Men han var Aleksander ‐ Frukthandlaren

Det bles ein frisk nordvest over den gamle byen . Fjorden gjekk med titusen ilske , kvitkamma småbylgjer i den grå oktobermorgonen .

Menneska vakna eller blei vekkte . Og såg på klokka . Tok bad eller vaska seg litt i andlet og på hals . Raka skjegget eller pudra nasen . Some gjorde ingen av delane . Og så åt dei frokost med eller utan egg . Såg på klokka på nytt og fekk hastverk . Fekk ein kyss eller fekk ingen , og skunda seg ut og ned mot byen . Til forretning med eller utan fortenest , kanskje helst utan .

Men såsnart dei kom så langt at dei såg det gamle brannvaktstårnet på utkikksberget opp for kaien , da tøygde dei hals .

‐ Ka slag signal er der idag ?

Frukthandlar Lygre hadde som vanleg vore nede på fiskebrygga og kjøpt seg litt mort til middag . Han stima for full fart mot folkestraumen , skulde heim og opne butikken . Men han fann som vanleg tid til å merke seg alt han møtte på vegen . Menneska klatta med så mykje . Idag var det dette nye signalsystemet i tårnet .

Fiskaren kikka til vers og tenkte på garn og utset og teiner . Bonden som kom skranglande til torgs med jordeple , gulerøter og egg , han kikka og tenkte på haustpløging . Fruer og hushjelp som fôr med skinntaske eller flisekorg , kikka opp og tenkte på alt det tøyet som dei sjøl eller frua i andre etasjen hadde lagt i vaskestampen igår , ‐ skulde dei få tørk idag ? Men kontorrotter , diskespringarar og arbeidslause tøygde hals og såg på signalet bare fordi det var noko nytt . Igår stod tabellen i avisene , både dagsignal og nattsignal . Mange hadde klyppt ut den tabellen , no drog dei han opp or lomma og leita : ‐ Denne svarte trikanten mot himmelen ‐ ka skulde no den tyde ?

Frukthandlar Lygre stima bort ei smal tverrgate , stansa på trappa si og tøygde hals , han òg . Ein stor hermetikkfabrikk og eit par høge lagerhus med kvitmåla , blinde ruter stengde utsynet ned til kaien . Men i smytta mellom to gavlar skimta han måkane som heiv seg med vide venger over fiskebrygga . Og der var tårnet med signalet : ‐ Ein svart trikant med odden opp ‐ kuling frå nordvest .

Det var løye å sjå koss alle menneske hadde vore interessera i dette nye signalet . Forresten , han hadde møtt eit par som ikkje var det ‐ kemnaren og skattefuten , dei gjekk kvar for seg og glodde så tomt til vers utan å sjå . Dei levde nok bare midt i budsjett og skatterestansar , skatteløyving og skatteauke . Gud hjelpe kvar den som hissa dei hundane på seg .

Frukthandlaren smilte ut i lufta , triumferande . Han stod ikkje til rest med skatt , han for sin part . Han andøvde dei , han andøvde dei båe to !

Nei , her var kulse på trappa . Han steig inn , hengde mortehonka over kranen i vasken i midtgangen . Den leke kranen slutta for ei stund med sitt travle klingande doppe-dopp . Så fann vatnet vegen nedover ein mortemage og klunka på nytt , men no stillare .

Ein blåklædd postmann kom traskande lenger nede i gata , hadde den svarte taska si så full at han var reint skakk . Frukthandlaren ga seg til å stå opp etter dørkarmen . Kjende ei prikking i hårrota , eit ørlite jag gjenom skrotten . Postmannen hadde gitt han denne urokjensla no det siste kvar dag . Han venta brev .

Ei lysrift i skytyngda over hustaka synte mannen i døra fram i full dag . Ein raudhåra , glattraka kar i firtiårsalderen , med for stor snipp og med uvanleg lyseblå augo i det lange guteandletet . Blikket var vake nok , men den som snakka med han , møtte noko avstengt som ikkje vilde opne seg .

Huset han budde i låg like under ein bratt bakke for enden av gata . Ei attlæst blindgate .

Ein kvitmåla hageport på bakketoppen synte at her var hus innanfor den tette trekrullen der oppe . Såg han nedover gata , møtte han lagerhus , baksida av fabrikkar , og så to-tri skitne kaserner med små , gamle fiskarhus innimellom .

Huset han sjøl budde i hadde sikkert eingong vore ein fin liten heim . Det var lågt , men bra langt . Raudmåla med grøne lister . Moseskimrande raud takstein og vindskeiv pipe på taket . Frukthandlaren stod i den gamle hovuddøra midt på langveggen mot gata . Bak han i den romslege , gulmåla midtgangen låg det lødd opp seks-sju fruktkassar . Gangen gjekk tvers gjenom huset inn til eit lite gardsrom med eit falleferdig uthus som det lukta ille av .

På kvar side av midtgangen førte dører til stue og kammers . Den stua som snudde mot byen hadde vore utleigd til verkstad , men i det siste halve året hadde der hengt plakat med til leige bak rutene der . Og frukthandlaren kunde ikkje nekte for at han nikka så vel fornøyd kvar kveld han såg plakaten hekk der enno .

I hans eigen del av huset var hjørnet til gata skore av , og der var sett inn dør og store butikkruter . Her skein det i appelsiner , eple og fargeskrikande reklameplakatar for billig tobakk .

" Mårn ! Post idag ? "

" Mårn . Nei , ingen post idag heller ! " Den firkanta , blåklædde postmannen førte handa til lua og gjekk fort vidare , skakk og truverdig , skulde opp bakken .

" Takk ! " Frukthandlaren drog seg hengslut og mager inn i butikken , læste opp døra på hjørnet . Den store , fargelause munnen smilte utan å opne seg . Kjakemusklane togg . Så gjorde han eit sprett over golvet , hermde den likesæle tonen etter postmannen : " Mårn . Nei ingen post idag heller ! " ‐ Han slo seg på låret og lo høgt og hjarteleg med eitt .

Og no kjende han at han var svolten . Han hadde venta så på posten at han hadde glømt morgonmaten . Men da han slo til sides den fillute , blå portieren til kammerset og drog fram margarinkassen under sovebenken , var der ikkje brød , enda mindre smør og kaffe . Bare ei stor pakke te .

Han måtte læse butikkdøra og avgarde til Bikuben etter mat . Andpusten kom han tilbake og sette kontakten i til kokeplata , fekk kaffekjelen på .

Kammerset var både kjøkken , kontor og soverom . Kokeplassen var på ein appelsinkasse i kroken mellom døra til gangen og vindauga til gardsromet . Kjøkkenskåpet var inni den kassen . Matbua var margarinkassen under sovebenken .

Frukthandlar Lygre var ikkje lite kry av denne praktiske ordninga , her han gjekk og stulla for seg sjøl . Han tømde nymalen kaffe oppi kjelen , snusa inn dampen : ‐ Finst her noko så godt som slik kaffelukt ?

Så skubba han til sides ein haug gamle aviser på det umåla bordet framfor sovebenken , ga seg til å skjere opp grovt brød . Kikka fort på den høgmælte kjøkkenklokka borti glaskarmen . Ho synte fem minutt over ni .

Hadde Bjerga vore her da han var ute , og så gått ?

Frukthandlaren lya halvredd ut mot butikkdøra som han hadde sett open . Nei , når ein snakkar om hinmannen , så skin sola ! sa eit gamalt ord ‐ der kom dei velkjende subbestega på fortauet .

" Dokker har opna ? " Ein skinnmager liten mann med sylvholka stav hompa varleg opp dei to bratte gråsteins trappestega . Han hadde lys , gråmengd bonjourfrakk og grønsvart stiv hatt , krittkvit høg krage og sotsvart stort slips kring den mumiemagre halsen . Lippene var svulne og sprukne under den side , blodlause nasen . " Dokker har opna ? Ja takk ‐ ein av dei lange svarte ... . "

Frukthandlaren bukka ivrig og henta fort fram den spesielle sigarkassen frå hylla .

" Takk . Men som eg alltid har sagt , Lygre ‐ denne trappå , der er mange , mange som ikkje handlar hos Dokker bare for den utidige trappå . Nei , snakk med huseigaren og få golvet ned til fortauet , så trillar folk inn i butikken . Trillar inn ! Jada ‐ trafikken aukar dobbelt for kvert trappesteg Dokker får vekk . "

Bjerga sutta sterkt på sigaren . Stor , gråblå røyk velta med aristokratiske ange innover diskekassen som låg flat og lokka med billige sigaretter og enda billigare sjokolade , velta inn og fylte vegghyllene der gule Jaffa-appelsiner låg broderleg side om side med raudgylne fjordaeple .

Tja , frukthandlaren hadde snakka med huseigaren igår . Her måtte bli meir folksamt i gata først .

" He ? Har ikkje Forsorgen nok her ? "

Nei , han meinte gjenomgangstrafikk . Reguleringsplanen ... .

" Å så nå ! " Staven dunka hardt i golvet . " Reguleringsplanen ! Den som blei så godt gravlagd for fire år sia ? "

Den var tatt fram att av den nye reguleringssjefen . Av omsyn til all nybygginga i sommar på andre sida av knausen . Samstundes vil gjenomslaget av bakken opne for landsbygda .

" Jaha . Den gamle leksa ! " Staven dunka på nytt .

Bystyret hadde det føre igår . Så kjem vel resultatet i avisene i kveld .

" At ein aldri skal få fred ! " ‐ Bjerga snudde tvert mot døra . " Legg ferdig det vanlege . Adjø ! " ‐ Subbestega labba nedover på fortauet . Den vanlege runden til bakar , slaktar eller fiskehandlar og så ein sving ut kaien . Runden varer ein time og tredve minutt , på hogget . Da skal hushjelpa ha henta varene i byen og gjort ferdig formiddagsmaten .

Frukthandlaren vog eple og talde appelsiner , notera ivrig på ein liten blokk .

Ein liten angst kom og prikka i blodet . Bjerga høyrdest så arg ut da han gjekk , han kunde gjerne slutte å handle her . Men han , Lygre , hadde da bare nevnt reguleringa , hadde ikkje sagt det skulde bli bra med gjenomslaget og ny gate . Han kunde pitlemenn ikkje noko til at Bjerga vilde få skore vekk halve parken sin der oppe på bakken , og at han vilde få bilkøyring og leven like innpå huset ... . Det måtte forresten vere løye å ha så mange pengar at ein heldt seg ein park på fem store mål til å spasere i ‐ innanfor bygrensa .

Kaffekjelen koka over . Frukthandlaren bykste inn mellom dei slitne , blåfalma portierane . Til frokosten .

Småungane nedigjenom gata blir sleppte ut no med store , tjukke stompeskjever i dei dokkesmå hendene sine . Some av dei har fått med seg ein toøring eller femøring og kjem krekande til butikken straks . Dei to trappestega er ikkje noko hinder for dei , ser det ut for . Frukthandlaren må gå frå maten fleire gonger .

Endelig var den svarte kaffen og det grove brødet med margarinen ekspedera . Frukthandlaren ga seg til å sete hyssing på eit par av posane til Bjerga . Dersom den litle snellå hadde to torgtasker ‐ han kikka i døra , jo , der kom ho ut porten oppå bakken , ho hadde to torgtasker ‐ bra , så spara han den store posen .

I det same sende nordvesten ein piskande haglskur og feia gata rein for ungar . Den rake , fine jenteskapningen i mørkeblå regnkåpe sklei i den regnvåte bakken . Ho måtte springe . Vinden tok henne med seg , bar henne i einsleg ynde ned framom butikkdøra . Ho skulde til byen først .

" The wild gazelle on Judah's hills , " mumla frukthandlaren . Andletet fekk eit tankefullt drag . Her var ein eller annan bortgøymd samanheng mellom verslina og den unge jenta , ein samanheng som dukka fram og blei borte att . Han plukka opp eit par avbrende fyrstikker frå golvet og stakk dei i ovnen i kammerset . Der var mange før , dei kunde kome til nytte .

" Kjøp skosnorer idag da , mester ! " Ein lurvut fyr i skyggelue og fillute gummisko stakk ein flat nase og ei brei , trist underlippe inn døra . " Kjøp skosnorer ! Eg må på abeteget og kjøba meg hemeridesalva , " ‐ Han kviskra : " Eg svir , mester ! Eg svir ! "

Frukthandlaren vinka han ut . Sørgmodig snudde han på trappa :

" Få litt snus da , mester ! har kje smaka snus på fjorten dar ! " Han tøygde den tome , side underlippa bønleg fram , der var sikkert plass til ei halv eske snus der .

Frukthandlaren vinka på nytt og rista på hovudet , irritert . Lassisen glei ut , stillt som ein skugge . Utruleg , men sant , ‐ Lygre hadde kjøpt skolisser av denne fyren for eit halvt år sida , og etter det kom han alltid att . Alltid tidleg på formiddagen , like bønleg og truen enda han aldri hadde fått selt meir enn det eine paret skolisser . Men det pussige var at like sikkert som denne karen kom om formiddagen dei dagane han var her , like visst kom her ein annan lassis om ettermiddagen same dagane . Han hadde eit heilt anna lag , ei anna lekse . Men undrast om dei ikkje var i kompani ? Frukthandlaren hadde sett nummer på dei , denne her heitte nummer ein , den andre nummer to . Nummer to vilde altså kome i ettermiddag og be om femten øre til ein fisk , det var hans spesielle . Han var fabelaktig når han først fekk kome til ords .

Ein ny kunde .

Det var den unge hushjelpa . Andletet var raudkinna som eit fullmoge eple . Dei solbleike gullblanke håra i augebryna teikna ein fin tvillingboge over to lyseblå augo som hadde svarte , store vipper . Ho var ikkje høg , slik lagleg til aksla på ein vaksen mann , tenkte frukthandlaren og såg på skrå på henne . Han kjende ein fort jagande straum gjenom seg kvar gong ho var inne og henta varene til Bjerga . Ho hadde det travelt alltid , men fekk jamt tid til å bla litt i vikeblada og magasina på disken . Når ho stod slik litt bøygd , kunde han alltid få ein liten kikk på henne . Ho var så velsigna lite artifisiell .

Båe torgtaskene var fullstappa . Frukthandlaren må ut med ein av dei største brune posane sine , likevel . Han blir litt forarga . Han skjeglar til torgtaskene og seier at det er da urimeleg at ho dag ut og dag inn , vers og uvers , skal slite og bere alt opp denne bratte bakken . At rentenisten , skipsreidar har vore , Emanuel Bjerga , ikkje kan få dei store forretningane nede i byen til å sende varene . Sjå der ber ho på eit kilo grønsåpe , eit kilo smør og ein stor pose kaffe , forutan alt det andre . Ikkje meining i slikt ! Han rasar litt over dette .

Hushjelpa Lotte Nåden , tjuge år , skynar ikkje ka alt dette snakket om Bjerga i grunnen går tilbake til . Ho ler blankt med sterke tenner . Bjerga seier at ho har bare godt av ein fort tur straks etter frokost ! Ho kikkar på sjokoladen , men kjøper ingenting . Adjø ... .

Frukthandlaren stirer lenge etter henne .

Ho er så velsigna reinsleg å sjå på . Kvinnfolket hos skomakaren tvers over gata , ho som kjøper så mykje brus og sigarettar , ho smør sot og karmin både her og der , det halvgamle spøkelset !

Frukthandlar Lygre sig ned på krakken innanfor disken og finn bibliotekboka . No skal han ha seg ei rolig stund før han kokar mort og potet .

Formiddagssensasjonane er over .

I firetida om ettermiddagen stod han i butikkdøra att . Samtalen med Bjerga hadde gjort han uroleg . Han kjende blaff av store voner , her var så mykje som kunde bli ansleis , dersom ‐ . Han kikka utålsam på klokka . Kor blir det av avisa ?

Eit par husnummer lenger nede i gata stod skomakarkrylen òg uti døra og kikka . Dei nikka stutt til kvarandre og stirde så kaldsleg ut i lufta att . Frukthandlaren trong ein støyt på skoa sine av og til . Og skomakaren trong temmemlig mykje brus , helst om laurdagane . Ka han brukar den til ? Nei , Lygre har aldri spurt . Dei har aldri snakka med kvarandre . Dei bare nikkar . Forretning er forretning .

Frukthandlaren stig innanfor dørkarmen , tøygjer seg og plukkar ut eit par sjøldaue fluger frå frukta i vindauga . Stryk med det same støv av ein liten plakat . Bokstavane er flotte i rundskrift med tusj : English spoken . Man spricht deutsch .

Det er ikkje turistsesong lenger . Men dersom han henger plakaten vekk no , vil garpen tru at Lygre'n er tukta . Og det må ikkje skje .

I sommar gjorde plakaten god nytte . Når utlendingane rasa som smaleflokkar gjenom dei kronglute gatene her , stussa dei ofte over plakaten hans og kom inn . Helst bare for å spøre om vegen tilbake til the market og the famous old church . Men some kjøpte da med det same eit eple eller to . Og han kunde triumfere ei stutt stund over blindgata og kvardagen . Snottute ungar og travle kjerringar stansa og lya :

" Høyr Lygr'n " sa dei da , " no snakka' han engelsk og tysk så det renn av han ... . "

Sjøl om rampen hivar skit på ruta om nettene og ungane ropar etter han på gata ‐ dei kan ikkje la vere å ha litt vyrna for han og for språkkunnskapane hans , det ser han i andletet på dei . Og strekk ikkje den vyrnaen til , så kan dei ikkje stå imot varene hans . Han har den billigaste snusen og tobakken på mange kvartal . Og slikkepinnane , tyggis'ane og knekken hans er overhendig gode , synest ungane . To-tri fabrikkjenter som har fått kvar sin unge i haust er dagsvisse etter banan og appelsin til småkreka . Det skal vere moderanes , ungestellet òg , ser det ut for , det er ikkje nok bare med lippestift og permanent .

Her er i det heile ein sikker kundestraum inn og ut døra på hjørnet . Og dersom no gjenomgangstrafikken verkeleg ... .

Frukthandlaren skvett til . Flirer litt innvertes . Det var bare nummer to . Ein raudhåra lassis på fillute tøysko og med stor kulerund mage dansar fjørlett opp dei to trappestega , nikkar kjend og kameratsleg :

" Har du femten likvide øre ? Eilertsen i Biå hadde just gått til middag . Eg hadde tenkt å slå han for dei femten ørene idag og ikkje bry deg , men så hadde han gått . Bare femten øre . Du har alltid hugsa på meg , å , men du var jidle sist ‐ for fem månar sia . Du så er sådn ein svær brytar ! du har hjelpt meg før . Eg har potet og brød , " han klappa på eit par store papirposar han bar i handa , " folk har vore snille med meg idag . Men no fekk eg sådn lyst på ein fisk ‐ eg kan få ein fisk ‐ ein ... . "

Frukthandlaren vinka han ut . Fyren vilde aldri bli ferdig , kom han først i sving med dei ymse slag fisk han kunde få for femten øre nedpå fiskebrygga , og han var utruleg til å passe på å nevne rette slag fisk på dei ymse årstidene . Høyrde ein lenge nok , kunde ein mest la seg overtale . Men frukthandlar Lygre heldt seg hard . I slike tider som desse måtte ein først og framst vere heilt sikker på at ein greidde seg sjøl . Så fekk dei andre ‐ .

Der er postmannen . Og han skrår over gata hit .

Frukthandlaren kjenner ein bråskjelv . Der kjem det vandrande , det han har bala med nedunder alt anna no i fleire dagar . Der kjem brevet . Sjølsagt må det kome eingong . Det er bare det , han har ikkje venta det om ettermiddagen . Det skulde ha kome med nattruta idag tidleg . Men ‐ la kome det som skal .

Han rettar ut handa .

Da stansar postmannen . Les på brevet han har . Spør så , tvilande , om her bur fleire i dette huset ‐ ein blekksmed Kydlest ?

Frukthandlaren merkar brått at han jeispar langt . Kydlest ? Nei . Ristar på hodet . Prøvar få ein kikk på brevet . Var der ikkje amerikansk frimerke på ?

Postmannen marsjerar vidare . Frukthandlaren står att og nyt ei sers lita kvilestund han har fått uventa , ei gåve . I smytta mellom husgavlane ser han måkane stig og siglar på nordvesten . Der oppe er dei . Men her nede er òg ein som siglar ein bør og finn hugna i det .

Det skumrar sterkt .

Ein einsleg lastebil stansar utanfor lageret tvers over gata og hentar kassar og sekkar . Skomakaren er ute i døra si og kikkar på nytt . Er det avisa han ventar på ? Eller er det bilen med det som skal brukast til brusen i natt ?

No kjem kvinnfolket hans etter brusen . Frukthandlaren lyt inn og tenne i butikken .

Munnen er ein blodstrek . Augebryna er barbera vekk og teikna opp att på nytt høgt oppunder hårgarden . Ho må ha ringt speil når dei jamt er så fælt teikna . Ho ler , og han ser ei tann er ute . Ho har nok fått ein dram alt no , for ho flørtar med augelåka og kroppen og spør om det ikkje er kaldt i kveld . Det er godt med noke å varme seg på i slikt ufyse ver . " Vi har på lager hos oss , " kviskrar ho .

Frukthandlaren smiler forretningssmil utan å opne munnen , ristar på hovudet og bukkar henne ut .

Han merkar han er litt skjelven i hendene . Men det er ikkje ho der som har skylda . Nei , det er postmannen som støkte han så istad . Det brevet kunde vore kravbrev frå Hardanger .

Tidleg i haust hadde han kjøpt femten kassar eple og ikkje sendt pengane enno . Fire kassar hadde han selt vidare straks til ein kolonialhandlar og fem til ein torghandlar , ein som hadde gjort seg kjend med han da han henta kassane på kaien . Men torghandlaren hadde ikkje betala til fastsett tid ‐ hadde lånt pengane vidare til ein bror som hadde tatt sertifikat . Og sjåfføren kunde slett ikkje kome med pengane enno .

Frukthandlaren hadde fundera ein del over dette . Var det ikkje så dei sa , dei kloke , at bare varene kom i sving , så skulde alt bli bra i verda . No hadde altså varene kome slik i sving at dei var ikkje til å finne att ‐ men kor var pengane , dei han skulde betale med og kjøpe nye varer for ? Og desse kassane han har att ute i midtgangen , der er mykje sommarfrukt ‐ skal han selje no eller vente ? Kolonialhandlaren har spurt etter meir , det er så prima vare .

Endelig kjem avisguten springande . Dei tunge trebotnane dundrar på gatesteina .

Frukthandlaren riv opp avisa . Ho luktar fersk sverte , er våt i liminga . Der er referatet frå bystyremøtet . Reguleringsplanar og nybygg . I denne perioden må alt samlast om kaiane , til gatearbeid kan ikkje løyvast meir enn til framhald av det som alt er påbegynt .

Det prikka i munnvikene på frukthandlaren . Joho , no skal det bli modernisering av sjappa . Kundane skal trille inn ! Det er så kattane kunde le .

Augo jaga vidare , blei sogne fast av ei overskrift :

Norsk frukt .

Den uvanleg varme sommaren gjer at all norsk frukt er hardt framdriven . Folk lyt merke seg at gravenstein iår ikkje vil kunne halde seg så lenge som elles . Men torsteinseple og liknande frukt derimot ... .

Frukthandlaren blir ivrig . Må finne fram papir og blyant . Gjer eit overslag . Så er han ut og kikkar på kassane . Kolonialhandlaren kan få dei alle utan ein .

Han plystrar ein låt .

Gateregulering og modernisering ? Tull ! Han tener så han greier seg . Han treng ikkje meir enn han har . Buksene er blanke bak og frynsute nedmed skoa . Men det gjer ingenting . No skal han greie gjelda i Hardanger med det første . Og han har råd til å halde " Posten " og fylgje med i utan rikspolitikken . På kommunebiblioteket er der enno ein god slump eldre og nyare historisk litteratur som han ikkje har lese enno . Når alt kjem omkring , har han ikkje større krav til livet enn dette å kunne gløyme seg bort i dei store hendingane menneskeætta har gjenomlevt , fylgje lagnasvegen menneskeånda har gått , frå epoke til epoke . Og av og til drøyme ein stubb om kva dette og neste året vil skrive i historiske verk som enno ikkje er påbyrja .

Slik aleine over ei bok når dagens turvande matstrev er slutt ‐ det er beint fram som livslykka å kalle . No .

Han fryner litt til det høgtidsame ordet . Livslykka ? Det var eingong han tenkte ansleis om det der . Det er lenge sia no . Han var ung , hadde vener ... . Nei nei ! ikkje ta munnen for full . Men sant var det at han trudde han hadde ein ven , den gongen .

Frukthandlaren skok seg i ein liten frost . Det er dyrt med vener . Dyrast når ein bare har ein . Det veit han no .

Var det ikkje ein vismann ein gong som sa at denne verda var eit helvite , og ein må prøve å få mura seg eit eldfast rom på denne same staden . Ei bra lære . Aleksander nikkar , kan tale med om dette . Han har røynt at der er fred i det å bu aleine i slikt eit eldfast rom . Da er ein trygg for uventa hendingar drivne fram av ein framand menneskehug som lever og pustar tett innpå .

Han ser seg ikring .

Her inne har ingen andre enn han sjøl vore etter sia han kom hit . Og det er godt ‐ velsigna fredleg og godt .

Denne lykkelige stemninga fekk ein liten brest just da han hadde stengt butikken .

Her stansa ei lunglasta handkjerre uti gata . Ein forkava gutunge blåheldt mellom dretta . Ein brei liten kar med vid hatt heldt bak i lasset . Dei pusta på .

Flyttelass . Stolar og kassar . Ei seng på toppen . Kor langt skulde dei , tru ?

" Her er det ! " seier mannen med hatten . Han har nykel og læser seg inn , dei tramlar og ber rutlet sitt inn i verkstaden . Dei reiser og kjem att med enno eit lass . Arbeidsbenk , verktøyskrin , kasserollar . Og så ei mengd grå sinkplater og raude koparplater . Ferdige , svarte koksboksar , grå oskespann , ei halvferdig damphette .

Dette var han som skulde hatt amerikabrevet . Ka var det no han heitte ?

No hivar han hatten og jakka , lyfter kassane aleine , så brutalt handfritt . Det kunde no forresten ikkje vere så svær karen , når han flytta med handkjerre . Lygre sjøl hadde bruka bil da han kom hit .

" Du skal sjå blekksmeden blir ikkje buande lenge , så har du huset aleine att , " trøystar han seg . Så kokar han tevatn og skjer seg brød .

Her kjem ein brå styng : Er alle eplekassane attspikra der ute ? Og dørene ? Han har læst . Men her burde ikkje vore dører til mellomgangen når ein skulde bu to her .

Han kan henge nyklane vekk og seie han brukar aldri gå den vegen . Ja , han kan stenge heile døra med eplekassane sine . Men så er det vatnet han skal ha ute i springen ... .

Nei , ka er det han fablar om ! Mennene der ute veit jo ikkje eingong at her bur nokon her ‐ enno . Han er trygg ‐ ikveld i alle fall .

Frukthandlaren henger stilt eit tjukt ullteppe for ruta til gardsromet og set seg til med bibliotekboka . Men her er ikkje til å lese , han sit bare og lyer . No er det nokon og sutlar ute i vasken . Gutungen seier godnatt , han er vel lærling og bur heime på ein annan kant av byen . Blekksmeden læser gatedøra . Her blir stilt .

Frukthandlaren lyer .

Blikket flakkar , stansar ved den brune handkufferten for enden av divanen . Der er så mange små lappar klistra på sidene . Blikket stansar . Frukthandlaren bøygjer seg ned .

St. Ives har losna i kanten .

Mannen slikkar på fingren og væter godt , klemmer varlig , så , no sit lappen fast som før .

Hendene trivlar over låsen . Kufferten har ikkje vore opna på aldri det ... .

Nei ! Mannen reiser seg med ein rykk . Blekksmeden ramlar med sinkplatene sine , durar så ein kunde tru ein var i teater og høyrde torever .

Her er ikkje til å vere inne .

Frukthandlar Lygre finn hatt og frakk , læser seg stilt ut butikkdøra . Nordvesten møter han på trappa . Der er lys inne på verkstaden , han skimtar blekksmeden ordnar og set på plass . Gata er tom . Bare nattkonstablen kjem smått ruslande oppover . Der stansar han og lyer utanfor skomakaren , nei , no stegar han vidare .

Frukthandlaren brettar opp frakkekragen . I smytta mellom husgavlane skimtar han nattsignalet på utkikstårnet : ‐ to raude lys og eit grønt nedunder .

Det har auka på til storm .

Da han kjem inn att ein times tid seinare , slumpar han til å sjå seg i barberspeilen på veggen . Nordvesten har kosta det raudblakke håret framover dei hole tunnvangane . Han finn kammen og greier det enda meir fram . Ser , lenge , på seg sjøl i speilen .

Det var eingong nokon som strauk med fingrane gjenom håret hans og sa at han heller skulde gå med det slik alltid . Han greier håret tilbake , og snur seg frå speilen . Lyer .

Det er heilt stilt i huset no . Frukthandlaren tek romet sitt i eige på nytt .

Med augo kjæler han for kjøkkentilstellinga i kroken . Og han set over vatn til ein ny kopp te . Te er ein gudedrikk ! sa mrs. Law . Blikket vandrar vidare . Bordet med avisene , hylla med bøkene . Eit par store ordbøker , tysk og engelsk . Ei engelsk reisehandbok . Eit par skoespel av Shakespeare , eit utval av Byron . Fire-fem gamle engelske magasin . Ibsens " Når vi døde vågner " . Fleire bøker er der ikkje . Men han er glad i dei på ein måte , dei høyrer med til husinventaret . Han vilde ikkje kjenne seg heime her utan den hylla . Han tek ut ei ordbok , les to-tri gloser halvhøgt for seg sjøl med kraftig engelsk uttale . Nikkar og set ordboka opp att . Dei andre bøkene rører han ikkje .

Så drikk han teen , som vanleg utan sukker .

Blikket streifar på nytt den brune handkufferten . Og han dreg ein lang pust , sig litt ihop på stolen . Kufferten kjøpte han i 1912 , den dagen han fekk bladmannsstipendet .

Det var ein merkeleg lysfylt dag i slutten av april . Ei forunderleg regnmild , ysmeblå luft over byen og fjorden . Ei luft som ga intens djup tone bakom og i alle fargar . Og alt hadde fargar idag . Dei mønjeraude skipssidene , dei spraglute kinoplakatene på torget , dei eirgrøne tårna på domkyrkja ‐ alt lyste med nyfødd glans . Og måkane fyllte lufta med vårgalne , ville skrik ... .

Frukthandlaren stig seinvore borttil kufferten og læser opp .

Her dett ut eit par lause brev , avgangspapir frå fylkesskulen , handelsskulen , bladmannskurset . Det er her alt . Han kjenner seg løyndomsfullt tildregen og fråstøytt . Med eit tvert kast , mest arg , fiskar han opp eit par av papira .

Aleksander Lygre , står der . Aleksander ja .

Dei hadde vore tolv ungar før på den vesle Lygre-garden da han kom . Alle var i live , og foreldra hadde sloppe opp for navn av slike som hadde fylgt ætta . Jamvel den dagen faren skulde av og tinge dåp , hadde dei enno ikkje kome på noko brukande . Da slumpa mora til å høyre at ei av jentene sat og las historieleksa si , det var noko om ein keisar som heitte Aleksander . Dermed blei den trettande og siste ungen på Lygre heitande Aleksander . Han hadde sagt det sjøl til mora da han reiste heimanfrå ‐ det var det navnet som dreiv han ut i slikt eit jag : " Eg vil legge under meg heile verda ‐ eg er dertil døypt . "

" Jaja , " hadde faren sagt , " vil du ut i verda og lære , så kom deg til byen på ei krambu og les ved sida . " Men gutungen drog på sildefiske først og gjekk fylkesskulen , så prøva han krambua . Nei , snart var han på fiske att . Skrapa ihop til handelsskulen i byen . Så sleit han kontorkrakken eit år , vilde lære seg engelsk og tysk på eiga hand . For han vilde ut og sjå noko av livet på denne merkelege kloten som køyrer oss åttehundretusen kilometer på ei natt .

I pensjonatet blei han kjend med ein ung bladmann som hadde det stolte navnet Leo Fjeld . Dei to blei vener , slik to fastbuande mannfolk kan bli det i eit pensjonat fullt av reisande . Ved middagsbordet fekk dei sine faste plassar , og sin eigen krok i salongen .

Den brunøygde vertinna og den fullmogne dottera hennes var synleg sers venlege mot redak sjonssekretær Fjeld , men så vidt Aleksander kunde sjå , var venen likesæl .

Ein dag ved kaffeen i salongen peika Leo på ei lysing i ei avis , eit bladmannskurs i Bergen .

" Det skulde du prøve ! "

Aleksander tok kurset . Og så hjelpte Leo han til å få eit lite stipend , ei reise til England for å lære engelsk . Det var våren 1912 .

Nei ! Frukthandlaren stappar papira ned i kufferten att og læser . Snur litt på kufferten før han set han på plass under hovudenden av divanen . Dei står godt fast , alle lappane på sidene . Hull , Petterborugh , Whittlesey , St. Ives , London ... . St. Ives ‐ stod den fast no ? Jo , heilt fast .

Han skuvar kufferten på plass .

Han får sove i ro denne natta . Men vaknar med eit kast utpå morgosida og sansar at ein draum glir unna .

Han har vore i St. Ives !

Det var det romet han budde på der , det var det han gjesta i draumen . Og da han vakna no her , syntest han han høyrde den linne , mest umerkelege susan av Ouseelva tett utanfor huset . Små fugl song i mørke , bladtunge hagetre . Sola la store , skinande flak på golvet . Det hadde nok vore dagar fulle av sopande regn og ullgrå skodde , men når han ligg i halvmørket her i kammerset bak appelsinsjappa si ‐ da ser han bare for seg dei stille , solmette dagane med fritt utsyn over det flate landet kring byen .

Og han kjenner med eitt smaken av dei raude , fullmogne kirsebera som mrs. Law ‐ den unge rektorfrua ‐ traktera med i hagen ein gong . Hugsar enno den mjuke , smeiksame røysta til monsieur Beaulion da han takka og sa sine franske komplimangar på eit engelsk som fekk rektor til å smile .

Dei sat enda i syrinlysthuset nede ved elva , det hekk lillablått med syrinduskar og anga kring dei ... .

Nei , det er sundag . Og han skal ut og gå .

Han kikkar på veret . Dreg handa prøvande over hake og lipper , har ikkje skjeggvokstr andre stader i andletet . Det er ein lykkeleg helgedags morgonstemning dette , å stå halvklædd bak ullteppet og kikke på veret med handa på skjeggstubben . Ein er på ein underfull måte sloppen utanfor tida , da .

Han set kasserollen til barbervatnet på lysplata . Lyer brått ut mot midtgangen ‐ nei , den nye mannen der inne søv nok som ein gris . Og ute i gata er det stilt . Ikkje så mykje som ein " brigg " idag . Og alle dritungane søv . Han er ut og lurar butikkdøra varsamt opp . Nei , dei har ikkje grisa til her , enda det var laurdagskveld igår kveld .

Frukthandlaren plystrar ein låt . Henger opp reima og bryner barberkniven . Blikket snertar kufferten .

Det er lenge sia sist han har rolsa og drøymt om St. Ives . Da han vakna no istad og syntest han vakna i St. Ives , hadde han ei minning om at rektorfrua hadde ropa på han , han måtte kome og lese vers av Byron .

Ho hadde gjort det òg , ein gong på ein fest . Den siste festen dei hadde før semesteret slutta . Frukthandlaren smiler litt til seg sjøl i speilen . Monsieur Beaulion lika ikkje at ho favorisera han , nordmannen . Stakkars monsieur ‐ han hadde nok vore alvorleg forelska i rektorfrua ... .

Da han hadde ete , kosta han klæda sine nøye , tok frakken på og gjekk ut . Ikkje ein låt inne frå blekksmeden der inne enno . Og plakaten med til leige stod i karmen som før . Hadde der flytta inn nokon i det heile ?

