte . Ho gjorde det snøgt som ei katte . Stirte på han igjen som ho var sinnssjuk . Skulde visst til å klore att . Han såg fingrane hennes krøktes så handa likna ei klo .

Han fekk over hendene hennes og heldt , kjente at blodet rann over begge kinna .

Ho vilde laus , men han slapp ikkje taket . Ho vrei seg , arbeidde , togg skum .

Aldri i verda kunde han sleppe henne no !

Det var gått eit par timar visst . Endelig gav ho seg , tok til å gråte .

Han kunde snakke med henne .

Ho gret bare enda meir , gret som eit barn . At det kunde ta henne så hardt , hadde han aldri trudd .

Inst inne var han litt glad : ho måtte halde av han . Endelig hadde han fått prov for det .

Straks etter kom tvilen : Var det ikkje bare sinne som gjorde alt ?

%Ho sat i fanget hans , slutta å gråte .

Nei , ho vilde ikkje høre på at han ikkje hadde hatt eitkvart med den andre å gjere , ho visste nok når døra var stengt .

Ho såg hatefull på han , vart rau . Det var som ho gjorde eit vedtak . Så sa ho at han kunde forlate seg på , heretter skulde ho følgje med , ho skulde passe han opp .

Brått kjølte det i han . Ein ny og underlig tanke kom : Heldt han verkelig av henne ? Kjente han det ikkje som uhygge å ha henne etter seg ?

%Ho stod i døra eit par dagar etter .

Han var litt nervøs , såg intenst på henne . Da merka han at ho slett ikkje var harm eller fornærma , ho var tvert om mildare enn før .

Han vart glad , hadde hendinga den kvelden hjelpt , var alt i orden .

Ho snakka blidt , kom han nær , hadde omtanke for alt . Korleis stod det til med klæa hans , stelte jenta skikkelig på hybelen ? Ho fann i ein klut og tørka støv . Etterpå kosta ho frakken og dressen hans . Hadde ho bare hatt strykjarn , skulde ho ha pressa og .

Han var i godlag . Hadde det for ein gongs skyld så koselig at han ikkje orka å arbeide av den grunn . Det kjentes som han hadde lagt ei kjempebøre av seg .

Da slo ein ny tanke ned i han :

Heretter tok han makta !

Heretter visste han kva han skulde gjere !

Han lo og vart i enda betre humør . Ei ny tid tok til , no fekk dei ta ein tørn .

Han lo da han følgte henne heim , lo da han sa henne farvel og .

%Og ei ny tid tok verkelig til for han . Han var i godt humør , han sov godt , arbeidde godt , hadde alkohol heime på rommet , men smakte han ikkje når han var åleine . Bare når ho bad om det , tok han flaska fram . Sjølv drakk han mest ikkje .

Ho undra seg , studerte han visst . Han less som han ikkje såg det , spelte som han var svært opptatt av eitkvart .

Ho sat lenge hos han om kveldane og kom oftare att .

At han ikkje hadde gjort henne sjalu før ! Arnold Vik fekk altså rett !

Han måtte prøve å drive henne lenger .

Ein kveld han hadde avtalt å gå på kino med henne , gikk han til Vik . Da han kom att , låg ein settel på bordet frå henne . Ho var harm , ho hadde venta i fleire timar på han . Han kunde bare halde fram med å gå bort slik , han skulde få vente til ho kom att .

Det fór ei lita kjøle gjennom han med det same . Men så las han at ho hadde gjort det og det til han . Var han så fæl til å rote på hybelen eller kva var det for slag menneske han hadde å stelle til seg ?

Han la settelen bort og lo .

Ho kom att næste kveld . Han orsaka seg , less forsnakke seg at han hadde vore på skolen . Ho lo kaldt , auga skaut lyn , han skulde kanskje prøve å bille henne inn at han var der midt på sommaren ! Hata ho ikkje ? Hadde ho ikkje lyst å klore ? Han såg på henne . Det harde kom bort , ho sat att og var bare ottefull .

Om eit par dagar dreiv han det lenger : Han gikk sin veg og less glømme noen billete av Åshild inne på bordet . Synnøve kjente da ikkje henne , hadde aldri set billeta . Da han kom att , hadde ho stillt dem opp på bordet og skreve på ein settel : Var det den jenta han var hos da han sa han var på skolen ?

Han dreiv det vidare , tok til å seie henne dryge ord . Han såg ho pintes , det gjorde henne vondt . Det svei i han , han hadde lyst å stryke henne , ta henne inn til seg . Men han visste at gjorde han det , var alt tapt . Han hadde bare ein ting å gjere , drive henne lenger inn i tvil .

Han reiste på hyttetur ein dag , skreiv ein settel og la på bordet , sa at han visste ikkje kva tid han kom att . Han vart iallfall borte eit par dagar .

Der låg ein settel frå henne da han kom . Han var bra ussel som ikkje sa frå før han fór . Men ho skulde så visst ikkje gå i vegen for han , heretter kunde han reise så mye han lysta .

Det uroa han som før . Men i kanten under stod det : Ho hadde skifta på senga hans og vaska , pussa dørlåset og pynta opp . Han måtte da ikkje ha det så fælt inne .

Han var glad , men syntes han hadde vore for hard mot henne . Og likevel , først da han kom ut i badet , tok det han heilt :

Der hang underkjolen hennes . Ho hadde vaska den og hengt den til tørk .

Ein augeblink stod han forsvarslaus . Var han ikkje ein forbrytar mot henne ?

Lengselen etter henne loga opp , han kunde ha sprunge ut og henta henne , tatt henne i armane . Da vann han over det .

Han måtte være hard .

... Det gikk enda lenger . Det hendte ho stakk bort til han midt på dagen dersom ho hadde fri ein times tid . Han tok det rolig og var opptatt med arbeidet . Han unte henne det , ho skulde få enda meir .

Dei var ute og gik . Han såg på andre kvinner , less bli distré . Han hørte ho prata ivrig når ho såg ei pen dame , passa på å spørre om eitt eller anna . Han svarte ikkje , hugsa først etterpå at ho hadde snakka og spurte kva det var . Ho vart sår . Det tok , men han greidde det .

Når ho kom heim til han , spelte han same rolla . Han såg henne mindre , gjorde aldri tilnærming . Når ho reiste seg og gikk , var det som han vakna og sa distré at ho måtte sjå opp til han om ho hadde tid . Ho åpna munnen og stod forferd , det var som ho spurte , kva gikk av han . Så var otten der , han måtte være glad i ei anna .

Det kom ei tid ho gjorde seg hard . Ho var i alle lommene hans . Fann ho eit brev , måtte ho sjå kven det var frå . Han fann ut at han måtte gå lenger , skreiv setlar til seg sjølv og gjorde skrifta fremmend . Ho var hysterisk og frå seg . Han beit tennene samen og greidde det og .

Ein dag ho var hos han , kom eit par kvinnelige musikantar i garden . Han hørte den eine song og sprang opp , åpna vindauga , less glømme henne . Så reiste han seg , la to kroner i eit papir og kasta ut .

Det skar i han da han såg andletet hennes . Ho sat bleik og heldt kring eit vassglas på bordet . Auga var stive . Det såg ut som ho heldt på å klipe glaset i sund .

Han sette seg , såg henne ikkje , sat i tankar . Da spurte ho med ho såg stivt på glaset :

" Var det fordi det var kvinnfolk ? "

Han var forundra :

" Hva sier du ? "

Ho stirte like eins :

" At du gav to kroner ? "

Han vart enda meir forundra :

" Snakk ! "

Tonen vart arm , det gikk eit sårt drag over andletet hennes :

" Eg har ikkje set at du har gjett mykkje før . "

Så vondt ho måtte ha det ! Han reiste seg , kjente seg veik , gikk til henne , strauk henne over håret :

" Eg forstår ikke hvad du mener , Synnøve . "

Ho vrei seg unda og sa :

" La det være ! "

Han spurte :

" Får eg ikke stryke deg , da ? "

Han hugsa med det same at det hadde gått fleire dagar sia han hadde gjort det . Ho sa skeivt mot han :

" Spar deg det , gjer det med dem du like . "

Han bøydde seg mot henne :

" Du veit da , det er ingen som deg . "

Ho bles , vrei seg unda :

" Gå bort med løgna di ! "

Han forstod , sa igjen :

" Det er sant , Synnøve . "

Ho vart opprørt og sår :

" Lyg førr di andre , ikkje førr meg . "

Han tok henne inn til seg :

" Kjære , kjære Synnøve , det er ikke andre enn du ! "

Ho vart rasande , skuvde :

" Kom deg unda , trur du ikkje eg har lagt merke til alt ? "

Han sette seg . Det gikk brått opp for han at ho ikkje lenger trudde når han sa slike ord . Altså kunde han heretter halde på med dem , det vart lettare .

Han dreiv henne lenger og lenger , kvar dag var ei ny oppdaging . Alt han gjorde førte til same målet . Det gjorde vondt og var forferdelig , men han måtte presse henne . Best verka det når han ikkje rørte henne .

Ein dag visste han ikkje av før ho sa at ho var trøtt , ho måtte kvile .

Det tok han , fekk makt . Han hugsa at ho hadde akta seg vel for å ligge på hybelen hans siste året . Ein augeblink forakta han henne der ho låg . Men han kunde ikkje la være å sjå kor pen ho var . Føttene var skapt til eit dansegolv . Linene oppover var slik at han kunde mest ikkje styre seg . Ho la til å sjå på han , ansa brått kva han tenkte . Han tok seg samen , tendte ein sigarett og såg bort .

Ho låg ei stund . Best det var bad ho at han måtte komme å ta skoene av , dei klemte så . Han reiste seg , tenkte av all makt , han måtte ikkje tape . Ho låg slapt med beina . Kjolen rann oppover , han less som han ikkje merka det . Ein augeblink hadde han tak i blikket hennes . Det var fullt av siger . Han vart glad for det , det hjelpte , ho skulde ikkje tru han var så lett å overvinne . Han sette skoene bort , drog kjolen hennes ned og gikk til stolen . Blikket hennes slokna , no hata ho visst .

Det var ikkje lett å sitte still , men han måtte , han sa inni seg , han måtte .

Ho låg ei stund , så spurte ho sømnig :

" Er ikkje du trøytt ? "

Han svarte :

" Jo , eg er visst det . "

Ho flytta seg :

" Du kan godt få ligge her . "

Han sa i same tonen :

" Kan eg det ? "

Ho vart litt barskare :

" Men då må du være skikkelig . "

Han lo . Så reiste han seg :

" Eg vil ligge her . "

Han gjorde stolane greie og la seg . Ho låg dørgstill og lydde på han . Så var det som ho sukka , snudde seg bort .

... Han følgte henne heim , men han var kald , gikk i tankar . Ho snakka , anstrengte seg med å få liv i han , let han følgje seg heilt fram . Det hadde ho aldri vilja før .

Da dei kom fram , sa han straks godnatt . Ho heldt han lenge i handa , klemte varmt og spurte :

" Blir du inne i mårra ? Eg kjem ein tripp då . "

Nei , han var ikkje i godt humør da han gikk heimover .

%Han såg det alt da ho stod i døra at det var eit nytt drag over henne .

For det første hadde ho klædd seg uvanlig pent . Han kunde ikkje minnes at ho hadde vore så fin når ho kom til han . Ei kjensle av nag fór gjennom han : Slik hadde ho altså klædd seg når ho gikk til andre ! Dei skoene der hadde han ikkje set . Ikkje den hatten og ikkje kjolen . Det var ting han sikkert hadde betalt og som ho stasa seg med for andre .

Han måtte snu seg frå henne da ho gikk over golvet , minna kom så sterkt , det gnog han . Når ho kom til han , hadde ho halvslitne klæe .

Men idag kom ho altså i det beste . Det var litt av ein siger i det , nett derfor tok det så at slik hadde ho heile tida klædd seg når ho var samen med andre . Så pen var ho da !

Men det var eitkvart anna og over henne .

Ho snudde seg mot han .

Då såg han det , ho spelte harm eller fornærma .

Han vart kald . Det brente enda i han at her stod ho og synte korleis ho hadde pynta seg for andre alltid . Var det for å fiske ?

Ho tok til å småsnakke med ho tok av seg , prøvde seie kaldt og furten , ho skulde reise bort .

Han spurte kor ho skulde .

Ho beit mest mot han , kva vedkom det han ?

Han lo , tendte ein sigarett , såg iskaldt på henne . Ho vart urolig men trassen låg enda over andletet hennes . Da sa han at det var fint at ho fór , han skulde og bort , skulde på jakttur .

Det gikk eit lite sett gjennom henne , så lydde ho intenst . Han greidde være alvorlig , laug at han skulde på lang tur med ein studiekamerat , han kom neppe att før skolen tok til .

Ho vart rau , geipte sint mot han :

" Jakttur . "

Han sa rolig at det var så .

Ho spurte hånlig :

" Ka heiter ho ? "

Han fekk det til å bli flau , prøvde forklare , snakka seg fast .

Ho stod trygg , auga lynte :

" Reis berre du . "

Og straks etter :

" Du treng ikkje snakka meir til meg . "

%Han hadde fått henne til å sette seg , bli rolig , sjølv var han kald som før . Da visste han ikkje av før ho tok til å gråte . Han vart veik , hadde aldri hørt henne gråte slik . Han kjente seg brått nedfor , gikk til henne , tok henne inn til seg , kjente at det var ikkje spell . Det var farlig , men han kunde ikkje anna , han måtte sleppe laus litt av dei kjenslene han hadde stengt inne så lenge . Ho var viljelaus , gret enda meir .

Det fór snøgt gjennom han at no kunde han visst gjere kva han vilde , men straks tok han seg samen , han måtte styre seg .

Ho såg på han . Auga var fulle av tårer , blikket leita ei lita stund . Så var det som ho skjønte tankane hans .

Ho flytta seg nærmare .

Det gav eit sett i han , det var det same gamle , ho hadde all makt over han . ‐ Barnslig blikk , barnslig munn , barnslig hud over den vakre kroppen . Han såg alt for seg .

Brått la ho seg inn mot han .

Han stod og kjente heile henne mot seg , ho var rund og fast overalt .

Ho rørte seg litt .

Han svaga visst , heldt pusten . Det banka i hovudet . Kunde det være sant ?

Synnøve , der han tok klæa av . Synnøve , der stod ho naken . Han såg alt for seg . No styrte han seg ikkje .

Han tok brått hovudet hennes mellom begge hendene , såg henne lenge inni auga , sa med blikket :

" Skal vi ? "

Han fekk armen hennes om halsen .

%Dei låg .

Det støytte han litt , blikket hennes var sigerstolt . Hadde han igjen vore dum , hadde han gitt etter for tidlig ? Det var så vidt han ikkje vart kald .

Ho såg det , auga vida seg ut . Ein augeblink såg ho på han med stort , åpe blikk . Det var eit drag av angst i det .

Da la ho armen om halsen hans , bora andletet inn mot han , drog han inn til seg og flytta seg tett inn til han . Han kjente igjen den faste kroppen . Han tenkte bare ei ørlita stund . Skulde han rive seg laus ?

Da orka han ikkje stå imot .

Han hadde armen kring henne , kjente ryggen hennes , svaien i den , delda oppover . Ho var tynn og glatt og mjå .

Synnøve !

Det flotna opp i han eit vell av krefter , han makta ikkje stå imot .

Han slapp taket , tok kjolen opp .

Ein augeblink såg ho stolt på han att , vart viss , så sa ho :

" Slå av lyset . "

Han var oppe , slo det av , var straks hos henne att . Han slapp alle kjensler laus , tok til å klæ av henne . Ho lo visst , let han gjere som han vilde .

Han vart van med mørket , det var bare litt skumt inne , han såg heile henne . Underklæa som han tok av , naken hud . Han vart vill , kyste henne overalt .

Det rykte i henne , var mest som det gjorde vondt . Handa hennes kvilte på hovudet hans , det var som ho heldt litt att .

Han gav seg ikkje om det , endelig var han ved målet .

Ho tok imot han . Det var angst i auga hennes . Det var det siste han såg .

Da vakna han av at ho bar seg .

Han tok seg samen , var varsam . Enda meir varsam . Han skulde da vekke henne .

Det nytta ikkje , ho bar seg meir , vart urolig , redd . Det var mest som ho vilde gråte .

Han vart kald .

Da bad ho , han måtte være snar , det var vondt .

Han kjente det , ho var ikkje med , ho var ikkje vekt . Ikkje eingong no da ho heldt av han og var sjalu .

Det var det største nederlaget av alle !

Ho bar seg meir , tok til å skuve han vekk .

Han låg ved sida hennes , kjente seg skamfull .

Han måtte vinne , måtte vekke henne .

Alt han hadde lese om seksuelle spørsmål fór gjennom tanken . Han vilde ta det rolig , han vilde lokke fram det varme hos henne .

Med eitt slo det han at det nytta ikkje , aldri .

Det ropte i han , han let auga att , orka ikkje sjå henne .

%Dei sat .

Ho snakka som ho hadde vunne alt .

Det brente i han , han måtte få være åleine .

Han følgte henne heim , hørte ho gikk ved sida og snakka . Det var om ting ho burde kjøpe . Ho kom for resten att om noen dagar .

Visst trudde ho at ho åtte han !

Han var på heimveg .

Byen låg i halvskumring . Ein og annan fylliken raga heim etter fortoga .

Kva var det i vegen med dem ? Det slo han , han trudde han skjønte dem . Kven tenkte på kva vanskar både den og den drogs med ?

Der var Storgata 75 og 76 . Jau da , husa stod da som før . Der var lys i eit og anna vindauga , ein stad spelte dei grammofon . Alt var da til om det største ramla .

Der var sundet . Straumen gikk strid . Ein tom lastebåt arbeidde seg nordover . Han hørte plasket av propellen .

Tomt , tomt , all verda var tom .

%Han stod på divanen . Teppet var skrukla , putene og .

" Her har lege ei kvinne , " sa det i han .

Han gikk og tok brennevinet ut av skapet , stansa ved divanen og lo hånlig :

" Ei kvinne . "

%Det var farlige ting som var oppe i tida . Folk tok til å røre på seg .

Kjell hørte at dei hadde halde fiskarmøte ute i Øyhamna . Jamvel Håkon hadde vore der . Dei kravde hjelp av staten , moratorium . Dei kunde ikkje betale tilbake skulda etter ei krone på hundre øre når dei hadde lånt da ho var førti . Det var undergang , ikkje anna .

Dei hadde sine krav til kommunen og . Dei gamle skattane måtte settes ned , ja , det beste var at alt vart stroke .

Hilda fortalte at Hans hadde blitt rasande . Først fordi at han ikkje fekk vete om møtet , sia for vedtaka . Han gjorde seg ærend til Håkon og sa meininga si . Håkon hadde hørt på han ei stund , så løfta han brynene og såg han over , sa :

" Kvalp . "

Etterpå kom Hans heim og var meir rasande . Ho måtte rettelig ta han utav auga . Han sa ikkje meir heime , men han tok seg turar opp i bygda , ho visste ikkje kven han heldt seg til .

Ordskiftet gikk høgt inne på krambua . Blada bar bud om elendige tider . På ein dag var det lyst til tvangssal på over to hundre eigedommar i ein kommune . Det såg ut som alt ramla samen . Kommunane hadde ikkje pengar . Handelsmennene måtte skrive på krita for dei som låg på fattigkassa . Det var bare det at når summen dekte skatten , slutta dei . Kva skulde fattigfolket så leve av ? Heradstyret kunde ikkje garantere . Staten sa nei . Dei som hadde hus fekk være glade , dei som ikkje hadde fekk være fri , det fans inga anna råd med det .

Han var inne og hørte på dem . Karane sat på benken ved langveggen , tett i tett . Framme på golvet stod ei stor bøtte . Den var til å spytte i . Strålar kom fra alle leier . Spyttet steig i bøtta , men mye gikk ved sida . Det vart ein liten dam til slutt der ho stod . Han undra seg på at folk gjorde slikt . Men så såg han det i blikka , det var som trass mot alt mulig . Kunde ikkje spyttet gjerne ligge der ? Spytta dei ikkje i heile samfundet snart ?

Jonassen less som han ikkje såg det . Han vog sirup og selte litt linband , serkety og sjokolade . Selte med pløsne hender og skiten skjorte . Det var som alt ved den store ølkroppen hans sa , eg kan være glad for dei øra eg får , det blir tidsnok slutt om eg ikkje sjølv jagar folk ut .

Men verda vart ikkje betre med det at folk sat og laga dam på krambugolvet hos Jonassen . Næste postdag hadde blada dårligare tidender . Land etter land sa frå at dei kjøpte mindre fisk . Det var som det gikk sott over alt . Sjølvberging kalla dei det og sendte trålarar som tok fisken utfor studøra . Sjølvberging kalla dei det og tok matbeten av munnen på småbarn . Sjølvberging kalla Jonassen det og nekta skrive .