Han gjekk ut av gatene , ut på dei vide , byljande slettene kring byen . Han hadde slik hugna i å sjå på kor langt bøndane var komne med arbeidet på jorda , slik når han gjekk . Om våren og sommaren eller hausten og vinteren kunde ein lese som i ei bok når den eller den vinna stod på eller var gjort . Plog og horv , gjødselkjerre eller hesjestaur var bokstavane som blei bruka til å sete opp teksta med . Og kvar vinne hadde sin visse ange når vinden bles . Best merka han det på den årstid da harde stormar hadde slengt tunge tarebruer inn på strendene og menneska på stille dagar tende sine mange bål og brende den dyrverdige oska . Underlege bål med underleg offerlukt , langframande ting å sjå og ta inn i seg .

Han var blitt glad i slettelandet ved havet .

Etter middagen var det avislesing og ein lur på divanen , som vanleg . Han kjende seg sers svevnug idag så han dorma av da han hadde lese omatt dei politiske telegramma og ei melding frå Tysk land at no hadde dei der funne opp eit sprengto som gjorde alle fint uttenkte Maginot-liner til null og niks . Koss blei her no i verda ?

Det kvelda da han vakna .

Han koka seg kaffe , jeispa og strekte seg . Såg lenge på veret . Det hadde skya over da han gjekk tur . No silregnde det . Å gå tur att no , er ikkje å tenke på , det er bare å bløyte seg ut . Han lyer mot midtgangen . Her var ein ut og tappa vatn . Det hadde altså flytta inn ein igår . Frukthandlaren gjer eit par steg att og fram på golvet . Kjenner seg med eitt nervøs , innestengd . Blikket flakkar .

Og med eitt stansar han . Blikket syg seg fast i ein lapp som lyser fram under divanteppet . Ein lapp på den brune kufferten .

St. Ives , står der . Og han sannkjenner at her er det hugen har vore forankra snart fire og tjuge timar . Underleg , alltid nar her kjem eit ombrøyte i livet hans , vender han tilbake til utferda den gongen for mange år sia , til utferda og tida etterpå . Slik var det den gongen han slutta i bladmannsyrket , slik var det da han flytta hit til blindgata innunder Bjergabakken . Men at her flytta inn ein blekksmed i huset , skulde det ‐ ?

Frukthandlaren rista på hovudet og smilte litt skakt . Men her er regnver idag , så la gå .

Han bøygjer seg over kufferten og grev djupt ned . Leitar med nervøs hast fram ei bunke ihopknytte aviser . Han brettar dei varleg ut over det ferske nummeret av laurdagsavisa på bordet . Dei er gule . Og knitrar skøyrt og bresteferdig . Eit sog under bringa : ‐ dei er lik , desse avisene , har vore døde i mange og tjuge år . Men Aleksander Lygre har skrive reisebrev i dei , brev frå ferda til England . Det første var datera ombord april 1912 , det andre Hull og så vidare til St. Ives . Derifrå var dei fleste .

St. Ives ‐ ! eit navn som eit kjærteikn .

Han les . Svolten . Les sine eigne reisebrev som ein roman , ja , som noko ein annan har skrive . Stirer forviten på uklare avistrykk etter billige prospektkort han sjøl sende den gongen . Slik ser der ut der borte .

Han les meir . Hugsar ein gløymd replikk av Leo : " dei burde ha kome i bok , dessa reisebreva . Dei er ikkje verst skrivne ... . " Han nikkar til den replikken no . Reisebreva hadde fortent det . Synd at slikt skal kome vekk i ein gamal avisårgang .

Han støkk til . Han har stått utanfor seg sjøl og dømt . Så langt har han kome bort frå det han eingong levde . Han let augo att .

Å nei , elva Ouse susar enno , enno ... .

Han blir bortrykt i ånden . Og ser det slik det var ‐ den gongen .

Det var kunnskap han søkte . Open som ein av grunn var han for kunnskapen . Drakk inn med alle sansar . To og tjuge år gamal .

Bare den veldige bokheimen som opna seg for han , dersom han kunde lese engelsk , alle avisene , tidsskrifta . Og kunde han tale språket , var der hundre og femti millionar menneske som skyna det han sa . Han kunde reise kor han vilde . Det var ikkje underleg at Vinje tenkte på å emigrere .

Rektor hadde vore flink til å lære frå seg . Det daglege ordbruket og avismålet arbeidde han mest med . Så kunde han uventa kome med sin stubb av klassikarane ‐ Shakespeare , Byron , Burns , Keats ‐ eit verdenshav av venleik olla i desse versa . Men dei skulde ikkje forlise på dette havet , rektor hasta vidare til moderne forfattarar , til magasin og tidsskrift . Ein dag merka nordmannen at han tenkte på engelsk , den dagen sa rektor at no hadde han tatt det tyngste taket .

Frukthandlaren rotar meir i kufferten sin . Her dett ut fleire aviser . Ei lita medalje av nysylv klingrar mot golvet , og handa triv i ein samanbretta papirhatt på skap som ein engelsk dokterhatt . Men dette visne blomerusket ? ‐ aha , det har vore syrin ein gong , syrin ! Han held det under nasen . Det luktar bos og høy og gult papir . Den fiolette angen er borte , for lenge sia .

Han brettar papirhatten ut .

Dei hadde festa på skulen eit par gonger . Denne her stasen var frå 25. juni-festen til minne om dei gamle elevane som mista livet i boerkrigen .

Der var sportstevling , premiar , musikk . Rektor frua og to-tri av elevane hadde klædd seg ut og spela eit par scener frå " Midtsommarnattsdraumen " . Ho spela alvedronninga og hadde diadem i håret . Her var slik jubel . Franskmannen kom med blomar .

Aleksander hadde brått kjent seg aleine og utanfor . Han hadde gått på romet sitt og sett seg med eit brev heim til avisa .

Da var det rektorfrua uventa kom brusande opp saman med ein flokk engelske elevar . Ho var enno i kostyme ‐ håret var løyst og rakk til beltet , her glitra i eit diadem , og så hadde ho snøkvit gamaldags kjole , dei vene armane og akslene var nakne . Ho bøygjer seg innover alle skulebøkene . Han ser dei tindrande djupblå augo ler mellom store , svarte vipper under gullblanke bryn .

" Aleksander Rex ! " seier ho . Å , ho har for lenge sia døypt han slik , for ho kan ikkje seie det norske navnet hans , og rektor har for lenge sia sagt at han er den flinkaste av dei framande elevane hans . Og med den fløytemjuke røysta si seier ho at han må da ikkje gå frå festen enno !

Det stryk ein heit støyt gjenom han . Ho har altså merka det ‐ at han gjekk .

Kameratane ber han tilbake til festsalen på gullstol . Han skal deklamere . Handklapp susar imot han .

Og han les Byron . Les " The wild gazelle on Judah's Hills " . Han merkar med eitt at han kan ikkje sjå på rektorfrua mens han les . Kameratane gjer ære på han og klappar smått . Så les han : " Song of Saul before his last battle " , og " Thy days are done " . Og no da han sluttar med linene :

To weep would do thy glory wrong . Thou shalt not be deplored . "

‐ da tordnar det ein frenetisk applaus opp frå salen . Han hadde råka tonen . Det var falne krigarar dei festa for idag ! Men han braut stilen og slutta med " Lines written beneath an elm on the churchyard of Harrow " .

For han hadde likevel lura seg til å kikke på andletet der nede under diademet , og der var eit så heilt fråverande drag over det just no . Og med eitt såg han smerteleg klårt for seg det fatigslege småbruket der heime , foreldra bøygde av slit . Og her tumla han . Han skulde vore heime idag og drege eit par seiar or sjøen te na mor . Ka var så dette for fåfengd og narreskap han tulla med . Og no da han las diktet om barndomsstaden , kunde han uhefta møte blikket til rektorfrua . No var ho med .

" Here might I sleep , where all my hopes arose , Scene of my youth , and couch of my repose ... . "

Rektor heldt tale for gjestane frå framandt land . Kvar gjesten fekk minnemedalje og alvorleg dokterhatt av papir med diplom . Stor moro .

Frua festa medaljen til jakka . Ho var snaue tjuge år ‐ femten år yngre enn mannen sin og jamgamal med dei fleste av elevane . Dei hadde vore vekk i henne , mange av dei , som rimeleg var . Den kvelden hadde ho vore sers livleg . Franskmannen fylgde henne med augo kor ho gjekk og stod . Var reint ør , han !

Stakkars mrs. Law , hadde ho ei aning om det som venta ? ‐ at dette var siste kvelden ho var saman med dei . Hadde han , Aleksander , visst det , da hadde ‐ . Nei , han braut av .

Ho døydde i barnseng ikkje lenge etterpå . Dei sa det var jordmora si skyld .

Det er blitt sein kveld , og han sit enno og blar i gamle aviser . Ute er det storm . Rasande luftstraumar susar over hustaka som ei usynleg elv , slår ned på forunderleg vis bak det høge plankegjerdet og all piggtråden her ute , romsterar med papir og lause fjøler i gamle pakk-kassar . Kattar ræegaular .

Aleksander Lygre reiser på seg . Veltar av seg noko mektig han kjenner vil lure seg innpå han bakfrå . Han prøvar få det framfor seg og sjå det i augo .

Stipendet hadde ikkje vore stort . Han laut snart heim . Han reiste over Hull . Der er slik stor skil på flo og fjøre i Hull at kaien er bygd ti-tolv meter over vatsmålet når sjøen fjørar ut . Og da båten låg der om kvelden , var det fjøre . Han stod ved rekka og stirde inn mellom stolpeverket i den veldige trekaien . Gulp og dropling av vatn der inne , sug av sleipt sly og slimute , glatte stokkar . Ei sorgsam , lagnabunden stemning , naken og forlaten . Einsemd som ikkje var til å kome utanom , som alt var her og aldri skulde ta ende . Enda her var mange reisande på båten , og storbyen mol høgt der oppe på kaien . Aleksander stod trollbunden , stirde og lya . Hjarta klemdest ihop i bringa . Først da båten var komen for full stim ute i rom sjø , glei uroa og mismotet unna .

Det er denne stemninga frå Hull som no kjem att og seier : ‐ Den gongen var eg eit varsel , no er eg livet ditt ! ‐ Aleksander knytte nevane : ‐ Du er ikkje , ikkje no . Du var ei lita stund , men no har eg vunne på deg . Livet mitt no er slik eg sjøl vil ha det . Og eg er nøgd med det .

Ivrig etter å føre prov for påstandet sitt tok han for seg tida etter han kom heim frå Englandsreisa . Koss gjekk det heime ?

Leo Fjeld budde i det gamle pensjonatet enno . Den brunøygde vertinna og ditto dotter hadde båe fått ein tanke rikare pondus , og dei var meir enn ein tanke blidare . Men Leo let seg ikkje påverke , korkje av det eine eller det andre . Han helsa hjarteleg velkomen att og spurde ut om reisa . Skaffa Aleksander arbeid i same avisa der han var sjøl . Og det var ikkje lenge før den heimkomne skyna at her var rette arbeidet hans . Han hadde ingenting med byreportasjen og det der , det blei eit slag kontorarbeid , men eit morosamt slikt .

Utpå våren døydde både mor og far i hard in fluensa . Han hadde vore heime og set om dei ein snartur , hadde sendt litt pengar . Det var som ei trøyst . Og likevel ‐ han kjende her fall skuggar da han fekk bodet .

Men no storma verdshistoria fram over Europa .

I flimrande stumfilm jaga åra framom i brutal avstytting . Skotet i Serajevo løyste skrida . Millionane marsjera fram og stupte . Folk her heime tente pengar . Some sa at no kunde dei aldri bli fatige meir . Leo Fjeld fekk Aleksander med , dei tente vitlaust , dei òg . Og så sa dei opp postane sine og starta sitt eige blad med Fjeld som sjefredaktør .

Aleksander overtok utlandet . Av denne tida hugsa han no best skrivebordet sitt ‐ det blei selt så alt for billig på auksjonen ‐ ‐ eit veldig Europakart med knappenåler og så ein uendeleg straum med telegram .

Sjefen tok seg privatsekretær , eit stort , lyst fabeldyr frå Oslo . Han kjøpte seg yacht , kjøpte seg hus . Ein skipsreidar hadde skote seg i Milano , her blei skumla noko om fyll og syf . Frua selde huset . Det hadde kosta hundre tusen å bygge det . Leo kjøpte det for under det halve . Aleksander var der rett som det var . Alltid var privatsekretæren der . Ein gong såg Aleksander at ho blei att da dei andre gjekk . Ho skulde likesom hente ei handveske ho hadde lagt att nede i baren i kjellaren og sprang ned vindeltrappa . Ho kom ikkje opp att .

Ikkje lenge etter reiste Leo og sekretæren til Paris med heile den likvide kapitalen bladet åtte og vel så det .

Kven var så i grunnen Leo Fjeld ?

Aleksander hadde prøva finne det ut , men hadde gitt det opp . Den første tida etter Englandsreisa hadde han rekna Leo for ven og meir enn det . Velgjerdsmann og forsyn hadde han vore . Og så reiste Leo til Paris med fabeldyret sitt .

Vel . Aleksander hadde eit par tusen på eiga bok . Han blei ikkje heilt snau . Visste Leo det da han reiste ? Kanskje . Aleksander flirde skakt . Var det ikkje slik dei gjorde når dei skulde vere gentlemen i krigen ? ‐ dei let mannskapet kome seg ned i livbåten før dei sende torpedoen i skipet .

Og så hadde Aleksander starta ein finare kolonialforretning på vestkanten av byen . Han kjende seg bråtrøytt av alt som hadde smak av avisarbeid og kom aldri meir i ein redaksjon . Men han hadde visst ikkje rette handlaget med dei fine fruene , var for fus til å sende rekningar . Kundane gjekk til konkurrenten over gata der dei fekk respit . Det blei slutt med kolonialen .

Han opna ein liten fruktbutikk i sentrum . Men på eit avgjort dødt hjørne . Han måtte bryte opp på nytt . Og så var det flakkinga tok til . Alltid ringare lokale , alltid lengre bort i billige sidegater . Ivår kom han hit .

Han ser seg ikring og fryner på nasen .

Likevel , her var første staden han merka inntektene steig . Umerkeleg mest , men tydeleg frå kvartal til kvartal . Og her var det han skyna det let seg gjere å mure seg eit eldfast rom der ingen framand kunde skiple den sjølvalde einsemda , den sjølskapte freden .

Var det dette med Leo Fjeld som gjorde at han hadde kapsla seg inn ? Han hadde tumla med det i tankane meir enn ein gong . Avskilet med rektor og skulen i England hadde vore sårt og vondt . Dei hadde alle fått eit sjokk da dei høyrde den fjåge , lyse rektorfrua var død . Mannen gjekk der som ein håttlaus skugge etterpå . Og Aleksander hadde merka at den utrivelege , forlatne stemninga frå Hull satt att djupast i blodet jamvel etter han var heimkomen . ‐ Så knytte han seg kanskje for avgjort til Leo , til venskapen . Og da han oppdaga kor glatt og likesælt Leo løyste seg frå samværet og hopehavet dei mellom , da tvibatt her seg noko inni han .

Han protestera mot all samkjensle . Var tver mot kvar venleg kunde i angst for at det skulde vere ein snytar . Han nedvurdera kameratskap og venskap . For ikkje å tale om erotikk . Det var det smarte , platinablonde fabeldyret frå Oslo som gjorde den gilde kameraten til kjeltring . Han slo neven i bordet på det .

Kvinna var farleg !

Sjøl hadde han aldri kjent seg narra eller sviken . Nei da , sa han fort , ‐ han hadde aldri kravt noko av ei kvinne , eller fått noko , enn seie ofra noko for ei . Men her var ein pueril såpebobledraum som hadde sett eit ørlite arr . Og det arret kom det klåe i av og til , smilte han , og var vaksen mann , dømde det guten hadde tulla med i fantasien . Ho hade vore så meiningslaus vakker da ho smilte og ropa på Aleksander Rex !

Men i butikken gjekk det ikkje . Han skyna han måtte legge om . Og så sa han til seg sjøl at alle kundar var uvedkomande naut som bare skulde tappast for pengar , ikkje noko meir . Og når her kom lort på ruta og skabbute , daue kattar på dørlåsane , vaska han og bar vekk ‐ og smilte . Så gjekk dei lei og kjøpte heller tyggis'ar og sigaretter hos han .

Oho ! Men han tok stor og vellystig hemn over dei , når han med ein venleg smil raspa pengane deira til seg over disken . Slik hevda han romet sitt i verda .

Det skrapar og dunkar så underleg mot veggen . Han skruar av lyset i kammerset og stiltrar seg ut i den mørke butikken .

Sundags kveld . Måneskin . Ein tung drått i sundslitne , jagande skyer . Harde vindkast og små dorgstille togn . Og der ‐ like i skuggen innmed butikkruta ‐ to levande menneske tett ihop . Gut og jente . Kyss og klem . Ei lita klynking :

" Eg er så glad i deg , det er derfor , derfor ... . "

Frukthandlaren stivnar til , held pusten . Er det ‐ Lotte ?

Ein takstein singlar sund mot butikktrappa . Eit kjøvt skrik . Dei to spring . Det er ikkje Lotte .

Frukthandlaren fumlar seg inn att i kammerset . Veltar overende på divanen utan å tenne lys . Breier eit ullteppe over seg . Det er på tide å sove .

Han skvett til av skrål og skrik uti gata . Lyfter seg frå puta og lyer .

Å , bare ein drukken mann som blir heven ut frå skomakaren . Frukthandlaren snur seg mot veggen . Han er så full av medynk , her han ligg under ullteppet sitt . Alt det folk kan klatte seg bort med ... .

Blekksmeden

Det kom ein ny dag og fleire etter kvart . Og alle såg ut til å bli like .

Bjerga røykte sin svarte morgonsigar , kjøpte frukt og var hyggeleg som før . Hushjelpa Lotte var like god å sjå på som før . Dei kunde jamvel prate litt , og det var òg godt . Kundane kom som før . Alt var godt .

Blekksmeden derimot såg frukthandlaren mindre til . Ei lita uro slepte taket i frukthandlaren .

Inne på verkstaden hamra det . Av og til drog han og læreguten avgarde med verktøy og sinkplater . Frukthandlaren fall til ro . Den der fyren såg vitug ut . Ikkje innpåsliten som likkistesnekkaren og ikkje så olm og folkevond som treskjeraren . Dei to som hadde vore her før .

Men så i skyminga ein dag skvett Lygre opp frå avisa . Her let ungeskrik og rå lått utanfor i gata . Han må ut i døra .

Blekksmeden er full . No skal han heim .

Han har stansa med ryggen oppetter veggen . Den blå dressen er tilklint med sorpe og hestelort . Ei horg halvvaksen garp held eit syndig leven kring han .

No dett den store hatten av . Den fyller dei med hestelort og smeiser nedover den glattblanke skallen . Trykket blir for stort for blekksmeden , han sig stilt ned med ryggen til veggen . Veltar med andletet nedi fortauet .

" No fekk han slag ! " jublar eit lyst gutemæle .

Frukthandlaren stirer . Kjakemusklane tygg . Det er hans daglege kundar som held moro . Det svarar seg ikkje å legge seg ut med dei . Men før han sansar det , er han på veg ut .

Blekksmeden ser heilt livlaus ut . Og han er tung .

" Ta i beina du ! " Frukthandlaren undrar seg over sitt eige tonefall . Har han verkeleg slik kommandotone ? Garpen som leikar seg med hestelort på nytt , slepper det han har i hendene og bøygjer seg lydig , får tak .

Dei andre fylgjer til trappa med små , lystige rop .

Dei legg han på senga . Frukthandlaren bøygjer seg over han . Var det slag ?

Augo ligg att . Pusten er utydeleg . Lygre ser skygg på dette anletet . Å sjå på ein full eller sovande er som å lure seg til å sjå på ein som har klædd seg naken . Munnen er innfallen og bitter . Her er kvite hårstrå ved tunnvangane og i bartene , det er tydeleg dei har ikkje kome av seg sjøl .

Varleg og litt keivhendt drar frukthandlaren jakka av den sovande . Hjelpemannen stør under .

" Takk ! "

Garpen pitlar seg ut .

Frukthandlaren læste gatedøra i gangen og gjekk til butikken , måtte passe den . Han såg inn fleire gonger før han la seg . Men blekksmeden hadde snudd seg til veggen og snorka sterkt og durande .

Den kvelden fekk Aleksander Lygre vanskeleg sove . Han sette seg til og kladda ein notis til ei av avisene . Det var lenge sia sist han skreiv for ei avis . Men dette her han hadde kome på , det . ‐ Nei , han heiv det att .

Han hadde slumpa til å handle , gjere noko uvanleg , gå utanfor den krittstreken han hadde dradd kring seg sjøl . Hadde han med det øydelagt for seg hos kundane sine ? Det fekk stå hen . Heilt instinktivt hadde han handla . Men likevel . Han snudde seg uroleg .

Straks etter hadde han framme handkufferten og rota i dei gamle avisene . Det var det brevet frå turen over Nordsjøen , da han reiste ut . Han las det omatt i kveld , fort , leitande .

Stemning ombord . Landet blir borte . Bare havet kor du snur deg . Kjøleg mot kvelden . Folk tyr til lugarar og salongar . Bare vakta og rormannen att , kapteinen og losen . Styrbords og bakbords lanterne blir hengt ut . På masta firer dei opp ei . Aleksander smyg inn i røykelugaren .

Ein fleinskalla gamling sat og sov i ein krok . Eit ungt par sat like ved og drakk portvin . Det blir sjø . Paret tingar ein halv portvin til . Aleksander sit og drikk kaffe , held opp ei avis , kikkar over kanten . Der er noko så tindrande over den unge kvinna , ho møter mannen på halvvegen i alt han seier og vil . Der kysses dei ! Gamlingen søv . Båten rullar så sterkt at gamlingen skrir under bordet og blir liggande der , snorkar . Det unge paret reiser seg og går til lugaren sin . Men Aleksander ser det underlege blikket den unge kvinna sender etter han som datt ‐ ei blanding av likesæle og medynk , og så noko anna , noko rikt , sprengfullt lykkelig som høyrer venen til .

Straks dei var ute gjenom dørene , hadde Aleksander Lygre reist seg og fått den sovande gamlingen opp på benken . Stakkaren var full .

Frukthandlaren legg avisa frå seg . Han ser det heile for seg idag som da det hende . Men han kjenner ei lita grysjing gjenom seg : ‐ gamlingen ombord og blekksmeden var så forunderlig like . Er det eit varsel ? Og om kva da ?

Blekksmeden tok ut med verktøy og takrenner tidleg neste dag . Tordna som ein tyrk over læreguten , han kom for seint . Og så i middagstida stod han uventa i butikken , skulde ha snus ‐ .

" Takk for hjelpa igår , " sa han lettleg .

" Å , ikkje noke å ‐ . Ungane ropa at De fekk slag . "

" Slag ? Tøv . Eg var full . That's all . " Han la seg med albogane på disken . " Eg blei for sie . Det blei meir enn rev i knenå , hehe ! Eg har hatt slik tannverk eller flog , eller ka det no er . Det fer att og fram i alle tennene . Tannlæge ? Har vore hos fem . Dei finn ingenting . Men det rykker og riv ‐ opp i pannå og ned i halsen . Gikt ? Tablettar ? Nyttar ingenting ! Nei , igår vilde eg prøva om det ikkje skulde hjelpa med ein real , god fyllevarme . Fyllevarme , ja . But I lost controll . "

" De har vore utanlands ? " Blekksmeden nikka bakover til plakaten , ga seg ikkje til å vente på svar , prata i veg . Hadde vore sjømann i sin ungdom . Men så gifta han seg og bega sjøen . Ja , kona var død . Men han hadde ein son i live . Å , langt borte på vestkysten av Amerika ein stad .

" Au ! Nei , denne tannverken . No brenn det herane som ein loddebolt . " ‐ Han tok seg til halsen . Og så slamra dei i veg med lange takrenner att , han og læreguten .

Frukthandlaren fann fram hammar og spiker , var ute og ordna eit par lause fjøler i ein eplekasse i midtgangen . Han lika ikkje den der læreguten .

Sigarettar kjøpte han jo kvar dag , men . Der var noko sleipt ved han . Mørkt krulla hår , skil i midten . Stor laus munn , alltid slik fortærandes flir . Eit par og tjuge år .

Ludolf Fanuelsen . For eit navn .

Og er han her inne når Lotte hentar posane til Bjerga , snur han ikkje augo frå henne før ho er ute av døra . Snakkar til henne , det gjer han òg . Slepp aldri opp for samtaleemne , det går om boksing , fotball , film og dans . Han er med i eit ungdomslag ‐ vil ho ikkje vere med og danse på laurdag ?

Slik er han , denne Ludolf Fanuelsen . Og har han ikkje skikkeleg ærend i butikken når ho er der , heng han utanfor døra og klenger seg oppetter henne med prat om det nye signalet nedpå utkikstårnet , han peikar og legg ut . Han kan det . Frukthandlaren har lya .

Bladmannen h.v. Aleksander Lygre merka eit gamalt gnag . I spanskesjuketida skulde han ein dag hjelpe til med byreportasjen , men kom att med så ringt eit intervju . Og Leo ga han ei skrape .

" Det er rett nok at du sjøl skal vere usynleg i det skrevne intervjuet , men dersom du ikkje kan gå på og spøre , så blir objektet usynleg , det òg ! Er du verkeleg så retiré ? "

Det hadde ikkje gjort noko større , dersom ikkje privatsekretæren hadde site inne . Men ho hadde opna sin kirsebermåla munn og sagt :

" Hr. Lygre er ikkje retiré . Han er timid ! " ‐ Og så hadde ho klapra i veg på maskinen med dei velstelte lange hendene sine . Fingrane levde som små glatte dyr over tangentane .

Det var dagen etter han hadde kjøpt portvin og ho ingenting hadde fått . Han hadde bare fylgt henne til gatedøra der ho budde og tatt hatten stort av . Det hadde blitt så steins umogeleg med noko anna , ‐ just da det skulde skje noko så heilt utanfor kvardagen for han .

Han hadde skyna det no da ho sa det der , at ho hadde venta seg eit lite eventyr , som ho no kjende seg sviken for . Den rå strupelyden da ho sa det , gjorde at han blei på vakt mot henne seinare . Ei vike seinare var det at ho gløymde veska si i kjellarbaren hos Leo .

Men sjølve ordet ho hadde sagt , det sokk som eit blylodd inn gjenom han . Det åt seg fast som eksem og skabb , og ein måtte klå seg . Idag var klåen mest ikkje til å halde ut . Han måtte finne på eit eller anna .

Han fann fram att notisen til avisa .

Etter krakket hadde han halde seg heilt borte frå alt som heitte avisskriving . Idag skreiv han ein heil kommunal-økonomisk artikkel ferdig på formiddagen mellom ekspedisjonane i butikken . I middagstida gjekk han og levera manuskriptet personleg i redaksjonen i " Posten " .

" Det rører seg i gamalosten ! " høyrde han det kviskra temmelig halvhøgt da han strauk ut døra att .

Han smilte . Hugsa den tid han sjøl var med kvar dagen . Dei hadde vore kjende artiklane hans for godt stoff og nytt lys . Denne artiklen burde ha to-spalters overskrift , minst .

Dagen etter fekk han manuskriptet tilbakesendt i posten . Emnet var ikkje aktuelt . Ka var da aktuelt !

Han hadde skrive om det forkastelege forsorgssystemet , ‐ at frisk ungdom fekk mat , klær , og pengar utan å gi arbeid til vederlag . Les politirapportane om all ukjurskapen av ungdom som sleng ute om kveldane . Sjå betre etter ‐ og du vil finne at dei fleste av syndarane er arbeidsledige . Ungdomen tar skade på sjela når han skal slenge slik . Nei , set ungdomen til arbeid , og la gatearbeidet bli det første ‐ det trengst , i heile byen og mest i nordre del . Underskrift : Vener av ungdomen .

Heilt sakleg skrive .

Rett nok var årsaka helst denne hendinga med blekksmeden . Og så var han irritera av blekksmeddrengen som sprang frå arbeidet sitt på bikkjevis for å snuse oppetter hushjelpa til Bjerga . Men det stod ingenting av dette i artiklen , den var sakleg heilt ut .

Og likevel kom manuskriptet tilbake . Eit lite brev fylgde . Den vegen han hadde peika på , var stengd . Ein vilde kome til å kollidere med kommunearbeidarane . Det er fastsett i tariffen at alt gatearbeid skal utførast av kommunearbeidarane . " Privatpersonar " kan ikkje få slikt arbeid .

Vegen var stengd . Ja , så lenge systersønene til Bjerga var dei sterkaste mennene i bystyret ! Systersønene til Bjerga som var til middag hos morbroren ein sundag i månaden og fekk instrukser . Dei gjorde alt han ba dei om ‐ av omsyn til arven dei venta seg .

Men kommunearbeidarane ? Dei hadde da ikkje sett sin fot på denne kanten av byen dei siste fem åra . Og sjå no reguleringsplanane ... .

Frukthandlaren stansa framfor barberspeilen , nikka . Det var ikkje fritt for han kjende ei tyde leg lystkjensle titra fram når han tappa Bjerga'en for dei par faste kronene kvar dag !

Men han sa opp " Posten " og tinga " Fylket " , sende artiklen dit . " Fylket " tok han inn straks ‐ petit ! ‐ og her blei ein heil liten polemikk ei vikes tid med daglege små notiser frå x og y og " arbeidslaus " . Lygre gnia hendene sine . Klåen ga seg . Men han hadde ein liten angst for at Bjerga'en sjøl skulde få lese dette her . Det var som ei trøyst å vite at Bjerga ikkje las andre aviser enn " Borgeren " . Men likevel ... .

Polemikken døydde bort av seg sjøl , og Bjerga var like fjåg . Frukthandlaren pusta lettare .

Tida gjekk . Her blei kaldt og ufyseleg .

Frukthandlaren fekk eit heilt bal med læreguten til blekksmeden . Dørene til midtgangen fekk aldri stå i fred , og det kunde lett bli farleg for dei par eplekassane han hadde att . Og no klengde den spretten seg enda meir innpå hushjelpa hos Bjerga . Det var ikkje bra , slett ikkje bra .

Frukthandlaren tende i ovnen i kammerset ein kveld , papiravfall og dei oppsamla fyrstikkene ga ein god lunk . Han hadde just ete kvelds da det pikka på døra ut til midtgangen . Det var blekksmeden sjøl , om han kunde få kjøpe ei skrå . Han hyfsa seg i velvære .

" Ei fin kajytta , det her ! Godt og varmt ! " ‐ Han gjorde seg kry i målet , " eg ringa etter koks i formiddag , har ikkje fått enno . Skammeleg soml . Så kaldt som her er blitt dei siste par dagane . "

" Takk ! " Han tok imot skrårullen og beit eit godt bet . " Dokker ser på meg ? Ja , eg har skjegget til å gro . Eg er blitt litt skjeiv i anletet . Dokteren seier det må vera noke fansmakt i ei gamal rotfylling som har slått nedover i ein kjertel i halsen . Imårå vil han røntgenfotografere .

" Eg har fått sterke tablettar . Eg tar tri når det står ein . Ikveld må eg ta fira . Det er ikkje stor mon i dei , men imårå skal me på taket til Bjerga og reparera . Ja , det er han Ludolf ‐ . Han føl's med hu derane Lotte . Slik er det å ha forbindelser . Hehe ! Etter det begynte har eg fått selt to dyre koksboksar der oppe . Og imårå skal me reparera takrennene . "

" Føls ho med Ludolf ? " ‐ Frukthandlaren var vantruen i målet . Skifta brått over i sinne . " Ikkje tale om ! Han forfylgjer henne . Eg har set det . I formiddag kom ho ikkje frå han før heilt oppmed porten . Her i butikken heng han halvtimevis , ‐ og idag kjøpte han ikkje så mykje som ei fyrstikkeske . Han er snart meir her inne enn på verkstaden der han skal vere . Den ‐ vapsen ! "

Aleksander Lygre er kvitglødande , stotrar :

" Ho skal ikkje antastast frå eller i min butikk . Ho skal ikkje få det å seie til Bjerga , at ‐ . Nei , eg forbyr ‐ ! "

Han la om tonen . Sat blekksmeden der og lo ?

" Eg kan ikkje miste beste kunden min . " ‐ Frukthandlaren snudde ryggen til , trivla etter klokka , trekte omstendeleg .

Blekksmeden reiste seg .

" Ja , det er ei tefornydeleg lidå snella ! " sa han håst . Fliren sat ein lur plass og var ikkje langt unna . Andletet hans kom stikkande . " Dokker vilde vera ein kjekkanes kar dersom Dokker bare kosta håret vekk frå andletet . "

Han rusla til dørs .

" Den herane fontenen i gangen skal eg fiksa imårå . Det er ei rygd som han står og sutlar om nettene . Her er ikkje til å få sova . Godnatt ! "

" Oi ! oi ! No kjem verken att ! " stunde han uti gangen .

Den natta drøymde Aleksander at han sat i salongen på Englandsbåten og drakk kaffe bak ei vidt oppslått avis .

Men her var noko som ikkje stemde . Rett nok sat her ein fleinskalla kar og sov med vesten halvopen . Og her var eit ungt par som drakk vin og lo .

Men brura var ikkje den rette . Og ikkje kjærvenen hennes heller . Båten kom ut i stor sjø ‐ og blekksmeden skrei under bordet med bulder og brak .

Frukthandlaren fôr opp og vakna . Kjende slik stor lette . Det var ikkje han sjøl som skrei under bordet ! Men det unge paret ? Han grov og grov i minnet . Nei , dei to glei bort i skodde .

Eller hadde han ikkje våga seg til å sjå på dei ? Og kafor ikkje det ?

Da han levera epleposane til hushjelpa dagen etter , merka han at han skalv på hendene . Og bukka som ein kelnar . Det var harmeleg . Han blei oppreven og uroleg så han rakk ikkje lese det visse sidetalet i bibliotekboka idag . Og seinare rassa han ut og inn mellom kammerset og butikken . Uroleg . Likesom i venting .

Han hadde snautt fått stengt før blekksmeden kom klirrande med flasker og kortspel .

" Kjære , hjelp meg med å slå ihel to-tri timar . Denne verken ! Dokteren fann ingenting med røntgen . No vil han ha meg inn til observasjon imårå . No good . Kosma skal ikkje vera bra i min alder . Hehe . Men i kveld må me ha oss ein rektig galeas . "

Aleksander Lygre kjende ei brå godlune gjenom seg . Og han hermde på engelsk :

Though gay companions o'er the bowl dispel awile the sense of ill !

" Oh yes ! " hegra blekksmeden , valen i tunga . Han hadde fått morfin idag , sa han . Heiv seg ned i ein stol og skok seg i velvære . Ikveld hadde frukthandlaren fyra med koks . " Eg har ikkje fått min koks enno . Skammeleg . "

Dei drakk og spela kort . Frukthandlaren tina meir opp og henta ein billeg sigar .

" Takk ! " ‐ Blekksmeden røykte , humra godsleg mens han blanda korta . " Kem er du i grunnen for ein mann ? Du er ikkje ein vanleg appelsinhandlar , det skynar eg nok . "

Aleksander Lygre blei romsam og open .

Hå nei , han hadde ikkje stått på butikk heile sitt liv . Han hadde vore med på mangt . Tok til på sjøen som halvlotsmann , så var han med på eit notbruk ‐ åtte ein åttandedel .

" Fiskar ? " Blekksmeden rista på hodet , tvilande , -det vara ikkje lenge ? "

Så hadde han vore på kontor .

" Og skrive ut rekningar ? Jaha ‐ ja ! " Blekksmeden var på veg inn i ein god rus . Morfin , bokkøl og sprit . Var det skomakarvarer , tru ? Gode , sterke saker . Dei tok til å rugge på stolen , båe .

" Og så har eg vore aviskorrespondent eit halvt års tid i England . "

Frukthandlaren er på veg til den brune kufferten , men stansar . For blekksmeden skrattar .

" At du ikkje sa redaktør . Ein åttandedels redaktør i Times . Hihi . " ‐ Blekksmeden teier brått , glyttar utrygg bort på den andre . " Forresten , den derane plakaten din , den ... . Jaså , du har vore slik til vers og så dotte ned som ein annen pillefygert . Eg hadde heller tenkt meg noke som ein bortjaga mormonpredikant ‐ dennane høge snippen din . Nei , ta det med ro ‐ det motsette av ein mormonpredikant , sjølsagt . Skål , du din tvistraum , din motsette tvistraum . "

Han var tydeleg full , duppa ustø .

" Tenk , firti år og så sjalu på ein utange av ein blekksmeddreng ‐ for ei attenårs tenestjenta . Eg ler , enda det gjer vondt i halsen . Åhå , der er noke så velsigna barnsleg i andletet ditt når du blir morsk . Eg må tenka på son min da han var liten . Son min , han ‐ .

" Nei , farr , ho er for spratlen for deg . Slikt eit moderanes ting . " ‐ Alvorleg , lågmælt : " Er du verkeleg så i floktå for eit kvinnfolk ? Det er det , ser du ‐ vil du kosja med slike , må du tatla og spendera . Åhå , men du må tatla og spendera ! Kan du det ? "

Blekksmeden duppa , sov kanskje litt . Så sa han håst :

" Barnesjukdom i førtiårsalderen skal ikkje vera bra . Det hender folk døyr av det . " ‐ Så retta han seg ilsk . " Har du ikkje greidd håret vekk frå andletet enno . Det hender at folk døyr , skal eg seia deg . Godnatt . "

Han skrapa ihop kort og flasker og gjekk . Var med eitt så ukjenneleg i andletet . Her blei stilt og dødt etter han . Springvatskranen teidde òg inatt . Blekksmeden hadde reparera . Her var stilt og dødt som i ei grav .

Frukthandlaren flytta seg litt på stolen .

Det var lenge sia han hadde set at Lotte likna på den unge rektorfrua i St. Ives . Men først ikveld hadde han sansa kor mykje det hadde å seie for han . Han smilte med neddradde munnviker . Såpebobledraum over nedgrodde år .

Barnesjukdom , sa blekksmeden , og visste ikkje kor sant det var .

Som vanleg gjekk frukthandlaren tidleg ut neste morgon , skulde kjøpe fisk .

Her bles den daglege nordvesten . Fiskeskøytene duva hardt mot kaien . På fiskehandlarborda lyste det i saltsprengd fisk og svartkvit fugl . Alkejegarane hadde si tid no . Torghandlarane slo floke og klampa med trebotnane . Her var kaldt .

Ein stor , blågrå amerikabåt låg lengre ute med kaien . Orkestret spela ein vals . Med rekka såg ein folk som lo eller gret , og vinka til folk i land . Ved porten i skipssida stod vaktmannen i kvit frakk og slepte ingen uvedkomande inn .

Den som kunde gå beint ombord i denne stund . syne billett , pass ‐ alt dei kravde ‐ og det var i orden alt . Bli møtt med bukk og skrap og : -Versågod ! denne vegen ! Jo , hotellguten har vore her med kuffertane . Dei står i lugaren . Versågod ! "

Fabel . Film ... .

Frukthandlaren luska skjemd bort og kjøpte mort . Bruka munn på seg sjøl . Ka er det for tull og tøv og uro som har kome over han . Alt er jo i orden . Gjelda i Hardanger betala . Husleiga greier han fint . Nye varer har han tinga hos agentane ‐ det er jul snart . Og ny bibliotekbok har han henta seg igår . Alt er i orden .

I butikken same småhandelen idag som andre dagar . Bjerga kjem subbande og får sigaren sin . Lassis nummer ein byr fram skosnorer . Lotte kjem ... .

Frukthandlaren mannar seg opp og ser kritisk på henne . Han har vore litt komisk . Har han ikkje skolve på hendene når han har gitt henne pengar att og såvidt snerta borti henne ? Har han ikkje nærepå gjort seg til narr og bede henne med på kino for eit par dagar sia ‐ da Ludolf ikkje var på plass og konversera ?

Han ser på henne . Slik nær innpå er der mest ingenting som minner . Mest ingenting .

Her dett av han ein indre tvang .

Posane til Bjerga har ho fått , men ho står her enno . Kikkar på sjokoladen i diskekassen , spør på sigarettane . Og frukthandlaren skynar med eitt at ho skal ingenting ha . Ho bare ventar på blekksmedguten sin .

Aleksander Lygre er ikkje usikker i blikket lenger . Han skjelv ikkje narraktig på hendene . Fort og presis finn han fram den sjokoladen ho peika på , og sigarettane ‐ pakkar inn og leverar . Seier prisen .

" Versågod ! "

Ho blir eldraud i andletet , forfjamsa . Ho blir nøydd til å ta imot og betale . Han skynar at han har tvinga henne til å bruke av dei pengane ho har med for Bjerga . Og no vil ho vel gå . Men nei , ho drygjer .

" Blekksmeden er på sjukehuset idag , " seier han .

" Ja , stakkar , han er jo det . "

" Eg meinte ‐ det ser ikkje ut for at læreguten hans er god til å passe forretninga . Klokka er mange . Og han er ikkje komen enno . "

" Er han ikkje komen ? "

" Eg meinte ‐ det blir kanskje lenge for Dokker å vente , dersom ‐ . "

Ho gjorde eit lite kast med nakken og gjekk fort og lett opp den bratte bakken mot den evin delege nordvesten . Frukthandlaren stirde lenge etter henne , trist og oppreven .

‐ The wild gazelle on Judah's hills . Ja ja ... .

Uroleg tråva han ut på mellomgangen , stansa med eit rykk . Det tusla og småsnakka inne på verkstaden , var Ludolf Fanuelsen likevel komen ? Den øvste av eplekassane stod på skeive . Frukthandlaren skuva på plass . Ei fjøl gapte . Kassen var halvtømd . Med eit hopp fôr frukthandlaren over gangen , reiv opp døra inn til verkstaden .

Her er underleg halvmørkt . Men blekksmeden sjøl sit her , aleine . Hopkropen på ein krakk framfor arbeidsbenken .

" Drengen din har stole eple ! " brøler frukthandlaren , enno midt i sitt , " kor har du han henne ? "

Blekksmeden ser opp . Det same uttrykket som den dagen garpen hersa med han . Eit uttrykk så hjelpelaust og umogeleg oppgitt at han burde skamfarast for det eller gråtast over . Det var ulovleg å sjå ut slik .

Og frukthandlaren rasa iveg , slo neven i arbeidsbenken .

" Han har stole eple , høyrer du ! "

Den andre svara ikkje . Og sinnet rann av Aleksander Lygre . Han såg seg ikring .

Her var underleg halvmørkt . Det var blekksmeden sjøl som hadde stelt det til slik . For vindaugo til gata hadde han bygd opp koksboksar og sinkplater . Ingen kunde kikke inn no . Sjøl sat han der med båe hendene for andletet , bare augo var frie no . Vidopne . Men her kom ikkje eitt ord til svar .

Frukthandlaren gnika hendene sine ihop :

" Du sit da vel ikkje herane og frys ? "

" Frys ? " ‐ Det var så vidt det let i den andre . -Eg ? " ‐ Han skok seg slik hunden gjer når han kjem opp or fjorden . " Eg pinest ! pinest ! Ka har eg gjort , at ‐ . "

Han let hendene sige ned frå andletet .

Frukthandlaren vil ta augo sine til seg . Det er så stygt eit syn . Underandletet og halsen er umenneskeleg opptrutna under den stutte , sprikande skjeggbusta . Munnen har mista alt uttrykk , er bare ein sprekk som orda blir blåsne ut av .

Men augo .

Frukthandlaren vil ta blikket sitt til seg . Men det er for seint . Han dett inn gjenom ein avgrunn av hjelpeløyse , liding og ‐ angst . Han vil snu og gå ifrå her .

Da høyrer han seg sjøl seie :

" Kom heller inn til meg ei stund . Eg har i ovnen idag . "

Den andre høyrer ei lita stotring i røysta og tolkar på sitt vis . Takk , han vil likegodt gå til køys .

No kan frukthandlaren altså vere glad til og gå frelst tilbake til sitt logne kammers . Men han blir ståande og høyrer seg sjøl seie enda fleire ord , og dette likar han slett ikkje .

" Nei , kom ! Eg skal just ha meg litt formiddagsmat . " ( Han som aldri åt formiddagsmat . ) " Kom og hald meg med selskap . " ( Han som alltid lika å ete aleine , utan å bli uroa . ) " Har du vore hos dokteren ? "

Blekksmeden reiser seg . Ruvar ukjenneleg og framand i det skume romet .

" Dokteren ? Han sa eg kunde godt få ligga på sjukehuset til det var over . "

Frukthandlaren svarar i så sorglaus ein tone og så fort han kan :

" Ja , det var kanskje det beste . Men ka slag kur ‐ ? "

" Det var ingen kur . Han meinte desse dagane eg har att å leva . "

Blekksmeden stødde seg mot bordkanten og drakk ein munn av ei medisinflaske med giftmerke på . Det knaka i bordet , den tunge lekamen skalv sterkt .

" Nei , kom no ! " sa frukthandlaren mildt og la handa bortpå trøyearmen til den andre . Her var ingen annan veg .

Blekksmeden strama seg opp og marsjera over gangen . Men vel inne datt han straks ned i stolen like innmed ovnen . Sat der i ihopkropen , lenge . Frukthandlaren måtte ut i butikken . Da han kom innatt , såg den andre opp under svulne augelåk . Pusta :

" No skal du ha deg ein kopp kaffe eller te og lesa omatt avisa for igår , eller litt i ei bok . Kundane dine rikkar inn og ut i butikken . Her inne er godt og varmt . Slik idag , slik imårå . Kor eg misunner deg ! "

Frukthandlaren vinka med handa , sette fram brød , margarin og mysost . Det var eit kjempetak å sjå likesæl ut .

" Eg har ikkje anna . Den som hadde hatt ein ambar godt Gjesdalsmør , du ! "

Det blinka litt i augo på den andre . Tankane snudde seg til maten . Han var svolten , men det var lite han fekk ned av brødet . Av teen drakk han tri store koppar .

" Dettane var godt ! "

Aleksander Lygre sat i slik underleg uverkeleg stemning og høyrde den andre slurpa i seg den varme drikken . Han var ikkje lenger appelsinseljar bak ein disk , den andre var ikkje kunde . Her var noko nytt .

" Me skal gjere det så lelegt som me kan ! "

Han tok fram det han åtte . Henta inn kassen med sigarane han heldt lager av for Bjerga .

" Og herane er siste avisene . "

Blekksmeden fekk ei lita fristund , ein ferie , ein times forløysing or pina . Og frukthandlaren koka middag . Den andre fekk ete det han vilde . Og han åt godt , kikka opp frå mortesuppa med noko som skulde vere smil i det stygge andletet :

" Du kjiba meg opp ! "

Så tok han ein slurk av medisinflaska att og sette seg stilt bort til ovnen .

Da frukthandlaren stengde butikken sin , sat blekksmeden der enno . Og Aleksander Lygre tok fram Reisebrev frå England . Han kjende seg gjenomstrøymd av ein løyst varme .

Dagen etter klyppte han frynsene av buksekanten , drog holet i hælen på venstre sokken lengre ned i skoen og kjemde håret godt tilbake frå panna . Så læste han sjappa og stima rett på byen midt i middagstida .

Det var blitt julekveld , og han hadde bede blekksmeden til seg til fest .

" Goddag ! " Straks utanfor døra helsa ein bleikfeit mann med hengebart og skyggelue , " er blekksmed Kydlest heime ? "

Frukthandlaren såg fort inn mot koksboksane og blekkskramlet bak rutene til verkstaden .

" Han er vist lagde . Han er sjuk . Var det noke sers ? "

Tja . Husleiga var ikkje betala for dei siste to månadane .

" Vannari . Eg kan legge ut så lenge . " ‐ Frukthandlaren tar fort og likesælt til indrelomma . Her knitrar i fire-fem setlar . " Versågod . Kvitteringa takk . Adjø . "

Han stima til byen og kjøpte eit lite juletre med fot . Lys måtte han ha , og litt glitr . Mjølk og gryn til grauten . Tosk . Steik til imorgon . Full av forundring masa han og sprang med juletreet under armen . Butikkane var fulle av folk kor han kom , treet blei i vegen overalt . Han sukka og banna seg sjøl for alt dette han gjorde for ein annan , ein framand . Når ein er fødd as a great fool , one must be so to his death .

Det blei ein forunderleg julekveld .

Frukthandlaren renska fisken . Kokande saltvatn , var det ikkje så ?

Blekksmeden blei vaken .

" Nei , nei ! set over i kaldt vatn . Tri små oppkok , så blir han fin . Og grauten ‐ koss kokar du grauten ? " ‐ Han humra og var med , hadde vore til sjøs og kunde alt om mat .

Dei hadde juletreet tendt mens dei åt . Dei prata og hadde det hyggeleg . Dei små lysa på treet brann med levande , varme logar . Frukthandlaren kjende seg bortrykt , han kunde tale med framande tunger , kunde tale slik at blekksmeden lange stunder kom bort frå pina si .

Etterpå fekk gjesten fire-fem gamle aviser i hendene , og ein fin Bjerga-sigar mellom tennene .

Aleksander Lygre vaska opp kjørla . Han putla uturvande lenge borti kjøkkenkroken . Den andre skulde få lese i fred . Det var eit par artiklar om det nye Europa-kartet , ei artikkelrekke han ikkje fekk ferdigprenta før avisa gjekk inn den gongen .

Endeleg la blekksmeden ihop . Han var ikkje sers politisk orientera , sa han . Men her var ei veldig stoffmengde ‐ all statistikken , all filosoferinga over folkeslag og rasar . Men ‐ .

Aleksander Lygre kjende det strama seg over kjakebeina .

" Men ‐ e ... . " Blekksmeden leita etter ord . I dei breva han hadde lese frå reisa til England , hadde det vore fleire skarpe bilder av menneske og hendingar . Ja , sjå no dei reisande ombord i salongen da båten kom ut i sjø , eller bildet av kaien i Hull . Hadde aldri Lygre prøva seg på short stories ‐ magasinnoveller ?

Blekksmeden skar brått tenner og måtte finne morfinflaska . Gløymde det dei nettopp snakka om . Klaga seg .

Kvar dagen måtte han på apoteket no . Det var så vondt med den forvitne medynken på apoteket . Koss ser han ut idag ? sa blikket til provisoren og assistentane . Ser ut ! ka har vel det å seie .

Andletet hans var raudflekkut , piplande vått av sveitte .

" Dersom du bare , " han stamma , " eg vilde ha snakka med deg om noke , dersom du bare hadde vore litt av ein fagmann . Mennesket er ein røyk , ein eim , og så er det borte . "

Han stansa opp . Munnen gapte . Augo vilde ut av hausen . Han gjorde eit kast i stolen .

" Ka var det& ? " ‐ Han såg vilt ikring seg , smilte med eitt . " Å , det var klokkå di som stansa . Må eg trekka henne ? Ei klokkå som ikkje går , det . ‐ " Han skrua ivrig . " Så no er det bra . Tikketikk ‐ tikketikk ! No var du jidle , " han klappa klokka , -så ja ! tikke tikk ! Veit du ‐ , " han snudde seg hit , -eg høyrer henne heilt inn til meg . Eg har fått slik skarp høyrsel , eg høyrer du snur deg på sovebenken din om nettene . Det er så trygg ein knirk i dennane benken din . Ja , du søv vel heile nattå du , veit eg ? "

Han turka sveitten av panna og halsen .

" Ein gong , i blåe ungdomen , da eg var frisk , da lengta eg some tider etter den timen eg skulde døy . Lengta etter å få gå over den grensa millionane , milliardane , har gått over før oss ‐ før meg . Ei forunderleg grense ‐ ein vegg , eit plankegjerde med piggtråd på toppen .

" Men no da endeleg timen kom , no da eg fekk gjerdet slik kloss til krie , som me sjøfolk seier , da blei eg redd . Inatt pikka hjarta mitt så hardt at eg høyrde ikkje klokkå di på lenge . For eg såg koss skuda glei nærare og nærare inn til ein vidopen sluseport i det gjerdet .

" Da stansa hjarta mitt ein augeblink . "

Han la handa over bringa , han hadde drukke på morfin i mange dagar no og hadde lov til å gjere slike teatersving med hendene , han skulde snart seie farvel .

" Men eit hjarta som ikkje går , det ! " ‐ Ei stynjing arbeidde seg fram . " Det var dette eg vilde ha snakka med deg om , dersom du hadde vore ein mann av faget . Det må vera løye å vera symde i slike ting ... .

" Eg hadde ein bror som var epileptikar . Han gjekk alltid med ein bøyg i knenå , ferdig til å legga seg fint og greit ned når anfallet kom . Han sa at han kjende aldri noke vondt , det var heller godt . Kanskje , ja du , kanskje ... . "

Han braut av . Årene sprang fram på panna hans som små , runde reip .

" Du , kor mange menneske er det som døyr i minuttet ? slik i heile verå ? "

Han sat litt og stirde . Det gjekk ein blenk gjenom ørvæna , ein smil arbeidde seg fram or kaos .

" Og så er her visst enda fleir som blir fødde ! Små , bitte ting , du ! Kanskje han kjem i kveld , i denne timen ‐ gutungen til son min . Eg fekk brev just dagen etter eg flytta hit , heilt borte frå vestkysten av Amerika . Han gifta seg i vår og dei venta eit barn innunder jul .

" Nei , ka interesse har du av dette herane . Det er visst blitt seint òg . Du ‐ . " Han drog litt på det . -Skal me gå i kjerkå imårå ? "

Dei gjekk .

Her var ein kald vind , så det såg ikkje så rart ut om blekksmeden tulla eit stort skjerf kring hals og munn .

På vegen snakka dei svivyrdeleg om seg sjøl og om alle dei som fyller kyrkjene første juledag og første påskedag , og som aldri set sin fot der elles i året .

" Skal me heller snu ? " sa den eine , " det er stygt å ta plassen frå dei som går i kyrkja kver bidige sundag . "

" Nei , " sa den andre , " la oss to gå idag . Så tar me plassen frå to av dei som går der bare første juledag . Me som ikkje plar vere der da heller . "

Ein overjordisk og samstundes underleg menneskeleg song brusa frå det store orglet . Å , livet eig så veldige vidder . Ein ung prest i kjole og krage steig opp og tala med stor mynd frå den høge , rikt utskorne preikestolen . Det høyrdest ut for han visste noko om himmel og jord , tenkte frukthandlaren . Og orglet kom att og brusa .

" Eg tregar mest på at eg ikkje har vore her oftare , " sa blekksmeden da dei gjekk ut . " Den gutungen skyna ein heile del av det han skulde tala om . Men dei gamle salmemelodiane er det venaste av alt eg høyrer . Mor , ho kunde så mange . Nei ‐ skal me gå ein sving opp til det gamle brannvaktstårnet ? "

Han småprata mens dei gjekk .

" He ! dennane presten hadde vel jaga meg ut , dersom eg hadde sagt ka eg trur om mennesket og Gud . Forresten ‐ tru . Om eg har allverdens kunnskap og tru så eg kan flytta fjell ‐ det er støv på gadå her eg går , når eg ikkje eig det største , merk deg det , det tredje og største .

" Nei , eg skulde ha skrive eit par ord til son min ... . "

Blekksmeden pusta høyrande da dei gjekk bakken opp til tårnet . Dei svartmåla , rare blekkgreiene som laga kule og trikant i signalet hekk i sine stramme trosser og sa eitkvart som allverda burde vite om veret no dei første fire og tjuge timar . Men blekksmeden og frukthandlaren såg det ikkje , dei skulde ikkje på fjorden med det første . Dei gjekk og streva med tankar kvar for seg , tankar som mange hadde bala med før og måtta sleppe . Mange vil kome til å streve med dette same seinare òg . Men me slepp ikkje unna nokon , tenkte frukthandlaren .

Bakom ein låg mur med eføy fann dei ein benk i livd for nordantrekket . Lufta var kjølig klår . Den låge desembersola streva det ho kunde for å gjere det vakkert i verda . Dei to slepte dei mange tankane og tok inn landskapet med svoltne augo .

" Den nakne holmen du ser der , " peika blekksmeden , " det er Majoren . Der har eg lauga meg mange gonger da eg var liten . Og det litle skipsverftet , du ser der ligg ei ny skøyta på land ‐ det hadde far min .

Han var ein mangfoldig mann , salta sild , bygde småskuter og tok eit par patentar på forberingar av dei første hermetikkmaskinene her i byen . Ein tusenkunstnar , kom ikkje der . Meg vilde han ha inn på verkstaden da eg var konfirmera . Men eg vilde til sjøs .

Det siste eg høyrde av hans munn var : ‐ " Ja , så får det vera slutt mellom osser to . "

Eg hugsar enno tonefallet . Han var ikkje vond , han far , da han sa det , han var bare så kald , så kald . Og så reiste eg . Da eg kom heimatt ti år seinare , var han død .

Nei ! " blekksmeden braut av , " ka interesse kan vel du ha av dette pratet mitt . " ‐ Blikket glei over fjellrada i aust . " Fjorden er fin idag . Og sjå fjedlå , du . Den bratte nuten du skimtar derane , det er Vårlinuten . I liene der var det slik fin bjørkeskog den våren eg kom heim frå sjøen . Har du aldri vore der , seier du ? Da skulde du reisa ein sundagstur dit til våren . Men få med deg eit mennesk , ein skal aldri dra på tur aleine . "

" Vårlinuten , " smilte han ut i lufta , det høyrdest ut som han smaka på det , " det er så fint eit navn . "

Frukthandlaren sat stum .

No vandra blekksmeden i lauvskogen under Vårlinuten ‐ ung og slett ikkje aleine .

Blikket deira møttest såvidt , og Aleksander Lygre skyna med eitt at den andre sat her og tok farvel . Med Vårlinuten og alt det andre . No prata han meir .

" Du har aldri tenkt på å gifta deg ? Nei-nei . Det er some som seier dei kom i helvite da dei gifta seg . Men eg seier det kan slumpa til at du kjem i himlen òg . Eg for min del har vore båe plassane ‐ saman med ho Marta . Ho var såmenn både hauk og høne , mens ho levde . Me heldt på å ta livet av kverandre mange gonger . Du og du ! "

Han seig av i minne som fekk det til å lage verkelege smilrynker i augekrærne . Så sukka han brått .

" Eg blei så aleine da ho døydde . Ingen meir å varma seg hos , ingen å skura seg til blods på . Ingen å bli levande saman med . "

Blikket jaga uroleg over fjorden og øyane . Stansa på nytt under Vårlinuten og fall til ro der . Enno ein gong .

Ein isande straum jaga gjenom frukthandlaren . I ein blunk såg han byen , fjorden og Vårlinuten slik blekksmeden såg det alt . Og det var siste gongen . Ein navnlaus smerte som skar djupe , blødande sår .

Mennesket er ein røyk , ein eim ‐ og så er me borte ... .

I det same kasta eit par villduer seg med klaprande vengeslag ned på grusen framfor føtene på dei to . Fekk ingenting og flaug . Blekksmeden henta seg inn att .

" Nei , eg skulde ha skreve eit par ord til son min . Han er utruleg flink i sitt fag , og dersom no gutungen hans ikkje nettopp vil bli bilfabrikant som faren , så må han ikkje ‐ . "

Utan å fullføre reiste han seg uroleg . Han såg ikkje meir på utsikten .

" Her er kulse . Skal me gå ? "

Til middag skulde dei ha svinesteik med surkål . Blekksmeden gjekk i ein still morfinrus og prata . Lykkeleg over å få styre med maten .

" Eg skal læra deg sneten ! " pæsa han . " Ikkje brune mjøl til sausen . Neida , la meg ta det . Sådn ! "

Da dei sette seg til bords , blei han med eitt stupande trøytt og valen , kunde snautt ete . Så sov han ei stund på divanen her inne . Men da han fekk kaffe , kvikna han til . Her kom ein straum av ord , håst og kviskrande .

" Son min har fått ein gut . Det kunde vore løye å ha set han . Ein gut , seier eg , ‐ veit det ikkje , bare trur . Eg låg der inne i natt og fekk ikkje sova . Da såg eg med eitt så stor ei stjerna , ho kom akande inn forbi kanten av øvste rudå . Vandra på skrå tvers over heile glaset mitt ned til karmen og blei vekk i vest . Den stjernå var med og lyste for Vår herre da han gjekk på jordå for lenge sia , og no inatt skulde ho av og lysa over huset der son min og gutungen hans er . "

Blekksmeden sat still lenge . Så kom det i eit vilt utbrot .

" Han skjørte alle seilå for meg , ka meinte han med det ? "

Røysta var sprengd av det han ikkje skyna .

Det var lite lystig å høyre på . Frukthandlaren fylte koks i ovnen og bålfyra . Han såg den andre fraus . Det opptrutna andletet var tungt og trøytt . No drakk han morfin og blunda av som i svevn . Og da dei åt kvelds , var augo håttlause og sløe som hos ein eldgamal mann .

Etter maten sat dei tagalle med kvar si avis og let det bli kveld for alvor .

" Nei , det er vel best å køya , " sa blekksmeden omsider . " Eg kjenner meg så god og svevnug ikveld . Du får ha takk for idag . Og takk fordi , fordi du ‐ . " Han slo ut med handa . " Godnatt ! "

Så gjekk han .

Annandag jul låg blekksmeden i senga og vilde bare sove . Det var så vidt frukthandlaren fekk i han litt suppe han hadde koka på buljongterningar .

Men da kvardagen kom att , sjangla han opp og ga seg til å herje på verkstaden . Det var noka takrenner han hadde lova ferdige , sa han . Ludolf kom og blei straks sendt avgarde med takrennene , aleine .

" Du greier det fint ! " bubla blekksmeden .

Han rota utover alt han hadde og skulde arbeide eit eller anna sjøl her heime . Men det blei ingenting av . Om kvelden surra han skjerfet kring hals og munn og gjekk ein tur på byen .

Mat ? nei takk , han skulde ikkje ha .

Frukthandlaren åt aleine den dagen . Og dagane etterpå òg . Det var vanskelege dagar . Men dei hadde morgon , middag og kveld alle . Og her var ting som måtte gjerast på visse klokkeslett . Aleksander Lygre blei sers glad i klokka desse dagane .

Dama hos skomakaren var meir pratsam enn vanleg da ho henta brusen ein kveld . Rett som det var spurde ho etter blekksmeden .

" Han er blitt ein god kunde hos oss det siste , " kviskra ho . Og så blunka ho med dei tilklinte augevippane og skøya litt , " men han snur seg aldri etter ei pen dame . Hihi ! Ein skulde tru dokker to var brør . Nei , eg er galen som eg drilar . Eg skulde vera snar . Adjøs ! "

Kveldane var verst å kome igjenom desse dagane , merka frukthandlaren . Her var ikkje fred å finne . Sat han inne , ‐ det blei bare til at han sat og lya . Og gjekk han ut , ‐ tenkte han bare at no treng den sjuke hjelp , og så hasta han heim .

Men heime var det bare denne same underlege stilla .

Låg stakkaren og drakk i senga ? Pøsdrakk til han svima av . For han gjekk ikkje ut anna enn han var over gata kvar middag og henta ei pakke i brunt papir . Så kraup han inn i hola si og gøymde seg av som eit sjukt dyr .

Men seint nyttårskvelden stomlar han ut og over til skomakaren . Frukthandlaren kikkar frå den mørke butikken .

Han blir der borte ei god stund . Aleksander Lygre skal just til å gå inn og legge seg , da han ser blekksmeden kjem att . Men ikkje aleine .

Her kjem fjåg kvinnelått og forte , trippande hælar inn midtgangen . Blekksmeden pikkar på hos frukthandlaren og spør om han ikkje vil vere fjerdemann .

Aleksander Lygre har rive av seg trøya og står som han skal legge seg , løyser på slipset . Blekksmeden ser det ikkje , bare spør omatt . Og Aleksander Lygre bryt ned ein motstand inne i seg , dreg jakka på att og blir med inn til damene og kortstokken . Han undrast litt med seg sjøl : Var den motstanden så lett å rive ned ?

Han ser på dei to damene . Det er hushjelpa til skomakaren og ei som står på slaktarbutikk lenger borti gata . Dei er fine på håret og har øyredobber og flotte tusjteikna augebryn . Kor gamle er dei ? Nærare førti ? Her er noko i låtten og tonen da dei helsar som er så for tydeleg . Dei er intime med ein gong .

Blekksmeden sjøl er lystig og høgt oppe , ser det ut for . Han byr på brus med sprit , ropar skål og riv opp eit hefte frå lomma . Ei bok som er så ny at han må sprette ho .

" Culbertson ! " ler han , " skal me prøva spela Culbertson ? "

Dei prøvar . Spelar . Trættar , og blar i boka etter tur . Så med eitt sprutar blekksmeden i ein pesande lått .

" La oss heller spela som vituge folk , " seier han . Så gjer dei det . Dei spelar god , gamal whist .

Hushjelpa til skomakaren blunkar eit par gonger til frukthandlaren , likesom dei to er best . I totida jeipar ho til han , likesom styggest ho ved den blåsvulne blekksmeden ho har ved sida . Kniser så brått . Han sit der og duppar og søv , pustar pipande og underleg . Frukthandlaren stokkar korta .

Da talar blekksmeden utan å sjå opp . Dei skvett til alle .

" No har visst litle Salli vore for lenge oppe . Ho må gå heim og legga seg pent . "

" Ka sa du , bestefar ? " Ho klapsar han varleg oppe på den blanke skallen .

Da ser han opp med brå eld i augo .

" Koss veit du dettane ? Spår du , eller er det fyllprat ? Eg skal seia deg ‐ . " Han bryt av . -Spurde du ka eg sa ? Eg har ikkje bruk for deg meir i kveld , det var det eg sa . "

Ho blir sprutraud under krigsmålinga .

Blekksmeden snur seg til dei andre .

" Ho er eit greit mennesk , Salli . Mykje godt i henne . Men litt stutt-tenkt , ikkje riktig vaksen ‐ enno . Ho er som ein syttenårs jentuge ‐ ho trur alle mannfolk ser på henne og vil ha tak i henne . "

Dama frå slaktarbutikken ler lausslept . Blekksmeden snur seg til henne .

" Salli er slett ikkje aleine om det , " sa han turt . -Men Salli kan bli vakse mennesk med tia . Det er ikkje alle som kan det . "

No var det slaktardama som blei raud . Salli kniste . Men blekksmeden jeispa .

" Nei , alvors snakk , folkens . Dokker må gå no . Lygre , ven min , vil du finna tøyet til damene ? Godnatt med Dokker ! "

Damene fekk på seg temmelig fort . Blekksmeden sat med augo att . Da dei tok i døra , sa han :

" Har Dokker det ikkje for travelt imårå , kan Dokker få lov å koma og prata med ‐ bestefar . "

Damene gjekk . Dei var tome og trøytte i andletet . Ikkje sers blide . Dei var uthevne , og det er ikkje morosamt for damer . Smelde dei med ytterdøra ?

Blekksmeden slo ut med handa . Opna litt på augo . Smilte ørlite .

" Du får ha takk for ikveld , " sa han mildt . " Og takk fordi , fordi du ‐ . "

" Godnatt ! " sa Aleksander Lygre fort og gjekk inn til seg sjøl .

Han gjekk ein sving i den mørke butikken .

Skulde han ha hjelpt mannen i seng . Neida , sa han til seg sjøl . Det er det same for han der koss han søv inatt .

Kafor skal ein vere nøydd til å sjå slike augo ?

Lysreklamen frå eit stort tobaksskilt utpå kaien sender blaff i blaff gjenom nattemørket og den dampkvite røyken frå eit skip der nede . Blaff i blaff , automatisk og utan stans .

Aleksander Lygre tøygjer seg og kikkar mellom husgavlane , ‐ signalet i det gamle brannvaktstårnet syner to raude lys og eit grønt . Storm inatt . Slik som den kvelden blekksmed Kydlest flytta inn .

Tankane jagar urolege og opprevne ikring . Han tar seg i å stå og leite etter ein krittstrek han eingong har dradd kring seg sjøl og alt sitt .

Han finn ingen slik strek . Grensene er flytta .

Han bur ikkje trygt og eldfast no meir . Han er komen ut under open himmel inatt . Han stirer etter himmelleitet , det ligg i ei ysme .

Jord , hav og sky går i eitt kring han . Og utanfor ‐ utanfor er verdensromet , det endelause . Det hadde speila seg så nake i augo på han der inne .

Den natta åt kreftsvullen hol på den store halsåra til blekksmeden .

Han hadde stupa før han nådde bort til senga , såg det ut for . Men han låg med andletet snudd mot vindauga da dei fann han .

Hadde han lege og set stjerna som skulde av og lyse over huset der sonen og gutungen hans var ? Lege og stird etter den stjerna i den stund han blei forløyst . Her var noko roleg og vakkert over det stygge , forgjorde andletet da blodet blei vaska vekk .

Salli hos skomakaren gret da ho høyrde ka som hadde hendt . Ho var still og fåmælt dagane før gravferda . Og da ei sjukesyster kom og skulde klæ den døde , kom ho over gata og hjelpte til .

Frukthandlaren ordna med alt det andre . Han måtte snakke med kommunale og kyrkjelege ombodsmenn , ta avgjerd om her skulde vere tale eller ikkje tale av presten , om her skulde vere orgel og pynt i kapellet , gravkor . Betale gravfestebrev .

Til sonen i Amerika sende han eit telegram . Men her kom ikkje svar . Kanskje var det galen adresse , skrifta var uklår på brevet , utviska av å ligge i ei skiten arbeidsjakkelomme .

Aleksander Lygre blei reint tumlen av alt dette uvanlege . Men samstundes kjende han at tankane kvilde i maset . Han gjorde nytte for seg .

Og da berarane tok tak i stengene sine og bar kista ut or kapellet til tonane av Griegs " Våren " , kjende han seg både nøgd og stolt . Allting klaffa .

Gravkoret stod på plass og venta utanfor . Hadde nok prata eit eller anna muntert verdsleg prat , men no strama dei seg opp og harka andektig .

Frukthandlaren såg nøgnare på dei .

Den eine var vaktmeister ved ein skule , to var skomakarar . Den fjorde var diskemann i ein kolonialhandel , han hadde vore med i ein lokal nyttårsrevy og fått skrøyd for røysta si . Det var alt noke irriterande teatralsk ved måten den fyren tok hatten av på no .

Salli hos skomakaren heime i gata reiste seg frå ein benk ved kapellveggen . Ho hadde vaska av seg alt det svarte og raude ho gjekk med til dagleg . Ho såg litt usikker hitover . Frukthandlaren nikka , og ho kom opp på sida av han .

Dei som bar kista og dei andre som fylgde ‐ det var kamerater i faget , handverksfolk , laugsbrør , vilde dei ha sagt i gamle dagar . Tunge , sterke karar med høglege stengde andlet .

Men bakarst i fylgjet kom presten , lang og smal i kjole og krage . Det var just han same som hadde preika i kyrkja juledag , han var kjend som ein stortalar . No gjekk han så løye og daffa utanfor det heile . Kika på eit par nye granitt-gravsteinar innmed vegen , sparka vekk ein liten grankvist . Gjekk nok og grunna på andakten til ei kvinneforening ikveld .

Over kyrkjegarden , over byen , over dei snøkvite , vidunderleg vene fjella i aust , over det ysmedimme havet i vest kvelvde seg ein blank , høg januarhimmel . Djup , blå og frå æva .

Salli kviskra at ho hadde sagt opp posten sin hos skomakaren . Ho vilde reise heim til gamle mor si og hjelpe henne i huset . Frukthandlaren nikka sterkt til dette . Det gjorde så underleg godt å høyre .