Verda hadde tatt til å berge seg sjølv så ho svalt i hel . Dammen ved bøtta på krambugolvet vaks .

Men ein dag stod det eit underlig oppslag : Ungdomslaget kalla ungdom og eldre til å drøfte dei økonomiske spørsmåla . Det var meste formastelig å sjå , kva kunde ungdomslaget i Vollvika gjere med verda som hadde dotte ned av hengslene ? Folk las oppslaget og lo . Men før dei visste av det , var dei midt inne i ordskiftet .

Han fekk vete at det var Ola på Greipstad som stod for idéen , han og formannen i laget , Peder på Vollan .

Han møtte opp . Emnet greip , han måtte være med . Og det var så rart at Ola hadde rørt på seg . Håkon var sjuk , han kom ikkje , men Ola skulde altså ta faren sin plass .

Det raraste av alt var at huset var fullsett av folk da han kom dit . Han hadde aldri set slik stemning før , det var som ei ny ånd kvilte over alt . Ola sat ved bordet framme ved katetret . Det var ikkje tvil om at han var ein av førarane . Nett no likna han faren . Alvoret i blikket , måten å snu hovudet på , det var mest som det stilna kring han . Aldri hadde han set Ola så vaksen . Det gledde , gav mot , Greipstad-folket var enda til .

Elles var det rart å sjå ungdommen . Han måtte tenke på det , det frilyndte laget hadde stilna så av i det siste . Det var sagt at ungdommen kom bare for å danse . Dei gav seg ikkje om læraren som heldt foredrag om fedrelandet eller presten som talte om livssyn . Gutane fann seg ei jente , og det var mange som kunde fortelle kor det kvitna i bukser og underkjolar i skogen . Det var ein herlig ungdom ! Dei omvendte på Vollan talte mye om det , gret og såg Jesus i skyene . Bukkane kom til å komme ut av skogen ein gong og det i ei viss fart , dei kom til å få det varmt .

Her sat dei . Han visste at mest ingen betalte årspengar . Laget heldt på å misse huset . Ungdommen hadde ikkje interesse for det eingong . Idag var det eit anna alvor . Han hadde ikkje set ungdommen slik .

Formannen i laget gikk på katetret , åpna møtet med å fortelle at ungdommen kunde ikkje sjå rolig på utviklinga , det hadde gått lenge nok no . Snart var det ikkje båtar så folk kom seg på sjøen . Dei gamle trudde alt var i orden bare dei kunde halde på gardane sine . Men korleis skulde det gå dei unge som ingen ting hadde og ingen veg kom , jamvel Amerika-vegen var stengt . Vendte ein seg til kommunen og bad om garanti , var det blankt nei . Ungdommen fekk ta saka i si eiga hand , eitkvart måtte gjeres .

Det var ingen flott tale . Somme gonger stamma han og leita etter orda . Men dei kom i den stad så truverdig . Det var som det fatna eld etter dem , som ein sat og kjente og vart forferd , det er da nett dette eg og har tenkt . Det er desse orda som har vore attom alt det rare som har vore sagt på krambu og kai , på veg og i hus .

Auga glødde . Gammalmanns-andlet såg misnøyde ut . Men Peder heldt fram , og jamvel unge jenter følgte godt med .

Det var stilt etterpå . Ingen tok ordet . Dei gamle tendte pipa , venta . Det vart uro . Jentene kviskra og kniste . Da reiste Ola seg , gikk opp på katetret . Igjen vart det stilt . Han stod og såg utover flokken . No var det som han vaks , nett no var han Håkon .

Han sa at dei var ikkje komne for å tie , dei vilde tale ut . Og mest vilde dei seie sanninga til dei eldre . Før dei fekk sukk for seg , var det som han stod og flengte det gamle synet i stykke . Han talte betre enn Peder , han var ivrigare , sa tingen meir skarpt .

Han sette seg . Salen var i opprør . Det murra ute på benkene .

Det var dei eldre som kravde ordet , og særlig var det Ola det gikk utover . Somme var ekle . Kva hadde han gjort , kva var det for store ting anna enn at han hadde gifta seg , fått ein unge og budde heime hos faren . Andre gikk til åtak på ungdommen som ingen ting kunde . Dei stoppa snart ikkje ei hose , laga ikkje ein tresko .

Ola var oppe att , han svarte så det small , spurte til sist kor mange det var som kunde leve av treskorne sine ? Trudde dei kanskje at ungdommen kom med så små krav ?

Da reiste Hans seg . Han sat ved veggen nedst i salen . Folk snudde seg på benkene for å sjå han .

Han tok til rolig . Det var ikkje tvil om at dei dårlige tidene gikk hardast utover ungdommen , ingen måtte være blinde for det . Han snakka seg meste rørt over alt han hadde lagt merke til . Han syntes ungdommen hadde tatt det prisverdig rolig .

Det var klok tale . Men attom orda låg eitkvart og minte , han var ikkje samd med ungdommen . Og det gikk ikkje lenge før det kom : Ungdommen måtte lære seg å vente , måtte ha tolmot . Det var det offer han skyldte fedrelandet .

Det loga opp i auga til dei gamle . Hans såg det , det var som han fekk ny kraft , smilte overberande og heldt fram .

Han var den kloke ungdomsvennen . Ingen vilde ungdommen meir vel enn han . Gamlingar nikka og såg nøgde ut . Der var orda . Det slokna i auga til dei unge . Somme av dem såg med medkjensle på Ola og Peder , såg som dei syntes synd i dem .

Med eitt kjente Kjell at den einaste som kunde legge imot var han . Han visste det var farlig , han trong hjelp . Men han kunde ikkje gå med på at Hans fekk slå Ola ned .

Hans var ferdig , sette seg , såg seg med det same sigerstolt omkring .

Da , da kunde han ikkje sitte lenger !

Han hørte det stilna da han gikk fram . Merka at Ola og Peder såg glade på han . Så stod han på katetret .

Det hadde ikkje vore så stilt før . Han stod og kjente på det . Gav seg tid . Visste at no kom han til å seie sanninga . Blikket frå dei unge gav han mot . Dei stirte , var blanke i auga , kjente seg visse på at han kom til å halde med dem .

Så var den såre kjensla over han etter tigginga om hjelp . Kor mye hadde dei hjelpt som kunde , kva skyldte han dem ? Han stod inderlig harm og sa alt . Kva skjønte dei , kva visste dei , kor mye vilde dei ofre som bad om offer ? Vilde dei overlate noe av myrane på hi sida elva ? Var fedrelandet til bare for å dø for ? Og forstod dei kva krefter som saug folk ut ?

Ord etter ord kom , han snakka seg varm , han stod i stor stemning og såg samenhengen i heile greia , undre seg mest over at han ikkje hadde gjort det før . Det var som ungdommen kom nært han .

Han måtte svare , måtte gi dei gamle det inn . Kva visste dei om det som gikk for seg i skogen om kveldane ? Hadde dei vore der ? Hadde dei kanskje vore betre ? Og skjønte dei ikkje kva det hadde å seie å bli tredve år og ikkje ha råd til å gifte seg ? Hadde ikkje dei vore far og mor mange gonger da dei var i den alderen ?

Synet gikk vidare . Han sa at ungdommen vart malen mellom kvernsteinar og overtru og konservatisme . Til slutt skulde kanskje kroppane skytes med kanonar .

Det var farlige ord som braut på inni han . Han tenkte ein augeblink på at han ikkje skulde seie dem . Men så fekk harmen overtak . Han sa det var ikkje religionen det galdt å tenke på , men ungdomslykka . Det var ikkje det evige livet ein først skulde tenke på , men dette livet .

Han gikk ned , skvatt mest til med det same , salen braka i handklapp . Somme trampa i golvet til og med .

Da såg han at fleire av dei eldre sprang opp og fór ut . Det blinka i hæljarn ut døra . Han skulde sjå på Hans , da var han ein av dem som gikk . Det kjentes vondt . Han visste kva han gjorde , aldri hadde han vunne som no .

Salen var i kok , han hadde ikkje set det slik før . Ord nådde han . Gamle mumla om at ein slik skulde bli lærar . Somme av dem rista på hovudet . Det var som ein stor fare nærma seg , no var han ferdig . Og likevel , han hadde ikkje kunna høre på uretten .

Det vart stilt att . Dei som skulde gå var ute , formannen hadde late døra att . Ein gamling reiste seg langsamt , stødde seg mot benken , stod still , strauk seg over skjegget i harme og fekk ord : Vilde dei avskaffe gud ? Tenkte dei ikkje på gudsordet ? Auga brann , han sa med høg røst :

Det er vår hjelp i nød , Vår trøst i liv og død .

Han vart rørt av sine eigne ord , løfta andletet , likna ein apostel med det store skjegget . Så sa han som ei bønn ut i lufta :

Lad dog mens verden står , det i vår ætt nedarves .

Han heldt ein tale . Uroa i verda hadde menneska sjølv skapt fordi dei hadde glømt gud . Han og hadde lege vaken mang ei natt og tenkt på korleis alt skulde gå . Det var bare inga løysing , det var ei vandring i ørkenen . Men han hadde funne gud . No kunde det gå kor det vilde , det råka ikkje han , gud herren sytte for alt .

Han såg ut over flokken og sa rørt : Ungdommen visste ikkje kor stor kvile det var å sleppe tankane . Han hadde som dei vore ein fattig vandringsmann , no hadde han fred . Han vart så rørt at han fann ikkje ord , stansa brått .

Så gikk han ut .

%Møtet var slutt . Kjell kunde ikkje seie at dei hadde vunne stort . Tvert om hadde iallfall han tapt . Men han kjente seg glad , han hadde opplevd noe han aldri hadde visst om , sambandet med ungdommen . Han visste at det kom til å ha mye å seie for han . Men angsten seig inn på han : Hadde han ikkje øydelagt alt for seg ? Vilde noen skrive på når dette spurtes ?

Da visste han ikkje av før heile ungdomsflokken kom fram til han . Dei måtte få takke . Gutane kom med handa . Jentene såg på han med varme auga . Han stod flau og visste ikkje kva han skulde seie .

Dei følgte han på vegen , snudde ikkje før dei var ved hagen heime .

Han fór inn , han var urolig og glad på ei tid . Noe farlig og stort var hendt . Det var som han hørte kor dei snakka i stuene opp gjennom heile bygda .

Han åpna glaset . Da hørte han ungdommen song inne på vegen .

%Det var dagen etter . Han stod i hardaste slåtta . Dei var ferdige mange stader , men han hadde enda mye att . Harmen steig i han . Hans var ferdig , men kom ikkje og hjelpte , og Edvard såg han ikkje hyren av .

Da vart han ståande : Der kom fleire ungdommar med ljåar til Skarnes .

Ola og Peder var i spissen .

Han tok imot dem og var rørt . Dei vilde hjelpe han . Han sa at han hadde ikkje råd til dunad , han hadde ikkje stort av mat i huset . Dei lo og gikk i gang , han kunde vente til det lei utpå dagen , så vart det nok ei råd .

Det var ikkje til å tru , der stod det åtte ti mann og slo . Kor i all verdas namn skulde han greie rakinga , dei sopte da over all marka som det var eit stugolv .

Da kom jentene . Dei breidde og rista , det var liv over all marka .

Seinare kom det noen med mat . Han skjønte at storparten var frå Greipstad , kona til Ola tok leidinga . Dei kokte i fjøset og stod i , han var mest avsett som son i huset .

Dei kom att dagen etter og dagen deretter . Han var ferdig med slåtta på tre dagar . Men det var ein ting han la merke til , han såg ikkje Hans , det var som han hadde stengt seg inne . Hilda kom ein tur med veslejenta . Ho strålte og blinka til han , sa at no kunde dei bare drive på , ho kunde iallfall sjå til mor . Han hadde aldri i sitt liv vore så takksam , kjente at det var det største han hittil hadde opplevd . Han stod og såg ungdommen over , spurte inni seg , var det ikkje denne flokken han skulde arbeide samen med sia ?

%Og likevel , det var ikkje høya som var målet , det var noe heilt anna . Han måtte få lån , han måtte på skole kva det så kosta .

Det var søndag , kyrkjesøndag . Han hadde sett si lit til den , visste at no kom dei både frå Moan og Vollan og ute frå øyane . Det kunde kanskje bli ei råd . Han stelte seg og gikk til kyrkja .

Klokkene klang i klår augustdag med kvit sol og gulnande skog . På vika låg motorskøyter . Fleire og fleire kom . Motorane hakka i søndagsstilla . Småbåtar fór lasta i land . Og oppetter all vegen kom folk . Det svartna mest av dem .

Inne på krambua strevde Jonassen i rein skjorte , folk skulde ha brus og kaker . Somme kjøpte meir , både kaffi og sukker . Det var ikkje stort dei hadde råd til , men litt vart det . Og så var det så godt å gjere alt på ein gong som i gode gamle tider da dei først betalte skatten til heradskasseraren , kjøpte det dei trong og så gikk i kyrkje . Elles var det nytt å få høre , om laksefiske og høyonn . Folk tinga plass bort , og kjerringar som ikkje hadde møttes på lenge , tok kvarandre i hendene og mintes unge dagar , jamvel konfirmasjonsteksta . Folk hadde ikkje andlet som elles , dei smilte og var glade . Det var sol og kyrkjeklokkeklang , jord og sjø . Det var dei som betalte for ein grahest og dei som selte eit linespell . Klokka slo , orglet tona , og dei som var ferdige sat alt inne og song første salmen . Men unge jenter og unge gutar tenkte ikkje på det . Dei hadde endelig møttes etter eit langt finnmarksfiske og gikk tur langt bort i haugane .

Etter preika vart hamna brått levande , vart eit løe dyr som lea på lange buster , masterskogen . Skøytene var borte på ein halvtime . Dalfolket gikk heim . Det bar til sild og potet eller eit lite kje som hadde komme ned frå lia og fått kniven i seg . Kyrkjesøndagen kravde da såpass kjøtt . Sat kanskje ikkje presten hos klokkaren og åt steik ?

Kjell visste at dei gamle tidene var ikkje lenger , men enda kunde han kanskje finne ein som hadde såpass skikkelig søndag i seg at han hjelpte ein som bad .

Han var framme .

Da oppdaga han at folket var plent som før i sommar . Såg dei han , snudde dei ryggen til . Det måtte ikkje være så , han nekta å tru det . Og likevel kom han seg ikkje frå at han såg rett .

Han møtte Salamon i Øya og tenkte , der var hjelpa . Og Salamon hadde ingen ting imot å snakke med han , han tendte pipa og hørte på spørsmålet . Om ei stund kom svaret , litt over hovudet og smilande fram i lufta : Han hadde ikkje stort høve til å skrive på , men kunde han få han Morten , så ... .

Salamon gikk . Det pinte , lo han ikkje der han gikk ? Den ryggen der fortalte mye .

Otten greip han , han fekk tak både i den eine og den andre . Det var same svaret , det var som dei hadde samrådd seg alle . Han var mest skremt , gikk vill . Det nytta ikkje . Folk var som levande fisk i vatn , han fekk ikkje tak i dem , handa glei attover sporen .

Morten kom . Og Rasmus .

Han såg at dei hadde blikket på han , passa på . Kunde han tru at dei var så simple at dei sladra ?

Da ringte klokkene tredje gongen . Han vilde enda få tak i ein eller annan , men det var for seint , dei strømte oppover trappa .

Han såg den nye læraren . Han og lo som han visste alt .

Døren inn til kyrkja vart åpna . Han hørte dei song :

Lov ham min sjel og la det din forlystelse være .

Dørene var attlatne , han stod att . Bygda forlysta seg der inne .

%Uroa steig , han hadde ikkje fred korkje natt eller dag . Tida gikk , dag etter dag . Snart var det september , og han hadde ikkje fått lån . Mor låg på same måten . Hilda var den einaste som kom og såg til henne . Han var glad for det , dei stundene kunde han legge ansvaret bort og tenke .

Han kom på ein dag at han vilde ut til Øya , han måtte prøve Eirik .

... Sol over land og hav . Brandgule marker , fargerik skog , blå himmel . Grått hav som glitra i dagglans , rann i sol inn mellom holmar og skjær .

Han sat i båten og rodde . Måsar løfta seg på sterke venger . Svartbaken var kvikkast . Det måtte være sild i sjøen . Han hadde det gamle laget , slo på side ned mot havflata som ein skarp kniv . Da var silda der . Krykkja illkvein oppi lufta . Ho kom bare ikkje til for svartbaken .

Øya kom i syne . Der var brygga hans Martin Olsa . Kvitsanden lyste i sola . Der stod skolehuset oppfor . Der løfta Vasstrandtindane seg , der ute låg Kvitholmen og Auvær .

Han var oppe hos Eirik , møtte ikkje han men den nye kona . Han mintes med det same at Eirik var blitt enkemann , at han hadde gifta seg med mor til sonkona si , enka inne på landet .

Ho tok imot han i døra , prøvde være blid , men attom alt skein hat .

Det slo han , ho var av folket der inne , hadde vel vore der nyss og visste alt .

Endelig kom mannen . Sat rauskjegga i bordenden og var ikkje som dei andre , han snakka og var lystig . Så spurte han brått :

" Ka ærend er den mannen ute og fer i ? "

Det var til å bli flau over , så lett kunde det da ikkje gå ? Han sa ærendet . Han var fri for penger , alt stod på spell , og kom han ikkje i veg no , måtte jamvel mor ut .

Det kom eit underlig drag i andletet til Eirik , han fekk tak i bordflata med eine handa . Han sat lenge og tenkte , beit seg i skjegget . Så spurte han stilt :

" Har du snakka til nokkon der inne ? "

Han fortalte korleis det var . Eirik kneip munnen samen , svarte :

" Det var ikkje ulikt dem ! "

Han sat erg .

Kona såg skarpt bort på han . Han ansa det ikkje , var sint , sat bare og stirte framfor seg . Brått ansa ho Kjell . Ho prøvde smile men fekk det ikkje godt til . No , no såg han hatet mot Greipstad-folket . Ho var ikkje frå innlandet for ingen ting .

Han kjente seg sår . Kvifor skulde han bere alt det gamle hatet mot ætta ? Kva hadde han gjort folk ? Han vilde da alle bare vel .

Det kom liv i Eirik , han snudde seg og sa harm :

" Hadde eg berre kunna ! "

Han såg ut vindauga . Harmen vaks . Han mumla noe for seg sjølv , han hadde da hjelpt folk før .

Så fortalte han at alt hans stod i pant , han hadde lånt til skiftet , han hadde ikkje skrive på for noen . Det var ikkje mange orda , men det var visst tungt å seie dem .

Dei stod samen nede ved båten . Eirik hadde følgt han . Da slo det han kor arm Eirik såg ut . Hav-gubben som det gikk så mange ord om hadde sett seg av frå alt for ei gammal enke ! Det såg ikkje ut som han treivst med det . Om natta var god , var dagen i vanmakt .

Så innfløkt var livet .

%Kvifor ikkje gå til dem som så å seie var i ætta ? Han lo mest til det . Han vilde gå til Vilhelm på Vollan . Han hadde da vore gift med faster Klara eingong . Ho var død for tre-fire år sia . Det var sagt at Vilhelm vart den same gniaren som i ungdomsåra . Da dei dårlige tidene sette inn og han miste pengar i banken , vart han heilt umulig .

Kjell hadde ofte vore oppe hos dem da han var smågut , og Klara tok så vel imot han . Ein gong fekk ho han i fanget og kysste han . Han skjemtes så han kunde ikkje sjå på henne , kom seg bare ut . Nede på vegen angra han at han hadde sprunge , det var da ingen som hadde set at ho kysste han . Han vart ståande og tenke på det . Så kjente han at han var glad i henne , at han hadde ønskt at ho tok omkring han .

Han stal seg opp til henne ein dag . Ho lo lurt og blinka til han . Ute i gangen fekk han ein klem da han skulde gå . Han stod ei stund , det var som det brente kring han . Så la han auga att og tok henne om halsen , klemte seg inn til henne . Brått reiv han seg laus og la på sprang .

Det var alltid lyst heime når Klara kom , det stod slikt friskt ver av henne . Men så var det som ho tok til å visne , ho vart bleik og rar . Auga hadde ikkje glans lenger , ho kunde bli ståande innfor døra som ho var fremmend . Av og til hørte han mor og ho snakka stilt samen ute i kjøkenet . Ein gong han kom ut , såg han at Klara hadde gråte . Sia gjorde ho det ofte .

Ho vart tynn og enda bleikare . Det kom somtid eit drag over henne som ho likna eit barn .

Etter kvart fekk han vete meir : Vilhelm var vond mot henne . Dei hadde ikkje skikkelig mat i huset , dei måtte ete sild og tørt brød . Alt dei fekk av garden selte han . Ho måtte stele seg til å gi ungane litt mjølk . Sjølv brydde ho seg ikkje om mat , bare dei fekk . Men han var etter henne , og oppdaga han at ho hadde ødsla på ungane , som han sa , vart det vondskap og skjenn .