Presten hadde funne eit par fine ord til andakten i kveld og notera i salmeboka . Revysongaren la det bleike andletet sitt og all den blå skjeggrota bakover og song så han reint døyvde dei andre .

Blekksmed Kydlest kom med ære i jorda .

Hushjelpa

No var her ingen som skulde uroe meir utanom butikktida . Eit uventa skimmer av ferie og kvile .

Frukthandlaren læste døra om kvelden og koka tevatnet sitt , strekte seg . Appelsinsjappa og kammerset ‐ han burde legge seg på kne og klappe det skitne , flisute golvet : " Tilgi , eg visste ikkje ka eg gjorde da eg banna deg ! "

Han såg undrande på eple , appelsiner og fyrstikkpakker . Strauk med handa over det alt , slik barnet stryk når det gjer seg kjent med nye ting . Aldri hadde han set butikken som idag .

Med eit frygdefullt hikst hengde han teppet for vinduaga og kasta seg over den siste bibliotekboka , eit band av den nyaste Englands historie . No skulde han endeleg få lese den . Eit kvarter seinare hadde han lagt boka frå seg og sat og bladde i avishaugen . Ein halv time seinare hadde han funne fram papir og blyant .

Han sat likesom utanfor seg sjøl og såg på at handa hasta i veg med blyanten . Eit par store ark fylltes i ein einaste rus . Han la seg godt tilbake på stolen og las , strauk ut og retta litt her og der . Så bladde han i avishaugen att og skreiv på nytt . Lett og utan stans . Han smilte . Dette var just som i gamle dagar da han sat i redaksjonen . Han las igjenom det siste utan å finne noko å rette . Vilde halde fram og stansa tvert opp . Tom .

Ja ja , det kunde vere nok for i kveld . Han sette merke under det han hadde skrive og fann fram konvoluttar , gjorde ferdig . Så tok han på seg frakk og hatt , gjekk ein sving og la breva i postkassane til " Posten " og " Fylket " . Kom inn att frå mørke kvelden og sette seg til . Tanken trivla ikring . Her kom blenk i blenk .

‐ Du skulle prøve deg på noveller , hadde blekksmeden sagt eingong . Og no vilde han det . Det andre var politikk .

‐ Doppedopp , doppedopp !

Han skvatt opp . Ha , det var bare den gamle springvatskranen som uventa tok til å renne på nytt ute i midtgangen . Med eitt lya alt her inne mot midtgangen . Det var utidig med den renninga . Han måtte ut og legge ein klut i vasken . Så , no blei det bra .

Han køya . Og la papir og blyant ferdig , ifall her skulde kome eit ord til han i mørket . Men om morgonen var papiret like blankt og tomt . Han la det vekk .

Han hadde lege still på ryggen og glodd i taket heile natta . Venta han å høyre låt av annan manns liv nær innpå ? Einkvan som snudde seg i ei seng divanen mødesamt som ein gamal mann . Her var inga blenk i den grå morgonen .

Om dagen kunde han lite site still . Att og fram innanfor disken , eller ut i døra og glane . Og han skyna med eitt at han var glad for kvar den som kom og handla . Ikkje som før at han tenkte på innkoma : Eg greier det , eg kan livnære meg sjøl ! og så var byrg og roleg med det . Nei , no var kvar kunden ein engel som skipla stilla her inne ‐ den tome , lyande stilla .

Han kunde nok vere ivrig etter å få tak i dagsavisene . Ka nytt i storpolitikken ? Men snart merka han at han las utan å sanse noko større , og da la han bladet frå seg . Han slutta med å låne bøker på biblioteket . Dei hadde ingenting å gi han no lenger . Vandringa att og fram bak disken eller ut i døra og innatt var det einaste gode . Det blei han trøytt av og kunde da tenke på svevn med noko som likna svolt . Han krøktest inn i seg sjøl , slik ein giktbroten kan krøkast ihop i sjukdomen sin .

Filla han hadde lagt under springvatskranen ute i midtgangen , den heiv han vekk att . Han sov så ikkje noko om natta , likevel , låg bare og lya , var uroleg for at filla skulde tette til avlaupet . Og der var selskap i det blanke , iherdige droplet der ute .

Men døra dit ut heldt han læst dag og natt .

Vikene gjekk .

Her kom litt snø av og til . Så tina det og fraus på att . Sandstrømaskinene fekk det travelt framme i gatene der dei andre ferdast . Her under Bjerga-bakken laut konene ut med oskespann og strø .

Ungane rende heile dagane på alt det dei bare kunde få til å gli , sparkar , kjelkar og tome margarinkassar . Rart at dei ikkje køyrde seg ihel mot husveggar og steintrapper som kom i vegen for dei . For folk var det farleg å ferdast ute . Verst var det om kveldane når dei halvvaksne slapp fri frå erendspostar og skular , da gjekk det på livet laust for alvor . Her var dei som braut armar og bein .

Frukthandlaren slutta med å gå ut om kveldane . Han gjekk heller ein sving tidleg om morgnane før andre var oppe . Snart hadde han ei fast rute gjenom parken og rundt jernbanestasjonen .

I parken stansa han aldri , glytta bare gjenom mørket bort på den opne råka i svanedammen . Her hadde stått i avisene om at det overvintra eit sneis ville ender der hos svanene og dei tamme endene . Han såg dei ikkje no det var mørkt , høyrde bare av og til eit lite plask uti råka . Underleg dei vilde slå seg til her . Hadde dei ikkje våga å ta ut på den lange reisa sydover ? Eller ka var det med dei ?

På jernbaneovergangen stod han lenge . Der hadde han oversikt over heile stasjonsområdet . Og kvar morgon var det slikt pulserande liv der nede . Lokomotiv og bussar fôr piftande og brå kande att og fram , flytta godsvogner , grusvogner og personvogner frå den eine perrongen til den andre . Frukthandlaren prøva finne ut meininga med alt dette liv , men laut snart gi det opp . Det hadde visst ikkje anna meining enn å gi utløysing for det overskot av kraft som stasjonsfolka hadde samla om natta . Under dei kvite dampskyene og den svarte kolrøyken som reiv i nasen , sprang travle menn målmedvitne att og fram , svinga med lykter og bles i fløyter . Frukthandlaren gjekk vidare på morgonturen sin med ein liten smil i munnvika . Merka det sjøl og tenkte : ‐ slik smilte du da du var gut og gløymde deg bort innmed den store maurtua oppå brekkå heime . Mauren hadde det òg travelt med alle barnålene sine , men kor vilde han til slutt av med strevet sitt ? Den gongen tenkte du ikkje slik , men det gjer du no . Og kafor det ?

Ein onsdag morgon uti februar kom ikkje Bjerga . Men Lotte henta det vanlege og sa gamlingen var ikkje heilt bra . " Dårleg ? " " Ja , han låg i alle fall . " Dermed gjekk ho . At ho kunde vere så likesæl , han var da arbeidsgjevaren hennes .

Da han skulde stenge butikken den dagen , kom ho så fort og brått inn døra .

" Bjerga er da vel aldri ring ? " spurde han støkt .

" Bjerga ? Å neida ! Eg skulde bare ha kjøpt noke . "

Frukthandlaren slepte lemen han heldt på med å sete for ruta i døra , og vilde innanfor disken .

" Nei , kjære Dokker ! bare læs . Eg kan gå ut bakdøra . " Ho ga seg til å bla i dei nye vikeblada og magasina .

Han læste . Litt undren og tafat .

" Huff ! her er slik vind i kveld ! " Ho strauk og strauk på hårtafsane som låg og valt kring andletet , " har Dokker speil her ? "

Han synte henne innanfor portieren .

" Tusen takk ! " Ho lyfte armane og ordna seg .

Denne kvinnerørsla . Frukthandlaren stødde seg på bordet der avishaugen låg og ruva . Han stirde som forheksa . Det var første gongen her var ei kvinne her inne hos han .

" Kan eg få krita ei eska Sossidi til laurdag når eg får lønning ? " spurde ho brått og snudde seg hit , hadde fått opp puddereska og strauk med kvasten over nasetippen .

" Å ja da ! " Frukthandlaren var av og henta ute i butikken . Skulde vere snar , og reiv ned ein stapel fyrstikkpakker . Det braka etter han der han gjekk . Han snudde seg ikkje .

" Tusen takk ! " Ho nikka stort og fort , " har Dokker set siste filmen på Verdensteatret ? "

" Nei , det har eg ikkje . "

" Den skal vere fin . Dans og musikk ! " Han fekk eit augekast . " Dokker går vel på kino ? "

" Lenge sia sist . " Han smilte og stødde seg på bordet no att , " eg har visst bare sett to-tre lydfilmar . "

" Da Dokker gå og sjå denne ! "

" Ikveld ? No straks ? " svara han friskt .

" Ja . Kafor ikkje ? " Lotte var borte i speilen att , " nei , eg måtte vere snar . "

" Han ventar ‐ ? " Frukthandlaren lo vennleg .

" Ka ? " Lotte kikka fort over aksla , " han ? " Ho kasta med nakken , " han ! Å nei da ! " Ho gjekk mot bakdøra . " Ja , så kjem eg og betalar på laurdag . Adjø . "

Frukthandlaren smaug som ein røyskatt mellom portierane og kikka frå den mørke butikken . Det var ei dame som venta . Men da ‐ . Han trødde uroleg der han stod og blei heilt still med eitt . Hadde ho meint at han , ‐ at dei ‐ ? Og han hadde ikkje skyna .

Han gjekk inn til kveldsmaten . Snusa ut i lufta . Parfyme her inne . Pudderdryss på golvet under speilen . Han huka seg ned og tok borti det med fingertuppen . Strauk det under nasen . Saup i seg . Det var ikkje simpel ange ... .

‐ Doppe-dopp ! sa springvatnet i mellomgangen .

Frukthandlaren sette tevatn på plata og smurde brød .

Her hadde vore ei kvinne her inne på hybelen hans . Og det var første gong .

Da han hadde ete , var han ut i butikken etter det magasinet ho hadde studera så nøye istad . Det var bildereportasjen frå eit sensasjonelt filmbrøllop i Hollywood . Sjølsagt . Det er slikt dei unge jentene vil ha . Brøllop og film . På nytt snusar han ut i lufta . Denne parfymen . Han får ikkje fred . Her har vakna noko . Og tankane bykser frå det eine til det andre .

Avisartiklane han hadde skrive den kvelden , høyrde han ikkje meir til . Det var om den nye rettskrivinga og om verdskrigen som var i kjømda . Den filologiske hadde han sendt til " Posten " , den andre til " Fylket " . Skulde han heller ha sendt omvendt ? Blås ! det hadde gått just likeeins . Dei vyrde han ikkje lenger . Det han skreiv gjekk i papirkorga . Han var som ein død for dei . Og blekksmeden , han ... .

Frukthandlaren vandra uroleg att og fram . Her stod ho . Han stansa framfor speilen , glodde inn dit som tenkte han finne henne der enno . Var det ‐ syrinparfyme i det pudderet ? Han huka seg ned att og gnei den siste rest mellom fingrane . Syrin ? Var det derfor ? Han hadde gløymt avisartiklane som ikkje blei prenta , hadde fått skuva blekksmeden og alt hans makabre prat til sides . Hadde fått det roleg og greitt med butikken og den morgonturen , bare butikken og morgonturen . No kom her ei hushjelp og drysste ned pudder under speilen hans ‐ og så var alle ting skipla . På nytt .

Han skotta til den brune kufferten . Nei , han vil ikkje læse opp den ikveld . Det er dødt , alt det der . Men da han omsider kjem i seng , er han i St. Ives likevel . Han drøymer det ikkje , han er der med heile seg .

Vinden ruskar i dei fiolette klasane i syrinlysthuset lengt nede i hagen , det som er ope ut mot elva . Der sit han aleine . Merkeleg ! Han er den som sit der , og samstundes står han utanfor og ser på som vaksen mann . Gutungen er kry for han er utanlands og for han har lese opp på festen idag . Alle klappa utan monsieur B. , franskmannen . No tek han verseboka opp av indrelomma og les omatt eit vers av Byron , seier det halvhøgt med den rette engelske uttalen . Han kan målet no . Lenger borti hagen buldrar dei andre kring småborda der dei får traktering . Han hadde tatt limonadeglaset sitt og gått hit aleine .

Brått kjem ein kvitklædd kvinneskapna fram mellom buskane . Småspring over plenen og stansar med eit lite utrop i døra hit inn . Ho har eit kvitt kniplingssjal over akslene , det glitrar i diademet i det mørke håret . Ho har òg lese opp ikveld , men i kostyme som alvedronninga i Midsommarnattsdraumen .

" Er her folk ? " ‐ Ho støkk til . " Å , mr. Aleksander ! " ‐ So er ho trygg og sig ned på benken like ved han . Ho pustar så han høyrer det . No sig ho over mot han med hendene under barmane . -Mr. Aleksander ! " kviskrar ho , " har De noko eg kan drikke ? Eg blei så ring . "

Han gir henne limonaden . Støttar henne og held glaset borttil munnen hennes . Ho drikk nervøst , og han må halde henne ei stund til . Ho har augo att . Ka skal han gjere med henne ? Ho dånar visst av for alvor no . Ho blir så tung . Vinden ruskar i syrinklasane .

Da snur ho brått andletet opp og ser så underleg på han , liksom langt borte frå . Det rykker i munnen . Er det gråt eller lått ? Ho stryk med fingrane gjenom håret på han , seier noko om at han heller skulde ha det ansleis ‐ slik ! ‐ framme i panna .

Og han trivlar opp etter den handa og kysser den . Ho smiler . Ho er visst ikkje her . Men kor er ho da ?

" Eg er så glad , så lykkeleg ! " seier ho lågt . Med eit kast slår ho armane kring halsen på han . Sjalet glir ned . Og han som aldri har vore nær eit kvinnebryst sia han låg i fanget hos mor , han kjenner dei øvste nakne rundingane i bringa hos mrs. Law mot andletet sitt , mot panna og augo .

" Olivia ! " kviskrar han og legg armane kring henne .

I same stund har ho sleppt .

" Nei ! Aleksander ! " kviskrar ho og er tydeleg redd , " nei , nei ! " ‐ Og no vil ho reise seg og røme . -Her kjem folk ! " ‐ Men ho sig tilbake på benken og kan ikkje flytte seg . Borte mellom buskane er her nokon som snakkar . Han gir henne limonadeglaset . Ho triv det så det skvalpar over . Ho vyrer det ikkje , men tømer glaset i eitt drag . Etterpå kjem handa hennes som ei kjølig månestripe hit på handa hans .

Den vaksne mannen , som står utanfor det heile og ser på , tøyer seg nærare . Han veit så vel ka ho vil seie no , men han må ha tak i tonefallet : ‐ ka ligg der i det ?

" Det var noko eg skulde ha sagt ikveld , men eg får meg ikkje til . Kanskje eg kan imorgon . Vil De ‐ kome hit ned imorgon kveld ? " seier ho lågt og nær ved .

Den unge guten nikkar sterkt . Og da gjer han eit speande kast med nakken , den vaksne mannen som ser på . Så flytter ho fort over til andre sida av det runde lysthusbordet og nappar ein syrinklase frå ei grein , held inn til andletet og syp angen i seg . No kjem her to menn over plenen hit . Det er ektemannen og monsieur Beaulion . Dei ser seg leitande ikring . Mr. Law ser uroleg ut , den andre seier at jo , ho gjekk nedover her .

" Franskmannen er sjalu ! " kviskrar ho og er med eitt putrande full av moro . Ho ler lågt og kremtar høgt , pratar i veg om Byron og Shakespeare , just som dei hadde halde på med dette lenge . Sjalet har ho tett ihop som ho frys . Diademet glitrar i det mørke håret .

Titania ... .

Aleksander sov ikkje den natta i St. Ives . Låg bare urørlig på rygg og kjende snerten av henne mot andletet , angen av syrin ‐ og av henne . Utanfor den halvopne ruta susa elva Ouse , susa . Det var så stillt i St. Ives den natta at han høyrde elvesusen og sitt eige hjarteslag . Ei underleg natt , så nær eventyret at han snautt våga tenke det igjenom . Det store uventa vidunderlege eventyret ... .

Og no i denne natt mens han lyer til kattelevenet og vinden som tullar med avfallspapir ute i gardsromet bak sjappa , sansar han at det er fem og tjuge år sia den natta . Og no veit han med eitt brennande og smertefullt klårt at noko må hende , og det snart ... .

‐ Doppe-dopp ! sa det leke springvatnet ute i mellomgangen .

Ikkje før hadde frukthandlaren opna butikken den morgonen så stod skomakaren uventa og personleg innved disken , kjøpte skrå . Beit omstendeleg ei tugge , sa lågmælt :

" Treng De vin no ein kveld , så slumpar eg til å ha liggande eit par flasker . "

" Vin ? " Aleksander heitna kring kjakane , -vin ? Nei , takk . Eg trur ikkje det . Forresten ‐ jo takk ! "

Skomakaren tassa ut og kom att med noko som såg ut som eit par sko i brun pose . Han sa ingenting ‐ her var just ein jentunge inne og kjøpte eple ‐ la bare venstre handa mot disken og spela eit usynleg lite slag med kvar finger .

" Takk ! " Frukthandlaren fann fram femmaren . Skomakaren nikka stutt og tassa vekk . Aleksander stakk den brune pakken innanfor forhenget . Her prikka noko kaldt nedetter ryggen . Kem var denne skomakardevelen i grunnen ? Kafor kom han slik ? Koss kunde han vite ‐ ? Hadde han set noko ?

" Kjøp skolisser da , mester ! " Lassis nummer ein stakk den side lippa inn forbi dørkarmen . " Å kjøp da ! eg treng så te någen ører te taggesalva idag ! "

Frukthandlaren fann fram eit par myntar . Lassisen subba hit til disken på fillute gummisko , raspa pengane til seg og stakk av i lynfart . Kikka tilbake i døra med eit toppforundra uttrykk : Slikt hadde ikkje hendt før her i sjappa , ‐ bare han no ikkje tregar før eg kjem rundt hjørnet ! Aleksander smilte .

Kem var den neste ?

Den neste var Lotte . Men ho skulde ikkje anna enn hente frukt til Bjerga . Jo , han er ring enno . Ho bladde i vikeblada idag òg , mens ho venta . Ho rykte til da han forfjamsa mista eit par appelsiner på golvet . Såg opp og smilte så vidt . " Takk ! " Så tok ho posane og gjekk . " Adjø ! " ‐ Og han hadde ikkje sagt eit ord . Men her låg parfyme att etter henne . Og det var syrin .

Han ekspedera vidare , mekanisk og fråverande . Snus , sigaretter , skrå , gum , frukt og fargestrålande magasin .

Koss skulde han i grunnen forme den første innleidande replikken til henne ? Orda måtte falle naturleg ‐ både på slump og med tydeleg meining .

Det blir kveld før han merkar det .

Da han steller kveldsmaten , kjem han borti den brune pakken . Stussar ‐ ka er no dette ? Så sansar han , og pakkar ut . Merkeleg , det er første vinflaska han har kjøpt etter sia han sat i redaksjonen . Det var noko kjent med etiketten , det laut vere eit merke han hadde set den gongen .

Nei , han set flaska bakom forhenget i kjøkenskapet og et kvelds . Det er mykje som må ha hendt før denne kjem på bordet .

Da han har ete , legg han seg på divanan med hendene under nakken . Han må ha tenkt alt vel igjenom på førehand . Ein må ha visse " strategiske punkter " i slikt eit høve som dette . Vil ein ut og symje , må ein kunne halde seg oppe og meir enn det når bylgjene kjem .

‐ Doppe-dopp ! seier vatskranen uti mellomgangen . Aleksander Lygre høyrer det ikkje ikveld .

Fredags morgonen kom Bjerga subbande . Han var litt halt . Det hadde nok vore eit slag .

" Dennane Trappå , Lygre farr ! Som eg alltid har sagt ‐ det er mange som ikkje handlar hos Dokker bare for dennane utidige trappå . Hadde bare huset vore mitt , eg skulde laga butikk for deg . Eg skulde ikkje vore pinen . Du skulde fått det fint . Kundane skulde trilla inn . "

Han sette seg varleg på ein appelsinkasse .

" Eg er krusjen . Eg har fått bod . " ‐ Store sveittedråpar stod på panna . Han skrapa med staven i golvet , stirde ned ei stund . Kjekka seg opp att .

" Nei , eg skulde gjerne ha ordna butikken for deg . For du er min einaste ærlege ven . Eg har ikkje funne eitt skadd eple , ikkje ei dårleg appelsin i posane dine så lenge eg har handla hos deg . Du er den einaste ærlege eg har hatt forretningar med . Alle andre " ‐ han glytta mot døra , der gjekk folk forbi utanfor , han kviskra , " desse gutungane til syster mi , dei ‐ ! " han rista på det tafsute håret , slipset var meir pessimistisk og skeivt enn nokon gong før .

Han skrapa med staven i golvet , skreiv noko bortover . Så reiste han seg ustødt .

" Eg må til byen til sakføraren min . Eg har ikkje snakka med han på aldri så lenge . Du får ha det godt . " ‐ Han såg seg lurande ikring , kviskra : -Det skal nok bli ei råd . "

Så subba han ut .

Ei råd ? Frukthandlaren stirde tankefull etter han . Han var i eit underleg møle idag , gamlingen . Undrast på om ‐ . Vandringa bak disken tok til på nytt . Han hadde tydeleg hatt slag , såg helst ør ut , ein kunde ikkje legge noko sers i det han sa . Men likevel ‐ . Frukthandlaren vandra .

Og så kom Lotte .

" Mårn ! " ‐ Ho nikka venleg . " Bjerga ? Nei , han er slett ikkje frisk , men no vil han på byen , og da kan ikkje eg stanse han . " ‐ Ho drog på akslene og bladde i vikeblad og magasin .

Aleksander Lygre såg løynleg på henne mens han sette hyssing på fruktposane . Ho var pent klædd . Men koss såg ho ut utan kåpe ? Ho stod der og hadde blikk og tankar nagla i eit filmmagasin . Han sumla med hyssingen , men eingong måtte han bli ferdig med den òg . Og han hadde enno ikkje funne rette replikken å begynne med . Ein måtte vere diplomat når ein vilde spøre slike unge damer om eitkvart .

" Takk ! " ‐ Ho såg fort opp og tok posane .

" Adjø ! " ‐ Så var ho gått . Idag òg ... .

Frukthandlaren tok til å vandre bak disken att . Her kom underlege flygetankar .

Han såg den nye butikken her . Inngangsdøra slik , hyller der og der . Tobakk og sigaravdeling på den sida . Frukt og snob på den . Glasdiskar . Bananskap i kroken der ... . Og med eitt såg han ei ung , søt dame i kvitt forklæ , ho stod innanfor disken og vog eple på ei ny vekt . Sjøl sat han på kontoret og tok imot telefonordrar . Ein erendsgut i uniform venta utanfor . På sykkelskiltet stod måla ‐ .

Nei ! Han henta seg inn frå draumen med ein jeip . Mangt og mykje måtte hende før han fekk diskedame og erendsgut ! Men ‐ .

I middagstida læste han butikken og stakk av på byen , kjøpte to vinglas og ein pen , kvit duk , to asjettar . Om kvelden prøvekøyrde han alt dette nye . La duken på bordet ‐ avishaugen laut ned på divanen den stunda ‐ og sette flaske og glas oppå . Au ! han hadde ikkje fruktskål og fruktknivar . Han fekk kjøpe imorgon tidleg . Kaker skulde der vel òg til . Eller var det kjeks ?

Han strauk kjærleg nedetter vinflaska . Det skulde sjølsagt vore karaffel , krystal . Jo jo !

Den etiketten ? Aha , no kjende han den att . Det var just det merket dei drakk ombord på Englandsbåten , dei to unge i salongen ... .

Ein liten frost stryk etter ryggmargen .

Den unge brura nippa bare til vinen frå først av . Venen tømde glaset sitt til botnen gong etter gong . Den fleinskalla handelsreisande som sat og sov hadde knappa vesten skeivt , just slik gjorde blekksmeden så ofte .

Den gongen sat han sjøl og var tilskodar bak ei avis . Kor sit han ‐ no ?

Aleksander Lygre ordnar vekk flaske og glas . Legg duken pent ihop . Tankane kan ikkje sleppe bildet frå Englandsbåten . Her er løyndomsfull samanheng mellom desse ukjende menneska . Dei høyrer ihop , enda dei aldri har tala eit ord med kvarandre . Slik dei står i bildet , samlar alt seg og får tyngdepunktet sitt nettopp i det at dei er ukjende med kvarandre og likevel er just her no i denne stund .

Aleksander Lygre sit steinstill og stirer på ein brun attlæst handkuffert .

Denne livssamanhengen mellom ukjende menneske . Hadde han no vore filosof eller diktar , hadde han kunna skrive noko om dette . Blekksmeden sa ... .

Seinleg renn han full av ting som ikkje er til å bere . Han må finne utløysing . Dei unge drikk vin og ler , dei gamle skrir under bordet og blir borte . Eros og døden , tankens og livets siamesiske tvillingpar . Og ein som ikkje har røynt livet , sit gøymd bak ei avis og ser på .

Frukthandlaren går ut i butikken og finn stativet med innpakkingspapiret , trivlar over den minste rullen og riv av høvelege stykke . Ti-femten ark omtrent . Billeg konseptpapir dette .

Så går han inn att og set seg til å skrive . Og denne gongen kjem her ingen stans . Han sit og er reidskap for noko som må og skal ha form .

Han gjekk morgonturar enno . Det var fint .

Han måtte visse folk på visse gatehjørne , dei var så kjende at han tok seg i ikkje å helse , enda han aldri hadde snakka med dei . Han vilde sakne meir enn ein av dei om dei ikkje kom ein morgon .

Der var advokat Tjora som alltid spasera morgontur med den vesle svarte buhunden sin . Han skulde " gå " så og så mange saker før frokost . Borti parken sveiv diktaren Bora ein morgonrunde kring den eldgamle domkyrkja , det var nok siste bandet av reformasjonstrilogien sin han fantasera over . Han stod så fortapt og stirde oppover korveggen der dei lusute duene gjorde gesimsane tusenårsforvitra med gjødsla si . Og på hjørnet med blomsterhandlen kom den grå stenografdama hos nevøen til Bjerga . Ho skulde ha blomster på bordet heime når ho låg på divanen om sundagen og las lesesirkelbok . Hyggeleg skulde det vere ! Frukthandlaren smilte litt når han møtte desse folka . " Dikta " han ?

Han møtte mange fleir òg . Unge damer med " make up " og knekorte skjørt . Unge herrar med sigaretten i munnvika . Men dei glei forbi utan han sansa dei som individ . Og etterkvart fekk han mest moro av villendene i parken . Det lysna så pass om morgnane at han såg dei .

For eit kav når her blei kasta mat ut i råka i isen ! For eit liv !

Og no var det laurdagsmorgonen . Idag skulde her hende eitkvart .

Han hadde med seg noko gamalt brød . Her blei eit plask , eit slagsmål og eit skrål nedi dammen . Han kjende morgonlyset og den friske , klåre lufta som ei lykkeleg uro inni seg . Ja , til og med den der råka i isen full av plaskande fugl hadde han inni seg . Små , lette villender dukka under og kom oppatt . Tunge , tamme fuglar stod med enden i veret og kava , men kom ikkje ned dit dei andre dukka så lettvint . For eit liv i ei open råk i isen ... .

Han snudde frå parken ned mot byen . Ikkje svingen om jernbanestasjonen idag . Her var for lyst til at ein vaksen mann kunde stå og glane på lokomotiv som pensa og fløyta . Han gjekk i forretningsstroket og merka med eitt at no var han bare augo . Kvar butikk stansa han ved .

Merkeleg så blind han hadde gått her når han var her ein sjeldan gong .

Her stod parfyme og pudder bak den blanke speilglasruta . Flotte flakongar med underlege navn på . Blue grass , Jeune Geranium ... . Han la andletet tett til ruta og las signaturane . Hadde her vore ei flaske med syrin på , hadde han gått rett inn og kjøpt . Men han såg inga . Han gjekk seinleg derifrå .

Og stansa på nytt .

Kjolar . Ka heitte det vel , alt det rare tøyet dei sydde kjolar av no ? Han hadde eingong lese , i eit av magasina han selde over disken , om ei " heltinne " som hadde selskapskjole av kyklamen farga krep-satin overbrodera med store rosa og lilla paljettar . Det høyrdest ut som uskynlege trolldomsord : kyklamen ... . Var det den underlege fargen der som heitte slik , kanskje ? Han smilte litt .

Hattar . Ørsmå hattar , some med haletustar av både hare og ekorn , eller labbar med klør . Der var ein som såg ut som eit stort blad , eit visna rustraudt fikenblad . Og så slør på alle , lilla slør , blå og rosa slør . Slør , slør ... .

Og så ei rute med manikurgreier . Alt for komplett neglestell . Kom inn og sjå vårt utval . Eit godt råd i farten : Fil ikkje neglane for djupt i hjørna , la dei gro og gje næring til spissen .

Neste rute . La Nuova undertøy , ull og silke . Brysthaldar med hoftehaldar skapt av meisterteiknarar . Mjuke , straumline-korsett formar heile silhuetten . Høge og låge typer for alle krav . Strømper ... .

Alle butikkar syntest vere vigde kvinna og alt hennes . Nei , her var ein trikotasjebutikk som hadde vårsal . Handklær , dukar , lakenstaut . Nyttige ting . Han gjekk inn og kjøpte to nye handklær . Da han betala , såg han på skrå bortpå stautrullane . Divanen var ein meter og åtti . Det kunde vore bra med laken . Han hadde i lange tider bare lege i ullteppe . Om sommaren var det litt varmt .

Nei ! Han såg på klokka og skvatt ut . Han var galen slik han vasa på byen idag . Idag da han skulde ... . Han småsprang heimover . Rakk innanfor til rett tid og opna . Det strauk gjenom tanken eit blenk om at når han stengde ikveld , da . Han strauk fingertuppane over haka , hadde han fått all skjeggbusta av seg ?

Og så kjem Lotte .

Han kan ta det roleg , seier han til seg sjøl . For idag tidleg da han raka seg , fekk han dei rette replikkane som skulde seiast .

Ho nikka venleg , la ein tier på disken , smilte morgonfriskt .

" Eg skal betale gjelda mi . Værsågod og tusen takk ! Bjerga ? nei , han ligg igjen idag , han . "

Lygre veksla og ga henne att .

" Ja , la meg like godt få ei eske Sossidi med det same , " sa ho fort og la ei krone på disken .

" Javel ! " ‐ Men da han skulde gi att på den , snerta han borti den varme handa hennes og skvatt til som hadde han rørt ei heit kokeplate .

Merka ho det ? Ho stansa litt , bladde i magasinet på disken . Det var det same som sist , det med Hollywood-brøllopet .

Og no var stunda her . Han kunde seie den første av replikkane , dei naturleg som kom til han idag da han raka seg .

" Var det fint på kino den kvelden ? " sa han .

" Om det var ! " Lotte såg opp frå filmbladet . -Å , men det er skjønt med musikk og dans ! " ‐ Ho vogga litt i hoftene , nynna . Så bladde ho vidare . " Var Dokker der , Lygre ? "

" Nei , eg ‐ hadde ikkje fylgje . "

" Jaså ? det er da lett nok å få ‐ for ein herre . " ‐ Lotte stansa å bla , såg ikkje opp .

Aleksander knytte hendene nedanfor diskekanten . Og så høyrde han seg sjøl seie tredje og siste av dei fine replikkane ‐ heilt naturleg og lett .

" Der er ny film ikveld . Skal me gå ? "

Lotte la bladet ihop og såg opp på han , smilte fritt .

" Takk ! Det vil eg gjerne . Nei ! " ho kikka fort på armbandsuret sitt , " no eg på kaien og kjøpe fisk . "

I døra snudde ho seg .

" Halv ni da vel ? "

I det same kom lassis nummer ein rennande i slik fart at dei to stanga ihop . Lotte heldt på miste torgtaska .

" Fladels , frøken ! " ‐ Lassisen strauk lua av seg . -Fladels ! Kjøpe skosnorer idag , mester ? "

Aleksander hytta med neven til han .

" Koss er det du ber deg ! "

Lotte rista smilande på krøllane .

" Ikkje farleg . Ikkje farleg ! "

Så var ho vekk . Men her låg ei slik lysstripe att etter henne at Aleksander kjøpte skosnorer idag .

" God bless you ! " ‐ Lassis nummer ein nevetakka med tårer i augo .

Frukthandlaren gjekk i ei skodde . Ungane i gata merka her var noko på ferde . Dei kom heim og fortalde .

" Tenk eg fekk to femøres for to øre . Og eg fekk fem vondemannshåver for fem øre . "

Men det var bare det at han hadde det så skrekkeleg travelt . Han måtte pusse skoa sine , koste klæa , stoppe sokkane og visst rake seg ein gong til . Og så måtte han støve av innpå kammerset . Alt dette innimellom at han laut passe sjappa .

Da han hadde fare over alle ting fire-fem gonger utpå ettermiddagen , stansa han enno ein gong framfor divanen . Den gamle , falma blå puta ‐ ho var ikkje pen .

Han læste butikken og strauk på byen . Han hadde gått framom ein broderiforretning idag tidleg . Der hadde stått vårsal der òg . Han kom heim med ei fin silkesvartpute med eldrød blomst på og to fantasifuglar som nebbast .

Handa strauk med eitt oppetter vesteknappane . Han hadde vel aldri knappa skeivt ?

Det var litt uvanleg å gå på kino , og det med dame .

Stykkevis blei han riven med av den barokke idéen i filmen . Den minte om ei bok av Wells han ein gong hadde lese : Mannen som gjorde under og skapte om på den røynlege kvardagen . Var det ikkje just det han sjøl hadde fått slik gravande svolt etter å gjere no den siste tida ? Hadde vel i røynda drøymt om det alltid .

Han stokk til . Det knasa i konfektposen innmed sida .

" Vil ikkje Dokker ha ? "

" Takk . "

Han tok av konfektposen i mørket . Var borti henne med handa . Men han brende seg ikkje no . Kjende bare ei magnetisk draging . Sat og kunde nyte den draginga .

Så tok filmen han att . Ei stund .

" Ikkje musikk og ikkje dans ! " jeispa Lotte da dei gjekk frå filmen , " helst trøttandes og naude . "

" Å ja-a , kanskje . " ‐ Aleksander Lygre hugsa noko blekksmeden hadde sagt ein gong , at vil du kosja med slike unge damer må du kunne tatle og spendere . Koss skulde han begynne ?

Ho hjelpte han .

" Klokka er vist ikkje så mange enno . Skal me gå ein sving i parken ? "

" Og kikke etter villendene ? "

" Ja , har Dokker òg lagt merke til dei ? " ‐ Ho var litt oppspila , prata iveg . Ho hadde vore og gitt dei mat saman med jentungen til systera som var gift . Dei var der no sist onsdag da ho hadde fri . Det var forresten med nauå ho fekk fri . Bjerga var blitt så urimeleg det siste . Ho slapp mest ikkje ut . Ikkje var der ovn på loftet der ho låg heller . Det var så ukoseleg alt no at ho lura på å seie opp . Ei venninne ho hadde skulde reise til Bergen no snart og ha huspost der . Ho kunde fått vore med , hadde ho bare visst det før .

Dei gjekk framom dammen der villendene sov i mørket . Ho kulsa .

" At noke levande kan sove i ei isråk ! Hadde det vore sommar , vilde eg bedt om ein røyk . Me kunde site på ein benk og røykt , " sa ho . " Men her er ikkje benkar heller på denne årstid . Den eska eg kjøpte i måres har eg mist ‐ eg trur Bjerga har hykt henne , jo alvor , eg trur det . Han har vore så løyen det siste . "

Aleksander Lygre hadde ikkje funne nokon grei replikk til når han skulde be henne heim til seg . No hjelpte ho han igjen .

" Eg har ikkje sigarettar på meg , " kunde han seie , " men stikk med innom når me går heim . "

" Takk . "

Dei skrådde over torget og heim .