Faster Sigrid , som heldt seg i bua på Skarnes , og var blitt eldre og sintare , rusla rett som det var oppover , halta seg fram med stuttfoten og heldt med Vilhelm . Ho kunde komme oppover og sitte der heile dagane og sette han opp .

Så spurtes det at Klara låg til sengs . Mor gikk med ein gong oppover , men det var ikkje råd å hente dokteren , Vilhelm vilde ikkje . Mor var storharm da ho kom heim . Ho fortalte at Vilhelm hadde svart Klara , da ho sa ho hadde sydd klæa inn fire fem gonger :

" Er det ikkje godt at vi får spart dei tybetane ? "

Klara hadde skore i å gråte .

Mor gikk til Håkon . Han ringte med ein gong til dokteren og følgte han opp til Vollan . Vilhelm hadde blitt rasande , men Håkon gikk fram mot han så han fekk lyst å tie .

Dokteren kom straks etter ut av kammerset , såg Vilhelm over , blinka og sa :

" Ja , det er ikke lenge til , nå . "

Vilhelm vart bleik , tok det tungt . Da såg dokteren nedover han :

" Har De ikke sett det før ? "

Vilhelm måtte betale , men da dokteren gikk , sa han :

" Hadde hu tålt å bli flyttet , burde De ha ført henne på tuberkulosehjem . "

Det varte heller ikkje lenge . Klara døde ein månad etter .

Mor fortalte om kor rar ho var ein av dei siste kveldane . Ho låg bleik og såg under taket . Best det var gret ho og sa :

" Hadde ho endå blidd snild mot ungan ! "

Mor skvatt til og spurte . Da snudde Klara seg mot henne .

" Sigrid . "

Mor tok ordet oppatt , var forferd . " Sigrid , søster di ? "

Klara sa igjen :

" Skjønner du ikkje det ? "

Mor sa sterkt nei , Sigrid kunde ikkje være slik .

Da snudde Klara seg bort , kinna vart våte . Ho sa armt :

" Eg har set det lenge . "

Vilhelm gret i gravølet , hadde til og med set seg råd til ein krans . Mor sa høgt så alle hørte på :

" Den kunde du ha gjett ho med ho levde ! "

Sigrid stelte i gravølet , og ho kom sia ikkje frå Vollan , var bare nede og henta sakene sine . Ein dag kom det bud til mor at ho kunde få kjøpe bua som Sigrid hadde budd i og arva etter faren . Mor sa tvert nei , tofta kunde ho heller kjøpe . Noen dagar etter var Vilhelm og henta bua , selte ho til ein nybyggar sør i sunda .

Sigrid treivst vel der oppe . For ei tid sia fór ho og Vilhelm inn til byen og gifta seg . Men det var dei som sa , den fjøsskrapa kom nok til å tukte Vilhelm . Det fans ikkje svolt som drap henne .

Men Vilhelm vart meir gjerrig . Det var dei som fortalte at han låg utpå vika og tinte garna til dei andre . Heime fekk dei snart ikkje smake silda , han stod nede i naustet i Vika og salta og stelte heile dagen . Av og til vart han borte , han hadde tatt småbåten og rodd sju mil til byen med silda .

Helst tok han av Håkon sine garn . Til gluntane ein kveld sette seg til å vake . Han kom , hadde fôra tollgangane så dei hørte han ikkje . Så la han til ilen deres .

Dei sprang i båten , men dei hugsa ikkje på å fare stilt åt , så dei nådde ikkje develen før han smatt inn døra på Vollan . Sia fór dei ut og fann eit garn sundreve . Håkon gikk til han dagen etter , tvinga han ut av huset , fekk han til naustet . Der tok Håkon det beste garnet han fann . Det hadde ikkje eingong vore i sjøen . Vilhelm stod att og var frå seg .

Håkon vilde ikkje melde han til lensmannen . Men han tolte ikkje at noen nemnte korkje Vilhelm eller Sigrid .

%Han sat inne . Vilhelm var i fjøset . Sigrid vart storglad og blid , var reine lerka der ho stod og bakte brød . Elles såg det ut til at ho hadde fått sitt , heimsborgaren var ikkje langt unda .

Men kvifor ikkje få henne på si side når ho var så blid ? Han tok til å halde leven med henne , og ho var verkelig koselig . Ho såg til og med ung ut og hadde ein glimt i auga han aldri hadde set før . Han fekk halvt godt for henne .

Vilhelm kom inn , stansa ein augeblink i døra som han ikkje kunde skjønne at det var slike fremmende ute og gikk . Så vart han rau i andletet . Han likna ein auar .

Han kom seg inn på stolen , var ful .

Kjell såg på Sigrid . Han vart forferd , ho var ei anna , binksa over golvet og var som i gamle dagar . Ho tek farge av mannen .

Han nikka for seg sjølv . Slik stod det altså til . Han såg igjen på Vilhelm . Håret var brannrautt , bartane og . Halsen aller mest .

Kvifor ikkje snakke ut straks ?

Vilhelm vart olm bare han hadde hørt noen ord , svarte sterkt og sint nei .

Sigrid snudde seg . Vart meir halt . Glømte seg . Såg rasande ut .

Slik hadde ho altså vore mot Klara !

Da sa Vilhelm :

" Kan du ikkje gå på skole for det dokker tjente på den sauen mor di stal ? "

Sinnet flomma i han . Han tolte ikkje at noen snakka slik om mor . Likevel var det som han sat og reiste , han måtte ta i for å hugse kva det var det galdt . Så hugsa han det . Vilhelm hadde tatt ein av Skarnes-sauene og sa det var hans . Klara var imot det , sa at sauen var ikkje hennes . Mor måtte oppover og hente han av grindane før Vilhelm slakta han . Sia fortalte Klara at Sigrid heldt med Vilhelm i det og .

Kjell reiste seg og gikk til døra , var harm tvert igjennom , sa :

" Du får smøre deg med hund-ister til du får sauen att . "

Han var så vidt kommen seg ned av trappa , da Vilhelm var i døra , ropte :

" Det skal du få anke på ! "

Sigrid kom straks etter . Kvein med håst mål :

" Johan på Greipstad . "

%Redsla var etter kvar han gikk og stod . Det undra han mest at han før hadde kunna tenkt han kunde la være å gå skolen ut . Etter kvart som tida gikk vart det tyngre og tyngre . Han kunde bli ståande og stire fram for seg . Han glømte arbeidet og kjente seg nommen , kom det verkelig til å gå slik at alle vegar var stengte ?

Han rømte ut . Han prøvde sjå på fjell og eng , folk og dyr . Han prøvde arbeide , prøvde smile . Men han vart innhenta av dei tunge tankane kvar han gikk .

Det hendte at han låg vaken heile nettene , han fekk ikkje sove . Han sa seg at det vart vel ei von , han kunde i siste omgang reise til Haukås , så fekk han kanskje hjelp .

Men dagane gikk så snøgt at dei var mest ikkje til å telle . Angsten kjølte enda meir i han . Snart var det bare noen dagar att til han skulde i veg , og han hadde ikkje fått ein kausjonist .

Underlige tankar kom for han . Hadde han stelt seg rett med Hans , hadde han ikkje vore overlegen , hadde han ikkje erta han i utrengsmål ? Det var som han seig lenger og lenger ned , kjente seg mindre og mindre . Snart kunde han spørre kven som helst , tigge både den eine og den andre . Kanskje kom den dagen da han la seg på kne .

Somtid tenkte han på om han skulde legge saka fram for Edvard , kanskje han kunde få noen til å hjelpe . Han tvilte ikkje på at Edvard vilde gjere sitt . Men når han tenkte på å gå til han , var det umulig .

Mor var blitt så rar i det siste . Ho snakka mest ikkje , ho såg bare . Men han hadde ei kjensle av at ho såg alt . Han ønskte seg ut det første han kom inn og såg blikket hennes . Skjemtes sia for at han hadde slike kjensler . Skjemtes enda meir når han tenkte på at han kanskje ikkje kunde syte for henne eingong .

Nye sømnlause netter . Nye nattetimar når han vakna og var sveitt av otte . Nye steg til å bli mindre og mindre .

Det som gjorde alt verre var at han hadde snakka i ungdomslaget . Folk snudde enda meir ryggen til han . Ungdommen var blid , det var så . Dei stansa han på vegen , tok han i handa og skjemta . Somme spurte om han skulde reise snart . Han skjønte at dei visste ingen ting . Han hadde fått selskap med dei mest fattige .

Verst var at han til sist ikkje kunde snakke med ungdommen heller . Han hadde ikkje ro til det . Dei vart så tomme i auga , det kom eit underlig drag om munnen , det var som dei stod og spurte om dei hadde tatt feil . Han sokk kvar han gikk , han var ein liten skapning i band . Han miste snart folk kvar han snudde seg .

Hans , han vart lysare etter kvart han tenkte på han . Kunde Hans seie nei dersom han fortalte alt ? Han kjente da Hans , visste at han vilde bli oppglødd om han gikk til han og sa :

" Du er bror min , vil du hjelpe , så hjelper eg deg igjen . "

Det var om natta han tenkte slik . Da var alt så lyst . Det var som blide hender vinka til han . Han lovte at det første det vart morgon gikk han til Hans . Og Hans vilde smile og seie :

" Du har vore ein tosk , men eg får hjelpe deg likevel . "

Og han såg Hans for seg der han gikk til både Morten og dei andre og sa :

" De får hjelpe meg til å hjelpe han Kjell , han har visst lært nok no . "

Men når dagen kom og han stod ute i augustsol , bygda låg klår og havet var grått , da kunde han ikkje . Alle tankar frå natta vart dumme og umulige . Det var som gråstein og sjø og møkkdungane bortpå marka lo mot han :

" Så dum du er ! "

Han kunde mest hate alt .

Da hendte det at han møtte Ola , son til Søren på Leitet . Han var gammal ungkar og var litt utanom dei andre . Det vart eitkvart rart over han der han stod og tendte på pipa og snakka om veret . Best det var spurte han :

" Skal du reise snart ? "

Det var det evig gamle spørsmålet . Men han hadde ikkje hørt det meir fullt av tvil enn denne gongen . Det var som mannen stod og sa , du reiser altså ikkje . Men eg veit grunnen til det . Eg har nokke å seie deg om dem som ikkje vil hjelpe .

Kvifor ikkje spørre ?

Ola kom nært , patta ivrig på pipa . Det var greitt at han hadde eitkvart viktig å fortelle .

Han tok til å småsnakke om det , såg seg omkring , var redd for at einkvan hørte kva han sa . Så kom det . Folk hadde slett ikkje trudd at han greidde skolen . Og dei lo , Greipstad-folket kunde gjerne få den støyten . Men så kom det eine ordet etter det andre frå byen . Det var ikkje nok med at han greidde skolen , han var ein av dei flinkaste .

Både den eine og den andre sat snytt .

Men så kom ordet ut at han hadde brukt mange pengar . Kausjonistane hans som visste at Skarnes dekte både Boligbanken og lånet hans , tok det med ro . Men lenger vilde dei ikkje gå . Skarnes dekte heller ikkje meir .

Ola snakka lågare . Han såg reint rar ut . Håret låg langt fram i skallen . Panna var låg som på ei ape . Huda mest okergul . Nei , det var ikkje å undre seg over at han var ugift , han var da reint borttørka .

Han kom nærmare . Endelig fortalte han det mest viktige : Folk hadde gått samen om at han ikkje skulde få lån . Han var boikotta . Det var til og med ein som var truga med at skreiv han på , skulde han misse plassen bort til vinters .

%Han var på heimveg .

Aldri hadde han tenkt ei bygd skulde gå så langt .

%Gule markar . Lauv i veggrøftene . Tindar med skoddehatt . Kalde gufs i lufta .

Som det uroa !

Det var hausten som kom , og enda var ingen ting avgjort om han skulde komme seg på skole .

Nei , han hadde ikkje gitt opp , han kom aldri til å gjere det !

Mor vart dårligare og dårligare . Det var sårt å sjå henne . Verst var det at ho såg og skjønte alt , visste uten å spørre korleis det stod til med han . Det var som ho skjønte meir dess dårligare ho vart .

I slike stunder kjente han at han måtte bøye seg både for Hans og dei andre , kunde han bare få hjelp . Han kunde gå enda lenger , kunde gjere kva det skulde være , bare han ikkje gav mor den sorga at han ingen veg kom .

Da fekk han verste kald-styngen : Det kom brev frå Synnøve . Ho fortalte at no vilde ho reise til Oslo . Ho hadde bedd ei venninne få seg plass der . Ho gav ein god dag i Haukås . Snart gjorde ho det forbi med han .

Alt var avgjort med det same . Han måtte til Hans , måtte be om godt ver . Han såg Hans for seg . Han kom nok til å bruke kjeft . Men til sist gav han vel etter .

Hans var siste sjansen !

Det greip med alvor , stod klårt for han , det fans inga anna råd . Så var han på veg dit .

Det regna ute , var grått kvar han såg . Det sette humøret ned . Men han hadde ei von . Det måtte være ei !

Lokalbåten hadde vore med posten ein times tid før han kom til Rissletta . Hans sat enda og las i blada .

Heldig at ingen andre var inne ! Han hugsa for resten at Hans var slik når han skulde lese post , alle andre måtte ut . Om det ikkje var anna enn eit brev frå heradstyret , han måtte sitte åleine inne ein times tid og studere saklista .

Det var ikkje lett å snakke . Hans såg ikkje opp . Han sat bare og las i bladet . Det var motlaust . Men så fekk han snakke ut . Det gikk etter kvart lettare .

Han måtte puste ut da han endelig hadde fått sagt alt , hadde sagt at han visste inga anna råd enn å komme til den som stod nærmast .

Hans vart brått full av liv , han såg opp og sa harmt :

" Så , det var slik du stelte deg ! "

Han less ikkje høre det , han måtte tole såpass . Hans kom nok til å skjenne lenge på den måten , det var mest eit godt teikn . Det var bare om å gjere at han ikkje sa tvert nei . Da hjelpte ingen ting meir .

Det hørtes bra ut for resten . Hans heldt eit heilt foredrag om kor umulig ungdommen var . For resten mange eldre og . Det var bare å kreve . Det var smitten frå Russland som var kommen .

Inst inne vilde han le . Kva fa'n hadde det å seie skreiv bare Hans på , om han så trudde all toskeskap som pengefolka sprøyta i dumme menneske ! Jau , han lo til det .

Men så vart Hans sint :

" Du er jo ein av dei same ! "

Han lo mot det :

" Du sei då vel ikkje det . "

Hans vaks :

" Kan du ikkje få såpass pengar frå fellan dine i Russland at du kan gå på skole ? "

Det var så dumt at han måtte le .

Hans vart erg :

" Ja , det førtelles mykkje . "

Han vakna , han måtte spørre , ansa seg ikkje :

" Er du galen ? "

Hans nikka :

" Jau , dem sei det ! "

Han syntes han sat og datt . Han hadde aldri drømt om at folk stod så lågt . Det var som det demra for han at det var ikkje hans skyld at folk ikkje hadde trudd på han . At dei snudde ryggen . No forstod han dem . Dei var som vaksne barn . Hans trudde det vel ikkje , han var bare den som tok alt i bruk .

Ein augeblink hata han Hans , han kunde stå opp og ta han i strupen . Kanskje det var han som hadde sagt det først . Eller kanskje han hadde tidd slik når ein tøvkopp sa det , at alle trudde ?

Ei lita stund sat dei og såg kvarandre inn i auga . Det slo han at Hans var redd . Sia at dei var det begge . Brør som var angst for kvarandre , brør som var på nippen til søskenhat .

Dei vakna opp av at Hilda kom inn . Det var eitkvart rart over henne . Som ho visste alt . Men ho oppførte seg annleis enn før . Han skjønte ho vilde gjere Hans blid . Ho såg på han med godt blikk , som ho sa at han var herren i huset . Eller som ho sat og gav han den makta . Ho sa :

" Ja , for du skjønne at det dummaste av alt er om han ikkje kjem seg i vei . Vi får vel høre nok om ikkje det skjer . Kan ein i ætta komme seg fram , så ... . "

Hans vart mild i andletet . No gav han seg !

Ho snakka vidare :

" Og kor vilde det gå med Skarnes som står i pant , om han ikkje får gå skolen ut ? "

Hans krøkte seg , no sa han nok ja .

Han såg opp på henne . Ho smilte mot han . Så mild hadde Kjell ikkje set henne . Og så vakker .

Da hendte det noe med Hans . Han vart rau i andletet . Så hardna han til . Blikket vart vondt . Det var som han vilde løfte seg over dem begge , vilde knuse dem med styrke . Han såg visst ein augeblink inn i ei anna verd . Så kom blikket nært . Han stirte olmt . Først på han , så på Hilda . Det var som han sat og strevde med orda . Endelig kom dei . Trudde dei at han hjelpte ? Hadde ikkje han fått slite for sitt sjølv ? Skulde han ta seg av rampen ?

Auga til Hilda vart harde , ho sette i :

" Hans ! "

Han bøydde seg for det . Men så ansa han bladet , peikte på det . Dei kunde komme og lese . Det var ikkje til å spøke med lenger at eit visst land agiterte folk opp . Hadde han ikkje røynt det i heradstyret ? Kom det ikkje fram i Stortinget ? Hadde ikkje andre land fått ein førar som måtte renske develskapen ut ? Trudde dei ikkje at vi trong ein stålneve i blautfisken her heime og ? Da kunde han helse og fortelle at neven var kommen . Dei kunde bare komme og lese . Det stod på prent om develskapen og spionane .

Han la neven hardt i bordet : Det fekk være det same om det var hans eigen bror , han hjelpte ikkje slikt folk fram .

Og kva sa ikkje den same Kjell'n om religionen ? Fór han ikkje gjennom bygda som ein rebell ?

Hilda såg Hans kvast i auga , mest trugande :

" Du må ! "

Ein augeblink var det som han skulde gi seg . Men så var trassen der . Han reiste seg , sa med kvite tenner :

" Nei så fa'n om eg gjer ! "

Han fór til døra . Auga var olme , han stansa der og sa rasande inn mot dem :

" Di får nok sjå ka som hende ! "

%Han vann ikkje gå heim etter møtet med Hans . Han måtte tankane vekk .

Det bar oppover mot Vollan .

Da såg han det var møte i skolehuset . Det var sjølvsagt " vennene " som var samla .

Han vilde høre på dem ! Var det ikkje det same kva han dreiv tida med ? Og burde han ikkje få kjennskap til kva dei heldt på med ?

Salen var fullsett . Og det var Edvard som talte !

Det var underlig , var Edvard blitt evangelist alt ?

Det klædde han for resten å tale for folket . Han var høg og akslebrei og hadde god , varm røst .

Men blikket hans var så mørkt . Han såg sky ut . Store , sterke Edvard som alltid hadde tatt dei tyngste taka heime , kva var det som feilte han ?

Kjell mintes at det alltid hadde vore eitkvart sårt i blikket til Edvard . Han gikk og var kjempekar , hadde nevar som kunde klipe sundt alt dei kom fram i . Og likevel var det som han var redd .

Da slo det han at Edvard og talte om dei vanskelige tidene . Det var bare det at han talte annleis om dem enn andre . Han skyldte ingen einskilt for noe , han snakka ikkje med hat . Han forstod alle , tilgav alle , tolte alle .

Best det var ropte han ut :

" Kom hit til mig alle I som har det ondt og bærer tunge byrder ! "

Orda hadde makt . Folk bøydde seg . Slitne karfolk såg på skrå ut i lufta , dei sterke andletsdraga vart veike .

Edvard talte om alle som dansa kring gullkalven og ikkje skjønte at det gav bare ufred .

Kjell vilde le , ønskte det og . Det var vel derfor han var kommen inn . Men så vart han brått alvorlig . Her gikk eit kvart farlig for seg . Her var ei makt han måtte lære seg å kjenne .

Han såg på andleta til folk . Kvifor sat dei her ? Kvifor stirte dei så på Edvard , lydde ? Kvifor yngtes andleta når Edvard talte om kvile , fred ? Sat dei ikkje der som dei sa mot Edvard : Det er eit godt ord , eit varmt ord , kom til meg alle de som har det tungt .

Med eitt såg han det : Det var trøtte , utslitne kroppar med ubetalte boligbankterminar og sømnlause netter , dei sat og lengta etter den evige freden . Det var dei som hadde komme frå Lofoten med ti kroner i skyld eller ti kroner i forteneste . Dei som hadde komme frå Finnmark-fisket for statens rekning . Der sat trøtte kvinner som ikkje visste kor dei skulde få mat frå til middag . Der var foreldra til barna som hadde lite klæe og lite mat .

Han såg skyldlause , berrfota barn springe ute på marka . Som han skjønte dei som hadde ansvaret for dem og som gikk og tidde , låg vakne og ikkje torte snakke .

Der stod Edvard og gav dem den store freden !

Han kunde ha blitt sint på Edvard . Men han hadde ikkje tid å tenke på det . Han hadde gjort ei oppdaging .

Orda fekk makt . Kvinner sat med tårer i auga . Dei var samde i alt . Det var ei vanskelig tid , alt glei ut . Det var ikkje bare det at barna kom til å svelte , dei vart kanskje gudlause og skeia ut .

Karfolk var og samde , sat som dei glømte seg av , gapte mest . Kva var det dei såg for seg ? Heile flokken sat som han var forskremt .

Edvard fiska i rørt vatn ! Det var lett å tale , orda fall i god jord , i pløgd og harva jord .

Stemninga tok til å vekse , snart hadde alle glømt seg . Ein sa amen , ein annan halleluja . Men det såg ikkje ut til å bli pinseleven . Edvard vekte for mange tankar . Folk kunde da ikkje rope halleluja til ubetalte terminar og store skatterestansar , ikkje eingong til dansen kring gullkalven . Dei åtte da ikkje meir gull enn gifteringen ! Edvard som hadde hukt så mang ein torsk i bråttsjø og storm , han skulde da vete at det var ingen dans , det var strid for livet !

Han ansa at Lorens i Øya var der , hugsa kva folk sa om han når dei ikkje var på møte . No sat han der . Andletet var smite og lurt , likna den reven han var . Han hadde tatt til å kjøpe fisk dei siste åra . Andletet passa bra til det .

Kjell mintes ein kveld i fjor han var ute i Øya . To fiskarar sat og snakka om Lorens inne på krambua . Den eine sa at han hadde drømt at Lorens kom til himmels . Der vart han rev . Men ein dag vart det levert klage inn til vårherre , reven hadde ete opp alle dei himmelhøns som fans .

Vårherre vart rau og forbanna i ausyna , han sprang opp og sa til Lorens :

" Eg gjer deg til markmus . "

Som sagt så gjort . Og det vart lenge stilt i himmelen .

Men så ein dag visste ikkje vårherre av før alle himmelens stordyr var samla og slo ring om han . Bjørnen sette i med eit brrr så vårherre skvatt opp og spurte kva det var slag helvetes leven dei heldt i middagskvila . Men dyra stod like rolige .

Da vårherre var blitt litt blid av seg , løfta bjørnen labben og synte han fram . Dei andre dyra gjorde det same .

Så sa bjørnen :

" Skal han Lorens være markmus lenger , då et han labban av oss alle . "

Vårherre stirte med store auga , han såg at Lorens hadde gnage store sår i labbane på levande dyr .

Vårherre tenkte seg lenge om . Så reiste han seg og kalla markmusa inn :

" Du kan ikkje være i himmelen lenger . Du får reise til dem som er skodd . "

Såleis vart han Lorens sendt til Øya som fiskekjøpar . Han måtte være samen med sjøstøvelklædde folk . Men snart vart det vel bare hæljarna att av dem og .

Mannen såg ut i rommet og sa :

" Det er pinade sant ! De ser vel at andletet hans er så gammelt og smite , det slit på tredje kroppen . "

Her sat Lorens . Han nikka . Han var samd . Han var og mellom dei trøtte med velbetalt kai og brygge , stor villa og uthus . Han trengte til kvile .

Edvard vart ferdig . Kjell syntes det var rart , her såg da ikkje ut til å bli det minste leven i kveld . Alle var visselig samde med han . Det var dei som hadde prøvd å gråte . Men dei fekk det ikkje til . Det var som tårene tørka bort i fødsla . Skjønte ikkje Edvard at han hadde fått dem til å tenke ?

Lorens var oppe og vitna . Sa at han hadde hørt om det åndsens ver som gikk over Vollan . No kunde han godt skjønne det . Han måtte takke talaren for orda . Dei kom som manna , som , ja han fann ikkje ordet . Han vilde bare seie for sin del kva gud herren hadde vore . Han hadde tidlig vandra til Jesus .

Folk nikka . Eit par kallar sa halleluja . Men lenger kom det ikkje . Kvinnfolka sat med svart tørklæ og hendene i fanget som dei venta . Edvard likte seg visst ikkje . Det kom eit sårt drag over andletet hans .

Kjell syntes med eitt synd i han . Hadde han det vondt ?

Han fekk ikkje tid å tenke meir , døra kom opp og evangelist Ellefsen stod brått inne på golvet . Han tok eit oversyn over flokken . Så løfta han hendene og ropte :

" Takk skje gud ! "

Han sprang inn i lærarrommet og hengte av seg frakk og hatt , kom inn att , stansa midt på golvet . Snudde seg rundt og såg på flokken , sette auga i dem . Fekk makt , så glad ut . Så gikk han bort til katetret , tok atter eit oversyn og sa :

" La oss gå til den herre Zebaot og be om guds ånd . "

Kjell såg at Edvard vart liten og bleik .

Ellefsen kasta seg på kne og til å be . Og det hendte verkelig noe rart . Han fekk tak over alle . Det var som orda hans hogg folk i ryggen . Dei bøyddes , fekk mål , gret , jamra seg . Orda var ein nøkkel som leste dem opp , dei datt ned på golvet og bad . På ei lita stund var alt i kok . Der jamra seg folk i kvar krå , ved kvar benk . Men Ellefsen dreiv på å be . Det var som han jaga dem opp i stemning , piska dem , tvang dem lenger og lenger . Jammeren steig . Folk vart på ein liten halvtime ein flokk redde dyr . Han hadde aldri opplevd slikt . Edvard prøvde visst og å kauke , men det gikk smått med han . Det var Ellefsen som hadde ordet , hadde hand om all lyd .

Der tok fru Jonassen og til å skrike .

Kjell hugsa at han hadde hørt om det . Ho var blitt omvendt og hadde rømt heimanfra , for Jonassen vilde ikkje tru .

Ein kall låg og halvt sparka borte ved ein stol . Han prøvde rope , men fekk bare fram rare lyd . Det var mest som han låg og gurgla seg .

Ei kjerring attom han prøvde og . Ho fekk det ikkje til , hiksta og heldt på å misse pusten . Baken stod høgt i veret . Ho såg for resten ikkje verst ut frå den kanten .

Da vart det stilt ein augeblink . Det var som alle lydde på kommando : Ei anna kjerring kasta seg attover stolen og tok til å seie rare ting . Det gikk ei heil stund før han skjønte kva det var , men så forstod han det . Ho hadde fått " tunger " .

Dei andre bad stilt . Inderlig , intenst . Andletet til Ellefsen vart full av rukker , det var som han heldt om henne med overmenneskelig makt .

Kona skaut beina fram , hovudet seig attover stolryggen , armane hang slappe ned mot golvet . Så hørte han lydane . Det var først som sjokl i vatn . Så syntes han at han kunde få tak i litt , det var som ho sat og dissa og sa :

" Ta-ta-ta-tatt b-a-a . Motte-totte-to-o . "

Ho skaut magen i veret og sa :

" Akka-to-r-i ma sja li , tsjo ! "

Han kunde ikkje bare seg lenger , han måtte le . Lorens fekk eit fortvilt drag i andletet . Han reiste seg og gikk . Reven lukta lunta , dette kunde han ikkje komme til fiskarane i Øya med .

Kjell sat att . Den helligånd måtte være blitt bra gammal og umulig . I ungdommen snakka han folks morsmål , no sat han tannlaus på ein stol og sa , ta ta ta tatt .

%Nei , han måtte gå .

Det var kaldt og godt ute , lukta gras og rote lauv . Stjernene blinka kalde og bleike . Synet var godt , han vart meste frisk av det .

Kva var det som gikk for seg ? Han vart tvinga til å tenke . Det var da ikkje bare det at han ikkje fekk lån , her var eitkvart sterkare attom . Skulde han bli heime for å ta striden opp mot det ?

Augustkvelden var god å gå i .

Folk hadde begynt med lys alt . Det minte han om at det var haust . No tok dei andre elevane til å pakke . Snart skulde dei lese lekser i elektrisk lys i byen . September . Kvit dag . Mørk kveld med skarpt lys inne .

Kari , kva tenkte ho ? Han vart sår . I dag stengtes siste vegen . Gikk han verkelig her og trudde at han ikkje visste alt ? Hadde han ikkje fått full visse ?

Han skulde heim til ei som låg og døde . Det var døden for han kvar han snudde seg .

Men kven var dei ? Hans som nekta hjelp og aldri spurte etter mor ? Kven var Edvard som fór og gjorde folk galne ? Var det ikkje andre ting Edvard kunde bruke dei lange fingrane til enn krøke dem kring ei kateterflate ?

Og Synnøve som vilde reise til Oslo ? Jau , ho hadde sine tankar ! Ho skreiv om kjolar og lønn og dei som hadde det så mye betre enn ho . Ho skreiv i kanten på brevet etter at ho hadde skreve fleire sider om seg sjølv :

" Hvorledes er det med mor ? Du må passe henne godt . Du vet jeg skal tenke på dere begge om jeg reiser . "

Mor kom sakte til å leve av det !

%Nede i vegen møtte han Ola på Greipstad og Peder på Vollan . Dei var tenkt å be inn eit anna ungdomslag til å drøfte same emnet som sist . Vilde han halde tale da ?

Ein augeblink stod han og såg bygda . Såg dei var trøtte og redd alle stader . Hans som sat og blåheldt på makta . Jonassen som heldt på sirup , silkeband og grønnsåpe . Edvard og Ellefsen som heldt seg i den helligånd .

Ungdommen som vart malen mellom kvernsteinar !

Var ikkje han sjølv ein av dem ? Hadde han ikkje møtt det overalt ? Hos Morten og Rasmus og dei som stakk seg inn i kyrkja og song lover den herre den mektige konge med ære !

Eitkvart måtte gjeres !

Over blinka haustkald himmel med bleike stjerner . Det var som alt kalla på han . Så fekk han idéen : Dei kunde da vel for pokker ta steget heilt ut og få arbeidarungdomslaget frå byen ?

Dei heldt mest på å renne han over , kunde han få det til , kunde han ringe til dem alt i morgen ?

Han lovte det . Men inni han var det eitkvart som sa : Du glid lenger og lenger . Når dette hender , da er du ferdig for alle tider . Om du så blir lærar . Og likevel , han kunde ikkje anna . Han drog pusten tungt og sa ja ein gong til .

Ola følgte han meste til Skarnes . Han gikk og tidde . Dei kunde ikkje seie stort noen . Best det var stansa Ola :

" Eg førlise skøyta ! "

" Førlise , er du galen ! "

Ola stod litt . Så sa han :

" Far er sjuk . "

Han måtte spørre , var det verkelig så ? Ola nikka , så sa han :

" Ja , han er gådd til sengs . "

" Men forliset ? "

Ola bytta fot , stirte ut i lufta :

" Ho er assurert . "

Han måtte få han frå det :

" Men kjerringa di og Vesle-Håkon ? "

Ola drog på akslene :

" Kjem eg ikkje levvanes frå det , så berge eg iallfall gården . "

" Men kva trur du far din ... ? "

Ola snudde seg mot han :

" Han slepp å døy utfattig . "

Igjen nemnte han Vesle-Håkon . Ola vart sår i røsta , så sa han :

" Ka bli det med han når vi alle må ut ? "

... Dei stod og heldt kvarandre i hendene . Det var dumt , det var visst første gongen dei gjorde det . Men han visste at det var ei hjelp så Ola ikkje gjorde gjerninga .

Han gikk inn . Han var meste fortumla . Hadde dei det vondt alle ?

%Edvard kjente det , det var inga anna råd enn at han måtte til mor . Han var kommen til at det og stod i vegen . Somtid kom det over han , kunde han frelse andre , han som ikkje kunde gjere noe for si eiga mor ? Var det ikkje eitkvart der som gjorde at han ikkje fekk ånda over seg slik som han skulde ?

Han sat ved senga hennes og var glad for at han fekk være åleine med henne .

Ho låg urolig og såg på han . Så lita og tynn ho var blitt ! Og så bleik . Ho retta handa si fram . Det var mest som ho ikkje vann det . Blikket var uendelig sårt . Det skalv i andletet .

Minna om henne frå gamle dagar fór gjennom han ! Så pen og sterk ho var den tida ! Han kjente gråt i seg , hadde han hjelpt henne nok ? Det var den gamle kjensla , han fekk aldri gjort det han vilde for noe menneske . Han fekk tak i handa hennes , låg ho her og bad han velkommen ? Om han bare hadde kunna fått gråte i denne stunda !

Da snudde ho andletet bort .

Hadde ho det vondt ?

Han hadde lyst å ta henne inn til seg , være god . Han måtte seie henne alt det beste , ho måtte bli frelst . Han såg da at ho hadde ikkje lenge att . Det song igjen gjennom han :

Og jeg skal hans hilsen frembære , den minste man kjenner på jord .

Han tok til å synge , kjente at han fekk det inderlige fram . Røsta steig . Da snudde ho seg mot han :

" Hold stilt med det . "

Han bøydde seg mot henne :

" Kjære mor , her fins ingen ting du kan halde deg fast i uten gud . Alt det andre er forgjengelig . "

Han fekk tak i handa hennes og sa varmt :

" Hendene dine er så veike . "

Ho snudde seg mot han :

" Ka skal det snakket være til ? "

Så snudde ho andletet mot veggen . Det såg ut som ho ønskte han ut , var fornærma .

Han sat og var varm . Best det var såg ho mot veggen :

" Hadde du enno levd etter det ! "

Han måtte spørre .

Ho snudde seg mot han , blikket var klårt :

" Ka eg meiner ? "

Ho lo .

Det var som ei stille seig over rommet . Han vart enda mindre , han sat ikkje som rettleidar , han sat som anklaga .

Ho snudde seg halvt mot han , snakka hakkete og tungt :

" Ka er det du ... meiner ... med Ester ? "

Det sokk i han . Han fekk ikkje mål fram .

Ho snakka igjen :

" Eg hadde tenkt at du ordna det . "

Han måtte seie eitkvart , men han miste tankane . Da fann han orda :

" Det som må skje det må skje . "

Ho bles .

" At eg blir i ætt med ho Finn-Marta og ? "

Han fekk ikkje mål fram . Ho tok til å snakke , ho hadde mye nok å tenke på om ikkje dei som barn skulde tynge henne slik .

Så tidde ho . Han sat lenge . Endelig fekk han fram orda :

" Du burde tenke på andre ting no . "

Ho såg uhyggelig klårt på han :

" Du har altså ikkje tenkt å gifte deg med Ester ? "

Han flytta seg , det var umulig å samle tankane . Ein augeblink tenkte han at han skulde seie han hadde tenkt å gjere det . Men så var det uråd . Han kunde ikkje lyge for henne . Han svarte stilt :

" Nei . "

Det var som ho seig samen . Så sukka ho og snudde seg bort .

Han sat , fekk tak i handa hennes . Han var nedfor , ønskte igjen som så mange andre gonger at han kunde gråte . Det var like umulig no som før . Da klemte han handa hennes , sa så varmt han kunde :

" Kjære mor ! "

Og igjen :

" Hadde eg berre kunna ! "

Ho tok handa til seg , var ikkje vond . Såg bare uendelig trøtt på han .

Han prøvde igjen med gode ord . Ho vilde ikkje høre på det . Han kasta seg på kne og bad . Da sette ho seg halvt i senga og sa så han ikkje fekk fram eit ord meir :

" Gå no , Edvard ! "

Han var på marka . Han fekk tårer i auga . Dei fraus bort med det same . Han sokk . Dette var hans lagnad , han kom ikkje lenger . Han gikk oppover vegen , han skjemtes , det var som han stal seg bort frå livet og ansvaret .

Da stod det klårt for han som han ikkje hadde gått ved før : Det feilte han eitkvart . Det var noe inni han som han kanskje aldri kom til å skjønne . Så lenge han ikkje gjorde det , kom han til å bli ulykkelig .

Det steig til eit rop i han . Han måtte finne hjelp .

Hva var det som var i vegen ?

%Arne Haukås merkte etter kvart at Synnøve vart trygg . Det tok til å bli lenge mellom kvar gong ho kom . Og kom ho , vart ho han dyrare og dyrare . Det erga . Det bar han imot . Men han fekk til å arbeide , han måtte gjere gode miner til slett spell .

Somtid tenkte han tanken ut . Kva var ho å gifte seg med ? Han måtte til kvar tid gjere henne sjalu . Ho måtte være enten slave eller tyrann . Begge ting var motbydelige .

Ho hadde fått sportsdrakta . Men ho vilde ha meir ! Han kunde vel skjønne at skulde dei ut , måtte ho ikkje være klædd så han skjemtes av henne ?

Han hørte på , hadde ho bare meint det slik , hadde sakte han vore nøyd . Han vilde så visst ikkje at hans kvinne skulde gå dårlig klædd . Tvert om . Han hadde alltid tenkt , kva hadde det å seie om ikkje han var så fin , bare ho var det ?

Ho fekk det ho bad om . Det var bare det at ho skulde ha alt til ein viss dag .

Det var torsdag , og dei to skulde ut først lørdag . Han spurte henne kva det skulde være godt for . Da fortalte ho blygt , det var ei venninne som kom til henne , og ho hadde slik lyst å syne henne alt .

" Skjønne du ikkje at ho vil erge seg ihel når ho ser alt ? Å , eg er så sint på henne . Ho skal ha godt av å bli dukka ! "

Det bar han imot . Han kunde så godt være med på det , men eitkvart sa at det var løgn alt . Ho låg kring halsen hans og sa så varmt :

" Eg vil berre være stolt av deg . "

Ho fekk viljen sin . Ho skulde komme opp til han og syne det ho hadde kjøpt .

Han sat og venta . Klokka vart fem og ho vart seks . Han vart urolig , tok til å drikke . Klokka vart sju . Ho kom ikkje . I denne tida skulde da venninna komme . Han venta til åtte , venta enda lenger . Da skjønte han at ho kom ikkje .

Han skreiv ein settel og la på bordet , gikk ut og skulde sjå etter henne .

Det var uråd å skjønne kvifor han gjorde det , men han rusla ned på ferjekaia . Det tok til å bli mørkt , skumt iallfall . Han stod og såg på skutene som så ofte før . Ferja skulde visst snart til å gå . Da var det med eitt som han bråvakna . Han kjente ei røst som hørtes så glad ut . Han stod still , lydde , var det ikkje henne ? Han snudde seg og såg med det same ho og tre andre , to par gikk ombord . Gutane bar telt med seg , og ho hadde det nye sportsutstyret . Ho gikk ved sida til ein gut og såg ikkje kven som stod på kaia , var bare opptatt av den ho gikk med .

Han tenkte gå fram , tenkte seie henne eit par ord . Da la ferja frå .

Det var som alle fjell ramla ned . Enda han hadde tenkt seg dette , enda han hadde trudd han var på lag ferdig med henne , det svei , det grov inn på heilen : Ho skulde ligge i telt med ein annan gut .

Ferja gikk rett framom odden der han stod . Da løfta han hatten og ropte god tur til Synnøve . Ho såg opp , vart sittande stiv , det var mest som ho fekk eit sjokk . Det tok han , han måtte rope meir . Ho skulde få bere det med seg at han hadde set henne .

Ho bøydde seg der ho sat , seig samen .

Sinne og harme kokte i han . Dette var enda det verste han hadde set av henne .

%Han sat heime på hybelen . Det var ikkje fritt for at han skalv . Han hadde bore seg dumt åt . Han måtte drikke . Han sa seg at det var all right det som hadde hendt , endelig var han ferdig med henne . Dette var slutten . Men ein ny otte arbeidde sig fram i han : Enn om han ikkje greidde å være ferdig med henne ? Enn om han fekk den gamle lidinga oppatt ?

Han måtte drikke , tok dram på dram . Det flødde i krop pen . Han sa seg at han skulde da være inne , det gjorde ikkje noe , og drakk meir .

Han såg det minka sterkt på flaska , men han drakk . Kanskje vart han snart så full at han fekk sove . I morgon kom ho vel . Han tok mest til å bli glad for at han hadde ropt til henne , han hadde ei hand om henne ved det . Han var viss på at ho var ikkje glad der ho var . No sat ho kanskje i teltet og var lei seg . Kanskje vilde ho gå ned alt ?

%Han gikk ut .

Da møtte han eit par tidligare elevar , to av dei penaste jentene . Kva det kom av visste han ikkje , men dei stansa , vart glade da han snakka .

Det var godt , dei stod ikkje og var elevar . Hadde dei hørt eitkvart ?

Da bad den eine at han måtte gå med dem på restaurant .

Dei var der .

Han undra seg enda over dem . Den eine , Eva Ritter , kom nærmare og nærmare , kneet hennes var mot hans . Best det var halla ho seg mot han så han kjente brystet .

Han vakna , han stirte . Ho såg det og likte det . Kva var det han gikk og tenkte på ei gås for ? Her sat unge kvinner i fine klæe . Dei hadde ikkje tigd dem , loge seg til dem .