Der var lys hos skomakaren . Radioen stod på , høgstilt . Skomakaren hadde kjøpt seg radio i førre vika . Han dura dansemusikk frå Luxemburg , likevel stal dei to seg framom skomakarveggen mest som på tå , redde for å bli høyrde . Aleksander læste fort opp .

" Værsågod ! "

Han tende på lyset og var bort i ovnen straks , ruska opp . Hadde i grunnen slutta å legge i , men i kveld skulde det vere koseleg her , så han hadde lagt i før dei gjekk på kino .

Ho tok hatten av og ordna håret fram for speilen . Hadde opp puddereska òg . Det var syrinparfyme i den .

Han ståka verre . Hadde visst tukla med ovnen her ein annan kveld da her var ein gjest , kom det for han . Men han var snar og skuva det unna , gløymde det . For det dirra ansleis inni han denne gongen , det song .

Han var litt redd for ho skulde sanse kor han skalv på hendene , kor utruleg utanfor det vanlege dette var at han hadde dameselskap . Han måtte vere roleg , vere herre over alle sine ord og gjerningar . Det var eit eksperiment , dette her , eit alvorleg , avgjerande eksperiment . Han måtte få finne ut om her ikkje var ‐ .

Så ! Han retta seg og kosta av bukseknea . No var ovnen i orden .

Ho hadde funne eit blad , eit illustrera blad , og hadde oppe sida med brurebilda . Da han reiste seg , la ho det ihop og såg opp . Ho sat på divanen . Dei smilte båe straks augepara møttest .

" Det var ein røyk ja ! " seier han og svingar på hælen , er inn i den mørke butikken og finn sigarettar . Så er han snar og finn fram den nye duken , asjettane , glasa , fruktskåla , vinkjeksa og flaska .

" Nei , men kjære ! " Ho får noko tyrst i blikket . Det skimtar fram for han at han har set det der blikket ein gong før . Ka tid var no det ? Han gløymer det straks . Her er andre ting å tenke på no .

" Dokker skulde ta av kåpa ! " seier han og pekar sakleg på ovnen , " den der tassen varmar utruleg når han først kjem i gang ! "

Ho reiser seg og får av seg . Slik er ho altså utan kåpe . Blank , gul bluse . Kunstsilke det vel ? Blikket hans stryk fort og skygt over det han ser . Det er som noko mest ulovleg for han å sjå ei dame utan kåpe , og det her inne .

Han set seg på pinnestolen .

" Skål ! "

Dei lyfter glasa og nikkar . Merkar at dei blir litt ustøe i blikket båe just no . Dei drikk med augelåka nede .

" Å , så godt ! " seier ho da ho set glaset frå seg . Så bøygjer ho seg og steller med ein sko . Kjem borti kufferten som stikk fram under divanen , -nei ka er dettane for ein løyen , gamal trunk ? Alle dei byane som står på . Dokker har vel aldri vore alle dei plassane ? "

Han merkar ein tanke av framandkjensle i tonen .

" Jo , " seier han lett , trivlar etter bordplata , -men no er det lenge sia . "

Ho bøygjer seg og les .

" St. Ives , " seier ho slik det står .

" Nei , høyr no ! " han reiser seg og kjem hit , bøygjer seg og peikar , les på engelsk .

Ho hermer og ler .

" Les dei alle ! dettane var løye . "

Han les og ho hermer . No heilt rett .

" Dokker har lett for å lære , " seier han . " Dokker kunde bli flink i engelsk dersom Dokker tok eit kurs . "

" Vil Dokker lære meg , kanskje ? "

" Ja , har Dokker lyst , så . "

" Skål på det ! " nikkar ho fort og triv glaset .

" Skål på det ! " Han drikk ut . Set seg på stolen att .

Ho har òg drukke ut . Han fyller på .

" Skal det ikkje vere ein kjeks ? " seier han fort . Han er med eitt blitt livande redd for å sleppe opp for samtaleemne . Er det vinen som gjer det ? Vinen skulde vel heller sete sjølkritikken ut av funksjon , trudde han . Han er ikkje van til å drikke vin . Så blir han stiv og nummen i tanken . Og så plumpar han ut med det han har skuva unna heile tida .

" Er det heilt slutt med Dokker og han Ludolf no ? "

Ho ser fort opp , så snur ho augo mot kjeksen ho har i handa .

" Har det vore noko , da ? "

Han merkar at dette var det siste han skulde ha sagt . Ho blir så still og einsam der ho sit . No går ho vel . Han veit ikkje anna å trive til enn å lufte glaset att .

" Skål ! "

" Skål ! " ‐ Ho nippar til vinen . Så ser ho hit og smiler sterkt , " eg har altså så rasande lyst på litt konfekt ... . "

Han er oppe av pinnestolen som ein vind . Ut i den mørke butikken . Glad for den smilen . Ho har stroke ut det dumme spørsmålet hans . Ho er ikkje langsinna . Han finn ei stor eske med prinsessefoto og raud silkesløyfe på . Den kjem han og legg i fanget hennes .

" Nei , men kjære ‐ ! " Ho klappar i hendene som eit barn og løyser varleg på sløyfa .

Dei skålar på nytt og knaskar konfekt . Ho sit på divanen og stør seg med eine handa på den nye puta . Dei to fuglane ‐ har ho set dei ? ka dei gjer ? No er dei i ein skrukk . Han sit på pinnestolen på andre sida av bordet . Ser fritt på henne . Nyt synet .

Pen permanent krøll i det lyse håret . Men ikkje spor av raudt på lippene , ikkje farge i augebryna . Ho ser så velsigna nyvaska ut . Det der streif av mjøl på nasen må ho vel ha , dersom ho synest ho blir for blank der . Blusa er ikkje tom over brystet . Det er godt å sjå . Alt er så friskt og naturleg på henne .

No skuttar ho seg i velvære .

" Her er så lunt og koseleg ! Nei , slike kalde loftsrom som hushjelpene må ligge på i alle hus herane i byen ‐ dei skulde vere forbodne . Huff ! Sengklær og alt er som is når ein kjem inn . Ho som tente hos Bjerga før meg ba om å få lagt inn elektrisk ovn ‐ det var for det ho blei sagt opp . Haha , jo det er sant . Ludolf sa ‐ . "

Ho braut av , beit seg i lippa . Sat og trilla konfektpapiret til små blanke kuler av gull og sylv . Sat med blikket på dei no .

" Dokker spurde meg om Ludolf i stad , " sa ho stille . " Eg vil ikkje lyge . Eg har vore glad i han , nokså glad . Men han ‐ . Nei ! " ho braut av , -kafor skal me snakke om han ? Og likevel , la meg få sagt det , så kanskje ‐ . "

Ho slengde dei små blanke kulene bortover golvet .

" Eg kunde aldri tenke meg å gifte meg med ein slik ein som han , aldri ! Ja , han har visst han delsskulen og har vore til sjøs ‐ meste styrmann ! som han sa . Men der er ikkje fred i han , ikkje noko roleg som kan slå seg til med eit visst arbeid . Det må bli på slump og bare vas med ein slik . Ka kan vel han få å gifte seg på ? "

Ho såg hit og smilte .

" Hadde han vore ein stø har , som Lygre . Nei , han var ikkje slik . Han var heilt ansleis . Han var nærgåande straks me kom på tomannshand første kvelden . Han er forresten reist . Kor hen ? Eg veit ikkje . Bryr meg ikkje om å vite det heller . "

Ho ser fort på armbåndsuret .

" Nei men kjære vene ! mange ! Eg må gå straks . Bjerga blir så rasande når eg er sein . Eg vekkjer han , og så får han ikkje sove . Baktrappa knirkar så utidig . "

" Skål da , og takk for meg ! " ‐ Ho drikk ut .

" Skål ! " ‐ Han lyfter glaset fort . " Takk for ikveld . Ka tid skal me på kino att ? "

" Når Dokker vil ! " ‐ Ho går til speilen og ordnar på håret , er oppe med pudderet .

" Imårå ? " spør han . Blodet dunkar så i hodet med eitt .

" Imårå ? Sundag imårå . Det går nok ikkje . Bjerga skal jo ha nevøane sine til middag og kvelds . "

" Det er sant ja . "

" Me får snakkast ! " seier ho friskt og snur hit frå speilen , " er eg svært rød av vinen& "

Han har reist seg . Står på andre sida av bordet .

" Få sjå ! Rød av vinen ? Nei da ‐ bare av vinden , den kalde vinden ute . "

Så ler dei båe .

" Takk for ikveld ! " Ho kjem rundt bordet , heilt hit til han og gir han handa med eit fast tak .

" Godnatt ! " seier ho .

Han prøvar få ein arm kring henne , men ho glir til sides . Mjukt , varsamt .

" Her har vore så hyggeleg ikveld , " seier ho , -ikkje gjer det leit no ... . "

Han står der med hendene ut for seg og veit ikkje ka han skal gjere med dei . Å , men han synest han er tåpeleg ! Da ser han konfekteska , der er mest alt att i den .

Ho er bortmed døra , da han kjem etter .

" De må ikkje gløyme denne . "

Ho snur hit .

" Er det mi ? "

" Me reknar den som prosentar , nei gratiale , " nikkar han , " alle forretningar brukar gi noko til faste kundar . "

" Javel , " seier ho , alvorleg med ein skjelm , -eg skal levere konfekten til Bjerga . Det er det Dokker meiner ? "

" Ikkje ver vrien ! " ber han , " konfekten er til den som fraktar varene . "

" Til erendsguten altså ? "

" Nettopp . "

" Takk . Da er det eg som skal ha den . Tusen takk ! "

Så er ho gått . No har ho hast .

Han læser etter henne . Der er mørkt i alle hus bortetter . Hos skomakaren òg . Han stansar ved divanputa der ho hadde stødd handa si . Søkket er der enno . Men han ser at dunen inni puta reiser seg etter kvart og stryk ut det søkket etter handa hennes . Fuglane kjem fram , dei nebbast .

Ka var det ho sa da han spurde ? Han stansar midt på golvet og lyer etter tonen i det .

‐ Når Dokker vil ! var det ho sa . Og det er ikkje draum eller dikt . Det er livsens søte sanning .

Han minnest noko som på underleg vis ikveld er blitt ein skugge av eit minne . Noko om alvedronninga og dei fiolette syrinklasane . Noko om linn elvesus og han sjøl frysande og ventande aleine på ein benk . Ei heil , lang natt .

Titania-Olivia hadde sagt han skulde kome , men sjøl kom ho ikkje . Ho reiste bare og dei møttest aldri meir . Hadde det såra han djupare enn han hadde tenkt ? Hadde det bunde han òg ‐ meir enn han hadde tenkt ? Var det det som hadde bunde ?

Han kunde le til alt det der no .

For ei ørlita stund sia stod det ei levande kvinne her inne og lova han eit nytt møte . Og da ho lova det , hadde det ikkje vore eit " kanskje imorgon " frå ei med alvedronningdiadem i håret . Det hadde vore greit og sjølsagt og ei ærleg hand :

" Når Dokker vil ! "

Frukthandlaren Aleksander Lygre står midt på golvet i kammerset sitt og slår armane favnande ut .

Så nær var ho ! So nær . Og ho kjem att , ho kjem att !

Sundag morgon spratt han opp og kikka ut på veret .

Det var tidleg . Han strauk seg kring haka , stirde geitestir ut i tome gata . Kulsa til i pyjamasen og spratt inn , fekk på seg klær . Svinga " han Lars " bortpå kokeplata . Raka seg .

Møtte andletet sitt i speilen . Nikka godmårn ! Ja du , her har ho speila seg .

Det var litt rart å sjå dei to vinglasa som stod att frå igår kveld . Det var hans og det var hennes . Her var ein liten skvett i botnen på hennes . Han drakk den før han vaska opp . Fann staden der ho hadde hatt munnen og drakk der , just der . Fyllte glaset frå flaska og tømde det med munnen hardt inntil det veike merket han hadde funne etter lippene hennes . Så ! no var det merket vekk . Han hadde kysst det vekk . Men det smaka ingen ting . Ikkje anna enn vin . Han var snar og stakk båe vinglasa oppi vaskebalja .

Han skjemdest litt . Dette her var ei åtferd som høvde betre for ein forelska gymnasiast .

Han fekk hast med å kome ut . Koss skulde han få dagen til å gå ? Denne sundagen , desse fire og tjuge timane her var att til dei skulde få høve til å snakkast .

Han gjekk om parken . Her hadde dei gått da dei kom frå kino . Her stansa dei så vidt og kikka etter villendene og dei andre fuglane i dammen .

Idag var det mildver . Råka i isen var blitt så stor på denne natta . Det var tydeleg å sjå at alle fuglane lika seg for det opne vatnet . Villendene mest . Dei leika seg . Fauk opp or vatnet og hiva seg ned att straks dei hadde letta frå vatsspeilen . Fôr så rett på hovudet ned att og dukka under . Var borte ein augeblink . Kom brusande opp att og gjorde same kunsta på nytt . Att og fram i den opna råka med små , rare rop og mykje plask .

Det smitta . Dei tunge , bakfeite tamendene blei med i leiken . Baska med vengene og snadra av all makt . Svanane stod på iskanten og svinga på dei lange halsane .

Frukthandlaren stod og let seg fyllast av synet . Morgonen sende sine lange , skrå stråler hitover isen og gjorde den lyseraud . Himlen var vårleg blank .

Fugledammen leika seg i alt dette .

Ja , det var leike seg ein skulde , tenkte frukthandlaren . Han syntest han såg djupt inn i det . Leike seg i livsens varme lys . Så skulde snart den kjøvande isen smelte og kverve .

Vengeflaks , vatssprut og små lykkelege låtar .

Hadde han stått her aleine og ledd høgt ? Han stokk til . For her kom ei gamal kone gjenom parken . Ho snudde seg og såg hit på han . Og sette farten opp . Ho lika han ikkje slik han stod , det var tydeleg .

Han kunde ikkje stå imot . Han tok hatten av og helsa djupt til henne , ropa :

" Vår i lufta , i vatnet , i hjarta ! Vår i himmelen og på jorda ! "

Den gamle kona sprang . Sende eit auga over aksla av og til . Idag vilde ho få noko å fortele når ho trefte kjensfolk . Huf ! vilde ho seie , tenk eg møtte ein galen mann i parken ! At slike skal få gå lause !

Måndag morgon er Bjerga seinare enn han plar . Men han har ein sers fart . Er det sakføraren det gjeld no att ?

" Takk ! " han får sigaren sin og syg uvanleg sterkt på den . Set seg ikkje , men vandrar att og fram utanfor disken . Mumlar , dunkar med stokken .

" Eg har jaga henne ! " ropar han , " jaga henne , det har eg . Eg kan ikkje ha slikt i mitt hus . Igår natt var ho ute til over eitt ‐ eitt ! Og igår kveld klædde ho på seg og skulde ut att etter kveldsmaten . Igår da desse dritgutane blei sitande til halv tolv før dei kom seg avgarde . Eg er ein sjuk mann . Vil dei ta livet av meg no straks ? Fuglane veit ka dei sat og knega etter forresten , eg har da gitt dei nok beskjed om alt .

" Eg kan ikkje ha denne flyginga , sa eg til henne . Ho hadde eit nødvendig erend , sa ho . Så seint ? sa eg , ‐ skal du ut med spann ? sa eg . Ho hadde ikkje spann igårkveld , men ho har hatt før når ho fôr ut slik seint om kveldane .

" Eg har snakka til henne mangfoldige gonger , skal du vite , Lygre . Eg har vore tålmodig , for ho er flink i huset , trollet . Men i vinter ein gong fekk eg mistanke , at ho bar mat ut av huset til den kjærasten ho hadde da , dennane blekksmeddrengen du veit . Eg var sikker på at der var att mykje godt av middagsmaten , og så når eg såg etter ute i kjøkkenskåpet så var det bare tome , reinslikka fat . Eg spurde henne ut , bruka kjeft . Ho blånekta alt og sette seg til å gråte . Etterpå må ho ha gjort det lurare , for der var alltid noko av middagen på ein asjett eller i eit fat når eg såg etter eller ba om det om kvelden .

" Men det verste , det verste hende no da eg låg sjuk . Eg kunde ikkje gå runden min . Så fekk ho pengar til å greie det med . Men no for ein halv time sia var der bod frå slaktaren med rekning , med rekning ! Eg trefte til å lukke opp da han ringa på , som vel var . Eg gjekk rett på loftet til henne . Ta fram alt du har her ! sa eg . Og der låg sigarettar og sjokolade ‐ ei stor , svær konfekteske , Lygre farr ! just den sorten du har borti hylla der . Ka kostar ei slik ? Seks kroner ! oi oi !

" No sist onsdag var ho snau som ei kjerkerotte , det veit eg . For ho kom og ba om forskot på løna . Ho fekk det sjølsagt ikkje , eg betalar bare ut på visse dagar . Eg har aldri meir enn akkurat til det som trengst slik heime . Tenk om her blei brann ! Og så vilde ho ha forskot . Ja , ho sa forskot , trollet . Forskot meg bak , sa eg . Er det kjærasten som skal ha ein røyk ? Da lo ho , tytta , ein stygg lått .

" Ja , ho har ikkje kjøpt noke hos deg , veit eg ? Ho var vel for slug til det ? "

Frukthandlaren vætte lippene med tunga .

" Ho har kjøpt sigarettar ein gong . "

" Har ho ! Ja , eg jaga henne . Eg sa ho kunde ordne huset og gå . Eg vil ikkje sjå kvinnfolk i huset mitt etter denne dag . Rapsar du med deg noke , sender eg politiet på deg , sa eg da eg gjekk . Haha , det knast ikkje ordet i henne da . Nei , eg skal greie meg sjøl etter denne dag , denne velsigna dag da augo mine blei opna . "

Bjerga tøygde seg innover disken med plirande lure augo .

" Eg går på matstova og et , det gjer eg ! hihi ! Adjøs ! "

Han fôr som ein rakett nedover byen .

Frukthandlaren stod att . Ordlaus .

Kafor hadde han ikkje sagt noko ? Han skulde vore adelsmann ‐ lord Byron ‐ med ein fin liten europeisk smil . ‐ Unskyll , hr. rentenist , skulde han ha sagt . Frøken Lotte var på kinematograf saman med meg igår kveld . Denne åndsforlatne fiskebyen har jo ikkje så mykje som eit teater der ein herre kan be ei dame med seg ut . Så må det bli kinematograf . Etterpå var me eit lite selskap her heime hos meg , her innanfor i dei private rom . Og da blei der spendera konfekt og sigarettar på damene . Me delte sjølsagt utgiftene , me herrar . Alt gjekk for seg heilt sømeleg og fint ... .

Kafor hadde han ikkje sagt det ? Det hadde vore ei lygn . Å , ei lita lygn for ein gentleman når det galdt his lady .

Han skratta kaldt . Han var ingen gentleman og ho var inga lady . Ka var det for sjuke draumar han hadde tulla seg inn i ! Vår i himlen og vår på jorda ! Livsens søte sanning ! Hihihi ... .

Han rasa mot seg sjøl . Harm og skamfull . For ein narr han hadde vore . Ka vilde vel Bjerga ha sagt dersom han hadde fått vite kor ho hadde vore i natt ? Dersom nokon hadde sagt at han ‐ Aleksander Lygre ‐ kjøpte vin av skomakaren og drakk aleine med Lotte . Med hushjelpa som kjøpte sigarettar for hushaldspengane ! Hå ! rentenist Bjerga hadde aldri sett foten sin her i butikken meir da .

Frukthandlaren såg med eitt for seg i tal kor mykje mindre det da vilde blitt i kassaskuffen . Han kaldsveitta ved tanken .

Men der kom Lotte . Ho hadde handkuffert og var raud i augo . Ho kom rett inn .

" Har han sagt det ? At han jaga meg ? "

Lygre nikka .

" Eg skulde ikkje ha selt sigarettar til Dokker . "

" Sa han ! Er eg ikkje myndig ? "

" Ja , men pengane ... . "

Å så no . Det var forskot , om så ingen vil tru meg . Hadde han ikkje kome just da , skulde eg ordna det når eg fekk løna mi . Han hadde jo nekta meg , da eg spurde så pent . "

Ho gjorde eit kast med nakken .

" Det kan vere det same . Eg reiser frå byen ikveld . "

" Reiser du ? Ikveld ? "

" Ja . " ‐ Ho nikka sterkt . " Astri , ho som venta på meg her den kvelden eg kjøpte sigarettar første gongen , ho hadde fått post i Bergen saman med ei venninne , på eit hotell . Og så blei venninna sjuk igår , halssvull . Så reiser eg med Astri ‐ på vona . Haha ! "

" Men har du fått attest ‐ du må ha attest frå Bjerga . "

" Den har eg her ! " Ho klappa på kufferten . -Han skreiv straks eg ba han no før han sprang på byen . Ho kan alt i husstell , skreiv han , og ‐ uvanleg flink i matlaging . Haha ! Han var ikkje knegen på gode ord ‐ på papiret ! "

Ho lo så ho måtte tørke tårene . Så retta ho handa over disken .

" Adjø da , Lygre ! Me kom ikkje på kino meir enn den eine gongen . Det var dumt , for me hadde det hyggeleg ‐ hadde me ikkje , vel ? "

Så gjekk ho . Fort .

Han var litt ør . Det surra for øyro . Med eitt blei han brennande raud av skam ‐ ei ny skam .

Han hugsa alle dei rare ting han hadde kikka så ivrig på i butikkane . Dameundertøy og lakenstaut . Alt det undermedvitet hadde leika seg med . Den nye divanputa , han gjekk og slengde henne inn på blekksmedkammerset ‐ der kunde eventyrfuglane nebbast til domedag .

Han hadde hatt sine baktankar . Når dei blei betre kjende , da ‐ . Ja , han hadde ynskt å kome i staden for Ludolf ‐ heilt ut . Det kraup noko under hårrota . Kem sa det hadde vore noko sers med Ludolf ? og koss kunde ‐ ?

Underleg , det mennesket kan få seg sjøl til å tru . Tru om seg sjøl og alle sine tildriv . Det som er sjølkjært og bortimot sjofelt , det stasar det ut med vakre fargar og fine ord ‐ .

Vår i himlen og på jorda . Livsens søte sanning .

Han drog pusten hardt . Her låg at ein sterk lukt av syrin etter henne . Han slo ut med armane slik han hadde gjort den natta ho hadde vore her inne . Så nær var ho ! Så nær . Og ikveld reiser ho .

Han blunka opprådd ut for seg . Hadde ikkje dette her hendt ein gong før ?

Dagen gjekk i ei skodde . Men han tørka ikkje støv eller pussa sko . Det var ikkje travelt han hadde det . Han hadde helst vanskeleg for å gjere det vanlege ‐ ekspedere kundane .

I kveldinga kom her subbande ein halvfull fyr og kjøpte snus . Han hadde ikkje nok småpengar , trivla etter lommeboka .

" Vent no ! vent no ! " hikka han og leita . Lommeboka datt på golvet . Han la seg på kne og rota ikring . Kom opp att og drog fram ein hundrekronar , hadde ein bråte slike , såg frukthandlaren .

" Sylvrev ! hæhæ ! " hikka mannen .

Han fekk pengar att og talde omstendeleg fire-fem gonger . Stakk boka på baklomma . Så kviskra han :

" Kan du seie meg om her bur ein skomakar Finsnes herane i denne gadå ? "

Frukthandlaren peika . Den andre kviskra , nærare :

" Sel han ? Å , ikkje sjå så dum ut . Eg veit han sel . Og så skal der vera så jidle kvinnfolk hos han . Reint parisiske , seier dei som har vore der . Dei dansar spill nakne på bordet , om du vil . Har ikkje du vore der ? Nei , du ser meg slik ut . Hæhæ ! "

Han sjangla ut døra , tok eit par harde overhalingar og havna nedi skomakartrappa . Blei borte der . Hadde ikkje kome ut att heller da frukthandlaren stengde .

Men da Lygre ikkje har butikken å passe , blir han uroleg . Ser alt i eitt på klokka . Om ein time , nei ein halv time , skal nattruta gå . Han kjenner eit sog under bringa , ei avsviming , det er som ligg ei av dei store blodårene vidopen og blør . Samstundes ropar det til klokka : Ver snar no , få det unnagjort , la det bli natt og midnatt utan den rutebåten ved kaien . La meg få fred .

Men eit kvarter før båten skal gå , står han i skuggen av tollbua og ser på at ho går ombord . Saman med ei anna ung dame . Det er altså sant . Har han vona på noko anna ?

Dei to går akter og står for seg sjøl , nokså forkomne og utstøytte , syntest det .

Han klemmer ei pakke under armen . Det er den største konfekteska han eig i butikken , ei til ti kroner . Ka for i all verden tok han den med . Hadde han ikkje hatt den med , kunde han no bare ha stukke rundt tollbua og heim den andre vegen , heilt uformerkt . Men han står lam og urørleg til båten har ringa nestsiste gongen . Folk tar til å seie farvel ; slike som har fylgt ombord , går i land . Og no må han sjå seg sjøl stige fram or skuggen , hit kaien , opp den vanskelege landgangsbrua som alle ser . Med eitt hopp er han ombord og borte hos dei to akter .

" Versågod ! " busar han på , " lite grandet til å mate krabbene med . "

" Nei men kjære ‐ ! " seier Lotte forstøkt , -kjem De med presang ! ‐ Takk ! Tusen takk ! " ‐ Ho kjem med ei kald lita hand , og så neier ho .

No ringa det tredje og siste gongen . Dekket tok til å dirre . Han måtte vere snar . Det var så vidt han rakk i land . Kommandorop , klokkeklemt . Båten glei frå kaien . Folk vinka ikring han .

Igårkveld sat ho og drakk vin med han . Ikveld neidde ho som ein jentunge på tretten år .

Han hasta heimover . Hos skomakaren gaula den nye radioen ein rytmevill negerdans bakom blodraude nye gardin . Dansa jentene på borda derinne no ? Hadde sylvrevpengane fått ny eigarmann ? Kem hadde kome i staden for Salli , tru ? Skomakaren henta brusen sin sjøl etter ho reiste .

Frukthandlaren kjende seg som i narkose . Tankar eller ting han tok etter glapp unna kor han så kava . Han masa svært med å få læse seg inn heime hos seg sjøl , nykleholet og dørvridaren var så ukjennelege .

Han stupte overende på divanen og sovna straks tungt . Men først hadde han funne inn att den nye puta . Han vilde ikkje vere som ein unge og la harmen gå ut over døde ting .

Harm ? Hadde han noko å vere harm for ? Mot kem da ?

Godt å få sove .

Dagen etter kom ikkje Bjerga og gjorde innkjøp . Frukthandlaren tusla ut og inn og venta , hiren og trøytt . Kor blei det av Bjerga ?

I totida stansa ei brunbarka bondekone hesten sin utanfor butikken og ropa inn om han skulde ha jordeple idag ? Han hadde kjøpt av henne fleire gonger før og skrøytt av dei . Han gjekk ut og fekk mælt opp eit par mål til seg .

No skulde ho opp til Bjerga , sa ho . Men ho vona på å treffe hushjelpa idag . Sist ho var der , var han aleine inne , svara i dørsprekken at han hadde ikkje bruk for noko . Hoi ! at ein aldri skal få fred ! ropa han og smelte døra att .

Ho rista på hovudplagget . Ein mann som hadde så flust med pengar og så ikkje hadde bruk for jordeple og egg . Bare hushjelpa var no heime idag , ho kjøpte sikkert . Er ho reist ? Oi , oi !

Kona mynstra på gampen og køyrde til topps . Fem minutt etterpå kom ho att i eit jag . Ropa frå kjerra så skomakaren glytta på kjellardøra si og ungane stansa med fillefotballen sin .

" Han er død ! Sat på ein pinnestol steindød på kjøkkenet . Eg er så forrygda . Ja , han sit der enno , dokker må ringa til politiet . Du skal sjå han har kjent det på seg da han ikkje vilde kjøpa jordeple og egg av meg , kjent at han ikkje trong meir no snart . Eg er så ‐ . " Ho smeisa på gampen , -tenk , på ein pinnestol på kjøkkenet ... . "

Frukthandlaren og skomakaren såg på kvarandre over gata . Stunda var slik at her burde seiast noko . Skomakaren sa det :

" Den som hadde stått i det testamentet ! "

Sp spytta han langt og gjekk inn til leistane sine .

Frukthandlaren snudde inn til sitt . Kjakemusklane togg . Med flathanda strauk han att og fram over diskekassen . Han kom ihug det siste Bjerga hadde sagt før han gjekk til sakføraren sin .

Det var utruleg og villt . Javel , men ‐ . Han såg på klokka . Avisene kom ikkje før om eit par timar . Han måtte ut i døra på nytt . Her kom eit par bilar i sterk fart og opp bakken for full fræs . Det var nevøane og dokteren . I smytta mellom dei store , stengjande lagerhusa skimta han den rykande skorsteinen på ein stor Amerikabåt . Måkar steig og sigla . Ein vimpel small i vinden .

Ei von , ei ørlita , utruleg von .

Avisene kom . Rentenisten , skipsreidar h.v. Emanuel Bjerga er død . Det meste av den store medelen hans skal truleg gå til velgjerdslegat for byen . Han hadde i alle fall ymta om dette sjøl ein gong . Testamentet vil først bli opna etter gravferda .

Det meste av den store medelen ... . Frukthandlaren sat i en sterk sus og las notisen omatt og omatt . Her kom det han hadde venta på . Han rausa ut i store draumar : Ny flott butikk , aukande fortenest , reiser , reiser ... . Han lo til det , sa det var lygn og tull . Men den sprengde tanken tok med fysne etter slike draumar no . Han skulde gå ombord med passe og ein liten handkuffert , og verda skulde ligge open framfor han ‐ enno ein gong .

Omsider ringa likferdsklokkene over rentenist Bjerga , det var enda tysdag før påske . To svarte hestar , ei lang rad flosshattar ned Bjergabakken . Og testamentet kom i avisene .

Forutan to store legat til studentar og handverkarar frå byen , var der sett opp ein mindre sum til misjonen og så eit par små livrenter til nevøane som var einaste slektsarvingar . Resten ‐ hovudsummen ‐ skulde gå til ein stor gamleheim på toppen av Bjergabakken .

Aha ! Det var slik han hadde meint det da han kviskra så løyndomsfullt om at det nok skulde bli ei råd for den stakkars frukthandlaren som hadde slik ussel liten butikk ! Hå ! Aldri om han flytta inn på ein gamleheim , før tok han rottegift !

Ute i gata spela ungane mynt og krone med donsar frå fortauet utanfor skomakaren . Raude og blå donsar . Det var ikkje mange timane sidan dei stod og gapte og glodde på alle dei svarte mennene som køyrde med Bjerga'en . No sansa dei ikkje anna enn spelet med raude og blå donsar . Visste ingen ting om alt det rare som fylgde med at her var køyrt bort noko som ein gong heitte Emanuel Bjerga .

Nei , sjå den garpen der du ! Han kan sneten . No sopar han til seg heile haugen med raude og blå donsar .

Spel med raude og blå donsar som svirrar i lufta og dett ned på mynt eller krone , det er livet . Høyr ungane koss dei skrattar .

Påske .

Folk skulde ut or byen . Her sprang unge jenter og gutar i feilfrie skiklær att og fram i gatene . Slalåmgamasjer , splitkeinski . Genserar og pulloverar i gamalt bondespøt . Dei skulde på stølar og hytter og bondegardar langt til fjells , skulde smøre seg med billig florentinarolje eller fin , dyr tysk solkrem og bli brune og uimotståelige . Dei skulde stryke som vinden over urørte snøsletter og ete appelsin med kjærvenen sin i ei livdekrå der bare sola såg dei .

Det måtte vere snålt å vere ung no .

Aleksander Lygre smilte velnøgd da han sette lemen for ruta i butikkdøra onsdag kveld før påske . Han hadde verkeleg hatt noko som kunde kallast påskehandel , han òg . Ungdomen reiste på tur sjøl om dei budde i blindgata under Bjergabakken .

Han jeispa , litt trøytt etter den uvanlege trafikken . Strekte seg . No skulde han ha fri i fem heile dagar . Det var fint . Han hadde vore på biblioteket og lånt seg eit nytt historisk verk . Det var hans spel med donsar . Han vilde spele det no når dei andre reiste til fjells og åt appelsinene dei hadde kjøpt hos han . Han hadde gjort det i mange helger før , kafor skulde han ikkje iår òg ?

Men det gjekk bare den første dagen . Så kom det her med full makt , alt det andre , alt det underlege han hadde oplevt dei siste månane .

Springen ute i mellomgangen draup , vinden rikka på lause fjøler . Og med eitt sat han og bare lya . Venta han her skulde gå nokon over eit golv ? eller her skulde pikke nokon på døra hans ?

Han tok på seg og gjekk ut .

Han gjekk til dammen i parken . Det var ein dag i april , og isen var her ikkje lenger . Villendene var her heller ikkje . Dei hadde fått bod at no var alle vatn opne langt borte der dei i grunnen høyrde heime . Hadde fått bod og reist . Han stokk til . Han hugsa eit par andre som òg hadde fått bod og var reist . Hadde dei òg reist dit der det var ope vatn ?

Nei , sjå der ! Ikkje alle fuglane var reist . Han braut av tankegangen som vilde kome . Ikkje alle . Der låg ein songsvane mellom dei andre parkfuglane . Ein vill ein som var funnen halvdau på sjøstranda og berga hit av vituge folk . Kafor reiste ikkje den òg ? No han var blitt frisk og sterk att .

Aleksander Lygre blei ståande lenge og einstire på den stolte fuglen med det framanslege nebbet . Hadde han eit lyte som ikkje hadde stått i avisene ? Songsvanen merka her var nokon som stirde . Han rodde lenger ut på dammen så han fekk rom ikring seg , der retta han seg og sette nebbet til vers , song eit par underlege tonar og slo med eitt hardt med vengene . Og no sansa Aleksander kafor ikkje den fuglen hadde reist . Vengefjørene var klyppt . Han kunde ikkje ha reist om han hadde vilt aldri så gjerne .

Alle andre fekk bod og reiste sin veg til opne , frie vatn . Ikkje han .

Aleksander gruste . Tanken gjorde han einsam . Og denne einsemda var ikkje god . Ho var pinande vond . Og ikkje til å bere , ikkje aleine .

Han gjekk uroleg ut og inn mellom kammerset og butikken da han kom heim att . Var det bare det bodet han skulde vente på no , det vanskelege , det siste ‐ var alle andre vegar stengde ?

Opne , frie vatn . Å , Herre min Gud ! Eg skynar ingen ting av dette meir . Her er så mykje eg kjenner vilje til , evne til . Kafor så dette ?

Nei ! Han stakk til seg sigarkassen som her ikkje var kjøpar til lenger , og så tri-fire flasker brus . Tvers over gata lyste det så eldrautt i eit nytt rullegardin . Der borte var det ingen som sansa langfredag anna enn som ein fridag ein skulde slå ihel på ein hyggeleg måte . Dit vilde han gå .

Han stansa litt i midtgangen .

No stod han just der blekksmeden hadde stått den gongen han kom ramlande om kveldane og ikkje orka vere aleine med kreftsvulsten sin . Var det slik å gå til folk da . No visste han det . Han visste i grunnen temmeleg mykje slik om menneske han hadde vore saman med ‐ enda dei alle til sist syntest å bere ein attlæst løyndom inst i hjarta .

Han opna døra ut til gata . No gjekk han .

Da gurgla her imot han ein hujande hot frå høgtalaren hos skomakaren . Og han slo døra att . Han greidde ikkje gå dit .

Brusen sette han inn i butikk-hylla . Tende ein av dei dyre sigarane . Røykte . Først nervøst . Etter kvart rolegare . Det var som når ein sluseport opnar seg og eit tomt basseng fyllest . Det ordna seg likesom alt han visste . Lag for lag .

Han fann fram konseptpapir og blyant . Venta .

I høgleg ro .

Langfredags kvelden ... .