Brått undra han seg meir over Synnøve . Han hadde gått til ei kvinne av folket , og så var ho slik .

Dei drakk .

Han såg på begge jentene , vart glad , dei var livet . Og han såg dei vart elleville fordi han skjemta . Dei sat og kappas om han !

I morgon , sa det i han . Var han endelig ferdig med Synnøve ?

Han følgte dem heim . Dei vilde komme til han næste dag og avtalte tida .

%Så sat han heime på hybelen att .

Da kjente han at han måtte drikke så mye at han drap otten for Synnøve . Den måtte aldri meir få liv .

Han lo , han såg henne så simpel ho var . Såg straks etter dei andre . Unge , faste barmar under silke , unge kvinner som stal seg til å komme nær han . Og der var Synnøve , som rømte frå alt og syntes det vakre var stygt !

Han reiste seg . Han svor . Ho gjorde livet heslig for han . I kveld måtte alt være slutt .

Med eitt sette han flaska for munnen og drakk ut .

%Han måtte ein tur ut i byen . Han måtte på kaia att .

Det var seinkveld da han stod der . Ferja la til , folk kom i land , kom av tur . Var ho der ?

Han lo til det , slikt trong han vel ikkje spørre om .

Han skulde til å gå . Da kjente han at han var så full , han vann visst ikkje . Han tenkte først at han skulde sette seg på benken , men så skjønte han det var best å komme seg heim .

Han var i Sjøgata .

Med eitt kasta han opp . Han måtte bort til ein søppelkasse , heldt seg fast . Ein augeblink skar det i han , han såg elevane for seg , og her stod han . Han måtte klamre seg til kassa skulde han ikkje dette i gata .

Ei mengd gutungar stod kring han . Han prøvde få dem vekk , men greidde det ikkje , dei bare lo og hauka . Det summa i hovudet , han sansa snart ikkje . Han stod og heldt seg fast med begge hender i kassa . Seig samen i knea , reiste seg att , hørte gutane ropte kvar gong .

Ei dame arbeidde seg fram til han . Han snudde seg mot henne , erg , sa tullhøne .

Ho vart stram i ryggen , svarte indignert :

" Lektor Haukås ! "

Han visste ikkje av før to tre fruer stod der . Dei var heilt forferda . Kva pokker hadde dei med å stå der ? Han svor , bad dem reise og ryke .

Da såg han at den eine var mor til Eva Ritter !

To konstablar brøytte seg veg fram .

Han gav seg over . Dei fekk han under armane .

Drosjebilen kom . Den eine av konstablane spurte :

" Hvor bor De , lektor ? "

Han vakna . Det var småbyen , dei kjente han !

Han såg så vidt folkehopen med det same han kom seg inn i bilen .

%Han såg med ein gong at det var brev frå rektor . Kvifor ikkje ta steget heilt ut ?

Han stod inne på kontoret . Rektor var bleik . Reiste seg , hadde nok tenkt å gi reprimande . Med eitt vart han mild , vart menneske , sa :

" Eg skjønner , det er tungt å arbeide slik . Eg har sagt det til dem som klaga og . "

Han stod ein augeblink , vart god . Så sa han :

" Kva seier De til en liten permisjon ? "

Han greip sjansen , sa han hadde visst arbeidd seg forderva .

Rektor nikka , kom fram . Dei stod og tok kvarandre i hendene , alt var avgjort .

%Han pakka , var forundra over at det gikk så lett . Tomme hyller , tomme vegger , alt var berging . Kvifor hadde han ikkje gjort det før ?

Han kjente seg glad , hadde aldri tenkt han var ferdig med rommet , hyllene , alle minna .

%Edvard var på veg oppover igjen . Ei underlig makt dreiv han .

Åsane kring Langvatnet kom meir og meir bort i skjømminga .

Under lia på austersida vatnet lyste eit bål . Han visste det var ungdommen som hadde bålkveld . Ein augeblink stod han og såg på det , kjente seg dregen dit . Men så visste han at der hørte han ikkje heime . Han måtte stri mot det , han hadde ei anna plikt .

Det var rop frå lia , dragspelltonar og kvin . Kva heldt dei på med alt der , tru ?

Kvar skulde han hen , kva var det han vilde ? Han torte ikkje tenke på det , skulde han da ikkje kunne frelse eit lykkelaust menneske ?

Han var kommen over Moan . Vegen slutta . Det var eit teikn . Dei som budde ovanom der var ikkje menneske som dei andre , det var lappane .

Det bar opp lia . Han kjente krefter i seg som han ikkje likte . Han såg eit par brune auga som lyste mot han i eldskin . Han såg ei vakker lita kvinne som sat på huk og drogs lenger og lenger mot han . Røykete fingrar , rau munn . Nei , nei , det var ikkje det , han vilde ikkje tenke på det . Men eit anna minne kom , han hadde henne ved sia av seg i snøen . Ho gikk i skinnklæe . Det var eit dyregodt drag over henne . Han såg ho svam i snøen . Kufta glei unda , ho hadde skinnklæe under og . Han såg legg og kne , såg låra runda seg i dem .

Han måtte knyte hendene , måtte stanse og seie høgt , han let seg ikkje freiste . Det var ein stor manns ærend han gikk .

Orda let som hån mot han , han vart harm . Skulde alt det gode i han drepes , skulde han drages ned , kva han så vilde gjere ?

Med eitt slo det ut i han som varme : Det var slik han lengta til henne . Det var elden i auga , det var det mjuke skinnet under kufta . Ei røst sa han , han skulde ikkje nekte , han hadde vore nok nær henne , han hadde med vilje kjent det .

Han måtte verje seg , hadde han ikkje skilt seg med ei jente for han skulde leve eit reint liv ? Var det ikkje offer nok ?

Da var det som det hånlo i han , spurte : Var gud blitt eit lite røykete , brunt , kufteklædd kvinnfolk oppi Svartfjellet ? Var det for vårherre han hadde ofra dei andre jentene ?

Han stansa , han kjente seg kald , var det ikkje best at han snudde ? Krefter sloss i han . Det var som dei beste sa , snu , snu før det er for seint . Men så kunde han ikkje det . Greidde han ikkje vinne over dette , da kunde han aldri frelse henne .

Siste tanken slo eldsnart ned i han , stod lysande klår så all tvil kom bort . Nett no stod han på skillevegen . Snudde han , kunde han aldri bli den reidskapen han vilde , ikkje for noe menneske .

Han stod utfor gammen , såg det lyste i ljoren , dei hadde ikkje lagt seg . Ein augeblink vart han redd . Han stod og ønskte at Aina var åleine . Kva var det for tanke ? Han drap den , han trødde i marka , kjente at han vart sterk og gikk mot døra .

Dei skvatt meste opp da han kom . Aina sette auga på han . Dei brente , fekk glans . Heile andletet skein . Han vilde ikkje sjå det , gikk fram og sa guds fred . Marta svarte , svarte klokt . Men det leika ein liten smil ved munnen hennes . Han likte det ikkje , tok tak mot det og . Ho var eit simpelt menneske , men han måtte tole henne . Aina var da annleis , ho skjønte nok .

Ein tanke slo ned i han og fekk makt , det var nettopp det Aina ikkje gjorde . Han brukte viljen , ho skulde .

Han sat inne på benken . Marta prøvde rydde . Han måtte sjå på henne . Var ho ikkje mor kanskje , var det ikkje noe godt over henne ? Ting han hadde hørt om henne kom for han . Ho stal , folk sa ho ganna og , kyr kunde mjølke blod . No var det blitt litt betre : Ho hadde mist tennene . Trollskapen hadde ikkje slik makt . Med eitt var det som han skjønte henne : Alle var mot henne , ho måtte sigre med ei makt andre ikkje hadde . Alt i gammen sa det , fortalte om striden hennes . Veggene var lappa både her og der . Ho vilde ha stue , vilde ha bordvegger og bordgolv . Dei var laga av stutte , flisete fjøler , uthøvla og dårlig spikra . Somme låg utover dei andre og var skeivt saga . Det var vitnemål om ei kvinne som hadde stridd eit langt liv for ein heim . Borte i ei krå hadde ho jamvel malt litt .

Kvar hadde ho fått borda frå , spikeren og den vesle malinga ? Han visste det , ho hadde tatt ei fjøl her og ei der , fekk namn og ord etter det og . Det rørte han , kvifor gav ikkje folk henne det ? Kvifor sa dei ikkje : Kom hit skal du få noen bordbetar . Eller : Treng du litt hjelp , eg kan komme opp til deg og klæ gammen med det vi har . Ingen sa det , alle hata henne , ho stal . Han sat og syntes enda meir synd i henne . Han hugsa fortellinga om uvers-året da kua hennes heldt på å døy . Dei sa ho stal i alle fjøs . Til dei sette vakt og ho måtte halde seg inne .

Eit par av grannane hennes sladra til lensmannen . Han burde oppover og sjå til kua . Han kom , og kua låg . Lens mannen tok tak i henne , men ho låg still . Det var greitt at ho låg på røysa . Han spurte Marta kvifor kua ikkje reiste seg . Ho sette i :

" Rør han ikke , rør han ikke , han ligg og skal kalve ! "

Orda gikk som segn i bygda .

Lensmannen skaut kua , og Marta gret .

Edvard kjente seg opprørt , kvifor hjelpte dei ikkje henne ?

Han vakna . Marta stod og sa at ho måtte sjå bort til fjøset .

Ho var alt ute av døra . Han såg den lette finnslengen , den mjuke vagginga i hoftene . Ein augeblink bar alt han imot , han skjønte kvifor ho gikk . Men straks etter vart han glad for det . Var dei annleis dei som var mødrar nede i bygda ? Vilde ikkje dei og ha døtterne sine gifte ? Hadde Marta andre rom å gå i enn fjøset ?

Aina var borte og la kubbar på gruva . Det lyste opp inne . Så sette ho seg på brisken framfor han .

Han måtte ta seg samen , auga hennes brann så . Han hadde aldri set dem slik . Så hørte han at ho sa :

" Visste du kom . "

Røsta var varm og djup , grov . Det rørte han , det var dyrevarme .

Han tok seg på tak , tok til å tale med henne om gud . Auga hennes slokna med det same . Men ho lydde på han . Det var lettare å snakke . Ho såg etter kvart ut som ho var rørt . Han kjente seg glad , orda kom så lett . Aldri hadde han fått det til å snakke slik . Det var som gammen og alt det simple stemte han til å tale . Guds ånd var over han . Tanken gjorde godt , det var dei uslaste som hadde krav på guds ord . Dei som ikkje oppnådde stort i dette livet . Kva var dei stolne fjølene kring veggene , kva stort hadde dei gitt Aina frå ho var lita jente ?

Han måtte sjå på henne . Det greip han , han såg guds lys i auga hennes .

Guds lys ! Dei loga . Dei var varme . Ho sat og vart eit guds barn !

Blikket hennes var godt . Ho var eit armt lite menneske , eit lykkelaust ting i skogen . Kva hadde ho ikkje hørt kvar gong ho var nede i bygda ? Korleis stod ho ikkje første gongen han møtte henne ?

Han sette utfor , han tilstod at han heldt av henne . Tanken kjentes farlig , han kunde ha rømt hadde han vore som før . Men no var det annleis , han kunde gjerne seie det . I det lyset frå auga hennes var det ikkje farlig kva han sa .

Han sa at han vilde henne vel , han vilde føre henne til gud . Lyset i auga hennes blaffa meir opp , han vart redd med det same . Men så vann han over det .

Da var det som det hendte noe med henne , han måtte lyde . Han hørte ho pusta , det kom varme over henne , ho likna ei katt . No heldt ho munnen åpen .

Kva var det ? Han kunde ikkje snakke , han måtte bare sjå . Ein tanke sa at han måtte være varsam . Det var trollskapen . Men han hadde lyst å kjenne sin eigen styrke , han måtte halde ut .

Da hadde han henne om halsen .

Han vilde rive henne laus , han vilde rømme , han tenkte seie noe om gud , han hadde bare ikkje ord . Ho var over han , ho hadde makta . Ein augeblink kunde han ha berga seg . Da kjente han at han orka ikkje . Heile kroppen hennes var over han . Han rørte henne ikkje , han heldt hendene mot henne for å verje seg .

Finnklæe . Brune , brennande auga . Gammen med simple fjøler . Elden som slokna på gruva . Røyklukta . Det fremmende . Eit anna folk . Eit anna folks kvinner . Han sat og rodde i alt . Ord dansa for auga . Kvifor sa ho ikkje noe ? Da fekk det alt samen makt over han , han kunde bare overgi seg , det hadde tak i heile han .

Ho bøydde seg over han . Han stirte inn i auga hennes . Ein augeblink tenkte han på det guds lys han hadde set i dem , tenkte enno å seie at det var slik .

Det fyllte han med vilje til å rømme . Dette var synd , han fall i synd som han aldri hadde gjort før . Så djupt ingen hadde tenkt . Det var greitt at han måtte komme seg frå henne .

Da var det som han såg ordet synd for seg for første gong . Ei overmenneskelig makt var over han , sa , det er dit du skal . Synd er herlig . Han vilde stri imot , han sleit , han bad alle gode krefter om hjelp . Det var som han låg ute på havet og skulde drukne . Ingen hørte han . Bare Aina . Og ho sat urikkelig på fanget hans . Han kjente henne , kjente henne meir enn før . Kjente ho var herlig . Ho smilte . No sa auga hennes : Du kjem deg aldri frå dette . Ein umulig tanke kom : Gi ho ikkje slapp han derifrå !

Han let auga att , orka ikkje meir .

I tanken kom synene : Det var det simplaste av det simple som hadde makt over han . Ikkje ei Ester som bleikna bort , men ei Aina i kufteklæe og med dyregode auga .

Da let han det stå til . Han vilde falle i synd .

Han reiste seg . Ho fekk hendene om halsen , sa redd :

" Ikkje gå ! "

Han kunde ha gjort det , men vilde ikkje , kunde ikkje straks etter .

Ho stod imot han . Han fekk henne inn til seg , auga hennes loga sterkare enn før .

Da let han hendene gli nedover henne , såg at det var henne , visste kor han hadde stridd imot , visste så det fossa i han og no gav han etter . Det var som å legge ei evig tung børe av seg .

Målet hennes var mørkt og varmt da han tok kufta av henne . Ho stod i dei underlige klæa , var mest ikkje menneske og var det likevel . Han kjente han måtte ikkje klæ av henne meir , han måtte ha henne slik .

Han førte henne til brisken og hørte ho lo mot han . Så var det med eitt som han slapp alle krefter laus . Han slapp dem så han tenkte ikkje lenger . Det greip at han ikkje hadde greie på dei klæa , visste så lite om dem at ho måtte hjelpe til . Ho lo varmt igjen .

Røykete hender .

Aina i gammen .

Han låg ved sida hennes etterpå . Ein augeblink torte han ikkje tenke , men så gjorde han det .

Da var det som alle gode krefter tonte kring han . Han var ikkje forstøytt , han var tilgitt .

Han kunde ikkje tru det , han måtte for seg sjølv . Han var underlig glad .

Han stod ute i stjernekvelden . Det var mørkt kvar han såg . Men himmelen var underlig lys og god . Han måtte sjå ned , han våga ikkje spørre , han var vel ferdig for alltid .

Han stod lenge .

Da hendte noe så han glømte å be . Det var som det vart lyst ikring han . Han måtte sjå opp . Himmelen var like lys og god . Han kunde ikkje tru , måtte kjenne det .

Det heldt . Det var sant ! Han fekk tilgiving ! Han såg fritt opp . Det var som gudfader smilte mot han .

Brått kom svaret : Kvifor har du stridd mot din eigen natur , det er da bare slik du er . Er det det simplaste du har lyst til , har du plikt til å nå det høgste på annan måte .

%Han måtte inn til henne . Han kunde gå trygt , han måtte stryke henne . Hadde han ikkje gjort henne urett , hadde ho ikkje set sårt på han da han gikk ?

Ho låg . Han var borte ved brisken , tok henne inn til seg . Ho let det skje . Han hørte ho sukka . Det var ikkje elden som før , ho var så uendelig rolig . Han såg ho var naken , kjente at no kunde han sjå det og .

Han gikk trygg etter vegen , hørte at Marta kom inn frå fjøsgammen . Ho hadde altså venta .

Det slo han : Han hadde komme for å frelse Aina , og så hadde ho frelst han !

Men , var han alt trygg , var han ikkje fallen i synd ?

%Han hadde visst ikkje vore så nervøs .

Det var mange dagar sia han hadde vore hos Aina . Heilt frå den kvelden hadde han hatt tru . Men her han sat i første møtet etterpå , tok han til å bli redd . Otte og tvil fekk tak i han . Det var så han kunde misse pusten .

Nei , nei , det kunde ikkje gå an å bli frelst ved å falle i synd . Livet kunde da ikkje være så rikt !

Tvilen vart større . Kjente han ikkje lyst her han sat , til å gå til henne ? Hadde han ikkje drive ein vill kamp med seg sjølv for at han ikkje skulde gå avstad ? Hadde han ikkje vakna av det om natta og kjent mørket var godt og mjukt ? Hadde det ikkje kviskra i han at skogvegen oppover var tørr og fin , at det var fullmåne og lyst ? At det var herlig å gå !

Attom alt var ho ! Han såg eldskinnet over brisk og rein skinn , han såg auga hennes glødde , at ho kom nær han . Ho hadde brune hender og tynne armled .

Han måtte opp av senga , måtte gå att og fram over golvet til han kjente det vart kaldt . Somtid var det som ryggen var ei issøyle , så lenge hadde han gått oppe . Da fekk han det til å sove i varmen under teppet .

Han var kommen hit i kveld . Det var det siste store oppgjeret . Stod han dømt her , da var han dømt for alle tider .

Andre tankar kom : Han hadde gjort synda heilt , han kunde bli far . Han vart redd ! Da hadde han gjort synda både for gud og menneske ! Hadde han ikkje set det på henne at ho visste det da han kom inn til henne att ? Det var som armane hennes kring han sa alt , der måtte han bli . Freden som lyste over henne da han gikk , smilen da han stod i døra , sa dei ikkje det same ?

Han vart sveitt . Og likevel kunde han ikkje kjenne anger ! Han torte mest ikkje tenke på det , for da kjente han at han ikkje hadde noe imot at det gikk slik . Bare for at han skulde få gå dit att !

Så stor makt hadde synda i han !

Han hadde lagt saka fram for gud , men han hadde ikkje fått svar . Det var som himmelen og alt kom bort for han når han bad , som gud gjømte seg . Så låg han att med lysta i seg til å gå til Aina .

Han bad inni seg .

Det einaste han kjente var at synda ikkje var synd . Det var som gud hadde tilgitt alt !

Nei , nei , det kunde ikkje være sant . Så stor ein ting hadde ikkje lov til å skje !

Da kjente han brått kor sterkt han ønskte at det var sant at gud hadde tilgitt . At det var det han hadde ønskt dag og natt . Det hadde vore i kvar bønn , i kvar tanke .

Det kjentes som han hadde slete eit heilt liv , bore ei børe som han ikkje makta lenger . Han stod ved enden av vegen idag . Var det der han kunde legge børa frå seg ?

Det fossa i han av lyst til det . Han kjente på det . Om det var sant ! Han hadde blitt det lykkeligaste menneske i verda , han skulde ha stupt seg inn i kvila .

Det rann han i sinn at det var det han ønskte da han laga talen . Alt var så lyst , han arbeidde så lett , han måtte somtid sjå ut på luft og lys , fjell og mark . Det var så dagkvitt alt , han måtte sleppe trua til . Da kunde det ta ham så han kasta seg ned og takka .

Han kunde bare ikkje skjønne at det var sant .

Ein gong måtte han synge ei salme han hadde lært i barneåra :

O store gud vi love dig .

Han arbeidde igjen . Men etterpå brente det i han at han måtte til henne .

Da kom tvilen og otten . Alt sa han at den vegen bar det ikkje mot frelse . Satan hadde fått tak i han .

Det var den gamle Adam som skulde druknes og dø med alle synder og onde begjærligheter . Og så sat han her og ikkje hadde det minste anger !

Det skalv i han , han måtte halde seg fast . Ellefsen stod på katetret og talte . Det var uråd å høre samenhengen i det han sa , uråd å samle tankane .

Så langt var synda kommen !

Og likevel sat han her og tenkte at dette skulde bli den store kvelden . Den kvelden han kunde legge børa av og få være glad og fri .

Han såg på det svartklædde folket inne . Det var uråd å sjå noe på dem heller . Han tok så smått til å få ei kjensle av at han var utanom alt , vart ottefull .

Han var sår . Snart orka han ikkje sitte . Kanskje gikk han ut i mørket og einsemda .

Var han ikkje skapt til det ? Var det ikkje hans lagnad ?

Han hugsa at det alltid hadde gråte eit barn i sinnet hans . Det var som han kunde gråte med det sjølv . Han hadde vakna om natta og syntes han hørte det . Det var ei verjelaus lita jente som sprang berrføtt inn i svarte skogen og gret , ho hadde mist mor si og sprang galne vegen .

Det var kanskje bare ein drøm , men han syntes , når han vakna , at han såg henne for seg . At han hadde stått fast og mållaus og ikkje kunna hjelpt henne .

Dag ut og dag inn bar han det i hugen . Han hadde den såre barnegråten etter seg kvar han gikk og stod , såg dei nakne føttene hennes der ho fór inn i skogen .

Han måtte bort frå tankane , la til å sjå på kvinnene i salen . Da vart han vár , dei vedkom han så lite . Dei sa han ingen ting . Tanken var rar , det var eitkvart merkelig som flotna opp i han . Hadde ikkje han lov til å ha ei kvinne ? Kva var det han hadde tenkt ? Hadde ikkje mennene til dem nett likt den og den og valt si kvinne ut av flokken ?

Han hørte ingen ting , såg ikkje heller , det var eitkvart stort og veldig som rulla seg opp for han : Fordi om han ikkje likte noen av dem , var det vel like naturlig for han å ta den han likte ?

Eit ord slo ned i han . Stod lysande , så han mest måtte verje seg mot det . Det hadde sneke seg inn på han og var verkelig farlig . Naturlig . Kva var det han hadde tenkt ?

Det banka i hovudet , ølna ikring han , han sat framfor det farlige han alltid hadde vore redd . Stupet . Den svarte djupna . Avgrunnen .

Han måtte komme frå det , vilde ikkje sjå . Han sat bare fast . Ordet hadde fått makt over han . Han vilde reise seg , springe ut , rømme , han visste bare ikkje korhen .

Da gav han etter . Det var som han sette seg tilbake att . Han vilde sjå sanninga i auga .

Med eitt kjente han det var da ikkje så farlig . Han slapp seg laus , han vilde sjå meir av det , sjå alt . Då såg han det , han var slik . Han måtte ha Aina . Det var hans natur .

Det la til å flø i han av lyst etter henne så han vart redd . Men han tok seg samen , han vilde sjå rolig over alt .

Han såg på kvinnene att og vedtok han vilde gifte seg med Aina .

Børa seig av han , det var mest som akslene løfta seg . Han kjente trøtten båre i sinnet .

Da kom ein ny tanke : Han måtte til henne , han måtte langt ned for at han skulde få større kraft til å reise seg . Det som var hans natur skulde føre han oppover . Sterke krefter løfta han . Han måtte finne ord for det , han måtte tale . Han måtte seie noe om lyset som låg over rommet , om freden over folket . Han kunde gjerne tale om malinga på veggene og varmen i omnen . Det var uråd å tale om det han hadde tenkt ut , han måtte gi seg over til alt det som flotna opp i han .

Han såg ikkje .

Ellefsen var ferdig og gikk ned .

Dei song .

Han skalv inst inne . Han skulde opp når dei var ferdige med å synge .

Vers etter vers . Det næstsiste . Og endelig det siste !

Han song med , såg ikkje bokstavar eller liner . Kjente ikkje boka . Det ropte inni han , han bad , han kunde ikkje sitte still . Var den store stunda kommen !

Dei var ferdige . Ei lita uro kvilte over rommet . Han hørte folk la bøkene bort , at dei fingra med bokblad .

Han reiste seg . Det dirra i kroppen , han var snart frå seg , sansa ikkje . Korkje hørte eller såg da han gikk fram .

Han stod på katetret .

Stunda var der !

Han kjente i heile seg , det var sant det han hadde tenkt . Det var som ei mektig hand stødde han i ryggen .

Han hadde fått tilgiving !

Han hadde lov til å være som han var .

Han la til å sjå Aina for seg , såg seg sjølv og .

Gleda båra i han , bar .

No , no vart han sjølv barnet som hadde gråte i sinnet hans . Han var sjølv barnet som hadde sprunge vill i skogen .

Da kom gråten .

Endelig fekk han det til å gråte !

Han smilte i tårene . Det var stort , det var mektig , det var kvile .

Alt han såg tok han , folket , rommet , lyset . Han var så takksam at han kunde legge seg på kne for alt .

Han talte .

Det var hans røst . Han fekk til å tale ut ! Det var som han åpna seg . Han snakke ut det som hadde tyngt og pint .

Barnet , visst var han barn .

Og idag fann han gud .

Ei ny , mektig båre tok han , han heldt mest på å bli fri for ord , han fann det andre han hadde lengta etter i alle år : Faderen .

Den evige faderen .

Han visste ikkje av før han stod og sa eit vers han alltid hadde vore glad i :

Fader du sæle , høgt i himmelstova , med barnemæle , me ditt namn vil lova . Takk at du vilde med ein faders milde taka oss til dine born !

Han så folk gret , hørte dei sa amen og halleluja , han hadde dem med meir enn noen annan . Men det var ikkje det som tok han , han stod bare og opplevde dei store ting .

Og han hadde ikkje bare dei som sat der med seg , han hadde alle . Dei døde var og med . Han sa :

Du vitneflokk i himmelkor som tolmots krans hev nått , kved songen ny for herren kjær og kryn han , kryn han , kryn han Allheims drott !

Han gikk ned .

No først merka han kor mange som gret . Aldri hadde han set dem slik .

Det gav kraft og tru . Han gikk stødt etter golvet og sette seg , kjente han var sterk , han fyllte heile rommet .

Ellefsen var oppe etterpå . Da hendte det underlige , folk gret ikkje lenger , han stod bare og snakka vettig , hadde inga makt .

Edvard vilde ikkje være stolt , men no kjente han at det var han som skulde føre guds sak vidare .

Da la han til å sjå alt ved seg sjølv . Han hadde ingen far hatt . Det var vondt å sjå det , men så skulde det og føre han oppover . Han skulde sette så mye større pris på den evige far .

Han hadde fått ein vond brest inni seg ein gong , ein trollsplint kanskje . Det syndige i han var meir syndig enn hos andre menn . Det var hans kors . Han kunde ikkje elske ei vanlig kvinne .

Men det og skulde føre han oppover .

Så såg han at han var verkelig ferdig med Ester . Det var rett det som hadde hendt . Han skulde gifte seg med Aina .

Han stod fram og talte , heldt bønn . Kjente igjen , no , no var han frelst .

%Synnøve var nedfor . Alt var endevendt .

Nei , det var ikkje ord for det . Først hadde ho vore uheldig . Arne hadde set alt . Ho vart nedfor alt da , likte seg ikkje på turen . Om Arne hadde kunna kike inn i teltet eller stått utfor og lydd ! Hørt kor ho gav gutane inn ! Og enda hadde han tatt alt slik opp !

Dagen etter venta ho kvar gong telefonen ringte . Men det var aldri til henne . Ho vart sår , kvifor ringte han ikkje ? Var han så ussel ? Visste han ikkje at det var han som hadde overtaket no ?

Det var varmt inne , ho hadde kjøkenvakt . Det var det evig gamle oppatt . Det var varmt og ekkelt , ho måtte likevel halde det ut .

Ho klædde seg da ho var ferdig og skulde gå til han , var meste på veg . Da hadde ho ikkje mot . Harmen kom , brydde han seg om henne , kom han vel . Kanskje stod han utfor og venta . Ho vart hard , klædde av seg , kjente ho trong kvile , ho hadde ikkje sove for godt inatt . Ho vart sår , visste han enda det ! Men det kom han vel aldri til å tru .

Dei andre jentene lo da ho klædde av seg . Ho sa at ho var sjuk . Dei sa dumme ting , men ho gav seg ikkje om det . Kva vedkom det henne ?

Ein ny dag .

Ho serverte . Kvar stund var det som ho venta han . Han hadde da komme før , hadde sett seg ned i ei krå og less som han ikkje såg henne . Det gjorde vondt å tenke på no , den gongen var ho kald . Ho hadde til og med skjent på han og flirta litt med dem ho serverte .

Han kom ikkje .

Ho gikk opp , la seg til å kvile middag . Han ringte nok . Ho vakna opp og var åleine . Det var nifst , ingen var inne . Rommet var mørkt , ho visste ikkje kva klokka var .

Da kunde ho ikkje dy seg , ho sprang opp , fekk på seg , ho måtte til han .

%Ho stod som ho sokk . Ho hadde aldri hørt verre ord . Vertinna sa at han var reist . Ho måtte verje seg mot det , tok seg på tak . Spurte om han ikkje hadde sagt eitkvart , om han hadde levert eit brev . Om han hadde fortalt kvar han reiste . Om han vart lenge borte .

Ho fekk nei på alle spørsmåla . Og ikkje bare det , vertinna målte henne , stod som ho visste eitkvart og var sint .

Ho hadde gråte i to tre døgn . Ho hadde til og med tenkt å ta livet av seg . Men så klarte ho ikkje det , eitkvart sa henne at ho enda hadde ei von .

Ho var på veg til Anna .

Kvifor ho valte henne visste ho ikkje . Men ho kunde brått ikkje gå til Guri . Det var uråd å utstå henne . Ho kom på at venninnene alltid hadde vore vonde mot henne . Guri visste om Arne . Var det kanskje ikkje derfor at ho hadde funne på dette med turen ?

Ho hadde blitt kjent med Anna eingong i vinter , Anna var sjukesøster , og ho hadde brått sagt da ho såg henne :

" Så vakker De er ! "

Det var iallfall ærlig meint .

Ho hadde vore hos henne fleire gonger sia . Men det var noe ho var redd , visste ikkje kva det var .

%Ho sat samen med henne i sofaen .

Anna var som før . Ho var forståingsfull og god . Det var godt å snakke ut hos henne , ein kunde fortelle alt . Og elles vart tankane så underlig klåre hos henne . Etter kvart som ho snakka , vart ho klår over tinga sjølv . Ho lydde på sine eigne ord som det var ein fremmend som fortalte .

Blikket til Anna var så godt , ho sat og snakka mot det . Måtte seie at ho aldri hadde visst om kva det var som gjorde at jentene var avhengige av ein mann .

Ho vart sittande still . Sat ho ikkje her i sorg for ein ? Kva var det ho snakka om dei andre ?

Med eitt la Anna armen om henne . Det var godt , gråten kom . Men ho visste ikkje kvifor ho gret . Kanskje var det varmen frå auga til Anna som gjorde alt .

Da visste ho ikkje av før ho såg barndommen for seg . Ting ho hadde skuvd vekk og var ferdige med stod levande for henne .

Ho kjente at ho alltid hadde hatt det vondt . So hugsa ho første gongen far slo henne . Ho var lita jente og sprang berrfota ute . Ho slo foten sin så ho måtte hoppe inn på ein fot . Da ho kom til trappa , vart ho ståande og strigråte . Ho heldt med begge hendene kring foten og kjente kor verken sivde ut i kroppen . Da kom far ut . Ho ansa han ikkje før ho hørte målet hans . Så hadde han i aksla hennes , la henne tvert over knea , reiv klæa av henne og slo med flate handa . Som det skar i henne ! Det var visst ei lita stund ho ikkje sansa . Så tok han til slutt og slo henne på den vonde foten og spurte om ho no vilde halde kjeft .

Ho måtte tie . Ho beit seg i leppa så ho blødde .

Han stod over henne . Ho trudde han vilde drepe henne .

Da han gikk inn , kom ho seg attom skjåen . Der låg ho og gret . Enno syntes ho at ho kjente kor hjertet slo .

Og så tida etterpå : Ho kunde ikkje seie det til noen , ho måtte bere det åleine .

Verst var det å sjå far . Det pinte henne alltid .

Frå da av slo han henne støtt . Han kunde slå henne midt i arbeidet når ho ikkje vann meir , og rope :

" Gammel-Synnøv på Greipstad ! "

Alt det såre var over henne . Ho gret enda meir . Kjente armen til Anna fastare om seg . Det vert så trygt . Det var som å komme til mor da ho var lita eller inn til varmen når ho fraus .

Ho såg Hans for seg .

Det gikk ei båre av hat gjennom henne . Han hadde vore vond han og . Han hadde slått , hadde gjort narr og aptes .

Ho såg alle dei andre . Lykkelaus barndom sivde gjennom henne . Alle var vonde . Alle vilde inn på henne . Alltid måtte ho verje seg . Det kjentes her ho sat som ho ikkje hadde fått sove ei natt ein gong . Ho hadde ikkje tatt eit steg som lita jente uten at der var fare ved det , uten at ei hand løfta seg og skulde slå . Der var alltid eit andlet som lo eller såg iskaldt etter henne . Bygda hadde vore like eins .

Det såre fekk makt . Minna strømte inn på henne . Ei heil rekke , dei kom ut av gråe mørket . Det var først små ting med mørkerom mellom . Sia vart hendingane større , ikkje så grå , tydeligare . Mørkeromma vart mindre . Men så vart angsten større etter kvart , pina med .

Midt i alt stod mor og nådde ikkje til å verje henne som ho visste mor vilde . For resten , var ho no så viss på det siste ?

Da la ho seg i fanget til Anna og strigret . Kvifor skulde ho alltid ha det vondt ? Kvifor skulde alt være så umulig ?

Anna sat heilt rolig . Det var som ho venta på at gråten skulde slutte . No strauk ho over håret . Det var som ho sat og strauk det vonde bort .

Gråten slutta . Alt var så underlig , no var ho rolig .

Da tok Anna til å spørre . Ho brydde seg lite om ein vond barndom , ho vilde vete kva som var hendt no .

Auga hennes vart store med det same ho hørte om Arne . Så tok ho seg samen og spurte korleis det hadde gått for seg .

Det var leit å seie det , og ho forstod så lite . Men Anna spurte klokt og mildt . Var det noe som var ille å tilstå , letta ho det straks med eit lite spørsmål .

Men verst var å sjå korleis Arne hadde hatt det . Ho vilde ikkje , ho nekta , ho vilde slutte . Men Anna spurte det fram .

Det vart igjen sårt . Ho kjente det som all verda dømte henne . Ho hadde vore vond , ho kunde bare ikkje skjønne at ho ikkje hadde set det før . Hadde ho sove i all denne tida ? Eller var ho blitt vond av det vonde ho hadde lidd ?

Det kunde ikkje være bare det . Elles vedgikk ho at ho hadde tenkt av og til på at han pintes . Men han var da glad i henne , han var da mann , han måtte tole litt .

Ingen ting heldt , ho låg og kjente det som ho seig nedover ein bakke .

Anna såg det visst . Auga hennes var grå og kloke . Ho løfta handa mot henne som ho vilde seie , du slepp ikkje herifrå før du har sagt alt . Samle bare tankane dine du .

Med eitt vilde Anna vete kva ho og Arne hadde hatt samen . Synnøve kjente seg redd og kald , tenkte med det same at no gikk ho , ho orka ikkje seie det . Men Anna vart enda mildare , ho heldt hovudet hennes mellom begge hendene , såg henne djupt i auga og sa uendelig mildt :

" Si alt , lille Synnøve , det hjelper . "

Da kjente ho at ho kunde det . Iallfall kunde ho seie det som plaga mest : Det var nettopp det å ha noe med han å gjere som ho ikkje greidde .

Ho fekk tak i eine handa til Anna , heldt den fast , stiv hendt med ho stirte i veggen . Greidde ho bare å samle tankane no , så sa ho alt . Men det var så mange tankar .

Ho vart brått ei lita jente heime ved sommarfjøset . Der såg ho kva dyra hadde med kvarandre å gjere .

Svarte skøythus .

Straks etter lo det .

Nei , ho måtte halde seg fastare i Anna . Kva var det ho låg og tenkte på ? Ho skjønte det så ikkje likevel .

Det kom henne brått for at ho alltid hadde vore åleine . At ho sat og knytte hender mot alt og alle , heile livet . For dei var alle så vonde mot henne . Hadde ho ikkje tenkt på å brenne stua ? Hadde ho ikkje tenkt på å rømme . Kva hadde ho ikkje tenkt alt ? Ho hadde opplevd ei mengd slike stunder . Når far straffa henne og slo , da tenkte ho på å tenke ut hemn når ho vart åleine .

Anna spurte igjen , hadde ho og Arne vore mye samen slik ? Ho svarte nei . Anna vilde vete om det var lenge sia . Ho sa det , og Anna sette opp store auga , var forferd . lenge sia ?

Ho måtte forklare det , kjente gråten . Ho hadde ein augeblink set blikket til Anna . Det var som ho sa : Har du vore så dum ? Kan du vente anna enn at han gikk ?

Ja , det kom eit anna drag i blikket og : Det var som ho heldt med han , sa at han hadde jamen vore god som etter alt hadde halde på henne .

Ho måtte komme seg frå det . No sa ho beintfram alt som det var . Ho la handa over auga og snakka . Ho likte ikkje slikt , det var ikkje det for henne som ho forstod det var for andre . Ho pintes ved det .

Anna fekk store auga :

" Har det aldri vore ... godt ? "

Da fortalte ho sanninga : Det var godt med det same . Ho hadde ønskt det skulde fortsette , ho hadde late auga att og stivhalde på tanken . Men med det same ho tenkte , var det som alle kjensler rann bort .

Det var straks etter sårt og vondt , motbydelig .

Ho var redd Anna spurte meir , ho måtte få henne til å forstå , snakka fortare . Ho hadde prøvd å la være å tenke , bare gi seg over til Arne . Ho hadde nistirt på han eller tenkt på andre ting . Det var alltid det same . Til ho ein dag lovte det skulde være slutt . Kvifor skulde ho li slik for det som bare var vondt ? Ho visste Arne var snild , men ho hadde ikkje makta det annleis .

Det var for resten ikkje bare han som var gått frå henne .

Ho gret igjen . Ho var kanskje annleis enn alle andre . Ho var fattig på alle vis .

Ho var den fattigaste av alle ! Ho var mistydd og forhatt ! Dei andre skulde oppleve lykka , ikkje ho .

Det losna inni henne . Ting ho aldri hadde tenkt før , låg ho og snakka fritt om .

%Anna tok omkring henne , la henne ved sida av seg , var god med henne . Det var godt , så godt at ho gret . Det flødde i henne etter dei gode hendene til Anna .

Da reiste Anna seg brått , tok til å klæ av henne . Det lyste av auga hennes . Synnøve gav seg for det , kjente ho vilde ligge der . Sa det med auga , ho vilde . Syntes mest det var lenge før Anna vart ferdig å legge seg .

Ei båre av gode tankar gikk gjennom henne .

No kjente ho at ho vart god .

%Kjell sat heime . Det var lørdagskveld . Han var nett ferdig med foredraget . Laget frå byen skulde komme dagen etter .

Han sat og såg over det han hadde skreve . Det var beiske ord . Mange av dem var lånt . Det erga , men han hadde ikkje tid å grunne ut så mye . Elles kjente ikkje folket dem før .

Foredraget var skapt i harme . Han hadde ikkje vore seg sjølv da han sat og skreiv . Det var som ei sterkare makt hadde tak i han , førte han , styrte tankane . Han måtte ha oppgjer . Han visst han stengte alle vegar i all framtid , men det fekk skje . Alt fekk skje . Han hadde på ein månad opplevd ting som hadde skapt han om . Det var ikkje bare motbøren som gjorde det , tida skapte tankane .

Han hadde fortalt for mor om laget . Det kom eit blaff av otte i auga hennes . Men så roa ho seg , nikka . Ho smilte mest til slutt .

Han skulde just inn til mor att , da kom døra opp . Det var Hilda .

Han kunde ikkje anna enn bli glad , ho kom som eit sendebud . Han måtte sjå på henne , ho stod frisk og smilande mot han . Det var eit nytt drag over henne , ei still glede . Ein lur smil . Han kunde ikkje finne ord for det . Igjen kjente han at ei slik skulde han ha hatt , ei slik skulde ha vore hans følgje . Ho lo som ho las tankane hans .

Ho spurte etter mor . Han sa at det var visst på same måten , ho vart veikare dag for dag . I grunnen slo det han at han talte så fritt , det var mest som det ikkje var mor han talte om . lett vart alt når Hilda kom i huset . Han snudde seg frå henne , såg ut glaset .

Ho var inne hos mor . Alle tankane på foredraget var borte . Stemte ikkje han og Hilda samen i alt ? Det var så han kunde bli redd , han hadde ikkje set det så tydelig før . Han såg i tanken : Regnkåpa låg vakkert kring henne . Ho hadde pene føtter . Det askeblonde håret klædde henne . Var det ikkje penare enn håret hennes Kari ?

Kari ! Han prøvde å tenke på henne . Rart som ho bleikna bort attved Hilda .

Han og Hilda , dei kunde ha greidd alt i verda , sa det i han .

Ho kom ut , spurte om han hadde stelt fjøset . Han sa som det var . Ho var alt og fann i bøtta , ho kunde hjelpe han .

Det var ei underlig stemning å sjå henne inne der . Han sa seg at ho var da kona til broren , tok seg i at han måtte seie det . Kva var det han tenkte ?