Den sommaren reiste han heim til Lygre .

Mor og far var borte . Men dei kom merkeleg levande og nær til han når han gjekk markavegane og kuråsene der dei hadde ferdast ein gong da han hadde vore ein småtass som laut lyftast over bekken i flaumtid eller berast heim frå slåtta om kvelden fordi han sov .

Far hadde vore ein truslepar , ein av dei titusen i dette vårt dyre fedreland . Alltid på farten , alltid med eit kjapt ord til svar . Mor ? ho var òg eit arbeidsmenneske , men ka meir ? Han hugsa henne best trøytt på krakken om kvelden . Ka veit ein i grunnen om mor si når ein er på slutten i ein stor barneflokk ? Det blir vel å likne med det ein menig katolikk i Winnipeg kjenner til paven i Roma langt borte . Der er så mange mellomled . Syster Marit var eit slik mellomled , ein av dei næraste den gongen . Myndig nok , men snill òg . Mang ein godbet hadde ho stukke til han i løynd , han ‐ skrapkaka ! Undrast om ho hugsa det enno ? Han vilde spøre henne .

Det var eldste broren som stod for garden no , han og kona og ein aukande barneflokk . Broren kunde stanse ei ørlita stund når Aleksander snakka til han . Kunde stanse og seie eit par ord . Så bar det av garde i det same stillfarande arbeidstråkket som far ein gong gjekk i her . Garden var tung .

Men Marit ? Han laut finne henne . Ho var av og mata hønene .

" Du driv butikk no da ? " sa ho .

Ja , han gjorde det .

" Og du har vel slutta med den fordervelege skrivinga du søyla deg til med den gongen . Ja , eg meiner du skriv ikkje slike romanfortelinger no ? "

‐ Romanfortelinger ? Han hadde aldri ... .

" Vil du nekte òg no . Trur du ikkje eg fann eit nummer av denna avisa du var med i den gongen ‐ du sende ho visst heim til far den tida ‐ ja , så fann eg eit nummer nede på lokum som gamlepresten kalla det . Og der hadde du skrive ei stygg romanforteling . Om ein mann og ei dame , dei var ikkje gifte , det høyrdest ut helst som dei hadde trefst ombord på ein slump . Men dei sette seg til med ein gong og drakk vin og kysstes bak ei avis . Og så reiste dei av til same lugaren båe . Fysj å fysj ! at du kunde skrive slikt noke ! "

" Dei var på brøllopsreise , " sa Aleksander .

" Ikkje tale om . Eg hadde hardt liv den dagen , så eg hadde god tid . Eg las fortelinga tri gonger for å sjå om eg kunde finne noka meining i ho ‐ noka god meining . Men det gjekk bare ut på kyssing og klining heile produktet .

" ‐ Tenk at du skulde bli slik ! Her hadde eg gått og vore kry av denne broren min som hadde kome seg så godt fram . Dei talar om å bøygje håvet i skam . Ja så menn , eg sat på lokum og bøygde håvet i skam over deg . Og så du ! som var så uskyldig og rein , eg hugsar godt du sprang herane på tunet med gul snott under nasen . "

" Ja men ... . "

" Ikkje noke men . Du tek skade på sjela dersom du let tankane sysle med slikt noke . Ka slag kjærleik var det vel , utan prest og brøllop . No flirer du att , " hekste ho med eitt .

" Ka ? flirer eg ? "

" Ja , den same syrlege fliren du alltid har hatt til meg og det eg vågar meg til å seie . "

" No ber det ut på viddene , Marit syster mi . "

" Nei . Høyr no vel etter . Hugsar du den sommaren du var heime og såg til mor og far , det var straks etter du kom frå denna store reisa di . Da snakka me om ‐ nei , eg hugsar ikkje lenger det me snakka om ‐ men eg hugsar godt fliren din til alt me sa , Bergit og eg .

" Jo , du flirde . Du vyrde oss ikkje så pass at du svara skikkeleg ein gong . Du hadde vore ute i verda , men me , stakkarane , levde enno i den mørke , tronge fjorddalen , hadde ingen ting set og lært , skyna ingen ting av livet . "

" Har eg sagt slikt vås ? " Aleksander kom i eit underleg opprør .

" Nei , du sa det aldri , ikkje med ord , men ‐ . Du skal ikkje gå slik og flire av oss her heime . Me har òg vit og kjensler , me har òg levt ! " ‐ No snufsa ho .

" Eg skynar ingen ting . " ‐ Aleksander snudde ifrå og gjekk .

Livet er underleg , tenkte han . Her kom han heim og syntest det hadde vasa seg godt i floke for han så han ingen ting skyna . Og så noko av det første han fekk høyre var at han tedde seg som bare han skyna det . Det var jo nettopp det gåtefulle ved livet , den underleg løynde veven bakom alt som hende han hadde prøva antyde i den reisebrevsnovellen .

Han smilte litt ut for seg . Undrast på ka Marit vilde ha sagt til " romanfortelinga " i den nye forma ho hadde fått da han arbeidde ho om i vår ? Han skulde verkeleg sende den til henne , dersom ‐ . No no ! der var draumen ute og spann kingelvev over framtida . Ingen draum , farr ! ta det alt slik det kjem .

Men Marit , ka var det med henne ? Han snakka til broren .

Broren sette seg og reiv ein syre han togg på .

" Veit du ikkje det ? Å nei , du var ikkje heime den gongen . Ho var da godt nok forlova så lenge det vara . Sjølve klokkaren var det . ‐ Ho flaug den halve mila på ungdomsfestar og sonemøte lett som ei jeit midt i hardaste slåtten . Kafor det blei slutt ? Ho har aldri sagt det . Men han sa det ein gong : Han fekk aldri ta i henne . ‐ Du skrukkar kjolen min ! sa ho kvar gong . Det veit du han var ikkje tent med . Tri veker på dagen vara det . Så blei det slutt . Han er gift borti vestfjorden no og har fem ungar . Å ja å ja ! " sukka broren . " Ho skulde ha vore litt rimelegare med han , så kunde både ho og me hatt det godt no . " ‐ Han smilte . " Du veit ho er grei nok , det er ikkje det . Bare ho vilde styre kjeften sin litt meir . Ho er ei olstre slik . "

Broren reiste på åkeren . Det var bare Aleksander som hadde sommarferie og kunde site dovne seg i solveggen .

Han gjekk av opp i utmarka dei siste par dagane han var heime . Her var han ikkje i vegen for nokon og her hadde han barneåra ikring seg . Bekkar og myrar låg her som den gongen . Fjella i si store forsteina ro . Alt var som før . Ein fred frå æva .

Innmed Stormyra leita han ei stund , forstøkt . Her var noko forandra . Den gamle utmarkløa , kor var den ? Han leita uroleg . Koss kunde dette ha seg . Han fann syllsteinane tolleg fort . Nokre morkna stokkar , det var ikkje meir att . Mauren hadde herrens glade dagar i bossmjølet .

Han sette seg der ei stund . Åja , ho hadde vore gamal den tid han mintes ho først òg . Mauren hadde begynt den gongen , det hugsa han no .

Han stirde ut for seg . Og med eitt var alle åra borte . Han sat her og var ein liten tiårs gutunge som var med Marit og eldste broren , dei slo myrane . Han hjelpte til med riva . Og så hadde han sett seg her innmed løa og skore ei fløyte .

Ein tidleg soldag i slåtten før dogga har fått fare heilt utor graset . Sol , vind og myrhøy . Og så med eitt får han augo på eit vapsebøle under taktufsa på løa . Eit slikt eit var det reven narra bjønnen med i eventyret . Sit det fælt fast tru ? Han lirkar varsamt med ein kjepp . Her var visst ingen vapsar heime . Han tek hardare i . Og med eitt rausar bølet ned . Og der har han heile svarmen over seg . Dei var nok heime kvar ein .

Marit kom sendande da ho høyrde hylinga hans . Han trutna opp i andletet så augo låg ihop .

" Åhoi , åhoi ! " sa ho . Han hugsa enno tonen . -Kafor skulde du no borti det vapsebølet ? No kunde du ha site like fredeleg og velberga på tuva di , hadde du ikkje endeleg måtta pirke . Åhå , den pirkinga dokkas ! " ‐ Den var til allverdens mannfolk , den ... . Sanneleg , ho sa det alt den gongen .

" Eg kunde ikkje halde meg , eg måtte pirke borti , du Marit . "

Men enno hugsa han koss dei orda av henne spikra fast i minnet hans stunda før det vonde hende ‐ ei heilag , umisteleg stund full av harmoni og velvære . Sol , vind og myrhøy . Dogg som reiser ... .

Hadde han vore redd for slike stunder seinare ? For di dei laut varsle om brå ulykke ‐ alle ? Den adventsundagen før Bjerga døydde , hadde den vore slik ei stund ? Han skuva det frå seg og gjekk heim til folk . Dei såg tankefullt opp frå arbeidet sitt , ‐ å , var det han . Han kjende seg utanfor . Han levde ikkje samstundes med dei lenger . Ein vond tanke stakk : hadde han levt samstundes med dei nokon gang ?

Han stansa ikkje lenger heime . Og da han stod på fjordabåten som bar han tilbake til byen , sansa han at denne sommarturen løyste han frå meir enn han visst skyna no med det same .

Han gjekk att og fram på dekket , såg grenda blei borte bak lier og nes . Kikka tankespreidd på kassar og reisegods på framdekket . Røykelaks , syklar , nye møblar , kyllingar . Og så eplekassar . Var det alt så langt på året ! Amandus extra , Alexander , Grev Moltke , Torsteinseple , ‐ frå Longesand , Djønne , Aga , Jåstad . Oi , oi ! bare han ikkje blei for sein med tingingane sine ... .

Her kom ein ung mann slengande inn i butikken første dagen etter ferieturen .

" Ei eska Sossidi , takk . "

Aleksander stokk til . Det var Ludolf . Og Aleksander kjende ein svie under bringa ‐ ei reme-ri , sa dei gamle når sjuken dei gjekk med melde seg . Han hadde trudd seg ferdig med denne sjuken , og no bryt han opp att bare han ser Ludolf .

Den unge mannen blir ståande , gir seg god tid med å tenne .

" Koss er det med gamlingen her oppe ? spør han , -Bjerga , altså . "

" Han er død . Veit du ikkje det ? "

Ludolf skvett til .

" Eg har vore på fiske . Kem bur der oppe no ? "

" Ingen , det eg veit . Eigedomen skal byggjast om til eit slag gamleheim . "

" Lotte , snakka Dokker med henne da ho slutta ? "

" Tja . Ho er visst reist utanbys . Bergen var det visst , " seier Aleksander likesælt .

" Jaså . Nei , jaså . " ‐ Ludolf svingar fort på hælen og går .

Frukthandlaren ser langt etter han . Var han ikkje ferdig med henne enno ? Hadde den gode herremann tenkt at no sat ho der oppe og sørgde han ? Og tok imot når han fann for godt å kome heim att ? Da kjende han ikkje noko til kvinnehjarta , den karen . Men kor fôr han av i slik hast ?

Frukthandlaren må ut i døra og sjå etter han . Men Ludolf er for lenge sia rundt mange gatehjørne . Aleksander blir ståande på trappa . Postbudet kjem nedi tverrgata . Aleksander ventar ikkje brev , men her er eit høve til å snakke eit par ord med eit menneske .

Postbudet har brev til han , likevel , ‐ eit fylgjebrev på verdipakke . Kr. 200 , står der . Ka i all verden er no det ? Å ‐ !

Han læser butikken og går . Straks . Sølar utover kraftig da han skriv under . Har alle postkontor i dette land vonde pennar og blekk som kaffegrut ? Ein lang , tankespredd postmann med briller rota lenge i pakkereolen før han fann den store , flate pakken med forlagsmerket på . Endeleg !

" Versågod ... . "

Aleksander Lygre heldt på å bli overkøyrd fleire gonger før han rakk heim att med pakken . Det var manuskriptet til novellesamlinga i retur . Det han hadde sendt før ferien til Dovreforlaget i Oslo .

Her datt ut eit blått og eit kvitt ark da han reiv opp det brune omslaget .

Det blå arket : ‐ Konsulenten vår finn ut her

mykje godt i desse novellene . Men utforminga har ikkje den artistiske glans og fest over seg som me må kreve av dei litterære arbeid me skal gi ut hos oss . Me syner til fråsegna frå konsulenten .

Det kvite arket : ‐ Det er ein tenksam mann som har skrive desse kravlause novellene , ein mann med livsrøynsle og høg moralsk idealitet . Men utforminga er sers fargelaus og trivlande . ‐ Gong på gong syner det seg at forfattaren ikkje kjenner grunnreglane i den moderne psykologien . Men utan denne kjennskap kan ein forfattar snautt arbeide i vår tid . Særleg gjeld dette skildringa av tilhøvet mellom mann og kvinne . ‐ Men skal ein vere fullt rettferdig , må siste novellen nevnast med honnør . Den er på mange måtar verkeleg ei god påbyrjing til eit verdfullt stykke novellekunst . Men dessverre ‐ taket glepp og den originale ideen blir liggande ubruka og ubrukeleg mellom gråsteinen . Ideen minner utydeleg om Frank Swinnertons merkelege novelle " Nocturne " , men tåttane er ikkje samantvinna slik at ein skynar kafor just desse menneska førest ihop i denne situasjonen . Eg kan ikkje råde til at manuskriptet blir prenta .

Aleksander Lygre snudde arket . Ingen ting meir . Inga underskrift .

Underleg . Dei er alltid ananyme , slike konsulentar . Og så har dei likevel all makt i bokheimen . Det er dei som rettar ut handa og seier :

" Flyg ut og lev ! "

Fødselshjelparar er dei , desse navnlause . Og allmektige slike . Det desse herrane seier er brukande , bare det finn ut til folk . Men er ikkje dette diktatur ? Og eit navnlaust slikt ... ?

Ja ja . Frukthandlar Aleksander Lygre læste opp kufferten og la manuskriptet ned der . Læste att med ein gong . Nikka trøytt .

‐ Hadde du venta deg noko ? Ikkje pengar , denne gongen . Nei , eg trong så til ein som vilde høyre på meg , ein som kanskje kunde lese mellom linene . Men han fann altså ingen ting ‐ utan ei " utydeleg " minning om ein eller annan engelsk forfattar . Kem ? Nei , han hadde gløymt det . Det same kunde det vere òg ... .

Han tok seg i å stå og stire ned mot skomakarkjellaren . Der kom ei ung jente trippande med ein kavaler . Ho vrikka på enden , knegga og lo . No bøygde ho seg og pikka på verkstadruta til skomakaren , gjorde teikn og nikka . Så gjekk ho og kavaleren rundt gjenom porten , skulde til bakromet . Frukthandlaren såg vurderande på mannen . Det var ein kall i femtiåra som skulde klyppast . Bartane hekk , hendene var djupt i bukselommene . Hm , skomakarmeister ! den sauen blir ikkje så lett å snaue ... .

Den unge jenta kom etter brus . Var ho seksten år , tru ? Full ferdig nok i kroppen , men der var noko i blikket som enno var barn ‐ trass i krigsmålinga . Det uroa Aleksander Lygre sterkt .

Han tok til å vandre . Og prate høgt med seg sjøl . Skjelle .

" Du er meg ein fin ein ! " sa han . " Profitterar året rundt av smughandel . Og no er du halvveges med på barnerov og kvit slavehandel . Ein fin ein ... . "

Her kom ei tid no utover da han dukka ned i bibliotekbøker og verkeleg hadde utbytte av det . Rikt utbytte som aldri før , syntest han . Han let historie og sosiologi og alt det der ligge og kasta seg inn i psykologi og filosofi , las systematisk , notera , studera . Han arbeidde ein heil månad heile dagen mellom ekspedisjonane og om kveldane med Freuds hovudverk .

Han pusta ut da han hadde fått tak i grunntankane . Her var løysinga ! Han burde sendt eit takkebrev til den navnlause konsulenten , han hadde gitt det avgjerande puffet så han kom i kast med dette epokegjerande verket . Her var løysing for så mykje i hans eige liv . Her fall lys over dei vanskelege problem ‐ over tilhøvet mellom den einskilde og ætta , mellom mann og kvinne . Her rivna slør .

Og han reiste nakken og såg på menneska på gata . Dei kunde analyserast etter skjema alle . Ka var det så dei gjekk rundt og såg så krye ut for ? Her var noko som spurde , noko som kviskra Olivia og Lotte og spurde om dei òg ‐ ? Og han svara med fynd : Ja , dei òg ! punktum ! Ferdig med det .

Men så dumpa han oppi Einstein . Og da var det som læra om " tidromet " la ein sprengkile inn i læra om " kompleksa " . Hadde mekanikken vore for enkel ? Eller var det eit feilgrep å bruke mekanikk og formlar for sjelelivet ? for livet i det heile , ‐ ja , for alt som var i rørsle ! Han gruvla litt på dette . Og så med eitt blei han bråtrøytt av system og teori .

Han rota fram novellemanuskriptet att .

Det vanta " artistisk glans " , stod det i forlagsbrevet . Ein kunde kanskje lære seg til den glansen òg ? Han gjekk på biblioteket og fekk tak i ei bok som hadde kome så høgt oppi opplag ifjor , ei av Polden , den navngjetne Peder Polden .

Han las den . Og sansa noko som boka var full av . Noko lett , uhemma i rørslene , i dei fine kast av hendingar og samtaler . Han måtte tenke på veltræna sirkusfolk som slo hjul . Så virtuøst var det heile gjort . Han beit tennene ihop og sette seg til å analysere teknikken . Var det noko som kunde lærast , måtte ein vel kunne finne det ut .

Han gjekk på biblioteket . Tok heim bøker på slomp . Men bare det nyaste . Romanar , noveller , skoespel . Var det femti eller hundre band han las den sommaren ? Det var visst heller bort imot to hundre . Det første notera han forfattar og tittel og eit resyme av innhaldet , men ga det opp og bare las . Etter kvart som han arbeidde seg gjenom bokberget glei dei einskilde forfattarane bort og det dei hadde skapt , fekk same tonen . Var det dette som heitte tidstonen ? Den var i så fall sterkare enn den personlege tonen . " Børn av tiden " ‐ her var dei .

Av og til gjekk det eit søkk av undring gjenom han . Han høyrde likesom ein ørliten klang i ord og rytme som minte om noko han sjøl bar på . Men så glei det vekk . Det blei aldri meir enn ei minning .

Når han sat slik om kveldane og gruvla over desse ting , syntest han at noveller måtte vere den litterære kunstform som høvde best for tida . Ein skulde tru at alt måtte vere stutt , fort og konsist for folk som hadde det så travelt etter som dei sa . Men gong etter gong stod det i avisene at forlag og bokhandlarar sa frå det var ikkje salsvare . Dei store romanane , helst i fleire band , dei gjekk som varme bollar . Frukthandlar Aleksander Lygre såg på dei tjukke romanane ‐ var det ikkje utkjevla noveller , dei fleste ? Mange av dei norske , i alle fall , nikka han .

Sommaren glei stillt og umerkeleg i eit intenst arbeid . Etter kvart blei han stø på at han sjøl hadde noko han skulde ha sagt . Den der forlagskonsulenten hadde peika på reisenovellen , og just der var det det låg . Men koss skulde han finne den rette forma , eller form i det heile . Var her ei litterær form han kunde bruke ?

Og så tidleg ein formiddag står Lotte heilt innmed disken før han merkar det . Han lyfter augo frå ein appelsinkasse han held på og opnar og der står ho .

" Ei eske Sossidi , takk ! "

Ho har pengar . Blå og gule setlar i taska si .

" Dokker er komen til byen igjen ? " seier han og rotar i sigaretthylla .

" Ja , det var ikkje til å halde ut . Frua som hadde hotellet , var spinn galen . Eg måtte opp klokka fire om morgoane og bake kringler ! Ein av gjestane skulde ha ferske kringler til frokost . Og sjøl skulde ho ha varme vaflar eller pannekaker med jordbersyltetøy på senga . Alltid frokost på senga . Tidleg , frøken ! sa ho , tidleg så eg får kose meg med avisene og kaffeen på senga før eg begynner på dagens strev . Jada , ho var skilt og alt det der . Ingen barn . Yrkeskvinne . Men ho betala godt den tida det varte . "

Lotte ramsa det opp , med herming og store veiv i lufta med hendene . Litt for store . Var ho blyg for det ho hadde vore her og drukke vin med han , for det som heldt på å hende ? Eller hugsa ho det ikkje ? Han hadde ikkje kysst henne , hadde bare hatt eine armen kring henne . Ho hugsa det visst likevel .

" Trøytt av huspost ? Heller stelle heime for mor ? " sa han friskt .

" Mor er død for mange år sia . " ‐ Så la ho fort til , " eg får bu hos ei gift søster så lenge . "

" Koss vil Dokker no da ? "

" Ny post vel . Spøre i avisene og på arbeidskontoret . " ‐ Ho bladde i haugen med magasin og blad . Såg opp med ørlite flørt i blikket , " treng ikkje Dokker hushjelp , Lygre ? "

" Eg ? " Aleksander står himmelfallen .

" Ja , men høyr no herane . Der er ikkje rim i at Dokker som har så god butikk og tener fine pengar bare har det der kammerset . Dokker skulde ha heile huset . Så kunde Dokker ha stue der inne . Og så ‐ kunde hushjelpa ha det andre kammerset . Hm ? "

Ho ser på han ein fort blunk , det er noko i det blikket han ikkje skynar .

" Her måtte pussast skrekkeleg opp ! " seier han da , " huseigaren vilde nok ikkje gjere det utan vidare . Hå ! det skulde bli husleige . "

" Å pytt ! " ‐ Ho blar i haugen .

Nei , dei får det ikkje til å gnistre leven i pratet , det blir noko trist innunder , noko ‐ . Han blir ordlaus og tafat .

" No må eg gå ! " ‐ Ho rettar seg .

" Kor er det Dokker bur ? " spør han og kan likevel ikkje la henne gå enno . Hugsar ho sist ho var her ?

Ho nevner ei gate på den andre kanten av byen .

" Men ‐ eg kjem kanskje hitover ein gong eg må krite sigaretter ! " ler ho , " det blir visst ikkje lenge til . "

Så er ho gått .

Frukthandlaren blir så oppøst . Her er noko han er klar over . No skal det på nytt bli slutt på dei gode kveldane . No skal han til å lye på nytt . Eller ‐ ?

Men da det skumrar ut på kvelden , og det er folketomt i gata , støkk han likevel hardt til da det bankar på gatedøra inn til midtgangen . Han er snar og læser opp . Han veit så sikkert kem det er og ho skal ikkje stå lenge der ute . Skomakaren , han ‐ .

" Dokker ser så øvejidde ut , " seier ho og stansar i kammersdøra . " Likar Dokker ikkje at eg kjem her ? så kan eg gå att straks . "

Ho vil snu .

" Nei , nei ! Dokker må ikkje gå ! " seier han hastig . " Det var bare så uventa . Vil Dokker ikkje ta av og site ned ? "

Han er straks på spranget og skal over gata til skomakaren , men lyt stanse og sjå på henne da ho løyser den lette kåpa og henger av seg . Det er noko så uverkeleg ‐ no hender det på nytt at ho tar av seg og vil stanse her , ei ung kvinne . Ho lyfter dei nakne armane og ordnar håret , får fram pudderkvasten .

Han er som ein vind over gata . Skomakaren har liggande ferdige " skopakker " , men ikveld er det dobbelt pris ! Frukthandlaren spør ikkje om kafor det , men betalar og har hast .

Jo , ho er her inne enno ! Han læser ytredøra og får hengt for så ingen kan sjå inn . Han må få ha henne aleine for seg sjøl ikveld , heilt aleine .

" Har Dokker ete kvelds ? " seier ho og er sviken . Han stod og vaska opp da ho kom . Han legg rein duk på .

" Eg skal ha ein kopp te til ! " ler han friskt og svingar opp på nytt . Trekker te , drar fram brød og smør , ost . Ho smør og et . Ho er tydeleg godt svolten . Han skjer opp meir brød . Han vil ikkje soøre , men har ikkje den gifte systera mat å vere av med ?

Da ho slett ikkje kan få i seg meir , kjem han med sigarettar og vin .

" Dokker er så snill ! " seier ho og ser fullt på han . Han blir litt raud .

" At Dokker er så snill mot meg ? Dokker kjenner meg ikkje , " seier ho og tar ikkje augo til seg . " Dokker er ikkje som andre mannfolk ; dei ‐ . "

Han veit ikkje ka han skal svare til dette . Ho merkar det .

" Skål ! " seier ho og skal hjelpe .

Men han hugsar sist snakka han gale da han hadde drukke for mykje . Han skålar varsamt . Ho tømer sitt glas . Og så reiser ho seg , kjem hit og slår armane kring halsen på han . Kysser .

Han blundar augo att eit sekund . Og her går små , djupe kvervelvindar gjenom sansane . No hender det ! No ! Og djupare enn sansinga kviskrar det , at no blir det stroke ut , det gamle . Dette er ingen draum ... .

Og han hugsar alt han har tenkt og lese i det siste . Han kjenner det har slått sund eit skal i han . Og han reiser seg og slår armane kring henne . Pinnestolen er skrøpeleg , ein kan ikkje site to på den , difor reiser han seg og kysser att . Ho held kring han enno og blundar augo att .

Slik står dei ei stund .

‐ The wild gazelle on Judah's hills , kviskrar ei versline ein stad i minne . No har han henne mellom armane sine , og dette er noko anna enn klassisk lyrikk .

Ho går eit par steg baklengs til dei støyter borti divanen . Der kan dei site to .

" Eg er så glad i Dokker ! " kviskrar ho . Enno har ho augo att . Ho stryk kinnet mot hans .

Han svelgjer og får det ikkje til å svare . Han ser små stjernerap går over dei blåaktige augelåka hennes . I sine augo ser han dei . Stakkar , tenker han , har ho hatt det vondt ? Her er så store augeringar kring , her er så mørke skuggar .

Han sit og held kring henne . Å , her er endeleg kvinna ! han har fanget overhendig fullt av henne . Han legg andletet inn mot blusa hennes . No hender det òg . No blir det òg stroke ut .

" Du har vist lagt på deg , " smiler han .

" Har eg ? " ‐ Ho spør forundra , så ler ho blankt , -det må vere alle vaflane og kringlene eg lura meg til å svelgje i Bergen . "

Han får ein kyss på panna og så flytter ho seg ned av fanget hans .

" Skål ! "

Ho pratar meir om hotellfrua i Bergen , om Bjerga og dennane skomakaren , du ! Ho tenner ein sigarett . Imårå vil ho gå til mange plassar ho har fått i avisene .

Da tøygjer han seg med eitt bort og drikk av hennes glas . Sitt held han bort til henne . Da smiler ho søtt igjen og drikk ‐ av hans . Så drikk dei båe av kvar sitt ‐ der den andre just har drukke .

" Var det dus me drakk no ? " seier ho .

" Ja , var det ikkje det , tru ? "

Han legg armen kring henne og kysser den vinvåte munnen hennes . Og ho legg hovudet hit til hans . Trygg .

" Eg måtte heim att . Eg har lengta så . "

Ho stryk kjaken sin inntil hans . " Å , den skjeggstubben ! " ‐ Ho opnar augo . " Har du raka deg idag ? Det riv ikkje slik som sist . "

" Sist ? Skrapa du deg da ? "

" Å ! " Ho blir putrande full av skøy , " du var borti kinnet mitt med skjeggstubben din den gongen òg ! Nekt det ikkje ! "

På nytt er her eit blaff , noko usynleg , useieleg i mellom dei . Og no ser ho på klokka . Spring opp .

" Eg må gå ! " ‐ Ho tar etter hatten , ho legg han vekk , triv kåpa , ordnar håret og finn hatten att . Står framfor speilen heile vegen .

Han sit og ser på henne . Den rørsla når ho steller med håret . Han blir visst aldri mett av å nyte den . Han smiler i ein bitteliten portvinrus . Ei ung kvinne står på kammerset hans og steller seg for å gå . Han nyt å sjå henne her . Er ikkje dette livet ? Kafor har han ikkje set det før ? Alle desse år ... .

" Du må snart sjå innom att , " seier han og legg til , lågare , " eg må vite koss det går ‐ med dei postane ? "

" Har det noke å seie for deg , det da ? " spør ho og strevar med eit par krøllar som ikkje er fine nok . " Huff ! " seier ho , " eg fekk så dårleg permanent sist , han står ikkje . "

" Det har det ! " nikkar han og svarar på spørsmålet .

" No må du sleppe meg ut ! " seier ho og er ferdig . Kjem hit og lyfter andletet opp til han . Munnen .

" Godnatt ! "

Han læser etter henne . Går og ordnar før han legg seg . Lykkeleg ? Det er i alle fall forunderleg likt det han ein gong har drømt var lykka , og så er det ingen draum .

Han stryk over divanputa der den nakne albogen hennes har laga søkk . Her var kanskje noko snautt på divanen bare med den eine puta ? Han ser på kjørla som skal vaskast opp . To av kvart . Og med eitt står spørsmålet likesom skrive i lufta :

Har ho snakka med Ludolf ‐ før ho kom hit ?

Dagen etterpå var ikkje god . Det var ei lise da ettermiddagsavisa kom . Han heiv seg over den som ein utsvelta ein , eller som ein som held på drukne og klenger seg til laus fjøl . Tankane hadde male heile natta og dagen med det vonde spørsmålet .

Ingen ting om gatearbeid . Sjølsagt . Han var no bra nauten som såg etter slikt . Den europeiske situasjonen ? Han hoppa over den . Denne gata var fordømd til å ligge som blindgate i all framtid , det hadde Bjerga-testamentet ordna .

Her var eit par notiser frå Oslo-forlag , den og den forfattaren kom med ny bok iår . Eit intervju med Peder Polden , konsulent for Dovreforlaget , der hadde kome inn fem hundre manuskript bare der . Av desse var tatt ut to brukande debutantar , ‐ unge , sers karakteristiske for vår tid ... .

Undrast om Lotte kjem i kveld ?

Han drølte litt med kveldsmaten . Å nei , ho kom vel ikkje kvar kveld . Serleg dersom ho skulde gjere alvor av å spøre på postar ? Han tok avisa på nytt . Fleire forlagsnotiser .

Etter tri års togn kjem Peder Polden med ein ny , stor roman . Typisk Oslo , men den originale idéen og gjenomføringa av den gjer det heile til noko ålmengyldig . Ein strålande satire over humbugen i vår tid , og samstundes ein psykologisk roman , ein analyse av ung kjærleik , varsamt og fint fortalt .

Kjem Lotte ikveld ?

Augo jagar over avisoverskriftene , stansar ved Peder Polden att . Så han var konsulent ved Dovreforlaget . Da var det vel han som hadde lese novellemanuskriptet , og sagt det minte utydeleg om den engelske forfattaren Frank Swinnerton . Neste gong har var på biblioteket vilde han verkeleg sjå om der var noko av den karen .

Kjem ho ikveld ?

Ho kjem .

" Har du eit pulver ? " er det første ho seier .

" Er du sjuk ? " støkk han .

" Å jaja ! idag kan du få heile håvet mitt for ingen ting . "

" Sei ikkje det ! " skjemtar han , " eg trur du vilde sakne det om du ikkje hadde det . "

" Med nauå ! Det har ikkje hjelpt meg stort da det var godt heller , " klagar ho .

Han har verkeleg eit pulver . Og ho blir betre da ho har fått det . Ikveld skal ho ikkje ha mat , nei takk ! Men har han sitron ? Ho får ein sitron og et han fort , grådig . Så lettar det .

Den kvelden får han vite litt om henne . Han spør henne varleg ut .

Far hennes lever , men han er gift igjen og har mange ungar . Inga og Lotte kom på waisenhuset da dei var små . Og da dei så var konfirmera var det å gå på arbeidskontoret og få seg huspost . Inga er gift ho , med ein røyrleggar . Det å bli gift er utvegen , berginga for oss hushjelpjenter . Men Inga seier ho skal ikkje ha fleire barn ‐ dei har to . Det ristar Lotte på hovudet til . Ho smiler med eitt så underleg :

" Minst seks måtte han gi meg den eg skulde gifte meg med . "

" Koss gjekk det med postane ? " spør han avleidande .

Jo , ho skal begynne ein plass imorgon . Ho nevner det slik likesælt i forbifarten . Og så spør ho etter ein røyk . Inhalerar sterkt . Her knest ikkje ord i henne så lenge sigaretten varar . Stubben klemmer ho flat i skåla og jeispar . Reiser seg og skal gå . Ho har ikkje hatt kåpa av .

" Kjem du att snart ? "

" Får sjå . Godnatt . "

" Godnatt ... . "

Dagen etter såg han noko i avisene om ein teatertrupp som reiste rundt med eit stykke av Strindberg .

Han lånte telefonen hos bakaren . Treffe på ei finslipa fruerøyst .

" Versågod , avdelingssjef Pettersen ! "

Han spurde etter Lotte ‐ frøken Nåden .

" Hvem sa De ? Frøken Nåden ? Det må vere feil nummer De har fått ? "

Han sa navnet om att , heile navnet og la til at ho skulde vere hushjelp der .

" Å-e ! den nye tjenestepika ! Ett øyeblikk skal je se om hu kan gå ifra ... . "

Lotte kom i telefonen .

" Kem er det ? Å ‐ ! " ho pusta langt , høyrde han , ‐ var ho sviken hell glad ? " Teater ? er det noke løye& ? Er det trist ? " ‐ Ho drog på det , "eg vil helst sjå noko som eg kan le av . Er der ikkje heller ein kino ? Men ikkje før onsdag . Har ikkje fri før . Ikkje tale om ... . "

Så går dei på kino onsdag . Og laurdagskvelden kjem ho uventa og sit her litt . Ho er så underleg . No er ho sagt opp , seier ho alvorleg .

" Eg har svidd sausen og koka potetene i graps ‐ bare fordi eg tenkte så alt for mykje på deg ! " seier ho og set seg på fanget hans . Peikar på den nye puta bortpå divanen , " ser du ka dei fuglane gjer ? Dei nebbast ! "

Og så klemmer ho seg inn til han . Let augo att og kysser , kysser . Straks etter ler ho og seier det var bare ei skrøne ‐ ho er slett ikkje sagt opp , det var bare noko ho sa for å sjå om ho kunde skreme han .

" Kafor skreme ? "

Men han skuvar alt tilsides for dette eine : Ho kjem til han og er god mot han . Han krev ikkje meir enn dette . Han tenkjer ikkje lenger enn frå stund til stund saman med henne no . Sjå henne , høyre henne , kjenne henne . Det gamle er borte .

Ein drøymar har han vore . I mange år har han site her under Bjerga-bakken og lya etter ting som ikkje fekk hende . Det er slutt på det . Og han ler høgt , peikar på puta , på fuglane :

" Ser du ka dei to gjer ? "

" Ja , dei nebbast ! " svarar ho og klemmer seg inn til han , på nytt .

Han blir litt ør . Da kjem det .

" Eg skulde fortalt deg noke , " seier ho og reiser seg i sætet , " men eg får meg ikkje til ikveld . Kanskje imårå . "

Orda står som sjøllysande i lufta . Dei dirrar .

... Kanskje imårå ... .

Orda har strupetak på han med eitt .

" Kan du ikkje seie det ikveld , vil eg ikkje vite det imårå , " svarar han og læser armane ihop kring henne . Denne gongen er han herre over tilværet , han har det her mellom hendene .

" Eg er ikkje heilt bra , " seier ho og gjer eit kast på nakken , " eg vil ikkje narre deg . Eg kunde nok ha gjort det , men eg vil ikkje . "

" Ka er det da ? "

" Eg skal ha barn . "

" Med Ludolf ? "

" Ja , " ‐ ho hoppa der ho sat på knea hans i ein fort , gledelaus lått , " me kan vel vere enige om at det ikkje er med deg ? "

Ei ørlita togn .

Noko han aldri hadde kjent før , noko villstøkt , harmfylt , eit rop om hevn ! Og han slepper henne ikkje , han kreistar henne som i ei skruestikke .