Ho sat og mjølka . Det var halvskumt inne . Kyrne ørta . Det vart ein underlig rytme . Varme dyrekroppar , fred . Ein trøtt , god tone .

Der sat Hilda og mjølka , hadde hendene sine kring spennane . Kleip til , fekk den kvite mjølkestrålen ned i bøtta . Kua såg att på henne , strekte mulen mot henne , snudde seg og togg .

Hilda og dyra ! Ho hadde same handlaget med dem som med folk .

Han kjente seg ikkje att , visste bare at dette var noe han hadde ant heile tida . Han hadde bare stengt det ute .

Han såg beina hennes . Leggene , knea som stakk fram under kjolen .

Kjolen glei oppover . Han såg hosene slutta , såg naken hud .

Han snudde seg . Då såg han henne enda tydeligare .

Han gikk i gangen . Der var kald luft , godt å være .

Ho sat ved ei anna ku , da han kom inn att . Kjolen var glidd oppover som før .

Det fekk makt over han , han tenkte ikkje . Såg ho ikkje rart på han og ?

Da tok han seg kraftig samen . Kva i all verda var det han stod og tenkte ! Hilda var ikkje slik , ho var altfor fin til det . Skulde han da såre henne ? Og var han ikkje såpass mann at han kunde være samen med ei kvinne uten å tenke det der .

Hilda som var gift med bror hans !

Og han som talte til ungdommen !

Skamma fekk tak i han . Han vart rau . Han såg ungdommen for seg , såg auga deres . Syntes jamvel at han hørte kor dei klappa til talen hans .

Han snudde seg , kunde ikkje sjå på henne . Han som hadde så stor oppgave , han som skulde føre ei bygd fram og var kåra til det , tolte ikkje å være samen med si eiga brorkone i fjøset !

Så skamfull hadde han ikkje kjent seg !

Da kjente han brått at slikt var han ferdig med for alle tider , han stod og vart mann . Han skulde ha si kvinne . Han vart midt i alt takksam mot Hilda , no var han klår over seg sjølv .

Men ho måtte ha oppreising , ho hadde nok set kva han tenkte !

Ho såg opp på han , hadde eit underlig lys over andletet . Han stod klumsa . Der smilte ho ? Nikka ho ikkje og ?

Han kjente seg liten : Ho sat der og visste om kva som hadde gått for seg og var glad over alt . Han kunde mest ha sprunge fram og tatt omkring henne . Ho var det største og beste han visste .

Nei , han trong ikkje seie noe .

Han var fri , slapp laus , fann eitkvart å gjere . Men kven var ho ? Kva hadde det kosta henne å bli slik ? Han såg henne for seg på høymarka . Berrføttene . Rundingane over brystet . Halsen . Det lyse håret . Ho var sveitt og rau . Det klædde henne . Ho lo .

Hilda var sterkare enn alt . Ho var det evige livet , kunde han seie . Kven var han og dei andre som gikk hugsjuke ? Ein Edvard som fór til gammane , ein Hans som var ussel ?

Han såg henne igjen på høymarka . Ho var sprungen ut av tusen slike høydagar , derfor gikk ho med sol i kvart steg .

Ho var ferdig med mjølkinga , kom nær han med det same ho gikk i gangen med bøtta . Da var ho med handa bortpå armen hans . Det var som ho strauk litt , takka . No vart ho søster hans .

Dei var ute . Ho stod og stelte håret . Best det var såg ho ertande på han :

" Du skal finne deg ei jente . "

Han skjønte , vart rau .

Da lo ho :

" Ja , koffør ikkje . "

Han prøvde og å le . Da sa ho sterkare :

" Berre få i ho så snart som mulig og ta ho så mykkje du berre lyste . "

Andletet hennes var fullt av smil . No erta ho som ho brukte . Ein tanke slo ned i han : Hadde han ikkje set blikket hennes inne , hadde han trudd ho meinte noe heilt anna .

Ho stod brått alvorlig , tenkte ei stund . Så spurte ho :

" Har du fått nokken te å skrive på ? "

Han såg vekk , fekk sagt nei .

Enda stod ho . Så gjorde ho visst eit vedtak , stakk handa i barmen og tok ut ein konvolutt . Det var eit rart drag ved munnen hennes , ho var brydd . Så sa ho :

" Kan det være deg te nokke hjelp , så ta det . "

Han skjønte ingen ting , åpna konvolutten . Da stod han klumsa . Det var ei bankbok med fire hundre kroner på . Far hennes hadde sett dem inn til henne da ho vart døpt . Det var vel mange hundre no !

Det var for lite til heile året , men rart skulde det være om han ikkje fekk andre og til å hjelpe når han hadde så mye sjølv .

Med eitt vart han alvorlig :

" Men Hans , ka sei han ? "

Ho bles :

" Eg spørr vel ikkje han om det ! "

Han var uviss :

" Dokker er jo gift . Hans har rett te dem . "

Ho lo .

" Så ta dem ut straks . "

Han såg for seg kva ho fekk gjennomgå når Hans fekk vete det :

" Men Hans får då vete det ? "

Ho vaks :

" Det har han godt av . "

Straks etter lo ho :

" Han skal få vete det , vær trygg for det . "

Han heldt på å fli boka tilbake :

" Det blir berre helvete . "

Ho såg sterk ut :

" Du kan ta det rolig , eg veit å ta han der han er veikast . "

Det gikk ein liten smil over andletet hennes .

Brått såg han henne når ho erta Hans , såg det var det ho tenkte på .

Han skjønte alt , skjønte henne så han skjemtes . Visst hadde han mistenkt henne , om han ikkje hadde gjort det medvete .

Han vilde le , spurte :

" Er det derfor du har erta han ? "

Der kom ein glimt i dei grå auga hennes , ho lo , såg lur ut . Så vart ho alvorlig :

" Hadde mor di gjort det same , så hadde ho vore løkkeligar enn ho blei . "

Han stod visst og reiste . At det hang slik samen . Som han skjønte alt !

Nei , nei , han vilde ikkje tenke på far . Han kunde mest ikkje tenke på Hans heller , han vart så liten .

%Ho var nede og stelte til kvelds . Han følgte henne eit stykke på vegen . Visst kunde han gjere det , han hadde fått ei søster til . Ho lo og erta og var livlig .

%Kaia var meste full av folk . Han hadde aldri tenkt at det kom så mange . Båten var full da den la til og det hadde møtt mange frå bygdelaget og .

Det raue flagget på båten blakra i vinden . Raue flagg på kai det same .

Dei tok til å stille opp i tog .

Kjell var litt nervøs . Det var rart å gå i tog her på bygda . Folk var ikkje vane til slikt . Han syntes han hørte fliren der han stod . Såg folket inne på krambua . Låtten steig nok under taket , og orda var vonde å høre på . Det var som han hørte dei sa pilt til han og lo . Eller spurte : Var det mange med som var tørre attom øyra ? Jau , det var noe å erta kommunestyret med ?

Han måtte vedgå at dei var fælt unge dei som var frammøtt . Elles var det mange han hadde venta og som ikkje kom . Kvifor sat dei heime ? Ola og Peder var der , det var ingen fare med det . Men eit par av styret var borte . Han tok til å sjå etter . Her skulde altså bli strid !

Toget var ferdig . Flagga small sterkt i vinden . Det var bare å løfte dem og gå .

Signalet var gitt .

Med ein gong var flagga i veret , toget var i gang .

Han måtte i spissen . Det var litt ilt , det var som han sa til heile bygda , det er eg som har fått laget hit .

Da visste han ikkje av før bylaget sette i å synge :

Den var vår denne jord , den var vår , og vi tok den i eie og arv , mot å dele dens trengsler og kår og i fellesskap skjøtte dens tarv . Vi rant alle av selvsamme rot og vi kjenner en adel , kun en , og se det er naturens så ren som den harmglødet går i vårt blod .

Han var grepen , fekk mot . Han kjente seg eitt med all ungdom . Han kunde seie mot heile bygda , her kjem eg , her kjem eg med min flokk .

Folk stod i vindauga , såg han . Men så snart toget nærma seg , var dei vekk . Husa var stille , det var mest som dei låg døde . Ei død bygd helsa han og toget hans . Men han visste at attom rutene sat folket . Der sat hatet , hemnen , develskapen .

Han vart enda meir eitt med ungdommen .

Barn leika frami vegen . Dei stansa i leiken og såg . Da hendte det at det kom ei dør eller eit vindauga opp , barna vart ropt inn . Dei måtte komme med ein gong ! Straks på timen , sa det . Og lydde dei ikkje , vart dei henta . Så var huset dødt igjen .

Han beit tennene samen . Visste dei kven det var som kom ? At det var ungdommen ?

Og ungdommen song vidare :

La dem trampe hver vilje i glød , la dem reise hver evne til strid .

Da dei kom forbi der Vilhelm budde , hadde han hengt eit gammalt skjørt opp til flagg .

At han ikkje skjemtes !

Lenger opp hørte dei ei kjerring lo . Ein annan stad var det ei som løfta litt på stakken med det same ho fór inn .

Hat , strid , småligdom !

Han tenkte på foredraget han laga igår . Han syntes det var drygt da . No var det bleikt . Skulde han ta oppgjeret med ein gong ?

Dei var inne , salen var halvfull . Dei gamle var ikkje der , men der var representantar både for Hans og Morten , for dei hellige og .

Han stod på talarstolen og såg på ungdommen . Igjen kjente han at det var mellom dem han hørte heime . Han hadde ansvar , han hadde ei oppgave .

Der var vegane hans i sommar . Der låg livet med kalde nei i kvar stue . Der var barndommen med hån og slit .

Korleis hadde den andre ungdommen det ?

Kalde nei .

Arbeidslause hender .

Sløkte auga !

Her sat han , ungdommen ! Og her stod han sjølv med eit snildt og klokt foredrag i lomma . Ei bønn . Eit lite fadervår , med federne sat svarthatige attom veggen heime .

Her døde idéar , her dreptes kjærleik , her øyddes livet . Og federne svarte : Deilig er den himmel blå .

Han såg bygda i glimt . Han såg Hans og hans flokk . Han såg Edvard og dei trøtte . Han øygna samenhengen som han aldri hadde gjort .

Da la han foredraget bort . Ansa med det same at dei andre såg det . Det gikk som ei lita båre over salen . Det skalv i kinna til Ola . Peder fekk glans i auga . Byungdommen sat spent . Dei visste alle at det vart sagt farlige ting .

No var Inge på Greipstad og kommen . Han var ung , men såg sterk ut .

Så var det som han ikkje såg dem meir . Han bare snakka , sa alt han hadde tenkt og set . Tankane fekk ord , han måtte bare skynde seg å seie dem . Han talte ungdommen si sak !

... Endelig var han ferdig og gikk ned .

Da braka det laust i salen . Dei klappa , somme ropte . Han såg visst ikkje , kom seg på plass .

Han var litt trøtt , sår og . Ein liten otte silte gjennom han , han hadde brote med bygda . Det var som han la til havs i storm . Heldt skuta ? Og var mannskapet hans noe til å segle med ?

Likevel , han var glad . Det som hadde hendt no , hadde så komme til å hende eingong .

%Det hadde stått på oppslaget at dei skulde drøfte spørsmålet om å gjere laget til arbeidarungdomslag .

Matøkta var over . Dei skulde ta til med sakslista .

Han var valt til ordstyrar , stod på katetret igjen .

Da visste han ikkje av før døra kom opp . Salen fylltes som ein svart stormbakke . Som sønnaveret når det sprang mest . Der var Vilhelm , Hans og sønnene til alle dem som var imot . Noen jenter og .

Han vart erg der han stod .

Folk aksla seg inn . Det var ein svartflokk innover golvet . Det var hatet i sjøstøvlar . Auga var retta på han , var mørke og vonde . Det var som dei vilde sjå han ihel . Som dei sa , her kjem vi , vi er ikkje borte . No skal du slåes ned , vi tar makta .

Uro i ungdomsflokken . Uvisse . Den vonde styrken sat der uti og sydvesten var ventande . Snart skulde vel kvitbråtta gå over grunnane og ei ulykke hende .

Han vilde ta imot dem . Prøva fekk komme .

Kvifor ikkje sette alt på spissen ?

Han sa han hadde foreslått at dei skulde drøfte spørsmålet om å gjere laget til arbeidarungdomslag . No såg han det var møtt så mange opp at han foreslo dei gikk over alt i kveld , avgjorde saka med ein gong .

Stormen var der . Han hadde aldri trudd det skulde bli slik . Det murra over heile salen .

Dei som var imot vilde ha ein annan ordstyrar . Hans var oppe og foreslo at laget vedtok at det aldri gikk over .

Kjell talte dei frammøtte . Motparten hadde trygt fleirtall . Korleis skulde han vinne ?

Peder såg bleik ut . Ola var sint , men han var visst ottefull han og . Inge heldt på å samle dei unge .

Da kom Kjell på det : Han bad formannen om liste over dei som hadde betalt årspengar .

Det vart stilt i salen , dørgstilt .

Brått sprang Vilhelm opp og fekta med armane . Han vilde ha greie på kor det var blitt av alle pengane . Hadde ikkje einkvan forsynt seg ?

Peder stod og dirra i sinne . Han fann i kassaboka og las opp .

Da synte det seg at Vilhelm var skyldig årspengar for over tjuge kroner . Alt han hadde betalt var femti øre i innskrivingspengar . Men stemme vilde han , enda det stod i lovene at ingen hadde rett til det som var skyldig meir enn to kroner !

Det vart vilt leven . Hans reiste seg og sa han kunde betale sitt . Det var ti kroner , og han betalte med ein gong . Eit par andre gjorde det same . Men Vilhelm nekta .

Det var lått borti benkene . Somme sa spitord om smør og hund-ister . Det var meste ikkje til å få dem til ro .

Det var greitt at fleire av dei som var for vedtaket miste røsteretten . Men av dem som kom for å velte framlegget , fekk bare fire fem røste .

Ny strid . Hat , harme . Det var som dei sat og sa mot han : Du tenker bli lærar ? Vent berre , vi skal ta deg ! Vi har makta , vi skal ... .

Aldri hadde han sett inni bygdeandletet som no !

Da vart Vilhelm så sint at han kom springande fram mot han med knytte hender . Ola var oppe med ein gong og kom . Peder etter . Andre reiste seg og . Noen av jentene vart skremte . Bygutane sat med knytte hender , var ferdige .

Vilhelm sette i :

" Ramp ! "

Med eitt greip Ola fatt i han , løfta han handfritt frå golvet , åpna døra . Så hørte dei Vilhelm datt ut på golvet .

Ola snudde seg inn att , spurte om det var fleire som hadde lyst . Om det var ungdomslag alt dette , om det var meir kristendom og norskdom som skulde kastes ut i bislaget .

Hans reiste seg , var bleik men rolig . Han såg ikkje på noen , gikk stilt ut . Denne gongen tapte han iallfall litt .

Da reiste dei andre seg og . Slaget var over .

Ei stund etter vart vedtaket gjort .

%Igjen bar det heimover .

No hadde han iallfall ikkje ærend å spørre bygda om hjelp .

%Bylaget var reist , bygdeungdommen var gått heim . Det var sval haustnatt .

Kjell stilla seg inn heime . Han måtte ikkje vekke mor . Det var bare det at døra til kjøkenet var vanskelig å åpne . Han lea og løfta , han stod intenst opptatt av å komme stilt inn .

Endelig , der stod han inne på golvet !

Da kjølte redsla gjennom han , han hørte jammer inne frå kammerset . Han stod stiv . Det der hadde han ikkje hørt før !

Han var ved døra alt , fekk ho opp , vart ståande uten å kunne røre seg : Han kjente mest ikkje mor att . Det var ein grønnlig farge over andletet hennes . Brystet gikk tungt .

Han var ved senga , tok handa hennes , såg at fingrane var blå . Han riste henne i aksla , snakka , men fekk ikkje svar .

Ei lita stund stod han makteslaus , kjente at dette greidde han ikkje . Det var fremmendt og uhyggelig på ei tid . Uhygga fyllte han . Det gikk slik sterkt lukt av mor .

Bygda , ungdomslaget , alt var borte . Han stod framfor noe mektigare enn det han hadde møtt før . Han fylltes med skam , han kunde ingen ting gjere .

Døden , som før bare hadde vore eit nifst ord , var i heile rommet , fyllte det , sprengte alle grenser .

Da såg han eit andlet for seg :

Hilda !

Han tenkte ikkje , han fór som ein rakett , kjente ikkje korkje golv eller jord under føttene .

... Han kasta seg mot døra hos Hans . Den var stengt , gav ikkje etter . Han var eit barn i mørkeredsle . Eit barn i ville skogen , ingen menneske hørte han .

Han nibanka , let auga att og banka , han måtte få dem opp før det var for seint .

Døra glei opp , Hilda stod der .

" Er det mor ? "

Ho snudde seg før han fekk svart . Han hørte ho sa :

" Skynd deg , eg kjem . "

Det grøss i han der han sprang heim . Her hadde han gått og vore opptatt av sitt og ikkje skjønt korleis det stod til med mor . Slik hadde det alltid vore . Ingen hadde tenkt på henne . Han vart sår , bare han ikkje fann henne død no ! Han kjente han hadde mye å snakke med henne om , ting han hadde tidd på i alle år . Var det ikkje både , Edvard , Synnøve og Hans han hadde eitkvart å snakke om ?

%Hilda var framme mest på same tid som han . Ho såg han ikkje , sprang bare framom han og inn . Straks etter såg han henne ved senga , våga ikkje spørre , levde mor ? Ho snudde seg mot han :

" Kan du verme litt vatn ? "

Han skalv på hendene da han leita fram vatn og panne . Det var som han aldri hadde sett dem før . Kjente straks etter at det var ei rømming frå det som hendte inne i kammerset .

Det var mest umulig å få det til å brenne . Han låg på kne framfor ein kald komfyr i eit kaldt kjøken . Det var som døden hadde gått i alt han tok i . Han kunde ikkje få veden på plass eingong .

Hilda kom ut , var høgtidelig . Han vilde få tak i blikket , men det var uråd . Ho gjømte eitkvart for han . Gikk stilt til omnen og kjente på vatnet . Så overtok ho alt stellet . Fekk det til å brenne . Gikk inn , sa i døra :

" Varsku meg når vatnet er varmt . "

Aldri hadde han kjent seg så liten , visst om den makt ei kvinne hadde når slikt stod på . Han kunde ikkje sjå på henne .

Døden , slo det ned i han , var den så trist ?

Ho bar ut eitkvart .

Han skjemtes . Slik var kvinnene , slik var mor , slik kunde ho stelle . Han kunde velte ved i liene , men her stod han makteslaus .

Vatnet var varmt . Han var borte og banka i døra . Hilda kom og henta det , såg han ikkje .

Han tenkte : Slik var livet når folk kom til verda , slik var det når dei døde : Det var kvinnene som stelte med alt .

Og her stod han som talte på ungdomsmøta !

Var mannen så veik ? Han kunde segle mot brott og brann eller bryte stein . Det inderlige og store kunde han aldri med .

Hilda stod i døra :

" Kom inn , Kjell . "

Han var utav seg , det var tungt å gå .

Det var utlufta inne , mor såg på han . Han gikk fram mot senga .

Døden var ikkje stygg , mor var pen der ho låg .

Kvinna kunde gjere døden vakker ! Korleis hadde han ikkje sprunge til Rissletta .

Hilda gikk ut . Han hørte ho stelte med omnen . No sette ho visst på kaffe .

Mor var så rar . Ho sa eitt eller anna , men det var uråd å få tak i det . Det var nok bare timar att . Både Hilda og mor visste det . Han vart smågut der han stod . Han hadde lyst til å kaste seg over senga , fekk tak i handa , sa varmt , ho måtte ikkje dø .

Det var som ho svarte nei . Så snudde ho andletet og var borte . Straks etter sa ho eit ord : Stupet .

Han skulde rope på Hilda . Da slo mor opp auga og såg på han .

Han tenkte det var døden , ho var redd og vilde ha hjelp . Kva skulde han gjere ?

Han vart grepen av angst , bøydde seg mot henne og spurte :

" Kjenner du meg mor ? "

Ho såg på han :

" Det sig . "

Han vart ståande og sjå på henne . Ho sansa :

" Hent dei andre . "

Han var alt ute , fór framom Hilda som såg rart på han . Han måtte til Hans , måtte få bud til Edvard og .

%Hans kom halvnaken ut , stod og hørte orda :

" Du må skynde deg skal du sjå mor i live . "

Han måtte seie meir :

" Ho har bedd meg å hente deg . "

Da var det som han fekk kaldt vatn over seg , Hans stod og sa :

" Kan eg gjere ho nokke hjelp ? "

Han sette i :

" Skjemmes du ikkje ? "

Hans svarte enda kaldare :

" Kan eg vekke liv i henne ? "

Han sette foten mellom døra :

" Vil du komme ? "

Hans drog seg unda , var rau i andletet :

" Kom deg sjølv avstad . "

Han visste ikkje kva som hendte , han fekk døra opp . Fekk tak i Hans . Stod og blåheldt han i strupen og ropte inn mot eit redd andlet :

" Kjem du eller kjem du ikkje ? "

Hans hiksta etter pust , var blå i andletet . Enda heldt han . Han kunde halde til det var for seint , kjente han hadde lyst til det .