" Kafor kjem du så hit ? Og det kveld etter kveld ! " kvæser han .

Da sprutar tårane fram . Ho blir still som ein strøypt fugl .

" Først så tenkte eg at ‐ at . " ‐ Ho stansar , ropar det ut , " men eg tenkjer ikkje slik no . Nei eg gjer ikkje det ! "

Da slepper han henne og snur ryggen til . Dei har reist seg båe . Han kjenner han svimlar . Blikket trivlar oppetter veggen , fer over bokhylla , stansar ved ein bokrygg .

Pikk-yrandes små gullbokstavar , dei spring fram i glans så dei blindar reint :

Når vi døde vågner .

Javisst , han nagla blikket i dei gylte bokstavane og heldt fast der . Urørlig .

Han høyrde ho pusla på seg jakke og hatt . Ho såg seg visst ikkje i speilen . Trong ho ikkje mjøl på nasen denne kvelden ? Nei , der klikka døra att etter henne . Ho var her ikkje lenger .

Han skulde ha spurt om noko , men han hadde ikkje fått opp munnen .

Gullbokstavane lyser . Når vi døde vågner ... .

Aleksander sit i lysthuset i St. Ives og høyrer elva Ouse suse framom . Det er dagen etter festen . På hi sida av det runde bordet sit franskmannen med ein underleg jeip i andletet og fortel at rektorfrua er reist . Ho fekk eit hysterisk anfall igårkveld ‐ ja , straks etter ho hadde snakka med Dykk , monsieur norseman ! Ho skal ha barn ! Har De ikkje set det ? Jo , ho måtte reise bort . Ho reiste til mor si . Barnefaren er så kry at ! Kry for ervingen som skal kome . Men uroleg òg . Ho fekk det med gråt igårkveld . Sa franskmannen .

‐ Du har lagt på deg ! ‐ Har eg ? ‐ Ho flytta seg unna . ‐ Har du eit pulver ? Idag kan du få håvet mit for ingen ting . Nei , eg er ikkje bra ... .

Å hoi ! men han har vore truskyldig ! Han reiser seg fort og spring ut , læser døra , sløkker alle plassar . Ho må ikkje kome inn att . Han orkar ikkje sjå henne i augo meir . Han er redd for ka han kan kome til å gjere med henne da .

Ta henne med vald ! skamslå henne , drepe henne ! det kunde han gjere . Det stig som eit blodraudt rop i han .

Han hivar seg ned på divanen . Her ligg att noko i divanteppet som minner om henne . Brukar ho syrinpudder på heile seg ? Han skvett opp att og går kvilelaus att og fram . Og han kjenner han er slik laga at han må finne ut kafor denne mordlysta dukka fram .

Er det bare blind , forkvakla kvinnelystna som ligg bakom ? Og til det kan han svare at da hadde du tatt henne for lenge sia , når ho kom slik til deg . Er det denne ungdomsopplevinga som har bunde han i ein draum om " Olivia-Lotte " , så da draumen gjekk dunderen i vald , da skulde her øydeleggast ... .

Han stansa her .

Slikt kunde ikkje klårgjerast i ein-to-tri . Og han kjende det var farleg å finne satsar og formlar . Han hadde merka det før , her stansa og størkna noko da .

Gullbokstavane deroppe . Dei hadde hjelpt just i det farlege minuttet , dei hadde pensa kreftene inn i refleksjonen da dei var på vippen til å stupe blindt ut i mørket og ugjerninga . Men dei bokstavane var ikkje alt . Han såg det no . Dei var bare ei dør . Der var noko bortanfor dei .

Ein underleg fred seig inn over han . Han klædde seg naken og gjekk ut til springen i midtgangen . Kaldt vatn på kroppen . Og så sove , sove .

Kvar gong han hadde tenkt at no vann han noko i verda ‐ ven eller kvinne ‐ da glei det frå han att . No skyna han meininga med det . Han skulde få augo opp for den verda han åtte inne i seg sjøl .

Det hadde kome til han som ei openbaring .

Verda ikring ‐ historie , geografi og politikk ‐ ? Han flirde litt da han hugsa koss det hadde gledd han ein gong å lese om at vitskapsmennene hadde funne fossile blåskjøler i Tibet . Dei øvste tindane i Himalaya var bygde opp av bergarter laga under havet . Tenk det , Hedda !

Ka hadde slikt å seie for dette som var han sjøl ? Det var spel med raude og blå donsar , og skulde han ikkje i grunnen vere vaksen no , skulde han ikkje ha hug på noko meir& ? Det var det som hadde kome til han som ei openbaring .

Han gjekk på biblioteket att . Her var noko han var på leit etter . Han tok heim psykoanalytiske bøker . Men han merka dei kjende ikkje til ‐ eller vilde ikkje vite av ‐ desse område av sjelelivet der han vilde av no . Han kom borti ei bok om Eros og Sexus , om eget og driftene , om samling og kløyving . Ein norsk vitskapsmann hadde skrive boka , og i framstellinga hans sansa ein at det menneskelege medvitet var noko sjølstendig og at individet hadde sin absolutte ser-hått . Men forfattaren kløyvde individet dramatisk i ånd og drift . Aleksander merka ei protestkjensle i seg og prøva finne uttrykk i ein formel ‐ farleg å lage formlar ! ‐ Men kunde han ikkje seie det slik at han , Aleksander , i seg sjøl kjende Eros og Sexus som navn for det same og det fanst ikkje noko lågt og vondt i det . At Gud ‐ , nei , han notera hastig ned eit par setningar . Las og las omatt , prøvde skrive ein artikkel , eit innlegg mot den boka . Merka så at han måtte ha tak i eit par bøker til før han kunde få forma ut det han meinte . Da heiv han bøkene og gjekk ut .

Her kom eit par viker med hard lesing . Men han var ofte uenig med dei filosofane og psykologane han kom borti . Han kunde ta seg i å småsnakke med seg sjøl , eller rettare med boka han las i .

" Mi røynsle er ‐ , " sa han og la imot .

Han kunde snakke høgt om kveldane på kammerset , og stokk til når han sansa det . Men snart var han djupt inni eit nytt ordskifte .

Da han las noko om Leibnitz og læra hans om monadene , tindra det i augo på han . Her var ting han kunde seie ja til . Like eins som der ikkje finst to heilt like lauvsblad , er der heller ikkje to heilt like menneske . Men dei speglar alle Gud . Så uendeleg eit spekter er der i han ... . Og vakker og djup var visdomen i orda om sjela og lekamen , at : i sjela fullførest alt , som var der ingen lekam , og i lekamen fullførest alt , som var der inga sjel .

Aleksander snudde og vende på satsen . Det var som sat han med ei kosteleg skål i hendene . Men brått kom det for han at skåla var tom og han blei ikkje kvitt den kjensla . Var ikkje hans røynsle ansleis ?

Og så ein kveld blei han bråtrøytt av alle bøkene . Han tok på seg regnfrakken og gjekk ut i ei stri torebøye som vætte til skinnet . Ingen av filosofane hadde heile livet i grepet , dei sat og leika seg med sandkorn og blåskjøler ved stranda til det uendelege .

Her kom små glimt .

Han gjekk heim og fann fram skrivesaker . Og med eitt tenkte han : ‐ Hadde du visst dette ‐ og dette ‐ da du skreiv dei små stubbane her i vår ! Ja , helst dengongen du skreiv den " Swinnerton novellen " .

Det var ikkje brøkar av lesnan han notera ned , det var sjølstendige tankar , men han kjende dei var blitt forløyste av det han hadde lese og det han hadde opplevt no .

Her banka på døra til midtgangen .

Han opna . Det var Lotte . Ho var grå i hamleten , dryg over magen og pusjen . Skamlaus steig ho inn og let att etter seg .

" Få kjøpe ei eske Sossidi da , Lygre ! "

" Sossidi , javel . " ‐ Han fomla seg inn .

Ho etter .

" Få site litt . " ‐ Ho fann pinnestolen . Og det fôr gjenom han da han såg det : dit tydde blekksmeden òg ein gong . Ho fekk sigarettane . Og betala , kunde betale .

" Fyr òg , Lygre ! Så er du jidle . Eg skal gå straks . "

Han tende . Prøva skjemte . For her var noko han ikkje fekk spurt henne om , den gongen , sist .

" Eg trudde du hadde fyr , eg ? " sa han med ein lått .

" Ludolf , meiner du ? Hahaha ! " ‐ Ho inhalera sterkt , " eg har ikkje set han etter sia den natta eg fortalde han koss det stod til med meg . "

Her gjekk ein straum av varme gjenom frukthandlaren , og han undra seg over det . Han såg på henne . Nei , koss budde ho no ? Ka levde ho av ?

" Du har post enno ? " laut han spøre .

" Post ? Slik eg ser ut ? Jojo ! " ‐ Ho gnurde sigarettstubben i skåla og tende ein ny . Fort . Svolten . Fortalde , sakleg , kaldt : " Eg får ligge på loftet hos den gifte syster mi . Det er ikkje meir heller . Ho ventar eit lite ho òg . Hehe ‐ Det er uvilt , seier ho , ho òg . Men eg har da oppspart pengar til mat for fjorten dagar til . "

Han visste ikkje noko å svare til dette . Det var så vondt , så ferdig , likesom . Eller ‐ .

" Du Aleksander ? " Ho såg på han , og slikt eit blikk hadde han aldri møtt før hos noko levande ‐ ikkje ein gong hos blekksmeden . ‐ du Aleksander ?

" Ja , var det noke sers ? "

" Har ikkje du fire-fem hundre kroner å låne meg så eg kan få vekk dettane herane ? " ‐ Ho gjorde nedover seg med handa .

Han sansa noko farleg bakom orda , noko ulmande nedkjøvt i eit heilt ut forlate menneske . Og han høyrde seg sjøl seie noko han kanskje aldri skulde sleppt ut mellom tennene :

" Veit du ikkje at Ludolf er komen til byen att ? "

" Er han ? " Det kom andlaust , fort , kviskrande .

" Du skulde snakke med han , " sa Aleksander sterkt .

" Om dei pengane ? Eg vil heller døy ! "

Eit framandt og villt andlet , eit blikk og ei sjel ‐ eit menneske som han ingen ting visste om .

" Eg tenkte ikkje på pengane , " sa Aleksander , trivla etter ord , " eg tenkte , det er visst lettare sagt enn gjort ‐ det å døy . "

Augo hennes datt ihop , ho heiv seg ned med andletet i divanputa . No gøymde ho dei to eventyrfuglane som nebbast på svart silke . Han strauk over ryggen som gjekk opp og ned med harde rykk .

" Ludolf spurde etter deg da han var innom og kjøpte sigarettar . "

Rykkinga i ryggen stansa litt .

" Ja , han var vel glad eg hadde kome meg unna vegen for han . Hahaha ! Så han kunde gå frank og fri kor han vilde . "

Gråten tok til att . Aleksander sette seg på pinnestolen .

" Har han vore her mange gonger ? " spurde det i puta .

" Bare ein gong . Det er lenge sia , " la han til , fort . Og han hitna i andletet med det same . Dette skulde han ha fortalt henne første gongen ho kom hit etter ferien . Det slo han som eit farleg klagemål , og han blei redd for å få høyre det frå hennes munn . Det var kanskje dette som gjorde at han no reiste seg og sa det han sa .

" Dei pengane du nevnte . Kan du vente til laurdag , skal eg sjå å få tak i dei til deg . "

" Takk . " ‐ Ho treiv handa hans og kysste den . Så reiste ho seg tungt og gjekk .

Aleksander stod og såg på handa si ei stund . Så rista han på hovudet . Lagnan var vel helst det ein kalla full av ironi . Ei ung kvinne kysste han på handa , og det når ho skulde ha slått .

Det hadde ikkje vore ærleg spel , det hadde vore falsk og fusk i alt han hadde gjort mot henne frå første stund . Og var det ikkje han som hadde snakka så ivrig om at det hadde vore eit avgjerande eksperiment , ein prøve på ka verd han sjøl åtte . Dersom denne unge kvinna ‐ . Han braut av . Det hadde mislukkast fordi det var som ei lygn det heile for hans eigen part . Men hadde han ‐ no den gongen ho kom hit att ‐ med ein gong varskodd henne om at Ludolf var i byen , da hadde det vore ærleg spel . Og hadde ho da kome til han , til Aleksander , for godt , ‐ da ... .

Han såg på handa si og smilte , rista på hodet på nytt .

Koss skulde ein få tak i dennane Ludolf ? Var han i byen enno ?

Den natta sov han ingen ting . Låg still på ryggen og stirde i taket . Her var ingen veg utanom , denne gongen heller . Men dette her var eit grand vanskelegare enn juletosk og kortspel . Og denne gongen galdt det ikkje døden men livet ! krisla det gjenom han .

Men koss skulde han makte oppgåva ?

Her var ymse ein kunde trive til . Det med pengane skuva han til sides som det siste , det aller siste . No var det Ludolf ein måtte finne så fort som mogeleg . I folkeregisteret måtte ein vel kunne finne han . Men Aleksander tvila på han var i byen . Han meinte han måtte ha set han da . Enn om ein gjekk til frelsesarmeen ? Det kosta vel ingen ting , men det vilde ta tid . Og han hadde inga tid å gjere på , to-tri dagar bare . Gjekk ein til politiet , sokna dei vel ein times tid lengst kaien og skreiv ut attest for Ludolf Fanuelsen at han var ikkje drukna i dette distriktet . Kringkastinga ? Nei , da fekk allverda vite at her var nokon som sakna slauren . Og dette måtte gå for seg så stillt at ikkje ein gong Ludolf skyna kven som stod bak ettersøkinga .

Hadde Ludolf gitt seg på loffen ? Eller hadde han reist på eit eller anna arbeid ? Hadde han ikkje lese om eit par nye anlegg nordover ein stad no nyleg i avisene ? Nye vegar og bruer . Ein måtte kunne ta seg ein tur og sjå etter . Aleksander fekk reisefeber ved tanken .

Men så kom her eit men . Når Aleksander reiste frå byen , blei ho aleine att i byen . Her blir ingen å gå til for henne . Koss vilde det gå ? Og den spenninga ho kom til å gå i dei dagane , uvissa . Og kome seg av garde og tilbake heilt utan ho merka det , vilde vere umogeleg . Til laurdag hadde han sagt til henne . Han kunde gjerne bli lenger enn som så . Tankane stansa opp , rådlause . Var her ingen veg ?

Såvidt han hadde fått døra opp om morgonen , stakk lassis nummer ein den side underlippa innafor .

" Kjøp skolisser idag da , mester ! "

Aleksander kjøpte . Og så fylgde han eit brått hugskot og spendera snus . Nummer ein blunka forstøkt og tok imot .

" Du bur aleine i huset enno ? " sa han .

" Ja , du har kanskje tenkt å bryte inn og sprenge pengeskapet mitt ei natt ? "

Dei lo båe . Nummer ein blei litt raud , det var ikkje bare lått .

" Nei , mester . Sådn någe har aldri eg sode inne for . Har aldri tenkt på det . Eg spurte for di han derane snotten som var i arbeid hos naboen din her før jul ‐ han reiste nordover med nattruta og skulde tena pengar , ‐ mange pengar , sa han ‐ og det på ein blunk . Og så vilde han koma att og leiga blekksmedverkstaden herane til butikk , det sa han . "

" Butikk ? " Aleksander knegga uroleg .

" Akkurat ! han vilde konkurrera med deg . Snoba ! "

" Ein må ha handelsbrev til butikk . "

" Det hadde han . Du skal få vera kjørar for meg , sa han . Har du sertifikat for handkjerre ? sa han . "

No lo Aleksander trygt . Det var tullprat det heile . Men ‐ nummer ein hadde altså set Ludolf ?

" Ja . På nattruta den kvelden han reiste . Ka tid ? Tja ‐ fjorten dagar sia , eller noko slikt . Nei , han sa ikkje kor han skulde av . Men han skulde av båten i Koparvik . "

Da slo Aleksander ned som ein hauk .

" Kunde du tenke deg til å ta ein tur nordover du òg ? "

" Eg ? Ka i all verå skulde eg der ? "

" Finne han Ludolf for meg . "

" Har han gjort noke gale ? " kom det lynsnart .

" Neida ! Du skal bare helse og seie at her ligg att eit verktøyskrin etter blekksmeden , det kan han hente når det passar ein gong . Men , " ‐ Aleksander kviskra med eitt , " så fortel du at du møtte ei dame på kaien og ho ba deg helse og seie at kjem han ikkje heim før laurdagen , så går det gale . Det gjeld livet ‐ liv hell død ! kan du seie ! "

Nummer ein gjekk ut i døra og sende ein flaum brun saus ut i rennesteinen . Kom inn att .

" Er det noke du ferder ihop , dettane ? "

Aleksander rista på hodet .

" Har aldri vore så alvorleg i mitt liv , " seier han .

" Ål rait ! " Nummer ein hyfser på akslene , -eg skal reisa . Men da må du spendera ei korg heile øl når eg kjem att med knikten . "

Aleksander lova det . Så fekk nummer ein greie pengar til billetten og strauk .

Frukthandlaren såg betenkt etter han . Fyren såg verkeleg ivrig ut . Men greidde han det ? Neste morgon sigla her ein døddrukken ein inn butikkdøra og fann sæte på pinnestolen utanfor disken .

" Her er eg igjen ! " sa det . Ei valen hand strauk att og fram under nasen . Pusten var hivande . -Eg gjekk på nattruta som eg lova . Gjekk tidleg , likar aldri koma for seint . Men det var kaldt på dekket . Har du merka det er alltid fælt kaldt på dekket når båten ligg med kaien om kvelden ? Så eg gjekk ned , eg . Men det skulde eg ikkje ha gjort . For nede sat der to og drakk øl . Du får unnskylle , men det er det verste eg veit , å sidja sjå på at andre renner i seg øl . Eg måtte ha meg ei halv , eg òg . Ei halv og eit par til . Så da båten skulde gå , tok båtsmannen feil og hev osser i land adla tri . Og så blei det enda meir øl i land , etter som me no ein gong var hevne i land frå sama båten . "

Ein lang pause . Så tok han til å rote i alle lommene , fann ikkje , men rota vidare så årene låg som klæssnorer over halsen . Endeleg heiv han ein mynt på disken . Det var fem og tjuge øre .

" Herane er det som blei igjen . " ‐ Lassis nummer ein snudde dei raudkanta augo truskyldig hitover mot disken , suglet rann nedover haka og bringa , " du må aldri meir be meg reisa erend på død og liv til Koparvik . Det er verste eg har vore med på . "

Så la han andletet i hendene og sovna der han sat ihopbøygd på pinnestolen .

Lassis nummer to hadde kome stilt inn døra . Hadde høyrt det heile . Jeipte .

" Kjende du ikkje han derane bere enn at du ga han kontanter på fikkan ? Hoho ! han lova ka du vil og bryt alt han har lova ‐ er der bare øl å hola . "

" Du meiner du hadde greidd det betre du ? " flirde Aleksander .

" Ja . Har du ein røyk til meg ? Ein fin røyk ! Den oppi hyllå der . " ‐ Han peka på kassane som stod att frå Bjerga gjekk her . " Får eg ein kasse slik røyk til nista og ein kasse når eg kjem att ‐ så skal eg finna dennane Ludolfen for deg så sant han er levandes på Karmøyno hell på Haugarlandet . "

Aleksander fylgde nummer to ombord på nattruta den kvelden . Var ein sving nedom trisene og stakk til dei nikkelmynt , gjorde dei kjende med han som sat på dekk . Han med sigaren , ja . Inga servering , takk ! Nei vel !

Nummer to sat alt med sigar nummer tri . Han likna ein opiumsrøykar som lenge har vore borte frå pipa si .

" Hå , " mumla han da Aleksander sa adjø , -du veit ingen ting om det å nyda ein sigar , ein slik sigar . Den første ein spydde av da ein var konfirmant heime hos ein skikkeleg far , den første ein kanskje fekk " betinga " for første gongen ‐ slike minne har sin sjarm , mon frêre ... . "

Her gjekk ein dag og ein til . Nummer to kom ikkje att . Lotte såg han heller ingen til til . Han hadde sagt til laurdag . Verda saktna farten framfor noko meiningslaust som måtte hende , dersom ikkje , dersom ikkje ... .

I avisene stod det noko om ein løebrann på Haugarlandet . Truleg omstreifarar som hadde vore inne med fyrstikker . Aleksander tenkte straks : Det er den siste sigaren ! Og no er nummmer to hekta av lensmannen . For ein tosk han hadde vore som hadde sett lit til lassaronar ! Og det i slik ei sak ... .

Det snørte seg ihop for bringa . Hadde han bare visst kor Lotte budde !

" Kjøpe skosnorer , mester ! " ‐ Nummer ein stakk den side tome lippa innfor dørkarmen . -Har du litt snus til meg idag ? "

" Versågod ! " Aleksander slengde ei eske på disken , " det må du vel ha . "

Nummer ein glodde på eska . Ho var uspretta . Han fekk brått munnen full av spytt , laut ut i døra og lense tomt før han kunde svare . Så kom han hit til disken , lurande og mistruen .

" Eg treng vel ikkje gå på nattrutå , veit eg ? "

Da Aleksander rista på hodet til svar , treiv han snuseska og slo hælane ihop , retta seg bein . Høgre handa flaug til vers .

" Heil Aleksander ! " sa han , " heil ! "

Så var han vekk på tassande , fillute gummisko .

Frukthandlaren kjende ei frysing nedover ryggen . Helsinga kom som ein spott , makaber og vond . Her gjekk han i eit kok av uvisse og sjølklage for di han hadde så lita makt over tilværet , og så helsa ein lassaron til han som skulde han vere ein verdensherskar .

Ein ny kunde . Det riksa i den gamle døra . Frukthandlaren såg opp og stokk .

Det var utsendingen hans som kom att . Og han kom aleine .

" Det var den kassen med røyk , " sa nummer to . Han labba hit til disken og la albogane nedpå der . Roleg og makeleg , som hadde han bare vore rundt nullen og ikkje på livsviktig ekspedisjon ute i den vide verda .

" Du fann han ikkje , da ? " sa Aleksander og kjende han var litt nummen i kjeften da han snakka .

" Steddi no ! Steddi no ! " Nummer to la seg betre til rette utover disken . " Først skal eg ha den kassen du veit , så ‐ . "

Aleksander reiv ned dei to siste sigarkassane av det dyre merket .

" Velsigne deg ! Her har du resten av lageret . Snakk da , mann ! "

" Du får gje meg fyr òg , " sa nummer to kaldt , han braut forseglinga , " har du ein kniv ? "

Frukthandlaren fann fram lommekniven sin , skalv litt på hendene . Lassaronen skar tuppen av sigaren og stakk den svarte , lange bladrullen inn mellom lippene , snudde på han der . Seint og nytande .

" Um ! " sa han og tende .

Og så laut Aleksander stå og sjå på koss den eine røykskya etter den andre blei blesen ut . Han sansa at denne fine lukten hadde her vore i sjappa hans før , ein gong for lenge , lenge sia . Så snakka det inne i røykskyene .

" Han kjem innom seinare på dagen . Koss eg fann han ? Det kan vera det same . Men han har god jobb der nord . Kafor han ikkje kjem beint hit ? Og det spør du om , når du har sendt meg med slik ein beskjed ? Hoi ! Han fôr som eit avskremt lyn oppover byen . Du var heldig med den , Aleksander farr ... . "

Merkeleg ! tenkte frukthandlaren , han var blitt dus og best med all verdens lassaronar det siste . Så det er den vegen det går med deg ! flirde han . Går du vegen med opne augo , eller ka ? Og så putra det fram ei ør lita lykke som fyllte han heilt ei stund . Ein mann som sprang slik i land frå ein båt , vilde ikkje den vondt som han sprang til .

Her gjekk eit par timar . Og det var ikkje bare moro å vere Aleksander den stunda . Han hadde kome til å tenke på så mykje . Det ordna seg vel ikkje alt fordi om Ludolf kom att . Men kunde han ‐ Aleksander ‐ ha gjort det ansleis ?

Her kom små heite fantasibilder . Slik og slik kunde du stelt med henne ‐ skulde du stelt med henne , hadde du vore noko til mann . Kom ho ikkje inn dørene til deg uspurt , sat her på divanen og på fanget ditt . Ho kysste deg . Du trong ikkje ta noko med makt . Heile den unge kvinna var i di makt . Ho kravde ingen ting og du trong ikkje ha lova noko . Og så let du ho gå slik ho kom . Kafor nytta du ikkje høve ? Kafor var du så stakkarsleg ?

Stakkarsleg ? svara han og frikjende seg sjøl . Er da denne satyrgrabbinga av alt det som heiter kvinne noko så sers mannsleg ? Eg trur ikkje det , eg . Men sei at ho kom for noko meir enn ein kveld og ei natt , sei at ho kom i dødsens alvor og vilde skaffe far til ungen rett og slett . Det er eit friskt og eldgamalt instinkt hos kvinna , det . Men da skulde du ha nytta høvet og rekna like dødsens alvorleg og slått til . Så hadde du hatt henne for godt .

Han rista på hovudet til dette .

Rett nok , ho sa noko den forferdelege kvelden , noko om at først så tenkte ho at ‐ at ‐ men no tenkte ho ikkje slik lenger . Den gongen makta han ikkje å ta dei orda opp i ettertanken og vurderinga jamsides det andre . Støkken og galskapen skygde for alt anna , men orda hadde bite seg fast og kom att etterpå . Kanskje dei hadde hatt lykka i seg for dei båe og han visste det ikkje ?

Men nei . Han rista på hovudet til det òg . Der var noko løyndomsfullt inne i han sjøl som hadde stansa han i den avgjerande stunda . Kanskje det same hadde levt og styrt inne i henne òg . Ho hadde vore ein annan manns kvinne , det var bremsa for dei båe . Og om ho kunde ha narra seg sjøl og han for ei stund , så vilde barnet alle dagar minne om denne andre . Og koss vilde det vel bli da ?

Det riksa i butikkdøra . Det var Ludolf .

Han var uroleg og opprørt , prøva likevel late som ingen ting . Spurde straks ka det var Lygre vilde han . Aleksander synte han verktøyskrinet som stod att ute i mellomgangen . Alt det andre blei køyrt vekk etter gravferda , men dette herane ... .

" Javel , javel ! " ‐ Ludolf snur seg tvert frå skrinet til Aleksander , " veit Dokker kor Lotte reiste hen da ho kom att frå Bergen ? Eg meiner ‐ har Dokker snakka med henne etter sia da ? " Han var i naud . Og kunde gjerne vere der litt til , tenkte Aleksander med eitt .

" Lotte ? " sa han da og sette skrukker i panna , -å , ho hushjelpa hos Bjerga ? Ja , ho har vore innom herane eit par gonger . Ho har visst hatt fleire postar . Men no sist sa ho at ho skulde vere hos systera ei stund . Ho venta eit lite . "

" Lotte ? "

" Nei , ka trur Dokker , Fanuelsen ! Lotte er da ikkje gift , ho . Men systera ventar seg . "

" Adjø ! " sa Fanuelsen . Han gløymde verktøyskrinet .

Aleksander nikka bleik og forundra til seg sjøl . Alle dei fine replikkane , du ! Dei kom av seg sjøl , når dei skulde og slik dei skulde . Han kikka etter han som sprang ut til ein lånt sykkel . Det var laurdag idag , og han som fôr der såg ut til å ville kome tids nok .

Aleksander flirde . Ludolf såg ikkje ut som han trudde noko av det om syster til Lotte . Det var ikkje sagt for å bli trudd , heller . Men tru om ho kom til å seie til han at ho så smått hadde arbeidd for å få seg ein annan barnefar ?

Ei vike etterpå stod dei under " ekteskap " i avisene . Adressa var vel den til syster hennes . Hadde han visst om den adressa den gongen , hadde det blitt ansleis det heile , da ? Han stansa ikkje ved den tanken , men gjekk og sende telegram til brureparet . Her kunde ikkje bli noko øydelagt med det , og ei lykkønsking skulde Lotte ha på denne sin dag .

Så gjekk Aleksander inn til snusen og appelsinene . Det var sjelefred i det å sele snus og appelsiner . Når han hadde desse kjende ting mellom hendene , sigla han roleg inn mot ukjende ting bortanfor det advent han kjende i seg var det daglege for han just no .

Og så ein kveld just da frukthandlaren skal til å stenge butikken , kjem her eit par menneske hit gata . Det går seint . Ho pustar sprengt opp trappa .

" Denne trappå , Lygre ! " hermer Ludolf etter Bjerga .

Dei set i ein lått alle tri , og det var bra .

" Nei , det var godkveld eg skulde sagt ! " seier Ludolf fort og kjem med høgre handa , " og tusen takk for telegrammet ! "

Lotte stikk fram si òg .

" Tusen takk ! " seier ho varmt og klemmer hardt og fort .

" Å , ikke noke å ... . " Aleksander stammar og har vondt for å sjå på dei to just no . Han kjenner det enno i handa at ho tok i den . Ho har kysst den handa ein kveld , tenkjer han . Man ka har ho fortalt han Ludolf , ‐ kor mykje ?

Lotte set seg på pinnestolen . Ludolf kjøper sigaretter . Sossidi . Tenner . Lotte tigg Ludolf etter drops . Han kneggar smått og er blitt vaksen og røynd ektemann . Ho er så stri etter snob no om dagane ! fortel han , ‐ men røykinga har han da fått henne til å slutte med .

Frukthandlaren har ein pose på vekta .

" Tjuge øre ! "

" Takk ! " ‐ Lotte triv posen og puttar drops i munnen . To ‐ tri ‐ fire på ein gong . " Å , godt ! godt ! "

Ludolf ler . Aleksander tenkjer : Just det same sa ho ein kveld for ikkje så lenge sia her inne . Da drakk ho vin .

" Ja , godkveld da ! " Dei helsar så fullt og lett . Og Aleksander skynar med eitt at ho har ikkje fortalt Ludolf noko om den tida han var borte , ikkje noko om det som har hendt her inne i alle fall . ‐ Og kafor skulde ho vel det ? Her skjer så visst ingen urett mot nokon . Og i eit underleg synsk blenk ser han framover i tida , det blir ikkje bare solskin for henne med den karen der . Og kanskje det kan vere bra for henne å ha noko i bakhand , da . Han kjenner seg lett og glad ved tanken . Det er som fylgjer han henne og er til eit slag hjelp , enda når han ikkje ser henne meir .

Dei er langt nedi gata da frukthandlaren sansar noko og er ut og ropar .

" Skrinet ! " ropar han , " verktøyskrinet ! "

Dei snur og Ludolf får skrinet .

" Han sprang så fort sist han var her ! " prøvar Aleksander å skjemte .

Dei to ser på kvarandre og skrattar .

" Det hasta så sist ! " svarar Ludolf breidt .

" At du ikkje skjemst ! Fortele det alt no ! " smiler ho . Ho blir ikkje raud , ho bare ser fort og greidt bortpå frukthandlaren . Han er ein kjenning og ein ven som vel skynar mannen hennes er litt flåkjefta ?

Så går dei to for alvor . Eit lykkeleg ektepar . Frukthandlaren ser etter dei .

Forunderlege kvinnesjel ! Blikket ditt var ope og fritt , heilt utan skyldkjensle . Det er stroke ut og gjort til ingen ting , det for meg merkelege at du har blunda att augo under munnen min , at du har sagt du lengta heim til meg . Han kjende god hug til å bukke djupt etter henne og seie : farvel og takk for alt ! Men slikt gjorde ein visst bare på teater .

Der gjekk dei . Ho og han . Dei representera ei uro som gjekk frå han . Ja , der reiste det noko som hadde vore farleg . Og det som var farleg ‐ det var liv .

Pulsen slo fortare .

Andre vilde vel døme det mindre . Han sjøl såg det som ein personleg siger at der gjekk dei to , just dei to , arm i arm . Ein Aleksander-siger ! Ja , verkeleg , du spådde rett likevel , min gode lassis nummer ein da du helsa meg med heil !

Han snudde inn til seg sjøl . Og no gjekk han til den tredje og største oppgåva . Og vann han den , da hadde han vunne heilt ut , da var han verkeleg fri .

Aleksander

Om kvelden såg han over bokhylla .

Byrons vers , Shakespeares Midsummernightsdream , Ibsens dramatiske epilog . Og så dei par ordbøkene . Merkeleg ‐ han hadde ikkje lese ei av desse bøkene etter sia han kjøpte dei og las dei første gongen . Han hadde bare flytta dei samvitsfullt med seg og sett dei opp i viss orden . Ja , og så kikka i ordbøkene ein og annan gong .

Desse bøkene ‐ det var vel slike gamle Henrik vilde kalla " lik i lasten " . Koss såg dei da ut , desse lika ‐ inni ?

Han trivla over rekka og tok ut Shakespeare . Opna og las . Som filologi først . Så blei han vekk i det øre fantasi-floget og sansa ikkje klokke hell stad .

Tid og rom er borte .

Han er bortrykt og ser på livet frå høge tindar jamsides geniet . Bakom det ville , " meiningslause " spelet stig det røynlege livet fram . I slik ein dårskaps eventyrskog vandrar kvar ein av oss og skynar det ikkje . Og alvedronninga Titania kviskar til oss der vi stomlar ikring med eselhovud :

Out of this wood do not desire to go .

Thou shalt remain here , whether thou wilt or no .

Aleksander stansa ein blunk og tenkte over dette . Just denne hendinga i spelet var det dei synte fram på skulen . Og Olivia Law var Titania med diadem i håret . Det gjorde ikkje vondt å hugse det no lenger . Han kjende bare den sterke angen av syrin . Så dukka han inn i eventyret att .

Og da han endeleg la boka vekk og kraup til køys , fekk han ikkje sove .

Det er menneskelege gåter bakom elskhugsleiken Shakespeare har dikta om her . Men ikkje etter psykologisk skjema . Enda han nok kjende slike , han òg .

Blankt og farleg openbarar han uventa både for mann og kvinne at den dei elskar ikkje er slik dei trur . Kvar ein skifter og skifter på nytt , og er noko meir og noko anna enn just istad . No da du var her , var du her ikkje . Det du stirer på er bildet av meg slik eg var for ei tid sia , ikkje slik eg er no . Og kanskje du sjøl har laga det meste i det bildet du gøymer på . Nei , me er alle i rørsle i tidromet og da kan ikkje nokon av oss bindast i faste matematiske formlar eller psykologiske satsar .

I dette evig skiftande er der ein straum som til slutt må nå fram til opphavsmeininga . Og i det kreftenes paralellogram som blir til når elsken i mann og kvinne møtest , just i dette gåtefulle samspel mellom framande monader ‐ takk , Leibnitz ! ‐ er det livsunderet opnar seg og lever i full røynd . Men dei vanlege euklidiske mål kan ikkje brukast på den røynlege verda . Var det du , Einstein , som sa det ? Du bror av Kopernikus ! Når du døyr ein gong , da må du fødast på nytt som psykolog og lære sjelegranskarane at også dei må rekne med den fjorde dimensjonen . Kanskje diktarane vil få auga på det da .

Rørsla i tidromet . Aleksander skalv der han låg .

Du skyna det ikkje , fordi du trudde at alt det som skulde hende med deg her i verda , det hadde hendt . Du sat her og lya og venta og visste med deg sjøl at det du lya etter og venta på , det var det framfarne som ikkje kom att nokon gong .

Utan sjøl å vite om det kom her to-tri menneske og tvinga deg til å skape nye hendingar i livet ditt , avgjerande hendingar . Da du gjekk ut av den vonlause ventinga og gjorde ei gjerning du ikkje ana rekkevidda av , da opendaga du det røynlege . Det var da det blei vekselverkna mellom dei andre og deg at du kom ut i livsstraumen , og den kjenner ikkje til sjelelege preventivmidler . I den strøymande , skjemafrie livsstraumen lyftest du ut av " eventyrskogen " og Titanias fortrolling og opplever den fjorde dimensjonen i sjelelivet .

Og da er du fri .