Brått slapp han taket , sprang ut .

Det var vondt å komme i lufta etterpå og vete kva han hadde gjort .

%Det var morgon .

Hilda sat enda i kjøkenet . Ho sa det hasta ikkje med henne . Men Hans var framleis ikkje kommen .

Edvard hadde han sendt bud på , men han hadde vel ikkje fått det enda .

Hilda hadde bedd at han ikkje måtte ta det tungt . Han hadde vel lenge skjønt kva som kom til å hende ?

Mor låg med same blikket . Det var som ho både såg og ikkje såg . Han hadde aldri set det blikket før ! Best det var , snudde ho seg mot han :

" Kjem dem ikkje ? "

Han stod sår , kjente han kunde gråte . At Hans var hard !

Da var det som ho sokk samen , låg slik ei stund . Så reiste ho seg som ho vilde fram av senga , sa i villa :

" Svaret , svaret . "

Han bøydde seg over henne , sa kjære mor . Ho hørte det ikkje , sa i redsle :

" Sei meg det ! "

Han gret , kunde ikkje anna , spurte , la varme i målet :

" Kva er det , kjære mor ? "

Det var så godt å seie det , var ei tilståing . Han kunde gjerne ta orda oppatt . Sa inderlig og langsomt :

" Kjære , kjære mor ! "

Ho låg og såg på han . Ho kom til seg sjølv , vart glad . Ho vilde visst stryke han . Han måtte seie meir :

" Tilgje at eg ikkje har sagt det før ! "

Orda hørtes forferdelig fremmende ut . Det skar han , hadde han sagt dem så lite ?

Da såg han at mor vakna , blikket blaffa opp og vart stort . Ho løfta handa mot han , skein meste som ho var frisk . Smilte varmt . Så var det som ho samla dei siste kreftene og sa mot han :

" Gud signe deg ! "

Han kjente tårene rann etter kinna .

Ho vakna igjen . Hendene skalv . Så såg ho livredd på han . Straks etter stirte ho fremmend på han . Ein augeblink kjente han henne ikkje . Endelig snakka ho :

" Det var eg ... som ... gjorde ... det . "

Han skjønte ikkje , vart redd , spurte :

" Ka er det , mor ? "

Ho vart brått rolig , snudde seg frå han . Så bad ho at han måtte komme nærmare .

Han bøydde seg over henne , heldt eine handa hennes . Da sa ho rolig :

" Eg må seie deg det . "

Han var i villreie , sa :

" Ja , mor . "

Ho fylka visst dei siste kreftene , såg på han med ålvake blikk .

" Det var eg som gjorde det . "

Han skjønte ingen ting , spurte så rolig han kunde :

" Ka sa du ? "

Ho snudde seg . Det gikk ei stormrid over andletet hennes . Han sat og tenkte , hadde ho det så forferdelig vondt ? Da visste han ikkje av før ho sa , uten å sjå på han :

" Det var eg som skuvde far din utfor . "

Han reiste visst miler .

" Far ? "

Ho nikka .

Enda forstod han ikkje , hørte bare ho sa :

" Ja . "

Han vilde kjøves , kunde ikkje sjå på henne . Det var som hjertet skulde stanse . Det banka i hovudet .

Endelig forstod han !

Han heldt hendene hennes . Ho såg på han . Han visste ikkje lenger kva han skulde seie . Med eitt slo ein tanke ned i han , han sa :

" Skal vi be ? "

Hendene hennes famla over teppet , så såg ho opp på han att . Blikket var heilt klårt . Ho sa :

" Nei . "

" Nei , ikkje det ! "

Han sat rådlaus , skulde snakke , men fann ikkje ord . Ho merka det , vart rolig . Så tok ho til å snakke . Det var først hakkete og usamenhengande .

Han sat i eit vell av krefter . Kva i allverda skulde han seie ? Kva var det ho sa ?

Han såg for seg kvelden da ulykka hendte . Han hadde hørt at faren hadde pint henne i alle år , han hugsa det og . Men at det var gale ?

Røsta hennes var gråtfyllt . Og enda fortalte ho alt endeframt og greitt .

Ei mektig kjensle bar han , han fekk meste ikkje puste . Det gikk opp for han at alt hadde ho gått her og bore . For kvart steg ho hadde tatt hadde det vore etter henne . Og dei som barn var , hadde ikkje visst meir enn at dei kravde alt av henne , stykka ho opp .

Mor , det var ho som låg her ! Mor , det var ho som hadde lidd heile livet og aldri bore seg . Det var mor som hadde vore den første og den siste . Gråten kom , han vann ikkje sitte lenger .

%Han vakna opp av at ho rørte ved handa hans . Han såg at ho spurte med blikket .

Da fekk han mål for seg :

" Kor vondt du må ha hatt det ! "

Det redde var brått borte av blikket hennes . Ho vart glad , såg takksam og stort på han . Så gikk spenninga vekk , ho seig tilbake liksom låg trøtt og still .

Han fekk tak i hendene hennes , slapp seg laus :

" Og alt har du bore ! Uten at vi visste det . Uten at vi fekk hjelpe deg , mor ! "

Da vart ho som barn , spurte redd :

" Dømme du ikkje ? "

Mor som barn ! Det redde i målet . Han vart vaksen , han måtte trøste . Han måtte hjelpe , sa så sterkt han kunde :

" Aldri , aldri , aldri i evigheit , mor ! "

Orda kom av seg sjølv . Han sa at var det ein gud til , måtte han kunne skjønne det like bra som eit menneske . Han visste ikkje kva han sa lenger , han vilde bare ta børa av henne . Og han såg det letta , ho smilte mot han .

Ho vart ottefull att . Straks etter sa ho :

" Du , du får gjere det betre , Kjell . Du får reise oppatt det du kan . "

Han nikka mot henne , heldt henne i handa og lovte det .

Ho fall samen , vart uendelig veik . Han stod redd , no sansa ho visst ikkje . Ein lynsnar tanke var der , kvifor kom ikkje Hans ? Var livet så urettferdig ? Etter alt ho hadde bore ! Han såg brått det som hadde hendt heile sommaren . Det unaturlige i at Edvard vart borte , at Hans ikkje hjelpte til , at Synnøve skreiv om kjolar . Hadde mor vore så stor at dei alle vart så små ? Han skjemtes . Han vilde seie det , han vilde ta henne inn til seg og stryke henne , gjere det før det var for seint . Det tok han så han gråt . Så mye hadde han forsømt . Men ho måtte ikkje dø før ho visste kor glad han var i henne .

Da såg han det skjedde eitkvart med henne . Ho vart urolig . Så hørte han ho sa framfor seg , veikt , uklårt :

" Så ta da mine hender ... . "

Ho kom ikkje lenger . Eller var det sagt alt ? Brått var ho ukjennelig . Ho tok framfor seg med hendene , sa :

" Eg ser , eg ser ... . "

Han ropte på Hilda . Ho var der med eitt . Han såg på blikket hennes kva som stod føre . Ho fekk om akslene til mor , løfta henne . Så var blikket til mor på han ein augeblink .

Straks etter blaffa det veldig opp i stor angst . Så seig ho samen , åpna munnen litt . Det var som blikket seig i ein sjø .

Han ropte mor .

Det var for seint .

Handa til Hilda glei over andletet hennes . Så var det som mor låg og sov .

Hilda reiste seg , åpna vindauga .

Han visste kva som var hendt , orka ikkje sjå . Da var Hilda der , heldt armen om han og sa :

" Vi kunde ikkje gjere meir . "

%Dei møtte Hans i døra . Han vann lite å sjå på han , kjente at Hilda nikka , mor var død . Med eitt hang hendene til Hans beint opp ned . Andletet var underlig slakt .

%Det var gravølsdagen .

Regn og ruskver . Vinden huska i skogen , lauvblad dansa gjennom lufta .

Dei var komne både Edvard og Synnøve , Hans og Hilda .

Mor stod i naustet . Det var grønt bar all vegen opp til stua .

Kjell gikk og la merke til gravølsflokken som kom : Det var bare kvinner .

Han vart paff , gikk det verkelig slik han hadde ottas !

Han hadde gått rundt og bedd til gravøls . Folk tok vel imot han med det same han kom . Sat som dei likte alvoret hans og tok del i sorga . Men det varte ikkje lenge før blikka deres var dei same gamle . Det uroa han .

Ei natt drømte han om mor . Ho stod og peikte ut mot Sandvika , med han heldt på å bere eitkvart åleine . Det likna ei likkiste .

Dagen etter gikk han til Hilda , bad henne be faren og brørne sine . Sjølv gikk han til Sandvika og bad folk i fleire gardar .

No såg han det , han hadde ikkje vore ottefull uten grunn . Her heime kom bare kvinnfolka . Han og Hans og Edvard skulde altså ha blitt nøydde til å bere mor ut ! Det var ikkje skikk visste han . Sønnene skulde ikkje bere foreldra ut , men dei beste av dei fremmende som kom .

Han nemnte det til Hans . Han vart skarp i augsyna og spurte om han trudde folk hadde glømt alt med dei raue flagga ?

Edvard såg sterkare ut enn før . Kva var det som hadde hendt med han ? Slik hadde han da ikkje snakka med folk før ! Han hadde da alltid vore sky i folkeflokken . No snakka han til alle , smilte til og med . Men mellom kvar gong han snakka med noen , gikk han som han vilde halde bønn .

Synnøve var det verst med . Han syntes synd i henne . Ho tok sorga så tungt .

Bare Sandvik-folket kom ! Folket hennes Hilda kunde vel ikkje sette seg heime ? Det var det at dei var ikkje vane , korkje på øyane eller i Sandvika , å bli bedne til Vollvika i gravøl .

Han såg Hilda skotta ofte nedover sundet med ho stelte inne . Var ho nervøs ?

Da såg han dei kom .

Straks etter kom folket både frå Greipstad og Sandvika . Det tok til å bli fullt uti tunet . Ola fortalte at faren vann ikkje komme til Skarnes , han skulde heller komme beint på kyrkjegarden .

Inge var der . Gikk høg og mørk . No såg han det . Det var han som kom til å likne Håkon mest . Han var så ung enda .

Det var ei trøst å sjå at dei som kom verkelig tok del i sorga . Det var ei still , god stemning over alt .

Da la han merke til noe som gjorde han vondt : Heller ikkje dei som var med han i ungdomslaget kom . Peder og noen få til kom .

Han stod åleine ! Jamvel ungdommen sveik ! Og han som hadde sett så mye inn for han !

%Gravølet var slutt . Folket var gått .

Regnet var over , det hadde klårna heilt opp og var måneskinn ute . Han låg på loftet heime og såg det , det lyste så inn gjennom vindauga . Skuggar av trea rørte seg og levde på veggen .

Jau , det var september , skolen var tatt til .

Han hørte det vart klårver imorgon , det song så i telefontrådane .

Han vart tunglyndt , var det susen av æva ? Det var første natta mor kvilte der ute . Det var ei stor natt , såg han , høg og blank . Gi mor fekk fred i like monn ! Så fekk han være att i bygda .

%Dei sat inne alle fire , Edvard og Hans , Synnøve og han .

Aldri før hadde han visst at han hadde tenkt så mye på garden . Det slo han , han hadde da verkelig meint å få han , overta han , dersom Edvard ikkje vilde ha han .

Og no sat Hans her og vilde ha alt avgjort . Han var rau i andletet , auga skaut lyn , hendene var ofte knytte . Han vilde ha ei avgjerd straks , sa han . Med ein gong !

Det verka litt motbydelig , mor kunde da bli kald i grava først . Han sa det og . Da vart Hans rasande :

" Den som skal ha garden , skal overta han idag . "

Kjell vart sint :

" Vi kan leie bort kyrn og stenge . "

Hans reiste på seg :

" Kem skal så ta han seinar ? "

Synnøve sat harm . Det var som ho skjønte eitkvart gale var på ferde . Ho snudde seg mot Edvard :

" Kan ikkje du være her i vinter ? "

Han vart urolig , sa lågt :

" Eg går ein an'n vei . "

Ho spurte litt skarpt :

" Og ka vei er det ? "

" Det veit di alle . "

Kjell måtte sjå flokken over . Der sat Edvard , lys og veik . Han var verkelig veik no . Synnøve , mørk , pen . Ho hadde ei ro han aldri hadde set hos henne . Det var som ho nett no var blitt kvinne . Hans var brei og sterk , ikkje høg . Det blonde håret hans var stridt . No sat han mest og lo .

Det stakk . At han kunde le no ! Det var som han sat og tok hemn , hadde ein plan å gå etter . Han vilde ha sitt fram . Andletet var vondt , det var ikkje tvil om det . Men han var rolig , som han alt sat med sigeren , vilde ha dem ut alle . Best det var sa han :

" Det er greitt nok , ein predikant kan ikkje hefte seg bort med gårdsbruk . "

Han såg from ut , men røsta var falsk .

Edvard hørte det visst , vart meir urolig .

Hans såg blidt på han . Aldri hadde han set slik på Edvard før . Han sat da beintfram og gjølte med han .

Da såg han at Synnøve vart lik mor . Ho spurte Edvard :

" Vil du verkelig gå frå gården ? "

Edvard vart enda meir urolig . Sat som han strei tungt med seg sjølv . Hans såg på han som han visste svaret og vilde stø han . Da retta Edvard seg opp , sa avgjort :

" Ja . "

Hans fekk lys over andletet , sa halvt åtvarande mot Synnøve :

" Det må du vel kunne skjønne . "

Ho åpna munnen , skulde svare . Men så tidde ho , vart rau .

Kjell fekk blikket hennes på seg . Det var spørrande . Så vart det varmt . Ho syntes synd i han .

Dei sat som dei vart pint . Bare Hans var rolig . Han såg med smil mot vindauga . No sat han som han hadde all makt .

Det låg eitkvart farlig i lufta . Det var som dei sat og venta på det , ingen torte snakke .

Da såg han at det farlige kom frå Hans . Andletet hans skein av trygg hemnlyst . Fingrane tromma på bordkanten . Han hadde igjen tatt farsplassen .

Snart hendte det farlige ! Snart sa han ordet .

Med eitt snudde han seg , såg dem over alle . Smilte til Edvard , godkjente han , såg heller knapt på Synnøve og han . Så sa han sterkt :

" Då er det eg som har odelsretten . "

Synnøve skjønte , ho såg halvt redd og rau på han :

" Det gjer vel ikkje nokke . "

Hans lo :

" Eg skulde meine det . "

Synnøve , uviss :

" Du , du har jo gård . "

Hans :

" Eg kan vel ha to . "

Da kjente Kjell sinne og harme , han spurte :

" Er det det du har pønska ut no ? "

Hans såg på han ein augeblink . Auga loga av hat . Så spurte han :

" Trur du ikkje eg kan drive begge gårdan ? "

" Jau , dersom du er avensjuk nok . "

Auga til Hans vart små , dei stakk , var heilt vonde :

" Eg synes eg har hadd ei som har gådd nok hit til at eg kan ta meg av gården . "

Det vermte i han , han sa inn i andletet til Hans :

" Er du svartsjuk igjen ? "

Dei vog kvarandre . No , no kunde dei gå i hop . Ein augeblink kjente han at dei kom til å gjere det . Han og Hans var iallfall skilte for alle tider . Dei hadde visst aldri vore brør heller .

Da var Synnøve oppe . Stod framfor Hans og sa kva ho meinte . Ho var rasande . Hans vart så forfjamsa at han sat bleik og mållaus .

Slik hadde det alltid vore i det huset , sa ho . Ein tyrann skulde regjere . Det kom gråt i målet hennes , orda vart kjøvd ei lita stund . Hans kom seg da han hørte det , lo kaldt . Men ho heldt fram . Først hadde faren gjort heimen til eit helvete .

Ho tok eit steg til mot Hans :

" Og sia du . "

Han bleikna . Ho fekk makt :

" Du har ikkje vore bror , du har vore ein djevel . "

Hans bøydde seg .

Ho såg halvt på han og halvt ut i lufta , andletet var kvitt . Det var som ho såg døden for seg :

" Visste dokker berre ka dokker har drepe . "

Det skalv i andletet hennes . Ho stod og sa ting dei ikkje skjønte . Dei kjente bare at ho anklaga dem . Kva hadde dei gjort med henne ? Det var som det flomma skam i rommet .

Ho kom seg , snudde seg mot Edvard :

" Og den helligånd vil ingen odelsrett ha ? "

Han reiste seg sår , tok etter huva .

Da sa ho sterkt :

" Det er Kjell som skal ha gården . "

Hans sette i å kaldskratte :

" Det avgjer eg . "

Synnøve :

" Det gjer du slett ikkje ! Vi anner har vel og nokke å seie ! "

Hans lo .

Edvard stod ved døra , hadde blitt rolig att . Han var bleik , sa endelig :

" Eg går . Dokker kan få alt for meg . "

Kjell fekk litt godt for han , han var da iallfall menneske om han var veik , han syntes vel dette gikk for vidt . Men stod han ikkje der som han ofra ? Nett slik hadde han alltid vore !

Han gikk , såg langt og sårt på dem med det same .

Hans reiste seg :

" Eg overtar gården på odelstakst . Er han meir verd enn det han står pantsatt for , skal eg være mann for å betale det . "

Han stod litt , så sa han :

" Eg rår både den eine og den andre til å være ute då . "

Det vart stilt . Han tok etter huva , sa vondt :

" Her skal iallfall ikkje være nokken pilt . "

Synnøve vart rau :

" Skjemmes du ikkje ? "

Kjell kjente at han styrte seg ikkje , han var brått oppe , hadde neven i brystet på Hans .

" Ka var det du sa ? "

Hans svarte ikkje , var redd .

Han vakna av at Hans datt attover stolen , vart liggande litt . Så kom det liv i auga hans , han sprang opp og ut .

Hans sprang .

Synnøve stod bleik . Men ho unnte Hans det .

Kjell stod som han var fast i golvet . Skamma flomma i han . At han hadde orka å slå !

Han let auga att , var sår . Alt var avgjort .

Da hørte han Synnøve snakka , hørte ho sa mellom anna :

" For resten er det best for deg at du kjem deg ifrå både bygda og alt . Når du blir ferdig med skolen , skal du berre søke deg post langt bort . "

%Han stod ute . Siste bandet var skore av .

Men kva var det som hadde gjort Synnøve så sterk ? Han måtte tenke over det . Der var mor . Der var Hilda . Og her var Synnøve .

Tankane strømte inn på han . Han hadde alltid vore sterk , han hadde vilja ta alt på seg . Somtid syntes han ryggen var så brei , akslene og , han kunde bere eit fjell mest . Og så kom kvinnene og var like sterke .

Mor og svarthammaren . Kor mange kvinner gikk ikkje med eit slikt svartflåg i sinnet ?

Enn om det vart løyst ut ! Enn om dei fekk være folk !

Var det kanskje ikkje eit land som hadde gitt kvinna den retten ? Var det blitt veikare for det ?

Ei verdssanning gikk opp for han : Halve menneskja var utestengt !

Kven var dei mennene som hadde gjort det ?

Han såg langt att i tida . Såg den tid da mannen gikk med våpen i skogen og ho sat heime , heldt åreelden ved like . Hos henne kunde mannen legge våpna bort når han kom trøtt heim .

Ein stor tanke slo ned i han : Mannen , det var han som var sterk nok til å legge våpna bort hos henne .

Han såg lenger : Mannen var han som kunde legge hovudet i fanget hennes og ha råd til å være gut . Tyrannen var guten som brukte våpna heime . Guten som ikkje våga være mann .

Der var Hans !

Han såg tyrannen der han styrte i bygda . Såg han der han styrte heile folk attom bajonettar . Mannen som ikkje tolde konkurranse eller val .

Han vart takksam . Nett no var hans livssyn ferdig .

Han såg glad mot bygda , såg glad mot Hans og , dei hadde lært han mye .

Jau da , Hans kunde gjerne ha odelsretten .

Da kjente han det at han sjølv hadde ein odelsrett , ein høgare ein : Plikta å gjere noe i samfundet .

Han vilde på skole ! Han skulde . Han hadde da penger til å begynne med . Han vilde reise om han så skulde svelte halve året inni byen .

Han såg mot Rissletta . Det sa inni han :

" Nett no tapte du , Hans ! "

Det båra i han , sa igjen :

" Snart skal vi ha eit lite verds-oppgjer heimi bygda vår , bror . "

Orda var store , men han gav seg over til dem .

Han sprang inn til Synnøve . Ho vart forferd da ho såg kor glad han var . Han var framme og fekk omkring henne , svinga henne rundt og sa :

" I natt reiser vi til byen . "