Det steig som ei flodbylgje i han . Han såg eitkvart . Han såg at no var han komen lenger enn dette Peder Polden kalla " grunnreglane i moderne psykologi " . Men det var i dei reglane han Peder sjøl sat uhjelpeleg fast . Menneska hans var robottar , dei kunde ete , drikke , røyke , og ein og annan gong så vidt gjenomføre coitus , så kunde dei ikkje meir .

Men den verkelege sjelegranskinga vilde lenger , og den verkelege diktaren vilde lenger enn dette . Peder Polden hadde stansa i ein sjuk pubertet . Det var fossile blåkjøler i sjelegranskinga han leika seg med . Livsstraumen hadde reist frå dei tinga han tok i .

Diktinga vilde framom og lenger .

Det tok Aleksander så sterkt at han måtte opp og gå . Barføtt steig han att og fram over golvet i kammerset . Han kjende seg stolt og audmjuk ved tanken på oppgåva som venta . Det var kjølig natt . Han fraus og klædde på seg . Tende lys . Så tok han fram manuskriptet til novellen som Polden hadde sagt minte om Swinnerton .

Med seg sjøl kjende han at her låg ein stor roman i kim . Han las om att det skrivne . Og såg kor rikt stoffet var . Men det han den gongen såvidt timja , det veit han no .

Det er den løyndomsfulle samanhengen mellom framande og ukjende menneskesjeler ‐ det er den han skal ha sagt noko om .

Dette vi kallar elsk . Han visste ymist om den .

Det kune vere angst for einsemd , torste etter varme , duld trå etter å føre ætta vidare . Ein vilde eige den ein elska , og gje seg sjøl til den ein elska . Og når elsken blei samdelt og båe kjende seg forløyst , da var det kjærleik .

Kunde ikkje kjærleiken brenne bare i den eine , og forløyse bare den eine ? Fanst han ikkje utan i samdeling ? Godhet ‐ ka var det ?

Aleksander kjende han bar på ei røynsle i dette . Noko som vilde ha form . Og da var det denne novellen som skulde vere grunnlaget for arbeidet . Han visste ikkje noko anna litterært emne som han kunde bruke . Just desse menneska veit han alt om no . Den fleinskalla gamlingen som dett under bordet da båten kjem ut i sjø , det elskande paret som drikk vin , og den unge guten som sit bak avisa og ser på dei andre ‐ no veit han koss livet deires var før dei kom hit i denne røykesalongen på Englandsbåten , han veit òg ka dei vonar og vil just no , og koss det skal gå dei seinare . Og han kan seie kafor dei ‐ just dei ‐ førest ihop i denne situasjonen her . No kan han sleppe laus den bundne ofsen i dei , løyse hemningar og tøyme hugskot ‐ la dei leve ut i den fjorde dimensjonen .

Han fann blyant og papir .

Han hugsa med eitt den replikken av blekksmeden : " Salli , der er von for henne , ho kan bli vakse menneske . "

Var det det han sjøl var på veg til å bli no ?

Det haustar fort .

Kveldane blir mørke . Signallyktene i det gamle brannvaktstårnet lyser raudt kvar natt og fortel dei som ikkje veit det at no er her storm i sjøen .

Aleksander ser det når han stenger butikken . Han ser det når han sløkkjer lyset midnattsbel og kryp til køys . Han tenkjer på dei som lyt baske der ute i mørke haustnatta no , og på dei som har set det raude signalet og lagt seg i havn .

Han sit ikkje lenger og lyer og ventar . Ikkje låner han bøker på biblioteket heller . Han har ikkje tid til slikt . Han skriv på novellen " Natt ombord " , den blir stor og merkeleg , ser han . I den møtest dei , dei ukjende menneska frå Englandsbåten og dei to-tri som har kome og brøytt om livet for Aleksander utan dei i grunnen visste nokon ting om det .

Kjærleiken ‐ må han samdelast mellom to for å leve og bere frukt , eller kan han bu og bløme i den einslege ? Og om han blømer hos den einslege ‐ kan han da bere frukt ? Godhet ‐ ka er det ?

Den røde lykta i det gamle tårnet brenn og lyser i dei stormfulle kveldane . Aleksander skriv .

Det går seint . Mykje papir blir bruka ‐ og mykje brent . Men det går da . Aleksander Lygre voner å få manuskriptet ferdig til våren .

August , september og oktober kjem og blir borte . Så sig november inn over dørstokken med bokflaumen hakk i hæl .

Aleksander tar imot avisa ein ettermiddag , svingar kjelen på kokeplata og skal ha ein kaffetår til når han les .

England ‐ Japan ‐ Tyskland ‐ Sovjet ‐ Kina . Javel , han les overskriftene og blar vidare . Her er eit par bokmeldingar . Peder Poldens nye roman ... .

Aleksander les eit par avsnitt av meldinga . Drikk små kaffeslurkar innimellom . Så med eitt gløymer han kaffekoppen . Augo jagar i veg .

Forfattaren har funne ein sermerkt idé til å støype sin menneskekunnskap og samfundssatire inn i . Ein idé som bokmeldaren ikkje visste anna å samanlikne med enn Frank Swinntertons " Nocturne " . Her fylgde ei utgreiding om den engelske forfattarens måte å handsame emnet på , og så analysera bokmeldaren den norske ‐ som slett ikkje var plagiat , men som ein trimenning å kalle ... .

Aleksander slengde avisa . Såg fort på klokka . Bokhandlarane hadde oppe enno . Han læste butikken og strauk avgarde . Heldt på å bli overkøyrd eit par gonger av uvørne erendsgutar og var tilbake på eit kvarter med eit fersk eksemplar av Peder Poldens nye roman .

Så las han den .

Det var rett , det bokmeldaren hadde skrive . Boka var fylt av ein respektlaus leik med dei gode , gamle nedervde dogmene i politikk og åndsliv . Eit sviande svipeslag over humbugen just idag i vårt " kultursamfund " . Elegant i forma og utføringa ‐ slik vi kjenner Peder Polden frå den tidligare produksjonen hans .

Men ‐ og her var det Aleksander smilte så underleg skakt ‐ romanen i romanen er kjærleiksnovellen om bladmannen Espen Skaug og jenta med det linkvite håret . I teikninga av tilhøvet mellom desse to unge har forfattaren gitt noko sjeldsynt vakkert og sant , noko nytt både i hans eigen produksjon og i den norske bokheimen idag . Dette er så mykje meir å merke seg da Peder Polden sjøl høyrer til den eldre generasjon og såleis ikkje skriv ut frå eiga oppleving . Med den plass Peder Polden har i vårt litterære kulturliv , vil det nye diktverket hans få innverkna langt ut over dette års juleflaum .

Slik skreiv bokmeldaren .

Aleksander la avisa ihop , leita etter det brune papiret han hadde fått boka i hos bokhandlaren , pakka boka pent og noggrant inn . La både avisa og boka ut på disken . Så læste han butikken enda det var enno ein time til stengetid , og la seg på divanen , let att augo . Låg slik lenge .

Så skvatt han brått opp og drog fram kufferten , opna . Fann fram det refusera manuskriptet og bladde kjend og fort , las . Bladde eit stykke og las meir .

Kor var boka& ? Han reiste seg og sprang att og fram , kunde ikkje finne boka . Var det ein vill draum det heile , Peder Poldens roman og alt ? Han stomla ut i butikken . Den pakka i brunt papir , kor var der i den ? Han kjende ikkje den pakka . Han riv opp det brune papiret . Det var romanen .

Han sprang inn i kammerset og la boka jamsides manuskriptet . Bladde , fann eit avsnitt , ei setning . Først i boka , så i manuskriptet . Såg snart her , snart der .

Underleg å sjå dei orda på prent . Han hadde ein gong skrive dei med eiga hand , her var dei . Han la nasen ned til trykkbokstavane . Svertelukt .

Mrs. Law døydde òg i barnseng . Dei sa jordmora hadde skylda .

Aleksander kjende seg trøytt og ferdig med eitt . Tom som ein utheven hermetikkboks . Han reiste frå boka og papira slik dei låg og bort på divanen . Klædde ikkje av seg , reiv bare opp snippen i halsen . Ti minutt seinare skvatt han opp og var lysvaken att .

Hadde han samanlikna med ei jordmor ? Å ! han var mykje meir . Han var kirurgen som gjorde keisarsnittet på slike som ikkje greidde fødsla . Aleksander fekk ei hard låttbøye , stilt , men hardt så tårene spratt . Han hadde hatt for trongt bekken , Aleksander Lygre , han som så mange andre . Ivrig rota han i avishaugen , var det ikkje fleire hundre som hadde sendt inn mislykka åndsfoster ? " Idéen framifrå , men utforminga ‐ . " Hihi ! Aleksander knislo . I dette høvet hadde konsulenten med eit flott keisarsnitt berga barnet ‐ Aleksanders idé ‐ fram til liv .

Takk og ære ! Aleksander bøygde seg tri gonger til jorda . Takk og ære ... .

Kor dum han hadde vore . Han skulde sjølsagt ha sendt just den novellen til eit magasin eller vikeblad ‐ straks manuskriptet kom i retur . Så hadde den kome på prent med ein gong . Så hadde han vore første mann på torget . Men no ‐ ? arbeide vidare ?

Han fann set att ute i midtgangen framfor ssane sine . Han hugsa dei han selde ifjor , dei har han enno ikkje fått betalinga for . Og han slo fast , det er det same underlege spelet med idéar som med pengar ‐ dei kan kome slik på vandring at ingen meir veit det er hans . Og i dette høvet nytta det lite sende rekninga til inkasso .

Aleksander sette seg med sprikande bein .

Han hadde ein gong lese noko om eventyrteikningane av ein stor norsk kunstnar . Dei var gått over i alle manns eige , var blitt ein anonym del av folkets kulturliv , skreiv ein kunsthistorikar , ‐ og det var det største som kunde hende eit åndsverk , la han til .

Aleksander nikka .

Just slik er det gått med ditt eige produkt . Det er blitt ein anonym del av Peder Poldens åndsverk og derigjenom i det norske kulturlivet .

Han godgjorde seg med tanken ei lang stund . Slik var det altså å vere opphav til eit diktverk , eit av dei viktige , dei som blei selde i mange opplag . Ei rik kjensle ! mektig insiterande ... . Og så det useiande vakre i det å vere så heilt anonym !

Han såg for seg den svære haugen med refusera manuskript og smålo :

Fåfengt var dog ej jer Fødsel , Læg jer ned og tjen til Gjødsel .

Det var ein lur gamal tass som sa det der ein gong i sin ungdom . Han visste koss det var ‐ enda det var bare eigne hugskot han snakka om den gongen .

Nei , hit med sverdet ditt , vise kong Salomo ! her er eit heilt ny oppgåve til deg . Ho er litt vrangare enn den du greidde så fint den gongen du blei verdskjend for visdom . Høyr på meg , du fyrste over seksti dronningar og unge jenter utan tal ! dryg ei ørlita stund før du går til dei igjen . Eg vil kviskre ein løyndom til deg , så må du døme . Her er eit barn fødd av to fedrar og det har inga mor . Kven er rette faren ? Greier du den med sverdet ditt , da er du meir enn vis . Svarar du ikkje ? Ja , da veit ikkje eg .

Aleksander slo rådlaus ut med hendene . Mumla ord utan samanheng og sovna . Vakna straks . Ka var det no Fridell sa om dette her . Spørsmålet om førsteretten har stor interesse når det gjeld støvsugarar og sigarett-tennarar , men på det åndlege området er det heilt utan vekt . Aleksander nikka . Han hugsa noko rektor hadde fortalt da dei las Shakespeare . Det var mest ikkje eit skoespel som han ikkje hadde lånt idéen til frå andre . Snart var det gamle italienske spelstykke , snart Bandello eller Bocaccio . Alt bruka han på sin eigen frie måte ... .

Aleksander set seg under den nakne , kalde pæra og stirer på boka og manuskriptet .

Ein grådig , omsynslaus blekksprut , hadde han visst tenkt om Peder Polden just no . Men i denne underleg stille natt har appelsinseljaren eit syn .

Han er i stua hos konsulenten . Han er denne mannen han aldri har set . Augo er såre av innestengd piperøyk og kvitt papir under elektrisk lys . På bordet ligg ein diger haug manuskript , på golvet ein enda større . Og mannen er trøytt og ille medfaren , sløv av alle dei slitne glosene og ferdigsydde menneska .

Han les .

Og brått blir det glatte andletet levande bak brilleglasa , den sjølleie , syrlege jeipen kring munnen blir borte .

Han er tatt av noko parlaust vakkert midt i alt det hjelpelause og klumpute . Han les novellen " Natt ombord " ein gong til . Men så sukkar han og triv blokken , skriv domen : ‐ " Ein original idé , men utforminga ‐ . " Manuskriptet havnar på golvet . Så spar han seg vidare i haugen . Ein steinbrytar i arbeid .

Men han får likevel ikkje fred for det glimt av diamant som just no hadde vore mellom hendene hans . Han leitar fram att novellesamlinga . Han noterar " gangen " i novellen , skriv av eit par setningar .

Det er vakkert dette her . Synd at slikt skal kome bort .

Han pussar brillene og stirer langsynt . Den der idéen burde han ha fått . Han skimtar koss han skulde ha forma ut og skapt kring en idéen ... .

Nei ! han hivar blokken ned i skrivebordsskuffen og gir seg i kast med papirhaugen att .

Men han er tatt av idéen i den mislykka novellen . Den gir han ikkje fred . Han kan ikkje bli fri makta i den . Han må arbeide med den . Eller rettare ‐ den arbeider i han . Og så blir det slik han og hans evne kan . Men just det som står på blokken er slik sagt at det kan ikkje seiast ansleis . Så brukar han det . Ubrigda . " På sin eigen frie måte " , sa dei om Shakespeare .

Gjer han ikkje da ei god gjerning ?

Eit forlag er å likne med ein samlemaskin , ein silo der forfattarkonsulenten kan finne idear til nye eigne arbeid . Ære vere han som fornyar seg sjøl og den norske bokheimen i denne jobben . Og av gode grunnar vilde Peder Polden aldri risikere at litteraturgranskarane sa det same om han som om Shakespeare : " Idéen har han henta frå ei novellesamling av ... . "

Frukthandlaren låg på ryggen på divanen og glodde i taket . Låg med vidopne augo og lya . Venta han å høyre låt av annan manns liv nær innpå ? Ein sjuk blekksmed som stomla ikring mellom blekkplater og koparrullar ? Eller var det ei fast , lita kvinnehand som skulde banke på og be om å få site litt herinne på pinnestolen og ta ein røyk ?

Her kom ingen .

Menneska hadde ikkje meir her å be om . Så hadde dei gått . Kvar til sin stad . Og tankane , dei hadde òg reist så underleg frå han .

Ei brå , lita øsing . Eit blaff . Han veit det vil aldri skje , men la meg drøyme det da , småpratar han . Det er sælt å drøyme . Og så drøymer han at han har fått manuskriptet antatt , har underskrive kontrakta , har lese korrektur ‐ og så står han her inne med boka i handa .

Han triv Peder Poldens roman og opnar , legg nasen nedi mellom blada . Skimtar eit par velkjende liner . Let augo att og dreg pusten inn . Trykksverte . Underleg å sjå dei linene på prent .

Eit eksemplar av boka vil han sende til Peder Polden " med takk ‐ . "

Kafor blir han så oppøst ? Er dette noko å bli så vill for ? Han ‐ Aleksander ‐ kan da bare finne ein annan idé og skrive ei ny bok ?

Det er det han ikkje kan . Han er ingen springvatskrane til å skrue på , inga Geysirkjelde som gøyser til vers . Denne idéen var den fatiges einaste lam .

Utpå morgonsida får han ein blund .

Så står han opp , rakar seg og kokar kaffe som vanleg . Papira som ligg og flyt utover bordet , legg han pent ihop og ryddar dei ned i handkufferten saman med Peder Poldens roman og avisa med meldinga . Så læser han kufferten og skjer brød .

Ferdig med det .

Dagane går . Han lever etter klokka som før . Sel snus og appelsiner , kjøper nye varer . Les aviser . Betalar skatten i rett tid og set nokre kroner i banken kvar laurdag .

Her går ord om at ervingane etter Bjerga vil ha omstøytt testamentet . Kanskje gamleheimen ikkje blir av , kanskje gategjenomslaget kjem , likevel ?

Han blar etter og fer over avisene kvar dag . Ingen ting om dette . Nei vel , han sig av i ein døs . Det kjem likesom ikkje innanfor skinnet no meir , noko .

Ein ettermiddag han sat og småduppa over dei siste telegramma , vakna han opp . Ikkje med ein rykk , men rolig . Likesom opna aller porer i lekam og sjel seg og såg . Hit var han komen . Eit lite kot bakom ein appelsinbutikk i ei blindgate . Mr. Law sa ein gong i ein samtale : " Du vil finne at fri vilje og lagna er ein og same ting . " ‐ Det var over fem og tjuge år sia han sa det . Hadde han rett idag ?

Einsemda var god før . Ho er det ikkje lenger .

Han hadde si faste rute til fiskebrygga og kolonialen . Og om laurdagen på biblioteket , lesesalen der med nye hefte og tidsskrift . I butikken rassa ungar og kjerringar inn og ut . Han betala husleige og skatt . Han var sjølhjelpen og fri . Einsemda var god den gongen .

Ho er her noko som har kome i drift .

Han stritar imot . Han klorar seg fast i den form for tilvære han hadde funne fram til den gongen . Det har vore noko farleg fanteri alt dette den siste tida . Godt det blir slutt . All si kraft vil han no samle i det eine : å tene pengar til livs opphald , vere ein sjølstendig og fri mann til han døyr . På gamleheim vil han ikkje , sjøl om det går i orden med Bjerga-testamentet .

Han stritar imot . Og brukar dei råder han kan finne . Snegelen dreg seg inn i skalet sitt , Aleksander gjer det same .

Han har ikkje set kundane sine inn i andletet dei siste dagane , er redd for augo . Han kan risikere å tape fotefestet og stupe inn i dei , kjenne som dei , tenke som dei . Han har ledd av det sjøl . Men igår merka han framfor barberspeilen at han hadde vondt for å sjå seg sjøl i augo .

Det var da han glei og stupa inn i eit anna mennesk at einsemda blei farleg . Det var da det blei vanskeleg å sjå seg sjøl i augo . Rørsle i tidromet . Å , den fjorde dimensjonen i sjelelivet var farleg . I alle fall for meg , kviskra han og skalv .

Han er på nytt i salongen ombord i Englandsbåten .

Den unge kvinna og venen hennes er her ikkje , dei har gått til lugaren sin . Her sit bare ein ung gut med ein kaffekopp og ei avis . Plassen der den fleinskalla skal vere , den er tom . Skipet duvar roleg i lange dønningar . Det klirrar smått i glas ein eller annan stad . Han bak avisa blir uroleg , det stig til angst . Det er ikkje slik det skal her .

Der skal ligge ein ferdig mann under bordet . Det er det som ‐ . Aleksander støkk til . For det er ikkje han sjøl som sit bak avisa og kaffekoppen no lenger , og høyr ! no kjem her nokon stigande hitover utanfor . Ei hand trivlar mellom portierane . No kjem han som skal ligge under bordet .

Aleksander skrik til og vaknar . Det var si eiga hand han såg .

Rakekniven skrapa holt over barken om morgone , gjorde reint for skjeggstubb slik han skulde . Men her kom blod på egga , og frukthandlaren la kniven fort frå seg . Han var blitt så skjelvhendt no desse dagane , det var kanskje best å få seg barberhøvel ?

Han gjekk og skulde kjøpe morten til middag .

I eit smalt gatekryss straks ovanfor torget var det stor laurdagstrafikk av bilar og hestar . Ein gamal politikonstabel , som var sett til å styre med trafikken , hadde det sers travelt . Men han greidde det fint , syntest frukthandlaren , han stansa og såg på ‐ mest like fint som konstablane i dei engelske byane .

Da med eitt stoppar alt opp .

Brått og uventa har tri personbilar køyrt heile trafikken i virvar . To små elegante straumlinebilar og ein sjofel gamal Ford har trilla løynleg og ulovleg tett opptil konstabelen . Dei prøvar bakke , stansar på tvers av alle trafikkreglar , og så tøygjer dei tri sjåfførane seg ut or bilane sine , ristar knytneven til kvar andre og skjeller . Bannar .

Konstabelen legg seg oppi snakket . Istadenfor å dirigere , kjeklar han med . Andre vogner pressar på bakanfor . Store lastebilar med murstein og sand , meieribilar , fiskebilar , bensinbilar , ein kondittorbil , ein bananbil , kjerrer med jordeple og gulerøtter , ei likvogn , to rutebussar ... .

Sirenene yler .

Konstabelen blir forfjamsa og frå seg . Han bykser frå alt ihop og inn på fortauet . Der slår han armane vidt ut og tett ihop att . Bøygjer seg i knea og strekker seg . Liknar mest av alt ein sprellemann som blir vippa i snora si . Så slår han hendene kring hovudet og stør seg til næraste husvegg .

Aleksander får frost nedetter ryggen . Kven var det den stakkaren minte han om ? Aleksander kan ikkje rive seg laus frå det han ser . Han må vite koss dette går .

Da løyser dei to elegante tosætarane og den gamle Forden på knuten . Fem minutt seinare renn vognstraumen slik han skal . Men ein lakkblank Chevrolet glei inntil fortauet og politimeistaren steig ut i full uniform .

Aleksander går uroleg vidare . Skjemd og ulyk keleg på konstabelen sine vegner , at han ikkje greidde oppgåva si . I det same høyrde han eit par ord frå den gamle Forden .

" Haha . No tok vi knekken på han . Ka trur du sjefen sa til han ? "

" Ja , han trong ei skrape . Sist laurdag veit du , da ... . "

Forden køyrde . Jaså , var heile hendinga tilstelt av dei tri som hevn for eit eller anna . Aleksander strevar , men kan ikkje gjere det heilt klårt for seg kafor han var blitt så uroleg og trist ved dette han hadde set .

Han kjøpte morten . Men gløymde å stelle han til . I staden læste han butikken og var av og kjøpte seg mørke briller . Det var så vanskeleg å ekspedere folk når han ikkje såg dei inn i andletet . Men når han hadde desse brillene , kunde ingen feste sine augo rett i hans . Han prøva . Det gjekk bra . Dei kunde ikkje narre blikket hans så han svimla av inn i pupillane deira . Han kjende seg skotfri .

Ut på ettermiddagen blei han umåteleg svolten . Men der fanst ikkje mat i margarinkassen under divanen . Han laut læse butikken på nytt og av etter brød , margarin og te . Møtte avisguten og fekk nummeret sitt . Stansa midt i den smale gate og gløymde seg bort , vilde prøve dei mørke brillene . Kunde han lese med dei på ?

Straks hadde han ein bil i toppfart i ryggen . Bykste unna . Og ein vitlaus sykkel jaga med skingrande klokke halvt innpå fortauet , fylgt av ein slingrande meieribil . Frukthandlaren måtte kline seg inn til husveggen for ikkje å bli slått over ende .

Da han endeleg rakk heim , la han brødet , smøret og teen ned i kassen og skuva alt godt under divanen . Han hadde gløymt at han skulde ete .

Og så tok vandringa til på nytt .

Den leke springvatskranen var så vond å høyre på . Han måtte ut og ha kluten oppi vasken på nytt . Her hekk ei honk med mort . Hadde han ikkje ete middag ? Han stirde tomt på morten , så snudde han inn att . I butikken sansa han her var støv på plakaten . Han var bort og strauk det varleg vekk , stod litt og kjælte bokstavane med augo .

English spoken . Man spricht deutsch .

Skotåa dabba eit par krye takter på golvet . Så var den kvilestunda slutt . Golvplankane knirka under dei urolege føtene , snart her , snart der .

Timane rann umerkeleg unna , som vatnet or den leke springvatskranen ute i mellomgangen . Han vakna ved at no var det stengetid at . Svarte vinterkvelden . Og han blei tatt av ein umåteleg trong til å gå ut i dette løyndomsfulle mørket som stod utanfor døra og venta på ein eller annan . Var det på han ? Var her verkeleg noko som venta på han ‐ enno ?

Han fann frakk og hatt .

Dei raude lyktene lyste oppi utkikstårnet . Slik dei gjorde den kvelden blekksmeden kom . Var det bare eit snautt år sia den gongen ? Her hadde hendt så mykje .

Eit par unge jenter stod og nynna på eit gatehjørne . Trippa i dei små kalosjene sine og venta på kvar sin ven . Hå , dei hadde heile livet framfor seg . Dei kjende i blodet sitt at snart var det solvending , og så bar det mot vår på nytt . Her skulde gå usynlege bylgjer gjenom lufta . Ange frå seljepoppel og alle slag hagetre . Syrin . Nye poteter på torget . Jordbær , kirsebær , morellar og eple .

Dei unge jentene nynna . Dei hadde tusen vårar framfor seg å nynne mot . Sæle dei !

Aleksander gjekk fort framom . Den eine hadde eit kast med nakken ‐ . Det minte om ei anna ung kvinne . Var det Olivia eller Lotte ? Båe kanskje .

Olivia Law , rektorfrua , ‐ å ja , han skyna noko av den trolldomsmakt minnet om henne hadde hatt . Ho hadde vekt ung eros i han og støkt han med det same . Ho var den første inkarnasjonen av Titania i draumspelet . Lotte , da ho kom første gongen , var Titania på nytt . I sjølkjær nytesyke slo han armane kring henne og trudde han åtte henne .

Men han hadde møtt blekksmeden i mellomtida .

Hadde da blekksmeden kome med så knivskarpe tankar ? hadde han levt eller døydd på nokon så bisneleg måte ? Slett ikkje . Snakket hans hadde vore heller flatt og utan større logisk samanheng . Og han hadde døydd som ein skabbut katt . Men pina og angsten hans hadde opna ringen kring Aleksander , hadde blåse ned korthuset han budde i .

Og hushjelpa Lotte ? Ho hadde ikkje sansa han , Aleksander , før ho trong han . Og han hadde vel i grunnen hatt ei heller komisk rolle i det spelet ? Men ho hadde vore meir enn Titania . Alle kvinner var vel det når dei kom så langt inn i mannens tilvære at dei sprengde fantasibildet hans av " henne " . Og det var da ho kom langt , at Lotte forløyste han or draumspelet og skubba han ut i livsstraumen att .

Blekksmeden og hushjelpa ‐ dei hadde brote sund ringmuren han hadde laga seg mot utanverda . Dei hadde spretta opp heile Maginotfesningsverket med djuptpløgande granatar .

Og dei hadde ikkje visst om det sjøl . Dei hadde gått vidare , kvar til sitt , og late han att utan å snu seg etter han .

Han hadde kjent det som ei lykke å gå utanfor dei sundsprengde festningsverka sine , ut i ingenmannsland og leve samstundes med andre menneske i angst og naud , i strid og lykkevon . Det hadde openbara den mystiske fjorde dimensjonen i sjelelivet . Ka er kjærleik ? Og godhet ‐ ka er det ?

Det var da han opplevde dette at han sansa den oppgåva som venta på han . Den hadde fyllt han heilt og tatt alt han åtte av evne og krefter . Men så kom her ein virtuous og gjorde keisarsnittet , berga den parlause ideen over i drivhuset sitt . Og i same stund hadde han kastrera den navnlause diktaren som hadde levt ei stutt tid her inne .

Den fatiges einaste lam ‐ den rike driftekaren veit ingen ting om koss det er å miste det .

Heime i gata var det samanstimling .

Politibilen stod utanfor skomakarkjellaren . Krylen og kvinnfolka hans , han hadde hatt tri det siste , skulde på stasjonen med alle gjestane sine . Ein eldre bonde hadde meldt at han sakna pengeboka si da han kom ut derifrå igårkveld . No let her banning og kvinnfolkkvin .

" Au ! så du knofla meg , din gris ! " gaula ei tjukk dame ‐ jamenn hadde ho pels ! ‐ Konstabelen bare lo og skubba henne inn i bilen , jompa etter sjøl . Bildøra small i . Svartemaja køyrde .

Kjerringar og ungar drog kvar til sitt . Det var seint .

Aleksander læste seg inn i butikken sin .

Her fall det ro over han .

Her var velsigna . Han drog i seg av den innestengde fruktlukta . Velsigna som aldri før .

Han hengde ullteppet for rutene . Datt så ned på pinnestolen ved bordet . Pusten blei heilt roleg . Augo let seg att . Sov han ? Gjekk her timar av natta ? Han visste det ikkje .

Med eitt skvett han opp .

Her er så stilt her inne . Lyande stilt . Men det å site og halde pusten og lye , det er ikkje heilt stilt , ikkje freden . Ikkje den gode freden . Og springvatnet sutlar og dryp , kluten har vel tetta til avlaupet no . Ut og rette på det vil han ikkje . Der heng visst ei honk med mort frå i formiddag , la henge .

Han skvett til , og blikket lurar seg bortover til den brune handkufferten som stikk fram under divanen . Han kjenner noko inne i seg , det drar han med usynlege band dit bort . Det lokkar med varme menneskerøyster , og det er livet hans som ligg i den lokkinga .

Han reiser seg og vil dit bort .

I det same ramlar ein bil framom ute i gata . Og ein til , og enda ein til . Det er så det klirrar i ein kopp her på bordet .

Ka er no dette for narreskap ! Han må ut i butikken og kikke . Han stirer bak den finmaska hønsenettingen han har for vindaugo her om natta , stirer som ut frå eit fengsel og veit det ikkje .

Tomt og stilt der ute .

Men den månemørke natta renn inn gjennom nettingen , ho kan ikkje stansast med slikt . Og det er sjølve det store , evig arbeidande univers med planetar og solsystem som renn inn til han . Det fyller romet her . Han må ande det inn .

Han vil ikkje det . For det angar av syrin og vår og unge nynn av livsøre kvinnemunnar . Og han rakk ikkje til botnar av sannkjenninga av denne unders gåta som løyner seg bakom spelet . Han hadde trengt djupt inn i løyndomen , det opna seg for han etterkvart som han arbeidde med manuskriptet sitt .

Så kom her ein virtuos og bruka slaktekniv . Han meinte visst det galdt livet for barnet eller opphavet . Så spurde han ikkje meg , men rekna barnet som det dyraste . Visste han at no blei det mindre enn eit skuggeliv resten for meg ?

Barnet ? Mitt barn blei det ikkje . Bare eit halvkaste frø , ein bastard eller ka det heiter ... .

Han klemmer munnen hardare ihop . Det kitlar i nasen , han må nyse . Og midt i det sterke andedraget , midt i den nattblå eimen høyrer han ein lausslept dur som frå sprengde sluser .

Aleksander svimrar . Ragar med hendene for øyro inn mellom portierane til kammerset . Og duren sluttar . Mørket let seg fullt favnande kring han . Med klæa på duppar han blundande ned på sovebenken . Slik kunde det vere godt for lenge sia å hive seg ned i rorbua når ein kom heim frå hav og uver . Ein kunde kveile seg ihop i ein tull kring varmen inne i seg sjøl , dorme av i den varmen og sove tolv timar i strekk . Dorme av ... .

Kor lenge han har sove ? Han veit det ikkje . Men han sansar han står langt frampå golvet lysvaken . Sveitten tyt fram under klæa . Øyro spriker ut frå skallen .

Det bankar på gatedøra .

" Kom inn ! " ropar han . Tunga har vondt for å lystre .

Ingen svarar . Han stiltrar seg ut og kikkar . Ikkje eit liv . Bare den djupe , månemørke natta over ei tom gate . Han smyg seg inn att i kammerset .

Da ropar det tydeleg der ute :

" Aleksander . Aleksander Rex ! "

Og no går han ikkje ut . For røysta var den til rektorfrua i St. Ives . Og ho er død . Ho døydde i barnseng for hundre tusen år sia . Dei sa det var jordmora si skyld .

Han lyer . No køyrer bilane att der ute . Han sig trøytt ned på stolen , sansar ikkje lenger at denne bilkøyringa må det vere noko gale med . Ho har ropa på han . Å , det er farleg å opne for det nedlæste , farleg å ta sitt eige liv innover seg slik det er ‐ så tomt , så til fånyttes tomt . Når det skulde vore noko så heilt anna . Men kem er du som skapte bildet ein stad i hugen min av livet ‐ slik det skulde vore& ?

Aleksander skvett opp . Det har banka på døra på nytt . Før han kan få sagt noko , spring døra opp av seg sjøl . Nattlufta renn inn , kjøleg og beint inn frå det uendelege . Han krøker seg ihop i frost i jærstolen sin . For no ropar det på nytt .

" Aleksander Rex ! "

Han kjenner panna er våt .

Kven sa han skulde vere diktar ? Nonsens ! All verdens dikting er tom fantasileik og blodlaus draum ‐ pueril utløysing av trongen til makt . Når diktaren ikkje greidde sitt eige liv , tok han diktskapningane sine og frelste eller slo ihel . Diktskapningar ! ka var vel det imot det veldige herredømet der låg løynt i ropet gjenom natta hit inn til han ?

Handa gjer store svingar i lufta . Han skriv over himmelkvelven og ropar det ut :

" Men eg er Aleksander ! "

Så veltar han bordet og stormar ut .

Her er tjokkande fullt av bilar og hestar i gata , men ingen køyrer . Her er knute på trafikken . I den næraste sit rektoren og frua . Ho vinkar og ropar :

" Vi ventar ! "

Og i same stund kjenner Aleksander at han er i ætt med profeten som kløyvde havet og med keisaren som la verda under seg . Angsten renn av han . Med eit veldig sprang er han midt ute i gata , plantar beina stødt og roleg i marka . Og med store , maktfulle armsving dirigerar han trafikken .

Store lastebilar med murstein og husmaterial , brødbilar , meieribilar , kjenner med jordeple og neper , barnevogner , likvogner , rutebussar ‐ dei lystrar hans minste vink , alle .

Rektoren og frua har alt køyrt . Der kjem Lotte og Ludolf trillande . Hå ! dei har alt kjøpt barnevogn , den er surra på bagasjebrettet , ser Aleksander . Han slår ut med handa og Ludolf gir meir gass . Dei blir borte i straumen , dei to òg .

Fram dukkar ein gamal Ford ‐ aha , det er sanneleg Bjerga og blekksmeden ! Har dei to garpane slått fillene sine ihop ? Det skulde ha vore løye å ha snakka litt med dei , ‐ men nei ! Det vilde vere å stanse trafikken her , det må ikkje skje . Han svingar med armane og sender dei vidare . Her er så mange bakanfor ... .

Ein lortbrigg midt i stimen . Trøyste meg ! Der sit Shakespeare og Peder Polden i blå overhal og tygg snus båe to så det renn bekkar nedover frå munnvikane . Dei glor undrande opp på han , har nok ikkje venta å sjå han her . Aleksander nikkar nådig til dei og sender dei vidare med ein flott armsving . Det var forløysing i det å få gjort den veiven i lufta med heile høgre handa til dei to .

Vidare , vidare ... .

Ein augeblink sansar han at han står og viftar nokså villt med armane , og han tenkjer : ‐ Dette er som da eg reiv ned vapsebølet den gongen heime og syster mi kom og rettleidde meg . Ka var det no ho sa ?

‐ Kafor skulde du no borti dei vapsane ! Hadde du ikkje tulla borti dei , så kunde du no ha site like fredeleg og velberga på tuva di ... .

Han kjende lukten av myrhøy og pors . Ein lykkeleg solmorgon i slåtten før dogga har fått reist or marka . Ei umisteleg stund ... .

Umisteleg ?

Han svimrar til . Ka var vel slik ei stund mot det som no hende han ? Han kjenner klør kring hoftene , han lyftest opp .

Opp over jorda , opp mellom stjernene , opp på sjølve vettervegen der dei uskapte solsystem sviv i urskodda .

Med eit maskestivna andlet står frukthandlaren og dirigerar med store , sikre armsving . Det blinkar til av triumf i augo . Han fyllest av ei ofseleg maktkjensle :

‐ Dei lystrar mine minste vink , alle . Eg er Aleksander , Aleksander Rex !